Barne- og likestillingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2017–2018)

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har som hovudoppgåver på dette feltet å:

  • forvalte dei nasjonale likestillings- og ikkje-diskrimineringslovene og sikre gjennomføring av internasjonale bindingar i form av menneskerettskonvensjonar og EU-direktiv i norsk rett

  • koordinere likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken til regjeringa

  • bidra til utvikling av ein kunnskapsbasert politikk for likestilling og gode system for dokumentasjon og analyse av likestillingsstatus

Handhevingsapparatet for likestillings- og diskrimineringslovgivinga er Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda. BLD forvaltar òg krisesenterlova, ekteskapslova og regelverk knytt til foreldrepengar i folketrygdlova. BLD er ansvarleg for å utarbeide og utvikle lovgiving på desse felta.

I tillegg forvaltar BLD ei rekkje tilskotsordningar som skal bidra til å fremje likestilling knytt til ulike grunnlag. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.

BLD er òg ansvarleg for å følgje opp kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og barnekonvensjonen og dessutan FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg skal BLD utarbeide nasjonale rapportar til dei internasjonale overvakingskomiteane. Likestillings- og diskrimineringsombodet har ein særskild og sjølvstendig tilsynsfunksjon for kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Barneombodet har same funksjon for barnekonvensjonen. Vidare er BLD ansvarleg for å følgje opp arbeidet med europarådskonvensjonar og EU-direktiv på dette feltet.

BLD skal systematisk samarbeide med andre departement for å samordne regjeringa sin innsats for likestilling og for å bidra til å nå likestillingspolitiske mål.

Arbeidet med kunnskapsutvikling, dokumentasjon og analyse inneber eit ansvar for å medverke til å utvikle kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering ut frå ulike diskrimineringsgrunnlag. Det inneber også eit ansvar for å etablere gode system for å dokumentere og analysere likestillingsstatusen på ei rekkje samfunnsområde og følgje med på utviklinga over tid. Alle departementa har ansvar for å skaffe fram kunnskap om likestilling på ansvarsområda sine i tråd med sektoransvarsprinsippet. For BLD er det viktig å ha oversikt over kunnskapen som finst.

BLD har gitt Fylkesmannen ansvaret for å vere pådrivar for at kommunane arbeider aktivt for å fremje likestilling knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta omsyn til likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiva både som tenesteytarar og som arbeidsgivarar på lokalt og regionalt nivå. Det er gjort nærare greie for gjennomførte aktivitetar, strategiar og tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet under programkategori 11.40 i del II av budsjettproposisjonen.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer også av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. BLD følgjer den internasjonale utviklinga og er ansvarleg for å rapportere om situasjonen i Noreg i ulike internasjonale forum.

5.1 Familie- og oppvekstområdet

Begge foreldra er viktige omsorgspersonar for barna. Dette gjeld uavhengig av om foreldra bur saman eller ikkje. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at begge foreldra skal ha høve til å vere likeverdige omsorgspersonar, både under samlivet, når samlivet blir løyst opp, og i tilfelle der foreldra aldri har budd saman. Regjeringa la i 2016 fram ein lovproposisjon for å fremje likestilt foreldreskap (Prop. 161 L (2015–2016). Lovendringane blei vedtekne våren 2017 og vil tre i kraft 1. januar 2018, med unntak av endringane om felles foreldreansvar for foreldre som ikkje bur saman når eit barn blir født, som vil tre i kraft seinare.

For å leggje til rette for likestilt foreldreskap og god dialog om korleis foreldrepermisjonen kan takast ut til beste for barnet mellom foreldre som ikkje bur saman, la regjeringa i 2017 fram forslag til endring i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd , jf. Prop. 62 L (2016–2017). Forslaget blei vedteke i Stortinget og tredde i kraft 1. september 2017.

5.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte, uavhengig av kjønn, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet dei bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2016 viser at det var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2016 var det rundt 55 pst. gutar og 45 pst. jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

Det var relativt små kjønnsskilnader i 2016 både når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheim og barnevernsinstitusjonar og bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at gutar oftare enn jenter hadde hjelpetiltaka bustad med oppfølging, utdanning/arbeid og støttekontakt. Dei tok òg oftare imot behandlingstilbod som PMTO (foreldreopplæring). BLD og Bufdir vil i utviklinga av barnevernstiltaka framleis ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

5.3 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2016

Likestillingslova § 23, diskrimineringslova om etnisitet § 20, diskriminerings- og tilgjengelova § 24 og diskrimineringslova om seksuell orientering § 19 pålegg arbeidsgivarar ei aktivitetsplikt. Arbeidsgivarar skal arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og hindre diskriminering ut frå kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet, religion, livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. BLD legg vekt på likebehandling og ikkje-diskriminering i alle ledd i personalpolitikken. Dei nemnde lovene krev også at offentlege arbeidsgivarar rapporterer om innsatsen sin for likestilling og mot diskriminering. Tabellane under viser statusen for likestilling når det gjeld kjønn i BLD og dei underliggjande verksemdene.

Tabell 5.1 Barne- og likestillingsdepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn 1

Totalt i verksemda

33,1

66,9

169

161,6

93,2

Departementsråd

100,0

0

1

1,0

-

Ekspedisjonssjefar

50,0

50,0

4

4,0

100,3

Avdelingsdirektørar

37,5

62,5

16

16,0

95,9

Fagdirektørar

22,2

77,8

9

8,4

98,8

Utgreiingsleiar/prosjektleiar

20,0

80,0

5

5,0

101,7

Seniorrådgivarar

35,8

64,2

81

79,2

100,4

Rådgivarar

35,0

65,0

20

19,0

101,6

Seniorkonsulentar

16,7

83,3

6

6,0

90,2

Fyrstekonsulentar

25,0

75,0

24

20,0

101,1

Kommunikasjonssjef

0,0

100,0

1

1,0

-

Spesialrådgivar

100,0

0,0

1

1,0

-

Lærling

0,0

100,0

1

1,0

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.2 Barne- og likestillingsdepartementet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid 1

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon 2

Legemeldt sjukefråvær 3

M

K

M

K

M

K

M

K

totalt i verksemda

5,4

8,8

14,3

10,6

0,0

3,7

0,9

4,1

1 Prosentdelen kvinner og menn som arbeider mellombels deltid på grunn av graderte permisjonar (AAP, omsorg for barn, osv.)

2 Prosentdelen av dagar dei har vore i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2016

Tabell 5.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn 1

Totalt i verksemda

38,1

61,9

6 361

3 687

107,8

Direktørar og avdelingsdirektørar

46,8

53,2

41

37

99,7

Seksjonssjefar og arkivleiarar

29,3

70,7

51

49

96,9

Leiarar av institusjonar, familievernkontor

38,0

62,0

120

111

97,8

Avdelingsleiarar i institusjonar

26,7

73,3

210

186

99,3

Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå

23,7

76,3

877

669

96,9

Seniorrådgivarar og prosjektleiarar

66,1

33,9

515

429

98,5

Rådgivarar

19,5

80,5

543

434

100,0

Fagstillingar høgskule lågare grad

37,7

62,3

1981

975

99,0

Fyrstekonsulentar og seniorkonsulentar

11,5

88,5

205

157

105,2

Miljøarbeidarar

58,2

41,8

1652

551

100,1

Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå

12,4

87,6

132

74

114,7

Andre stillingar hushald, drift, reinhald

25,0

75,0

34

14

98,2

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

18,9

17,9

32,9

44,6

0,2

1,7

6,5

8,6

Tabell 5.5 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn 1

Totalt i verksemda

28

72

138

130,1

80,4

Direktør

-

100

1

1,0

-

Dagleg leiar/fylkesnemndleiar

25

75

12

12,0

98,5

Fylkesnemndleiar

48

52

64

63,6

100,0

Rådgivar

-

100

3

3,0

-

Seniorrådgivar

-

100

2

2,0

-

Seniorkonsulent

-

100

11

10,6

-

Fyrstekonsulent

12

88

26

23,2

95,0

Konsulent

-

100

16

11,7

-

Kontorsjef/stabssjef/ prosjektleiar

100

-

3

3,0

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

3

18

9

10

0

2

0,5

4,9

Tabell 5.7 Forbrukarombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn 1

Totalt i verksemda

39

61

28

24,8

94

Toppleiing (ombod)

0

100

1

1,0

-

Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektør, avd.-direktør)

50

50

6

5,2

90

Seniorrådgivar

29

71

7

6,1

94

Rådgivar

50

50

10

9,5

98

Fyrstekonsulent/ konsulent/sekretær

25

75

4 3,0

112

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.8 Forbrukarombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0,0

3,5

0,0

3,5

0,3

9,2

0,6

1,4

Tabell 5.9 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn 1

Totalt i verksemda

20,0

80,0

20,0

18,5

101,4

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.10 Barneombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0,0

18,8

0,0

31,3

0,0

0,0

0,0

0,4

Tabell 5.11 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn 1

Totalt i verksemda

32

68

57

48

97,4

Toppleiing (ombod)

0

100

1

1,0

-

Avdelingsleiar

40

60

5

4,2

98,7

Fagdirektør

40

60

5

5,8

99,4

Seniorrådgivar

36

64

28

24,0

99,4

Rådgivar

20

80

15

11,8

100,6

Konsulent

0

100

2

0,9

-

Fyrstesekretær

100

0

1

0,2

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.12 Likestillings- og diskrimineringsombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

11,1

2,6

11,1

2,6

3,2

5,2

5,2

1,9

Tabell 5.13 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (kjønn, lønn) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

M

K

personar (N)

årsverk (N)

lønn 1

Totalt i verksemda

18

82

11

10,2

109

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.14 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

50

0

50

0

0

20

0

0

5.4 Barne- og likestillingsdepartementet

BLD har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Lokale og arbeidsverktøy skal vere universelt utforma, og medarbeidarar i senioralder skal ha like gode høve til jobbutvikling og kompetanseutvikling som andre medarbeidarar.

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der prosentdelen kvinner er høg. BLD har sett i verk tiltak for å få fleire menn til å søkje stillingar i departementet. I 2016 var 30,9 pst. av søkjarane menn. Per 31.12.2016 er 66,9 pst. av dei tilsette kvinner og 33,1 pst. menn.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er regelen i BLD at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er formelt kvalifisert. Alle ledige stillingar blir òg lyste ut på nettstader for innvandrarungdom. I stillingsannonsane blei alle kvalifiserte søkjarar uavhengig av bakgrunn oppmoda om å søkje. Departementet bruker moderat kvotering av underrepresenterte grupper. BLD deltek i statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne i 2016–2017.

BLD har gjennom IA-avtalen lagt opp til utvida bruk av støtteordningar som tilretteleggingstilskot, lønnstilskot og praksisplassar gjennom Nav.

Tabellen med tilstandsrapportering for BLD viser at kvinner samla sett tener 93,2 pst. av det menn tener.

Per 31. desember 2016 arbeidde 5,4 pst. av mennene og 8,8 pst. av kvinnene i BLD deltid. Tala refererer til prosentdelen av kvart kjønn som mellombels arbeider i ein mindre stillingsprosent på grunn av permisjon (til dømes delvis AAP/uføre eller omsorg for barn). Når det gjeld mellombelse tilsetjingar per 31. desember 2016, er prosentdelen menn med mellombels tilsetjing 14,3 pst., medan det tilsvarande talet for kvinner er 10,6 pst.

5.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda, mellom anna i personalpolitikken og rekrutteringspolitikken. Kvinnene utgjorde per 31. desember 2016 61,9 pst., og mennene utgjorde 38,1 pst. Forholdet mellom kjønna er uendra samanlikna med 2015.

Rekrutteringspolitikken har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den einskilde eininga/avdelinga/seksjonen. Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at ein oppmodar alle uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn om å søkje ledige stillingar. I tillegg blir søkjarar oppmoda til å opplyse om dei har funksjonshemmingar eller ikkje-vestleg bakgrunn.

Bufetat er representert med deltakarar i Statens mangfaldsnettverk saman med mange andre statlege verksemder, hovudsakleg direktorat. Statens mangfaldsnettverk har med økonomisk støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane eit prosjekt som er sett i verk for å kartleggje rekrutteringspraksisen med omsyn til mangfald i verksemdene. I prosjektet skal det utarbeidast tiltak for å medverke til ein ikkje-diskriminerande rekrutteringspraksis i statlege verksemder.

Bufetat har ei relativt jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane. I den grad ein kan peike på skilnader i lønn, går dei i favør av mennene i stillingsgruppa seksjonssjefar og fagstillingar på høgare nivå. I desse gruppene har kvinner 96,9 pst. av lønna menn har. Samla for verksemda tener kvinner 107,8 pst. av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med gruppa kontorstillingar og sakshandsamarar, som har mange kvinner som har stått lenge i stillinga og har betre lønn enn den relativt låge prosentdelen menn i denne gruppa. I Bufetat utgjer tilsette i vikariat og med mellombels tilsetjing 37,3 pst. av den totale arbeidsstokken per 31.12.2016. Dette er ein reduksjon på 1,7 prosentpoeng sidan 2015.

5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Per 31. desember 2016 var 28 pst. av dei tilsette menn. Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det i all hovudsak er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er større grad av kjønnsbalanse i stillingsgruppa for nemndleiarar, der 52 pst. var kvinner.

Alle nemndleiarane har same lønn, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at dei oppmodar alle uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne til å søkje ledige stillingar. I tillegg blir kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn inviterte til intervju.

Det er eit mål at alle lokale skal vere universelt utforma og vere tilgjengelege for alle.

5.7 Forbrukarombodet

Kjønnsfordelinga hos Forbrukarombodet har i 2016 vore 61 pst. kvinner og 39 pst. menn. I mellomleiinga var halvparten menn og halvparten kvinner. For verksemda totalt er lønna til kvinner på 94 pst. av lønna til menn, men i éin stillingskategori ligg kvinner høgare enn menn.

I rutine for rekruttering og tilsetjing går det mellom anna fram at kunngjering av ledige stillingar må innehalde ei mangfaldserklæring der alle som er kvalifiserte, blir oppmoda til å søkje, uansett alder, kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne. Forbrukarombodet er ei IA-verksemd og ønskjer breidde og mangfald i arbeidsmiljøet.

Til utlyste stillingar har det i 2016 vore 67,2 pst. kvinnelege søkjarar. 0,7 pst. av søkjarane hadde nedsett funksjonsevne. Forbrukarombodet hadde i 2016 to tilsette med ikkje-vestleg bakgrunn, noko som representerer om lag 7 pst. av dei tilsette.

Legemeldt sjukefråvær er redusert frå året før og er på 0,6 pst. for menn og 1,4 pst. for kvinner.

Forbrukarombodet utarbeidde nye nettsider i 2016. Her er krav til universell utforming varetekne.

5.8 Barneombodet

Situasjonen i 2016 var i det store og heile som i 2015. Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinnelege tilsette og per 31. desember 2016 var 80 pst. av dei tilsette kvinner. Trass eit sterkt ønske om betre kjønnsbalanse blei ubalansen større i løpet av året. Av dei fire medlemmene i leiargruppa er éin mann, resten er kvinner.

Personar med funksjonsnedsetjingar har ikkje vore å finne blant søkjarane til stillingane Barneombodet har lyst ut det siste året. 10 pst. av dei tilsette ved kontoret har ikkje-vestleg bakgrunn.

Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn, verken i leiargruppa eller fagstaben. Kvinner tener 101,4 pst. av lønna til menn på kontoret.

Det gjennomsnittlege kvartalsvise fråværet er redusert for både menn og kvinner – frå 0,8 og 1,0 pst. i 2015 til 0,0 og 0,4 pst. i 2016.

5.9 Likestillings- og diskrimineringsombodet

LDO er framleis ei kvinnedominert verksemd, trass høgt medvit om dette ved rekruttering til ledige stillingar. Frå 2015 til 2016 var det ei forbetring frå 26 til 32 pst. menn. Av 57 tilsette per 31. desember 2016 var 28 seniorrådgivarar, og av dei var 36 pst. menn. Av dei 5 fagdirektørane er 40 pst. menn. I dei lågaste stillingskodane er det flest kvinner. Kjønnsbalansen i mellomleiinga er endra sidan 2015, frå fire kvinner og éin mann til tre kvinner og to menn (40 pst. menn).

Den overordna personalpolitikken til LDO legg vekt på målet om mangfald, eit inkluderande arbeidsliv og godt tilgjenge. LDO skal leggje til rette for at tilsette i alle livsfasar får ein god arbeidssituasjon og kan utvikle seg gjennom heile yrkeskarrieren.

Staben til LDO skal spegle mangfaldet blant innbyggjarane gjennom

  • jamn kjønnsfordeling i verksemda

  • at det skal vere minst 40 pst. av kvart kjønn i leiarstillingane

  • at minst 15 pst. av dei tilsette i verksemda skal ha innvandrarbakgrunn

  • at minst 10 pst. skal ha nedsett funksjonsevne

LDO har både medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Måltala som er sette, er oppfylt.

Ombodet har ei mangfaldserklæring i stillingsannonsar og nyttar målretta rekrutteringskanalar for å oppnå måla. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, skal minimum éin i kvar kategori inviterast til intervju. LDO nyttar òg til ein viss grad målretta rekrutteringskanalar.

Satsinga på likestilt rekruttering har to hovudmålsetjingar:

  1. å sørgje for at rekrutteringa er profesjonell, likestilt og ikkje-diskriminerande

  2. å sørgje for at LDO kan gi betre rettleiing om likestilt rekruttering eksternt

Som ein del av arbeidet har LDO vurdert sin eigen rekrutteringspraksis og utvikla eit rammeverk for likestilt rekruttering.

LDO har eit mål om likelønn mellom kjønna i verksemda. I nokre stillingskategoriar er det berre tilsett kvinner eller berre menn. Alle stillingar i LDO skal la seg kombinere med familieliv og omsorgsoppgåver.

Medarbeidarar som treng tilrettelegging, har fått det. Som del av arbeidet med ein tilretteleggingsplan har LDO etablert ei eiga ordning med samtalar for alle når dei byrjar i LDO, og undervegs i tilsetjingsforholdet. Føremålet med desse samtalane er å avdekkje individuelle behov.

5.10 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

Per 31. desember 2016 hadde sekretariatet elleve tilsette – ni kvinner og to menn. Det var ti heile stillingar og éi stilling på 20 pst. Stillinga på 20 pst. blei delt mellom ein mannleg og ein kvinneleg sekretær gjennom året. Sekretariatet har ikkje spesielle retningslinjer, planar eller liknande for likestillingsarbeidet.

Sekretariatet har ikkje lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje. Per 31. desember 2016 hadde to tilsette innvandrarbakgrunn. Ingen tilsette hadde nedsett funksjonsevne.

Lokala til sekretariatet er tilrettelagde for rullestolbrukarar.

For å nå betre ut til grupper med innvandrarbakgrunn, er informasjonen på nettsidene til Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet omsette til engelsk. Nettsidene er òg utforma for å vere lette å lese for svaksynte.

5.11 Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda

Per 31. desember 2016 hadde sekretariatet fem tilsette kvinner og ingen menn. Alle dei tilsette hadde full stilling.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje.

Lokala til sekretariatet er lagde til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Sekretariatet har ein handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge.

5.12 Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i eigen årsrapport.