Landbruks- og matdepartementet (LMD)

Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom ytterlegare forenkling av lover, reglar og stønadsordningar, og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan bli betra i åra som kjem.

Jordbruket stod i 2016 for i underkant av 45 000 årsverk i følgje Budsjettnemnda for jordbruket. Nærings- og nytingsmiddelindustrien, inklusive fisk, drikkevarer og tobakk, er den nest største industribransjen i Noreg og hadde i 2016 ein produksjonsverdi på om lag 211 mrd. kroner, ein auke på om lag 5,5 pst. frå året før. Næringsmiddelindustrien bidrog med 46 mrd. kroner i verdiskaping i 2016. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som den i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å halde ved lag norsk matproduksjon som kan sikre tilgang på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer òg den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

Det siste tiåret har det samla produksjonsvolumet i jordbruket auka med 1,7 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 4,6 pst., mens produksjonen av planteprodukt har gått ned med vel 4,9 pst. Det er særleg det kraftfôrbaserte husdyrhaldet som har auka, i tillegg til delar av det grovfôrbaserte. Desse produksjonane har dei siste åra hatt problem med marknadsbalansen, først i svineproduksjonen og no for sau og lam. Produksjonen av storfekjøtt er redusert med vel 2,5 pst. i tiårsperioden, men dei siste tre åra har produksjonen auka. Den negative produksjonsutviklinga for sau og lammekjøtt har snudd, og etterspørselen etter lammekjøtt i den norske marknaden kan no dekkjast med norsk produksjon. Produksjonsvolumet har dei siste ti åra auka med 10,5 pst. Denne auken har hovudsakleg komme dei siste tre til fire åra.

Produksjonen har falle for korn, poteter, frukt og blomar det siste tiåret. For korn har dette både å gjere med redusert areal og svak avlingsutvikling knytt til dårleg vêr. Gode avlingsår i 2014, 2015 og 2016 var ikkje tilstrekkeleg til å snu den negative trenden, men avlingane per dekar var i 2015 rekordhøge. Produksjonen av grønsaker har auka med om lag 5,5 pst., mens fruktproduksjonen er redusert med meir enn 12 pst. Produksjonen av bær har gått noko ned perioden sett under eitt, men produksjonen har auka dei siste åra. I grøntsektoren har marknadsforholda vore utfordrande både som følgje av nasjonale forhold, som til dømes endringar i eigarskap og organisering i omsetnadskanalane, og importkonkurransen. Det har vore ein reduksjon i produksjonen av blomar, noko som kjem særleg av at snittblomar mister marknadsmoglegheiter til import. Samla sett er det marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, mellom anna av korn og i delar av grøntsektoren.

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2008–2017, i følgje normalisert rekneskap

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2008–2017, i følgje normalisert rekneskap

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Hovudbiletet for produksjonsutviklinga er at for produksjonar med vekst, kjem veksten i meir sentrale område. Produksjonen elles flyttar seg i mindre grad. Endringar i den geografiske fordelinga må sjåast i samband med produksjonsutviklinga. Den sterke produksjonsutviklinga som har vore på fjørfe har først og fremst komme i Trøndelag, Rogaland og på Austlandet, trass i ein nedgang i 2015 og 2016 som følgje av merksemda kring antibiotikaresistente bakteriar. Det siste året har produksjonsauken komme i Rogaland. I Trøndelag har eggproduksjonen auka betydeleg dei siste åra, mens den er stabil i andre område. Frå 2008 til 2017 viser tala ein auke på over 25 pst. for fjørfekjøtt og eggproduksjon. Auken i grønsaker på friland har komme på Austlandet. Auken i svinekjøttproduksjonen har vore størst i Rogaland, men òg i Agder/Telemark, Vestlandet og i Nord-Noreg har produksjonen auka. For utviklinga i geografisk fordeling innan grasbaserte produksjonar, sjå rapporteringa under hovudmålet Landbruk over heile landet.

Lønsemd er den viktigaste drivaren for dei avgjerdene den enkelte mjølkeprodusenten tek. Dette inneber at det først og fremst er økonomiske verkemiddel som bidreg til den geografiske produksjonsfordelinga. Innan produksjonsregionane er det ikkje noka systematisk flytting av kvoter mot områda med dei beste produksjonsføresetnadene, men det er ein aukande konsentrasjon av mjølkeproduksjon innan produksjonsregionane ved at kvoter blir kjøpt opp av produsentar i område der det allereie er sterke produsentmiljø/-klynger. Sterke fag- og produsentmiljø ser ut til å ha større innverknad enn naturgitte produksjonsføresetnader. I handsaminga av jordbruksoppgjeret 2017 blei det vedteke å slå saman enkelte produksjonsregionar for mjølkekvoter. Det vil bidra til meir fleksibilitet og betre tilrettelegging av driftsomfanget.

Ifølgje Nasjonalrekneskapen var bruttoproduktet i jordbruk og skogbruk i faste 2005-prisar 17,83 mrd. kroner i 2016. Dette inneber ein auke på 1,7 pst. frå 2015. Produktivitetsveksten i jordbruket er høg. Jordbruket har dei siste ti åra hatt ein gjennomsnittleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 4,0 pst. per år. Tilsvarande produktivitetsmål for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser, ifølgje det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera, ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,4 pst. dei siste ti åra. Gjennomsnittleg vekst for Fastlands-Noreg var 0,7 pst.

Regjeringa vil leggje til rette for at landbruket har føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan auke òg i kommande år. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, ansvar for eiga inntekt. Regjeringa vil styrkje bruk som har ressursgrunnlag til å vere heiltidsbruk. På knapt halvparten av bruka blir det utført meir enn eitt årsverk, og desse bruka står for meir enn 80 pst. av produksjonen.

Frå 2015 til 2017 er bruttoinntektene i jordbruket berekna å auke med i overkant 0,7 mrd. kroner, mens kostnadane, inkludert realrentekostnaden, aukar med i underkant av 0,7 mrd. kroner. Vederlag til arbeid og eigenkapital for jordbrukssektoren aukar dermed med nærare 0,1 mrd. kroner frå 2015 til 2017. I tala er verdien av jordbruksfrådraget inkludert.

I jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 blei det semje om til saman 40 større og mindre forenklingstiltak. Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon , la opp til ein enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og ein meir marknadsretta og forbrukarstyrt produksjon. Departementet vil halde fram med å jobbe med forenkling av verkemidla for å sikre ein enklare kvardag for bonden og ein god forvaltning av tilskotta.

Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Landbruksdirektoratet dei siste åra. IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag både for innbyggjarar og næringsdrivande, og bidra til ei effektiv forvaltning. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for fylkesmannsembeta og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet har blitt gjort tilgjengelege digitalt. Dei siste åra er fleire store IKT-prosjekt finansierte over jordbruksavtalen, mellom anna eStil RMP, eStil PT og Agros. Agros er ei erstatning for tilskottsystemet Saturn, og skal bidra til korrekt og effektiv forvaltning av fond, prosjekttilskott og direktetilskott i landbruket. Det nye fagsystemet for forvaltninga av produksjons- og avløysartilskotta (eStil) blei teke i bruk våren 2017.

For å leggje til rette for ei meir føreseieleg planlegging og oppfølging av større IKT-prosjekt, blei det i jordbruksoppgjeret 2016 sett av ei fast løyving over kap. 1150 post 21 til utvikling av IKT-/forvaltningsystem for ordningar over jordbruksavtalen. Oppgraderinga av IKT-systema vil gi ein auka grad av driftstryggleik og effektivitet i forvaltninga og leggje betre til rette for å føre kontroll med ordningane.

Lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål tydeleggjer regjeringa sine ambisjonar for landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg (IN), der måla om fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø står sentralt. Dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad som følgje av tildeling av midlar. Ettersom dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, er det difor ikkje tilgjengelege rekneskapstal på same måten som for aksjeselskap. Dette gjeld særleg for mottakarar av midlar til investering og bedriftsutvikling. Departementet vil i samarbeid med IN jobbe vidare for å få ei betre resultat- og effektmåling av dei bedriftsretta verkemidla som IN forvaltar på landbruksområdet.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og framtidig vekst og utviking i landbruksbaserte næringar. Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er Landbruks- og matdepartementets viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det er det stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel, og det er nødvendig å gjere ei omfattande prioritering av prosjekta på kommunenivå for å utnytte rammene best mogleg. I overkant av 80 pst. av tilskottsmidlane går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, dvs. knytt til delmålet om vekst i bedrifter. Ein vesentleg del av midlane som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk er knytt til delmål om fleire gründerar. Rapporten til IN om bruk av IBU-midlar for 2016 legg til grunn ein sysselsetjingsvekst på om lag 461 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til innan tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar.

Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping har tiltak retta mot vekstkraftige bedrifter og forpliktande produsentsamanslutningar. Målet med programmet er å skape auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og annan ny næringsverksemd basert på landbruket sine ressursar. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet i vesentleg grad er utløysande for realisering av prosjekteta. Undersøkingane viser òg at ordninga bidreg positivt til kompetanseheving og samarbeid. Ein stor del av kundane, 62 pst. av verksemdene, opplyser at programmet har bidrege til betring i lønsemd for prosjekta, mens 88 pst. viser til at tiltaka over programmet har bidrege til auka omsetnad. Innovasjonsnivået på prosjekta ligg nokså stabilt, og er for dei fleste av verkemidla på landbruksområdet hovudsakleg knytt til innovasjon på bedriftsnivå. Det er behov for meir kunnskap om korleis programmet verkar og verknader av dei ulike tiltaka. Vekstordninga blei evaluert hausten 2016 av Oxford Research, mellom anna for å undersøkje den bedriftsøkonomiske verknaden av ordninga nærare. Evalueringa viser at vekstordninga i stor grad er avgjerande for realisering av vekstprosessen hos den enkelte og at den bidreg til betre evne til overleving, vekst og auka lønsemd for verksemdene. Ordninga for forpliktande produsentsamanslutningar (bedriftsnettverk) vil bli evaluert i 2017.

Driftsgranskingane til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Av dei 908 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2015 hadde 81 pst. omsetnad knytt til anna landbruksbasert næring. Det er 1 prosentpoeng mindre enn i 2014. Prosentdelen bruk med andre landbruksbaserte næringar av vesentleg omfang var størst på Austlandet og minst i Nord-Noreg. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 62 pst. av bruka hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner knytt til andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 216 400 kroner, om lag det same som for 2014. Omsetnaden auka i Agder, Rogaland og i Trøndelag frå 2014 til 2015, mens han gjekk ned i dei andre regionane, mest på Vestlandet, jf. Figur 6.2. Vestlandet har, slik figuren viser, hatt høgast omsetnad innan andre landbruksbaserte næringar i åra 2013–2015. Den høge omsetnaden på Vestlandet kjem i hovudsak av svært høg omsetnad på nokre få bruk der næringane har vore under oppbygging gjennom fleire år.

Figur 6.2 Omsetnad andre landbruksbaserte næringar, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar. Regionar, 2013–2015

Figur 6.2 Omsetnad andre landbruksbaserte næringar, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar. Regionar, 2013–2015

Overskottet frå andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 6 pst. av samla inntening på alle bruk i driftsgranskingsutvalet. Driftsoverskott per time varierer mykje mellom dei ulike næringane. Både maskinkøyring og gruppa anna tenesteyting (m.a. Inn på tunet, klauvskjæring og saueklipping) har hatt høgare driftsoverskott per time enn tradisjonelt jordbruk. For gruppene turisme og vareproduksjon er det stor variasjon mellom år og vesentleg lågare driftsoverskott per time enn innanfor det tradisjonelle jordbruket. Driftsgranskingane viser likevel at bidraget frå desse næringane til familieøkonomien samla sett er liten. Det er krevjande å få god statistikk over utviklinga innanfor andre landbruksbaserte næringar. Departementet vil arbeide vidare med sikte på å utvikle eit betre system for resultatmåling på området.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er ein viktig verdikjede i Noreg. I 2015 var rundt 21 000 personar sysselsette i denne verdikjeda. Rundt 6 100 av desse var sysselsette i skogbruket. I 2015 var bruttoverdien av tømmer selt til industrien på 3,4 mrd. kroner, og omsetnaden i skogindustrien var på 36,5 mrd. kroner.

Noreg eksporterte tømmer og trebaserte varer til ein verdi av 10,8 mrd. kroner i 2015, mot i underkant av 9 mrd. kroner året før. I 2015 blei det eksportert i underkant av 4 mill. m 3 tømmer, ein oppgang på om lag 0,7 mill. m 3 frå 2014. Eksportvolumet var fordelt på rundt 2,6 mill. m 3 massevirke og 1,4 mill. m 3 sagtømmer. Årsakene til auka eksport er endringar i industristrukturen i Noreg og etterspørsel etter tømmer og betalingsvilje for tømmer i marknaden.

Det blei i alt avverka 10,3 mill. m 3 tømmer for sal til industrien i 2016. Dette er ein auke på 2,0 pst. frå året før. Hogsten er likevel under halvparten av den årlege nettotilveksten for all skog på om lag 26 mill. m 3 .

I 2016 blei det i Noreg sett ut om lag 34 mill. skogplantar. Dette er det høgaste nivået for planting på meir enn 10 år. Plantearealet auka med om lag 8 pst. frå året før. Omfanget av areal der det er utført ungskogpleie minka med om lag 4 pst. til 264 000 dekar. Det blei utført markbereiing på om lag 66 600 dekar, ein reduksjon på rundt 8 pst. samanlikna med 2015.

Det blei bygd og ferdigstilt i overkant av 115 km med nye skogsbilvegar og ombygd rundt 412 km med eksisterande skogsbilvegar i 2016. Dette er ein auke på 9,5 pst. for nybygging og 23 pst. for ombygging samanlikna med 2015. I tillegg blei det bygd om lag 156 km med nye traktorvegar og om lag 68 km blei bygde om. Dette er ein nedgang for både nybygging og ombygging på rundt 6 pst. frå 2015. I alt blei det investert knapt 222 mill. kroner på skogsbilvegar og i underkant av 46 mill. kroner på traktorvegar i 2016.