Finansdepartementet (FIN)

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på Finansdepartementets område, jf. likestillingslova § 1 bokstav a. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg teken med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld for det aller meste administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seie for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet og dei underliggjande etatane.

6.1 Finansdepartementet

Kvinner utgjorde 46 pst. av dei tilsette ved utgangen av 2016. Blant leiarane var talet 39 pst. Av seniorsaksbehandlarane var 40 pst. kvinner, og av juniorsaksbehandlarane var 64 pst. kvinner. 49 pst. av juristane og 40 pst. av økonomane var kvinner.

Kvinnelege leiarar tener i snitt 96,2 pst. av det mannlege gjer. Kvinnelege saksbehandlarar med økonomi- og samfunnsvitskapeleg utdanning, har 84,4 pst., og dei med juridisk utdanning har 89,3 pst. av den løna som menn har.

Det følgjer av tilsettingspolitikken at Finansdepartementet skal leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan bruke kompetansen sin og røynsla si.

Ved utgangen av 2016 hadde om lag 5 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Talet på søkjarar med innvandrarbakgrunn var 12 pst. i 2016, om lag som i tidlegare år.

Sjukefråværet har vore lågt i mange år. Samla legemeldt sjukefråværet var 2,2 pst., for kvinner 3,5 pst. og for menn 1,1 pst.

6.2 Etatane under Finansdepartementet

6.2.1 Likestilling

Etterfølgjande tabell gjev ei oversikt over prosentdelen kvinner og prosentdelen kvinnelege leiarar per 1. oktober 2016 i verksemdene under Finansdepartementet. Tal i parentes er frå 2015.

Tabell 6.1 Likestilling mellom kjønna

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Tilsette

6 798 (6 374)

1 648 (1 930)

904 (904)

423 (363)

268 (264)

Prosentdelar:

Kvinner i etaten

62 (62)

46 (48)

52 (51)

62 (61)

52 (53)

Kvinnelege leiarar, heile etaten

53 (55)

36 (38)

48 (51)

53 (50)

52 (57)

Kvinnelege leiarar region, direktorat og avdeling nivå 2

44 (47)

15 (20)

44 (40)

40 (33)

60 (50)

Kvinnelege leiarar nivå 3

50 (60)

38 (49)

47 (54)

58 (54)

53 (56)

Kvinnelege leiarar nivå 4

55 (55)

40 (35)

Neste tabell syner at med nokre unntak hadde kvinnene i gjennomsnitt lågare løn enn sine mannlege kollegaer.

Tabell 6.2 Kvinner sin del av løna til menn på nokre nivå

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Prosentdelar:

1227 Produksjonsdirektørar

95,7

102,0

103,0

94,6

98,7

2411 Økonomisk og samfunnsvitskapleg planlegging og utgreiing

90,3

85,0

92,0

101,1

97,1

2412 Juridisk planlegging og utgreiing

97,2

96,4

119,6

96,7

3432 Revisorar

94,4

97,0

100,1

2122 Statistikarar

91,0

3441 Tollfunksjonærar

94,0

Tabellen her syner tal for legemeldt sjukefråvær for 2016 for båe kjønn, kvinner og menn:

Tabell 6.3 Legemeldt sjukefråvær i pst. – båe kjønn, kvinner og menn

Skatteetaten Tolletaten SSB DFØ Finanstilsynet

Båe kjønn

4,4

4,4

3,4

3,1

2,6

Kvinner

5,5

5,1

4,6

3,8

2,9

Menn

2,7

3,8

2,1

1,9

2,3

Skatteetaten har i 2016 utarbeidd nye rutinar for oppfølging av sjukefråvær av både kort- og langtidsfråvær som gjeld frå og med 2017.

Tolletaten har starta eit etatsovergripande prosjekt « Nærvær og sjukefråværsoppfølging » der måla er sjukefråvær under 3,5 prosent i direktoratet (4,8 pst. i 2016) og under 4,5 prosent i regionane innan utgangen av 2018 (6 pst. i 2016). Tiltaka startar i 2017 og er retta mot opplæring av leiarar, nærværsfaktorar og revidering av rutinar for sjukefråværsoppfølging for å nå desse måla. Det er utarbeidd tiltak for auka rørsle blant medarbeidarane (BiA – bevegelse i arbeidstida). Tiltaket opnar for inntil ein time med rørsle i arbeidstida, mot at medarbeidarane forpliktar seg til å røre på seg ein time på fritida i tillegg.

Alle etatane i departementsområdet er IA-verksemder og har plikt til å leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan vere i arbeid.

Nokre tiltak

I Skatteetaten har prosentdelen kvinnelege leiarar gått ned med 2 prosentpoeng sidan 2015. I « Plan for likestilling og mangfald 2015–2018 » har etaten som mål: «- likeverd, likestilling og mangfald skal vere ein del av etaten sin organisasjonskultur». Målet vert støtta av delmål for dei ulike diskrimineringsgrunnlaga og tiltak. For likestilling mellom kjønna vil etaten særleg arbeide for lik løn for arbeid av same verdi. Vidare har etaten mål om at fleire i seniorstillingar er kvinner.

I Tolletaten har prosentdelen kvinnelege leiarar gått ned med 2 prosentpoeng sidan 2015. Etaten arbeidde i 2016 med å leggje ein strategi for å få betre kjønnsbalanse i leiarstillingar. Store delar av arbeidet med likestilling og diskriminering er organisert i eit prosjekt for å hindre diskriminering, også på bakgrunn av kjønn. Tiltaket det blir lagt mest vekt på, er deltakinga i eit statleg mangfaldsnettverk med representantar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og sju andre statsinstitusjonar. Nettverket starta i 2016 eit kartleggingsprosjekt retta mot profesjonell rekruttering, for å hindre diskriminering i rekrutteringsprosessen. Sjølve kartlegginga vert gjennomført av Fafo og vil halde fram i heile 2017. Samtidig skal Fafo følgje fleire rekrutteringsprosessar i etaten etter kvart som dei vert gjennomførte i 2017.

Alle verksemder skal leggje til rette for at ingen vert diskriminerte, jamfør òg krava i diskrimineringslovene. Kvar arbeidsplass skal òg leggje forholda til rette for eit godt arbeidsmiljø som inkluderer alle, òg uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.

6.2.2 Etnisitet

Tabell 6.4 Tilsette med innvandrarbakgrunn

Prosentdeler

Skatte- etaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Heile dep.omr.

Statleg tariffomr.

I alt

8,0 (8,2)

5,5 (5,9)

15,6 (12,2)

13,9 (10,9)

7,4 (6,5)

8,4 (7,5)

10,7 (10,2)

Frå landgruppe 1 1

2,9 (3,0)

2,5 (2,5)

5,3 (3,7)

4,1 (3,3)

3,2 (2,2)

3,1 (2,7)

5,5 (5,3)

Frå landgruppe 2 2

5,1 (5,2)

3,0 (3,4)

10,3 (8,5)

9,8 (7,7)

4,2 (4,3)

5,3 (4,8)

5,2 (4,9)

1 EU/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia og New Zealand

2 Resten av verda

Tabellen foran syner prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i statleg tariffområde, departementsområdet og etatane. Tala er frå 2016, med 2015-tal i parentes.

Nokre tiltak

Alle etatane har innarbeidd statleg praksis om innkalling av minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju. Fleire av etatane deltek òg i mangfaldsnettverk.

Statistisk sentralbyrå har gjennom mange år rekruttert tilsette med innvandrarbakgrunn som har høgare utdanning, og denne medarbeidargruppa har ståande tilbod om norskundervisning.

Skatteetaten har som mål at delen av tilsette med innvandrarbakgrunn skal spegle befolkninga lokalt. I 2016 er det gjennomført fleire mangfaldsdagar i dei ulike driftseiningane med formål å syne verdien av eit mangfaldig arbeidsmiljø og auke kompetansen knytt til mangfaldsrekruttering og mangfaldsleiing.

6.3 Programkategori 00.30 Regjering

Statsministerens kontor

Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling.

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 1. oktober 2016.

Fordeling tilsette i %

Kvinner sin del av løna til menn i %

Menn

Kvinner

Alle tilsette

61

39

101

Toppleiing

50

50

103

Adm. leiargruppe

71

29

101

Seniorrådgjevarar

61

39

86

Andre saksbehandlarar o.a.

36

64

86

Sjåførar

88

12

97

Målet er ei jamn kjønnsfordeling blant dei tilsette ved kontoret. Kjønnsfordelinga kan verte betre i einskilde grupper, som sjåførgruppa og gruppa andre saksbehandlarar og støttefunksjonar. I sekretærgruppa var det 11 kvinner og ein mann, og i sjåførgruppa var det 22 menn og tre kvinner.

På leiarnivå har kvinner noko høgare gjennomsnittsløn enn menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierer, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidsrøynsle.

I 2016 var samla sjukefråvær 2,0 pst – 1,3 pst. for menn og 2,9 pst. for kvinner.

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Funksjonshemma og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju.

Statsministerens kontor er IA-verksemd. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, til dømes på grunn av sjukdom, operasjonar, graviditet eller omsorgsoppgåver.

Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. For tilsette over 60 år vert det i medarbeidarsamtalen utført ein seniorsamtale for å kartleggje eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrkje moglegheita for å stå lenge i stillinga.

Arbeidsmiljøutvalet har ein årleg gjennomgang av likestillingssituasjonen i dei ulike stillingsgruppene ved kontoret.

Regjeringsadvokaten

Regjeringsadvokaten har ein likestillingsplan med mål som skal hindre forskjellsbehandling på grunn av kjønn innanfor område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, tilrettelegging for omsorgsplikter m.m. Embetet legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit for utvikling gjennom oppgåver og kompetansetiltak.

Tilstandsrapport kjønn

Alle tal i tilstandsrapporten er frå 1. oktober 2016. Tre av sju medlemmer i leiargruppa var kvinner. Kvinnene utgjorde 41 pst. av advokatane ved embetet og heile 86 pst. av dei administrativt tilsette. Alle advokatane, unntatt ein, arbeidde i 100 pst. stilling.

Gjennomsnittsløna for kvinnelege advokatar (inkludert leiarar og vikarar) utgjer 85,7 pst. av løna til menn. Differansen heng saman med alderssamansetjinga i kjønnsgruppene. Hos Regjeringsadvokaten får advokatane eit betydeleg lønshopp når dei får møterett for Høgsterett. Tildeling av prøvesaker for Høgsterett følgjer i stor grad ansienniteten og vil såleis alltid skje på kjønnsnøytrale premiss.

Det samla legemelde sjukefråveret i 2016 var 3,25 pst. for embetet. Sjukefråveret for menn var 0,4 pst. og 5,4 pst. for kvinner.

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i grupper med skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. Regjeringsadvokaten kallar som hovudregel inn minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringsadvokaten legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr og arbeidsoppgåver for medarbeidarane. Embetet tilbyr arbeidsplassvurdering til alle tilsette og gir moglegheit til trening.

For dei som har minimum fem år til fyrste moglege avgangstidspunkt, vert det lagt opp til ein seniorsamtale. Føremålet er å diskutere framtidsutsikter og kva moglegheiter arbeidsgjevar har til å foreslå utfordrande oppgåver og kompetansehevande tiltak som kan gjere det attraktivt å stå lenger i stillinga. For at dei eldre skal stå lenger i stillinga, har embetet innført betre ordningar for seniorar.