Landbruks- og matdepartementet (LMD)

Prop. 1 S

(2017–2018)

Produsere og sikre tilgang til maten forbrukarane etterspør

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Hovudoppgåva til jordbruket er matproduksjon, og verkemidla skal difor rettast inn slik at dei bidreg til dette.

Sjølvforsyningsgraden skildrar heimemarknadsdelen rekna på energibasis, det vil seie kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport av til dømes fisk blir halde utanfor ved berekning av sjølvforsyningsgraden. Den gir først og fremst eit bilete på delen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg. Den kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.

Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket blir særleg påverka av vêret, men òg av ulike kvalitetskrav, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og internasjonale handelsavtalar. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for husdyrprodukt, og klart lågare for planteprodukt. Etter fleire år med reduksjon i sjølvforsyningsgraden frå 2008, auka den med 3 prosentpoeng frå 47 til 50 pst. frå 2014 til 2015. Dette var i stor grad knytt til gode kornavlingar, og at mykje av kornet hadde matkornkvalitet. Frå 2015 til 2016 gjekk sjølvforsyningsgraden ned 1 prosentpoeng til 49 pst., som følgje av redusert matkorndel. Naturgitteforhold gjer at sjølvforsyningsgraden er låg for energirike plantevekstar og høg for husdyrprodukt med større del proteininnhald. I 2015 var sjølvforsyningsgraden for protein 68 pst.

Av det samla fôrbehovet (grovfôr og kraftfôr) er om lag 20 pst. importerte råvarer. Bruken av norsk korn i kraftfôr er avhengig av vêret. Krav til energi- og proteininnhald i kraftfôret gjer at delen karbohydrat blir redusert. Av dei tre hovudførekomstane i kraftfôr, er delen norskprodusert råvare særleg redusert for fett- og proteinfraksjonen som følgje av forbodet mot kjøtt- og fiskebeinsmjøl.

Næringsmiddelindustrien sin del av heimemarknaden, målt på verdibasis, har falle frå om lag 86 pst. i 2005 til om lag 79 pst. i 2015. Importen av landbruksvarer (inkl. fiskefôr) auka med 5 pst. frå 2015 til 2016, til eit nivå på 62 mrd. kroner. Landbruksdirektoratet har rekna ut at om lag 1,5 prosent av denne verdiauken kjem av svingingar i valutakursen det siste året. Av dei importerte landbruksvarene er litt under halvparten matvarer (ikkje fiske- eller dyrefôr) som er i direkte konkurranse med norsk produksjon. Det er underskott av norsk storfekjøtt og i grøntsektoren. Det er òg underskott av korn, men storleiken varierer mykje frå år til år, avhengig av avling og kvalitet. Samstundes var det i 2016 eit overskott av sau/lam og svinekjøtt. Eggmarknaden var i balanse i 2016.

Matmerk administrerer og utviklar Kvalitetssystem i Landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Noreg , Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvar for generisk marknadsføring av økologisk mat.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Matmerk forvaltar. Det er gjennomført 4 869 eksterne KSL-revisjonar i 2016 mot 5500 i 2015. Revisjonstakta er noko redusert, sidan Matmerk har vore nøydd til å prioritere ressursar til arbeidet med teknologiske løysingar for KSL og ei styrking av revisorkorpset.

Ved utgangen av 2016 var 3 050 produkt frå til saman 77 ulike verksemder godkjent for Nyt Noreg-merket. Det utgjer ein auke på 480 produkt og 7 nye verksemder sidan 2015. Forbrukarmålingar viser at 88 pst. av forbrukarane som kjenner til merket, seier at det gjer at dei får lyst til å kjøpe norsk mat.

Spesialitet-merket blir, ved utgangen av 2016, brukt på til saman 425 produkt frå 76 godkjente verksemder. Det representerer ein markant auke, mellom anna på grunn av tekniske endringar i registreringa. Merket blir tildelt for tre år av gongen, og kvart år er det fleire produkt og verksemder som ikkje får fornya godkjenninga eller som sjølve vel ikkje å fornye godkjenninga. I alt 27 produkt har Beskytta nemning. Dei førebels siste godkjente produkta er Telemarkseple, -plommer og -morellar, og Skjørost frå Rørostraktene. I tillegg har italienske Gorgonzola får norsk Beskytta nemning i 2016, mens det er søkt om Beskytta nemning i EU for fenalår frå Noreg.

Økologisk mat representerer eit mangfald forbrukarar i aukande grad etterspør. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden i daglegvarehandelen med meir enn 24 pst. frå 2015 til 2016. Det blei omsett økologiske matvarer for nesten 2,5 mrd. kroner totalt i 2016, noko som utgjer omlag 1,8 pst. av totalmarknaden.

Til grunn for satsinga på økologisk jordbruk i 2016 låg eit mål om at 15 pst. av matforbruket og 15 pst. av matproduksjonen skal vere økologisk innan 2020. Som oppfølging av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon og Stortingets handsaming av denne, skal det utarbeidast eit nytt mål for økologisk produksjon og forbruk i samband med utarbeidinga av ein ny strategi for økologisk jordbruk.

Lokalmat er definert som mat- og drikkevarer med ein lokal identitet, særskild opphav eller spesielle kvalitetar knytt til produksjonsmetode, tradisjon eller råvarer. Omsetnaden av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka sterkt dei siste åra. Berre frå 2010 til 2016 er salet meir enn fordobla, til 4,8 mrd. kroner, og veksten i 2016 er tre gonger så sterk som veksten i omsetnad av anna mat gjennom daglegvarehandelen. I tillegg kjem ein ikkje uvesentleg omsetnad av lokalmat gjennom andre kanalar, som Bondens marknad, matfestivalar og direkte sal frå produsentane.

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit og sikrar avsetning av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustri.

Infeksjon gjennom næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar òg mellom norske husdyr.

Tabell 4.1 Oversikt over næringsmiddelborne infeksjonar der smitta har skjedd i Noreg

Diagnose

2012

2013

2014

2015

2016

Campylobacteriose

1 114

1 147

1 365

877

973

E. coli-enteritt

115

121

197

225

239

– av dette EHEC

55

79

97

126

161

Listeriose

26

18

20

12

16

Salmonellose

260

237

230

183

175

Shigellose

11

17

12

11

12

Yersiniose

22

31

177

49

33

Samla

1 548

1 571

2 001

1 357

1445

Kjelde: msis.no 8 (data henta 18.8.2017)

For å halde den gode statusen ved like, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg er mellom anna auka internasjonal handel med mat, nye matvaner og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra. Dei siste åra har det vore ein auke i utbrott der smittekjelda har vore importerte grønsaker og bær.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt sett god. Svært få av oss blir sjuke av vatnet som kjem ut av krana. Ni av ti nordmenn er tilknytt vassverk som leverer trygt drikkevatn. Likevel er det mange stader gammalt og dårleg leidningsnett for drikkevatnet. Det kan føre til at vatnet blir forureina.

Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det er derimot ei særleg utfordring med sal av kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsett legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er òg ei utfordring knytt til produkt som blir omsett over internett og postordre.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auka ferdsel over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i viktige kulturar.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Antibiotikabruken har blitt redusert samstundes som det har vore ein auke i gjennomsnittleg storleik på besetningane. For norske mjølkekubesetningar viser statistikken mindre bruk av antibiotika i store besetningar enn i små. Dyktige og ansvarsbevisste bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Sjølv om anitbiotikabruken i norsk husdyrhald er låg, er det dei seinare åra påvist LA-MRSA (dyreassosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus – bakteriar) i svinebesetningar. Det er sett i verk omfattande tiltak for å prøve å hindre at denne bakterien får fotfeste i norsk svinehald. Det er òg påvist antibiotikaresistente tarmbakteriar (ESBL-produserande og kinolinresistente E. coli ) i norske fjørfebesetningar. Vitskapskomiteen for mattryggleik vurderte i 2015 risikoen for overføring av antibiotikaresistens frå mat og matproduserande dyr i Noreg. Dei konkluderte med at det er lite sannsynleg at vi blir utsette for antibiotikaresistente bakteriar frå norske matvarer.

Generelt er helsa òg god hos viltlevande dyr, men i april 2016 blei sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) påvist hos villrein og elg. Denne sjukdommen hos hjortedyr er smittsam og dødeleg. Sjukdommen er ikkje påvist i Europa tidlegare og aldri før hos reinsdyr. Mattilsynet starta raskt med kartlegging og tiltak for å avgrense og helst utrydde sjukdommen. Det er etablert vernetiltak mot spreiing innanlands og mot utlandet. Hausten 2017 starta arbeidet med å ta ut heile villreinflokken i Nordfjella Sone 1 for å redusere risikoen for at sjukdommen spreier seg. Både kartlegging og tiltak mot CWD skjer i eit nært samarbeid med miljøstyresmaktene.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, og er i tillegg eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytte til dyrevelferd i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sportsdyr og kjæledyr.