Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015

9.1 Forbrukarområdet

9.1.1 Miljøutfordringar

Dei fleste forbrukarane i Noreg nyt godt av høg og aukande kjøpekraft og velstand. Vare- og tenestetilbodet blir stadig utvida og endra som følgje av teknisk, kulturell og økonomisk utvikling. Samtidig utgjer vårt materielle forbruk ei belasting for ressursgrunnlaget.

Miljøutfordringa knytt til forbruk handlar om å tilpasse forbruksmønsteret og det samla ressursforbruket i samfunnet til det naturen kan tole. Både forbruksvolumet og forbruksmønsteret i samfunnet har innverknad på miljøet og klimaet.

Det er viktig å skape ei felles forståing av kva eit berekraftig forbruk inneber i praksis. Eit endra forbruksmønster i retning av eit redusert samla ressursforbruk vil krevje endringar i så vel haldningar, åtferd og livsstil som i teknologi og økonomisk politikk.

9.1.2 Mål for arbeidet

I forbrukarpolitikken er det eit mål å medverke til større medvit om miljøutfordringane knytte til forbruket gjennom kunnskapsformidling og informasjon. Skal forbrukarane kunne ta miljøtilpassa (berekraftige) kjøpsval, og gjennom medviten etterspurnad medverke til berekraftig produksjon, må det finnast lett tilgjengeleg, påliteleg og tilstrekkeleg informasjon om miljøaspekta ved produkta.

Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester gir forbrukarane høve til å velje produkt som gir minst mogleg belasting på miljøet. Medvitne, aktive og godt organiserte forbrukarar kan gjennom etterspurnad påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

BLD følgjer ein todelt strategi som går ut på å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige aspekt ved forbruket, og styrkje kunnskapen til forbrukarane om spørsmål knytte til berekraftig forbruk i vid forstand.

Informasjon om miljømessige aspekt ved varer og tenester kan formidlast gjennom til dømes nettbasert informasjon, produkttestar, marknadsføring frå næringslivet, undervisning om forbrukstema i skolen og ved positiv miljømerking. I miljømerkinga blir den relevante informasjonen samanfatta i symbola Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU). Regjeringa vil støtte opp om desse miljømerka, slik at dei kan få enda større gjennomslag i marknaden.

9.1.3 Rapport for 2013

Arbeidet med miljømerkeordningane Svana og EU Ecolabel blei ført vidare i 2013. Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) oppdaterte og produserte ny informasjon om miljømerkte produkt som enkle og trygge miljø- og klimaval i kvardagen.

For å fremme gode miljøvanar hos nye generasjonar har Miljømerking i fleire år retta kommunikasjonsarbeidet særleg mot barn og deira omgivnader. I 2013 lanserte Miljømerking eit miljøundervisningsopplegg med maskoten Svanhild som gjennomgangsfigur. Opplegget er retta mot barnehagebarn i alderen 3–7 år og familiane deira. Om lag 600 barnehagar fekk pakka i 2013, og distribusjonen heldt fram i 2014.

For 2013 hadde Miljømerking som mål at over 90 prosent av befolkninga skulle ha kjennskap til Svana. Den årlege kjennskapsundersøkinga (januar 2014) viste at kjennskapen var på 94 prosent (mot 93 prosent i 2013). Kjennskapen til EU Ecolabel var på 10 prosent (mot 11 prosent i 2013).

BLD deltok i arbeidsgruppa under Nordisk Ministerråd som følgjer opp visjonen for Svana 2015 (vedteke av miljøministrane i 2010). Arbeidet skal medverke til at Svana forsterkar posisjonen sin som det mest relevante miljømerket i Norden, samtidig som det blir utvikla samspel med andre miljøinformasjonssystem. Ei midtvegsevaluering hausten 2013 viste at arbeidet med å nå visjonsmåla har hatt god framgang. Arbeidet blir ført vidare i 2014.

Ved utgangen av 2013 fanst det 634 gyldige lisensar og registreringar for miljømerket Svana i Noreg. Dette er ein nettoauke på 25 frå 2012.

I undervisninga i forbrukaremne i skolen er det viktig å fremme kunnskap om korleis forbruk innverkar på miljø og klima, og korleis forbrukarane og hushalda kan opptre miljømedvite. I tråd med dette fekk Høgskolen i Hedmark i 2013 midlar frå BLD til å vere sekretariat for utdanningsprosjektet PERL (Partnership for Education and Research about Responsible Living). PERL er eit nettverk av lærarar og forskarar frå over 120 institusjonar i meir enn 50 land som mellom anna utviklar undervisningsmateriell og utvekslar kompetanse om berekraftig forbruk og livsstil.

9.1.4 Vidare arbeid

Departementet vil i 2015 arbeide for å gi forbrukarane betre grunnlag for å gjere miljømedvitne val. Dette inneber for det første å byggje opp under tiltak som kan gi forbrukarane miljøinformasjon om varer og tenester. Dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel er viktige verktøy i den samanhengen. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke, og at forbrukarane i større grad skal spørje etter slike. For det andre inneber det å styrkje kunnskapsgrunnlaget om utviklinga i forbruket, og konsekvensane dette har for miljøet.

Det er viktig at næringsdrivande ikkje nyttar miljøargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa si. Forbrukarombodet, som forvaltar marknadsføringslova, arbeider for at forbrukarane skal få riktig og relevant informasjon òg om miljømessige forhold ved varer og tenester.

Arbeidet med å fremme undervisning om berekraftig forbruk vil bli ført vidare i 2015. BLD har saman med Klima- og miljødepartementet gitt midlar til eit undervisingsopplegg om berekraftig forbruk i regi av Ungt Entreprenørskap i 2014. Dette samarbeidsprosjektet blir føreslått ført vidare i 2015.