Barne- og likestillingsdepartementet

Prop. 1 S

(2016–2017)

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har eit overordna ansvar for familie og samliv, barn og unges oppvekst og levekår, barnevern, likestilling, ikkje-diskriminering og forbrukarinteresser.

Regjeringa har som mål å skape trygge rammer for familiane og for barns oppvekst. Regjeringa vil at alle barn og unge skal kunne delta i samfunnet, uavhengig av bakgrunnen og livssituasjonen til foreldra eller kvar i landet dei bur. Det er òg viktig at barn og unge får høve til å delta og ha innverknad, både i samfunnet og i eigne liv.

Barn og ungdom skal ha trygge og gode liv. Ingen barn skal oppleve vald og overgrep. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Omfattande tiltak er allereie sett i gang i denne regjeringsperioden, men det er fortsatt store utfordringar på dette feltet. Regjeringa vil vidareføre og styrkje innsatsen for å førebyggje og kjempe mot vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn utsett for vald og overgrep. Hausten 2016 legg regjeringa derfor fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep i ein eigen proposisjon til Stortinget. Regjeringa vil leggje til rette for ei styrking av skulehelsetenesta og helsestasjonane, og styrkje behandlingstilbodet til valdsutsette og til unge overgriparar, kompetansen i tenestene, det foreldrestøttande arbeidet i kommunane, Statens barnehus, dialoggrupper i mottak, offeromsorg samt kunnskapsutvikling på feltet. Vidare vil regjeringa styrkje tilskotet til Stine Sofie Senteret og innsatsen mot mobbing. Regjeringa vil òg understreke det tydelege ansvaret offentleg sektor har for å avdekke vald og overgrep.

Den norske offentlegheita har blitt kjent med mange alvorlege sakar der barn og ungdom har vore utsett for grov vald, seksuelle overgrep og alvorleg omsorgssvikt. Eit spørsmål er korleis tenesteapparatet kunne ha førebygd og forhindra slike tilfelle. Eit utval som skal gå gjennom slike sakar blei satt ned i 2015, og skal etter planen levere si utgreiing innan sommaren 2017.

I det førebyggjande arbeidet er det viktig med sektorovergripande samhandling og kunnskapsutveksling. Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å gi barn og unge trygge og gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Det er eit viktig mål for regjeringa at barnevernet over heile landet skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. Barnevernet og familievernet skal saman med kommunale tenester førebyggje før situasjonen blir alvorleg.

Den historiske satsinga på familievernet under denne regjeringa har auka kapasiteten til å drive førebyggjande arbeid i samarbeid med kommunale familieretta tenester. I 2017 skal det arbeidast vidare med å utvikle og etablere eit tilbod i familievernet til valdsutsette barn og familiar og til unge og vaksne valdsutøvarar.

Arbeidet med å implementere programmet Nurse Family Partnership , med tidleg intervensjon for førstegongsforeldre som treng ekstra oppfølging, held fram i 2017.

Alle barn og unge i Noreg som treng hjelp på grunn av forhold som kan skade helse og utvikling, skal få nødvendig hjelp og omsorg. Barnevernet skal møte barn og foreldre på ein omsorgsfull måte. Det er kommunane som best kjenner behova til det enkelte barnet. Overføring av oppgåver frå staten til kommunane kan derfor bidra til betre kvalitet i tenestetilbodet.

Regjeringa tek våren 2017 sikte på å leggje fram ein proposisjon om ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet, med mål om å styrkje arbeidet med utsette barn og familiar i kommunane og med mål om å gi kommunane betre moglegheiter og sterkare insentiv til å byggje opp førebyggjande, tverrfaglege og tilpassa tilbod. Reforma vil innehalde endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune og særskilde kvalitets- og kompetansetiltak som skal gi barn og familiar betre og meir samordna tenester.

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samtidig er det familiar som fell utanfor på grunn av dårlege levekår, svak økonomi eller begge delar. Dette rammar barna. Det er nødvendig med ein brei og samordna innsats for å motverke barnefattigdom. Det er utarbeida indikatorar slik at kommunane skal få meir kunnskap om omfang og utvikling av barnefattigdom. På barnefattigdomsfeltet har det gjennom fleire år vore tilskotsordningar for ferie- og fritidstiltak. Desse ordningane er styrkte i takt med utviklinga på barnefattigdomsområdet. Løyvinga til den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom er no på eit historisk høgt nivå. Løyvinga er auka med om lag 85 prosent i regjeringsperioden.

Regjeringa la i 2015 fram ein strategi, Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017), som er sentral i det vidare arbeidet. Som ei oppfølging av strategien har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa. Målet er at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet.

Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og samfunnet. Likestilling inneber at individa skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne. Regjeringa har som mål at både kvinner og menn skal kunne delta fullt ut i arbeidslivet og få brukt og utvikla evnene sine på ulike arenaer.

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i marknaden. Det føreset at forbrukarane har gode rammevilkår og rettar, at dei har tilgang til gode og effektive system for å løyse tvistar, og at dei får informasjon som gir dei grunnlag for å ta opplyste og ansvarlege val. Regjeringa vil i tråd med dette utvikle gode digitale løysingar for informasjon til forbrukarane, arbeide for gode forbrukarrettar i Noreg og EU, medrekna gode ordningar for å løyse forbrukartvistar utanfor rettsapparatet. Regjeringa vil òg vidareutvikle og effektivisere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. Dette skal gi grunnlag for sterkare fagmiljø, betre ressursutnytting og eit betre servicetilbod til forbrukarane.

Forslaget til statsbudsjett 2017 for BLD omfattar programområde 11 Barn og likestilling og programområde 28 Foreldrepengar.

BLD har desse hovudmåla for politikkområda:

  1. God og effektiv forvalting

  2. Trygge rammer for familiane

  3. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

  4. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

  5. Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling

  6. Ei sterk stilling for forbrukarane

1.1 God og effektiv forvalting

Departementet vil utvikle vidare ei effektiv forvalting med høg kvalitet gjennom god styring, organisering og drift av sektoren.

Velfungerande og effektive etatar er viktige for å nå måla for sektoren. Departementet har ei målretta styring og oppfølging av underliggjande etatar for å medverke til dette.

BLD har eit samordningsansvar for fleire viktige område som også gjeld andre departement. Ei god samordning er avgjerande for gjennomføringa og resultata av politikken til regjeringa.

1.2 Trygge rammer for familiane

Familiane er dei sterkaste sosiale fellesskapane vi har, og viktige berarar av tradisjon, kultur og læring. Regjeringa vil styrkje familien si stilling i samfunnet. Familien gir rammer kring oppveksten til barn og unge.

Ein god og heilskapleg familiepolitikk legg grunnlaget for livskvalitet og gir helsemessige og samfunnsøkonomiske gevinstar. Familiepolitikken til regjeringa byggjer på at familiane tek dei beste vala sjølve. Familieretta ordningar skal derfor vere fleksible og gi valfridom. Trygge foreldre som meistrar eigne liv gir trygge barn. Familiar som strever skal få rett hjelp til rett tid.

På det familiepolitiske området er hovudsatsinga til regjeringa familieverntenesta. Regjeringa vil byggje politikken for familievern rundt eit prinsipp om førebyggjande arbeid og tidleg innsats for å sikre gode oppvekstvilkår. Tenesta har fått eit historisk økonomisk løft og er sidan regjeringsskiftet styrkt med over 90 mill. kroner ut frå ei totalramme på knappe 370 mill. kroner i 2013. Fleire behandlarstillingar har redusert ventetida for å få time, tilbodet er blitt meir likeverdig på landsbasis, og kapasiteten i arbeidet mot vald og høgkonflikt er auka. Det utoverretta, førebyggjande arbeidet og samarbeidet med dei kommunale, familieretta tenestene er styrkt. I 2016 blei budsjettet til familievernet auka med 5 mill. kroner for å gi fleire barn tilbod om samtalar i samband med samlivsbrot. Denne innsatsen vil bli ført vidare i 2017.

Arbeidet med å implementere programmet Nurse Family Partnership, med tidleg intervensjon for førstegongsforeldre som treng ekstra oppfølging, held fram i 2017.

Barn og ungdom skal ha trygge og gode liv. Ingen barn skal oppleve vald og overgrep. Omfattande tiltak er allereie satt i gang i denne regjeringsperioden. Dette gjeld mellom anna styrking av familieverntenesta sitt valdsarbeid, Alternativ til vold og Statens barnehus. Regjeringa har oppretta nye tilskotsordningar retta mot kommuanene til foreldrestøttande arbeid og til utvikling av kommunane sitt arbeid knytt opp mot sårbare familiar. Ei ny tilskotsordning til valdsutsette barn er oppretta, og det er gitt tilskot til Stine Sofie Senteret – eit meistringssenter for valdsutsette barn. Det har òg vore ei stor auke i dei frie inntektane til kommunane begrunna med ei ønskt styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta. I tillegg kjem øyremerka midler til same område og til rekruttering av psykologar i kommunane. Viktige lovendringar er vedteke, herunder auka strafferamme for grov mishandling i nære relasjonar og utvida høve til å pålegge hjelpetiltak. Regjeringa har òg fremma forslag om å tydeliggjere ansvaret for å avdekkje og avverge vald og overgrep i helse- og omsorgstenesta. Endringar i rammeplanane for lærarutdanningane skal sikre at lærarar får grunnleggjande kompetanse om vald og overgrep og korleis dette kan avdekkast.

Regjeringa vil vidareføre og styrkje innsatsen for å førebyggje og kjempe mot vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. Hausten 2016 legg regjeringa derfor fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep i ein eigen proposisjon til Stortinget. Regjeringa føreslår ei tverrdepartemental satsing på 176 mill. kroner i 2017. På BLDs område føreslår regjeringa å auke løvinga til:

  • familievernet ytterlegare for å styrkje kompetansen om vald i familiar

  • tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak i kommunane, særleg retta mot kommunar som busett nykomne flyktningar

  • Stine Sofie Senteret

  • informasjonstiltak om vald og overgrep

Opptrappingsplanen inneheld òg satsingar for 2017 på ansvarsområda til andre departement. På Helse- og omsorgsdepartementet sitt område er det mellom anna lagt til rette for å styrkje skolehelsetenesta og helsestasjonane, betre behandlingstilbodet til unge overgriparar, auke kompetansen om vald og overgrep i helsetenesta og greie ut korleis ein kan få til eit forløp for valdsutsette og overgriparar. På budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet er det mellom anna føreslått å styrkje løyvinga til Statens barnehus, offeromsorg, dialoggrupper mot vald i mottak, og å auke løyvinga for å sikre at Noreg kan delta i undersøkinga EU Kids Online . På Kunnskapsdepartementet sitt budsjett føreslår ein å styrkje innsatsen mot mobbing. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2016–2017) for desse departementa. Regjeringa vil trappe opp innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare i planperioden.

Regjeringa vil i opptrappingsplanen òg gjere tydeleg ansvaret for arbeidet mot vald og overgrep i offentleg sektor, til dømes i helsestasjonar, familievern, skolar og barnehagar. Med opptrappingsplanen svarer regjeringa på oppmodingsvedtak nr. 623 av 8. juni 2015 frå Stortinget.

Regjeringa vil følgje opp utgreiinga frå Barnevoldsutvalget som etter planen skal liggje føre innan sommaren 2017. Eit utval alvorlege saker, der barn og ungdom har vore utsette for vald og seksuelle overgrep, skal evaluerast. Målet er å avdekkje svikt og utfordringar i det offentlege hjelpeapparatet.

Regjeringa vil at foreldra skal vere likestilte som omsorgspersonar og ha like rettar. Samtidig skal ein sørgje for at omsynet til det som er best for barnet, alltid veg tyngst i saker om kor barnet skal bo fast og samvær. Regjeringa har fremma ein lovproposisjon med forslag til endringar i barnelova for å leggje til rette for likestilt foreldreskap.

Forslag om endringar i reglane om barnebidrag og bidrag etter fylte 18 år, og forslag knytt til reglane om fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot har vore på høyring. Departementet arbeider med oppfølginga av desse høyringane.

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Familiane må sikrast fleksibilitet og fridom til å velje dei løysingane som passar best for dei. Det er derfor viktig med gode velferdsordningar for barnefamiliane. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gå igjennom stønadane og tenestetilbodet til familiar med barn under 18 år. Utvalet skal drøfte kva som bør vere målsetjingane med støtta til barnefamiliane, og vurdere behov for endringar i ordningane, mellom anna for å redusere barnefattigdom og bidra til god ressursbruk. Utvalet skal levere utgreiinga si i mars 2017. Det er 20 år sidan sist stønadane til barnefamiliane blei greidde ut av eit offentleg utval – i NOU 1996: 13 Offentlige overføringer til barnefamiliene .

Regjeringa har sendt på høyring fleire forslag til endringar i trygdeordningar i lys av auken i talet på asylsøkjarar. Eitt av forslaga er å innføre eit butidskrav på fem år for mottakarar av kontantstøtte. For innvandrarar med kort butid i Noreg kan kontantstøtta hindre integrering av vaksne og barn, til dømes ved at ho svekkjer insentiva til å delta i arbeidslivet, og ved at barn ikkje går i barnehage.

Regjeringa la i april 2016 fram Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter . Regjeringa vil gjennomføre tiltak i samsvar med meldinga og Stortingets behandling.

NOU 2014: 9 Ny adopsjonslov har vore på brei høyring, og departementet arbeider med å følgje opp høyringa med sikte på å fremme eit forslag til ny adopsjonslov.

Boks 1.1 Regjeringa si hovudsatsing på familie- og oppvekstområdet vil i 2017 vere å

Starte gjennomføring av opptrappingsplanen mot vald og overgrep, på BLDs budsjett ved å

  • styrke familieverntenesta sitt arbeid med familiar som lever med vald gjennom å auke løyvinga med 4 mill. kroner

  • auke løyvinga til tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak i kommunane med 7 mill. kroner

  • auke løyvinga til tilskot til Stine Sofie Senteret med 5 mill. kroner

  • auke løyvinga til informasjonstiltak om vald og overgrep og følgjeevaluering av opptrappingsplanen med 3 mill. kroner

1.3 Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

Alle skal ha like moglegheiter og fridom til å treffe eigne val. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering blir skapt gjennom positive og stimulerande verkemiddel og gjennom eit betre diskrimineringsvern. Fråvær av diskriminering er ein føresetnad for eit inkluderande samfunn og for deltaking. Alle skal sikrast like rettar og høve til å ha innverknad på sitt eige liv.

Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og samfunnet. I dag blir omgrepet «likestilling» nytta i vidare forstand enn likestilling mellom menn og kvinner. Det handlar òg om likestilling når det gjeld funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, etnisitet og religion. BLD har ei koordineringsrolle overfor andre departement i arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering på dei ulike grunnlaga.

I 2016 presenterte BLD Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn. Meldinga løftar fram utfordringar knytte til likestilling på sentrale samfunnsområde: oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vald og overgrep, helse og næringsliv og entreprenørskap. Både manns- og minoritetsperspektiva er gjennomgåande. Meldinga presenterer strategiar og verkemiddel som skal bidra til eit meir likestilt samfunn. Stortinget behandla meldinga 14. april 2016. Sjå òg omtale under programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram eit forslag om ei ny, felles likestillings- og diskrimineringslov for Stortinget våren 2017. Målet er eit styrka og meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. Regjeringa vil på grunnlag av utgreiinga Utredning av håndhevings- og virkemiddelapparatet på likestillings- og ikke-diskrimineringsområdet (PwC, 2016), leggje fram forslag til ei ny organisering av handhevingsapparatet.

Det er eit mål å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne. Den 29. januar 2016 blei Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019) fremma. I planen er hovudvekta lagd på IKT og velferdsteknologi. I tillegg blir tiltak på sentrale område som transport, bygningar og uteområde følgde opp.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på grunnleggjande rettar for menneske med utviklingshemming, jf. omtale under Programkategori 11.40. Utvalet overleverte utredninga si 3. oktober 2016.

Det er framleis behov for å styrkje dei grunnleggjande rettane til LHBTI-personar og motverke diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Regjeringa har derfor lagt fram Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020).

Ytringar som spreier hat mot andre menneske, er forbodne etter norsk lov, og skal ikkje tolererast. Regjeringa skal leggje fram ein strategi mot hatefulle ytringar.

Boks 1.2 Regjeringa si hovudsatsing på likestillings- og diskrimineringsområdet i 2017 vil vere å

  • leggje fram forslag om ei ny, felles likestillings- og diskrimineringslov

  • følgje opp likestillingsmeldinga

  • følgje opp regjeringa sin handlingsplan for universell utforming 2015–2019

  • følgje opp regjeringa sin handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk 2017–2020

  • leggje fram ein strategi mot hatefulle ytringar

1.4 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å gi barn og unge gode og trygge oppvekst- og levekår. Sentralt står arbeidet med å verne barn mot omsorgssvikt og overgrep. Det er viktig å leggje til rette for brei deltaking for å motverke utanforskap og ekstremisme. Aktiv medverknad frå barn og unge bidreg til eit levande demokrati for framtida.

Regjeringa følgjer opp strategien Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017) . Strategien tek utgangspunkt i at barnefattigdom er eit samansett problem. Ikkje alle barn i låginntektsfamiliar har nødvendigvis dårlege levekår, men samspelet mellom sosiale, helsemessige og økonomiske utfordringar over tid forsterkar ofte kvarandre og aukar risikoen for marginalisering og fattigdom. Strategien mot barnefattigdom inneheld 64 tiltak for å førebyggje barnefattigdom og dempe negative konsekvensar av å vekse opp i fattige familiar. Eit viktig mål er å hindre at fattigdom går i arv. At foreldra arbeider er den viktigaste faktoren for at barn ikkje skal vekse opp i fattigdom. Talet på låginntektsfamiliar aukar. Auken i talet på låginntekstsfamiliar har i hovudsak skjedd i familiar med innvadrarbakgrunn. Over halvparten av alle barn i økonomisk utsette familiar har innvandrarbakgrunn.

Som ledd i strategien, er løyvinga til fleire tilskotsordningar på fattigdomsfeltet auka. Løyvinga til den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom er no på eit historisk høgt nivå. Regjeringa føreslår ei løyving på over 178 mill. kroner for 2017. Det inneber at løyvinga til ordninga er auka med om lag 85 prosent i regjeringsperioden.

Løyvinga til tilskotsordningane Støtte til oppfølgings- og losfunksjon for ungdom, Foreldrestøttande tiltak og Tiltak for å følgje opp barn av psykisk sjuke og rusmisbrukarar er òg auka vesentleg i regjeringsperioden.

Som ei oppfølging av strategien har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa , for at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet.

Det er viktig å leggje til rette for meir erfaringsutveksling om arbeid mot barnefattigdom i samarbeid med kommunar og frivillige organisasjonar. Som ledd i dette arbeidet er det utvikla eit sett indikatorar på kommunenivå. Indikatorane er utforma slik at kommunane skal få større oversikt over utsette barnefamiliar. Ei rettleiing og andre pedagogiske verktøy som kommunane kan nytte i arbeidet mot barnefattigdom, vil ferdigstillast i 2017.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige arenaer for demokratiutvikling og eit viktig verkemiddel for å få barn og unge til å delta og engasjere seg. Regjeringa vil halde fram med å støtte det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane.

Boks 1.3 Regjeringa si hovudsatsing på barne- og ungdomsområdet vil i 2017 vere å

  • følgje opp Fritidserklæringa , som seier at alle barn skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet

  • gi kommunane betre kunnskap, kompetanse og redskaper i arbeidet mot barnefattigdom

  • halde fram med å støtte arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

1.5 Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling

Alle barn og unge i Noreg som treng hjelp på grunn av forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få nødvendig hjelp og omsorg. Betre samordning mellom tenestene for barn og unge er viktig. Arbeidet med å styrkje skole- og utdanningstilbodet til barn og unge med tiltak i barnevernet vil halde fram. Det vil òg den særlege satsinga på helsetenester til barn i barnevernet og tilbodet til barn og unge med psykiske lidingar og vanskar.

Barnevernlova gjeld alle barn som oppheld seg i landet. Barnevernlovutvalet har gått gjennom barnevernlova og lagt fram forslag til ei ny lov. Målet er betre rettstryggleik og eit meir forståeleg og tidsriktig lovverk. Regjeringa vil følgje opp forslaget på eigna måte.

Regjeringa er særleg oppteken av at det skal leggjast meir vekt på førebygging og tidleg innsats i arbeidet med utsette barn og familiar. Det er kommunane som best kjenner behova til det enkelte barnet. Regjeringa tek sikte på å leggje fram for Stortinget ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet våren 2017. I høyringa om reforma er det føreslått at kommunane får større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet.

Det er eit potensial for betring i dagens samhandlingsløysingar mellom forvaltingsnivåa på barnevernsområdet. Det manglar eit felles fagsystem og digitale løysingar for samhandling mellom stat, kommune og aktørar som barnevernet samarbeider med. I samband med at regjeringa legg fram for Stortinget ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet, vil departementet i 2017 arbeide for betre digital samhandling i barnevernet.

God fagleg og kunnskapsbasert praksis er avgjerande for å kunne gi hjelp som verkar. Kvalitet og forsvarleg praksis i tenestene er knytt til kompetanse og kunnskap. Regjeringa vil i 2017, som del av kvalitets- og strukturreforma i barnevernet, setje inn ei satsing på kvalitet og kompetanse i kommunane. Viktige mål vil vere å heve kvaliteten i kommunanes styring av barnevernet, undersøkings- og hjelpetiltaksarbeidet i barnevernstenestene som er retta mot særskilde målgrupper, og samarbeidet mellom barnevernet og andre tenester. Satsinga vil innehalde opplærings- og oppfølgingstiltak retta mot tenestene, men inneber også eit langsiktig arbeid for å utvikle betre system for rettleiing, arbeidsstøtte og vidareutdanning.

For å stimulere til at fleire tilsette i kommunalt barnevern og barnevernsinstitusjonar gjennomfører relevant og tilrådd vidareutdanning blei det etablert ei tilskotsordning til barnevernfaglege vidareutdanningar i 2016. Regjeringa føreslår å inkludere vidareutdanninga om barnevernet i eit minoritetsperspektiv i tilskotsordninga frå 2017.

Det er behov for å fortsetje å byggje opp kunnskap om kva som gir god og treffsikker hjelp. Det er viktig for det enkelte barn og familie, men det er også lønnsamt i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Regjeringa ønskjer derfor å styrkje forskingsinnsatsen på området, og føreslår å styrkje programmet HELSEVEL. Programmet sitt hovudmål er å medverke til god kvalitet, kompetanse og effektivitet i helse-, omsorgs- og velferdstenestene gjennom forsking og innovasjon.

For dei fleste som kjem i kontakt med barnevernet, er det nok med hjelpetiltak i heimen for å betre foreldrekompetansen og gi omsorg eller avlasting. Stortinget slutta seg i 2015 til forslaget om å utvide høvet til å påleggje hjelpetiltak. Formålet med lovendringa, som tredde i kraft i 2016, er å betre situasjonen for barnet og å førebyggje meir inngripande tiltak som omsorgsovertaking. I arbeidet med eit meir kunnskapsbasert barnevern og betre tilpassa hjelp til barn og familiar er ein nasjonal plan på hjelpetiltaksområdet under utvikling.

Arbeidet med å følgje opp tiltak i Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste er viktig. Departementet er i gang med å vurdere korleis tiltak som blei vedtatt i samband med Stortinget si behandling av meldinga skal følgjast opp.

Regjeringa har starta ein gjennomgang av eit utval akuttsaker og saker om omsorgsovertaking i barnevernet. Gjennomgangen skal gi kunnskap om behandlinga av enkeltsaker og avdekkje kva som eventuelt sviktar, og kvifor svikt kan oppstå. Statens helsetilsyn har fått i oppdrag å utføre denne gjennomgangen.

Opplysningsplikta til barnevernet er svært viktig for at samfunnet skal kunne verne barn mot ulike former for vald, overgrep og omsorgssvikt. Departementet arbeider med forslag om å forenkle og klargjere dagens reglar, slik at innhaldet i opplysningsplikta blir lettare tilgjengeleg.

Det vil framleis vere aktivitetsvekst i det statlege barnevernet i 2017. For å imøtekome denne veksten føreslår regjeringa å styrkje det statlege barnevernet. Veksten vil primært bli dekka ved kjøp av private barnevernstiltak.

Boks 1.4 Regjeringa si hovudsatsing på barnevernsområdet vil i 2017 vere å

  • leggje fram for Stortinget ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet

  • styrkje kvaliteten og kompetansen i det kommunale barnevernet gjennom ei satsing på 20 mill. kroner

  • kompensere for venta vekst i det statlege barnevernet med 60 mill. kroner. Veksten vil primært bli dekka ved kjøp av private barnevernstenester

  • starte oppfølginga av tiltak frå Stortinget si behandling av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste

Tilstrøyminga av einslege, mindreårige asylsøkjarar auka kraftig hausten 2015 og har ført til ein kraftig aktivitetsvekst i omsorgssentera for denne gruppa. Regjeringa ønskjer å gjere regelverket om bu- og omsorgstilbodet til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år meir fleksibelt og betre tilpassa ulike situasjonar. Departementet har sendt forslag til ny lov på høyring. Regjeringa ønskjer også å leggje om dagens ordning med refusjon av utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar til ei ordning med fast tilskot. Det vil gi kommunane større fleksibilitet. Kommunane får òg høve til å dra nytte av eventuelle stordriftsfordeler dersom dei buset fleire barn.

1.6 Ei sterk stilling for forbrukarane

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i marknaden gjennom gode rammevilkår og rettar, tilgang til gode og effektive system for å løyse tvistar, og informasjon som gir grunnlag for opplyste og ansvarlege val.

Regjeringa legg i forbrukarpolitikken særleg vekt på

  • gode forbrukarrettar i Noreg og EU

  • eit sterkt og effektivt forbrukarapparat

  • ein betre digital kvardag for forbrukarane

Forbrukarane handlar og hentar informasjon på Internett i større grad enn før. Regjeringa vil derfor medverke til at det blir utvikla fleire gode digitale informasjonsløysingar tilpassa behova til forbrukarane. Forbrukarrådet vil lansere ein portal for daglegvarer, sjå omtale av vedtak nr. 436, 3. mars 2015 under programkategori 11.30, delmål 6.3. Forbrukarrådet vil òg lansere ein ny marknadsportal som skal hjelpe forbrukarane til å gjere gode val ved kjøp av handverkartenester.

Under Finansportalen ( finansportalen.no ) vil Forbrukerrådet lansere ein ny modul for pensjonsprodukt. Denne vil gjere det enklare for forbrukarane å ta informerte val i marknaden for slike produkt.

For å avgrense omfanget av gjeldsproblem i private hushald, vil regjeringa våren 2017 legge fram ein lovproposisjon som opnar for at finansbransjen kan etablere ei registeringsordning for forbrukskredittar (gjeldsregister).

Ei ny lov om klageorgan for forbrukarsaker som regulerer dei nye meklingsoppgåvene til Forbrukarrådet og gir reglar for godkjenning av nemnder og meklingsorgan, blei vedtatt våren 2016. Lova opnar òg for at norske forbrukarar kan nytte den nye, nettbaserte klageportalen som EU har etablert. BLD er i gang med å førebu ein lovproposisjon om å endre reglane for telefonsal slik at dei gir betre vern mot slik marknadsføring.

Eit sterkt og effektivt forbrukarapparat er ein viktig føresetnad for å møte utfordringane som forbrukarpolitikken og forbrukarane står overfor. I rapporten Gjennomgang av det statlige forbrukerapparatet frå våren 2015 konkluderer Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) med at Forbrukarrådet og Forbrukarombodet kvar for seg oppnår gode resultat, men at apparatet samla sett er fragmentert og lite kostnadseffektivt. På grunnlag av rapporten har regjeringa bestemt at dei ti regionkontora Forbrukarrådet har, skal grupperast om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Større einingar skal gi sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre servicetilbod til forbrukarane. Regjeringa har òg bestemt at det skal etablerast ei hospiteringsordning med 3–5 kontorplassar for Forbrukarrådet på Svalbard. Endringane skal vere gjennomførte innan 1. mai 2017.

For å klargjere rolla til Forbrukarombodet som tilsynsorgan og å styrkje forbrukarvernet, vil BLD hausten 2016 legge fram eit høyringsnotat om å endre reglane for ombodet og Marknadsrådet si handheving av reglane i marknadsføringslova.

Boks 1.5 Regjeringa si hovudsatsing på forbrukarområdet vil i 2017 vere å

  • arbeide for gode forbrukarrettar i Noreg og EU

  • vidareutvikle og effektivisere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet

  • arbeide for at forbrukarane skal få ein enklare digital kvardag