Klima- og miljødepartementet (KLD)

Prop. 1 S

(2017–2018)

Det er brei semje om at det å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Klima- og miljøendringane påverkar menneska si helse, livsgrunnlag og verdiskaping. Samtidig er det menneska som er årsak til endringane gjennom våre forbruks- og ressursmønster. Oppvarming av klimasystemet er utvitydig, og den menneskelege påverknaden er klar, ifølgje den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Dei siste åra har det vore ein kraftig global temperaturauke. Ifølgje Verdas meteorologiorganisasjon var jorda si overflate i 2016 om lag 1,1 grad varmare enn i før-industriell tid.

Global utsleppsvekst ser samstundes ut til å minke, og dei siste åra har auken vore under 1 pst. per år, langt svakare enn gjennomsnittet sidan 2000. Ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA) har globale energirelaterte CO 2 -utslepp ikkje auka sidan 2013. Det er positivt, særleg i lys av at den globale økonomiske veksten har vore robust i same periode. Verda satsar no på fornybar energi. For berre få år sidan var det kolkraft som dominerte investeringane i global elektrisitetsproduksjon. Dei siste åra er det for første gongen fornybare kjelder som sol, vann og vind som dominerer. I kraftsektoren stod fornybare energikjelder for over 60 pst. av ny kapasitet på verdsbasis i 2015, ifølgje det internasjonale byrået for fornybar energi, IRENA. Kostnadane for solceller har falle med 80 pst. sidan 2009, medan vindturbinar har vorte 30 – 40 pst. billegare. Frå 2010 til i dag har prisen på litium-ion batteriar blitt redusert frå USD 1000 per kWh til USD 270 per kWh, og IEA forventar at prisen faller 10 pst. årleg til 2022. Analyseselskapet Bloomberg New Energy Finance ventar at prisen i 2030 er USD 73 per kWh. I ein global samanheng er det òg samfunnsøkonomisk lønsamt å setje inn effektive tiltak for å redusere oppvarminga no, samanlikna med å vente og dermed måtte ta større kostnader seinare.

I 2016 var dei norske klimagassutsleppa på 53,4 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar ifølgje foreløpige tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein nedgang på litt under 1 pst. frå 2015. Viktigaste årsak er redusert bruk av fossile brensler til vegtrafikk og olje- og gassutvinning.

Gjennom klimaforliket på Stortinget vart det slått fast kva som er hovudutfordringane i klimapolitikken, kva mål vi skal nå og ei rekkje verkemiddel. Behandlinga av Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU stadfesta mål og særskilte innsatsområde mot 2030. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid er en strategi for korleis måla kan nås i samarbeid med EU. Lov om klimamål (klimalova) lovfester klimamåla for 2030 og 2050. Formålet med lova er å fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn.

Endringar i klima skaper nye utfordringar for samfunnet. Store nedbørsmengder fører til overfløyming og jordras, skadelege framande arter klarer å tilpasse seg i den norske naturen, og jordbruksavlingar får skadar som følgje av eit våtare og varmare klima. Samfunnet må prioritere arbeidet med å tilpasse seg klimaendringane, og samstundes sikre at samfunnskritiske funksjonar som tek vare på befolkningas sikkerheit, som til dømes meteorologitenester og skredvarsling, til ei kvar tid fungerer optimalt.

Tap av naturmangfald er både ei nasjonal og internasjonal utfordring. Verda over er økosystema til dels så belasta av negativ påverknad at dei ikkje lenger leverer dei goda eller held ved lag dei naturlege prosessane som menneske er avhengige av. Òg i Noreg er det risiko for tap av naturmangfald, særleg som følgje av arealinngrep, arealbruksendringar og spreiing av framande arter. Ein føresetnad for å lukkast med det grøne skiftet er å ta vare på naturmangfaldet for noverande og kommande generasjonar. Dei viktigaste grepa for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg er spegla i dei tre nasjonale måla om å sikre god tilstand i økosystema, ta vare på truga arter og naturtypar og å sikre eit representativt utval av norsk natur. Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet og Stortinget si behandling av denne gir ein handlingsplan for å nå dei nasjonale og internasjonale måla for naturmangfald. Regjeringa er i gang med oppfølging av meldinga.

Dei store havområda under norsk jurisdiksjon, og vår avhengnad av og tilknyting til havet både i fortid, notid og framtid, inneber eit særskilt forvaltingsansvar for å sikre velfungerande marine økosystem, reine hav og rein kyst. Noreg har òg eit særskilt ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Aktivitetane i nord må tilpassast det naturen kan tole. Vi må òg ta omsyn til at naturen i Arktis kjem under stadig sterkare press, mellom anna som følgje av klimaendringane, som skjer særskilt raskt her.

Eit reint miljø er ein føresetnad for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er derfor avhengig av eit reint miljø. Helse- og miljøskadelege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Noreg gjer ein særskilt innsats både nasjonalt og internasjonalt for å stanse bruk og utslepp av prioriterte miljøgifter innan 2020. Marin forsøpling og spreiing av mikroplast er eit aukande globalt miljøproblem og ein trussel mot både dyreliv langs kyst og i hav, mot sjømatressursane og menneskes bruk av kyst- og havområda. Noreg fører ein aktiv politikk både nasjonalt og internasjonalt på dette området. I Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi presenterer regjeringa ein strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer vårt kollektive minne om samfunn og levekår i tidlegare tider. Kulturminne og kulturmiljø er ressursar som ikkje kan fornyast. Dei representerer både miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar og er ei viktig kjelde til kunnskap og opplevingar. Dei har betydning for identiteten, trivselen og sjølvforståinga til enkeltmenneska, og er ein ressurs i utviklinga av gode lokalsamfunn og gode næringar. I dag er breidda stor og verkemidla i kulturminnearbeidet mange, men i eit samfunn der endringstempoet er høgare enn nokon gong, blir det stilt store krav til at forvaltinga skal vere tydeleg og føreseieleg. Dette gjeld særleg i og omkring dei store byane. Samstundes kan nye miljøutfordringar verke direkte inn på korleis samfunnet vernar dei kulturhistoriske verdiane sine.

Klima- og miljøutfordringane må løysast både nasjonalt og internasjonalt

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne og utvikle regjeringas klima- og miljøpolitikk, og arbeider for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar. Klima- og miljøforvaltinga skal vere kunnskapsbasert. Det inneber at forvaltinga må ha kunnskap om miljøtilstanden, påverknader og drivkrefter, tiltak og verkemiddel. Mens klima- og miljøforvaltinga har det overordna ansvaret for å ha oversikt over miljøtilstanden, har alle sektorar eit sjølvstendig ansvar for å sikre at kunnskap om eigen påverknad på klima og miljø, og kunnskap om moglege løysingar og tiltak, blir ivareteke i forsking og anna kunnskapsproduksjon.

Kommunane og fylkeskommunane har ei nøkkelrolle i klima- og miljøarbeidet. Dei er for eksempel lokal forureiningsstyresmakt, planansvarlege for utbygging i kommunane, eigarar av ei rekkje bygningar, vegar og infrastruktur, ansvarlege for handtering av kollektivtrafikk og avfall, og dei gjennomfører mange offentlege anskaffingar.

Folketalet i Noreg veks raskt, særleg i og rundt dei største byane. Det kan gi nye og forsterka miljøutfordringar, men urbanisering gir òg nye moglegheiter. Det er viktig å få til ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Luftkvalitet, bu- og bustadmiljø, transportløysingar, rekreasjon og friluftsliv er alle omsyn som må sjåast i samanheng. Fortetting ved kollektivknutepunkt vil redusere transportbehov og styrkje grunnlaget for klimavennlege transportformer som kollektivtransport, sykkel og gange. Redusert arealpress er positivt for ei rekkje klima- og miljøutfordringar.

Samstundes skjer det strukturendringar i landbruket med auka stordriftsfordel i både jordbruks- og skogbrukssektorane. Klimagassutslepp og næringstap til vatn og luft frå auka produksjon krev målretta tiltak for å oppnå miljømåla. Gjengroing av kulturlandskapet gjer at viktige kultur- og naturverdiar går tapt. Berekraftig produksjon og forbruk må sikrast gjennom samarbeid med næringa.

Dei viktigaste miljøproblema – klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgifter – er globale. Internasjonalt samarbeid er nøkkelen til suksess i klima- og miljøarbeidet. Våre innanlandske miljøutfordringar er ein del av dei samla globale utfordringane. Skal vi løyse dei internasjonale miljøproblema må vi samstundes løyse våre eigne.

Med Parisavtala frå 2015 har alle statar teke på seg å melde inn eller fornye sine nasjonalt fastsette bidrag kvart femte år, i tråd med prinsippa i avtala om at nye bidrag vil utgjere ein progresjon og høgste moglege ambisjon.

I september i 2015 vart FNs universelle berekraftsmål vedtekne av FNs generalforsamling. Måla rettleier FN og medlemslanda i arbeidet med global fattigdom, sosiale rettar og jobbar, klima og miljø fram mot 2030. Berekraftmåla og Parisavtala dannar ei viktig ramme for Noregs nasjonale og internasjonale miljøarbeid, og begge er omtala nærare i denne proposisjonen.

Internasjonalt samarbeid under mellom anna Gøteborgprotokollen og betre teknologiar har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene til vårt land av sur nedbør, og samarbeid gjennom Montrealprotokollen har resultert i at ozonlaget no er i ferd med å bli tjukkare. I Kigali i 2016 vart det bestemt at Montrealprotokollen òg skal regulere dei sterke klimagassane hydrofluorkarbon (HFKar). Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen og Baselkonvensjonen er globale avtaler som gir redusert produksjon og bruk av miljøgifter og som regulerer grensekryssande transport av farleg avfall.

FN sin konvensjon om biologisk mangfald er eit svar på verdssamfunnet si bekymring over tapet av naturmangfald. Partslanda vedtok i 2010 måla for korleis verdas naturmangfald skal sikrast innan 2020 (Aichimåla). Desse måla er førande for Noreg sitt nasjonale og internasjonale arbeid på naturmangfaldområdet. Gjennomføring av Aichimåla har ei klar kopling til oppfølginga av FNs berekraftsmål.

Naturpanelet (IPBES, Intergovernmental Platform on Biodiversity and Ecosystem Services) er inne i ein viktig fase med avslutning av første arbeidsprogram i 2019. Norsk handlingsplan for naturmangfald, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet understrekar at det er viktig med kunnskap som underbyggjer dei vala samfunnet tek. Naturpanelets rapportar vil også vere viktige for utviklinga av nye globale miljømål etter 2020, og for nasjonal politikkutforming.

Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. FNs miljøprogram er ein sentral aktør for å bringe fram ny miljøkunnskap, utvikle internasjonal miljølovgiving og hjelpe land med gjennomføringa av nasjonal miljøpolitikk.

Eit døme er at FNs miljøforsamling (UNEA) no vurderer om dei regionale og globale regelverka og strategiane mot marin plastforsøpling og mikroplast er effektive. Rapporten skal leggjast fram på møte i miljøforsamlinga hausten 2017.

EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk og internasjonale miljøkonvensjonar dannar ofte utgangspunkt for gjennomføring av eit meir ambisiøst regelverk i EU. Ein stor del av EUs miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala, blant anna EUs kjemikalieregelverk REACH. Noreg deltek blant anna fullt ut i EUs klimakvotesystem.

Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtaler og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar. Regjeringas største internasjonale initiativ innan klima- og miljø er Klima- og skoginitiativet.

Dei globale miljøutfordringane inneber at miljøomsyn bør bli innarbeidde i andre delar av det internasjonale samarbeidet òg, til dømes internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Klima- og miljødepartementet arbeider for at bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Det grøne skiftet og grøn konkurransekraft i Noreg er òg knytt til det grøne skiftet og arbeidet med ein sirkulær økonomi i Europa.

Sentrale prinsipp i miljøforvaltinga

I forvaltinga for eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen står følgjande prinsipp sentralt:

  • Klima- og miljøpolitikken skal vere basert på kunnskap. Å hente inn kunnskap frå nasjonale kjelder som forsking, kartlegging og overvaking (og syntesar baserte på dette) står sentralt, men bidrag frå internasjonale kunnskapsprosessar som klimapanelet (IPCC) og Naturpanelet (IPBES) er òg viktig.

  • Føre var-prinsippet, som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet og kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten.

  • Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.

  • Forureinar betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO 2 -avgifta. Etter forureiningslova har forureinaren òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare skal berast av tiltakshavar. Kulturminnelova har føresegn om at tiltakshavar skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.