Barne- og likestillingsdepartementet

Prop. 1 S

(2016–2017)

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har som hovudoppgåver på dette feltet å

  • forvalte dei nasjonale likestillings- og ikkje-diskrimineringslovene og sikre gjennomføring av internasjonale bindingar i form av menneskerettskonvensjonar og EU-direktiv i norsk rett

  • koordinere likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken til regjeringa

  • bidra til utvikling av ein kunnskapsbasert politikk for likestilling og gode system for dokumentasjon og analyse av likestillingsstatus.

Handhevingsapparatet for likestillings- og diskrimineringslovgivinga er Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda. BLD forvaltar òg krisesenterlova, ekteskapslova og regelverk knytte til foreldrepengar i folketrygdlova. BLD er ansvarleg for å utarbeide og utvikle lovgiving på desse felta.

I tillegg forvaltar BLD ei rekkje tilskotsordningar som skal bidra til å fremme likestilling knytt til ulike grunnlag. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er ein viktig del av innsatsen for å fremme likestilling.

BLD er òg ansvarleg for å følgje opp kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og barnekonvensjonen og dessutan FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg skal BLD utarbeide nasjonale rapportar til dei internasjonale overvakingskomiteane. Likestillings- og diskrimineringsombodet har ein særskild og sjølvstendig tilsynsfunksjon for kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Barneombodet har same funksjon for barnekonvensjonen. Vidare er BLD ansvarleg for å følgje opp arbeidet med Europarådskonvensjonar og EU-direktiv på dette feltet.

BLD skal systematisk samarbeide med andre departement for å samordne regjeringa sin innsats for likestilling og for å bidra til å nå likestillingspolitiske mål.

Arbeidet med kunnskapsutvikling, dokumentasjon og analyse inneber eit ansvar for å medverke til å utvikle kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering ut frå ulike diskrimineringsgrunnlag. Det inneber også eit ansvar for å etablere gode system for å dokumentere og analysere likestillingsstatusen på ei rekkje samfunnsområde og følgje med på utviklinga over tid. Alle departementa har ansvar for å skaffe fram kunnskap om likestilling på sine ansvarsområde i tråd med sektoransvarprinsippet. For BLD er det viktig å ha oversikt over den kunnskapen som finst.

BLD har gitt Fylkesmannen ansvaret for å vere pådrivar for at kommunane arbeider aktivt for å fremme likestilling knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta omsyn til likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiva både som tenesteytarar og som arbeidsgivarar på lokalt og regionalt nivå. Det er gjort nærmare greie for gjennomførte aktivitetar, strategiar og tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet under programkategori 11.40 i del II av budsjettproposisjonen.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den enkelte sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer også av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. BLD følgjer den internasjonale utviklinga og er ansvarleg for å rapportere om situasjonen i Noreg i ulike internasjonale fora.

5.1 Familie- og oppvekstområdet

Begge foreldra er viktige omsorgspersonar for barna. Dette gjeld uavhengig av om foreldra bur saman eller ikkje. Regjeringa ønskjer derfor å legge til rette for at begge foreldra skal ha høve til å vere likeverdige omsorgspersonar, både under samlivet, når samlivet blir løyst opp og i tilfelle der foreldra aldri har budd saman. Regjeringa har lagt fram ein proposisjon med forslag til endringar i barnelova for å fremme likestilt foreldreskap.

5.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Norge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling skal få hjelp og støtte, uavhengig av kjønn, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet barna bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2015 viser at det var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2015 var det rundt 55 prosent gutar og 45 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

Det var relativt små kjønnsskilnader i 2015 både når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheim og barnevernsinstitusjonar og bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at gutar oftare hadde hjelpetiltak som bustad med oppfølging, utdanning/arbeid og støttekontakt enn jenter. Dei tok òg oftare imot behandlingstilbod som PMTO (foreldreopplæring). BLD og Bufdir vil i utviklinga av barnevernstiltaka framleis ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

Det kjem mange fleire einslege mindreårige gutar enn jenter til landet. Av dei som budde i omsorgssenter ved utgangen av 2015, var om lag 98 prosent gutar.

5.3 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2015

Likestillingslova § 23, diskrimineringslova om etnisitet § 20, diskriminerings- og tilgjengelova § 24 og diskrimineringslova om seksuell orientering § 19 pålegg arbeidsgivarar ei aktivitetsplikt. Arbeidsgivarar skal arbeide aktivt og målretta for å fremme likestilling og hindre diskriminering ut frå kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet, religion, livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Tabellane under viser statusen for likestilling når det gjeld kjønn i BLD og dei underliggjande verksemdene.

Tabell 5.1 Barne- og likestillingsdepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2015. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personer (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

30,2

69,8

202

197

94,8

Ekspedisjonssjefar

40,0

60,0

5

5

102,3

Avdelingsdirektørar

38,1

61,9

21

20

87,6

Fagdirektørar

25,0

75,0

8

7,7

95,8

Seniorrådgivarar

31,7

68,3

101

97,3

100,5

Rådgivarar

23,1

76,9

26

27

97,5

Seniorkonsulentar

16,7

83,3

6

6

93,6

Førstekonsulentar

28,6

71,4

28

27,4

102,1

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn

Tabell 5.2 Barne- og likestillingsdepartementet (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2015. Prosent.

Deltid 1

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

6,6

8,5

16,4

12,1

0

3,7

3,06

5,9

1 Prosentdelen kvinner og menn som arbeider mellombels deltid på grunn av graderte permisjonar (AAP, omsorg for barn, etc).

Tabell 5.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2015. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personer (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

38,3

61,7

6 332

3 667,8

107,5

Direktørar og avdelingsdirektørar

42,9

57,1

38

34,7

101,0

Seksjonssjefar og arkivleiarar

32,0

68,0

47

44,4

94,5

Leiarar av institusjonar, familievernkontor

37,0

63,0

126

118,9

98,8

Avdelingsleiarar i institusjonar

29,5

70,5

201

182,9

99,4

Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå

24,3

75,7

841

642,4

97,5

Seniorrådgivarar og prosjektleiarar

35,7

64,3

452

378,9

96,9

Rådgivarar

21,7

78,3

493

410,2

99,1

Fagstillingar høgskole lågare grad

37,3

62,7

1 900

952,8

97,5

Førstekonsulentar og seniorkonsulentar

14,6

85,4

251

201,9

99,4

Miljøarbeidarar

59,0

41,0

1 775

577,8

101

Kontorstillingar og saksbehandlarar lågare nivå

10,0

90,0

161

104,8

116,4

Andre stillingar hushald, drift, reinhald

31,5

68,5

47

18,1

99,9

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn

Kjelde: Statistikk frå Barne-, ungdoms- og familieetaten.

Tabell 5.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2015. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

56,8

44,2

46,7

33,8

0,2

1,0

8,0

9,3

Kjelde: Statistikk frå Barne-, ungdoms- og familieetaten.

Tabell 5.5 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2015. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personer (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

25

75

128

121

75,4

Direktør

0

100

1

1

-

Dagleg leiar/fylkesnemndleiar

33

67

12

12

98,8

Fylkesnemndleiar

44

56

62

61

100,0

Rådgivar

0

100

2

2

-

Seniorrådgivar

0

100

3

3

-

Seniorkonsulent

0

100

7

7

-

Førstekonsulent

0

100

22

20

-

Konsulent

6

94

19

14

92,7

Prosjektleiar

0

100

1

1

-

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn

Tabell 5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2015. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

21

15

9

3

2

2,0

5,1

Tabell 5.7 Forbrukarombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2015. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Totalt antall ansatte (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

45

55

28

28,5

96

Toppleiing (ombod)

0

100

1

1,0

-

Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektør, avdelingsdirektør)

60

40

5

5,0

100

Seniorrådgivar

50

50

4

4,0

94

Rådgivar

55

45

10

11,4

104

Førstekonsulent

29

71

7

6,3

101

Konsulent/sekretær

0

100

1

0,8

-

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn

Tabell 5.8 Forbrukarombodet (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2015. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

3,5

3,5

0

3,5

7,0

1,9

1,2

Tabell 5.9 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31.12.2015. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personer (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

22,2

77,8

18,0

17,6

102,9

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn

Tabell 5.10 Barneombodet (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2015. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

14,3

0

14,3

50,0

0

0,8

1,0

Tabell 5.11 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2015. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personer (N)

Årsverk (N)

Lønn¹

Totalt i verksemda

26

74

68

52,3

100,3

Toppleiing (ombod)

0

100

1

0,9

-

Avdelingsleiar

20

80

5

4,7

102,6

Fagdirektør

29

71

7

5,8

100,0

Seniorrådgivar

34

66

29

22,0

101,2

Rådgivar

20

80

20

16,1

101,1

Førstekonsulent

0

100

2

1,2

-

Konsulent

0

100

1

0,9

-

Sekretær

100

0

1

0,3

-

Førstesekretær

100

0

2

*

-

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn

Tabell 5.12 Likestillings- og diskrimineringsombodet (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2015. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

11,1

4,1

11,1

10,2

5,6

2,0

1,1

1,9

Tabell 5.13 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (kjønn, lønn) per 31.12.2015. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personer (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

18

82

11

10,2

102

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn

Tabell 5.14 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2015. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

50

0

50

0

0

11,1

0,9

1,2

5.4 Barne- og likestillingsdepartementet

BLD har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Lokale og arbeidsverktøy skal vere universelt utforma og medarbeidarar i senioralder skal ha like gode høve til jobbutvikling og kompetanseutvikling som andre medarbeidarar.

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der prosentdelen kvinner er høg. Departementet har rutinar for å kalle inn kvalifiserte mannlege søkjarar til intervju. I 2015 var 32,4 prosent av søkjarane menn. Per 31. desember 2015 er 69,8 prosent av dei tilsette kvinner og 30,2 prosent menn.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er regelen i BLD at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er formelt kvalifisert. Alle ledige stillingar blir òg lyste ut på nettstader for unge funksjonshemma og for innvandrarungdom. Departementet bruker moderat kvotering av underrepresenterte grupper. BLD deltek i statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne 2015–2016.

BLD har gjennom IA-avtalen lagt opp til utvida bruk av støtteordningar som tilretteleggingstilskot, lønnstilskot og praksisplassar gjennom Nav.

Tabellen med tilstandsrapportering for BLD viser at kvinner samla sett tener 94,8 prosent av det menn tener.

Per 31. desember 2015 arbeidde 6,6 prosent av mennene og 8,5 prosent av kvinnene i BLD deltid. Tala refererer til prosentdelen av kvart kjønn som mellombels arbeider i ein mindre stillingsprosent på grunn av permisjon (til dømes delvis AAP/uføre eller omsorg for barn). Når det gjeld mellombelse tilsetjingar per 31. desember 2015, er prosentdelen menn med mellombels tilsetjing 16,4 prosent, medan det tilsvarande talet for kvinner er 12,1 prosent.

5.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda, mellom anna i personalpolitikken og rekrutteringspolitikken. Kvinnene utgjorde per 31. desember 2015 61,7 prosent og mennene utgjorde 38,3 prosent. For menn er dette ein auke på eitt prosentpoeng samanlikna med 2014.

Rekrutteringspolitikken har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den enkelte eininga/avdelinga/seksjonen. Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar, slik at ein oppmodar alle uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn om å søkje ledige stillingar. I tillegg blir søkjarar oppmoda til å opplyse om dei har funksjonshemmingar eller ikkje-vestleg bakgrunn.

Bufetat er representert med deltakarar i Statens mangfaldsnettverk saman med mange andre statlege verksemder, hovudsakleg direktorat. Statens mangfaldsnettverk har i 2015–2016, med økonomisk støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane, planlagt eit prosjekt for å kartleggje rekrutteringspraksisen med omsyn til mangfald i verksemdene. I prosjektet skal det utarbeidast tiltak for å medverke til ein ikkje-diskriminerande rekrutteringspraksis i statlege verksemder.

Tabell 5.3 viser at det er overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er 59 prosent menn. Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda. Bufetat har ei relativt jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane.

I den grad ein kan peike på skilnader i lønn, går dei i favør av mennene i stillingsgruppa seksjonssjefar og fagstillingar på høgare nivå og blant seniorrådgivarar og prosjektleiarar. I desse gruppene har kvinner mellom 94,5 og 97,5 prosent av lønna menn har. Samla for verksemda tener kvinner 107,5 prosent av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med gruppa kontorstillingar og saksbehandlarar som er overrepresentert av kvinner som til dømes har stått lenge i stillinga og har betre lønn enn den relativt låge prosentdelen menn i denne gruppa. I Bufetat utgjer tilsette i vikariat og med mellombels tilsetjing 39 prosent av den totale arbeidsstokken. Denne gruppa består i hovudsak av tilsette i turnus, som gjerne er menn utan formell utdanning og kvinner med formalkompetanse, derfor går skilnaden i lønn i favør av kvinnene.

5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Per 31. desember 2015 var det 128 tilsette i fylkesnemndene. 25 prosent av dei var menn.

Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det i all hovudsak er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar og stab. I stillingsgruppa for nemndleiarar var 56 prosent kvinner.

Alle nemndleiarane har same lønn, uavhengig av kjønn, medan dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar, slik at dei oppmodar alle uansett alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn til å søkje ledige stillingar. I tillegg blir kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn inviterte til intervju.

Det er eit mål at alle lokale skal ha universell utforming og vere tilgjengelege for alle.

5.7 Forbrukarombodet

Kjønnsfordelinga hos Forbrukarombodet har i 2015 vore 55 prosent kvinner og 45 prosent menn – det same som året før. I leiinga var halvparten menn og halvparten kvinner. Totalt for verksemda er lønna for kvinner 96 prosent av lønna for menn, men for eit par stillingskategoriar ligg kvinner høgare enn menn.

I politikken for rekruttering og tilsetjing har Forbrukarombodet mellom anna nedfelt at kunngjering av ledige stillingar må innehalde ei mangfaldserklæring der ein oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uansett alder, kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne.

Forbrukarombodet er oppteke av å halde på tilsette i ulike livsfasar, slik at dei kan utvikle seg og ha eit godt arbeidsforhold i dei ulike fasane av livsløpet. Gjennom seniorpolitikken blir det fokusert på yrkesaktivitet etter fylte 50 år, og det blir gjennomført seniorsamtalar etter fylte 55 år.

5.8 Barneombodet

Situasjonen i 2015 var i det store og heile som i 2014. Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinnelege tilsette og i 2015 var 78 prosent av dei tilsette kvinner. Trass i eit sterkt ønske om betre kjønnsbalanse er ubalansen blitt større i løpet av året. Av dei fire medlemmene i leiargruppa er éin mann, resten er kvinner.

Personar med funksjonsnedsetjingar har ikkje vore å finne blant søkjarane til stillingane Barneombodet har lyst ut det siste året. 10 prosent av dei tilsette ved kontoret har ikkje-vestleg bakgrunn.

Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn, verken i leiargruppa eller i fagstaben. Kvinner tener 102,9 prosent av lønna til menn på kontoret.

Det gjennomsnittlege kvartalsvise sjukefråværet er redusert for både menn og kvinner – frå 1,2 og 1,3 prosent i 2014 til 0,8 og 1 prosent i 2015.

5.9 Likestillings- og diskrimineringsombodet

LDO er framleis ei kvinnedominert verksemd, trass i høgt medvit om dette ved rekruttering til ledige stillingar. Frå 2014 til 2015 var det ei forbetring frå 25 til 26 prosent menn.

Den overordna personalpolitikken til LDO omfattar desse delområda: rekruttering, lokal lønnspolitikk, kompetanseutvikling, livsfasepolitikk og arbeidsmiljø. Felles for alle punkta er målet om mangfald, eit inkluderande arbeidsliv og god tilgjengelegheit. LDO skal leggje til rette for at tilsette i alle livsfasar får ein god arbeidssituasjon og kan utvikle seg gjennom heile yrkeskarrieren.

Staben til LDO skal spegle mangfaldet blant innbyggjarane gjennom

  • ei jamn kjønnsfordeling i verksemda

  • at det skal vere minst 40 prosent av kvart kjønn i leiarstillingane

  • at minst 15 prosent av dei tilsette i verksemda skal ha innvandrarbakgrunn

  • at minst 10 prosent skal ha nedsett funksjonsevne

LDO har både medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Måltala som er sette på desse områda, er oppfylt.

LDO har i 2015 satsa på ei likestilt rekruttering for å lykkast med mangfaldsmålet. Ombodet har ei mangsfaldserklæring i stillingsannonsar og nyttar målretta rekrutteringskanalar for å oppnå måla. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, skal minimum éin i kvar kategori inviterast til intervju. LDO nyttar òg til ein viss grad målretta rekrutteringskanalar.

Satsinga på likestilt rekruttering har to hovudmålsetjingar:

  • 1) å sørgje for at rekrutteringa er profesjonell, likestilt og ikkje-diskriminerande

  • 2) å sørgje for at LDO kan gi betre rettleiing om likestilt rekruttering eksternt

Som ein del av arbeidet har LDO vurdert sin eigen rekrutteringspraksis og utvikla eit rammeverk for likestilt rekruttering. Alle styrande dokument for rekruttering og eigen rekrutteringspraksis er gjennomgått for å identifisere diskrimineringsrisiko.

LDO har eit mål om likelønn mellom kjønna i verksemda. I nokre stillingskategoriar er det berre tilsett kvinner eller berre menn. Alle stillingar i LDO skal la seg kombinere med familieliv og omsorgsoppgåver.

Medarbeidarar som treng tilrettelegging, har fått det anten det gjeld teknisk utstyr eller sjølve kontoret, eventuelt også etter medverknad frå Nav. Tilsette kan òg få arbeidstilhøva lagde til rette gjennom ordninga med å arbeide heimanfrå. Som del av arbeidet med ein tilretteleggingsplan har LDO etablert ei eiga ordning med samtalar for alle når dei byrjar i LDO, og undervegs i tilsetjingsforholdet. Formålet med desse samtalane er å avdekkje individuelle behov.

5.10 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

Per 31. desember 2015 hadde sekretariatet 11 tilsette – ni kvinner og to menn. Det var ti heile stillingar og éi stilling på 20 prosent. Stillinga på 20 prosent blei delt mellom ein mannleg og ein kvinneleg sekretær gjennom året. Sekretariatet har ikkje spesielle retningslinjer, planar eller liknande for likestillingsarbeidet.

Sekretariatet har ikkje lønnsskilnader som kan knytast til kjønn.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje. Per 31. desember 2015 hadde sekretariatet ingen med nedsett funksjonsevne.

Lokala til sekretariatet er lagde til rette for rullestolbrukarar.

For å nå betre ut til grupper med innvandrarbakgrunn er informasjonen på nettsidene til Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet omsett til engelsk.

5.11 Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda

Per 31. desember 2015 hadde sekretariatet fire tilsette kvinner og ingen menn. Alle dei tilsette hadde full stilling.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje.

Lokala til sekretariatet er lagde til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Sekretariatet har ein handlingsplan for universell utforming og auka tilgjengelegheit.

5.12 Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i eigen årsrapport.