Landbruks- og matdepartementet (LMD)

Prop. 1 S

(2017–2018)

Forsking og forskingsbasert innovasjon er viktig for å nå hovudmåla i norsk landbruks- og matpolitikk – matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Regjeringa legg difor til rette for ein kontinuerleg høg kunnskapsproduksjon. I denne rapporteringa vil innsats og resultat på utvalde område bli omtalt innanfor dei tre delmåla for landbruks- og matforskinga:

  • Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

  • Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

  • Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Løyvingane til forsking og innovasjon skal bli brukt mest mogleg målretta for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken.

Gjennom løyvingar til forsking og innovasjon har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar – og bidrege til å leggje grunnlaget for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa.

Nok og trygg mat

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Mange prosjekt på område som dyrehelse, dyrevelferd og antibiotikaresistens er ein god basis for å halde ved like Noreg sin gode posisjon når det gjeld matryggleik. For å sikre at maten som kjem fram til forbrukar er trygg, er det avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt. Det er mange gode prosjekt innanfor planteproduksjon, husdyrhald og næringsmiddelindustri som er med på å sikre nok og trygg mat.

Løyvingar frå departementet finansierer store nasjonale forskarprosjekt, innovasjonsprosjekt i næringslivet og norsk deltaking i europeiske forskarnettverk. Mellom anna skal det undersøkast korleis moglegheiter og utfordringar knytt til forbetra agronomisk praksis kan bidra til auka og berekraftig matproduksjon i Noreg. Det blir òg forska på integrert plantevern, og i 2016 starta eit stort prosjekt for å skaffe forskingsbasert kunnskap om berekraftige, lukka produksjonssystem for grønsaker i veksthus. Midlar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen blir òg nytta til forsking innanfor både matsikkerheit og mattryggleik.

Boks 9.1

NOFIMA har bidrege til eit prosjekt leia av Norsk Matbygg SA for å auke bruken av bygg til mat i Noreg, og på same tid bidra positivt til berekraftig utvikling av nasjonal folkehelse. Fram til i dag har nær all bygg dyrka i Noreg blitt brukt til dyrefôr. Byggsortar som er robuste, resistente mot sjukdom, har god matkvalitet og høgt innhald av betaglukan er foredla fram. Betaglukan er dokumentert å ha gunstig påverknad på kolesterol, blodsukker og førekomsten av hjarte- og karsjukdommar. Det er spesiallaga ei mølle som produserer ulike fraksjonar av mjøl, og kornet blir no dyrka av over 50 produsentar i Østfold og Akershus. Bygget er lansert under namnet Gullbygg , og det er framstilt over 10 ulike produkt i Gullbyggserien. Produkta er no å få kjøpt over heile landet.

Forskarprosjektet iProsess, leia av SINTEF Fiskeri og havbruk, skal utvikle nye konsept og metodar for berekraftig verdiskaping i matproduksjon, både for marin- og landbaserte matprodukt. Sentralt står utvikling av prosessinnovasjonar, konsept og forretningsmodellar for betre utnytting av råstoff og reststoff for å auke lønsemda og redusere avfallsmengda. Innanfor husdyrproduksjon og dyrehelse står prosjektet FeedMileage ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) sentralt. Målet er å gjere husdyra meir robuste, slik at dei i større grad kan nyttiggjere seg lokale fôrressursar, mellom anna gjennom avl for auka fôreffektivitet. Innanfor temaet antibiotikaresistens, velferd hos svin og arbeid for å optimalisere velferd og produksjon av kylling, blir det gjennomført forsking i samarbeid med europeiske nettverk.

Forsking innan dyre- og plantehelse kan ha stor innverknad på og grenseflater mot mattryggleik, og dette er område som bør bli sett i samanheng. Fleire prosjekt, finansiert gjennom Noregs forskingsråd, har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse. Dei siste åra er det utvikla mykje ny kunnskap om plantesjukdommar, sortsutvikling og klimatilpassing, til dømes korleis vintertoleranse blir utvikla i plantane.

Boks 9.2

Ernæringsstyresmaktene vil at inntaket av tilsett sukker i matvarer skal reduserast. TINE har gjennomført eit prosjekt for å redusere sukkerinnhaldet i yoghurt. Yoghurt blir produsert ved styrt fermentering av mjølk ved bruk av mjølkesyrebakteriar, og har tradisjonelt blitt tilsett ein del sukker. Mjølkesyrebakteriar tek opp og spaltar ein viss del av laktosen (mjølkesukkeret) i mjølka til glukose og galaktose. Glukose og galaktose gir meir søtsmak enn laktose, og målet er å auke den delen av laktosen som blir spalta til glukose og galaktose ved å bruke utvalde bakteriestammar med høg laktaseaktivitet. TINE har søkt patent på metoden.

Auka verdiskaping

Forsking skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet ved å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av andre si forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Departementet har innretta forskingsmidlane slik at dei støttar opp under innovasjonsaktivitetar i næringane gjennom tydelege forskingsprioriteringar i verdikjeda og god dialog med aktørar som kan finansiere forskinga.

Mange av verdikjedene innanfor matområdet har liten tradisjon for eiga forsking. Ei årsak er strukturen i primærnæringane med mange mindre føretak og stor geografisk spreiing. Offentleg finansiering av forsking er difor svært viktig, og næringsretta forskingsinnsats innan landbruksnæringa blir finansiert gjennom mellom anna Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL).

Brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking har høg prioritet. Stor forskingsaktivitet er ein føresetnad for å halde oppe og styrkje konkurranseevna i skog- og næringsmiddelindustrien. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), tematisk innretta program som BIONÆR og store program som ENERGIX er viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Det er òg lagt vekt på å betre forskings- og innovasjonssamarbeidet mellom blå og grøn sektor. Nofima AS har ein viktig funksjon i arbeidet med å hente ut synergiar frå eit slikt samarbeid.

Boks 9.3

NIBIO har leia forskingsprosjektet AGROPRO – Agronomi for auka matproduksjon, finansiert av Noregs forskingsråd. Trass betre kornsortar har ikkje avlingane auka så mykje som venta. AGROPRO har vist at ein finn mykje av årsaka i jorda. Dårleg jordstruktur som følgje av jordpakking er ei viktig årsak. Mangel på vekstskifte er ei anna, og dette er vist å ha større verdi enn ein tidlegare har trudd. For kornproduksjon har graseng i omløpet vist seg å ha ei svært positiv verknad. Enkeltresultat viser over 30 pst. meiravling. Langvarige forsøk viser òg at kombinasjonen korn/gras gir betre jordstruktur med auka moldinnhald. Eng i omløpet bidreg òg til å redusere CO 2 -utslepp. Samstundes er vekstskifte det viktigaste preventive verkemiddelet mot fleire plantesjukdommar og nematoder.

Bruken av ressursar på forsking i næringsmiddelindustrien har auka dei siste åra. Mange nye innovasjonsprosjekt er sette i gang, og mykje av forskings- og utviklingsinnsatsen går til å betre mattryggleiken gjennom auka kompetanse og kunnskap, produktivitetsauke gjennom betre lagring, kvalitetsheving og betre produkt gjennom prosessoptimalisering og hygieniske tiltak. Betre utnytting av råstoff og utnytting av restråstoff er òg tema som blir undersøkt. Næringsmiddelindustrien har blitt involvert i fleire av prosjekta på matområdet. Samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa er såleis styrkt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som er komme fram av samarbeidet. Samarbeid og forskingsbasert innovasjon er viktig for å auke konkurransekrafta i næringsmiddelindustrien.

Boks 9.4

Tre er eit fornybart bygningsmateriale som bidreg til å binde karbon. I tillegg til at tre er miljøvennleg, skaper uttak og foredling av tømmeret frå norske skogar arbeidsplassar og gir verdiskaping i mange av landets kommunar. Noregs teknisk-naturvitenskapelige universitet er gjennom BIONÆR tildelt prosjektmidlar til prosjektet Tekniske løsninger for urbant trebyggeri . Forskarprosjektet skal løyse tekniske utfordringar knytt til å byggje moderne trebygg i 5–10 etasjar. Den gjeldande praksisen med bærande veggar eller støttebjelkar for å styrkje trebygningen sin stabilitet, blir sett på som eit hinder for å kunne utvide bruken av trekonstruksjonar i moderne bygg. Ved å utvikle betre samanføyingar i trekonstruksjonar vil det vere mogleg å konstruere rammeverk i tre som kan tillate større golvbreidde. Det opnar opp for bygningar med eit breiare sett av arkitektoniske løysingar. Prosjektet har klare mål om å utvikle konkurransedyktige system for trebygg i fleire etasjar. Samarbeidspartnarar er mellom anna Moelven Limtre AS, Sweco Norge AS, Eggen Arkitekter AS og Løvseth + Partner AS.

Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer opp overordna politiske føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd. Det blir arbeidd målretta med å etablere store tverrfaglege prosjekt som analyserer kva rolle skogen har i klimasamanheng. Dette arbeidet dekkjer heile livsløpet, frå etablering, skjøtsel og avverking, til livsløpsanalysar innanfor verdikjeda tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. Det er eit komplekst samspel mellom primærproduksjon, hausting og bruken av trebaserte produkt i samfunnet. Dette gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning heilt nødvendig. Ei utfordring for forskinga er å bidra med kunnskap til arbeidet med å balansere auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkasting i skogbruket, og omsyn til miljø og biologisk mangfald.

Berekraftig landbruk

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon mellom anna av omsyn til norske forbrukarar og beredskap. Samstundes er omsynet til miljø og klima viktig. For å nå dette målet er det avgjerande at dei ressursane vi rår over blir utnytta på best mogleg måte. Avlsarbeid for størst mogleg produksjon av friske og sunne dyr og sortutvikling som sikrar eit plantemateriale tilpassa klimaforholda, vil vere viktig i denne samanhengen. Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet finansierer fleire prosjekt på dette området, og fleire av prosjekta har brei medverknad frå brukarar. Norsk avlsarbeid er leiande internasjonalt, og kan by på store moglegheiter for samarbeid innanfor forsking og næring. Det er til dømes sett på modellar for avlsframgang og utvikla ein ny metodikk for å inkludere nye eigenskapar i avlsmåla. Avlsorganisasjonane innanfor alle husdyrartar deltok i prosjektet. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, som kunnskap knytt til betre agronomi, vil få endå større plass i tida framover.

Boks 9.5

Etter initiativ frå Finnmark Rein AS har NIBIO, Veterinærinstituttet, Nofima, NINA og UiT gjennomført eit prosjekt for å utforme velferdsindikatorar som reindriftsutøvarane sjølve kan bruke til eigenkontroll og dokumentasjon av god drift i reinflokken gjennom året. Velferdsindikatorane er eit utval enkle, målbare faktorar eller tilstandar ved dyret og/eller drifta. Det er utarbeidd eit skjema med spørsmål som omfattar dei føreslåtte velferdsindikatorane. Spørsmåla omhandlar beitekvalitet, tilsynsfrekvens, flokkstruktur, kalvingsprosent, tap, parasittbehandling, fôring/vatning, individkontroll, beredskapsplaner, handtering av dyra i gjerde, utforming av gjerde og lasteramper, lasting av dyr, transportforhold og slaktedata.

Produksjon og bruk av fornybar energi er ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX, som er Noregs forskingsråd sitt store program innanfor miljøvennleg energi. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Innanfor bioenergiforskinga har områda miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall vore sentrale område for departementet.

Næringslivet si deltaking i forskingsprosjekt på departementet sitt område

Landbruks- og matforskinga skal bidra til å stimulere forskingsinnsatsen i næringslivet og til at næringslivet i større grad nyttiggjer seg av forskingsbasert kunnskap. Midlane til forsking frå Landbruks- og matdepartementet går i stor grad til næringsretta prosjekt med krav til medverknad frå næringa. Ein stor del av prosjekta krev òg medfinansiering frå næringslivet. Krav om medverknad frå næringa bidreg til meir relevant og løysingsorientert forsking når det gjeld problemstillingar i landbruks- og matnæringa.

Forskingsrådet sitt program Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) var ei tiårig satsing som blei avslutta i 2016. VRI-programmet var retta mot meir forsking i næringslivet, og skulle stimulere til auka samarbeid med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar. Målet var å styrkje læring, innovasjon og verdiskaping i føretak med liten FoU-erfaring. Auka merksemd på erfarings- og kunnskapsutveksling mellom regionalt og nasjonalt nivå har ført til ein tett samarbeidsstruktur mellom dei regionale representantane og dei sentrale næringsretta programma i Forskingsrådet. Programmet blei i 2017 avløyst av Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION), som har som mål å auke verdiskapinga, konkurransekrafta og omstillingsevna i heile landet.

SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning, og har ingen direkte løyvingar frå departementa. Ordninga er likevel eit viktig verkemiddel for innovasjon og verdiskaping i næringslivet. Aktiviteten ligg på eit høgt nivå, særskild på områda jordbruk og mat, og har auka dei siste åra. Aktiviteten indikerer at dette er eit treffande verkemiddel for innovasjon i landbruks- og matsektoren.

Internasjonal forskingsaktivitet

Dei norske forskingsinstitutta har eit stort internasjonalt engasjement. Norsk landbruks- og matforsking er mellom anna godt representert i internasjonalt samarbeid gjennom ulike European Research Area-nett (ERA-NET) og fellesprogram (JPI, Joint Programming Initiatives).

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, har opna for auka deltaking frå norske landbruks- og matforskingsmiljø. Mellom anna er spørsmål knytt til matsikkerheit og klima særdeles aktuelle forskingsområde i Horisont 2020. Internasjonalt forskingssamarbeid på desse områda er viktig for å løyse globale utfordringar, for å heve kvaliteten og fornye norsk forsking og for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Samarbeid er i tillegg nødvendig for at Noreg skal kunne ta sin del av ansvaret for den internasjonale kunnskapsoppbygginga på sentrale område. Det er viktig å leggje til rette for best mogleg utnytting av samarbeidet.

Horisont 2020 har ei sterk kopling mot dei ulike fellesprogramma (JPI, Joint Programming Initiatives). På landbruks- og matområdet er det sett i gang to JPI’ar. Av desse er éin knytt til landbruk, matsikkerheit og klimaforandringar (JPI-FACCE, Agriculture, Food security and Climate change), og éin til området mat og helse (JPI – A healthy diet for a healthy life). Det internasjonale samarbeidet gjennom JPI FACCE og ANIHWA (Animal Health and Welfare) har trygg og nok mat, dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens, som sentrale tema.

Norske forskarar hevdar seg godt i konkurransen med andre land, og har så langt komme med i kvart tredje prosjekt som er finansiert innanfor landbruk, mat og grøn bioøkonomi i Horisont 2020.

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Som grunnlag for innovasjon og utvikling er det viktig å få ei god spreiing av relevant kunnskap frå universitet og institutt. For å få dette til må det leggjast til rette for at fleire aktørar saman kan bidra i formulering av kunnskapsbehov og finansiering.

Effektiv kommunikasjon og formidling av forskingsbasert kunnskap på landbruks- og matområdet er ei viktig oppgåve for institutta. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Bygdeforsking, og Veterinærinstituttet (VI) publiserer og formidlar mykje av forskinga si òg utanfor dei vitskaplege kanalane.

Det samla talet på publikasjonspoeng per forskarårsverk auka frå 2014 til 2015 for alle tre institutta, men noko av årsaka til auken kan ha å gjere med ny berekningsmodell. Frå 2015 til 2016 var det mindre endringar i denne indikatoren, og alle tre institutta ligg på et tilfredsstillande nivå på denne indikatoren. Den populærvitskaplege formidlinga var stor for alle institutta òg i 2016, med mange aviskronikkar, intervju og foredrag. Det er høgt fagleg nivå hos forskarane, og delen av tilsette med doktorgrad per forskarårsverk auka frå 2014 til 2015 og har halde seg stabil eller gjekk noko ned frå 2015 til 2016. Framleis scorar dei landbruksfaglege forskingsinstitutta høgare på denne indikatoren enn instituttsektoren sett under eitt.

Institutta har ein høg del forskarar med doktorgradsutdanning, og i 2015 og 2016 blei det til saman avlagt 24 doktorgrader ved institutta. Doktorgradsutdanning er viktig for rekrutteringa til institutta, men òg for næringsliv og forvaltning som har behov for høg kompetanse på viktige fagområde.

Søking til yrkesfag og høgare utdanning i landbruks- og matfaga

God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre eit sterkt landbruk og ein sterk matindustri.

Søkjartalet til yrkesfag i naturbruk i vidaregåande skolar er låg, men har hatt ein klar auke dei siste par åra. Dei fylkeskommunale skolane hadde ein auke på 15 pst. frå 2015 til 2016 på naturbruk vg1. Søkjartala for 2017 viser ein ytterlegare auke på 11 pst. Dette var den høgaste prosentvise auken av alle programfaga i vidaregåande skole i år. Den positive tendensen gjeld òg dei private skolane.

Både styresmaktene og industrien sjølv er tydelege på at rekruttering til matfagleg utdanning til industrien er ei utfordring. Det er for få søkjarar som etter vg1 restaurant- og matfag går vidare til vg2 matfag som skal gi fagarbeidarar som matindustrien treng. Dei fleste innan restaurant- og matfag søkjer vidare på vg2 kokk og servitør.

Søkjartala til universitets- og høgskolestudiar i produksjonsretta landbruksfag viser òg i 2017 ein auke frå året før. Både Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) opplevde ein auke i talet på førstevalssøkjarar. Samla var auken på 14 pst. frå 2016 for dei tre institusjonane, mens faget husdyrvitskap ved NMBU utmerka seg med en auke på 60 pst. Like fullt er det framleis behov for auka rekruttering til fleire av landbruksstudia.

Overgangen til eit grønt samfunn med ein effektiv bioøkonomi fordrar eit breitt spekter av fagkompetanse, både innanfor og utanfor det som kan definerast som biobaserte fag. For at landbrukssektoren skal vere ein del av løysinga på klimautfordringane er det difor òg nødvendig å sikre kompetanse innanfor andre relevante fag. Talet på førstegangssøkjarar til matvitskap, biologi, bioteknologi, fornybar energi og økologi og naturforvaltning auka med til saman 11 pst. frå 2016.

Søking til etter- og vidareutdanning

Rapportane frå fylkeskommunane på bruken av midlar over jordbruksavtalen til rekruttering, likestilling og kompetanse viser at desse midlane utløyser stor aktivitet i etter- og vidareutdanning som gir kompetanse dei næringsdrivande i landbruket treng. Etterspørselen er særleg knytt til praktisk retta kompetansetiltak for dei som er på veg inn i landbruksnæringa.

Rekruttering til næringsliv og forsking

Rekruttering, både til næringa og til forskingsmiljøa, representerer ei stor utfordring for å sikre forskingskvaliteten i framtida. For å oppnå auka rekruttering må det stimulerast til auka samarbeid både internt i sektoren og på tvers av sektorane. Studenttala innanfor dei tradisjonelle landbruksfaga har auka dei seinaste åra, noko som er viktig for å sikre rekruttering òg til forskarutdanning.

Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Ein økonomisk solid instituttsektor er ein viktig føresetnad for at ein når hovudmåla i landbruks- og matpolitikken. Dei tre landbruksfaglege forskingsinstitutta – NIBIO, Veterinærinstituttet og Norsk senter for bygdeforskning – omsette i 2016 for 1 134,1 mill. kroner og utførte 952 årsverk. Av desse var 476 forskarårsverk, og 396 hadde doktorgrad. Sjå òg kap. 1137, post 51.

Institutta må vere økonomisk solide

I 2016 hadde NIBIO, Bygdeforskning og Veterinærinstituttet driftsoverskott. Departementet følgjer nøye med på den økonomiske utviklinga for institutta. Dei tre institutta oppnådde gode resultat innan forsking og innovasjon i 2016.

Om lag ein tredjedel av driftsinntekta til dei tre institutta er knytt til forvaltningsoppgåver som blir finansiert av mellom anna Landbruks- og matdepartementet. Hovuddelen (om lag fire femdelar) av forvaltningsoppgåvene er kunnskapsutviklingsmidlar som departementet prioriterer direkte gjennom tildelingsbreva til institutta for å sikre kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling, statistikk, analyse, politisk avgjerdsstøtte og beredskap for landbruks- og matsektoren.

Basisløyvinga, som utgjer frå 6 til 19 pst. av driftsinntektene, blir tildelt frå Forskingsrådet, som både fastset og utbetalar basisløyving til institutta på primærnæringsarenaen. Forskingsrådet lyser òg ut midlar gjennom forskingsprogramma. Desse konkurrerer institutta om både når det gjeld kvalitet og relevans. NIBIO har høge inntekter frå internasjonale prosjekt, mens Bygdeforskning og Veterinærinstituttet har lågare del internasjonale inntekter. Det er eit klart mål å auke denne delen.

Institutta konkurrerer òg om oppdragsinntekter i marknaden. Dette utgjer om lag 20 pst. av driftsinntektene. Nivået på den nasjonale etterspørselen er ei hindring for å utvikle denne delen av aktiviteten, og institutta vurderer kontinuerleg moglegheitene for å etablere aktivitet innanfor nye marknader.

For å sikre institutta sin kompetanse, forskingskvalitet og økonomi, må publiseringa og talet på doktorgradar innanfor sektoren aukast framover.

Samspel nasjonalt og internasjonalt

Samspel med andre aktørar er nødvendig for fagleg utvikling, for å byggje nettverk og for å vere i stand til å hente og ta i bruk kunnskap som er utvikla internasjonalt. Difor er internasjonalisering av forskinga svært viktig for å byggje opp instituttsektoren. Både innanfor europeiske fellesprogram (JPI-ar og EJP-ar) og i europeisk program-til-program samarbeid (ERA-nett) i matsektoren blir det i aukande grad stilt krav om god nasjonal samordning og effektivt samspel med dei europeiske satsingane. Bilateralt samarbeid er viktig for å heve kvalitet og relevans på norsk utdanning og forsking. Dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta sin internasjonale innsats er òg omtalt over.

Forsking gjennom programaktivitet skal dekkje landbruks- og matområdet sitt bidrag til å sikre relevant forsking for sektoren. Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet. Dette er sentrale verkemiddel for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. Basisløyvingane til instituttsektoren og sentersatsingane er òg viktige reiskapar for å sikre forsking med høg kvalitet og relevans.

Forskingsrådet peikar på at fleire aktørar frå næringsliv og instituttsektor samarbeider godt innanfor denne type prosjekt. Viktige aktørar innanfor sektoren har godt gjennomslag på dei opne arenaene som ikkje har finansiering frå Landbruks- og matdepartementet. Nokre av dei største aktørane i næringslivet har i ein femårsperiode vore Borregaard AS, Norske Skogindustrier ASA, Nortura, Tine og GENO.

Dei tre forskingsinstitutta på Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde har mest samarbeid med NMBU og Nofima AS. Det er òg eit vesentleg samarbeid med mellom anna Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), SINTEF, Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Stavanger (UiS), Universitetet i Bergen (UiB), Universitetet i Tromsø (UiT), Høgskolen i Innlandet, Transportøkonomisk institutt (TØI), Norsk institutt for luftforsking (NILU), CICERO, Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Norsk regnesentral og Statens arbeidsmiljøinstitutt, som no er ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus.