Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2016–2017)

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine, og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. Vidare har sektorstyresmaktene ansvaret for å gjennomføre tiltak innanfor sine eigne område for å nå måla i klima- og miljøpolitikken. For ein omtale av regjeringa si samla klima- og miljøpolitikk, sjå Prop. 1 S (2016–2017) for til Klima- og miljødepartementet.

Det er ein klima- og miljødimensjon i alle sektorane til Kunnskapsdepartementet. Ny innsikt og erkjenning og dyktige folk med gode evner er utgangspunktet for korleis vi møter store utfordringar i samfunnet. Vi treng forsking for å utvikle ein god og fornuftig klima- og miljøpolitikk og dei gode klima- og miljøløysingane. Og vi treng utdanning som gir oss den kunnskapen, dei dugleikane og holdningane som er nødvendige for å møte utfordringane.

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggande verksemder er med på å forme. Målet for Kunnskapsdepartementets arbeid på klima- og miljøområdet er at utdanning og forsking skal bidra til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidrar til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.

Formidling av kunnskap om og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølge formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen la barna få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong og lære dei å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeidd eit temahefte om natur og miljø.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i tråd med formålsparagrafen, lære å tenke kritisk og handle etisk og miljøbevisst, i tråd med prinsippa bak det grøne skiftet.

I samarbeid med Klima- og miljødepartementet har Kunnskapsdepartementet ført vidare arbeidet med Den naturlege skolesekken . Skolesekken medverkar til å styrke kvaliteten på opplæringa og auke forståinga av nytten og bruken av naturfaga, samt fremmar undervisning for berekraftig utvikling. Skolen utarbeider undervisningsopplegg i samarbeid med eksterne aktørar, mellom anna lokale natur- og friluftsorganisasjonar. Den naturlege skolesekken gir skolane tilgang til faglege digitale ressursar som Kart i skolen, ein ressurs som legg til rette for utvida bruk av det lokale nærmiljøet til skolane i undervisninga. Samstundes skal Nettverk for miljølære gi skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima som òg bygger opp under arbeidet med det grøne skiftet.

I den omstillinga som arbeidslivet i Noreg er inne i no, er realfagleg kompetanse viktig for å skape innovasjon som bidrar til det grøne skiftet. Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Regjeringa foreslår å styrke strategien med 30 mill. kroner i 2017. Ordninga med realfagskommunar blir ført vidare. I samband med revideringa av rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen skal departementet styrke det realfaglege innhaldet i rammeplanen.

Strategien for utdanning for bærekraftig utvikling (2010–2015), som var ei nasjonal oppfølging av FNs utdanningstiår for berekraftig utvikling, blei avslutta i 2015. UNESCO har, basert på breie konsultasjonar og innspel frå mange interessentar, utvikla eit globalt handlingsprogram for utdanning for berekraftig utvikling – GAP ESD. Programmet blei godkjent på UNESCOs generalkonferanse i 2013. Noreg vil legge dette programmet til grunn for arbeidet framover med berekraftig utvikling i utdanninga.

Norsk forsking og utdanning er i fronten internasjonalt innanfor fagområde som er knytte til klima og miljø. Noreg har òg eit velutvikla næringsliv på mange av dei områda der auka innsats i forsking og høgre utdanning har eit stort potensial for verdiskaping. Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning er eit viktig verkemiddel for Kunnskapsdepartementet sitt arbeid med miljø- og klimautfordringa innanfor forsking og høgre utdanning framover. Langtidsplanen legg rammene for korleis regjeringa skal styrke forsking og høgre utdanning for å møte utfordringane og gripe moglegheitene i tida framover, mellom anna dei utfordringane og moglegheitene som ligg i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Klima, miljø og miljøvennleg energi er ei tydeleg prioritering i planen, og forsking og høgre utdanning innanfor andre hovudprioriteringar er òg i høgste grad relevante for omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Kunnskapsdepartementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet, og gjennom verkemiddel i Forskingsrådet som ikkje er særskilt målretta mot miljø. I tillegg finansierer òg universiteta og høgskolane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si. Deltaking i EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg eit viktig bidrag til klima- og miljørelevant forsking. Klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgåande tema i Horisont 2020, og 60 pst. av totalbudsjettet til Horisont 2020 skal gå til forskingsprosjekt som bidrar til berekraftig utvikling.

I 2015 gjekk 552 mill. kroner av Kunnskapsdepartementets midlar gjennom Forskningsrådet til forsking på miljøområdet. Dette er om lag 50 mill. kroner meir enn i 2014. Talet omfattar både forsking som er finansiert gjennom forskingsprogram der klima og miljø er eit hovudformål, som til dømes KLIMAFORSK, og forsking finansiert gjennom verkemiddel som ikkje er særskilt målretta mot miljø, som Open arena for framifrå forsking (FRIPRO), løyvingar til forskingsinfrastruktur, senter for framifrå forsking (SFF) og senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Forsking på miljøområdet omfattar både klima-, miljø- og energiforsking. Ein monaleg del av Kunnskapsdepartementet sine midlar til forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet går til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi.

Sidan 2010 har departementet gitt ei ekstraordinær støtte til det internasjonalt leiande klimaforskingssenteret Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research AS, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling. Løyvinga er tolvårig og varer til 2021, på det vilkåret at senteret får ei tilfredsstillande halvvegsevaluering. I dei tre første åra var løyvinga 20 mill. kroner årleg. Frå 2013 auka løyvinga til 25 mill. kroner.

SIOS er eit norskleidd samarbeid mellom institusjonar med relevant forskingsinfrastruktur på Svalbard (laboratorium, observatorium, feltutstyr mv.). Målet er å legge til rette for tverrvitskaplege studium av jordsystemet, der havstraumar, atmosfæriske og geologiske tilhøve, is- og snødekke, planter og dyr heng saman i kompliserte mønster. Regjeringa vil legge til rette for at SIOS kan bli formelt etablert innan utgangen av 2016. Kunnskapsdepartementet sette med det siktemålet i gang eit interimsprosjekt i oktober 2015, leidd av Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekke andre funksjonar ei viktig rolle når det gjeld å kartlegge klimaendringar. Instituttet skal følge den globale og den nasjonale klimautviklinga, og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig klimatilpassing. Klimatilpassingsarbeidet er frå 2014 – i samarbeid med Klima- og miljødepartementet – styrka ved auka satsing på Norsk klimaservicesenter (KSS), som Meteorologisk institutt leier. KSS legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data slik at dei kan brukast til klimatilpassing og i vidare forsking om effekten av klimaendringar på natur og samfunn. Senteret er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Uni Research / Bjerknessenteret, og der Miljødirektoratet er representert i styringsgruppa.

Artsdatabanken gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til, og omfang av, biologisk mangfald i Noreg. Artsdatabanken samlar data frå ei rekke institusjonar som universitetsmusea, miljøforskingsinstitutta, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar. I dei seinare åra har dei òg fått tilgang til data som er samla inn i samband med konsekvensutgreiingar, frå konsulentselskap og andre kommersielle verksemder. Viktige produkt og tenester frå Artsdatabanken er Raudlistene for artar og naturtypar, Svartliste for framande artar og ulike tenester som koplar naturkunnskap med elektroniske kart. Tenestene til Artsdatabanken er særleg viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking, men dei har òg blitt svært populære blant allmenta, som opptrer som både brukarar og bidragsytarar.

Eit anna viktig tiltak som Kunnskapsdepartementet finansierer, er den norske medlemskapen i Global Biodiversity Information Facility (GBIF). GBIF er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. GBIF-Noreg samarbeider tett med Artsdatabanken om å legge til rette artsdata frå universitetsmusea, forskingsinstitutt, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar for bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking.

Universitetsmusea forvaltar store vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til samlingane, særskilt når det gjeld tidsseriar og materiale som er innsamla over mange tiår. Gjennom den nordiske forskarskolen i biosystematikk har universitetsmusea fått ei større rolle i undervisning og kompetanseheving innanfor klassisk biologi. Natur- og miljøforvaltninga i Noreg er mellom anna avhengig av denne kompetansen for å kunne følge opp naturmangfaldlova.