Revidert budsjett 2018 legges frem tirsdag 15. mai kl. 10:45

Olje- og energidepartementet (OED)

Prop. 1 S

(2017–2018)

Regjeringa ønskjer at norsk leverandørindustri skal gripe mulegheitene i ei ny næring og bidra til utvikling av lønsam fornybar kraftteknologi. Vidare ønskjer regjeringa å legge til rette for kommersiell aktivitet innan fornybar energi i norske havområde på lang sikt.

Regjeringa vil at Noreg som energinasjon skal utnytte kompetanse, røynsle og naturgjevne fortrinn langs kysten vår og i våre havområde, til ytterlegare verdiskaping og framtidsretta løysingar. På same måte som innan anna næringsverksemd må aktørane – dei havbaserte næringane, forskingsmiljøa og energinæringa – gripe mulegheitene.

Eit viktig utgangspunkt for regjeringa sin strategi for flytande vindkraft er at norske verksemder har ein sterk kompetanse basert på olje- og gassnæringa, skipsfart og fornybar kraftproduksjon.

Vindkraft til havs er allereie ei stor og veksande næring, og våre naboland rundt Nordsjøen har bidrege til rask utvikling av botnfast vindkraftteknologi. Norske verksemder eksporterte for over 4 mrd. kroner til denne næringa i 2015, men har berre stått for 5 prosent av leveransane sidan 2010

Make Consulting, Norwegian opportunities in offshore wind , september 2016.

.

Flytande vindkraftteknologi har ikkje komme like langt i utviklinga som botnfast vindkraft, men teknologien har eit stort marknadspotensial, av di han opnar for utbygging på djupare vatn. Noreg var tidleg ute med flytande vindkraftteknologi, og fleire land investerer no i demonstrasjonsprosjekt som kan bidra til lågare kostnader. Fordi flytande vindkraft er ein lite utprøvd teknologi vil ein strategi som rettar seg mot flytande vindkraft i stor grad måtte handle om forsking, utvikling og utprøving.

Regjeringa har allereie gjort fleire grep for å styrke norske verksemder si konkurransekraft innan vindkraft til havs. Mellom anna har regjeringa bidrege til etableringa av Norwegian Energy Partners (Norwep), som har auka satsinga si på vindkraft til havs. Regjeringa legg opp til ein støtte på 34 mill. kroner til Norwep i 2018. Olje- og energidepartementet har også signert ein avtale om energisamarbeid mellom landa rundt Nordsjøen. Samarbeidet har vindkraft til havs som hovudfokus.

Regjeringa finansierer forskings- og teknologiprogram gjennom Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Enova. Desse kan gje støtte til alle deler av løpet frå forsking og utvikling til utprøving av nye teknologiar for vindkraft til havs. Dette vil lette tilgangen på kapital, kompetanse og skape nettverk både nasjonalt og internasjonalt.

Utvinning av olje og gass krev store mengder kraft og påliteleg forsyning. Olje- og gassverksemda i norske havområde nyttar i dag gassturbinar på innretningar til havs eller kraft frå land som energiløysing. Rammeverket for petroleumsverksemda gjev sterke økonomiske incentiv til at selskapa vel energiløysingar med så låge utslepp som muleg, og havenergilova opnar for at dei kan velje å nytte flytande vindkraft som energiløysing der dette skulle syne seg å vere økonomisk lønsamt og føremålstenleg. Slike innovative prosjekt kan søke støtte frå Enova.

Regjeringa meiner at utbygging av vindkraft til havs i større skala ikkje er realistisk på kort til mellomlang sikt i norske havområde. Røynslene så langt syner at det er muleg å vere med i utviklinga av næringa utan å ha ein heimemarknad.

Det vil ta tid før flytande vindkraft vil kunne bli ei gagnleg løysing for energiforsyning, anten til petroleumsverksemd eller til kraftsystemet på land i Noreg. For at norske kompetansemiljø og verksemder skal kunne ta del i den vidare utviklinga og bygge kompetanse og røynsle er det viktig med støtteordningar for forsking, teknologiutvikling og eksport og eit rammeverk som legg til rette for utprøving av nye konsept og idear. Denne strategien følgjer desse linene.

16.1 Utgangspunkt

Noreg har ei velutvikla og føreseieleg forvalting av både fornybare ressursar og olje- og gassressursar. Innan begge felt er teknologinøytrale rammevilkår og samfunnsøkonomiske vurderingar viktig, og regjeringa har halde fast ved desse grunnprinsippa for energi- og petroleumspolitikken.

I Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring la regjeringa til grunn at det ikkje er realistisk med utbygging av vindkraft til havs i større skala på kort til mellomlang sikt. Det vart likevel varsla at regjeringa tek sikte på å klargjere kva område det kan vere aktuelt å opne for konsesjonssøknadar.

Stortinget slutta seg til hovudlinene i meldinga, men ba regjeringa senest i 2017 legge fram en støtteordning for realisering av demonstrasjonsprosjekt for flytende havvind og andre former for havbasert energi . Vedtaket er følgd opp gjennom ny styringsavtale mellom Olje- og energidepartementet og Enova, som vil gjelde frå 2017 til 2020. Avtalen inneber ei dreiing av Enova si verksemd mot auka innovasjon som bidreg til lågutsleppssamfunnet. Innovasjon innan havbasert energi er eit område som fell innanfor dette.

I Meld. St. 27 (2016–2017) om regjeringa sin politikk for industrien vert det varsla at det skal lagast ein strategi for eksport og internasjonalisering. Ein slik strategi er relevant også for norsk industri som leverer til vindkraft til havs.

Regjeringa føreslo i Prop. 1S (2016–2017) betre rammevilkår for fartøy som leverer tenester til vindkraft til havs. Forslaget inneber at fartøy som driv oppsetting, reparasjon, vedlikehald og demontering av vindkraftverk til havs vert omfatta av rederiskatteordninga.

I 2016 signerte Olje- og energidepartementet ei politisk fråsegn om energisamarbeid mellom nordsjølanda. Føremålet er å samarbeide for å fremje kostnadseffektiv utbygging av fornybar energi til havs gjennom arealplanlegging, nettutvikling og utvikling av standardar og regelverk.

16.1.1 Rammeverket for vindkraft til havs

Havenergilova av 2010 fastset at fornybar energiproduksjon til havs utanfor grunnlinene som hovudregel berre kan skje etter at staten har opna område for søknadar om konsesjon. Det må gjerast strategiske konsekvensutgreiingar før område kan opnast. Eit viktig føremål med lova var å legge rammene for eventuelle utbyggingar i god tid før det blir aktuelt, og å ha kontroll med arealdisponeringa til havs.

Etter havenergilova kan det gjerast unntak frå regelen om opning av område for demonstrasjonsprosjekt med nærare omtalte avgrensingar. I kapittel 16.3.2 er slike unntak nærare omtala.

Ei direktoratsgruppe leia av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) identifiserte i 2010 havområde som kan eigne seg for vindkraftproduksjon til havs. I regi av NVE vart det deretter gjort ei strategisk konsekvensutgreiing av desse områda og det vart peika på fem område som burde opnast fyrst. Kapittel 16.3.1 inneheld ei nærare omtale av dette.

Utgreiinga synte at det er mange interesser knytt til arealbruken til havs, men det er truleg mindre konflikt knytt til fornybar energiproduksjon til havs enn på land. Det vil vere naudsynt med forskrifter etter havenergilova før ei eventuell større utbygging.

16.1.2 Ei stor og veksande næring

Vindkraft til havs er i sterk vekst internasjonalt, og særleg i havområda nært Noreg. Nær all vindkraft som er bygd ut til havs er fundamentert på botnen.

I følgje bransjeorganisasjonen Wind Europe vart det i 2016 sett i drift over 1 500 MW ny vindkraft i EU sine havområde, slik at det ved utgangen av året var om lag 13 000 MW vindkraft til havs i EU, fordelt på meir enn 3 500 vindturbinar. Den gjennomsnittlege storleiken på vindparkane til havs er på 380 MW. Utanfor Europa er det berre Kina som har signifikante volum. Det aller meste av vindkrafta til havs er bygd ut dei siste ti åra, og det har vore ei aukande takt i utbygginga fram til no. I følgje Wind Europe er det gjort investeringsavgjerd om nær 5 000 MW ytterlegare vindkraft til havs i Europa.

Til samanlikning var det bygd nær 900 MW vindkraft på land i Noreg ved årsskiftet 2016/2017. Vasskraftverka i Noreg har ei samla installert yting på om lag 32 000 MW.

Den prinsipielle skilnaden mellom flytande og botnfast vindkraft er fundamentet. Elles er mykje likt mellom dei to vindkraftteknologiane, slik at ein strategi om flytande vindkraft i stor grad også vil vere relevant for botnfast vindkraft. Fordi flytande vindkraft er ein mindre mogen teknologi, vil ein strategi som i hovudsak rettar seg mot flytande vindkraft i større grad omtale forsking, utvikling og utprøving.

16.1.3 Om flytande vindkraft

Nær alle vindkraftverk som er sett opp i havet fram til no har vore botnfaste installasjonar på relativt grunt vatn. Botnfaste vindturbinar vert sett opp på djupner ned til 45 meter. Nye vindparkar til havs vert i dag sett opp med turbinar på opp mot 8 MW, som har ein rotordiameter på over 150 meter og der vingetippen på det meste er 200 meter over havoverflata. Turbinar med nær dobbelt så stor effekt er på planleggingsstadiet.

Den største fordelen med flytande vindkraft samanlikna med botnfaste løysingar, er at dei kan plasserast friare og ikkje har like strenge krav til havdjupn og botntilhøve. Det opnar opp for å plassere turbinane i område med god vind og der dei er til mindre ulempe for ålmenta og miljøet. I tillegg kan ein større del av montering og demontering gjerast på eller nært land, og dermed til ein lågare kostnad enn ved botnfaste løysingar som med dagens teknologi må monterast og demonterast der produksjonen skjer.

Wind Europe (2017), Floating offshore wind vision statement, https://windeurope.org/wp-content/uploads/files/about-wind/reports/Floating-offshore-statement.pdf

Noreg har eitt demonstrasjonsanlegg for flytande vindkraft til havs – Hywind utanfor Karmøy. Statoil fekk støtte på 59 mill. kroner frå Enova i 2009 til å setje opp turbinen, som kravde ei investering på om lag 400 mill. kroner. Hywind-konseptet har vore testa sidan den gong, og har levert gode resultat. Mellom anna har turbinen hatt god produksjon, med svært høg brukstid.

Fleire land er no på ulike stadium i utviklinga av demonstrasjonsprosjekt for flytande vindkraftverk, m.a. Skottland, Portugal, USA og Japan.

Statoil er no i ferd med å etablere seg i USA også innan botnfast og flytande vindkraft. Delar av kystlina til USA eignar seg best for flytande teknologi.

16.1.4 Kostnader

Vindkraft til havs er eit godt døme på at kostnadar og funksjonalitet utviklar seg i samspel med eit mangfald av tenester og verdikjeder. Vindkraft til havs har nokre likheitstrekk med petroleumsaktivitet til havs, mellom anna fordi det er teknisk avansert aktivitet med store krav til pålitelegheit i utfordrande omgjevnadar. Noreg er i ein god posisjon til å ta posisjonar i denne marknaden med velutvikla næringar innan både petroleumsutvinning, skipsfart og fornybar energi.

Vindkraft til havs er vesentleg meir kostbart enn vindkraft på land. Kostnadane ved å bygge straumnett til havs er også meir kostbart enn på land. Vanskelegare driftstilhøve gjev eit høgare kostnadsnivå, medan betre vindtilhøve trekk i motsett retning. Det er muleg å nytte større turbinar og å bygge større samla anlegg til havs enn på land, noko som også bidreg til lågare kostnadar. Det er likevel ikkje lett å sjå føre seg at vindkraft til havs skal kunne bli meir kostnadseffektivt enn vindkraft på land i overskueleg framtid.

I NVE-rapport 2:2015 «Kostnader i energisektoren» skriv NVE at botnfast vindkraft har kostnadar som ligg noko under 1 kr/kWh, eller om lag det doble av nivået for vindkraft på land. Den siste tida har ein sett lågare prisar i auksjonar for ny botnfast vindkraft i nokre tilfelle i Nordsjøen (Danmark, Tyskland og Nederland). Noko av dette kan vere påverka av at myndigheitene dekker kostnadane ved tilknyting til kraftnettet og tek på seg store delar av prosjektrisikoen. Prosjekta er planlagd ferdigstilte nokså langt fram i tid, noko som truleg gjer det muleg for investorane å prise inn forventa teknologi- og kostnadsutvikling.

NVE legg i sin rapport frå 2015 til grunn at kostnadane ved (botnfast) vindkraft er fallande, og estimerer ein energikostnad på 50–80 øre/kWh i 2035, samanlikna med kostnadar for vindkraft på land på noko over 30 øre/kWh. Bransjeorganisasjonen Wind Europe ventar i ein rapport frå juni 2017 eit kostnadsnivå på 57 øre/kWh i sitt hovudscenario for 2030

Wind Europe (2017): Unleashing Europe's offshore wind potential – A new resource assessment . https://windeurope.org/wp-content/uploads/files/about-wind/reports/Unleashing-Europes-offshore-wind-potential.pdf

. I sitt optimistiske scenario ventar dei ein kostnad på 53 øre/kWh.

I mange land rundt Nordsjøen er kostnadane ved annan utsleppsfri kraftproduksjon også høg. Her er det også meir avgrensa tilgang på eigna areal til vindkraft på land enn i Noreg.

Flytande vindkraft har ikkje komme så langt i utviklinga som botnfast vindkraft, men det er ikkje sikkert at flytande vindkraft vil vere dyrare enn botnfast vindkraft for all framtid. Mellom anna er flytande vindkraft fleksibelt med tanke på plassering, noko som kan gje større energiutbyte og nærleik til etterspurnad og eksisterande infrastruktur. Wind Europe ventar at flytande vindkraft kan konkurrere med botnfaste løysingar i sitt optimistiske scenario for 2030, men ikkje i hovudscenariet.

I Frankrike fekk fire prosjekt i 2016 tilsegn på støtte til å bygge pilotparkar for flytande vindkraft, alle på 24 MW. I tillegg til investeringsstøtte og lån, fekk prosjekta tilsegn om ein garantert betaling for produsert kraft på mellom 1,40 og 2,30 kr/kWh i 20 år

Nyheitsartikkel, Renews, publisert 14.04.17, lese 09.08.17: http://renews.biz/106701/french-peg-floating-feed-in-at-240/

,

Nyheitsartikkel, Newsbase, publisert 28.07.16, lese 09.08.17: http://newsbase.com/topstories/france-awards-two-tenders-floating-wind-pilots

.

Statoil tek no Hywind-konseptet vidare i ein vindpark på fem turbinar utanfor Skottland, med ei samla yting på 30 MW. Dette blir verdas fyrste flytande vindpark. Statoil har gjeve signal om store kostnadsreduksjonar for dette prosjektet samanlikna med Hywind-piloten utanfor Karmøy, og selskapet meiner at ei ytterlegare halvering av kostnadane innan 2030 er muleg

Nyheitsrtikkel, Teknisk Ukeblad, publisert 19.03.17, lese 09.08.17,: https://www.tu.no/artikler/har-kuttet-kostnadene-pa-flytende-havvind-med-70-prosent/378227

,

Presentasjon på konferanse i Oslo 26. januar 2017: http://www.norwep.com/content/download/29797/214730/version/1/file/Norweg_PDF+d_STATOIL+Sebastian+Br.pdf

.

16.1.5 Innovasjonskjeden

Noreg har i dag eit offentleg verkemiddelapparat som stør opp under satsingar på nye energiteknologiar i alle fasar av innovasjonskjeda, frå ein ny idé vert til og forska på, til teknologien vert teken i bruk. Dei mest sentrale verkemiddelaktørane er Noregs forskingsråd, Enova og Innovasjon Noreg. Desse samarbeider i dag om kommunikasjon, samordning og synleggjering av verkemidla for næringsliv og forskingsmiljø. Samarbeidet er viktig for å sikre effektiv bruk av offentlege midlar, at midlane bidreg til forvaltinga sitt behov for kunnskap og gjer det tydeleg korleis dei ulike verkemidla spelar saman. Dei tre verkemiddelaktørane har verkemiddel som kan gje støtte til prosjekt i ulike fasar i innovasjonskjeda.

Figur 16.1 gjev ei framstilling av plasseringa av dei ulike økonomiske verkemidla til dei tre verkemiddelaktørane i innovasjonskjeda med relevans for nye energiteknologiar.

Figur 16.1 Økonomiske verkemeddel i innovasjonskjeda

Figur 16.1 Økonomiske verkemeddel i innovasjonskjeda

Kilde: Noregs forskingsråd

Verkemiddelapparat innan forsking og innovasjon av nye energiteknologiar fungerer godt. Regjeringa er oppteken av at den offentlege støtta skal vere så effektiv og utløysande som muleg, og har styrka verkemidla i Noregs forskingsråd, Enova og Innovasjon Noreg for å legge til rett for dette. Kapittel 16.2 gjev ein nærare omtale av desse verkemiddelaktørane og deira program og støtteordningar som er relevante i ein strategi for flytande vindkraft.

16.2 Støtteordningar

Hovudmålet med satsinga på forsking, utvikling og demonstrasjon på energiområdet er å bidra til auka verdiskaping og ei sikker, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av dei norske energiressursane. Innsatsen skal legge grunnlag for næringsutvikling på området og fremje naudsynt omstilling til lågutsleppssamfunnet.

16.2.1 Energi21 – Offshore vindkraft er eit prioritert område

Energi21 er eit strategiorgan oppnemnd av OED, for forsking, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av ny energiteknologi. Hovudmålet for Energi21 er å gje råd og tilrådingar til OED og tilhøyrande verkemiddelapparat (Noregs forskingsråd, Enova og NVE), i tillegg til energibransjen elles, om korleis satsinga på utvikling av nye klima- og miljøvenlege energiteknologiar bør prioriterast og gjennomførast. Energi21-strategiane er utvikla i eit samarbeid mellom næringsliv, akademia og relevante myndigheitsorgan, og vert oppdatert om lag kvart tredje år. Ny, revidert strategi er planlagt våren 2018.

Energi21 tilrår i sin tredje strategi (2014) ei strategisk satsing på vindkraft til havs som eitt av seks prioriterte satsingsområde. Satsingsområda representerer fagområde der Noreg har komparative fortrinn i framtidas energimarknadar gjennom naturgjevne energiressursar, teknologi- og kompetansebase og industriell røynsle. Grunngjevinga frå Energi21 for offentleg støtte til forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for vindkraft til havs er i stor grad knytt til å utvikle konkurransedyktig næringsliv og kompetanse for ein internasjonal marknad. I noko grad er grunngjevinga også knytt til muleg verdiskaping ved ei framtidig utnytting av dei store nasjonale vindressursane til havs.

Energi21-strategien meiner ambisjonane innan vindkraft til havs må vere å:

  • Utvikle norsk leverandørindustri retta mot ein marknad for vindkraft til havs

  • Bygge på norsk næringsliv sin teknologi- og industrikompetanse og utvikle løysingar for

    • Auka kraftproduksjon frå vindkraftverka

    • Reduksjon av kostnadar langs heile verdikjeda (frå design til demontering)

Strategien trekk fram følgjande strategiske forskingstema det bør leggast ekstra vekt på:

  • Optimale fundamentdesign for både flytande og botnfaste løysingar og ved ulike botntilhøve

  • Konsept og system for påliteleg elektrisk infrastruktur (undervass-løysingar)

  • Kostnads- og tidseffektiv samanstilling og installasjon av vindkraftverk til havs

  • Effektive konsept for marin logistikk (tungt vedlikehald) og robuste løysingar for tilkomst

  • Konsept og system for reduserte drifts- og vedlikehaldskostnadar og auka energiutbyte

16.2.2 ENERGIX-programmet inkluderer støtte til teknologi for vindkraft til havs

ENERGIX er eit stort energiforskingsprogram i Noregs forskingsråd, som starta opp i 2013. Programmet har eit totalbudsjett i 2017 på om lag 490 mill. kroner, der om lag 320 mill. kroner vert løyvd over Olje- og energidepartementet sitt budsjett. Det skal realisere sentrale energi- og næringspolitiske mål, og er eit viktig verkemiddel i implementeringa av Energi21-strategien. Programmet skal gje ny kunnskap som fremjar ei langsiktig og berekraftig omstilling av energisystemet, med meir fornybar energi, meir energieffektive løysingar, auka integrasjon mot Europa og auka trong for fleksibilitet.

Eitt av hovudmåla til programmet er «Berekraftig utnytting og effektiv bruk av nasjonale fornybare energiressursar.» Innan temaområdet «Fornybar energiproduksjon» står satsing på vindkraft sentralt. Dette inkluderer støtte til utvikling av teknologiar for vindkraft til havs. Basert på søknadsrundar vert det gjeve støtte til både forskarprosjekt, kompetanseprosjekt for forskingsinstitusjonar og næringsliv og innovasjonsprosjekt for næringslivet.

Forskingstematikken innan vindkraft til havs er brei i programmet. Mellom prosjekta som har fått støtte frå ENERGIX, finn vi mellom anna utvikling av nye konsept for flytande vindkraft, installasjonskonsept for flytande vindturbinar, fundament til botnfaste turbinar, modellar for installasjon av botnfaste fundament, studie av kreftene frå bølgjer og vind på fundament, drifts- og vedlikehaldssystem, tilkomstsystem og modellar for vindtilhøve.

16.2.3 Enova

Enova er eit sentralt verkemiddel i energipolitikken og i arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar. Enova sitt føremål er å bidra til reduserte klimagassutslepp og styrka forsyningstryggleik for energi, i tillegg til teknologiutvikling som på lenger sikt også bidreg til reduserte klimagassutslepp.

Oppgåvene til Enova er konkretiserte i ein styringsavtale med Olje- og energidepartementet, om forvaltinga av midlane frå Klima- og energifondet. Olje- og energidepartementet og Enova inngjekk i desember 2016 ein ny styringsavtale for åra 2017–2020, der verksemda vart vridd mot mellom anna meir innovasjon samanlikna med tidlegare. Overføringane til Klima- og energifondet er også auka samanlikna med tidlegare, til om lag 2,7 mrd. kroner i 2018.

I avtalen for åra 2017–2020 har Enova tre delmål. Enova skal fremje:

  1. Reduserte klimagassutslepp, som bidreg til å oppfylle Noreg sine klimaforpliktingar for 2030.

  2. Auka innovasjon innan energi- og klimateknologi tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

  3. Styrka forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk.

Verkemidla til Enova skal vere retta mot å bygge ned tekniske og marknadsmessige barrierar for introduksjon og utbreiing av nye energi- og klimaløysingar. Verkemidla skal utformast med sikte på å utløyse prosjekt som elles ikkje ville blitt realiserte.

Enova skal prioritere innsatsen der mulegheitene for å påverke utviklinga er størst og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Løysingar for null og låge utslepp skal prioriterast.

Ved utforminga av verkemiddel retta mot ny energi- og klimateknologi, skal Enova legge vekt på mulegheitene for global spreiing og påfølgjande utsleppsreduksjonar. Til grunn for tildelingar skal det ligge ei vurdering av innovasjonshøgd og gjennomføringsevne.

Enova bidreg til innovative havvindprosjekt

Vindkraft til havs er omfatta av Enova sitt delmål om auka innovasjon tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Enova gjev støtte til verksemder som vil utvikle og ta i bruk innovativ teknologi. Enova støttar difor innovative prosjekt innan vindkraft til havs, opp til og med fullskala produksjon, så lenge prosjektet er innovativt nok. Det er to Enova-program som er aktuelle for innovasjonsprosjekt innan vindkraft til havs:

  • Demonstrasjon av ny energi- og klimateknologi

  • Fullskala innovativ energi- og klimateknologi

Programmet Demonstrasjon av ny energi- og klimateknologi

Enova lanserte i 2017 eit nytt program for demonstrasjon av ny energi- og klimateknologi. I dette programmet er siktemålet at ny teknologi – til dømes teknologi for vindkraft til havs – skal bli demonstrert i reelle driftstilhøve. Teknologien må minimum ha blitt testa ut i pilotskala der systemløysingane har blitt validert i relevante driftstilhøve. For desse prosjekta kan Enova gje lån på vilkår på opptil 60 prosent av kostnadane. Føremålet er å avlaste teknologirisikoen, og om teknologien ikkje fungerer etter hensikta kan verksemda søke om å få ettergjeve heile eller delar av lånet.

Programmet Fullskala innovativ energi- og klimateknologi

Gjennom programmet Fullskala innovativ energi- og klimateknologi, kan Enova støtte meirkostnaden med å ta i bruk nye og kreative løysingar for kommersielle anlegg for t.d. vindkraft til havs. Teknologien må vere ny og vesentleg forbetra samanlikna med den beste teknologien som er teken i bruk i marknaden. For store verksemder kan Enova støtte opp til 45 prosent av meirkostnaden ved dei innovative løysingane.

Døme på prosjekt som har fått støtte

Enova har gjeve støtte til to prosjekt som har med vindkraft til havs å gjere. I 2009 fekk Statoil støtte til å setje opp Hywind, verdas fyrste flytande vindturbin, utanfor Karmøy. I 2017 fekk selskapet WindPartner nær 7 mill. kroner i støtte til å utvikle ein servicebåt for vindkraft til havs

Pressemelding frå Enova, publisert 01.02.2017, lese 09.08.17: h ttp://presse.enova.no/news/nyskapende-katamaran-gir-mer-og-rimeligere-offshore-vindkraft-214360

.

16.2.4 Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg bidreg med ulike typar verkemiddel som skal lette tilgangen på kapital, kompetanse og nettverk. Regjeringa har styrka fleire av de breie og landsdekkande ordningane i Innovasjon Noreg, der støtta vert gjeve til dei prosjekta som har størst potensial for verdiskaping og samfunnsøkonomisk effekt, uavhengig av tema, næring og geografi. Under følgjer ein nærare omtale av dei ordningane som kan vere relevante for vindkraftprosjekt til havs.

Miljøteknologiordninga gjev tilskot til pilot- og demonstrasjonsprosjekt innan miljøteknologi. Ordninga skal fremje konkurranseevna til norsk industri på lenger sikt og bidra til å realisere klimamåla til Noreg.

Døme på prosjekt som har fått støtte gjennom ordninga:

Kongsberg Digital AS utviklar eit styring- og kontrollsystem som skal gje vindparkar tryggare og meir effektiv drift og redusere nedetid, vedlikehalds- og driftskostnadar. Miljøteknologiordninga ga ei bidrag på 7,7 mill. kroner.

Uptime International AS (Marine Aluminium Group) fekk eit bidrag på 5,2 mill. kroner frå Miljøteknologiordninga til ny gangbru frå skip til vindturbin.

Automasjon og Data AS har utvikla fleire løysingar innan styring og overvaking av offshore vindparkar. Siste prosjekt er eit kontinuerleg overvakingssystem for levetida på stålkonstruksjonane ved offshore vindturbinar. Prosjektet fekk 3 mill. kroner i finansiering frå Miljøteknologiordninga, i tillegg til eit innovasjonslån på 3 mill. kroner.

Innovasjonskontraktar er tilskot til eit forpliktande og målretta samarbeid mellom to eller fleire partar i næringslivet og det offentlege. Målgruppa er normalt små og mellomstore leverandørverksemder med kompetanse til å løyse utviklingsbehov hjå kundepartnarar.

Lågrisikolån vert i hovudsak gjeve til prosjekt saman med lån frå private bankar på marknadsmessige vilkår. Lågrisikolån nyttast til å delfinansiere investeringar i bygg, driftsutstyr og til investeringar i landbruket. Låna bidreg til å utløyse anna finansiering.

Risikolån/innovasjonslån kan nyttast til delfinansiering av investeringsprosjekt som handlar om nyetablering, nyskaping, omstilling, internasjonalisering og utvikling, der det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg risikovilje til gjennomføring i den private kredittmarknaden.

Program for klyngeutvikling (Norwegian Innovation Cluster) skal bidra til å forsterke innovasjons- og fornyingsevna i regionale innovasjonsmiljø gjennom auka samspel og samarbeid i næringslivet, og mellom næringsliv, kunnskapsmiljø og offentlege utviklingsaktørar. Programmet har tre nivå: Arena omfattar klynger med nye og/eller umogne samarbeidsinitiativ. Norwegian Centres of Expertise (NCE) omfattar klynger med ein etablert organisasjon med velutvikla tenester, partnarar og oppnådde resultat frå samarbeidsprosjekt. Global Centres of Expertise (GCE) skal bidra til auka verdiskaping og gje verksemdene ein betre posisjon og gjere dei meir attraktive innanfor globale verdikjeder. Det kan skje gjennom strategiske samarbeidsprosjekt.

Kompetanse og rådgjeving: Innovasjon Noreg tilbyr ulike kompetansetiltak for etablerarar, tilsette og leiarar i verksemder, styremedlemmer eller ulike aktørar og interessentar i regionale næringsutviklingstiltak. Innovasjon Noreg tilbyr også rådgjeving til einskilde verksemder og grupper av verksemder.

Tilgang til marknadar – internasjonalisering og profilering: Innovasjon Noreg skal stå til teneste for norske verksemder internasjonalt, og er til stades ved 35 utekontor i 30 land. Saman med distriktskontora i Noreg representerer Innovasjon Noreg sine kontor i utlandet eit tenestetilbod til verksemder med internasjonale vekstambisjonar. Internasjonalisering er også bygd inn som eit element i andre tenestetilbod frå Innovasjon Noreg, mellom anna i form av lån, tilskot, industrielle forskings- og utviklingsprogram og kompetanseprogram.

Regjeringa ønsker å synleggjere norske, grøne løysingar for auka verdiskaping, meir eksport og for å trekke internasjonale investorar til Noreg. Innovasjon Noreg har i oppdragsbrevet for 2017 fått i oppdrag frå regjeringa å halde fram sitt arbeid på dette området og førebu seg på eit meir detaljert oppdrag. Innovasjon Noreg vil mellom anna opprette ei digital matchingteneste for kopling av norske løysingar med globale behov.

Invest in Norway handterer førespurnadar frå utanlandske selskap som vurderer lokalisering i Noreg, og legg til rette for ei meir systematisk og profesjonell handsaming av denne typen førespurnadar. Gjennom ordninga byr Innovasjon Noreg på kompetanse, eit breitt nettverk og eit omfattande spekter av tenester for å hjelpe utanlandske verksemder med å etablere seg og drive forretningsverksemd i Noreg.

16.2.5 Eksportkreditt og GIEK

Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) og Eksportkreditt Norge fremjar norsk eksport ved å tilby høvesvis garantiar og lån på vegner av staten. Dei to er ofte involverte i finansieringa av dei same eksportkontraktane, men Eksportkreditt Norge kan bruke private aktørar til å garantere for låna og GIEK kan garantere for lån som er gitt av private banker. Verksemdene kan finansiere kjøp av flytande vindkraft som blir bygd i og eksportert frå Noreg. I tillegg kan GIEK og Eksportkreditt Norge tilby finansiering til norske reiarar sine kjøp av flyttbare innretningar frå norske verft dersom desse skal ha si inntening frå offshoreverksemd

Offshoreverksemd: både olje- og gassverksemd og anna verksemd offshore (inkludert for eksempel verksemd tilknytt offshore vindturbinar) som normalt har inntening i valuta.

.

Vilkåra for finansieringa blir regulerte i den OECD-tilknytte eksportfinansieringsavtalen, Arrangement on Officially Supported Export Credits (Arrangement). Denne avtalen består av ein sektornøytral hovudavtale og seks sektoravtalar. Flytande vindkraft blir regulert i dag av sektoravtalen for klima, som tyder at GIEK og Eksportkreditt Norge kan tilby noko meir tilpassa vilkår for vindkraftprosjekt, slik som lenger løpetid.

16.2.6 Norwegian Energy Partners

Norwegian Energy Partners starta opp 1. januar 2017, og er ei vidareføring av tidlegare INTSOK og INTPOW i ein sams organisasjon som skal dekke internasjonalisering av den norskbaserte petroleums- og fornybarnæringa. Dette vil ytterlegare styrke arbeidet med omstilling i næringane og internasjonalisering av norsk leverandørindustri.

Regjeringa er oppteken av å trygge arbeidsplassar og å bidra til omstilling og internasjonalisering av leverandørindustrien som arbeider opp mot petroleums- og energimarknadane. Ved å støtte opprettinga av Norwegian Energy Partners, og samstundes auke det statlege bidraget til den nye organisasjonen, vert den internasjonale konkurransekrafta for dei viktige petroleums- og energinæringane styrka. Dette bidreg til å sikre verdiskaping og sysselsetjing i Noreg, og samstundes vert det lettare å utnytte synergieffektane som ligg i kompetanseoverføring mellom dei to næringane.

Det er planlagd aktivitetar i dei viktigaste internasjonale marknadane, og marknadsmulegheitene for norsk leverandørindustri vil dessutan bli vurdert i 2018. Olje- og energidepartementet vil saman med Norwegian Energy Partners utgreie mulegheitene for å akselerere veksten og eksporten i fornybarsektoren. Arbeidet vil inkludere vurdering av mulegheitene for raskare teknologioverføring frå andre sektorar, som t.d. olje- og gassektoren og maritim sektor. Det vil også bli koordinert med andre initiativ for å ta del i den auka veksten i fornybarsektoren globalt.

Trendane med auka djupn og avstand til land, og etterkvart overgang til flytande løysingar, krev ein stendig større grad av offshore og maritim kompetanse. Å setje kompetansen i olje- og gass-næringa og i maritim næring i bruk i fornybarnæringa vil bli sentralt i satsinga i 2017 og framover for Norwegian Energy Partners.

16.3 Regelverk

Forsking og støtteordningar kan bidra til å løfte teknologi og utvikle verksemder. Dersom det blir aktuelt å realisere flytande vindkraftteknologi til havs i Noreg, har vi eit regelverk som legg til rette for ei slik utvikling.

16.3.1 Opning av område etter havenergilova

Anlegg for kraftproduksjon må ha løyve til å drive verksemda si, og når det gjeld vindkraft til havs er det mest aktuelt med konsesjon etter havenergilova.

Ingen område er i dag opna etter reglane i havenergilova, slik at eventuelle utbyggingar anten må ha unntak frå dei generelle reglane i havenergilova eller vere innanfor grunnlinene og dermed omfatta av energilova.

NVE si strategiske konsekvensutgreiing blei send på høyring i 2013. Olje- og energidepartementet tok mot 64 høyringssvar. Departementet har til no ikkje sett at det har vore grunnlag for å opne område.

Departementet arbeider likevel vidare med spørsmålet om opning av område. Det vil vere nokre kostnadar og ulemper som følgjer av å opne areal, og vurderinga av kva nytten ved ei opning kan vere vil vere viktig for departementet si vurdering.

Med utgangspunkt i NVE si strategiske konsekvensutgreiing, vil regjeringa ta sikte på å klargjere innan utgangen av 2017 kva for område det kan vere aktuelt å opne for søknadar om konsesjon.

16.3.2 Unntak for forsyning til petroleumsaktivitet

Olje- og energidepartementet meiner at det ikkje er naudsynt å opne område etter havenergilova for å kunne handsame søknadar om vindkraftproduksjon til havs for å forsyne petroleumsinstallasjonar.

Havenergilova seier i § 2-2 fjerde ledd at unntak frå reglane om opning av område kan gjerast i særskilte tilfelle. Særskilt tilfelle er ein rettsleg standard som i utgangspunktet gjev forvaltinga eit stort rom for å nytte skjønn.

Ein må gå ut frå at opning av areal ikkje er praktisk for anlegg som er meint til forsyning av petroleumsinstallasjonar, av di slik anlegg må utviklast i nært samarbeid med petroleumsaktøren og leggast nært det som skal forsynast. Førearbeida til havenergilova er difor klare på at mindre anlegg som er forsyningsanlegg til petroleumsinstallasjonar kan gjevast unntak frå opning av areal.

Det er ikkje grunnlag for å slå fast ei absolutt grense for kva som kan reknast å komme inn under unntaksregelen om særskilte tilfelle. Departementet meiner at eit vindkraftverk kan få unntak dersom det kan gje eit bidrag av ein slik storleik at det vesentleg reduserer behovet for gassturbinar i kontinuerleg drift. Gassturbinar som er i drift i dag på norsk sokkel er på opp til om lag 40 MW.

Det er heller ikkje klart kva som er ei så stor utbygging at det openbert må gjerast ei opning av område før ein konsesjonssøknad kan vurderast. Departementet merkar seg at dei vindkraftprosjekta som vart sett i drift til havs i Nordsjøen i gjennomsnitt var på nær 400 MW i 2016.

16.3.3 Energiløysingar for petroleumsverksemda

Energiløysinga til felt på norsk sokkel vert handsama som del av myndigheitene sitt arbeid med ei utbygging, og er eit tema myndigheitene er opptekne av allereie frå tidleg i planleggingsfasen, jf. Meld. St. 28 (2010–2011) og Prop. 114 S (2014–2015). Dette er eit tema i den offentlege konsekvensutgreiingsprosessen og inngår i myndigheitene si handsaming av utbyggingsplanen. I samband med utbygginga vert det følgd opp at verksemdene vel ei føremålstenleg energiløysing.

Energiløysinga er eit avgjerande element for drifta av eit petroleumsfelt, og dermed for eit kvart utbyggingsprosjekt. Produksjonen av olje og gass er ein energikrevjande og teknisk avansert prosess. Petroleumsutvinning treng stabil og kontinuerleg tilgang på energi i form av kraft og varme. Mange framtidige utbyggingar vil skje gjennom oppkopling og bruk av eksisterande innretningar og deira etablerte energiløysingar.

Ei energiløysing for petroleumsutvinning basert på vindturbinar åleine vil ikkje vere realistisk, og petroleumsinnretninga vil i tilfelle trenge reservekapasitet for kraft for å oppretthalde produksjonen og vitale tryggleiksfunksjonar når det ikkje er tilstrekkeleg med vind. Vindturbinar vil eventuelt berre bli installert i tillegg til, altså berre delvis til erstatning for annan energiforsyning basert på gassturbinar eller kraft frå land. Gassen som ikkje vert brukt på felta vert eksportert, noko som gjev ytterlegare inntekter til slike tiltak.

Bruk av vindturbinar til petroleumsinnretningar vil også føre med seg tekniske, økonomiske og operasjonelle utfordringar, til dømes knytt til ei effektiv og vellukka samkøyring av gassturbinar og vindturbinar. Dette knyter seg m.a. til spørsmål om batterikapasitet.

Vidare er det betydelege investeringar knytt til energiløysinga. Det kan vere mange milliardar i skilnad mellom alternative løysingar for ei konkret utbygging. Grunna variasjonen i konsekvensar er det difor naudsynt å ta stilling til energiløysing ved handsaminga av den einskilde utbygginga.

16.3.4 Sektorovergripande klimaverkemiddel

Ein berebjelke i vår klimapolitikk er deltakinga i kvotesystemet til EU. Utslepp frå både petroleumssektoren og elektrisitetssektoren er underlagd kvoteplikt i dette systemet. Utsleppsreduksjonane vil alt anna likt skje der kostnadane ved å redusere utsleppa er lågast. Utsleppseffekten vert gjeven av nivået på kvotetaket på europeisk nivå, uavhengig av kor utsleppa finn stad. Kvotesystemet fungerer slik at ein utsleppsauke i Noreg over tid vil motsvarast av ein tilsvarande reduksjon ein annan stad i Europa. Dersom ein vil redusere utsleppa utover kvotetaket, må dette skje ved å redusere mengda kvotar.

Stortinget har slutta seg til at Noreg skal søke å inngå ein avtale med EU om sams oppfylling av utsleppsmålet for 2030 på minst 40 prosent utsleppsreduksjon samanlikna med 1990. Dette vil innebere at Noreg i kvotepliktig sektor vil bidra til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 prosent samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem. Kvotepliktige utsleppskjelder i Noreg, herunder petroleumssektoren, vil bidra til at dette blir nådd saman med kvotepliktige verksemder i EU-land.

Myndigheitene har i fleire tiår nytta sterke verkemiddel for å avgrense klimagassutsleppa frå petroleumssektoren. Myndigheitene avgrensar utsleppa frå sektoren gjennom kvotar, avgifter og andre verkemiddel.

Summen av klimarelaterte verkemiddel gjer at aktiviteten på sokkelen er omfatta av nokon av dei sterkaste klimaverkemidla i verda. Den høge kostnaden oljeverksemdene står andsynes når dei slepp ut klimagassar , gjev oljeverksemdene ei sterk eigeninteresse i å avgrense utsleppa sine. Dette har bidrege til norsk olje og gass vert utvinna energieffektivt og med relativt sett låge klimagassutslepp.

Hovudmålet i petroleumspolitikken er å legge til rette for lønsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Dette skal skje samstundes som omsynet til helse, miljø og tryggleik vert teke på ein best muleg måte. Føreseielegheit, langsiktigheit og tilrettelegging for heilskaplege løysingar er avgjerande for at reguleringa av petroleumssektoren skal gje god ressursforvalting og størst muleg inntekter til fellesskapen.

Forvaltinga av petroleumssektoren bygger på dei same prinsippa som forvaltinga av anna næringsverksemd i Noreg. Myndigheitene regulerer sektoren ved å setje heilskaplege, klåre og føreseielege rammer. Innanfor desse rammene er det opp til verksemdene å leite etter, bygge ut og utvinne dei ressursane som er lønsame.

16.4 Oppsummering

Denne strategien syner at det er stor breidde i verkemidla som kan støtte opp under utviklinga av flytande vindkraft. Regjeringa vil bygge vidare på dei gjeldande rammevilkåra, og følgje opp dei grepa regjeringa allereie har gjort:

  • Følgje opp den nye avtalen med Enova, som i større grad opnar for å støtte innovasjon innan klima- og energiteknologi

  • Det blir føreslått ei løyving på 34 mill. kroner til Norwegian Energy Partners i 2018, som støttar opp under norske verksemder sin eksportaktivitet når det gjeld vindkraft til havs.

  • Olje- og energidepartementet vil greie ut mulegheitene for å akselerere veksten og eksporten i fornybarsektoren, jf. Eksportstrategien.

  • Følgje opp avtalen om energisamarbeid i Nordsjøen

  • Framleis legge vekt på vindkraft til havs i Forskingsrådet sitt ENERGIX-program

  • Med utgangspunkt i NVE si strategiske konsekvensutgreiing, ta sikte på innan utgangen av 2017 å klargjere kva for område det kan vere aktuelt å opne for søknadar om konsesjon.