Forsvarsdepartementet (FD)

2.1 Tryggings- og forsvarspolitiske mål

Tryggingspolitikken til Noreg har som føremål å ta vare på Noreg sin suverenitet, territoriale integritet og politiske handlefridom. NATO-alliansen og det transatlantiske tryggingsfellesskapet er berebjelken i norsk tryggingspolitikk. Noreg vil bidra til å førebygge væpna konflikt, og arbeide for fred og stabilitet innanfor ein global, multilateral rettsorden basert på prinsippa nedfelte i FN-pakta.

Forsvaret er eit grunnleggande og avgjerande tryggingspolitisk verkemiddel for å sikre norsk suverenitet, norske rettar og for å bevare norsk handlefridom mot militært og anna press. Forsvaret skal, saman med allierte, ha ein avskrekkande effekt ved at kostnadane ved å true eller angripe norsk tryggleik ikkje står i høve til ein mogleg vinst. Forsvaret skal bidra til at det ikkje oppstår militære truslar mot Noreg.

Forsvaret skal saman med allierte sikre kollektivt forsvar av Noreg og andre allierte mot truslar, anslag og åtak. Ved deltaking i internasjonale operasjonar og kapasitetsbygging i utvalde land, skal Forsvaret førebygge krig og bidra til tryggleik og stabilitet.

Forsvaret skal bidra til samfunnstrygging gjennom støtte til, og samarbeid med, sivile styresmakter ved terrorangrep og andre alvorlege hendingar, ulykker og naturkatastrofar.

2.2 Utviklingstrekk og utfordringar

Globale utviklingstrekk

USA er den klart største militærmakta i verda, og landet har framleis den største økonomien i verda, men den gradvise forskyvinga av global makt mot Asia held like fullt fram. Kina og andre folkerike land i Asia veks raskare enn vestmaktene, og dei aukar forsvarsbudsjetta sine monaleg. USA har framleis hovudfokus retta mot Asia og Stillehavet, også i tryggingspolitikken. Fleire land i Aust-Asia og Sør-Asia har atomvåpen og utviklar nye kapasitetar, mellom anna langtrekkande missilar. Usemje om grenser og sjøområde har potensial til å utløyse alvorlege konfliktar.

Nokre av stormaktene som veks fram er kjenneteikna av ein kombinasjon av autoritært styresett, marknadsøkonomi og styrka militær evne. Dei ser seg ofte som alternativ til demokratiet og verdigrunnlaget i Vesten, og den politiske modellen deira kan verke tiltrekkande på einskilde statar.

Globalisering og auka internasjonal samhandel er grunnleggande positivt, men gjer oss også meir sårbare på einskilde område. Avstandane blir mindre, og tryggingspolitiske kriser andre stader i verda kan få følger for Noreg. Utviklinga mot ein multipolar verdsorden kan føre med seg rivalisering mellom stormakter, der folkeretten og multilaterale avtalar blir utfordra. Det kan verka inn på den globale stabiliteten og vil også kunne verke inn på utviklinga i våre nærområde. Det er i norsk interesse å halde oppe ein verdsorden tufta på FN, folkeretten og multilaterale løysingar. Vi er ikkje tente med ei svekking av den tryggingspolitiske arkitekturen som blei oppretta etter den andre verdskrigen.

Eit stort område sør og søraust for Europa er prega av krig, motsetnader, uro og svakt styresett. Dei kompliserte konfliktane i Midtausten og Nord-Afrika har ført til politiske kriser, etniske og religiøse samanstøytar, maktvakuum, ekstremisme og terror. Situasjonen er særleg kritisk i Syria, Jemen, Irak og Libya. Dei langvarige krigane og konfliktane har ført til store flyktningstraumar, både i regionen og over Middelhavet mot Europa. Den internasjonale kampen mot ISIL har framgang, og terrororganisasjonen har tapt store landområde.

Regionale utviklingstrekk

Europa er i endring og står overfor store utfordringar som direkte og indirekte kan verke inn på tryggingspolitikken. Fleire år med relativt svak økonomisk utvikling, vedvarande høg arbeidsløyse blant ungdom, auka immigrasjon og fleire terroraksjonar har ført til misnøye, polarisering og uro for framtida i mange land. Desse utviklingstrekka verkar inn på og forsterkar kvarandre og får djuptgåande politiske og sosiale verknader. Det oppstår motsetnader mellom europeiske land på sentrale politikkområde. Mange europeiske veljarar gir uttrykk for sviktande tillit til dei styrande og til vel etablerte institusjonar. Religiøs radikalisering og ekstremisme blir forsterka av den sosiale og politiske utviklinga og av aktørar utanfor Europa. Storbritannia sitt vedtak om å melde seg ut av EU har skapt uvisse både om den vidare politiske utviklinga på dei britiske øyane og om samarbeidet i Europa.

Samstundes er det teikn til at den økonomiske aktiviteten tar seg opp i fleire land. Avtalar og nye ordningar bidrar til at migrasjonen ser ut til å kunne haldast på eit nivå som ikkje utløyser like kraftige spenningar og reaksjonar som under og etter flyktningkrisa i 2015. I sentrale europeiske land har politikarar som støttar opp om europeisk samarbeid og dei internasjonale organisasjonane hatt framgang. Dette gir håp om ei meir stabil utvikling framover som er fundert på vekst og tillit og som dempar konfliktar og fremjar samarbeid.

Den tryggingspolitiske situasjonen i Europa blei endra som følge av Russland sin annektering av Krim og den vedvarande destabiliseringa i Aust-Ukraina. Russisk vilje til å nytte militær makt mot ein nabostat og til å bryte folkeretten førte til uro og utløyste reaksjonar frå vestmaktene. Fleire av Russland sine naboland som er med i NATO har bede om, og fått, militær støtte i form av utplasserte militære avdelingar frå andre allierte. Desinformasjon, data-angrep og anna destabiliserande åtferd verkar også negativt inn på forholdet mellom Vesten og Russland.

For tryggleiken og samhaldet i Europa har NATO og EU i lang tid vore dei viktigaste organisasjonane. Det er avgjerande, ikkje minst for mindre land, at vi har godt fungerande, multilaterale forum for samarbeid og for å finne felles løysingar, ikkje minst når det gjeld europeisk tryggleik. Alternativet kan bli at dei sterkaste nasjonane vil opptre meir på eiga hand når utfordringar og konfliktar oppstår. Særleg viktig for Europa er det å sikre og vidareutvikle det transatlantiske samhaldet, slik at allierte på begge sider av Atlanteren ser seg tente med å bygge vidare på det omfattande tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet som har tent det transatlantiske fellesskapet godt gjennom snart 70 år. NATO har vore sentral i å bidra til freden i det transatlantiske området. For Europa er det også viktig med eit nært og godt samarbeid mellom NATO og EU, slik at dei to organisasjonane i tryggingspolitikken kan utfylla kvarandre på ein effektiv måte og unngå duplisering.

Faren for spreiing av masseøydeleggingsvåpen og ballistisk våpenteknologi er framleis stor og urovekkande. Trusselen frå land utanfor det euro-atlantiske området mot NATO sitt territorium frå presisjonsstyrte våpen og missilar med ulik rekkevidde held fram. Dette er bakgrunnen for vektlegginga i NATO av missilforsvar. Det er også i fleire land ei auka satsing på bruk av verdsrommet for militære føremål.

Nordområda

Regjeringa si satsing på nordområda held fram i 2018. Situasjonen i nord blir framleis vurdert som stabil. Dei overordna målsettingane knytte til stabilitet og samarbeid ligg fast og går fram av regjeringa sin nye nordområdestrategi som blei lagt fram i april. Tryggings- og forsvarspolitikken er eit av grunnelementa i nordområdearbeidet til regjeringa. Regjeringa ønsker meir alliert øving og trening i nord, og det er viktig at denne går føre seg innanfor rammene av norske retningsliner for alliert aktivitet i nordområda. Rolla til Forsvaret er i hovudsak suverenitetshevding, overvaking og myndigheitsutøving.

Regjeringa legg vekt på å engasjere nære allierte i nordområda. Dette er eit viktig tema i den tryggingspolitiske dialogen med allierte, og er nedfelt i den nye nordområdestrategien. Fleire allierte land viser stadig større interesse for utviklinga i nord og har ytra ønske om tettare samarbeid og auka nærvær i nord i form av trening og øving. Det er viktig for Noreg at allierte har kjennskap til den politiske og militære utviklinga i området, og har ei oppdatert situasjonsforståing av militær og anna relevant aktivitet i regionen. Både i øvinga Joint Viking i Finnmark i mars og i Arctic Challenge- øvinga i mai 2017 deltok allierte land og partnarland, i tillegg til i annan øving og trening. Også i 2018 vil det bli monaleg alliert øvings- og treningsaktivitet, i første rekke gjennom NATO-øvinga Trident Juncture som gjennomførast kvart tredje år. I november 2018 finn øvinga stad i Midt-Noreg. Regjeringa si vurdering er at eit synleg, militært nærvær i nord bidrar til stabilitet og føreseiing. Samstundes er det viktig at den samla militære aktiviteten skjer på ein måte og i eit omfang som ikkje skapar uro eller rokkar ved stabiliteten i nordområda. Etablerte retningsliner og prosedyrar er med på å sikre at utanlandsk militær verksemd varetar slike omsyn.

Med minkande havis i Arktis har det i fleire år vore aukande kommersiell interesse for transitt gjennom Nordaustpassasjen. Likevel er særleg den transpolare trafikken framleis avgrensa, og lite tyder på at spådommen om omfattande kommersiell trafikk mellom aust og vest via nordområda vil bli ein realitet i nær framtid. Regjeringa ser positivt på at kommersiell berekraftig aktivitet i nordområda aukar. Dette er i samsvar med norsk nordområdepolitikk. Merksemda om og aktiviteten knytt til olje- og gassførekomstane i regionen har blitt noko mindre, som følge av dyre utvinningskostnadar og reduserte prisar på verdsmarknaden samanlikna med for nokre år tilbake.

Russland

Russland si militære og utanrikspolitiske framferd uroar omverda. Russland sine stormaktsambisjonar er understøtta av ei betydeleg styrking av militærmakta. I krigen i Georgia i 2008, ved anneksjonen av Krim våren 2014 og ved den pågåande destabiliseringa i Aust-Ukraina har Russland nytta militærmakt i strid med folkeretten. Russisk bruk av militærmakt i Syria viser globale stormaktsambisjonar og den strategiske interessa dei har i Midtausten.

Russiske tryggingsstrategiar og militære doktrinar viser at styresmaktene ønsker innverknad i russiske nærområde. Russland sitt ønske om å dominere i land som Moskva vil ha i sin innverknadssfære går på tvers av internasjonale prinsipp om statar sin sjølvråderett. Russland har lenge ønskt å hindre ytterlegare NATO-utviding, etablering av basar og utplassering av militære kapasitetar nær den russiske grensa. Russiske leiarar gir uttrykk for manglande tillit til vestlege land sine intensjonar, særleg rolla til NATO i Baltikum og i Aust-Europa. Spenninga mellom Russland og resten av Europa slår også inn på Vest-Balkan.

Russland har gjennom militærreforma som blei starta i 2008 investert tungt i militærmakta. Den politiske vilja til å prioritere forsvar har halde fram trass i nedgangen i økonomien. Det er no eit høgare militært aktivitetsnivå, noko som må ses i samanheng med militærreforma og dei pågåande materiellprogramma. Styrkinga av den militære evna er demonstrert gjennom fleire og meir komplekse øvingar og militære operasjonar. Moderniseringa vil truleg halde fram, og det vil styrke den russiske militære kapasiteten. Eit viktig mål med reforma er å auke talet på ståande militære avdelingar som kan settast inn på kort varsel. Eit verkemiddel for å nå dette er ikkje-varsla beredskapsøvingar for å teste reaksjonsevne og bemanning i militærdistrikta. Slike ikkje-varsla øvingar gjer særleg nabostatar bekymra.

Moderniseringa av det russiske militæret har gitt ein vesentleg meir fleksibel og mobil organisasjon med høgare reaksjonsevne. Russland har styrkt både den konvensjonelle evna og kjernevåpenkapasiteten som gjennom mange år har vore ein sentral del av det russiske forsvarskonseptet. I løpet av det neste tiåret vil den russiske militærmakta disponere fleire typar kryssarmissil med lang rekkevidde, stor presisjon og høg gjennomtrengingsevne. Dei langtrekkande presisjonsvåpna sett Russland i stand til å gjennomføre åtak frå store avstandar, og med kort varslingstid. Russland har vist evne til å kombinere militærmakt med fordekte militære og ikkje-militære verkemiddel. Den russiske militærevna gir landet fleire handlingsalternativ i heile krise- og konfliktspekteret.

Arktis og nærområda til Noreg er av sentral militærstrategisk betyding for Russland som baseområde for den russiske kjernefysiske avskrekkings- og andreslagsevna. Den sentrale rolla Nord-Atlanteren og Barentshavet spelar i det russiske forsvarskonseptet inneber at det vil vere eit mål for Russland å ha kontroll over hav- og landområde i norske nærområde i ein situasjon med auka militær spenning ein annan stad. Dette kan vere aktuelt i ein situasjon med auka spenning mellom Russland og NATO i Europa, eller i ein situasjon der verken NATO eller Noreg er ein direkte part i ei konflikt knytt til Russland. Den strategiske utviklinga i Nord-Atlanteren er bakgrunnen for fleire av regjeringa sine prioriteringar i langtidsplanen. Den russiske militære utviklinga er derfor ein sentral faktor i den samla vurderinga av tryggings- og forsvarspolitiske utfordringar i Noreg sine nærområde.

Den militære utviklinga i Russland forsterkar asymmetrien i forholdet til Noreg, men Russland er i dag ikkje halde for å vere ein militær trussel mot Noreg. Med det krevjande forholdet mellom NATO og Russland er det avgjerande å unngå misforståingar og uønska eskalering. For å vareta tryggleiken i sjøområda i nord, og ein stabil og føreseieleg situasjon i nærområda våre, har regjeringa halde oppe den direkte linja mellom Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) og Nordflåten, samvirket innanfor kystvakt og grensevakt, samarbeidet om søk og redning og mekanismane i Incidents at Sea- avtalen. For å motverke ein fortsatt negativ utvikling mellom Russland og NATO, og unngå misforståingar i samband med militær aktivitet, er det viktig med dialog og tillitsskapande tiltak. Derfor blir det viktig å vidareføre og oppdatere eksisterande avtalar og å etablere nye mekanismar som bidrar til openheit om militær aktivitet. Wien-dokumentet, avtalen om opne luftrom ( Open Skies ) og avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE) er slike eksisterande mekanismar. Russland suspenderte CFE-avtalen einsidig i 2007, og NATO slutta å dele informasjon med Russland i 2011. Innanfor ramma av NATO-Russland-rådet er det praktiske militære samarbeidet suspendert, men det er viktig å halde oppe politisk dialog.

Cyber, terror og masseøydeleggingsvåpen

Dei mest alvorlege åtaka i det digitale rommet (cyberdomenet) har potensial til å sette funksjonar som er grunnleggande for samfunnet og statstryggleiken ut av spel. Trusselen er aukande, og kjem frå både statlege og ikkje-statlege aktørar, og varslingstida er kortare. Det kan ofte vere vanskeleg å slå fast at ein er under åtak, kven angriparen er, og kva som er føremålet med åtaket. Ulike aktørar utøver påverknad av forståinga av røyndommen gjennom fornekting og desinformasjon i sosiale medium og nyhendemedium. Målet er å forme det strategiske handlingsrommet til eigen fordel. Dei mest alvorlege truslane i det digitale rommet er likevel framand etterretningsverksemd og moglege sabotasjehandlingar. Russiske og kinesiske aktørar står fram som dei mest aktive aktørane bak nettverksbaserte etterretningsoperasjonar retta mot Noreg. Nettverksbasert sabotasje utgjer ein alvorleg, men førebels lite spesifikk trussel. Slike sabotasjeoperasjonar vil først og fremst vere aktuelle i ein alvorleg krisesituasjon, og da i kombinasjon med andre verkemiddel. NATO har stadfesta at cyberangrep kan få like alvorlege konsekvensar som angrep med konvensjonelle våpen og at dei derfor er omfatta av artikkel 5 i Atlanterhavspakta om kollektivt forsvar. Under NATO-toppmøtet i Warszawa sommaren 2016 blei dei allierte stats- og regjeringsleiarane einige om ei felles erklæring om å styrke arbeidet med å trygge alliansen og dei allierte mot digitale truslar. Cyberdomenet er ein integrert del av militæroperasjonar, og cyberkapabilitetar vil derfor vere viktige element for eit forsvar, sjølv om cyberkapabilitetar aleine neppe vil kunne avgjere mellomstatlege konfliktar.

Terrorisme som fenomen er først og fremst ein trussel mot samfunnstryggleiken, men terroren sin karakter har potensial til å ramme og lamme både samfunn og regionar. Valdelege ekstremistar er ei alvorlig tryggingsutfordring for Noreg og andre europeiske land. Globalt har talet på terrorangrep auka dei siste ti åra, der Sør-Asia er regionen som er utsett for flest angrep. Samstundes viser åtaka fleire stader i Europa dei siste par åra at terrortrusselen har implikasjonar for europeisk tryggleik. Framandkrigarar som returnerer til vestlege land med kamperfaring utgjer ei fare for at menneske i sårbare lokalmiljø kan bli ytterlegare radikaliserte, samstundes som mange av åtaka er utførte av individ og grupper som har blitt radikaliserte i heimlandet sitt.

Spreiing av masseøydeleggingsvåpen er ein alvorleg trussel mot internasjonal tryggleik. Spreiing av kjernevåpenkompetanse til ustabile statar står i ei særstilling med sitt potensial for skade. Slike våpen kan føre til regional destabilisering og moglege våpenkappløp. Kjemiske og biologiske våpen og spreiing av teknologi for langtrekkande leveringsmiddel vil kunne true europeisk tryggleik.

NATO og det transatlantiske samarbeidet

NATO er inne i ei tid med store endringar, samstundes som det er ei krevjande utvikling i tryggingssituasjonen. Under NATO-toppmøtet i Warszawa i juli 2016 bekrefta medlemslanda vilje til å halde fram den langsiktige tilpassinga av NATO, med forsterka vekt på avskrekking og kollektivt forsvar. Mellom anna blei det vedtatt å styrke det allierte nærværet i aust gjennom konseptet Enhanced Forward Presence (eFP). Toppmøtet vedtok også eit rammeverk for å fremje stabilitet i alliansen sine sørlige naboland, gjennom å styrke den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet med partnarland i Midtausten og Nord-Afrika.

Etter to tiår prega av krisehandtering utanfor NATO-området, har den auka vektlegginga av avskrekking og kollektivt forsvar festa seg i heile alliansen. Dei kollektive forsvarsoppgåvene har prioritet, mellom anna gjennom dei mange tiltaka for styrka beredskap og reaksjonsevne som er vedtatte sidan Wales-toppmøtet i 2014 og Warszawa-toppmøtet i 2016. Oppfølginga har vore god, og tiltaka inneber at NATO tilpassar seg ein endra tryggingspolitisk situasjon. Det er i samsvar med norske interesser og prioriteringar. NATO sitt minitoppmøte i mai 2017 var viktig for å signalisere at alliansen står bak vedtaka frå toppmøta i 2014 og 2016. NATO si rolle i kampen mot terror og betre byrdefordeling av kostnadar sto også høgt på dagsorden.

Handlingsplanen for styrka nærvær og styrka reaksjonsevne som ein reaksjon på dei nye utfordringane i aust ( Readiness Action Plan , RAP) er sentral for utviklinga i NATO. Handlingsplanen legg opp til ei styrking av NATO sin beredskap og operative evne, mellom anna gjennom oppdatering av beredskapsplanane og planane for forsvar av territoriet til alliansen. Dette vil legge til rette for hurtig forsterking til alle delar av alliansen, inkludert nordområda. NATO sine reaksjonsstyrkar – NATO Response Force (NRF), har auka i storleik og fått kortare reaksjonstid. I tillegg er den hurtige reaksjonsstyrken i NRF, Very High Readiness Joint Task Force (VJTF), i god utvikling. Noreg var saman med Nederland og Tyskland om å etablere pilotstyrken i 2015. Vidare er multinasjonale kommando- og kontrolleiningar etablerte i åtte austlege allierte land: Estland, Latvia, Litauen, Polen, Bulgaria, Romania, Ungarn og Slovakia. Føremålet er å styrke det kollektive forsvaret, mellom anna ved å betre evna til mottak av hurtige reaksjonsstyrkar.

Dei såkalla forsikringstiltaka for medlemsland langs NATO si austlege grense, og avskrekking overfor Russland, er også ein del av handlingsplanen. Tiltaka inkluderer nærvær gjennom meir øving og trening i dei austlege medlemslanda, og rotasjon av deployerte land-, sjø- og luftstyrkar. Denne aktiviteten held fram, med norsk deltaking, og vil stå høgt på alliansen sin dagsorden dei komande åra. Trening og øving vil også vere viktig i nordisk samanheng, i ramma av Enhanced Opportunities Programme (EOP), kor Sverige og Finland inngår. Det vil vere ein synleg demonstrasjon av samhald, og av vilje til å møte utfordringar mot den felles tryggleiken.

Vedtaket i Warszawa om å auke det allierte nærværet i aust ytterlegare (eFP) inneber at NATO i 2017 plasserte ei bataljonsstridsgruppe i kvar av dei tre baltiske landa og Polen, basert på rotasjon av allierte styrkar. Tiltaka er utforma med sikte på å roe dei allierte i området og avskrekke Russland, men utan at spenninga i Europa aukar. Noreg har frå sommaren 2017 stilt med 200 soldatar som er del av den tysk-leia bataljonen i Litauen.

Regjeringa er også tilfreds med at strategiske utfordringar i Nord-Atlanteren blei konstatert og framheva på Warszawa-toppmøtet. Den militærstrategiske utviklinga på russisk side, særleg i det maritime domenet, er til bekymring for alliansen. Det er også positivt for Noreg at NATO no er i gang med gjennomgåing av kommandostrukturen. Målet er å fullføre arbeidet i 2018, slik at kommandostrukturen kan gjennomføre operasjoner på alle nivå i heile NATO-ansvarsområdet. Noreg har over lengre tid jobba målretta for å gi desse sakane naudsynt merksemd i alliansen.

Russland moderniserer sine kjernevåpenarsenal, kombinert med ein urovekkande retorikk rundt bruken av slike våpen. Dette har også fått visse følger for NATO. Mellom anna gav alliansen i Warszawa ei klar stadfesting av at kjernevåpen inngår som ein del av NATO sin samla strategi. Det er samstundes inga endring i NATO sin grunnleggande strategi for kjernevåpen, og mogleg bruk av slike våpen vil vere siste utveg.

For å nå målet om at NATO har dei naudsynte kapabilitetane som er definerte gjennom NATO Defence Planning Process (NDPP), må det til ei styrking av den europeiske forsvarsevna. Det er særleg viktig at evna til kollektivt forsvar blir varetatt i samband med utvikling av kapabilitetar. På same måte som ein er ferd med å snu den negative budsjettutviklinga i enkelte medlemsland, er det viktig å unngå ytterligare forvitring av alliansens fellesbudsjett. Frå norsk side blir det lagt vekt på å føre fellesfinansiering og fellesløysingar for allierte kapasitetar vidare, både for eksisterande og nye kapasitetar. Noreg tar til orde for å tilpasse fellesbudsjetta i NATO for å sikre at alliansen skal kunne gjennomføre oppdrag og oppgåver i tråd med dei auka politiske ambisjonane.

NATO-samarbeidet er tufta på transatlantisk solidaritet og samarbeid, der aktiv amerikansk deltaking er avgjerande både for forsvar av alliansen og for avskrekking. Både for alliansen og Noreg er det avgjerande at amerikanske styresmakter held fram engasjementet sitt og støtta til NATO i åra framover. USA står i dag for ein stor del av dei totale forsvarsutgiftene i NATO (72 pst. i 2016), og den amerikanske administrasjonen har signalisert auka forventningar om at dei europeiske allierte må bidra meir. Byrdefordeling var høgt oppe på dagsordenen under minitoppmøtet i mai 2017. Det er viktig at alle NATO-land nå følger opp vedtatte mål om å bevege seg i retning av å bruke minimum to pst. av brutto nasjonalproduktet (BNP) på forsvar innan 2024, og om å bruke minimum 20 pst. av forsvarsbudsjetta på investeringar og bidra med relevante kapasitetar i NATO-operasjonar. Noreg har auka forsvarsbudsjetta monaleg, og har samstundes ein investeringsdel som ligg godt over målsettinga til NATO på minimum 20 pst.

NATO må i dag kunne handtere utfordringane frå alle retningar, og utviklinga i NATO sitt sørlege grenseområde skaper også aukande uro. Alliansen arbeider derfor aktivt med å finne tiltak retta mot denne situasjonen. Dei svake statsdanningane i land i Nord-Afrika og Midtausten har dei seinare åra skapt store utfordringar knytt til migrasjon og auka fare for spreiing av terrorisme. Sjølv om dette først og fremst ikkje er ein militær utfordring, kallar situasjonen på bruk av militære verkemiddel til støtte for sivile styresmakter. Den nye militære operasjonen i Middelhavet er eit døme på dette. USA har ei klar forventing om at NATO må gjere meir på dette området. Det er samstundes ei erkjenning at NATO si rolle i kampen mot terrorisme vil bli på områder kor ein har komparative fortrinn, og i samarbeid med andre organisasjonar som EU og FN.

NATO bidrar aktivt for å fremje stabilitet i partnarland og område i NATO sitt nærområde. NATO har oppretta handlingsplanen Projecting Stability , som skal samla alle NATO sine ulike partnarskapsverktøy for å gi best mogleg støtte til partnarland som trugast av ustabile høve og fredløyse. Hovudføremålet er å engasjere land utanfor alliansen i dialog og samarbeid om tryggingspolitiske spørsmål. Den praktiske dimensjonen av dette samarbeidet handlar om evne til militært samvirke og kapasitetsbygging i forsvarssektoren. Etter Russland si framferd i Ukraina er NATO sitt militære samarbeid med Russland suspendert. For fleire partnarland er samarbeidet eit verktøy for reform og modernisering. I dette arbeidet har Noreg konsentrert samarbeidet med Ukraina, Georgia og landa på Vest-Balkan, samt på samarbeid med organisasjonar som FN, EU og Den afrikanske union (AU). Det vil venteleg bli større behov for slik innsats i land i Nord-Afrika, Midtausten og i regionen kring Svartehavet. Samstundes vil fleire partnarar og færre ressursar krevje klarare prioriteringar.

NATO har slått fast at spreiing av masseøydeleggingsvåpen og ballistisk missilteknologi er ein aukande trussel. Frå norsk side støttar regjeringa etableringa av eit alliert missilforsvar og utviklinga held fram. Regjeringa følger opp vedtaket frå Stoltenberg II-regjeringa i samband med NATO sitt toppmøte i 2010, der dei allierte slutta opp om etablering av eit missilforsvar i NATO. Dette vil styrke evna til kollektivt forsvar av medlemslanda. Eit felles missilforsvarssystem er viktig for det framtidige transatlantiske forsvarssamarbeidet, og er i samsvar med prinsippet om at tryggleiken skal vere like god for alle medlemslanda. Systemet har no ein mellombels kapasitet som inneber at alliansen har kommando og kontroll over eit avgrensa missilforsvarssystem i Europa. Arbeidet med å identifisere moglege norske bidrag til NATO sitt missilforsvar held fram. Ei avgjerd om eventuelle konkrete bidrag blir tatt seinare. Det er frå NATO si side understreka at missilforsvaret ikkje er retta mot Russland, og systemet har heller ikkje evne til å forsvare mot dei russiske strategiske kjernevåpna.

FN

FN-pakta gir Tryggingsrådet i FN ansvar for å sette i verk kollektive tiltak for å fremje fred og global tryggleik. I tillegg til maktbruk legitimert av folkeretten, er FN den einaste globale instansen som kan legitimere bruk av makt, og den viktigaste arenaen for å søke mellomstatlege løysingar på truslar mot internasjonal fred og tryggleik. Ut frå mandata frå Tryggingsrådet kan FN anten gjennomføre operasjonane sjølv, eller be medlemsland eller organisasjonar som NATO, EU eller AU om å gjennomføre dei på vegner av FN. Døme på dette dei seinare åra er operasjonane til NATO i Afghanistan og Libya.

Dei siste ti åra har talet på fredsoperasjonar auka. Med deltaking frå om lag 120 medlemsland leiar FN i dag 16 fredsbevarande operasjonar med om lag 120 000 personell. Dei fleste av konfliktane er interne, prega av ein vanskeleg tryggingssituasjon, mange krigførande partar og vald mot sivilbefolkninga. Vern av sivile er derfor ei hovudoppgåve for FN si fredsoperative verksemd. Dette krev tydelege mandat, robuste og velkvalifiserte styrkar og tett samarbeid med nasjonale styresmakter og friviljuge organisasjonar. Stadig fleire FN-leia operasjonar har blitt utrusta med robuste mandat dei seinare åra, der det har vore autorisert å bruke militærmakt for å verne sivile.

Det er viktig for internasjonal fred og tryggleik at FN lukkast som fredsbevarande organisasjon. Den breie multinasjonale deltakinga i operasjonane gir FN styrke, og det er lite heldig at det i første rekke er land frå sør som deltar med styrkar i FN-leia operasjonar. Behovet for spesialiserte einingar er stort, og utviklinga i FN på dette området går no i riktig retning. Noreg har over tid vore pådrivar for at bidrag frå vestlege land kan gi FN betre føresetnadar for å løyse dei komplekse oppgåvene som moderne fredsoperasjonar krev.

Noreg vil halde fram arbeidet med å styrke FN si fredsoperative evne. Dette skal skje gjennom militær deltaking i FN sine fredsbevarande operasjonar, gjennom samarbeid med land i sør om opplæring og kapasitetsbygging og gjennom å tilby ekspertise til arbeidsgrupper og prosjekt, samt bistand til FN sitt planleggingsapparat. Noreg ynsker at den norske militære deltakinga i seg sjølve bidrar til reform av FN sine fredsbevarande operasjonar. Den norskleia rotasjonsordninga for FN sine transportfly i Mali har hausta brei heider, og har blitt framheva av FN som ei ordning som bør danne modell for framtidige fleirnasjonale styrkebidrag. For å lukkast med å modernisere FN sine fredsoperasjonar er det avgjerande å få auka ressurstilgangen og vidareføre reformprosessen der Noreg kan spele ei viktig rolle og legge til rette for innovative fleirnasjonale løysingar som bidrar til FN-reform.

Det er avgjerande at mandata frå Tryggingsrådet i FN er tydelege, og at medlemslanda har klar vilje og evne til å gjennomføre dei. Tryggingsrådet har, med referanse til prinsippet om Responsibility to Protect , vist seg handlekraftig ved å reagere på akutte situasjonar som i Elfenbeinskysten og Libya. Tryggingsrådet har diverre vist seg ute av stand til å kome til semje om handling i krisa i Syria.

EU

Noreg og EU har i stor grad felles tryggingspolitiske interesser. Arbeidet i EU med tryggings- og forsvarspolitikk ( Common Security and Defence Policy , CSDP) er i stadig utvikling. EU har i dei seinare åra, og særleg i samband med Ukraina-krisa, blitt ein stadig viktigare utanrikspolitisk aktør også i samband med tryggingspolitiske situasjonar. Forholdet mellom NATO og EU er her særleg viktig for å kunne sikre ein saumlaus respons i møtet med fleirnasjonale og grenseoverskridande tryggingsutfordringar. Det er brei semje i begge organisasjonane om å styrke det tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet for betre å kunne handtere den strategiske utviklinga i Europas nærområde, sjølv om Kypros-usemja framleis set grenser for samarbeidet. Med utgangspunkt i felles tryggingspolitiske interesse søker Noreg eit tett samarbeid med EU for at norske posisjonar og prioriteringar blir tekne omsyn til. Den nye globale tryggingsstrategien i EU frå juni i år vil vere sentral for den vidare utviklinga av både den felles utanriks-, tryggings- og forsvarspolitikken, og for Noreg sitt samarbeid med EU på dette feltet.

Den britiske utmeldinga av EU påverkar dynamikken i europeisk politikk og samarbeid. Det er ikkje i norsk interesse at EU si rolle som tryggingspolitisk aktør svekkast som følge av Brexit. Forhandlingane mellom Storbritannia og EU om vilkåra for utmeldinga er kompliserte og krevjande. Tryggingspolitikk vil neppe stå sentralt i forhandlingane, men det er viktig at eventuell usemje ikkje spelar over på NATO. Det blir viktig også for Noreg å sjå kva for følger Brexit vil ha for EU sin felles tryggings- og forsvarspolitikk når ein så sentral aktør går ut av EU.

Verksemda til EU innanfor tryggings- og forsvarspolitisk materiellsamarbeid, forsking, nyskaping og utvikling av europeisk forsvarsindustri har konsekvensar for norsk forsvarspolitikk og forsvarsindustri. EU si forsking på militære kapasitetar vil vere ein del av neste langtidsprogram for forsking, der Noreg vil delta. Direktivet for forsvarsmateriell og tryggingsanskaffingar inneber at sal av forsvarsmateriell har blitt ein del av den indre marknaden, og fell inn under EØS-avtalen. Derfor er direktivet implementert også i Noreg. Erfaringa så langt er at land i varierande grad etterlever direktivet. Samarbeidsavtalen med det europeiske forsvarsbyrået ( European Defence Agency, EDA) gir oss høve til å delta aktivt i byrået sine prosjekt og program. Samarbeidet er tett og omfattande, og utviklar seg på fleire nivå, mellom anna gjennom deltaking i EDA sitt styrande organ.

Nordeuropeisk og nordisk forsvarssamarbeid

Regjeringa legg vekt på å halde fram eit aktivt og omfattande regionalt samarbeid. Eit nærare samarbeid i Norden bidrar til å styrke tryggleiken i vår region, og hevar terskelen for at militære hendingar skal inntreffe. Dette er også i NATO si interesse. Det er i dag ei tett kopling mellom samarbeid i ramma av det nordiske ( Nordic Defence Cooperation, NORDEFCO), det nordisk-baltiske, Nordsjø- og Northern Group -samarbeidet. Sistnemnde er eit uformelt samarbeid som i tillegg til dei nordiske og baltiske landa inkluderer Tyskland, Storbritannia, Nederland og Polen. Slik blir fleire nære allierte tatt med i sentrale spørsmål som vedkjem dei nordiske landa og nærområda.

Eit viktig samarbeidsområde som er under utvikling er knytt til den britisk-leia Joint Expeditionary Force (JEF) som skal erklærast fullt operativ i 2018. Noreg skal delta i ei rekke aktivitetar fram mot og inn i 2018, deriblant øvingar og underskriving av ein endeleg avtale med alle JEF-nasjonane. Det tysk-leia Framework Nation Concept er også eit samarbeidsområde innanfor kapabilitetsutvikling og større styrkeformasjonar, såkalla «larger formations», som Noreg deltar i. Begge desse samarbeidsområda knyter nære allierte nærare Noreg innanfor rammene av alliansen.

Dagens tryggingspolitiske situasjon har ført til økt felles situasjonsforståing og tryggingspolitisk utsyn mellom dei nordiske landa. Nærområda prioriterast i auka grad. Dette har resultert i eit behov for, og ønske om, tettare tryggingspolitisk dialog og samarbeid i ramma av NORDEFCO og bilateralt mellom dei nordiske landa. Sverige og Finland har også tatt viktige skritt for auka samarbeid med NATO. Regjeringa vil prioritere å styrke det nordiske forsvarssamarbeidet på dei områda der føresetnadene for å lukkast er størst, og som understøtter samarbeid i andre forum så som NATO.

Noreg har formannskapet i NORDEFCO i 2018. Den tette tryggingspolitiske dialogen vil halde fram, også innanfor tema som krisehandtering og beredskap. Det blir arbeidd målretta for auka samarbeid innanfor luftovervaking, felles nordisk innsats i FN-operasjoner, samarbeid med dei baltiske landa om kapasitetsbygging, auka effekt av trenings- og øvingssamarbeid, og vidareutvikling av kapabilitets- og materiellsamarbeid.

2.3 Tryggings- og forsvarspolitiske prioriteringar

Norsk tryggings- og forsvarspolitikk legg til grunn at endringar i dei tryggingspolitiske omgivnadane våre kan kome svært raskt. Utfordringar mot europeisk og transatlantisk tryggleik må møtast med fast og føreseieleg samarbeid. Den meir utfordrande tryggingspolitiske situasjonen har konsekvensar for den operative ambisjonen vår, satsinga på Forsvaret og internasjonalt samarbeid. Regjeringa har derfor i langtidsplanen for forsvarssektoren fastsett dei tryggings- og forsvarspolitiske prioriteringane som skal gjelde for sektoren i tida framover, jf. Prop. 151 S (2015–2016).

Ut frå dei tryggings- og forsvarspolitiske måla og utviklingstrekka gjeld følgande prioriteringar for den vidare utviklinga av Forsvaret: Forsvaret av Noreg og NATO sitt kollektive forsvar skal styrkast, og evna til internasjonal innsats skal haldast ved like. I tillegg vil vidareutvikling av totalforsvaret bli vektlagt for å sikre at dei samla ressursane i samfunnet blir nytta til det beste for ei effektiv handtering av utfordringar mot både samfunns- og statstryggleiken.

Styrke forsvaret av Noreg

Den nasjonale forsvarsevna skal styrkast. Forsvaret av Noreg skjer innanfor ramma av NATO sitt kollektive forsvar. Tette relasjonar til sentrale allierte, interoperabilitet, trening og øving, nærvær og alliert støtte har betyding for avskrekking og for norsk og alliert forsvarsevne i fred, krise og væpna konflikt. Norsk tryggings- og forsvarspolitikk skal legge til rette for at allierte forsterkingar er på plass så tidleg som mogleg i ein situasjon som kan utvikle seg til ein krisehandterings- eller rein militær operasjon. Noreg må likevel aleine kunne handtere tryggingspolitiske kriser, anslag og angrep av eit visst omfang, og sjølv halde oppe ein beredskap som gjer oss i stand til å kunne engasjere ein motstandar i alle domene, inntil alliert støtte er på plass. Ei slik evne vil, saman med planar for allierte forsterkingar, konkrete førebuingar for slik forsterking og ein tydeleg kommunisert garanti om alliert støtte, verke avskrekkande. Forsvaret av Noreg skal styrkast ved å føre vidare situasjonsforståing, etterretning og evne til krisehandtering, styrke reaksjonsevne, kampkraft og uthald, legge til rette for allierte forsterkingar, styrke bi- og fleirnasjonalt samarbeid og auke det militære nærværet og trenings- og øvingsaktiviteten.

Forsvaret sine daglege operasjonar i fredstid dannar grunnlaget for å oppdage, varsle, avverje og om naudsynt handtere tryggingspolitiske episodar og kriser. Rettidig varsling er utgangspunktet for gode og raske avgjerder. God situasjonsforståing i nærområda våre er naudsynt for å kunne fatte gode avgjerder og for å bruke Forsvaret best mogleg. Forsvaret må ha tilstrekkeleg evne til overvaking for å kunne handtere situasjonar som oppstår, om naudsynt saman med allierte. Noreg er ein maritim nasjon med ansvar for store havområde, og maritim overvaking er ein premiss for god situasjonsforståing. Etterretningstenesta skal føre vidare evna si til å bidra til at nasjonale styresmakter har tilstrekkeleg situasjonsforståing. Effektiv krisehandtering på nasjonalt nivå fordrar også evne til å ta strategiske avgjerder raskt, på tvers av sektorar, og opp mot allierte, NATO, FN og andre samarbeidspartnarar. Den nasjonale forsvarsevna er avhengig av eit koordinert og øvd krisehandteringsapparat på alle nivå for å sikre koordinerte avgjerder mellom ulike sektorar, mellom politisk og militært nivå, og mellom Noreg og allierte.

Forsvaret si operative evne er eit produkt av reaksjonsevne, kampkraft og uthald. For at Forsvaret i ein krisesituasjon skal kunne reagere tilstrekkeleg raskt, må dei operative kapasitetane og støttefunksjonane kunne bli gjort tilgjengelege på kortare tid. Reaksjonsevne handlar om å kunne vere på rett stad, til rett tid, og med rett kapasitet for å oppnå ønska effekt. Forsvaret må også ha relevant kampkraft og uthald til å gjennomføre operasjonar over tid. Dette krev eit løft i vedlikehald, i behaldningane for reservedelar og beredskapslager, som regjeringa har prioritert. Løftet held fram i 2018, og gir grunnlag for aktivitetsauke. Vi må sørge for at norsk militærmakt ikkje enkelt kan bli sett ut ved å råke kritisk infrastruktur. Aktive tiltak for vern, fortifikasjon av militær infrastruktur og robust kommunikasjonsinfrastruktur kan redusere sårbarheit og støtte opp om forsvarsevna. Betydinga av fortifikatoriske tiltak, både for leiingsfunksjonar og operative kapasitetar, har fått ny aktualitet for forsvarsevna. Forsvarssektoren må forbetra dei førebyggande tryggingstiltaka mot cyberåtak, og vidareutvikle evna til å avdekke slike åtak. Truslar i det digitale rommet må bli oppdaga tidleg. Evna til å handtere cyberåtak, ved å sette i verk relevante mottiltak, skal også vidareutviklast. Regjeringa har satt i verk ei monaleg satsing på, og reform av, IKT- og cyberkapasitetar, som vil bidra til å møte utfordringane.

Forsterking av Noreg med allierte styrkar har vore sentralt i norsk tryggingspolitikk og -strategi gjennom heile etterkrigstida. Ein aktiv alliansepolitikk er derfor heilt naudsynt. Det blir viktigare å knyte NATO og nære allierte tettare til Noreg og norske interesser i det daglege, i kriser og i konflikt. USA er vår viktigaste allierte, og det bilaterale forholdet er framleis heilt sentralt for norsk tryggleik. Avtalane om amerikansk førehandslagring er spesielt viktige. Desse avtalane skal vidareførast, vidareutviklast og harmoniserast med allierte og nasjonale planverk. Planverka må også bli trena og øvde meir.

Vi må legge forholda til rette for at alliert støtte kan kome raskt på plass. Ved ei alvorleg tryggingspolitisk krise eller væpna konflikt, må Noreg ha tilstrekkeleg evne til effektivt mottak av og støtte til allierte forsterkingsstyrkar slik at desse kan delta i operasjonar. Noreg skal bidra til at vedtaka i NATO om å auke reaksjons- og forflyttingsevna blir gjennomførde i planar og prosedyrar. Det vil bli lagt auka vekt på evna til operativt samvirke med allierte forsterkingsstyrkar. Noreg må først og fremst intensivere samarbeidet med utvalde allierte som kan sørge for bilateral og alliert forsterking av Noreg. Samarbeid med nære allierte blir også viktigare for å kunne gå saman om bidrag til internasjonal krisehandtering. Samarbeid vil i auka grad tvinge seg fram for å kunne skaffe, drifte og operere kapabilitetar Noreg har behov for, og for å sikre evna til å operere saman og for å drøfte tryggingspolitiske spørsmål.

I tillegg til å vidareutvikle det nære forholdet til USA, vil Noreg prioritere å halde fram styrkinga av det bindande bi- og fleirnasjonale samarbeidet med dei nord-europeiske landa Storbritannia, Tyskland og Nederland. Samarbeidet med Frankrike og Polen blir også styrkt. Dei nordeuropeiske landa har ein monaleg tryggingspolitisk og militær interessefellesskap som støttar opp om det breiare samarbeidet i NATO. Deltaking i fleirnasjonale samarbeidsforum innanfor alliansen er derfor viktig. Samarbeid med andre allierte og NATO sine partnarland blir prioritert der det er i norsk interesse. Vidareutviklinga av det nordiske forsvarssamarbeidet held fram på område som gir tryggingspolitisk, kapasitetsmessig og operativt utbytte.

Norsk tryggings- og forsvarspolitikk må vektlegge militært nærvær i land-, sjø-, luft- og cyberdomenet. Å vere til stades regelmessig i form av daglege operasjonar kommuniserer norske interesser, verkar stabiliserande, sikrar naudsynt politisk og militær situasjonsforståing og gir kortare reaksjonstid. Det er derfor viktig å prioritere militært nærvær med relevant operativ evne i nærområda våre, særleg i nord, for å skape ein føreseieleg og stabil situasjon. Fredstidsnærvær blir varetatt gjennom ein kombinasjon av militære basar, operativ aktivitet og øving og trening med nasjonale, fleirnasjonale og allierte styrkar. Nærvær over tid fordrar basar og militær infrastruktur med gode trenings- og øvingsområde i strategisk viktige og operativt relevante område.

Styrke NATO sitt kollektive forsvar

Noreg arbeider aktivt for at NATO-alliansen skal vere ein effektiv tryggingspolitisk garantist for alle medlemslanda. NATO er både ein politisk og militær tryggingsallianse, der medlemslanda solidarisk er klare til å verne felles territorium, verdiar og interesser. NATO er ein unik tryggingsorganisasjon med ein integrert militær struktur, eit integrert stabsapparat og ei permanent tilgjengeleg politisk avgjerdsmekanisme, Det nord-atlantiske rådet (NAC). Det politiske verdifellesskapet mellom medlemslanda i rådet er viktig for å styrke evna til planlegging, konsultasjonar og gjennomføring av vedtak.

NATO må ha naudsynt politisk handlekraft og militær kampkraft for å avskrekke ein potensiell motstandar frå å true eller angripe alliansen sine medlemsland. Det er derfor ein overordna prioritet å styrke NATO si evne til kollektivt forsvar (artikkel 5) gjennom å styrke medlemslanda si militære evne og evne til samhandling, og som transatlantisk tryggingspolitisk konsultasjonsforum (artikkel 4). Fornya vektlegging av den kollektive forsvarsevna til NATO er i tråd med langsiktige norske prioriteringar og vil framleis vere sentralt i det norske arbeidet opp mot NATO.

Den krevjande tryggingssituasjonen i Europa er ei tydeleg påminning om betydinga av at USA er engasjert og til stades i regionen vår. Dette fordrar ei betre transatlantisk byrdefordeling – politisk, militært og økonomisk – ved at europeiske land stansar kutta i, og i staden aukar forsvarsbudsjetta og bidrar med relevante kapasitetar for å løyse militære oppgåver også utanfor NATO-området. Samstundes må tilstrekkeleg fellesfinansiering vidareførast. Dette bidrar til solidaritet og samhald i alliansen og sørger for at naudsynte kapabilitetar fungerer. Noreg vil vektlegge å bidra med sin del av NATO sine samla kapabilitetar slik at alliansen er i stand til å løyse oppgåvene sine, samt å bidra til å følge opp Readiness Action Plan , roande tiltak i Aust-Europa og relevante bidrag til langsiktig tilpassing av alliansen. Det er eit mål for Noreg å bidra regelmessig og substansielt til NATO sine ståande styrkar og beredskapsstyrkar. Slik blir norske bidrag til NATO sitt kollektive forsvar også ei investering i forsvaret av Noreg når alliansen si evne styrkast.

Bidra til internasjonal innsats

Den internasjonale utviklinga viser at det framleis er eit stort behov for internasjonal innsats for fred og tryggleik, både i form av internasjonale operasjonar og kapasitetsbygging. Slik støtte kan inkludere tryggleikssektorreform for å betre eit land si evne til å vareta eigen tryggleik, men det kan også omfatte freds- og stabiliseringsoperasjonar. Forsvaret vil halde oppe evna til internasjonal innsats i 2018.

Det er i norsk interesse å bidra til å verne om internasjonal fred og tryggleik. Norske militære styrkar bør i størst mogleg grad søke samarbeid med nære allierte og utvalde partnarar ved internasjonale bidrag. Internasjonal innsats i allierte rammer er ei investering som skal sikre at også Noreg mottar alliert støtte om vi treng det. Internasjonal innsats inkluderer i tillegg til deltaking i internasjonale operasjonar, ulike former for trening og øving i utlandet, deltaking i styrkeregister, roande tiltak og kapasitetsbygging. Omfanget av slik deltaking må avstemmast med kor tilgjengelege styrkane er, og med behovet for nasjonal beredskap.

Forsvaret har gjennom mange år hatt eit høgt nivå på deltakinga i internasjonale operasjonar. Dei siste åra har talet på norsk militært personell i operasjonar i utlandet blitt redusert. Samstundes er norske bidrag i dag lokaliserte på fleire stader i utlandet enn tidlegare, med relativt mange og små bidrag. Dette gjer oppdraga krevjande å følge opp, og evna til uthald og vedlikehald vil over tid kunne bli sett under press. Slike forhold vil gå inn i vurderingar om framtidig internasjonal innsats.

Vidareutvikle totalforsvaret

Det sivile samfunnet si støtte til Forsvaret har fått høgare prioritet etter å ha fått lita merksemd i åra etter den kalde krigen. Forsvaret har på same tid blitt meir avhengig av sivile leveransar. Det har derfor vore naudsynt med fornya vektlegging av sivil støtte til Forsvaret. Forsvaret skal i 2018, i nært samarbeid med sivile styresmakter og private leverandørar, vidareføre arbeidet med å planlegge og førebu sivil støtte til Forsvaret i tryggingspolitisk krise og væpna konflikt. Støtta frå det sivile samfunnet må, saman med Forsvaret sine kapasitetar, kunne understøtte heile den nasjonale styrkestrukturen og allierte forsterkningsstyrkar samstundes. Drivstofforsyning, transport og helsetenester er prioriterte område. I Totalforsvarsprogrammet er det oppretta eit eige prosjekt for sivil støtte til Forsvaret.

Det er i langtidsplanen slått fast at Forsvaret si støtte til det sivile samfunnet i større grad skal vere styrande for innretning og dimensjonering av Forsvaret sine kapasitetar innanfor områda maritim kontraterror og smitteverntransport. Nærare vurderingar vil bli gjort av korleis og i kva grad dette også skal gjelde innanfor områda bombeberedskap og eksplosivrydding, CBRNE (kjemiske, biologiske, radioaktive, nukleære midlar og eksplosivar)-beredskap, transport, redningsteneste, rekognosering og overvaking, ingeniørstøtte, ekspertise, spesialutstyr, IKT-støtte og EOS-tenestenes handtering av truslar i det digitale rommet.

Samvirket mellom Forsvaret og sivilsamfunnet er beskrive gjennom handlingar og tiltak i Nasjonalt beredskapssystem (NBS), som består av Beredskapssystem for forsvarssektoren (BFF) og Sivilt beredskapssystem (SBS). Beredskapssystemet blir no revidert årleg, og er heilt sentralt for å framstille korleis beredskapsplanverk og andre ordningar på militær og sivil side skal kunne verke saman der dette er naudsynt ved førebuing til, eller under, ei krise. Det nasjonale beredskapssystemet gjeld for handsaming av tilsikta tverrsektorielle krisesituasjonar i fredstid, i tryggingspolitiske kriser og væpna konfliktar.

Det sivilt-militære samarbeidet må fungere godt. Sivil støtte er heilt naudsynt for å vidareutvikle relevant forsvarsevne innanfor realistiske økonomiske rammer, og for å nytte samfunnet sine samla beredskapsressursar på ein best mogleg måte. Forsvaret sitt behov for sivil støtte skal i størst mogleg grad baserast på kommersielle avtalar, om naudsynt med beredskapsklausular der dette er kostnadseffektivt. Førehandsrekvirering vil bli vurdert som verkemiddel når det gir høgare grad av leveransetryggleik og for å gjere det mogleg å dekke alle Forsvaret sine behov for sivil støtte innanfor gjeldande økonomiske rammer.

Alle ressursane i Forsvaret er i utgangspunktet tilgjengelege for å støtte politiet og andre sivile styresmakter ved behov i krisesituasjonar. Forsvaret vil alltid strekke seg langt for å støtte når det er behov for det. I 2016 lovfesta Stortinget i politiloven kva som er yttergrensene for Forsvaret sin maktbruk mot innbyggarane ved bistand til politiet. Regjeringa følgde i 2017 opp lovvedtaket med å fastsette ein forenkla og forkorta instruks om Forsvaret sin bistand til politiet. Den nye bistandsinstruksen inneber blant anna meir effektive prosedyrar for førespurnad og innviing av bistand, som no blir behandla på etatsnivået. Det er dei seinare åra sett i verk ei rekke tiltak i forsvarssektoren for å betre evna til å støtte sivil krisehandtering. Det er mellom anna etablert permanent helikopterberedskap, som også kan støtte politiet, med responstid på ein time. Kapasiteten til å støtte politiet ved maritime kontraterroraksjonar mot skip i kystnære farvatn er etablert på nytt. Både Forsvarets spesialkommando og Marinejegerkommandoen er på kontinuerleg nasjonal kontraterrorberedskap.

Tiltak er sette i verk for å styrke Heimevernet si operative evne, og dette gir betre evne til mellom anna objektsikring. Det er sett i verk ei rekke tiltak for å betre samarbeidet mellom Forsvaret og politiet om objektsikring, slik at status på dette området er vesentleg betre enn da Riksrevisjonen undersøkte fagområdet i 2015. Arbeidet med å utvikle vidare sivilt-militært samarbeid om objektsikring vil framleis ha prioritet. Det er vidare lagt auka vekt på målretta øvingssamarbeid mellom Forsvaret, politiet og andre sivile styresmakter. Samarbeidet mellom Etterretningstenesta, Nasjonalt tryggingsorgan og Politiets tryggingsteneste er styrkt.