Landbruks- og matdepartementet har samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal vere organisert slik at ho har god gjennomføringskraft, løyser sentrale oppgåver effektivt med god kvalitet og legg til rette for auka verdiskaping i næringslivet.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er fordelt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Departementet har fire underliggjande verksemder. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, mens forskingsinstitutta Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er organiserte som forvaltningsorgan med særskild fullmakt, jf. nærare omtale under kat. 15.10, 15.20 og 15.30. Sjå òg omtale av utviklinga av støtteordningar, reguleringar og forvaltningsorgan under overskrifta Fornye, forenkle og forbetre i del 4.

I tillegg til departementet sine underliggjande verksemder har både fylkesmannsembeta, fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og kommunane sentrale roller og oppgåver i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken regionalt og lokalt.

Fylkesmannen er statleg styresmakt på landbruks- og matområdet regionalt, og har ansvar for å følgje opp nasjonale vedtak, mål og retningsliner innanfor landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannen er eit viktig bindeledd mellom staten og kommunane i gjennomføringa av den nasjonale landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for arbeidet til embeta på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har som regional nærings- og samfunnsutviklar ansvar for oppgåver innanfor verdiskaping, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og skal bidra til gode koplingar mellom landbruk og det regionale plan- og utviklingsarbeidet.

Innovasjon Noreg forvaltar midlar til investering og bedriftsutvikling og anna programstøtte til både tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar. Innovasjon Noreg er organisert som eit særlovsselskap, og er eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører tenester for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gitt i det årlege oppdragsbrevet frå departementet.

Kommunane er førsteline for forvaltninga av dei fleste økonomiske og juridiske verkemidla i landbruket, og er saksførebuande organ for Innovasjon Noreg på landbruks- og matområdet. Oppgåvene blir finansierte gjennom inntektssystemet for kommunane.

Ei enkel og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet

Regjeringa vil oppnå ein mest mogleg effektiv bruk av ressursane i samfunnet. I forvaltningsarbeidet er det viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir utvikla på ein slik måte at dei er enkle å bruke for næringsdrivande, forvaltninga og samfunnet elles.

Ei mindre, reorganisert og betre styrt landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga er representert over heile landet og i alle fylke. Tabell 8.1 viser at det samla talet på årsverk i den delen av den statlege landbruks- og matforvaltninga som får heile inntekta si frå statlege løyvingar har blitt redusert med om lag 5 pst. (100 årsverk) i perioden 2013–2017. Av desse har Mattilsynet stått for ein reduksjon på 72 årsverk. Tek ein omsyn til at det regionale nivået i reindriftsforvaltninga blei flytta frå Landbruksdirektoratet (den gong Statens reindriftsforvaltning) til fylkesmannsembeta i 2014, har det òg blitt ein reell reduksjon hos Fylkesmannen. Veterinærinstituttet og NIBIO er ikkje tekne med i årsverkoversikta. Desse verksemdene hentar delar av inntekta si frå oppdrag i marknaden, og er difor ikkje direkte samanliknbare, jf. òg omtale av institutta under kap. 1137, post 51.

I denne stortingsperioden har regjeringa forenkla sjølve organisasjonsstrukturen i landbruksforvaltninga ved å redusere talet på verksemder under Landbruks- og matdepartementet frå sju til fire. Talet på nivå og regionar i Mattilsynet er òg redusert, jf. omtale i del 4.

Tabell 8.1 Årsverk i den statlege landbruks- og matforvaltninga

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Endring i pst. 2012–2017

Landbruks- og matdepartementet

148

144

148

145

138

139

-6,1

Mattilsynet

1 328

1 329

1 319

1 281

1 257

1255

-5,5

Landbruksdirektoratet 1

243

243

217

218

214

216

-11,1

Fylkesmannen 1

326

322

346

343

332

328

0,6

Sum

2 045

2 038

2 030

1 987

1 941

1 938

-5,2

1 Det regionale nivået i reindriftsforvaltninga blei 1.1.2014 flytta frå Statens reindriftsforvaltning (SRF) til fylkesmannsembeta. I tabellen gir det ein reduksjon hos Landbruksdirektoratet og ein auke på 32 årsverk hos Fylkesmannen i 2014.

Kjelde: Årsrapporter for Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og Fylkesmannen. I tillegg er data særskild innhenta frå Fylkesmannen om talet på årsverk knytt til det regionale nivået i reindriftsforvaltninga.

Meir effektiv drift og betre utnytting av ressursane ligg til grunn for styringa av dei fire forvaltningsorgana under Landbruks- og matdepartementet. Departementet har delegert mykje av gjennomføringa av politikk til underliggjande verksemder. For å oppnå ei mest mogleg effektiv styring og leiing av dei underliggjande verksemdene er departementet oppteke av å gi klare mål og tydelege prioriteringar i styringsdialogen samstundes som verksemdene skal ha nok fridom til å utøve oppgåvene sine.

Departementet har utarbeidd mål for sektoren som blir lagt til grunn for styringa av dei underliggjande verksemdene. Desse måla er reviderte i tråd med Stortinget si handsaming av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon og Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter . Resultatindikatorane som departementet har identifisert og teke i bruk gir verdifull informasjon om resultatoppnåinga i sektoren, men må oftast supplerast med kvalitative analysar. Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet og Veterinærinstituttet fastsett nye mål og resultatindikatorar for Veterinærinstituttet frå 2018. Desse tydeleggjer Veterinærinstituttets oppgåver og samfunnsoppdrag, og bidreg til meir strategisk og overordna styring av verksemda.

Digitalisering er viktig i moderniseringa

Digitalisering av offentlege tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å modernisere, forenkle og forbetre forvaltninga. Verksemdene i landbruks- og matforvaltninga skal tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Digitale tenester bidreg til å gi ein enklare kvardag for innbyggjarar og næringsdrivande, samstundes som dei legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene meir effektivt. Digitale tenester skal bidra til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet i offentlege tenester, demokratisk deltaking og inkludering. Verksemdene skal arbeide for at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen for kontakt med forvaltninga.

Mattilsynet

Mattilsynet har som mål at digitale løysningar skal støtte arbeidsprosessane og bidra til raskare og betre oppgåveløysing. Mattilsynet vil at privatpersoner og verksemder primært skal kommunisere digitalt med tilsynet.

Tilsynssystemet (MATS) står sentralt i arbeidet til verksemda. Systemet skal leggje til rette for at brukarar får løyst oppgåvene sine i systemet på enklast mogleg vis. Det er difor lagt ned mykje arbeid i å identifisere og eliminere ulike tidstjuvar for å gjere systemet meir brukarvennleg og effektivt.

Mattilsynet har gjennom 2016 halde fram med vidareutviklinga av MATS. Mellom anna med omsyn til utferding av eksportdokument, rapportering frå ulike delar av næringa og vidareutvikling av register. I tillegg har Mattilsynet teke i bruk ei ny mobil løysing for smilefjestilsyn på serveringsstader. Dette fører til at verksemda får respons direkte, og resultata blir automatisk publiserte på matportalen.no.

NIBIO

NIBIO utviklar IKT-løysingar som forenklar, fornyar og forbetrar arbeidsprosessar mellom offentlege og private aktørar i jordbruk, skogbruk og reindrift. Gjennom NIBIOs Gardskart på internett har landbruksforvaltninga på kommunalt og regionalt nivå fått ein forenkla tilgang til informasjon knytt til arealressursar og arealtal gjennom kart og statistikk. Talet på brukarar har auka kvart år, og tenesta hadde 2,2 millionar oppslag i 2016.

Landbruksdirektoratet

Eitt av måla til Landbruksdirektoratet er å tilby elektroniske tenester som er enkle og effektive for brukarane, og som skal gi mest mogleg effektiv og korrekt forvaltning. I tillegg er det viktig med høg informasjonstryggleik og data av god kvalitet.

Dei største forvaltningsområda til direktoratet er i all hovudsak digitalisert. Direktoratet er for fleire område i gang med å etablere andre generasjon webløysingar.

Landbruksdirektoratet har i 2016 drive eit omfattande IKT-utviklingsarbeid. Ny naturskadeerstatningslov tok til å gjelde frå 1.1.2017, og samstundes blei ei ny IKT-løysing teken i bruk. Ei ny IKT-løysing for produksjonstilskott var på plass våren 2017.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet har tidligare etablert elektronisk prøveinnsending for prøver frå fisk. Systemet har blitt utvida i 2017, slik at det no òg omfattar landdyrprøver. Løysinga mogleggjer mellom anna sporing av prøver, prøvesvar og interaktive kart.

Veterinærinstituttets system for å leggje prøvesvar direkte på web, blei vesentleg utvida i 2016. Saman med andre effektiviseringstiltak knytte til rutinar for svar, fører dette til at færre prøvesvar blir sendt med post.

Ei brukarvennleg forvaltning kommuniserer med omverda

For at forvaltninga skal komme brukarane til nytte, arbeider Landbruks- og matdepartementet for offentleg merksemd om landbruks- og matpolitiske spørsmål og problemstillingar. Ny kunnskap og informasjon på aktuelle saksområde skal raskt gjerast lett tilgjengeleg, mellom anna på nettsidene til departementet og i eit tett samarbeid med dei underliggjande verksemdene til departementet. Departementet er aktivt på og arbeider kontinuerleg for å vidareutvikle ulike kanalar for kommunikasjon, mellom anna på nettsida www.regjeringen.no/lmd. Kvar dag får nær 6 000 abonnentar på departementet si nyhendeteneste informasjon frå fag- og politikkområdet. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skaper interesse, har høg truverde og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken. Saker på høyring og offentleg postjournal blir presenterte på nettsida til departementet. Dette gir allmenta høve til å få informasjon og kunnskap om det arbeidet som skjer i departementet.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og matsikkerheit, sjå omtale under kat. 15.10 og kap. 1115.

Landbruks- og matdepartementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og på å gi bistand til andre departement i sektorovergripande kriser. Viktige element i departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur og å redusere sjansane for at uønskte hendingar inntreff. Departementet og underliggjande verksemder skal i størst mogleg grad kunne drive verksemda vidare, uavhengig av om eventuelle uønskte hendingar og kriser skulle inntreffe. Departementet er oppteke av at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i departementet sitt planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder.

Departementet legg vekt på høg leiarmerksemd i styringa av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ein overordna analyse av risiko- og sårbarheit inngår i departementet sitt arbeid med tryggleik og beredskap. I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav til områda i tildelingsbrev og i verksemdsinstruksane, og i den ordinære styringsdialogen.

Departementet øver regelmessig innanfor eige ansvarsområde, og deltek òg i tverrsektorielle øvingar. I 2016 gjennomførte/deltok departementet i åtte øvingar.

Mattilsynet gjennomførte i 2016 inga nasjonale øvingar. Regionane har på si side arrangert seks beredskapsøvingar der Mattilsynets hovudkontor er blitt trekt med for å auke læringa frå øvinga mest mogleg. Mattilsynet har òg arbeidd med opplæring innan beredskap i samarbeid med andre, og saman med Strålevernet arrangerte dei seminaret En jobb å gjøre – kommunikasjon ved atomhendelser . Mattilsynet har òg kjøpt det nettbaserte programverktøyet Crises Information Management (CIM) som skal sikre betre loggføring, kommunikasjonsflyt og situasjonsforståing i alle ledd.

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Dette omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, natur- og avlingsskadar. Beredskapsplanverket skal sørgje for at Landbruksdirektoratet er i stand til å halde oppe funksjonane sine i ein krisesituasjon. Verksemda nyttar i stor grad IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området. Direktoratet gjennomførte i 2016 ei øving om matsikkerheit og ei øving i kriseadministrasjon.