Olje- og energidepartementet (OED)

Alle større prosjekt på norsk sokkel må levere ein plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) til godkjenning hos styresmaktene før høvesvis utbygging av ein petroleumsførekomst eller bygging av eit anlegg for transport og utnytting av petroleum finn stad.

I dette kapitlet er det gitt ei samla omtale av kostnadsutviklinga for dei prosjekta der PUD/PAD er godkjent av styresmaktene, men der prosjekta framleis er under utbygging eller har komme i produksjon etter 1. august 2015. Som bakgrunn for omtala har departementet innhenta opplysningar frå operatørselskapa for dei ulike prosjekta i juni i år. For prosjekter framleis under utbygging kan investeringsoverslaga følgjeleg endre seg etter dette.

Kostnadsoverslaga i PUD/PAD har eit usikkerheitsspenn på +/- 20 prosent. Det betyr at til trass for at operatørane rapporterer inn avvik, så er det ikkje nødvendigvis avvik frå det estimerte kostnadsintervallet for prosjektet. Auka investeringsnivå sidan framlegging av PUD treng heller ikkje å vere negativt for lønnsemda i eit prosjekt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka inntekter, kan det medverke til høgare verdiskaping frå prosjekta.

Dei fleste prosjekta på norsk sokkel endar opp med utbyggingskostnader innanfor usikkerheitsspennet som er oppgitt i PUD. Oversikten i dette kapittelet viser også det. For 11 av dei 15 omtalte prosjekta er avviket frå PUD/PAD-estimatet innanfor usikkerheitsspennet.

Sjølv om enkelte prosjekt i årets rapportering har større overskridingar viser investeringsanslaga for prosjekta som framleis er under utbygging samla sett ein reduksjon i oppdatert anslag samanlikna med det som vart skissert ved dei ulike PUD/PAD-tidspunkta. Sett under eitt er investeringsanslaget om lag 14,1 mrd. kroner lågare for desse prosjekta samanlikna med fjorårets anslag.

Utviklinga i prisane på varer og tenester som inngår under utbyggingar på norsk sokkel er i stor grad påverka av internasjonale forhold. I likskap med utviklinga internasjonalt har òg kostnadsnivået på norsk sokkel vore prega av ein sterk vekst fram til 2014. Kostnadene på norsk sokkel meir enn dobla seg i perioden frå 2000 til 2014. Dette har no snudd og det slår ut i lågare investeringsanslag. Fleire prosjekt, særskilt dei nyaste, har blitt rimelegare enn venta før oljeprisfallet.

Samtidig har selskapa blitt meir opptekne av effektivisering og kostnadsreduksjonar. Mange effektiviseringstiltak vart sette i gang allereie før oljeprisen begynte å falle. Resultatet av dette arbeidet er òg reflektert i dei oppdaterte investeringsanslaga for fleire av prosjekta. Svekkinga av krona gjennom same tidsperiode verkar på den andre sida i motsett retning. Målt i norske kroner har dei delane av prosjektet der kostnadene har vore i utanlandsk valuta auka. For fleire prosjekt utgjer dette ein betydeleg del av endringane.

Tabell 5.1 og 5.2 viser ei oversikt over differansen mellom operatørane sine investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira pr. juni 2016, og endringa i investeringsoverslaget sida fjorårets rapportering i Prop. 1 S (2015–2016) for Olje- og energidepartementet

Nytt anslag for Sverdrup er frå august 2016.

,

Endring i investeringar sidan førre rapportering for Aasta Hansteen tek utgangspunkt i oppdatert anslag i Prop. 24 S (2015–2016) Endringar i statsbudsjettet 2015 under Olje- og energidepartementet.

.

Tabell 5.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2016-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring frå i fjor

Totalendring

Totalendring i pst.

Oseberg Vestflanken 2

2016

7 965

7 811

0

-154

-2

Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen

2015

4 858

3 863

-511

-995

-20

Sverdrup byggetrinn I

2015

120 302

105 660

-14 643

-14 643

-12

Maria

2015

15 683

15 463

-220

-220

-1

Flyndre

2014

3 603

4 348

601

745

21

Aasta Hansteen

2013

32 805

37 692

-47

4 887

15

Gina Krog

2013

31 067

31 771

302

704

2

Ivar Aasen

2013

26 920

26 868

206

-52

0

Polarled

2013

26 266

23 121

206

-3 145

-12

Martin Linge

2012

28 170

35 535

-12

7 365

26

Sum

297 639

292 132

-14 118

-5 508

-2

Tabell 5.2 Investeringsanslag, prosjekt som er gjennomførte og har starta produksjon etter 1. august 2015

(i mill. 2016-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring frå i fjor 1

Totalendring

Totalendring i pst.

Edvard Grieg oljerøyrleidning

2014

2 156

1 491

-243

-665

-31

Utsirahøgda gassrøyrleidning

2014

1 476

1 247

-230

-230

-16

Edvard Grieg 1

2012

23 415

25 848

529

2 433

10

Åsgard undervasskompresjon

2012

17 248

20 758

135

3 510

20

Goliat

2009

32 592

50 762

1 185

18 170

56

Sum

76 887

100 106

1 376

23 218

30

1 Eksportrøyr for olje og gass frå Edvard Grieg er skilt ut som eigne prosjekt etter framlegging av PUD for Edvard Grieg. Desse investeringane er derfor i sin heilskap trekte frå prosjektet.

Det er samla sett god lønnsemd i prosjekta som er omtalte i dette kapitlet. Summert noverdi for prosjekta er berekna til om lag 390 mrd. kroner. Noverdi for infrastrukturprosjekta Edvard Grieg oljerøyrleidning, Polarled og Utsirahøgda gassrøyrleidning er ikkje berekna. Desse prosjekta har regulert avkastning.

Kostnadsendringar på enkeltprosjekt

Prosjekt under utbygging

For Ivar Aasen og Maria er det ingen eller små endringar i investeringsanslaget samanlikna med overslaga i PUD/PAD, og det same gjeld samanlikna med førre rapportering frå i fjor. Tilsvarande gjeld for Oseberg Vestflanken 2 som nyleg er blitt godkjent.

Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen

Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen har ein reduksjon i investeringsanslaget på 995 mill. kroner sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er anslaget redusert med 511 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i all hovudsak meir effektiv boring enn venta og betydelege reduksjonar i operasjonar til havs.

Sverdrup byggetrinn I

Sverdrup-utbygginga har redusert investeringsanslaget med nær 15 mrd. kroner sidan PUD vart godkjent i 2015. Reduksjonen skuldast hovudsakleg meir fordelaktige marknadsforhold, blant anna relatert til konstruksjon av feltsenter og boring av brønnar. Delar av reduksjonen kjem òg som resultat av auka effektivitet innan boring og brønn og god kontroll på arbeidsomfanget. Anslaget er vidare redusert med i overkant av 1 mrd. kroner grunna ei endring i trasé for oljerøyr som vart godkjent som endring til PAD. Reduksjonen i investeringsanslag sidan PUD er delvis motverka av svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD. Vidare har inkludering av ny teknologi for reservoaroppfølging og utprøving av ny løysing for å auke utvinningsgraden av olje som ikkje var inkludert i PUD-estimatet motverka reduksjonen i investeringsanslaget med i overkant av 3 mrd. kroner.

Flyndre

I Flyndre-prosjektet er det rapportert om ein auke i investeringsanslaget på 745 mill. kroner sidan PUD, der mesteparten (601 mill. kroner) representerer endringar frå i fjor. Flyndre-feltet og det britiske feltet Cawdor blir utvikla saman som eit havbotnsanlegg tilknytta Clyde-plattforma på britisk sokkel. Auken skuldast hovudsakleg auka modifikasjonskostnader på vertsplattforma Clyde, som eit resultat av at omfang og kompleksitet var underestimert. I tillegg skuldast auken valutaendringar på faktiske kostnader i britisk pund mot norsk kroner. Auken kjem òg av ei ny fordeling av kostnader knytt til undervassinstallasjon mellom Flyndre og det britiske feltet Cawdor.

Aasta Hansteen

I Hansteen-prosjektet er det rapportert om ein auke i investeringsanslaget på 4 887 mill. kroner sidan PUD. Om lag halvparten av auken skuldast svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD. Investeringane aukar òg på grunn av fleire prosjekteringstimar og auke i kostnader på utstyrspakker og råvare. I tillegg har ikkje framdrifta på verftet i Korea vore tilfredstillande. Rettshavarane informerte sommaren 2015 om at planlagt oppstart av produksjonen vart utsett til andre halvdel av 2018, jf. Prop. 24 S (2015–2016) Endringar i statsbudsjettet 2015 under Olje- og energidepartementet . Sidan desember 2015 har operatøren sett ei tydeleg betring i framdrifta ved verftet, og framdrifta i prosjektet er no god. Sidan siste rapporteringa i fjor er investeringsanslaget tilnærma uendra.

Gina Krog

Dei totale investeringskostnadene for Krog-prosjektet har auka med 704 mill. kroner sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er anslaget auka med 302 mill. kroner. Auken sidan PUD skuldast hovudsakleg svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD. Investeringane har òg auka grunna fleire ingeniørtimar på plattformdekket og auke i kostnader for utstyrspakkar. Auken i investeringane er delvis motverka av reduserte kostnader for boring, røyrleidningar og undervassystem, og at kostnader for lagerskip er bokførte som driftsutgifter. Sidan i fjor har operatøren sett ei tydeleg betring i prosjektet og framdrifta er no god.

Polarled

For Polarled er det ein reduksjon i investeringsanslaget på 3 145 mill. kroner sidan PAD. Det er ingen store endringar i investeringsanslaget sidan same rapportering i fjor. Noko av reduksjonen i anslaget sidan PAD skuldast at ein del av prosjektet (Kristin gasseksportprosjekt) har blitt terminert. Vidare er det betydelege sprik i kostnadsutvikling mellom modifikasjonane på Nyhamna og sjølve Polarled-røyrleidningen i prosjektet. Kostnadsanslaget for modifikasjonane på Nyhamna har auka fordi arbeidet har fått større omfang og vekt. Dette skuldast i hovudsak manglande modning av teknisk underlag ved investeringsavgjerd, som igjen har fått følgjer for prosjekteringsanskaffingar og konstruksjonsarbeid. Kostnadsanslaget for røyrleidningen har likevel falle meir, slik at prosjektet totalt sett har hatt ei betydeleg innsparing. Dette skuldast at prosjektet har oppnådd lågare leverandørprisar og positive synergiar med andre røyrprosjekt.

Martin Linge

Investeringsanslaget for Martin Linge-prosjektet har auka med 7 365 mill. kroner sidan PUD. Auken sidan PUD skuldast hovudsakleg auka kostnader relatert til plattformdekket. Rettshavarane bestemte sommaren 2015 å utsetje produksjonsstart med eitt år til januar 2018 som følgje av forseinka detaljprosjektering av plattformoverbygget, jf. Prop. 1 S (2015–2016). Dette medførte konsekvensar for framdrifta i byggjearbeidet på verftet i Sør-Korea. Sidan rapportering i fjor har operatøren informert departementet om at oppstart er ytterlegare forseinka til andre/tredje kvartal 2018. Det blir arbeidd med å stadfeste dei økonomiske konsekvensane av dette. Departementet tek sikte på å kome tilbake med oppdateringar av prosjektet i Olje- og energidepartementets endringsproposisjon om budsjettet for 2016. Utsetjinga i prosjektet har følgjekostnader, særlig knytte til å gjenforhandle kontraktar som får endra oppstart og auka tal prosjektpersonell involvert i ferdigstilling og oppstart. Prosjektkostnaden sidan PUD aukar òg som følgje av svekka kronekurs i forhold til annan valuta, hovudsakleg mot amerikanske dollar og euro.

Prosjekt som har starta produksjon etter 1. august 2015

Edvard Grieg oljerøyrleidning

For Edvard Grieg oljerøyrleidning er investeringsanslaget redusert med 665 mill. kroner sidan PAD (Plan for anlegg og drift ). Sidan same rapportering i fjor er anslaget redusert med 243 mill. kroner. Årsaka er ein reduksjon i estimerte kostnader for marine operasjonar.

Utsirahøgda gassrøyrleidning

For Utsirahøgda gassrøyrleidning er investeringsanslaget redusert med 230 mill. kroner sidan godkjent PAD. Endringa har i all hovudsak funne stad sidan rapporteringa i fjor. Årsaka er ein reduksjon av budsjetta etter ei optimalisering av aktivitetane knytte til klargjeringa av røyrleidningen, sluttoppgjer i kontraktsavslutningar og reduksjonen av prosjektreservar i mars 2016.

Edvard Grieg

Edvard Grieg har auka investeringsanslaget med 2 433 mill. kroner sidan PUD. Om lag 1 mrd. kroner av auken sidan PUD kjem av at kontraktleveransar vart gjennomførte på eit tidspunkt der marknadsprisane auka betydeleg meir enn kva som vart anslått ved PUD-innlevering. 700 mill. kroner skuldast auke ingeniørtimar i planleggingsfasen, mens 600 mill. kroner kjem frå auka konstruksjonskostnader. Resten skuldast forseinka installasjon.

Frå same rapportering i fjor er overslaget auka med om lag 500 mill. kroner. Løftinga av Edvard Grieg-modulane ute på feltet vart utsett i forhold til opphavleg plan på grunn av at løftefartøyet var forseinka. Denne forseinkinga medførte auka kostnader i ferdigstillingsfasen av prosjektet.

Goliat

Investeringsanslaget for Goliat viser ein auke på 18 170 mill. kroner sidan PUD. Sidan forrige rapportering i fjor er anslaget auka med 1,2 mrd. kroner. Kostnadsauken sidan PUD er i hovudsak knytt til marknadsprisar, lengre leveringstid for utstyrspakkar og høgare råvarekostnadar grunna sterkt press i leverandørmarknaden i gjennomføringsperioden. Produksjonseininga har blitt fordyra med årsak i teknologiske utfordringar, meir omfattande ingeniørarbeid, designendringar og større arbeidsmengde enn føresett, noko som har ført til utsett leveringstidspunkt av eininga frå leverandøren. Gjennom ferdigstillinga av plattformeininga på feltet, vart det òg oppdaga kvalitetsavvik som måtte rettast før produksjonen kunne ta til. Dette medførte både utsett produksjonsstart og auka kostnader. I tillegg har svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD medverka til kostnadsauken sidan forrige rapportering.

Åsgard undervasskompresjon

For Åsgard undervasskompresjon har investeringsanslaget auka med 3 510 mill. kroner sidan godkjenning av endra PUD. Det er ingen store endringar i investeringsanslaget sidan same rapportering i fjor. Auken i investeringane sidan PUD skuldast i hovudsak auka kompleksitet og forseinka leveranse av kompressoranlegget. Kostnadene har òg auka grunna utvikling og installasjon av system for modulhandtering på fartøy og forlenga installasjonsperiode for kraft og kontrollkablar.

Andre saker

Utbygging av Johan Sverdrup-feltet og oppfølging av Prop. 114 S og Innst 382 S (2014–2015)

Ved departementets godkjenning av planane for utbygging og drift av Johan Sverdrup-feltets første byggjetrinn vart det blant anna sett som vilkår at: « rettighetshaverne på Johan Sverdrup-feltet skal senest i 2022 etablere en områdeløsning for kraft fra land som skal dekke hele kraftbehovet til feltene Johan Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog ».

Departementet vil årleg orientere Stortinget om status og framdrift for arbeidet med seinast i 2022 å etablere ei områdeløysing for kraft frå land til Sverdrup, Grieg, Aasen og Krog. Rettshavarane på Sverdrup held fram med planlegginga av utbygging av andre byggjetrinn. Dei felta som vil bli omfatta av områdeløysinga for kraft frå land har delt kraftprofilar og tekniske data, og begynte i samsvar med plan kommersielle forhandlingar i midten av 2016. Sverdrup-selskapa arbeider vidare mot investeringsavgjerd for andre byggetrinn i 2018. Oppstart for andre byggjetrinn er i 2022.

Kraftbehovet på Grieg-innretninga skal dekkjast med kraft frå land. Operatøren for Grieg-feltet utgreier alternative løysingar for å dekkje varmebehovet på innretninga etter at løysinga med kraft frå land er på plass. Stortinget vil bli orientert på eigna måte om departementets vidare behandling av den langsiktige løysinga for Grieg-innretningas varmebehov.