Landbruks- og matdepartementet (LMD)

Prop. 1 S

(2017–2018)

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å bidra til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. For ein omtale av regjeringas samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.

Mangfaldige skogar

I skogbruket står mellom anna arbeidet med skogbruksplanlegging, miljøregistrering i skog (MiS-prosjektet) og Landsskogtakseringa, i tillegg til FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald, sentralt. Årleg blir det produsert om lag 3 mill. kubikkmeter ny daud ved i dei norske skogane, mellom anna som følgje av at hogsten berre er rundt halvparten av tilveksten.

Samarbeid med miljøstyresmaktene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er to viktige tilnærmingar til å ta vare på naturmangfaldet i skogen.

Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2016 støtte til vidare arbeid med MiS-prosjektet, som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2016. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket og blir i hovudsak utførte saman med andre ressursregistreringar som høyrer med i skogbruksplanane for skogeigedommane.

I 2016 blei det utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 5,2 mill. dekar skog. Med grunnlag i skogbruksplanane tek skogeigarane særlege omsyn til miljøverdiane. Det er til no sett til side om lag 130 000 livsmiljø med eit samla areal på omkring 800 000 dekar. Stortinget vedtok ved handsaminga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er typesystemet Natur i Norge (NiN) hos Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å skildre variasjon i naturen og sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat til nytte ved vurderingar av bruk og vern av natur. Landbruksdirektoratet starta i 2016 arbeidet med å innpasse omgrepsapparatet til NiN i opplegget for MiS.

Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

Attgroing, deling og nedbygging av kulturlandskapet er eit trugsmål mot naturmangfaldet, særleg i artsrike naturtypar som slåttemyr, slåttemark og beitelandskap. Landbruket sitt kulturlandskap og verdifulle naturverdiar skal sikrast gjennom eit aktivt landbruk, og det skal bli lagt til rette for at verkemidla i naturmangfaldlova kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken. Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakkar. I 2016 blei det gjennomført tiltak hos 20 400 føretak for 419 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) for å redusere erosjon og næringsstoffavrenning, hindre attgroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Om lag 58 pst. av dei lokale midlane til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) blei løyvde til tiltak for å fremje verdiar i jordbrukets kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv, mens 33 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureininga av vatn.

Samarbeidet mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljøverndepartementet om ordninga om dei 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket fortset. Den 1.1.2017 tok ei ny forskrift om tilskott til Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan til å gjelde. Dette innebar at dei to ordningane blei slått saman til ei. I Jordbruksavtalen 2017 auka midlane til Verdsarvområda med 2 mill. kroner og midlane til Utvalde kulturlandskap i jordbruket med 2 mill. kroner, slik at det i alt blei avsett 13,5 mill. kroner for 2018.

I 2016 bad Stortinget om at ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket skulle utvidast fram mot 2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet gav våren 2017 tilslutning til å peike ut ti nye område basert på forslag frå Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Riksantikvaren. Direktorata har òg fått i oppdrag å gjere framlegg om ytterlegare ti område som kan inngå i ordninga i perioden 2018–2020. Det blei gitt ein auke på 12,5 mill. kroner til ordninga over Klima- og miljødepartementets budsjett for 2017.

Beiting i utmark er viktig for å ta vare på kulturlandskapet og for mange plante-, sopp- og dyrearter. Ein større del av tilskotta er dei seinaste åra blitt retta inn mot beiting. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau beitar. Det var registrert om lag 2,4 mill. beitedyr i utmark i 2016. Talet på sau på utmarksbeite har variert mellom 1,9 og 2,1 mill. i perioden 2000–2016. Talet på storfe på utmarksbeite har auka frå 230 000 i 2000 til 250 000 i 2016. Ser ein på perioden frå 2000 til 2016, auka talet på beitedyr med 4 pst. Samanlikna med 2014 auka talet med 7,3 pst. Prinsippet om differensiert forvaltning i rovdyrforliket frå 2011 vil påverke utmarksbeite for sau i prioriterte rovdyrområde.

Jordbruket sitt kulturlandskap inneheld eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, frå gravhaugar og rydningsrøyser til bygningar, vegfar og steingjerde. Landbruket er ein viktig kulturberar gjennom vidareføring av kunnskap om tradisjonell byggjeskikk, materialbruk og tradisjonell handverkskompetanse, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Delar av jordbruksdrifta, som til dømes pløying, grøfting og nydyrking, kan utgjere trugsmål mot kulturminne. Dette gjeld spesielt automatisk freda kulturminne, både over og under bakkenivå.

Eit godt samarbeid mellom kulturminnesektoren og landbrukssektoren er avgjerande for å bevare kulturminne i jordbruket. Varetaking av kulturminne er ei prioritering for SMIL- og RMP-midlane, og i tillegg bidreg midlar til Utvalde kulturlandskap i jordbruket til bevaring og bruk av kulturminne.

Genetiske ressursar

Genetiske ressursar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for matsikkerheita i verda. Landbruks- og matdepartementet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av dei genetiske ressursane i landbruket gjennom internasjonalt og nordisk samarbeid, kontakt med næringsaktørar og tiltak for å stimulere næring, bønder og frivillige aktørar til å ta i bruk dette mangfaldet. For å sikre tilgang av funksjonelle husdyr til klimasoner og produksjonsformer som ein har i dag, og som ein kan få i framtida, er det viktig å ta vare på stor variasjon innanfor og mellom husdyrrasar. Norsk Genressurssenter og Genressursutvalget for husdyr har vurdert dei gamle husdyrrasane i Noreg. Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg er 20 i kategorien Kritisk truga i 2015. Fire av storferasane og tre hesterasar er mellom desse. Ytterlegare 9 rasar blir rekna som Truga . Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. I 2016 blei det registrert ein auke i talet på dyr for alle dei nasjonale kurasane. Vestlands raudkolle er den einaste som har hatt ein nedgang.

Svalbard globale frøhvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i verdas genbankar. Ved utgangen av 2016 romma frølageret om lag 900 000 sikkerheitskopiar av frø frå 72 institusjonar verda over. I 2015 blei det for første gongen henta frø ut frå frøkvelvet. The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA) i Aleppo i Syria bad om å få tilbake 128 boksar med frø dei har lagra på Svalbard. Formålet med uttaket var å dyrke fram nye frø for lagring i nabolanda til Syria og å sende nye friske frø tilbake til Svalbard. Meir enn ein tredel av alt mangfaldet av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over er sikra i Svalbard globale frøhvelv.

Jordvern

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa den 8.12.2015, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak 140 som blei vedteke i samband med handsaminga, fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponeringa av dyrka mark til under 4 000 dekar, og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2016 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 6 026 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark auka frå 18 139 dekar i 2015 til 21 612 dekar i 2016. I alt blei 964 søknader handsama i 2016. Frå og med 2007 har i gjennomsnitt 16 445 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. I perioden 1999–2016 er det estimert ein reduksjon på vel 5 pst. ifølgje berekningar frå Budsjettnemnda for jordbruket. Denne nedgangen kjem i stor grad av at eit nytt kartgrunnlag gir eit meir oppdatert og meir nøyaktig areal enn tidlegare, men òg av at areal har gått ut av drift i den aktuelle perioden. Godkjend nydyrka areal har sidan 2010 vore meir enn dobbelt så stort som den varige omdisponeringa av dyrka jord, noko som bidreg til å redusere denne nedgangen i totalarealet.

Sjå òg omtale i del 3.

Aktivt friluftsliv

Landbruksareala utgjer ein stor del av arealet i landet og har store verdiar knytte til natur og kulturarv. Skogen, utmarksareala, vegane og stiane i kulturlandskapet er viktige for ferdsel, friluftsliv og grønt reiseliv. Regjeringa la i 2017 fram ein strategi for reiseliv basert på landbruket og reindrifta sine ressursar, Opplevingar for ein kvar smak . Dette er landbruket sitt bidrag til oppfølginga av reiselivsstrategien til regjeringa, Destinasjon Norge . Statskog SF har ei viktig rolle i å leggje til rette for friluftsliv på statsgrunn.

Plantevern

Kjemiske plantevernmiddel kan ha verknader på helse og miljø som ikkje er ønskt. Det blei våren 2016 fastsett ein ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel (2016–2020). Handlingsplanen legg mellom anna vekt på auka kunnskap om rett bruk av plantevernmiddel og alternativ til kjemiske plantevernmiddel.

Giftfritt miljø

Tidlegare utsleppsproblem frå gjødselslager og siloar er i stor grad løyst, og fosforbruken i landbruket er langt betre tilpassa plantenes opptak no enn tidlegare. Avrenning av næringsstoff frå jordbruksareala er framleis ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintrar med kortare frostperiodar har bidrege til å auke utfordringa frå avrenning.

I tråd med målet i vassforskrifta om god økologisk tilstand, arbeider landbruksforvaltninga på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå med å følgje opp sektoransvaret, mellom anna ved å setje i verk nødvendige tiltak i landbruket. Forvaltningsplanar for alle vassområda blei godkjente av Klima- og miljødepartementet i 2016 med ny gjennomføringsperiode frå 2018–2021. Det er behov for forsterka innsats mot avrenning frå jordbruket, særleg i utsette vassdrag med mykje jordbruk. Dette følgjast opp med forsterka innsats over miljøverkemidla over jordbruksavtalen.

Økologisk mat

Forbrukarane etterspør i aukande grad økologiske produkt. Økologisk jordbruk har påverka praksis i den konvensjonelle jordbruksdrifta på ulike område. Rettleiing og kompetanseutvikling i heile verdikjeda er viktig for å styrkje økologisk produksjon.

I Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon blei det gjort framlegg om å fjerne det talfesta målet om at 15 pst. av matforbruket og 15 pst. av matproduksjonen skal vere økologisk innan 2020, og at det skal utarbeidast ein strategi for økologisk jordbruk. I Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2016–2017) blei det vedteke at det skal utarbeidast eit nytt mål for økologisk produksjon og forbruk. Strategien og det nye målet skal handsamast av Stortinget. Regjeringa kjem tilbake til Stortinget om dette på eigna måte.

I 2016 utgjorde arealet i økologisk drift om lag 4,5 pst. av det samla jordbruksarealet i Noreg, og 4,8 pst. medrekna karensarealet. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel auka med meir enn 24 pst. frå 2015 til 2016. I alt blei det omsett for om lag 2,5 mrd. kroner i 2016 svarande til 1,8 pst. av totalmarknaden.

Stabilt klima

Regjeringa vil nå klimamåla for landbrukssektoren, både jordbruks- og skogsektoren, gjennom iverksetjing av tiltak som følgjer av regjeringsplattforma og klimaforliket.

Klimagassutsleppa frå jordbruket er først og fremst metan og lystgass frå husdyrhald, gjødsling og jordarbeiding. Utsleppa frå norsk jordbruk utgjorde om lag 8,3 pst. av dei samla nasjonale klimagassutsleppa i 2015 (4,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar av i alt 53,9 mill. tonn). Sidan 1990 er utsleppa frå jordbruket reduserte med om lag 5,3 pst. Hovudårsaka til nedgangen er redusert bruk av gjødsel og færre storfe. Skogen og andre areal står for eit høgt netto opptak av CO 2 tilsvarande 24,3 mill. tonn i 2015. Dette er ein auke på 16,6 mill. tonn frå 1990. Optimal utnytting av husdyrgjødsel bidreg til reduserte klimagassutslepp, reduserert behov for mineralgjødsel og betra vassmiljø. Endra jordarbeiding er eit sentralt tiltak innanfor RMP som både reduserer klimagassutsleppa og betrar vassmiljøet. Oppslutninga om miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel som er spesielt innretta mot å redusere utslepp til luft, har auka vesentleg dei seinaste åra.

I dag er det nokre få gardsbaserte biogassanlegg i drift i Noreg. Desse svarer til bruk av om lag 1 pst. av gjødsla. Gjennom Klima- og miljøprogrammet, programma Bionær og EnergiX til Forskingsrådet og bioenergiprogrammet til Innovasjon Noreg, blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen og dermed redusere klimagassutsleppa frå norsk jordbruk.

Meir nedbør som følgje av klimaendringar vil kunne vere til skade for avlingar og føre til auka erosjon. Med eit varmare og våtare klima vil dessutan nye sjukdommar og skadegjerarar kunne etablere seg i Noreg. Desse vil kunne gjere stor skade i plantedyrkinga og påverke skog, kulturlandskap og naturmangfald. Eit aukande problem med sjukdom og skadegjerarar kan føre til auka bruk av plantevernmiddel som gir negative verknader på helse og miljø. Generelt ligg Noreg likevel i den delen av Europa der klimaendringane vil kunne føre med seg dei største vinstane for landbruket. Tilpassing av landbruket til klimaendringane er avgjerande for å førebyggje og avgrense skadane frå både ekstremvær og gradvise endringar, samstundes som ein skal kunne oppnå ein mogleg auke i produksjonen som følgje av auka temperatur og lengre vekstsesong. Ein føresetnad for dette er at det blir teke i bruk planter og sortar som kan utnytte auka veksttid. Høgare temperatur og lengre veksttid kan òg gi grunnlag for nye og meir varmekrevjande produksjonar, som til dømes meir haustsådd korn og matkornproduksjon i område der kort veksttid hindrar dette i dag. Lengda på dagen vil likevel vere ein avgrensande faktor utan bruk av kunstig lys, sjølv om ein temperaturauke opnar for ein lengre vekstsesong. Dette vil slå sterkast ut i Nord-Noreg. I område der redusert sommarnedbør ikkje gir underskott på markvatn, vil ein lengre vekstsesong i kombinasjon med auka CO 2 -innhald i lufta gi grunnlag for auka tilvekst av skog.

Skog og klima

Netto CO 2 -opptak i norske skogar har lege på mellom 26 og 36 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar årleg dei siste åra. Det høge talet har samanheng med at avverkinga i norske skogar har vore nokså stabil kring 10 mill. kubikkmeter, mens tilveksten stadig har auka. Dei siste åra har avverkinga vore på rundt halvparten av tilveksten. Ut frå ressursgrunnlaget er det mogleg å auke årleg hogstkvantum til om lag 15 mill. m 3 tømmer utan at omsynet til det biologiske mangfaldet blir skadelidande. Skogen er den viktigaste råstoffkjelda til bioenergi som kan erstatte fossile utslepp. Auka avverking av fornybart skogråstoff vil mellom anna krevje meir hogst av lauv- og furutre i område med lågare økonomisk avkastingsevne. Mykje av skogen som kan avverkast i dei næraste 40–50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold. Eit lønsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.

Regjeringa gjer framlegg om å vidareføre løyvinga på 33 mill. kroner til dei tre tiltaka for auka karbonopptak i skog, respektive tettare planting, gjødsling og planteforedling, for 2018. Klimatiltak i skog vil først ha ein verknad på lang sikt når det gjeld auka nettoopptak av CO 2 , med unntak av gjødsling der ein vil sjå resultat allereie etter 10 år. Det er difor vanleg å sjå på den potensielle verknaden i løpet av eit skogomløp, som normalt er på 70–100 år. Frå tiltaket er gjennomført vil verknaden komme gradvis utover i omløpet. Kor stor effekten vil vere i form av auka CO 2 -opptak, vil avhenge av kor lenge tiltaka varer og grad av opptrapping. Dei tre tiltaka er estimerte til potensielt å ville medverke til eit årleg auka opptak på 3–3,3 mill. tonn CO 2 i eit langsiktig perspektiv.

Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar

Landbruks- og matdepartementet har i samsvar med handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar, innført eit miljøleiingssystem i departementet. Departementet blei EMAS-registrert i mars 2016. EMAS (Eco Management and Audit Scheme) er EUs frivillige fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon. Ordninga starta i 1993 og er eit tilbod til føretak og statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar som ønskjer å programfeste mål for å vareta miljøet i produksjon og tenesteyting. Gjennom EØS-avtalen kan òg norske verksemder delta.

I denne samanhengen er departementet særleg oppteke av miljøaspekta knytte til anskaffingar av varer og tenester, transport og forbruk av energi og papir. Til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ei miljøhandbok og ein mål- og handlingsplan. Tiltaka i handlingsplanen er implementerte.