Landbruks- og matdepartementet (LMD)

På landbruksområdet har Noreg slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og mykje regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere særskilde løysingar som er tilpassa dei naturgitte forholda (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet), og som trengst for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTA sine frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basis jordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Avtalen skal likevel skje til fordel for begge partar og innanfor rammene av partane sine respektive landbrukspolitikkar. Artikkel 19 har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer der ost og kjøtt er særleg viktige. Noreg og EU har tidlegare inngått to slike avtalar, og i april i år blei regjeringa og EU-kommisjonen samde om ein ny artikkel 19-avtale. Dette inneber auka kvoter for EU inn til den norske marknaden for mellom anna ost, kjøtt og blømande planter. For Noregs del inneheld avtalen auka eksportkvoter for kjøttvarer, mjølkeprodukt og blomar.

EFTA forhandlar med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia og Vietnam. I 2017 har EFTA starta forhandlingar med Mercosur, som er eit økonomisk fellesskap mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay. Handelsforhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer. Noreg har inngått 27 slike handelsavtalar, som omfattar i alt 38 land. I 2017 starta forhandlingane om ein handelsavtale mellom Noreg og Kina opp att.

Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel slår fast at bevaring og styrking av det multilaterale handelssystemet er Noregs primære handelspolitiske interesse. I WTO-forhandlingane har medlemslanda det siste året drøfta ulike tema som vil kunne stå på dagsordenen på ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av forpliktingar Noreg må overhalde når det gjeld importvern, omfang og innretning av landbruksstøtte og omfanget av eksportstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av landbruksstøtte. Forpliktingane inneber òg omfattande årleg rapportering til WTO. Noreg legg stor vekt på å ha eit ope handelssystem som synleggjer oppfølginga av handelsforpliktingane.

Importvernet er eit av fleire verkemiddel som påverkar konkurransesituasjonen for norske jordbruksprodukt. Meld. St. 29 (2014–2015) viser til at framtidige handelsforhandlingar framleis skal «vektlegge norsk landbruks bekyttelsesbehov». Vidare at «[d]efensive interesser på landbruksområdet avveies mot våre generelle handelspolitiske interesser og offensive interesser på andre områder.» Det blir òg vist til at regjeringa vil «arbeide for en friere handel med landbruksvarer for å bidra til global velferdsutvikling og matsikkerhet, samt av hensyn til norske forbrukere og mangfoldet i det norske matmarkedet.» På sikt vil endringane i landbrukspolitikken gi eit meir effektivt landbruk og styrkje konkurransekrafta for norske jordbruksprodukt. Styrkt konkurransekraft vil kunne gi moglegheit for å senke importvernet. Dette vil vere til fordel for forbrukarane ved at det blir lagt til rette for eit breiare produktutval i butikkane.

Matsikkerheit

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krav frå forbrukarane og for å fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å vareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er i følgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor , det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europa-politikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, sams prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelse-organisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som òg legg premissar for regelverket i EU.

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eit av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling dei neste 15 åra. Dei nye måla og tiltaka som følgjer av dei vil gjelde alle land. Innsatsen for å nå måla er ei krevjande oppgåve nasjonalt og internasjonalt.

Folketalet i verda vil auke til 9 milliardar menneske i 2050. Matproduksjonen må difor aukast med 70 pst. innan same tid. Dette er ei stor utfordring fordi vilkåra for jordbruksproduksjon blir endra som følge av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) arbeider med verdas matvareutfordringar. Mandatet til organisasjonen er breitt og femnar mellom anna matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, vatn, luft og genetiske ressursar.

Noreg er ein aktivt medlem i komiteen for matsikkerheit, CFS, og vektlegg arbeid med globale retningsliner og rammeverket for matsikkerheit.

Innsatsen for bevaring, berekraftig bruk og rettferdig godedeling av genetiske ressursar er viktig for departementet. Dette er følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk. Noreg er medlem av arbeidsgruppa som skal komme med framlegg for å betre funksjonen til den globale fordelingsmekanismen, som sikrar foredlarar, forskarar og bønder tilgang til viktige plantegen for mat og landbruk. Noreg er òg byråmedlem i Plantetraktaten på vegne av den europeiske regionen for perioden 2015–2017.

Internasjonalt samarbeid

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Frå 2015 til 2020 er det Slovakia som har formannskapen for prosessen. Noreg er ikkje lenger i styrande organ i samarbeidet, men deltek aktivt.

FNs skogforum UNFF er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. I 2017 blei det vedteke ein ny strategisk plan for arbeidet med skog i FN. Dette er eit viktig steg i arbeidet med å sikre ei heilskapleg tilnærming til skogforvaltning i FN.

FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) er ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjar kunnskap om rolla skogen har når det gjeld matsikkerheit. FAO leiar og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjert i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg støttar opp om arbeidet i European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) har heilt sidan Nidarosdeklarasjonen blei vedteken på ministermøtet i Trondheim i 2012, arbeidd for å følgje opp måla om samarbeid for berekraftig og konkurransedyktig produksjon innan sektorane. Den norske formannskapen i 2017 har vidareført arbeidet med dette temaet. Elles var antibiotikaresistens, jordbruk og klima og berekraftig skogbruk sentrale tema på ministermøtet i Ålesund i juni 2017. På møtet blei det understreka at det er viktig at dei nordiske landa vidarefører og styrkjer samarbeidet om antibiotikaresistens i internasjonale forum.