Kunnskapsdepartementet (KD)

Vedlegg 5.      

Underliggande verksemder o.a

Figur 5.1 Underliggande verksemder o.a.
Verksemder o.a. som er markert med grå farge, er styrte av Utdanningsdirektoratet.

 

Verksemder underlagde Kunnskapsdepartementet

Forklaringar og forkortingar:

Avdeling for analyse, internasjonalt arbeid og kompetansepolitikk (AIK)
Kompetanse Noreg (tidlegare Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk)
Administrasjons- og økonomiavdelinga (AØ)
Met: Meteorologisk institutt
NUPI: Norsk utanrikspolitisk institutt

Barnehageavdelinga (BA) / Opplæringsavdelinga (OA)
Avdelingane er førte opp samla i tabellen, da dei samarbeider tett i etatsstyringa.

FUG: Foreldreutvalet for grunnopplæringa
FUB: Foreldreutvalet for barnehagar

Foreldreutvala er førte opp samla i tabellen, da dei har felles sekretariat og mottar eit felles tildelingsbrev

Vea: Noregs grøne fagskole
Udir: Utdanningsdirektoratet
Statped: Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet
Senter for IKT i utdanninga

 

Nasjonale senter:

Dei nasjonale sentera er organiserte som såkalla § 1-4.4-institusjonar: einingar for drift av nasjonale fellesoppgåver som er organiserte etter § 1-4 fjerde ledd i lov om universiteter og høyskoler. Organiseringa inneber at einingane har status som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, og ligg til ein høgre utdanningsinstitusjon, utan at institusjonens eigne styringsorgan har ansvaret for den faglege verksemda.

NAFO – Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring – HiOA
Folkehelsesenteret – Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet – HiB
Framandspråksenteret – Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa – HiØ
KKS – Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa – UiN
Lesesenteret – Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking – UiS
Læringsmiljøsenteret – Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking – UiS
Matematikksenteret – Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa – NTNU
Naturfagsenteret – Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa – UiO
Nynorsksenteret – Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa – HiVolda
Skrivesenteret – Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking – NTNU

 

Samiske skolar:

Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole
Samisk vidaregåande skole, Karasjok
Sameskolen i Midt-Noreg
URLU: Utdanningsdirektoratets råd for likeverdig utdanning
SRY: Samarbeidsrådet for yrkesopplæring

 

Faglege råd for yrkesutdanninga:

Fagleg råd for bygg- og anleggsteknikk
Fagleg råd for design og handverk
Fagleg råd for restaurant- og matfag
Fagleg råd for helse- og oppvekstfag
Fagleg råd for service og samferdsel
Fagleg råd for elektrofag
Fagleg råd for teknikk og industriell produksjon
Fagleg råd for medium og kommunikasjon
Fagleg råd for naturbruk
Universitets- og høgskoleavdelinga (UH)
NOKUT: Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
SIU: Senter for internasjonalisering av utdanning

 

§ 1-4.4-institusjonar:

Artsdatabanken – NTNU
BIBSYS – NTNU

Verksemd slått saman av Current Research Information System In Norway (CRIStin) og Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT) – UiO

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering – NTNU
Noregsuniversitetet – UiT
Program for kunstnarleg utviklingsarbeid – KHiB
Forskingsavdelinga (FO)
NFR: Noregs forskingsråd
FEK: Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

 

Heileigde aksjeselskap

NSD: Norsk senter for forskningsdata
UNIS: Universitetssenteret på Svalbard
CESSDA: Consortium of European Social Science Data Archives
UNINETT
Simula Research Laboratory

 

Anna

KFU: Kunnskapssenter for utdanning