Klima- og miljødepartementet (KLD)

Prop. 1 S

(2014 – 2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015

Regjeringa har eit generasjonsperspektiv i klima- og miljøpolitikken. Forvaltaransvaret betyr at vi må leggje til rette for ein berekraftig klima- og miljøpolitikk.

Siste rapport fra FN sitt klimapanel viser at vi vil få meir flaum, meir tørke og mindre fisk i havet. Klimapanelet viser at det er nødvendig å redusere klimautsleppa betydeleg. Midt i september vart rapporten The New Climate Economy lansert. Den viser at det ikkje er noko motsetjing mellom økonomisk vekst og reduserte klimagassutslepp, snarare tvert imot.

Regjeringas politikk skal medverke til omstillinga av Noreg til eit lågutsleppsamfunn. Grunnlaget for omstillinga må vere ein langsiktig og ambisiøs klimapolitikk.

Kutt i klimagassutslepp er ofte framstilt som ei bør, og som noko negativt. Vårt lågutsleppsamfunn inneber rein luft, lite støy, grøne arbeidsplassar og eit høgt velstandsnivå. Det blir eit godt samfunn å leve i for kommande generasjonar.

Innanfor eit budsjett som i hovudsak fører vidare nivået frå 2014, styrkjer Regjeringa satsinga på klima i 2015 i tråd med klimaforliket og Sundvolden-erklæringa. I tillegg til løyvingar over Klima- og miljødepartementets eige budsjett, er det mange og viktige klima- og miljøtiltak på budsjetta til andre departement. Regjeringas politikk vert såleis gjennomført i tråd med prinsippet om sektorane sitt ansvar for å medverke til at klima- og miljømåla kan bli nådde, jf. kapittel 3.

Regjeringas hovudprioriteringar i budsjettforslaget for Klima- og miljødepartementet i 2015 er følgjande:

  • Klima- og skogsatsinga

  • Biogasstrategien

  • Brannsikring av stavkyrkjer og tette trehusmiljø

  • Opprydding av forureina sjøbotn

  • Friluftslivets år 2015

Regjeringa prioriterer å auke nivået på klima- og skogsatsinga, som bidreg til den internasjonale innsatsen med å redusere utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland. Forslaget inneber at budsjettet aukar med 134,1 mill. kroner til klima- og skogsatsinga, inkludert meirverdiavgift som frå i år blir løyvt under Finansdepartementet. Klima- og skogsatsinga nå ei løyving på 3 mrd. kroner. Noreg er ein viktig pådrivar for å heve ambisjonsnivået i den internasjonale klimapolitikken. Måla for satsinga er ambisiøse og krevjande, like fullt viser resultata så langt at det er mogleg å sikre ein heilskapleg og integrert klimapolitikk samtidig som omsynet til utviklingslanda sine behov blir teke vare på.

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner over Klima- og miljødepartementets budsjett til å oppfylle biogasstrategien. Midlane skal gå til forsking og pilotanlegg for biogassproduksjon. Satsinga kan medverke til å redusere kostnadene ved produksjon av biogass.

For å sikre forsvarleg brannsikring av stavkyrkjene og tette trehusmiljø, foreslår Regjeringa ei satsing på 20 mill. kroner til naudsynt brannsikring for å unngå tap av uerstattelege kulturminneverdiar.

Regjeringa forslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner til opprydding i forureina grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff. Dette gjer blant anna at enkeltprosjekt i Nord-Noreg kan gjennomførast.

I 2015 vil Regjeringa gjennomføre Friluftslivets år , med mål om å auke friluftslivsaktiviteten i befolkninga. Dette er òg eit viktig bidrag til Regjeringas folkehelsearbeid. I løpet av året vil det bli arrangert ei rekkje friluftslivsaktivitetar i heile landet. Dei fleste aktivitetane vil bli arrangerte i nærmiljøet, slik at terskelen for å delta blir låg. Hovudmålgruppa for året er barn, unge og barnefamiliar. Posten som gir tilskot til aktivitetane er styrkt med 10 mill. kroner.

Til etablering av genbank for laks og sjøaure med tilknytning til Hardangerfjorden er budsjettet auka med 27 mill. kroner. I denne sum ligg 2 mill. kroner til drift. I tillegg foreslår Regjeringa ei bestillingsfullmakt på 15 mill. kroner for restkostnader som kjem til utbetaling i 2016. Samla byggjekostad vil være 40 mill. kroner.

Eksempel på andre prioriterte saksområde innanfor Klima- og miljødepartementets budsjett er 10 mill. kroner til ny teljing av isbjørnbestanden i Barentshavet og 7 mill. kroner til generell vassforvaltning. Regjeringa foreslår å oppheve avgiftsfritaket for spillolje. For å sikre ei forsvarleg innsamling og behandling av spillolje foreslår Regjeringa òg å auke tilskotet som blir gitt ved innlevering av spillolje. Dette inneber ei auka løyving på 30 mill. kroner. Regjeringa foreslår at verknaden av oppheving av avgiftsfritaket for spillolje og auka tilskot vert evaluert etter to år. Om det då vert påvist ei negativ utvikling, skal ytterlegare tiltak vurderast.

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet i 2015 har ei utgiftsramme på 8029,3 mill. kroner mot 8202,4 mill. kroner i 2014. Dette er ein netto reduksjon på 173,1 mill. kroner, eller 2,1 prosent, frå saldert budsjett 2014.

Reduksjonen i budsjettet er samansett. Innføring av nøytral meirverdiavgift reduserer budsjettet utan at dette går ut over aktivitetsnivået, og rammeoverføringar frå og til andre departement aukar budsjettet, men påverkar ikkje det samla aktivitetsnivået. Omprioriteringar på det samla statsbudsjettet har òg medført kutt på Klima- og miljødepartementets budsjett. Desse reduksjonane fører i hovudsak til noko lågare aktivitetsnivå på enkelte tiltak under forvaltningsdrift og naturmangfald samanlikna med 2014. Vidare er løyvinga til skogvern redusert med 210 mill. kroner og er no på 2012-nivå. Løyvinga i 2013 vart i hovudsak auka for å sluttføre køen av frivillig skogvernsaker der det var inngått avtale om vern med skogeigarane. Køen er no teken unna. Nasjonalparkplanen er på det næraste sluttført og løyvinga er redusert med 165 mill. kroner som følgje av dette. I tillegg har reforma for mindre byråkrati og meir effektiv bruk av midlane medført mindre reduksjonar på om lag 13 mill. kroner på driftspostane.