Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

Langsiktig satsing på kunnskap og kompetanse er avgjerande for å kunne utvikle og fornye politikken innanfor Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) sitt ansvarsområde.

BLD har desse måla for forskingsinnsatsen og anna kunnskapsutvikling som departementet finansierer:

  1. Innsatsen skal medverke til langsiktig og målretta kunnskapsbygging innanfor ansvarsområdet til departementet.

  2. Det skal vere nødvendig kunnskap for politikkutforming og forvalting, også kunnskap om måla blir nådd og effektar av tiltak.

  3. Det skal vere kompetente forskingsmiljø på sentrale område som departementet har ansvar for.

Departementet bidreg til langsiktig og målretta kunnskapsbygging og kompetanseutvikling gjennom støtte til langsiktig forsking i regi av Noregs forskingsråd, Kjernemiljø for likestillingsforsking, Statens institutt for forbruksforsking, dei tre regionale kunnskapssentra for barn og unge, Norsk senter for studier av problematferd og innovativ praksis, Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, programmet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017, gjennom avtalar med Statistisk sentralbyrå om migrasjons- og innvandrarrelatert og likestillingsrelatert statistikk og gjennom Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet. I tillegg konkurranseutset departementet forskingsoppdrag som grunnlag for politikkutvikling og i enkelte faglege spørsmål.

Departementet sine underliggjande og tilknytte etatar (IMDi, Bufdir og AVdir) har oppgåver knytte til forsking og analyse mellom anna på barnevernsområdet, familievernområdet, personar med nedsett funksjonsevne, lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt), integrering av innvandrarar og barna deira og overføringsordningane til barnefamiliane.

Departementet har nyleg gjennomført ei omorganisering for mellom anna å styrkje kapasiteten, kvaliteten og det tverrfaglege samarbeidet i departementet og skape eit kjernemiljø for analyse og forsking. Departementet arbeider no med å utvikle ein ny forskingsstrategi.

Regjeringa legg saman med budsjettet fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Med langtidsplanen varslar regjeringa ein ambisiøs og føreseieleg politikk for forsking og høgre utdanning. Satsinga gir føreseielege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar, og konkrete satsingar på forskingsinfrastruktur, rekrutteringsstillingar og tiltak for å stimulere til god deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020 . For nærmare omtale, sjå Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 og Prop. 1 S (2014–2015) for Kunnskapsdepartementet.

Den nye forskingsstrategien til BLD, saman med langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og andre meldingar og proposisjonar til Stortinget, vil leggje eit strategisk grunnlag for arbeidet med forskings- og utviklingsarbeid.

Regjeringa har fastsett nye mål for verksemda til Forskingsrådet. Bakgrunnen er at både Riksrevisjonen og evalueringa av Forskingsrådet peikte på utfordringar knytte til det eksisterande mål- og resultatstyringssystemet (MRS) for Forskingsrådet. Løyvingane til Forskingsrådet går over budsjetta til 15 departement, og Forskingsrådet blir stilt overfor mange mål/delmål og ei rekkje føringar frå departementa.

Formålet er å etablere eit system med meir overordna og strategisk styring av Forskingsrådet frå departementa si side, der den samla styringa blir dreidd meir over i retning av resultat av verksemda til Forskingsrådet, og der Forskingsrådet får større fridom til å forvalte sine program og aktivitetar på tvers av departementsgrensene. Departementa og Forskingsrådet har delteke i arbeidet med å utvikle det nye systemet.

Regjeringa har fastsett desse måla for verksemda i Forskingsrådet frå 2015:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • møte med store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving.

Systemet for styring av Forskingsrådet vil bli utvikla vidare i løpet av hausten 2014.