Finansdepartementet (FIN)

Prop. 1 S

(2017–2018)

7.1 Finansdepartementet

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle sektorar i samfunnet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. I Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet finst ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker for regjeringa.

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv forvalting av dei økonomiske ressursane. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Saman med omsetjelege utsleppskvotar og direkte reguleringar, er avgifter dei mest effektive verkemidla styresmaktene har mot miljøproblema. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minke utsleppa der det er billegast, og sikrar at forureinarane betaler.

Regjeringa fremjar fleire forslag som styrkjer klima- og miljøinnrettinga av avgiftssystemet. Mellom anna vert det foreslått å gjere CO 2 -avgifta meir kostnadseffektiv ved å fjerne fritak og låge satsar. Dette følgjer opp eit oppmodingsvedtak frå Stortinget og er i tråd med anbefalinga til Grøn skattekommisjon, jf. NOU 2015: 15 Sett pris på miljøet . Det vert òg foreslått ei endring i svovelavgifta på mineralolje som gjev meir riktig prising av miljøskadar.

I tillegg foreslår regjeringa auka vegbruksavgift på LPG og auka omsetningskrav for biodrivstoff. Fritaket for elbilar i eingongsavgifta for køyretøy vert avvikla, og for ladbare hybridbilar vert avgifta differensiert etter elektrisk rekkjevidde. Vidare fremjar regjeringa forslag om fritak for elbilar for omregistreringsavgift og trafikkforsikringsavgift. For ein nærare omtale av forslaga, sjå Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018 , kap. 9.

7.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Noregs klimamål slik dei mellom anna kjem fram i Kyoto-protokollen og i Paris-avtala, til ei ny forordning om miljørekneskapar i Eurostat, samt rapportering som følgjer av ny klimalov. Norsk klimapolitikk er nært knytt til EU. Regjeringa arbeider for at Noreg og EU frå 2021 skal samarbeide om å stette klimaskyldnadene for 2030. Dette vil auke behovet for å skilje mellom utslipp frå kvotepliktig sektor og ikkje-kvotepliktig sektor. Statistikken over langtransportert forureining er mest knytt til oppfølginga av Gøteborg-protokollen. I tillegg til dei krava som Kyoto-protokollen set, vert det no teke med tal for utslepp frå internasjonal luft- og sjøfart og opptak av CO 2 i skog. SSB har bygd ein ny produksjonsløysing for energirekneskapen og energibalansen. Han vert tatt i bruk i statistikkproduksjonen i 2017 og vil gje meir robust og effektiv produksjon av desse rekneskapane. Samstundes med omlegginga av produksjonsløysinga, har ein gjennomgått metodane. Dette vil òg betre grunnlaget for berekningane av utslepp av luft. Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram. I perioden 2018–2020 skal han utvidast med tal for miljøsubsidiar. Statistikk over avfall og attvinning skal dekkje både rapporteringskrav frå EU som følgjer av statistikkforordninga, og nasjonale behov. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. SSB følgjer òg opp statistikkforordninga om materialrekneskapar; «Sirkulær økonomi» (materialstraumar og attvinning). Ein skal finne målepunkt som er tilpassa nytt direktiv, tilpasse datainnhenting og avklare korleis statistikken skal kunne ta vare på nasjonale og internasjonale behov. Vidare skal SSB i samarbeid med Miljødirektoratet og andre aktørar starte utviklinga av statistikk om matsvinn i verdikjeda frå produsent til konsument. SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal.

Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande. Frå 2017 vert EU-forordning for miljørekneskapar til miljøvernutgifter (EPEA), miljørelaterte varer og tenester (miljønæringar – EGSS) og næringsfordelt energibruk utvida etter standarden for nasjonalrekneskap som følgjer SEEA (System for Environmental and Economic Accounting).

Innanfor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er det fleire store analyseprosjekt i gang, knytt til energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og utnytting av naturressursar. I desse nyttar ein økonomiske analysemodellar av norsk, europeisk og global økonomi. Forskingsprosjekta nyttar norske data, i hovudsak frå SSB, og medverkar til statistikkarbeid på feltet. Prosjekta omfattar mellom anna omstilling av norsk økonomi og studiar av eit grønt skift, grøne næringar og potensial for auke i ressursnæringar utanom oljesektoren. Andre, relevante forskingsområde er økosystem og utvikling og å nytte ny energistatistikk. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmenta, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, mellom anna gjennom det samfunnsfaglege senteret for energiforsking, CREE, som miljø- og energiforskarane i SSB er ein del av.

7.3 Avsetning til tapsfond for miljølåneordninga i Den nordiske investeringsbanken

Sida 1997 har Finansdepartementet hatt fullmakt til å gje garanti for miljølåneordninga i Den nordiske investeringsbanken. I åra 1998–2004 vart det gjennom løyvingar på statsbudsjettet bygt opp eit tapsfond på 45 mill. kroner til dekking av eventuelle tap. Som følgje av tap i 2014 og varsla, ytterlegare tap, er det for 2015, 2016 og 2017 kvart år løyvd 20 mill. kroner til tapsfondet. Fondet vert i 2014 belasta med vel 33,1 mill. kroner og i 2016 med vel 27,6 mill. kroner. For 2018 vert det gjort framlegg om 10 mill. kroner til fondet for å byggje dette opp igjen.