Barne- og likestillingsdepartementet

Prop. 1 S

(2016–2017)

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvaltinga av sentrale ytingar på desse ansvarsområda til BLD: barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og regelverket for barnebidrag.

Stortinget samtykte den 26. mai 2016 i at Arbeids- og sosialdepartementet kunne starte opp Prosjekt 2 i moderniseringa av IKT i Arbeids- og velferdsetaten, jf. Innst. 291 S (2015–2016). Det er gjort greie for grunnlaget for vedtaket i Prop. 67 S (2015–2016).

I Prosjekt 2 er det planlagt å utvikle ei gjenbrukbar vedtaksløysing for individbaserte ytingar. Vedtaksløysinga vil saman med plattforma for digitale sjølvbeteningsløysingar brukast til å lage nye løysingar for foreldrepengar og eingongsstønad. Prosjektet er planlagt gjennomført i perioden 2016–2019.

Prosjekt 2 er ledd i ei langsiktig og omfattande modernisering av IKT-systema i arbeids- og velferdsetaten. Eit hovudmål er å gi betre tenester til brukarane og større effektivitet i saksbehandlinga. Hovudstrategien er å gi brukarane betre tilgang til og innsyn i eiga sak, døgnopne dialogtenester over nettet og fleire sjølvbeteningsløysingar knytte til sentrale ytingar. Det er gjort nærmare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2016–2017) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Det blir arbeidd aktivt med forenkling, modernisering og betre gjennomføringskraft i barnevernet. Bufdir har i fleire år arbeidd med å betre kvaliteten i tenestene, samtidig som det er gjennomført store effektiviseringar og omstillingar i Bufetat. Frå 2009 til 2015 auka aktiviteten, målt i talet på opphaldsdagar, med 25 prosent, medan dei reelle utgiftene auka med 6 prosent i same periode. I 2015 heldt nedgangen i utgifter per opphaldsdag fram. Ressursbruken i Bufetat og Bufdir, målt i talet på årsverk, er redusert med i underkant av 20 prosent sidan 2010. I 2015 blei talet på årsverk redusert med 4 prosent, samtidig som bemanninga ved familievernkontora og omsorgssentera er blitt styrkt. Det har vore ei vriding i tiltaka frå ressurskrevjande plasseringar i institusjon til mindre ressurskrevjande tiltak som plassering i fosterheim, i tråd med barnevernfaglege føringar.

Regjeringa legg opp til ei ny ansvarsdeling mellom det kommunale og det statlege barnevernet, der kommunane får eit større fagleg og økonomisk ansvar. Formålet er eit betre barnevern som gjer at fleire barn får rett hjelp til rett tid. Regjeringa er oppteken av at det skal leggjast meir vekt på førebygging og tidleg innsats i arbeidet med utsette barn og familiar, noko som vil redusere behovet for inngripande og kostbare barnevernstiltak og betre kvaliteten i tenestetilbodet.

Regjeringa ønskjer også å leggje om ordninga med refusjon av utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar til ei ordning med fast tilskot. Ei ordning med fast tilskot vil vere meir effektiv både for staten og kommunane fordi ei slik ordning er enklare å administrere enn ei ordning der dokumenterte utgifter blir refunderte. Det vil òg vere enklare for kommunane å berre måtte søkje eitt direktorat om tilskot til busetjing av flyktningar. Den nye tilskotsordninga vil gjere inntektene til kommunane og utgiftene til staten meir påreknelege. Ho vil gi auka kostnadskontroll for staten, samtidig som kommunane får større fleksibilitet fordi dei kan prioritere midlane slik dei meiner det er mest formålstenleg. I dagens ordning må kommunane dekkje 20 prosent av utgiftene utover eigendelen uansett kor effektivt dei driv. I ei ordning med fast tilskot vil kommunane kunne tilpasse seg slik at dei får full kostnadsdekking. Kommunane kan òg dra nytte av eventuelle stordriftsfordelar, slik at det blir meir lønnsamt å busetje fleire barn.

I Bufdir har digitale løysingar og IKT vore prioritert mellom anna gjennom å gi gode forenkla løysingar for brukarane. Bufdir skal halde fram med å arbeide systematisk for at alle tenesteytarane i barnevernet kan gjere seg nytte av likestilte digitale tenester med barna i sentrum. Direktoratet skal koordinere den digitale utviklinga i barnevernet, der også kommunane og andre etatar på velferdsområda tek del.

I samband med at regjeringa legg fram ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet for Stortinget, tek departementet i 2017 sikte på å greie ut moglegheitene for betre digital samhandling i barnevernet.

I Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har lang saksbehandlingstid for saker med forhandlingsmøte i fleire år vore ei utfordring. Resultata frå 2015 viser at den positive utviklinga med lågare saksbehandlingstid frå 2013 og 2014 held fram. Sentraleininga for fylkesnemndene skal halde fram med å leggje til rette for å få ned saksbehandlingstida, jamne ut skilnader i saksbehandlingstid og auke produktiviteten i nemndene. Fylkesnemndene skal utvikle vidare og implementere eit sikkert elektronisk system for ekstern dokumentutveksling. Det nye systemet skal forenkle og effektivisere prosessane som involverer eksterne aktørar, og leggje til rette for full elektronisk saksbehandling på sikt.

I rapporten Gjennomgang av det statlige forbrukerapparatet frå våren 2015 konkluderer Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) med at Forbrukarrådet og Forbrukarombodet kvar for seg oppnår gode resultat, men at apparatet samla sett er fragmentert og lite kostnadseffektivt. På grunnlag av rapporten har regjeringa bestemt at dei ti regionkontora til Forbrukarrådet skal grupperast om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Større einingar skal gi sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og betre servicetilbod til forbrukarane. Endringane skal vere gjennomførte innan 1. mai 2017 (sjå nærmare omtale under delmål 1.2 i programkategori 11.00).

Ein viktig strategi i regjeringa sitt arbeid med forenkling er å identifisere, redusere og fjerne tidstjuvar. Det dreier seg dels om å gjere møtet og samhandlinga med offentleg sektor enklare for innbyggjarane og næringslivet og dels om å effektivisere offentleg sektor, slik at dei tilsette kan få meir tid til kjerneoppgåvene og betre kvaliteten i oppgåveløysinga.

Verksemdene under BLD har føreslått ei rekkje forenklingar av regelverk, prosedyrekrav osv. som er fastsette av andre, og som dei meiner er tidstjuvar for verksemda. I tillegg har andre statlege verksemder meldt inn tidstjuvar der BLD har ansvar for oppfølging.

Eit resultat av jakta på tidstjuvar er at rapporteringskrava på barnevernsområdet no er forenkla.

Eit anna tiltak som er sett i verk, er elektronisk løysing for søknad om separasjon og skilsmisse. Prosjektet var eit samarbeid mellom Bufdir og fylkesmennene i Oslo og Akershus og Sogn og Fjordane. Hausten 2015 blei det mogleg å søkje elektronisk om separasjon hos Fylkesmannen. Tal viser at 35–40 prosent av separasjonssøknadene no kjem inn elektronisk. Erfaringane med ordninga har vore gode. Eit digitalt skjema for skilsmisse etter to års samlivsbrot (ekteskapslova § 22) blei lansert i juni 2016. Arbeidet med å digitalisere søknadsprosessen og saksbehandlinga i separasjon- og skilsmissesakar held fram. Det digitale skjemaet for skilsmisse etter eitt års separasjonstid (ekteskapslova § 21) skal vere klart hausten 2016. Utviklingprosjektet er planlagt sluttført i 2017.

Som ein del av arbeidet mot tidstjuvar er Forbrukarrådet i gang med å få på plass ei ny kundesenter- og registerløysing for behandling av førespurnadene frå forbrukarane. Løysingane vil gi større intern fleksibilitet og betre kundeservice. Ein offentleg elektronisk postjournal som forenklar sakbehandlinga og sikrar større innsyn i aktivitetane til Forbrukarrådet, er på plass. I tillegg er det sett i gang eit arbeid med å få på plass ei løysing som skal sikre elektronisk overføring av klagesakene som går frå Forbrukarrådet til Forbrukartvistutvalet. Løysinga vil forenkle saksgangen mellom dei to verksemdene, som begge behandlar ei aukande mengd saker.

Forbrukarrådet har òg sett i gang andre og mindre forenklings- og effektiviseringstiltak, som å lage nye retningslinjer for klagesaksbehandlinga.

Verksemdene under BLD har ei konstruktiv tilnærming til arbeidet med å fjerne tidstjuvar. Departementet forventar gode resultat frå dette arbeidet på sikt, i form av auka effektivitet og betre tenester for brukarane.