Barne- og likestillingsdepartementet (BLD)

I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 varsla regjeringa ein ambisiøs politikk for forsking og høgare utdanning. Satsinga gir tydelege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar. Langtidsplanen er eit viktig grunnlag for BLDs forskingsstrategi (2016–2020).

Oppfølginga av strategien blir konkretisert i budsjettproposisjonane, i meldingar og handlingsplanar og i tildelingsbreva til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Noregs forskingsråd og i tillegg gjennom tildeling av middel til ulike kunnskapsmiljø.

Måla for forskinga til BLD er:

  1. langsiktig og målretta kunnskapsoppbygging

  2. høg kvalitet

  3. eit godt grunnlag for politikkutvikling og forvalting

Departementet vil at breie kunnskapsstatusar skal liggje til grunn for vidare forskingsinnsats og prioriteringar, og at kunnskap frå forsking skal vere tilgjengeleg for og brukast systematisk av departement, etatar, kommunar og allmenta.

Utviklinga og endringane på ansvarsområdet til BLD skal følgjast mellom anna gjennom forsking på registerdata, longitudinelle studiar og levekårsundersøkingar.

Det skal òg gjennomførast forskingsbaserte evalueringar av større tilskotsordningar, reformer og tenester. Forskingsprosjekt skal i større grad involvere fleire fagdisiplinar for betre å vurdere den samla effekten på politikkutviklinga. Utvikling av statistikk og indikatorar skal halde fram, og kunnskap om effekten av dei ulike verkemidla og tiltaka skal byggjast opp.

Departementet medverkar til langsiktig og målretta kunnskapsbygging gjennom støtte til forsking, mellom anna i regi av Forskingsrådet, til programma Velferd, arbeid og migrasjon (VAM) og Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL).

Regjeringa har fastsatt fem mål for Forskingsrådet. Måla er:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit styringssystem for styringa av Forskingsrådet i samråd med dei andre departementa og Forskingsrådet, og Barne- og likestillingsdepartementet styrer midla sine til Forskingsrådet i tråd med dette. Styringssystemet og samla resultat av verksemda til Noregs forskingsråd 2016 er omtalte i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2018.

Departementet gir òg middel til mellom anna CORE – Kjernemiljø for likestillingsforskning, dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge, Norsk senter for studier av problematferd og innovativ praksis og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. I tillegg får Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Høgskulen i Oslo og Akershus middel til finansiering av konkrete forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver på forbrukarfeltet. Gjennom avtalar med Statistisk sentralbyrå (SSB) får departementet statistikk på dei ulike ansvarsområda til departementet. BLD finansierer ein likestillingskoordinator i SSB.

Bufdir og Arbeids- og velferdsdirektoratet har forsking- og analyseoppgåver knytte til mellom anna barnevern, familiar, barn og unge, likestilling og ikkje-diskriminering og overføringsordningane til barnefamiliane. Eit viktig arbeid som blir utført i regi av Bufdir, er å utvikle og implementere indikatorar på nokre av ansvarsområda direktoratet har. Mellom anna har Bufdir utarbeidd indikatorar på barnefattigdom og likestilling mellom kjønn. Indikatorane er eit godt verktøy for å få meir kunnskap om omfanget og utviklinga på ulike samfunnsområde, og talmaterialet vil til dømes gi kommunar betre kunnskapsgrunnlag for politiske avgjerder og utvikling av tenestetilbod.

Departementet og Bufdir konkurranseutset forskingsoppdrag som grunnlag for politikkutvikling og for å kaste lys over ulike faglege spørsmål. Departementet nyttar gjerne tverrsektorielle handlingsplanar og strategiar for å gjere opp status og utvikle politikk og kunnskap på område som BLD har koordineringsansvar for. Dette sikrar at det blir utarbeidd kunnskapsoppsummeringar, og at det skjer ei systematisk kunnskapsutvikling på område som elles ikkje ville blitt godt nok dekte.