Klima- og miljødepartementet (KLD)

Prop. 1 S

(2014 – 2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Regjeringa prioriterer høgt å styrkje forsking og overvaking i polarområda. Dette skal betre kunnskapen om klimaendringane og effektane av desse i nord og samtidig medverke til auka forståing av konsekvensane for det globale klimaet. Vidare er styrkinga av kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde viktig. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald og kunnskap om miljøkonsekvensar av næringsverksemd. Det er òg behov for å framskaffe ny kunnskap om viktige delar av Barentshavets økosystem, bl.a. påverknaden frå klima, miljøgifter og hausting. Kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, arter som er sentrale for forvaltninga av Svalbard som villmarksområde, og raudlistearter som har regelmessig opphald på Svalbard, vil ha prioritet. Eit av dei viktigaste tiltaka i 2015 er ny teljing av isbjørnbestanden som kan gi indikasjonar på om det har skjedd drastiske endringar sidan 2004, ein periode med mange år med dårlege isforhold og tap av sjøishabitat. Ei slik teljing vil òg gi eit sentralt referansepunkt for å følgje med bestandsutviklinga i kommande år med store klimaendringar. Langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil òg ha fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for klima, miljøgift og økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har dessutan eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene.

Framsenteret i Tromsø omfattar i dag 20 norske institusjonar, og det er full fagleg aktivitet som gir fortløpande resultat på alle dei seks tematiske flaggskipsområda (ref. kap. 1474). Framsenteret har nasjonal og internasjonal status som kompetansemiljø, og er attraktivt for lokalisering av nasjonale initiativ og for internasjonale sekretariat som Noreg har ansvaret for, bl.a. Sekretariatet for Arktisk Råd.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1471

Norsk Polarinstitutt

260 088

275 943

280 528

1,7

1472

Svalbard miljøvernfond

16 817

12 320

14 650

18,9

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

37 362

52 298

52 177

-0,2

Sum kategori 12.60

314 267

340 561

347 355

2,0

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

191 622

205 903

213 872

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

67 968

69 542

66 160

50

Stipend

498

498

496

Sum kap. 1471

260 088

275 943

280 528

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992 – 93) Norsk polarforskning , fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare:

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse på områder der miljøforvaltninga har eit direkte forvaltningsansvar i nord- og polarområda eller har ein heilt sentral pådrivarrolle både nasjonalt og i internasjonale prosessar. Det omfattar klimaprosessar og klimaendringar og effektane av desse på naturen og viltforvaltning, område- og habitatvern, og miljøgift/forureiningsproblematikk

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • ta hand om forvaltningas kunnskapsbehov

  • fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan det bilaterale norsk-russiske miljøsamarbeidet

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • delta i sekretariatet for Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av norske havområde

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Framsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg

  • drive utovervend informasjon om polarområda, blant anna gjennom samarbeid med Polaria

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd, inklusive satsinga på ICE (Senter for is, klima og økosystem).

Som nemnt over er posten auka med 10 mill. kroner til ei ny teljing av isbjørnbestanden i Barentshavet i 2015. Den er også styrkt med 1,5 mill. kr til instituttet sitt arbeid med heilskapeleg forvaltning av norske havområde med særlig vekt på Barentshavet. Midlane er omdisponerte frå kap. 1400 post 21.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Rapport for 2013:

Polarinstituttet har i 2013 brukt ca. 80 pst. av løyvinga si til driftsutgifter, dvs. lønn, drift av bygningar på Svalbard og i Tromsø, Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund og drift av forskingsfartøyet R/V Lance. Resterande 20 pst. er brukt til forsking på områda forvaltningsplan for Barentshavet, miljøgifter og i ICE (Senter for is, klima og økosystem). Av forbruket på denne posten korresponderer omlag 55 mill. kroner med inntekter på kap. 4471 som gir Polarinstituttet høve til tilsvarande auke på utgiftssida. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 6 Polarområda. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Noreg deltek òg i viktige klimaforskingsprosjekt. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Rapport for 2013:

Av midlane på denne posten vart ca. 65 pst. brukt til lønn for dei som arbeider på Troll-stasjonen og drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige og helikopterleige. Resterande del av løyvinga, ca. 35 pst. går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer ca. 13 mill. kroner med inntekter på kap. 4471 som gir Polarinstituttet høve til tilsvarande auke på utgiftssida.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 4 Forureining, 5 Klima og 6 Polarområda.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Rapport for 2013:

Av 87 søknader vart 50 finansierte med totalt 2,4 mill. kroner. Av dette var 498.000 kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt og 1,9 mill. kroner frå Forskingsrådet i Noreg.

Dei viktigaste norske institusjonane som får støtte var Universitetet i Tromsø, Universitetsstudia på Svalbard, Noregs Teknisk Naturvitskapelege Universitet og Universitetet i Oslo. Halvparten av prosjekta (26 av 50) vart plasserte heilt eller delvis i Ny-Ålesund.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Sals- og utleigeinntekter

9 085

10 038

10 368

03

Inntekter frå ymse tenesteyting

46 030

55 327

57 144

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

981

18

Refusjon av sjukepengar

782

21

Inntekter, Antarktis

13 809

12 358

12 764

Sum kap. 4471

70 687

77 723

80 276

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Overføringar til Svalbard miljøvernfond

16 817

12 320

14 650

Sum kap. 1472

16 817

12 320

14 650

Svalbards miljøvernfond er føresett oppretta i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005.

Fondet er sett saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for kort og for felling i samband med hausting, avgift for elektronisk eksamen ved jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Svalbards miljøvernfond har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond.

Inntektene til fondet gir grunnlag for tildeling til dei formåla som skal dekkjast av fondet i samsvar med svalbardmiljølova.

Svalbards miljøvernfond har vore operativt sidan 2007, og i 2014 var eit nytt styre på plass etter at det første styret har sete ut si tenestetid. Hovudinntekta til fondet er ei avgift for alle tilreisande til Svalbard. Kvart år tildeler fondet no 10 – 16 mill. kroner til ulike prosjekt etter søknad frå private og offentlege verksemder, privatpersonar og organisasjonar. Midlane går til ulike tiltak og prosjekt innanfor undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, kartleggje årsaker til miljøpåverknad og miljøverknader av verksemder, gjenoppretting av miljøtilstanden, tilskot til skjøtsel og vedlikehald og overvaking av kulturminne og informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak.

Rapport for 2013:

I 2013 vart det gitt 44 tilsegner til ulike prosjekt. Opplysningar om desse prosjekta finst på heimesida til fondet: http://www.sysselmannen.no/Svalbards-miljovernfond/. Sidan fondet blei operativt i 2007 har det gitt støtte til 349 prosjekt med ein samla sum på 67,8 mill. kroner.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond

16 817

12 320

14 650

Sum kap. 5578

16 817

12 320

14 650

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter , kan nyttast under postane 50 og 70

4 298

50

Tilskot til statlege mottakarar , kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70

22 498

20000

24 177

70

Tilskot til private mottakarar , kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50

14 864

28000

28000

Sum kap. 1474

37 362

52 298

52 177

Midlane under dette kapitlet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte, og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Framsenteret vart opna i september 2010, og har no 20 deltakande institusjonar. Aktiviteten er delt inn i seks faglege satsingsområde (flaggskip). Dei er:

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk Institutt for Luftforsking

  • miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON), leiar: Norsk institutt for naturforsking. Dette flaggskipet er nytt i 2014, og er i gang med 17 ulike prosjekt.

I 1. halvår 2015 vil Regjeringa komme tilbake til spørsmåla om eit nybygg for Framsenteret i Tromsø når det er gjort ein ny gjennomgang av kostnadene og behova.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

  • Denne posten er lagt ned frå 2015. Midlane er overførte til post 50.

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid innanfor rammene av den faglege hovudsatsinga for senteret. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Kriterium for måloppnåing

  • Framskaffe ny kunnskap av framifrå kvalitet som kan publiserast.

  • Etablert forskarutdanning og mastergradsutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgre utdanning på klima og miljø.

  • Etablert fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi.

  • Etablerte gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt, og samarbeid med dei andre FoU-miljøa i landsdelen.

  • Fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse.

  • Faglege produkt i rett tid og form til bruk for politikkutforming, og som kan nyttast til å redusere risiko og sikre at ny verksemd skjer på ein berekraftig måte.

  • Formidle forskingsresultat til brukarane, som til dømes næringsliv, skuleverk, andre relevante brukarar og eit breitt publikum.

Tildelingskriterium

Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, og vere kvalitetssikra av Noregs Forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege. Etter at Senterets eigne organ har valt ut den årlege prosjektporteføljen, skal Klima- og miljødepartementet godkjenne denne før prosjekta kan starte opp.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (Flaggskipsleiarane) er pålagt saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang og oppnådde resultat innan 30. november.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Sjå elles omtala under post 50 ovanfor.

Rapport for 2013

Framsenteret har vore involvert i betydeleg nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2013. Forskingsmiddel frå flaggskipa har finansiert 57 forskingsprosjekt.. I tillegg kjem 15 prosjekt finansierte på tvers av flaggskipa, med gjennomgåande middel og insentivmiddel. Prosjekta hadde deltakande forskarar frå 17 land og 53 ulike institusjonar (Noreg inkludert) i 2013. Produksjonen av vitskapelege publikasjonar (60 i alt) og rapportar har vore betydeleg, og forskarar frå Framsenteret har delteke og presentert si forsking på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale konferansar og workshops. Gjennom Framsenteret AS har forskinga i Framsenteret vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskingsinstitusjonar, statlege organ, utdanningsinstitusjonar og media. Forskingsformidlinga har òg vore betydeleg blant anna gjennom Fram Forum (2. årgang i 2013). Fram Forum er engelskspråkleg og blir utgitt i papirform og i elektronisk utgåve med global distribusjon. I tillegg vert tre nettsider drifta, og forskinga vert formidla gjennom ei rekkje kanalar som Youtube (framshorts.com), framsyningar, dei nasjonale forskingsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar.