I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 varsla regjeringa ein ambisiøs politikk for forsking og høgare utdanning. Satsinga gir tydelege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar, og konkrete satsingar på forskingsinfrastruktur, rekrutteringsstillingar og tiltak for å stimulere til god deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020 .

Noregs forskingsråd har desse måla:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Kunnskapsdepartementet held fram arbeidet med å utvikle styringssystemet for Forskingsrådet i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet. Styringssystemet og det samla resultatet av verksemda til Noregs forskingsråd i 2015 er nærmare omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2017.

Barne- og likestillingsdepartementets forskningsstrategi 2016–2020 blei ferdigstilt våren 2016. Langtidsplanen er eit viktig grunnlag for strategien. Oppfølginga av strategien vil bli konkretisert i budsjettproposisjonane, i meldingar og handlingsplanar og i tildelingsbreva til Bufdir, Noregs forskingsråd og kunnskapsmiljø.

BLDs forskingsinnsats skal nå måla for forsking, som er:

  1. langsiktig og målretta kunnskapsoppbygging

  2. høg kvalitet

  3. å gi eit godt grunnlag for politikkutvikling og forvalting

Tiltak i strategien:

  • Breie kunnskapsstatusar skal liggje til grunn for vidare forskingsinnsats og prioriteringar.

  • Deltaking i program via Noregs forskingsråd skal vurderast ved behov for langsiktig kunnskapsoppbygging på forskingssvake område.

  • Forskingsrådet skal arbeide for å utvikle kvaliteten i kunnskaps- og kompetansemiljøa.

  • Kunnskap frå forsking skal vere tilgjengeleg for, og brukast systematisk av departement, etatar, kommunar og allmenta.

  • Utviklinga og endringane på BLDs ansvarsområde skal følgjast mellom anna gjennom forsking på registerdata, longitudinelle studiar og levekårsundersøkingar.

Det skal òg gjennomførast forskingsbaserte evalueringar av større tilskotsordningar, reformer og tenester. Forskingsprosjekt skal i større grad involvere fleire fagdisiplinar for betre å vurdere den samla effekten på politikkutviklinga. Utviklinga av statistikken og indikatorane skal halde fram, og kunnskap om effekten av dei ulike verkemidla og tiltaka skal byggjast opp.

Departementet medverkar til langsiktig og målretta kunnskapsbygging gjennom støtte til forsking, mellom anna i regi av Forskingsrådet, til programma Velferd, arbeid og migrasjon (VAM) og Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Løyvinga blir òg brukt til å finansiere deler av administrasjonsutgiftene i Forskingsrådet knytt til ordningane. For nærmare omtale av finansieringa av administrasjonsutgiftene i Noregs forskingsråd visast det til Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon, kap. 285, post 55.

Departementet gir òg midlar til CORE – Kjernemiljø for likestillingsforskning, dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge, Norsk senter for studier av problematferd og innovativ praksis, Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, og programmet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017 . I tillegg får Forbruksforskningsinstituttet SIFO midlar som skal dekkje konkrete forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver på forbrukarfeltet.

Gjennom avtalar med Statistisk sentralbyrå (SSB) får departementet statistikk på dei ulike ansvarsområda til departementet. BLD finansierer ein likestillingskoordinator i SSB. I tillegg konkurranseutset departementet forskingsoppdrag som grunnlag for politikkutvikling og i enkelte faglege spørsmål.

Bufdir og AVdir har oppgåver knytte til forsking og analyse mellom anna på barnevernsområdet, familievernområdet, likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet og overføringsordningane til barnefamiliane. Eit viktig arbeid, som blir utført i regi av Bufdir, er å utvikle og implementere indikatorar på nokre av ansvarsområda direktoratet har. Slike indikatorsystem kan bli eit viktig grunnlag for å gjennomføre ulike forskingsprosjekt.