Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015

Det er innført ei ny organisering av BLD med foremål å styrkje kapasitet og kvalitet i departementet og gjere organisasjonen meir robust med betre ressursutnytting og fleksibilitet. Den nye organiseringa gjer det mogleg å omprioritere ressursar og medverkar til ei vidareutvikling av fagområda ved at ulike fagområde og ulike arbeidsmåtar er lagt inn i nye avdelingar. Departementet har òg utarbeidd ein ny målstruktur for 2015 med færre hovudmål og delmål.

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvalting av sentrale ytingar på BLDs ansvarsområde. Dette gjeld barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og regelverket for barnebidrag.

IKT-moderniseringsprogrammet i Arbeids- og velferdsetaten starta opp i 2012. Eit hovudmål med programmet er å gi betre tenester for brukarane og auka effektivitet i saksbehandlinga. Hovudstrategien er å gi brukarane betre tilgang til og innsyn i si eiga sak, døgnopne dialogtenester over nettet og fleire sjølvbeteningsløysingar knytte til sentrale ytingar.

Prosjekt 1 i moderniseringsprogrammet skal avsluttast våren 2015 med mellom anna moderniserte løysingar for ny uføretrygd. Samtidig blir det arbeidd med oppstart av Prosjekt 2 for ytterlegare forenkling og digitalisering av tenestene til etaten.

Modernisering av forvaltinga på foreldrepengeområdet er høgt prioritert, men det er ikkje fastsett ein endeleg framdriftsplan for denne delen av arbeidet.

Det er gjort nærmare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2014–2015) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

BLD har i 2013 og 2014 hatt auka merksemd på å målrette styringa av IMDi og Vox. Det har mellom anna vore arbeidd med kvaliteten i tildelingsbrev og instruks og utvikling av meir treffsikre mål og styringsparametrar. Arbeidet blir ført vidare i 2015.

IMDi er evaluert. Det er spesiell merksemd på desse områda: busetjing av flyktningar i kommunane, kunnskapsutvikling, IMDi si rolle som fagleg rådgivar for politikkutvikling og intern styring og organisering i IMDi. Departementet følgjer opp funna frå evalueringa.

IMDi har sidan 2011 arbeidd med ei større IKT-satsing, innføringa av IMpact. Formålet med satsinga er utvikling og innføring av eit støtteverktøy for heile IMDis verksemd for å effektivisere busetjingsarbeidet, auke kvaliteten i dialogen med kommunane om introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap og betre rapporteringa på resultat. Satsinga vil òg bidra til effektivisering i kommunane.

Å gi riktig hjelp tidleg i eit barns liv kan vera avgjerande for barnets utvikling, og er samfunnsøkonomisk lønsamt. Familievernets og barnevernets førebyggjande arbeid og hjelp til utsatte barn og familiar er svært viktig. Det bidreg til å gi barn gode, trygge og utviklingsfremjande oppvekstvilkår. Familievernet hindrer at familieproblemer utviklar seg og førebyggjar derfor problem på ei rekkje anna samfunnsområde som for eksempel vald, rus og psykiatri. Det blir arbeidd aktivt med forenkling, modernisering og betre gjennomføringskraft i barnevernet, og nokre av innsatsområda blir nemnde under.

Oppfølginga av Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven fører til endra roller for etaten og direktoratet. Bufdir har gått gjennom alle tenesteområda, og departementet legg til grunn at direktoratet og etaten i omstillinga held fram arbeidet med å effektivisere etaten gjennom standardisering og samorganisering. Etaten skal ikkje drive eller finansiere aktivitetar innan kommunane sine lovpålagde oppgåver, og er i ferd med å fase desse oppgåvene ut. Bufdir skal i 2015 arbeide vidare med spesialisering av tilbodet og målgruppedifferensiering av institusjonane, og dette skal bidra til betre kvalitet og gjennomføringskraft.

Vidare slutta Stortinget seg til forslaga i Prop. 106 L (2012–2013) om ei tydeleg ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt barnevern. Departementet vil forsterke dette arbeidet i tråd med regjeringa sitt mål om større ansvar til kommunane. Departementet har starta arbeidet med strukturendringar og tek sikte på å prøve ut ny organisering i form av forsøksverksemd i eit lite utval av kommunar med oppstart i 2016.

Bufdir er også godt i gang med å effektivisere og forenkle verksemda. Gjennom opprettinga av Bufetat senter for administrasjon og utvikling (BSA) blei administrative funksjonar samla og administrative stillingar reduserte med knapt 90 årsverk. Samlinga av dei administrative funksjonane bidreg til forenkling i form av standardisering av prosessar og oppgåver og effektivisering av etablerte rutinar.

Regjeringa arbeider med ei felles likestillings- og diskrimineringslov. Å samle diskrimineringsvernet, som i dag er spreidd på fleire lover, i éi lov, vil gi eit enklare, meir tilgjengeleg og oversiktleg vern mot diskriminering.

Det er òg sett i gang eit arbeid med å vurdere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. Formålet er mellom anna å gi ei mest mogleg effektiv gjennomføring av forbrukarpolitikken.