Barne- og likestillingsdepartementet

Noreg har slutta seg til arbeidet med FNs berekraftsmål, som består av 17 mål og 169 delmål. FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Barne- og likestillingsdepartementet har ansvar for oppfølging av tiltak innanfor fleire av delmåla og for det nasjonale koordineringsansvaret for hovudmål 5 Oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner.

FNs berekraftsmål nr. 1: Utrydde alle former for fattigdom

Arbeidet i BLD mot barnefattigdom er knytt opp til FNs delmål 1.2. Landa skal «innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom».

Strategien mot barnefattigdom er den første i sitt slag, og blei lansert våren 2015. Dei 64 tiltaka i strategien Barn som lever i fattigdom skal bidra til at alle barn får like moglegheiter til å delta og utvikle seg. Målet med strategien er å førebyggje at fattigdom går i arv, og dempe negative konsekvensar av å vekse opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Som ei oppfølging av strategien har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa . Målet er at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet.

Årsakene til fattigdom er mange. Strategien inneheld derfor både universelle ordningar og målretta tiltak retta inn mot særskilde grupper. Innrettinga på strategien er brei og heilskapleg, og tiltaka retter seg inn mot å verne om familien og lage ei trygg ramme for barn og unge.

Eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon er auka med over 10 000 kroner frå 2014 til 2016, og departementet føreslår at han blir sett til 46 920 kroner frå 1. januar 2017. Mottakarane av eingongsstønad er inga einsarta gruppe. Eit viktig fellestrekk er likevel at dei har låg eller inga inntekt. Det er også slik at menn som får barn med mottakarar av eingongsstønad, i snitt har lågare inntekt enn andre menn. Auken i eingongsstønaden er derfor eit godt tiltak for å minske skilnader i inntekt og hindre fattigdom.

Sjå også budsjettproposisjonen frå Arbeids- og sosialdepartementet om oppfølging av berekraftsmål nr. 1.

FNs berekraftsmål nr. 5: Oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner

Sjølv om Noreg i det store og heile er eit likestilt samfunn, har vi likestillingsutfordringar som vald i nære relasjonar, seksuell trakassering, valdtekt, sterk sosial kontroll, kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Framleis tek unge kjønnstradisjonelle val når det gjeld utdanning og yrke. Færre kvinner enn menn har leiande stillingar i bedrifter og styre der reglane om kjønnsrepresentasjon ikkje gjeld. Færre kvinner enn menn startar som gründerar. Det er også likestillingsutfordringar på helseområdet og i politikken. Regjeringa har retta innsats mot desse områda. Hausten 2015 fremma regjeringa ei stortingsmelding om likestilling mellom kvinner og menn. Kvar enkelt sektor har eit eige ansvar for å fremme likestilling. Det sivile samfunnet har òg ei viktig rolle. Regjeringa vil arbeide saman med sivilsamfunnet, næringslivet, partane i arbeidslivet og andre aktørar for å auke likestillinga.

Delmål 5.1 har som målsetjing å gjere slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner i heile verda. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern. Hausten 2015 sende regjeringa eit forslag om ei ny felles likestillings- og diskrimineringslov på brei høyring. Målet med ei felles lov er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. For meir informasjon, sjå hovudmål 4, delmål 4.1 i proposisjonen.

Delmål 5.2 og 16.2 handlar om å avskaffe alle former for vald mot jenter og barn. Noreg har utfordringar knytte til vald i nære relasjonar og til vald og seksuelle overgrep mot barn. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom oppfølging av ei rekkje handlingsplanar på feltet. Det gjeld Et liv uten vold – Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017), ein tiltaksplan for å førebyggje og motverke vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom En god barndom varer livet ut (2014–2017) og Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og alvorlige begrensninger av unges frihet (2013–2016). BLD, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet samarbeider tett i dette arbeidet. Regjeringa følgjer opp vedtak i Stortinget om å leggje fram ein opptrappingsplan som skal medverke til å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. Opptrappingsplanen blir lagt fram hausten 2016. BLD koordinerer arbeidet. Sjå nærmare omtale under 1.2 i del I. Noreg deltek aktivt i internasjonale fora mot vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn, både i regi av FN og i regi av Europarådet. Sjå også budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet.

Delmål 5.3 om å «avskaffe all skadeleg praksis, til dømes barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinnelig omskjering» blir mellom anna følgt opp gjennom reguleringa i ekteskapslova. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for tvangsekteskap og kvinneleg omskjering.

Etter norsk lov er minstealderen for ekteskap 18 år. For personar under 18 år må foreldre og Fylkesmannen gi løyve til å inngå ekteskap, men Fylkesmannen kan ikkje gi løyve dersom personen er under 16 år. Det er få slike saker. For ekteskap som er inngått i utlandet, gjeld særskilde reglar, sjå rundskriv Q-20/2016. Sjå også budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet.

Noreg har ei god og fleksibel foreldrepengeordning som er med på å «fremme delt ansvar i hushaldet og familien», jf. delmål 5.4. Fellesperioden i ordninga blei auka frå 1. juli 2014, noko som har gitt familiane større valfridom og fleksibilitet til sjølve å fordele ein større del av stønadsperioden for foreldrepengar slik dei ønskjer. Samtidig blei kvotane for både mor og far sette til 10 veker. Kvotane til mor og far fremmar delt ansvar i hushaldet og familien. For meir informasjon, sjå Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter .

Delmål 5.5 handlar om å «sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå i avgjerdsprosessane i det politiske, økonomiske og offentlege liv». Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis handlar om tiltak som skal sikre like moglegheiter for kvinner og menn.

Delmål 5c handlar om å «vedta og styrkje god politikk og gjennomførbar lovgiving for å fremme likestilling og styrkje jenter og kvinner si stilling på alle nivå». Noreg har kome langt når det gjeld likestilling. Kvinner og menn har dei same formelle rettane og pliktene. Gode omsorgs- og velferdsordningar støttar opp under dei formelle rettane. Det høge talet på kvinner som tek høgare utdanning, og som er i lønna arbeid, har i løpet av dei siste 50 åra bidrege til store endringar i samfunnet. Sjå Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis .

FNs berekraftsmål nr. 10: Redusere ulikskapar i og mellom land

Delmål 10.2 krev at ein: «innan 2030 sørgjer for å myndiggjere og fremme sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status». Organisasjonane som fremmar likestilling, funksjonshemma sine organisasjonar, LHBTI-organisasjonar, innvandrarorganisasjonar, religiøse organisasjonar og barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige arenaer for utvikling og demokratiopplæring. Organisasjonane fremmar medlemmene sine synspunkt og tru. Departementa har kontakt med organisasjonane i utforminga og gjennomføringa av politikken. Betydninga deira er også reflektert i den offentlege stønads- og tilskotspolitikken. For meir informasjon, sjå budsjettproposisjonen programkategori 11.10 og 11.40. Sjå også budsjettproposisjonane til Justis- og beredskapsdepartementet og Kulturdepartementet.

FNs berekraftsmål nr. 16: Fremme fredelege og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvesen for alle og byggje godt fungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

Delmål 16.1 handlar om å «oppnå ein monaleg reduksjon i alle former for vald og valdsrelaterte dødsfall», og delmål 16.2 handlar om å «stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn». Delmål 8.7 handlar om å få slutt på menneskehandel. BLD koordinerer arbeidet med opptrappingsplanen mot vald og seksuelle overgrep. Planen har særleg vekt på barn. Opptrappingsplanen blir lagd fram hausten 2016. Sjå også budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet, som har eit hovudansvar for delmåla som er omtalte ovanfor.

Barnevernet i Noreg har som hovudoppgåve å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, og å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Det følgjer av barnevernlova, som gjeld for alle som oppheld seg i riket. Tenester og tiltak etter lova skal vere forsvarlege. Den norske barnevernlova byggjer på FNs barnekonvensjon, og loven er gitt forrang gjennom den norske lova om menneskerettar.

Omsynet til det som er det beste for barnet, er eit grunnleggjande prinsipp og er nedfelt både i barnevernlova og i Grunnlova. Barn har best av å vekse opp med sine primære omsorgspersonar, men dersom barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller seksuelle overgrep, kan det vere nødvendig å plassere det utanfor heimen. Ei slik avgjerd blir gjord av ei fylkesnemnd for barnevern og sosiale saker, eit uavhengig domstolliknande organ som er leidd av ein dommar. Avgjerda kan påklagast til Tingretten.

Å hindre menneskehandel er eit prioritert område for regjeringa. Barn er særleg sårbare og har derfor eit særskilt behov for vern, bistand og tilrettelagd oppfølging. Utnytting av barn til menneskehandel krenkjer menneskerettane på det grovaste og er ei alvorleg form for kriminalitet. Barnevernet har eit viktig ansvar for barn som kan vere utsette for menneskehandel i Noreg. Barnevernlova blei endra i 2012 for å gi betre vern og omsorg til barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel. Med den nye føresegna kan barn som er utsette for menneskehandel, plasserast på barnevernsinstitusjon utan samtykke. Formålet er å ta vare på behovet for vern av barnet. Barnevernet, politiet, utlendingsstyresmaktene og andre hjelpetenester har ansvar for å sikre at mindreårige som er utsette for menneskehandel, blir tekne hand om på ein forsvarleg måte. Det er utarbeidd eit eige rundskriv om vern av barn som er utsette for menneskehandel. Rundskrivet er revidert med bakgrunn i den nye føresegna i barnevernlova. Barnevernlova gjeld for alle barn i Noreg, uavhengig av opphaldsstatus. Einslege mindreårige asylsøkjarar er også omfatta av barnevernet.

Personar med nedsett funksjonsevne, nemnde under fleire delmål

Personar med nedsett funksjonsevne i Noreg skal på lik linje med alle andre ha høve til personleg utvikling, deltaking og livsutfalding. Norsk politikk følgjer prinsippa i FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Personar med nedsett funksjonsevne er ei prioritert gruppe i norsk utviklingssamarbeid.