Kunnskapsdepartementet (KD)

FNs generalforsamling vedtok i september 2015 ein universell agenda for berekraftig utvikling som alle land er forplikta til å følge opp. Det er 17 mål på ulike område, og Kunnskapsdepartementet har eit koordineringsansvar for berekraftmål 4:

«Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle»

Målet har sju delmål og tre gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivå, legg vekt på likeverd og kvalitet og kopling mellom utdanning og arbeidsliv. Opplæring i miljø, fred og medborgarskap er eit eige delmål. Noreg er komme langt i å nå dei fleste delmåla samanlikna med andre land innanfor og utanfor OECD.

Boks 12.1 FNs berekraftmål 4: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle

Delmål under berekraftmål 4:

  • 4.1 Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskole og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbytte

  • 4.2 Innan 2030 sikre alle jenter og gutar tilgang til god og tidleg omsorg og førskole, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskolen

  • 4.3 Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgre utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkommeleg pris

  • 4.4 Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, blant anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetting, sømmeleg arbeid og entreprenørskap

  • 4.5 Innan 2030 avskaffe kjønnsforskjellar i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare personar, deriblant personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar

  • 4.6 Innan 2030 sikre at all ungdom og ein stor del vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne

  • 4.7 Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremme berekraftig utvikling, blant anna gjennom utdanning for berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremme fred og ikkjevald, globalt borgarskap og verdsetting av kulturelt mangfald og kulturen sitt bidrag til berekraftig utvikling

  • 4 a. Etablere og oppgradere utdanningstilbod som tar i vare omsynet til barn, personar med nedsett funksjonsevne og kjønnsforskjellar, og sikrar trygge, ikkjevaldelege, inkluderande og effektive læringsomgivnader for alle

  • 4 b. Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke, på verdsbasis, i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgre utdanning, blant anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, i utvikla land og i andre utviklingsland

  • 4 c. Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, blant anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklings-øystatar

Delmål 4.1, 4.2 og 4.3 handlar om tilgang, kvalitet og gjennomføring i barnehage, grunnskole og høgre utdanning. Over 97 pst. av barn i førskolealderen har gått i barnehage før dei begynner på skolen. I Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen blir det varsla revisjon av rammeplanen for barnehagar, blant anna med sikte på å betre samanhengen og overgangen mellom barnehage og skole. Med ei fullføring på 73 pst. etter normert tid er Noreg blant dei OECD-landa med lågast gjennomføring i vidaregåande opplæring. Regjeringa har fleire tiltak for å auke delen som gjennomfører, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Regjeringa vil at alle skal ha tilgang og høve til å ta høgre utdanning uavhengig av kjønn, etnisk, sosial, geografisk og økonomisk bakgrunn. Det har vore ein vekst i talet på studentar i høgre utdanning og gjennomføringa har blitt betre dei seinare åra, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Delmål 4.4 handlar om behov for ein auke i talet på unge og vaksne med kompetanse i tekniske fag som er relevant for arbeidsmarknaden. I ein norsk kontekst er det særleg viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag for best mogleg informerte val og satsing på kvalitet i utdanning. Kvalitet er også knytt til relevans for arbeidsmarknaden og god fullføring.

Delmål 4.5 inneheld ei målsetting om å avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og sikre lik tilgang til utdanning for alle, også personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar. Noregs største utfordring på dette området er stor overvekt av det eine kjønnet i einskilde høgre utdanningar. Det finst særskilde rettar knytte til urfolk på alle nivå i det norske utdanningssystemet.

Delmål 4.6 skal sikre at all ungdom og ei stor mengde vaksne lærer å lese, skrive og rekne. Noreg kjem godt ut i internasjonale målingar av vaksne sine grunnleggande dugleikar. PIAAC-undersøkinga viser at Noreg har eit generelt høgt dugleiksnivå blant dei vaksne (16–65 år). Med høg innvandring kan talet på personar som manglar grunnleggande dugleikar auke. Regjeringa har innført ei rekke tiltak for å redusere talet på dei som har svake grunnleggande dugleikar, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring .

Delmål 4.7 handlar om innhaldet i utdanning og legg særleg vekt på kompetanse som er nødvendig for å fremme berekraftig utvikling. Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse skal læreplanverket fornyast for å møte kompetansebehova i framtida. Berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring samt demokrati og medborgarskap skal vere fagovergripande tema som inngår i fleire fag.

Dei tre siste måla er av FN definerte som gjennomføringsmål, som legg vekt på konkrete tiltak for å nå dei andre delmåla under Berekraftmål 4.

Gjennomføringsmål 4 a) knyter seg til det fysiske og det psykososiale læringsmiljøet. Den årlege Elevundersøkinga viser korleis elevane opplever læringsmiljøet. Sjølv om ni av ti elevar trivst på skolen, er det mange som opplever å bli mobba. Regjeringa har i 2016 lansert fleire tiltak for å redusere mobbing i skole og barnehage. I 2017 foreslår regjeringa 75 mill. kroner til arbeid mot mobbing og for eit godt læringsmiljø, ein auke på 35 mill. kroner frå 2016, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa for nærare omtale.

Gjennomføringsmål 4 b) handlar om å auke talet på stipend til studentar frå utviklingsland. Noreg legg frå 2016 om kvotestipendordninga for å fremme institusjonelle partnarskap gjennom Norpart-programmet. Dette opnar òg for utveksling som ledd i eit breiare samarbeid mellom institusjonane.

Gjennomføringsmål 4 c) gjeld behovet for å auke talet på kvalifiserte lærararar. I Noreg fall talet på kandidatar frå lærarutdanningane frå 2006 til 2011, men har sidan auka, sjå omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Berekraftmåla er universelle, og regjeringa vil i den nasjonale oppfølginga særleg legge vekt på å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring, og auke læring på alle nivå. Ungdom som ikkje er i arbeid eller går på skole, vil få særskild merksemd.

Kunnskapsdepartementet vil samarbeide nært med Utanriksdepartementet om oppfølging internasjonalt.