Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015

7.1 Innleiing

Måla for det internasjonale arbeidet er at BLD skal:

  1. Ta hand om nasjonale interesser i all deltaking i internasjonale aktivitetar

  2. Delta i aktuelle internasjonale forum basert på relevans for sektorpolitikken og ressursmessig kapasitet

  3. Følgje opp internasjonale forpliktingar/avtalar og ta initiativ til anna relevant internasjonalt samarbeid ut frå kva som kan tene den nasjonale politikkutviklinga.

7.2 Samarbeid i ulike institusjonar

7.2.1 Nordisk ministerråd og anna nordisk samarbeid

Dei nordiske regjeringane samarbeider i Nordisk ministerråd (NMR). Samarbeidet er organisert med ministerråd (MR) og embetsmannskomitear (EK) der MR-møta blir førebudde. Landa har rullerande formannskap og lagar i formannskapsåret eigne årlege program. Noreg sitt neste formannskap er i 2017. Det nordiske samarbeidet skjer òg utanfor NMR.

Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren deltek i Ministerrådet for likestilling (MR-JÄM) og kan saman med Helse- og omsorgsministeren og Arbeids- og sosialministeren delta i Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S). Under MR-S skal ein handlingsplan for nordisk samarbeid om funksjonshinder implementerast i 2015. Eit prosjekt om inkludering av utsette unge i arbeidsliv og utdanning blir avslutta i 2016. Meir informasjon om MR-S finst i budsjettproposisjonane til Arbeids- og sosialdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Likestillingspolitikk

I MR-JÄM har 2014 vore prega av feiringa av 40 års samarbeid om likestillingsarbeidet i Norden. Eit likestillingsprogram for 2015–2018 er planlagt vedteke i Nordisk råds sesjon hausten 2014. «Det offentlege rom« og «Velferd og innovasjon« er hovudtema, og aktiv deltaking frå menn og gutar i likestillingsarbeidet på tvers av sektorane blir framheva. Noreg vil i 2015 arbeide for at det nordiske likestillingssamarbeidet blir utvida til å gjelde fleire diskrimeringsgrunnar.

Forbrukarpolitikk

Samarbeidet om forbrukarpolitikk skjer i Embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid, Nordkons. Samarbeidet er avgrensa til informasjons- og erfaringsutveksling. Embetsmannsgruppa er òg ein arena for å drøfte EU-saker. BLD deltek òg i eit uformelt nordisk-estisk samarbeid om forbrukarundervisning, som mellom anna drøftar oppfølging av OCEDs rekommandasjon for forbrukarpolitikk.

Integreringspolitikk

BLD deltek i nordisk samarbeid om integrering i regi av Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) og i årlege embetsmannsmøte om statsborgarskap og felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. BLD deltek på embetsnivå i eit uformelt nordisk samarbeid om integreringspolitikk.

Barne- og ungdomspolitikk

BLD er representert i Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK), Nordisk Ministerråds rådgivande organ for barne- og ungdomspolitikk, underlagt samarbeidsministrane (MR-SAM). Arbeidet i komiteen er forankra i ein eigen handlings-/strategiplan for det fellesnordiske samarbeidet på det barne- og ungdomspolitiske området. Planen gjeld for perioden 2014–2017.

7.3 Europarådet

Europarådet arbeider med sentrale politikkområde i BLD, som: barne- og ungdomspolitikk, familiepolitikk, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikk, integreringspolitikk, valdsproblematikk, sosial tilhøyrsle og statsborgarskap.

Frå 1. januar 2014 har det tidligare European committee for social cohesion (CDCS) fått eit utvida mandat og heiter no European Committee for Social Cohesion, Human Dignity and Equality (CDDECS). Komiteen vil behandle sentrale område for BLD, som likestilling, ikkje-diskriminering, familie, barn, fattigdom og andre velferds- og sosialpolitiske tema. Komiteen har tre underkomitear, og Noreg vil vere representert i alle desse.

Noreg tek del i eit samarbeid om statsborgarskap under The European Committee on Legal Co-operation(CDCJ). Europarådskonvensjonen av 6. november 1997 om statsborgarskap blei sett i kraft 1. oktober 2009.

7.4 EU/EØS

Noreg tek del i EUs utvikling av ny politikk, medverkar til ny lovgiving og implementerer ulike direktiv og program nasjonalt. Det skjer på tre hovudmåtar:

  1. Politikkutforming

    Noreg har to hovudkanalar for å påverke politikkutforminga i EU: 1) politisk deltaking og 2) deltaking i arbeidsgrupper og rådgivande komitear. Politisk deltaking kan skje mellom anna i EUs uformelle ministermøte og ved høyringar i Europaparlamentet. Embetsverket vil i 2015 mellom anna delta i EFTAs arbeidsgruppe for forbrukarsaker og Consumer Policy Network (CPN), EUs høgnivågruppe for ikkje-diskriminering og mangfald (GEG), høgnivågruppa om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (DHLG), i EUs rådgivande komité for likestilling mellom kvinner og menn og i EFTAs arbeidsgruppe for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

    Noreg har, som einaste ikkje-medlemsland, observatørstatus i EU-landa sitt nettverk for integrering, National Contact Points on Integration. Nettverket er ein arena for informasjonsutveksling mellom landa.

  2. Regelverk

    Norske forbrukarar er aktive på den europeiske marknaden. EU-reglane og EUs forbrukarpolitikk er derfor viktig. BLD vil påverke politikk- og regelutviklinga i 2015 mellom anna med tanke på å styrkje samarbeidet om handheving av forbrukarrettane.

    Tre direktiv er føreslått av Europakommisjonen på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet og er til behandling i EU: Svangerskapsdirektivet, Ikkje-diskrimineringsdirektivet og Direktiv for balansert kjønnskvotering til bedriftsstyre.

  3. Programsamarbeid

    EUs programsamarbeid i perioden 2014–2020 har mellom anna fokus på utveksling av felles kunnskaps- og avgjerdsgrunnlag for nasjonal politikkutvikling og gjensidig læring gjennom utveksling av erfaringar og informasjon.

    På BLD sine område deltek Noreg i to program i perioden 2014–2020: Forbrukarprogrammet og EU sitt program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+ . Ved deltaking i Forbrukarprogrammet får Noreg til dømes tilgang til europeiske nettverk for samarbeid og handheving av forbrukarrettar. Ved deltaking i Erasmus+ får Noreg tilgang til europeiske nettverk for ungdomspolitikk. Meir informasjon om Erasmus+ finst i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet.

7.5 FN

Noreg er rettsleg forplikta til å implementere rettane i FN-konvensjonane som staten har slutta seg til, og til å rapportere om implementeringa kvart fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementeringa av Noreg sine forpliktingar som følgjer av FN-konvensjonen om barnerettane, FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner, FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering og FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne.

BLD har også oppfølgingsansvar for sentrale FN-resolusjonar på departementet sitt fagområde.

BLD deltek på dei årlege møta i FNs kvinnekommisjon, i møta i tredje komité i Generalforsamlinga og i FNs sosialkommisjon. BLD vil halde fram med å delta i samarbeid om gjenbusetjing av overføringsflyktningar i regi av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

BLD vil i 2015 intensivere arbeidet med ny landrapportering som oppfølging av avsluttande merknader frå FNs barnekomité av januar 2010.

7.6 Andre internasjonale forum

OECD

Departementet deltek i OECDs komité for forbrukarsaker. Evaluering og revisjon av retningslinjene frå 1999 om elektronisk handel skal sluttførast i 2015. Aktuelle område for nye retningslinjer er forbrukarvern ved betaling via mobiltelefon og Internett, sosiale medium og digitale innhaldsprodukt. Desse vil, saman med revidert utgåve av dei generelle retningslinjene, vere innspel til Internet Ministerial i 2016.

BLD deltek òg i OECDs Working Party on Migration med hovudoppgåve å analysere utviklinga av migrasjonsstraumar og OECD-landa sin politikk for internasjonal migrasjon og integrering av innvandrarar.

Meir om migrasjon og integrering

BLD tek del i Global Forum on Migration and Development (GFMD). GFMD er ein uformell, ikkje bindande internasjonal, frivillig og open konsultasjonsprosess om politikk og praksis når det gjeld migrasjon og utvikling.

Metropolis er eit internasjonalt uformelt nettverk og forum for forskarar og brukarar omkring migrasjon, integrering av innvandrarar og etniske relasjonar. Noreg er med i forumet og møter i styret.

Vidare tek Noreg del i Transatlantic Council on Migration, som er eit uformelt forum for diskusjonar om migrasjon mellom forskarar og politikarar frå Europa og Nord-Amerika.

Noreg er òg med i Intergovernmental Consultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC), som er eit uformelt forum for gjensidig utveksling av informasjon om migrasjon og integrering mellom styresmaktene i for tida 17 land.

Barentsregionen/nordområdepolitikken

Programmet Children and Youth at Risk, (CYAR II – 2012–2015) er eit samarbeidsprogram under Programme on Health and Related Social Issues in the Barents Euro-Arctic Region (JWGHS). Programmet utvekslar ekspertkunnskap om utsette barn og unge. Resultata er positive, og programmet blir ført vidare ut 2015.

Barentsrådet har ei ungdomspolitisk gruppe Joint Working Group Youth (JWGY) og eit kontor for informasjon og rettleiing Barents Youth Coordination Office BYCO. Hovudoppgåvene er å formidle kontakt mellom organisasjonar og ungdomsgrupper i regionen. Barentsregionen er avhengig av at barn og unge blir verande i regionen. Samarbeid om barne- og ungdomspolitiske utvekslingar, aktivitetar og prosjekt speler ei viktig rolle i å styrkje mellomfolkeleg forståing. BLD vil arbeide for å medverke til dette. Ordninga blir ført vidare i 2015.

Austersjøsamarbeidet

I Austersjørådet (CBSS) inngår 11 land i tillegg til EU. I Expert group for cooperation on children at risk (EGCC) vil Noreg halde fram med samarbeid og aktivitetar knytte til utsette barn og unge innanfor tre prioriterte område: vern mot vald og seksuelle overgrep, einslege mindreårige i migrasjon, menneskehandel og barn sine rettar på institusjon.

Anna

Noreg vil halde fram deltakinga i det europeiske mellomstatlege lhbt-nettverket (LGBT-Informal Govermental Focalpoint), som er viktig for fagleg-politisk utvikling i Europa og internasjonalt.