Klima- og miljødepartementet (KLD)

Prop. 1 S

(2014 – 2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015

Å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Dette er det brei semje om, både i Noreg og internasjonalt. Likevel har tiltaka for å møte dei mest alvorlege utfordringane ikkje vore tilstrekkelege.

På ein del område, slik som lokal forureining, har vi oppnådd mykje i vårt land. På fleire miljøområde er det likevel både rom for og behov for ein meir ambisiøs og handlekraftig politikk.

Internasjonalt samarbeid er nøkkelen til suksess i klima- og miljøarbeidet. Våre innanlandske miljøutfordringar er ein del av dei samla globale utfordringane. Vi gir våre bidrag til dei internasjonale problema, og vi blir utsette for mange av dei same miljøverknadane som andre land. Skal vi løyse dei internasjonale miljøproblema må vi samtidig løyse våre eigne. Internasjonalt samarbeid og betre teknologi har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene til vårt land av sur nedbør og ozonskadelege gassar. Dette gir håp om at vi òg vil klare å løyse dei store klimautfordringane.

Gjennom klimaforliket på Stortinget har vi slått fast kva som er hovudutfordringane i klimapolitikken, kva mål vi skal nå og kva for verkemiddel vi skal nytte i arbeidet. Fram til 2020 skal vi kutte utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av norske utslepp i 1990, gjennom nasjonale reduksjonar og kvotekjøp. I tillegg skal vi omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn fram mot 2050. Noreg arbeider saman med ei rekkje andre land for å hindre ei global oppvarming ut over 2 °C samanlikna med førindustrielt nivå.

Sjølv ein temperaturauke på 2 grader vil skape merkbare endringar og nye utfordringar. Alvorlege flaumar og skred dei seinare åra, både her heime og i andre land, viser kva klimaendringane vil føre til. Fleire stader på jorda er nedbørmangel og tørke eit aukande problem. Sjølv om vi i Noreg har betre føresetnader for å tilpasse oss klimaendringane enn mange andre land, vil dei globale økonomiske, sosiale og økologiske konsekvensane av eit endra klima komme til å merkast hos oss og.

Vi må derfor auke mot klimaendringane parallelt med at vi utformar tiltak for å tilpasse oss dei endringane som uansett vil kome. Infrastruktur, bustadområde og viktige samfunnsfunksjonar må sikrast mot følgjene av eit endra klima. Klimapolitikken vil såleis påverke og omfatte mange område i samfunnet. Klimapolitikken kan berre lukkast dersom sektorane i samfunnet sjølv tar ansvar. Det er òg samfunnsøkonomisk lønsamt å setje inn effektive og ambisiøse tiltak no, samanlikna med å vente og dermed måtte ta større kostnadar seinare. I åra fram mot 2020 må vi få til ei økonomisk vekst og utvikling som ikkje gir like høge utslepp til luft og vatn. Frå 2020 må Noreg, og alle andre land, auke ambisjonsnivået. Klimapolitikken handlar både om å hindre dramatiske klimaendringar og om å utvikle nye næringar, produksjonsmåtar og teknologiske løysingar.

Klimautfordringane vil forsterke behovet for kraftige omstillingar i åra som kjem. Vi må bli mindre avhengige av olje- og gassnæringane, og vi må styrkje kunnskap, kompetanse og utviklingsevne på andre område. Framtidas Noreg skal vere eit høgteknologisamfunn og eit lågutsleppsamfunn. Ein slik omstillingsprosess må byggje på eit nært samarbeid mellom styresmakter og næringsliv. Næringslivet må gjere jobben med å utvikle ny teknologi, nye produksjonsmetodar og meir effektiv energibruk. Styresmaktene må utforme krav og rammevilkår som stimulerer til omstilling. Dersom vi skal kunne sikre gjennomføringskraft i klima- og miljøpolitikken, må offentleg og privat sektor samarbeide om felles mål.

Samtidig må vi stimulere til etterspørsel etter produkt og tenester som er baserte på miljøvennleg teknologi. Gjennom ei rad stimuleringstiltak har vi klart å auke bruken av el-bilar i Noreg. Dette er eit døme på korleis det offentlege kan påverke utvikling og bruk av nye og meir miljøvennlege løysingar i transportsektoren.

Veksten i globale utslepp av klimagassar skriv seg no frå raskt veksande økonomiar, spesielt utviklingsland i Asia. Løysinga på klimautfordringa krev nytenking der alle land tek ansvar i tråd med den reelle kapasiteten og styrken landa har. Vi må samarbeide med utviklingslanda og støtte dei landa som har vilje, men ikkje kapasitet til å gjere grøne val. Dette vil på same tid medverke til å løyse miljøutfordringar og til ei berekraftig utvikling. Den norske klima- og skogsatsinga er eit døme på slikt samarbeid, saman med det breiare miljøsamarbeidet med India, Kina, Sør-Afrika og Brasil.

Dei globale miljøutfordringane krev at miljøomsyn blir innarbeidde i andre delar av det internasjonale samarbeidet òg, til dømes internasjonal handel.

Om lag 2500 arter er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for arter 2010. Vidare er om lag 40 naturtypar klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2011. Arealbruksendringar er framleis den viktigaste årsaka til tapet av naturmangfald. Mange arter og naturtypar vil òg vere sterkt utsette for endringar i temperatur og klima, ikkje minst i arktiske strøk. På same tid vil klimaendringane òg føre til at arter og organismar spreier seg til nye område. Langs delar av norskekysten står tareskogen i fare for å bli borte. Klimagassen karbondioksid gjer havet surare, noko som trugar mange økosystem og livsformer. Endringane i økosystema vil òg kunne svekkje grunnlaget for matproduksjon, spreie dyre- og plantesjukdomar og skape nye helseutfordringar. Mangfaldet i naturen er med på å halde oppe både økonomiske og sosiale strukturar. Eit svekt naturmangfald vil òg få negative følgjer for økonomi og samfunn i det heile.

Naturens mangfald og dei tenestene naturen gir oss – økosystemtenestene – har stor økonomisk verdi. Det internasjonale prosjektet «The Economics of Ecosystems and Biodiversity» (TEEB) har konkludert med at utnyttinga av naturen no har gått så langt at økosystema si evne til å levere slike tenester globalt sett er redusert. Dei sosiale og økonomiske kostnadane vil komme til å vekse stadig raskare dersom vi ikkje reduserer belastninga på miljøet. Dette krev mellom anna at vi i langt større grad greier å integrere omsynet til økosystem og miljøverdiar i dei politiske og økonomiske avgjerdsprosessane i samfunnet.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Kjemikaliar finst i produkt og inngår i dei fleste industriprosessane. Helse- og miljøverknadene av mange kjemikaliar på marknaden er ukjende. Det trengst derfor meir kunnskap på dette feltet.

Langtransportert luftforureining fører til vassforsuring, til overgjødsling av vegetasjon og til høge konsentrasjonar av partiklar, nitrogenoksid og bakkenært ozon som kan skade både helse, vegetasjon og materialar. Ei lang rekkje land har påteke seg forpliktingar om å redusere sine samla utslepp av luftforureiningar, sist i 2012 gjennom revisjon av Gøteborgprotokollen av 1999 om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Hovudinnsatsen framover innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining er å redusere utsleppa av NO x og ammoniakk i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen.

Den sterke folkeauken i sentrale strok av landet fører til nye og sterkare miljøutfordringar. Luftkvalitet, bu- og bustadmiljø, transportløysingar, rekreasjon og friluftsliv er alle omsyn som må sjåast i samanheng. Det er særleg viktig å få til samordna løysingar, som til dømes at byutvikling og bustadbygging skjer i tilknyting til miljøvennleg, skinnegåande transport. Vi må syte for at byutviklinga skjer på ein måte som sikrar gode bumiljø, som løyser transportutfordringane gjennom meir og betre kollektivtrafikk og som ikkje går ut over bynære natur- og rekreasjonsområde. Prosjektet «Framtidas byar» har her gitt oss gode erfaringar som vi må byggje vidare på.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer vårt kollektive minne om samfunn og levekår i tidlegare tider. Dei gir kontinuitet og karakter til dei fysiske omgjevnadene og skapar tilhøyrsle. Kulturminne og kulturmiljø er mange stader også viktige for reiseliv og turisme og kan nyttast som ein ressurs i nærings- og distriktsutviklinga. I ei tid med raske endringar og omstillingar på mange felt er det ekstra viktig å ta vare på dei verdiane som kulturarven representerer. Mellom anna er det viktig å forvalte dei kulturhistoriske verdiane og ressursane i dei store byane på ein god måte, for å sikre gode bymiljø og ei berekraftig utvikling.

Vi skal ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping, både for dagens og framtidas generasjonar. Endringar i klima, næringsstruktur, busetjingsmønster og livsstil kan skape ekstra utfordringar i arbeidet med å ta vare på desse miljøverdiane.

Noreg har eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Aktivitetane i nord må tilpassast det naturen kan tole. Vi må òg ta omsyn til at naturen i Arktis kjem under stadig sterkare press, mellom anna som følgje av klimaendringar. Det internasjonale miljøsamarbeidet innanfor Arktisk Råd er i så måte svært viktig og høgt prioritert frå norsk side. Arbeidet med å hente inn meir og betre kunnskap om tilhøva i nord er eit viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet.

Sjølv om det kan hentast ut økonomiske gevinstar frå Arktis når havisen trekkjer seg tilbake, er slike gevinstar truleg små samanlikna med dei globale økonomiske kostnadane og miljøproblema som vil kunne oppstå som følgje av klimaendringane i desse områda. Særleg land og regionar lenger sør vil kunne bli hardt råka av vidare global oppvarming, havnivåstiging og endra vêrmønster. Dei fordelane som enkelte land kan oppnå, vil ikkje kunne vege opp for dei globale ulempene som issmeltinga fører med seg.

Som eit rikt og velutvikla land skal Noreg ha ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk, både her heime og internasjonalt. Norsk klima- og miljøpolitikk byggjer på ei rad viktige prinsipp: «Føre var-prinsippet» som inneber at mangel på kunnskap skal komme naturen til gode, prinsippet om at forureinaren skal betale, og prinsippet om samla belastning. Samla belastning inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både økosystem og arter, når planar skal utformast og vedtak fattast. Gjennom forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og plan- og bygningslova er desse prinsippa omsette i gode lov- og regelverk til sikring av natur og miljø. Regjeringa vil leggje desse prinsippa til grunn for vidareutviklinga av miljøpolitikken og arbeide for at miljøomsyn blir ein naturleg del av politikken i alle samfunnssektorar.