Klima- og miljødepartementet (KLD)

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemidlar på resultatområda omtalt i kapittel 2 og verkemidlar innanfor andre departementers ansvarsområder.

Dette kapittelet samanfattar heilskapen i regjeringas klima- og miljøinnsats, under dette klima- og miljørelevante satsingar i andre departement, og ei omtale av regjeringas prioriteringar innanfor klima.

Miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samtidig er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå miljømåla.

4.1 Klima- og miljørelevante prioriteringar i statsbudsjettet

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet omfattar innsats på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne- og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og dempe klimaendringar og negative effektar av klimaendringane.

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet syner mellom anna at regjeringa satsar på klimatiltak for å redusere klimagassutsleppa. Samla sett er styrkinga av budsjettet på meir enn 1,3 mrd. kroner fordelt på fleire departement. Regjeringa sine satsingar på Klima- og miljødepartementets budsjett utgjer 219 mill. kroner. Regjeringa foreslår å opprette investeringsselskapet Fornybar AS og tilfører selskapet 400 mill. kroner i investeringsrammekapital. Påskjøningsavtaler, bymiljø- og byvekstavtaler blir styrkt med over 461 mill. kroner.

Regjeringa vil halde fram med å sikre langsiktige og klare rammevilkår for næringsliv, kommunar og enkeltmenneske som legg til rette for grøne vegval. For ei samla nærare omtale av dei ulike departementas klima- og miljøpolitikk, sjå kapittel 8 i inneverande proposisjon. Alle departementa har òg ei eiga klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.

Tabell 4.1 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2018 under Klima- og miljødepartementet (auke frå saldert budsjett 2017)

(i 1000 kroner)

Utgifter

Forsking på lågutsleppssamfunnet

20 000

Heilskapleg profilering av grøne løysingar

10 000

Klima- og skoginitiativet auka til 3 milliardar kroner

118 200

Oppfølging av Parisavtala og internasjonalt arbeid

25 000

Tiltak for å hindre spreiing av skrantesjuke hos hjortevilt

18 600

Tilskot til kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

20 000

Oppfølging av ulv: Radiomerking og auka kapasitet i Statens naturoppsyn

7 400

Tabell 4.2 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2018 med tydeleg klima- og miljøgevinst på andre departement sine område (auke frå saldert budsjett 2017)

(i 1 000 kroner)

Utgifter

Påskjøningsavtaler/bymiljø-/byvekstavtaler

SD

461 000

Innfasing av 14 nye togsett på Gjøvik- og Vossebanen i 2018

SD

160 000

Oljevern- og miljøsenter i Lofoten og Vesterålen

SD

10 300

Arven etter Nansen

KD

20 000

Mogleggjerande teknologiar i landbruket

LMD

10 000

Verdsarvsatsinga Vestnorske fjordlandskap og Vega

LMD

2 000

Fullskala CO 2 -handtering/Vidare planlegging

OED

20 000

Nytt investeringsselskap «Fornybar AS»

NFD

400 000

Forskingstokt Krill, Antarktis

NFD

11 000

4.2 Regjeringas prioriteringar innanfor klima

Klima er eit satsingsområde for regjeringa. Klima- og miljødepartementet har det overordna og sektorovergripande ansvaret for nasjonal og internasjonal klimapolitikk, medrekna klimaforhandlingane i FN. I tillegg til eigne verkemiddel, har departementet ei rolle som samordnar overfor sektordepartementa og andre aktørar.

Den globale klimaavtala som vart vedteken i Paris i desember 2015 vil leggje grunnlaget for framtidig norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtala i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). Regjeringa vil føre ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling til eit samfunn med låge utslepp innan 2050. Regjeringa følgjer opp Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk og har forsterka forliket på fleire område. I februar 2015 la regjeringa fram stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Meld. St. 13 (2014–2015) Nye utslipssforpliktelser for 2030 – en felles løsning med EU ).

Stortinget vedtok våren 2017 ei klimalov. Formålet med lova er å fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Utsleppsmåla for 2030 og 2050 er lovfesta. For 2030 skal målet vere at utslepp av klimagassar i 2030 blir redusert med minst 40 pst. frå referanseåret 1990 slik regjeringa har presentert det i Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU , og som Stortinget har slutta seg til. For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er meint eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er redusert for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtala. Målet skal vere at klimagassutsleppa i 2050 blir reduserte i storleiksordning 80 til 95 pst. frå utsleppsnivået i referanseåret 1990. Ved vurdering av måloppnåing skal det takast omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske klimakvotesystemet for verksemder. Lova innfører ein syklus for gjennomgang av klimamål kvart femte år etter same prinsipp som i Parisavtala. Lova forpliktar regjeringa til kvart år og på eigna vis å gjere greie for Stortinget om utviklinga i klimagassutsleppa, utsleppsframskrivingar og gjennomføring av lovfesta klimamål, sektorvise utsleppsbaner for ikkje-kvotepliktig sektor, status for Noregs karbonbudsjett (utsleppsbudsjett), og om arbeidet med klimatilpassing. I tillegg skal det i statsbudsjettet gjerast greie for korleis Noreg kan nå klimamåla fastsette i lova og klimaeffekten av framlagt budsjett.

Regjering la i juni 2017 fram Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid . Regjeringa arbeider for å oppfylle Parisforpliktinga saman med EU. Meld. St. 41 (2016 – 2017) er en strategi for korleis dette kan skje. Regjeringa vil oppfylle2030-målet for ikkje-kvotepliktige utslepp med hovudvekt på innanlandske utsleppsreduksjonar og med nausynt bruk av EU-regelverkets fleksibilitetsmekanismar. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa kjem i hovudsak frå transport, jordbruk, bygg og avfall, men òg frå industrien og petroleumsverksemda. Regjeringas strategi for 2030 legg til rette for betydelege utsleppsreduksjonar nasjonalt. Før forpliktingsperioden startar i 2021 vil regelverket vere kjent og konsekvensane for Noreg vil bli klarere. Samstundes vil uvissa knytt til utsleppsutvikling, effekten av klimapolitikken og ikkje minst den teknologiske utviklinga og kostnadene ved utsleppsreduksjonar, vere betydeleg også langt inn i forpliktingsperioden 2021–2030. Derfor må strategien både ha høgt ambisjonsnivå og vere fleksibel. Regjeringa tek høgde for uvisse gjennom å leggje ein strategi for å sikre nausynt fleksibilitet til å oppfylle utsleppsbudsjettet. Bruk av EUs fleksibilitetsmekanismar vil medverke til utsleppsreduksjonar andre stader i Europa innanfor eit felles overordna utsleppstak, og medverkar dermed til reelle globale reduksjonar på tilsvarande måte som reduksjonar i Noreg. Sjå nærare omtale av Meld. St. 41 (2016 – 2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid i del III kapittel 8.3.

Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi og har lagt fram ein strategi for grøn konkurransekraft for å ruste Noreg og næringslivet for ei lågutsleppsframtid. Det er ein strategi med overordna prioriteringar og føringar for grøn konkurransekraft som rammar inn og gjer synleg viktige koplingar mellom verkemiddel, sektorar og ulike nivå. Strategien gjer synleg regjeringas heilskaplege politikk og verkemiddel på ulike område og ser desse i samanheng. Rapporten frå regjeringas ekspertutval for grøn konkurransekraft frå oktober 2016, og arbeidet i næringslivet med sektorvise vegkart for lågutsleppssamfunnet, har vore eit viktig grunnlag for strategiarbeidet. Strategien er nærare omtalt i del III.

Regjeringa offentleggjorde 15. juni 2017 ei forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020, både til grunnlast og spisslast (topplast). Regjeringa har i tillegg på høyring eit forslag til tilleggsregulering som inneber at bruk av mineralolje til oppvarming av driftsbygningar i landbruket og midlertidige bygningar også blir forbode.

Regjeringa er i gang med å utgreie moglegheitene for reduksjon av bruk av mineralolje til oppvarming og bygningstørke ved byggje- og anleggsplassar. Dette arbeidet skal sjåast i samanheng med arbeidet med å utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren, jf. oppmodingsvedtak nr. 108, punkt 16 (2016 – 2017), og oppmodingsvedtak 1105 av 21. juni 2017, om å utgreie fossilfrie anleggsprosjekt. Vidare skal mogelegheitene for reduksjon av utslepp frå bruk av gass til oppvarming av bygningar utgreiast. Regjeringas vurdering av bruken av mineralolje i fjernvarme vert omtalt i Olje- og energidepartementets budsjettproposisjon for 2018. Statlege byggeigarar har utarbeidd planar for å fase ut oljefyring til grunnlast i statlege bygningar innan 2018, sjå kapittel 7.

I Meld. St. 13 (2014–2015) peikte regjeringa ut fem prioriterte innsatsområde i arbeidet med klimapolitikken framover. Desse er reduserte utslepp i transportsektoren , utvikling av lågutsleppsteknologi i industrien og rein produksjonsteknologi, CO 2 -handtering, styrkje Noregs rolle som leverandør av fornybar energi og miljøvennleg skipsfart .

Reduserte utslepp i transportsektoren er eit prioritert innsatsområde for regjeringa. Regjeringa prioriterer kollektivtrafikk og jernbane høgt. Planramma for første fireårsperiode av Nasjonal transportplan 2014–2023 (NTP) er overoppfylt med meir enn 30 pst. for premieringsordninga for kollektivtransport. Planrammene for jernbane er også overoppfylte. I NTP 2018–2029 prioriterer regjeringa å forsterke satsinga på jernbane ytterlegare, og set av om lag 18 mrd. kroner til investeringar i godstransport på jernbane som skal leggje til rette for overføring av gods frå veg til bane. Regjeringa prioriterer òg 66 mrd. kroner til bymiljøavtaler, byvekstavtaler og premieringsordninga for å leggje til rette for gange, sykkel og kollektivtransport i dei ni største byområda.

Klimaforliket frå 2012 inneheldt eit mål om at gjennomsnittlege klimagassutslepp frå nye personbilar i Noreg innan 2020 ikkje skulle overstige 85 g CO 2 /km. Dette målet ligg vi an til å oppfylle i god tid før 2020, og kanskje allereie i 2017. For perioden januar til august 2017 var gjennomsnittsutsleppet for nye personbilar på i underkant av 86 g CO 2 /km.

I NTP 2018–2029 har regjeringa vidare fastsett nye, ambisiøse mål for å fase inn nullutsleppskøyretøy, blant anna at nye personbilar og lette varebilar frå 2025 skal vere nullutsleppskøyretøy, der nullutslepp er definert som el og hydrogen. Analyser viser at vi ikkje når ambisiøse utsleppsreduksjonar innen vegtransporten utan insentiv. Regjeringa si allereie vedtake virkemiddel antas å gi vesentlig bidrag til å nå måltalla. Forbedringer av teknologisk modenheit i kjøretøysegmenta slik at nullutsleppskjøretøy blir konkurransedyktig med fossile løysingar ligg til grunn for måltala.

I meldinga om regjeringas klimastrategi for 2030 (Meld. St. 41, 2016 – 2017) varsla regjeringa at ho vil bidra til oppfylling av måltala for nullutsleppskjøretøy ved blant anna å byggje vidare på dagens verkemiddel, ha ein føreseieleg og langsiktig politikk for fordelar for nullutsleppstransport, der verkemidla blir tilpassa marknadsutviklinga, og leggje til rette for at det alltid skal løne seg å velje bilar med null utslepp.

I samband med framlegginga av Meld. St. 2 (2014–2015) Revidert nasjonalbudsjett for 2015 , vart regjeringspartia og samarbeidspartia på Stortinget samde om prinsipp for å stimulere til ein nyare, sikrare og meir miljøvennleg bilpark. Den framlagde avtala det vart semje om bygde på ein heilskapleg gjennomgang av køyretøy- og drivstoffavgiftene. Bilavgiftene skal medverke til å forsterke klima- og miljømåla frå klimaforliket og at Noregs klimamål for 2030 blir nådde.

Av klimaforliket går det fram at avgiftsfordelane for nullutsleppsbilar skal førast vidare ut 2017, så lenge talet på reine nullutsleppsbilar ikkje overstig 50 000. Talet på elbilar passerte 50 000 i 2015. Regjeringa varsla i revidert nasjonalbudsjett for 2015 at avgiftsfordelane likevel blir førte vidare ut 2017, og deretter fasa ut gradvis. I nasjonalbudsjettet for 2017 varsla regjeringa forlenging av nullsats for meirverdiavgift for elbiler fram til 2020, og for brenselscellebilar til 2025 eller 50 000 biler, sjå nærare omtale i Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017 , kapittel 3. I behandlinga av statsbudsjettet for 2017 oppmoda Stortinget om at det blir fremja forslag til å frita nullutsleppsbilar for omregistreringsavgift og årsavgift med verknad frå 2018. For årsavgifta er det lagt opp til å følgje opp dette i samband med overgangen til trafikkforsikringsavgifta. Stortinget har vedteke auka avskrivingssats (30 pst.) for nullutsleppsvarebilar frå 2017. Desse sakene må notifiserast til ESA, og må tre i kraft i etterkant av ei eventuell godkjenning.

Vidare varsla regjeringa at gratis parkering, ferjetransport, fritak for bompengar og tilgang til kollektivfelt blir avgjort lokalt, men det blir etablert ein bindande nasjonal regel om at utsleppsfrie biler ikkje skal ha meir enn halvparten av takstane til bilar som ikkje er nullutsleppsbilar.

I revidert nasjonalbudsjett for 2015 vart det òg slått fast enkelte prinsipp for køyretøyavgiftene baserte på ein heilskapleg gjennomgang. Effektkomponenten skulle fasast ut og vektkomponenten reduserast. CO 2 -komponenten skulle aukast og vere progressiv, og vurderast i samanheng med endringane i vekt og effektkomponentane. NO x -komponenten skulle behaldast og aukast. Semja er følgt opp gjennom endringar i eingongsavgifta i budsjetta for 2016 og 2017, sjå nærare detaljar i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017 frå Finansdepartementet.

I gjennomgangen av bilavgiftene vart det varsla at avgiftsfordelane for nullutsleppsbilane må fasast ut over tid, blant anna med omsyn til statens inntekter frå bilavgiftene. I Nasjonalbudsjettet for 2017 varsla regjeringa at fritaket for eingongsavgift for elbilar kan vurderast når effektavgifta er fjerna, som ho vart i 2017. Regjeringa fremjer derfor forslag om å oppheve fritaket for eingongsavgift for elbilar, herunder brenselscellebilar. Samtidig blir det innført eit vektfrådrag på 23 pst. på elbilar. Oppheving av fritaket for eingongsavgift er venta å ha begrensa betyding for utviklinga av andelen elbilar, både fordi fleirtalet av elbilane ikkje blir berørte og fordi avgiftsauken utgjer ein relativt liten del av prisen for køyretøya som blir råka.

For å stimulere til meir miljøvennlige motorsyklar vart det gjennom behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2017 bestemt at frå 1. juli 2017 skulle også deira eingongsavgift ha ein CO 2 -komponent.

I statsbudsjettet for 2017 vart det løyvd eit nytt tilskot til vraking av varebilar på 13 000 kroner ut over dagens vrakpant ved kjøp av ny nullutsleppsvarebil, dersom det samtidig blir vraka ein konvensjonell varebil. Det har vore ei rekkje problemstillingar som det har vore naudsynt å utgreie, blant anna naudsynt utvikling av datasystem for å administrere utbetalingane. Systemet vil komme på plass tidleg i 2018.

Regjeringa har lagt frem ein lovproposisjon (Prop. 140 L (2016–2017)) for Stortinget, som skal gi løyvemyndigheitene høve til å fastsetje krav om at den som har, eller får tildelt, drosjeløyve, må nytte køyretøy som har ei øvre grense for miljøskadelege utslepp. Lovforslaget er vedteke av Stortinget, jf. lovvedtak 61 (2016–2017).

Omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtransport vart auka til 7 pst. frå 1. januar 2017, med eit delkrav om 1,5 pst. avansert biodrivstoff. Ved forskrift fastsett i september 2017 er krava auka på nytt frå 1. oktober 2017 og 1. januar 2018. Delkravet om avansert biodrivstoff styrkjer den globale klimaeffekten av omsetjingskravet og kan bidra til å byggje opp under punktet « Bidra til utvikling av verdikjeden for andregenerasjons biodrivstoff » i klimaforliket. Frå 2017 er det også innført eit delkrav om bioetanol. Det blir arbeidd med E10 som ny bransjestandard for bensin, sjå omtale av oppfølging av oppmodingsvedtak i del II. Departementet har hatt på høyring ein vidare plan for omsetjingskravet fram mot 2020, sjå same stad.

Regjeringa la hausten 2014 fram ein nasjonal, tverrsektoriell biogasstrategi. I oppfølginga av strategien vart det i 2015 sett av 10 mill. kroner til pilotanlegg og forsking på biogass gjennom Innovasjon Noreg. Ordninga vart styrkt til 20 mill. kroner i 2016, og våren 2016 vart det lyst ut 18 mill. kroner til nye pilotanlegg. Berre ein liten del av midlane vart brukt i 2016, fordi det ikkje var nok kvalifiserte søknader. Ordninga blir samordna med Landbruks- og matdepartementet si satsing på biogass under Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Ordninga blir foreslått ført vidare med ei ramme på 20 mill. kroner i 2018, og departementet tek sikte på å evaluere ordninga i 2018. Frå 1. januar 2016 er det innført vegbruksavgift på naturgass, samtidig som biogass framleis ikkje er omfatta av vegbruksavgift. I påvente av dialog med ESA om høve til unntak for naturgass som back-up for biogass, er likevel avgiftssatsen for naturgass sett til null. Frå 1. juli 2016 er det innført vegbruksavgift med redusert sats for fossil LPG, mens bio-LPG er friteke. Denne satsen blir trappa gradvis opp over tid.

I samband med Stortinget si behandling av Nasjonalbudsjettet 2017 bad Stortinget regjeringa om å setje i gang ein prosess med aktuelle næringsorganisasjonar om etablering av ei miljøavtale med tilhøyrande CO 2 -fond (vedtak 108, punkt 1, 2016 – 2017). I Revidert nasjonalbudsjett 2017 rapporterte regjeringa om prosess, innretting og mogleg tidsløp for eit CO 2 -fond. Det vart varsla at regjeringa sitt utgangspunkt er:

«Et eventuelt CO 2 -fond finansieres gjennom en bevilgning på statsbudsjettets utgiftsside. Størrelse på bevilgningen ses i sammenheng med den andelen av merprovenyet fra eventuelle fremtidige økninger i CO 2 -avgiften som kan knyttes til virksomheter som omfattes av CO 2 -fondet. Videre gis det ikke helt eller delvis fritak for CO 2 -avgift, herunder fritak for eventuelle fremtidige økninger i CO 2 -avgiften, for virksomheter tilsluttet et eventuelt CO 2 -fond.»
«Det må foretas en grensedragning mellom et eventuelt CO 2 -fond og eksisterende virkemidler, herunder Enova.»

I samband med Stortinget si behandling av Revidert nasjonalbudsjett 2017 (vedtak 1110, 2016 – 2017) bad Stortinget regjeringa om å starte forhandlingar med aktuelle næringsorganisasjonar om etablering av ei miljøavtale med tilhøyrande CO 2 -fond for næringstransport, med sikte på oppstart i løpet av 2019. Regjeringa har sett i gang ein slik prosess med aktuelle næringsorganisasjonar. Næringsaktørar har i vår blitt inviterte til møte for første innspel til prosess og tema for utgreiing. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å innhente felles data og analysegrunnlag.

Etableringa av eit fond krev utgreiingar, forhandlingar og notifisering til ESA, uavhengig av kva modell som blir valt. Sentrale spørsmål som må utgreiast er blant anna korleis næringslivets modell basert på NO x -fondet kan gjennomførast reint praktisk, administrative kostnader ved ulike modellar, forholdet til statsstøtteregelverket i EØS-avtala og potensialet for og kostnadene ved utsleppsreduksjonar. Klima- og miljødepartementet og Finansdepartementet har i samarbeid med aktuelle næringsorganisasjonar sett i gang utgreiingar som skal avklare desse spørsmåla.

Regjeringa vil stimulere til grøn vekst for maritim næring, auka bruk av miljøteknologiske løysingar og meir miljøvennleg drivstoff for skip. Ei rekkje tiltak vart lagde fram i Maritim strategi i mai 2015. Deriblant kondemnerings- og innovasjonslåneordninga for skip i nærskipsfart, som vart etablert i 2016. Målet med tiltaket er å fremje fornying av nærskipsflåta der eldre skip vert skrota og erstatta med skip med vesentleg betre miljø- og klimaprofil. Kriteria for tilsagn vart justerte i 2017. Regjeringa set krav til lågutslepps- og nullutsleppsteknologi i ferjeanbod når dette er mogleg. Enova har blant anna gitt over 400 mill. kroner i støtte til ladeinfrastruktur for ferjer i Hordaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Frå 2016 vart avgifta for elektrisk kraft som blir levert frå land til skip i næringsverksemd redusert til 0,48 øre per kWh, jf. Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter og avgifter 2016 . I tillegg rettar Innovasjon Noreg og Enova seg mot maritim sektor for å støtte investeringar i klimatiltak. I september 2016 lanserte regjeringa ei ny støtteordning på 65 mill. kroner til bygging av fleire klima- og miljøvennlege skip og ferjer. Av desse midlane blei det sett av 20 mill. kroner til å styrkje fylkeskommunal og kommunal miljøkompetanse i ferjeanbod. I 2017 lyste Statens vegvesen ut eit anbod der det blant anna er kravd at eit utviklingsprosjekt for ei hybrid ferje med batteri-brenselscelledrift skal setjast i gang. I tillegg har Enova gitt over 340 mill. kroner i støtte til 50 landstraumsprosjekt.

Utsleppa frå norsk landbasert industri har gått betydeleg ned. Frå 1990 har nedgangen vore på 40 pst. Dei lågthengande fruktene i form av relativt enkle og rimelege tiltak er i stor grad tekne. Ytterlegare utsleppsreduksjonar frå industrien vil derfor krevje utvikling av ny, klimavennleg teknologi og nye løysingar.

Industrien har fleire roller å spele i overgangen til lågutsleppssamfunnet. I tillegg til å redusere eigne utslepp bidreg industrien til det grøne skiftet ved å levere materialar, teknologiar og løysingar som gjer det mogleg å redusere utslepp i andre verksemder og sektorar både i Noreg og internasjonalt.

Regjeringa styrkjer samhandlinga mellom næringslivet, forvaltinga og forskinga innan lågutsleppsindustri og har oppretta eit strategiforum; Prosess21. Hovudoppgåva for Prosess21 er å gi strategiske råd og tilrådingar om korleis Noreg best kan få til ei utvikling i retning av minimale utslepp frå prosessindustrien i 2050 og samtidig leggje til rette for at verksemder i prosessindustrien har berekraftig vekst i denne perioden. Prosess21 er sett saman av relevante aktørar frå industrien og frå forskinga. Virkemiddelapparatet ved Innovasjon Noreg, Noregs Forskingsråd, Enova, Miljødirektoratet og Gassnova deltar også i arbeidet.

For å sikre at finansieringa av Enovas verksemd blir meir føreseieleg, legg Regjeringa frå og med 2018 opp til at overføringa til Energifondet blir erstatta med ei ordinær utgiftsløyving som er kopla fri frå rentenivået. Enova vil i 2018 bli tilført 2,7 mrd. kroner.

Regjeringa har auka rammene for Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg betydeleg dei siste åra. Den føreslåtte løyvinga til Miljøteknologiordninga er 464,5 mill. kroner for 2018.

Regjeringa arbeider med å opprette eit nytt investeringsselskap som skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar. I statsbudsjettet for 2018 er det foreslått at selskapet får ei investeringsramme på 400 mill. kroner, frå og med 2018. Løyvingane vil bli trappa ytterlegare opp i lys av selskapets verksemd og investeringshøve. For nærare omtale sjå Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon kapittel 950 post 52.

I regjeringas satsing på fangst og lagring av CO 2 står teknologisenteret på Mongstad (TCM) og prosjektet for fullskala CO 2 -handtering i Noreg sentralt. Moglegheitsstudiar har vist at det er fleire alternativ for fangst, transport og lagring. Konseptstudiar av moglege fullskala demonstrasjonsanlegg for CO 2 -handtering i Noreg er i sluttfasen. Arbeidet inneber å studere løysingar for fangst, transport og lagring av CO 2 . Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med eit heilskapleg framlegg om arbeidet med fullskala CO 2 -handtering i Noreg etter at resultata frå konseptstudia på fangst er gjennomgått, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018.

Forskingsinnsatsen på klimaområdet under Klima- og miljødepartementet er foreslått styrkt med 20 mill. kroner i 2018. Denne satsinga starta opp i 2017 med ein ramme på 71,5 mill. kroner og har særleg fokus på ikkje-kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største. Vidare blir Arven etter Nansen styrkt med 10 mill. kroner under Kunnskapsdepartementet, og det blir foreslått 10 mill. kroner under Landbruks- og matdepartementet til mogleggjerande teknologiar for framtidas bioøkonomi og lågutsleppssamfunn.

Regjeringa har teke initiativ til ei heilskapleg satsing for å synleggjere norske, grøne løysingar for auka eksport og for å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Innovasjon Noreg har fått i oppdrag å etablere eit samarbeid med privat næringsliv med dette som mål. Klima- og miljødepartementet gav i 2017 Innovasjon Noreg 4 mill. kroner i støtte til å førebu satsinga med sikte på full oppstart i 2018. For 2018 er det føreslått 10 mill. kroner til satsinga, sjå nærare omtale under kap. 1400 post 50.

Kommunane er sentrale for å nå måla i ikkje-kvotepliktig sektor. Ifølgje statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging skal kommunane gjennom planlegging og anna myndigheits- og verksemdsutøving stimulere til og bidra til reduksjon av klimagassutslepp. Retningslinja slår fast at kommunane skal gå føre i arbeidet med å redusere klimagassutslepp, og bruke eit breitt spekter av sine roller og verkemiddel i klimaarbeidet. Regjeringa bidrar til kommunane sitt arbeid gjennom blant anna å tilby rettleiing til klima- og energiplanlegging, støtteordninga Klimasats og pågåande utvikling av klimagasstatistikk og verktøy for å berekne effekten av lokale klimatiltak. Rettleiing, tilskotsordninga, statistikken og berekningsverktøyet støttar opp om kvarandre og legg til rette for at kommunane kan jobbe aktivt med klimagassreduserande tiltak. Erfaringar frå Klimasats-støtta prosjekt blir nytta til å utvikle og styrkje rettleiinga mot kommunane, og berekningsverktøyet blir viktig for å kvantifisere utsleppsmål og berekne effekt slik at kommunane kan setje i verk dei mest målretta tiltaka.

Petroleumsverksemda er underlagt sterke økonomiske verkemiddel gjennom både høg CO 2 -avgift og kvoteplikt. Dette har medverka til at norsk olje og gass blir utvunnen energieffektivt og med relativt sett låge klimagassutslepp. Store utslepp, anslått til 5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar årleg, er unngått frå norsk sokkel som følgje av ulike tiltak. Utbyggjarane på sokkelen må òg vurdere kraft frå land som energiløysing for nye felt og ved større ombyggingar av eksisterande felt. Det er for fleire felt vedteke å dekkje energibehovet med kraft frå land.

I 2015 starta regjeringa ei pilotordning for skogplanting på nye areal som klimatiltak. Ordninga vil bli avslutta i 2018. I den samanhengen vil det bli gjennomført ei evaluering av ordninga. Det vidare arbeidet med planting av skog på nye areal som klimatiltak vil bli avgjort på bakgrunn av evalueringa av ordninga. I 2016 starta regjeringa også ei ordning med gjødsling av skog som klimatiltak, og ei ordning for tettare planting etter hogst på eksisterande skogareal. Skogplanteforedlinga vart òg styrkt. Dette er ei direkte oppfølging av punkt i klimaforliket. Regjeringa foreslår ei uendra løyving for 2018 i høve til 2017 til desse ordningane. Landbruks- og matdepartementet har hatt forslag til lov- og forskriftsendring for å forby nydyrking av myr på høyring med frist 11. oktober. Regjeringa vil òg utgreie konsekvensar og tiltakskostnader ved ulike innretningar av eit forbod mot hogst av ungskog. Regjeringa fører òg vidare arbeidet med restaurering av myr og anna våtmark.

Ei nærare skildring av verkemiddel og satsingar på andre departement sine område, og klimagassbudsjett, finst i del III i kapittel 8.

Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar. Dette er omtalt i del II, under programkategori 12.20 og 12.70. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar Regjeringa sitt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. I 2018 foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Klima- og skoginitiativet med 118,2 mill. kroner (inkl. lønns- og priskompensasjon), til eit nivå på 3 mrd. kroner. Reduserte utslepp frå tropisk skog er ein del av klimaavtala som vart vedteken i Paris i 2015. Avtala vektlegg òg betaling for resultat som skoglanda oppnår. Dette styrkjer Klima- og skoginitiativet sin strategi om langsiktig og føreseieleg finansiering av skoglanda sine investeringar for å ta vare på regnskogen. I behandlinga av Meld. St. 24 (2016 – 2017) Felles ansvar for felles framtid slutta Stortinget seg til regjeringas forslag om at Klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.

Det blir foreslått å løyve 180 mill. kroner til kjøp av FN-godkjende klimakvotar i 2018.

Samtidig med at Regjeringa arbeider med å redusere klimagassutsleppa, må samfunnet førebuast på og tilpassast til dei klimaendringane som uansett kjem. Klimatilpassing og forsking er nærare omtalt under programkategori 12.20 og Del III kap. 8.4.