Forsvarsdepartementet (FD)

Prop. 1 S

(2017–2018)

3.1 Forsvarsdepartementet

2016 var det siste året i langtidsplanen for forsvarssektoren for perioden 2013–2016, jf. Prop. 73 S (2011–2012) «Et forsvar for vår tid». Forsvarsdepartementet følgde i 2016 opp langtidsplanen i samsvar med Stortingets vedtak.

Hovudprioriteringane i 2016 var:

  • styrke den operative evna i Hæren, Sjøforsvaret og Heimevernet,

  • styrke anskaffingane i forsvarssektoren og særskilt arbeidet med hovudleveransen av nye kampfly med baseløysing,

  • styrke forsvarssektoren si evne til å støtte det sivile samfunnet og bidra til samfunnstrygging,

  • styrke evna til å bidra til IKT-trygginga på tvers av samfunnssektorane,

  • styrke veteransatsinga,

  • leggje til rette for større mangfald i førstegangstenesta etter innføring av allmenn verneplikt og

  • sluttføre omlegginga av Noreg sine militære bidrag i Afghanistan.

Samarbeid om samfunnstryggleik

Arbeidet med å vidareutvikle Forsvaret si evne til å støtte sivile styresmakter i arbeidet med å vareta samfunnstrygging har halde fram i 2016. Samla sett har Forsvaret si evne til å bidra til samfunnstrygging vore svært god gjennom heile året. Innanfor søk og redning, ambulanseoppdrag, fjerning og destruksjon av eksplosiv og helikopterstøtte til politiet, har oppdragsdekkinga også vore god. Forsvaret har imøtekomme alle førespurnadar om handhevingsbistand frå politiet, og med eitt unntak alle førespurnadar om alminneleg bistand. Kontraterrorberedskapen blei også varetatt i 2016.

Beredskapen for Bell-helikoptera på Rygge og Bardufoss blei vidareført med ein times klartid for å kunne gi rask bistand til politiet. Kapasiteten til å støtte politiet ved maritime kontraterroraksjonar mot skip i kystnære farvatn blei etablert frå september 2016. For å unngå tap av tid i kritiske situasjonar blei avgjerdsmakta for å godkjenne handhevingsbistand med Sea King-helikopter på Rygge med oppdrag innanfor maritim kontraterrorberedskap, frå 1. november 2016 delegert til sjefen for Forsvarets operative hovudkvarter. Tilsvarande ordning var allereie innført for handhevingsbistand frå Bell-helikoptera.

Ei arbeidsgruppe nedsett av Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet i samarbeid med Statsministerens kontor la fram ein rapport med forslag til ny instruks for Forsvaret si bistand til politiet.

Det blei gjennomført ei rekke samvirkeøvingar mellom Forsvaret og sivile styresmakter. To kontraterrorøvingar blei gjennomført for å auke øvingsutbyttet både for Forsvaret og i politiet. Det blei i tillegg gjennomført ei rekke samvirkeøvingar mellom Forsvaret og politiet på regionalt og lokalt nivå, mellom anna i regi av Heimevernet og lokale politimyndigheiter.

Samarbeidet i NATO

Arbeidet med ei langsiktig tilpassing av NATO har stått sentralt etter toppmøtet i Warszawa sommaren 2016, særleg kollektivt forsvar og truverdig avskrekking.

NATO har forsterka sitt konsept for hurtigreaksjonsstyrkane, NATO Response Force (NRF). Det er mellom anna utvikla ein ny hurtigreaksjonsstyrke som ein del av NRF, Very High Readiness Joint Task Force (VJTF). VJTF skal kunne rykke ut ved behov på svært kort varsel. Noreg har, saman med Tyskland og Nederland, gitt eit betydeleg bidrag knytt til opprettinga og igangsettinga av VJTF.

Arbeidet med dei såkalla Assurance Measures , som er roande tiltak overfor medlemslanda langs NATO sin austlege grense, og avskrekking overfor Russland, går også vidare. Tiltaka gjeld mellom anna nærvær gjennom auka trening og øving i dei austlege medlemslanda og rotasjon av utplasserte land-, sjø- og luftstyrkar. I tillegg arbeider NATO for å handtere utfordringar på si sørlege flanke.

For å bidra til avskrekking i aust fatta NATO under Warszawa-toppmøtet vedtak om å auke nærværet i dei baltiske statane og Polen med om lag ein bataljon i kvar av landa ( enhanced Forward Presence (eFP)), under leiing av Storbritannia, Canada, Tyskland og USA.

Noreg bidrog til trygging under NATO-toppmøtet i Warszawa etter at Polen bad om luftvernstøtte. Noreg bidrog med NASAMS ( Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System ) beståande av ein luftvernstridsgruppe med fire radarar og kommando- og støtteelement på om lag 75 personer.

Nordisk samarbeid

Det nordiske forsvarssamarbeidet, Nordic Defence Cooperation (NORDEFCO), hadde i 2016 ei god utvikling innanfor fleire område. Eit meir likt tryggingspolitisk utsyn har ført til ein tettare dialog og meir samarbeid, mellom anna innanfor trening og øving og i internasjonale militære operasjonar. I 2016 blei det semje om å intensivere dialogen med Sverige om endringane i dei tryggingspolitiske vilkåra, og korleis våre to land tilpassar seg den nye situasjonen. På forsvarsministermøtet i Oslo i november 2016 blei det semje om ei rekke tiltak for å styrke det bilaterale forsvarspolitiske samarbeidet mellom Noreg og Sverige.

Det nordiske samarbeidet om militære kapabilitetar heldt fram. Samarbeidet har som føremål å styrke nasjonal kapasitet, samt å betre ressursutnyttinga og evna til samvirke mellom dei nordiske landa sine forsvar. Her kan nemnast gradert samband mellom dei nordiske landa, avtale om å forenkle tilgangen til sjø-, luft-, og landterritoriet i fredstid mellom landa, samarbeid om å betre luftovervaking i Norden gjennom utveksling av radardata, avtale om alternative landingsplassar for fly og utvikling av luftforsvarsøvinga Arctic Challenge Exercise .

Det nordiske samarbeidet er nært knytt til samvirke med dei baltiske landa mellom anna gjennom Nordic-Baltic Assistance Program (NBAP).

Dei nordiske landa har deltatt i EU- og FN-operasjonane i Mali. Dette er eit godt døme på verdien av det nordiske samarbeidet. Dei nordiske landa har spilt ein sentral rolle i den norskinitierte rotasjonsordninga for transportflykapasitet til FN-operasjonen i Mali.

Samarbeid med Russland

Sidan den kalde krigen har det vore ein viktig del av den politiske målsettinga til Noreg å bidra til eit ope, føreseieleg og gjensidig tillitsfullt forhold i det bilaterale samarbeidet mellom Noreg og Russland. På grunn av Russland sin folkerettsstridige anneksjon av Krim og destabiliseringa i Aust-Ukraina, har Noreg inntil vidare suspendert det bilaterale militære samarbeidet med Russland. Samstundes har regjeringa vidareført samvirket med Russland på område som er av vesentleg betyding for trygging og stabilitet i nord. Dette gjeld samvirket innanfor kystvakt, grensevakt, den opne lina mellom dei operative hovudkvartera til Forsvaret og den russiske Nordflåten, samarbeid om søk og redning og vidareføring av mekanismane i Incidents at Sea (INCSEA)-avtalen.

I 2016 blei det gjennomført konsultasjonar om INCSEA-avtalen i Oslo og eit protokollmøte i Kirkenes innanfor ramma av kystvaktsamarbeidet. Det operative samvirket innanfor desse områda fungerer tilfredsstillande.

Bi- og multilateralt tryggingspolitisk og forsvarssamarbeid med nære allierte

Fleirnasjonalt samarbeid om nye kapasitetar og om å auke evna til operativt samvirke er ein prioritet. Det blei i 2016 gjennomført ei rekke bilaterale forsvarsministerbesøk til Noreg frå Noreg sine næraste allierte (USA, Storbritannia, Tyskland, Nederland). Besøka understreker betydinga av tette relasjonar til sentrale allierte og bidrar til å understøtte norsk tryggings- og forsvarspolitikk.

Samarbeidet med USA blei ført vidare, og innanfor tryggingspolitikken ser norske styresmakter nye moglegheiter for å styrke trygging basert på felles verdiar og interesser.

Noreg samarbeider med andre land i ei rekke forum, inkludert den tysk-leia Framework Nations Concept -gruppa og initiativet til Storbritannia for eit fleirnasjonalt operativt samarbeid i den såkalla Joint Expeditionary Force (JEF). Det blei underteikna ein ny vertslandsstøtteavtale med Storbritannia i november 2016 knytt til trening, øving og aktivitet.

Samstundes legg USA større vekt på førehandslagra og har sidan 2014 lagra meir og nytt tyngre utstyr i Trøndelag. Den norske evna til vedlikehald blir no utbetra for å handtere det nye utstyret, mellom anna stridsvogner. Det er også venta ei fornying av avtalen om førehandslagring av utstyr for amerikanske kampfly. I tillegg er USA no i ferd med å førebu og konkretisere tiltak innanfor ramma av European Reassurance Initiative , også i Noreg. Dette er ei utvikling vi ønsker og som Noreg har oppmoda til, og som vil vere eit viktig supplement til NATO-samarbeidet.

Dei bilaterale tryggingspolitiske forbindelsane med Frankrike er styrka dei seinare åra. Denne utviklinga prega også 2016 med tryggingspolitiske embetssamtaler og forsvarsministerbesøk til Frankrike. Samvirket mellom den franske og den norske marinen blei også vidareført i perioden. Dette blei operasjonalisert i ein konkret handlingsplan som omhandlar felles øvingar, utveksling av offiserar og regelmessige stabssamtaler. Samvirket på hær- og luftsida er ikkje satt i eit fast system, men er i stor grad prega av eit samarbeid med nytteeffekt for begge landa.

Dei bilaterale kontaktane med nære allierte, så som USA, Storbritannia, Nederland, Tyskland og Frankrike, medverka også til å synleggjere moglegheiter for samarbeid innanfor tryggingspolitikk, operativ verksemd og kapabilitetssamarbeid.

NATO arbeidde vidare med å styrke kontakt og samarbeid med viktige partnarland og andre internasjonale organisasjonar som EU, FN og Den afrikanske union (AU).

Personellområdet

Reforma knytt til personell og kompetanse for forsvarssektoren var også i 2016 eit prioritert arbeid. Oppfølging av kompetansereforma, jf. Meld. St. 14 (2012–2013), er ei strategisk satsing som vil halde fram i fleire år.

Som del av arbeidet med oppfølginga av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016), blei det sett i gang ein full gjennomgang av utdanningssystemet i Forsvaret. I 2016 starta eit forskingsprosjekt ved Forsvarets forskingsinstitutt med mål om å gi strategiske styringsdata for etablering av eit samla utdanningssystem. I samsvar med HR-strategien for forsvarssektoren var styringa av Forsvaret på HR-området i 2016 knytt til satsingsområda leiing, kompetanse og kultur for kontinuerleg forbetring.

Vedtaket i Stortinget, gjennom behandling av Innst. 18 L (2014–2015) til Prop. 122 L (2013–2014) «Endringer i vernepliktsloven og heimevernloven», innførte allmenn verneplikt og like rettar og plikter for kvinner og menn, til i fred og krig å gjere teneste i Forsvaret. Lov om allmenn verneplikt blei vedtatt i 2014 og sett i verk i 2015. I 2016 møtte dei første vernepliktige opp til teneste etter at lova hadde trådd i kraft.

Stortinget sitt vedtak om å innføre ordninga for militært tilsette, jf. Innst. 355 L (2014–2015) og Innst. 336 S (2014–2015) til Prop. 111 LS (2014–2015), er ei anna historisk viktig reform for Forsvaret. Denne reforma er det arbeidd vidare med i 2016. Ein viktig del av reforma er innføring av eit spesialistkorps, som omfattar dei som tidlegare gjekk under nemninga avdelingsbefal og verva. Spesialistkorpset omfattar befal, grenaderar og konstablar. Målet med ordninga er å leggje grunnlaget for ein balansert personellstruktur som styrker Forsvaret si operative evne. Militærordninga skal leggje til rette for riktig kompetanse og bidra til lengre ståtid i stilling. I forlenginga av vedtaket i Stortinget blei det utarbeidd retningsliner for personellforvaltninga i forsvarssektoren.

Forskingsprosjekta i regi av Forsvarsdepartementet på HR-området har i hovudsak vore retta mot forhold knytte til innføring av allmenn verneplikt og ny militærordning. I tillegg har dei omhandla støtte til planprosessar innanfor personell og kompetanse.

Effektivisering

I tråd med regjeringa sitt program for å effektivisere, har Forsvarsdepartementet gjennomført eit arbeid for å betre og effektivisere arbeidsoppgåver og arbeidsprosessar i Forsvarsdepartementet.

3.2 Økonomiske rammer

Stortinget vedtok ei utgiftsramme for forsvarsbudsjettet for 2016 på 48 892,3 mill. kroner, jf. Innst. 7 S (2015–2016) til Prop. 1 S (2015–2016).

Dette var ein auke på 5,1 mrd. kroner frå Prop. 1 S (2014–2015), i hovudsak knytt til ein auke i finansieringa av nye kampfly med baseløysing. Etter forslag frå regjeringa blei det mellom anna gitt ein auke til vedlikehald i Sjøforsvaret på 301,5 mill. kroner, modernisering og kapasitetsauke i Etterretningstenesta på 250 mill. kroner, 88,6 mill. kroner til operasjonar i utlandet, 62 mill. kroner for auka og permanent tilgjenge av ubåtar i nord, 35 mill. kroner for fleire tokt med P-3 Orion og 11,6 mill. kroner knytt til oppdaging av falske basestasjonar. I tillegg til dette kom løns- og soldatkompensasjon på 282,7 mill. kroner og auka inntekter på 362,7 mill. kroner.

Løyvinga til kampflyanskaffingar blei i 2015 redusert med 1 100 mill. kroner. Reduksjonen var basert på at ein del kontraktar først blei inngått i desember 2015, og såleis ikkje kom til utbetaling før i 2016. Budsjettet for 2016 blei derfor tilsvarande auka med 1 100 mill. kroner.

I tillegg blei budsjettramma redusert med 221,4 mill. kroner knytt til staten si reform for avbyråkratisering og effektivisering.

Endringar i løyvinga er vist i tabell 3.1. Utover desse endringane hadde forsvarssektoren til disposisjon overførte midlar frå 2015 på til saman 759,3 mill. kroner.

Tabell 3.1 Endringar i løyvinga for 2016

+/-

Innstilling

Proposisjon

(i 1 000 kr)

+

Innst. 400 S (2015–2016)

Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2016

544 078

+

Innst. 418 S (2015–2016)

Prop. 141 S (2015–2016) Endringar i statsbudsjettet 2016 under Forsvarsdepartementet (Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap») (soldatproposisjonen)

6 203

+

Innst. 417 S (2015–2016)

Prop. 136 S (2015–2016) Endringar i statsbudsjettet 2015 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2015 mv.)

282 703

+

Innst. 93 S (2015–2016)

Prop. 27 S (2016–2017) Endringar i statsbudsjettet 2016 under Forsvarsdepartementet

352 889

=

Rammeauke

1 185 873

3.3 Måloppnåing i Forsvaret

Leveransar

Dei gjeldande krava til Forsvaret for krise og krig møtte ikkje den gjeldande tryggingspolitiske situasjonen godt nok. Forsvaret har heller ikkje fullt ut vore i stand til å møte dei krava som er sett, med omsyn til beredskap for alvorleg krise og krig. Beredskap handlar om å vere klar til rett tid, på rett stad med rett kapasitet. Krava til kor raskt Forsvaret skal kunne vere klar har blitt skjerpa, og i 2016 har fleire einingar betra si reaksjonstid. Betring i reaksjonsevna avheng mellom anna av treningsnivå, beredskapslager, materiellberedskap, personell og planverk. I tillegg er støttestrukturen, som logistikk, sanitet og cyber, avgjerande for at Forsvaret skal kunne bygge opp styrkar samstundes. Sjølv om Forsvaret hadde utfordringar med dei mest krevjande oppgåvene, er det viktig å poengtere at Forsvaret leverte mykje godt for dei oppgåvene som ikkje krev omfattande og samtidig oppbygging av styrker.

Tabell 3.2 Utvikling av operativ evne 2015–2016

Forsvaret sine oppgåver i Prop. 73 S (2011–2012)

Forsvarsdepartementet si vurdering av operativ evne 2015

Forsvarsdepartementet si vurdering av operativ evne 2016

Utgjere ein krigsførebyggande terskel med basis i NATO medlemskap

Mindre god

Mindre god

Forsvare Noreg og allierte mot alvorlege truslar, anslag og angrep innanfor ramma av NATO sitt kollektive forsvar

Mindre god

Mindre god

Hindre og handtere episodar og tryggingspolitiske kriser med nasjonale ressursar, inkludert leggje til rette for alliert engasjement om naudsynt

Mindre god i det øvre krisespekteret, Mykje god i det lågare krisespekteret

Mindre god i det øvre krisespekteret, Mykje god i det lågare krisespekteret

Sikre eit nasjonalt avgjerdsgrunnlag gjennom tidsmessig overvaking og etterretning

God

God

Hevde norsk suverenitet og suverene rettar

God

God

Utøve myndigheit på avgrensa område

God

God

Delta i fleirnasjonal krisehandtering, inkludert fredsstøttande operasjonar

Mykje god

Mykje god

Bidra til internasjonalt samarbeid på det forsvars- og tryggingspolitiske området

God

God

Bidra til å vareta samfunnstrygging og andre sentrale samfunnsoppgåver

Mykje god

Mykje god

Forsvarsdepartementet si vurdering av operativ evne i 2016 var i samsvar med vurderinga til forsvarssjefen. Generelt er Forsvaret si evne til å løyse oppgåver i den lågare delen av krisespekteret «mykje god» til «god». I krig og den høgare delen av krisespekteret var evna «mindre god».

Operasjonar og dagleg verksemd nasjonalt

Grensevakta løyste gjennom heile 2016 vakthald og Schengen-oppgåver i tett samarbeid med politiet. Kongevakta løyste også sine oppgåver i samarbeid med politiet. Kystvakta hadde noko færre patruljedøgn enn i 2015. Målsettinga for 2016 blei ikkje fullt ut nådd på grunn av naudsynt vedlikehald på dei større fartøya. Dette vedlikehaldet skal sikre operativ tilgang i åra som kjem. Forseinking med å fase inn NH90 helikopter har ført til dårlegare kapasitet i Kystvakta enn planlagt. Forsvaret har i 2016 samla sett hatt god evne til å overvake og hevde suverenitet over norsk område. Dei nasjonale operasjonane er eit viktig fundament i norsk tryggingspolitikk, og Forsvaret har løyst oppgåvene godt.

Mykje av materiellet til Forsvaret er krevjande å halde i operativ stand og krev ekstra vedlikehald, og det var i 2016 framleis utfordringar med tilgang på reservedelar. Valutasituasjonen ga større utgifter enn føresagt i 2016. Forsvaret klarte likevel å halde oppe nasjonal verksemd på ein god måte og auka både flyging og segling i nordområda samanlikna med 2015.

Figur 3.1 Utvikling i Hæren si øving

Figur 3.1 Utvikling i Hæren si øving

Hæren

Gjennomført aktivitet for Hæren i 2016 viser samla sett ein auke. Hæren har øvd noko meir enn kva som låg til grunn i planane. Etterretningsbataljonen var den eininga som hadde den største auken samanlikna med planen. I tillegg til interne øvingar har Hæren gjennomført øvingar med dei andre forsvarsgreinene med føremål å oppnå samvirkesynergiar. Brigade Nord øvde mellom anna i Nederland, Tyskland og Sverige på strid i urbane miljø. Reduksjonen i 2015 skuldast at Hæren endra måten å berekne aktiviteten til Brigade Nord, slik at talet samla sett ikkje er samanliknbart med tidlegare rapportert aktivitet. Slik sett var aktiviteten i 2015 på høgde med aktiviteten året før.

Forsvarets spesialstyrker

Forsvarets spesialstyrkar (FS) har halde oppe si gode operative evne gjennom heile året. Beredskap og øving i 2016 har vore tilfredsstillande. FS sitt bidrag til internasjonale operasjonar er ein viktig del av det totale bidraget frå Forsvaret, og ein høgt verdsatt kapasitet av Noreg sine allierte.

Figur 3.2 Utvikling i Sjøforsvaret si segling

Figur 3.2 Utvikling i Sjøforsvaret si segling

Figur 3.3 Utvikling i Sjøforsvaret sin aktivitet i Nord-Noreg

Figur 3.3 Utvikling i Sjøforsvaret sin aktivitet i Nord-Noreg

Sjøforsvaret/Kystvakta

Kysteskadren, som skifta namn til Marinen 1. august 2016, har opprettheldt nivået på talet seglingsdøgn, også i nordområda. Kystvakta har i all hovudsak segla etter planen, men på grunn av omfattande vedlikehald og oppgradering av den helikopterberande strukturen, var ambisjonsnivået seinka for denne fartøyklassen i 2016. Kystvakta gir betydeleg støtte til det sivile samfunnet med mellom anna ressurskontroll og fiskeri- og miljøoppsyn. Kystvakta har god kapasitet, og fartøystrukturen kan løyse heile spennet av oppgåver. Leveransen av nytt logistikkfartøy er forseinka og blir levert i løpet av 2018. Sjøforsvaret har omdisponert personell for å auke talet på operative besetningar, og lukkast dermed å bemanne fregatt nummer fire og korvett nummer fem hausten 2016. Dette førte også til noko meir øvingsaktivitet med desse fartøyklassane. Dei andre fartøyklassane har øvt og trena om lag som føresett.

Figur 3.4 Utvikling i Luftforsvaret sin aktivitet

Figur 3.4 Utvikling i Luftforsvaret sin aktivitet

Luftforsvaret

Luftforsvaret har i hovudsak nådd måla for aktivitet i 2016, med unntak av NH90-helikoptera. Forseinking i leveransar og å sette helikoptera i drift er omfattande og krevjande. Sjøforsvaret og Kystvakta si evne til utøving av myndigheit til havs vil få eit utvida dekningsområde når helikoptera er fasa inn. F-16 har vore på kontinuerleg NATO-beredskap, og med eit høgt aktivitetsnivå for dei maritime patruljeflya har Luftforsvaret medverka til overvaking og etterretning. Samstundes har mykje av aktiviteten i Luftforsvaret for 2016 vore knytt til endring og innføring av nye kampfly som går i samsvar med plan.

Figur 3.5 Utvikling i Heimevernet si trening

Figur 3.5 Utvikling i Heimevernet si trening

Heimevernet

Heimevernet har øvd som føresett i 2016. Heimevernet har kort reaksjonstid og er ein landsdekkande ressurs. Heimevernet sine einingar har, i tillegg til å stå på beredskap for krise og krig, ytt bistand til politiet ved ei rekke høve. Heimevernet har evne til vakthald og sikring av utpeikte militære og sivile objekt.

Øving og alliert trening

Det har i 2016 vore stor øvingsaktivitet i Forsvaret. Øvingsverksemda tok utgangspunkt i den operative statusen for norske styrkar og oppdraga dei skal løyse. Styrkar som sto på beredskap for oppdukkande episodar og kriser, samt styrkebidrag til operasjonar i utlandet, fekk høgste prioritet. Samstundes var det naudsynt med trening og øving av kommandostrukturen, med fokus på evna til å planleggje og leie operasjonar. Den nasjonale evna til krisehandtering og hevding av suverenitet blei øvd, og det var ei styrking av øvingssamarbeidet med sivile instansar og styresmakter, særleg med politiet. Trenings- og øvingsaktiviteten blei i stort gjennomført i samsvar med planane for verksemda gjennom året. Nivået av utanlandske besøk for trening og øving på norsk territorium var høgt og i samsvar med dei tryggingspolitiske målsettingane i langtidsplanen.

Forsvaret si største øving i 2016 var den fleirnasjonale vinterøvinga Cold Response . Øvinga gav eit godt øvingsutbytte for norske og allierte styrkar.

Den årlege kontraterrorøvinga Gemini mellom politiet og Forsvaret blei gjennomført i Sør-Vest politidistrikt i juni. Her øvde politiet og Forsvaret i tråd med bistandsinstruksen. Heimevernet gjennomførte ei rekke øvingar på regionalt og lokalt nivå med politiet og sivile myndigheiter.

Forsvar mot digitale truslar

Nasjonalt tryggingsorgan og Etterretningstenesta har også i 2016 vore sentrale i arbeidet med å styrke evna til å utnytte og forsvare det digitale rommet. Cyberforsvaret har vore sentralt for å beskytte Forsvaret sin eigen informasjonsinfrastruktur. Dagens situasjonsbilete og tryggingspolitiske utfordringar krev betydeleg innsats frå Forsvaret på dette området. Nasjonalt tryggingsorgan blei i 2016, i samarbeid med Etterretningstenesta og Politiets tryggingsteneste, gitt i oppdrag å etablere eit Felles cyberkoordineringssenter, som blei etablert i 2017. Senteret skal bidra til å styrke evna til å avdekke og handtere dei mest alvorlege digitale angrepa.

Etterretningstenesta har levert godt i 2016. Dagens situasjonsbilete og tryggingspolitiske utfordringar krev at tenesta har fokus på utfordringar i det digitale rommet.

Arbeidet med forsvar mot digitale truslar i NATO

Under toppmøtet i Warszawa juli 2016 sa Noreg seg samd i erklæringa frå allierte stats- og regjeringssjefar om styrkt forsvar mot digitale truslar (NATO Cyber Defence Pledge ). Dette underbygger viktigheten av forsvar mot digitale truslar og av eit breitt samarbeid nasjonalt samt med allierte og NATO på området.

I februar 2016 blei det inngått ein ny Memorandum of Understanding (MOU) mellom Noreg og NATO om informasjonsutveksling knytt til forsvar mot digitale truslar. Avtalen bidrar til økt evne til forsvar mot digitale truslar og understøtter samarbeidet mellom NATO-land på området.

Noreg har frå sommaren 2016 inngått i eit nytt, prosjektbasert samarbeid med det NATO-akkrediterte Cooperative Cyber Defence Centre of Excellence (CCD COE). Deltakinga underbygger Noreg si evne til forsvar mot digitale truslar og samarbeid med NATO-land på området.

Revisjon av planverk

Arbeidet med å gå gjennom og oppdatere hovudelementa i det operative planverket knytt til forsvar av norsk territorium, og beredskapsplanane for dei enkelte einingane i Forsvaret og bidrag til NATO sine eksisterande forsvarsplanar, har fortsett i 2016.

Forsvaret si evne til å vareta oppgåvene ved krise og krig avheng mellom anna av oppdaterte og relevante planverk. Oppdaterte planverk klargjer operative behov og bidrar til å gjere Forsvaret betre rusta til å møte aktuelle tryggingspolitiske utfordringar.

Prosjektet for gjennomgang av sivilt-militære ordningar og mekanismar innanfor totalforsvaret blei avslutta i juni 2016. Arbeidet med oppfølginga av dei attståande tilrådingane frå prosjektet blir ført vidare i linjeorganisasjonen.

Forsvaret si støtte til samfunnstryggleik

Forsvaret har også i 2016 deltatt i søk- og redningsaksjonar, og gitt bistand etter førespurnad frå politiet og andre sivile styresmakter i samband med ulykker, naturkatastrofar og andre fredstidskriser. Forsvaret har ytt viktig støtte gjennom mellom anna Kystvakta, Heimevernet, søk- og redningstenesta og innanfor eksplosivrydding. Forsvaret har også i 2016 deltatt i søk- og redningsaksjonar, og gitt bistand etter førespurnad frå politiet og andre sivile myndigheiter i samband med ulykker, naturkatastrofar og andre fredstidskriser. Forsvaret har ytt viktig støtte gjennom mellom anna Kystvakta, Heimevernet og redningstenesta. Innanfor eksplosivrydding har Forsvaret i gjennomsnitt hatt daglege bistandsoppdrag gjennom året.

Vern mot kjemiske, biologiske, radiologiske og nukleære middel og eksplosivar (CBRNE-vern)

Forsvaret heldt fram arbeidet med å vidareutvikle kapasitetane for å verne personell og materiell mot verknader av CBRNE-middel. Forsvarsdepartementet, i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, gav i oktober 2016 ut Nasjonal strategi for CBRNE-beredskap 2016–2020. Strategien vil inngå som ein del av grunnlaget for å utarbeide ein ny plan for forbetring av CBRNE-vern i forsvarssektoren. CBRNE-vernet skal styrkast primært for å dekke Forsvaret sine eigne militære behov, men dette vil også styrke evna til å støtte sivile styresmakter.

Forsvaret har gjennom året halde oppe nasjonal beredskap for akutt handtering av eksplosivar.

Norske styrkar i utlandet

Noreg sine bidrag til koalisjonsoperasjonen mot ISIL ( Operation Inherent Resolve ) bidrog i 2016 med kapasitetsbygging av dei irakiske tryggingsstyrkane. Hovudstyrken i Irak var forlagt i Erbil der Pershmergastyrker blei trena. Frå september 2016 bidrog norske styrker også med kapasitetsbygging av sunni-arabiske grupper som kjempar mot ISIL i Syria. Det norske bidraget var basert i Jordan.

Operasjon Resolute Support Mission (RSM) erstatta ISAF-operasjonen i Afghanistan 1. januar 2015. Hovudoppdraget for Noreg var i 2016 framleis spesialstyrkebidraget til støtte for den afghanske spesialpolitieininga Crisis Response Unit (CRU 222) i Kabul og støtte til den afghanske General Command of Police Special Units (GCPSU). RSM inneber ei fortsetjing av rådgivingsverksemda.

Noreg sitt hovudbidrag til FN var i 2016 eit C-130J transportfly til United Nations Multidimensional Integrated and Stabilisation Mission in Mali (MINUSMA). I tillegg drifta Noreg leiren for denne styrka og andre einingar forlagde på Bamako flyplass, mellom anna analyse- og etterretningseininga All Sources Information Fusion Unit (ASIFU), der Noreg også stilte med analytikarar. Noreg har også støtta med stabspersonell til MINUSMA-hovudkvarteret i Bamako.

Noreg har også stilt personell i United Nations Truce Supervision Organisation (UNTSO) og i Multinational Force and Observers (MFO) i Midtausten, og United Nations Mission in South-Sudan (UNMISS). I samband med kamphandlingane i Juba sommaren 2016, blei det sett i gang ytterlegare tiltak frå både FN og Noreg, for betre trygging av dei norske offiserane i misjonen, for anna personell i UNMISS og for sivilbefolkninga.

Forsvaret hadde også militært personell i Kosovo Force (KFOR) i Kosovo, NATO Headquarter in Sarajevo (NATO HQ Sarajevo) i Bosnia-Herzegovina, Combined Maritime Forces (CMF) i Bahrain, og til NATO Shipping Centre (NSC) i Northwood i England.

Noreg deltok i EU sin yttergrenseoperasjon Triton i Middelhavet med fartøyet MV Siem Pilot. Forsvaret støtta politiet med personell ombord på fartøyet.

Dei ståande reaksjonsstyrkane til NATO

Noreg deltok i den ståande maritime styrken i NATO (SNMG1) og den ståande mineryddingsstyrken til NATO (SNMCMG1). Noreg hadde eit sivilt fartøy (Ro-Ro skip) på beredskapskontrakt for strategisk sjøtransport heile året. Telemark bataljon stod på oppfølgingsberedskap til NRF i 2016. I tillegg bidrog Noreg til NRF med ein ubåt, to minerydderfartøy og to korvettar.

Strategisk sjø- og lufttransport

Noreg deltok i 2016 i den vidare utviklinga av dei fleirnasjonale kapasitetane innanfor strategisk sjø- og lufttransport, og utnytta desse kapasitetane gjennom:

  • Movement Coordination Centre Europe (MCCE) i Eindhoven i Nederland med 27 medlemsnasjonar. Medlemskapet gjer at transportkapasitetane til nasjonane blir nytta betre og gir ein meir kosteffektiv koordinering landa imellom.

  • Multinational Implementation Arrangement (MIA) med ti medlemsnasjonar, som i 2016 bestod av 14 transportskip (Ro-Ro) med totalt 37 000 lastemeter. Avtalen sikrar medlemsnasjonane tilgang på strategisk sjøtransportkapasitet.

  • Strategic Airlift Interim Solution (SALIS). NATO Support Agency (NSPA) forhandla på vegner av 12 deltakarnasjonar fram ein kontrakt for å sikre tilgang til såkalla outsized cargo lufttransportkapasitet frå 2006. Avtalen er forlenga til utgangen av 2016. Kontrakten inneber at nasjonane får tilgang på strategisk lufttransport med to fly av typen AN-124 innan 24 timer, ytterlegare to fly som kan bli aktiverte innan seks dagar og ytterlegare to fly innan ni dagar. I dag omfattar avtalen tilgang til fly av typen AN-124, AN-225 og Il-76.

3.4 Økonomi

Langtidsperioden 2013–2016 hadde som strategisk mål at forsvarssektoren blei utvikla med eit langsiktig perspektiv som skulle sikre at økonomiske ressursar, oppgåver og ambisjonsnivå var i samsvar med kvarandre. Kostnadseffektivitet og rasjonell drift var vektlagd som ein føresetnad for å utvikle og understøtte dei operative leveransane som Forsvaret var pålagd. Under punkt 3.12 blir hovudpunkta frå evalueringa av langtidsperioden 2013–2016 presentert.

I 2016 heldt Kampflyprogrammet fram med førebuingane til at dei nye flya skal kunne takast i bruk i Noreg frå hausten 2017. I tråd med fastlagd plan, blei løyvingane mellombels styrkt med 3 836 mill. kroner i 2016. I tillegg blei 1 100 mill. kroner overført frå 2015 til 2016, grunna utsette betalingar for kampfly. Programmet held fram innanfor vedtatt kostnadsramme.

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskapen før lånetransaksjonar, viser eit mindreforbruk på 1 793 mill. kroner for gjennomføringsåret 2016. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving i 2016 med 759 mill. kroner. Rekneskapen viser dermed ei mindreutgift på 1,780 mill. kroner, samanlikna med løyvinga i budsjettet for 2016. Mindreforbruket i 2016 og overføringane frå 2015 skriv seg hovudsakleg frå framdrifta i store anskaffingsprosjekt, slik som kampflykjøpet med baseløysing samt aktivitetar der utbetalinga først skjer i 2017.

Det har vore naudsynt med strenge tverrprioriteringar gjennom budsjettåret. Mellom anna måtte ein dekke inn ein auke i valutautgiftene med om lag 197 mill. kroner i tillegg til 95 mill. kroner til å stabilisere drifta i Logistikkprosjektet, saman med andre kritiske IKT-anskaffingar. Det har også blitt tilført om lag 81 mill. kroner til kampen mot terror og operasjon Triton. Skjerming av den operative verksemda har ført til at ein ikkje har kunna gjennomføre naudsynt vedlikehald i så stort monn som ønskeleg, har måtta avgrense kjøp av reservedelar og har dermed ikkje kunna bygge opp store nok beredskapslager. Tildelinga på 301,5 mill. kroner til vedlikehald i Sjøforsvaret i 2016 er eit første steg på vegen til å handtere denne utfordringa. Auken i ressursar er naudsynt for å oppnå balanse mellom dei operative leveransane og drift og vedlikehald av moderne våpensystem. I byrjinga av inneverande langtidsplan 2017–2020, har ein følgt opp styrkinga til vedlikehald, reservedelar og beredskapslager i tråd med føresetnadane.

3.5 Interne prosessar

Bidrag til tryggings- og forsvarspolitisk forsking

Forsking og utvikling innanfor tryggings- og forsvarspolitikk var i 2016 retta inn mot fleire område: Asia, med fokus på samarbeidet mellom Kina og Russland, den innanrikspolitiske utviklinga i USA med konsekvensar for USAs globale tryggings- og forsvarspolitiske engasjement, og NATO. Andre aktuelle FoU-aktivitetar var forsking på ytterlegare spreiing av valdeleg ekstremisme, herunder tryggingssamarbeid mellom vesten og Russland om terrorisme.

Kapasitetsbygging

Dei nordiske landa har sidan 2009 støtta Eastern Africa Standby Force (EASF) med eit rådgivarlag som er fast utplassert ved EASF sitt hovudkvarter i Kenya. I 2016 blei det gjennomførd ei vurdering av støtta. Ei rekke funn og tilrådingar blei fremma. Støtta blei bestemt forlenga fram til og med 2018, med forventing om at EASF tydeleg skal vise korleis dei vil leggje til rette for å bruke støtta frå dei nordiske landa og kva resultat ho direkte gir.

I 2016 heldt dei nordiske landa fram med å levere gode resultat gjennom Nordic-Baltic Assistance Programme (NBAP), som blei starta i 2014 etter initiativ frå Noreg. Dei nordisk-baltiske landa heldt fram støtta til Joint Training and Evaluation Centre (JTEC) i Georgia. Denne innsatsen er ein viktig del av NATO si støttepakke til Georgia, og blir ofte halde fram som flaggskipet mellom NATO sine ulike kapasitetsbyggingsprogram. I 2016 starta også planlegging av liknande innsats i Ukraina, med vekt på antikorrupsjonsarbeid.

Noreg heldt fram engasjementet på Vest-Balkan, særleg retta mot Bosnia-Hercegovina, Makedonia og Serbia. Noreg har jamlege samtalar med desse landa for å følge sentrale trekk i den tryggingspolitiske utviklinga. Noreg har også fleire tekniske støttetiltak retta mot desse landa, for å fremje samarbeid mellom landa i regionen, og sette dei i stand til å ta del i fleirnasjonale tryggingsoperasjonar.

Forsvarleg forvaltning og styring av verksemda

Forsvarleg forvaltning og styring av verksemda er ein føresetnad for forbetring i forsvarssektoren. Dette arbeidet har høg merksemd i styringsdialogen Forsvarsdepartementet har med verksemdene under departementet, og i styringa internt i verksemdene. Det omfattande og langsiktige arbeidet med å forbetre styringa og forvaltninga av tildelte ressursar blei ført vidare i 2016.

Det er ein uttalt ambisjon for forsvarssektoren å unngå merknader frå Riksrevisjonen. Dette krev forbetring på område der svakheiter er avdekte, men også tiltak for å unngå feil i framtida. Arbeidet har gitt forbetringar også i 2016. Målsettinga er å leggje til rette for god oppgåveløysing gjennom systematisk oppbygging av kompetanse og rutinar for og etterleving av intern kontroll. I samband med overgangen til periodisert rekneskap etter dei statlege rekneskapsstandardane, ny kontoplan og ny versjon av Forsvaret sitt felles integrerte forvaltningssystem (FIF) og opprettinga av etaten Forsvarsmateriell, blei det gitt unntak av Direktoratet for økonomistyring frå enkelte krav i økonomireglementet, noko som mellom anna gjorde at Riksrevisjonen konkluderte med at dei ikkje kunne uttale seg om rekneskapen.

Organisasjon og styrkestruktur

Forsvarsstrukturen må utviklast kontinuerleg for å underbygge forsvarssektoren si evne til å kunne vareta dagens og framtidige utfordringar. 2016 var siste året i langtidsplanen 2013–2016 «Et forsvar for vår tid». I 2016 vart omstilling av Luftforsvaret prioritert. Den viktigaste enkeltsaka var leveringa av dei to siste av fire F-35 treningsfly, å førebu serieleveransen av dei nye kampflya og å utvikle den nye hovudbasen på Ørlandet. Dei andre forsvarsgreinene og andre delar av strukturen blei i hovudsak vidareført. Det blei ikkje tilført ytterlegare maritime NH90-helikopter til Sjøforsvaret i 2016 fordi prosjektet er betydeleg forsinka. Hæren blei tilført auka eldkraft og mobilitet gjennom modernisering av CV90, og betra evne til å utøve kommando og kontroll. Heimevernet blei tilført nytt og moderne materiell. Vidare blei det i 2016 oppretta ein ny etat i sektoren ved å skilje ut ansvaret for anskaffingar frå Forsvarets logistikkorganisasjon til ein nyoppretta etat – Forsvarsmateriell (FMA).

Luftforsvaret har i stort evna å gjennomføre ein omfattande omstilling samstundes som dei har førebudd innfasing av nytt materiell som nye kampfly, maritime helikopter, luftkommandosystem og nye redningshelikopter. Det har vore betydelege forseinkingar i leveransen av maritime helikopter. Forsvaret har ved utgangen av 2016 tatt imot seks helikopter. Innføringa av nye kampfly gjekk etter planen. Dei første fire flya blei mottatt for opplæringsformål i USA, og utbygginga av ny kampflybase på Ørland går etter planen. 132 Luftving i Bodø blei lagt ned i 2016, og verksemda med F-16 vidareført i Bodø som ein base underlagt luftvingen på Ørland flystasjon. Det har vore naudsynt å justere tidsplanen for nokre av tiltaka i langtidsplanen basert på anbefaling frå forsvarssjefen. Dette har ført til auka utgifter, samt at permanente løysingar vil bli etablert seinare enn planlagt. 130 Luftving på Mågerø blei lagt ned i 2016, men delar av verksemda blir mellombels vidareført på Mågerø også i 2017.

Hæren blei styrka mellom anna ved å vidareutvikle Panserbataljonen til ein mekanisert eining liknande Telemark bataljon. Andelen av profesjonelle soldatar er auka og øvingsaktiviteten er høgare. Hærstaben og brigadestaben til Brigade Nord er samordna og er gjort meir mobil. Frigjevne ressursar og årsverk er overført til operativ verksemd. To større anskaffingar i Hæren er skjøve ut i tid. Den eine skuldast at den felles norsk-svenske anskaffinga av artillerisystemet Archer blei terminert i 2013, etter tilråding frå forsvarssjefen. Den andre anskaffinga gjeld stridsvogner, som blir behandla i proposisjonen om den vidare utviklinga av landmakta, Prop. 2 S (2017–2018). Moderniserte CV90 blei levert i 2016, og leveransane held fram i 2017. Det er tilført nytt og moderne materiell til Heimevernet. Trening og øving av heimevernsstrukturen har blitt prioritert i 2016 og med god måloppnåing.

Det har gjennom ei omorganisering i Sjøforsvaret i 2016 blitt frigjort ei betydeleg mengd stillingar frå leiing, støtte og administrasjon. Desse stillingane er overførte til operativ verksemd. Sjøforsvaret har derfor evna å segle fleire fartøy i 2016. Det blei mellom anna segla med fire fregattar og fem korvettar, og ein ubåt har vore kontinuerleg på patrulje i Nord-Noreg. Regjeringa auka løyvingane til Sjøforsvaret for å finansiere det permanente nærværet med ubåt i nord. Leveransen av nytt logistikkfartøy som var planlagt overlevert i 2016 er forseinka med nokre månader og vil bli levert i 2018.

I samband med etableringa av den nye etaten Forsvarsmateriell 1. januar 2016, blei verksemda i Forsvarets logistikkorganisasjon konsentrert til forsyningsverksemd, vedlikehaldsverksemd og operativ logistikk. Arbeidet med å effektivisere eigen struktur starta opp. Effektiviseringa og moderniseringa av logistikkverksemda heldt fram for å tilpasse leveransane til behova i den operative strukturen.

I Forsvarets sanitet har det vore einskilde utfordringar knytt til personell og materiell, mellom anna vil ikkje lett feltsjukehus (ROLE 2) som system vere klart før mot slutten av perioden 2017–2020.

I Forsvarsmateriell har omfanget av IKT-relaterte anskaffingar i perioden blitt redusert som følge av overordna prioriteringar innanfor materiellanskaffingsrammene. Omprioriteringar og forskyvingar innanfor materiellanskaffingar reduserte evna til å realisere effekten av IKT som føresett.

Det mangeårige etterslepet i vedlikehald, mangel på reservedelar og manglande beredskapsbehaldningar har medført lågare tilgjenge og difor redusert evne til å halde ut på enkelte strukturellement som igjen har påverka trening, øving og operativ evne negativt. Vedlikehald, innkjøp av reservedelar og oppbygging av beredskapsbehaldningar heldt fram og blei ytterlegare prioritert i 2016, særleg i Sjøforsvaret. Dette arbeidet er også eit satsingsområde i den nye langtidsplanen.

Det er framleis manglande måloppnåing innanfor einskilde områder. Ein ny tryggingspolitisk situasjon har ført til iverksetting av tiltak som ikkje var omtalt eller prioritert i langtidsplanen. Forsvarssektoren er likevel vidareutvikla i perioden.

3.6 Materiell og infrastruktur

Materiellanskaffingar

Materiellanskaffingar i Forsvaret skal medverke til å tilpasse den framtidige strukturen til oppgåver og utfordringar og betre den eksisterande strukturen der dette er naudsynt. Omfanget av og framdrifta i anskaffingane blir tilpassa dei gjeldande økonomiske rammene og strukturplanane, og forhold på leverandørsida.

Status og framdrift i dei einskilde materiellprosjekta, som er godkjende av Stortinget med ei total kostnadsramme over 500 mill. kroner (kategori 1), er omtalte under prosjekta i del I, 4. Investeringer.

Frå midten av 2016 blei dei seks materiellanskaffingsprogramma for Land-, Sjø-, Luft-, Soldat-, INI- og Logistikksystem omorganiserte for betre å reflektere organiseringa av materiellverksemda innanfor den da nyoppretta etaten Forsvarsmateriell. Dette blei løyst ved at prosjekta innanfor programma Logistikksystem og Soldatsystem blei spreidd til programma Landsystem, Sjøsystem, Luftsystem og INI-system basert på naturleg tilhøyrsel.

Den klart største materiellanskaffinga i Hæren i 2016 var det pansra køyretøyet CV90. Vidare blei det investert i diverse køyretøymateriell og utstyr for å verne om soldatane si helse og trygging, til dømes vestar som vernar mot eld frå handvåpen. Det gjekk også med middel for å utvikle ein artillerilokaliseringsradar og til ulike typar logistikk- og sanitetsmateriell.

Dei største materiellanskaffingane til Sjøforsvaret var utbetalingar til fregattane, levetidsforlenging av Nordkapp-klassen kystvaktfartøy og tilpassing til NH90 maritime helikopter, samt omfattande vedlikehald av KV Svalbard. Dette var heilt naudsynt for at isbrytarkapasitet skulle haldast oppe, og 40 mill. kroner frå den ekstraordinære tiltakspakka gjekk til dette føremålet. Det har også vore omfattande vedlikehald av ubåtar.

Dei største materiellanskaffingane til Luftforsvaret var oppgradering av F-16 kampfly og NASAMS II, og oppdatering av sensorar for militær luftromsovervaking. I tillegg blei oppgraderingsprosjekta P7186 Elektrooptisk og infrarødt sensorsystem og P7189 Flyoppdatering førte vidare for P-3 maritime overvakingsfly.

Noreg fekk ytterlegare to F-35 kampfly levert i 2016. Desse skal saman med dei to F-35-kampflya som blei leverte i 2015 nyttast til trening av norske pilotar i USA. Treninga av norske pilotar og teknikarar i USA er godt i gang og dei vil vere klare til å understøtte dei første flya som kjem til Noreg hausten 2017. Stortinget har slutta seg til leveranseplanen for hovudanskaffinga av kampfly med baseløysing, jf. Innst. 489 S (2012–2013) til Prop. 136 S 2012–2013). I tråd med denne har Stortinget hittil gitt fullmakt til kjøp av til saman 40 nye kampfly. Trinn 3 i utviklinga av det norske missilet Joint Strike Missile (JSM) heldt fram i samsvar med plan, og to vellykka slipptestar blei gjennomførte i 2016.

Innanfor området informasjonsinfrastruktur var dei største anskaffingane knytte til landsdekkande fiberinfrastruktur, nye samhandlingstenester, oppgradering av taktiske radioar i Hæren samt nye transportable kommunikasjonsmodular. Innanfor etableringa av eit felles integrert forvaltningssystem har Logistikkprosjektet gjennom heile 2016 levert funksjonalitet i delleveranse 1 av prosjektet.

Nybygg og nyanlegg

I 2016 blei det samla gjennomført anskaffingar i eigedom, bygg og anlegg (EBA), inkludert innreiingsprosjekter, for i underkant av 3 mrd. kroner. Det største tiltaket var utbygging av kampflybasen på Ørland, og i 2016 har prioriteten vore å halde fram arbeidet med prosjekt som var kritiske for mottak av dei første kampflya hausten 2017. Prosessane med eigedomserverv og støyreduserande tiltak på Ørland har også vore i gang i 2016.

Arbeidet med etablering av helikopterbasen på Bardufoss blei ført vidare med bygging av eit nytt felles skvadronsbygg for 337- og 339-skvadronane, inkludert ny hangar med verkstadfasilitet for NH90. Vidare heldt prosjektet for bygging av ny brannstasjon ved Bardufoss flystasjon også fram i 2016. På Haakonsvern heldt arbeidet fram med bygging av basen for NH90-detasjementet. Prosjektet omfattar bygging av skvadronsbygg for 334-skvadronen med tilhøyrande hangar og verkstadfasilitet for NH90. Den nye Jarfjord grensestasjon, som er den andre av dei to nye stasjonane til Grensevakta, blei ferdigstilt i 2016.

Fellesfinansierte bygge- og anleggsarbeid

Fellesanskaffinga til NATO av luftkommandosystemet Air Command and Control System (ACCS) til mellom anna Air Control Center Recognised Air Picture Production Center Sensor Fusion Post (ARS) Sørreisa blei ført vidare som eit av dei større prosjekta under fellesfinansierte bygge- og anleggsarbeid i 2016. EBA-delen er i all hovudsak fullført, men gjentekne forseinkingar i programvaredelen gjer at prosjektet tidlegast blir ferdig i slutten av 2018.

Avhending av overskotsmateriell

Forsvaret avhenda materiell ved sal i 2016 for om lag 20,4 mill. kroner. I tillegg blei noko materiell avhenda ved vederlagsfrie overføringar, der dette var tenleg. Dette omfatta mellom anna overføring til andre statlege aktørar i Noreg, og materiell frå Noreg sitt bidrag i Mali blei overført på staden til internasjonale samarbeidspartnare.

Forsking og utvikling (FoU)

FoU-aktivitetane som blir finansierte over forsvarsbudsjettet er i hovudsak innretta mot teknologi for militære føremål, utvikling av konsept for militære operasjonar og støtte av og tilrettelegging for anskaffingar. Mykje av FoU-innsatsen har vore knytt til pågåande og framtidige materiellanskaffingar. FoU-aktivitetar utgjer også grunnlaget for forskingsbasert undervisning ved Forsvaret sine skular. Forsvarets forskingsinstitutt utfører ein vesentleg del av FoU-aktivitetane, og Forsvarets høgskole er hovudaktør innanfor forskingsbasert undervisning.

I 2016 blei den teknologiske forskingsinnsatsen mellom anna retta inn mot å støtte arbeidet med å skaffe og klargjere nye kampfly og kampflybasar, samt analysar for å skaffe nye ubåtar. I tillegg har det vore satsa på romverksemd saman med norsk romindustri og forsking på laserbaserte mottiltak. Av anna forsking har det vore satsa på tryggingspolitikk og samfunnstrygging, støtte til vidareutvikling av den vedtatte forsvarsstrukturen og bidrag til langtidsplanarbeidet.

Forskingsprosjekta i regi av Forsvarsdepartementet på HR-området har i hovudsak vore retta mot forhold knytte til innføring av allmenn verneplikt og militærordninga for militært tilsette. I tillegg har dei omhandla støtte til planprosesser innanfor personell og kompetanse.

Forsvarets sanitet la i 2016 fram ein spørjeskjema-basert forskingsrapport om førekomst av psykiske lidingar blant norske UNIFIL-veteranar som hadde tenestegjort i Libanon frå 1978 til 1998. Det kom inn over 10 000 svar, noko som gav ein svarprosent på om lag 51. Sannsynet for psykiske plager og lidingar for norske UNIFIL-veteranar var 12,4 pst. I den norske vaksne befolkninga kan mellom 10 og 30 pst. ha plager som fyller kriteria for minst ei psykisk liding. Samanlikna med øvre del av befolkninga, er delen av UNIFIL-veteranane med slike plager i den lågare delen av skalaen.

Næringssamarbeid og samarbeid med offentlege verksemder nasjonalt og internasjonalt

Forsvarsdepartementet har ført vidare ein aktiv politikk for industrisamarbeid med leverandørar og offentlege verksemder nasjonalt og internasjonalt, i samband med Forsvaret sine anskaffingar. Dette er naudsynt mellom anna for å vareta nasjonale omsyn til tryggingssinteresser. Næringslivet tok del i alt frå kompliserte og integrerte prosessar, til levering av enklare materiell, varer og tenester.

Hovudmålet med regjeringa sin politikk innanfor dette området er å vareta nasjonale omsyn til tryggingsinteresser gjennom å halde oppe og utvikle vidare ein internasjonalt konkurransedyktig norsk forsvarsindustri. Regjeringa sin strategi blei presentert for Stortinget i Meld. St. 9 (2015–2016) «Nasjonal forsvarsindustriell strategi». Eit viktig verkemiddel i regjeringa sitt arbeid, er å sikre eit godt samarbeid mellom forsvarssektoren og forsvarsindustrien, basert på forsvarssektoren sine behov for kostnadseffektive leveransar av materiell og tenester. Eit av dei bærande prinsippa i samarbeidet er tidleg dialog mellom aktørane. Regjeringa har lagt stor vekt på dette mellom anna i førebuingane til framtidig anskaffing av nye ubåtar, og har lagt vekt på å etablere vel fungerande møteplassar.

3.7 Menneske, læring og utvikling

Haldningar, etikk og leiing

Arbeidet med haldningar, etikk og leiing (HEL) blei ført vidare i 2016. Arbeidet er grunna i verdigrunnlaga for forsvarssektoren og for kvar verksemd, i tillegg til formelle oppdrag til verksemdene og i lokale tiltaksplanar. Målet har vore å integrere HEL-perspektivet i den daglege drifta. Det er gjennomført tiltak som dilemmatrening, leiartrening og faglege samlingar ved lokale einingar med fokus på etiske utfordringar. Dialogkonferansen for HEL for forsvarssektoren, i regi av Forsvarsdepartementet, hadde i 2016 omstilling som tema: «Når plan møter røyndom, menneske og kultur i omstilling».

Det blei i 2016 arbeidd vidare med å finne gode indikatorar for å dokumentere resultata av HEL-arbeidet. Spørjeundersøkingar blir mellom anna nytta til dette. Ei positiv og dokumenterbar utvikling av forsvarleg forvaltning i sektoren indikerer godt HEL-arbeid.

Etisk råd for forsvarssektoren fokuserte i 2016 på etiske og juridiske sider ved totalforsvaret og på etikktrening under øvingar samt etikkutdanning i Forsvaret, særleg i samband med innføring av det nye spesialistkorpset. Rådet har bidrege til etikkundervising i forsvarssektoren, og har halde ei rekke foredrag både i sektoren og for eit breiare publikum.

Senter for integritet i forsvarssektoren heldt fram som NATO sitt kompetansesenter og faglege leverandør av kurs og seminar på området integritetsbygging og antikorrupsjonsarbeid. Senteret har forsterka innsatsen nasjonalt. Samarbeidsprosjekta i Søraust-Europa og Ukraina har elles vore i fokus i 2016.

Mobbing og seksuell trakassering

Det var nedgang i omfanget av seksuell trakassering av kvinner i førstegangsteneste i 2016. 15 pst. av kvinnene svarte i 2016 at dei var utsette for seksuell trakassering, medan det i 2015 var 18 pst. som svarte slik. Blant menn var det begge åra to pst. som sa at dei var utsette for seksuell trakassering. Dei aller fleste som var utsette for seksuell trakassering svarte at trakasseringa blei utført av andre soldatar. Det er verbal trakassering som er mest utbreidd, men trakasseringa i form av uønskt fysisk berøring og mobbing på digitale plattformer skjer også.

Både i 2015 og 2016 svarte seks pst. av kvinnene og fire pst. av mennene at dei var blitt utsette for mobbing i førstegangstenesta. For begge kjønna var det andre soldatar som i det alt vesentlege sto for mobbinga, og graden av alvor i mobbinga var i 2016 gjennomsnittleg 1,4 på ein skala frå ein til fire, der fire var det mest alvorlege.

Soldataksjonen for 2015/2016 hadde tittel «Gjensidig respekt – et felles ansvar». Aksjonen blei gjennomført i samarbeid med Likestillings- og diskrimineringsombodet. Målet med aksjonen var å sette merksemd på korleis ein skal motverke ulike former for seksuell trakassering. Forsvaret har nulltoleranse for mobbing og seksuell trakassering. Likestillingskonferansen til forsvarssjefen, i 2016 og i tidlegare år, har bidrege til auka kompetanse om kjønn i sektoren.

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) heldt i 2016 fram med forsking på mobbing og seksuell trakassering, og det blei utgitt fleire rapportar om temaet. I tillegg utvikla FFI eit nytt spørjeskjema for å kunne få meir kunnskap og eit betre forskingsgrunnlag knytt til mobbing og seksuell trakassering. Spørjeskjemaet skal etter planen takast i bruk i 2017.

Veteranar

Regjeringa sitt omfattande arbeid med å anerkjenne, følge opp og vareta personell før, under og etter teneste i utlandet heldt fram i 2016. Samarbeidet mellom Forsvarsdepartementet og dei seks andre departementa om tiltak i oppfølgingsplan «I tjeneste for Norge», heldt også fram i 2016.

Oppfølgingsplanen legg vekt på å auke kompetansen og betre samhandlinga mellom sektorane. Her blei det gjort viktige framsteg i 2016. Eit sentralt område i oppfølgingsplanen er å auke kompetansen i kommunane om veteranar og deira familiar, ettersom det er kommunane som har hovudansvaret for primærhelsetenester og familievern.

Hausten 2016 starta ei uhilda evaluering av oppfølgingsplanen.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS)

Forsvaret utarbeidar årleg HMS-handlingsplanar for å nå HMS-mål. Kompetanseoppbygging blei også i 2016 vektlagt for å sikre gode haldningar og varetaking av arbeidsgivaransvaret. HMS inngår i all militær utdanning på alle nivå. Informasjon om HMS og dialog med dei tilsette blei gjennomført på alle nivå i Forsvaret. Det blei arbeidd med å vidareutvikle ein velfungerande verneorganisasjon med aktive verneombod og lokale arbeidsmiljøutval. HMS-arbeidet i Forsvaret blir følgd opp tett ved revisjonar ved utvalde einingar. Forsvaret sitt hovudarbeidsmiljøutval er det øvste nivået i Forsvaret sin vernestruktur.

Eit felles HMS-styrings- og rapporteringssystem er innført i Forsvaret. Systemet blei vidareutvikla for risikovurderingar i 2016.

Forsvaret legg vekt på å ha eit inkluderande arbeidsliv med eit lågt sjukefråvær, og har i mange år vore IA-verksemd. Også i 2016 blei det arbeidd med å styrke rutinar som fortløpande skulle sikre balanse mellom oppgåver og ressursar. Slik balanse er avgjerande for å redusere omfanget av overtidsarbeid, og å unngå ulukker og skadar.

Personellstruktur

Ved utgangen av 2016 hadde Forsvaret 15 929 årsverk. Dette var ei nedgang på om lag 1 300 årsverk samanlikna med 2015. Størstedelen av nedgangen i talet på årsverk var grunna etableringa av Forsvarsmateriell som eigen etat frå 1. januar 2016. Dei fleste av dei tilsette i Forsvarsmateriell kom frå Forsvaret, og dei blei derfor overførde frå ein etat i sektoren (Forsvaret) til ein annan (Forsvarsmateriell).

Figur 3.6 Utvikling i årsverk i Forsvaret, gjennomsnitt for året

Figur 3.6 Utvikling i årsverk i Forsvaret, gjennomsnitt for året

Innføring av ordninga for militært tilsette kom i gang i 2016, og vil halde fram dei kommande åra. Om lag 3 500 tidlegare yrkesbefal, avdelingsbefal og verva er blitt konverterte til spesialistkorpset i den nye ordninga. Spesialistkorpset omfattar befal, grenaderar og konstablar (OR 2–9). I 2016 starta dei første nivådannande kursa for spesialistkorpset. Det blei også arbeidd med nye karriere- og tenesteplanar for dette personellet. Regelverket knytt til forvaltninga av spesialistkorpset kom i all hovudsak på plass i 2016.

Det var framleis enkelte manglar i kompetansestrukturen i Forsvaret i 2016, men det er ei betring i høve til året før.

Kvinnedelen blant militært tilsette var 10,9 pst. i 2016, ein auke på 0,4 prosentpoeng frå året før. Kvinnedelen blant sivilt tilsette var 33 pst. i 2016, det same som året før. Kvinnedelen var samla 17 pst., og det er ingen endring frå året før.

I 2016 var kvinnedelen 19,9 pst. blant dei som fullførte befalsutdanning. I 2015 var denne prosenten 17,7. Kvinnedelen blant dei som fullførte krigsskoleutdanning var 15,8 pst. i 2016. I 2015 var denne prosenten 8,2.

Det var svært god søknad til utdanninga i Forsvaret i 2016.

Mangfald

Forsvaret treng eit mangfald i personellsamansettinga. Ettersom førstegangstenesta er grunnlag for rekruttering til utdanning og vidare teneste i Forsvaret, blir mangfald i seleksjon til førstegangstenesta vektlagt. Målet er at seleksjon til førstegangstenesta skal spegle samfunnet vårt både når det gjeld geografisk tilhøyrsel, bakgrunn, kompetanse og kjønn. Innretninga av seleksjon til førstegangstenesta blir utvikla med dette som mål.

2016 var første året vernepliktige møtte til teneste etter innføring av allmenn verneplikt. Kvinnedelen blant dei som møtte til teneste var 20,6 pst. Året før var tilsvarande kvinnedel 16,3 pst. Auka kvinnedel i Forsvaret er eit viktig bidrag til at Forsvaret skal få det mangfaldet det treng.

Regjeringa sin handlingsplan for kvinner, fred og trygging har mål om å få fleire kvinner til operative einingar og styrkebidrag. Pilotprosjektet med kvinneleg jegertropp i Forsvarets spesialkommando blei utvida frå tre til fem år, mellom anna for å få fleire kvinner til krevjande operative tenester. Å rekruttere fleire kvinner til spesialistkorpset (OR) blei også vektlagt.

Kvinner, fred og tryggleik

Handlingsplanen for kvinner, fred og trygging 2015–2018 blei ført vidare i 2016. Dei fire hovudområda for norsk satsing er fredsprosessar og fredsforhandlingar, internasjonale operasjonar, fredsbygging og humanitære kriser. For Forsvaret inneber dette ei rad med konkrete oppdrag, med hovudvekt på operativ planlegging, gjennomføring og evaluering. Auka kvinnedel i operative einingar og styrkebidrag til internasjonale operasjonar er også eit satsingsområde. Spesialistkompetansen ved Forsvarets høgskule knytt til handlingsplanen blei ført vidare i 2016.

Det norske bidraget til Nordic Centre for Gender in Military Operations i Sverige blei styrkt med ein tilsett. I 2016 avslutta generalmajor Kristin Lund tenesta som styrkesjef for FNs fredsbevarande styrke på Kypros – UNFICYP. Ho var FN sin første kvinnelege styrkesjef.

Pilotprosjektet med kvinnelege jegerar i Forsvarets spesialkommando blei vidareført i 2016, og er forlenga til 2019. Målet er å få fleire kvinner til krevjande operativ teneste.

Ordninga for militært tilsette

Stortinget sitt vedtak ved behandling av Innst. 335 L og 336 S (2014–2015) til Prop. 111 LS (2014–2015) om å innføre ei ny ordning for militært tilsette, er ei historisk viktig reform for Forsvaret. Ordninga for militært tilsette blei sett i verk 1. januar 2016, og skal vera innført innan utgangen av 2020. Ordninga for militært tilsette, som mellom anna innførte eit spesialistkorps i tråd med dei øvrige NATO-landa, legg grunnlaget for ein balansert personellstruktur som styrker Forsvaret si operative evne. Spesialistkorpset, som omfattar befal, grenaderar og konstablar, skal bidra til kvalitet, kontinuitet, auka ståtid i stilling og forbetra operativ evne. Eit komplett system for utdanning og karriere skal sikre at dette behovet blir dekt.

Parallelt med innføringa av eit spesialistkorps, er offiserane si rolle i ferd med å bli endra til i større grad å representere militær breiddekompetanse og leiing. Dei to typane av militære stillingar er etablerte for å sikre at militært personell tidleg blir gitt ei utdanning og ei yrkeserfaring som skal støtta opp om dei funksjonane og rollane dei skal ha i Forsvaret. Forsvaret har i 2016 utarbeidd karriere- og tenesteplanar for dei to karrierevegane. Planane skal mellom anna sikre styring av kompetanse i Forsvaret. Felles rammeplanar for nivådannande utdanning for spesialistkorpset kom på plass i 2016, og dei første kursa blei utarbeidde og gjennomførde. Det blei også lagt ned eit omfattande arbeid med felles kulturell forankring av ordninga for militært tilsette.

Det blei i løpet av 2016 gjort gode framsteg i å setje ordninga for militært tilsette ut i livet. Det er også sett i verk forsking som skal følgje innføringa av ordninga, og bidra til auka kunnskap om, og forståing for, både dei strukturelle og dei kulturelle aspekta ved militærordninga.

For ytterlegare å styrka den operative evna starta Forsvaret mot slutten av 2016 ei omfattande omstilling i personellstrukturen. Stabs- og støttestillingar blei omprioriterte til operative stillingar. Hovuddelen av denne omstillinga skal gjennomførast i perioden 2017–2020.

Særaldersgrense

Fast tilsett militært personell har særaldersgrense på 60 år. I oppfølginga av Innst. 384 S (2012–2013) til Meld. St. 14 (2012–2013) og Innst. 335 L (2014–2015) til Prop. 111 LS (2014–2015) gjennomførte Forsvarsdepartementet ei omfattande utgreiing, med forskingsstøtte frå Forsvarets forskingsinstitutt, om ulike alternativ til Forsvaret si særaldersgrense. Departementet kom fram til at det framleis er behov for ein arbeidsgivarstyrt avgangsmekanisme der alle, eller nokre av dei militært tilsette i dei øvre alderskategoriane, pliktar å fråtre etter ein gitt alder. Forsvarsdepartementet kom i utgreiinga fram til at det er eit handlingsrom for alternative løysingar til dagens modell. Ei eventuell endring i Forsvaret si særaldersgrense må sjåast i samanheng med eventuelle endringar i det offentlege pensjonssystemet.

Verneplikt

1. januar 2015 trådde lovendringane om allmenn verneplikt i kraft. Verneplikt omfattar dermed både kvinner og menn fødde 1. januar 1997 eller seinare. Noreg er det første NATO-landet som gir kvinner og menn like rettar og plikter til å verne om statens interesser, verdiar og territorium. For å sikre ei god innføring av allmenn verneplikt har Forsvaret satsa på fem prioriterte område i ein heilskapleg gjennomføringsplan.

Forsvaret har ein grundig seleksjonsprosess for å velje ut personar til førstegangsteneste, og det er behovet til Forsvaret som styrer kor mange som blir kalla inn. Årleg hentar Forsvaret inn og behandlar personopplysingar frå om lag 60 000 kvinner og menn. Om lag 20 000 møter til sesjon, og mellom 8 000 og 10 000 blir kalla inn til førstegangsteneste.

I 2016 blei totalt 20 974 klassifiserte som tenestedyktige på sesjon. Av desse var 7 814 kvinner.

8 763 personar møtte til teneste, og 1 807 av dei var kvinner. Dette ga ein kvinnedel for heile året på 20,6 pst., ein auke frå 16,3 pst. året før. Ved sommarinnrykket i 2016, som var det første innrykket der dei vernepliktige møtte etter at allmenn verneplikt trådde i kraft, var kvinnedelen 26,9 pst.

Det totale fråfallet frå tenesta var 1 146 personar i 2016. Fråfallsprosenten blei dermed 13,1. Blant kvinnene som møtte til teneste, var det 233 som falt frå før avslutta teneste. Det gav ein fråfallsprosent på 12,9.

Forsvaret er den største lærlingbedrifta i Noreg med 30 ulike lærefag. I 2016 var det 578 lærlingar, ein nedgang på 6,2 pst. frå året før, mellom anna fordi talet på lærefag har gått ned frå 31 i 2015 til 30 i 2016. 26 pst. av lærlingane var kvinner. I 2015 var 23,4 pst av lærlingane kvinner. Dei aller fleste lærlingar som går opp til fagprøve består prøva.

Det blei arbeidd vidare med å betre tilgangen på uniformer og personleg utrusting i riktig utforming og storleik til dei vernepliktige. Tilpassing av kasernar for å ta imot fleire kvinner til førstegangstenesta heldt også fram.

I 2016 blei om lag 1 400 vernepliktige overførte til disponering og teneste i Heimevernet.

Motivasjon for førstegangsteneste har generelt vore aukande blant både kvinner og menn dei siste åra. Vernepliktsundersøkinga i 2016 hadde ein svarprosent på 53, og viser at vernepliktige totalt sett har eit godt inntrykk av Forsvaret. 89 pst. av kvinnene og 81 pst. av mennene svarte at dei trivst godt i Forsvaret. 72 pst. av kvinnene og 64 pst. av mennene svarte at dei ville ha gjennomført førstegangstenesta dersom ho var frivillig. 94 pst. av kvinnene og 85 pst. av mennene som budde på kjønnsblanda rom svarte at dei er positive til ordninga. Det er også ein auke frå førre året i delen av både kvinner og menn som svarar at dei ville ha tilrådd kvinner å gjennomføre førstegangstenesta. Forsvaret blir i stor grad oppfatta som ein open og inkluderande organisasjon når det gjeld etnisk tilhøyr, religiøsitet og seksuell legning.

Revisjon av sikkerhetsloven

Arbeidet med revisjon av sikkerhetsloven blei ført vidare av Forsvarsdepartementet i 2016. Arbeidet er seinast omtala i Prop. 1 S (2016–2017). Utvalet som blei nemnd opp av regjeringa i mars 2015, leverte NOU 2016: 19 «Samhandling for sikkerhet» i oktober 2016. Rapporten, med utvalet sitt lovforslag, blei sendt på brei høyring parallelt med at lovarbeidet blei vidareført i Forsvarsdepartementet.

I juni 2016 blei endringslov til den gjeldande sikkerhetsloven vedtatt, jf. Innst. 352 L (2015–2016) til Prop. 97 L (2015–2016), som mellom anna omhandlar reduksjon i talet på klareringsmyndigheiter.

Forsvarsloven

I 2014 sette Forsvarsdepartementet i verk arbeidet med ein heilskapleg revisjon av lov 29. juli 1953 nr. 28 om Heimevernet, lov 17. juli 1953 nr. 29 om verneplikten, lov av 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking av militærtjeneste av overbevisningsgrunner og lov 2. juli 2004 nr. 59 om forsvarspersonell. Lov 12. august 2016 nr. 77 om verneplikt og tjeneste i Forsvaret m.m. (forsvarsloven) blei vedtatt av Stortinget i juni 2016. Forsvarsloven med tilhøyrande forskrifter trådde i kraft 1. juli 2017.

3.8 Kulturverksemda i forsvarssektoren

Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon blei lagt ned i 2016, og desse fagområda blei lagt til ei nyoppretta avdeling kalla Forsvarets fellestenester. Forsvarets kommandantskap, Forsvarets musikk og Forsvarets museum inngår i den nye organisasjonen.

Forsvarets musikk

Under Stortinget si behandling av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) blei det vedtatt å føre vidare korpsstrukturen med fem korps. Det blei også vedtatt å erstatte musikkinspektoratet med ei felles sentral leiing. Stortinget bad vidare Kulturdepartementet dekka 40 pst. av dei samla utgiftene knytte til drifta av korpsa i Horten, Bergen, Trondheim og Harstad. Dei innleiande samtalane og utgreiinga med Kulturdepartementet starta hausten 2016 og heldt fram i 2017.

Stortinget ga også Forsvaret i oppdrag å greie ut om delar av drifta av Forsvarets musikk kan finansierast gjennom kommunar og fylkeskommunar. Dette arbeidet blei sett i gang i slutten av 2016.

Forsvarets museum

Hovudoppgåva til Forsvarets museum blei førte vidare i 2016 med formidling av kunnskap og opplevingar for eit breitt publikum. Etter behandling av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) starta arbeidet med eit mandat for å greie ut framtida til musea.

3.9 Forsvarsrelaterte organisasjonar

Forsvarsdepartementet tildeler driftsstøtte og prosjektstøtte til forsvarsrelaterte organisasjonar og verksemder. Dette blir gjort for å stimulere sivilsamfunnet til aktivitet som fremjar kunnskap og merksemd om norsk tryggings- og forsvarspolitikk, eller som støttar opp om oppgåvene til Forsvaret. I 2016 blei det tildelt totalt om lag 54,5 mill. kroner.

Elleve organisasjonar fekk driftsstøtte, totalt om lag 33,8 mill. kroner. Tolv organisasjonar fekk totalt 20,8 mill. kroner i prosjektstøtte. Dei fire organisasjonane som blei tildelt mest fekk til saman om lag 44 mill. kroner, og av desse midlane fekk Det frivillige Skyttervesen om lag 29 mill. kroner.

I 2016 blei tildelingar til magasin og tidsskrift reduserte. Dette fordi digitalisering og nye kommunikasjonsplattformer som internett og sosiale medium er meir kosteffektive.

Forvaltningsansvaret for tilskottsmidlane til veteranrelaterte verksemder blei frå 2015 delegert til Forsvaret. Ordninga med delegert tilskotsforvaltning blei evaluert i 2016. Evalueringa viser at dette har fungert godt, og ordninga held derfor fram. Årsrapport med oversikt over tildelingar for 2016 ligg på heimesida til Forsvarsdepartementet.

3.10 Dekorasjonar for andre verdskrig

I 2016 fekk regjeringa sluttrapporten frå det femårige historikarprosjektet om dekorasjonar for innsats under andre verdskrig. Målet var å vurdere om det er grupper eller personar som har blitt utelatne ved tildeling av dei tre høgast rangerte medaljane, grunna hemmeleghald, manglande kunnskap eller politiske forhold. Etter ei omfattande fagleg vurdering tilrådde prosjektet at desse medaljane ikkje skulle bli tildelte utifrå dei nemnde føresetnadene. Tilrådinga er først og fremst grunna på manglande dokumentasjon og ønskje om likebehandling. Regjeringa har ikkje grunn til å overprøve denne tilrådinga, og har derfor bestemt at dei tre høgast rangerte medaljane ikkje skal tildelast for andre verdskrigen no. Dersom vidare forsking skulle gi ny kunnskap, vil dette kunne bli grunnlag for nye vurderingar. Sjå også Del III, punkt 6.3 og 6.4.

3.11 Forsvarsbygg, Forsvarsmateriell, Nasjonalt tryggingsorgan, og Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarsbygg

Verksemda til Forsvarsbygg spenner over alle aspekt knytte til utvikling, drift og avhending av forsvarssektoren sine eigedomar, bygg og anlegg. Dette omfattar også varetaking av dei nasjonale festningsverka. I tillegg støttar Forsvarsbygg andre delar av offentleg sektor med rådgiving knytt til beskyttelse og sikring av bygg, samt mellom anna oppføring av bygningar for nye redningshelikopter.

Ved utgangen av 2016 var det totalt 1 372 tilsette og 1 297 årsverk i Forsvarsbygg. Dette er ein monaleg reduksjon frå 2015, og kjem i hovudsak av at Forsvarsbygg sine leveransar av reinhaldstenester blei avvikla i 2016. Som ein følge av dette blei 233 reinhaldstilsette verksemdsoverdrege til ISS Facility Services, og 84 blei overførte til Forsvaret. Den nye organiseringa av reinhaldstenester ga ein vinst på om lag 70 mill. kroner for forsvarssektoren etter åtte månaders drift i 2016. Forsvarsbygg har elles styrka seg innanfor fagområdet trygging og beredskap, der det er tilsett fleire nye medarbeidarar.

Tilstandsregistreringane i 2016 viste ei forbetring i tilstandsgraden for dei nasjonale festningsverka, medan tilstandsgraden i den ordinære eigedomsporteføljen indikerte ein tilbakegang frå året før. Kvaliteten i registreringane har blitt monaleg betre dei seinare åra. Dette er ei av årsakene til at den berekna tilstandsgraden er endra. Samstundes har endringar i den tryggingspolitiske situasjonen ført til at over 90 000 kvm eigedomsmasse, som var under vurdering for framtidig utrangering, no er tatt attende i Forsvaret si portefølje. Av di det har vore planar om utrangering, har denne eigedomsmassen i lengre tid ikkje blitt prioritert med vedlikehald på same måte som anna eigedomsmasse i forsvarssektoren. Dette blir no spegla gjennom at desse eigedomane har relativt dårleg tilstand og eit relativt stort vedlikehaldsetterslep, og forklarar også noko av forverringa i tilstandsgrad.

Anskaffingsverksemda i Forsvarsbygg er omtala under punkt 3.6 – Materiell og infrastruktur.

Forsvarssektoren avslutta i 2016 program energileiing fase II i forsvarssektoren sine bygg og anlegg, med ein reduksjon i energiforbruket på 136 gigawatt-timar årleg. Det er utarbeida ein plan, og tiltak er sett i gang, for å fase ut fossil olje til oppvarming av bygg i forsvarssektoren.

Arbeidet med miljø- og eksplosivrydding på utrangerte skyte- og øvingsfelt blei vidareført i 2016. På Hjerkinn er alle sentrale anlegg og installasjonar no fjerna. Arbeidet med tiltaksplanar for miljøsanering av forureina sjøbotn i Horten indre hamn og på Laksevåg i Bergen er vidareført.

Nettoresultatet frå avhending og sal av eigedom i 2016 blei nær 414 mill. kroner. Dette var noko høgare enn budsjettkravet på 396 mill. kroner. Avhending av areal på Værnes til Avinor var den klart største enkeltinntekta frå avhending av eigedom i 2016.

Etter oppdrag frå Forsvarsdepartementet bestemte direktør Forsvarsbygg i desember 2016 ein ny intern innretning og organisering av etaten. Hensikta var å sikre at dei samla leveransane til etaten i framtida kan ytast på ein mest mogleg hensiktsmessig, nøktern og effektiv måte. Ein av effektane var at leiargruppa i Forsvarsbygg ville bli redusert frå tolv til seks direktørar. Samstundes vil reindyrking av roller og ansvar, samt samanslåing av fleire einingar og stabar, gi ein monaleg framtidig reduksjon innanfor funksjonar til stab og støtte. Den endelege økonomiske og personellmessige effekten vil bli nærare klarlagd i 2017, og Forsvarsdepartementet vil følge dette arbeidet nøye i tida framover.

Forsvarsmateriell

Etter regjeringa si avgjerd 20. april 2015 blei verksemda Forsvarsmateriell etablert 1. januar 2016 som eit ordinært statleg forvaltningsorgan direkte underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsmateriell har ansvar for materiellanskaffing og materiellforvaltning i forsvarssektoren. Etableringa av verksemda omfatta ein overføring av fem kapasitetsdivisjonar (land, maritim, luft, IKT og felles), anskaffingsstaben og deler av staben i Forsvarets logistikkorganisasjon. Om lag 1 300 tilsette, av dei om lag 500 militære, blei overførte til den nye verksemda. Oppgåva til Forsvarsmateriell er å utruste Forsvaret og andre verksemder i sektoren med relevant og tidsriktig materiell i tråd med vedtatt langtidsplan for å sikre kampkraft og bærekraft.

Hensikta med etableringa var å oppnå ein kvalitetsforbetring av materiellanskaffingar og materiellforvaltninga i forsvarssektoren med reduserte gjennomføringstider for materiellprosjekt og økt kvalitet på materiellforvaltninga. Like eins var hensikta å forbetre den strategiske styringa med kortare og meir effektive styringsliner. Forsvarsmateriell blei etablert etter planen.

Forsvarsmateriell har i 2016 hatt merksemd om å etablere ein funksjonsdyktig verksemd samstundes som ein har omsett midlar for om lag 12,5 mrd. kroner. Dette har vore krevjande, i og med at ein samstundes gjekk over til periodisk rekneskapsprinsipp med etablering av opningsbalanse og oppgradere forvaltningssystema.

Forsvarsmateriell fekk i likskap med Forsvaret unntak av Direktoratet for økonomistyring frå enkelte krav i økonomireglementet, som mellom anna gjorde at Riksrevisjonen konkluderte med at dei ikkje kunne uttala seg om rekneskapen.

Ein betydeleg del av midlane har gått til innkjøp av nye kampfly, og det blei motteke to nye kampfly i 2016. Vidare blei det mottatt eit NH90 helikopter. Det gjekk vidare med betydelege midlar til nye CV90 kampvogner til Hæren. Totalt blei det overlevert materiell til Forsvaret for meir enn 5 mrd. kroner.

Nasjonalt tryggingsorgan

Både langtidsplanen for forsvarssektoren for 2013–2016 (Prop. 73 S (2011–2012)) og stortingsmeldinga om samfunnstrygging (Meld. St. 29 (2011–2012)), løfta fram rolla til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) som eit sentralt sektorovergripande direktorat for vern av informasjon og infrastruktur av verdi for samfunnskritiske og andre viktige samfunnsfunksjonar. Dette blei følgt opp i Prop. 151 S (2015–2016), og innebar auka ambisjonsnivå for NSM i 2016, særskilt innanfor handtering av hendingar, objekttrygging, tilsyn, kompetanse og løysingar til informasjonstrygging.

NSM blei i 2016 utvikla vidare som direktorat for å synleggjera leveransar og leggje til rette for betre samhandling mellom alle aktørar innanfor fagfeltet. For verksemder underlagde sikkerhetsloven sitt verkeområde har dette også vore positivt for evna deira til å førebygge og handtere tryggingstruande hendingar.

NSM utarbeidde også i 2016 ei eiga risikovurdering, «Risiko 2016». Rapporten peikte på aukande risiko for at sentrale kritiske funksjonar, samfunnsviktig infrastruktur, skjermingsverdig informasjon og menneske blir råka av spionasje, sabotasje, terror og andre alvorlege handlingar. Eit sentralt tema i rapporten var spørsmålet om trygging kan styres. I rapporten «Helhetlig IKT-risikobilde», som blei levert september 2016, så NSM på utviklingstrekk, utfordringar og moglege tiltak som kan vere til hjelp for statleg trygging, samfunnstrygging og trygging i verksemder. NSM gav innspel til langtidsplanen for Forsvarssektoren som blei vedtatt av Stortinget 15. november 2016 og til samfunnstryggingsmeldinga, Meld. St. 10 (2016–2017), som Justis- og beredskapsdepartementet la fram i november 2016.

NSM avdekka i 2016 alvorlege sårbarheiter i norsk kritisk infrastruktur. NSM registrerte om lag 22 000 uønskte hendingar mot informasjonssystem i Noreg i 2016. Om lag 5 000 av dei blei prioriterte for oppfølging av NSM. Den generelle tendensen er at talet på hendingar stig. Deltakartalet i varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI) heldt fram med å auke i 2016. Varslingssystemet er sett saman av sensorar som blir plasserte i nettverket til nokre av dei største og viktigaste private og offentlege verksemdene i Noreg. NSM NorCERT overvakar datatrafikken og bidreg til å verne verksemdene mot dataangrep og industrispionasje.

NSM har ei sentral rolle som rådgjevar og rettleiar for verksemder med skjermingsverdige objekt som skal tryggast. Etterspurnaden etter slike rettleiingstenester var stor i 2016. Arbeidet med å identifisere skjermingsverdige objekt har truleg gitt betre trygging ved fleire verksemder, og auka merksemd om trygging i fleire sektorar i samfunnet.

I 2016 gjennomførte NSM 55 tilsyn. Tilsyna er innretta på ulike vis, og det blir også gjennomført etterkontrollar, der ein kontrollerer at avvika som blir oppdaga gjennom tilsyn, faktisk blir retta opp. Etter kvart tilsyn får verksemda tilbod om råd og rettleiing frå NSM.

Talet på tryggingsklareringar heldt fram med å vere høgt gjennom 2016, samstundes som overføringa av ansvaret for tryggingsklareringar til Forsvaret og ein ny etat i sivil sektor blei planlagd. Behandlingstida for klage- og klareringssaker har vore for lang, men NSM har lykkast med å redusere behandlingstida vesentleg.

Auken i førespurnader generelt og stor etterspurnad etter foredragshaldarar frå NSM har halde fram i 2016. Kurssenteret for førebyggande trygging har bidrege til auka kompetanse om førebyggande trygging i verksemdene. Også i 2016 arrangerte NSM ein tryggingskonferanse med over 700 deltakarar. NSM har også gjennomført fleire forskings- og utviklingsprosjekt som mellom anna skal medverke til å trygge samfunnsverdiar ved å utvikle tryggingstiltak.

NSM har fått i oppdrag å etablere betre kapasitet for å oppdage falske basestasjonar. Ein falsk basestasjon er ein basestasjon som ikkje er ein del av det ordinære telenettet. Det blei løyva totalt 11,6 mill. kroner til føremålet. NSM er i gang med oppdraget og har etablert samarbeid med Telenor, Telia og Ice.Net som teleoperatørar. Systemet kan brukast både stasjonært og mobilt og oppdagar falske basestasjonar på alle dagens mobilteknologiar.

Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) si omsetting i 2016 var på 892,2 mill. kroner, nær 15 mill. kroner høgare enn året før. FFI fekk eit driftsunderskot på rett over 9 mill. kroner. Resultatet var planlagd, for å redusere instituttets frie eigenkapital tilsvarande.

Basistildelinga, som i 2016 utgjorde 21 pst. av FFI sine inntekter, finansierer grunnlagsstudium og forskingsstrategiske program. I 2016 utgjorde oppdragsforskinga om lag 70,3 pst. av FFI sitt samla aktivitetsnivå. Oppdraga blei gitt innanfor eit breitt spekter av fag- og kompetanseområde, mellom anna knytt til framskaffing av nytt materiell og forvaltningsoppdrag til Forsvarsdepartementet. Forvaltningsoppdraga omfatta støtte til industrisamarbeid og deltaking i internasjonale vitskapelege og teknologiske forum, mellom anna representasjon for Noreg i forskingsprogram og forskingssamarbeid knytte til NATO si Science and Techology Organisation. Samarbeidet med European Defence Agency (EDA) blei i 2016 heldt oppe. FFI gav også i betydeleg grad råd om val av teknologiløysingar og operasjonskonsept.

Av viktige hendingar i 2016 var feiringa av FFI sin 70-årsdag, som blei markert med ei utstilling på Forsvarsmuseet på Akershus festning. Under NATO-øvinga Cold Response deltok FFI med ein container med konstruksjonsverktøy og 3D-printer, og demonstrerte nytta av å kunne framstille reservedelar og tilleggsutstyr i felt, også kalla additiv produksjon. I mai og juni skøyt Noreg og Polen fem Naval Strike Missile (NSM) missiler mot sjø- og landmål på Andøya, og FFI støtta begge land under gjennomføringa. I november godkjende NASA bygginga av Rimfax , den FFI-utvikla georadaren som skal til Mars.

Oppdrag frå sivile oppdragsgivarar i inn- og utland utgjorde i 2016 7,7 pst. av verdien av aktivitetane ved FFI. Det er ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå året føre.

Det er god kontakt og tett samarbeid mellom FFI og norsk forsvarsindustri. Til dømes er utviklinga av neste generasjon sin kampflyammunisjon Armour Piercing Ammunition Explosive (APEX) til F-35 nå i integrasjons- og flysertifiseringsfasen, og FFI støtta NAMMO i dette arbeidet. Forskinga ved FFI har vore ein føresetnad for utviklinga av NSM og Joint Strike Missile (JSM), som produserast ved Kongsberg Defence and Aerospace (KDA). FFI er også avgjerande for den vidare utviklinga av missila. Produksjonen av nokre delar til begge missila, som tidlegare blei gjort av og ved FFI, skal nå overtakas av KDA.

Kvaliteten på FFI sine aktivitetar målast mellom anna ved talet på publikasjonar i tidsskrift med fagfellevurdering, som ligg på 86 i 2016 mot 73 i 2015. Brukartilfredsheita ligg jamt høgt hos brukarane over fleire år. Av dei 39 forskingsprosjekta som blei bedømde i 2016 låg brukartilfredsheita med eit gjennomsnitt på 5,3 på ein skala frå ein til seks.

3.12 Gjennomføring av langtidsplanen for perioden 2013–2016

Langtidsplanen for perioden 2013–2016, Prop. 73 S (2011–2012) «Et forsvar for vår tid», anga og forankra hovudlinjene for utviklinga i forsvarssektoren i perioden, inkludert forsvarspolitiske mål, oppgåver og ambisjonsnivå, samt tilhøyrande økonomiske og strukturelle rammer. Forsvarsdepartementet har formalisert og konkretisert oppdrag til dei fem underliggande etatane i sektoren gjennom eit felles iverksettingsbrev for langtidsplanen.

Utgangspunktet for Prop. 73 S (2011–2012) var ei forståing for at det var etablert eit norsk forsvar som var anvendeleg og relevant, med ein berekraftig balanse mellom sektoren sine ressursar, struktur og oppgåver. Prop. 73 S (2011–2012) var basert på den dåverande tryggingspolitiske situasjonen, forståinga av interne og eksterne faktorar, samt vurderingar av dei val og prioriteringar som var naudsynte. Utviklinga i perioden 2013–2016 har likevel synleggjort og forsterka betydelege utfordringar i forsvarssektoren, som det ikkje var tatt tilstrekkeleg høgde for i utforminga av Prop. 73 S (2011–2012).

Forsvarsdepartementet har identifisert fire sentrale årsaker til desse utfordringane: Val og prioriteringar knytte til langvarige internasjonale bidrag, konsekvensar av endra tryggingspolitisk situasjon, uventa utgiftsutvikling og handsaming av forsvarsspesifikk kostnadsvekst. Fleire årsaker til utfordringane er også å finne i tidlegare langtidsperiodar, da mange av vala og prioriteringane, som er blitt gjennomførte over ei rekke år, har fått konsekvensar for perioden 2013–2016. Ubalansen mellom ressursar, struktur og oppgåver har framkome som følge av at det ikkje var tatt tilstrekkeleg høgde for dei økonomiske konsekvensane av desse forholda i grunnlaget for Prop. 73 S (2011–2012). Dei fire årsakene blir omtala nærare i punktet om økonomi.

Det er tatt tak i dei utfordringane som er avdekka i perioden 2013–2016, både i gjennomføringa av langtidsperioden og særskilt i langtidsplanen for 2017–2020, og det blir lagt opp til eit betydeleg økonomisk løft i Prop. 151 S (2015–2016) for å betre handsame desse utfordringane. Forsvarssektoren vil framover vere betre rusta på å kontinuerleg tilpasse seg skiftande omgjevnader.

Leveransar og operativ evne

Eit av hovudmåla for langtidsperioden 2013–2016 var at Forsvaret skulle utgjere ein krigsførebyggande terskel innanfor ramma av NATO sitt kollektive forsvar. Forsvaret si operative evne skulle vidareutviklast i tråd med strukturutviklinga, slik at oppgåvene i Forsvaret kunne løysast på ein god måte, i tråd med både nasjonale og allierte krav.

Det har i løpet av langtidsperioden blitt synleggjort utfordringar knytte til Forsvaret si operative evne, irekna reaksjonsevne, uthald og styrkeoppbygging. Utfordringene har eksistert i Forsvaret i svært mange år. Samstundes har planperioden vore prega av tryggingspolitiske omveltingar, som har gitt auka utfordringar for forsvarssektoren. Dei overordna oppgåvene i Forsvaret er likevel løyst tilfredsstillande i perioden, støtta av dei andre etatane i forsvarssektoren.

Langtidsplanen la til grunn at innføringa av sentrale strukturelement gradvis skulle gi ein auke i den operative evna, men det har vore fleire utfordringar innanfor området i perioden. Fleire av Forsvaret sine einingar har framleis gamalt materiell, både i forsvarsgreinene og i støttestrukturen. Forskyvingar og kanselleringar av einskilde materiellprosjekt, eksempelvis artillerisystemet Archer og dei nye NH90-helikoptera, har vidare ført til at fleire av strukturelementa ikkje har nådd den planlagde operative evna. Forsvarsdepartementet planlegg med ei overhøgd i investeringsporteføljen for å ha naudsynt evne til gjennomføring og omsetnad. Minst to ganger i året blir porteføljen systematisk gjennomgått for å sikre at dei høgast prioriterte prosjekta blir vidareførte, medrekna eventuelle justeringar, forskyvingar eller kanselleringar i den samla porteføljen.

Målet om å styrke Forsvaret si operative evne blei ikkje fullt ut realisert sett opp i mot føresetnadene ved utgangen av 2016. Samstundes har Forsvaret i perioden ivaretatt både faste oppgåver, episode- og krisehandsaming og allierte, kollektive operasjonar. Forsvaret sin internasjonale innsats har vore omfattande, og deltaking i internasjonale operasjoner har medverka til Noreg si evne til å samvirke med NATO og andre allierte. Noreg har også medverka til å tilpasse NATO til dei endra tryggingspolitiske utfordringane, og har vidare støtta arbeidet med reform av FN og FN-operasjonar.

Samanlikna med perioden 2009–2012, er målet om å vere meir til stades og ha auka aktivitet i nordområda oppnådd for perioden 2013–2016. For perioden sett under eitt, har Forsvaret hatt ei positiv aktivitetsutvikling, både samla sett og i nordområda, men aktivitetsnivået har vore noko lågare enn føresett. Det lågare aktivitetsnivået skuldast i hovudsak manglande tilgjengelegheit på fartøy i Sjøforsvaret, samt utfordringar knytte til den tekniske og økonomiske situasjonen i Luftforsvaret. I 2016 er aktivitetsnivået betra, noko som spesielt skuldast tilleggsløyvingar til vedlikehald av Sjøforsvaret sine fartøy.

Langtidsplanen sette som mål at både forsvarssektoren si evne til å støtte det sivile samfunnet, totalforsvaret og det sivilt-militære samarbeidet skulle vidareutviklast. Utviklinga innanfor sivilt-militært samarbeid har vore positiv, og forsvarssektoren har i stor grad støtta det sivile samfunnet på ein god måte.

Arbeidet med førebyggande trygging og IKT-trygging skulle styrkast i langtidsperioden. Nasjonalt tryggingsorgan skulle vidareutviklast som det sentrale direktoratet for vern av informasjon og infrastruktur. Nasjonalt tryggingsorgan har hatt ei betydeleg styrking i perioden, men på grunn av både auke i kor mange digitale angrep som skjer og at angrepa har blitt meir avanserte og vanskelegare å oppdage, har ikkje NSM i tilstrekkeleg grad nådd målet om handsaming av tryggingstruande hendingar.

Det har i perioden vore ei positiv utvikling i tryggingstilstanden i sektoren. Risikobiletet utviklar seg likevel raskt, nye verdiar blir skapte, nye sårbarheiter blir danna, og trusselbiletet er i stadig endring.

Alle etatane i forsvarssektoren har utvikla det operative planverket for heile sektoren i perioden, men målet om at beredskapsordningane og planverket skulle kome på plass, blei ikkje fullt ut nådd. Alle etatane har i oppdrag å ferdigstille komplett operativ organisasjonsplan i 2017.

Økonomi

Dei økonomiske rammene gjeldande for forsvarssektoren skulle støtte opp under utviklinga av den operative evna i perioden, og sektoren skulle utviklast med ein berekraftig balanse mellom ressursar, struktur og oppgåver. Føresetnadene på løyvingssida omfatta ei vidareføring av 2012-budsjettnivået, i tillegg til ei mellombels, delvis tilleggsfinansiering av nye kampfly med baseløysing, og intern omprioritering av frigjorde midlar frå utanlandsoperasjonar på 634 mill. 2012-kroner frå kapittel 1792. Vidare var det ein sentral økonomisk føresetnad at forsvarssektoren sjølv skulle bidra til den berekraftige balansen gjennom ressursfrigjering knytt til effektiviseringstiltak og struktur- og reformtiltak.

Ressursfrigjeringa knytt til budsjettkapittel 1792 har vore tilfredsstillande, og målet for perioden blei innfridd allereie i 2015. Forsvarssektoren har i perioden fått behalde desse frigjorde midlane, også når frigjeringa har gått raskare enn forventa. Vidare har nye oppdrag på kapittel 1792, i tråd med etablert praksis, i hovudsak blitt tilleggsfinansiert. Den mellombelse, delvise tilleggsfinansieringa til kampfly med baseløysing på 4 930 mill. 2016-kroner er samla sett i samsvar med plan, sjølv om periodiseringa har blitt endra. I tillegg har utviklinga av Joint Strike Missile (JSM) blitt tilleggsfinansiert frå 2014, med 843 mill. 2016-kroner samla for perioden. Denne tilleggsfinansieringa lå ikkje inne i den økonomiske ramma til langtidsplanen. Det har også blitt løyvd ekstra midlar til auka aktivitet og betre responstid, samt vesentlege styrkingar knytte til Etterretningstenesta og vedlikehald i Sjøforsvaret.

Samla sett har sektoren fått tildelt betydelege midlar i tillegg til planføresetnadene, slik at det samla budsjettnivået ved utgangen av perioden ligg høgare enn føresetnaden om eit vidareført 2012-nivå.

Forsvarsmateriell, Forsvarsbygg, Nasjonalt tryggingsorgan og Forsvarets forskingsinstitutt har i stor grad nådd dei ressursfrigjeringskrava som er sette for perioden, og dei frigjorde ressursane er fordelt til høgare prioritert verksemd. Forsvaret har ikkje oppnådd krava for ressursfrigjering i tilfredsstillande grad for perioden samla sett, men det har vore ei positiv utvikling mot slutten av perioden. Erfaringane frå perioden 2013–2016 har ført til ei endra tilnærming til forbetring og effektivisering i Prop. 151 S (2015–2016).

Dei årlege forsvarsbudsjetta har hatt som ambisjon å understøtte måloppnåing i langtidsplanen. Som ei direkte følge av dette, har det vore naudsynt å gjennomføre tverrprioriteringar mellom budsjettkapitla for å sikre at dei høgast prioriterte behova har blitt tatt hand om.

Styrking av forsvarleg forvaltning har vore eit mål for etatane i perioden, og det har blitt lagt ned eit betydeleg arbeid for å følge opp merknader frå Riksrevisjonen.

Dei viktigaste økonomiske føresetnadene for å sikre ein langsiktig balanse mellom ressursar, struktur og oppgåver i forsvarssektoren, er i stor grad oppnådde, mellom anna grunna denne regjeringa sine prioriteringar på forsvarsbudsjettet. Likevel er det ved utgangen av perioden 2013–2016 identifisert betydelege økonomiske utfordringar. Årsakene til desse er samansette, delvis overlappande og må relaterast både til eksterne og interne forhold. Som nemnt tidlegare, er det Forsvarsdepartementet si vurdering at dei viktigaste årsakene kan summerast i følgande fire punkt:

  • val og prioriteringar knytte til langvarige internasjonale bidrag,

  • konsekvensar av endra tryggingspolitisk situasjon,

  • upårekna utgiftsutvikling og

  • handtering av forsvarsspesifikk kostnadsvekst.

Forsvaret har over lang tid gjort ein formidabel og anerkjent innsats i internasjonale operasjonar. Vala og prioriteringane knytte til pågåande operasjoner hadde samstundes redusert merksemda rundt Forsvaret si evne til å løyse dei viktigaste og mest krevjande oppgåvene knytte til kollektivt forsvar av Noreg og allierte, med konsekvensar for Forsvaret sin beredskap og klartider, som ikkje har vore tilstrekkeleg prioritert over ei rekke år. Konsekvensar av dette er spesielt blitt synleg i perioden 2013–2016, ettersom blant anna nærværet i Afghanistan er blitt trappa ned, og nasjonalt forsvar igjen er blitt viktigare.

Den tryggingspolitiske situasjonen i perioden har ført med seg behov for ei anna tilgjengelegheit i strukturen, og dermed krav til reduserte klartider. For å kunne imøtekome reduserte klartider, trengs det generelt auka bemanning med rett kompetanse og treningsnivå, høgare vedlikehaldsnivå, større reservedelslager og styrka beredskapslogistikk. Desse forholda har ført til press i forsvarsøkonomien, og blir tydeleg adressert i den nye langtidsplanen, Prop. 151 S (2015–2016).

Det har i perioden også vore upårekna utgiftsutvikling knytt til endringar i valutakursar, oljeprisar og drift av eldre materiell, noko som har ført til meirutgifter for forsvarssektoren og fleire behov for omprioriteringar.

Det har ikkje blitt tatt tilstrekkeleg høgde for forsvarsspesifikk kostnadsvekst i forsvarsplanlegginga, verken for perioden 2013–2016 eller i tidlegare periodar. Med forsvarsspesifikk kostnadsvekst meiner ein den kostnadsveksten som følger av behovet for kontinuerleg effektforbetring for å kunne modernisere strukturen og kapasitetane i samsvar med skiftande truslar og utfordringar, noko som er ein betydeleg kostnadsdrivande faktor. For perioden 2013–2016 blei det gitt mellombels, delvis tilleggsfinansiering i samband med anskaffinga av F-35, men kostnadsveksten knytt til drifta av det nye systemet, samt inndekning for forsvarsspesifikk kostnadsvekst knytt til andre materiellsystem, var ikkje inkludert i grunnlaget for langtidsplanen. Forsvarsspesifikk kostnadsvekst er inkludert i det økonomiske grunnlaget for Prop. 151 S (2015–2016), for å oppretthalde forsvarssektoren si kjøpekraft.

Strukturutvikling

Målet med strukturutvikling er å vidareutvikle kapasitetar som bidrar til at forsvarssektoren løyser oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte. Ein av dei viktigaste prioriteringane i langtidsplanen var reform av Luftforsvaret, og den viktigaste enkeltsaka i perioden var anskaffing av og førebuing til innfasing av nye kampfly. Dei andre forsvarsgreinene skulle vidareutviklast, og deira operative evne skulle styrkast.

Forsvarssektoren har vidareutvikla strukturen i perioden, noko som dannar eit godt grunnlag for den vidare satsinga i kommande langtidsperiode. Samstundes er det svakare måloppnåing innanfor enkelte område. Dette skuldast i stor grad økonomiske tilhøve som omtala i punktet om økonomi, behov for tverrprioriteringar i anskaffingsporteføljen i tillegg til forseinkingar i enkelte anskaffingsprosjekt.

Luftforsvaret har i stort evna å gjennomføre ei omfattande omstilling samstundes med at det er førebudd innfasing av nytt materiell. Innfasinga av F-35 går etter planen, og dei første fire flya er tatt imot for opplæringsføremål i USA. Basert på tilråding frå forsvarssjefen, har det blitt nødvendig å justere tidslinja for nokre av tiltaka i langtidsplanen, blant anna blei aktiviteten ført vidare på fleire stader enn først planlagt.

Strukturen for Hæren og Heimevernet er ikkje fullt ut etablert i samsvar med føresetnadene i langtidsplanen for 2013–2016. Svakare måloppnåing, spesielt i Hæren, skuldast i all hovudsak kansellering, redusert omfang og forskyvingar innanfor materiellanskaffingsområdet. Desse justeringane innanfor materiellanskaffingane er mellom anna gjennomførte som følge av naudsynte prioriteringar og fagmilitære tilrådingar om dette. To større anskaffingar i Hæren er skjøve ut i tid. Den eine skuldast at den svensk-norske anskaffinga av artillerisystemet Archer blei terminert i 2013, etter tilråding frå forsvarssjefen. Den andre anskaffinga gjeld stridsvogner, som blir behandla i proposisjonen om den videre utviklinga av landmakta, Prop. 2 S (2017–2018).

For Heimevernet sin del har reduserte rammer til personleg oppkleding og utrusting i 2016, basert på ei fagleg vurdering frå forsvarssjefen, samt tilgang på materiell og personell, skapt nokre utfordringar i områdestrukturen.

I Sjøforsvaret har den største utfordringa vore innfasinga av NH90. Det har vore betydelege forseinkingar frå leverandøren, noko som har hatt negative konsekvensar for Sjøforsvaret si operative evne. Implementeringa av NH90 blir aktivt følgt opp, og det er sett i verk forbetra oppfølging av leverandør, bortsetting av vedlikehald til eksterne leverandørar, samt interne tiltak for å betre teknisk og operativ tilgjengelegheit. Vidare har det vore utfordringar knytte til eit mangeårig etterslep på vedlikehald og reseveredelar, i tillegg til utfordringar innanfor personell og kompetanse. Mot slutten av perioden er etterslepet på vedlikehaldssida redusert som følge av tilleggsløyving i 2016. Operativ tilgjengelegheit på fartøystrukturen er forbetra, og aktivitetsnivået har auka. Innanfor personell- og kompetanseområdet har det også vore ei betring, ettersom Sjøforsvaret har omorganisert og vidareutvikla strukturen gjennom blant anna å flytte årsverk frå leiing, støtte og administrasjon til fleire besetningar på utvalde kampfartøy.

I andre delar av strukturen har det blant anna vore utfordringar i FSAN knytte til personell og materiell, og i Cyberforsvaret har omfanget av INI-relaterte anskaffingar i perioden blitt redusert som følge av heilskaplege prioriteringar innanfor materiellanskaffingsramma. Utviklinga av Etterretningstenesta, Forsvarets operative hovudkvarter, Forsvarets logistikkorganisasjon og felles NATO-kapasitetar, er i stor grad i tråd med føresetnadene.

Langtidsplanen la til grunn at satsingane innanfor strukturutvikling skulle understøttast av auka ressursar henta frå omprioritering av midlar frå kapittel 1792 og realiserte effektiviseringsgevinstar. Ressursaukingar på utvalde budsjettkapittel, som blei lagt til grunn i planen, er i stor grad gjennomførte.

Etterslep i vedlikehald, reservedelsproblematikk og manglande beredskapsbehaldning har utvikla seg over lang tid, og har i perioden 2013–2016 ført til ein lågare tilgang på og redusert uthald for enkelte strukturelement, noko som har hatt ein negativ innverknad på deler av øving, trening og operativ evne. Tilleggsløyvinga i 2016 betra situasjonen noko, og utfordringane blir ytterlegare tatt tak i gjennom langtidsplanen for 2017–2020.

Personell og kompetanse

Kompetanseutfordringane som var gjeldande for sektoren ved inngangen til perioden 2013–2016, skulle handterast gjennom ein kompetansereform. Reforma skulle vidareutvikle sektoren si evne til å trekke til seg, rekruttere, utvikle og nytte rett personell med rett kompetanse, og samstundes ta hand om medarbeidarane. Forsvarssektoren skulle utviklast til ein moderne kompetanseorganisasjon og fortsette utviklinga frå meir tradisjonell personalforvaltning til strategisk styring av personellutviklinga.

Dei overordna måla for personell- og kompetanseområdet, som definert i langtidsplanen for 2013–2016, er i all hovudsak nådde. I perioden har den største utfordringa vore knytt til kompetansedekning i Forsvaret. Denne problemstillinga jobbar ein aktivt med for å løyse, og alle etatane har fokus på strategisk kompetansestyring. Sjølv om måla i stor grad er nådde, er ikkje alle effektane enno realiserte, og personell- og kompetanseområdet vil stå svært sentralt også i perioden 2017–2020.

Kompetansereforma er sett i verk, og kompetanseutfordringane som var gjeldande ved inngangen til langtidsperioden, er tatt tak i. Innføring av alle tiltaka i reforma er i gang, men fleire av tiltaka vil først gi effekt i langtidsperioden 2017–2020. Kompetansereforma gir ei rekke resultat som medverkar til at forsvarssektoren i større grad reflekterer samfunnsutviklinga.

Styring av kompetanse har i varierande grad blitt ein integrert del av strategisk leiing i sektoren, men etatane vil jobbe vidare for å etablere denne evna tidleg i perioden 2017–2020. HR-strategien for forsvarssektoren er blitt implementert.

Målet om at kompetansen i sektoren skulle vere tilpassa dei operative krava, er delvis oppnådd. Tiltak, slik som ordninga for militært tilsette og utdanningsreforma, er sette i verk for å ta hand om operative krav og med det medverke til auka operativ evne. Det er forventa at effekten først vil kome i perioden 2017–2020.

Regjeringa sin handlingsplan for veteranar er sett i verk. Av Forsvaret sine tiltak i oppfølgingsplanen, sto nokre tiltak att ved utgangen av langtidsperioden, og desse blir sette i verk innan utgangen av 2017.

Allmenn verneplikt, medrekna vidareutvikling av både seleksjonskrav, tenestemønster og leiing, har ført til at førstegangstenesta er betre tilpassa krav til reaksjonsevne i Forsvaret, operative einingar sine behov for fleksibilitet og handlefridom, samt auka krav til kompetanse og kostnadseffektivitet.

Forsvaret har i perioden hatt god årsverksstyring, og justert for endringar i perioden, treff etaten godt på kor mange årsverk som blei lagt til grunn for langtidsplanen.

Erfaringslæring

Gjennomføringa av perioden 2013–2016 har synleggjort faktorar og område som forsvarssektoren kan ta læring av og jobbe vidare med. Desse forholda er i stor grad blitt adresserte i langtidsplanen for 2017–2020 (Prop. 151 S (2015–2016)).

Forsvarssektoren vil alltid vere påverka av eksterne faktorar. Det er difor svært viktig at sektoren har evne til å kontinuerleg tilpasse seg omgjevnadene og dei eksterne faktorane. Både Forsvarsdepartementet og etatane bør, som ein del av langtidsplanlegginga, leggje vekt på evne til omstilling og fleksibilitet i valde løysingar. For å skape handlingsrom, er det svært viktig at Forsvarsdepartementet og etatane har god kostnadskontroll slik at ein veit kva val og prioriteringar som kan gjennomførast, og kva konsekvensar desse vil gi, både i eit kortsiktig og langsiktig perspektiv. Gjennom god kostnadskontroll kan Forsvarsdepartementet og etatane bidra til ei økonomisk utvikling som er mest mogleg føreseieleg.

For perioden 2017–2020 er Forsvarsdepartementet si styring knytt til fleirårig økonomisk planlegging i Forsvaret utvikla vidare. I perioden 2013–2016 var fokus i hovudsak retta mot kvantitative mål. Det vil framleis bli rapportert på desse, men Forsvarsdepartementet og Forsvaret har i samarbeid vidareutvikla ein styringsparameter som i større grad vil vurdere dei kvalitative konsekvensane av dei kvantitative avvika. Gjennom mål- og resultatstyringa blir det i stadig større grad tydeleggjort kva langsiktige økonomiske utfordringar Forsvaret har, og Forsvaret legg ned betydeleg arbeid med fleirårig økonomisk planlegging. Kombinert med bruk av FFI sitt utrekningsverktøy for langsiktige strukturkostnader (KOSTMOD), har dette gitt eit meir realistisk grunnlag for utforminga av dei økonomiske planrammene for langtidsperioden 2017–2020.

Erfaringane frå perioden 2013–2016 har ført til ei endra tilnærming til forbetring og effektivisering i langtidsperioden 2017–2020. For perioden 2017–2020 er det i førekant identifisert konkrete tiltak som skal gjennomførast. Tiltaka er grundig vurderte og effektane rekna ut. Det er også innført ein obligatorisk metode for gevinstrealisering. Dette skal sikre at gevinstrealiseringsarbeidet blir gjort systematisk og at det kan etterprøvast, i tillegg til å bidra til reell realisering av gevinstar.

Førebyggande trygging vil få større fokus i Forsvarsdepartementet sin mål- og resultatstyring, da området er definert som eit eige mål i Forsvaret sitt målbilete i iverksettingsbrevet for perioden 2017–2020. På denne måten vil ein kunne følge opp utviklinga tettare, og sette inn eventuelle tiltak tidleg dersom det viser seg å vere behov for dette.

Innanfor personell- og kompetanseområdet er det i perioden 2013–2016 implementert mange endringar og tiltak, men fleire av effektane vil først kome i perioden 2017–2020. Det vil vere viktig med god oppfølging for å sikre at effektane knytte til både utdanningsreforma og andre tiltak blir realiserte. Strategisk kompetansestyring har vore noko utfordrande i perioden, og dette er eit arbeid som blir følgt tett opp i det vidare.

For perioden 2017–2020 er det utvikla eit strategisk målbilete som er gjeldande for heile sektoren. Sektormålbiletet sitt hovudføremål er å etablere eit føremålstenleg verktøy for departementet si samla vurdering av utviklinga i sektoren. Gjennom bruk av eit felles sektormålbilete, skal ein løfte perspektivet i vurderingane av etatane si verksemd og måloppnåing. Dette for å betre leggje til rette for heilskapleg og rettidig gjennomføring av langtidsplanen.