Klima- og miljødepartementet (KLD)

Prop. 1 S

(2014 – 2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015

Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområde 5 Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar som vart overførte frå Finansdepartementet i 2014. Kategorien omfattar òg departementet sitt arbeid med klima- og skogsatsinga, der løyvinga vart flytta til Klima- og miljødepartementet frå Utanriksdepartementet ved Stortinget si behandling av Prop. 1 S Tillegg 1 (2013 – 2014).

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2015 er på 3 309 230 mill. kroner på utgiftsida og 335 500 mill kroner på inntektssida.

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1481

Klimakvotar

313 300

316 546

1,0

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 865 900

2 992 684

4,4

Sum kategori 12.70

3 179 200

3 309 230

4,1

Kap. 1481 Klimakvotar

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter , kan overførast

5 500

8 746

22

Kvotekjøp, generell ordning , kan overførast

306 300

306 300

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser , kan overførast

1 500

1 500

Sum kap. 1481

313 300

316 546

Regjeringa sitt mål i klimapolitikken er å redusere nasjonale klimagassutslepp samtidig som Noreg medverkar internasjonalt i forhandlingar og gjennom direkte tiltak til å redusere utsleppa av klimagassar i andre land. Deltaking i EU sitt kvotesystem (EU-ETS), CO 2 -avgift og andre klimagrunngitte skattar og avgifter er hovudverkemidla i arbeidet med å redusere nasjonale klimagassutslepp.

Staten kjøper berre FN-godkjende klimakvotar og kvotekjøpa skjer på grunnlag av dei fleksible mekanismane i Kyoto-avtala, først og fremst Den grøne utviklingsmekanismen (Clean Development Mechanism, CDM). Den grøne utviklingsmekanismen omfattar prosjektsamarbeid i utviklingsland og stimulerer til klimavennlege investeringar i utviklingsland der det ikkje er ein pris på utslepp av CO 2 . I tillegg medverkar prosjekta til teknologioverføring og kapasitetsbygging både i offentleg og privat sektor.

FNs kontroll for å sikre at utsleppsreduksjonane er oppnådde i samsvar med dei godkjende prosjektdokumenta er grundig og ressurskrevjande. FN krev at utsleppsreduksjonane er verifiserte av ein uavhengig, FN-godkjend tredjepart. Gjennomføringa av prosjekt vert systematisk overvaka gjennom målingar og rapportering av relevante data. CDM-prosjekt og verifiserte utsleppsreduksjonar må godkjennast av styret i CDM (CDM Executive Board), som òg utferdar kvotane.

I løpet av den første Kyotoperioden (2008 – 2012) inngjekk staten avtaler om kjøp av klimakvotar med ei forventa levering på om lag 22,3 mill. kvotar. Ved utgangen av august 2014 var nær 22,1 millionar av desse leverte inn på statens konto i kvoteregisteret. Førebelse overslag tyder på at staten har behov for 21,2 mill. kvotar for å nå målet om ei overoppfylling på 10 pst. i den første Kyotoperioden. Kvotar som ikkje vert nytta i den første Kyotoperioden (2008 – 2012) kan overførast til neste periode (2013 – 2020).

Ei oppdatert oversikt over kontraktar som er inngått ligg på heimesida til Klima- og miljødepartementet.

Staten har òg inngått avtalar om kjøp av kvotar som er genererte etter 2012, og som skal nyttast til å oppfylle den andre Kyotoperioden. Desse kjem først og fremst frå fond som staten deltek i, mellom anna to fond som Verdsbanken administrer, Prototype Carbon Fund (PCF) og Carbon Partnership Facility (CPF) og to fond som det nordiske miljøfinansieringsselskapet NEFCO administrerer, NEFCO Carbon Fund (NeCF) og Norwegian Carbon Procurement Facility (NoRCAP).

I slutten av september 2013 inngjekk staten ein avtale med NEFCO om forvaltninga av statens program for kjøp av kvotar frå såkalla sårbare prosjekt. Dette er utsleppsreduserande prosjekt som står i fare for å bli avvikla fordi sal av klimakvotar ved dagens låge prisar ikkje gir nok inntekter til å dekkje driftskostnadene. Kjøp skjer gjennom ein anbodsprosess, og ved utgangen av august var det inngått avtaler med forventa levering på nær 16millionar kvotar.

Staten har fått levert om lag 3 mill. kvotar gjennom eit anna NEFCO-fond, NeCF, som kan nyttast i den første Kyotoperioden, og vil fram til 2020 få levert nær 400000 kvotar som kan nyttast i den andre Kyotoperioden.

Gjennom si deltaking i Prototype Carbon Fund vil staten til saman få levert omlag 1,3 mill. kvotar som kan nyttast i den første Kyotoperioden og om lag 100000 kvotar som kan nyttast i den andre perioden. Det blir ikkje inngått nye avtalar i dette fondet. Carbon Partnership Facility, der staten har forplikta seg til kjøp innanfor ei ramme på 35 mill. euro, inngår fortløpande avtaler om kjøp frå nye prosjekt. Ein ventar at staten i perioden fram til 2020 vil få levert om lag 4,7 mill. kvotar frå prosjekt som er avtalte pr. 1. september 2014.

Rapport 2013

Ansvaret for forvaltninga av statens kjøp av klimakvotar vart 1. januar 2014 overført frå Finansdepartementet til Klima- og miljødepartementet, jf. Prop. 1S Tillegg 1 (2013 – 2014). Ein viser derfor til rapportering for 2013 i Prop. 1 S (2014 – 2015) Finansdepartementet, kap. 1638 når det gjeld postane 01, 22 og 23.

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Post 01 Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgiving, og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp og sal av kvotar. Departementet foreslår at det blir løyvd 8,7 mill. kroner under posten. Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015 er 0,7 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett.

Post 22 Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

Strategien for kjøp av klimakvotar i perioden 2013 – 2020 er drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 2013. Der legg ein vekt på at staten gjennom sitt kvotekjøp skal medverke til utviklinga og legitimiteten til den internasjonale marknaden for klimakvotar. Kjøpsstrategien byggjer på FN-systemet, og ein vil i store trekk føre vidare strategien frå første Kyotoperiode (2008 – 2012). Staten vil spesielt kjøpe kvotar frå allereie registerte prosjekt som står i fare for å avvikle drifta og frå nyutvikla prosjekt. Ein vil i utgangspunktet ikkje kjøpe kvotar frå registerte prosjekt som har inntekter som dekkjer dagleg drift, sidan slike prosjekt mest truleg vil halde fram å generere utsleppsreduksjonar uavhengig av statens kvotekjøp. I samsvar med EUs regulering av kvotehandelssystemet vil staten ikkje kjøpe kvotar frå hydrofluorkarbonprosjekt og frå kolbasert energiproduksjon utan karbonfangst og -lagring. Klima- og miljødepartementet legg til grunn at staten framleis skal kjøpe kvotar frå FNs tilpassingsfond, eit fond som finansierer nødvendige tilpassingstiltak i utviklingsland som følgje av klimaendringar.

Det er inngått avtale med NEFCO om den operative forvaltninga av eit program for kjøp av inntil 30 mill. kvotar frå prosjekt som står i fare for å avvikle drifta med dagens låge kvoteprisar, såkalla sårbare prosjekt.

Kjøp av kvotar frå nye prosjekt skjer i dag i første rekkje gjennom fond i Verdsbanken og NEFCO, men samarbeid med andre institusjonar og kjøparar vert òg vurdert, samtidig som det kan bli aktuelt å inngå avtalar direkte med prosjekteigarar.

Gjennom Verdsbankfondet Carbon Partnership Facility skal ein i tillegg til å kjøpe kvotar frå FN-godkjende prosjekt òg teste ut nye marknadsmekanismar. Departementet vurderer òg andre samarbeidsformer for testing av nye marknadsmekanismar. Innanfor ramma av klimaforhandlingane er det vedteke å etablere nye mekanismar som kan nyttast til oppfylling av skyldnader enkeltland har teke på seg. Det er ikkje utvikla noko regelverk og det er derfor uvisst om avtaler om kjøp av kvotar frå slike mekanismar gir kvotar som kan brukast til oppfylling av norske skyldnader. Det er derfor ein risiko for at staten må betale for kvotar ein ikkje kan bruke i oppgjeret for utslepp i den andre Kyotoperioden.

Klimakvotar vert normalt leverte over ei rekkje år, etter kvart som det enkelte prosjektet generer utsleppsreduksjonar som vert godkjende av FN. Departementet betaler først når kvotane er overførde til statens konto i kvoteregisteret. Det er derfor behov for fullmakt til at departementet kan pådra staten skyldnader for åra etter det aktuelle budsjettåret. For 2014 har Klima- og miljødepartementet såleis fått fullmakt til å inngå avtalar om kjøp av klimakvotar med framtidig levering og betaling innanfor ei samla ramme på 2000 mill. kroner. Det er også for 2015 behov for ei fullmakt på 2000 mill. kroner. Denne ramma vil omfatte betalingar som knyter seg til avtalar som er inngått i 2014 og tidlegare år, og som vil gje utbetalingar i 2016 og/eller seinare år, og nye avtalar som vert inngått i 2015 og som fører til utbetalingar i 2016 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.

Seinare betalingar enn lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet for 2014 fører truleg til at løyvinga for 2014 ikkje vil verte nytta fullt ut. Regjeringa vil derfor vurdere å foreslå ein reduksjon i denne løyvinga når den legg fram proposisjonen om nysaldering av statsbudsjettet 2014.

I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken og NEFCO. I samsvar med tidlegare praksis kan det òg bli aktuelt å betale eit mindre forskotsbeløp for å dekkje ymse administrasjonskostnader for andre kjøp. Forvaltningskostnader til NEFCO, Verdsbanken og eventuelle andre forvaltarar vert òg ført på denne posten.

Det kan vere føremålsteneleg å endre samansetjinga av porteføljen til staten. Det kan ein gjere ved å selje vidare kontraktar for enkelte prosjekt, ved å selje framtidige volum frå enkelte prosjekt, eller ved å selje kvotar i marknaden for kvotar med garantert levering (andrehandsmarknaden). Den slags sal kan vere ønskjeleg for å gjere tilpassingar i porteføljen, for eksempel for å få betre risikospreiing ved å kjøpe frå prosjekttypar og land som er underrepresenterte i porteføljen, eller for å tilpasse volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. Det kan òg vere aktuelt å styre denne eksponeringa gjennom avleidde instrument, for eksempel bytteavtaler. Klima- og miljødepartementet ber derfor om fullmakt til å selje kvotar og å nytte salsinntekta til å kjøpe nye kvotar utover det som er løyvd, jf. forslag til romartalsvedtak III.

Post 23 Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

Ordninga med kvotekjøp for statstilsette sine flyreiser vart gjeninnført i 2013 etter at EU sitt opplegg for kvoteplikt for fly vart innskrenka til berre å omfatte flyreiser innanfor EØS-området. Det vil derfor verte kjøpt kvotar for statstilsette sine reiser som ikkje er omfatta av kvoteplikt. På bakgrunn av at alle flyreiser innan EØS-området er omfatta av kvoteplikt, er omfanget av reiser det skal kjøpast kvotar frå, avgrensa. Regjeringa foreslår at det vert løyvd 1,5 mill. kroner for å dekkje kjøp av kvotar for flyreiser statstilsette gjer på strekningar som ikkje er omfatta av kvoteplikt.

Kap. 4481 Sal av klimakvotar

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Salsinntekter

335 500

Sum kap. 4481

335 500

Post 01 (Ny) Salsinntekter

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtala i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå og inneber m.a. at kvoteplikta skal utvidast til å gjelde fleire sektorar og klimagassar. Kvotar som ikkje vert tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noregs del av totalt salsvolum er om lag 0,75 prosent.

Sal av klimakvotar skal frå 2013 skje ved hjelp av auksjonar. Noreg skal delta på ei felleseuropeisk auksjonsplattform der kvotane vert selde til høgstbydande gjennom jamlege auksjonar. Prosessen med å knytte seg til denne auksjonsplattforma, som for tida er European Energy Exchange (EEX) i Leipzig, har teke lengre tid enn føresett. Dette skuldast mellom anna diskusjonar omkring EØS-rettslege spørsmål. Basert på kommisjonens overslag vert det lagt til grunn eit sal på 5,6 mill. kvotar i 2015. I tillegg kjem sal av luftfartskvotar. Eit vedtak i EU om ei førebels utsetjing av salet av 900 mill. kvotar fører for Noregs del til at 2015-volumet vert redusert med 2,2 mill. kvotar. Dersom det ikkje er mogeleg å få til ei avtale med EEX om tilknyting til auksjonsplattforma i løpet av 2014, vert det lagt til grunn at kvotane som skulle seljast i 2014, til saman 12,9 mill., blir selde i 2015 saman med 2015-volumet. Med utgangspunkt i prisane sommaren 2014 har ein i budsjettet lagt til grunn ein kvotepris på om lag 54 kroner. Prisane i denne marknaden svingar sterkt, og overslaget er derfor usikkert.

Rapport 2013

Ansvaret for sal av klimakvotar vart overført frå Finansdepartementet til Klima- og miljødepartementet i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2014, jf. Prop. 93 S (2013 – 2014). Ein viser derfor til Prop. 1 S (2014 – 2015) Finansdepartementet, kap. 4638 når det gjeld rapportering for 2013.

Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak

 

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

71 900

82 686

73

Klima- og skogsatsinga , kan overførast

2 794000

2 909 998

Sum kap. 1482

2 865 900

2 992 684

* I 2013 var midlane plasserte på kap. 166, post 01 og post 73 på Utanriksdepartementets budsjett

Frå 2014 er forvaltinga av klima- og skogsatsinga samla i Klima- og miljødepartementet. Dagens organisering der ansvaret for satsinga er samla i eitt departement er vurdert som effektiv og å gi klarare ansvarsforhold enn tidlegare delt organisering mellom Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane på posten låg tidlegare under Utanriksdepartementets kap. 166 Miljø- og bærekraftig utvikling. Midlane vart flytta til nytt kapittel 1482 under Klima- og miljødepartementet i Tillegg 1 til Prop. 1 S (2013-1014).

Posten omfattar driftsmidlane knytte til Regjeringas klima- og skogsatsing. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette lønn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd m.v. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad.

I tillegg vil løyvinga dekkje kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, verifiseringsoppdrag, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.v.

For 2015 er det foreslått ei løyving på 82,6 mill. kroner på posten. I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01 er godkjent som utviklingshjelp. Posten er auka med 10,8 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2014. Auka på posten er samansett. Grunna innføring av ordning med nettoføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga frå 2015 er 7,3 mill. kroner av løyvinga flytta inn under Finansdepartementets budsjett. Det er óg flytta 16,0 mill. kroner frå post 73 under same kapittel, som heng saman med riksrevisjonens merknader i Dok. 1 til budsjettåret 2013 og evalueringane av satsinga som er publiserte i 2014 og som viste eit behov for å styrkje forvaltninga av klima- og skogsatsinga. Dette gjeld organisasjonen i Noreg og dei norske ambassadane som forvaltar midlar for satsinga. Klima- og skogsatsinga er eit internasjonalt nybrottsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Det krev betydeleg reiseverksemd som er knytt både til arbeidet for å skape global oppslutning om redusert avskoging og skogdegradering som klimatiltak og for å følgje opp tiltak som mottek norsk støtte. Tilgang til variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare, og for å kunne støtte partnarland sitt arbeid med å utvikle og implementere sine klima- og skogstrategiar, jf. tilrådingane i evalueringane. Nokre av midlane på posten har vore brukte til å finansiere tiltak som er ein del av Noregs avtaler med andre land eller organisasjonar

Rapport 2013

Midlane på posten vart i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013 – 2014) flytta frå Utanriksdepartementets kap. 166, post 01 til nytt kap 1482, post 01. Midlane på kap 166, post 01 har blitt nytta til løns- og driftsutgifter for klima- og skogsatsinga. Midlane dekka løns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Utanriksdepartementet, dåverande Miljøverndepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for klima- og skogsatsinga.

Klima- og skogsatsinga samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og arrangere internasjonale møte og konferansar, og prosessar for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Midlar på posten har vore brukt til å dekkje utgifter knytte til å fremje slike arrangement, medverke til konsensusbygging, utvikle analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av partnarlands framdrifts- og utsleppsrapportar. Klima- og skogsatsinga inngjekk i 2013 ei rekkje bilaterale og multilaterale avtaler om norsk støtte til arbeid for skogbevaring og mot avskoging. Bl.a. for å gjennomføre avtaleforhandlingane og etablere avtalene har det vore behov for å kjøpe konsulenttenester internasjonalt. Tenestene har i hovudsak vore finansierte over driftsposten.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overføres

Midlane på posten låg tidlegare under Utanriksdepartementets kap. 166 Miljø- og bærekraftig utvikling. Midlane vart flytta til nytt kap. 1482 under Klima- og miljødepartementet i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013 – 1014).

For 2015 er foreslått løyvd 2 910 mill. kroner på posten. Regjeringa prioriterer å halde oppe nivået på klima og skogsatsinga, som er eit bidrag til den internasjonale innsatsen med å redusere utslipp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog og foreslår derfor å auke budsjettet med 116 mill. kroner.

I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 73 er godkjent som utviklingshjelp.

Mål

Tilskotet skal medverke til:

  • at utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD+) inngår i ei ny internasjonal klimaavtale

  • kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland

  • å bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon

Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar, og vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte. Det er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk å medverke til berekraftig utvikling og reduksjon av fattigdom. For norsk klimapolitikk er det eit overordna mål å medverke til å få på plass eit globalt, bindande og langsiktig regime for reduksjon i utslepp av klimagassar. Desse er derfor naturlege overordna mål for klima- og skogsatsinga. Langsiktig bevaring av skog er avhengig av at det blir oppnådd resultat også på andre område enn reduserte utslepp av klimagassar. Klima- og skogsatsinga skal derfor gjennom arbeidet òg medverke til bevaring av naturskog, berekraftig utvikling og styrking av politisk og økonomisk styresett i naturressursforvaltninga og arbeide for å sikre rettane til lokalsamfunn og urfolksgrupper. I arbeidet for å nå måla skal klimapolitikken og utviklingspolitikken underbyggje kvarandre.

Tildelingskriterium

Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar og fondsoppbygging. Kategoriane vart etablerte i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 2014. Kriterium for utbetaling av tilskot i kvar kategori er beskrive under.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar

Eitt av klima- og skogsatsinga sine hovudmål er reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Tildelingskriterium for tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Utbetaling er avhengig av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på unngåtte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast. Sjå boks 6.2 om måling, rapportering og verifisering (MRV) under rapport for 2013.

Finansiering av program- og prosjektporteføljar

For å nå måla om utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av naturskog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei nødvendige prosessane, etablere strategiar og arenaer. For å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet, er eit godt forvaltningsregime ein føresetnad. Klima- og skogsatsinga vil derfor søkje å styrkje gjennomføringstakten og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg imøtekomme forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheitene for varig betra skogforvaltning.

Målgruppe for tilskot er styresmakter, organisasjonar og grupper som blir påverka av tiltak for reduksjon i avskoging og effektane av reduserte klimautslepp, og andre aktørar som kan medverke til måloppnåing.

Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande, som medverkar til at måla for tilskotsposten blir nådde. Utbetaling direkte til mottakar finn stad når det er behov for å dekkje faktiske utgifter over ein periode på normalt seks månader eller mindre, og vilkåra elles i avtalen er oppfylde.

Fondsoppbygging (multilaterale satsingar) for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar

I enkelte internasjonale organisasjonar kan det vere vanskeleg for Noreg å få gjennomslag for å følgje våre reglar om utbetaling etter behov og i terminar. Primært vil dette vere i tilfelle der fondsforvaltar ønskjer forskotsvise utbetalingar for å inngå juridisk forpliktande avtaler med tropiske skogland om framtidig kjøp av verifiserte utsleppsreduksjonar. Når Noreg ikkje finansierer klart avgrensa prosjekt, blir det vurdert om Klima- og miljødepartementet skal få høve til å tilpasse utbetalingane til den enkelte organisasjonen sitt regelverk. Slik utbetaling krev unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av gitte tilskotsløyvingar. Sjå forslag til romartalsvedtak VIII. Klima- og skogsatsingas krav om at midlane skal rapporterast som bistand vil stå fast, og andre krav i økonomireglementet til forvaltning av tilskot vil bli følgde.

Fondsoppbygging skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle, og berre når følgjande kriterium er oppfylte:

  • Betaling for resultat. Unntak bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.

  • Noregs rolle er ikkje av ei slik art at vi åleine kan bestemme utbetalingspraksis. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller multilaterale samarbeidspartnarar sin praksis og behov. Noreg skal i forhandlingar først ha forsøkt å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.

  • Forsvarleg forvaltning. Det må etablerast juridiske rammeverk knytte til fonda som sikrar god forvaltning av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltningskrav som sikrar effektiv forvaltning.

Oppfølging og kontroll

For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med til dei inngåtte avtalene og dei klimapolitiske måla. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, som vil vere tilskotsmottakar. I tilfelle med delegert samarbeid med andre givarar der etterskotsvis betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar er praktisert, vil tilskotsmottakar vere den parten som er delegert forvaltninga. Klima- og miljødepartementets skyldnader knytte til oppfølging av midlane er derfor avgrensa til oppfølging av avtala mellom Noreg og mottakar. Mottakaren sine vidare tilskotsavtaler er ikkje regulerte av reglane om tilskotsforvaltning i det norske økonomiregelverket. Eit eksempel på eit slikt fond er Brasils Amazonas-fond, administrert av Den brasilianske utviklingsbanken.

Avtaler om utbetalingar til fond må gi høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Alle utbetalingar under klima- og skogsatsinga skal kunne klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Ved utbetalingar til fond må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjente som offisiell bistand. I tillegg skal avtalene fastslå at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i deira vidare utbetalingar til ODA-godkjente aktivitetar, og at det blir rapportert på oppnådde resultat. Avtalene skal vidare medverke til klima- og skogsatsinga sine mål om biologisk mangfald, berekraftig utvikling og urfolk sine rettar. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltningskrav som syter for effektiv forvaltning.

Oppfølging og kontroll skal skje i medhald av regelverket for tilskotsforvaltning elles i bistandsforvaltninga. Som følgje av at Klima- og miljødepartementet overtok forvaltninga av midlane på posten i 2014 vart det etablert eit nytt ordningsregelverk for ordninga.

Boks 6.1 Resultat av klima- og skogsatsinga, evalueringar

Følgjeevaluering

Norad gjennomfører ei følgjeevaluering av Klima- og skogsatsinga, som har resultert i 5 rapportar. Siste rapport vart utgitt i august 2014, og oppsummerer bl.a. resultat av Klima- og skogsatsinga frå 2008 – 2013 sett opp mot satsinga sine hovudmål. Hovedfunna under dei enkelte måla er som følgjer:

Utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD+) skal inngå i ei ny internasjonal klimaavtale

Satsinga sitt arbeid for å inkludere REDD+ i det framtidige klimaregimet er vurderte som ein suksess. Norsk støtte, både finansiell og ikkje-finansiell, har medverka til at eit stort tal land har engasjert seg i arbeidet med REDD+. Gjennom bidrag til forhandlingane rundt ei ny klimaavtale og ved erfaringar framskaffa gjennom bilaterale partnarskap har satsinga medverka til å utvikle eit internasjonalt rammeverk for REDD+ og tilhøyrande finansieringsmekanismar. Dei store betalingsløfta for utsleppsreduksjonar, spesielt til Brasil og Indonesia, er vurderte til å ha medverka til å skape internasjonal framdrift og utløyse brei politisk støtte.

Kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av i utviklingsland.

Satsinga er vurdert å ha gitt gode bidrag til tidlege tiltak («early action») for å oppnå kostnadseffektive reduksjonar i klimagassutslepp som kan verifiserast. Dette er spesielt klart i dei mest effektive bilaterale partnarskapa, særleg Brasil og Indonesia. I Brasil har klima- og skogsatsinga medverka til utviklinga av eit nasjonalt lågkarbon-rammeverk, og gjennom betalinga til Amazonasfondet lagt til rette for vedvarande, framtidige utsleppskutt. I Indonesia har satsinga medverka til framgang i readinessarbeidet. Mens evalueringa påpeiker at det er oppnådd viktige resultat og erfaringar i partnarskapa med Tanzania og Guyana, blir det òg understreka at det i desse landa framleis er mykje ugjort. Rapporten framhevar at dei beste resultata er oppnådd i mellominntektsland der det finst ei reell evne og politisk vilje til innsats i forkant av økonomiske bidrag. Gjennom støtta til multilaterale organisasjonar har mange land komme i gang med førebuande REDD+arbeid, men foreløpig har få land komme til fasen med utsleppsreduksjonar. Evalueringa peiker på at tida det tek før REDD-land oppnår utsleppskutt gir grunn til bekymring. Det er framheva at satsinga har gitt viktige bidrag til utviklinga av system for måling, rapportering og verifisering (MRV) av utsleppsreduksjonar og at støtta som er gitt til sivilsamfunnet har gitt verdifulle bidrag til etableringa av sosiale og miljøvise sikringsmekanismar og breiare styresettreformer.

Bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon

Klima- og skogsatsinga har gitt eit solid bidrag til å bevare naturskogar gjennom pilotprosjekt, og til å etablere nye verneområde for skog. Indonesias moratorium mot nye konsesjonar for konvertering av skog er sett på som eit viktig steg i riktig retning. Sikringsmekanismar for naturskog er blitt utvikla og innførte med norsk støtte gjennom både bilaterale og multilaterale kanalar. Dette er sett på som å ha medverka til etableringa av rammeverk og verktøy for REDD+-aktivitetar som vil føre til at naturskogane blir tekne endå betre vare på.

Satsinga skal medverke til berekraftig utvikling og reduksjon av fattigdom

Satsinga er vurdert å ha gitt viktige bidrag til dei breiare måla for norsk utviklingsbistand. God skogforvaltning er implementert i heile prosjektporteføljen til klima- og skogsatsinga, inkludert tiltak mot korrupsjon og kriminalitet i skogsektoren. Sikringsmekanismar for å beskytte og ta vare på rettane til urfolk og andre lokalsamfunn har stått sentralt i klima- og skogsatsinga sine aktivitetar, både i bilaterale og multilaterale kanalar og i støtta til organisasjonar i det sivile samfunn. Satsinga har gitt eit breitt og kraftig bidrag til berekraftig utvikling. Mens rettane til urfolksgrupper har fått mykje merksemd, påpeiker evalueringa at rettane til andre folkegrupper enn urfolk krev styrkt innsats. Mens kjønnsperspektivet er blitt understreka og adressert i satsinga sine bidrag, har framdrift på dette området vore avgrensa på grunn av manglande forståing hos fleire samarbeidspartnarar av korleis dette temaet skal følgjast opp.

Evalueringa sine tilrådingar

Evalueringsrapporten inneheld òg omfattande vurderingar av organisering og arbeidsformer for satsinga, og om innsatsar og resultat i fire utvalte samarbeidsland (Brasil, Indonesia, Guyana og Tanzania) og gjennom multilaterale kanalar. Dette er viktige bidrag for vidare vurderingar av innretninga på satsinga i det heile, og i dei enkelte partnarskapa og finansieringskanalane.

Rapporten munnar ut i ein serie tilrådingar for det vidare arbeidet med satsinga:

  • Klima- og skogsatsinga sin overordna strategi bør reviderast i lys av evalueringa og anna relevant materiale, under dette vurderingar av den globale status for REDD+, analysar av framdrift i enkeltland og ein analyse av dei viktigaste manglane i den globale innsatsen. Ein revidert strategi bør innehalde ein formalisert endringsteori kopla til eit resultatbasert rapporteringsrammeverk (tilråding 1 og 2).

  • Det bør etablerast ei felles tilnærming med andre givarland til dei multilaterale organisasjonane for å auke effektiviteten og resultatoppnåinga for organisasjonane. Satsinga sitt noverande samarbeid med andre givarar og med multilaterale organisasjonar bør vurderast. Det bør takast omsyn til dei ulike organisasjonane sine mandat, avgrensingar og høvet til synergieffektar med satsinga (tilråding 3).

  • Av ulike årsaker har det vore avgrensa framdrift i Guyana og Tanzania. Begge landa bør bli besøkte av fleirfaglege team for å diskutere årsaker til svak framdrift og korleis støtta evt. bør førast vidare (tilråding 4).

  • Satsinga bør gi meir merksemd til kommunikasjon. Det bør spreiast meir informasjon om framdrift og resultat gjennom eit breitt spekter av kanalar. Det bør omfatte, men ikkje avgrensast til, ei omfattande nettside med linkar til rapportar og annan informasjon. Innsatsen for meir gjennomsiktige pengestraumar, særleg der midlar blir kanaliserte gjennom multilaterale partnarar, bør halde fram (tilråding 5).

Strategisk evaluering

Som eit supplement til Norads følgjeevaluering har departementet fått utført ei strategisk evaluering, gjennomførd av Jonathan Lash, av klima- og skogsatsinga sine resultat og klimapolitiske betyding fram til no, inkludert betraktningar om satsinga si strategiske betyding i åra framover (Lash-rapporten).

Rapporten frå denne evalueringa vart lansert i mars 2014 og er tilgjengeleg på departementet si nettside. Konklusjonane om måloppnåinga i satsinga er i hovudsak samanfallande med dei positive konklusjonane frå Norads følgjeevaluering. Rapporten framhevar at løfta om storskala betaling for utsleppsreduksjonar har vore avgjerande for satsinga si måloppnåing. Økonomiske løfter, politisk engasjement på høgt nivå i Noreg og partnarskapstilnærming, har samla skapt politisk rom i skoglanda til å forbetre skogforvaltninga. Forfattarane peiker i tillegg på at Noreg har medverka til å forandre synet på og retorikken rundt bevaring av skog i utviklingslanda. Det er mindre vanleg å sjå på regnskogbevaring og økonomisk utvikling som motstridande mål i dag enn for fem år sidan.

REDD+ har motivert skoglanda til å forbetre oversikta over eigne skogar. Dette vil kunne ha stor betyding for deira utviklingsplanar og forvaltninga av naturressursar, uavhengig av om REDD+ blir del av ei internasjonal klimaavtale. REDD+ har, mykje takka vere Noregs leiarskap, bidrege til å konsolidere (Brasil) og katalysere (Indonesia) nødvendige endringar i viktige land sine styresett for og forvaltning av skogsektoren. Støtte til sivilsamfunnet sine organisasjonar har vore viktig. Den har medverka til meir opne nasjonale prosessar og dialog, og dermed til betre avgjerder med større legitimitet. REDD+, slik det er praktisert av Regjeringas klima- og skogsatsing, opnar for nye høve til samarbeid og dialog mellom grupper som tradisjonelt har hatt ein fastlåst kommunikasjon.

Rapporten gir råd og anbefalingar om vegen vidare:

  • Hovudtilrådinga er at Noreg held fram med satsinga, og helst på eit høgare nivå enn dagens satsing. Evalueringa understrekar òg at Noreg har eit ansvar for å følgje opp dei store forventningane som er skapt i skoglanda.

  • Den resultatbaserte tilnærminga bør utviklast vidare gjennom å auke bruken av betaling for utvikling og implementering av relevante reformer i perioden før den tekniske kapasiteten til å gjennomføre utsleppsreduksjonar, og verifisere desse, er på plass, jf. tilnærminga som er brukt i Indonesia. Ei rekkje land, spesielt låginntektsland, kan neppe forventast å vere klare for betaling for utsleppsreduksjonar dei næraste åra.

  • Satsinga gjennom multilaterale organisasjonar som UN REDD og Verdsbanken bør halde fram, og utvidast til fleire land.

  • Engasjement på høgt politisk nivå, og godt samarbeid mellom dei involverte myndigheita i Noreg er viktig for fortsett suksess.

  • Samarbeidet med både privat sektor og lokale sivile samfunnsorganisasjonar bør styrkast.

  • Før ein global klimaavtale er på plass bør samarbeidet mellom givarland styrkast og formaliserast («coalitions of the willing»).

  • Målsetningar, resultat og erfaringar frå klima- og skogsatsinga bør kommuniserast betre til omverda.

Regjeringas forslag til vidare innretting av klima- og skogsatsinga er omtalt i Del III under resultatområde 5 Klima.

Rapport 2013

I 2013 låg midlane på kap. 166, post 73 under Utanriksdepartementets budsjett.

Nedanfor følgjer rapportering på klima- og utviklingseffekten av klima- og skogsatsinga sin innsats i 2013. I 2014 lagast ein eigen statusrapport for satsinga som vil være å finne på departementet si heimeside. Måla for 2013 er dei same som er foreslått for 2015.

Brasil

Noreg har gitt ein lovnad om å betale inntil 1 mrd. dollar til Brasil innan utgangen av 2015, basert på Brasils reduserte avskoging. Så langt er 4,55 mrd. kroner utbetalt. Dei norske pengane blir betalte til Amazonasfondet, som igjen løyver pengar til tiltak som fremjar utvikling og god skogforvaltning. Arbeidet har det siste tiåret retta seg både mot å betre naturforvaltninga, beskytte naturskog, regenerere degradert naturskog og å auke jordbruksproduksjon gjennom meir effektiv heilskapleg arealbruk og meir effektiv jordbrukspraksis. Mange av prosjekta dreier seg om å finne alternative inntektskjelder for fattige som hogger ned skogen for å overleve. Amazonasfondet har bl.a. støtta opplæring i å drive berekraftige økonomiske aktivitetar og berekraftig produksjon. Mykje av støtta frå Amazonasfondet går òg til å handheve miljølovgiving for å hindre ulovleg hogst.

I 2013 oppnådde Brasil sitt nest lågaste avskogingsresultat sidan målingane begynte i 1988, dei var noko høgare i 2013 enn i 2012. Eit svært konservativt anslag på utsleppsreduksjonane som er oppnådde sidan partnarskapen vart inngått med Brasil er 2,6 mrd. tonn. Union of Concerned Scientists har forsøkt å berekne ei meir realistisk mengde utsleppsreduksjonar, og meiner utsleppa har blitt reduserte med 3,6 mrd. tonn i same perioden. Dette svarer til om lag 65 gonger Noregs årlege utslepp.

I 2013 betalte Noreg for Brasils oppnådde resultat i skogåret 2012. I 2012 reduserte Brasil avskoginga i Amazonas-regionen med 77 pst. samanlikna med årleg gjennomsnittleg avskoging i perioden 1996 – 2005. Den drastiske reduksjonen i avskoging som Brasil har oppnådd er av stor betydning for arbeidet med å redusere effektane av dei globale klimaendringane, som i sin tur kan ha ein positiv påverknad for dei 25 mill. menneska som bur i Amazonas-regionen, spesielt for urfolk og lokalsamfunn i og nær skogområde.

I den Norad-bestilte oppsummerande følgjeevaluering av Klima- og skogsatsinga (heretter følgjeevalueringa), er støtta til Brasil omtalt som viktig både for Brasil og for REDD-agendaen globalt. Dei norske pengane gav aksept for dei nasjonale reformene som allereie var i gang for å takle avskoging, og truleg styrke til å halde fram i denne positive retninga.

Evalueringa peiker på at kjønnsperspektivet ikkje er tilstrekkeleg teke vare på i samarbeidet. I tillegg saknar evalueringa betre rapportering på Amazonasfondets samla effekt. Eit anna viktig moment som rapporten peiker på er at berre avskoginga i Amazonas er dekt av avtala. Det gjer at potensiell lekkasje av avskoging til andre geografiske område ikkje blir fanga opp av avtala.

Samarbeidsavtala mellom Noreg og Den brasilianske utviklingsbanken (BNDES) om støtte til Amazonasfondet vart fornya 17. september 2013. Noregs totale utbetaling til Amazonasfondet i 2013 var på om lag 3,89 mrd. kroner. Av dette var 2,79 mrd. kroner allereie løyvd til Brasil for oppnådde resultat i perioden 2008 – 2011 og hadde stått på gjeldsbrevkonto i Noreg. Pr. 31.12.13 var 50 prosjekt blitt godkjente for støtte frå Amazonasfondet.

I tillegg til støtta gjennom Amazonasfondet, opererer totalt 22 prosjekt under sivilsamfunnsløyvinga i Brasil.

Det har teke tid å setje i verk prosjekt finansierte av dei norske midlane som er utbetalte for utsleppsreduksjonar. Den brasilianske utviklingsbanken arbeider kontinuerleg med denne problematikken, og forpliktingsgraden og utbetalingstakten i Amazonas-fondet aukar. Banken har strenge prosedyrar for å sikre at bidrag til fondet ikkje blir misleghaldne.

Figur 6.1 Avskoging i brasiliansk Amazonas 1988 – 2013

Figur 6.1 Avskoging i brasiliansk Amazonas 1988 – 2013

Indonesia

Samarbeidet med Indonesia har i første fase hatt som mål å etablere strukturar for god skog- og torvmyrforvaltning. Noreg skal betale for verifiserte utsleppsreduksjonar i tredje fase, som etter planen blir sett i gang i 2017. Samarbeidet er no i ferd med å gå over i iverksetjingsfasen (fase to), der Noreg skal medverke til å finansiere Indonesias handlingsplanar for redusert avskoging, særleg på lokalt nivå. Det vart i 2013 utbetalt 54 mill. kroner frå kap. 166, post 73 i støtte til Indonesia.

Indonesia har dei siste tiåra hatt høg avskoging. Det er ikkje etablert gode system for å måle og verifisere avskogingstal i Indonesia, men overslag tyder på at om lag 800000 hektar urørt regnskog forsvinn årleg. I fase 2 av partnarskapen skal Indonesia ferdigstille eit rammeverk for måling og verifisering av utsleppsreduksjonar – ein føresetnad for at Noreg skal betale Indonesia for utsleppsreduksjonar (i fase 3).

Indonesia har sidan 2011 vedteke stans i nye konsesjonar for hogst og plantasjar i primærskog i eit område på storleik med Frankrike («moratoriet»), for å gi styresmaktene tid til å implementere reformer for å begynne å redusere avskoginga. I 2013 vart moratoriet forlenga med ytterlegare to år. Moratoriet har blitt kritisert for å vere for lite omfattande og å gi for svakt skogvern.

Indonesia har utvikla strategiar for å redusere avskoginga og skogdegradering og øydelegging av karbonrik torvmyr, både på nasjonalt nivå og i elleve provinsar. Hausten 2013 vart det etablert ei spesialeining for REDD+ som koordinerer landets REDD+-innsats (REDD+ Agency). Ein finansieringsmekanisme for REDD+ i Indonesia er under etablering.

Tre ulike uavhengige evalueringar har nyleg blitt publiserte om klima- og skogpartnarskapen med Indonesia (Lash-rapporten februar 2014, Norads følgjeevaluering i august 2014 og konsulentselskapet Gaia hausten 2013). På overordna nivå konkluderer alle evalueringane med at Indonesia som del av samarbeidet har hatt betydeleg framgang i å etablere strukturar som vil vere nødvendige for positive styresettreformer i skogsektoren. Norad- og Lash-rapportane framhevar det at Noreg ga lovnad om støtte og at Indonesias president forplikta seg til ambisiøse utsleppsreduksjonar, har bidrege til den gode framgangen i Indonesia. Lash framhevar at klima- og skogomsyn no «i forbløffande grad» har blitt ein del av Indonesias utviklingsagenda i staden for å vere ein trussel mot den.

Norads følgjeevaluering fastslår at det har vore god framgang i det førebuande REDD+-arbeidet, deriblant arbeidet med å få på plass rammeverk for å måle og verifisere utsleppsreduksjonar. Dei framhevar at utviklingspolitiske omsyn har blitt godt tekne vare på, at partnarskapen har medverka til grunnleggjande prosessar for å sikre rettane til urfolk, og til forbetringar i landet si skogforvaltning. Dei viser til god framgang i å integrere kjønnsperspektivet i politikkutforming og planlegging, men at det er for tidleg å seie noko om dei endelege effektane av dette.

Både Lash’ og Norads rapportar peiker på at kommunikasjonen om partnarskapen må bli betre. I tillegg blir det etterlyst større nærvær og fleire tilsette for å betre oppfølginga frå norsk side. Rapportane peiker på kor politisk sårbar resultatoppnåinga i Indonesia er og framhevar vidare behovet for samordning mellom ulike institusjonar og initiativ i Indonesia.

Boks 6.2 Hva er MRV?

Forkortinga står for Måling, Rapportering og Verifisering . Overordna inneber MRV:

Måling – Kort fortalt er dette å måle omfanget av klimagassutslepp frå skogen. Ein må blant anna måle kor store område som blir skadde gjennom avskoging og degradering av skog, og kor mykje karbon som blir sloppe ut på grunn av denne skaden. Til saman blir denne informasjonen kalla ein klimagassrekneskap. Klimagassutslepp kan komme frå øydelegging av tre, greiner og blad over bakken, eller frå røter under bakken, og jorda trea stod på.

Rapportering – Når eit land har gjort sine målingar og utrekningar, skal resultata av dette rapporterast til dei som skal betale for dei reduserte klimagassutsleppa. I desse rapportane skal ein sjølvsagt rapportere resultatet, men òg kva slags metodar og matematiske formlar som er nytta i utrekningane. Dette er nødvendig for at neste trinn i prosessen – verifiseringa – skal bli best mogleg.

Verifisering – For at dei som betaler for redusert avskoging skal vere trygge på at resultata er truverdige, må rapportane verifiserast. I ei verifisering blir metodane og utrekningane som vart brukt i rapportane grundig vurderte av ein uavhengig tredjepart. I tillegg til å sjekke at alt stemmer, kan dei som utfører verifiseringa gi nyttige råd og tilrådingar om korleis neste rapport kan bli endå betre. I heile MRV-prosessen er det viktig at aktørane er opne og gir innsyn i kva metodar og materiale som ligg bak resultata. Dette gjer det mogleg for bl.a. sivile samfunnsaktørar og akademia å følgje med på prosessen og gå MRV-styresmaktene etter i saumane. Dette er spesielt viktig under Verifiseringsprosessen.

Kongobassenget

Kongobassenget utgjer verdas nest største regnskogsområde etter Amazonas, og dekkjer seks land i Sentral-Afrika. Avskogingstakten er låg, men aukande. I 2013 er norskfinansierte tiltak i fleirgivarfond som medverkar til institusjonsbygging, godt styresett, og nasjonale REDD-strategiar i regionen førte vidare. Midlane er bl.a. forvalta av Afrikabanken, Verdsbanken og FNs REDD-program. Det blir òg gitt midlar til fleire sivile samfunnsorganisasjonar i området gjennom klima- og skogsatsinga si ordning for sivilt samfunn. Det blir gitt støtte til organisasjonar som arbeider for godt styresett, eigedomsrettar, offentleg tilgjengeleg informasjon om aktivitetar i skogsektoren, antikorrupsjon og tiltak mot ulovleg hogst og miljøkriminalitet, og sivilsamfunnets og urfolks deltaking i REDD+, inkludert det sivile samfunn.

Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo) oppnådde i perioden 2009 til 2012 framgang i REDD+-arbeidet, spesielt sett i lys av dei store styresett- og fattigdomsutfordringane. Som ein del av Verdsbanken og DR Kongos nye, forpliktande samarbeid medverka satsinga i Kongobassenget i 2013 til auka fokus på berekraftige økonomiske reformer. Samarbeidet inkluderer, etter forslag frå Noreg, viktige reformer for arealbruksplanar, eigedomsrettar og miljøstandardar for å redusere dei negative verknadene av olje- og gruvedrift i regnskogen. Det vart i 2013 inngått eit nytt samarbeid med U.S. Agency for International Development (USAID), der Noreg i 2013 medverka med 47 mill. kroner til eit regionalt skogprogram i DR Kongo og Republikken Kongo. Programmet si todelte målsetjing er redusert avskoging og vern av biologisk mangfald. Det har vore arbeidd med å etablere system og kapasitet for god skogforvaltning i Kongobassenget. Arbeidet har teke lengre tid enn planlagt.

Gjennom Kongobassengfondet (Congo Basin Forest Fund, CBFF), eit fond i Den afrikanske utviklingsbanken (The African Development Bank – AfDB), støttar Noreg, Storbritannia og Canada prosjekt innan berekraftig skogforvaltning og REDD+ i dei ti landa i Kongobassenget som er medlem av Den sentralafrikanske skogkommisjonen (The Central African Forest Commission). Det har vore store utfordringar ved forvaltninga av fondet, og det er gjennomført tiltak for å betre fondsforvaltninga. Eit nytt resultatrammeverk vart utarbeidd i 2013 i samarbeid mellom givarar og sekretariatet i Afrikabanken. Norads følgjeevaluering framhevar at det er vanskeleg å sjå kva resultat fondet har hatt, men at betringar i rapporteringa den seinare tida kan gjere det lettare å sjå kva resultat fondet har ført til. Det vil ikkje bli utbetalt nye, norske midlar til fondet. Fokus ligg no på å syte for at allereie innbetalte midlar blir nytta på ein forsvarleg måte.

Tanzania

Norads følgjeevaluering viser at REDD-prosjekta i Tanzania har ført til betre skogforvaltning og redusert avskoging. Men den politiske viljen i landet har vore svak, samtidig som partnarskapen ikkje har struktur for å sikre strategisk og politisk dialog og framdrift, noko som har ført til manglande resultat i arbeidet.

Det vart i 2013 utbetalt 41,3 mill. kroner frå kap. 166, post 73 til støtte i Tanzania. Bl.a. vart støtta til ni REDD+-pilotar ført vidare. Ein av desse sluttførte sitt arbeid i 2013, mens to av pilotane vart avslutta på grunn av misleghald. Ein foreløpig konklusjon er at den norske støtta til pilotane har ført til auka kunnskap og praktisk erfaring knytt til gjennomføring av REDD+ på lokalt nivå. Fleire av pilotane gjennomførte test-karbonutbetalingar på grunnlag av reduserte utslepp i prosjektområda.

Norads følgjeevaluering peiker på at det sivile samfunn og lokale aktørar har vore godt involverte i det nasjonale klima- og skogarbeidet. Pilotprosjekta har òg lagt vekt på å bidra til utvikling av alternative inntektskjelder, som for eksempel produksjon av honning, for å kompensere for inntektstap for dei som tidlegare hadde sitt utkomme knytt til skogprodukt.

Den nasjonale strategi og handlingsplan for REDD+ vart godkjent av nasjonalforsamlinga i 2013. Følgjeevalueringen viser at den norske innsatsen i Tanzania ikkje har hatt stor effekt for arbeidet med nasjonal måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp (MRV). Prosjekta Noreg har støtta har gitt både statstilsette, forskarar og sivilt samfunnsaktørar kunnskap om metodar for MRV-arbeidet, men det har vore politisk motstand mot å nytte dei i nasjonal skala i Tanzania.

Noregs opphavlege løfte om støtte til Tanzania er nær innfridd. Eit eventuelt vidare engasjement i landet vil bli vurdert i lys av evalueringa og viljen til eit resultatbasert samarbeid framover.

Vietnam

Vietnam har vist politisk vilje til å redusere klimagassutslepp frå skogsektoren og er eitt av få utviklingsland med konkrete planar om å redusere eigne klimagassutslepp fram mot 2020 før ei ny internasjonal klimaavtale trer i kraft.

Samarbeidet med Vietnam har retta seg mot kapasitets- og kompetansebygging på nasjonalt og provinsnivå med sikte på framtidig betaling for utsleppsreduksjonar. Den norske støtta til fase 2 (iverksetjingsfasen) er samla på 180 mill. kroner og blir kanalisert gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD). I juli 2013 vart det nasjonale programdokumentet for UN-REDD fase 2 godkjent og arbeidet sett i gang. Gjennomføring av faste to er venta å ta tre år.

Vietnam er kritisert for manglande presse- og ytringsfridom av menneskerettsorganisasjonar. I REDD-prosessen har likevel sivilsamfunnsaktørar, under dette minoritetsgrupper, blitt inkluderte i prosessen på ein god måte. For eksempel var Vietnam det første av UN-REDD-landa til å utvikle og setje i verk ein prosess for Free Prior and Informed Consent (FPIC) som skal sikre sjølvstendig og open deltaking frå lokale grupper. Dette er noko som er trekt fram som særleg positivt i Norads følgjeevaluering av klima- og skogsatsinga.

Etiopia

Klimaambisjonane i Etiopia er svært høge, og vil krevje ei omfattande omlegging og modernisering av nasjonaløkonomien. Ei modernisering vil òg vere positiv sett frå eit utviklingsperspektiv. Matproduksjon og lokal energiforsyning kan ikkje lenger baserast på vidare avskoging, tvert i mot er det akutt behov for restaurering av avskoga område. Det vil òg vere eit stort behov for teknologi- og kunnskapsinvesteringar for å skape nye jobbar i byane. Dette føreset integrering av klimatiltak og -omsyn i nasjonale utviklingsplanar.

Som del av klimapartnarskapen mellom Noreg og Etiopia som vart inngått i 2011, inngjekk Noreg i 2013 formelt ei fleirårig bilateral avtale om støtte til gjennomføring av Etiopias nasjonale REDD-arbeid. Avtala forpliktar Etiopia til å gjennomføre sitt nasjonale REDD+-arbeid i tråd med internasjonale retningslinjer. Den tangerer fleire grunnleggjande spørsmål som landrettar, deltaking, ressursfordeling og likestilling. Noreg forpliktar seg til å betale for oppnådde resultat. Viktige milepælar vart nådde i 2013. Det vart etablert eit eige miljø- og skogdepartement med samla ansvar for REDD+, skogforvaltning, klimaforhandlingane og gjennomføring av den nasjonale strategien for grøn vekst. Styresmaktene utarbeidde òg eit vegkart for etablering av eit system for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skogsektoren (MRV), noko som er ein føresetnad for å kunne generere framtidige inntekter frå resultatbasert REDD+. Dei bestemte vidare å utvikle eit regionalt pilotprogram i delstaten Oromia som etter planen skal kunne levere det første storskalabidraget av verifiserte utsleppsreduksjonar frå REDD+ i løpet av 2016/2017.

Noreg har i 2013 samarbeidd tett med Verdsbanken og Storbritannia, og forplikta seg til å finansiere heile den førebuande fasen av REDD+.

Amazonas

I Amazonas utanom Brasil har Noreg arbeidd tett saman med Tyskland og Storbritannia for å gjere det mogeleg med eit samarbeid med Colombia, Ecuador og Peru om samarbeid basert på resultat i form av verifiserte utsleppsreduksjonar eller sentrale reformer.

I Ecuador har det i 2013 vore forhandlingar om potensiell støtte basert på målte og verifiserte utsleppsreduksjonar frå 2014, gjennom eit tysk program for finansiering av reduserte klimagassutslepp frå skog i utviklingsland: REDD Early Movers program. Rapportering på sosiale og miljøvise sikringsmekanismar, og at dei utbetalte midlane skal medverke til ein lokal berekraftig utvikling, vil stå sentralt i eit eventuelt samarbeid.

Noreg, Tyskland, Storbritannia og Colombia erklærte under Klimatoppmøtet i Warszawa i 2013 at ein ønskte å sjå på høvet til å samarbeide om redusert avskoging i colombiansk Amazonas. Colombia er i ferd med å utvikle ein ambisiøs plan for berekraftig utvikling i Amazonas, som vil leggje grunnlag for samarbeidet. Noreg har ein god dialog med Tyskland om eit mogleg samarbeid gjennom REDD Early Movers program også her.

I Peru har det i 2013 vore framgang i den nasjonale prosessen for å setje opp eit fungerande system for å redusere avskoging. Blant anna vart planen for investeringar i redusert avskoging gjennom Forest Investment Programme godkjent i programmets styre. Peru hausta her særleg heider for konsultasjonane med urfolk.

Guyana

Norads følgjeevaluering viser at den norske støtta har medverka til at Guyana har utvikla eit velfungerande system for måling, rapportering og verifisering (MRV) av utslepp frå avskoging gjennom bevaring av naturskog, og at dette systemet har hatt stor verdi for nasjonal ressursforvaltning elles. Guyanas avskoging auka betydeleg i 2012 og var då på 0,079 pst. (0,05 pst. i 2011). Gjennomsnittsraten for avskoging i utviklingsland er på 0,52 pst, så globalt sett er Guyanas avskoging fortsatt svært låg. I forhold til det avtalte referansenivået i Guyana er det unngått utslepp på i overkant av 13 mill. tonn CO 2 . Dette er likevel ein auke frå tidlegare år og medfører ein avtalefesta reduksjon av utbetalingsgrunnlaget på omkring 19 mill. US$. Forhandlingar om utbetaling for resultata i 2012 heldt fram hausten 2014. Det vart ikkje utbetalt pengar til Guyana i 2013.

Gjennom Guyana REDD+ Investment Fund (GRIF) er det sett i gang fleire REDD-prosjekt, der to rettar seg mot utvikling i urfolks landsbyar og avklaring av landrettar. Følgjeevalueringa peiker på at utbetalingstakten frå fondet likevel er låg, og at arbeidet med å gjere fondet meir eigna for resultatbasert klimafinansiering er utfordrande.

Ei hovudårsak til forseinkingane er arbeidet med Amaila Falls, eit vasskraftverk som ved realisering vil levere straum til heile Guyana basert på fornybar energi. Prosjektet vil gi direkte effekt på Guyanas utslepp av CO 2 og vere av stor betydning for sosial og økonomisk utvikling i Guyana. Noreg deltek indirekte i forhandlingane om å etablere ein finansieringsstruktur for Amaila Falls. Prosjektet har vore utfordrande, og er betydeleg forseinka. Det vil like fullt, dersom det lykkast, bringe partnarskapen eit stort steg framover og også medverke til auka utbetalingstakt og til at Noregs uteståande forpliktingar, jf. manglande betaling i 2013, kan oppfyllast.

Guyana har gjennom avtala med Noreg knytt seg til fleire internasjonalt anerkjente prosessar som rettar seg mot betre styresett og auka transparens i skogsektoren. Guyana forhandlar med EU om ei avtale som skal stanse eksport av ulovleg hogd tømmer og landet har hatt uavhengige revisjonar av regelverk og praksisar i tømmerindustrien. Begge desse prosessane har god framgang. Guyana har gjennom avtala med Noreg forplikta seg til eit samarbeid med Extractive Industries Transparency Initiative (EITI). EITI medverkar til auka økonomisk transparens i utvinning av naturressursar, for eksempel gruveindustri og skogdrift. Dette arbeidet har gått sakte over tid og er betydeleg forseinka. På grunn av auka gullprisar har gruvedrifta i landet fått sterkare fotfeste og er i dag den største trusselen mot Guyanas regnskog. Norads følgjeevaluering peiker på at fleire tiltak bør rettast mot gruveindustrien, og dette er òg eit område som er prioritert av klima- og skogsatsinga i dialogen med Guyana.

Myanmar

Myanmar er eit av landa i Søraust-Asia med mest skog og har tredje størst karbonvolum i skogen i regionen, etter Indonesia og Papua Ny-Guinea. Dei siste tiåra har det vore ei dramatisk avskoging i Myanmar og mellom 2000 og 2012 forsvann ca. 15000 km 2 med skog, noko som tilsvarer eit område på størrelse med Buskerud fylke.

Noreg har ikkje eit etablert bilateralt skogsamarbeid med Myanmar, men støttar arbeid innan klima- og skog gjennom FNs klima- og skogprogram. Myanmar vart teke opp som medlemsland av programmet i 2011 og ferdigstilte hausten 2013 sin vegkartrapport for utarbeiding av eit nasjonalt REDD Program. Vegkartrapporten legg opp løpet for å etablere eit nasjonalt REDD-program i landet. Ei vidareføring og eventuell styrking av Noregs innsats vil bli vurdert og konkludert seinast i løpet av 2015.

Boks 6.3 Fokus på styresettforbetringar

Klima- og skogsatsinga har aktivt fremja utviklingsmål knytte til forbetringar av politisk og økonomisk styresett og fattigdomsreduksjon. Dette er utviklingsmål som direkte og indirekte medverkar til klimaresultat. Det heng saman med at viktige drivarar bak avskoging i utviklingsland er knytte til styresettproblem, manglande institusjonell kapasitet og fattigdom. Norads følgjeevaluering i 2014 viser at klima- og skogsatsinga har hatt størst utviklingseffekt på styresettområdet.

REDD+ kan medverke til utvikling på fleire område, men Norads følgjeevaluering viser at utviklingsgevinstane er særleg tydelege på to felt: gjennom bidraget til levedyktige lokalsamfunn og gjennom bidrag til betre styresett. Det siste er i stor grad er ein føresetnad for det første. At satsinga har hatt effekt på styresettområdet er eit resultat av ei systematisk vektlegging og prioritering av tiltak for forbetring av styresettet knytt til naturressursforvaltning i våre partnarland.

Følgjeevalueringa viser at satsinga medverkar til å bevare levebrødet for skogavhengige lokalsamfunn, men òg til ny økonomisk aktivitet, som i sin tur skaper grobotn for utvikling.

Med eksempel frå blant anna Indonesia og Brasil viser Norads evaluering at klima- og skogsatsingas arbeid med styrking av urfolks rettar, betre arealplanlegging, tilgang til informasjon, kartlegging av landrettar og bidrag til kampen mot korrupsjon og kriminalitet i skogsektoren har skapt konkrete utviklingspolitiske resultat. Arbeidet med forbetring av politisk styresett handlar i stor grad om katalytiske innsatsar som medverkar til politiske prosessar, tverrsektorielt samarbeid og reformer i naturressursforvaltninga, noko samarbeidet med Indonesia er eit godt eksempel på. I siste instans er arbeidet for betre styresett i naturressursforvaltninga eit vesentleg bidrag til statsbygging i skogland.

Klima- og skogsatsinga har støtta tiltak for likestilling, både i våre landpartnarskap, gjennom multilaterale organisasjonar og organisasjonar i det sivile samfunnet. Dette arbeidet er krevjande, og konklusjonane frå følgjeevalueringa viser at det bør vurderast å trekkje på erfaringar frå anna likestillingsarbeid for å styrkje innsatsen.

Multilaterale satsingar

Noreg har over fleire år gitt støtte til ulike multilaterale program gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD), Verdsbanken (FCPF og FIP) og Afrikabanken (CBFF), og medverka aktivt i utforminga av programma sin policy og implementering. Totalt deltek meir enn 50 skogland i større eller mindre grad. Noreg har, som ein av dei største og mest aktive givarane til UN-REDD programmet og Forest Carbon Partnership Facility (FCPF), vore ein pådrivar for at FNs ulike organisasjonar skal operere som eitt FN på landnivå («delivering as one») og for betre samordning og samarbeid mellom FN-organisasjonane og Verdsbankens arbeid med skog og klima. Norads følgjeevaluering framhevar at arbeid under Verdsbankens skogpartnarskap har i stor grad positivt påverka klimaforhandlingane om REDD, særleg på områda måling, rapportering og verifisering. I mange land har ein for første gong skapt ein nasjonal politisk dialog på høgt nivå om skogforvaltning som inkluderer eit breitt spekter av sektorar (landbruk, vasskraft og gruveindustri). Følgjeevalueringa konkluderer med at multilateral innsats har styrka REDD-landas forståing av REDD + som eit viktig klimatiltak, og ført til forpliktingar som sikringsmekanismar (bevaring av naturskog og omsyn til urfolk).

Men evalueringa peiker òg på at samarbeidet mellom dei tre FN-organisasjonane, og med Verdsbankens FCPF, ikkje er godt nok og har høge transaksjonskostnader. Få land har komme vidare i arbeidet, og for mange land er utsleppskutt framleis langt fram i tid. Evalueringa framhevar manglande tryggleik rundt finansiering framover som den største risikoen for REDD-arbeidets framtid. Når landa som er i gang med førebuande REDD-arbeid tek til med å levere resultat må finansieringa aukast betrakteleg.

FCPF, som er administrert av Verdsbanken, består av eit kapasitetsfond (Readiness Fund) som gir støtte til 44 skogland for innleiande strategiarbeid og kapasitetsbygging, og eit karbonfond (Carbon Fund) som er sett opp for å betale for utsleppsreduksjonar i stor skala. Både rapporten frå Verdsbankens interne evlueringseining og KoS’ følgjeevaluering viser at FCPF, og UN-REDD, har spela ei viktig rolle i landa sitt arbeid med å etablere standardar for REDD+ i klimaforhandlingane under FNs klimakonvensjon, og dermed medverka til klima- og skogsatsinga sitt første hovudmål. FCPF har òg gitt viktig støtte til system for måling, rapportering og verifisering (MRV) av klimagassutslepp, og desse systema har hatt stor meirverdi i form av betre ressursforvaltning og arealplanlegging. Noreg, Tyskland og Finland gav eller lova i 2013 betydelege nye tilskot til fondet, og totalen er no på om lag 2 130 mill. kroner. Noreg gjorde ingen nye utbetalingar til fondet i 2013, men forplikta seg til å utbetale 600 mill. kroner til FCPF Readinessfondet.

I 2013 vart styret i FCPFs karbonfond etter to års forhandlingar einig om metoderammeverket som utgjer spelereglane for korleis REDD-land kan få betalt for utsleppsreduksjonar. Costa Rica underteikna fondet sin første intensjonsavtale (LoI) og skogrike land som Indonesia og Den demokratiske republikken Kongo presenterte sine første programutkast til storskala utsleppsreduksjonar. Storbritannia lova auka bidrag på inntil 600 mill. kroner. Fondet er i positiv utvikling og milepålane over medverkar til alle hovudmål i skogsatsinga.

FNs klima- og skogprogram (UN-REDD) er eit samarbeidsprogram mellom FNs miljøprogram (UNEP), FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) og FNs utviklingsprogram (UNDP) som skal bistå utviklingslanda innanfor følgjande prioriterte område: måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog (MRV), urfolk og lokalsamfunns rettar, biologisk mangfald, grøn økonomi, godt styresett og antikorrupsjon. Colombia og Bangladesh vart i 2013 tekne opp som nye programland og 18 land mottek no direkte støtte til nasjonale program. Omkring 440 mill. kroner er sett av til nasjonale program. Rundt 600 mill. kroner er nytta for å støtte alle 49 deltakande land og til globale aktivitetar. I 2013 medverka Noreg med 258 mill. kroner, og i tillegg gav Danmark, EU og Luxembourg tilskot til programmet. Indonesia, Tanzania og Vietnam avslutta sine nasjonale program. Ei evaluering av UN-REDD konkluderer med at programmet har oppnådd moderat suksess. Programmet har særleg lykkast med å inkludere eit stort tal land i REDD-arbeidet, og gitt fagleg og praktisk rådgiving om landa sitt arbeid med sikringsmekanismar, eit viktig område i klimaforhandlingane. Utfordringar for programmet er betre samarbeid mellom organisasjonane og auka effektivitet i resultatoppnåinga. Organisasjonane har slutta seg til tilrådingane og er i ferd med å innføre tiltak.

Under klimakonvensjonens møte i Warszawa i desember 2013 vart det lansert eit nytt, multilateralt samarbeid gjennom Verdsbankens BioCarbon Fund (BioCF), i første omgang støtta av Noreg, Storbritannia og USA. EU vurderer også å delta. Sjølve fondet vart etablert allereie i 2004 som eit offentleg-privat sektor-initiativ for å mobilisere finansiering til karbonprosjekt i skog- og landbruksbaserte økosystem. Det var den gongen verdas første karbonfond, og har sidan etableringa medverka til ei rekkje prosjekt som har endra landskapsområde og støtta tiltak for fattige bønder. BioCF er slik forløparen til dei andre karbonfonda Verdsbanken forvaltar, og blir no tilpassa regelverk og mål for REDD+. BioCF vil supplere Karbonfondet som ein fleksibel og innovativ resultatbasert mekanisme for å betale for og dermed auke etterspørselen etter verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Fondet skal i første omgang gjennomføre pilotprogram i 4 – 5 geografiske område. Desse er valt ut på bakgrunn av ein langt kommen førebuingsfase, demonstrert evne og vilje til å drive ei integrert landskapstilnærming for REDD+ og/eller har særskilte utfordringar knytte til arealpress frå store, mobile og ressurskrevjande råvareinvestorar/-selskap.

The Forest Investment Program (FIP) er eit klima- og skogfond under Verdsbanken. Styret godkjente i oktober 2013 finansiering av dei første 4 prosjekta av den lovande privat sektor-mekanismen (inntil 300 mill. kroner). Dei første utbetalingane for å gi direktestøtte til urfolk og lokalsamfunn si deltaking i nasjonalt REDD-arbeid vart òg vedtekne i 2013. Framdrifta har vore svakare enn venta, men Verdsbanken vurderer at takten for å setje i verk prosjekt vil auke i 2014. FIP-styret har godkjent 38 prosjekt med ein samla verdi på 2,5 mrd. kroner. Av desse er 11 blitt tildelt midlar med ein samla verdi på ca. 1,2 mrd. kroner. Noreg utbetalte i 2013 dei resterande 220 mill. kroner av vårt totale løfte på 900 mill. kroner til programmet.

Aktivitetar i det sivile samfunn

Noreg har gjennom si støtte til klima- og skogsatsingas ordning til det sivile samfunn medverka til å styrkje sivil samfunnsdeltaking i nasjonale REDD-prosessar og finansiert tiltak på eit tidleg stadium. Støtta har blant anna medverka til lovendring og påverka nasjonalt arbeid på sikringsmekanismar. Dette går fram av Norads evaluering av støtta til sivilsamfunnsorganisasjonar for perioden 2008 – 2012. Etter tilrådingar frå evalueringa har 2013 – 2015-porteføljen ei meir heilskapleg strategisk innretning. Det inneber fagleg konsentrasjon rundt fire strategisk viktige tematiske område, med auka innsats mot drivarar bak avskoging og arbeid opp mot privat sektor. Norads følgjeevaluering av klima- og skogsatsinga slår fast at støtta til sivilt samfunn har medverka positivt til utvikling av sikringsmekanismar og breiare spørsmål knytte til styresett. Ifølgje evalueringa medverkar støtta positivt til å nå klima- og skogsatsinga sine utviklingsmål og er komplementær til dei nasjonale partnarskapa. I tillegg har støtteordninga god framdrift og oppfølging.

I 2013 var tilskotet til sivilsamfunnsorganisasjonane på rett under 300 mill. kroner, fordelt på 42 prosjekt i totalt 33 land. Landa med flest prosjekt er Indonesia (30), Brasil (19), DR Kongo (11) og Vietnam (9). Mange av prosjekta går føre seg i fleire land og mange har også, delvis eller fullstendig, ein global komponent.

Hausten 2013 arrangerte klima- og skogsatsinga konferansen Oslo REDD exchange. Over 400 internasjonale deltakarar frå frivillige organisasjonar, styresmakter, privat næringsliv og forskingsmiljø var samla for å dele erfaringar og kunnskap, og å diskutere korleis aktørane kunne medverke til å utvikle vidare arbeidet framover. I tilknyting til Oslo REDD Exchange arrangerte Norad eit møte for alle tilskotsmottakarane i den nye porteføljen (2013 – 2015) for å medverke til informasjonsdeling og erfaringsutveksling. Det vart utarbeidd og lansert ein eigen nettportal for klima og skog/sivilt samfunnsporteføljen på norad.no i samband med konferansen. Portalen har eit søkbart kart der ein finn alle dei 42 prosjekta under land, kategori og underkategori, prosjekttype og fokusområde. Målgruppe for nettsida er aktørar som arbeider med REDD+ og som vil å lære om andre prosjekt. I første omgang inneheld nettsida det søkbare kartet med kort informasjon om dei 42 prosjekta i den nye porteføljen, ein analyse av porteføljesamansetninga, lenker og nyttig informasjon om prosessane og regelverk for ordninga, og innrapporterte resultat og erfaringa frå den gamle porteføljen. Dette er òg eit ledd i kunnskapsforvaltninga og rapporteringa av porteføljen.