Landbruks- og matdepartementet (LMD)

Regjeringa byggjer politikken sin på målet om mest mogleg effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. I denne stortingsperioden er det difor lagt vekt på å utvikle støtteordningar, reguleringar og forvaltningsorgan som er enklare, meir målretta og som bidreg til betre gjennomføringskraft i politikken for landbruks- og matsektoren. Under er forenklingar og forbetringar i jordbruksoppgjera, lovverket og landbruks- og matforvaltninga nærare omtalt.

Nokre av tiltaka er under planlegging, mens andre er i gjennomføringsfasen. Departementet arbeider vidare med forenkling av lovar, reglar og støtteordningar og realisering av gevinstane frå den fornya forvaltningsstrukturen.

Forenklingar og forbetringar under jordbruksavtalen

I jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 blei det semje om til saman 40 forenklingstiltak. Desse forenklingane er samansett av endringar av regelverk og støtteordningar og å oppheve avgrensingar som hindrar effektiv utnytting av kapasitet i næringa. Det er òg blitt lagt grunnlag for forenklingar under seinare jordbruksoppgjer, jf. kap. 1142 for omtale av det nye forvaltningssystemet for produksjons- og avløysartilskott som blir innført i 2017 med første utbetaling i februar 2018. Døme på andre forenklingar er:

Fjerning av strukturdifferensiering av arealtilskott. Arealtilskottet var fordelt trinnvis med størst sats for dei første dekara med minkande satsar. Dette er no fjerna slik at satsen er lik uavhengig av kor mange dekar bonden har, og at jordbruksarealet kvar enkelt driv vil vere kopla til driftsmessige forhold og ikkje til tilskott. Dette fører mellom anna til at det blir enklare å samarbeide mellom planteprodusentar, samstundes som det gir ein meir effektiv ressursbruk og lettar utbetaling og kontroll av tilskott.

Avvikling av samdriftsregelverket. Tidlegare regelverk innebar mellom anna krav om maksimalt 17 km mellom føretaka, og at maksimalt 5 føretak kunne drive saman i samdrift med ei mjølkekvote på opp til 750 000 liter. Regelverket er no avvikla, og staten legg seg ikkje opp i kva foretaksform bonden velgjer å organisere drifta si i.

Fjerning av skillet mellom vanleg sau og utegangersau. Tidlegare var det ulike tilskottssatsar, men dette er no fjerna. Kor skillet gjekk mellom dei ulike driftsformene, var relativt komplisert for både næringa og forvaltninga.

Forbetring av miljø- og klimasatsinga. Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ein meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2017 blei det semje om å styrkje fleire tiltak som skal bidra til å redusere utsleppa per produserte eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Jordbruksoppgjeret 2017 innebar ein vesentleg styrking av ordningar som skal bidra til reduserte klimagassutslepp for 2018. Mellom desse er tilskott til drenering, regionale miljøtilskott, tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg og midlar til forsking og kunnskapsutvikling. Sjølv om det ikkje er mogleg å kvantifisere effektane av tiltaka no, vil desse tiltaka ha ein positiv klimaeffekt, både på kort og lang sikt. Sjå òg omtale under programkategori 15.30.

Forenkling av lovar og reglar

Det blir arbeidd kontinuerleg med modernisering av reguleringa av sektoren. I denne perioden har mellom anna konsesjonsloven, jordloven, odelsloven og reindriftsloven blitt revidert:

Liberalisering av eigedomslovgivinga. Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 92 L (2016–2017) Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.) ei rekkje endringar i eigedomslovgivinga i landbruket. Endringane omfattar mellom anna ei heving av arealgrensene for konsesjonsplikt, buplikt og odlingsjord. Stortinget vedtok òg å oppheve priskontrollen ved overtaking av reine skogeigedommar og ei endring i konsesjonsplikta ved overtaking av ubygde tomter. Endringane fører til forenklingar i regelverket og ei styrking av den private eigedomsretten. Dette inneber mindre ressursbruk for dei næringsdrivande og for forvaltninga. Departementet vil arbeide vidare med å greie ut konsekvensen av ei vidare liberalisering av konsesjonsplikta ut over dei lovmessige endringane som blei vedtekne for reine skogeigedommar, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 878 som er referert under programkategori 15.30.

Endringar av reindriftsloven. Regjeringa varslar i Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift Lang tradisjon – unike muligheter at formålsparagrafen i reindriftsloven blir endra slik at økologisk berekraft blir prioritert. Departementet planlegg gradvis innføring av obligatorisk individmerking av rein og legg opp til at reintalet for alle utøvarar blir offentleggjort internt i reindrifta i arbeidet med regelverket. Dette forenklar og effektiviserer teljingane for styresmaktene og for næringa, og legg til rette for betre dokumentasjon av reintal og tap. Den enkelte sine moglegheiter til å planleggje drifta si optimalt, aukar når den har kjennskap til andre sine reintal.

Forenkla forvaltningsstruktur

Regjeringa har forenkla organisasjonsstrukturen i landbruksforvaltninga ved å redusere talet på verksemder under LMD frå sju til fire. Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning blei til Landbruksdirektoratet i 2014, mens forskingsinstitutta Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap blei i 2015 til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Samanslåingane har på kort sikt ført til auka kostnader som mellom anna kjem av etablering av sams IKT-plattform, økonomi- og rekneskapssystem, rapporteringssystem og innkjøpsrutinar, mens dei over tid ventast å gi ei nytte for samfunnet som overgår desse kostnadene. Departementet vil arbeide vidare med å setje den attståande forenklinga ut i livet.

Vidare har talet på nivå og regioner i Mattilsynet blitt redusert. Gjennom omorganiseringane i Mattilsynet har talet på leiarstillingar blitt redusert med 30 pst. Talet på årsverk gjekk ned frå 1 304 til 1 255 frå 2013 til 2016; i den same perioden auka tilsynsproduksjonen målt i talet på rapporterte tilsyn med 31,7 pst.