Barne- og likestillingsdepartementet

8.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor sine eigne område som er nødvendige for å kunne nå måla i klima- og miljøpolitikken.

Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester gjer det mogleg for forbrukarane å velje produkt som gir minst mogleg belastning på miljøet og ressursane. Gjennom etterspurnad kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

Miljømerkeordningane Svana og EU Ecolabel er viktige verkemiddel. Ved utgangen av 2015 var det 12 589 svanemerkte produkt på den norske marknaden. Det er ein auke på over 4 000 produkt samanlikna med utgangen av 2014. Nytt digitalt rapporteringssystem og fleire lisensar forklarer den store auken i 2015.

Skolen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblema og for å skape reflekterte haldningar til forbruk. BLDs arbeid med å fremme undervisning i forbrukaremne tek opp spørsmål som er knytte til dette området.

I Noreg blir det kasta om lag 360 000 tonn mat kvart år. Mesteparten av det som blir kasta, kjem frå private hushald. Departementet støttar derfor arbeidet til Matvett AS for å redusere matsvinn. Arbeidet må sjåast i samanheng med samarbeidet mellom styresmaktene og bransjeorganisasjonane om ein bransjeavtale for å redusere matsvinn (nærmare omtalt under delmål 6.3).

8.2 Mål for det vidare arbeidet på forbrukarområdet

BLD vil i 2017 halde fram med å byggje opp under dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel som viktige forbrukarretta verktøy for å gjere miljømedvitne val. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke.

Departementet vil i 2017 arbeide vidare med Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og matbransjen om ein bransjeavtale for å redusere matsvinnet i samfunnet. Bransjeavtalen skal gjelde frå 2017 og omfatte heile verdikjeda for mat.

Forbruksforskningsinstituttet SIFO har utvikla ei metode for å evaluere utviklinga i forbruket i Noreg frå eit berekraftsperspektiv. Med utgangspunkt i denne forskinga skal SIFO drøfte og gi tilrådingar om tiltak for å redusere miljøbelastninga som følgjer av forbruket.

Departementet vil òg føre vidare tiltak som er retta mot skolen, der miljø og berekraft er sentrale tema.