Landbruks- og matdepartementet (LMD)

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar, mat, trevirke og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit resultat av eit aktivt landbruk. For å sikre at innbyggjarane i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlaget i landbruket. Gjennom berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og reduserte utslepp av klimagassar, og leggje til rette for auka opptak av klimagassar og for nødvendig tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Vareta landbruket sitt kulturlandskap

Det er eit mål å ta vare på og utvikle landbruket sitt kulturlandskap.

I alt blei det brukt 4,2 mrd. kroner på kulturlandskapsformål i 2016. Midlane blei nytta til å hindre attgroing, halde ved like eit variert og levande kulturlandskap i heile landet, og til å ta vare på spesielle og verdifulle landskap og kulturmiljø. Ein del areal med særskilde landskapsverdiar kan takast vare på ved tradisjonell slått. Det blei gitt tilskott på 14 mill. kroner til slått av 77 000 dekar lokalt verdifulle jordbrukslandskap og 43,8 mill. kroner til skjøtsel av 346 000 dekar bratt jordbruksareal. Det blei òg gitt tilskott på i alt 505 000 kroner til skjøtsel av 1 900 særeigne landskapselement som åkerholmar, gardsdammar og store tre.

Det blei i jordbruksoppgjeret 2015 vedteke å slå saman ordningane for Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan. Ny forskrift blei gjort gjeldande frå 2017. Det var i 2016 sett av til saman 15,0 mill kroner til ordninga, som er finansiert over Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet sine budsjett. Midlane har gått til skjøtsel av landskap med viktige miljøverdiar knytt til landskap, biologisk mangfald og kulturminne og kulturmiljø. I 2016 bad Stortinget om at ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket skulle videreutviklast med sikte på å auke tal område fram mot 2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet peika våren 2017 ut ti nye område basert på forslag frå Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Riksantikvaren. Prosessen er ført vidare for å utvide ordninga ytterlegare ut over dei 32 som til saman no er vald ut.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat og sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2016 utgjorde vel 9,8 mill. dekar. Samanlikna med 2015 viser tala ein liten nedgang på om lag 15 000 dekar.

Husdyrbeiting i utmark bidreg til skjøtsel av kulturlandskapet, til å halde utmarka ope og har samstundes ein positiv verknad på det biologiske mangfaldet. I satsingar som utvalde kulturlandskap i jordbruket, verdsarvområda og utvalde naturtypar er beiting i mange tilfelle eit viktig skjøtseltiltak. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for storfe, geit og sau på beite. I 2016 blei det gitt tilskott til i alt 2,4 mill. husdyr på utmarksbeite. I perioden frå 2000 til 2016 auka talet på beitande dyr med 4 pst. Samanlikna med 2014 auka talet med 7,3 pst.

Berekraftig bruk av og vern om landbruket sitt areal- og ressursgrunnlag

Omdisponering av areal

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa i desember 2015 og vedtok innstillinga frå næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak 140 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2016 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 6 026 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark gjekk opp med 20 pst. frå 18 139 dekar i 2015 til 21 612 dekar i 2016, og ligg på eit høgt nivå samanlikna med tala på 2000-talet. I alt blei 964 søknader handsama i 2016. Frå og med 2007 har i gjennomsnitt 16 445 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Tiltak for å avgrense forureining

Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå god, økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år grunna variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrifta. Åkerareal utan vernande plantedekkje haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt dårleg tilstand, slik som i Østfold, Akershus, Hedmark og Oppland. I 2016 blei det gitt om lag 190 mill. kroner i tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding, vegetasjonssoner, fangdammar og hydrotekniske anlegg over ordningane Regionalt miljøprogram og Spesielle miljøtiltak i landbruket. Det har gjennom fleire år vore vektlagt å målrette innsatsen mot dei areala der det er mest viktig å gjennomføre tiltak, noko som kan ha bidrege til at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal. Tilskott til drenering blei innført frå 2013. Godt drenert jord reduserer faren for jordpakking og utslepp av lystgass frå jordbruksjord. Oppslutninga om ordninga har vore lågare enn venta.

Salet av plantevernmiddel varierer årleg mellom anna grunna klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. I dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnad av plantevernmiddel, er berekna helserisiko for 2016 redusert til 75 pst. av 1996/97-nivå, mens berekna miljørisiko er redusert til 80 pst. av 1996/97-nivået.

Økologisk jordbruksareal og husdyrproduksjon

Økologisk areal utgjorde 446 809 dekar i 2016, om lag 4,5 pst. av det samla jordbruksarealet Medrekna karensareal, det vil seie areal under omlegging, er delen 4,8 pst. Det var ein svak auke på 0,8 pst. i økologisk areal frå 2015 til 2016. For dei enkelte produksjonane var det ein auke innan korn, oljevekstar, grønsaker og potet. Husdyr i økologisk driftsform utgjer førebels ein liten del av det samla talet på husdyr i Noreg. Frå 2015 til 2016 var det ein auke i talet på dyr som verpehøner, storfe, gris og sau. Tal på økologisk storfe utgjer 3,5 pst. av storfehaldet, mens sau og lam utgjer 4,6 pst.

Skogbruksplanlegging og miljøregistrering

I 2016 blei det utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 5,2 mill. dekar skog. Dette er noko meir enn året før, men fordi desse prosjekta går over fleire år, svingar tala frå år til år. Stortinget vedtok ved handsaminga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er Natur i Norge (NiN) hos Artsdatabanken som skal nyttast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å skildre variasjon i naturen med typar og eigenskapsskildringar. Dette sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat til nytte ved vurderingar av bruk og vern av natur. Landbruksdirektoratet starta i 2016 med å innpasse omgrepsapparatet til NiN i opplegget for Miljøregistreringer i skog (MiS).

Med bakgrunn i dei behova for tilskottsmidlar fylkesmennene melder er det grunn til å tru at kartleggingsaktiviteten vil auke framover. Det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet i skogstroka på Sør-Austlandet er no kartlagt, og det blir starta opp nye skogbruksplanprosjekt med revisjon av miljøregistreringar frå tidlegare. Før eksisterande data blir førte vidare i nye planar, blir dei kvalitetssikra, og nøkkelbiotopar som er øydelagde av hogst eller anna, blir erstatta av nye. På Vestlandet og nordover er det framleis store område som ikkje er dekte med skogbruksplanar med miljøregistreringar, og det er starta eit arbeid for å auke innsatsen i desse områda, både med tanke på omfang og regionale tilpassingar.

Med grunnlag i dette arbeidet tek skogeigarane særlege omsyn til miljøverdiane. Det er no sett til side eit samla areal med nøkkelbiotopar på omkring 800 000 dekar. Miljøinnsatsen frå det private skogbruket sikrar god miljødokumentasjon og gode miljøomsyn i næringsverksemda, og bidreg mellom anna til å auke omfanget av frivillig vern.

Landbruket sine genressursar

Genmangfaldet innanfor landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda. Genmangfaldet gir grunnlag for at husdyr, matplanter og skogstre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold, sjukdommar og nye krav til sluttprodukta. FNs berekraftsmål 2.5 forpliktar Noreg til å sikre berekraftig bruk og bevaring av husdyrrasar og plantesortar som eit tiltak for å utrydde svolt.

Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg er 20 i kategorien Kritisk truga i 2015. Fire storferasar og tre hesterasar er mellom desse. Ytterlegare ni rasar blir rekna som Truga . Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. I 2016 blei det registrert ein auke i talet på dyr for alle dei nasjonale kurasane. Vestlandsk raudkolle er den einaste som har hatt ein nedgang. Også innanfor dei store avlspopulasjonane er det viktig at det er ein berekraftig populasjonsstorleik. Det er særleg innanfor norsk kvit sau, spælsau og norsk sjeviot at populasjonen er noko låg.

I 2016 var det i alt 11 bevarings- og tradisjonssortar på den norske sortslista. Det er òg oppretta bruksgenbankar for gamle sortar innan korn og potet, der interesserte bønder kan få materiell for utprøving. Nasjonalt er det etablert 22 klonsamlingar for grønsaker, poteter, urter, frukt, bær, staudar og roser. Noreg samarbeider med dei andre nordiske landa om nordisk genbank for frø som ligg til Nordisk genressurssenter (NordGen) under Nordisk ministerråd.

I upløgde og permanente enger har viktige engvekstar fått utvikle seg over lang tid og tilpassa seg til klima og andre vekstvilkår. Dette har resultert i stor genetisk variasjon i viktige eigenskapar. I 2015 var det i alt 584 slike in situ bevaringslokalitetar med genressursar i kulturlandskap som blir haldne ved like etter skjøtselsplan og avtalar. 545 av engene inngår i Handlingsplan for slåttemark hos Miljødirektoratet. Dei andre er stort sett resultat av initiativ i fylke der ymse støtteordningar bidreg til at tradisjonell skjøtsel og drift held fram.

Innanfor skogbruket er gran det treslaget som er best karakterisert genetisk. Per 31.12.2015 var 3 176 individ utprøvd i skogplanteforedlinga på gran. Desse dannar grunnlaget for eit utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040 . For å bevare genetiske ressursar in-situ, er det oppretta genressursreservat for skog i nokre verneområde. Desse bidreg til å sikre den potensielle tilgangen til genetisk materiale frå ulike klima og veksestadar. Det er oppretta 23 genressursreservat for skog, som omfattar 10 ulike treslag (under dette alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran).

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar, og er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. Ved slutten av 2016 har i alt 72 institusjonar til saman deponert meir enn 900 000 frøprøver i kvelvet. Meir enn ein tredel av alt mangfaldet av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv.

God agronomi

God agronomi vil kunne bidra til auke husdyrproduksjon og avling, og kan òg gi betre kvalitet i produksjonen. For å nå måla regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat er det nødvendig med auka kunnskap knytt til betre agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn hos den enkelte bonden og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon. Denne kunnskapen vil òg kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen frå den veksande befolkninga. Kompetanseauken på desse områda blir kombinert med auka kunnskap om korleis klimagassutslepp som følgje av matproduksjon, kan haldast så låge som mogleg.

Forsking på matområdet har hatt høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som kjem fram i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd viser at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på det same høge nivået dei siste åra. Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar. Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon og fram til forbrukar. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar, med auka fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar, vil krevje ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansierte gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse.

Innanfor området agronomi blei det lagt vekt på utfordringane norsk jordbruk står framfor knytt til forventningane om auka matproduksjon, vidareføring av norsk sjølvbergingsgrad og landbruk i heile landet. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har leia det tverrvitskaplege forskingsprosjektet AGROPRO – Agronomi for auka matproduksjon, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet har undersøkt agronomiens betyding for auka matproduksjon i Noreg. Døme på tema representert i prosjektet er betre jordstruktur (jordpakking), miljøeffektar av lystgassutslepp frå ulike driftssystem og betydinga av fysiske og kjemiske forhold i jorda for næringsopptaket til planter.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar

Jordbruket sitt utslepp av klimagassar var i 2015 på 4,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar og utgjorde om lag 8,3 pst. av dei samla norske utsleppa. Utsleppet frå jordbruket er redusert med 5,3 pst. frå 1990 til 2015. Samstundes var det ein auke i dei nasjonale utsleppa samla sett. All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO 2 . Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH 4 ) og lystgass (N 2 O). Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa som blir kreditert jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen, kjem av metan frå naturlege prosessar hos husdyr som storfe og sau og lystgass frå husdyrgjødsel. Færre storfe grunna auka produktivitet i mjølkeproduksjonen og redusert bruk av gjødsel, er hovudårsakene til nedgangen i utslepp frå jordbruket. Det er stor uvisse knytt til utsleppstala for jordbruket. Ifølgje Miljødirektoratet er uvissa for berekna utslepp av metan og lystgass på høvesvis 14 og 59 pst. Det er behov for auka kunnskap om jordbruket sine moglegheiter til å redusere klimagassutsleppa, om potensialet til lagring av karbon i jord, og korleis tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig at ein i det vidare arbeidet vektlegg at produksjon av mat skal skje med lågast moglege klimagassutslepp per produsert eining.

Karbonlagring i skog og jord

I 2015 stod norske skogar for eit nettoopptak på 29 mill. tonn CO 2 . Når anna areal utanom skog blir teke med, blir nettoopptaket 24,3 mill. tonn, noko som svarar til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst og naturleg avgang. Sidan tømmerhogsten i Noreg har vore på eit temmeleg stabilt nivå rundt 10 mill. kubikkmeter årleg, har omfanget av forynging av skog mykje å seie for skogen sin tilvekst og karbonopptak. Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra. Den positive utviklinga har halde fram i 2016. Mykje av auken kjem av at hogsten var høg både i 2015 og 2016. I 2016 blei det planta om lag 34 mill. skogplanter, 8 pst. fleire enn i 2015. Noko av auken kan komme av at det i 2016, blei innført eit målretta tilskott til tettare planting for å betre produksjonen og dermed CO 2 -opptaket i skogen.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Tre som bygningsmateriale har klare miljømessige fortrinn, og Noreg har store unytta skogressursar. Bruk av tre legg grunnlaget for lokal og regional næring.

Tresatsinga til regjeringa har dei siste åra blitt forvalta av Innovasjon Noreg gjennom Trebasert innovasjonsprogram. Målet har vore auka bruk av tre og styrkt konkurransekraft i næringa. Programmet har gjennom fleire år hatt høg aktivitet og gjennom mobilisering og finansiell stønad bidrege til realisering av alt frå arkitektoniske konsept til byggprodukt og konstruksjonsmetodar. Programmet har bidrege til å utvikle det moderne trebyggjeriet slik at tre blir vurdert som eit aktuelt materiale av arkitektar, utbyggjarar, folk som utviklar eigedommar og entreprenørar. Frå budsjettåret 2017 blir midlane til Trebasert innovajonsprogram løyvd frå Nærings- og fiskeridepartementet som ein del av satsinga på bioøkonomi. Landbruks- og matdepartementet har framleis ein fagleg dialog med Innovasjon Noreg om programmet.

Produksjon og bruk av bioenergi

Landbrukssektoren er leverandør av råstoff til bioenergi til andre sektorar og til intern bruk i næringa. Landbruks- og matdepartementet bidreg til auka produksjon og bruk av bioenergi, og dei seinare åra er det opna for å kombinere bioenergi med solvarme. Frå 2018 får Bioenergiprogrammet namnet Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Programmet gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg og anlegg for sal av biovarme og kombinerte anlegg for bio- og solenergi; både kraft og varme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Breidda i programmet vil framover gjere det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi. I 2016 blei det gitt støtte til 132 prosjekt over programmet, noko færre enn i 2015. I programmet si levetid er det i alt etablert over 1 615 gardsvarmeanlegg, 33 anlegg i veksthus og 199 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 384 GWh.

Utvikling av småskala biogassanlegg for gardsbruk har òg vore eit prioritert område innanfor programmet. Denne satsinga blir koordinert med regjeringa sin biogasstrategi som ligg under Klima- og miljødepartementets ansvarsområde. I ein tidleg fase vil det bli etablert pilotanlegg for kombinert handsaming av husdyrgjødsel og anna biologisk avfall. Eit anna utviklingsområde for programmet er produksjon av biokull som sideprodukt til bioenergi. Dersom dette blir vellukka vil det kunne gi ein klimavinst for jordbruket.