Barne- og likestillingsdepartementet

FNs verdserklæring om menneskerettar frå 1948 slår fast at «alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar». Det handlar om likestilling, ikkje-diskriminering og fridom for alle, vaksne og barn, uavhengig av eigenskapar som kjønn, etnisk bakgrunn, funksjonsevne og seksuell orientering. Menneskerettane er universelle, udelelege og gjensidig forsterkande.

I samarbeidet i Europarådet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av Europarådet sine konvensjonar, deriblant landrapporteringar, dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådet sitt arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeidet spesielt. Mellom anna koordinerer BLD den norske kontakten med kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI). ECRI la fram sin femte rapport om Noreg i 2015.

FN-konvensjonen om barns rettar

BLD har ansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FN-konvensjonen om barnerettane. Barnekonvensjonen er eit viktig instrument for å ta vare på rettane til barn og gir gode retningslinjer for korleis rettane kan takast vare på og utviklast vidare i samfunnet vårt.

Artikkel 12 i barnekonvensjonen slår fast at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal ha rett til fritt å gi uttrykk for desse synspunkta i alle forhold som gjeld dei sjølve. Reglane i barnekonvensjonen kjem til uttrykk i mellom anna adopsjonslova, barnelova og barnevernlova. Regelen om barns medverknad og det beste for barnet blei i 2014 teken inn i Grunnlova § 104.

På regionalt plan blei Fylkesmannen i Troms i 2015 tildelt midlar frå BLD for å arbeide med Sjumilssteget . Sjumilssteget handlar om å setje i verk barnekonvensjonen i kommunane og hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen, slik at dei kan brukast til å kvalitetssikre tenestene til barn og unge. Fylkesmannen i Troms har formidla metodikken til alle fylka. Over halvparten av kommunane/bydelane i landet har delteke i satsingar initierte av fylkesmannsembetet og innført ein variant av metoden.

Noreg har i oktober 2016 levert sin femte og sjette statsrapport til FNs barnekomité. I arbeidet med rapportane har frivillige organisasjonar vore inviterte til å kome med innspel. Det er òg tildelt midlar til Forum for barnekonvensjonen for at dei skal kunne utarbeide ein rapport frå sivilsamfunnet til FNs barnekomité om barns rettar i Noreg. Bufdir har i 2016 utarbeidd ein eigen rapport som synleggjer stemmene til barn og unge, og barnerapporten er send til barnekomiteen saman med statsrapporten.

FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner

På bakgrunn av Noregs åttande rapport til FN om oppfølginga av FNs kvinnediskrimineringskonvensjon og eksaminasjon i 2012 fekk Noreg tilrådingar frå FNs kvinnediskrimineringskomité. Det blei etablert eit samarbeid med både relevante departement og frivillige organisasjonar om oppfølginga. På førespurnad frå komiteen blei ein midtvegsrapport utarbeidd og oversend i 2014. Noreg leverte sin niande rapport om oppfølging av kvinnediskrimineringskonvensjonen i februar 2016. Noreg har fått førespurnad om å møte FNs kvinnediskrimineringskomité hausten 2017 for å gå igjennom den siste rapporten frå Noreg. Det blir utarbeidd ein «skyggerapport» frå det sivile samfunnet, noko som sikrar at det sivile samfunnet får fremma synspunkta sine.

FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering

Den 21. og 22. norske rapporten til rasediskrimineringskomiteen blei levert i 2013. Komiteen høyrde Noreg i august 2015. Den norske delegasjonen var breitt samansett med representantar frå fleire departement og blei leidd av barne-, likestillings- og inkluderingsministeren. Den 23. og 24. norske rapporten skal leverast komiteen i september 2017.

FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne

Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013 og leverte sin første rapport til komiteen i juli 2015. Tidspunkt for høyring og dialog med komiteen som overvakar konvensjonen, er så langt ikkje fastsett. Det blir utarbeidd ein «skyggerapport» frå det sivile samfunnet, noko som sikrar at det sivile samfunnet får fremma synspunkta sine.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Noreg er ein pådrivar for å få på plass eit meir konkret og kraftfullt internasjonalt regelverk som kan sikre rettane til LHBTI-personar mellom anna innanfor FN og Europarådet. Statar er forplikta til å sikre dei grunnleggjande menneskerettane til LHBTI-personar, jf. dei ulike konvensjonane om universelle, grunnleggjande rettar. Kva det inneber i praksis, med utgangspunkt i dei særskilde utfordringane LHBT-personar møter, er utdjupa og konkretisert mellom anna i dei såkalla Yogyakarta-prinsippa og i Europarådet sin LHBT-rekommandasjon (CoE CM Rec 2010/5).

Noreg, ved BLD, Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, har vore med på utviklinga av LHBT-rekommandasjonen til Europarådet. Dette er det første internasjonale juridiske dokumentet som spesifikt tek utgangspunkt i utfordringane LHBT-personar har. Rekommandasjonen er eit såkalla ikkje-bindande juridisk dokument som den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg og nasjonale domstolar stadig oftare viser til.

Den europeiske komiteen mot rasisme og intoleranse, ECRI, har nyleg inkludert spørsmål om rettar og kår for LHBT-personar i sine sykliske rapportar om medlemslanda. Den siste landrapporten frå ECRI om Noreg kom i februar 2015. I rapporten blei det mellom anna lagt vekt på behovet for ein ny nasjonal LHBT-handlingsplan på tvers av sektorane og for at eit relevant lovverk og helsetilbod blir betre tilpassa behova til ulike grupper av transpersonar. I 2016 blei ein ny, tverrsektoriell LHBTI-handlingsplan lansert av regjeringa, medan Stortinget med stort fleirtal vedtok ei ny lov om endring av juridisk kjønn.

Anna arbeid

BLD følgjer også med på dei årlege møta i tredje komité i Generalforsamlinga i FN, som dekkjer menneskerettsspørsmål knytte til likestilling og diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, barn o.a. BLD har også oppfølgingsansvar for FN-resolusjonar på departementet sitt ansvarsområde.

BLD deltek på dei årlege møta i FNs kvinnekommisjon, som er den politiske møteplassen for fagstatsrådar, det sivile samfunnet og FN-organa.