Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit overordna ansvar for å samordne integreringspolitikken til regjeringa. Alle departementa har eit sjølvstendig ansvar for å gi innvandrarar like høve, rettar og plikter på sitt område, og til å bidra til at måla i integreringspolitikken blir nådd.

Eit godt kunnskapsgrunnlag og tilgang til relevant informasjon om innvandrarbefolkninga er ein føresetnad for at BLD skal kunne vareta samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa skal kunne vareta ansvaret sitt.

Mål for integrering er eit viktig verktøy for å syne utvikling over tid på viktige område for innvandrarar i Noreg. Ordninga blei introdusert i statsbudsjettet for 2006. Det blir rapportert årleg i statsbudsjettet. Departementa skal nytte informasjonen i ordninga i sitt ordinære arbeid på sine ansvarsområde.

Rapporteringa på Mål for integrering gir eit bilete av utviklinga på integreringsfeltet. Biletet er ikkje fullstendig, og det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Innvandrarar er ei mangearta gruppe: det er folk som kjem frå EØS-land for å ta arbeid, andre kjem grunna krig og forfølging i heimlandet, og nokre kjem for å leve saman med familie som bur i Noreg. Dei er gamle og unge, nokre har budd i Noreg i kort tid, andre i mange år. Dette er alle sentrale faktorar som forklarer endringar.

Hovudmålet for integreringspolitikken er at alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet. Dette er òg målet for ordninga. Indikatorane i ordninga er delt inn i fire temaområde: arbeid og sysselsetjing; utdanning og kvalifisering; levekår; frivillig verksemd og deltaking. Indikatorane som er plukka ut er relevante for departementa si eiga politikkutvikling. Dette kan endre seg, og tilgangen til statistikk endrar seg. Difor er indikatorane under utvikling.

11.1 Arbeid og sysselsetjing

Noreg har hatt ein sterk vekst i innvandringa dei siste ti åra, mellom anna som følgje av den store arbeidsinnvandringa etter 2004. Denne auken utgjorde 60 prosent av den totale sysselsetjingsveksten mellom 2002 og 2012.

Delen sysselsette innvandrarar har auka det siste året, men framleis er skilnaden stor frå befolkninga til saman. Talet på sysselsette frå EU-landa i aust har auka mest, men dei fleste gruppene har hatt ein sterk vekst. Det er store skilnader innanfor gruppa innvandrarar, og det er framleis store grupper der knapt halvparten er i arbeid. Sysselsetjinga varierer med kor lenge dei har budd i Noreg, kva land dei kjem frå, alder og kjønn.

Arbeidsløysa blant innvandrarar har gått opp det siste året, og har i store trekk følgt utviklinga i den samla arbeidsløysa. Arbeidsløysa i gruppa blir påverka av konjunkturar om lag som for andre, men talet på arbeidslause innvandrarar er stadig om lag tre gonger så høgt som for befolkninga som heilskap.

Innvandrarar i Noreg har i internasjonal samanheng høg sysselsetjing. Samtidig viser statistikken på feltet at det er eit sysselsetjingsgap mellom innvandrarar og befolkninga som heilskap. Så lenge det kjem innvandrarar til Noreg som treng norskopplæring og ofte anna kvalifisering for å komme i arbeid, vil det vere eit slik gap, men ulike tiltak er retta inn mot å gjere gapet mindre.

11.1.1 Delen sysselsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Status (per fjerde kvartal 2013)

Del sysselsette

Sjølv om delen sysselsette innvandrarar har auka mykje det siste året, gjekk delen sysselsette innvandrarar i prosent av busette innvandrarar i aldersgruppa 15–74 år i alt opp med berre 0,3 prosentpoeng, frå 62,8 prosent i 2012 til 63,1 prosent i 2013. Dette kjem av at talet på busette innvandrarar auka nesten like mykje som talet på sysselsette innvandrarar i løpet av 2013. I heile den norske befolkninga i same aldersgruppe, altså 15–74 år, var 68,6 prosent sysselsette. Her var det ein svak nedgang på 0,1 prosentpoeng frå året før, noko som mellom anna må sjåast på bakgrunn av at det har vore ein auke i talet på personar over 67 år i befolkninga.

Skilnaden i sysselsetjing er på om lag 5,5 prosentpoeng mellom innvandrarar og befolkninga i alderen 15–74 år. Dette er 0,4 prosentpoeng lågare enn året før, og har truleg samanheng med at innvandrarane har ein mindre prosentdel personar i dei eldre aldersgruppene.

Kjønn

Blant innvandrarar i aldersgruppa 15–74 år var 67,9 prosent av mennene og 57,7 prosent av kvinnene sysselsette i 4. kvartal 2013. Dette gir ein differanse på 10,2 prosentpoeng. I befolkninga totalt var differansen berre på 5,8 prosentpoeng, der 71,4 prosent av mennene og 65,6 prosent av kvinnene var sysselsette.

Når det gjeld norskfødde med innvandrarforeldre, er det ingen skilnad mellom menn og kvinner. I 4. kvartal 2013 var 53,2 prosent av både mennene og kvinnene sysselsette. Talet var det same som året før for menn, og 1 prosentpoeng meir for kvinner. At sysselsetjingsraten for norskfødde med innvandrarforeldre er lågare enn for innvandrarar, må ein sjå i samanheng med at mange norskfødde med innvandrarforeldre er unge og framleis går på skule. Ein skal derfor òg vere varsam med å samanlikne desse tala med tala for dei andre gruppene.

Landbakgrunn

Blant innvandrarar frå EØS-området er tilgang til arbeid ei viktig årsak til innvandringa, noko som gir seg utslag i eit høgt sysselsetjingsnivå. I 4. kvartal 2013 var prosentdelen sysselsette for desse gruppene 76,3 prosent for dei nordiske landa, 72,9 prosent for personar frå EU-land i Aust-Europa og 70,7 prosent for innvandrarar frå Vest-Europa.

Dernest kom innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania med 66 prosent sysselsette. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika og Aust-Europa utanom EU låg ganske likt på rundt 63 prosent sysselsette. Gruppa frå Asia låg ein del lågare med 55,2 prosent, medan innvandrarar frå Afrika hadde 41,9 prosent sysselsette.

Talet på sysselsette innvandrarar frå EU-landa i aust auka med 0,1 prosentpoeng (11 550 personar) frå 2012 til 2013. Svært mange av desse var nykomarar som busette seg i Noreg i 2013. Tek vi med innvandrarar frå dei andre EØS-landa, var det til saman ein auke på 14 800 sysselsette i desse gruppene. Av dei resterande innvandrargruppene var det dei frå Asia som hadde størst sysselsetjingsvekst, med 0,6 prosentpoeng frå året før – i underkant av 5 300 personar. Blant innvandrarar frå Afrika var det ein nedgang i sysselsetjing på 0,6 prosentpoeng. Talet på sysselsette innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika viser òg ein nedgang, men berre på 0,1 prosentpoeng frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013.

Skilnadene mellom gruppene har halde seg nokså uendra over tid, uavhengig av konjunkturane på arbeidsmarknaden.

Butid

Gruppene frå Asia og Afrika har eit større innslag av flyktningar med kortare butid i Noreg enn andre grupper. I særleg grad gjeld dette den afrikanske gruppa. Lengre butid i Noreg fører til eit høgare sysselsetjingsnivå i dei fleste innvandrargrupper, men skilnadene gruppene imellom jamnar seg likevel ikkje ut. Mellom dei med butid på over 10 år ligg dei afrikanske innvandrarane lågast med ein sysselsetjingsdel langt under gjennomsnittet for innvandrarar.

Dessutan er sysselsetjingsnivået blant kvinner frå somme land i Asia og Afrika svært lågt uavhengig av butid. Dette trekkjer òg gjennomsnittet ned i desse gruppene.

Talet på sysselsette innvandrarar med butid under 4 år var på 58,5 prosent per 4. kvartal 2013. Dette er ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå same tid i 2012. Dei med butid mellom 4 og 6 år var på 69,9 prosent i 2013, noko som er ein nedgang på 0,4 prosentpoeng. Samtidig var talet på sysselsette innvandrarar med butid på 7 år eller meir på 63,8 prosent i 4. kvartal 2013, noko som er 0,7 prosentpoeng meir enn året før.

Alder

I aldersgruppa 15–74 år, er det ein skilnad i sysselsetjingsprosenten på 5,5 prosentpoeng mellom innvandrarar og heile befolkninga. Ser vi på dei mest yrkesaktive aldersgruppene, kjem det derimot fram skilnader, som til dømes 11,6 prosentpoeng for aldersgruppa 25–39 år og 13,3 prosentpoeng for dei mellom 40 og 54 år.Befolkninga totalt sett har ein mykje høgare del personar i aldersgruppa 67–74 år enn det innvandrarar har. Dette er ei aldersgruppe med svært låg sysselsetjingsprosent, noko som trekkjer gjennomsnittet ned i majoriteten når ein ser på aldersgruppa 15–74 år under eitt.

Tabell 11.1 Delen sysselsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

4. kvartal 2012

4. kvartal 2013

Differanse

Prosent

Prosent

Prosent-poeng

Samanlikna med befolkninga i alt

Heile befolkninga:

68,7

68,6

+0,1

Innvandrarar:

62,8

63,1

+0.3

Fordelte på kjønn, innvandrarar

Kvinner:

57,3

57,7

+0,4

Menn:

67,8

67,9

+0,1

Fordelte på landbakgrunn

Norden:

76,1

76,3

+0,2

Vest-Europa elles:

70,0

70,7

+0,7

EU-land i Aust-Europa:

72,8

72,9

+0,1

Aust-Europa utanfor EU

62,1

62,8

+0,7

Nord-Amerika og Oseania:

66,4

66,0

-0,4

Asia:

54,6

55,2

+0,6

Afrika:

42,5

41,9

-0,6

Sør- og Mellom-Amerika:

63,2

63,1

+0,1

Fordelte på butid

Busett under 4 år:

58,7

58,5

+0,2

Busett 4-6 år:

70,3

69,9

-0,4

Busett 7 år og meir:

63,1

63,8

+0,7

Fordelte på alder – befolkninga i alt

15-19 år:

33,5

20-24 år:

67,0

25-39 år:

80,7

40-54 år:

83,5

55-66 år:

67,7

67-74 år:

21,9

Fordelte på alder – innvandrarar

15-19 år:

21,1

20,4

-0,7

20-24 år:

54,8

54,5

-0,3

25-39 år:

68,9

69,1

+0,2

40-54 år:

70,7

70,2

+0,2

55-66 år:

55,2

55,7

+0,5

67-74 år:

17,5

18,2

+0,7

Norskfødde med innvandrarforeldre

Alle norskfødde:

52,7

53,2

0,5

Menn:

53,2

53,2

0,0

Kvinner:

52,2

53,2

1,0

Alle norskfødde fordelte på alder

15-19 år:

25,0

20-24 år:

63,5

25-29 år:

71,7

30-39 år:

76,0

40 år eller eldre:

79,8

11.1.2 Delen arbeidslause innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Status

Del arbeidslause

Utviklinga i arbeidsløysa blant innvandrarar har i store trekk følgt utviklinga i den samla arbeidsløysa. Den registrerte arbeidsløysa blant busette innvandrarar i Noreg gjekk opp frå 6,8 prosent i februar 2013 til 7,3 prosent i februar 2014. I den resterande befolkninga var det ein auke frå 2,0 til 2,1 prosent i den same perioden. Arbeidsløysa i gruppa blir påverka av konjunkturar om lag som for andre, men prosentdelen arbeidslause for innvandrarar er stadig om lag tre gonger så høg som for befolkninga i alt.

Frå 1. kvartal 2013 til 1. kvartal 2014 auka talet på heilt arbeidslause innvandrarar med litt over 3 700 i absolutte tal, noko som svarer til 0,5 prosentpoeng. Nesten halvparten av desse kom frå EU-landa i Aust-Europa, og eit stort fleirtal av dei var menn. Talet på heilt ledige i alt auka med nærmare 7 900. Innvandrarar utgjorde såleis 47 prosent av veksten i registrert arbeidsløyse frå februar 2013 til februar 2014.

I alt var i underkant av 78 000 personar registrerte som heilt arbeidslause i 1. kvartal 2014. Av desse var over 28 000 innvandrarar, det vil seie at innvandrarar utgjorde 36,5 prosent av heilt arbeidslause totalt.

Norskfødde med innvandrarforeldre

Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer framleis ei lita gruppe arbeidslause, sjølv om ho auka noko det siste året. Gruppa bestod av snautt 1 100 registrerte heilt ledige i 1. kvartal 2014. I denne befolkningsgruppa er majoriteten mellom 15 og 29 år, og blant dei var arbeidsløysa på 5,8 prosent. Dette er 2,2 prosentpoeng lågare enn mellom innvandrarar på same alder, 8 prosent. Det er samtidig 2 prosentpoeng høgare enn dei jamgamle i resten av befolkninga, der 3,8 prosent var heilt arbeidslause.

Arbeidsløysa blant norskfødde med innvandrarforeldre i aldersgruppa 15–29 år auka med 0,8 prosentpoeng frå 1. kvartal 2013. Same aldersgruppe i befolkninga elles hadde ein auke på 0,3 prosentpoeng, medan same gruppe blant innvandrarar hadde ein auke på 0,2 prosentpoeng.

Kjønn

Innvandrarmenn hadde i alt ei arbeidsløyse på 7,2 prosent, medan innvandrarkvinnene ligg så vidt over med 7,3 prosent heilt arbeidslause. I befolkninga elles var det ei arbeidsløyse på 2,5 prosent blant menn og 1,8 prosent blant kvinner.

Arbeidsløysa for innvandrarmenn gjekk opp med 0,4 prosentpoeng, og for innvandrarkvinner steig arbeidsløysa med 0,6 prosentpoeng. I befolkninga som heilskap var oppgangen i arbeidsløysa mellom menn og kvinner den same, 0,2 prosentpoeng.

Landbakgrunn

Innvandrarar i den afrikanske gruppa har som tidlegare høgast registrert arbeidsløyse med 13,4 prosent. Deretter kjem innvandrarar frå Asia og EU-landa i Aust-Europa, begge med 8,3 prosent heilt arbeidslause. Innvandrarar frå Latin-Amerika og Aust-Europa utanom EU ligg òg ganske likt med høvesvis 7,5 og 7,2 prosent. I dei andre gruppene er nivået som vanleg ein del lågare. Innvandrarar frå Norden og Nord-Amerika/Oseania hadde lågast arbeidsløyse, begge med 2,9 prosent, medan den vesteuropeiske gruppa var registrert med 3,4 prosent heilt arbeidslause.

Innvandrarar frå Aust-Europa hadde den sterkaste auken i prosentdel registrerte heilt arbeidslause, med 0,6 prosentpoeng både i gruppa innanfor og i gruppa utanfor EU. Vesteuropeiske innvandrarar hadde den svakaste veksten i arbeidsløyse, på 0,2 prosentpoeng, medan innvandrarar frå dei andre verdsregionane hadde ein auke på mellom 0,3 og 0,5 prosentpoeng.

Butid

Når det gjeld prosentdelen heilt arbeidslause innvandrarar etter butid, er arbeidsløysa størst blant dei som har vore busette i Noreg i 4–6 år. Delen har auka mellom 1. kvartal 2013 og same tid 2014 med 0,3 prosentpoeng, frå 6,4 prosent til 6,7 prosent. Det har òg vore ein auke frå 4,2 prosent til 4,5 prosent for dei med butid under 4 år. For dei med butid på 7 år eller meir har det vore ein auke frå 4,1 prosent til 4,5 prosent.

Alder

I aldersgruppa 15–29 år er 8 prosent av alle innvandrarar heilt arbeidslause per 1. kvartal 2014. Dette er ein auke på 0,2 prosentpoeng i løpet av eitt år. I aldersgruppa 30 år eller eldre utgjer dei som er heilt arbeidslause, 7,1 prosent, medan det var 6,5 prosent på same tid i 2013.

Tabell 11.2 Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

1. kvartal 2013

1. kvartal 2014

Differanse

Prosent

Prosent

Samanlikna med befolkningen i alt

Heile befolkninga:

2,6

2,9

+0,3

Innvandrarar:

6,8

7,3

-0,5

Fordelte på kjønn, innvandrarar

Kvinner:

6,7

7,3

+0,6

Menn:

6,8

7,2

+0,4

Fordelte på landbakgrunn

Norden:

2,6

2,9

+0,3

Vest-Europa elles:

3,2

3,4

+0,2

EU-land i Aust-Europa:

7,7

8,3

+0,6

Aust-Europa elles:

6,6

7,2

+0,6

Nord-Amerika og Oseania:

2,4

2,9

+0,5

Asia m. Tyrkia:

7,9

8,3

+0,4

Afrika:

12,9

13,4

+0,5

Sør- og Mellom-Amerika:

7,1

7,5

+0,4

Fordelte på butid

Busett under 4 år:

4,2

4,5

+0,3

Busett 4-6 år:

6,4

6,7

+0,3

Busett 7 år og meir:

4,1

4,5

+0,4

Fordelte på alder

15-29 år:

7,8

8,0

+0,2

30 år og eldre:

6,5

7,1

+0,6

Norskfødde med innvandrarforeldre

Alle norskfødde:

4,6

5,1

+0,5

Kvinner:

3,9

4,2

+0,3

Menn:

5,3

5,9

+0,6

Alle norsfødde 15-29 år:

5,0

5,8

+0,8

11.2 Utdanning og kvalifisering

Det er fleire positive utviklingstrekk på indikatorar for deltaking i barnehage og i høgare utdanning.

Det er urovekkjande å sjå at delen 16–25-åringar som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, aukar. Når det gjeld gjennomføring i vidaregåande opplæring, er det særleg elevar med kort butid som har særskilde utfordringar, og gutar gjør det dårlegare enn jenter.

Grunnskolepoeng er nytta som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Når det gjeld talet på grunnskolepoeng, er avstanden mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar liten. Avstanden mellom innvandrarar og andre elevar er langt større. Avstanden mellom innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar har endra seg marginalt dei siste tre åra. Det er store ulikskapar mellom elevar med ulik landbakgrunn, og nokre minoritetsgrupper oppnår – basert på foreldra sin landbakgrunn – betre resultat enn gjennomsnittet for alle elevar. * For dei som ikkje lykkast så godt, er sosial bakgrunn og manglande norskdugleikar viktige forklaringar.

Det har over tid vore ein positiv auke i delen minoritetsspråklege barn i barnehage. Særleg har det vore ein auke i delen 2-åringar dei siste tre åra.

Det har vore ei svak betring i talet på elevarar som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år blant elevar med norsk bakgrunn. Det har òg vore ei svak betring blant elevar som sjølve har innvandra, sjølv om desse elevane framleis gjer det vesentleg dårlegare enn andre elevar. Det har vore ein svak nedgang i gjennomføringstala når ein ser på norskfødde elevar med innvandrarforeldre. Det er gutane som står for nedgangen. Butida har mykje å seie for fullføringsprosenten.

Når det gjeld søkjarar med læreplass som førsteval som har fått godkjend lærekontrakt, er det positivt å sjå at det er små skilnader mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar. Når ein ser på delen i alderen 16-25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring kjem dei som sjølve har innvandra dårlegast ut. Også norskfødde gutar med innvandrarforeldre er overrepresenterte samanlikna med andre gutar. Det har vore ei negativ utvikling dei siste tre åra. Tidlegare forsking syner at når ein tar omsyn til foreldra sin utdanningsbakgrunn og karakterar frå grunnskolen forsvinn forskjellen i delen elevar sm fullfører vidaregåande opplæring. *

Alderen når ein kjem til landet, betyr mykje for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Ei kartlegging Rambøll har gjort av innføringstilboda for nykomne elevar, stadfestar at desse elevane i mange tilfelle har særskilde utfordringar. Dei skal på kort tid både lære seg eit nytt språk og ta igjen tapt skolegang. * Jentene klarer seg betre enn gutane uansett alder ved innvandringa. Det har vore ei svak negativ utvikling i gjennomføringstala dei siste tre åra for innvandrarar med kort butid, og det er særleg gutane som bidreg til denne utviklinga.

Delen vaksne over 25 år med innvandrarbakgrunn som fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år, har gått ned dei tre siste åra. I fleire år har ein større del av norskfødde med innvandrarforeldre vore i høgare utdanning enn både delen av innvandrarar og delen av befolkninga elles. Studentar med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte innanfor nokre studium. Dessverre er dei med innvandrarbakgrunn underrepresenterte i lærarutdanningane.

11.2.1 Delen minoritetsspråklege barn i barnehage

Status

Minoritetsspråklege barn er definerte som barn av foreldre med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. I 2013 gjekk 77 prosent av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år i barnehagen, mot 92 prosent av andre barn i same aldersgruppe. Delen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, aukar i takt med alderen på barna (figur 11.1). For 4- og 5-åringar er delen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, nær den same som for andre barn. For 1–3-åringar er delen betydeleg mindre enn for andre barn, men i dei siste tre åra det har vore ei positiv utvikling. Det har særleg vore ein auke i delen 2-åringar dei siste tre åra.

Figur 11.1 Delen barn i barnehage blant minoritetsspråklege og andre barn, 2011–2013. Prosent.

Figur 11.1 Delen barn i barnehage blant minoritetsspråklege og andre barn, 2011–2013. Prosent.

Kjelde: SSB

11.2.2 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre under utdanning for å bli barnehagelærar

Status

Av 7 740 studentar i barnehagelærarutdanninga i 2013 utgjer dei med innvandrarbakgrunn * 8,2 prosent av studentane (figur 11.2). Dette er noko lågare enn delen personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga, som utgjer 15 prosent (SSB). Berre 1,5 prosent av desse studentane er norskfødde med innvandrarforeldre. Delen med innvandrarbakgrunn blant mannlege studentar er noko høgare enn blant kvinnelege studentar. Delen med innvandrarbakgrunn, både blant menn og kvinner og blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, har auka svakt dei siste tre åra.

Figur 11.2 Delen studentar i barnehagelærarutdanninga med innvandrarbakgrunn, 2011–2013. Prosent.

Figur 11.2 Delen studentar i barnehagelærarutdanninga med innvandrarbakgrunn, 2011–2013. Prosent.

Kjelde: SSB

11.2.3 Grunnskolepoeng for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Grunnskolepoeng frå grunnskolen blir nytta som inntaksgrunnlag til vidaregåande opplæring. Poenga er berekna ved å ta snittet av alle standpunkt- og eksamenskarakterane og multiplisere med ti. Elevar som manglar sluttvurdering i meir enn halvparten av faga, får ikkje berekna grunnskolepoeng, og må takast inn på individuelt grunnlag til vidaregåande.

Status

Avstanden mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar når det gjeld talet på grunnskolepoeng, er liten. Berre 1,6 poeng skil desse i 2013. Avstanden mellom innvandrarar og andre er langt større. Nesten 7 poeng skil desse i 2013. Det er vanskeleg å vurdere resultata til elevar som har innvandra da mange av dei ikkje kan vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. Litt over ein fjerdedel av elevane som har innvandra har ikkje fått berekna grunnskolepoeng i 2013. Det er særleg dei med 0–2 års butid, 45 prosent, som ikkje har fått berekna grunnskolepoeng. Butida har stor betydning for kor mange grunnskolepoeng innvandrarane har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 11 års butid at talet på grunnskolepoeng nærmar seg talet på grunnskolepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.

Jenter får i snitt fire grunnskolepoeng meir enn gutane. Avstanden mellom innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar har endra seg marginalt dei siste tre åra.

Figur 11.3  Grunnskolepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2011–2013.

Figur 11.3 Grunnskolepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2011–2013.

Kjelde: SSB

11.2.4 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse i løpet av fem år etter avslutta grunnskole

Status

Berre éin av tre innvandrarar som avslutta grunnskolen skoleåret 2007/2008, fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år (figur 11.4). Dette er betydeleg færre enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre som oppnår full kompetanse etter fem år. Det har vore ei svak positiv utvikling i delen som oppnår full kompetanse, både blant gutar og jenter, dei siste tre åra. For norskfødde gutar med innvandrarforeldre har det vore ei svak negativ utvikling. Butida har mykje å seie for fullføringsprosenten. Tal for 2013 visar at 51 prosent av dei som har budd meir enn seks år i landet, fullfører og består innan fem år. Av dei som har budd meir enn 11 år i landet, fullfører og består 62 prosent.

Figur 11.4 Delen som avslutta grunnskolen skoleåret 2005/2006 til 2007/2008, og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år, etter innvandringskategori og kjønn. Prosent.

Figur 11.4 Delen som avslutta grunnskolen skoleåret 2005/2006 til 2007/2008, og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år, etter innvandringskategori og kjønn. Prosent.

Kjelde: SSB

11.2.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som førsteval som har godkjend lærekontrakt

Status

Av nær 40 000 søkjarar med læreplass som førsteval per 15. juli 2013 hadde éin av fire fått ein godkjend kontrakt innan 1. oktober 2013. Delen innvandrarar som har fått lærekontrakt i 2013, er nær nivået til andre elevar (figur 11.5). For norskfødde med innvandrarforeldre er delen som oppnår læreplass i 2013, høgare enn for andre elevar. Årsaka til dette er ein stor auke i delen norskfødde jenter med innvandrarforeldre som får lærekontrakt det siste året. Tala frå 1. oktober er ei tidleg måling, og dei fleste søkjarane får godkjend kontrakten sin etter denne datoen. Tala vil derfor endre seg. Tabellen viser likevel at det ikkje er store skilnader mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar.

Figur 11.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som førsteval som har fått godkjend lærekontrakt, 2011–2013. Prosent.

Figur 11.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som førsteval som har fått godkjend lærekontrakt, 2011–2013. Prosent.

Kjelde: SSB

11.2.6 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre 16-25 år som verken er i utdanning eller har fullført og bestått vidaregåande opplæring, og som heller ikkje er i arbeid

Status

Når ein ser på delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, kjem gutar og jenter som sjølve har innvandra, dårlegast ut. Også norskfødde gutar med innvandrarforeldre er overrepresenterte samanlikna med andre gutar. Det har vore ei negativ utvikling dei siste tre åra. Tidlegare forsking viser at når ein tek omsyn til foreldra sin utdanningsbakgrunn og karakterar frå grunnskolen, forsvinn skilnaden i delen elevar som fullfører vidaregåande opplæring. *

I 2013 er éin av ti innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring (figur 11.6). Tala er litt lågare for norskfødde med innvandrarforeldre, knapt 8 prosent. 7 prosent av andre i alderen 16–25 år er verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Generelt er ein høgare del av mennene enn kvinnene representert i denne gruppa. Særleg er det ein kjønnsforskjell blant norskfødde med innvandrarforeldre. Norskfødde kvinner med innvandrarforeldre er representerte i like stor grad som andre kvinner, medan mennene er representerte i høgare grad enn andre menn. Delen innvandrarar i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, har auka svakt det siste året.

Figur 11.6 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, etter innvandringskategori og kjønn, 2011–2013. Prosent.

Figur 11.6 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, etter innvandringskategori og kjønn, 2011–2013. Prosent.

Kjelde: SSB

11.2.7 Delen av dei som innvandra i ungdomsskolealder / vidaregåande alder som har fullført og bestått vidaregåande opplæring før dei fylte 30 år

Alderen når ein kjem til landet, har stor betydning for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring (figur 11.7). I tillegg klarer jenter som kjem til landet seint i skoleløpet, i større grad enn gutane å bestå vidaregåande opplæring innan dei fyller 30. Særleg av dei som kjem til landet i alderen 13–15 år (ungdomstrinnet), klarer jentene seg betre enn gutane.

Status

Delen som har innvandra i alderen 13–15 år, og som har bestått vidaregåande opplæring innan dei fyller 30 år, har ikkje endra seg mykje dei siste tre åra. Det har vore ein nedgang på berre 1,7 prosentpoeng. For dei som kom til landet i vidaregåande alder (16–18 år), har det vore ein litt større nedgang, på 3 prosentpoeng, frå 2011 til 2013. For begge aldersgruppene er det gutane som i størst grad bidreg til denne utviklinga.

Figur 11.7 Delen innvandrarar som har bestått vidaregåande opplæring innan dei fylte 30 år, etter alder når dei kom til landet, 2011–2013. Prosent.

Figur 11.7 Delen innvandrarar som har bestått vidaregåande opplæring innan dei fylte 30 år, etter alder når dei kom til landet, 2011–2013. Prosent.

Kjelde: SSB

11.2.8 Delen vaksne innvandrarar med fullført grunnskoleutdanning

Status

Av alle innvandrarar i 2013 mellom 16 og 60 år, er 71 prosent registrerte med ei fullført grunnskoleutdanning (figur 11.8). Ein større del av innvandrarkvinnene enn innvandrarmennene er registrerte med ei fullført grunnskoleutdanning. I tillegg til dei som er registrerte med ei fullført grunnskoleutdanning, er det 26 prosent som har ukjend utdanningsbakgrunn. Blant dei med kort butid, null til fire år, er utdanningsbakgrunnen ukjend for 46 prosent. Frå 2012 til 2013 auka delen innvandrarar med ukjend utdanningsbakgrunn med 3 prosentpoeng. Dette forklarer nedgangen i talet på dei med fullført grunnskoleutdanning det siste året i figur 8. For dei som har budd i landet i meir enn 12 år, er litt over 90 prosent registrerte med fullført grunnskoleutdanning, medan 6,4 prosent har ukjend utdanningsbakgrunn.

Figur 11.8 Delen vaksne innvandrarar med fullført grunnskoleutdanning, 2011–2013. Prosent.

Figur 11.8 Delen vaksne innvandrarar med fullført grunnskoleutdanning, 2011–2013. Prosent.

Kjelde: SSB

11.2.9 Delen personar med innvandrarbakgrunn som har bestått vidaregåande opplæring i løpet av fem år, 25 år og eldre

Status

Av totalt 8 500 vaksne som starta i vidaregåande opplæring for første gong skoleåret 2007/2008, var det berre 48 prosent som fullførte og bestod i løpet av fem år. Delen med innvandrarbakgrunn som fullfører og består, er ein del lågare enn for andre vaksne (figur 11.9). Det er store kjønnsskilnader blant dei vaksne med innvandrarbakgrunn. Kvinner med innvandrarbakgrunn klarer i større grad å fullføre og bestå enn andre kvinner, medan det er motsett for menn. Samla sett har det vore ei negativ utvikling i delen med innvandrarbakgrunn som fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år, dei siste tre åra.

Figur 11.9 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som starta i vidaregåande opplæring for første gong skoleåret 2005–2006 til 2007–2008, og som har fullført og bestått innan fem år. Prosent.

Figur 11.9 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som starta i vidaregåande opplæring for første gong skoleåret 2005–2006 til 2007–2008, og som har fullført og bestått innan fem år. Prosent.

Kjelde: SSB

11.2.10 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i høgare utdanning

Ein større del av norskfødde med innvandrarforeldre er i høgare utdanning enn både delen av innvandrarar og befolkninga elles, og slik har det vore i fleire år. *

Tabell 11.3 Studentar i høgare utdanning, etter alder, innvandringskategori og tid. Prosentdel av befolkninga.

I alt

Innvandrarar

Norskfødde med innvandrarforeldre

Resten av befolkninga

2009

2011

2013

2009

2011

2013

2009

2011

2013

2009

2011

2013

Studentar 19–24 år

30,7

31,6

33,7

16,9

15,8

16,2

37,1

38,7

40,6

32,2

33,6

35,9

Studentar 25–29 år

14,7

15

15

9,3

8,9

8,4

17,1

19,4

20,4

15,9

16,7

17

Studentar omfattar berre studentar som er registrert busette i Noreg per 1. oktober.

Kjelde: SSB

I 2013 var 33,7 prosent av årskulla 19–24 år i høgare utdanning. Delen norskfødde med innvandrarforeldre som tek høgare utdanning er 40,6 prosent, medan delen i befolkninga elles er 35,9 prosent. Av innvandrarane er det færre som er i høgare utdanning enn befolkninga elles – rundt 16 prosent av årskulla 19–24 år.

At norskfødde med innvandrarforeldre i så stor grad tek høgare utdanning, tyder på at ein stor del av dei er godt integrerte. At innvandrar – som utgjer ei langt større gruppe – i mindre grad gjer det same, kan kome av at innvandrarane i snitt har kortare butid og dermed svakare språkkunnskapar enn det som er nødvendig for å ta høgare utdanning. Ei anna delforklaring er at ein del av innvandrarane har høgare utdanning når dei innvandrar. Innvandrarar som gruppe har ein større del med lang utdanning enn befolkninga elles.

Det er derfor ikkje å vente at innvandrarar er like tilbøyelege til å ta høgare utdanning i Noreg som dei norskfødde med innvandrarforeldre eller som befolkninga elles.

Kjønnsfordelinga mellom dei som har teke høgare utdanning dei seinare åra, har vore at kvinnene er i fleirtal. Innvandrarbefolkninga skil seg ikkje frå befolkninga elles på dette punktet. I denne tabellen ser vi kor stor del som er i høgare utdanning av dei ulike kategoriane i aldersgruppa 19–34 år:

Tabell 11.4 Studentar i høgare utdanning, alder 19–34 år, etter statistikkvariabel, innvandringskategori, kjønn i 2013.

Menn %

Kvinner %

Alle 19–34 år

16,0

22,8

Innvandrarar

7,1

9,8

Norskfødde med innvandrarforeldre

26,9

33,6

Resten av befolkninga

18,0

25,9

Studentar omfattar berre studentar busette i Noreg per 1. oktober.

Kjelde: SSB

16 prosent av mennene i denne aldersgruppa er i høgare utdanning, medan 22,8 prosent av kvinnene er det. Av innvandrarane er delen studentar respektive 7,1 og 9,8 prosent, og av dei norskfødde med innvandrarforeldre er det 26,9 og 33,6 prosent som er studentar. Av befolkninga elles er det 18 prosent av mennene og 25,9 prosent av kvinnene som er i høgare utdanning. Uavhengig av kategori er det kvinnene som i størst grad tek høgare utdanning.

11.2.11 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre under utdanning for å bli lærar

Status

Når det gjeld delen innvandrarar i lærarutdanningane våre, er biletet eit anna enn for høgare utdanning generelt. Innvandrarbefolkninga utgjer 14,9 prosent av befolkninga på landbasis (2014). Lærarstudentar med innvandrarbakgrunn utgjer berre 6,5 prosent av talet på lærarstudentar. Gitt at ein ønsker at lærarane skal spegle befolkninga, er dette lågt, og lågare enn i mange andre profesjonsutdanningar: I ingeniør-, siviløkonom-, sjukepleiar- og medisinstudia er delen av innvandrarbefolkninga rundt 12 prosent. Talet på studentar i lærarutdanning har auka noko sidan 2008, men delen av lærarstudentar med innvandrarbakgrunn har halde seg på vel 6 prosent.

I denne tabellen ser ein på lærarstudentar i ulike lærarutdanningar og totalt.

Tabell 11.5 Studentar i lærarutdanningar etter innvandringskategori. 2013.

I alt

Innvandrarar

Norskfødde med innvandrar- foreldre

Befolkningen elles

Innvandrarar i prosent

Norskfødde med innvandrarforeldre i prosent

Befolkninga elles i prosent

Praktisk-pedagogisk utd. (PPU)

3252

278

12

2962

8,5

0,4

91,1

Førskolelærar/barnehagelærar

7738

522

114

7102

6,7

1,5

91,8

Fag- og yrkesfaglærar

1446

137

23

1286

9,5

1,6

88,9

Allmennlærar-/grunnskolelærar

8397

181

106

8110

2,2

1,3

96,6

Faglærar, praktisk-estetiske fag

14

0

0

14

0

0

100

Lektor, kultur-, språk- og samfunnsfag

2120

90

48

1982

4,2

2,3

93,5

Lektor, realfag

670

37

20

613

5,5

3

91,5

Master, grunnskolelærar

60

1

0

59

1,7

0

98,3

Master, grunnskoleutd. 1.–7. trinn

173

3

0

170

1,7

0

98,3

Master, grunnskoleutd. 5.–10. trinn

297

6

0

291

2

0

98

I alt

24167

1255

323

22589

5,2

1,3

93,5

Kjelde: SSB

I lærarutdanningane er det omvendt forhold mellom dei to gruppene med innvandrarbakgrunn: Det er ein større del innvandrarar som tek lærarutdanning samanlikna med norskfødde med innvandrarforeldre. Det er i det heile svært få norskfødde med innvandrarforeldre som tek lærarutdanning. Dette viser at analysen til Støren i NOU 2009: 18 Rett til læring * gjeld framleis:

Støren (2009) har også sett på hvilke studier ungdom med innvandrerbakgrunn velger. Spesielt de som er født i Norge av innvandrerforeldre velger oftere prestisjefylte studier enn studenter med norsk bakgrunn. Dette er studier som medisin, odontologi, siviløkonom, juss og sivilingeniør. Lærerutdanning og andre studier innenfor pedagogikk er ikke populære blant denne gruppen.

Det er òg verdt å merke seg at på den aller største av lærarutdanningane – grunnskolelærarutdanninga (tidlegare allmennlærarutdanninga) – er delen med innvandrarbakgrunn spesielt låg: 1,7–3,5 prosent av studentane har slik bakgrunn.

Norske lærarutdanningar har eit stort fleirtal av kvinnelege studentar. I nokre av utdanningane er kjønnsbalansen skeivare enn i andre. Til dømes er 75 prosent av studentane på dei 4-årige allmennlærar/grunnskolelærarutdanningane kvinner, og heile 89 prosent på master i grunnskolelærarutdanning for 1.–7. trinn. I førskolelærarutdanninga er kvinnedelen 86 prosent. Blant studentane med innvandrarbakgrunn er kjønnsfordelinga meir balansert. Rett nok er det få studentar med slik bakgrunn på akkurat desse studia, men 9,3 prosent av innvandrarstudentane er menn, mot 8,1 prosent kvinner.

11.2.12 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for søknader om generell godkjenning i NOKUT

Status

På området utanlandsk utdanning har etterspurnaden etter NOKUT sine tenester auka kraftig dei siste åra. Det gjeld både pågangen av søknader til godkjenningsordninga, generell godkjenning og saksmengda på området informasjon og rådgiving. I 2013 fekk NOKUT inn til saman 6 163 søknader om generell godkjenning. Samanlikna med 2012 er dette ein auke på heile 20 prosent. NOKUT ferdigbehandla 7 410 søknader, ein auke på 68 prosent om ein samanliknar med 2012. Den store auken i ferdigbehandla søknader er eit resultat av at NOKUT har innført tiltak som har gjort saksbehandlinga meir effektiv, og av at saksbehandlingskapasiteten er blitt styrkt. Ein del av auken kjem av at eit ventearkiv som inneheldt gamle saker som ikkje var klare til behandling, er avvikla. Trass i auken i talet på nye saker har restansane gått ned i løpet av 2013. Gjennomsnittlig saksbehandlingstid var 3,2 månader for 2013, ei auke frå 2,8 månader i 2013.

NOKUT etablerte ei ny godkjenningsordning for personar utan verifiserbar dokumentasjon i 2013. Til saman 25 saker blei ferdigbehandla, og det er i tråd med prognosen som NOKUT hadde i samband med tildelinga i revidert nasjonalbudsjett. Av desse 25 sakene blei det gjort 18 positive vedtak. Til saman mottok NOKUT 260 søknader til den nye godkjenningsordninga. Ordninga framstår som solid, og for 2014 har NOKUT som mål å gjennomføre 120 nye vurderingar og vedtak. NOKUT har ambisjonar om ei vidare oppskalering i 2015.

11.3 Levekår

Det er godt dokumentert at det er systematiske skilnader i levekår mellom innvandrarar og befolkninga elles. Ein måler gjerne levekår gjennom ulike sosioøkonomiske variablar som sysselsetjing og låginntekt, men korleis ein bur, og kva slags helse ein har, seier òg mykje om levekåra til folk.

Delen innvandrarar med låginntekt har halde seg stabil i fleire år, og innvandrarar er framleis overrepresenterte i låginntekt. Låginntekt heng nært saman med låg yrkesaktivitet.

Barn som er innvandrarar, eller norskfødde med innvandrarforeldre er langt meir utsette for å vekse opp i eit hushald med vedvarande låginntekt enn det som er gjennomsnittet for alle barn. Sjølv om statistikken viser ei betring i delen barn som lever i familiar med låginntekt, har talet auka.

I Noreg bur dei aller fleste godt og trygt. Åtte av ti eig bustaden sin, ein eigardel som har halde seg stabil i mange år. Tal tyder på at vi bur romslegare enn for 10–15 år sidan, og at bustandarden stadig blir betre. Bustad er likevel ikkje eit gode som er likt fordelt. Jo lågare inntekt, desto meir utsett er ein for bustadproblem i ei eller anna form.

11.3.1 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt

Status

Innvandrarar er klart overrepresenterte i gruppa med vedvarande låginntekt * , noko som kjem tydeleg fram i figur 11.10. Medan prosenten har variert frå 8,2 til 7,9 i befolkninga i dei åra vi ser på her, har han halde seg mellom 26,7 og 24,9 prosent av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det var ein viss nedgang frå 2007 til 2011, men i 2012 har prosenten auka att, til 25,9. Dei viktigaste forklaringane på at personar har vedvarande låginntekt, finn vi i manglande eller liten yrkesaktivitet i hushaldet. Dette bidreg òg til å forklare kvifor innvandrarar er spesielt utsette for låginntekt, særleg gjeld det innvandrargrupper med liten yrkesaktivitet.

Vedvarande låginntekt er vanlegare blant kvinner enn menn. I befolkninga har om lag 9 prosent av kvinnene og 7 prosent av menn vedvarande låginntekt. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er skilnaden motsett, og noko mindre. I perioden 2010–2012 hadde 25,5 prosent av mennene låginntekt, medan delen var eitt prosentpoeng lågare for kvinner.

I folkesetnaden i alt er det minst vanleg å ha låginntekt for dei som er i alderen 35-66 år, medan delen med låginntekt er noko høgare mellom unge i etableringsfasen (18-34 år) og eldre på 67 eller meir, der dei fleste har gått ut av arbeidslivet. Born i alderen 0-17 år ligg omtrent på gjennomsnittet for busetnaden totalt. For innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er aldersprofilen noko annleis. Låginntekt er vanlegast mellom borna i alderen 0-17 år. Litt over ein av tre har i denne aldersgruppa har vore utsett for låginntekt i den perioden vi ser på. Delen med låginntekt fell noko med alder fram mot 66 år, og lågast er delen for 50-66 åringar der 17,5 prosent hadde låginntekt i 2010–2012. Mellom dei eldste, er delen noko høgare att, 20,6 prosent i 2012.

Utviklinga i låginntekt mellom innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre har vore prega av stabilitet for aldersgruppene 18-66 år i perioden 2007 til 2012. For dei yngste og eldste var det er positiv utvikling fram mot 2011, men i 2012 (som dekkjer inntekter 2010–2012) var det igjen ei auke. Denne utviklinga og skilnadene mellom aldersgrupper kan skuldast fleire faktorar, der den viktigaste er ulikskapar i yrkesaktivitet. Det at så mange born er utsette skuldast i hovudsak at dei høyrer til i relativt store hushald med låg yrkesinntekt.

Figur 11.10 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt. Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.

Figur 11.10 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt. Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.

Kjelde: SSB

Sjølv om innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte med vedvarande låginntekt, er det store skilnader i gruppa, mellom anna etter butid og landbakgrunn.

Figur 11.11 viser at det er ein klar samanheng mellom butid og låginntekt. Årsaka er at det tek tid å bli integrert, spesielt på arbeidsmarknaden. Innvandrarar med kort butid er stort sett dårlegare knytte til arbeidsmarknaden enn innvandrarar som har budd i landet over lengre tid. Figuren viser òg at dei tre siste åra har prosentdelen med låginntekt blant dei med kortast butid auka, frå 39,9 prosent i 2008–2010 til 48,0 prosent i 2010–2012. Dette kan truleg ha samanheng med kva innvandrargrupper som har kome til landet dei siste åra, og at arbeidsmarknaden er vanskeleg for dei som nyleg har kome. For innvandrarar med lengre butid er trenden at prosentdelen med låginntekt fell noko. I 2007–2009 hadde 31,2 prosent av dei med butid på 4–9 år låginntekt, i 2010–2012 var dei nede på 25,9 prosent. Tilsvarande utvikling for dei med butid på 10 år og lenger var frå 19,2 til 18,8 prosent. Sjølv dei med lang butid har klart større fare for å vere i låginntektsgruppa enn gjennomsnittet i befolkninga, men med lengre butid er faren mindre.

Figur 11.11 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter butid. Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.

Figur 11.11 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter butid. Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.

Kjelde: SSB

Figur 11.12 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter landbakgrunn. Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.

Figur 11.12 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter landbakgrunn. Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.

Kjelde: SSB

Figur 11.12 viser at innvandrarar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika har langt høgare risiko for å vere i låginntektsgruppa samanlikna med innvandrarar frå Norden, Vest-Europa, Nord-Amerika og Oseania. Ein rapport frå 2009 viser at den først nemnde gruppa har auka risiko for låginntekt uavhengig av korleis ein definerer grensa for låginntekt (Normann 2009).

Blant innvandrarar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika fall delen med låginntekt noko frå 2007 til 2011, men i 2012 var det ein auke igjen, til 28,4 prosent. I den andre gruppa, dei frå Norden etc., er delen med låginntekt langt lågare, men samtidig noko høgare enn det ein finn i befolkninga totalt. Her har dessutan prosentdelen med låginntekt auka noko dei siste åra, frå 10,9 prosent i 2007 til 11,8 prosent i 2012.

Går ein nærmare inn i tala bak figur 11.12 og bryt ned etter kva land innvandrarane kjem frå, blir det enda tydelegare at enkelte landgrupper er langt meir utsette enn andre (tabell 11.6). I 2012 hadde heile 63,9 prosent av innvandrarane frå Somalia låginntekt. Sjølv blant somaliske innvandrarar med lang butid var delen med låginntekt høg. Nesten seks av ti med butid på 10 år eller lengre hadde låginntekt (Kaur 2013). To andre landgrupper som skil seg ut, er Irak og Afghanistan, der 47,2 og 45,9 prosent hadde låginntekt i 2012. Også i desse gruppene hadde mange låginntekt sjølv med lang butid. Nokre av dei som høyrer til i gruppa Aust-Europa, Asia etc., skilde seg og ut i ei meir positiv retning. Blant innvandrarar frå India og Sri Lanka hadde 11,5 og 14,7 prosent låginntekt i 2012.

Det er litt ulik utvikling dersom ein samanliknar mellom ulike landbakgrunnar. Mellom anna har prosentdelen med låginntekt blant innvandrarar frå Tyrkia, Pakistan og Iran blitt merkbart redusert frå 2007 til 2012. Dette kan henge saman med at den gjennomsnittlege butida i desse gruppene har auka. For innvandrarar frå Polen er utviklinga motsett, her aukar prosentdelen med låginntekt frå 2007 til 2012. Mest sannsynleg heng det saman med ein vanskelegare arbeidsmarknad etter finanskrisa.

Tabell 11.6 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter landbakgrunn. Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.

2005–2007

2006–2008

2007–2009

2008–2010

2009–2011

2010–2012

Danmark

9,1

9,4

9,1

9,1

8,9

8,1

Sverige

9,8

10,0

10,0

10,0

9,8

9,8

Storbritannia

9,1

9,8

9,7

9,6

10,0

10,3

India

12,6

11,5

Tyskland

11,2

11,8

13,7

14,1

13,3

13,0

Sri-Lanka

17,7

16,5

15,8

14,9

14,0

14,7

Bosnia-Hercegovina

19,2

18,1

17,7

16,4

14,6

15,5

Filippinene

16,8

16,8

15,7

17,2

Vietnam

22,4

21,9

20,8

19,5

18,1

18,2

Iran

28,8

26,6

24,7

22,2

21,0

22,1

Russland

28,1

26,6

25,6

24,6

23,0

23,7

Polen

19,3

21,3

25,3

25,3

25,9

25,4

Tyrkia

33,6

32,1

29,5

28,3

27,2

27,2

Pakistan

36,4

34,8

33,1

31,8

30,6

29,8

Marokko

29,6

30,5

Afghanistan

46,5

42,0

42,2

45,9

Irak

52,1

49,9

47,4

45,3

44,7

47,2

Somalia

66,1

67,4

66,3

63,1

61,0

63,9

Kjelde: SSB

11.3.2 Delen barn under 18 år, innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, som lever i husstandar med vedvarande låginntekt

Som figur 11.13 viser, er barn som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre langt meir utsette for å vekse opp i eit hushald med vedvarande låginntekt enn det som er gjennomsnittet for alle barn. Om lag eitt av tre barn med innvandrarbakgrunn veks opp i eit låginntektshushald, medan det gjeld om lag kvart trettande av alle barn.

Delen med låginntekt blant barn med innvandrarbakgrunn fall noko frå perioden 2006–2008 til 2009–2011. Samtidig heldt den totale delen barn i låginntektshushald seg nokså stabil. I 2010–2012 auka delen barn med låginntekt når ein samanliknar med perioden før. Blant barn med innvandrarbakgrunn var auken 1,3 prosentpoeng, medan han var 0,4 prosentpoeng blant alle barn. Det betyr at nesten annakvart barn i låginntektshushald hadde innvandrarbakgrunn.

Figur 11.13 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt, 0–18 år.  Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.

Figur 11.13 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt, 0–18 år. Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.

Kjelde: SSB

Kor utsette barn med innvandrarbakgrunn er, varierer ein god del avhengig av kva land dei har bakgrunn frå. Barn med bakgrunn frå Aust-Europa, Afrika, Asia eller Latin-Amerika er mest utsette, men òg i denne gruppa er det store skilnader. Barn med bakgrunn frå Irak, Afghanistan, Somalia og til dels Pakistan veks oftare opp i låginntektshushald enn barn med annan landbakgrunn (Kaur 2013).

At landbakgrunn betyr så mykje, kan det vere fleire årsaker til. Mellom anna kan butida til foreldra påverke i kva grad dei er i inntektsgivande arbeid. Det har òg vist seg at barn med bakgrunn frå landgrupper der familiane er store og yrkesaktiviteten blant mødrer låg, er klart overrepresenterte i låginntektsgruppa.

Referansar:

  • Bhuller, Manudeep og Rolf Aaberge (2010): Vedvarande økonomisk fattigdom blant innvandrere. En empirisk analyse for perioden 1993–2007. Rapporter 32/2010 Statistisk sentralbyrå

  • Kaur, Ranjit (red.) (2013): Økonomi og levekår for ulike lavinntektsgrupper 2013. Rapporter 32/2013 Statistisk sentralbyrå

  • Normann, Tor Morten (2009): Fattigdomsrisiko. En levekårstilnærming. Rapporter 2009/11 Statistisk sentralbyrå.

11.3.3 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som eig og leiger bustad

Status

Delen innvandrarar som eig bustaden sin, er mindre enn for resten av befolkninga. Om lag 58 prosent av innvandrarane frå EU, Nord-Amerika etc. * er sjølveigarar * og om lag 42 prosent leiger ein bustad. Blant befolkninga elles er om lag 87 prosent sjølveigarar, og om lag 13 prosent leiger ein bustad.

Det er noko meir vanleg at innvandrarkvinner eig bustaden sin enn menn. Blant innvandrarane frå Asia, Afrika etc. * er om lag 44 prosent av kvinnene sjølveigarar, medan rundt 38 prosent av mennene er det. Blant innvandrarane frå EU, Nord-Amerika etc. er om lag 52 prosent av kvinnene sjølveigarar, medan om lag 47 prosent av mennene er det.

Kor stor del av innvandrarbefolkninga som eig eller leiger, endrar seg med butid i Noreg. Innvandrarar med lang butid i Noreg har eit eige- og leigemønster som liknar på resten av befolkninga. Spesielt gjeld dette for innvandrarar frå EU, Nord-Amerika etc. For denne gruppa, med butid over 15 år, er prosentdelen som leiger, nesten den same som for resten av befolkninga. Sjølv om prosentdelen som leiger bustad, også minkar med butid for innvandrarar frå Asia, Afrika etc. og prosentdelen som eig bustaden sin, aukar, er prosentdelen som leiger bustad, framleis om lag 20 prosent etter 15 år eller meir i Noreg.

11.3.4 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som bur trongt

Status

Å bu trongt er her definert som einpersonshushald som berre har eitt opphaldsrom, hushald med fleire personar enn talet på opphaldsrom, og at hushaldet har mindre enn 20 kvadratmeter buareal (p-areal) per person i hushaldet. Innvandrarar, spesielt frå Asia, Afrika etc. er overrepresenterte blant dei som bur trongt. Om lag 23 prosent av innvandrarane frå Asia, Afrika etc. bur trongt, medan dette gjeld om lag 9 prosent av dei frå EU, Nord-Amerika etc. Av resten av befolkninga er det om lag 4 pst. som bur trongt.

Blant dei norskfødde med innvandrarforeldre er det heile 37 prosent som er trongbudde. Dette kan tyde på at mange unge med innvandrarforeldre bur i hushald som er spesielt utsette på bustadmarknaden.

Det skjer ei klar endring med auka butid. Innvandrarar frå EU, Nord-Amerika etc. med lang butid er nær snittet som for befolkninga elles, medan ein stor del av innvandrarane frå Asia, Afrika etc. framleis bur trongt trass i lang butid.

11.4 Frivillig verksemd og deltaking

Den norske velferdsstaten har eit breitt tilbod av gratis eller lågt prisa offentlege tenester. Tenestene verkar inn på livskvaliteten og moglegheitene til det enkelte mennesket, og påverkar derfor føresetnadene for å delta i samfunnslivet. Måten tenestene er utforma på, påverkar moglegheita til å bruke tenestene.

Dei offentlege tenestene skal vere tilgjengelege for alle og ta utgangspunkt i føresetnadene og behova til den enkelte. Delen tilsette innvandrarar i ulike yrke kan seie noko om føresetnaden for at tenestene er tilpassa mangfaldet i befolkninga. Dette er særleg viktig i tenester som utøver myndigheit over andre. Representasjon av ulike grupper i tenestene har òg betydning for opplevinga av tillit til dei.

For at eit representativt demokrati skal fungere slik det er tenkt, er det viktig at ikkje valoppslutninga blir for låg. Samtidig som borgarane ved å stemme aukar innverknaden på sin eigen kvardag, medverkar deltaking ved val til å gjere borgarane ansvarlege og medvitne.

Statistikken viser at representasjonen av innvandrarar i offentleg sektor går opp. Denne utviklinga gjeld òg mange av dei yrka som er presenterte under, som tilsette i barnehagar, skolar og politi.

11.4.1 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som er tilsette i offentleg sektor

Status

Statsadministrasjonen, eller det statlege tariffområdet, omfattar departementa og dei underliggjande etatane. Delen tilsette i det statlege tariffområdet som har innvandrarbakgrunn, var per 1. oktober 2011 på 8,2 prosent, per 1. oktober 2012 på 8,8 prosent og per 1. oktober 2013 på 9.1 prosent. Dette omfattar både EU/EØS etc. (landgruppe 1) og Afrika, Asia etc. (landgruppe 2).

Delen tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 var per 1. oktober 2011 på 4,0 prosent, per 1. oktober 2012 på 4,3 prosent og per 1. oktober 2013 på 4,4 posent.

For landgruppe 2 har delen menn auka frå 3,9 prosent i 2011 til 4,1 prosent i 2012, og per 1. oktober 2013 var han 4,3 prosent. For landgruppe 2 har delen kvinner auka frå 4,0 prosent i 2011 til 4,4 prosent i 2012, og per 1. oktober 2013 var han 4,7 prosent.

Størstedelen av dei tilsette i staten frå landgruppe 2 er dei med butid på 7 år eller meir. Denne delen har auka frå 71,2 prosent i 2011 til 73,2 prosent i 2012. Per 1 oktober 2013 var han 74,6 prosent.

Aldersgruppa 25–39 år har størst del av dei tilsette i statleg forvalting frå landgruppe 2. I 4. kvartal 2012 var denne delen 48,8 prosent og i 4. kvartal 2013 var denne delen 49 prosent.

11.4.2 Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre innan politi og påtalemakta og retts- og fengselsvesenet

Status

I 2013 hadde 4,1 prosent av dei tilsette i politi- og påtalemakta innvandrarbakgrunn, mot 3,9 prosent i 2012. Av desse var 340 menn og 385 kvinner. 279 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 80 frå Afrika og 195 frå Aust-Europa. Av alle med innvandrarbakgrunn utgjer innvandrarar 82 prosent og norskfødde med innvandrarforeldre 18 prosent. Som det går fram av tabell 11.7, har det vore ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn sidan 2005.

I 2013 hadde 3,8 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet innvandrarbakgrunn, ei auke frå 3,3 i 2012. Dette utgjorde 269 personar, herunder 125 menn og 144 kvinner. Av desse var 109 menn og 90 kvinner tilsett i kriminalomsorga. 87 av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet hadde bakgrunn frå Asia, 18 frå Afrika, medan 85 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Av alle med innvandrarbakgrunn utgjer innvandrarar 87 pst. og norskfødde med innvandrarforeldre 23 pst. Det har vore ei stigning sidan 2006, da 1,9 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet hadde innvandrarbakgrunn.

Tabell 11.7 Tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i retts- og fengselvesenet

Tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta

Tilsette med innvandrarbakgrunn i retts- og fengselsvesenet

Prosent totalt

Totalt (tal)

Menn (tal)

Kvinner (tal)

Prosent totalt

Totalt (tal)

Menn (tal)

Kvinner (tal)

2005

2,0

299

124

175

2,2

144

62

82

2006

2,2

334

134

200

1,9

122

57

65

2007

2,6

398

155

243

2,1

130

61

69

2008

2,8

437

183

254

2,4

151

79

72

2009

3,3

520

221

299

2,7

180

87

93

2010

3,4

553

241

312

2,9

191

92

99

2011

3,6

588

259

329

3,3

237

118

119

2012

3,9

659

290

369

3,3

236

105

131

2013

4,1

725

340

385

3,8

269

125

144

Kjelde: SSB

11.4.3 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre av basispersonalet i barnehagane

Status

Talet på basispersonale * i barnehagar i 2013 var 88 000. I underkant av 9 prosent av desse var menn. I 2013 utgjer delen av basispersonalet med innvandrarbakgrunn nær 13 prosent. Av desse utgjer norskfødde med innvandrarforeldre berre 0,5 prosent. Delen med innvandrarbakgrunn blant basispersonalet som er menn, er litt høgare enn blant kvinnene. Dei siste tre åra har delen basispersonale med innvandrarbakgrunn auka svakt. Det kjem hovudsakleg av ein auke i delen innvandrarkvinner.

Figur 11.14 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som er basispersonale i barnehagane, 2011–2012. Prosent.

Figur 11.14 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som er basispersonale i barnehagane, 2011–2012. Prosent.

Kjelde: SSB

11.4.4 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som underviser i grunnskolen og den vidaregåande skolen

Status

Delen tilsette med innvandrarbakgrunn er litt høgare for fylkeskommunale vidaregåande skolar enn for dei kommunale grunnskolane (figur 11.15). Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del. Delen med innvandrarbakgrunn blant mannleg undervisningspersonale i kommunale grunnskolar er litt høgare enn blant dei kvinnelege. I fylkeskommunale vidaregåande skolar er det motsett. Delen med innvandrarbakgrunn blant kvinneleg undervisningspersonale er høgare enn blant dei mannlege. Det har vore ein svak vekst i delen tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste tre åra, både i kommunale grunnskolar og i fylkeskommunale vidaregåande skolar.

Figur 11.15 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som er ein del av undervisningspersonalet1 i grunnskole og vidaregåande skole, 2011–2013. Prosent.

Figur 11.15 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som er ein del av undervisningspersonalet 1 i grunnskole og vidaregåande skole, 2011–2013. Prosent.

1 Tala inkluderer både hovud- og biarbeidsforhold.

Kjelde: SSB

11.4.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som er tilsette i barnevernet

Status

I 2013 hadde i alt 1 029 tilsette i barnevernet innvandrarbakgrunn (945 innvandrarar og 84 norskfødde med innvandrarforeldre).

  • Dette utgjer om lag 6,8 prosent av den totale delen tilsette i barnevernet (15 137).

  • Prosentdelen tilsette menn med innvandrarbakgrunn utgjer om lag 2,3 prosent (mot 26,2 prosent i befolkninga totalt)

  • Tilsette kvinner med innvandrarbakgrunn utgjer om lag 3,8 prosent (mot 73,8 prosent i befolkninga totalt)

Det har vore ein jamn auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernet dei siste åra (frå 4,7 prosent i 2007 til 6,2 prosent i 2011, 6,7 prosent i 2012 og 6,8 prosent i 2013).

Tabell 11.8 Tilsette i barnevernstenesten etter innvandringsbakgrunn og kjønn, 4. kvartal 2013

I alt

Menn

Kvinner

I alt

15 137

3 967

11 170

Ingen innvandrarbakgrunn

14 108

3 517

10 591

Landgruppe 1

398

152

246

Landgruppe 2

631

298

333

I alt

100,0

100,0

100,0

Ingen innvandrarbakgrunn

93,2

88,7

94,8

Landgruppe 1

2,6

3,8

2,2

Landgruppe 2

4,2

7,5

3,0

I alt

100,0

26,2

73,8

Ingen innvandrarbakgrunn

100,0

24,9

75,1

Innvandrara og norskfødde osv.

100,0

43,7

56,3

Landgruppe 1

100,0

38,2

61,8

Landgruppe 2

100,0

47,2

52,8

Kjelde: SSB

11.4.6 Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren

Status

Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn utgjer i 2013 8,3 prosent av alle arbeidstakarar innan kultur- og mediesektoren. 4,5 prosent er kvinner og 3,8 prosent menn. Resultata viser ein liten auke frå 2012 og 2011, da arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren utgjorde 8,1 prosent og 7,5 prosent.

Tabell 11.9 Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren

Sektor

Totalt

Kvinner

Menn

Totalt %

Kvinner %

Menn %

Film og video

346

160

186

8,9

46

54

Radio og fjernsyn

288

136

152

4,6

47

53

Sjølvstendig kunstnarleg verksemd

573

286

287

10,9

50

50

Drift av lokale knytt til kunstnarleg verksemd

84

37

47

8,7

44

56

Bibliotek og arkiv

327

233

94

8,2

71

29

Museum, vern av historiske stader og bygningar

395

247

148

10,4

63

37

Kjelde: SSB

11.4.7 Delen som søkjer statsborgarskap, av dei som fyller kravet til butid statsborgarlova

Status

Overgang til eit anna statsborgarskap ved søknad blir kalla naturalisering. Naturaliseringsraten er definert som talet på årlege naturaliseringar per 100 busette med utanlandsk statsborgarskap. Generelt seier naturaliseringsraten noko om kor mange av dei som eit gitt år kan ta norsk statsborgarskap, som faktisk har gjort det dette året. SSB har gitt ut ein rapport som viser naturaliseringsraten for innvandrarar for alle åra 1977–2011.

Tala frå SSB viser at blant alle innvandrarar som var busette i Noreg i 2011, og som har vore busette i minst 7 år, er det i alt 63 prosent som har skifta til norsk statsborgarskap. Blant flyktningar og innvandrarar frå Afrika og Asia (med Tyrkia), har over 80 prosent blitt norske borgarar, medan talet er 69 prosent av busette frå Aust-Europa. Mellom 19 og 25 prosent av innvandrarane frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Oseania og Norden har blitt norske borgarar. Lågast er tala for arbeidsinnvandrarar som har kome etter 1989, av dei er det berre 13 prosent av dei som kan skifte, som har gjort det.

Som tabellen nedanfor viser, var naturaliseringsraten for kvinner 10,5 og for menn 8,6 i 2011. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som har vore i Noreg i minst 7 år, er raten relativt lik for kvinner og menn, med unntak av dei som kom frå Afrika. Raten blant kvinner frå Afrika har sidan slutten av 1990-talet vore langt høgare enn for menn.

Tabell 11.10 Talet årlege naturaliseringar per 100 busett med norsk statsborgarskap, etter innvandringsårsak og kjøn. Ikkje-nordiske innvandrarar med minst 7 års butid som har kome til Noreg i 1990 eller seinare. 2011. Prosent.

Totalt

Kvinner

Menn

I alt

9,6

10,5

8,6

Arbeid

2,2

3,4

1,7

Familie, i alt

11,2

12,3

9,4

Familie, gjenforening og medfølging

13,4

15

11,2

Familie, etablering

9,5

10,5

7,4

Flukt

31,6

42,6

26,6

Utdanning

6,1

6

6,2

Kjelde: SSB

11.4.8 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som stemte ved siste stortingsval

Status

Ei undersøking frå SSB viser at 53 prosent av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, det vil seie innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, brukte stemmeretten sin ved stortingsvalet i 2013. Den generelle valdeltakinga var på 78 prosent. Også ved tidlegare stortingsval har deltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn vore langt lågare enn i befolkninga elles. Valdeltakinga blant norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn har vore stabil på rundt 50 prosent ved dei fire siste stortingsvala.

Tabell 11.11 Innvandrarar med norsk statsborgarskap. Valdeltaking 2001–2013.

Valår

2001

2005

2009

2013

Valdeltaking i prosent

52

53

52

53

Kjelde: SSB

Valdeltakinga varierer mykje etter landbakgrunn. Både den høgaste og den lågaste deltakinga finst blant personar med europeisk landbakgrunn. Samla deltek 55 prosent av dei med europeisk bakgrunn. Blant personar med bakgrunn frå Danmark, Sverige og Tyskland var deltakinga om lag den same som i befolkninga elles. Blant personar med innvandrarbakgrunn frå Balkan var deltakinga mykje lågare. Av dei med bakgrunn frå Kroatia, Makedonia og Kosovo deltok berre rundt ein tredjedel av dei med stemmerett. Også ved vala i 2005 og 2009 hadde personar med bakgrunn frå Balkan låg deltaking.

Utanfor Europa var det høgast deltaking blant personar med bakgrunn frå Sri Lanka, Somalia og Eritrea, alle med om lag 60 prosent. Samanlikna med valet i 2009 er det personar med innvandrarbakgrunn frå Vietnam som har hatt størst auke i valdeltakinga, frå 36 til 49 prosent. Nedgangen er størst blant innvandrarar med indisk opphav. Her er det ein nedgang frå 60 til 53 prosent.

Kvinnene nytta stemmeretten i større grad enn menn. 55 prosent av kvinnene med innvandrarbakgrunn deltok ved stortingsvalet i 2013, til samanlikning deltok 50 prosent av mennene. Ved valet i 2009 var det ingen skilnad mellom menns og kvinners valdeltaking, begge kjønn hadde ei deltaking på 52 prosent. For nokre enkeltland er skilnadene særleg store. Blant personar med innvandrarbakgrunn frå Somalia deltok 66 prosent av kvinnene, mot berre 51 prosent av mennene.

Tabell 11.12 Stortingsvalet 2013. Valdeltaking i prosent i utvalte av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med norsk statsborgarskap. Etter landbakgrunn og kjønn. Prosent.

Begge kjønn

Menn

Kvinner

I alt

53

50

55

Norden

79

74

82

Vest-Europa

76

76

76

Aust-Europa

47

45

49

Nord-Amerika og Oseania

64

60

67

Asia med Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika

51

49

53

Kjelde: SSB

Valdeltakinga aukar med butid og med alder, men denne tendensen var i 2013 mindre eintydig enn ved tidligare val. For personar med innvandrarbakgrunn samla gjeld dette framleis. Men for personar med afrikansk bakgrunn har dei med kortast butid høgast valdeltaking, og dei i den yngste aldersgruppa (18-25 år) har høgare valdeltaking enn dei eldste (60 år og over).