Klima- og miljødepartementet (KLD)

Prop. 1 S

(2017–2018)

Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde, og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale mål som speglar kva Noreg vil oppnå på området, og indikatorar for kvart mål som viser utviklinga over tid. Mål og indikatorar går fram av Miljøstatus.no.

Under følgjer ei nærare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla.

2.1 Naturmangfald

Nasjonale mål:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Naturmangfaldet er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda. Vel fungerande økosystem er ein føresetnad for stabilitet, velferd og vekst. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av planter. Naturen medverkar òg til verdiskaping og arbeidsplassar og opplevingar. Ein mangfaldig natur gir meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, blant anna klimaendringane.

Auka bruk av areal og naturressursar fører til eit betydeleg press på økosystema. Klimaendringane forsterkar dei negative effektane på ein allereie pressa natur. I Noreg påverkar klimaendringar allereie naturen negativt, særleg i havområda og i polare strøk. Arealbruk og omdisponering av areal er den faktoren som har størst påverknad på naturmangfaldet på land. Forureining, spreiing av framande organismar, overhausting og klimaendringar er andre viktige påverknader på naturmangfaldet. I havet er havforsuring ein viktig faktor.

Gjennom dei siste tiåra er det globale naturmangfaldet vesentleg redusert. Situasjonen i Noreg er meir positiv, men òg her finst det utfordringar. Naturindeksen for Noreg (sjå omtale i boks 2.1) viser at det er utfordringar i fleire hovudøkosystem, blant anna i våtmark i lågareliggjande og kystnære strøk, i havområda ved Svalbard, i Nordsjøen og i Skagerrak og i ope lågland (kulturbetinga naturtypar) i Sør-Noreg. Regjeringa har som ei oppfølging av naturmangfaldmeldinga satt i gang arbeid med å klargjere kva som er å rekne som god tilstand i dei ulike økosystema og å fastsetje forvaltingsmål. Regjeringa tek sikte på at ei forvalting basert på definerte mål for økologisk tilstand er på plass innan 2020.

Boks 2.1 Naturindeksen for Noreg

Naturindeksen for Noreg 2015 er basert på 301 indikatorar og viser tilstand og utviklingstrendar for naturmangfaldet i dei store økosystema havbotn, opne vassmassar i havet, kystvatn-botn og kystvatn-vassmassane, elver og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturbetinga naturtypar i ope landskap. Ny naturindeks vil bli presentert i 2020. Alle forskingsinstitusjonar som arbeider med naturovervaking er involverte i arbeidet, og i alt var 85 ekspertar involvert i oppdatering av naturindeks 2015. For meir informasjon om Naturindeksen sjå http://www.miljodirektoratet.no/no/Publikasjoner/2015/November-2015/Naturindeks-for-Norge-2015/.

For å hindre at arter og naturtypar i norsk natur blir utrydda, må vi ha spesiell merksemd på dei artene og naturtypane som er truga. Dette er arter og naturtypar der det er ekstremt høg eller høg risiko for at dei kan forsvinne frå norsk natur. Ei truga art eller naturtype er definert som ei art eller naturtype i ein av kategoriane kritisk truga, sterkt truga eller sårbar på Norsk raudliste for arter 2015 eller Norsk raudliste for naturtypar 2011. Tabell 2.1 gir ein oversikt over truga arter og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema.

Tabell 2.1 Talet på truga arter og naturtypar i hovudøkosystema

Hovudøkosystema i Noreg

Talet på truga arter

Talet på truga naturtypar

Hav og kystvatn

45

5

Elvar og innsjøar

166

5

Våtmark

174

11

Skog

1135

9

Fjell

83

1

Kulturlandskap (ope lågland)

1119

9

Polare område (Svalbard)

46

Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova, utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det er ei prioritert oppgåve å oppretthalde tilstanden i desse områda ved god forvalting. Om lag 17 pst. av fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat eller landskapsvernområde. Omtrent 80 pst. av det verna arealet på fastlandet blir forvalta av nasjonalpark- og verneområdestyra som består av representantar frå kommunar og fylkeskommunar som har tilknyting til verneområdet, i tillegg til representantar oppnemnd av Sametinget der det er aktuelt.

Om lag 75 pst. av nasjonalparkane, 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata ligg i fjellet. Om lag 35 pst. av arealet over 900 meter over havet er verna. Det finst naturtypar i fjellet som treng betre vern, men i hovudsak reknar ein målet om representativt vern av fjellet som oppnådd. Vel 4 pst. av skogen, under dette om lag 3 pst. av den produktive skogen, er no verna. Det er eit mål å verne 10 pst. av det totale skogarealet. Så sjølv om det er verna mye skog dei siste åra, har vi framleis eit stykke igjen for å nå dette målet. Produktiv skog har som hovudregel det største naturmangfaldet, så det blir arbeidd vidare for å verne slik skog. 15,7 pst. av våtmark, 13,6 pst. av elvar og innsjøar og 12,1 pst. av områda i ope lågland, under dette kulturlandskapet, er verna. Sjølv om omfanget av verna areal gir relativt god dekning for desse tre hovudøkosystema, er det framleis behov for å verne fleire naturtypar. Om lag 3,1 pst. av hav og kystvatn er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er oppnådd.

2.2 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål:

  • Eit mangfald av kulturminne, kulturmiljø og landskap skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

  • Kulturminne, kulturmiljø og landskap skal gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging medverke til berekraftig utvikling.

  • Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturminne, kulturmiljø og landskap.

I statsbudsjettet for 2017 varsla ein at departementet ville komme tilbake til Stortinget med forslag til nye nasjonale mål for kulturminnefeltet i statsbudsjettet for 2018.

Meir konkret vert følgande sagt om arbeidet med dei nye måla. «Dei nye måla vil både ta bare på behovet for istandsetjing, vedlikehald og høg fagleg standard på det antikvariske arbeidet, og samfunnsnytten med å ta vare på kulturarven.»

Dei nye nasjonale miljømåla for kulturminnefeltet, slik dei no er foreslått, inneberer ikkje nokon endring av ambisjonsnivået. Dei inneberer heller ikkje at måla blir brukte på nye område. Slik forslaget til dei nye, nasjonale måla er utforma, gjev dei auka fleksibilitet i arbeidet med å sikre at måla blir nådde, samtidig som dei legg eit godt grunnlag for å dokumentere og rapportere på samfunnsbidraget i kulturminnepolitikken.

Måla byggjer på prinsipp og omsyn i internasjonale konvensjonar og manifest, som Farokonvensjonen (Europarådets rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet), Den europeiske landskapskonvensjonen, FNs berekraftsmål og HUL (UNESCOs tilråding On the Historic Urban Landscape). Landskap er forstått som eit område der samspelet mellom natur og kultur er med på å gi det sitt særpreg. Måla på dette resultatområdet knyter seg til den kulturhistoriske dimensjonen i landskapet

Det vil i løpet av hausten 2017 bli utvikla indikatorar for dei tre nasjonale måla, som skal takast i bruk frå og med 2018. Dei nye nasjonale måla med indikatorar vil vere grunnlag for rapportering i Miljøstatus.no.

Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av samfunnet sitt kollektive minne. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnet si utvikling, om enkeltmennesket sitt liv og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og samfunnet gjennom tidene. Kulturminnepolitikken skal forvalte dei kulturhistoriske verdiane som eit kulturelt og miljømessig ressursgrunnlag for morgondagens samfunn.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer verdiar som gir stader særpreg og eigenart, og er ein ressurs i utvikling av gode lokalsamfunn og gode næringar. Døme viser at lokalsamfunn som tek i bruk kulturarven, skaper ei rekkje moglegheiter for befolkninga. Kulturarv kan vere eit konkurransefortrinn ved val av bustad, ved etablering av verksemder og ved utvikling av reiseliv. Kulturarv kan òg medverke til å skape attraktive miljø for utviklinga av ulike kultur- og tradisjonsprodukt innanfor for eksempel handverkstradisjonar, kunsthandverk og lokale matvarer.

I St. meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner vart det lagt fram ein opptrappingsplan for å nå dei førre nasjonale miljømåla om at freda kulturminne skal setjast i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. I oppfølginga av meldinga har Klima- og miljødepartementet organisert arbeidet i ti bevaringsprogram. I Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste som blei behandla i juni 2013, heldt eit samla Storting ved lag ambisjonane og måla frå Leve med kulturminner . Oppfølginga av arbeidet med bevaringsprogramma er framleis like viktig sjølv om dei føreslåtte nye nasjonale miljømåla for kulturminnefeltet ikkje lengre er knytte direkte opp mot årstal og eit fastsett tidsperspektiv.

Til trass for vesentleg styrking av dei statlege tilskotsordningane, er situasjonen i dag til dels prega av etterslep i istandsetjingsarbeidet. Dette bildet varierer likevel frå program til program. Istandsetjingsprogrammet for stavkyrkjer er sluttført i tråd med målet slik at innsatsen no kan konsentrerast om det fortløpande vedlikehaldet. Utfordringane med omsyn til etterslep er størst innanfor programmet for freda kulturminne i privat eige.

I statsbudsjettet for 2016 varsla Klima- og miljødepartementet at dei ti bevaringsprogramma ville bli gjennomgått som følgje av eit stort og aukande etterslep på fleire av bevaringsprogramma. Det er store variasjonar mellom programma som gjer at 2020-måla ikkje vil bli nådd for enkelte av dei.

Kunnskapsløftet vart i hovudsak fullført i 2017 med unntak av delprosjektet Kulturminner i kommunene som blir ført vidare. Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga og kulturminneportalen bidrar til å sikre eit solid kunnskapsgrunnlag for ei effektiv oppfølging av statlege forpliktingar, for politikkutvikling og for målretta bruk av ressursane på kulturminneområdet. Kunnskapsløftet/kulturminneportalen har medverka til å styrkje avgjerdsgrunnlaget i forvaltinga og medverke til å standardisere, forenkle og effektivisere arbeidsprosessar på tvers av forvaltingsnivåa.

Mange kommunar har oppdatert oversikt over eigne verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Rundt 300 kommunar har no vedteke eller er i gang med å utarbeide kulturminneplan. Gjennom satsinga kunnskapsløftet, som skjer i regi av Riksantikvaren, vil fleire kommunar få betre kunnskap om dette, og tapet av verneverdige kulturminne og -miljø kan reduserast.

Som oppfølging av Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken har Klima- og miljødepartementet sett i gang ei mangeårig satsing for oppfølging av verdsarvkonvensjonen med sikte på å auke kunnskapen om verdsarvkonvensjonen og styrkje den lokale forankringa ved blant anna å etablere verdsarvsenter ved dei norske verdsarvområda. Arbeidet med ein prioriteringsplan som vil bli lagt til grunn for den vidare framdrifta for arbeidet i perioden 2017 – 2026 vart sluttført hausten 2017. Så langt er det etablert verdsarvsenter ved fem av dei norske verdsarvområda; Bergkunsten i Alta, Vestnorsk fjordlandskap/Geiranger, Vegaøyan verdsarva, Røros bergstad og Circumferensen og industriarv Rjukan – Notodden. Klima- og miljødepartementet medverkar i eit internasjonalt samarbeid gjennom ei seksårig programsamarbeidsavtale (2016–2021) med IUCN og ICCROM om kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen.

Kulturminnefondet er den viktigaste verkemiddelordning for eigarar av verneverdige kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Kulturminnefondet har i 2016 fordelt 73,7 mill. kroner til 621 tiltak, som medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Dei fleste norske byar og stader har ein struktur – planlagt eller ikkje – som er prega av behov og ønskjer frå tidlegare tider. Det gjeld anten dei som opphaveleg kan sporast tilbake til mellomalder eller seinare. Både dei enkelte kulturminna og samansette kulturmiljø medverkar sterkt til lokalt særpreg og attraktivitet. Riksantikvarens bystrategi 2017 – 2020 vil vere eit hjelpemiddel ved forvalting av historiske bymiljø.

2.3 Friluftsliv

Nasjonale mål:

  • Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturopplevingar, og av at friluftsliv som regel ikkje har noko konkurranseelement. Spesielt viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurte arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Friluftslivet har ei sterk stilling i Noreg. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sitt liv.

Undersøkingar viser at forutan å få trim og bli i betre fysisk form er det først og fremst fred og ro, naturoppleving og det å komme ut i frisk luft folk ønskjer når dei går på tur. Ifølgje SSB sine Levekårsundersøkingar deltek meir enn 90 pst. av den norske befolkninga i friluftslivsaktivitet. I gjennomsnitt driv nordmenn med ein eller fleire friluftslivsaktivitetar meir enn 100 gonger i året. Fotturar er mest utbreidde, deretter følgjer utandørs bading.

Befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Befolkninga har likevel ein unik nærleik til grøntområde i høve til andre land vi kan samanlikne oss med. Samtidig er tilgangen til grøntområde avgrensa i dei store byane, der berre halvparten av befolkninga har trygg tilgang til leike- og rekreasjonsareal.

Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen er gratis, er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreidd i Noreg. Allemannsretten si sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Stadig fleire flytter til byar og tettstader, og då får naturen i og ved slike område ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar.

2.4 Forureining

Nasjonale mål:

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM 10 : 20 µg/m 3

    • Årsmiddel PM 2,5 : 8 µg/m 3

    • Årsmiddel NO 2: 40 µg/m 3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Alle har rett til eit miljø som trygger helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir teken vare på.

Utslepp i Noreg av helse- og miljøskadelege kjemikaliar stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, og utslepp frå produkt vi omgir oss med og frå avfallsstraumar. I tillegg kjem langtransportert forureining og spreiing frå forureina grunn og sjøbotn.

Miljøgifter er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som i liten grad blir brotne ned i naturen og som kan hope seg opp i organismar og næringskjeder. Nivået for enkelte miljøgifter er på veg ned og industriutsleppa er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land. Likevel er det behov for ein særleg innsats fram mot 2020 for å stanse bruk og utslepp av dei prioriterte miljøgiftene (www.miljostatus.no/prioritetslisten). Regjeringa la i 2015 fram ein handlingsplan for arbeidet med desse miljøgiftene.

Boks 2.2 Nærare om to av dei nasjonale måla for arbeidet med forureiningar

Forureining skal ikkje skade helse og miljø:

Forureining i denne samanhengen er å forstå som utslepp av stoff som kan gi skade på helse og/eller miljø, jf. definisjonar i forureiningslova. Det nasjonale målet dekkjer potensielt helse- og miljøskadelege forureiningar, også ved akutt forureining, der handtering og verkemiddelbruk i hovudsak er basert på risikovurderingar. Målet inneber at risiko for skade skal minimerast. Målet omfattar utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, langtransportert luftforureining og radioaktive stoff. Målet omfattar den delen av nullutsleppsmålet for petroleumsverksemd som gjeld oljekomponentar som ikkje er miljøfarlege, og tilsette kjemikaliar som ikkje har ibuande miljøfarlege eigenskapar, og naturleg førekommande radioaktive stoff.

Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast:

Nokre typar forureiningar eller stoff kan ha så alvorlege konsekvensar at dei i hovudsak blir handterte og regulerte etter sine ibuande eigenskapar. Utslepp av slike helse- og miljøfarlege stoff skal kontinuerleg reduserast med intensjon om å stanse utsleppa. Det langsiktige målet er å oppnå konsentrasjonar i miljøet nær bakgrunnsnivå for naturleg førekommande stoff og nær null for menneskeskapte stoff. For dei prioriterte miljøgiftene i den spesifikke prioritetslista, for tida vel 35 stoff og stoffgrupper, skal bruk og utslepp av desse miljøgiftene reduserast vesentleg med sikte på å stanse utslepp innan 2020. Målet omfattar òg nullutsleppsmålet for naturleg førekommande og tilsette miljøfarlege stoff frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemd, nokre radioaktive stoff, farleg avfall og radioaktivt avfall.

Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår. I overkant av 2000 grunnforureiningssaker er avslutta, og oppryddingstiltak er gjennomført på store og alvorlege grunnforureiningslokalitetar, i hovudsak etter pålegg av forureiningslova retta mot ansvarleg forureinar eller grunneigar. Arbeidet med forureina grunn vil likevel fortsette. Nye forureina lokalitetar dukkar ofte opp når industri blir lagt ned og arealbruken endra. Vi får òg stadig ny kunnskap om miljøgifter og bransjar, som gjer at det blir avdekka fleire område med forureina grunn. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006. Arbeidet med å rydde opp er godt i gang i fleire område, og mange område er ferdig rydda. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 4 ferdig rydda, 1 er nær ferdig, og 1 er venta ferdig i 2017. I tillegg er større delområde på andre av dei 17 prioriterte områda ferdig eller under opprydding no. Utover desse 17 områda blir det arbeidd med undersøkingar og tiltak ved ei rekkje industrifjordar, skipsverft og i store hamner.

For petroleumsverksemda er det eit mål at utslepp til sjø av dei mest miljøfarlege tilsette kjemikaliane skal stansast og at utslepp av naturleg førekommande prioriterte miljøgifter skal stansast eller minimerast. Når det gjeld olje og andre stoff, er målet ingen utslepp eller minimering av utslepp som kan gi skade, jf. Meld. St. 35 (2016 – 2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet . Dette nullutsleppsmålet gjeld for heile den norske sokkelen. For tilsette miljøfarlege kjemikaliar har målet vore sett på som nådd. Dei siste par årene er det likevel rapportert om auka utslepp av desse stoffa. For olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn er det framleis behov for tiltak for å nå målet.

Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller sikrast god nok nasjonal behandlingskapasitet. I dag blir nær alt farleg avfall gjenvunne eller levert til godkjent behandling. Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar òg til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall.

Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane vil auke på lang sikt om ein ikkje lykkast med å førebyggje avfall. Dei seks siste åra har auken i mengda avfall frå hushalda i snitt vore mindre enn volumauken i forbruket. Ressursane i avfallet skal takast vare på og nyttast om igjen i størst mogleg grad ved ombruk, materialgjenvinning og energigjenvinning. I dag vert meir enn 80 pst. av avfallet material- eller energigjenvunne.

Kunnskapen om marin forsøpling og mikroplast aukar og denne miljøtrusselen har stor merksemd i Noreg og internasjonalt. Ei god avfallsbehandling er viktig for å førebyggje marin forsøpling. Sjølv om avfallsystemet i stor grad fungerer godt i Noreg, er det likevel behov for ytterlegare tiltak mot marin forsøpling. Viktige kjelder til marin forsøpling i Noreg er plastavfall frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og avfall frå forbrukarar. Det blir òg arbeidd med tiltak mot ulike kjelder til spreiing av mikroplast slik som dekkslitasje, kunstgrasbanar og maling.

Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til utfasing av bruk av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen. Hydrofluorkarbon (HFKar) utgjer i dag omlag 1 pst. av dei globale klimagassutsleppa, og er den gruppa gassar som er i sterkast vekst i verda. Om ikkje veksten vert avgrensa, vil HFK-gassane kunne stå for opptil 0,5 grader oppvarming innan slutten av dette hundreåret. På partsmøtet under Montrealprotokollen i Kigali i oktober 2016 vart det vedteke at protokollen òg skal regulere HFK. Meir om dette under programkategori 12.20.

Internasjonale avtaler har redusert tilførslene av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover utan ytterlegare reduksjonar. Verdas Helseorganisasjon anslår at sju millionar menneske årleg dør for tidleg på grunn av luftforureining, av desse 400 000 i Europa. Nasjonalt har Noreg redusert sine utslepp av svoveldioksid, nitrogenoksid og flyktige organiske sambindingar i tråd med dei internasjonale forpliktingane i Gøteborgprotokollen og i EØS-avtala. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for å overhalde forpliktingane i dei internasjonale avtalene.

Både for svevestøv og NO 2 er det fastsett juridisk bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta. Grenseverdien for svevestøv vart stramma inn frå 1. januar 2016. Frå 1. januar 2017 blei det nasjonale målet for lokal luftkvalitet endra i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129.

Nivåa av svevestøv (PM 10 ) viser ein nedgåande trend sidan 2004. I 2016 hadde likevel Narvik og Tromsø overskridingar av døgngrenseverdien for PM 10 . Det nasjonale målet for PM 10 vart i 2016 overskride i fem byområde (Oslo, Fredrikstad, Tromsø, Drammen og Mo i Rana). Det var ingen overskridingar av grenseverdien for PM 2,5 i 2016, men Oslo, Stavanger, Bærum og Sarpsborg overskreid det nasjonale målet. Dei fleste stadene har konsentrasjonane av nitrogendioksid (NO 2 ) vore stabile gjennom det siste tiåret. I Oslo og Bergen vart grenseverdiane for årleg gjennomsnittskonsentrasjon og timesmiddel for NO 2 overskridne i 2016. Det nasjonale målet for NO 2 blir berre overskride i dei største byane. I 2016 gjaldt dette to bykommunar (Bergen og Oslo). Lillesand og Sør-Varanger hadde for høge døgnmiddelkonsentrasjonar av svoveldioksid (SO 2 ). I Sør-Varanger vart både grensene for talet på tillatne døgn og timar overskridne. I tillegg vart målsetjingsverdien for nikkel overskriden i Kristiansand i 2016.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999 er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2014. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til befolkningsvekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og befolkningsvekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarar kvifor vi samtidig opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag, og står for over 80 pst. av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Utviklinga viser at det kan bli vanskeleg å nå det fastsette målet for støy i 2020.

2.5 Klima

Nasjonale mål:

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Noreg har på vilkår teke på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Politisk mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar. Noregs mål for 2020 blir følgt opp under Kyotoprotokollen, mens 40-prosentsmålet for 2030 er meldt inn til FN som Noregs bidrag under Parisavtala og lovfesta i klimalova. Målet om at Noreg skal bli et lågutsleppssamfunn i 2050 er lovfesta i klimalova. Vidare omfattar resultatområdet internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.

Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012)), og Stortingets behandling av stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015), av Meld. St. 13 (2014–2015)), og stortingsmelding om klimatilpassing i Norge (Meld. St. 33 (2012 – 2013)), og av proposisjon om samtykke til ratifikasjonen av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)) og Lov om klimamål (klimaloven) av 16.6.2017.

I Statistisk sentralbyrås foreløpige utsleppsrekneskap var Noreg sine utslepp i 2016 på 53,4 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, 0,5 mill. tonn lågare enn året før. Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 56,8 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, men har sidan blitt redusert noko. Dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg økonomisk vekst og folketalsvekst. Utsleppa per innbyggjar har gått ned frå 12,2 tonn i 1990 til 10,2 tonn i 2016, ein reduksjon på 17 pst. Dei samla utsleppa ligg likevel framleis 1,7 mill. tonn (3,3 pst.) over 1990-nivået. Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgt av industri og vegtrafikk. Sjå nærare i tabell 2.2.

Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar. Mill. tonn CO 2 -ekvivalentar (foreløpige tal for 2016)

Mill. tonn 2016

Endring i pst.

Sidan 1990

2015–2016

Utslepp frå norsk territorium

53,4

3,3

-0,9

Av dette:

Olje- og gassutvinning

14,9

80,4

-1,6

Industri og bergverk

11,7

-40,3

-1,6

Vegtrafikk

9,9

27,8

-3,6

Luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m.

6,5

18,2

2,5

Jordbruk

4,6

-4,2

1,1

Energiforsyning

1,7

302,2

-2,2

Oppvarming i andre næringar og hushald

1,2

-55,8

2,0

Andre kjelder

3,0

10,3

4,9

Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Regjeringa fører ein offensiv klimapolitikk for å redusere Noregs utslepp og har blant anna forsterka klimaforliket på ei rekkje område. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid er ein strategi for korleis 2030-målet kan nåast. Reduksjonar fram mot 2020 vil òg medverke til å nå dei meir langsiktige klimamåla. Samtidig vil ei rekkje tiltak som no blir sette i verk, først bli synlege i utsleppsreduksjonar på lengre sikt, og medverke både til 2030-målet og til målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Under Kyotoprotokollen har Noreg teke på seg ei utsleppsforplikting som inneber at Noreg skal syte for at dei årlege utsleppa av klimagassar i perioden 2013–2020 i gjennomsnitt er 16 pst. lågare enn Noregs utslepp i 1990. Kyotoprotokollen etablerer på denne måten eit utsleppsbudsjett for perioden 2013–2020 som er i tråd med 2020-målet om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar i 2020 tilsvarande 30 pst. av norske 1990-utslepp.

Kyotoprotokollen opnar for at nasjonale tiltak kan supplerast med tiltak i andre land. Slikt samarbeid skjer innanfor ramma av regelverket for Dei fleksible mekansimane i Kyotoprotokollen. Det er etablert eit system for kontroll med utsleppsrekneskapen under denne ordninga. Kontrollen med prosjektsamarbeid i utviklingsland under Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) er svært detaljert. Såleis må kvart enkelt prosjekt godkjennast av FN og kvotar blir først utstedt når verknaden av tiltaket er dokumentert. Noreg nyttar utsleppsreduksjonar frå Den grøne utviklingsmekanismen som eit supplement til nasjonale tiltak, jf. omtale under kapittel 1481.

Klimaforliket frå 2008 gir ein ambisjon for kor stor del av 2020-målet som skal oppfyllast gjennom innanlandske utsleppsreduksjonar. Ambisjonen er å redusere dei innanlandske utsleppa i 2020 frå eit berekna nivå på 60,6 mill. tonn og ned til 46,6–48,6 mill. tonn. Sjå boks 2.3 for ei nærare forklaring av dette.

Boks 2.3 Ambisjonen for innanlandske utsleppskutt mot 2020

I klimaforliket frå 2008 vart det lagt til grunn at det kunne vere realistisk å ha eit mål om å redusere dei innanlandske klimagassutsleppa med 15–17 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2020, samanlikna med referansebanen slik den vart presentert i Nasjonalbudsjettet 2007, når nettoopptak i skog vart inkludert med 3 mill. tonn CO 2 i eit norsk utsleppsregnskap for 2020. Dette vart i samband med behandlinga av energimeldinga (Innst. 401 S (2015–2016)) operasjonalisert, og det står at dei innanlandske utsleppa ikkje skal overstige 45–47 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2020. For å ta omsyn til blant anna endringar i retningslinjene for utsleppsberekningar vart dette sidan teknisk justert slik at intervallet no er endra til 46,6–48,6 mill. tonn (sjå KLDs budsjettproposisjon, Prop. 1 S (2016–2017)). Dette inkluderer ikkje skog. Eventuelle bidrag frå opptak i skog ville kome i tillegg og auke ambisjonsnivået utover dette. Med Kyotoprotokollens bokføringsreglar får Noreg nytte ein avgrensa del av opptaket i skogen til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020. Utslepp frå avskoging m.m. gjer òg at vi samla sett ikkje ventar at sektoren vil medverke til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020.

Ambisjonen om nasjonale utsleppsreduksjonar i 2020 i klimaforliket frå 2008 var basert på SFTs tiltaksanalysar (no Miljødirektoratet), eksisterande verkemiddelbruk, og dei sektorvise klimahandlingsplanane. Det vart samtidig presisert at dei sektorvise måla var baserte på anslag og at dei ville måtte revurderast dersom endringar i framtidige prognosar, kostnader, teknologiutvikling eller andre vesentleg endra føresetnader skulle tilseie det. I både klimaforliket frå 2008 og 2012 vart det peikt på at uvissa er stor når det gjeld den økonomiske og teknologiske utviklinga og når det gjeld effekten av verkemiddel. I klimaforliket frå 2012 vart det understreka at teknologiutviklinga, kostnadene ved klimatiltak, befolkningsveksten, den økonomiske veksten og utsleppsutviklinga innanfor petroleumssektoren ville ha betydning for når ambisjonen blir nådd.

På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Sjå del II, Oppfølging av oppmodingsvedtak, for meir informasjon.

Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn forpliktingar på bestemte vilkår på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for at dette skal skje gjennom ei felles oppfylling av klimamåla. Ei slik avtale mellom Noreg og EU vil innebere at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem (kvotepliktig sektor). Noreg vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Ei avtale med EU vil innebere at Noreg får eit nasjonalt utsleppsmål for ikkje-kvotepliktig sektor på linje med samanliknbare EU-land. EU har etablert fleksibilitetsmekanismar som mellom anna opnar for samarbeid mellom land om oppfylling av utsleppsmål i ikkje-kvotepliktige sektorar. Det er òg opna for at nokre land kan konvertere kvotar dei disponerer i bedriftskvotesystemet til utsleppseiningar som kan nyttast til å nå mål for ikkje-kvotepliktige sektorar. I samsvar med drøftinga i Meld. St. 41 (2016 – 2017) legg regjeringa opp til at Noreg vil nytte seg av denne fleksibiliteten.

Dersom Noreg ikkje får i stand ei avtale med EU om felles oppfylling, har Noreg meldt til Klimakonvensjonen at ein vil nytte fleksible mekanismar i samsvar med vilkåra for samarbeid som blir etablert under artikkel 6 i Parisavtala.

Regjeringa vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag til Parisavtala for perioden 2021–2030, og komme tilbake til Stortinget med dette i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.

Parisavtala vil utgjere ei sentral ramme for nasjonal og internasjonal klimainnsats i tida framover. Reduserte utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland, kvotekjøp og kortliva klimaforureiningar er blant dei andre innsatsområda som Noreg prioriterer for å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt.

Parisavtalas mål om å avgrense den globale temperaturauken til godt under to grader og søkje å avgrense oppvarminga til 1,5 grader Celsius ligg til grunn for norsk klimapolitikk. Ifølgje FNs klimapanel utviklar dei globale utsleppa seg på ein måte som vil føre til at temperaturauken vil overstige to grader, og verda risikerer svært alvorlege, irreversible konsekvensar. Arbeidet med å bringe utsleppsutviklinga i tråd med det globale temperaturmålet føreset i realiteten at dei aller fleste landa må redusere sine utslepp samanlikna med nivået i dag. Dei største utsleppslanda må redusere eller avgrense utsleppa betydeleg.

For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er meint eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er redusert for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtala. Målet skal vere at klimagassutsleppa i 2050 blir reduserte i storleiksordning 80 til 95 pst. frå utsleppsnivået i referanseåret 1990. Ved vurdering av måloppnåing skal det takast omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske klimakvotesystemet for verksemder.

Klima- og skoginitiativet er eit resultat av klimaforliket i 2008, og vart ført vidare i forliket i 2012. Klima- og skoginitiativet har som mål å nå kostnadseffektive, tidlege og målbare utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av tropisk skog. Satsinga har inngått partnarskap med ei rekkje sentrale skogland, og er no inne i ein fase med implementering og gjennomføring. I 2018 er det venta resultatbaserte utbetalingar til Brasil, Colombia og Guyana, potensielt også til Indonesia og Peru. Samarbeidet med Indonesia har til tross for betydeleg forseinkingar hatt lovande framgang i 2016 og 2017, og dette er venta å halde fram i 2018. I 2016 vart det etablert eit moratorium mot øydelegging av skog på torvmyr, og det vart oppretta eit torvmyrdirektorat. I Etiopia er fase I av samarbeidet avslutta, og ei avtale om fase II vart inngått i 2017 der investeringar for berekraftig utvikling, skogbevaring og skogrestaurering står sentralt. Vidare vart fondet &green etablert, med mål om å generere næringslivsinvesteringar i berekraftig, avskogingsfri produksjon av varer. I 2017 vert utbetalinga frå Noreg til Brasil redusert kraftig. Landet er inne i ein politisk og økonomisk krise. Krisa har mellom anna resultert i reduserte budsjett til tiltak som hindrar avskoging, og avskoginga har auka samanlikna med året før. Sjølv om situasjonen er alvorleg er avskoginga i skogåret 2016 60 pst. lågare enn gjennomsnittlig årleg avskoging mellom 1996 og 2005, perioden før Brasil sette i gang store tiltak for å redusere avskoginga. Noreg har uttrykt bekymring over utviklinga, og brukar skogsamarbeidet aktivt for å snu utviklinga, både gjennom politisk dialog og støtte til Amazonasfondet og andre reformkreftar.

Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane. Klimaet endrar seg allereie, og endringane vil påverke både natur og samfunn. Nye klimaframskrivingar presenterte i rapporten Klima i Norge 2100, gir oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane kan bli i Noreg i åra framover. Framskrivingane i rapporten har teke utgangspunkt i ulike utsleppsscenario, og viser at vi med ein framhalden rask auke i klimagassutsleppa blant anna må vente ein markant auke i temperaturen, og at styrtregnepisodane kjem oftare og kraftigare. Tilsvarande kan regnflaumane førekomme hyppigare og større, og på grunn av stigande havnivå vil fleire område som ikkje er utsette for overfløyming ved stormflod i dag, kunne bli utsette for dette i framtida.

Rapporten viser òg at med reduserte klimagassutslepp vil klimaendringane bli betydeleg mindre.

Det er gitt ein utfyllande omtale av status på klimatilpassingsarbeidet i denne proposisjonen del III kap. 8.4.

2.6 Polarområda

Nasjonale mål:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvalting.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Arktis og Antarktis har framleis store, tilnærma urørde naturområde, eit unikt og sårbart biologisk mangfald, ein verdifull kulturarv og stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving.

Eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den unike naturen i ei av Europas siste villmarker. Dette målet saman med dei meir spesifikke måla for miljøvernet på Svalbard har vore styrande for miljøvernforvaltinga i lenger tid og er stadfesta i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard . På Svalbard er 65 pst. av landområdet og 87 pst. av territorialfarvatnet freda som naturreservat og nasjonalparkar. Jan Mayen og territorialfarvatnet er freda som naturreservat.

Ein aktiv miljøpolitikk og eit effektivt regelverk skal sikre at Svalbard med tilgrensande hav- og drivisområde framleis skal vere lite påverka av lokal aktivitet, og halde fram med å vere eit stort, samanhengande villmarksområde.

Klimaendringane fører til at havisen minkar, og leveområda for mange av dei isavhengige artene vi finn i Arktis i dag, som isbjørn og sel, vert reduserte. Den raske oppvarminga aukar òg faren for at fleire nye arter kan få fotfeste på Svalbard og i dei arktiske havområda. Når nye hav- og kystområde bli isfrie, og meir tilgjengelege, så kan det føre til auka ferdsel og annan aktivitet som påverkar dyrelivet ytterlegare.

Endringar i permafrost endrar òg stabilitet i gamle deponi og påverkar korleis forureining spreier seg i grunnen.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Søppelet finst i strandsona, på sjøbotnen og flytande i og under havoverflata, ofte som fragment og mikropartiklar. Det kan føre til alvorlege skadar på dyr.

Mindre is og villare vêr gir større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nært sjøen, står i fare for å rase i havet. For kulturminne med særleg høg kulturhistorisk og/eller opplevingsverdi vil det vere aktuelt å setje i gang førebyggjande tiltak for å motverke ròteskadar eller erosjon. Målet er sikring av dei kulturminna med høgast prioritet i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023. For enkelte særleg verdifulle kulturminne som står i fare for å gå tapt, er det aktuelt å utføre dokumentasjon eller arkeologisk naudutgraving.

Endringane i Arktis skaper utfordringar som òg må handterast gjennom internasjonalt samarbeid. Noreg skal medverke til ei heilskapleg tilnærming for å handtere desse utfordringane gjennom aktiv norsk deltaking i Arktisk råd og rådets arbeidsgrupper. I 2017 vedtok Arktisk råd eit felles mål for reduksjon av svart karbon. Meir om dette under programkategori 12.20.

Noreg og Russland har felles ansvar for forvalting av miljø, arter og naturressursar i Barentshavet og grenseområda. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland, tufta på gjensidig interesse, står sentralt i regjeringas nordområdepolitikk. Noreg vil halde fram med overvaking av miljøtilstanden i grenseområdet og påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa.

Barentssamarbeidet er viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen.

Antarktistraktaten og Miljøprotokollen peikar ut Antarktis til eit verneområde vigsla til fred og vitskap. Siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med Antarktistraktaten og Miljøprotokollen. I Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis , er det slått fast at Noreg framleis vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samanheng med den viktige stillinga som dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar. Norsk forskings- og overvakingsaktivitet skal framleis vere heilt sentral i norsk nærvær og aktivitet i Antarktis og havområda omkring.