Klima- og miljødepartementet (KLD)

Prop. 1 S

(2017–2018)

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 10,453 mill. kroner i 2018 mot 10,379 mill. kroner i 2017. Dette er ein netto auke på om lag 74 mill. kroner, eller 0,7 pst. frå saldert budsjett 2017.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet åleine gir ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringas samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering.

Viktige klimapolitiske satsingar ligg også under andre departements budsjett. Sjå pkt. 4.2 for ein nærare omtale av regjeringas prioriteringar innanfor klima.

Regjeringa ønskjer ei heilskapleg satsing for å synleggjere norske, grøne løysingar for auka eksport og for å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Innovasjon Noreg skal etablere eit samarbeid med privat næringsliv med dette som mål. Klima- og miljødepartementet gav i 2017 Innovasjon Noreg 4 mill. kroner i støtte til å førebu satsinga med sikte på full oppstart i 2018. For 2018 er det føreslått 10 mill. kroner til satsinga, sjå nærmare omtale under kap. 1400 post 50.

Regjeringa foreslår at det blir sett av 20 mill. kroner i 2018 til å styrkje forskingsinnsatsen på klima, som kan støtte opp under arbeidet med å oppfylle norske klimamål fram mot 2030. Satsinga skal ha særleg merksemd på ikkje-kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største.

Regjeringa vidarefører midlar til forsking som skal nyttast til kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav, under dette gjennomføring av pilotprosjekt for å betre tilstanden i kystmiljøet.

Arbeidet med internasjonale klima- og utviklingstiltak er auka i 2018. I tråd med regjeringas og Stortingets føringar for Klima- og skoginitiativet er det inngått avtaler som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar. I 2018 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for om lag 30 mill. tonn CO 2 i utsleppsreduksjonar i Brasil, Colombia, Guyana og Indonesia, og potensielt òg i Peru. I 2018 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å satse på berekraftig utvikling i partnarlanda, og å auke privat næringsliv sin innsats for redusert avskoging.

Klima- og skoginitiativet blir styrkt opp til eit nivå på 3 mrd. kroner i 2018, ein auke på 118,2 mill. kroner jf. saldert budsjett 2017. I tillegg vil satsinga òg ha ei tilsegnsfullmakt på 2 mrd. kroner.

Ordninga med tilskot til kommunale klimatiltak, Klimasats, er vidareført med 102,5 mill. kroner for 2018. Regjeringa foreslår òg å vidareføre tilskotsordninga for klimatilpassing. Ordningane blir administrerte av Miljødirektoratet.

FNs klimapanel legg eit felles fagleg grunnlag for det internasjonale klimaarbeidet og oppfølging av Parisavtala. Klimapanelet har over fleire år hatt ein krevjande økonomisk situasjon. Enkeltland har varsla at bidraga vil bli betydeleg reduserte i 2018. Fleire land arbeider no for å auke sine tilskot for å kompensere for reduserte tilskot frå enkeltland. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til FNs klimapanel sitt arbeid i 2018 med 10 mill. kroner. Auken er foreslått fordelt med å tilføre 7 mill. kroner til å auke kontingent til FNs klimapanel i 2018, og 3 mill. kroner for å kunne støtte Miljødirektoratets arbeid med FNs klimapanel.

Sekretariatet for FNs klimakonvensjon gjer eit naudsynt arbeid for å støtte gjennomføring av Klimakonvensjonen og Parisavtala. Klima- og miljødepartementet vil styrkje sekretariatets arbeid for å understøtte forhandlingsmøte og gjennomføring av avgjerder under klimakonvensjonen og Parisavtala med 10 mill. kroner. Dette kjem i tillegg til at Utanriksdepartementet vil vidareføre si eksisterande støtte til sekretariatet.

I tillegg vil Klima- og miljødepartement prioritere arbeidet med å utvikle konkret regelverk under Parisavtala og auke støtta til internasjonalt samarbeid som understøttar arbeidet med ytterlegare 5 mill. kroner i 2018, slik at samla støtte til dette arbeidet blir på 8 mill. kroner.

Det blir foreslått å løyve 180 mill. kroner til kjøp av klimakvotar i 2018. For 2018 foreslår Klima- og miljødepartementet ei fullmakt på 1,9 mrd. kroner.

Foreslåtte løyvingar til CO 2 -kompensasjonsordninga i 2018 utgjer omlag 496 mill. kroner.

Arbeidet med å hindre og å rydde opp i forureiningar er langsiktig. Det grunnleggjande arbeidet med forvalting av nasjonalt regelverk og løyvingar til tiltak for å motverke forureiningar blir ført vidare. Ny kunnskap om omfanget og konsekvensane av marin forsøpling gjer at innsatsen for å hindre slik forureining blir trappa opp, både gjennom betre avfallshandtering og frivillige oppryddingstiltak.

I budsjettforliket for 2017 vart det semje om å innføre ei tilskotsordning som skal sikre auka innlevering og forsvarleg behandling av kasserte fritidsbåtar. Det vart semje om å tildele 300 mill. kroner til saman til auka kassering av fritidsbåtar, tilskot til kassering av nye kategoriar køyretøy, og tilskot til utskifting av varebilar med bensin- eller dieselmotor med nye nullutsleppsvarebilar. Desse midla vidareføres i 2018.

Regionreforma inneber store endringar for kulturminneforvaltinga og førebuingane til gjennomføringa av dette reformarbeidet vil vere eit hovudinnsatsområde i 2018 og i åra fram mot 2020. Fleire førstelinjeoppgåver som i dag blir løyste av Riksantikvaren, skal frå 2020 overførast til og løysast av den regionale kulturminneforvaltinga. Parallelt med dette endringsarbeidet arbeider Riksantikvaren òg med å vidareutvikle og tydeliggjere si rolle som direktorat. Den fleirårige satsinga gjennom Kunnskapsløftet (2011 – 2017) vil saman med dei andre elementa i dette reformarbeidet medverke til å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltinga.

Forvaltinga av dei norske verdsarvområda inneber særlege forpliktingar. Oppfølginga av autorisasjonsordninga for verdsarvsenter som inngår som ein del av den fleirårige satsinga med sikte på å etablere verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda, (jf. Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken ) er konkretisert gjennom ein prioriteringsplan for perioden 2017 – 2026. Verdsarvsentra er viktige for å auke kunnskapen om verdsarven og for å styrkje den lokale forvaltinga. Utviklinga av dei fem autoriserte verdsarvsentra i Alta, på Vega, i Geiranger, i Røros og Circumferensen og på Rjukan/Notodden vil bli prioritert.

Internasjonal kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit anna innsatsområde som er prioritert innanfor verdsarvpolitikken. Klima- og miljødepartementet har inngått ei seksårig programsamarbeidsavtale (2016 – 2021) med IUCN og ICCROM med dette som mål.

Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk og i Meld. St. 18 (2016 – 2017) Bærekraftige byer og sterke distrikt , er det vektlagt at kulturminne og kulturmiljø er ein viktig ressurs i byutviklinga. Bymiljø og byutvikling er tverrfaglege tema som er gitt prioritet i budsjettet for 2018.

Forvaltninga av statens eigedommar, som vart kjøpt i 1980 etter kopparverket på Røros, skal overførast til Statsbygg. Dette skal sikre at byggningane blir i samsvar med myndigheitskrav, at staten etterlever forpliktingane etter verdsarvkonvensjonen og at vidare bruk og bevaring av eigedommane er i tråd med fredingsformålet. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST) skal utføre antikvarisk istandsetjing og vedlikehald på eigedommane, som ledd i museet si forsking, dokumentasjon og formidling av bergverksverksemda.

Hovudinnretninga for arbeidet med vern og berekraftig bruk av naturen ligg i vidare oppfølging av Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet , og Stortingets behandling av meldinga.

Midlar til arbeidet med å betre kunnskapen om naturmangfaldet gjennom kartlegging, overvaking og forsking blir vidareført på omtrent same nivå som i 2017. I 2018 vil arbeidet med å klassifisere økosystema og fastsetje forvaltingsmål for tilstand bli ein viktig del av arbeidet med å betre kunnskapen.

Arbeidet med rovvilt vil følgje opp rovviltforlika frå 2004 og 2011, Stortingets handsaming av Meld. St. 21 (2015 – 2106) Ulv i norsk natur og lovproposisjon 63 Endringer i naturmangfoldloven (om felling av ulv m.m.) . Tilleggsløyvingane i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 (jf. Prop. 129 S og Innst. 401 S (2016 – 2017), er ført vidare med 20 mill. kroner til kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold, 4,1 mill. kroner til merking av ulv og 3,3 mill. kroner for å byggje opp auka kapasitet i Statens naturoppsyn til å følgje opp ulvesaker.

Det vart i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 òg løyvd 11,7 mill. kroner for å hindre spreiing av skrantesjuke hos hjortevilt. Denne innsatsen blir i 2018 auka med 6,9 mill. kroner til 18,6 mill. kroner. I 2018 skal alle dyra i Nordfjella villreinområde, sone 1, avlivast, og deretter skal ein førebu etablering av ein ny villreinstamme i området.

Klima- og miljødepartementet går inn for at Snøheimvegen ikkje blir fjerna og tilbakeført naturen, men blir liggjande slik at trafikken inn mot Snøheim framleis kan skje med skyttelbuss, sjå omtale under overskriften «Oppfølging av oppmodningsvedtak» etter omtale av programkategori 12.20 i Del II. Ein viktig føresetnad for dette er at det blir sikra stabil drift av skyttelbuss på vegen i overskodeleg framtid, og at omfanget av anna ferdsle på vegen (til fots og med hundespann, sykkel og bil) haldast lågt for å unngå hindringar for villreintrekket. Det er sett av 2 mill. kroner til eit fond for vedlikehald av vegen, som også skal fungere som underskotsgaranti for bussdrifta.

Til forsking og utgreiingar i Tanavassdraget er det lagt inn 1,5 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til vern av skogområde med 49,5 mill. kroner for å skaffe midler til andre føremål. Arbeidet med å verne skogområde vil likevel ha stort omfang i 2018 som ledd i oppfølginga av Stortingets vedtak i 2016 om vern av 10 pst. av skogarealet. Av same årsak er løyvinga til generell vassforvatning redusert med 33,1 mill. kroner. Arbeidet med å gjennomføre tiltaka i vassforvaltingsplanane blir likevel vidareført slik at dei vedtekne måla i planane kan bli nådde i 2021. Òg budsjettet for tilskot til tiltak for truga arter og naturtypar er redusert med 12,5 mill. kroner for å prioritere andre føremål i budsjettet.

I tillegg skuldast nokre reduksjonar innafor naturmangfaldområdet at føremåla er ferdigstilte, slik som at løyvinga på 52,7 mill. kroner til nasjonalparkplanen frå 1992 er teken ut ettersom planen er ferdigstilt, og at 19 mill. kroner til fiskesperre i Driva er teken ut fordi sperra vart ferdigstilt i 2017. Òg eingongsløyvinga i 2017 på 10 mill. kroner til laksetrapper i Vefsna er teken ut, mens løyvinga til erstatning av rovviltskadar er redusert med 8 mill. kroner grunna lågare tap dei siste åra. Som ei teknisk endring er 6 mill. kroner i utgifter til seks forvaltarstillingar i verneområda førte over frå Miljødirektoratet til fylkesmannens eige budsjettkapitel under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa vil vidareføre løyvingane til friluftsliv på same nivå som i 2017. I 2017 ble løyvinga til friluftsliv kraftig styrka.

Regjeringa vil i 2018 vurdere å opprette ein eller fleire nye einingar av skjergardstenesta nord for Hordaland, og vurdere å utvide skjergardstenesta sine oppgåver, mellom anna når det gjeld oppsyn og fjerning av marint søppel.

Regjeringa vil vidareutvikle ordninga med Nasjonale Turiststiar, med sikte på å betre tryggleiken og medverke til at opplevings- og naturverdiar blir tekne vare på. Tilskotsordninga for Nasjonale Turiststiar er styrkt med til saman 3 mill. kroner, til 10,5 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å overføre ansvaret for Meteorologisk institutt (MET) og Artsdatabanken frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet. Samla gir dette ein auke på Klima- og miljødepartementets budsjett på 497,9 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2017.

Effektivisering m.m

Regjeringa vil byggje sin politikk på effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. Som i næringslivet er det òg i offentleg forvalting eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skapar handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har òg godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overførde til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Klima- og miljødepartementet inneber dette reduksjonar på om lag 16,4 mill. kroner på driftspostane.