Barne- og likestillingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2017–2018)

8.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Dei siste tiåra har det vore ein stor auke i det samla forbruket til norske hushald. Alt forbruk har klima- og miljøkonsekvensar, direkte eller indirekte.

Miljø- og klimapolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til å nå dei nasjonale miljø- og klimapolitiske måla.

Målretta informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester gir forbrukarane høve til å velje produkt med minst mogleg negative verknader på miljøet og ressursane. Gjennom etterspørsel av slike produkt kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

BLD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige aspekt ved forbruket. Dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel er viktige verktøy for å hjelpe forbrukarane til å ta miljømedvitne val.

I 2016 var det ein solid auke i svanemerkte produkt på den norske marknaden: frå 12 589 ved utgangen av 2015 til 15 339 ved utgangen av 2016. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BLD arbeider med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tek opp spørsmål knytte til dette.

I Noreg blir store mengder mat kasta kvart år. Mesteparten av det som blir kasta, kjem frå private hushald. BLD støttar derfor arbeidet til Matvett AS for å redusere matsvinn. Departementet deltek òg i eit breitt samarbeid mellom ulike styresmakter og bransjeorganisasjonar for å redusere matsvinnet i Noreg (nærare omtalt under delmål 6.3).

8.2 Mål for det vidare arbeidet på forbrukarområdet

BLD vil i 2018 halde fram med å byggje opp under dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel som viktige verktøy for miljømedvitne val. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis skal auke, og at forbrukarane i større grad skal spørje etter slike.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Departementet vil i 2018 arbeide vidare saman med Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og matbransjen om å redusere matsvinnet gjennom bransjeavtalen om dette, som tok til å gjelde i juni 2017 (nærare omtalt under delmål 6.3).

Departementet vil i 2018 òg føre vidare tiltak som er retta mot skulen, der miljø og berekraft er sentrale tema.