Kunnskapsdepartementet (KD)

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

200

Kunnskapsdepartementet

271 014

362 009

379 782

4,9

Sum kategori 07.10

271 014

362 009

379 782

4,9

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

3200

Kunnskapsdepartementet

2 014

Sum kategori 07.10

2 014

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

258 676

347 426

349 760

21

Særskilde driftsutgifter

11 681

11 769

27 152

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

657

2 814

2 870

Sum kap. 0200

271 014

362 009

379 782

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrs-innkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2018

Måla her gjeld drifta av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.

Måla for 2018

  • Departementet skal ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha ein god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal vere førebudd på å handtere alle typar kriser i sin eigen sektor.

Kunnskapsdepartementet har formulert eit sett med verdiar som er rettesnorer for arbeidet med å nå måla.

Verdiane for Kunnskapsdepartementet er

  • profesjonalitet

  • openheit

  • gjennomføring

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og sette i verk den overordna politikken for barnehage, grunnopplæring, høgre utdanning, livslang læring og forsking. I 2016–17 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:

  • Prop. 158 L (2015–2016) Lov om organisering av forskningsetisk arbeid (forskningsetikkloven)

  • Prop. 4 L (2016–2017) Endringer i opplæringslova (tidsbegrenset dispensasjon fra kravet om relevant kompetanse i undervisningsfaget)

  • Prop. 44 L (2016–2017) Endringer i lov om universiteter og høyskoler og lov om fagskoleutdanning (organisasjonsform, disponering av tilskudd og egenbetaling mv.)

  • Prop. 57 L (2016–2017) Endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

  • Prop. 101 L (2016–2017) Endringer i barnehageloven (rett til barnehageplass for barn født i november m.m.)

  • Prop. 78 L (2016–2017) Endringer i friskolelova, voksenopplæringsloven og folkehøyskoleloven (dekning av utgifter til spesialundervisning i friskoler m.m.)

  • Prop. 79 L (2016–2017) Endringar i opplæringslova (oppstart av grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring)

  • Prop. 170 L (2016–2017) Endringer i barnehageloven (krav til norskspråklig kompetanse)

  • Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden

  • Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning

  • Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen

  • Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge

Alle måla som denne proposisjonen set for sektoren, er rettesnorer for departementet. Resultata i sektoren er det endelege målet på utdannings- og forskingspolitikken regjeringa fører, og som departementet førebur og set i verk. Samanhengen mellom arbeidet i departementet og resultat i sektoren er likevel for mange av måla avleidd og indirekte. Den rolla departementet har, er å førebu politiske avgjerder og å sette dei i verk etter at dei er tatte. Kriteriet departementet først og fremst skal målast etter, er kor godt det har skjøtta denne rolla.

Avgjerder skal bygge på kunnskap. Tilrettelegging av kunnskapsgrunnlag er derfor framheva som eit mål for arbeidet med å førebu avgjerder. Kunnskapsgrunnlaget på utdannings- og forskingsområdet er godt. Internasjonalt samarbeid gir tilgang til å vere med i undersøkingar som kastar lys over resultata i norsk forsking og utdanning samanlikna med andre land. Vidare har departementet ein eigen analysekapasitet som følger med på forsking og hentar inn forsking og analysar på område der det trengst meir kunnskap. Viktig kunnskap kjem også fram gjennom kontakt departementet har med interessentar i sektoren. Her kan nemnast studentar, elevar, foreldre, forskarar, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar.

Måloppnåinga må vurderast ikkje berre ut frå kor stort og godt kunnskapsgrunnlag som er henta inn, men også ut frå kor godt og systematisk departementet bruker kunnskapsgrunnlaget i avgjerdsprosessane. Utgreiingsinstruksen, som blei revidert i 2016, fastset kvalitetsstandarden for avgjerdsgrunnlag i staten.

Vi har ikkje systematiske målingar eller evalueringar av Kunnskapsdepartementet særskilt med omsyn til kor godt krava er oppfylte, men Direktoratet for økonomistyring (DFØ) har gjort ei undersøking av utgreiingskvalitet i forvaltninga før den reviderte utgreiingsinstruksen blei sett i verk i 2016. Sjølv om undersøkinga gjeld forvaltninga generelt, er ho eit godt grunnlag for å vurdere utgreiingskvaliteten også for Kunnskapsdepartementet. Vurderinga frå DFØ er at utgreiingsarbeidet i staten gjennomgåande har stort forbetringspotensial. Eit område som DFØ særleg peiker på, er å kartlegge og greie ut reelle alternative tiltak. Vidare meiner DFØ at samfunnsøkonomisk analyse bør brukast i fleire saker. Departementet legg til grunn at den vurderinga DFØ har gjort av utgreiingsarbeidet i forvaltninga, er representativ også for vår sektor. I lys av undersøkinga frå DFØ har Kunnskapsdepartementet vurdert at vi har eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutforminga, men at det framleis er rom for å legge denne kunnskapen betre og meir systematisk til rette som grunnlag for avgjerder.

Kunnskapsdepartementet heldt i 2016 fram med det systematiske arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, inkludert handtering av ulike typar kriser. Departementet har etablert eit varslingssystem som når alle direkte underlagde verksemder ved ei krise eller uønskt hending. Dette gjer det lettare å drive effektiv krisehandtering i sektoren. Informasjonstryggleiken er testa under Øvelse IKT16, den største nasjonale IKT-øvinga Noreg har hatt. Der blei utkast til rammeverk for hendingshandtering prøvd ut. Med bakgrunn i erfaringane frå IKT16 har UNINETT, i samråd med departementet etablert ei samordning av lokale team for hendingshandtering, Incident Response Team (IRT), ved statlege universitet og høgskolar. Dette fører til ei effektiv varslingsordning ved digitale hendingar. Kunnskapsdepartementet vurderer å utvide ordninga til andre underliggande verksemder, utanfor universitets- og høgskolesektoren. Sjå nærare omtale i Del III, kap. 10 Samfunnstryggleik og beredskap.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 349,8 mill. kroner over kap. 200 post 01, 27,2 mill. kroner over post 21 og 2,9 mill. kroner over post 45.

Departementet foreslår ein auke på 15,1 mill. kroner samanlikna med 2017. Midlane skal dekke delar av dei kostnadene til samanslåing, flytting og anna omstilling som enkelte verksemder får i samband med omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren. Sjå nærare omtale av omorganiseringa under hovudinnleiinga, det enkelte budsjettkapittel og -post og Del III, kap. 11 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft.

Grunna etableringskostnader i samband med opprettinga av ei ny sivil klareringsmyndigheit foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 200 post 01 med 81 000 kroner mot ein tilsvarande auke på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett. Sjå omtale under kap. 283 post 50 Meteorologisk institutt og i Prop. 1 S (2017–2018) for Justis- og beredskapsdepartementet.

I samband med overføringa av ansvaret for Meteorologisk institutt frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet foreslår departementet å overføre 0,9 mill. kroner, tilsvarande midlar til dekning av eit årsverk, frå kap. 200 post 01 til kap. 1400 post 01 på budsjettet til Klima- og miljødepartementet. Sjå nærare omtale under kap. 283 post 50.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

02

Salsinntekter o.a.

2 014

Sum kap. 3200

2 014

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

220

Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT

468 783

503 006

643 795

28,0

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

13 345

14 785

14 840

0,4

222

Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

98 826

102 067

108 277

6,1

223

Sametinget

41 501

42 551

46 627

9,6

224

Senter for IKT i utdanninga

93 314

89 704

-100,0

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 795 827

1 639 761

1 239 942

-24,4

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

3 336 935

4 043 195

3 886 386

-3,9

227

Tilskott til særskilde skolar

144 751

153 783

195 703

27,3

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

4 280 719

4 421 015

4 717 097

6,7

229

Noregs grøne fagskole – Vea

28 270

27 169

27 417

0,9

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

681 897

759 625

761 894

0,3

Sum kategori 07.20

10 984 168

11 796 661

11 641 978

-1,3

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

3220

Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT

10 100

5 321

7 134

34,1

3222

Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

12 004

5 242

7 857

49,9

3224

Senter for IKT i utdanninga

11 477

1 660

-100,0

3225

Tiltak i grunnopplæringa

277 038

190 160

55 119

-71,0

3229

Noregs grøne fagskole – Vea

6 853

2 918

2 986

2,3

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

53 009

55 489

56 703

2,2

Sum kategori 07.20

370 481

260 790

129 799

-50,2

Innleiing

Gjennom formålsparagrafen for grunnopplæringa har samfunnet gitt grunnopplæringa eit omfattande og viktig mandat, jf. opplæringslova § 1-1. Opplæringa skal gi alle elevar dugleikar, holdningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølve og andre i samfunnet. Alle skal ha moglegheit til å realisere læringspotensialet sitt i ein inkluderande skole.

Kommunane, fylkeskommunane og dei frittståande skolane skal realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa, det vil seie opplæringsløpet frå 1. klasse i barneskolen til fullført vidaregåande opplæring. Grunnopplæringa blir i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov, jf. opplæringslova § 13-10. Dette gjeld til både drift, investeringar og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa ved skolane og i lærebedriftene. Fylkeskommunane gir tilskott til lærebedriftene etter satsar som er fastsette av departementet. For ei samla framstilling av ressursbruken i grunnopplæringa viser departementet til del III i budsjettproposisjonen, kapittel 6 Ressursar i grunnopplæringa.

Under programkategori 07.20 blir drifta av underliggande verksemder med oppgåver retta mot barnehagane og grunnopplæringa finansiert, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT, kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane og kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem. Sametinget får også tilskott til utdanningsformål over programkategorien, jf. kap. 223 Sametinget. Dei nasjonale satsingane for å styrke kvaliteten i grunnopplæringa, inkludert vidareutdanning for lærarar, blir finansierte over kap. 226. Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa omfattar fleire tilskottsordningar, særleg øyremerkte tilskott til kommunesektoren. Statlege skolar blir finansierte over kap. 222 Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester og kap. 229 Noregs grøne fagskole – Vea. Frittståande skolar og enkelte særskilde skolar får tilskott over høvesvis kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a. og kap 227 Tilskott til særskilde skolar.

Hovudprioriteringar for 2018

Grunnopplæringa blir hovudsakleg finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Regjeringa har prioritert ein sterk kommuneøkonomi i alle budsjettforslaga ho har lagt fram. I statsbudsjettet for 2018 foreslår regjeringa ein reell vekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på knapt 3,8 mrd. kroner. Dette er ein realvekst på 1 pst. i høve til 2017. 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane blir begrunna med auka satsing på tidleg innsats i barnehage og skole.

Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen markerer starten på ei forsterka satsing på tidleg innsats. Satsinga blir følgt opp i budsjettforslaget for 2018. Innanfor grunnopplæringa omfattar dette ei kraftig styrking av satsinga på å utvikle nye karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling i klasserommet. Regjeringa foreslår 60 mill. kroner til dette – ein auke på 40 mill. kroner i høve til 2017. På den måten kan satsinga trappast opp ved å tilsette fleire lærarspesialistar, i fleire fag og på fleire fagområde. Regjeringa vil mellom anna utvide satsinga med fleire lærarspesialistar på 1.–4. trinn retta mot tidleg innsats. Regjeringa vil òg vurdere behovet for å gjere endringar i rammene for ordninga slik at det blir meir attraktivt for fleire å vere lærarspesialist. For at fleire lærarar skal kunne vere kvalifiserte til å søke om å fungere som lærarspesialist, er det laga ei vidareutdanning for lærarspesialistar, i første omgang i norsk og matematikk. I 2018 vil ordninga bli utvida med fleire lærarspesialistutdanningar.

Regjeringa er opptatt av å skape leseglede blant barn og unge for å bidra til betre læring i alle fag. Gjennom den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving i barnehagen og skolen, Språkløyper , er det etablert ei tilskottsordning der private, frivillige og ideelle organisasjonar kan søke om tilskott til å drive lesestimuleringstiltak. Regjeringa foreslår å utvide denne ordninga i 2018 med 15 mill. kroner, slik at ho utgjer nær 20 mill. kroner. Ein del av tilskottet skal nyttast til å styrke skolebiblioteka og folkebiblioteka i arbeidet deira med lesestimulering.

Ein del av satsinga til regjeringa på tidleg innsats handlar om at barn og unge får ein trygg og god overgang frå barnehage til skole og SFO. Regjeringa foreslår i 2018 å kompensere kommunane med 20 mill. kroner i samband med innføringa av ei plikt for barnehageeigarar og skoleeigarar til å samarbeide om overgangen frå barnehagen til skolen og SFO frå 1. august 2018. Lovendringa har vore ute til høyring.

Regjeringa foreslår totalt 40 mill. kroner til ei rekke tiltak for å styrke yrkesfaga. Dette omfattar innføringa av ei lektor 2-ordning for yrkesfaga slik at fagpersonar frå industri og øvrig arbeidsliv blir involverte direkte i undervisninga. Regjeringa foreslår òg å styrke hospiteringsordningane som skal gjere opplæringa meir relevant gjennom å gi yrkesfaglærarar høve til å få fagleg oppdatering i arbeidslivet. Med budsjettforslaget skal arbeidet med å rekruttere lærebedrifter ute i fylka bli styrkt for å motverke problemet med at mange tusen elevar står utan læreplass kvart år. Regjeringa foreslår 10 mill. kroner til utvikling og drift av ei desentralisert yrkesfaglærarutdanning og rekrutteringsstillingar, sjå omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning. Prioriteringa av yrkesfaga blir understreka av at regjeringa har bestemt at 2018 skal bli yrkesfagas år. Yrkesfagas år skal arrangerast i samarbeid med WorldSkills Norway og partane i arbeidslivet.

I tillegg til dei nye tiltaka regjeringa foreslår, blir andre sentrale tiltak innanfor grunnopplæringa førte vidare i budsjettforslaget for 2018. Den historiske satsinga på vidareutdanning av lærarar og skoleleiarar held fram. Regjeringa foreslår nær 1,5 mrd. kroner til dette. Tilskottet til auka lærartettleik på 1.–4. trinn på over 1,3 mrd. kroner blir også ført vidare. Dette skal gjere kommunane i stand til å følge opp plikta til å gi intensiv opplæring til elevar på 1.–4. trinn som heng etter i lesing, skriving og rekning, som regjeringa vil innføre. I statsbudsjettet for 2017 innførte regjeringa ein ny modell for styring og finansiering av kompetanseutvikling i skolen, som skal vere betre tilpassa dei ulike behova og kompetansen kommunane har til å drive utvikling i skolen. I budsjettforslaget for 2018 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 100 mill. kroner til den nye modellen, til totalt 300 mill. kroner.

Tilstandsvurdering

Departementet har sett følgande overordna mål for grunnopplæringa:

  • Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Elevane skal meistre grunnleggande dugleikar og ha god fagleg kompetanse.

  • Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

Dei tre måla heng saman. Eit godt læringsmiljø er både eit mål i seg sjølv og eit middel for betre læringsutbytte. Gjennomføring av vidaregåande opplæring heng tett saman med det faglege og det sosiale grunnlaget elevane har frå grunnskolen.

Mål: Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø

Elevundersøkinga er ei spørjeundersøking som blir gjennomført frå og med 5. trinn og er obligatorisk på 7. trinn, 10. trinn og Vg1. Undersøkinga viser at læringsmiljøet på norske skolar generelt sett er svært godt. Det er små forskjellar mellom fylka, men vi ser skilnader mellom kommunar, også innanfor same region. Dei aller fleste elevar rapporterer om høg motivasjon for skolearbeid og læring, sjølv om nivået er noko lågare for elevar på ungdomstrinnet enn på barnetrinnet, jf. figur 4.1. Elevundersøkinga tyder òg på at læringskulturen ved norske skolar har blitt betre i løpet av dei siste åra, blant anna har arbeidsroa i timane blitt betre. Dette blir underbygd av dei internasjonale undersøkingane som er gjennomførte etter innføringa av Kunnskapsløftet. I PISA, som er ei internasjonal undersøking retta mot 15-åringar, rapporterte 41 pst. av elevane om bråk og uro i timane i 2003. I 2015 hadde denne delen falle til 25 pst. Delen elevar som seier det tar lang tid frå timen har begynt, til dei tar til å arbeide, har gått ned frå 36 pst. i 2003 til 22 pst. i 2015.

Elevundersøkinga viser at dei fleste norske skolar er kjenneteikna av gode relasjonar mellom lærarar og elevar. Dei aller fleste elevar rapporterer om god støtte frå lærarane, ved at lærarane har tru på og bryr seg om elevane, behandlar elevane med respekt og gir støtte i skolearbeidet. Dei aller fleste elevar meiner at dei får faglege utfordringar tilpassa nivået deira.

Figur 4.1 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Figur 4.1 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Kjelde: Elevundersøkinga 2013–16

I 2016 opplevde 6,3 pst. av elevane (meir enn 50 000 elevar) at dei blei mobba to til tre gonger i månaden eller meir, anten av medelevar, vaksne på skolen, digitalt eller ein kombinasjon av dette. Det er altfor mange. Vi veit lite om utviklinga over tid. Spørsmåla om mobbing i Elevundersøkinga blei endra både i 2013 og i 2016. Dette gjer det vanskeleg å samanlikne resultata bakover i tid.

Delen som opplever at dei blir mobba, fell med alderen, med unntak for 9. og 10. trinn, jf. figur 4.2. Det er små kjønnsskilnader, men det er tendensar til at gutar og jenter opplever ulike måtar å bli mobba på.

Figur 4.2 Prosentdel gutar og jenter som oppgir at dei blir mobba av medelevar to til tre gonger i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn

Figur 4.2 Prosentdel gutar og jenter som oppgir at dei blir mobba av medelevar to til tre gonger i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn

Kjelde: Elevundersøkinga 2016

Sjølv om arbeidet til skolane har betydelege effektar på korleis læringsmiljøet utviklar seg, heng læringsmiljøet til elevane òg saman med større utviklingstrekk i samfunnet. Dei nasjonale Ungdata-rapportane, som baserer seg på undersøkingar retta mot ungdom om korleis dei har det, og kva for aktivitetar dei driv med, og som Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) har gitt ut årleg sidan 2013, viser at ungdom i dag er ein veltilpassa, aktiv og heimekjær generasjon. Tal frå PISA tyder likevel på ein auke i delen elevar som føler seg einsame, at dei ikkje passar inn, og at dei blir haldne utanfor. Delen elevar som seier at dei føler seg einsame, har auka frå sju pst. i 2003 til 14 pst. i 2015.

På slutten av 1990-talet var det ein auke i delen 15-årige jenter og gutar som opplevde stress knytt til skolearbeidet, ifølge tal frå Health Behaviour in School-aged Children (HBSC), som er eit internasjonalt forskarnettverk som ser på blant anna trivsel og helse blant unge. På starten av 2010-talet auka delen 15-årige jenter som opplevde skolearbeidet som stressande, ytterlegare. For yngre jenter og gutar er det berre mindre endringar i denne delen elevar.

Mål: Elevane skal meistre grunnleggande dugleikar og ha god fagleg kompetanse

Grunnleggande dugleikar er definerte som å kunne lese, å kunne skrive, å kunne rekne, munnlege dugleikar og digitale dugleikar. Grunnleggande dugleikar er føresetnader for å utvikle kompetanse i undervisningsfag, og er derfor integrerte i kompetansemåla for alle fag i grunnopplæringa. Fagleg kompetanse er den kompetansen elevane skal oppnå gjennom arbeid med faga i grunnopplæringa.

Målet om at elevane skal meistre grunnleggande dugleikar og ha god fagleg kompetanse gjeld for alle faga i grunnopplæringa. Noreg deltar i fleire internasjonale undersøkingar som gir kunnskap om læringsutbyttet til elevane i nokre sentrale fag og dugleikar, sjå tekstboks 4.1. For tre av desse har vi fått nye resultat sidan budsjettproposisjonen for 2017 blei lagt fram – PISA, TIMSS og TIMMS Advanced. Resultata frå undersøkingane kan samanliknast med resultata til andre land og seier noko om utviklinga over tid for eit utval av dugleikar og kompetansar.

Boks 4.1 Oversikt over dei internasjonal undersøkingane

Det finst fleire internasjonale undersøkingar av dugleikane og holdningane til elevar innanfor ulike område. Følgande undersøkingar er blant dei viktigaste:

Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS) er ein internasjonal studie i matematikk og naturfag for grunnskolen, som frå og med 1995 har blitt gjennomført kvart fjerde år. I underkant av 60 land frå alle verdsdelar deltok i TIMSS 2015. Hovudregelen i TIMSS er at studien blir gjennomført mot slutten av 4. trinn og 8. trinn i alle deltakarlanda. I TIMSS 2015 deltok Noreg også med elevar på 5. og 9. trinn. Grunnen til at Noreg endra hovudmålgruppe til 5. og 9. trinn, er at dei norske elevane i tidlegare TIMSS-studiar har vore blant dei yngste. Resultata frå 5. og 9. trinn blir brukte til å samanlikne norske resultat med andre land, medan resultata frå 4. og 8. trinn viser norsk utvikling over tid.

TIMSS Advanced er ein internasjonal studie som måler elevane sin kompetanse i matematikk og fysikk i det siste året av vidaregåande skole. I Noreg handlar dette om dei elevane som tar matematikk R2 og fysikk F2.

Programme for International Student Assessment (PISA) måler 15-åringars kompetanse i lesing, matematikk og naturfag, og har blitt gjennomført kvart tredje år sidan 2000. Alle dei tre fagområda er med kvar gong, men dei vekslar på å vere hovudområde.

Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS) kartlegg leseforståinga til elevar på 4. og 5. trinn.

Skalapoeng: I dei internasjonale undersøkingane blir resultata til deltakarlanda viste på ein skala der det internasjonale gjennomsnittet blei sett til 500 poeng i den første undersøkinga. Deretter har det internasjonale gjennomsnittet endra seg, men ein kan framleis samanlikne landa etter den same skalaen. Resultata av kvar einskild undersøking kan samanliknast over tid, men ikkje på tvers av dei ulike undersøkingane. Dette er både fordi dei måler ulike dugleikar, og fordi skalaane er forankra i ulike utval av land. I PISA og på ungdomstrinnet i TIMSS kan ein grovt sett si at 20 til 30 poeng tilsvarer om lag eitt skoleårs forskjell i prestasjonar. På barnetrinnet i TIMSS tilsvarer om lag 50 poeng eitt skoleårs forskjell i prestasjonar.

International Computer and Information Literacy Study (ICILS) er ei undersøking av dei digitale dugleikane til ungdomsskoleelevar, som blei gjennomført blant 18 land og to provinsar i Canada i 2013. Målgruppa for undersøkinga var elevar på 8. trinn, men i Noreg deltok elevar på 9. trinn fordi norske elevar startar tidlegare på skolen enn elevane i dei fleste andre landa som er med i undersøkinga.

Figur 4.3 Gjennomsnittlege elevprestasjonar i PISA

Figur 4.3 Gjennomsnittlege elevprestasjonar i PISA

Kjelde: Institutt for lærerutdanning og skoleforskning (ILS) ved Universitet i Oslo

I PISA 2015 er leseprestasjonane til norske elevar betre enn dei har vore i fleire tidlegare PISA-undersøkingar. Noreg ligg også høgt over OECD-gjennomsnittet i lesing. PIRLS-undersøkinga for 4. trinn viser òg ei forbetring i prestasjonane til elevane på rundt 9 skalapoeng frå 2006 til 2011. PIRLS 2016 vil bli lagt fram i desember 2017.

I matematikk viser TIMSS-undersøkinga frå 2015 ei klar forbetring sidan omtrent midten av 2000-talet for både 4. og 8. trinn. I TIMSS 2015 skårar elevar på 5. trinn signifikant høgre enn jamnaldrande elevar i dei andre nordiske landa, og er blant dei beste i Europa. På 9. trinn er matematikkprestasjonane til norske elevar middels gode samanlikna med andre europeiske land, og det er særleg svake prestasjonar i algebra som trekk ned her. PISA-undersøkinga frå 2015 viser òg ein auke i matematikkprestasjonane til elevane i 2015 samanlikna med førre undersøking i 2012. Gjennomsnittsnivået på matematikkprestasjonane til dei norske elevane er for første gong signifikant høgre enn OECD-snittet dette året. Om ein ser på heile perioden 2000–15 under eitt, er nivået likevel svært stabilt.

I naturfag viser TIMSS-undersøkinga frå 2015 ei klar forbetring sidan midten av 2000-talet for dei yngste elevane. I TIMSS 2015 skårar elevar på 5. trinn godt samanlikna med andre europeiske land. For 8. trinn fall resultata i naturfag kraftig mellom 1995 og 2007. Deretter har det vore ein svak framgang. PISA-undersøkinga viser at dei norske elevane sine dugleikar i naturfag er stabile for heile perioden 2000–15 sett under eitt, men at dei varierer undervegs i perioden.

I dei internasjonale undersøkingane er skalaen fordelt på ulike prestasjonsnivå. Tal på nivå varierer mellom undersøkingane. I TIMSS-undersøkinga er skalaen delt inn i lågt, middels, høgt og avansert prestasjonsnivå. TIMSS viser at det har vore ein tydeleg reduksjon i delen elevar på 4. trinn som skårar på lågt nivå, og særleg i delen elevar som skårar under lågt nivå. I TIMSS 2015 låg rundt ti pst. av elevane under lågt prestasjonsnivå på 4. trinn. I 2003 skåra rundt 25 pst. av elevane under lågt nivå i matematikk. Det har dermed skjedd ei monaleg forbetring på dei første trinna i grunnskolen sidan innføringa av Kunnskapsløftet.

Ser vi på TIMMS Advanced 2015, samanlikna med førre undersøking i 1995, viser dei norske elevane framgang i matematikk og ein tilbakegang i fysikk. I 1995 låg norske elevar heilt på topp i fysikk. I TIMSS Advanced 2015 ligg dei på det internasjonale gjennomsnittet. Samanlikna med andre land i TIMSS Advanced er det relativt få elevar som tar matematikk og fysikk på det siste året i vidaregåande skole.

Norske elevar presterte godt over det internasjonale gjennomsnittet i ei internasjonal undersøking av dei digitale dugleikane til elevane (ICILS), da denne sist blei gjennomført i 2013. Undersøkinga viste likevel at om lag 24 pst. av dei norske elevane hadde så svake dugleikar at dei vil ha problem med å meistre enkle digitale oppgåver som er vanlege i arbeidslivet.

Trass i ei positiv utvikling på fleire område er det framleis for mange elevar som går ut av grunnskolen utan eit godt grunnlag for vidare utdanning og arbeidsliv. PISA-undersøkinga reknar prestasjonsnivå 2 som ei kritisk grense for kva for kompetansar og dugleikar elevane treng i vidare utdanning og arbeidsliv. Delen elevar under denne grensa fungerer dermed som eit mål på korleis skolen lykkast med å førebu elevane på å vere aktive samfunnsborgarar og yrkesutøvarar. Det er mellom 15 og 20 pst. av elevane som i 2015 skårar under prestasjonsnivå 2 i PISA på kvart av dei tre områda i undersøkinga. Det inneber at om lag 10 000 elevar i kvart årskull kan komme til å få problem med å klare seg i vidare utdanning og arbeidsliv. Delen elevar som skårar under prestasjonsnivå 2, har variert over tid, men det har ikkje vore ein betydeleg reduksjon i denne delen i løpet av tidsperioden 2000–15. Elevar med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte blant elevane som er under prestasjonsnivå 2. I naturfag var om lag 31 pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og om lag 35 pst. av elevar som sjølve har innvandra, under prestasjonsnivå 2 i 2015. For dei andre elevane gjaldt det 16 pst. I lesing er skilnaden ikkje like stor. For meir informasjon om elevar med innvandrarbakgrunn, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Justis- og beredskapsdepartementet, vedlegg om mål for integrering.

Ser vi på motsett ende av skalaen i PISA – dei som ligg på nivå 4, 5 og 6 – ligg Noreg på nivå med OECD-snittet og Danmark og Sverige, medan Finland har ein betydeleg større del elevar på dei øvste nivåa.

Dei nasjonale prøvene i engelsk og rekning har målt utviklinga over tid sidan 2014, og nasjonale prøver i lesing har målt utviklinga over tid sidan 2016. Det er ingen endringar i prestasjonane til elevane i engelsk og rekning frå 2014 til 2016, verken på 5. trinn eller på 8. trinn. Resultata frå dei nasjonale prøvene viser at jentene gjer det betre enn gutane i lesing, medan gutane gjer det betre enn jentene i rekning, på både 5. og 8. trinn.

Elevar som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, har rett til spesialundervisning. Delen elevar med vedtak om spesialundervisning aukar gjennom skoleløpet, og er nær tre gonger så høgt på dei øvste trinna i grunnskolen som på dei lågaste. Den høge delen elevar med vedtak om spesialundervisning på dei øvste trinna kan tyde på at læringsutfordringar får utvikle og forsterke seg.

Delen grunnskoleelevar som har vedtak om spesialundervisning, har gradvis blitt redusert i dei seinare åra, og er nå på 7,8 pst, jf. figur 4.4. Dette kan sjåast som eit teikn på ei betring i skolane si evne til å gi tilpassa opplæring. Vi ser at delen gutar ligg systematisk høgre enn delen jenter når det gjeld kven som får spesialundervisning.

Figur 4.4 Elevar i grunnskolen med enkeltvedtak om spesialundervisning. Prosent.

Figur 4.4 Elevar i grunnskolen med enkeltvedtak om spesialundervisning. Prosent.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Ein kan òg sjå at fleire elevar nå får spesialundervisninga i den ordinære klassen. Rapporten Uten mål og mening? frå Barneombodet, som kom i mars 2017, og resultata frå tilsynet til fylkesmennene i 2016 viser likevel at det mellom anna er utfordringar med dei sakkunnige vurderingane til pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta), og i det arbeidet skolane gjer med å følge dei opp.

Ifølge tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) er det i skoleåret 2016–17 1 928 elevar som ikkje får spesialundervisninga si med undervisningspersonale. I dette talet ligg òg elevar som får vedtak om utstyr, til dømes teleslynge og IKT-utstyr. Mange elevar får vedtak om timar med både undervisningspersonale og assistent. Medan timar til spesialundervisning gitte av undervisningspersonale har vore relativt stabilt, har timar med assistent auka monaleg i dei siste åra, jf. figur 4.5.

Figur 4.5 Utvikling i timar med spesialundervisning gitt av undervisningspersonale og assistentar

Figur 4.5 Utvikling i timar med spesialundervisning gitt av undervisningspersonale og assistentar

Kjelde: GSI

Mål: Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring

I mange år har om lag halvparten av elevane valt yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg1. Likevel er det vesentleg færre elevar som oppnår yrkeskompetanse enn studiekompetanse. Det skyldast at gjennomføringa er lågare for elevane som vel yrkesfag, enn for elevane som vel studieførebuande utdanningsprogram, men også at mange elevar på yrkesfag orienterer seg mot løp som gir generell studiekompetanse, særleg tilbodet påbygging til generell studiekompetanse. Utdanningsprogramma service og samferdsel og helse- og oppvekstfag har særleg mange elevar som vel påbygging.

Gjennomføring av vidaregåande opplæring

Delen elevar og lærlingar som fullfører og består fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, har lege stabilt på rundt 70 pst. sidan innføringa av Reform 94. I dei siste åra har det likevel vore ein svak auke i delen elevar som fullfører og består. Av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2011, hadde 73 pst. fullført og bestått fem år etter. Det utgjer ein auke på 0,4 prosentpoeng samanlikna med 2010-elevkullet, og ein auke på 3,7 prosentpoeng samanlikna med 2005-kullet. 54 pst. av innvandrarar som starta i vidaregåande opplæring i 2011, fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. For norskfødde med innvandrarforeldre var delen 72 pst. og for øvrige elevar 75 pst. Dei norskfødde elevane med innvandrarforeldre har nærma seg resultata til dei øvrige elevane i dei siste åra, og dei norskfødde jentene med innvandrarbakgrunn gjer det no marginalt betre enn dei øvrige jentene og betre enn alle øvrige grupper.

Av 2011-kullet slutta 14,9 pst. undervegs i opplæringa, 6,4 pst. hadde gjennomført utan å bestå, og 5,7 pst. var framleis i vidaregåande opplæring i 2016. Ein del av elevane og lærlingane som ikkje fullfører og består i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring på eit seinare tidspunkt. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år etter påbyrja opplæring, aukar delen som fullfører og består, til om lag 80 pst.

Sjølv om gjennomføringa i stor grad er stabil på nasjonalt nivå, er det store variasjonar over tid mellom fylka, jf. figur 4.7. Akershus har høgst gjennomføring av vidaregåande opplæring for 2011-elevkullet, 79,2 pst. Gjennomføringa er òg høg i Sogn og Fjordane, Oslo og Møre og Romsdal. Fylkeskommunane i Nord-Noreg og Østfold har lågast gjennomføring, men Finnmark har hatt stor framgang frå 2015 til 2016, med ein auke i gjennomføringa på heile 9,4 prosentpoeng. Også Østfold hadde ein god auke i gjennomføringa frå 2010-kullet til 2011-kullet på 3,1 prosentpoeng.

Figur 4.6 Oppnådd kompetanse fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring

Figur 4.6 Oppnådd kompetanse fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring

Kjelde: SSB

Figur 4.7 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå (prosentdel)

Figur 4.7 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå (prosentdel)

Kjelde: SSB

Gjennomføring blir målt også etter overgangar frå kvart trinn i vidaregåande opplæring. Det har vore ei lita, men jamn stigning i talet på elevar som går over på neste trinn i den vidaregåande skolen i dei siste åra, både frå Vg1 til Vg2, og frå Vg2 til Vg3.

Verdsetting i høgre utdanning og på arbeidsmarknaden

I tillegg til at fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring, er det avgjerande at den kompetansen dei oppnår, blir verdsett i høgre utdanning eller på arbeidsmarknaden. Det er enkelte utfordringar knytte til dette. Ei utfordring er at ein del elevar som gjennomfører og består vidaregåande opplæring med generell studiekompetanse, ikkje ser ut til å ha blitt godt nok førebudde på å studere. NIFU leverte i juni 2016 sluttrapporten frå eit forskingsprogram om kvalitet, innhald og relevans i dei studieførebuande utdanningsprogramma. Rapporten definerer det å vere godt førebudd som å ha tileigna seg kunnskapar og dugleikar, og ha lært seg gode arbeidsmåtar. Det kan sjå ut til at studentar kan oppleve overgangen til høgre utdanning som krevjande. Rapporten peiker på at elevar frå vidaregåande opplæring har lite trening i å lese lange tekster, skrive fagspesifikke tekster og er lite førebudde på å organisere studiekvardagen. Kva dei opplev som utfordrande varierer likevel i stor grad elevar i mellom og mellom studia. Dette heng saman med at ulike studium krev ulik kompetanse og ulik grad av sjølvstendig studiearbeid. Ei anna utfordring er at mange elevar vel bort yrkesfagleg kompetanse undervegs i opplæringsløpet, og at arbeidsmarknaden verdset kompetansen frå enkelte utdanningsprogram og lærefag lågt.

Når ein ser på dei som vel yrkesfaglege studieprogram, ser ein at 79 pst. av dei som oppnådde fag- og sveinebrev i skoleåret 2015–16, var i arbeid same år. 12,3 pst. var i utdanning og 8,7 pst. utanfor arbeid og utdanning. Det er store variasjonar mellom utdanningsprogramma i delen fagarbeidarar som er i arbeid, frå 57,8 pst. for medium og kommunikasjon til 84,9 pst. for helse- og oppvekstfag. Delen fagarbeidarar som er i arbeid per november same år som dei oppnådde fag- eller sveinebrev, er den same i 2016 som i 2015, jf. figur 4.8. For medium og kommunikasjon og teknikk og industriell produksjon er det mange fagarbeidarar som søker seg til høgre eller anna utdanning. Det tyder på at mange fagarbeidarar opplever at kompetansen frå enkelte lærefag ikkje er tilstrekkeleg som kompetanse i arbeidsmarknaden.

Figur 4.8 Delen sysselsette fagarbeidarar per november i same opplæringsår som dei oppnådde fag-/sveinebrev

Figur 4.8 Delen sysselsette fagarbeidarar per november i same opplæringsår som dei oppnådde fag-/sveinebrev

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Skoleporten

Samsvaret mellom talet på nye fagarbeidarar og sysselsettinga i relevante næringar gir informasjon om etterspørselen i arbeidsmarknaden. I bygg- og anleggsteknikk blei det utdanna om lag 4 800 fagarbeidarar skoleåret 2015–16, jf. figur 4.9. Samstundes rapporterer næringa om underskott på kvalifisert arbeidskraft gjennom bedriftsundersøkinga til Nav frå våren 2017. Helse- og oppvekstfag og service og samferdsel har hatt stor vekst i talet på nyutdanna fagarbeidarar. Helse- og oppvekstfag utdanna flest fagarbeidarar i 2015–16 med i overkant av 6 300 beståtte fag- og sveineprøver. Bedriftsundersøkinga til Nav frå 2017 viser likevel stort underskott på kvalifisert arbeidskraft på områda helse, pleie og omsorg.

Figur 4.9 Beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Figur 4.9 Beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten 2016

Samla vurdering av tilstanden

Mykje tyder på at læringsutbytta til elevane i lesing, matematikk og naturfag har auka sidan innføringa av Kunnskapsløftet, særleg i starten av grunnskolen. Sett over eit lengre og samla historisk perspektiv har likevel nivået på læringsutbyttet på desse fagområda ikkje auka. PISA-undersøkinga frå 2016 viser at nærare 20 pst. av elevane går ut av grunnskolen med så svake dugleikar at dei kan få problem med vidare skolegang og arbeid. Det er derfor eit stort potensial for at elevane kan lære meir.

Gjennomføringa av vidaregåande opplæring har vore stabil sidan innføringa av Reform 94. Gjennomføringa har likevel auka svakt i dei seinaste åra. Det er positivt, men regjeringa meiner framleis at gjennomføringa av vidaregåande opplæring er for låg. Som regjeringa slo fast i den politiske plattforma si, har ho ein ambisjon om gradvis å auke det nasjonale målet for gjennomføring av vidaregåande opplæring til 90 pst. Overgangen til arbeidsmarknaden er ikkje god nok for delar av fag- og yrkesopplæringa.

Det er mindre bråk og uro i klasseromma enn tidlegare. Det er likevel alvorleg at 6,3 pst. av elevane som svarar på Elevundersøkinga oppgir at dei har blitt mobba to til tre gonger i månaden eller oftare.

Strategiar og tiltak

Tilstandsvurderinga viser at det har vore ei positiv utvikling i retning av å nå dei overordna måla for grunnopplæringa i dei siste åra. Regjeringa meiner likevel at måloppnåinga må bli betre. Nasjonale myndigheiter vil halde fram med å legge til rette for at skoleeigarar og skolar kan oppnå betre læringsmiljø, betre faglege dugleikar og betre gjennomføring av vidaregåande opplæring. Regjeringa vil arbeide for at lokale myndigheiter og profesjonsfellesskapa på skolane skal ha kapasitet og kompetanse til å løyse oppgåvene sine på ein god måte.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å fornye innhaldet i skolen. Dei overordna prinsippa frå Kunnskapsløftet skal ligge fast. Verdigrunnlaget skal løftast fram i læreplanane slik det kjem fram i den nyleg fastsette Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa. Læreplanane skal vere ferdige til skolestart 2020.

Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen markerer starten på ei forsterka satsing på tidleg innsats. Satsinga vil vere avgjerande for å kunne nå sektormåla, og ho blir følgd opp i budsjettforslaget for 2018.

Regjeringa vil halde fram med å legge til rette for at lærarar og skoleleiarar skal ha moglegheit til å auke kompetansen sin. Både fagleg fordjuping for den enkelte og utviklinga av dei profesjonelle fellesskapa på skolane kjem til å vere prioriterte oppgåver. Tiltaka skal vere godt tilpassa lokale behov.

Departementet vil stille tydelegare krav til at skoleeigarar tar sin del av ansvaret for å nå sektormåla. Moglegheitene den einskilde eleven har for eit trygt og inkluderande læringsmiljø og godt læringsutbytte, skal ikkje avgjerast av bakgrunn eller kvar ein familie buset seg. Skoleeigarar som ikkje er i stand til å oppnå gode nok resultat over tid, skal få tettare oppfølging.

Nedanfor følger ei nærare omtale av dei viktigaste tiltaka regjeringa gjennomfører for å nå måla for grunnopplæringa.

Tidleg støtte til elevar som treng det

Det er godt dokumentert at det er meir effektivt å sette inn tiltak tidleg i skoleløpet enn seint. I tråd med Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen har regjeringa sett i gang ei heilskapleg satsing for å realisere prinsippet om tidleg innsats.

For at elevar som treng det, skal få hjelp til rett tid, vil regjeringa gi skolane ei plikt til å tilby intensiv opplæring til elevar som heng etter i lesing, skriving og rekning på 1.–4. trinn. Eit lovforslag om dette har vore ute til høyring. Målet med lovforslaget er at elevane fullfører grunnskolen utan avvik frå kompetansemåla i læreplanane for fag. Regjeringa sende samtidig ut til høyring eit forslag som gir skolen ei plikt til å samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av elevar med helsemessige, personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som er knytte til opplæringa.

Regjeringa foreslår å føre vidare løyvinga til auka lærartettleik på 1.–4. trinn i 2018, jf. kap. 226 post 63. Løyvinga er på over 1,3 mrd. kroner, og midlane vil sette kommunane i stand til å følge opp den nye plikta til tidleg innsats. I tillegg vil 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane i 2018 vere knytte til tidleg innsats i barnehagen og skolen.

God kompetanse i begynnaropplæring er nødvendig for at plikta til tidleg innsats skal føre til at elevane får eit betre tilbod. I den nye rammeplanen for lærarutdanningane er det slått fast at lærarane til dei yngste barna skal ha slik kompetanse. I 2018 vil departementet sette i gang eit vidareutdanningstilbod som skal gi lærarar oppdatert og forskingsbasert kompetanse i begynnaropplæring.

Erfarne lærarar som allereie har kompetanse i begynnaropplæring, bør få tilbod om ytterlegare kompetanse- og karriereutvikling på feltet. Det vil komme profesjonsfellesskapet til gode og vere eit bidrag til å profesjonalisere begynnaropplæring og intensiv opplæring. Regjeringa vil derfor utvide piloteringa av lærarspesialistar til spesialist på 1.–4. trinn retta mot tidleg innsats.

Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Strategien skal mobilisere og forplikte barnehagar, skolar og kommunar til endring lokalt. Realfagskommunar er eit sentralt verkemiddel i strategien. Realfagskommunane skal utvikle ein lokal strategi for å arbeide systematisk med å forbetre kompetansen og resultata i realfag frå barnehage til fullført grunnskole. Realfagsløyper er eit nytt tiltak i strategien frå 2017. Gjennom dette tiltaket vil det bli utvikla kompetanseutviklingspakker til dei som arbeider i barnehage og skole, tilsvarande dei som er laga i Språkløyper . Kompetanseutviklinga skal foregå i barnehagen og skolen for å styrke kunnskap om lokalt utviklingsarbeid lokalt.

S pråkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019) for barnehagen og grunnopplæringa har som mål å styrke språk-, lese- og skrivedugleikane til alle barn og elevar, og på den måten også den faglege kompetansen deira. Strategien har tre hovudtiltak: nettbasert kompetansemateriale for lærarar, introduksjonssamlingar og støtte til lokalt utviklingsarbeid for dei kommunane som får status som språkkommune. Regjeringa vil føre vidare satsinga i 2018. Gjennom Språkløyper er det òg etablert ei tilskottsordning der private, frivillige og ideelle organisasjonar kan søke om tilskott til å drive lesestimuleringstiltak. Regjeringa foreslår å utvide denne ordninga i 2018. Ein del av tilskottet skal også nyttast til å styrke skolebiblioteka og folkebiblioteka i arbeidet deira med lesestimulering.

Ein del av satsinga til regjeringa på tidleg innsats handlar om at barn og unge får ein trygg og god overgang frå barnehage til skole og SFO. Regjeringa vil frå 1. august 2018 innføre ei plikt for barnehageeigarar og skoleeigarar til å samarbeide om overgangen frå barnehagen til skolen og SFO. Lovendringa har vore ute til høyring.

Regjeringa vil gi eit betre tilbod til elevar som presterer på eit høgt fagleg nivå eller har potensial til å nå dei høgste faglege nivåa, og elevar med spesielle talent. NOU 2016: 14 Mer å hente. Bedre læring for elever med stort læringspotensial har vore ute til høyring, og i statsbudsjettet for 2018 foreslår regjeringa å følge opp utgreiinga med å utvikle ein e-læringsmodul for at lærarar i skolen og tilsette i pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) skal få betre kompetanse knytt til elevar med stort læringspotensial. Departementet vil også vurdere og følge opp dei øvrige tiltaka for denne gruppa som er presentert i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen .

Gjennom prosjektet Et lag rundt eleven skal det evaluerast effektar av ulike modellar for bruk av fleirfagleg kompetanse i skolen. To tiltak skal evaluerast – eitt om auka bruk av helsesøstrer og eitt om styrkt skoleleiing. Målet er å dokumentere effektar av systematisk satsing på fleirfagleg kompetanse og korleis dette kan bidra i læringsmiljøarbeidet, i arbeidet med tidleg innsats og til å frigjere tid for lærarane til undervisning. Effektevalueringa starta i 2017, og sluttrapporten skal vere klar i 2020.

I mars 2017 oppretta regjeringa ei ekspertgruppe for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging. Gruppa skal sjå på tiltak for å sikre at alle barn får den opplæringa dei har krav på. Eit av hovudmåla for ekspertgruppa er at ho skal komme med forslag som kan gi dei som arbeider i barnehagen og skolen, eit betre grunnlag for å velje dei verkemidla og tiltaka som høver best for barna. Rapporten skal ligge føre våren 2018.

0–24-samarbeidet , som er ei femårig satsing på tvers av fleire departement, vil halde fram i 2018. Satsinga skal styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år. Eit overordna mål er at fleire utsette barn og unge lykkast med liva sine gjennom å oppleve meistring i barnehage, skole, arbeid og i samfunnslivet. Slik kan marginalisering og utanforskap motverkast. Samarbeidet om dette mellom dei fem direktorata Utdanningsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet er organisert som eit program. Konkret inneber programmet å avdekke felles utfordringar knytte til for eksempel spesifikke språkvanskar og regelverk og å fremme samordna tiltak og strategiar for betre oppfølging av utsette barn og unge på tvers av sektorar.

Tidleg innsats er også viktig for elevar som kjem til landet som flyktningar og asylsøkarar. Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for å hjelpe skoleeigarar til å gi eit godt opplæringstilbod til nykomne elevar. Det er mellom anna sett av midlar til heving av kompetansen hos dei som arbeider med opplæring av asylsøkarar og flyktningar. Departementet vil i 2018 halde fram med innsatsen for å betre opplæringstilbodet til nykomne elevar. Vidareutvikla verktøy for kartlegging av språklege dugleikar skal etter planen vere klart i 2018, og bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar får betre tilpassa opplæring.

Fornying av innhaldet i skolen

Stortinget har gitt si tilslutning til den fornyinga av faga i skolen som regjeringa varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet , jf. Innst. 19 S (2016–2017). Alle faga i grunnskolen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal fornyast. Fagfornyinga skal gi gode skolefag med relevant innhald, og progresjonen i opplæringsløpet og samanhengen mellom fag skal forbetrast. Det skal leggast betre til rette for at elevane kan fordjupe seg i faga.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide nye læreplanar. Det er sett ned grupper med representantar frå både universitets- og høgskolesektoren og skolesektoren som skal utarbeide forslag til kjerneelement i fag. Kjerneelement i eit fag er det elevane må lære for å kunne meistre og bruke faget. Det vil bli sett ned faggrupper som skal utvikle læreplanane for dei enkelte faga.

For at fagfornyinga skal lykkast, er det avgjerande med ei brei involvering. Kunnskapsdepartementet har etablert ei referansegruppe med representantar frå dei sentrale partane i skolesektoren. Partane har gått saman om ein strategi for læreplanutviklinga som avklarer forventningane til prosessen og skal gi ei god involvering i ulike fasar av arbeidet. I tillegg har Utdanningsdirektoratet lagt ein plan for korleis dei undervegs i arbeidet på best mogleg vis kan involvere både elevar, lærarar og aktuelle målgrupper. Involvering og medverknad skal bidra til å aktivere kompetanse som finst i sektoren, og til å bygge kapasitet til å ta læreplanverket i bruk når det er ferdig.

Fornyinga av generell del av læreplanverket er ein del av fagfornyinga. Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa erstattar dagens generell del, prinsipp for opplæringa og prinsipp for opplæringa – samisk. Overordna del skal gi eit verdiløft i skolen og på ein betre måte synleggjere verdiane i formålsparagrafen for opplæringa, slik Stortinget har peikt på, jf. oppmodingsvedtak nr. 10 (2016–2017). Dokumentet utgjer ei beskriving av det forpliktande grunnsynet som skal prege og støtte pedagogisk praksis i heile opplæringsløpet. Overordna del gir også føringar for utviklinga av læreplanar for fag. Utkast til overordna del var ute til høyring sommaren 2017, og det blei gjennomført fleire høyringskonferansar. Utkastet blei generelt tatt godt imot, og departementet bearbeidde dokumentet på bakgrunn av innspel frå høyringa. Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa blei fastsett av Kongen i statsråd 1. september 2017.

Profesjonelle fellesskap med høg kompetanse på alle skolar

Kompetanseutvikling er eit av dei viktigaste verkemidla staten har for å styrke arbeidet med kvalitet i skolen. God kompetanse og moglegheiter for å utvikle han er også viktig for å bygge opp profesjonelle fellesskap i skolen.

I september 2014 lanserte regjeringa strategien Lærerløftet . Målet med strategien er fagleg sterke lærarar, ei attraktiv lærarutdanning og fleire karrierevegar for lærarar. Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen inneheld fleire tiltak som skal bidra til å styrke dei profesjonelle fellesskapa i skolen og styrke lokalt arbeid med kvalitetsutvikling. Våren 2017 la regjeringa òg fram ein strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane. Regjeringa følger opp Lærerløftet , Meld. St. 21 (2016–2017) og lærarutdanningsstrategien gjennom fleire tiltak.

Regjeringa vil at lærarar skal ha større fagleg fordjuping og betre innsikt i forskings- og utviklingsarbeid og vitskapsmetode. Det er innført nye mastergradsutdanningar for lærarar frå 2017, jf. omtale av lærarutdanningane under programkategori 07.60 Høgre utdanning. For å styrke rekrutteringa av lærarar vil regjeringa gjere lærarutdanninga meir attraktiv og bidra til at fleire gjennomfører. Eit viktig grep er å sette strengare krav til opptak. Regjeringa vil òg ettergi delar av studielånet for studentar som fullfører lærarutdanning på normert tid, sjå omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Den første tida som nyutdanna lærar i barnehage og skole legg eit viktig grunnlag for vidare yrkesutøving og profesjonell utvikling. Utdanninga aleine kan ikkje førebu lærarane på alle sider ved yrket, og dei nyutdanna skal kunne forvente at arbeidsgivaren har eit system som støttar dei i overgangen frå utdanning til yrke, og som medverkar til at dei blir inkluderte i eit profesjonsfellesskap. På bakgrunn av dette vil regjeringa i samarbeid med partane utforme nasjonale rammer for ei rettleiingsordning for nyutdanna lærarar. Alle nytilsette skal vere omfatta av ordninga, og ho skal gi rom for lokal tilpassing.

Vidareutdanning for lærarar er ei viktig satsing for regjeringa. Talet på deltakarar er tredobla sidan 2013, og regjeringa foreslår å føre vidare nivået på løyvinga i 2018. Regjeringa har innført nye kompetansekrav for undervisning i engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk. For at skoleeigarar skal vere i stand til å innfri krava innan 2025, er desse faga prioriterte i vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet . I 2017-budsjettet blei det i tillegg sett av midlar for at fleire lærarar skal få vidareutdanning i praktiske og estetiske fag.

For at kompetanse- og kvalitetsutvikling i større grad skal skje lokalt, må lærarar, skoleleiarar og lokale skolemyndigheiter samarbeide om å identifisere utfordringar og utvikle tiltak bygde på forskingsbasert kunnskap og felles erfaring. I statsbudsjettet for 2017 blei det derfor innført ein ny modell for kompetanseutvikling i skolen. Den nye modellen er nærare presentert i Meld. St. 21 (2016–2017).

Modellen inneber at dei statlege kompetansemidlane skal nyttast meir målretta og vere betre tilpassa lokale behov. I statsbudsjettet for 2018 foreslår regjeringa å nytte om lag 300 mill. kroner på dei tre ordningane i den nye kompetansemodellen – ein auke på 100 mill. kroner i høve til 2017. Satsinga blir i hovudsak finansiert frå kompetanseutviklingstiltak som blir, eller er i ferd med å bli, fasa ut. Dei største av desse er Ungdomstrinn i utvikling og Kompetanse for mangfold .

Den største delen av midlane til den nye modellen skal gå til den desentraliserte ordninga . Kommunar skal i samarbeid med universitet og høgskolar vurdere kva for kompetansetiltak dei vil gjennomføre for å auke kvaliteten i skolen. Gjennom innovasjonsordninga skal forskarar og lokale skole- og barnehagemyndigheiter eller -eigarar kunne søke om midlar til å gjennomføre forskingsprosjekt som gir meir kunnskap om kvalitet i skolen. I 2018 skal midlane som er sette av til grunnopplæringa i innovasjonsordninga, hovudsakleg nyttast til prosjekta Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring og Et lag rundt eleven. Nasjonale myndigheiter vil gjennom oppfølgingsordninga gi støtte og rettleiing til kommunar som over tid har svake resultat på sentrale område i opplæringa. For å finne fram til desse kommunane vil det bli etablert ei nedre grense for kvalitet i skolen, basert på eit breitt sett med indikatorar.

For at den nye kompetansemodellen skal bli best mogleg, må det finnast fagmiljø som kan bidra til å heve kvaliteten i barnehagar og skolar gjennom å vere praksisnære pådrivarar for å utvikle fagdidaktikk på relevante område i grunnopplæringa. Her vil dei nasjonale sentera i grunnopplæringa kunne spele ei viktig rolle. For sentera kan ei sterkare tilknyting til universiteta og høgskolane bety betre tilgang til relevant forsking og betre vilkår for samarbeid med lærarutdanningane. Departementet meiner at ei innlemming av dei nasjonale sentera i vertsinstitusjonane vil gi betre kvalitet på dei oppgåvene departementet ønsker at sentera skal løyse, og har avgjort at vertsinstitusjonane skal overta det faglege ansvaret for dei nasjonale sentera. Sjå omtale under kap. 226 post 50 og kap. 260 post 50.

Meld. St. 21 (2016–2017) peiker på at skolar må ha kompetanse og kapasitet til tidleg å finne ut kva for barn og elevar som vil ha nytte av vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, og kompetanse til å sørge for at det pedagogiske tilbodet held høg kvalitet. Regjeringa vil greie ut korleis ein kan sørge for at alle skolar har tilgang på lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk. Det vil òg bli lagt til rette for eit tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk frå hausten 2018.

For å følge opp rapporten frå Barneombodet om spesialundervisninga frå 2017 og resultata frå tilsynet til fylkesmennene i 2016, vil regjeringa sjå nærare på korleis ein kan støtte den pedagogisk-psykologiske tenesta i verksemda deira. Regjeringa vil derfor utvikle ein heilskapleg plan for kvalitetsutvikling i PP-tenesta. Dette skal gjerast i samarbeid med sektoren. Eit nytt tilbod om vidareutdanning som skal styrke det individretta arbeidet til PP-tenesta, vil bli omfatta av planen, og eit nettbasert tilbod skal utviklast allereie i 2018. Innhaldet vil mellom anna omfatte sakkunnearbeid, forvaltningskompetanse og inkluderingskompetanse. Kompetansesatsinga Strategi for etter- og vidareutdanning i PP-tenesta vil halde fram ut 2018. Her ligg hovudvekta på å styrke det systemretta arbeidet til verksemda.

Regjeringa vil bidra til å utvikle nye karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling i klasserommet. Hausten 2015 starta departementet derfor pilotar med funksjon som lærarspesialist. Funksjonen som spesialist skal bidra til at dyktige lærarar har gode faglege utviklingsmoglegheiter og ønsker å fortsette å undervise. Som følge av den store interessa for lærarspesialistordninga har regjeringa forlengt piloteringa og utvida med fleire lærarspesialistar på fleire fagområde. Formålet er å få eit enda betre grunnlag for å vurdere meir permanente ordningar. Det er nå om lag 300 lærarspesialistar i skolen – i norsk, matematikk, praktiske og estetiske fag og yrkesfag. Frå 2018 foreslår regjeringa å trappe opp satsinga. Det vil bli fleire spesialistar innanfor dei nemnde fagområda. I tillegg vil det bli lagt til rette for pilotering av lærarspesialistar i profesjonsfagleg digital kompetanse og fleire lærarspesialistar på 1.–4. trinn retta mot tidleg innsats. Den sistnemnde delen av piloteringa skal òg bidra til å skape interesse for å utdanne seg til lærar for 1.–7. trinn, og vere med på å realisere satsinga til regjeringa på tidlig innsats. I samband med satsinga vil regjeringa vurdere behovet for å gjere endringar i rammene for ordninga slik at det blir meir attraktivt for fleire å vere lærarspesialist.

For å bli lærarspesialist må læraren oppfylle krav til både erfaring og til formell kompetanse. For at fleire lærarar skal kunne vere kvalifiserte til å søke om å fungere som lærarspesialist er det laga ei vidareutdanning for spesialistar, i første omgang i norsk og matematikk. I 2018 vil ordninga bli utvida med fleire lærarspesialistutdanningar. Vidareutdanningane skal kunne byggast ut til ein mastergrad.

Kompetansen til skoleleiarane er avgjerande for kvalitetsutvikling og for å utvikle gode profesjonelle fellesskap på den einskilde skolen. Som varsla i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen vil departementet derfor i løpet av 2018 vurdere om skoleeigarar skal få ei plikt til å tilby utdanning i pedagogisk leiing til nytilsette rektorar. Den nasjonale rektorutdanninga med statleg finansierte studieplassar blir ført vidare, og departementet skal utvikle vidareutdanningsmodular for erfarne skoleleiarar. Den første modulen skal gi skoleleiarar kompetanse til å førebygge og handtere mobbing.

For at fleire elevar skal få opplæring av kvalifiserte lærarar, etablerte regjeringa og samarbeidspartia på Stortinget hausten 2015 ei stipendordning for tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning, og som er kvalifiserte for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU og PPU-y) og yrkesfaglærarutdanningane (YFL). Departementet vil vurdere korleis ordninga kan få fleire søkarar i 2018. Departementet vil også vurdere ulike ordningar for at andre tilsette i skolen skal få moglegheit til å ta ei lærarutdanning.

Den nasjonale strategien for lærarutdanningane, som blei lagd fram våren 2017, inneheld fleire tiltak for å styrke samarbeidet mellom skolen og lærarutdanningane. Departementet vil mellom anna lage nasjonale rammer for partnarskap mellom lærarutdanningsinstitusjonar og barnehage- og skoleeigarar. Departementet vil også vurdere å starte eit nasjonalt forum for lærarutdanningane, der representantar for skolen og barnehagen er representerte.

Fag- og yrkesopplæring tilpassa behova til arbeids- og næringslivet

Regjeringa gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skoleeigarane og partane i arbeidslivet. Satsinga skal bidra til å dekke behovet i arbeidslivet for fagfolk i framtida og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. For å nå måla set regjeringa i verk tiltak som aukar fleksibilitet, relevans og kvalitet i fag- og yrkesopplæringa.

Eit viktig tiltak er å vedta og implementere ein ny tilbodsstruktur for yrkesfaga. Målet er at opplæringstilboda skal bli meir relevante for arbeidslivet, målt opp mot kriterium som rekruttering, gjennomføring og verdsetting på arbeidsmarknaden. Forslag til ny tilbodsstruktur har vore ute til høyring våren og sommaren 2017. Departementet vil vurdere høyringsinnspela og tar sikte på å fastsette ny tilbodsstruktur for yrkesfaga i 2017. Deretter vil det starte eit arbeid med å revidere og utvikle nye læreplanar for dei faga som skal endrast.

Gode yrkesfaglærarar med oppdatert fagkunnskap bidrar til relevant og praktisk opplæring for elevane, noko som vil kunne føre til at fleire fullfører og består fagopplæringa. Regjeringa sette derfor hausten 2015 i gang ei satsing på yrkesfaglærarane – Yrkesfaglærerløftet . Satsinga skal bidra til å rekruttere fleire yrkesfaglærarar, sørge for at fleire får ei godkjent lærarutdanning, og at yrkesfaglærarar har gode moglegheiter til å delta i etter- og vidareutdanning. I 2017 er det starta opp 18 etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesfaglærarar. I 2018 skal fleire få tilbod om kompetanseutvikling. Erfaringane frå dei første åra skal vere grunnlag for eit varig system.

Ordningane for yrkesfaglærarar som ønsker å hospitere i bedrift eller få fagleg oppdatering i arbeidslivet, skal styrkast. Departementet vil i tillegg føre vidare satsinga på å rekruttere og kvalifisere yrkesfaglærarar gjennom to ordningar: eit rekrutteringsstipend for at skoleeigarar skal kunne rekruttere fagarbeidarar og andre med relevant utdanning til å bli yrkesfaglærarar, og eit utdanningsstipend til personar utan godkjent lærarutdanning som jobbar i skolen. Ordningane er nærare omtalte under overskrifta Profesjonelle fellesskap med høg kompetanse på alle skolar . Regjeringa foreslår i 2018 å legge til rette for at det blir utvikla ei desentralisert, nettbasert treårig utdanning for yrkesfaglærarar, sjå omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Ved starten av kvart skoleår er det mange tusen elevar som står utan læreplass. Dette problemet er vedvarande og er også ein av grunnane til at mange ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring. Departementet har saman med partane i arbeidslivet tatt grep for at fleire skal få læreplass, i både offentleg og privat sektor. Dette omfattar mellom anna skjerping av krava om bruk av lærlingklausular i utlysingar av offentlege anbod, innføring av ei merkeordning for verksemder med lærlingar og betre vilkår for læreverksemder. Regjeringa har, saman med samarbeidspartia på Stortinget, auka lærlingtilskottet med 21 000 kroner reelt per lærekontrakt sidan ho tiltredde.

I mars 2016 underteikna partane i arbeidslivet, kunnskapsministeren og kommunal- og moderniseringsministeren ein ny samfunnskontrakt for fleire læreplassar som skal gjelde fram til 2020. Hovudstrategien i den nye samfunnskontrakten er å få i gang det lokale arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter og slik skaffe fleire læreplassar. Regjeringa foreslår å styrke det lokale rekrutteringsarbeidet ute i fylka i 2018-budsjettet. Som ei oppfølging av samfunnskontrakten har det blitt utvikla eit nytt digitalt verktøy, finnlærebedrift.no , som gjer det enklare å identifisere og rekruttere nye lærebedrifter. Regjeringa vil utvikle digitale verktøy vidare.

Regjeringa har bestemt at 2018 skal bli yrkesfagas år . Det er foreslått midlar til planlegginga og gjennomføringa av dette. Formålet er å bidra til merksemd på og status for fagopplæringa. Ein del av midlane skal gå til å arrangere skolekonkurransar. Yrkesfagas år skal arrangerast i samarbeid med WorldSkills Norway og partane i arbeidslivet.

Det eksisterer ei lektor 2-ordning for realfaga. Regjeringa vil sette i gang ei tilsvarande ordning for yrkesfaga i 2018. Ordninga inneber at fagpersonar frå industri og øvrig arbeidsliv blir involverte direkte i undervisninga. Ved å få denne kompetansen inn i skolen skal undervisninga få ei betre kopling mot det som skjer ute på arbeidsplassen.

Ein mobbefri skole der alle elevar har det trygt og godt

Innsatsen for å sikre trygge og gode miljø utan mobbing i både skolar og barnehagar er ei høgt prioritert oppgåve for regjeringa.

Våren 2017 er det vedtatt nye reglar for skolemiljø som skal gi elevane betre rettstryggleik. Endringane gjeld frå 1. august 2017 og omfattar mellom anna endring av rolla til fylkesmannen som klageinstans og at ein aktivitetsplikt for skolane erstattar ordninga med enkeltvedtak. Aktivitetsplikta inneber at når ein elev seier frå om mobbing, skal saka alltid bli undersøkt og følgd opp av skolen. Kommunen og andre skoleeigarar har eit klart ansvar for å sjå til at skolane følger opp plikta. Fylkesmannen blir nå førsteinstans for elevar som melder inn ei sak dit, medan Utdanningsdirektoratet blir klageinstans. Elevar kan bringe saka si direkte inn for fylkesmannen, som skal greie ut saka og følge ho opp heilt til eleven har det trygt og godt på skolen. Både fylkesmannen og Utdanningsdirektoratet skal kunne bruke dagbøter når det er nødvendig, for å sørge for at avgjerdene deira blir følgde opp av skoleeigarane. Regjeringa meiner dette blir ei ordning som vil vere enklare, raskare, tryggare og meir brukarvennleg enn før. Løyvingane til fylkesmennene blei styrkte i 2017-budsjettet som følge av endringane.

NOU 2015: 2 Å høre til – virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø (Djupedalutvalet) peikte på mangelfull kompetanse som ei hovudårsak til at mange skolar og kommunar slit med høge mobbetal. I budsjettforslaget for 2018 blir den omfattande satsinga til regjeringa på kompetansetiltak som skal styrke barnehagane og skolane si evne til å førebygge, avdekke og handtere mobbing, ført vidare. Tilboda er tilpassa utfordringane til den einskilde kommunen. Kommunane som har dei tyngste mobbeutfordringane, får støtte og rettleiing først, og dei mottar meir støtte enn andre. Desse kommunane får tilbod der eksterne rettleiarar med særleg kompetanse gir spesialisert støtte. Andre kommunar vil få tilbod om felles samlingar og utviklingsarbeid på eigen arbeidsstad, med støtte frå lokale ressurspersonar. Det vil òg bli gitt tilbod om nettbaserte kurs. I alle tilboda vil kompetanse om regelverket, pedagogisk kompetanse, arbeid for å bygge gode læringsmiljø og lokal kvalitetsutvikling inngå.

I 2017-budsjettet blei løyvinga til Barneombodet auka, slik at dei kan rådgi fleire barn og familiar som står i vanskelege situasjonar med mobbing. Nettstaden nullmobbing.no er etablert, med informasjon om kvar dei kan få hjelp og støtte i mobbesaker. Departementet gir òg støtte til nettstaden snakkommobbing.no, som blir driven av Blå Kors.

Kunnskapsdepartementet leier Partnarskap mot mobbing , der 13 organisasjonar med tilknyting til skole og barnehage deltar. Det er vedtatt ein eigen handlingsplan for perioden 2017–18, der partnarane forpliktar seg til konkrete tiltak, både i sin eigen organisasjon og i samarbeid med andre deltakerar i partnarskapet. Hovudmålet for perioden er å auke kompetansen til å førebygge og handtere mobbing hos barnehage- og skoleeigarar og hos dei som arbeider i barnehagar og skolar. Tiltaka er både nasjonale og lokale. Dette er ei oppfølging av tilrådingane frå Djupedalutvalet, som ville ha eit meir forpliktande samarbeid enn det som var i det tidlegare Manifest mot mobbing . Manifestet blei erstatta av Partnarskap mot mobbing i januar 2016.

Frå hausten 2018 vil det bli sett i gang ei ordning med fylkesvise eller regionale mobbeombod, jf. oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 674 (2016–2017). Staten bidrar med halve kostnaden. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å avklare og konkretisere mandat og arbeidsområde for dei nye omboda. Både barnehage og skole skal vere ein del av oppdraget, og det skal leggast særleg vekt på at omboda får ein uavhengig stilling i høve til andre aktørar på barnehage- og skoleområdet. Direktoratet skal i tillegg gjere ein grenseoppgang mellom dei nye omboda og dei allereie etablerte elev- og lærlingomboda.

Regjeringa la i august 2017 fram ein strategi for psykisk helse, med særleg vekt på barn og unge. Han vil danne grunnlaget for ein opptrappingsplan. Regjeringa vil òg sjå nærare på formålet til helsestasjons- og skolehelsetenesta.

Regjeringa la hausten 2016 fram Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) . Planen inneheld ei rekke tiltak, blant anna på opplæringsområdet. Kunnskapsdepartementet vil følge opp desse mellom anna gjennom fagfornyinga. Sjå òg omtale av oppmodingsvedtak nr. 599 og 921 (2016–2017) under programkategori 07.30 Barnehagar.

Betre bruk av IKT i opplæringa

IKT er eit vilkår for innovasjon og produktivitet i eit moderne samfunn, og er eit sentralt verktøy både for konkurranseevna til næringslivet og for velferdstenester i framtida. Opplæringa må ruste elevane til å møte endringar i arbeidslivet og samfunnet.

Regjeringa lanserte derfor ein heilskapleg digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa i august 2017 som varetar ein balanse mellom ulike innsatsområde. Digitaliseringsstrategien er ein del av arbeidet til regjeringa for å handtere og gripe moglegheitene i digitaliseringa. Strategien har som mål at elevane skal ha digitale dugleikar som gjer dei i stand til å oppleve livsmeistring og lykkast i vidare utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking, og at IKT skal utnyttast godt i organiseringa og gjennomføringa av opplæringa for å auke læringsutbyttet til elevane. Samanslåinga av Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga må også sjåast i samanheng med Digitaliseringsstrategien, som eit av verkemidla for å styrke digitaliseringa av sektoren og for at IKT skal inkluderast med anna arbeid og tenester.

Ulike kartleggingar og forskingsrapportar identifiserer utfordringar på fleire område knytte til IKT i grunnopplæringa. Dei omfattar dei digitale dugleikane til elevane, den profesjonsfaglege digitale kompetansen til lærarane, kvaliteten på digitale læremiddel og IKT-infrastrukturen i kommunane. Forsking viser at IKT har størst effekt på læringa til elevane der IKT er ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet, med klare mål, undervisningsopplegg, undervisningsmateriell, støtte i form av tekniske ressursar, lærarutdanning og lærarutvikling. Ei heilskapleg satsing på IKT i opplæringa må omfatte innsatsen til kommunane og fylkeskommunane. Samtidig trengst ei overordna, nasjonal satsing som kan gi retning for det lokale ansvaret. Digitaliseringsstrategien lanserer derfor tiltak innanfor fire hovudområde: læringa til elevane og innhaldet i skolen, kompetanse, infrastruktur og fag- og yrkesopplæringa.

Frå hausten 2017 kunne alle dei skolane som ønsker det, tilby valfag i programmering på ungdomstrinnet. Regjeringa varsla i Digitaliseringsstrategien at programmering vil bli innført som permanent valfag frå 2019. Det vil også settast i verk nasjonalt forsøk med programmering og modellering som programfag i vidaregåande opplæring frå 2018.

Den kommande fornyinga av faga i grunnopplæringa er sentral for korleis elevane blir i stand til å møte dei store samfunnsendringane vi står overfor, og for korleis IKT blir tatt i bruk i opplæringa. I fagfornyinga skal det vurderast korleis teknologi, programmering og algoritmisk tenkemåte kan inngå i bestemte læreplanar for fag, særleg i matematikk og naturfag. Det er eit mål at alle elevar skal få kjennskap til korleis teknologi og ulike program fungerer og speler saman gjennom opplæringa.

Nye læreplanar med nytt innhald og god utnytting av IKT i grunnopplæringa krev høg kompetanse blant lærarane. Profesjonsfagleg digital kompetanse er allereie eit sentralt punkt i rammeplanar for lærarutdanningane, men det er likevel utfordringar både i lærarutdanningane og blant lærarar som allereie jobbar i skolen. I 2017 blei det sett i gang fleire tiltak for å betre den profesjonsfaglege digitale kompetansen for lærarar. To nye, nettbaserte tilbod vil bli tilgjengelege for lærarar frå studieåret 2018–19. Det eine er eit tilbod om vidareutdanning i profesjonsfagleg digital kompetanse på 30 studiepoeng som inngår i vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet . Det andre er ei lærarspesialistutdanning på 60 studiepoeng i pedagogisk bruk av IKT. Lærarspesialistane vil spreie kompetanse i god undervisning med IKT ved blant anna å gi rettleiing til andre lærarar på skolen og leie faglege prosjekt.

Hovudansvaret for IKT-infrastrukturen ligg på kommunane og fylkeskommunane. I Digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa, og i tråd med Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet, er det varsla at staten skal ta eit større ansvar for å initiere fellesløysingar i opplæringssektoren. Det første og største skrittet i 2018 er vidareutviklinga av Feide til Feide 2.0 (Dataporten), og innføring av dette i grunnopplæringa. Gjennom Feide 2.0 blir det enklare for kommunane og fylkeskommunane å halde orden på kva tenester som mottar kva opplysningar, og for tenestetilbydarane å tilby gode tenester til sektoren.

Styrking av dei praktiske og estetiske faga

Regjeringa vil heve statusen til dei praktiske og estetiske faga i grunnskolen, som er musikk, kunst og handverk, kroppsøving og mat og helse.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 11, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016), jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en plan for hvordan de praktisk-estetiske fagene i skolen kan styrkes på kort og lang sikt. Planen må også omhandle rekruttering av kvalifiserte lærere til de praktisk-estetiske fagene.»

Dei praktiske og estetiske faga skil seg på ulike vis frå andre fag ved at dei mellom anna har ein særleg praktisk karakter. Faga er viktige danningsfag og skal saman med dei øvrige faga bidra til å gi elevane dei kompetansane dei treng for vidare utdanning og deltaking i samfunnet for øvrig.

Regjeringa har allereie sett i verk fleire tiltak som omfattar dei praktiske og estetiske faga. Gjennom fagfornyinga av læreplanverket for Kunnskapsløftet vil dei praktiske og estetiske faga, på lik linje med dei andre faga, bli vidareutvikla for å bli meir relevante for elevane og gi betre moglegheit til djupnelæring.

Regjeringa har sett seg føre å styrke kompetansen blant lærarar i dei praktiske og estetiske faga. Det er sett av inntil 30 mill. kroner til vidareutdanning i praktisk-estetiske fag i 2017. Vidare er det bestemt at lærarar i praktiske og estetiske fag skal inngå i utprøvinga av lærarspesialistordninga frå hausten 2017.

Departementet vil i løpet av våren 2018 legge fram ein strategi for dei praktiske og estetiske faga som vil innehalde tiltak som kan bidra til å styrke faga på både kortare og lengre sikt.

Eit heilskapleg regelverk med tilstrekkeleg handlingsrom

I tråd med Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen er det nemnt opp eit utval som skal gjere ein heilskapleg gjennomgang og vurdering av regelverket for grunnopplæringa. Målet med arbeidet er eit regelverk som varetar måla og prinsippa for grunnopplæringa, og som samtidig sikrar at kommunane og fylkeskommunane som skoleeigarar har eit tilstrekkeleg handlingsrom til å fremme kvalitetsutvikling i skolen. Utvalet skal mellom anna vurdere kva som er hensiktsmessig detaljnivå, og korleis regelverket kan forenklast. Utvalet skal forslå ny opplæringslov og gi føringar for kva som skal regulerast i forskrift. Utvalet skal òg foreslå overordna prinsipp for regelstyring av grunnopplæringa.

Andre tiltak

Regjeringa har hausten 2017 sett ned eit offentleg utval om vidaregåande opplæring. Utvalet skal vurdere om den modellen for vidaregåande opplæring som gjeld i dag, bør fornyast. Utvalet skal levere ei delinnstilling eitt år etter at utvalet har starta arbeidet, og hovudinnstillinga si etter to år.

Regjeringa er opptatt av at skolen skal vere organisert på ein måte som gir elevane best moglege føresetnader for gode faglege prestasjonar, og at elevane får den undervisninga dei skal ha. Kunnskapsministeren mottok våren 2017 ein rapport frå ei gruppe som har sett på moglege organiseringar av skoleåret i vidaregåande opplæring. Kunnskapsdepartementet vil vurdere forslaga i rapporten og greie ut vidare moglegheiter som rapporten beskriv. Kunnskapsdepartementet tar sikte på å sende eventuelle forslag til endringar av organiseringa av skoleåret til høyring våren 2018.

Regjeringa har nemnt opp eit utval som skal vurdere kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar. Hovudutfordringa som utvalet skal greie ut om, er det faktum at gutar er overrepresenterte i fleire negative statistikkar, som til dømes enkeltvedtak om spesialundervisning, fråfall og prestasjonar på dei lågaste dugleiksnivåa. Utvalet skal levere ei innstilling i form av ein NOU innan 1. februar 2019.

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 7, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet , jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere en gjennomgang av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet (NKVS) og komme tilbake til Stortinget på egnet måte i løpet av våren 2017. Kvalitetsvurderingssystemet skal ivareta skolens brede kunnskapssyn, bygge på tillit til lærerne og legge til rette for økt profesjonelt handlingsrom.»

Departementet meiner at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Stortingets handsaming av Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen , jf. Innst. 432 S (2016–2017). I meldinga skriv departementet at hovudtrekka i kvalitetsvurderingssystemet skal vidareførast. Departementet vil vurdere behovet for å gjere enkelte justeringar som følge av fagfornyinga.

Lokalt arbeid med læreplanar

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 8, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016), jf. Innst. 19 S (2016–2017).

«Stortinget ber regjeringen vurdere hva sektoren trenger i det lokale arbeidet med læreplan, og utarbeide støttemateriell/veiledninger for å underlette dette arbeidet, i samarbeid med lærer- og skolelederorganisasjoner.»

Departementet vil følge opp vedtaket i arbeidet med den fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet . For å lykkast i arbeidet med fagfornyinga og implementeringa av nye læreplanar skal det gjennom heile prosessen bli lagt til rette for god involvering av både lærar- og skoleleiarorganisasjonane.

Lærarane sitt ansvar og faglege skjønn

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 9, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016), jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sikre at det er lærernes ansvar og faglige skjønn som skal avgjøre hvilke metoder og virkemidler som skal tas i bruk i undervisningen for å nå kompetansemål og oppfylle skolens generelle samfunnsmandat.»

I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet , blir det slått fast at dei grunnleggande prinsippa i Kunnskapsløftet skal bestå. I den faglege fornyinga skal læreplanane framleis vere kompetansebaserte, og dei skal ha mål for det forventa læringsutbyttet til elevane etter avslutta opplæring på dei ulike trinna. Det inneber at det, innanfor rammene av læreplanverket, framleis skal vere lærarane sitt ansvar og faglege skjønn som skal avgjere kva for metodar og verkemiddel som skal brukast i undervisninga for at elevane skal nå kompetansemål og for å oppfylle det generelle samfunnsmandatet til skolen. Departementet meiner vedtaket er ivaretatt med denne utgreiinga av saka.

Verdiløft i skolen

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 10, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet , jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sikre et verdiløft i skolen gjennom bedre å innlemme formålsparagrafens fellesverdier i alle fag og på alle nivåer i skolen, i forbindelse med arbeidet med å fornye læreplanens generelle del og fagfornyelsen.»

Departementet vil følge opp vedtaket gjennom Overordna del av læreplanverket og den fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet . Den overordna delen av læreplanverket, som blei fastsett 1. september 2017, skal vere førande for utviklinga av læreplanar for fag.

Innovasjons- og entreprenørskapskompetanse

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 12, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016), jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at innovasjons- og entreprenørskapskompetanse vektlegges og inkluderes i fornyelsen av fag- og læreplanarbeidet.»

Departementet vil følge opp vedtaket i arbeidet med den fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet . Innovasjon og entreprenørskapskompetanse vil bli integrerte i kompetansemål i dei faga kor det er fagleg relevant.

Klassemiljø, elevmedverknad, arbeid med haldningar og livsmeistring

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 13, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet , jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å sette av tid på timeplanen til å jobbe med tema som klassemiljø, elevmedvirkning, holdningsarbeid og livsmestring, og komme tilbake til Stortinget om dette på egnet måte. Stortinget forutsetter at regjeringen henter inn vurderinger og synspunkter fra sektor i dette arbeidet.»

Departementet vil følge opp vedtaket i arbeidet med Overorda del og den fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet . Emna som blir nemnde i vedtaket, vil bli inkluderte i læreplanar for fag der det er fagleg relevant. Livsmeistring er til dømes eitt av tre tverrfaglege tema som blir omtalte i Overordna del, og som vil bli ein del av læreplanar for nokre fag. Verdiane i formålsparagrafen og Overordna del uttrykker eit grunnsyn som skal ligge til grunn for all opplæring og for praksisen i skolen. Elevane skal ikkje berre lære om holdningar og elevmedverknad. Dei skal òg erfare det gjennom opplæringa i dei ulike faga og den øvrige praksisen i skolen.

Eksamensordning på 10. trinn

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 14, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016), jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen ikke å innføre en ny eksamensordning der alle elever må avlegge eksamen i engelsk, matematikk og norsk.»

Regjeringa vil ikkje innføre ei ny eksamensordning som varsla i Meld. St. 28 (2015–2016). Dagens trekkordning ved sentralt gitt eksamen på 10. trinn vil bli ført vidare. Oppmodingsvedtaket er dermed følgt opp.

Standpunktvurdering og eksamen

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 15, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016), jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå hvordan standpunktvurdering og eksamen samlet sett kan gi pålitelig og relevant informasjon om elevenes kompetanse, og komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan vurderingssystemene bedre kan legge til rette for elevenes læring.»

I forskrift til opplæringslova blir det definert to ulike former for vurdering; undervegsvurdering og sluttvurdering. Formålet med vurdering i fag er å fremme læring undervegs og samstundes uttrykke kompetansen til eleven, både undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Medan sluttvurdering blir gitt med karakter ved slutten av opplæringa i eit fag, skal undervegsvurdering bli gitt løpande og systematisk gjennom heile skoleløpet og kan vere både munnleg og skriftleg. Undervegsvurderinga skal vidare brukast som eit reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar sin kompetanse i faga. Det er skoleeigar som har eit overordna ansvar for å oppfylle eleven sin rett til vurdering, og for å ha eit forsvarleg system for vurdering slik at krava i opplæringslova og forskrifta til lova blir oppfylte.

Dagens sluttvurderingssystem, med standpunkt- og eksamenskarakterar, har lang tradisjon og høg tillit i Noreg. Sluttvurderinga utgjer samla sett ein vesentleg del av grunnlaget for konkurranse om opptak til vidare utdanning og yrkesliv. Departementet meiner derfor, på same vis som Stortinget, at det er viktig at karakterane er pålitelege og rettvise.

Utdanningsdirektoratet har ansvar for sentralt gitt skriftleg eksamen på 10. trinn og i vidaregåande opplæring. Det grundige arbeidet med å kvalitetssikre eksamen og sensur i dag er dokumentert i eit rammeverk for sentralt gitt eksamen. Kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for lokalt gitt eksamen i høvesvis grunnskole og vidaregåande opplæring.

Felles for standpunktkarakterar og eksamenskarakterar er at dei skal vere eit uttrykk for eleven sin individuelle kompetanse ved avslutninga av opplæringa i faget, og dei er likeverdige på vitnemålet til eleven. Både standpunktkarakterar og eksamenskarakterar blir fastsett på bakgrunn av kompetansemåla i faget, men dei er to ulike uttrykk for kompetanse. Det er vesentlege forskjellar både når det gjeld vurderingsgrunnlag, vurderingssituasjon og kva måte fastsettinga av karakterar skjer på. Standpunktkarakterar blir fastsette av faglæraren til eleven, medan eksamen blir sensurert av ein eller to eksterne sensorar.

Vurderingssystemet blir stadig utvikla vidare. Departementet meiner likevel at det kan vere behov for å styrke kunnskapsgrunnlaget om vurderingssystemet for å kunne vurdere korleis standpunkt og eksamen samla sett kan gi meir pålitelig og relevant informasjon om eleven sin kompetanse. Departementet vil derfor følge opp oppmodingsvedtaket i arbeidet med den fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet .

Auka fleksibilitet i fag- og timefordelinga

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 17, 11. oktober 2016, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016), jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til en ordning for økt fleksibilitet i den nasjonale timefordelingen som ivaretar hensynet til de praktisk-estetiske fagene.»

Regjeringa gjennomfører ikkje tiltaket om å auke fleksibiliteten i fag- og timefordelinga frå fem pst. til ti pst., som blei varsla i Meld. St. 28 (2015–2016). Undersøkingar visar at auka fleksibilitet går utover fag som ikkje har skriftleg eksamen i 10. trinn. Ordninga i dag med fem pst. fleksibilitet er godt kjend, men blir lite nytta. Departementet har vurdert fleire alternativ som tar omsyn til at dei praktiske og estetiske faga skal bli ivaretatt. Eit alternativ er å auke fleksibiliteten for fag utan skriftleg eksamen. Det er liten grunn til å tru at denne løysinga vil føre til at fleire skolar overfører timer frå fag med skriftleg eksamen til dei praktiske og estetiske faga. Eit anna alternativ er å auke fleksibiliteten til ti pst., men berre innanfor avgrensa fagområde. Faga i skolen er ikkje inndelt i fagområde i dag, og ei slik ordning kan i praksis svekke fleksibiliteten til skoleeigaren da moglegheita for å prioritere enkelte fag blir mindre.

Etter ei vurdering av fleire alternativ og på bakgrunn av tilbakemeldingar frå skolane meiner departementet at ein ytterlegare auke av fleksibiliteten truleg ikkje vil styrke dei praktiske og estetiske faga. Departementet meiner at vedtaket er ivaretatt med denne utgreiinga av saka.

Evaluering av skolefritidsordninga

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 65, 7. desember 2016, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:114 S (2015–2016), jf. Innst. 69 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en nasjonal evaluering av skolefritidsordningen (SFO) og følge den opp med en stortingsmelding.»

Departementet vil følge opp vedtaket gjennom ei ekstern evaluering av skolefritidsordninga. Evalueringa skal vere ferdig ved utgangen av 2018.

Rett til opplæring på hovudmålet og til å høyre til ei eiga målformgruppe

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 67, 22. november 2016, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:116 S (2015–2016), jf. Innst. 68 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å sjå på dei økonomiske konsekvensane av å endre opplæringslova § 2-5 fjerde ledd til å gjelde heile grunnskolen, slik at elevar på ungdomstrinnet også får rett til å tilhøyre ei eiga målformgruppe, slik som dei har på barnetrinnet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Reglar for fråvær i vidaregåande opplæring

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 72, 22. november 2016, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:1 S (2016–2017), jf. Innst. 64 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i reglene for fravær i videregående opplæring på bakgrunn av erfaringer med fraværsgrensen så langt. Særlig bør det vurderes større mulighet for skjønn til skoleeier, egenmelding for foreldre/foresatte eller myndige elever ved sykdom og andre velferdsgrunner, og at kjøreopplæring som må finne sted i skoletida, kan gi rett til fravær uten at det påvirker vurderingsgrunnlaget.»

Departementet har følgt opp vedtaket ved kontinuerleg å vurdere fråværsgrensa på bakgrunn av erfaringane med grensa så langt. Dei nye reglane har gitt ein reduksjon i fråværet i vidaregåande opplæring, og dei ser ut til å virke godt. Det er sett i gang ei forskingsbasert evaluering av fråværsgrensa, der første delrapport skal vere klar hausten 2017.

Offentleg finansierte boløysingar for elevar i vidaregåande opplæring

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 108.25, 5. desember 2016, gjort i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 2 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for og omfanget av offentlig finansierte boløsninger for elever i videregående opplæring, og eventuelt utrede alternative tiltak, herunder konsekvenser for å innlemme boliger for elever i videregående opplæring i Husbankens tilskuddsordning til studentboliger.»

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å kartlegge omfanget av offentleg finansierte boløysingar for elevar i vidaregåande opplæring. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket i budsjettproposisjonen for 2019.

Meirverdiavgiftskompensasjon for friskolar

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 310, 17. desember 2016, gjort i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 12 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at dekningen til friskolers merverdiavgifter for voksne elever som ikke har rettskrav på videregående opplæring blir fullt ut kompensert gjennom forhøyet tilskuddssats fra 1. januar 2017.»

Departementet meiner at vedtaket er følgt opp gjennom Stortingets vedtak i samband med handsaminga av Prop. 130 LS (2016–2017), jf. Innst. 401 S (2016–2017). Meirverdiavgift på drifts- og investeringsutgifter knytte til elevar utan rettskrav til opplæringa blei innlemma i ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon med verknad frå 1. januar 2017.

Ny eksamensordning for engelsk i vidaregåande opplæring

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 322, 17. desember 2016, gjort i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 12 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med den varslede fagfornyelsen legge opp til en ny eksamensordning for engelsk i videregående opplæring som ikke hindrer nødvendig yrkesretting i fellesfagene.»

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å følge opp vedtaket i arbeidet med den fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet .

Nasjonalt senter for innovasjon i utdanningssystemet

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 323, 17. desember 2016, gjort i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 12 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringa greie ut om og initiere oppretting av eit nasjonalt senter for innovasjon i utdanningssystemet.»

Departementet viser til omtalen i Meld. St. 21 (2016–2017) om den desentraliserte kompetanseordninga . I ordninga er det lagt opp til at skolen og universitet og høgskolar skal utvikle partnarskap som blant anna kan bidra til innovativt arbeid i skolen. Den nye innovasjonsordninga, som er omtalt i meldinga, skal også bidra til å styrke den forskingsbaserte kompetansen på område som er viktige for skolen. I tråd med meldinga foreslår regjeringa å innlemme dei nasjonale sentera i vertsinstitusjonane. På denne bakgrunnen meiner departementet at intensjonen med vedtaket er følgt opp, og det blir derfor ikkje oppretta eit nytt nasjonalt senter for innovasjon i utdanningssystemet.

Kunnskapsgrunnlag om klassestorleik og lærartettleik

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 472, 24. februar 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:6 S (2016–2017) og Dokument 8:129 S (2016–2017), jf. Innst. 183 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen framskaffe et kunnskapsgrunnlag om den reelle situasjonen i Skole-Norge vedrørende klassestørrelse og lærertetthet for hvert av grunnskolens trinn.»

Departementet vil følge opp vedtaket gjennom ei undersøking retta mot skolane. Undersøkinga vil kartlegge klassestorleiken i eit representativt utval skolar, og dessutan gi meir kunnskap om praksis ved nokre skolar gjennom intervju. Undersøkinga vil ta for seg alle dei ti trinna i grunnskolen, med særleg merksemd på tilhøva på 1.–4. trinn. Utdanningsdirektoratet har lyst ut oppdraget, og resultata skal leverast i to rapportar, der den første etter planen skal ligge føre i juni 2018, den andre hausten 2018.

Når det gjeld lærartettleik, har departementet vurdert om skolane skal rapportere meir inn til GSI, slik at vi kan få tal for kvart klassetrinn, men har funne ut at rapporteringsbyrda blir uhøveleg stor, samstundes som tala ikkje vil bli nøyaktige på grunn av måten lærartettleik blir rekna ut på. Utdanningsdirektoratet vil likevel vurdere om dei skal ta inn ekstra rapportering på 1. trinn.

Klassedelingstal

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 473, 24. februar 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:6 S (2016–2017) og Dokument 8:129 S (2016–2017), jf. Innst. 183 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen redegjøre for Stortingets vedtak 18. juni 2003, om at klassedelingstallet skal ligge til grunn som minstenivå for ressurstildeling også etter at bestemmelsen om klassedeling er opphevet, blir fulgt opp.»

Det omtalte plenumsvedtaket som blei fatta av Stortinget i 2003, har etter instruks frå departementet blitt følgt opp gjennom ei årrekke av det statlege tilsynet (fylkesmennene) basert på ressurstildeling rekna ut frå kva som blei utløyst av dei tidlegare klassedelingstala. Men i dag har tilsynet fått ei anna innretning. Det felles nasjonale tilsynet som går frå 2014 til 2017, er knytt til det utbyttet elevane får av opplæringa. Tilsynet tar i utgangspunktet for seg tre tema:

  • Skolens arbeid med elevanes utbytte av opplæringa (herunder knytt til vurdering av den einskilde eleven).

  • Forvaltningskompetanse (sakshandsaming knytt til vurderinga av mangelfullt utbytte).

  • Skolebasert vurdering, noko skolane er rettsforplikta til å følge opp (det vil seie om opplæringa er eigna til å nå måla i læreplanverket –alle ting som kan spele inn for utbyttet av opplæringa, frå måten det blir undervist på, til organisering og gruppestorleik osv.).

Denne innfallsvinkelen til tilsyn kan fange opp mykje meir av kva som er viktig, enn berre å sjå isolert på gruppestorleiken.

Opplæringslova § 8-2 stiller krav om at elevane skal undervisast i grupper som er pedagogisk forsvarlege. Det følgjer av lovforarbeida at kva som er forsvarleg, vil variere ut frå situasjonen, som til dømes føresetnadene til lærarane og elevane, kva det blir undervist i, fysiske rammevilkår, osv. Det krev eit konkret skjønn for å ta stilling til dette. Både skolen og skoleeigarane er rettsleg forplikta til å ha system og praksis som gjer at lovkrava blir følgde. Det er dessutan ein del av ansvaret til det statlege tilsynet å gripe inn dersom det kjem fram konkrete opplysningar som tilseier at lova blir broten i denne samanhengen.

Rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 477, 23. februar 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:5 S (2016–2017), jf. Innst. 182 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med partene utforme nasjonale rammer for en veiledningsordning for nyutdannede lærere som ivaretar at alle nytilsatte omfattes av ordningen, og som gir rom for lokal tilpasning.»

I representantforslaget, jf. Dokument 8:5 S (2016–2017), var det lagt til grunn tal frå KS som sa at 33 pst. av nyutdanna lærarar i skolen sluttar innan fem år. Tal frå SSB i 2017 viser at det er svært låg utskifting i læraryrket: Ni av ti nyutdanna grunnskolelærarar jobbar i skolen fem år etter at dei starta. Dersom ein ser på alle lærarar under eitt (grunnskolelærarar, lektorar, yrkesfaglærarar og faglærarar med PPU), er det 16 pst. som sluttar i skolen i løpet av dei fem første åra. Blant tenesteområda i tariffområdet til KS er utskiftinga lågast i skolen. Regjeringa erkjenner likevel at det ikkje er tilfredsstillande når evalueringar viser at berre seks av ti nytilsette nyutdanna i barnehagen og skolen seier at dei får eller har fått rettleiing. Departementet er derfor i dialog med partane om oppfølging av vedtaket.

Kompetanse i trafikkunnskap og trafikksikkerheit i barnehage og skole

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 505, 7. mars 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:5 S (2016–2017), jf. Innst. 182 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen styrke kompetansen om trafikkunnskap og trafikksikkerhet i barnehage og skole.»

Departementet vil følge opp vedtaket gjennom å be Utdanningsdirektoratet evaluere oppfølgingstiltaka i Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2014–2017 og vurdere korleis satsinga kan førast vidare. Tiltaka omfatter mellom anna støttemateriell om trafikksikkerheit til trafikkopplæringa i barnehagane, og å auke delen grunnskoler som har trafikkopplæring i sine lokale planer. Departementet viser for øvrig til Meld. St. 40 (2015–2016) Trafikksikkerhetsarbeidet – samordning og organisering .

Digitalisering og personvernet til elevane

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 536, 30. mars 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:4 S (2016–2017), jf. Innst. 224 S (2016–2017),

«Stortinget ber regjeringen i arbeidet med en nasjonal strategi for digitalisering i skolen komme med tiltak som sørger for at elevenes personvern og eierskap til personopplysninger er godt ivaretatt i møte med en stadig mer digitalisert skolehverdag der sensitiv informasjon, spor og kommunikasjon deles på ulike plattformer.»

Departementet har følgt opp vedtaket i ny nasjonal strategi for digitalisering i skolen, som blei lagd fram 25. august 2017, der det blir presentert tiltak som vil sikre grunnlaget for betre informasjonstryggleik og personvern. Med innføringa av Feide har skolane fått ei sikker løysing for å logge på digitale tenester.

Handsaming av mobbesaker

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 671, 22. mai 2017, gjort i samband med handsaminga av Prop. 57 L (2016–2017), jf. Innst. 302 L (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede tidsfrister for Fylkesmannens behandling av meldinger og klager i mobbesaker med sikte på å innføre dette.»

Departementet vil følge opp vedtaket om å greie ut saka gjennom mellom anna tett oppfølging av fylkesmannen og kontakt med brukarorganisasjonar og andre. Samstundes må ein hauste erfaring med den nye ordninga for fylkesmannen si handtering av mobbesaker, og sjå kor lang sakshandsamingstida er i ulike typar saker, og kvifor det blir slik. På bakgrunn av dette kan ein ta stilling til kva for reglar om tidsfristar som vil vere mest effektive. Departementet tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med resultata av utgreiinga i Prop. 1 S for budsjettåret 2019.

Gjennomgang av dei statlege oppreisningsordningane

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 672, 22. mai 2017, gjort i samband med handsaminga av Prop. 57 L (2016–2017), jf. Innst. 302 L (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av de statlige oppreisningsordningene med sikte på å innlemme en kompensasjons- og oppreisningsordning for elever som er påført skade eller læringstap som følge av mobbing.»

Departementet vil følge opp vedtaket gjennom å få greidd ut dei spørsmåla ei sak om oppreisning for skade eller læringstap som følge av mobbing reiser. Det er viktig at ei eventuell innlemming av mobbesaker i dagens system med oppreisningsordningar blir gjord på ein måte som er både treffsikker, brukarvennleg og tar omsyn til dei utfordringane som er typiske for nett desse sakene. Departementet tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med resultata av utgreiinga i Prop. 1 S for budsjettåret 2019 eller i ein eigen lovproposisjon.

Evaluering av den nye aktivitetsplikta og handhevingsordninga for mobbesaker

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 673, 22. mai 2017, gjort i samband med handsaminga av Prop. 57 L (2016–2017), Innst. 302 L (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at omleggingen fra vedtaksplikt til aktivitetsplikt samt de lovendringene som gjøres når det gjelder klageordningen i mobbesaker, evalueres senest innen 2 år etter ikrafttredelse.»

Departementet er, på same vis som Stortinget, opptatt av at endringane i lova skal ha effekt for dei elevane som treng det. Departementet vil følge opp vedtaket ved i vinter å lyse ut eit evalueringsoppdrag som kan vere klart når det nye regelverket har vore i kraft i to år, altså til hausten 2019.

Lokale mobbeombod

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 674, 22. mai 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:55 S (2016–2017), jf. Innst. 289 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen fremme et forslag om å innføre lokale mobbeombod i hvert fylke eller hver region.»

Departementet foreslår i statsbudsjettet for 2018 å løyve midlar til innføring av lokale mobbeombod, jf. budsjettforslaget for kap. 226 post 21. Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å greie ut korleis ordninga med lokale mobbeombod kan settast i verk. Direktoratet skal mellom anna greie ut den formelle plasseringa av omboda, deira arbeidsområde og mandat, samt korleis omboda skal sikrast ei uavhengig stilling.

Gjennomgang av ombodsstrukturen

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 675, 22. mai 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:55 S (2016–2017), jf. Innst. 289 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå ombudsstrukturen for elever og lærlinger på ulike utdanningstrinn, herunder vurdere ansvarsfordeling, mandat og arbeidsgiveransvar for henholdsvis mobbeombud og elev- og lærlingombud, med mål om et oversiktlig og tilgjengelig ombudssystem.»

Departementet har følgt opp vedtaket gjennom å gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å greie ut korleis ordninga med lokale mobbeombod kan settast i verk. Direktoratet skal i utgreiinga gjere ein grenseoppgang mellom dei oppgåvene som ligg til mobbeomboda, og dei oppgåvene som ligg til elev- og lærlingomboda. Fylkeskommunane har fastsett mandata til elev- og lærlingomboda. Direktoratet skal i utgreiinga derfor sjå hen til det arbeidet som blir gjort av elev- og lærlingomboda, og avgrensinga av oppgåver skal skje i dialog med fylkeskommunane.

Forenkling av regelverket om lærlingar i tradisjonshandverk / små handverksbedrifter

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 729, 1. juni 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:46 S (2016–2017), jf. Innst. 282 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere en forenkling av regelverket om inntak av lærlinger i tradisjonshåndverksfag / små håndverksbedrifter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med arbeidet med endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen, som blei send til høyring i mai 2017.

Departementet viser vidare til at lærlingtilskottet har auka reelt med 21 000 kroner per lærekontrakt under Solberg-regjeringa. Verksemder får eit ekstra tilskott for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som teiknar lærekontrakt/opplæringskontrakt i små og verneverdige fag. Departementet meiner at auken i det samla lærlingtilskottet til desse faga er eit viktig verkemiddel for at til dømes små enkeltmannsbedrifter kan teikne kontrakt med ein lærling.

Spesialundervisning i friskolar

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 771, 7. juni 2017, gjort i samband med handsaminga av Prop. 78 L (2016–2017), jf. Innst. 367 L (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede grunnlaget for tildeling av ressurser til friskoler for spesialundervisning, samt ansvarsdeling mellom hjemkommune og den enkelte friskole for å sikre en reell likebehandling av elever.»

Departementet vil følge opp oppmodingsvedtaket ved å gjere nødvendige utgreiingar i samsvar med vedtaket, og komme tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.

Nasjonal rekrutteringskampanje for lærarar

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 772, 7. juni 2017, gjort i samband med handsaming av Dokument 8:96 S (2016–2017) jf. Innst. 375 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å starte en nasjonal rekrutteringskampanje for å rekruttere de riktige kandidatene som både kan bli gode lærere, trives med å arbeide med barn og unge og har forutsetninger og interesse for å bli gode lærere i skolen.»

Framskrivingar gjort av Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2016 viser at om trenden frå 2013 held fram, vil det i 2020 mangle 3 200 lærarar med grunnskolelærarutdaning. SSB har berekna at 65 pst. av desse, det vil seie 2 100 lærarar, er venta å mangle i grunnskolen, sjå også omtale under del III i budsjettproposisjonen, kapittel 6 Ressursar i grunnopplæringa. Dette er eit vesentleg mindre lærarunderskott i grunnskolen enn tidlegare framskrivingar har synte. For andre lærarutdanningar tyder framskrivingane frå 2016 på eit overskott av lærarar i åra framover. Ein del av lærarunderskottet på 1–7.trinn i grunnskolen kan dekkast av overskottet av nyutdanna lærarar som er kvalifisert til å undervise frå 5. trinn, men det er vanskeleg å berekne presist kor stor denne delen vil vere. Samstundes har talet på kvalifiserte søkarar til grunnskolelærarutdanning (GLU) 1–7 gått noko ned i dei siste åra. Denne lærargruppa er særleg viktig for å sikre tidlig innsats i skolen. Departementet vil på denne bakgrunn, og i samarbeid med aktørane på feltet, vurdere korleis ein best kan utforme ein målretta innsats for auka rekruttering til GLU 1–7. Arbeidet vil starte før opptaket til lærarutdanninga våren 2018.

Tiltak for auka rekruttering til læraryrket

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 773, 7. juni 2017, gjort i samband med handsaming av Dokument 8:96 S (2016–2017) jf. Innst. 375 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge fram tiltak for økt rekruttering til læreryrket, inkludert gjennomføringsmål for kvalifiseringsstipend, tiltak for å rekruttere flere lærere fra andre yrker, for å beholde lærere som er i skolen i dag og for å rekruttere lærerutdannede i andre yrker tilbake til arbeid i skolen.»

Skoleeigarane og lærarutdanningsinstitusjonane har saman hovudansvaret for å sikre god rekruttering til lærarutdanninga og læraryrket. Departementet vil drøfte med desse og andre relevante aktørar kva for rekrutteringstiltak som bør settast i gang, og kva for rolle statlege myndigheiter eventuelt bør ha i desse. Når det gjeld kvalifiseringsordninga, vil det bli fastsett måltall spesifisert for 2018, 2020 og 2022. Stipendsatsane blir heva til 110 000 kroner for eittårig praktisk-pedagogisk utdanning og 220 000 kroner for treårig yrkesfaglærarutdanning. Utdanningsdirektoratet vil halde fram med å gjere ordninga betre kjend gjennom målretta informasjon til kommunar og fylkeskommunar.

Vern av lærartittelen

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 774, 7. juni 2017, gjort i samband med handsaming av Dokument 8:96 S (2016–2017) jf. Innst. 375 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede om det er behov for å beskytte lærertittelen.»

Sjølv om mange utanfor skolen kan kalle seg lærarar, er det berre personar som oppfyller tilsettingsreglane i § 10-1 i opplæringslova som kan undervise i faste stillingar skolen, og dermed bruke tittelen lærar i skolen. Gjennom tilsettingsreglane er lærartittelen indirekte beskytta.

Lærartittelen kan beskyttast direkte gjennom lovverket i ein paragraf som seier at berre personar som oppfyller krava i § 10-1, kan nytte tittelen lærar. «Lærar» er likevel ikkje eit eintydig omgrep og det vil vere vanskeleg å handheve ein slik regel, både i og utanfor skolen. Eit slikt system vil vere byråkratisk og det er vanskeleg å sjå at staten kan pålegge saksjonar utanfor skolen.

Med dagens system meiner departementet derfor at det ikkje er nødvendig å verne lærartittelen direkte gjennom lovverket. Det kan likevel vere aktuelt å vurdere korleis ein kan regulere bruken av undervisningspersonell som ikkje oppfyller tilsettingsregalne i § 10-1 i opplæringslova strengare og vurdere tiltak som kan auke statusen til læraryrket. Departementet meiner at vedtaket er følgt opp gjennom denne vurderinga.

Oppfølgingsordninga for kommunar med behov for ekstra bistand og rettleiing

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 896, 13. juni, gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen , jf. Innst. 432 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sørge for å innføre en oppfølgingsordning der ekstra bistand og veiledning tilbys til et hensiktsmessig antall kommuner/skoler ut fra utarbeidelse av et bredere og mer helhetlig sett med indikatorer som gjenspeiler skolens brede samfunnsoppdrag, i tillegg til Fylkesmannens skjønnsmessige vurderinger.»

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å innføre ei oppfølgingsordning for kommunar som hamnar under ei nedre grense for kvalitet i skolen. I samband med dette oppdraget har departementet bedt direktoratet om å foreslå eit sett med indikatorar som speglar skolens brede samfunnsoppdrag. Det er lagt til grunn at indikatorsettet skal vere sett saman av indikatorar som allereie finst, og at indikatorane skal vere resultatindikatorar, ikkje indikatorar som måler ressursar, kompetanse eller liknande. Fylkesmannens skjønnsmessige vurderingar skal òg ligge til grunn for tilbod om ekstra bistand og rettleiing.

Stortingsmelding om kulturskolen

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 897, 13. juni 2017, gjort i samband med handsaming av Dokument 8:112 S (2016–2017) jf. Innt. 448 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge frem en egen stortingsmelding om en styrket kulturskole for fremtiden.»

Departementet meiner at det er behov for å ha eit betre kunnskapsgrunnlag i forkant av eit arbeid med ei eiga melding om kulturskolane. Utdanningsdirektoratet vil få i oppdrag å utarbeide eit slikt kunnskapsgrunnlag. Dette vil kunne vere ein del av grunnlaget for ei melding om kulturskolane.

Tilgang på lærarar med spesialpedagogisk kompetanse

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 900,13. juni 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:132 S (2016–2017), jf. Innst. 446 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i samråd med sektoren se til at alle skoler skal ha tilgang på lærere med fordypning innen spesialpedagogikk.»

Regjeringa vil, i samråd med sektoren, greie ut eit forslag til krav om fagleg fordjuping i spesialpedagogikk i skolen, som varsla i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen. Det er naudsynt å sjå nærare på kompetansenivået i skolen i dag, for å vurdere korleis ein kan sikre at alle skolar skal ha tilgang på lærarar med slik kompetanse. Regjeringa vil òg vurdere tiltak for å bidra til at alle skolar skal få tilgang på lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk. Departementet viser til at det skal utviklast tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk, jf. omtale under budsjettforslaget for kap. 226 post 22.

Spesialundervisning og lærarkompetanse

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 901,13. juni 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:132 S (2016–2017), jf. Innst. 446 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever med behov for spesialundervisning får rett til opplæring av fagpersoner med godkjent relevant utdanning.»

Det følger av opplæringslova § 10-1 at den som skal tilsettast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Krava i opplæringslova § 10-1 gjeld for tilsetting i alle undervisningsstillingar, både ordinær opplæring og spesialundervisning. § 10-11 slår fast at assistentar kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Slik hjelp må berre skje på ein slik måte og i eit slikt omfang at eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa. Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling, skal ikkje ha ansvaret for opplæringa.

Regjeringa vil, i samråd med ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging, utvikle forslag til tiltak for korleis alle elevar med behov for spesialundervisning kan få opplæringa av fagpersonar.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 903,13. juni 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:132 S (2016–2017), jf. Innst. 446 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for at alle elever med behov for spesialundervisning får opplæring av fagpersoner med pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse.»

Regjeringa vil, i samråd med ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild til rettelegging, utvikle forslag til tiltak for korleis alle elevar med behov for spesialundervisning kan få opplæringa av fagpersonar.

Auka fysisk aktivitet i grunnskolen

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 1002, 19. juni 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:113 S (2016–2017), jf. Innst. 461 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for økt fysisk aktivitet i grunnskolen i flere fag enn kroppsøvning og for mer mental trening i skolen.»

Alle elevar på 5.–7. trinn skal ha til saman 76 timar fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget, jf. forskrift til opplæringslova kapittel 2A. Departementet viser også til forsøket med ekstra tid til fysisk aktivitet og kroppsøving, som Kunnskapsdepartementet har starta opp i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet. Forsøket er innretta slik at ein kan studere effekten av meir fysisk aktivitet og meir kroppsøving for elevar i ungdomsskolen. Sluttrapporten er venta i desember 2018. Det er også eit mål at det gjennom prosjektet blir spreidd gode erfaringar til sektoren om korleis fysisk aktivitet kan integrerast i skolekvardagen. Departement vil i denne samanhengen også vise til Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, som skal bidra til å styrke arbeidet med fysisk aktivitet i skolane og formidle kunnskaps- og erfaringsbasert støtte- og veiledningsmateriell, samt formidle eksempler frå god praksis.

Stortinget har gitt si tilslutning til at læreplanane skal ha færre og tydelegare mål, og at kjerneelement i faga skal bli definerte gjennom fagfornyinga. Det er kjerneelementa i faga som skal vere utgangspunkt for utforming av kompetansemål. Det er ein del av det profesjonelle skjønnet til læraren å velje metode og innhald som gir god undervisning for elevane, og departementet ønsker ikkje å regulere at det skal settast av ein viss del av ulike fag til fysisk aktivitet og mental trening. Departementet styrer ikkje korleis skolane skal jobbe for å nå læreplanmåla. Dette er òg i tråd med oppmodingsvedtak nr. 9 11. oktober 2016, om at det er lærarane sitt ansvar og faglege skjønn som skal avgjere kva metodar og verkemiddel som skal nyttast i undervisninga for å nå kompetansemåla. I Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, som blei fastsett 1. september 2017, er det understreka at undervisninga skal vere variert og at ulike metodar skal nyttast, men det står ikkje kva metodar som skal nyttast eller i kva omfang. Departementet meiner at dette oppmodingsvedtaket må forståast i lys av oppmodingsvedtak nr. 9 og dei overordna føringane for grunnopplæringa. Læreplanane skal derfor ikkje styre den didaktiske og pedagogiske til rettelegginga, men departementet vil understreke at læreplanane heller ikkje skal vere til hinder for bruk av fysisk aktivitet i fleire fag enn kroppsøving og mental trening i skolen.

Tiltak for å følge opp ungdom som står utanfor opplæring og arbeid

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 1102, 21. juni 2017, gjort i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å legge til rette for forsøksordninger med nye tiltak for å følge opp ungdom som er utenfor opplæring og arbeid, f.eks. etter modell av danske produksjonsskoler.»

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017 er det løyvd 10 mill. kroner til forsøksordningar med nye tiltak for ungdom som står utanfor opplæring og arbeid. Kunnskapsdepartementet har invitert fylkeskommunane til å søke om midlar for å sette i gang fleire gode tiltak for ungdom står utanfor opplæring og arbeid. Midlane skal gå til heilt nye tiltak i fylkeskommunane eller til eksisterande tilbod som blir utvida med nye element. Nye tiltak kan til dømes vere etter modell av danske produksjonsskolar. Tiltaka kan vere samarbeidsprosjekt med andre aktørar, mellom anna kommunar. Fylkeskommunane hadde frist til å søke om midlar innan 1. oktober 2017. To til fire prosjekt vil få støtte. Departementet meiner at vedtaket er følgt opp.

Vidareutdanning av lærarar

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 1112, 21. juni 2017, gjort i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2018 beskrive og foreslå hvordan en ordning med videreutdanning kan utvides til reelt å gjelde i flere fag og særskilt i samfunnsfag.»

I vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet blei utdanningsmyndigheitene, KS og arbeidstakarorganisasjonane i skolen i 2015 einige om at det skulle finnast tilbod om vidareutdanning i alle undervisningsfag i grunnskolen. Sidan da har Utdanningsdirektoratet oppretta tilbod i samfunnsfag, KRLE og framandspråk, sånn at lærarar kan ta vidareutdanning i alle fag gjennom strategien, med unntak av valfag. Tidlegare har det ikkje vore oppretta tilbod om vidareutdanning spesielt for strategien i desse faga. Direktoratet informerer om alle tilbod på lik linje.

Partane som underteikna strategien, blei òg einige om at vidareutdanning i norsk, matematikk og engelsk skulle prioriterast i strategiperioden, slik at kommunane har moglegheit til å oppfylle kompetansekrava til undervisning innan 2025.

I 2017 fekk 4 426 lærarar tilbod om vidareutdanning i engelsk, matematikk, norsk og norsk teiknspråk. 1 574 fekk tilbod om vidareutdanning i andre undervisningsfag og i andre studium. Mellom anna fekk 48 lærarar tilbod om vidareutdanning i samfunnsfag.

Departementet meiner at auken i talet på plassar, frå 1 800 i 2013 til 6 000 i 2017, og at det finst vidareutdanningstilbod i alle fag, inneber at vidareutdanningsordninga gjeld for alle undervisningsfag.

Om enda fleire lærarar skal få vidareutdanning i andre undervisningsfag, er det mogleg å løyse det på ulike måtar:

  • Endra prioritering: Ein kan fjerne prioriteringa av lærarar som søker vidareutdanning i matematikk, norsk, engelsk og praktiske og estetiske fag. Det vil seie at det blir prioriteringane til skoleeigarane som gjeld. Det kan føre til at det tar lengre tid før alle lærarar har den kompetansen dei treng for å undervise i matematikk, norsk og engelsk.

  • Kvotar: Ein kan innføre eit system med kvotar for kvart fag. Da vil det vere departementet si vurdering av kor mange som skal ha vidareutdanning i dei ulike faga, som blir gjeldande, ikkje vurderinga til skoleeigarane.

  • Færre tilbod: I dag finst det statlege tilbod om vidareutdanning for lærarar som ikkje er direkte knytte til undervisningsfag, for eksempel «Ledelse i skolen», «Rådgiving» og «Lese- og skriveopplæring». Viss desse studia ikkje lenger er ein del av tilbodet, vil det bli plass til fleire lærarar som søker vidareutdanning i undervisningsfag.

  • Auke av løyvinga til vidareutdanning: I dag får alle lærarar som søker om vidareutdanning i engelsk, norsk, og matematikk, tilbod om plass. Resten av plassane går til lærarar som søker vidareutdanning i andre fag. Viss ikkje talet på søkarar til kompetansekravsfaga aukar i åra framover, vil fleire plassar til vidareutdanning gi fleire plassar til andre undervisningsfag. Ein vidareutdanningsplass kostar om lag 220 000 kroner i gjennomsnitt. Ein auke i talet på plassar inneber meir bruk av vikarar i skolen.

Departementet meiner at vedtaket er følgt opp gjennom denne utgreiinga av saka.

Grunnlaget for internasjonale skolar i friskolelova

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 1114, 21. juni 2017, gjort i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av om grunnlaget for internasjonale skoler i friskoleloven bør utvides.»

Heimelen til å godkjenne internasjonale skolar kom første gong inn i friskolelova av 2003, og er ført vidare gjennom seinare lovrevisjonar. Grunngivinga for å gi tilskott til internasjonale skolar er mellom anna å gjere rekrutteringa av nødvendig utanlandsk arbeidskraft enklare for norsk næringsliv og universitet og høgskolar. Heilt sidan dette godkjenningsgrunnlaget blei innført, har det vore eit krav at internasjonale skolar skal drive verksemda si etter internasjonale læreplanar. Etter departementet si vurdering bør dette framleis vere eit krav. Skolar som er godkjente etter friskolelova, er finansierte gjennom statstilskott og skolepengar, og etter departementet sitt syn ligg det utanfor intensjonen med lova å godkjenne skolar i Noreg som driv etter andre land sine nasjonale læreplanar. Departementet meiner at skolar som er heimla i bilaterale avtalar, bør få særskilde tilskott som ikkje er forankra i friskolelova.

Departementet meiner at vedtaket er følgt opp gjennom denne vurderinga.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

278 476

301 405

373 526

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70

133 357

142 916

203 500

70

Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21

56 950

58 685

66 769

Sum kap. 0220

468 783

503 006

643 795

Etter ein større gjennomgang av strukturen i dei underliggjande verksemdene til Kunnskapsdepartementet, er det vedtatt at Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga skal bli slåtte saman til éi verksemd frå 1. januar 2018. Midlertidig namn på verksemda er Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT. Verksemda skal flytte tjue årsverk ut av Oslo innan utgangen av 2022.

Bakgrunnen for at verksemdene blir slåtte saman, er at departementet meiner at styring og kvalitetsutvikling av sektoren kan gjerast betre og meir effektivt i éi verksemd. I utdanningssektoren blir kjerneoppgåvene påverka av digitaliseringa av samfunnet. Gode digitale verktøy som blir brukte på ein tenleg måte, er viktig for å betre organiseringa av og utvikle kvaliteten på det pedagogiske arbeidet i barnhagar og skolar.

Dei to verksemdene har i dag til dels overlappande eller tilgrensande ansvar og oppgåver. Dette har gjort det nødvendig med eit utstrakt samarbeid mellom Senter for IKT i utdanninga og Utdanningsdirektoratet. Ved å slå saman verksemdene kan ressursane sjåast i samanheng og brukast der dei er mest til nytte for styring og utvikling av sektoren. Den kompetansen og dei verkemidla verksemdene rår over, kan slik bli brukte meir effektivt og gi betre kvalitet i det utviklingsarbeidet som verksemdene driv i dag. Det er forventa at samanslåinga gir stordriftsfordelar og grunnlag for auka effektivitet på lengre sikt. Både faglege og administrative oppgåver kan løysast meir effektivt i éi verksemd. Det har også ein verdi at kommunesektoren og andre brukarar og interessentar vil få éi verksemd mindre å halde seg til.

Det nye direktoratet vil ha myndigheitsoppgåver, vurderings- og analyseoppgåver og støtte-, rettleiings- og utviklingsoppgåver innanfor barnehagen og grunnopplæringa. Direktoratet vil også arbeide saman med lærarutdanningane og ha ei pådrivarrolle overfor dei for å styrke kvaliteten på desse. Direktoratet skal vidareutvikle samarbeidet med Kompetanse Noreg om styrking av karriererettleiingsfeltet, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Arbeidet med digitalisering og digitale dugleikar blant både tilsette og barn og unge må sjåast i samanheng med alt anna arbeid som blir gjort for å utvikle betre barnehagar og skolar. Når dei statlege verkemidla og ressursane for forvaltning og kvalitetsutvikling av barnehage og grunnopplæring blir samla i éi verksemd, skal IKT bli betre integrert med anna utviklingsarbeid for barnehagen og i skolen. Slik kan dei moglegheitene digitaliseringa gir, bli betre nytta både i organiseringa og i gjennomføringa av opplæringa.

Meld. St. 27 (2015–2016) Digital Agenda peiker på at «Digital kompetanse, fra grunnopplæringen og gjennom alle faser i livet, skal styrkes for å sikre deltakelse og tillit til digitale løsninger». Den nye verksemda vil ha spisskompetanse på IKT og eit breitt verkemiddelapparat for å styrke digitaliseringa av sektoren. Når arbeidet med IKT og digitalisering blir inkludert i andre tiltak og anna verkemiddelbruk i verksemda, vil det gi betre kvalitet på tiltaka og meir slagkraft i arbeidet. Slik kan dei gode fagmiljøa i Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga bli sterkare saman.

Forslaget frå departementet til driftsløyving til den nye verksemda ligg under kap. 220 Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT postane 01 og 21. Måla for verksemda er òg formidla under desse postane. Rapporteringa for 2016 for Senter for IKT i utdanninga står under kap. 224 postane 01 og 21.

Løyvingane under kap. 220 finansierer ordinære driftsoppgåver i direktoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel, til dømes mellombelse oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagen og grunnopplæringa, jf. kap. 226 (grunnopplæring) og kap. 231 (barnehage). Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre kapittel. Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld

  • etatsstyring av det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230

  • etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • etatsstyring av fylkesmannen på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følger av barnehagelova, opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar og folkehøgskolelova

  • tolking av og rettleiing om barnehagelova, opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova med forskrifter på nasjonalt nivå

  • tilskott til styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn i barnehage, eksamensavvikling, friskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 226, 227, 228, 231 og 253

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2018

Mål som er omtalte i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til direktoratet. Mål for verksemda til direktoratet i 2018 er som følger:

  • Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagemyndigheiter tar vare på utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skolar og lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar og skoleeigarar har tilsette med kompetanse som fremmar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge.

  • Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket.

  • Barnehageeigarar og skoleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skolane sine og overfor lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagemyndigheiter utnytter dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar.

Rapport for 2016

Betre kompetanse i barnehagen og grunnopplæringa

Direktoratet har i dei siste åra arbeidd mykje med utvikling og forvaltning av tiltak som aukar kompetansen for tilsette i barnehagar og i grunnopplæringa. Dette har skjedd i samarbeid med universitet, høgskolar og nokre fagskolar. Omfanget av kompetanseutviklingstiltak for tilsette i barnehage og grunnopplæring har auka samanlikna med året før, og stadig fleire får tilbod om kompetanseutvikling. Fleire og større kompetanseutviklingstiltak har kravd omfattande ressursar for å kunne etablere og forvalte ordningane i Utdanningsdirektoratet.

Ei av utfordringane i åra framover vil vere å følgje opp kvalitet og effekt av dei ulike tiltaka. Inntil vidare baserer direktoratet seg i hovudsak på deltakarundersøkingar, det vil seie kva den enkelte deltakaren sjølv meiner om kvaliteten på tilbodet og sitt eige læringsutbytte. Deltakarundersøkingane for vidareutdanning av lærarar for studieåret 2015–16 viser at dei aller fleste deltakarane opplever at studia har høg kvalitet. Dei fleste deltakarane rapporterer også at dei har endra eller vil endre sin eigen undervisningspraksis som følge av kompetansehevinga. For vidare omtale av tiltaka for kompetanseutvikling i grunnopplæringa, sjå omtale under kap. 226 postane 21 og 22.

For omtale av tiltak for kompetanseutvikling på barnehageområdet, sjå omtale under programkategori 07.30 og kap. 231 post 21.

Betre kvalitet i fag- og yrkesopplæringa

Direktoratet har ansvar for å utvikle og forvalte tiltak som skal betre kvaliteten og auke gjennomføringa i fag- og yrkesopplæringa: Yrkesfagløftet , hospiteringsordningar, utprøving av vekslingsmodellar, yrkesretting av fellesfaga, Lærlingløftet m.m. er ordningar som skal bidra til fleire læreplassar og til å legge til rette for kompetanseutvikling for yrkesfaglærarar. Vidare har direktoratet styrkt oppfølginga av tilsynet med fagopplæringa gjennom å utvikle eit tilsynsopplegg som kan brukast når fylkesmannen har tilsyn med vidaregåande opplæring i lærebedrift. For vidare omtale av tiltaka på dette området, sjå kap. 226 post 21.

Eit godt kunnskapsgrunnlag og system for å vurdere og styrke kvaliteten i barnehagane og i grunnopplæringa

Direktoratet har i dei siste åra styrkt, systematisert og gjort tilgjengeleg kunnskapsgrunnlaget om barnehagane og grunnopplæringa. Det blir samla stadig meir kunnskap om tilstanden i sektorane, om behov og om kva for tiltak og satsingar som gir resultat. To nye publiseringar fekk i 2016 mykje merksemd; det var omtalen av skolebidragsindikatorar og fråværsstatistikk.

Senter for økonomisk forsking (SØF) publiserte i 2016 ein rapport om skolebidragsindikatorar for vidaregåande opplæring. Rapporten bygger på eit breitt informasjonsgrunnlag som inkluderer karakterar, deltaking og gjennomføring i vidaregåande opplæring. Rapporten viser at det er store kvalitetsforskjellar mellom fylka og mellom skolane i fylka. Det tyder på at kva for skole eleven går på, har stor innverknad på om eleven kan fullføre vidaregåande opplæring. Direktoratet fekk i 2016 eit oppdrag frå Kunnskapsdepartementet om å følge opp denne rapporten og sørge for ei framtidig fast publisering av slike indikatorar.

I 2016 har direktoratet utvida kunnskapsgrunnlaget med ny statistikk om fråvær, på bakgrunn av innføringa av ei fråværsgrense i vidaregåande skole. I desember 2016 blei det publisert fråvær på fylkesnivå for dei tre siste skoleåra. Det vil framover bli publisert statistikk om fråvær årleg, også på skolenivå.

Direktoratet formidlar både nasjonal og internasjonal statistikk og forsking som er relevant for politikkutforming og praksis i sektorane. I tillegg tilbyr direktoratet verktøy som skal bidra til kunnskapsbasert kvalitetsutvikling lokalt og regionalt, og ei rekke publikasjonar tilpassa ulike målgrupper.

Forståing og etterleving av regelverk

Direktoratet legg stor vekt på å styrke kompetansen i sektorane når det gjeld regelverket og evna til å etterleve det. Halvårlege samlingar med representantar frå fylkesmannsembeta og skriftleg støttemateriell skal bidra til dette. Regelverk i praksis er eit prosjekt der Utdanningsdirektoratet og fylkesmannsembeta arbeider i fellesskap for å betre kunnskapen om regelverket og etterlevinga av regelverket i kommunar, fylkeskommunar og på enkeltskolar. Fire av delprosjekta blei fullførte i 2016, og endeleg rapport frå prosjektet blei lagd fram i februar 2017. Dei viktigaste tilrådingane i rapporten var at direktoratet og fylkesmannsembeta vektlegg samanhengen mellom regelverket og innhaldet i skolen og at direktoratet og embeta gjennom blant anna god brukarmedverknad sørger for å ha god innsikt i kvardagen i skolane og utfordringar dei kan ha med å etterleve regelverket.

RefLex er vurderingsverktøyet på regelverksområdet til hjelp for at skolar og skoleeigarar skal kunne vurdere sitt eige arbeid på området. Verktøyet har blitt godt mottatt av skolar og skoleeigarar. Sidan lanseringa har 261 kommunar begynt eller fullført ei eigenvurdering i systemet. Systemet er utvikla i tett dialog med målgruppene, og tilbakemeldingar frå brukarane syner at verktøyet er nyttig og nødvendig. Samanlikna med 2015 er bruken av systemet nesten dobla. I 2016 har Utdanningsdirektoratet arbeidd med å utvide RefLex, slik at også offentlege og private barnehagar kan gjennomføre eigenvurderingar. Tenestene blei tilgjengelege for målgruppene i starten av 2017. For friskolane er det også utvikla eit eigenvurderingsverktøy som svarer til RefLex. Hausten 2016 lanserte direktoratet RefLex for kommunen som barnehagemyndigheit med temaet «veiledning og tilsyn fra barnehagemyndigheten».

Fylkesmannen har gjennomført 102 tilsyn på barnehageområdet i 2016. Det er ført flest tilsyn med verkemiddelbruken i kommunane og kommunane sitt rettleiings- og tilsynsansvar. Fylkesmennene har gjennomført 231 tilsyn på opplæringsområdet i 2016. Av desse er 142 del av det felles nasjonale tilsynet, medan 89 er eigeninitierte tilsyn. I spørjinga Spørsmål til Skole- Norge våren 2016 svarte over 90 pst. av både kommunar og fylkeskommunar at fylkesmannen sitt tilsyn med skolar og skoleeigarar i stor grad eller i nokon grad treff dei temaa i regelverket som dei opplever som utfordrande. Vidare svarte omtrent halvparten av skoleeigarane at tilbakemeldingane frå fylkesmannen i tilsynsrapportene i stor grad fører til konkrete endringar på skolane, og nesten like mange meiner at dei gjer det i nokon grad.

Rapporten frå ei undersøking som blei gjennomført av PricewaterhouseCoopers på bestilling frå KS, og som kom i november 2015, viser at kommunane er positive til dagens tilsynsmetodikk. Fleire kommunar meiner at tilsynsmodellen innanfor utdanning har gått gjennom ein positiv moderniseringsprosess. Tilsyna er retta mot forbetring i staden for berre å avdekke brot på regelverket. Kommunane meiner at tilsyn gir dei god hjelp til forbetringar. Ei overvekt av respondentane seier at tilsyna fører til konkrete endringar i praksis. Dette viser at tilsyna bidrar til å auke etterlevinga av regelverket på grunnopplæringsområdet.

Resultata frå tilsyn i 2016 viser likevel at det framleis er manglar i etterlevinga av regelverket på barnehage- og opplæringsområdet. På barnehageområdet er det ei klar forbetring i 2016 , men kommunane som barnehagemyndigheit har framleis manglar når det gjeld lovforståing og forvaltingskompetanse. På opplæringsområdet har tilsyna med psykososialt miljø i skolen vist ei klar forbetring med færre avdekte brot. I dei felles nasjonale tilsyna for grunnopplæringa har det derimot vore ein auke i talet på avdekte regelverksbrot. Det er likevel ikkje gitt at dette heng saman med at det blir gjort fleire brot på regelverket. Ei årsak til at det har vore ein auke i avdekte regelverksbrot, kan vere at praksis hos Fylkesmannen har blitt stramma inn i takt med at direktoratet og fylkesmannsembeta har arbeidd med betre samsvar mellom vurderingane hos dei ulike embeta.

Utdanningsdirektoratet har ført tilsyn med 53 frittståande skolar i 2016. Direktoratet har i løpet av året gjennomført fleire store og meir kompliserte tilsyn enn tidlegare år. Dette har påverka tilsynsaktiviteten gjennom året. Tilsynet er prioritert ut frå vurderingar av kvar risikoen er størst i sektoren, og korleis ressursane blir brukte mest mogleg effektivt. Det blei funne brot på regelverket i alle dei 53 tilsyna i 2016. Det kan tyde på at vurderingane av risiko og val av skolar og tema trefte godt, og at ressursar er blitt brukte på tilsyn der det har vore behov for det. Det er likevel viktig å understreke at dei brota som er funne varierer når det gjeld omfang og kor alvorlege dei er.

I 2016 har direktoratet ført tilsyn med årsrekneskapen for alle dei 325 frittståande skolane. Dette arbeidet er ein sentral del av kontrollen med økonomiforvaltninga ved skolane, og er også viktig for vurderingane av kva for skolar og tema som skal veljast ut for tilsyn.

Barn, unge og vaksne med særskilde behov får eit tilrettelagt tilbod til rett tid

Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) har ein sentral rolle for å styrke tilbodet i barnehagar og skolar og er ein viktig samarbeidsinstans når barn og elevar skal få tilrettelagt tilbod til rett tid. For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet i 2016 utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Formålet med kriteria er at kommunane og fylkeskommunane kan bruke dei som verktøy for å utvikle kvaliteten i tenestetilbodet til PP-tenestene. Direktoratet har òg utvikla støtte- og rettleiingsressursar om tilpassa opplæring på ulike tema, og desse ressursane har vore mykje brukte på nettsidene til direktoratet. I tillegg har direktoratet lagt vekt på å styrke det faglege tilbodet til barn, unge og vaksne med særskilde behov gjennom styring av Statped og den faglege styringa av dei nasjonale sentera.

Vidare har direktoratet ansvaret for kompetanseprogrammet for PP-tenesta Strategi for etter- og vidareutdanning (SEVU-PPT) (2013–2018). For nærare omtale av tiltaka retta mot barn, unge og vaksne med særskilde behov og dei verksemdene som arbeider særskilt med denne gruppa, sjå kap. 226 postane 21, 22 og 50, kap. 230 og programkategori 07.30 Barnehagar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 373,5 mill. kroner på posten i 2018. I løyvingsforslaget er det tatt omsyn til at 69,2 mill. kroner knytte til drift av Senter for IKT i utdanninga er foreslått flytte til posten frå kap. 224 post 01.

Løyvingsforslaget er redusert med 700 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. nærare omtale i hovudinnleiinga.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner fordi budsjettforslaget for 2018 vil gi direktoratet utvida oppgåver. Det gjeld særleg forvaltninga av tilskottet til lesestimulering, sjå kap. 226 post 21.

Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på post 21 er knytt til kostnader direktoratet har til større utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Utarbeiding av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskolen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøver innanfor yrkesfaga blir finansiert under denne posten. Løyvinga på post 70 er knytt til utvikling av læremiddel. Løyvingane på postane 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Mål for 2018

Målet med dei tiltaka som blir finansierte over post 21, er mellom anna god prøve- og eksamensutvikling og -gjennomføring, eit godt kunnskapsgrunnlag når det gjeld tilstanden i sektoren, å legge til rette for god bruk av læreplanane og for at direktoratet kan utvikle gode IKT-system som forenklar og effektiviserer arbeidet i sektoren.

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, inkludert nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Rapport for 2016

Arbeidet med å utarbeide eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskolen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøver innanfor yrkesfaga blei gjennomført som planlagt.

Det blei i 2016 gitt tilskott til totalt 50 nye prosjekt for smale fagområde, nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. 38 prosjekt blei ferdigstilte i 2016 innanfor dei same områda; desse var elleve prosjekt for særskilt tilrettelagde læremiddel, tolv prosjekt for læremiddel for minoritetsspråklege og 15 prosjekt for læremiddel innanfor smale fagområde.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 21 med 35,9 mill. kroner mot ein tilsvarande samla reduksjon på kap. 226 postane 21 og 22 og kap. 231 post 21. Desse midlane blir nytta til forvaltning av den sektorretta IKT-porteføljen i direktoratet. For å legge til rette for ein meir heilskapleg og strategisk tilnærming til digitalisering og utvikling av gode IKT-system, foreslår departementet med dette at midlane knytte til drift av IKT-porteføljen blir samla på kap. 220 post 21.

Departementet foreslår vidare at 21,5 mill. kroner som tidlegare blei løyvde under kap. 224 post 21 til særskilde driftsutgifter for Senter for IKT i utdanninga, blir flytte til kap. 220 post 21.

Departementet foreslår samla å auke løyvinga på post 21 med 57,5 mill. kroner til 203,5 mill. kroner.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 70 med 6,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 226 post 21, jf. omtale av flytting av midlar til digitale læremiddel under den posten.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 30 mill. kroner knytt til post 70, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Inntekter frå oppdrag

5 538

4 114

5 901

02

Salsinntekter o.a.

4 562

1 207

1 233

Sum kap. 3220

10 100

5 321

7 134

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar. Departementet foreslår at 1,7 mill. kroner som tidlegare blei løyvde under kap. 3224 post 01 knytte til inntekter for Senter for IKT i utdanninga, blir flytte til kap. 3220 post 01.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

13 345

14 785

14 840

Sum kap. 0221

13 345

14 785

14 840

Post 01 Driftsutgifter

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er sjølvstendige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Løyvinga gjeld drift av utvala og deira felles sekretariat.

Etter ein større gjennomgang av strukturen i Kunnskapsdepartementets underliggande verksemder, for å finne ei meir effektiv løysing av oppgåvene og flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo, har departementet beslutta at sekretariatet for Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) skal flyttast frå Oslo til Bø i Telemark i løpet av 2018.

Mål for 2018

FUB skal fremme eit godt samarbeid mellom barnehage og heim og ta i vare interessene til foreldra i barnehagesamanheng. FUG skal fremme eit godt samarbeid mellom skole og heim, og ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng.

Mål for verksemda til foreldreutvala i 2018 er som følger:

  • Foreldreutvala gir råd og innspel til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skole og heim.

  • Foreldreutvala gir informasjon og rettleiing om samarbeid mellom barnehage/skole og heim.

  • Foreldreutvala samarbeider med relevante aktørar i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skole og heim.

  • Foreldreutvala blir drifta godt og effektivt.

Rapport for 2016

FUB og FUG har halde eit høgt aktivitetsnivå for å fremme godt samarbeid mellom høvesvis barnehage og heim og skole og heim. Begge utvala har synleggjort foreldreperspektivet og verdien av foreldresamarbeid gjennom dialog med relevante organisasjonar og institusjonar, deltaking i arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå og ved å halde foredrag i ulike forum. Utvala har oppfylt oppgåva si som rådgivande organ og høyringsinstans for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet gjennom ulike møtepunkt og levering av høyringssvar. For å nå ut med informasjon og rettleiing til foreldre, barnehagar og skolar har utvala utarbeidd og distribuert ulikt materiell som er spreidd gjennom direkte møte, utsending eller ved publisering på nettsidene.

FUB har i 2016 hatt særleg merksemd på områda mobbing i barnehagen, kvalitet i barnehagen og overgangar. FUG har hatt særleg merksemd på læringsmiljø, tilpassa opplæring, spesialundervisning, lærarutdanning og rektorutdanning.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 14,8 mill. kroner på posten.

Løyvingsforslaget er redusert med 100 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. nærare omtale i hovudinnleiinga.

Kap. 222 Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

98 826

100 539

106 718

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

1 528

1 559

Sum kap. 0222

98 826

102 067

108 277

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane under kapittelet gjeld

  • drift av Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskolen for Midt-Noreg) i Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Opplæringa ved Sørsamisk kunnskapspark og dei vidaregåande skolane følger Kunnskapsløftet – Samisk .

Sameskolen for Midt-Noreg har endra namn til Åarjelsaemien vierhtiesåafoe – Sørsamisk kunnskapspark. Regjeringa har gjort vedtak om å halde på verksemda i staten, og det er sett i gang ein prosess for å utvikle og effektivisere tilbodet til verksemda om sørsamisk fjernundervisning. Tilbodet skal treffe behovet til kommunane for sørsamisk opplæring på ein betre måte og auke rekrutteringa av sørsamiske fjernundervisningselevar.

Statsbygg har på oppdrag frå Sametinget gjennomført studiar som viser moglege alternativ for det samiske nasjonalteateret Beaivváš. I 2017 har regjeringa avgjord at Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet skal gi Statsbygg i oppdrag å utgreie eit alternativ med samlokalisering av teateret og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino.

Mål for 2018

Målet med løyvingane er å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur.

Rapport for 2016

Sameskolen for Midt-Noreg

Sameskolen for Midt-Noreg tilbyr fjernundervisning og språksamlingar for elevar som har rett til språkopplæring i samisk, men som ikkje har tilbod om språkopplæring i sin eigen kommune. I skoleåret 2016–17 fekk 30 elevar fjernundervisning i sørsamisk og 15 elevar fjernundervisning i nordsamisk. Dette er ein nedgang på ti elevar frå året før.

Samiske vidaregåande skolar

Skolane har både heiltidselevar og deltidselevar. Begge skolane er opne for samiske elevar frå heile landet, og har ei ordning med vertsfamiliar for dei yngste tilreisande elevane.

I skoleåret 2016–17 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 136 fulltidselevar og 13 deltidselevar. I skoleåret 2015–16 hadde skolen 143 elevar samla sett. Skolen gir også eksternt finansierte kurs.

Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde i skoleåret 2016–17 90 fulltidselevar og 26 deltidselevar. I 2015–16 hadde skolen 75 fulltidselevar og 16 deltidselevar. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane fjernundervisning i samisk.

Ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark er det i 2016 utbetalt 986 000 kroner i ventelønn til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre tildelingane til Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino vidare på same nivå som i 2017.

For å få på plass ei stabil drift for Sørsamisk kunnskapspark etter at midlar i statsbudsjettet for 2015 blei trekte ut som ei følge av forslag om å avvikle Sameskolen for Midt-Noreg, foreslår departementet å auke løyvinga på post 01 med 2,7 mill. kroner. Departementet foreslår å auke inntektsløyvinga på kap. 3222 post 02 slik at inntektene til Sørsamisk kunnskapspark blir realistisk budsjetterte, jf. omtale under denne posten. Inntektsauken skyldast auka omfang av fjernundervisning. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på post 01 med ytterlegare 2,5 mill. kroner.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på post 01 med 5,2 mill. kroner. Departementet foreslår å føre løyvinga på post 45 vidare på same nivå som i 2017.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3222 Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

02

Salsinntekter o.a.

12 004

5 242

7 857

Sum kap. 3222

12 004

5 242

7 857

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. I dei siste åra har Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskolen for Midt-Noreg) berre gitt samisk undervisning gjennom fjernundervisning. Dette har ført til større inntekter. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner for at inntektene skal vere realistisk budsjetterte.

Kap. 223 Sametinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

50

Tilskott til Sametinget

41 501

42 551

46 627

Sum kap. 0223

41 501

42 551

46 627

Post 50 Tilskott til Sametinget

Tilskottet finansierer utdanningsformål i Sametinget, inkluderte utvikling og produksjon av ordinære og tilrettelagde læremiddel på samiske språk, arbeid med samiske læreplanar og råd og rettleiing om samisk opplæring.

Mål for 2018

Målet med løyvinga er, gjennom verksemda til Sametinget, å gi samiske elevar ei god opplæring med tilgang til ordinære og tilrettelagde læremiddel på deira eige språk.

Rapport for 2016

Sametinget har som hovudmål for grunnopplæringa at den samiske befolkninga har den rette kunnskapen, kompetansen og dugleiken for å bevare og utvikle det samiske samfunnet. For å nå dette målet har Sametinget mellom anna arbeidd for samiske elevar sin rett til samiskopplæring og skolens innhald og verdigrunnlag. Sametinget gir også informasjon og rettleiing til elevar, foreldre og skoleeigarar som har førespurnader om grunnopplæringa. Førespurnadene, som aukar i omfang, er i hovudsak knytte til tilbod om samisk opplæring.

Det er stadig mangel på samiske lærarar og samiske læremiddel på nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Særleg vanskeleg har det vore å utvikle lulesamiske læremiddel, fordi det er stor mangel på dei som forfattar, les korrektur på og omset desse. Sametinget gir informasjon om samiske læremiddel gjennom læremiddelsentralen i Sametinget og læremiddelportalen Ovttas.no.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 46,6 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 3 mill. kroner til arbeid med læreplanar og læremiddel. Den foreslåtte auken har samanheng med fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet.

Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

63 538

68 634

21

Særskilde driftsutgifter

29 776

21 070

Sum kap. 0224

93 314

89 704

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga blir slåtte saman frå 1. januar 2018. Sjå omtale av den nye verksemda under kap. 220.

Rapport for 2016

Senter for IKT i utdanninga har i dei siste åra opplevd ei stadig aukande interesse frå sektoren for tilboda om kompetanseutvikling, rettleiing og rådgiving. I 2016 var det derfor også ein auke i talet på lærarar, skoleleiarar, skoleeigarar, barnehagelærarar og barnehagestyrarar som var i direkte kontakt med senteret, eller som tok i bruk nettressursane til senteret. På nettsidene til senteret var det ein auke i det samla talet på brukarsesjonar på over ti pst. frå 2015.

Senteret har i 2016 arbeidd vidare med formidlinga av beste praksis for det digitale og bruk av IKT i barnehagar og skolar. Senteret har også ført vidare samarbeidsprosjekt med ulike offentlege og private aktørar. Vidare har senteret arbeidd med å utvikle og forbetre tenestane og tilboda sine. Mellom anna har senteret i 2016 utvikla vidare IKTplan.no , som er eit komplett undervisningsopplegg og planverktøy for arbeid med digitale dugleikar i skolen. Nærare 300 kommunar bruker tenesta som grunnlag for arbeidet i skolane med digitale dugleikar. Det blei gjennomført 5,6 mill. brukarsesjonar på nettstaden utdanning.no , ein auke på 18 pst. frå året før. Rettleiaren frå senteret om høveleg bruk av IKT i skolen, som blei laga i 2015, blei i 2016 lasta ned om lag 5 000 gonger.

Senteret har arbeidd vidare med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide – felles elektronisk identitet. Alle fylkeskommunar og 357 kommunar er med i Feide. Det er framleis kommunar som ikkje er Feide-godkjente; dei fleste av desse er små kommunar. Likevel tar stadig fleire elevar og lærarar Feide aktivt i bruk. Grunnopplæringa stod for 91 mill. påloggingar i 2016, ein auke på 43 pst. frå 2015.

Budsjettforslag for 2018

Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga blir slåtte saman frå 1. januar 2018. Departementet foreslår derfor å flytte løyvingane under kap. 224 til kap. 220.

Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Inntekter frå oppdrag o.a.

11 477

1 660

Sum kap. 3224

11 477

1 660

Post 01 gjeld inntekter frå oppdragsverksemd. Departementet foreslår å flytte løyvinga til kap. 3220 post 01.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

23 178

22 598

22 900

21

Særskilde driftsutgifter

98 667

102 232

104 467

60

Tilskott til landslinjer

211 531

221 444

221 691

62

Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

23 670

24 321

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa , kan overførast

52 406

63 806

67 349

64

Tilskott til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

363 287

384 162

111 351

65

Rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg , kan overførast

350 232

223 186

199 608

66

Tilskott til leirskoleopplæring

44 706

49 574

50 863

67

Tilskott til opplæring i finsk

7 390

7 165

8 925

68

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

272 900

279 396

287 542

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

216 826

124 555

70

Tilskott til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

57 869

59 490

61 096

71

Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

29 336

30 157

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

6 290

6 290

6 290

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

14 153

17 749

18 228

74

Tilskott til organisasjonar

23 386

23 636

8 908

75

Grunntilskott

70 724

Sum kap. 0225

1 795 827

1 639 761

1 239 942

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 finansierer dei kostnadene som fylkesmannen har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Løyvinga på post 21 dekker utgifter til lærarar som har tatt på seg oppdrag med å vere sensorar ved sentralt gitt eksamen (sensur og klagehandsaming). Midlane blir utbetalte via fylkesmannen. Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-26 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, inkludert den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.

Mål for 2018

Målet med løyvingane er å medverke til at det blir gjennomført sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2016

Våren 2016 blei det gjennomført om lag 78 000 eksamenar i grunnskolen og om lag 180 000 eksamenar i vidaregåande opplæring, der 166 800 eksamenar var sentralt gitt eksamen med sentral sensur. Hausten 2016 blei det gjennomført om lag 36 000 eksamenar i vidaregåande opplæring, og 27 700 av desse var eksamen med sentral sensur. Det blei handsama om lag 1 300 klager i grunnskolen og om lag 11 900 klager vår og haust for sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring. Totalt var det om lag 1 200 sensorar som deltok i sensorarbeidet i grunnskolen og 2 400 i vidaregåande opplæring for sentralt gitt eksamen med sentral sensur. Utarbeiding av sentralt gitt eksamen og elektroniske prøve- og eksamenstenester blir finansiert av løyvinga på kap. 220 post 21.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2017. Løyvingsforslaga for dei to postane utgjer til saman 127,4 mill. kroner

Post 60 Tilskott til landslinjer

Tilskottet skal gå til fylkeskommunar med landslinjer, til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordninga er at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2016

Kapasiteten i skoleåret 2016–17 var på 1 540 heilårsplassar fordelte på 47 landslinjer. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på 87 pst. hausten 2016 og 83,3 pst. våren 2017. Kapasitetsutnyttinga har vore jamn og lege på i overkant av 80 pst. i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2018

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner som følge av budsjettvedtak for tidlegare budsjettår om å opprette nye eller utvide kapasiteten ved eksisterande landslinjer. Dette gjeld:

  • 1,4 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg3-tilbodet til landslinja for natur- og miljøfag ved Rjukan vidaregåande skole, som blei oppretta hausten 2015.

  • 0,8 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg1-tilbodet og hausteffekten av Vg2-tilbodet for landslinja i skiskyting ved Stryn vidaregåande skole, som blei oppretta hausten 2017.

  • 1 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg1-tilbodet og hausteffekten av Vg2-tilbodet for landslinja i friidrett ved Steinkjer videregående skole, som blei oppretta hausten 2017.

  • 1,5 mill. kroner for å dekke heilårseffekten i 2018 av utvidinga av kapasiteten til transport- og logistikkutdanninga til landslinja i yrkessjåførfaget ved Alta videregående skole, jf. handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017, Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017).

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 10 mill. kroner. Forslaget medfører at satsane for driftstilskott blir førte vidare nominelt, og at utstyrstilskottet blir redusert med om lag 5 mill. kroner.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 5,3 mill. kroner

Post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv blir foreslått løyvd over kap. 227 post 63. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet til skolane.

Rapport for 2016

Sameskolen i Snåsa hadde 17 elevar hausten 2016, mot 15 elevar året før. I tillegg fekk sju elevar ved Snåsa ungdomsskole undervisning ved sameskolen. Sju elevar fekk fjernundervisning, det same talet som året før. Sameskolen i Målselv hadde 17 elevar hausten 2016, mot 15 elevar året før. I tillegg fekk sju elevar fjernundervisning, mot tolv elevar året før.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte løyvinga til kap. 227 post 63.

Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samiskopplæring i grunnskolen, ei ordning for samiskopplæring i den vidaregåande opplæringa og ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i heile grunnopplæringa.

Mål for 2018

Tilskottet skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skolar som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova, og til at lærarar får auka kompetanse i samiske språk.

Rapport for 2016

Talet på elevar som vel samisk språk i grunnskolen, har halde seg relativt stabilt i dei siste tre åra. Tabellen under viser at det i skoleåret 2016–17 har vore ein auke i talet på elevar i grunnskolen som vel samisk som førstespråk. Samstundes har det vore ein reduksjon i talet på elevar som vel samisk som andrespråk. Samla for samisk som språkval utgjer reduksjonen frå skoleåret 2015–16 til skoleåret 2016–17 i alt 40 elevar eller 1,8 pst.

Tabell 4.1 Tal på grunnskoleelevar som har samisk som første- og andrespråk

Skoleår

2013–14

2014–15

2015–16

2016–17

Samisk som førstespråk

916

915

882

927

Samisk som andrespråk

1 210

1 201

1 282

1 197

Totalt

2 126

2 116

2 164

2 124

Endring frå året før i pst.

–0,5 pst.

2,3 pst.

–1,8 pst.

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Ved teljedato 2. mai 2017 var det i alt 280 elevar/lærlingar som fekk opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale og frittståande vidaregåande skolar. Dette er ein auke på 30 elevar samanlikna med året før.

Det blei utbetalt tilskott til fire studiepermisjonar, fordelte på ein kommune i kvart av fylka Finnmark, Nordland og Sør-Trøndelag. Bruken av samiske studiepermisjonar var i 2016 noko mindre enn i dei to føregåande åra. Tilskottsutbetalinga var på 1 mill. kroner i 2016, mot tilsvarande 1,5 mill. kroner i 2015 og 1,7 mill. kroner i 2014. Tilskottsordninga blei i 2015 utvida til å gjelde for lærarar i heile grunnopplæringa og i heile landet.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei løyving på 67,3 mill. kroner på posten. Det er rekna med ein reell auke i løyvingsbehovet på 1,9 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2017.

Post 64 Tilskott til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Ordninga skal finansiere opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søker om familiegjensameining. Ordninga inkluderer tilskott til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskoleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til grunnskoleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring

Tilskottsordninga er avgrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet.

Fylkesmennene har gitt tilbakemelding til Utdanningsdirektoratet om at ordninga har blitt meir krevjande å forvalte dei siste åra. For å avlaste fylkesmennene overtar derfor direktoratet forvaltninga av tilskott til opplæring av barn og unge til og med 15 år, som har rett og plikt til grunnskoleopplæring frå hausten 2018. Tilskottsmodellen blir også endra slik at tilskottet blir utbetalt til kommunane på grunnlag av registrerte personar i målgruppa. Dette inneber ei forenkling av ordninga og at kommunane ikkje lenger treng å bruke tid på å søke om tilskott. Handsaming og utbetaling av tilskott for opplæring av ungdom mellom 15 og 18 år er førebels uendra, og blir utført av fylkesmennene.

Mål for 2018

Tilskottet skal bidra med finansiering til kommunar og fylkeskommunar som sørger for at barn og unge som søker opphald i Noreg, får grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Rapport for 2016

Rapporteringa frå fylkesmannsembeta viser at til saman 9 998 barn som var busette i mottak, eller som budde privat, fekk grunnskoleopplæring i skoleåret 2015–16; dette er ein auke frå 2 943 barn i skoleåret 2014–15. Den store auken skyldast flyktningsituasjonen hausten 2015 og våren 2016. 145 personar i aldersgruppa 16–18 år fekk vidaregåande opplæring i 2015–16, mot 53 i 2014–15.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 111,4 mill. kroner på posten i 2018. Det er ein reell reduksjon på 282,8 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2017, som følge av ein venta reduksjon i talet på barn og unge som søker opphald i Noreg.

Post 65 Rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg, kan overførast

Løyvinga skal kompensere kommunar og fylkeskommunar for renteutgifter for investeringar innanfor rammene på til saman 30 mrd. kroner, som staten har gitt tilsegner om i perioden 2002–16. Ordninga omfattar også offentlege symjeanlegg som skolen bruker i undervisninga si.

Mål for 2018

Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon som er gitte i perioden 2002–16. Målet med å gi tilsegnene har vore å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skoleanlegg, samt rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg.

Rapport for 2016

1,5 mrd. kroner av investeringsramma blei fasa inn i 2016. Med dette var heile investeringsramma for ordninga fasa inn. Kommunar og fylkeskommunar som ikkje hadde nytta investeringsrammene dei har fått innan 31. desember 2016, fekk restramma annullert. Totalt var det 870 mill. kroner av den samla ramma på 30 mrd. kroner for perioden 2002–16 som ikkje blei nytta. Det blei utbetalt 350,2 mill. kroner i rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg i 2016.

Budsjettforslag for 2018

Endra renteføresetnader gir ein reduksjon i løyvingsbehovet på 23,6 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2017.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Etter opplæringslova § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring. Dette blir i retningslinjene for tilskott til leirskoleopplæring definert som leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet med ei varigheit på minst tre overnattingar i samanheng. Tilskottsordninga skal bidra til å dekke utgifter kommunane har til leirskoleopplæring ved leirskoleopphald. Kommunane har ansvaret for å finansiere sjølve leirskoleopphaldet.

Forvaltninga av tilskottsordninga er i dag delt mellom fylkesmennene og Utdanningsdirektoratet. Fylkesmennene handsamar søknader frå kommunane i fylket, og rapporterer til direktoratet. Fylkesmennene har ved fleire høve meldt frå til direktoratet om at dei bruker store administrative ressursar på å handsame søknader i høve til storleiken på tilskottet. For å gi ei meir effektiv tilskottsforvaltning vil fordelinga av tilskottet framover vere basert på rapportering om planlagt leirskoledeltaking i GSI, og ikkje søknader frå kommunane. Utdanningsdirektoratet vil gjennomføre stikkprøvekontrollar basert på risikovurderingar. Frå 2018 blir utrekning og utbetaling av tilskott til leirskoleopplæring utført av Utdanningsdirektoratet. På den måten kan det frigjerast administrative ressursar hos fylkesmennene og i kommunane. Dei siste åra har det òg vore ubrukte midlar på posten som følge av omfanget av søknader. Grepet vil bidra til at det framover ikkje blir mindreforbruk på posten, slik at heile løyvinga går til formålet.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 480, 11. februar 2016, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:146 S (2014–2015), jf. Innst. 155 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide tiltak for å hjelpe skolene med å sikre minoritetselevers deltakelse på overnattingsturer i skolens regi.»

Oppfølginga av vedtaket blei omtalt på side 66 i Prop. 1 S (2016–2017) for Kunnskapsdepartementet.

I forbindelse med handsaminga av statsbudsjettet for 2017 i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, jf. Innst. 12 S (2016–2017), skriver eit fleirtal beståande av medlemmene frå Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti følgande:

«Flertallet understreker at departementets svar i proposisjonen, der departementet kun viser til den enkelte skoleeiers og skoleleders ansvar, ikke kan sies å være en tilfredsstillende utkvittering av Stortingets vedtak».

I Meld. St. 17 (2016–2017) blei det varsla at Kunnskapsdepartementet ville komme tilbake til oppfølginga av vedtaket.

Det er først og fremst den enkelte skoleeigar og skoleleiar som har ansvar for å sikre at minoritetsspråklege elevar deltar på overnattingsturar i regi av skolen. Det er viktig med lokal dialog om kva som eventuelt er til hinder for at nokre elevar ikkje deltar. Ettersom mange minoritetsspråklege elevar kjem frå låginntektsfamiliar, er det viktig at skoleeigarane rettar seg etter regelverket, som slår fast at all opplæring skal vere gratis. Når turen er ein del av opplæringa, må turen vere gratis. Departementet vil følge opp vedtaket gjennom å be Utdanningsdirektoratet vurdere kvar utfordringane ligg, og om ein bør utarbeide støttemateriell for god dialog mellom skole og heim i samband med overnattingsturar i regi av skolen. I arbeidet skal det også vurderast om relevant informasjon kan bli gjort tilgjengeleg på fleire språk.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 321, 17 desember 2016, gjort i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 12 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2017 komme tilbake til Stortinget med en vurdering av på hvilken måte leirskole eller tilsvarende opplegg kan sikres gjennom læreplanen.»

Regjeringa gjorde greie for saka i samband med forslaget til revidert budsjett for 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Stortinget tok utgreiinga til orientering. Departementet meiner dermed at vedtaket er følgt opp.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Rapport for 2016

Rapporteringa frå fylkesmennene viser at det i 2016 blei innvilga tilskott til leirskoleopplæring for i alt 48 312 grunnskoleelevar. Dette utgjer åtte pst. av gjennomsnittleg elevtal i offentlege grunnskolar for skoleåra 2015–16 og 2016–17. Sidan grunnskolen omfattar ti årstrinn, er det eit mål for tilskottsordninga at om lag ti pst. av elevane drar på leirskole kvart år. Rapporteringa frå fylkesmennene gir grunn til å tru at dei fleste, men ikkje alle, elevane får eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Nokre av fylkesmennene opplyser om at det er kommunar i fylket som ikkje sender elevar på leirskole.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 67 Tilskott til opplæring i finsk

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei for opplæring i finsk som andrespråk i grunnskolen, ei for opplæring i finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring og ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i finsk for lærarar i grunnskolen.

Mål for 2018

Løyvinga skal bidra med finansiering til kommunar og frittståande grunnskolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Vidare er målet med løyvinga å bidra med finansiering til fylkeskommunar og frittståande vidaregåande skolar som gir finskopplæring til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn. Det er òg eit mål å styrke kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen.

Rapport for 2016

Det har vore ein reduksjon i talet på elevar som vel finsk som andrespråk i grunnskolen i dei seinare åra. Elevtalet per 1. oktober 2016 var 553 elevar, noko som utgjorde ein reduksjon frå 2015 på seks elevar.

Ved teljedato 2. mai 2017 var det i alt 13 elevar som fekk opplæring i finsk i vidaregåande opplæring. Dette er ein reduksjon frå året før, da 22 elevar fekk slik opplæring.

Bruk av studiepermisjonar for vidareutdanning har vore om lag uendra i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei løyving på 8,9 mill. kroner på posten. Det er rekna med ein reell auke i løyvingsbehovet på 1,5 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2017.

Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

Deloitte har på vegner av Utdanningsdirektoratet, etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, gjort ei evaluering av tilskottsordninga. Rapporten blei stilt ferdig i januar 2017. Evalueringa syner korleis tilskottet til opplæring i kriminalomsorga har utvikla seg over tid, og viser blant anna at den fylkesvise fordelinga i nokon grad kjem av historikk, heller enn å vere basert på objektive kriterier. Vidare viser evalueringa at målet med tilskottsordninga blir oppfatta noko ulikt blant dei som arbeider med opplæring innanfor kriminalomsorga.

På grunnlag av evalueringa vil departementet vurdere nærare innretninga av tilskottsordninga. Mellom anna vil ein sjå nærare på kva overordna kriterium som skal leggjast til grunn for fordelinga av tilskott mellom fylkeskommunane. Alternative modellar for utrekning av tilskott til fylkeskommunane vil bli vurderte.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunar som gir opplæring til innsette og lauslatne som har begynt på opplæring under soning, og som har rett til grunnskole- eller vidaregåande opplæring, eventuelt plikt til grunnskoleopplæring. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, også dei som har kort soningstid eller sit i varetekt, er det eit mål at det òg blir gitt kortare kurs. Desse kursa skal i størst mogleg grad ta utgangspunkt i kompetansemål frå læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggande dugleikar. Det er vidare eit mål å legge til rette for god opplæring i dei to einingane for soning for barn og unge. Det overordna målet er å gi fleire innsette høve til å tilby etterspurd kompetanse til arbeidsmarknaden, eller å gi dei eit grunnlag for å fullføre opplæring eller utdanning når dei slepp ut av fengsel.

Rapport for 2016

Det er opplæring i alle fengsla der det er formålstenleg. I tillegg finst det oppfølgingsklassar for å lette overgangen etter lauslating ti stader i landet.

Tabell 4.2 Talet på elevar/deltakarar i fengsel og oppfølgingsklassar gitt i totaltal og gjennomsnitt, fordelt etter opplæringstype

2015

2016

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Reg. elevar

Gj.snitt

Reg. elevar

Gj.snitt

Reg. elevar

Gj.snitt

Reg. elevar

Gj.snitt

Grunnskole

22

9

126

44

12

18

188

38

Vidaregåande skole

1 250

351

2 479

572

1 013

366

2 512

559

Arb.kvalifiserande kurs

901

36

1 774

234

678

42

1 864

235

Andre kurs

512

40

4 200

764

283

33

4 455

724

Fagskole

43

13

1

8 1

31

24

1

6 1

Høgskole/universitet

77

61

1

18 1

149

44

1

19 1

Sum

2 685

8 579

1 986

9 019

Registrerte elevar gjennom året er alle som har deltatt i opplæringa i løpet av eit kalenderår. Gjennomsnittet av elevar er eit berekna mål på kor mange som er i opplæring ein gjennomsnittleg undervisningsdag.

1 Totaltal for fagskole og høgskole/universitet er ikkje differensiert etter heiltid/deltid. Tala er ikkje med i utrekninga av totaltal på elevar.

Kjelde: Fylkesmannen i Hordaland

I overkant av 11 000 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i 2016. Dette er om lag det same som i 2015. Tendensen med at det er fleire som tar opplæring på deltid held fram. Det kan vere ulike årsaker til dette, blant anna at det i dei seinare åra er etablert fleire typar straffegjennomføring der fleire domfelte som har etablert tilknyting til arbeidsliv eller utdanning nå får sone utanfor fengsel (til dømes soning med fotlenke/elektronisk kontroll), men også at gruppa av innsette i norske fengsel er meir samansett nå enn i tidlegare år.

Utdanningsstyresmaktene har saman med kriminalomsorga arbeidd for å få på plass eit oppdatert IKT-system (Desktop for skolen – DFS) som både møter krava kriminalomsorga har til sikkerheit og som legg til rette for at skolen kan ta i bruk digitale verktøy i opplæringa. Det er i 2016 inngått ein interkommunal avtale mellom fylkeskommunane for å kunne ta hand om DFS-løysinga. Det er Hordaland fylkeskommune som koordinerer arbeidet med DFS.

Budsjettforslag for 2018

Løyvinga blir foreslått auka med 0,9 mill. kroner i samband med planlegging av utviding ved Arendal fengsel, avdeling Evje, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 2.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Heile investeringsramma som blei fastsett da ordninga blei oppretta i 1997, er nå nedbetalt. Tilskottsordninga er dermed avslutta.

Rapport for 2016

I 2016 blei det samla utbetalt 216,8 mill. kroner i kompensasjon.

Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

Målgruppa for tilskottet er lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, og/eller som har svake norskdugleikar og har budd kort tid i Noreg.

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å få sett i gang ei forskingsbasert evaluering av tilskottsordninga. Evalueringa skal sjåast i samanheng med ei evaluering av lærekandidatordninga, samt ei evaluering av spesialundervisning i vidaregåande opplæring. Evalueringa skal vere ferdig våren 2018. Formålet med evalueringa er å få svar på om det er behov for endringar i innretninga av tilskottet.

Mål for 2018

Tilskottsordninga skal stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Målet er å gi ungdommar under 25 år betre høve til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.

Rapport for 2016

Tabellen under viser at talet på søknader har auka monaleg i dei siste åra.

Tabell 4.3 Talet på søknader om tilskott for lærlingar og lærekandidatar i perioden 2008–16

År

Tal på søknader

Lærlingar

Lære- kandidatar

2008

186

129

57

2009

278

159

119

2010

357

176

181

2011

326

122

204

2012

528

194

334

2013

551

214

337

2014

626

226

400

2015

855

301

554

2016

952

344

608

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Søknader om tilskott for lærekandidatar utgjorde i 2016 om lag 64 pst. av søknadene. Tilskottet har auka vesentleg i dei siste åra for å stette auken i talet på søknader. Likevel blei tilskottet avkorta med 33 pst. for alle tilskottsmottakarane i 2016 fordi samla timetal for alle søkarane oversteig talet som låg til grunn for løyvinga.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Storleiken på tilskottet blir avkorta dersom samla timetal for alle søkarane overstig budsjettet for ordninga.

Post 71 Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa blir foreslått løyvd over kap. 225 post 75. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen (FKS) og Samarbeidsforum for estetiske fag (SEF) har i 2016 arbeidd med ei rekke ulike tiltak og satsingar for å betre kvaliteten i kulturskolane og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Kvar tilskottsmottakar har fordelt ein del av det tilskottet dei fekk vidare til underliggande medlemsorganisasjonar og prosjekt. Døme på prosjekt som har fått midlar, er Ungdommens musikkmeisterskap (UMM) , Kykeliky – kultur for dei yngste, Veslefrikk – ei nasjonal satsing på skapande musikkarbeid med barn og unge og Kunsten i skolen korleis har den det og korleis kan den vitaliserast?

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte løyvinga til kap. 225 post 75.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten skal dekke bidraget frå Noreg til EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring (Cedefop), kontingent frå Noreg til Det europeiske språkrådet i Graz, nasjonal drift av Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP) og utgifter til nasjonal ekspert ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Mål for 2018

Målet med dei samarbeidsaktivitetane som løyvinga bidrar til å finansiere, er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.

Rapport for 2016

Samla blei det utbetalt 6,3 mill. kroner på posten i 2016.

Nasjonal ekspert ved SIU har i 2016 medverka i to større europeiske prosjekt: eitt om endringar innanfor fag- og yrkesopplæringa og eitt om kartlegging av realkompetanse.

Gjennom arbeidet i Cedefop har Noreg bidratt til mellom anna rapportar og undersøkingar som skal medverke til kvalitetsutvikling i europeisk fag- og yrkesopplæring.

EUP arrangerte i 2016 ein nasjonalsesjon og fire regionalsesjonar, ei dobling av talet på regionalsesjonar frå året før.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Ordninga skal legge til rette for skolegang og studieopphald i utlandet for norske elevar. I tillegg skal ordninga gi norske fransklærarar høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom studieopphald i Frankrike, og ho skal legge til rette for internasjonale mobilitetsordningar i framandspråk.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordninga er at norske elevar får kunnskap om kultur og språk i andre land og ei større forståing av sin eigen og andre sin identitet.

Rapport for 2016

Etter avtale mellom Noreg og Frankrike kan Noreg kvart år sende 22 elevar per årskull til utvalde franske lycé. Tilbodet er på vidaregåande nivå, og elevane får fransk baccalauréat, i tillegg til opplæring i norsk og samfunnsfag. Det kom inn nye 55 søknader til skoleplassane i 2016. Det er gjennomgåande fleire jenter enn gutar som søker seg til tilbodet.

United World Colleges (UWC) gir elevar som er ferdige med første året på vidaregåande skole, høve til å ta Internasjonal Baccalaureat (IB). Hausten 2016 gjekk 80 norske elevar på ein UWC-skole, fordelte på to årskull. Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til UWC-skolane, 30 elevar til utlandet og ti elevar til skolen i Noreg. Det kom inn 123 søknader i 2016, mot 156 søknader i 2015, som var eit rekordhøgt tal.

Trollstipend er ei ordning der franskklassar og lærarar i fransk kan få støtte til studieopphald i Frankrike. I 2016 fekk totalt 27 elevgrupper og elleve lærarar stipend.

For ordninga med tyske stipend til elevar i vidaregåande skole blei det i 2016 delt ut fem stipend til studieopphald i Tyskland og tolv stipend til sommarkurs i Tyskland. Det var ein norsk følgelærar med elevane som deltok på sommarkurset.

Språkassistentar i framandspråka fransk og spansk er til hjelp for lærarar med opplæring i framandspråk. I 2016 blei det opna for at alle skolar kan søke om å bli vertsskole for ordninga, og det kom inn 38 søknader til ni assistentplassar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 74 Tilskott til organisasjonar

Over tid har ein større del av løyvinga på denne posten blitt øyremerkt enkeltorganisasjonar, og den delen som blir fordelt etter søknad, har blitt mindre. For å bidra til at det framover skal vere prosjektmidlar tilgjengeleg, foreslår Kunnskapsdepartementet at løyvinga blir delt på to postar. Ordninga under kap. 225 post 74 skal vere ei søknadsbasert prosjekttilskottsordning for frivillige og private organisasjonar. Utdanningsdirektoratet skal forvalte tilskottsordninga. Tilskottet til organisasjonar som er særleg høgt prioriterte, og som har fått øyremerkte tilskott over denne posten tidlegare, blir flytt til kap. 225 ny post 75 Grunntilskott.

Mål for 2018

Formålet med tilskottsordninga er å stimulere organisasjonane til å sette i verk prosjektretta tiltak som på ulike måtar kan bidra til å nå sektormåla for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Verksemda til organisasjonane må ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak må nå flest mogleg elevar og skolar.

Rapport for 2016

Følgande organisasjonar fekk tildelt midlar frå tilskottsordninga for private og frivillige organisasjonar i 2016: Stiftinga Magasinett, Stiftinga Pirion, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Friluftsrådenes Landsforbund, Redd Barna, Landslaget for norskundervisning, MOT, Ungt Entreprenørskap Norge, Sex og Politikk, FRI – Rosa kompetanse skole, Skeiv Ungdom, Blikk AS, Foreningen !les, Antirasistisk Senter, The European Wergeland Centre, Leser søker bok, UNICEF-komitéen i Norge, Barnevakten, Dysleksi Norge, Elevorganisasjonen, Operasjon Dagsverk, First Scandinavia, Kjør for livet, Landslaget for matematikk i skolen og Teknisk Senter AS. Samla tildeling frå denne tilskottsordninga utgjorde 21,4 mill. kroner i 2016.

Frå prosjektstøtteordninga til interesseorganisasjonar for funksjonshemma har følgande organisasjonar fått tildelt tilskott i 2016: Foreningen for muskelsyke, ADHD Norge, Foreningen for hjertesyke barn, Norsk interesseforening for stamme, Norges Handikapforening/Handikappede Barns Foreldreforening, Cerebral Parese-foreningen og Norsk Spielmeyer-Vogt forening. Samla tildeling frå denne tilskottsordninga utgjorde 1,2 mill. kroner i 2016.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 15,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 225 ny post 75 Grunntilskott. Flyttinga gjeld tilskottet til organisasjonar som er særleg høgt prioriterte, og som har fått øyremerkte tilskott over denne posten tidlegare. Beløpet omfattar prosjektstøtteordninga for interesseorganisasjonar for funksjonshemma. Sjå kap. 225 post 75 for nærare omtale av dei tilskotta som departementet foreslår å flytte.

Post 75 Grunntilskott

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskottsordningane under kap. 225 post 75 er tilskott til organisasjonar og andre aktørar som er særleg høgt prioriterte, og som tidlegare har fått øyremerkt tilskott over andre postar.

Mål for 2018

Formålet med løyvinga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale organisasjonar og aktørar som på ein særskild måte bidrar til å nå sektormåla for grunnopplæringa eller har viktige samordningsoppgåver.

Under følger omtale av dei tilskottsordningane som det blir foreslått å finansiere av løyvinga.

Grunntilskott til organisasjonar mv.

Dette er ei ny tilskottsordning som departementet foreslår å etablere. Over denne tilskottsordninga skal organisasjonar som tidlegare har fått øyremerkt tilskott over kap. 225 post 74 og kap. 227 post 76, få tilskott. Organisasjonane som departementet foreslår å gi tilskott i 2018, er nemnde under budsjettforslaget for posten.

Grunntilskott til NAROM

Over denne tilskottsordninga blir det gitt tilskott til NAROM AS, som tidlegare har mottatt tilskott over kap. 226 post 70. NAROM AS er eit nasjonalt senter og skolelaboratorium for alle utdanningsnivåa innanfor romrelatert opplæring. NAROM bruker den etablerte infrastrukturen ved Andøya Space Center (ASC) og Alomar Observatory, som er eit atmosfæreobservatorium på Andøya.

Målet med tilskottet er å støtte opp under arbeidet til NAROM med å bidra til rekruttering til norsk romverksemd samt skape større interesse for real- og teknologifaga. Senteret skal òg arbeide med å få ein posisjon for Noreg innanfor internasjonalt samarbeid om romopplæring.

Grunntilskott til friskoleorganisasjonane

Over denne tilskottsordninga blir det gitt tilskott til friskoleorganisasjonane, som tidlegare har mottatt tilskott over kap. 228 post 80.

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at friskoleorganisasjonane kan drive med samordningsoppgåver for medlemsskolane sine.

Grunntilskott til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa

Over denne tilskottsordninga blir det gitt tilskott til dei organisasjonane som tidlegare har mottatt tilskott over kap. 225 post 71. Tilskottsmottakarar er Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag med medlemsorganisasjonane deira. Tilskottet skal medverke til å finansiere drifta for tilskottsmottakarane og felles utviklingsarbeid på området.

Målet med tilskottsordninga er å bidra til høgre kvalitet i kulturskolen og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei løyving på 70,7 mill. kroner i 2018. Korleis departementet vil fordele løyvingsforslaget, er forklart under.

Grunntilskott til organisasjonar mv.

Departementet foreslår at følgande organisasjonar skal få grunntilskott frå denne ordninga i 2018:

  • Elevorganisasjonen: 2,9 mill. kroner

  • Operasjon Dagsverk: 0,6 mill. kroner

  • First Scandinavia: 7,6 mill. kroner

  • World Skills Norway: 3,1 mill. kroner

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner og Unge funksjonshemmede: totalt 1,3 mill. kroner. Departementet vil avklare fordelinga av dette beløpet i dialog med dei tre organisasjonane. Tilskottet skal nyttast til tiltak som kjem breidda av medlemsorganisasjonane til gode.

  • Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt: 7,3 mill. kroner

Grunntilskott til NAROM

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei tilskottet til NAROM auka med 6,6 mill. kroner, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Denne auken blir ført vidare i budsjettforslaget for 2018, og departementet vil derfor gi NAROM eit grunntilskott på 15,4 mill. kroner.

Grunntilskott til friskoleorganisasjonane

Departementet vil gi friskoleorganisasjonane eit samla grunntilskott på 776 000 kroner. Det er på same nivå som i 2017.

Grunntilskott til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa

Organisasjonar som får tilskott til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa, har samlokalisert seg. Departementet foreslår 0,9 mill. kroner til å dekke auka kostnader til husleige som følge av samlokaliseringa.

Departementet vil gi eit grunntilskott til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa på 31,9 mill. kroner.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

277 038

190 160

55 119

Sum kap. 3225

277 038

190 160

55 119

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving på kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjente utgifter er berekna til 55,1 mill. kroner i 2018.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

806 474

935 787

1 012 338

22

Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar

1 192 871

1 375 314

1 446 791

50

Nasjonale senter i grunnopplæringa

90 389

93 764

60

Tilskott til forsking på tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

37 456

41 934

43 024

62

Tilskott for auka lærartettleik

393 835

236 882

63

Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats på 1.–4. trinn

754 420

1 296 303

1 329 048

70

Tilskott til NAROM

8 151

8 379

71

Tilskott til vitensenter

53 339

54 832

55 185

Sum kap. 0226

3 336 935

4 043 195

3 886 386

Skoleeigarane har hovudansvaret for kvalitetsutvikling av opplæringa i skolane sine og i lærebedrifter. For å bidra til høg kvalitet på grunnopplæringa i heile landet legg regjeringa stor vekt på å støtte og rettleie skolar og skoleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Kap. 226 omfattar statlege løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Delar av løyvingane på postane 21 og 22 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT og hos andre statlege aktørar som er knytte til drift av dei ulike prosjekta og tiltaka.

Ansvaret for forvaltninga av midlane på kapittelet og gjennomføringa av tiltaka er i stor grad delegert til direktoratet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Omtalen av denne posten bør ein sjå i samanheng med omtalen under kap. 220 postane 01 og 21. Drift av Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT og faste oppgåver som direktoratet har fått delegert, sikrar og støttar tiltak for å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa.

Løyvinga på posten finansierer mellom anna kompetanseutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, tiltak for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekker òg element i kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, mellom anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk og forsking og evaluering. Offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned, får også dekt utgiftene sine på denne posten. Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen og til tilskott til offentlege aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Etter kunngjering blir ein mindre del av posten tildelt private aktørar.

Mål for 2018

Midlane på posten skal medverke til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa slik at sektormåla blir nådde, jf. omtale av desse i kategoriinnleiinga.

Rapport for 2016

Samla blei det nytta 806,5 mill. kroner over posten i 2016. Hovuddelen av midlane gjekk til ulike kompetanseutviklingstiltak, der ungdomstrinnssatsinga Ungdomstrinn i utvikling var den største. Dei største tiltaka og satsingane når det gjeld beløp, er nemnde i tabellen under. Beløpa er avrunda.

Tabell 4.4 Dei største satsingane/tiltaka som blei finansierte av løyvinga på kap. 226 post 21 i 2016

Satsing/tiltak

Beløp (mill. kroner)

Ungdomstrinn i utvikling

148

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem for grunnopplæringa

87

Realfagsstrategi, inkl. realfagskommunar

45

FYR-prosjektet

38

Betre læringsmiljø

34

Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT)

34

Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PPT

30

Språk-, lese- og skrivestrategi

27

Rettleiarkorpset

25

Vurdering for læring

23

Kompetanse for mangfald

21

Tidleg støtte til elevar som treng det

Av dei 45 mill. kronene som blei nytta til Tett på realfag – nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen (2015–2019) i 2016, gjekk 28 mill. kroner til tiltaket realfagskommunar, i tillegg til 6,1 mill. kroner frå kap 231 post 21 under programkategori 07.30 Barnehagar. Elleve nye kommunar fekk i 2016 status som realfagskommune i pulje 2, medan 32 realfagskommunar i pulje 1 fekk midlar til å forlenge satsingsperioden ut 2017. Kommunane får fagleg og økonomisk støtte til etablering og drift av lokale realfagsnettverk for barnehage og grunnskole, dei utarbeider også sin lokale realfagsstrategi med utgangspunkt i lokale og nasjonale mål og utfordringar. Det er sett i gang ei følgeevaluering av dei to første puljane av realfagskommunar, og sluttrapporten skal ligge føre i desember 2017. Funn frå følgjeevalueringa indikerer så langt at realfagskommunesatsinga har vore vellykka ved at satsinga treffer utfordringar og behov i dei involverte kommunane godt, og at målgruppene gjennomgåande vurderer satsinga som relevant og nyttig. Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa og Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa fekk tildelt midlar i 2016 for å utvikle digitale ressursar i samband med strategien. Vidare har midlar mellom anna gått til pilotordninga med talentsenter, utarbeiding av ein rapport om teknologi i opplæringa og til utvikling av realfagsbarometeret.

I 2016 blei det brukt 27 mill. kroner på Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving på kap. 226 post 21, i tillegg til 12 mill. kroner på kap. 231 post 21. Midlane gjekk i hovudsak til tiltaket språkkommunar. I 2016 fekk 27 kommunar status som språkkommune og tilskott til å etablere og drifte lokale faglege nettverk. I tillegg blei det tildelt midlar til Lesesenteret og Skrivesenteret. Sentera har ansvaret for å støtte språkkommunane i utviklingsarbeidet, å utvikle nettbaserte, pedagogiske kompetanseutviklingspakker og å arrangere regionale samlingar. 3,5 mill. kroner var sette av til ei tilskottsordning for lesestimuleringstiltak.

Forsøk med gratis deltidsplass i SFO blei sett i gang ved utvalde skolar i Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim hausten 2016. Prosjektet skal etter planen vare i fire skoleår.

Som ein del av Groruddalssatsinga (2007–2016) gjennomførte Oslo kommune i perioden 2012–16 eit fleirårig skoleutviklingsprosjekt i Groruddalen og i bydel Søndre Nordstrand. Hovudinnsatsen i 2016 har vore læringsmiljø, arbeid med dei grunnleggande dugleikane og språk, samt kvalitet på undervisninga.

I 2016 blei forsøket med gratis deltidsplass på aktivitetsskolen ved Mortensrud skole i Oslo ført vidare innanfor ramma av Oslo Sør-satsinga. Deltakinga på aktivitetsskolen har auka mykje sidan forsøket starta – frå 30 pst. for skoleåret 2012–13 til 90 pst. for skoleåret 2016–17. Dei føresette med barn på Mortensrud skole er svært nøgde med tilbodet på aktivitetsskolen. Prosjektet blei ført vidare ut skoleåret 2016–17, og sluttrapporten er venta hausten 2017.

I 2016 blei det nytta 10 mill. kroner til tilskottsordninga for symjeopplæring for nykomne, minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskoleopplæringa. Alle fylka fekk midlar som kommunane kunne søke om.

Fornying av innhaldet i skolen

Som ei oppfølging av Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei blei det i 2016 fastsett læreplanar i dei nye studieførebuande utdanningsprogramma kunst, design og arkitektur og medium og kommunikasjon.

I 2016 blei det nytta om lag 4 mill. kroner til arbeidet med å gjennomgå tilbodsstrukturen på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Utdanningsdirektoratet gav anbefalingane sine til Kunnskapsdepartementet i september 2016. Sjå nærare omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Profesjonelle fellesskap med høg kompetanse på alle skolar

Ungdomstrinn i utvikling (2012–2017) blei ført vidare i 2016. Ungdomstrinn i utvikling er ei nasjonal satsing med tilbod om støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing, rekning, lesing og skriving. Måloppnåinga med omsyn til deltaking er svært god. Nesten alle skolar med ungdomstrinn har deltatt i satsinga. Kvar skole har deltatt i satsinga i tre semester, delt inn i fire puljar som starta på ulike tidspunkt. Pulje 3, der 308 skolar deltok, avslutta sine tre semester i slutten av 2016. Pulje 4 starta hausten 2016 og avsluttar hausten 2017. Samla sett har 869 skolar med ungdomstrinn deltatt i dei tre første puljane. Skolebasert kompetanseutvikling er ein viktig del av satsinga, som også skal medverke til kollektiv profesjonsutvikling. Rapportar viser at svært mange av skolane i pulje 3 ser teikn til forbetringar i klasserommet og i kollegasamarbeidet. I Ungdomstrinn i utvikling har ressurslærarar på skolane og utviklingsrettleiarar i kvart fylke vore viktige verkemiddel. Fylkesmannen og skoleeigarar ser på ressurslærarar og utviklingsrettleiarar som ei særleg god støtte i arbeidet. For å lykkast er det nødvendig med god forankring og eit godt samarbeid mellom universitet og høgskolar, skoleeigar og skolar, samt at skoleleiarane forankrar satsinga i lærarkollegiet. Skoleeigarar rapporterer at det er fleire skolar i pulje 3 enn i pulje 2 som er nøgde med bidraga frå universitet og høgskolar. Dei rapporterer òg om stor deltaking i utviklingsarbeidet blant lærarane, noko som kan tyde på at satsinga er betre forankra i lærarkollegiet enn det delrapporten frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), som evaluerer satsinga, viste i 2015. Sluttrapporten frå NIFU kjem i desember 2018.

Til saman fekk 112 tilsette og 20 leiarar tilbod om studieplass gjennom Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta (2013–2018) i 2016. I perioden 2014–16 har totalt 444 tilsette og leiarar tatt vidareutdanning og om lag 800 deltatt i etterutdanning. NIFU og Nordlandsforskning følgeevaluerer strategien. Første delrapport blei levert hausten 2016, og sluttrapporten kjem våren 2018. Delrapporten viser stor tilfredsheit med vidareutdanninga, men peiker samtidig på ulike utfordringar knytte til å realisere målet i strategien om sterkare systemorientering i PP-tenesta. I sluttrapporten vil NIFU og Nordlandsforskning gå nærare inn på verknaden av strategien.

Kompetanse for mangfald (2013–2017) blei i 2016 gjennomført som barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling i tema som andrespråkspedagogikk, fleirkulturell pedagogikk og vaksenpedagogikk. Det er også utvikla fleire vidareutdanningstilbod gjennom satsinga. Om lag 560 barnehagar og skolar, inkludert vaksenopplæring innanfor grunnopplæringa, har deltatt i satsinga sidan 2013. Andre delrapport frå NIFU, som evaluerer satsinga, kom i november 2016. Han syner mellom anna at ein avgjerande faktor for utbytte og deltaking i satsinga er at leiarar i barnehagar og skolar er involverte i arbeidet. Endeleg rapport skal komme i februar 2018.

I samarbeid med Utdanningsforbundet og KS blei det i 2015 lagt rammer for pilotering av ein funksjon som lærarspesialist i faga matematikk og norsk med vekt på lese- og skriveopplæring. Hausten 2015 blei 205 lærarar tilsette i funksjonen som lærarspesialist for to år. NIFU evaluerer prosjektet og skal levere sluttrapport i desember 2017. Hausten 2016 blei det sett i gang forsøk med lærarspesialistutdanningar i norsk, med vekt på lesing og skriving, og i matematikk. Det blei tildelt studieplassar til 43 lærarar. Det blei nytta til saman om lag 12 mill. kroner på lærarspesialistsatsinga i 2016 frå løyvinga på denne posten. I tillegg kjem bidraget frå arbeidsgivar.

I 2016 blei 6 mill. kroner på posten nytta til tiltak for rettleiing av nytilsette nyutdanna lærarar gjennom eit tilskott som universitet og høgskolar kan søke på. Midlane gjekk til tiltak for å stimulere til rettleiing av nyutdanna lærarar og til nettverksarbeid mellom skoleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane. For omtale av rettleiing av barnehagelærarar, sjå kap. 231 post 21. Ei evaluering frå Rambøll i 2016 viser at det er store variasjonar når det gjeld kven som får rettleiing, korleis rettleiinga blir gjennomført, og kva kompetanse rettleiaren har.

Rettleiarkorpset jobbar for å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i skolen. Med bakgrunn i strategien Lærerløftet – på lag for kunnskapsskolen har Rettleiarkorpset fått ei ny, meir kompensatorisk innretning, som inneber at innsatsen blir retta mot dei skoleeigarane som treng det mest, gjennom eit meir målretta arbeid med rekruttering av desse. Rettleiingsperioden er utvida til inntil to og eit halvt år. Ti skoleeigarar som starta opp med rettleiing i 2015, som første gruppe med utvida rettleiingsperiode, heldt fram i 2016. Tolv nye skoleeigarar starta opp med rettleiing i 2016.

Det overordna målet med den nasjonale satsinga Vurdering for læring har vore å vidareutvikle ein vurderingskultur og ein vurderingspraksis som har læring som mål. Frå 2010 til 2016 har 305 kommunar, alle fylkeskommunane og 102 private skoleeigarar med til saman rundt 1 600 skolar, lærebedrifter, opplæringskontor, vaksenopplæringssenter og PP-tenesta deltatt. Satsinga er i hovudsak basert på samlingar og innretta mot skoleeigarar. I 2016 har Utdanningsdirektoratet òg halde fagdagar om standpunktvurdering i samarbeid med fylkesmannsembeta. Satsinga har oppnådd gode resultat. Forskingsrapportar, resultat frå Utdanningsdirektoratets spørjeundersøkingar til skolar og skoleeigarar og Elevundersøkinga, samt tilbakemeldingar frå deltakarar i satsinga, viser mellom anna at arbeidet med vurdering av elevar og lærlingar fører til betre forståing av læreplanar, og at fleire skoleeigarar og skolar har utvikla ein felles kultur for vurdering. Satsinga skal avsluttast i 2018.

Fag- og yrkesopplæring tilpassa behova til arbeids- og næringslivet

Gjennom strategien Yrkesfaglærerløftet blei det i 2016 sett i gang eit arbeid for å utvikle nye etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesfaglærarar. Hospiteringsordninga blei ført vidare i 2016 med målgruppa programfaglærarar, instruktørar og faglege leiarar. Totalt deltok 800 i 2016, og programfaglærarar utgjorde 700 av desse.

Gjennom satsinga Fellesfag, yrkesretting og relevans (FYR) har 1 350 fellesfaglærarar, programfaglærarar og leiarar på yrkesfaglege utdanningsprogram i 2016 fått skolering og trening i ei meir yrkesretta og relevant undervisning i fellesfaga. Utdanningsdirektoratet har i 2016 utarbeidd ein sluttrapport for FYR-prosjektet. I rapporten peiker direktoratet på at prosjektet i fleire skolar har ført til ein auke i tverrfagleg samarbeid mellom fellesfaglærar og programfaglærarar og at undervisninga har blitt meir heilskapleg og relevant.

Tilskottet til fagleg oppdatering for yrkesfaglærarar i form av mellom anna korte kurs i regi av arbeidslivet blei ført vidare i 2016. Det er særleg gjennomført kurs innanfor helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag og teknikk og industriell produksjon.

I 2016 blei det brukt midlar til å stimulere utprøving av vekslingsordningar der elevane i større grad kan veksle mellom opplæring i skole og opplæring i bedrift. Fafo leverte ein delrapport i desember 2016 som syner at både elevar, lærarar og bedrifter som deltar i utprøvinga, er nøgde med læringsutbyttet i ordninga og moglegheita til tidlegare fordjuping i valt lærefag. Denne tilbakemeldinga er tydeleg innanfor alle lærefag, men tydelegast i dei tradisjonelle faga som tømrarfaget og bilfaget. Evalueringa viser òg at ordninga er ressurskrevjande både for lærebedrifta og for skolane fordi elevane er yngre, har hatt mindre opplæring når dei kjem ut i bedrift, og fordi opplæringsansvaret strekkjer seg over fire år.

I perioden 2014–16 blei det gitt tilskott til alle fylkeskommunane for å prøve ut modellar for kvalifisering mellom det andre og det tredje året i vidaregåande opplæring. Tiltaket gjaldt for elevar som stod i fare for ikkje å få læreplass, eller som ikkje har føresetnader for å gjennomføre Vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Prosjektet blei avslutta i 2016 med ein sluttrapport frå Fafo som viser at utprøvinga av modellar for å skaffe læreplassar har gitt positive effektar med omsyn til læreplassformidling.

Ein mobbefri skole der alle elevar har det trygt og godt

I Læringsmiljøprosjektet har det blitt gitt målretta hjelp og rettleiing til kommunar og skolar som har høge mobbetal, og som ønsker støtte frå eksterne rettleiarar. Prosjektet starta i 2013, og i 2016 blei den andre puljen avslutta, medan den tredje puljen med deltakarar starta om hausten. I pulje 3 deltar 18 kommunar med 38 skolar. Det blei starta eit pilotprosjekt for barnehage ved at fire av kommunane i pulje 3 også har fått med barnehagar. Læringsmiljøprosjektet inngår frå hausten 2016 som eit av elementa i den nye kompetansesatsinga mot mobbing.

I 2016 blei den toårige prøveordninga med lokale mobbeombod i fire fylke – Buskerud, Hordaland, Nordland og Østfold – avslutta. Ordninga blei evaluert av Telemarksforsking, og dei to viktigaste konklusjonane frå prøveordninga er at barnehagane må vere ein del av arbeidsområdet til omboda, og at omboda må ha ei fysisk plassering som gjer dei uavhengige av andre aktørar innanfor skolen og barnehageområdet. Dette vil departementet følge opp når mandatet til nye lokale mobbeombod skal avklarast.

Betre bruk av IKT i opplæringa

Senter for IKT i utdanninga har i 2016 følgt opp og vidareutvikla Den virtuelle matematikkskolen (DVM). I 2016 blei det starta opp eit nytt pilotprosjekt for elevar på ungdomstrinnet som ønsker større utfordringar (fordjuping) utan å ta fag frå vidaregåande trinn (forsering). Prosjektet blir kalla DVM Pluss, og kjem i tillegg til DVM U for elevar på ungdomstrinnet som strever i matematikk, og DVM 1T for elevar på ungdomstrinnet som ønsker å ta matematikk på vidaregåande nivå. Vidare har senteret dokumentert erfaringane med og spreidd kunnskap om DVM i sektoren. Det er mellom anna opparbeidd verdifull kunnskap om tilpassa opplæring gjennom arbeidet med DVM.

I 2016 blei det nytta 5 mill. kroner til eit forsøk med valfag i programmering på ungdomstrinnet. Måla for forsøket er å auke kompetansen i programmering i skolen, og gi dei elevane som er spesielt interesserte, høve til å fordjupe seg. Forsøket skal gå over tre år, og erfaringar og tilrådingar skal summerast opp i 2019.

Andre tiltak

Det fylkeskommunale nettverket i Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring varte ut 2016. Formålet med nettverket har vore å dele kunnskap om korleis fylkeskommunane kan jobbe for å auke gjennomføringa. I 2016 var arbeidet mellom anna retta mot å styrke samarbeidet mellom fylkeskommunane og kommunane om det 13-årige opplæringsløpet. Fylkeskommunane rapporterer om at nettverket har vore eit viktig bidrag til å auke systematikken i arbeidet deira med å auke gjennomføringa, og at arbeidet har ført til større merksemd om fråfall og gjennomføring på skolane. Sjå kap. 226 post 60 for omtale av den forskingsinnsatsen som inngår i Program for bedre gjennomføring.

Kvalitetsvurderingssystemet i grunnopplæringa omfattar ulike tiltak innanfor grunnskolen og vidaregåande opplæring som skal bidra til høg kvalitet på grunnopplæringa. Det nasjonale prøve- og vurderingssystemet, som omfattar nasjonale prøver, kartleggingsprøver, læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver, inngår i kvalitetsvurderingssystemet. Dei nasjonale prøvene gir styringsinformasjon til nasjonale utdanningsmyndigheiter, skolar og skoleeigarar, og blir nytta som eit pedagogisk verktøy av lærarane. Kartleggingsprøvene, læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver skal avdekke behov for oppfølging og tilrettelegging på elev- og skolenivå og vere til støtte for lærarane i vurderingsarbeidet.

Utviklinga av kvalitetsvurderingssystemet i fag- og yrkesopplæringa blei ført vidare i 2016 og gir nå informasjon om gjennomføring, læringsmiljø og kvalitet på opplæringa i lærebedriftene.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 1 012 mill. kroner på kap. 226 post 21 i 2018 til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Det er ein auke på 77 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2017.

I løyvingsforslaget er det tatt omsyn til fleire flyttingar av midlar frå posten:

  • 1,3 mill. kroner er flytte til driftsløyvinga til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), jf. kap. 540 post 01 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Verkeområdet til forskrift om universell utforming av IKT-løysingar er utvida til opplærings- og utdanningssektoren. Difi er tilsynsorgan for føresegna i forskrifta.

  • 3,1 mill. kroner er flytte til kap. 285 post 55 som følge av at regjeringa foreslår å samle alle løyvingane til verksemda til Forskingsrådet på éin post frå 2018. Sjå nærare omtale under budsjettforslaget for kap. 285 post 55.

  • 2 mill. kroner til den samiske læremiddelportalen Ovttas, som blir drifta av Senter for samisk i opplæringa, blir lagde inn i rammeløyvinga til Samisk høgskole på kap. 260 post 50. Sjå omtale av budsjettforslaget for denne posten.

  • 24,6 mill. kroner er flytte til kap. 220 post 21 for å samle midlane knytte til drift av IKT-porteføljen til Utdanningsdirektoratet på éin post. Sjå nærare omtale under kap 220 post 21.

  • 6,5 mill. kroner er flytte til kap. 220 post 70. Midlane gjeld mellom anna universell utforming av digitale læremiddel og innovasjon og nyskaping innanfor digitale læremiddel. Ei tilsvarande flytting blei gjennomført i revidert budsjett for 2017, jf. innst. 401 S (2016–2017) og Prop 129 S (2016–2017).

  • 5,8 mill. kroner er flytte til driftsløyvinga til Barneombodet, jf. kap. 848 post 01 under Barne- og likestillingsdepartementet. Midlane går til arbeidet ombodet gjer med det psykososiale miljøet i barnehage og skole. Ei tilsvarande flytting blei gjennomført i revidert budsjett for 2017.

Løyvingsforslaget er redusert med 3 mill. kroner i samband med at ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon er utvida til å omfatte meirverdiavgiftsutgifter knytte til elevar i friskolar utan rettskrav til opplæring.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 20 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Nedanfor følger omtale av dei viktigaste prioriteringane innanfor løyvingsforslaget.

Tidleg støtte til elevar som treng det

Departementet vil nytte om lag 70 mill. kroner på realfagsstrategien Tett på realfag i 2018. Det var eit mindreforbruk til strategien i 2017. Departementet vil derfor redusere beløpet som blir sett av til han samanlikna med nivået i Prop. 1 S for 2017. Tiltaket med realfagskommunar blir ført vidare, og det vil bli utvikla kompetansepakker til bruk i skolane og dei lokale nettverka.

Departementet vil sette av om lag 45 mill. kroner til satsinga Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016–2019 i 2018. Summen inkluderer tilskottsordninga for lesestimulering. Det er foreslått å auke denne ordninga med 14 mill. kroner på denne posten. I tillegg til organisasjonar skal kommunar og fylkeskommunar kunne søke om midlar til utvikling av skole- og folkebibliotek.

Departementet vil nytte 20 mill. kroner i 2018 til prosjektet Et lag rundt eleven. To ulike modellar for bruk av fleirfagleg kompetanse skal prøvast ut og effektevaluerast – ein helsesøstermodell og ein eigar-/leiarmodell. Departementet vil ta stilling til ei mogleg innføring av modellar i stor skala etter 2020.

Departementet vil føre vidare tilskottet på til saman 20 mill. kroner til Oslo, Drammen, Stavanger og Trondheim til prosjekt med gratis deltidstilbod i SFO. Prosjekta starta opp hausten 2016.

Regjeringa og Oslo kommune inngjekk i juni 2016 ein samarbeidsavtale om ei ny, tiårig satsing i Groruddalen for perioden 2017–26, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata. Kunnskapsdepartementet vil sette av 10 mill. kroner i 2018 til prosjekt innanfor områda barnehage og skole som skal medverke til at fleire fullfører og består vidaregåande opplæring gjennom forbetring av tenester på oppvekst- og utdanningsfeltet i Groruddalen. Departementet vil også sette av midlar til tidleg innsats i Oslo Sør.

Departementet vil føre vidare tilskottsordninga for symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Målet med tilskottet er å stimulere kommunane til å gi ei sårbar gruppe elevar meir og betre symjeopplæring, slik at risikoen for ulykker blir redusert. Departementet vil sette av 10 mill. kroner til ordninga.

Departementet sett av midlar til å utvikle ein e-læringsmodul for at lærarar i skolen og tilsette i PP-tenesta skal få betre kompetanse knytt til elevar med stort læringspotensial.

Fornying av innhaldet i skolen

Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet er det sett i gang ei fornying av alle delar av læreplanverket i grunnskolen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring. Fornyinga vil gi ein auke i utgiftene til læreplanarbeid, og det er sett av midlar til dette i løyvingsforslaget for 2018. I løyvingsforslaget er det òg tatt omsyn til utgifter knytte til ny tilbodsstruktur for yrkesfaga.

Profesjonelle fellesskap med høg kompetanse på alle skolar

For at kompetanse- og kvalitetsutvikling skal bli betre tilpassa lokale behov og føresetnader blei det i statsbudsjettet for 2017 innført ein ny modell for kompetanseutvikling i skolen. Modellen blei forklart nærare i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen. Arbeidet med å implementere og utvikle modellen vil halde fram i 2018.

Midlane til den nye modellen på kap. 226 post 21 vil bli nytta på denne måten:

  • Om lag 200 mill. kroner skal nyttast til ei desentralisert kompetanseutviklingsordning som skal bidra til at alle kommunar gjennomfører tiltak for kompetanseutvikling. Innanfor overordna nasjonale mål definerer og prioriterer kommunane sjølve kva dei treng, i samarbeid med universitet og høgskolar. Skoleeigarane skal bidra med 30 pst. eigenfinansiering. Frå 2018 vil fylkeskommunane bli inviterte til å diskutere kompetansebehov, og frå 2019 vil dei også kunne nytte midlane i ordninga.

  • Departementet vil nytte om lag 45 mill. kroner på oppfølgingsordninga for kommunar som hamnar under ei nedre grense for kvalitet i skolen. Kommunane skal få tilbod om støtte og rettleiing, tilpassa dei lokale utfordringane. Midlane vil gå til eit utvida tilbod til kommunane i ordninga og til eit forsterka Rettleiarkorps .

  • Innovasjonsordninga legg opp til at forskarar og lokale skole- og barnehagemyndigheiter eller -eigarar saman kan søke om midlar til å prøve ut og evaluere effekt av tiltak i barnehage og skole. Innovasjonsordninga skal stille høge krav til kvaliteten på forskingsdesigna, og tiltaka skal vere forankra i praksisfeltet. Departementet vil bruke om lag 20 mill. kroner på slike forskings- og utviklingsprosjekt på denne posten i 2018. Midlane gjeld prosjektet Et lag rundt eleven, som er omtalt ovanfor. Forskingsprosjekta i Program for betre gjennomføring , der det blir det prøvd ut tiltak for betre gjennomføring av vidaregåande opplæring, inngår i innovasjonsordninga. Sjå kap. 226 post 60 for omtale av dette. Regjeringa tar sikte på at eit barnehageprosjekt skal inngå i innovasjonsordninga i 2018. For omtale av løyvingar til barnehageforsking, sjå programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil nytte om lag 60 mill. kroner til å utvikle nye karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling i klasserommet, ein auke frå 20 mill. kroner i 2017. Regjeringa foreslår å trappe opp satsinga ved å tilsette fleire lærarspesialistar, i fleire fag og på fleire fagområde. Som ein del av satsinga på tidleg innsats i skolen vil piloteringa av funksjonen som lærarspesialist bli utvida med fleire lærarspesialistar på 1.–4. trinn retta mot tidleg innsats. Det vil òg bli utvikla lærarspesialistutdanningar i fleire fag og fagområde. Utdanningane skal vere forskingsbaserte og gi deltakarane oppdaterte kunnskapar og dugleikar.

Departementet vil føre vidare stimuleringsmidlane til rettleiing av nyutdanna lærarar som universitet og høgskolar kan søke på. Sjå elles omtale av oppmodingsvedtak nr. 477 (2016–2017) om nasjonale rammer for rettleiingsordninga i kategoriinnleiinga.

Departementet vil halde fram med satsinga Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i pedagogisk-psykologisk teneste (2013–2018), og vil nytte om lag 20 mill. kroner til dette i 2018, som er det siste året i satsinga.

Hausten 2015 og våren 2016 blei det sett i gang ei rekke tiltak for å hjelpe skoleeigarane med å gi ei god opplæring til barn og unge asylsøkarar og flyktningar. Tiltaka inkluderer mellom anna kompetanseutvikling for lærarar og utvikling av læringsressursar på fleire språk. I 2018 set departementet av 11 mill. kroner til å vidareføre tiltaka.

Fag- og yrkesopplæring tilpassa behova til arbeids- og næringslivet

Departementet vil støtte planlegginga og gjennomføringa av yrkesfagas år i 2018. Yrkesfagas år skal arrangerast i samarbeid med WorldSkills Norway og partane i arbeidslivet. Departementet foreslår derfor å gi WorldSkills Norway eit tilskott på 5 mill. kroner i 2018. Ein del av midlane skal gå til å arrangere skolekonkurransar. Formålet med yrkesfagas år er å bidra til merksemd om og auka status for fagopplæringa.

Det eksisterer ei lektor 2-ordning for realfaga. Departementet vil nytte om lag 10 mill. kroner til å utvikle ei tilsvarande ordning for yrkesfaga i 2018. Ordninga inneber at fagpersonar frå industri og øvrig arbeidsliv blir involverte direkte i undervisninga.

Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2016–2020) blei underteikna av kunnskapsministeren og kommunal- og moderniseringsministeren og partane i arbeidslivet i mars 2016. Kontrakten er ei vidareføring av den kontrakten som blei underteikna i april 2012 og gjaldt fram til 2015. Målet med den nye kontrakten er at alle kvalifiserte søkarar skal få tilbod om læreplass. Hovudstrategien i den nye samfunnskontrakten er å få i gang det lokale arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter og slik skaffe fleire læreplassar. Departementet foreslår å styrke det lokale rekrutteringsarbeidet ute i fylka i 2018-budsjettet. Midlane skal nyttast til oppsøkande arbeid lokalt for å rekruttere nye læreverksemder.

Innanfor løyvingsforslaget for posten foreslår departementet å nytte om lag 85 mill. kroner til gjennomføring av kompetanseutvikling for yrkesfaglærarar innanfor strategien Yrkesfaglærerløftet . Det er tatt omsyn til at styrkinga på 30 mill. kroner i 2017-budsjettet, får heilårsverknad på 60 mill. kroner i 2018. Tiltaka inkluderer etter- og vidareutdanningstilbod og moglegheit til å hospitere og delta på kurs i arbeidslivet. Hospiteringsordningane for yrkesfaglærarar og instruktørar blir styrkte med 5 mill. kroner i løyvingsforslaget for 2018.

Skoleringa av lærarar og leiarar i FYR-prosjektet (Fellesfag, yrkesretting og relevans) blei avslutta i 2016. Departementet vil likevel, som i 2017, føre vidare den nasjonale koordineringa av arbeidet med yrkesretting og relevans i fellesfaga på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 jf. Innst. 400 S (2015–2016) og Prop 122 S (2015–2016) blei det etablert eit mellombels tilskott retta mot permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar. Tilskottet skal fasast ut etter skoleåret 2016–17; hausteffekten på 15 mill. kroner er derfor trekt ut av løyvingsforslaget.

Ein mobbefri skole der alle elevar har det trygt og godt

Innanfor løyvingsforslaget på posten vil departementet sette av til saman om lag 65 mill. kroner til arbeidet mot mobbing og for eit trygt og godt skolemiljø. I tillegg kjem midlar på kap. 231 post 21. Ein stor del av satsinga skal gå til å auke den evna barnehagane og skolane har til å førebygge, avdekke og handtere mobbing gjennom kompetansesatsinga som starta hausten 2016. Det vil omfatte både auka kompetanse om regelverk og praktisk mobbearbeid. Dei med størst utfordringar får raskast og mest hjelp.

Styrkinga av fylkesmannen med 17 mill. kroner blir ført vidare for å sikre at den nye handhevingsordninga skal vere enklare, raskare, tryggare og meir brukarvennleg enn den gamle ordninga.

Det er sett av 4 mill. kroner til ordninga med fylkesvise eller regionale mobbeombod frå hausten 2018.

Den statlege støtta til dei godkjente mobbeprogramma held fram i 2018. For å motta støtte må programma innehalde modular også om digital mobbing og om samanhengen mellom mobbing og psykisk helse hos elevane.

Departementet vil innanfor løyvinga gi eit tilskott til Blå Kors for drifta av nettstaden snakkommobbing.no.

Satsinga på arbeidet mot mobbing og for eit godt læringsmiljø skal omfatte tiltak mot rasisme og antisemittisme. Dette omfattar ei styrking av Dembra (Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme), som er eit opplegg for etterutdanning av lærarar og skoleleiarar kring temaa antisemittisme, rasisme og handtering av konfliktar i skolen. Sjå òg kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering i del III av budsjettproposisjonen. Tiltaka mot mobbing er også ein del av opptrappingsplanen mot vald og overgrep, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Betre bruk av IKT i opplæringa

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei det løyvd 10 mill. kroner til koding i skolen, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Desse midlane blir førte vidare i 2018, og vil nyttast til å realisere ulike tiltak i Digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa. Arbeidet med Feide 2.0 (Dataporten) vil førast vidare i 2018. I tillegg blir prøveordninga med valfag i programmering på ungdomstrinnet i nokre kommunar ført vidare i løyvingsforslaget, og alle skolar som ønsker det kan frå hausten 2017 ta i bruk forsøkslæreplanen.

Den virtuelle matematikkskolen (DVM) gir digitale tilbod til elevar på 10. trinn som vil ta matematikk på vidaregåande skole, og elevar på ungdomstrinnet som strever med matematikk. DVM skal førast vidare som prosjekt fram til 2020.

Andre tiltak

Kvalitetsvurderingssystemet blir forvalta og utvikla vidare i 2018. Dette omfattar utvikling av Skoleporten, brukarundersøkingar, statistikk og indikatorar og deltaking i internasjonale undersøkingar. Vidare skal løyvinga nyttast til forsking og evaluering i grunnopplæringa, inkludert kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar av statlege tiltak som er under utprøving eller implementering. Dette omfattar midlar til Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT), sjå meir omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Innanfor løyvinga blir det nytta midlar til utvikling av eit kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa. Midlar til drift av kvalitetsvurderingssystemet blir òg løyvde over kap. 220 postane 01 og 21.

I dag blir blant anna resultat på nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn og karakterar på 10. trinn publiserte i Skoleporten. Kunnskap om forskjellar i resultat mellom fylke, kommunar og skolar er viktig styringsinformasjon for både sentrale og lokale utdanningsmyndigheiter. Kunnskapen gir grunnlag for meir målretta innsats retta mot enkelte fylke, kommunar og skolar. Det er forskjellar i elevgrunnlaget mellom skolar. Nokre skolar har mange elevar med høgt utdanna foreldre, medan andre har mange elevar med lavt utdanna foreldre eller mange elevar med innvandrarbakgrunn. Dette har konsekvensar for resultata til skolane. Skolebidragsindikatorar utfyller og nyanserer informasjonen frå resultata på nasjonale prøver og eksamen på 10. trinn, ved å ta omsyn til at elevgrunnlaget mellom kommunar og skolar varierer. Det skal publiserast skolebidragsindikatorar for grunnskolen på fast basis i Skoleporten. Desse vil vere ei vidareføring av indikatorane som blei publisert av Statistisk sentralbyrå i 2017.

Riksrevisjonens undersøking av oppfølginga av ungdom utanfor opplæring og arbeid, jf. Dokument 3:9 (2015–2016), peiker på at det finst for få gode tilbod til denne målgruppa. Departementet jobbar saman med fylkeskommunane om fleksible løysingar som skal bidra til at oppfølginga av elevane og tilbakeføring til utdanning eller arbeid er systematisk lagt opp. Det skal leggast vekt på utprøving av tiltak i fylkeskommunane som kombinerer opplæring og arbeidstrening, gjerne også i samarbeid med kommunane. Det er satt av om lag 10 mill. kroner til dette formålet.

Departementet vil innanfor løyvingsforslaget gi eit tilskott til Norsk Folkemuseum på 1,6 mill. kroner til forvaltning av nettstaden minstemme.no. Forvaltningsansvaret blei flytt frå Senter for IKT i utdanninga til Eidsvoll 1814, som er ei avdeling av Norsk Folkemuseum, 1. august 2016.

Departementet vil vurdere å nytte midlar frå løyvinga på posten for å dekke utgifter i samband med at sekretariatet for Foreldreutvalet for barnehagar og Foreldreutvalet for grunnopplæringa skal flyttast frå Oslo til Bø i Telemark i løpet av 2018.

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar

Løyvinga finansierer regjeringa si satsing på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar. Satsinga omfattar fleire ordningar.

For å stimulere lærarar og skoleeigarar til å satse på vidareutdanning er det innanfor strategien Kompetanse for kvalitet etablert ei vikar- og stipendordning. I vikarordninga gir staten eit tilskott på 75 pst. av gjennomsnittleg årsverkskostnad for vidareutdanning i matematikk og naturfag og 60 pst. i andre fag for vidareutdanning på inntil 60 studiepoeng. Gjennom stipendordninga får lærarar eit stipend for å ta vidareutdanning på inntil 100 000 kroner for 30 studiepoeng. I begge ordningane finansierer staten studieplassar til vidareutdanning ved universitet og høgskolar, medan skoleeigaren dekker kostnader i samband med reise, opphald, læremiddel og liknande.

Ein ny strategi med partane om vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar gjennom Kompetanse for kvalitet gjeld frå hausten 2016 og skal gjelde for perioden 2016–25. Partane har lagt opp til eit tiårig løp for å sikre fordjuping i fag i tråd med dei nye krava til kompetanse.

Rektorutdanninga er eit deltidsstudium på 30 studiepoeng. Studieplassane er finansierte av staten.

Frå og med hausten 2015 er det etablert ei stipendordning for tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning, og som er kvalifiserte til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarutdanning (PPU-Y) og treårig yrkesfaglærarutdanning. Både grunnskolen og vidaregåande opplæring er omfatta av ordninga. Våren 2016 blei det òg utlyst stipendmidlar til rekruttering av personar som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning for å jobbe i skolen.

Mål for 2018

Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar og kvalifisering av lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa, som igjen skal auke læringa til elevane.

Rapport for 2016

I 2016 blei det nytta drygt 1 087 mill. kroner til vidareutdanning for lærarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet . I studieåret 2016–17 var det 5 617 lærarar som fekk tilbod om vidareutdanning. Av desse starta over 5 200 på vidareutdanning hausten 2016 – om lag 1 440 med stipendordning, medan resten hadde vikarordning. For studieåret 2016–17 blei godkjente søkarar i norsk, matematikk, engelsk, norsk teiknspråk og samisk prioriterte, men også om lag 1 300 søkarar til vidareutdanning i andre fag fekk tilbod.

Deltakarundersøkinga for studieåret 2015–16 viser at dei fleste deltakarane opplever at studia har høg kvalitet. Dei fleste deltakarane rapporterer også at dei har endra eller vil endre sin eigen undervisningspraksis som følge av kompetansehevinga.

Rundt 50 mill. kroner blei nytta til rektorutdanninga. Om lag 470 byrja på studiet hausten 2016. Evalueringa av rektorutdanninga viser at deltakarane er svært nøgde med tilbodet. Deltakarane opplever at utdanninga har høg kvalitet. Ho gjer dei meir bevisste på eigen leiarpraksis og bidrar til at dei blir tryggare leiarar.

Om lag 57 mill. kroner blei nytta til kompetansetiltak for ikkje-kvalifisert undervisningspersonell i 2016. I alt fekk 800 søkarar tilbod om stipend til PPU og PPU-Y, og 211 søkarar fekk tilbod om stipend til yrkesfaglærarutdanning.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 1 447 mill. kroner på posten i 2018. Løyvinga skal gi rom for å finansiere over 5 500 plassar innanfor Kompetanse for kvalitet i studieåret 2017–18.

I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017 blei løyvinga auka med 50 mill. kroner med hausteffekt. I løyvingsforslaget er det tatt omsyn til at denne auken får heilårsverknad på 100 mill. kroner i 2018. Lærarar som søker vidareutdanning i engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk, er prioriterte i vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet . I tillegg er det sett av midlar for at fleire lærarar skal få vidareutdanning i praktiske og estetiske fag.

I løpet av 2018 skal det utviklast tilbod om vidareutdanning som skal støtte opp om viktige satsingsområde for regjeringa: begynnaropplæring, profesjonsfagleg digital kompetanse og spesialpedagogikk. Utviklinga kan innebere både utprøving og styrking av kompetanse i universitet og høgskolar. Det vil òg bli utvikla eit nytt tilbod om vidareutdanning som skal styrke det individretta arbeidet til PP-tenesta.

Rektorutdanninga blir ført vidare på same nivå. For at skoleleiarar skal få moglegheit til å utvikle kompetansen sin gjennom heile karrieren, vil departementet nytte midlar til å utvikle og prøve ut vidareutdanningsmodular for skoleleiarar.

Utdannings- og rekrutteringsstipendet som skal gi fleire kvalifiserte lærarar, blir ført vidare. Stipendsatsane blir heva til 110 000 kroner for eittårig praktisk-pedagogisk utdanning og 220 000 kroner for treårig yrkesfaglærarutdanning. Ein del personar som starta på lærarutdanning med desse stipenda i 2015 og 2016, skal få utbetalt halvparten av stipendet når dei avsluttar studia i 2018. Dette gir eit meirbehov på 11,9 mill. kroner i 2018.

I 2017 var det eit mindrebehov på om lag 25 mill. kroner til stipenda for at tilsette i undervisningsstillingar utan godkjent lærarutdanning kan ta PPU eller yrkesfaglærarutdanning. Departementet vil tilpasse ramma som blir sett av til desse stipenda, til det reelle behovet for midlar i 2017. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.

Departementet foreslår å flytte 3,9 mill. kroner til kap. 220 post 21 for å samle midlane knytte til drift av IKT-porteføljen til direktoratet på éin post. Sjå nærare omtale under kap. 220 post 21.

Som følge av dei stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalte når vidareutdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 237 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 50 Nasjonale senter i grunnopplæringa

Løyvinga finansierer tilskott til dei nasjonale sentera i grunnopplæringa. Styring og oppfølging av den faglege verksemda ved sentera har vore delegert til Utdanningsdirektoratet.

Det er oppretta ti senter på sentrale fagområde:

  • Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (Høgskolen i Oslo og Akershus)

  • Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Universitetet i Oslo)

  • Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa (NTNU)

  • Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Høgskulen i Volda)

  • Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (Høgskolen i Østfold)

  • Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (Nord universitet)

  • Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (NTNU)

  • Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet (Høgskulen på Vestlandet)

Departementet har vurdert endringar i måten dei nasjonale sentera blir organiserte på. Vertsinstitusjonane (universitet og høgskolar) har hatt ansvaret for dei administrative tenestene dei yter, men ikkje den faglege verksemda, jf. universitets- og høyskoleloven § 1-4 fjerde ledd.

For at den nye kompetansemodellen skal bli best mogleg, må det finnast fagmiljø som kan bidra til å heve kvaliteten i barnehagar og skolar gjennom å vere praksisnære pådrivarar for å utvikle fagdidaktikk på relevante område i grunnopplæringa. Her vil dei nasjonale sentera kunne spele ei viktig rolle. For sentera kan ei sterkare tilknyting til universiteta og høgskolane bety betre tilgang til relevant forsking og betre vilkår for samarbeid med lærarutdanningane. Departementet meiner at ei innlemming i vertsinstitusjonane vil gi betre kvalitet og retning på dei oppgåvene departementet ønsker at sentera skal løyse, og har derfor avgjort at vertsinstitusjonane skal overta det faglege ansvaret for dei nasjonale sentera. Sjå nærare omtale i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen. Innlemminga av dei nasjonale sentera i vertsinstitusjonane vil gi dei same organisatoriske rammene for desse og for Senteret for samisk i opplæringa.

Nokre av sentera har hatt mindreforbruk over fleire år. Mindreforbruket gjeld både grunntildelinga og tildeling til tilleggsoppdrag. For å redusere det akkumulerte mindreforbruket har aktiviteten ved sentera overstige dei årlege tildelingane. Sentera har òg fått tilleggsoppgåver, utan ekstra løyvingar. Dette har ført til ein gradvis reduksjon av det akkumulerte mindreforbruket. Per 31. desember 2016 var det akkumulerte mindreforbruket på 47 mill. kroner. På bakgrunn av prognosar frå sentera og Utdanningsdirektoratet forventar departementet ein ytterlegare reduksjon i det totale mindreforbruket før sentera blir overførte til dei respektive vertsinstitusjonane 1. januar 2018.

Departementet er nøgd med at sentera har jobba systematisk med å bygge ned det akkumulerte mindreforbruket. Dei sentera som står igjen med akkumulerte mindreforbruk når det faglege ansvaret blir overført til dei respektive vertsinstitusjonane, skal nytte det til å oppfylle dei oppgåvene og forventningane som blir nedfelte i tildelingsbrevet til den enkelte vertsinstitusjonen.

Rapport for 2016

Måloppnåinga til sentera var generelt god i 2016. Det var ingen vesentlege avvik i høve til dei resultatkrava som blei formulerte i oppdragsbrevet for 2016.

Dei nasjonale sentera hadde stor aktivitet knytt til arbeidet med støtte- og rettleiingsressursar for barnehage og skole i 2016. Også i 2016 var fleire av sentera involverte i arbeidet med store, nasjonale satsingar, som til dømes realfagsstrategien Tett på realfag , strategien for språk, lesing og skriving – Språkløyper , Ungdomstrinn i utvikling og Fellesfag, yrkesretting og relevans – FYR . Sentera har også medverka i arbeidet med å utvikle og legge til rette opplæringstilbod for flyktningar og asylsøkarar, og sentera har auka innsatsen retta mot barnehagar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 260 post 50 under programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Post 60 Tilskott til forsking på tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Tilskottet finansierer forsking og inngår i satsinga Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring . Midlane blei i 2016 tildelte til utvalde fylkeskommunar og forskingsmiljø etter ein konkurranse. Satsinga går over ein fireårsperiode, frå 2016 til 2019, og har ei samla ramme på om lag 131 mill. kroner.

Mål for 2018

Målet med løyvinga er å få meir forskingsbasert kunnskap om kva for tiltak som har god effekt på gjennomføringa i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2016

Det er fire forskings- og utviklingsprosjekt i dette programmet, som alle starta opp i 2016. Alle prosjekta er samarbeid mellom forskingsinstitusjonar og fylkeskommunar, og det har i 2016 blitt lagt ned mykje arbeid i forankring av prosjekta både på fylkesnivå og på den einskilde skolen. Følgande forskingsinstitusjonar og fylkeskommunar inngår i programmet:

  • Senter for økonomisk forsking i samarbeid med fylkeskommunane Nordland, Rogaland, Sør-Trøndelag og Vest-Agder

  • Statistisk sentralbyrå i samarbeid med Oslo kommune

  • Universitetet i Bergen i samarbeid med Vaksne for Barn og fylkeskommunane Hordaland, Nordland, Troms og Sogn og Fjordane

  • Høgskolen i Oslo og Akershus i samarbeid med fylkeskommunane Hedmark, Oppland, Nord-Trøndelag, Aust-Agder og Akershus

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 62 Tilskott for auka lærartettleik

Løyvinga på posten finansierte ei fireårig forsøksordning med auka lærartettleik på det ungdomstrinnet som starta hausten 2013. Tilskottet gjekk til kommunar med skolar som i skoleåret 2011–12 hadde ein gjennomsnittleg gruppestorleik i ordinær undervisning på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet, og som hadde grunnskolepoeng under snittet for landet. Skoleåret 2016–17 var siste året for forsøksordninga.

Rapport for 2016

Ordninga omfatta 573 lærarårsverk i 98 kommunar. Tal frå GSI og rapportar frå enkelte av kommunane om bruk av midlar viser at dei er nytta i tråd med formålet.

SSB, Frisch-senteret og Fafo evaluerer ordninga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Målet med evalueringa er å finne ut om eller på kva måte satsinga har påverka ressursbruken til skolane og læringsutbyttet og læringsmiljøet til elevane. Den første artikkelen med resultat frå evalueringa blei publisert i desember 2016. Forskarane finn at satsinga førte til mindre grupper i ordinær undervisning, men at ho ikkje hadde effekt på læringsutbyttet til elevane, målt ved eksamenskarakterar i 10. klasse. Vidare framover skal forskarane mellom anna sjå på om satstinga kan ha hatt særlege effektar for enkelte grupper av elevar og på læringsmiljøet. Den endelege rapporten kjem i desember 2017.

Post 63 Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats frå 1.–4. trinn

Løyvinga på posten skal sette kommunane i stand til å auke lærartettleiken på 1.–4. trinn i grunnskolen. Hovuddelen av midlane blir fordelte mellom kommunane basert på grunnskolenøkkelen i inntektssystemet til kommunane.

Inntil 120 mill. 2015-kroner skal nyttast til forsking på effektar av fleire lærarstillingar på 1.–4. trinn. Målet med forskingsprosjektet er å utvikle kunnskap om effektane av ulike former for auka lærartettleik i småskolen. Forskingsprosjektet, kalla LÆREEFFEKT, starta hausten 2016 og skal vare ut skoleåret 2019–20. LÆREEFFEKT blir administrert av Forskingsrådet og gjennomført av Universitetet i Stavanger og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU).

Mål for 2018

Tilskottsordninga skal sette kommunane i stand til å auke lærarinnsatsen på 1.–4. trinn i grunnskolen.

Rapport for 2016

Det blei utbetalt 700,5 mill. kroner på posten i 2016. Av dette var 503,8 mill. kroner ei varig styrking av lærartettleiken, medan 196,7 mill. kroner blei utbetalte som ei eingongstildeling. Alle kommunane fekk tilskott, fordelt etter grunnskolenøkkelen i inntektssystemet til kommunane. Det var berre éin kommune som rapportere at midlane han fekk blei nytta på noko anna enn fleire lærarar på 1.–4. trinn. Denne kommunen får redusert tilskott i 2017.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 1 329 mill. kroner på posten i 2018.

Regjeringa foreslår å samle alle løyvingane til verksemda til Forskingsrådet på ein post frå 2018. Departementet foreslår derfor å flytte 1 mill. kroner frå posten til kap. 285 post 55. Sjå nærare omtale under budsjettforslaget for kap. 285 post 55.

Post 70 Tilskott til NAROM

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til NAROM blir foreslått løyvd over kap. 225 post 75. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

I alt har 5 344 personar deltatt på ulike aktivitetar ved NAROM i 2016. Av desse er 4 165 frå grunnopplæringa. I høve til 2015 er det ein auke på 1 089 deltakarar frå grunnopplæringa og 1 459 deltakarar totalt.

NAROM har i 2016 gjennomført fleire aktivitetar rundt om i landet i samarbeid med skoleeigarar, vitensentera og andre der temaet har vore bruk av real- og teknologifaga på ein ny og spennande måte, for eksempel rakettverkstad. NAROM har gjennomført ei rekke etter- og vidareutdanningskurs for lærarar, samt hatt ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar. Senteret har deltatt på ulike internasjonale aktivitetar og prosjekt innanfor romrelatert opplæring.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til NAROM til kap. 225 post 75.

Post 71 Tilskott til vitensenter

Eit vitensenter er eit populærvitskapleg lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkande lærer ved å eksperimentere. Vitensentera blir nytta i opplæringa av realfag i barnehagar, skolar og lærarutdanninga og i fritida. Vitensentera er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i realfag og bidrar til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng både nå og i framtida. Sentera fungerer som ei støtte og gir verktøy til skolane og lærarane i opplæringa og bidrar til å følge opp nasjonale strategiar, slik som realfagsstrategien, jf. omtale under post 21. Tilbodet er knytt til læreplanar i realfag. Ti vitensenter er omfatta av Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet:

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim

  • Vitensenteret innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter

  • Vitenparken Campus Ås

Mål for 2018

Målet med tilskottet er å auke interessa for realfag.

Rapport for 2016

I 2016 fekk dei ti regionale vitensentera i Vitensenterprogrammet tildelt totalt 53,3 mill. kroner frå løyvinga på posten. I 2016 var det samla talet på besøkande 906 286. Dette er det høgste talet nokon gang. Vitensentera leverte i 2016 over 140 000 timar undervisning til om lag 178 000 elevar og lærarar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 55,2 mill. kroner på posten i 2018.

Regjeringa foreslår å samle alle løyvingane til verksemda til Forskingsrådet på éin post frå 2018. Departementet foreslår derfor å flytte 1,1 mill. kroner frå posten til kap. 285 post 55. Sjå nærare omtale under budsjettforslaget for kap. 285 post 55.

Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

60

Tilskott til Murmanskskolen

2 242

2 304

61

Tilskott til vaksenopplæring i Sandfjord kommune

5 095

5 235

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

6 070

6 237

63

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

39 087

70

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

10 158

10 442

71

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

26 164

26 897

72

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

32 999

33 923

74

Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

44 522

45 769

75

Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

10 244

10 928

76

Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

4 857

7 114

77

Tilskott til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

2 400

4 934

78

Tilskott

156 616

Sum kap. 0227

144 751

153 783

195 703

Kap. 227 omfattar i hovudsak tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skolane dekker viktige behov.

Post 60 Tilskott til Murmanskskolen

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til Murmanskskolen blir foreslått løyvd over kap. 227 ny post 63. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

I skoleåret 2016–17 var det sju elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Murmanskskolen. Talet på elevar har vore relativt stabilt i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til kap. 227 ny post 63.

Post 61 Tilskott til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til vaksenopplæring i Sandefjord kommune blir foreslått løyvd over kap. 227 ny post 63. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

Mottakar av tilskottet var i 2016 Andebu kommune, som frå 1. januar 2017 er slått saman med kommunane Stokke og Sandefjord. Av tilskottet på 5,1 mill. kroner som kommunen fekk i 2016, blei 4,4 mill. kroner nytta til kjøp av vaksenopplæringstenester frå stiftelsen Signo, som har ein institusjon for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i kommunen, og 0,3 mill. kroner til kjøp frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Resten gjekk til å finansiere administrative meirutgifter for Andebu kommune.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til kap. 227 ny post 63.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til Fjellheimen leirskole blir foreslått løyvd over kap. 227 ny post 63. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

Skolen kan ta inn opptil 1 000 deltakarar kvart år. Talet på deltakarar ved leirskolen i 2016 var totalt 869 personar. Leirskolen oppnådde ikkje resultatkravet på 900 deltakarar, som er fastsett i retningslinjene for tilskottet. Tilskottet blei derfor avkorta med 193 000 kroner i 2017.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til kap. 227 ny post 63.

Post 63 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Departementet foreslår å opprette denne nye tilskottposten for tilskott til kommunar og fylkeskommunar, som gjeld skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skolane dekker viktige behov.

Mål for 2018

Løyvinga skal finansiere tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skolane dekker viktige behov.

Under følger omtale av dei tilskottsordningane som det blir foreslått å finansiere av løyvinga.

Tilskott til Murmanskskolen

Tilskottet går til Troms fylkeskommune og skal nyttast til drift av norskrussisk vidaregåande skole i Murmansk (Murmanskskolen).

Målet med tilskottsordninga er å gi elevar frå Noreg med kompetanse i russisk høve til å ta siste året i vidaregåande opplæring (Vg3) ved Murmanskskolen.

Tilskott til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skole for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i Sandefjord kommune. Etter at tidlegare Andebu kommune er slått saman med kommunane Stokke og Sandefjord frå 1. januar 2017, er det nå Sandefjord kommune som ifølge opplæringslova er ansvarleg for å finansiere vaksenopplæring for bebuarar ved Stiftelsen Signo.

Målet med tilskottsordninga er å bidra med finansiering til Sandefjord kommune på bakgrunn av ekstrakostnader kommunen har som følge av ansvaret for å gi vaksenopplæring til bebuarar ved Stiftelsen Signo.

Tilskott til Fjellheimen leirskole

Fjellheimen leirskole er ein leirskole for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskolen finansierer drifta si ved statstilskott, betaling frå elevane/deltakarane og medverknad frå Engerdal kommune, som eig og driv Fjellheimen leirskole. Tilskottsmottakar er Engerdal kommune, og tilskottet skal nyttast til drift av Fjellheimen leirskole.

Målet med tilskottsordninga er at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit meiningsfylt tilbod om rekreasjon med tilpassa friluftsliv og sosial omgang i trygge omgivnader.

Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Tilskottet finansierer drift av dei kommunale sameskolane i Snåsa, som gir opplæring på sørsamisk, og Målselv, som gir opplæring på nordsamisk, med tilhøyrande internat. Skolane har heile landet som opptaksområde, og opplæringa følger Kunnskapsløftet – Samisk .

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å halde oppe og utvikle samisk identitet, språk og kultur.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 39,1 mill. kroner på denne nye tilskottsposten. Departementet vil fordele løyvinga på denne måten mellom dei ulike tilskottsordningane:

  • Tilskott til Murmanskskolen: 2,4 mill. kroner

  • Tilskott til vaksenopplæring i Sandfjord kommune: 5,4 mill. kroner

  • Tilskott til Fjellheimen leirskole: 6,4 mill. kroner

  • Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv: 25 mill. kroner.

Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til Den franske skolen i Oslo blir foreslått løyvd over kap. 227 post 78. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

I skoleåret 2016–17 hadde Den franske skolen i Oslo totalt 487 elevar, mot 499 elevar i skoleåret 2015–16.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til Den franske skolen i Oslo til kap. 227 post 78.

Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole blir foreslått løyvd over kap. 227 post 78. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

I 2016 var det 100 elevar på internatet om våren, og 120 elevar om hausten. I 2015 var det til samanlikning 92 elevar om våren og 105 elevar om hausten ved internatet. Skolen er godkjent for 200 elevar og har plass til drygt 100 elevar på internatet. Utnyttinga av kapasiteten til internatet er derfor god.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til kap. 227 post 78.

Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College (RKNUWC) i Sogn og Fjordane blir foreslått løyvd over kap. 227 post 78. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

I skoleåret 2016–17 hadde RKNUWC 209 elevar frå 99 land. 63 av elevane kom frå nordiske land. Elevtalet og fordelinga mellom kva regionar elevane kjem frå, har vore relativt stabile i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til kap. 227 post 78.

Post 74 Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole blir foreslått løyvd over kap. 227 post 78. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

Våren 2016 var det elleve elevar på grunnskolenivå og 13 heiltidselevar på vidaregåande nivå ved Signo. Det var 35 heiltids- og 14 deltidselevar på vidaregåande nivå ved Briskeby. Elevtalet ved dei to skolane har vore relativt stabilt i dei siste skoleåra og ligg på eit høgt nivå i høve til det elevtalet skolane er godkjente for.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til kap. 227 post 78.

Post 75 Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar blir foreslått løyvd over kap. 227 post 78. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

67 elevar frå 15 fylke har i 2016 vore knytte til skoleavdelinga til Fossumkollektivet i Østfold. Ved dei to avdelingane i Hedmark har til saman 26 elevar tatt del i ulike opplæringstilbod. Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Hedmark og Oppland, har 71 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 71 bebuarar har deltatt på ulike skoletilbod ved Mesnali/Lillehammer i 2016.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til kap. 227 post 78.

Post 76 Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt blir foreslått løyvd over kap. 225 post 75. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

Foreningen Norden gav i 2016 stipend på til saman 100 000 kroner til elevar og lærarar som besøkte nordiske samarbeidsskolar. 36 klassar med om lag 1 000 elevar på 5.–10. trinn frå Akershus og Buskerud deltok på arrangementet Nordisk forfattarbesøk der to danske forfattarar presenterte to av bøkene sine. Organisasjonen utvida og vidareutvikla undervisningsportalen nordeniskolen.org, som blir formidla gratis til alle skolar i Noreg. I alt 2 161 skolar, barnehagar og bibliotek i Norden deltok på Nordisk bibliotekuke i 2016, av desse var 299 norske.

Den nye nettløysinga for registeret over handverkarar som Norsk håndverksinstitutt utvikla i 2015, var i ordinær drift i 2016. Registeret omfattar om lag 2 700 handverkarar innanfor 90 fag og gir òg ei oversikt over lærebedrifter i små handverksfag. Hausten 2016 starta ein keramikar og ein duodjár, som lagar samisk tradisjonelt handverk, opp under stipendiatordninga for handverkarar. Norsk Håndverksinstitutt har i 2016 arbeidd vidare med UNESCOs konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til kap. 225 post 75.

Post 77 Tilskott til Lycée International de Saint-Germain-en Laye

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til Lycée International de Saint-Germain-en Laye blir foreslått løyvd over kap. 227 post 78. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

Hausten 2016 var det 18 elevar på barnetrinnet, 15 elevar på ungdomstrinnet og fem elevar på første år av vidaregåande skole som fekk opplæring i den norske seksjonen ved skolen.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte tilskottet til kap. 227 post 78.

Post 78 Tilskott

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar og foreslår i den samanhengen å opprette denne nye tilskottsposten. Tilskottsordningane under kap. 227 post 78 gir tilskott til skolar som tidlegare har fått tilskott frå andre postar under kap. 227.

Mål for 2018

Løyvinga på posten skal finansiere tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skolane dekker viktige behov.

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg i Frankrike. På skolen går det elevar frå både Frankrike og Noreg samt elevar frå mange andre land.

Målet med tilskottsordninga er å styrke samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide videregående skole

Krokeide videregående skole AS er godkjent etter friskolelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skolen gir eit landsdekkande tilbod, som er godkjent for 200 elevar og har plass til drygt 100 elevar på internatet. Tilskottet skal bidra til drifta av internatet ved Krokeide videregående skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen.

Målet med tilskottsordninga er at Krokeide videregående skole skal kunne tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Det eksisterer i alt 15 UWC-skolar, og Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av desse. Skolen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Målet med tilskottsordninga er at det skal vere eit UWC-tilbod i Noreg. Tilskottet skal legge til rette for auka forståing mellom folk frå ulike land.

Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Skolane får i tillegg til dette tilskottet også tilskott over kap. 228 post 75 i samsvar med elevtalet som følge av at dei er godkjente som friskolar for funksjonshemma elevar. Målgruppene til Signo er døvblinde og døve elevar med tilleggsfunksjonshemmingar, medan målgruppa til Briskeby er høyrselshemma elevar.

Målet med tilskottsordninga er at Signo og Briskeby skal kunne gi eit tilbod av høg kvalitet til målgruppene sine.

Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskottsordninga skal medverke til å føre vidare det opplæringstilbodet som rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet har i Østfold, Hedmark og Oppland. Tilskottet skal dekke kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at bebuarar på rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet får eit opplæringsløp som gjer dei best mogleg i stand til å gå inn i og fullføre eit ordinært opplæringsløp i skole eller arbeidsliv.

Tilskott til Lycée International de Saint-Germain-en Laye

Tilskottsordninga blei oppretta hausten 2016 i samband med Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2016, jf. Innst. 12 S (2015–2016), for å føre vidare drifta av den norske seksjonen ved skolen.

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring til norske elevar ved den norske seksjonen ved skolen, i dei faga seksjonen tilbyr.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 156,6 mill. kroner på denne nye tilskottsposten. Departementet vil fordele løyvinga mellom dei ulike tilskottsordningane på denne måten:

  • Tilskott til Den franske skolen i Oslo: 30,8 mill. kroner. I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017), blei tilskottet til skolen auka med 5 mill. kroner. Denne auken blir ført vidare i forslaget for 2018. I tillegg foreslår departementet å auke tilskottet med ytterlegare 15 mill. kroner. Den foreslåtte auken har samanheng med meirutgifter knytte til at delar av skolen skal flytte til den nye Blindern internasjonale campus. Foreldrebetalinga har auka mykje i dei seinare åra. Den foreslåtte auken skal bidra til ein reduksjon i foreldrebetalinga.

  • Tilskott til internatdrifta ved Krokeide videregående skole: 27,6 mill. kroner

  • Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College: 34,8 mill. kroner

  • Tilskott til Signo grunn- og vidaregåande skole og Briskeby videregående skole: 47 mill. kroner

  • Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar: 11,2 mill. kroner

  • Tilskott til Lycée International de Saint-Germain-en Laye: 5,1 mill. kroner

Kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Frittståande grunnskolar , overslagsløyving

2 045 799

2 074 624

2 296 734

71

Frittståande vidaregåande skolar , overslagsløyving

1 529 982

1 602 854

1 644 401

72

Frittståande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova , overslagsløyving

147 906

156 504

160 127

73

Frittståande grunnskolar i utlandet , overslagsløyving

111 383

125 072

118 213

74

Frittståande vidaregåande skolar i utlandet , overslagsløyving

17 183

18 671

18 504

75

Frittståande skolar for funksjonshemma elevar , overslagsløyving

275 277

273 231

304 412

76

Andre frittståande skolar , overslagsløyving

47 312

49 065

50 522

77

Den tyske skolen i Oslo , overslagsløyving

17 763

17 844

19 025

78

Kompletterande undervisning

23 161

23 964

24 611

79

Toppidrett

41 417

44 979

46 193

80

Friskoleorganisasjonar

724

756

81

Elevutveksling til utlandet

1 892

1 945

1 998

82

Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

20 920

31 506

32 357

Sum kap. 0228

4 280 719

4 421 015

4 717 097

Lov av 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive frittståande skolar i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2. Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskott for frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar, og vilkåra for å få slikt tilskott. Lova stiller mellom anna krav til kvaliteten på opplæringa.

Endringar i privatskolelova («ny friskolelov») tredde i kraft 1. august 2015, jf. Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015). Ny friskolelov fører vidare ordninga med krav til særskilt grunnlag for godkjenning, og innfører to nye godkjenningsgrunnlag – profilskolar (skolar som driv på grunnlag av ein særskild profil) og skolar som tilbyr vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram. Fråsegna om at alle offentlege tilskott og skolepengar skal komme elevane til gode, og at det er forbode å ta utbytte, er ført vidare og klargjord i ny friskolelov.

Løyvingane under kap. 228 går til tilskottsordningar til frittståande skolar som er godkjente etter friskolelova eller vaksenopplæringslova. Tilskottet oppfyller dei finansielle pliktene staten har overfor frittståande skolar som er godkjente etter lova. I tillegg blir det over dette kapittelet gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. friskolelova § 6-4, Den tyske skolen i Oslo, toppidrett og til elevutveksling i utlandet.

Satsane for tilskott til dei fleste frittståande skolane bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. friskolelova kap. 6.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordningane er å medverke til at det kan etablerast og drivast friskolar etter friskolelova.

Rapport for 2016

Tabellen under viser endringar i talet på elevar og frittståande skolar som får tilskott under postane 70–76, frå skoleåret 2014–15 til skoleåret 2016–17. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.5 Friskolar, tal på skolar og elevar

Skolar

Elevar

Skoletype

2014–15

2015–16

2016–17

2014–15

2015–16

2016–17

Skolar for funksjonshemma elevar

14

14

14

699

716

781

Vidaregåande skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova

31

29

30

1 324

1 376

1 387

Andre frittståande skolar

2

2

2

179

180

180

Vidaregåande skolar

77

78

77

13 276

13 496

13 780

Grunnskolar

192

208

222

18 078

19 300

20 462

Grunnskolar i utlandet

11

11

9

903

885

779

Vidaregåande skolar i utlandet

5

4

3

190

142

143

Sum

332

346

357

34 649

36 095

37 512

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Hausten 2016 gjekk 3,3 pst. av grunnskoleelevane i frittståande skolar i Noreg. Hausten 2015 var talet til samanlikning 3,1 pst. Hausten 2016 gjekk 7,0 pst. av elevane på vidaregåande nivå i private skolar. Hausten 2015 var talet til samanlikning 6,9 pst. I dei siste ti åra har delen av elevane som går i friskolar, auka jamt. For omtale av Utdanningsdirektoratets tilsyn med private skolar, sjå kap. 220.

Post 70 Frittståande grunnskolar, overslagsløyving

Frittståande grunnskolar som er godkjente etter friskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Budsjettforslag for 2018

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 222,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2017.

Post 71 Frittståande vidaregåande skolar, overslagsløyving

Vidaregåande skolar som er godkjente etter friskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Posten omfattar også eit særskilt årleg tilskott til Kongshaug Musikkgymnas og Oslo by Steinerskole.

Budsjettforslag for 2018

I statsbudsjettet for 2017 blei løyvinga auka med 9 mill. kroner til auka statstilskott til frittståande skolar med elevar utan rettskrav på opplæringa. Auken skulle dekke berekna meirverdiavgiftsutgifter knytte til desse elevane. Ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon er nå utvida til å omfatte meirverdiavgiftsutgifter knytte til elevar utan rettskrav på opplæringa, jf. Innst. 401 S (2016–2017). Som en følge av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 9 mill. kroner.

På bakgrunn oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 50,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2017.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 41,5 mill. kroner.

Det særskilde tilskottet til Oslo By Steinerskole og Kongshaug Musikkgymnas blir ført vidare på same nivå som i 2017 i løyvingsforslaget.

Post 72 Frittståande skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

Satsane for tilskott til frittståande skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova er knytte til tre av satsane for frittståande vidaregåande skolar, med unntak av satsane til Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova får 75 pst. av tilskottssatsane.

Budsjettforslag for 2018

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 3,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2017.

Post 73 Frittståande grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som frittståande grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre da desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skolar i utlandet og for norske elevar ved svenske frittståande grunnskolar i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2018

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å redusere løyving på posten med 6,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2017.

Post 74 Frittståande vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som frittståande vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2018

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 0,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2017.

Post 75 Frittståande skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Grunn- og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar får tilskott tilsvarande 100 pst. av ein normalsats per elev. Nokre av skolane får i tillegg statstilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Budsjettforslag for 2018

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 31,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2017.

Post 76 Andre frittståande skolar, overslagsløyving

Posten omfattar tilskott til Sørlandet Seilende Skoleskibs Institution (MS Sjøkurs) og Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skolane får tilskott per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. I tillegg får desse skolane eit fast tilskott som blir prisjustert kvart år.

Budsjettforslag for 2018

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner.

Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

Gjeldande avtale mellom Noreg og Tyskland om Den tyske skolen i Oslo blei godkjent av Stortinget 19. november 2009, jf. Innst. 43 S (2009–2010) og St.prp. nr. 92 (2008–2009) Om samtykke til inngåelse av en avtale mellom Norge og Tyskland om omgjøring av Den tyske skolen i Oslo – Max Tau til en tysk-norsk bikulturell skole . Tilskottet blir rekna ut på same måte som tilskottet til frittståande skolar som er godkjente etter friskolelova, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen. I tillegg blir det gitt eit særskilt tilskott, som i 2018 utgjer 1,5 mill. kroner.

Mål for 2018

Tilskottet skal styrke samarbeidet med Tyskland og stillinga til det tyske språket i Noreg.

Rapport for 2016

Hausten 2016 var det 297 elevar ved Den tyske skolen i Oslo. Dette utgjer ein auke på tolv elevar samanlikna med hausten 2015.

Budsjettforslag for 2018

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2017.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i utlandet. Tilskottsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskolar – Globalskolen og Norskskolen.

I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017 i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, jf. Innst. 12 S (2016–2017) hadde eit fleirtal følgande merknad:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, viser til budsjettavtalen 3. desember 2016, hvor det foreslås å bevilge 12 mill. kroner til å videreføre tilskuddet til Globalskolen og Norskskolen. Flertallet viser til at dette fører til at regjeringens foreslåtte kutt i bevilgningene ikke gjennomføres. Flertallet imøteser en gjennomgang av ordningen, som varslet i Prop. 1 S (2015–2016).»

Kunnskapsdepartementet har gjennomgått tilskottsordninga. Det har vore fleire større endringar i ordninga i dei siste åra. Frå og med 2016 har midlane berre blitt tildelt to nettskolar, Globalskolen og Norskskolen. Nettskoletilbodet gir elevane moglegheit til å ta del i undervisninga uansett kor i verda dei bur. Tilbakemeldingar i brukarundersøkingar viser at elevar og føresette i stor grad er nøgde med det undervisningstilbodet som blir gitt i dag. Avgrensinga av tilskottsordninga til berre å gjelde nettskolar gir betre moglegheiter for å følge opp kvaliteten på tilbodet.

Etter ein heilskapleg gjennomgang av tilskottsordninga vurderer departementet det slik at ho fungerer tilfredsstillande.

Mål for 2018

Målet med tilskottet er at elevar ved internasjonale eller utanlandske grunnskolar i utlandet skal ha moglegheit til å få nettundervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Rapport for 2016

Elevtalet blei redusert i 2016 fordi tilskottsordninga blei avgrensa til berre å gjelde nettundervisning. For nettskolane blei det frå og med 2015 fastsett eit øvre elevtak på 1 599 elevar for berekning av tilskott til kompletterande undervisning for å halde tilskottet innanfor budsjettramma.

I 2016 blei det tildelt tilskott til kompletterande undervisning ved nettskolane for 1 597 elevar, som er noko lågare enn tala for nettskolane i dei to føregåande åra.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skolar som i tillegg til godkjenninga etter friskolelova er godkjente som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar følgande skolar: NTG i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Fredrikstad, Stavanger og Tønsberg, Telemark toppidrettsgymnas og Haugesund toppidrettsgymnas. Det blir gitt eit fast tilskott til kvar av desse skolane. Det er ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjente skolar med tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjente av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskott.

Mål for 2018

Målet med tilskottet er at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan legge til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Rapport for 2016

Hausten 2016 var det 2 505 elevar ved desse skolane; dette er nær 150 fleire enn i 2015.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 80 Friskoleorganisasjonar

Det har over tid blitt oppretta svært mange tilskottspostar under budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å samle fleire tilskottsordningar på færre budsjettpostar. Tilskott til friskoleorganisasjonane blir foreslått løyvd over kap. 225 post 75. Endringa påverkar ikkje nivået på tilskottet.

Rapport for 2016

I 2016 fekk fem friskoleorganisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 264 godkjente medlemsskolar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte løyvinga til kap. 225 post 75.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Denne tilskottsordninga gjeld utveksling til utlandet for elevar i frittståande vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Det ordinære statstilskottet etter friskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Skolane kan søke om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjente samarbeidsprosjekt mellom norske frittståande vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgande frittståande vidaregåande skolar er godkjente for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordninga er å stimulere dei skolane som er omfatta av ordninga, til å tilby elevutveksling til utlandet for elevane ved skolane.

Rapport for 2016

I 2016 fekk kvar av skolane eit basistilskott på 100 000 kroner. Resten av tilskottsmidlane blei fordelte etter talet på elevar innanfor ordninga. I 2016 blei det betalt ut tilskott for 77 elevar for skoleåret 2015–16, om lag det same som året før.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Departementet har fastsett nye retningslinjer for tilskottsordninga, som gjeld frå og med skoleåret 2017–18. I retningslinjene er det presisert at elevane som skolane får tilskott for, må vere registrerte ved den norske utsendarskolen på Vg2.

Post 82 Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

Tilskottet blei oppretta i 2014-budsjettet. Frittståande grunn- og vidaregåande skolar i Noreg som får driftstilskott under kap. 228 postane 70 og 71, er omfatta av ordninga.

Departementet viser til at eit fleirtal i kyrkje-, utdannnings- og forskingskomiteen i samband med handsaminga av Prop. 84 L (2014–2015) («ny friskolelov») kom med følgande merknad i Innst. 344 L (2014–2015):

«Flertallet ber regjeringen utrede hvordan kostnader til bygg bør innlemmes i tilskuddsgrunnlaget og utrede innlemming av avskrivning av varige driftsmidler i tilskuddsgrunnlaget til friskolene.»

Skolar som er godkjente etter friskolelova, får statstilskott basert på gjennomsnittlege driftsutgifter i offentlege skolar. Løpande utgifter til vedlikehald av skolelokale og kostnader til husleige er inkluderte i tilskottsgrunnlaget. Det same er avskrivingar på varige driftsutgifter, som utstyr. Avskrivingar på skolebygg er ikkje inkluderte i tilskottsgrunnlaget, fordi dette ikkje er driftskostnader, men kapitalkostnader. Friskolelova § 6-1 fastset at gjennomsnittlege driftsutgifter i offentleg skole skal ligge til grunn for tilskottsgrunnlaget. Det følger av økonomiforskrifta til friskolelova at friskolane ikkje kan drive kapitaloppbygging, utover å setje av inntil 15 pst. av statstilskottet i investeringsfond og overføre inntil ti pst. til neste rekneskapsår.

Departementet har greidd ut ulike alternativ for korleis kostnader til skolebygg kan bli innlemma i tilskottet til friskolane. Eit alternativ er kapitaltilskottet som friskolane i dag får over statsbudsjettets kap. 228 post 82. Løyvinga på denne posten blir fordelt til skolane etter elevtal. Departementet meiner at kapitaltilskottet er ein enkel og målretta måte å kompensere friskolane for byggkostnader, husleige og varige driftskostnader på. Om tilskottet svarer til dei faktiske investeringskostnadene til skolane, vil avhenge av løyvingsnivået. Departementet vurderer det slik at ordninga med kapitaltilskott fungerer godt.

Vidare har departementet sett på konsekvensane av å inkludere avskrivingar på bygg i tilskottsgrunnlaget til friskolane. Utrekningar baserte på satsane for 2017 og elevtal frå 1. oktober 2015 viser at den samla budsjetteffekten av å innlemme avskrivingar på bygg i tilskottsgrunnlaget vil vere om lag 260 mill. kroner i heilårseffekt. Prisjustert til 2018 er dette om lag 266 mill. kroner. Ei slik endring er ikkje i samsvar med friskolelova § 6-1, og vil derfor krevje lovendring. På grunn av at det er mange friskolar som leiger bygg, og at det er ein lågare del elevar i yrkesfag i friskolane enn i offentlege skolar, kan ei innlemming òg bety at friskolane blir overkompenserte.

Departementet har også vurdert moglegheitene for å opprette ei tilskottsordning kor skolane kan søke om tilskott for å dekke dei reelle investeringsutgiftene sine. På grunn av store administrative kostnader for både skolane og forvaltninga ser ikkje departementet dette som ei formålstenleg løysing.

Basert på ei samla utgreiing av desse alternativa vurderer departementet at kompensasjon for kostnader knytte til skolebygg også framover bør løysast gjennom det eksisterande kapitaltilskottet. Nivået på tilskottet vil avhenge av årlege budsjettprioriteringar. Regjeringa prioriterer ikkje ein auke av tilskottet i 2018-budsjettet.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at frittståande skolar i Noreg skal kunne finansiere vedlikehald og rehabiliteringar av bygg, og husleige.

Rapport for 2016

I 2016 fekk frittståande skolar 20,9 mill. kroner i kapitaltilskott. Tilskottet blei fordelt mellom dei frittståande grunn- og vidaregåande skolane i Noreg som får driftstilskott under kap. 228 postane 70 og 71.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Kap. 229 Noregs grøne fagskole – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

27 321

25 982

26 206

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

949

1 187

1 211

Sum kap. 0229

28 270

27 169

27 417

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane under kap. 229 går til drift av Noregs grøne fagskole – Vea. Fagskolen har elevar og studentar fordelte på blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege studieprogram. Vea er NOKUT-godkjent tilbydar innanfor fagområdet grøne design og miljøfag og har i dag ulike fagskoletilbod på området.

Sjølv om Vea er ein fagskole, skal skolen framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3229 post 61. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

I Prop. 1 S (2014–2015) for Kunnskapsdepartementet signaliserte regjeringa at det statlege eigarskapet til Vea ville bli vurdert. Hausten 2016 la regjeringa fram Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for framtida . Meldinga blei behandla i Stortinget våren 2017, jf. Innst. 254 S (2016–2017). Det statlege eigarskapet av Vea er ikkje i samsvar med meldinga og innstillinga. Departementet meiner at staten i framtida ikkje skal eige Vea. Departementet legg derfor til grunn at dersom Vea skal drivast vidare, må skolen overførast til Hedmark fylkeskommune. Departementet vil i 2018 gå i dialog med fylkeskommunen om overføring av eigarskapet og vidare drift av skolen.

Mål for 2018

Den fremste målsettinga til Vea er å utdanne kompetente yrkesutøvarar som bransjen og næringa treng på grøne fagområde. I 2018 skal Noregs grøne fagskole – Vea halde fram med arbeidet med å utvikle ei fagskoleutdanning med god kvalitet, auke talet på studentar gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg, heve kompetansen hos tilsette og utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø.

Rapport for 2016

Opptakstal for hausten 2016 viser at Vea samla hadde 125 elevar og studentar som tar utdanning på heiltid og deltid ved Vea. Det er ein nedgang på 17 elevar og studentar samanlikna med året før. Det er ein stadig auke i samlingsbaserte studium på deltid. Slike studium gir større fleksibilitet og er meir relevante for bransjen og trekker slik til seg fleire studentar. I skoleåret 2015–16 var det ingen heiltidsstudentar på fagskolenivå. Det var 44 deltidsstudentar på fagskolenivå, mot 67 i skoleåret 2014–15. I skoleåret 2015–16 var det 73 studentar som tok vaksenopplæring på vidaregåande nivå, om lag det same som året før. I tillegg tok åtte elevar vidaregåande opplæring Vg2 blomsterdekoratør gjennom fylkeskjøpte plassar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvingane under kap. 229 vidare på same nivå som i 2017.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3229 postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3229 Noregs grøne fagskole – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

02

Salsinntekter o.a.

5 612

1 752

1 790

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 241

1 166

1 196

Sum kap. 3229

6 853

2 918

2 986

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skolen.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

636 259

705 085

706 178

21

Særskilde driftsutgifter

36 288

45 441

46 435

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

9 350

9 099

9 281

Sum kap. 0230

681 897

759 625

761 894

Statped er ei verksemd underlagd Utdanningsdirektoratet og er eit statleg verkemiddel for å støtte kommunar og fylkeskommunar i arbeidet deira med å nå sektormåla og realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa for barn, unge og vaksne med særskilde behov.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid mv., og dekning av utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for the European Agency for Special Needs and Inclusive Education.

Mål for 2018

Statped skal arbeide etter følgande mål i 2018:

  • vere ein tydeleg og tilgjengeleg ytar av spesialpedagogiske tenester til kommunar og fylkeskommunar og sørge for at alle kommunar og fylkeskommunar skal få likeverdig tilgang til tenester frå Statped

  • vidareutvikle spisskompetanse innanfor dei fastsette spesialpedagogiske fagområda og vere ein bidragsytar til kunnskaps- og kompetansespreiing av likeverdig, tilpassa og inkluderande utdanning på desse områda

  • arbeide ut frå ein heilskapleg FoU-strategi for prioritering av område for forskings- og utviklingsarbeid på det spesialpedagogiske området, forankra i eit samarbeid med universitet og høgskolar

I rapporten nedanfor blir evalueringa av omstillinga av Statped omtalt. I det vidare arbeidet med styringa av Statped vil det vere viktig å følge opp at dei grunnleggande endringane som er realiserte i omstillinga, gir dei effektane som er ønskte. I samband med dette kan det mellom anna vere aktuelt å vurdere delar av organiseringa av Statped, arbeidsformer, tenestetilbodet og avgrensinga mot tenestetilbodet i kommunane og fylkeskommunane. Det er også aktuelt å vurdere samarbeidsformer mellom Statped, fylkesmannsembeta og kommunar og fylkeskommunar for å fremme betre inkludering av barn og unge med særskilte behov. I arbeidet med å følge opp evalueringa vil det bli utarbeidd nye mål for verksemda og utviklinga vidare.

Rapport for 2016

Omstilling og evaluering

Eit stort og omfattande endringsarbeid for Statped er i 2016 avslutta. Omstillinga var ei oppfølging av Stortingets handsaming av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap , jf. Innst. 405 S (2010–2011). Eit hovudmål med omstillinga var at Statped skulle bli ein meir einskapleg organisasjon som bruker kompetansen i organisasjonen på ein meir heilskapleg måte, både i tenesteytinga og i kompetanseutviklinga og kompetansespreiinga. Utviklinga innanfor kvart av desse områda er sterkt knytt til utviklinga på dei andre områda. Når kompetanseutvikling og kompetansespreiing blir utvikla vidare, verkar dette til dømes inn på den tenesteytinga som Statped gir.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å evaluere omstillinga av Statped. Direktoratet leverte ei mellombels, avgrensa vurdering av omstillinga hausten 2016, og har i juni 2017 levert ei heilskapleg evaluering, gjennomført av konsulentselskapet Deloitte.

Hovudtrekka i evalueringa er at Statped har arbeidd godt for å nå dei måla som blei sette for omstillinga. Det er bygd strukturar og innført system som gjer at Statped nå arbeider meir fleirfagleg og systemretta, og at tilbodet er meir einsarta på landsbasis. Tilbakemeldingane frå kommunar og fylkeskommunar tyder likevel på at dei enda ikkje har opplevd at tilbodet frå Statped har endra seg vesentleg. Det kan ha samanheng med at verksemda har gått gjennom store endringar i organisasjonen, og at det tar tid før nye arbeidsmåtar tar form slik at brukarane merkar endringane. Evalueringa viser også at det har vore krevjande for organisasjonen å gjennomføre ei omfattande omstilling parallelt med den daglege drifta.

Tenesteyting

Brukarundersøkingar tyder på at Statped har lykkast i å halde oppe eit tenestenivå med god kvalitet samstundes med endringsarbeidet i verksemda. Utvikling av likeverdig tenesteyting har også i 2016 vore vektlagt. Statped har blant anna etablert rutinar for fleirfagleg vurdering av søknader om tenester i alle regionar. Gjennom omstillinga har fleire av tenestene frå Statped til kommunane blitt samordna, fleirfaglege tenester. Etter innspel frå PP-tenester har Statped forenkla søknadsprosessen inn til verksemda. Statped erfarer at eit nærare samarbeid undervegs i søknadsprosessen gir betre søknader frå PP-tenestene. Dette har blant anna ført til færre avslag på søknader inn til Statped. Verksemda ser også at tida som er brukt på sakshandsaming, er gått ned i alle regionar i 2016.

Statped har lang tradisjon for å produsere læremiddel for synshemma elevar og har også spisskompetanse på rettleiing og rådgiving til kommunar og fylkeskommunar, barnehagar og skolar som har synshemma barn og elevar, blant anna om pedagogisk tilrettelegging for desse barna og elevane. Statped har i 2016 arbeidd vidare med utvikling, tilrettelegging og produksjon av læremiddel. Læremiddel i punktskrift, læremiddel på teiknspråk og materiell på området alternativ og supplerande kommunikasjon har hatt særleg høg prioritet. Statped har arbeidd med å få på plass ein enklare distribusjon for lydbøker med sikte på drift frå hausten 2017, for å betre tilgangen på lydbøker for brukarane

Ved skolestart hausten 2016 var det 14 elevar på fulltid ved A.C. Møller skole i Trondheim (grunnskole). På same tid var det elleve elevar på fulltid ved Skådalen skole for døvblindfødte i Oslo (kombinert grunn- og vidaregåande skole). I 2016 starta arbeidet med å legge til rette for at A.C. Møller skole for høyrselshemma elevar skulle bli ført over til Trondheim kommune frå 1. juli 2017, og at tilbodet i regi av Trondheim kommune skal vere tilgjengeleg for høyrselshemma elevar i regionen.

For å bidra til at døve og sterkt tunghøyrte elevar skal få god teiknspråkopplæring, er det i 2016 arbeidd vidare med å utvikle ein ny modell for ei god deltidsopplæring, med tilbod til elevar i alle regionane. Det har komme fram til dels større skilnader mellom opplæringsstadene og regionane i arbeidet med å utvikle ny deltidsmodell. Statped arbeider vidare med dette i vidareutviklinga av deltidsopplæringa. I løpet av 2016 fekk 156 høyrselshemma elevar deltidsundervisning, ein liten auke frå 151 elevar i 2015.

Kompetanseutvikling og -spreiing

I 2016 lanserte Statped ein ny versjon av nettstaden statped.no. Dette er ei plattform for formidling av Statpeds tenester, fagkompetanse og oversikt over læringsressursar. Den nye plattforma gir betre oversikt over tilgjengelege ressursar og eksempel på «god praksis» ved bruk av teknologi i barnehage og skole. Statped lanserte i 2016 Foreldreportalen på heimesida si. Foreldreportalen er ein nettstad retta mot foreldre til brukarar av Statped og er ein del av arbeidet som Statped har retta mot foreldreopplæring. I tillegg har Statped brukt sosiale medium meir aktivt enn tidlegare. Talet på lesarar stig merksamt på fleire stader på heimesida, noko som tyder på at fleire har nytte av den informasjonen som er publisert.

Kurs, konferansar, nettverk og andre systemretta tenester er ein stor og viktig del av Statpeds arbeid med å heve kompetansen på det spesialpedagogiske feltet i utdanningssektoren, og eit viktig bidrag til å nå sektormåla.

Statped bidrar med relevant kompetanse innanfor dei spesialpedagogiske utdanningane. Universitet og høgskolar spør etter fleire forelesningar enn verksemda kan gi. Dette vitnar om at kompetansen til Statped er etterspurd. Studierelaterte tenester til universitet og høgskolar er med på å bygge opp og sikre utdanning av spesialpedagogisk fagkompetanse, samstundes som universitet og høgskolar bidrar til at rådgivarane til Statped må halde seg fagleg oppdaterte.

Statped har ein strategi for prioritering av område for forskings- og utviklingsarbeid (FoU-arbeid). Relevante FoU-prosjekt i samarbeid med universitets- og høgskolesektoren og brukarorganisasjonar gir rom for praksisnært og spesialisert forskings- og utviklingsarbeid innanfor små og spesialiserte område som det er utvikla lite kompetanse på.

Budsjettforslag for 2018

Samla foreslår departementet å løyve 761,9 mill. kroner til drift av Statped i 2018.

Løyvingsforslaget på post 01 er redusert med 500 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. nærare omtale i hovudinnleiinga.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017), blei løyvinga på post 01 redusert med 5 mill. kroner som følge av justert kompensasjon ved innføringa av ein forenkla modell for pensjonspremiebetaling for statlege verksemder. Denne reduksjonen er ført vidare i løyvingsforslaget for 2018.

Trondheim kommune tok over drifta av A.C. Møller skole frå 1. juli 2017. I samsvar med avtalen mellom departementet og Trondheim kommune om overdraginga av verksemda, vil departementet i ein overgangsperiode på to år kompensere kommunen for kostnadene til vidare drift av skolen med eit tilskott over kap. 230 post 01, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Kunnskapsdepartementet.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Inntekter frå oppdrag

36 288

45 441

46 435

02

Salsinntekter o.a.

16 721

10 048

10 268

Sum kap. 3230

53 009

55 489

56 703

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m. Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs. Departementet foreslår å føre inntektsløyvingane vidare på same nivå som i 2017.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

231

Barnehagar

573 451

815 147

676 668

-17,0

Sum kategori 07.30

573 451

815 147

676 668

-17,0

Innleiing

Regjeringa ønsker at alle barn skal få ein god start i livet, og har klare ambisjonar om å vidareutvikle barnehagen slik at alle barn får eit tilbod av god kvalitet. Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta i vare barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barna skal vere trygge, trivast, utvikle seg og lære innanfor den nordiske barnehagemodellen med sitt heilskaplege syn på leik og læring. Når barna startar på skolen, skal dei kunne norsk, kunne samarbeide med andre og ha lyst til å lære meir. Alle foreldre skal vite at barna deira har det godt i barnehagen, og ha tilgang på informasjon om kvaliteten på tilbodet.

Gode barnehagar støttar barn ut ifrå dei individuelle føresetnadene deira og medverkar til utvikling som er tilpassa alderen og funksjonsevna til barna. Barnehagen kan dermed fange opp barn med særlege utfordringar på eit tidleg tidspunkt. Tidleg innsats kan vere avgjerande for korleis barna trivst og utviklar seg, og korleis dei klarer seg seinare i livet. Barnehagen er ein viktig danningsarena som skal møte barna med tillit og respekt, og som gjennom det arbeidet personalet gjer, bidrar til å fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.

Barnehagen er særleg viktig for barn som treng støtte i språkutviklinga, mellom anna utviklinga av norsk som andrespråk. Eit godt utvikla språk er inngangsporten til vennskap og leik mellom barn med ulik bakgrunn. Eit godt språkleg grunnlag ved skolestart gir alle barn eit betre utgangspunkt og betre moglegheiter både for utdanninga og for deltaking i arbeids- og samfunnsliv seinare.

Barnehageeigar har ansvar for å drive verksemda i samsvar med gjeldande lover og regelverk, og kommunen som barnehagemyndigheit skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket, jf. barnehagelova §§ 7 og 8. Barnehagane er først og fremst finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane. I tillegg kjem foreldrebetalinga, som utgjer om lag 15 pst. av finansieringa. Enkelte tilskott og tildelingar blir finansierte over programkategori 07.30, kap. 231. Dette gjeld følgande postar:

  • løyving til forsking, undersøkingar, utgreiingar, informasjonsarbeid og kvalitets- og kompetanseutvikling, jf. kap. 231 postane 21 og 51

  • tilskott til samiske barnehageformål, jf. kap. 231 post 50

  • tilskott til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage, jf. kap. 231 post 63

  • tilskott til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn, jf. kap. 231 post 66

  • tilskott for symjing i barnehagane, jf. kap. 231 post 70

Meir statistikk og informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren finst i kap. 231 og i del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Hovudprioriteringar for 2018

Hovudutfordringa i barnehagesektoren er at nokre barnehagar har for lav kvalitet på tilbodet. Det er synleggjort gjennom den store variasjonen i kvaliteten på tilbodet, særleg når det gjeld kompetansen blant dei tilsette, men òg den store variasjonen i talet på barn per vaksen. Regjeringa har i den politiske plattforma si lova å løfte kvaliteten i barnehagane og vil i 2018 føre vidare det prioriterte kompetanse- og kvalitetsarbeidet som har blitt vesentleg styrkt i dei seinare åra. Totalt vil om lag 400 mill. kroner bli nytta til tiltak for å fremme kvaliteten i 2018.

Barnehagar med kompetente tilsette er ein føresetnad for å kunne gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod. Ein offensiv kompetansepolitikk skal medverke til vidare kvalitetsutvikling og redusere kvalitetsforskjellane mellom barnehagane. Regjeringa la i september 2017 fram Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022. Strategien skal bidra til å auke kompetansen til personalet for å realisere krav og intensjonar i den nye rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017. Rammeplanen er eit viktig styringsdokument som legg premissane for høg kvalitet på barnehagetilbodet. Ny rammeplan er er mellom anna basert på forslaga i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Stortinget si behandling av meldinga, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til fleire barnehagelærarar til 424 mill. kroner i 2018. Regjeringa har i juni 2017 sendt ut til høyring eit forslag om å skjerpe kravet til den pedagogiske bemanninga (ei skjerpa pedagognorm) og eit minimumskrav til grunnbemanninga i barnehagen (bemanningsnorm). Regjeringa tar sikte på at endringane skal tre i kraft 1. august 2018.

Regjeringa har hausten 2017 sendt eit lovforslag til Stortinget om at det i tilsetting i barnehage blir stilt krav om norskspråkleg kompetanse, jf. Prop. 170 L (2016–2017) Endringer i barnehageloven (krav til norskspråklig kompetanse) .

Regjeringa har i juni 2017 sendt ut til høyring eit forslag om å lovfeste ei plikt for barnehageeigarar og skoleeigarar til å samarbeide om barnas overgang frå barnehage til skole og skolefritidsordning (SFO). Regjeringa tar sikte på at lovendringa skal tre i kraft 1. august 2018.

Regjeringa meiner at tidleg innsats i barnehagen er viktig for å gi barn eit så godt utgangspunkt som mogleg her og nå og for framtida. Regjeringa foreslår derfor å styrke satsinga på tidleg innsats i barnehage og skole med om lag 100 mill. kroner i 2018. På barnehageområdet foreslår regjeringa å løyve 20 mill. kroner til ei ny tilskottsordning for at kommunane kan drive oppsøkande verksemd overfor minoritetsspråklege familiar, 20 mill. kroner til innføringa av ei plikt for barnehageeigarar og skoleeigarar til å samarbeide om overgangen frå barnehagen til skolen og SFO, 4,8 mill. kroner til gratis kjernetid i barnehage til alle to- og treåringar i asylmottak og 5 mill. kroner til i overkant av 100 fleire plassar i vidareutdanning for barnehagelærarar innanfor temaet språkutvikling og språklæring.

Vidare foreslår regjeringa at 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane blir begrunna med auka satsing på tidleg innsats, jf. Innst. 422 S (2016–2017) og Prop. 128 S (2016–2017).

Regjeringa foreslår å auke maksimalprisen for ein barnehageplass til 2 910 kroner per månad, ein realvekst på 110 kroner. Auken gir rom for andre satsingar innanfor området til Kunnskapsdepartementet. Samtidig fører regjeringa vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling og ordninga med gratis kjernetid for tre-, fire- og femåringar i familiar med låg inntekt. Dette skjermar dei med låg inntekt frå auken i maksimalprisen.

Tilstandsvurdering

Mål: Barnehagar med høg kvalitet som fremmer trivsel, leik og læring

Meir kunnskap om barnehagen

Kunnskapsomfanget på barnehageområdet har blitt styrkt og systematisert i dei seinare åra. Dette omfattar statistikk frå barnehagane gjennom rapporteringssystemet BASIL, tilsynet som fylkesmannen fører, og ei årleg spørjing til Barnehage-Noreg (barnehagestyrarar, eigarar og kommunane som barnehagemyndigheit) om utvalde tema. I tillegg kjem ulike forskingsoppdrag, undersøkingar og evalueringar som Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har initiert. Direktoratet har ansvaret for å gi barnehagesektoren oppdatert informasjon om statistikk og forskingsresultat. Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen gav ein brei presentasjon av forskingsresultat.

Det auka kunnskapsomfanget på barnehageområdet i dei seinare åra har gitt meir kunnskap om korleis barnehagen påverkar barn, kva som er kjenneteikn på god kvalitet på tilbodet, kva for kvalitetsforskjellar som finst i norske barnehagar, og konsekvensane av desse, særleg for sårbare barn. Også nordisk forsking har stor overføringsverdi for norske forhold. Regjeringa meiner at det auka kunnskapsomfanget medverkar både til kompetanseutvikling for dei tilsette i heile barnehagesektoren og til eit betre grunnlag for faglege og politiske avgjerder som gjeld styringa av sektoren.

Krav til personalet i barnehagen

Grunnbemanninga i barnehagen består av pedagogiske leiarar, fagarbeidarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, andre pedagogar og assistentar, der ein del er utan barnehagefagleg kompetanse. Dei fleste pedagogiske leiarane har utdanning som barnehagelærarar. Under den store utbygginga av barnehagesektoren i dei seinare åra heldt barnehagelærardelen i grunnbemanninga seg stabil på rundt 30 pst., og i dei siste åra har delen auka til om lag 36 pst., jf. tabell 4.6.

Talet på tilsette med barnehagelærarutdanning i grunnbemanninga målt i årsverk var i 2016 om lag 23 500. Det tilsvarer 37,5 pst. av årsverka i grunnbemanninga. Rapporteringa blei i 2016 endra for å få betre informasjon om talet på årsverk i barnehagane, og derfor vil departementet framover i hovudsak bruke årsverk som måleining. Årsverk vil gi eit betre bilde av tilstanden i sektoren når det gjeld både størrelse, ressursar per barn og kor stor del av dei tilsette som har barnehagefagleg kompetanse. At delen barnehagelærarar målt i årsverk er høgre enn delen barnehagelærarar målt i personar, tyder på at barnehagelærarar i større grad arbeider i heile stillingar.

Tabell 4.6 Barnehagelærardelen og barne- og ungdomsarbeidardelen i grunnbemanninga i barnehagar 2012–16

2012

2013

2014

2015

2016

Del av tilsette barnehagelærarar i grunnbemanninga

32,1

33,3

34,1

36,0

36,1

Talet på barnehagelærarar i grunnbemanninga

22 188

23 220

23 758

25 405

25 441

Del av tilsette barne- og ungdomsarbeidarar i grunnbemanninga

15,9

16,6

17,9

19,2

20,2

Tal på barne- og ungdomsarbeidarar i grunnbemanninga

11 004

11 579

12 435

13 524

14 226

Barnehagelova set krav om at styraren i barnehagen skal ha utdanning som barnehagelærar eller anna høgskoleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Kommunen kan gi mellombels dispensasjon frå utdanningskravet til styrarar dersom det ikkje er mogleg å skaffe kvalifiserte søkarar. Frå 1. august 2016 er det ikkje lenger lov å gi varig dispensasjon, jf. oppheving av den tidlegare føresegna i ny forskrift fastsett 30. juni 2016 nr. 930.

Delen styrarar med dispensasjon frå utdanningskravet har vore stabilt låg i dei siste åra og var i 2016 på 1,0 pst., ein liten oppgang frå 0,8 pst. i 2015. Dette utgjer berre 47 årsverk i 2016 og 41 årsverk i 2015. Regjeringa er tilfreds med at delen har blitt så låg at berre éin av hundre styrarar er omfatta av dispensasjon, sjølv om målet er at alle skal oppfylle utdanningskravet.

Tabell 4.7 Utviklinga i tal og del av styrarar og pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet 2012–16

2012

2013

2014

2015

2016

Tal på styrarar (årsverk)

97

72

58

41

47

Del av styrarar (årsverk)

1,9

1,4

1,1

0,8

1,0

Tal på pedagogiske leiarar (årsverk)

3 270

2 907

2 183

1 631

1 427

Del av pedagogiske leiarar (årsverk)

13,9

12,0

9,2

6,6

5,7

I tillegg til krav til styraren set barnehagelova krav om at pedagogisk leiar skal ha utdanning som barnehagelærar eller ha anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Gjeldande forskriftskrav til pedagogisk bemanning i barnehagen seier at det skal vere minimum éin pedagogisk leiar per 14–18 barn når barna er over tre år, og éin pedagogisk leiar per sju–ni barn når barna er under tre år (pedagognorma). Kommunen kan gi mellombels dispensasjon frå utdanningskravet til pedagogiske leiarar dersom det ikkje er mogleg å skaffe kvalifiserte søkarar.

Delen pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet blir stadig mindre, og var på 5,7 pst. i 2016 mot 6,6 pst. i 2015. Dette utgjorde 1 427 årsverk i 2016 og 1 631 årsverk i 2015. Regjeringa er tilfreds med at utviklinga held fram med å gå i riktig retning.

I 2016 oppfylte 74 pst. av dei ordinære barnehagane pedagognorma utan å bruke dispensasjon frå utdanningskravet, mot 70 pst. i 2015 og 55 pst. i 2014. Dette er ei svært positiv utvikling. Utrekningar frå Utdanningsdirektoratet viser at barnehagane i 2016 mangla om lag 1 900 barnehagelærarar for å oppfylle pedagognorma utan bruk av dispensasjonar, målt i talet på personar. Mangelen har vore kraftig redusert i dei siste åra, frå 2 200 personar i 2015, 4 400 personar i 2013 og frå heile 7 300 personar i 2009. Årsakene er blant anna at veksten i sektoren har flata ut, talet på barn i barnehage har gått ned på grunn av mindre årskull, og talet på kandidatar frå barnehagelærarutdanninga er stabilt. Regjeringa er svært nøgd med den positive utviklinga.

Totalt 70 500 personar utgjer grunnbemanninga i barnehagane. 27 000 personar er tilsette som pedagogiske leiarar, noko som utgjer 38 pst. av grunnbemanninga. Dei øvrige i grunnbemanninga er ofte omtalte som assistentar, og er ei samansett gruppe som varierer mykje i både alder, yrkeserfaring og realkompetanse. Mange er tilsette i andre stillingar enn som assistent, til dømes som barne- og ungdomsarbeidar. Barnehagelova har utdanningskrav til styrar og pedagogisk leiar, men har ingen krav til kompetansen til dei øvrige tilsette.

Stadig fleire barnehagar har tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. I 2016 var 20 pst. av dei tilsette i grunnbemanninga barne- og ungdomsarbeidarar mot 17 pst. i 2013, jf. tabell 4.6. Regjeringa er nøgd med at delen fagarbeidarar stig, og legg til grunn at dette vil medverke til at barnehagen gir eit betre tilbod. Av dei andre i grunnbemanninga har nokre barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning, men dei fleste har inga formell utdanning for å arbeide med barn. 35 pst. av grunnbemanninga har verken høgre utdanning eller fagbrev.

I 2016 var det tilsett 6 700 personar i barnehagane (4 000 årsverk) for å jobbe med barn eller grupper av barn som krev ekstra ressursinnsats. Vidare var det tilsett 1 300 personar (400 årsverk) for å gi særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn, og av desse hadde 37 pst. utdanning som barnehagelærar eller anna høgre utdanning.

Personaltettleik

Barnehagelova stiller ikkje konkrete krav til personaltettleiken i barnehagen, men § 18 seier:

«Bemanningen må være tilstrekkelig til at personalet kan drive en tilfredsstillende pedagogisk virksomhet.»

Barnehageeigaren er ansvarleg for å sikre ei pedagogisk forsvarleg bemanning, og kommunen som barnehagemyndigheit er ansvarleg for å sjå til at lovkravet er oppfylt gjennom rettleiing og tilsyn. Kva som er tilstrekkeleg bemanning, må blant anna vurderast ut frå talet på barn i gruppa og kva for behov barna har.

I 2016 var det på nasjonalt nivå i gjennomsnitt seks barn per årsverk i grunnbemanninga i barnehagen, uendra frå 2015 (korrigert for alder og opphaldstid). Det er noko høgre personaltettleik i kommunale barnehagar (5,92 barn per årsverk) enn i private barnehagar (6,17 barn per årsverk).

Tabell 4.8 Utviklinga i personaltettleiken 2012–16

2012

2013

2014

2015

2016

Tal på barn per årsverk i grunnbemanninga (korrigert for alder og opphaldstid)

6,15

6,11

6,07

6,04

6,04

Talet på barn per årsverk i grunnbemanninga har gått noko ned i dei siste åra, og personaltettleiken har dermed auka og er tilfredsstillande i gjennomsnitt. Samstundes er det store forskjellar mellom dei enkelte barnehagane, og det har ikkje vore noka særleg endring frå 2015 til 2016. I 2016 hadde dei ti pst. barnehagane med lågast personaltettleik fleire enn 6,7 barn per årsverk, medan dei ti pst. barnehagane med høgst personaltettleik hadde færre enn 5,1 barn per årsverk, jf. tabell 4.9.

Tabell 4.9 Forskjellar i personaltettleik mellom barnehagar i 2015 og 2016

2015 Sterkaste 10 pst.

2016 Sterkaste 10 pst

2015 Svakaste 10 pst.

2016 Svakaste 10 pst.

Barn per pedagigsk leiar utan dispensasjon (årsverk)

12,0

11,9

22,4

21,4

Barn per barnehagelærar i grunnbemanninga

10,0

10,0

21,6

21,3

Barn per årsverk i grunnbemanninga

5,1

5,1

6,7

6,7

Regjeringa er ikkje tilfreds med at ulikskapen er så stor mellom barnehagane fordi dette inneber at ikkje alle barn får eit like godt barnehagetilbod.

Kompetanseutvikling

Forskingsgrunnlaget som er omtalt i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, viser at kompetansen til personalet i barnehagen er ein av dei viktigaste enkeltfaktorane for trivselen og utviklinga til barna. I 2016 blei det nytta 214 mill. kroner til kompetansetiltak for tilsette i barnehagane, sjå omtale under kap. 231 post 21.

Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 inneheld kompetanseutviklingstiltak retta mot alle grupper tilsette i barnehagen. Trøndelag Forskning og Utvikling evaluerer kompetansestrategien og har levert delrapportar i 2016 og 2017. Rapportane viser at strategien er godt kjent blant både private og kommunale barnehagestyrarar, men at det er dei kommunale barnehagane som i størst grad har tatt i bruk strategien og arbeidd med satsingsområda.

Tabell 4.10 viser delen av styrarar som har tilsette som enten deltar eller har deltatt i kompetanseutviklingstiltak i løpet av dei siste to åra. Regjeringa er tilfreds med tala, særleg at barnehagebaserte tiltak er mest utbreidd, sidan dette skal komme heile personalgruppa til gode.

Tabell 4.10 Delen styrarar som har tilsette som deltar eller har deltatt i tiltak i kompetansestrategien (pst.)

Har tilsette som deltar nå

Har tilsette som har deltatt siste to år

Barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak

22,9

18,8

Rettleiing av nytilsette, nyutdanna barnehagelærarar

19,9

19,6

Barnehagebasert fagbrev

16,1

16,8

Leiarutdanning for styrarar

14,5

17,9

Arbeidplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU)

13,7

10,2

Kompetansehevingsstudium for assistentar/fagarbeidarar

11,0

16,0

Vidareutdanning for pedagogar og barnehagelærarar

8,2

7,2

Tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB)

5,9

4,1

Barnehagefagleg grunnkompetanse

5,4

10,0

Mastergrad

4,4

3,5

Fagskoleutdanning i oppvekstfag

2,1

2,5

Ph.d.

0,3

0,3

Kjelde: Trøndelag Forskning og Utvikling, TFoU-rapport 2017: 1

Studieåret 2013–14 blei den tidlegare førskolelærarutdanninga erstatta av den nye barnehagelærarutdanninga (BLU). Ei følgegruppe nemnd opp av departementet hadde mandat fram til sommaren 2017 for å vurdere utviklinga og gi rettleiing til utdanningsinstitusjonane i omleggingsprosessen. Følgegruppa har levert årlege delrapportar, som viser at omlegginga frå fag til kunnskapsområde har vore ei krevjande reform som stiller store krav til samordning, samarbeid og leiing. Siste delrapport frå 2016 viste blant anna at det er utfordringar knytte til å få nok tid og ressursar til å utvikle tverrfagleg innhald og til samarbeid og koordinering innad på utdanningsinstituasjonane og mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt. Rapporten gjentar anbefalinga om kategoriheving av BLU for å kunne realisere reforma. Følgegruppa meiner at det er behov for å utvikle mastergradar som bygger på BLU, og behov for aktiv rekruttering av fagpersonar på høgt nivå. Følgegruppa leverer sluttrapport med tilrådingar til utdanningsinstitusjonane og regjeringa 19. oktober 2017.

Arbeidet med minoritetsspråklege barn og fleirkulturalitet er eit område der barnehagepersonalet ofte etterspør meir kompetanse, og departementet har finansiert satsinga Kompetanse for mangfold for perioden 2013–17, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Dette er ei satsing som skal medverke til at tilsette i barnehagane og grunnopplæringa får auka kompetansen sin på det fleirkulturelle området. Ein stor del av Kompetanse for mangfold blir gjennomført som barnehagebasert og skolebasert etterutdanning. NIFU gjennomfører ei følgeevaluering av satsinga, og sluttrapport kjem i februar 2018.

Rekruttering av kompetent personale

Barnehagelærarstudiet (BLU) er ei treårig utdanning på bachelornivå. Både talet på studentar, talet på søkarar med BLU som førsteval og talet på studentar som er gitt tilbod om studieplass på BLU, har auka dei siste åra. Mellom anna har det vore ein auke på 240 kvalifiserte søkarar som har BLU som førstevalet sitt, frå 2016 til 2017. Regjeringa er svært nøgd med at tala har stige så mykje.

Talet på kandidatar som blei uteksaminerte frå BLU, viser ein nedgang frå 2015 til 2016 med om lag 170 kandidatar. Utviklinga i dei siste åra viser at talet varierer noko rundt 2 000 per år. Regjeringa vil følge med på utviklinga.

Tabell 4.11 Studentar på barnehagelærarutdanninga 2013–17

2013

2014

2015

2016

2017

Tal på studentar på BLU

7 756

7 833

8 031

8 299

Uteksaminerte kandidatar

2 080

1 862

2 081

1 909

Kvalifiserte søkarar med BLU som førsteval

2 312

2 417

2 453

2 669

2 908

Tal på studentar med tilbod om studieplass på BLU

3 257

3 244

3 435

3 742

4 076

Kjelde: Database for høgre utdanning (DBH) og Samordna opptak

Moglegheitene for å ta barnehagelærarutdanning har blitt meir mangfaldige og tilgjengelege i dei seinare åra, med studieplassar fordelte på både ordinær barnehagelærarutdanning på heiltid eller deltid, variantar av nettbaserte og samlingsbaserte studium og arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). I tillegg kan andre typar pedagogar med minst tre års høgre utdanning kvalifisere seg for stillinga som pedagogisk leiar ved å ta vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Innhaldet i barnehagetilbodet

Barnehagelova med forskrifter er dei viktigaste styringsdokumenta for det faglege arbeidet i barnehagane. Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er forskrift til barnehagelova. Gjennom Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen gav regjeringa Stortinget høve til å diskutere viktige vegval med tanke på den langsiktige utviklinga av barnehagesektoren og revideringa av rammeplanen, jf. Innst. 348 S (2015–2016). For omtale av ny rammeplan, sjå under Strategiar og tiltak.

Som vist i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen er det ei utfordring at ikkje alle barn opplever eit trygt og inkluderande leike-, omsorgs- og læringsmiljø i barnehagen. Sjølv om regelverket samla sett stiller ein del krav til barnehagemiljøet, er ikkje regelverket like omfattande som for grunnopplæringa, og gir ikkje barn i barnehage og foreldra deira like gode rettar.

I dei fleste barnehagar er barna delte inn i relativt stabile grupper som ei fast personalgruppe har ansvaret for. Vanleg storleik på ei gruppe med små barn (null–to år) er ni barn, medan det for store barn (tre–fem år) og grupper med barn i alle aldrar er 18 barn. I samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 1008, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre bestemmelser i barnehageloven om at barn har rett til å tilhøre en barnegruppe og om barnegruppens størrelse.»

Regjeringa har i juni 2017 sendt ut til høyring forslag både om lovfesting av eit minimumskrav til grunnbemanninga (ei bemanningsnorm) og om skjerpa pedagognorm. Dersom Stortinget vedtar forslaget om bemanningsnorm vil endringane sikre minimum éin tilsett per barn under tre år og minimum éin tilsett per seks barn over tre år, noko som langt på veg vil sørge for at det ikkje skal vere for mange barn per vaksen. Dersom Stortinget vedtar ei skjerpa pedagognorm vil det sikre at det minimum skal vere éin pedagogisk leiar per sju barn under tre år og per 14 barn over tre år. Dette vil gi barna gode moglegheiter til å bli sett av barnehagelæraren sin og dermed få god oppfølging. På bakgrunn av kva som skjer med forslaga om bemanningsnorm og skjerpa pedagognorm vil departementet gjere ei vurdering av den vidare oppfølginga av vedtaket.

Dokumentasjon og kartlegging til hjelp i det pedagogiske arbeidet

I samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 789, 7. juni 2016, jf. Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til ny § 2 første ledd i barnehageloven som ivaretar et eventuelt behov for lovhjemling av barnehagens behandling av personopplysninger, men som på ingen måte legger til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

For å få eit utvida kunnskapsgrunnlag har regjeringa bedd om opplysningar frå sektoren gjennom den årlege spørjinga til Barnehage-Noreg. Den nye forskrifta om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017, legg eit godt grunnlag for det vidare lovarbeidet med behandling av personopplysningar. I tillegg vil ei nyoppnemnd ekspertgruppe sjå på rolla til barnehagelæraren og korleis rolla kan utviklast. Regjeringa vil komme tilbake til dette oppmodingsvedtaket på ein eigna måte.

I samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 791, 7. juni 2016, jf. Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak som klargjør hjemmelsgrunnlaget for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysninger. Det understrekes at det ikke skal legges til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

For å få eit utvida kunnskapsgrunnlag har regjeringa bedd om opplysningar frå sektoren gjennom den årlege spørjinga til Barnehage-Noreg. Den nye forskrifta om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017, legg eit godt grunnlag for det vidare lovarbeidet med innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysningar. I tillegg vil ei nyoppnemnd ekspertgruppe sjå på rolla til barnehagelæraren og korleis rolla kan utviklast. Regjeringa vil komme tilbake til dette oppmodingsvedtaket på ein eigna måte.

Barn med særlege behov

Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 19 a i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Det er kommunen som skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er den sakkunnige instansen som skal vurdere behovet. Foreldra må gi samtykke til både vurdering av og tilbod om spesialpedagogisk hjelp. Dersom eit barn flytter til ein annan kommune, skal vedtaket om spesialpedagogisk hjelp gjelde fram til det er fatta eit nytt vedtak i saka.

Som vist i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen er barn med særlege behov ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar. Samtidig treng det ikkje å ligge til grunn ein diagnose, for særlege behov kan innebere at barnet har eit behov som er meir omfattande enn vanleg for alderen. Utdanningsdirektoratet har rettleiingsmateriale om spesialpedagogisk hjelp på nettsidene sine.

Tabell 4.12 Barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp 2010–16

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Tal

6 213

6 482

6 577

6 959

7 799

7 944

8 290

Del

2,2

2,3

2,3

2,4

2,7

2,8

2,9

Delen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter tidlegare § 5-7 i opplæringslova eller § 19 a i barnehagelova, har auka litt i dei siste åra. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen er ofte knytt til utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar. Fram til 2011 fekk kommunane eit øyremerkt tilskott for å legge til rette for barn med funksjonsnedsettingar. Tilskottet var uavhengig av retten til spesialpedagogisk hjelp i opplæringslova. Det øyremerkte tilskottet blei overført til kommunane i samband med rammefinansieringa i 2011. Ei undersøking frå 2015 gjennomført av NTNU Samfunnsforskning peiker på at barn som tidlegare fekk ekstra ressursar gjennom det øyremerkte tilskottet, nå i større grad får tilbod om spesialpedagogisk hjelp. Desse funna kan tyde på at barna i større grad enn før må ha vedtak om spesialpedagogisk hjelp for å få tildelt ressursar i barnehagane. Dette kan gi meir byråkrati, utan at det nødvendigvis gir eit betre tilbod til barna. Departementet vil følgje med på denne utviklinga.

Fylkesmannen er klageinstans for klager som gjeld retten til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder. Fram til 1. august 2016 var retten heimla i opplæringslova § 5-7 (spesialpedagogisk hjelp) og § 2-6 (teiknspråkopplæring). Frå 1. august 2016 er denne retten heimla i barnehagelova § 19 a (spesialpedagogisk hjelp) og § 19 h (teiknspråkopplæring). I 2016 behandla fylkesmannen 50 klager på desse områda mot 71 klager i 2015. 45 klager gjaldt spesialpedagogisk hjelp, der fekk 19 medhald/delvis medhald. Fem klager gjaldt teiknspråkopplæring, der fekk ingen medhald/delvis medhald.

Den vide definisjonen av særlege behov gjer det vanskeleg å vurdere kvaliteten på det tilbodet barnehagen gir til barn som kan seiast å ha særlege behov. Regjeringa vurderer at det framleis er utfordringar på dette feltet, og at det er nødvendig med fleire tiltak for å sikre at barn med særlege behov får eit godt tilbod i barnehagen.

Arbeid mot omsorgssvikt, vald og overgrep

Dei tilsette i barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 22 i barnehagelova.

Statistisk sentralbyrå (SSB) fører statistikk over alle undersøkingar som barnevernet har starta og/eller avslutta i løpet av året, og kven som har meldt saka. Tal for 2016 viste at av påbegynte undersøkingar for barn i alderen eitt–fem år hadde barnehagen meldt 2 025 eller 16,7 pst. av sakene. Dette er ein liten nedgang frå 2014 og 2015, men talet på og delen melde saker frå barnehagen til barnevernet er relativt stabile. Av alle meldingar til barnevernet for barn i alderen eitt–fem år blei 16 pst. henlagde i 2016. Av meldingane frå barnehagane blei berre sju pst. henlagde. Regjeringa tar til etterretning at barnehagen melder 16,7 pst. av sakene for barn i alderen eitt–fem år, og at få meldingar frå barnehagen blir henlagde, og vil følge med på utviklinga.

Tabell 4.13 Påbegynte undersøkingar i barnevernet for barn 1–5 år

Påbegynte undersøkingar barn i alderen 1–5 år

Del av påbegynte undersøkingar barn i alderen 1–5 år melde av barnehagen

Påbegynte undersøkingar barn i alderen 1–2 år

Del av påbegynte undersøkingar barn i alderen 1–2 år melde av barnehagen

Påbegynte undersøkingar barn i alderen 3–5 år

Del av påbegynte undersøkingar barn i alderen 3–5 år meldt av barnehagen

2014

11 514

17,1 pst.

3 994

7,3 pst.

7 520

22,3 pst.

2015

11 693

16,8 pst.

4 041

6,5 pst.

7 652

22,2 pst.

2016

12 132

16,7 pst.

4 169

6,7 pst.

7 963

21,9 pst.

Mål: Eit tilgjengeleg barnehagetilbod for alle barn

Deltaking i barnehage

Retten til barnehageplass blei frå barnehageåret 2016–17 utvida til å omfatte barn som fyller eitt år i september eller oktober. Foreldre til barn som fyller eitt år i september og oktober, kan velje om barnet skal starte i barnehagen allereie i august eller i den månaden barnet fyller eitt år. For omtale av utviding av retten til plass for barn som fyller eitt år i november, sjå under Strategiar og tiltak.

Ved utgangen av 2016 gjekk om lag 282 600 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette svarer til ein dekningsgrad på 91,1 pst. for eitt- til femåringar, ein auke frå 90,4 pst. i 2015. Det har vore størst auke i dekningsgraden for eittåringane, med to prosentpoeng frå 69,7 pst. i 2015 til 71,7 pst. i 2016. Dette kan henge saman med at fleire eittåringar frå hausten 2016 hadde rett til plass frå den månaden dei fylte eitt år. Talet på barn i barnehage har i dei tre siste åra gått noko ned, men dette heng saman med mindre barnekull.

Tabell 4.14 Barnehagedeltaking 2015 og 2016

2015

2016

1–5 år

90,4

91,1

1–2 år

80,7

82,0

3–5 år

96,6

96,9

0 år

3,7

4,0

1 år

69,7

71,7

2 år

91,6

92,3

3 år

95,7

95,9

4 år

96,9

97,2

5 år

97,3

97,5

Om lag 6 500 barn som fylte eitt år etter 31. oktober, og dermed ikkje hadde rett til barnehageplass, gjekk i barnehage ved utgangen av 2016. Av desse var det 4 100 barn som hadde fylt eitt år i perioden 1. november–31. desember, og 2 400 barn som ennå ikkje hadde fylt eitt år ved årsskiftet.

Ventelistene i kommunane omfatta per 15. desember 2016 om lag 8 300 søknader om barnehageplass, ein nedgang frå 10 400 i 2015 og same nivå som i 2014. Det er ulike årsaker til at barn står på venteliste, men alle kommunar oppfyller retten til plass. 54 pst. av barna på venteliste har ikkje rett til plass på grunn av alderen. I ein del tilfelle har ikkje foreldra søkt om plass innan fristen for det kommunale hovudopptaket, eller foreldra har søkt plass i ein annan kommune enn der barnet bur. Talet inkluderer også barn der foreldra søker om plass i fleire kommunar samtidig, slik at barnet står på venteliste fleire stader, og barn som allereie har barnehageplass, men der foreldra søker om plass i ein annan barnehage. Det er flest barn på venteliste i Skedsmo og Oslo.

Opne barnehagar er eit tilbod som er regulert etter barnehagelova, men som kommunane ikkje har plikt til å gi. Opne barnehagar har eksistert sidan 1988 og er eit lågterskeltilbod som kommunane kan tilby familiar som ikkje bruker det ordinære barnehagetilbodet. Ein forelder eller annan omsorgsperson er saman med barnet, og det pedagogiske opplegget er leidd av ein barnehagelærar. I dei seinare åra har det vore ein reduksjon i talet på opne barnehagar, frå 278 opne barnehagar i 2005 med kapasitet til 7 900 barn, til 165 opne barnehagar i 2016 med kapasitet til 4 300 barn. Dette kan ha samanheng med auken i barnehagedeltaking for dei yngste barna. I same periode har dekningsgraden for eitt- og toåringar auka frå 53,9 pst. til 82,0 pst.

Minoritetsspråklege barn i barnehage

I barnehagesamanheng er definisjonen av minoritetsspråklege barn at barnet har ein annan språkleg og kulturell bakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. I 2016 gjekk om lag 46 300 minoritetsspråklege barn i barnehage, noko som utgjer 16 pst. av alle barnehagebarn. Dekningsgraden for minoritetsspråklege eitt- til femåringar var 79,4 pst. i 2016 mot 77,6 pst. i 2015. Til samanlikning var dekningsgraden 93,8 pst. i 2016 for barn i alderen eitt til fem år som ikkje er definerte som minoritetsspråklege, ein auke frå 92,3 pst. i 2015.

Tabell 4.15 Dekningsgrad minoritetsspråklege barn og øvrige barn 2015 og 2016

2015 Min.spr.

2015 Øvrige

2016 Min.spr.

2016 Øvrige

Totalt 1–5 år

77,6

93,2

79,4

93,8

1–2 år

57,6

85,9

59,7

87,5

3–5 år

91,1

97,8

92,9

97,7

1 år

40,2

76,6

42,1

79,1

2 år

75,4

95,2

77,7

95,8

3 år

87,8

97,4

90,2

97,2

4 år

92,5

97,8

93,7

97,9

5 år

93,2

98,1

94,9

98,1

Det er framleis slik at barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege fire- og femåringar er ganske lik deltakinga for øvrige fire- og femåringar, medan det er større forskjellar for dei yngre barna. For eittåringane er forskjellen 42,1 pst. mot 79,1 pst., for toåringane 77,7 pst. mot 95,8 pst. og for treåringane 90,2 pst. mot 97,2 pst. Samtidig har dekningsgraden for minoritetsspråklege barn auka for alle årskull frå 2015 til 2016. Samla for eitt- til femåringane har dekningsgraden for minoritetsspråklege barn auka med om lag to prosentpoeng. Regjeringa er nøgd med at deltakinga i barnehage for minoritetsspråklege barn har auka mykje i dei seinare åra, men ønsker at deltakinga på lengre sikt skal komme opp på nivå med den for øvrige barn.

For nærare omtale av inkludering, sjå Mål for inkludering i del III i Prop. 1 S (2017–2018) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Gratis kjernetid i barnehage

Den tidlegare områdesatsinga som omfatta gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn, blei avslutta frå statleg side våren 2016 (Groruddalen) og våren 2017 (Oslo Sør). I staden innførte regjeringa i 2015 ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage for alle fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt, uansett språkleg bakgrunn. Barna har rett til 20 timar gratis barnehage per veke. Ordninga blei frå 1. august 2016 utvida til å omfatte treåringar frå familiar med låg inntekt, og inntektsgrensa blei sett til 417 000 kroner. Som følge av budsjettavtalen med samarbeidspartia om revidert nasjonalbudsjett for 2017 er inntektsgrensa frå 1. august 2017 auka til 450 000 kroner, jf. Innst. 401 S (2016–2017).

Det er estimert at om lag 27 000 barn har rett til gratis kjernetid etter denne ordninga i 2017, og at 25 000 barn hadde rett i 2016. Tal frå kommunane i rapporteringssystemet BASIL viser at om lag 18 000 barn brukte tilbodet om gratis kjernetid i 2016. Regjeringa har merka seg at det er færre barn som bruker tilbodet, enn dei som har rett til det. Ei årsak kan vere at familiane ikkje kjenner til ordninga, eller at søknadsprosessen er krevjande, jf. omtale under Strategiar og tiltak.

Foreldrebetaling

I 2017 er maksimalprisen for foreldrebetalinga 2 730 kroner per månad og 30 030 kroner per år. Regjeringa er opptatt av at nivået på foreldrebetalinga for ein barnehageplass ikkje skal hindre familiar i å kunne ha barnet i barnehage, og frå 1. mai 2015 blei det innført eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Kravet er at foreldrebetalinga for ein heiltidsplass maksimalt skal utgjere seks pst. av kapital- og personinntekta til hushaldet, med maksimalprisen som ei øvre grense. Per 1. august 2017 har alle husstandar med inntekt under 500 500 kroner rett til reduksjon i foreldrebetalinga. Tiltaket gir ein betre sosial profil på foreldrebetalinga og legg til rette for at fleire barn kan få gå i barnehage. Det er estimert at i overkant av 50 000 barn hadde rett til moderasjon etter denne ordninga i 2016, men berre 33 000 barn fekk redusert foreldrebetaling. Regjeringa har merka seg at det er færre barn som bruker tilbodet, enn dei som har rett til det. Ei årsak kan vere at familiane ikkje kjenner til ordninga, eller at søknadsprosessen er krevjande, jf. omtale under Strategiar og tiltak.

SSB har ei årleg undersøking av foreldrebetalinga i barnehagen. Rapporten viser at den gjennomsnittlege betalinga per månad på landsbasis i januar 2017 var 2 370 kroner. I tillegg blei det på landsbasis kravd inn gjennomsnittleg 290 kroner i kostpengar og andre tilleggsutgifter per månad, slik at eit gjennomsnittleg hushald betalte 2 660 kroner for ein barnehageplass i januar 2017. Dette er ein auke på 0,9 pst. frå januar 2016, medan maksprisen auka med 2,8 pst. i same periode.

Mål: Føreseielege rammevilkår som medverkar til mangfald og likeverd i barnehagesektoren

Tilsyn med barnehagesektoren

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for styringa av fylkesmannen på barnehageområdet, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet. Ei av hovudoppgåvene til fylkesmannen på barnehageområdet er å føre tilsyn med og gi rettleiing til kommunen som barnehagemyndigheit. Dette er eit viktig verkemiddel for å bidra til å sikre at barnehagelova blir følgd, og at kvaliteten på tilbodet er høg. Tilsyn, informasjon, rettleiing og klagesaksbehandling skal medverke til å sikre rettstryggleiken til barn og foreldre. Fylkesmannen har også høve til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar i særlege tilfelle. Direktoratet har i 2016 utvida det elektroniske eigenvurderingsverktøyet RefLex til å omfatte barnehageområdet, slik at kommunen som barnehagemyndigheit enklare kan vurdere sin eigen praksis opp mot regelverket. For meir omtale av RefLex, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Oppsummeringa av årsrapportane for 2016 frå dei 18 fylkesmannsembeta viser at det blei gjennomført i alt 102 tilsyn på barnehageområdet. Dei fleste tilsyna har omfatta kontroll med kommunens bruk av verkemiddel (rettleiing av og tilsyn med barnehagar). Eitt tilsyn innheld ofte meir enn eitt tema.

Tabell 4.16 Tilsynstema på barnehageområdet 2016

Kommunens bruk av verkemiddel (rettleiing og tilsyn)

61

Opplysningsplikt til barnevernstenesta

21

Kravet til styrarressurs og pedagogisk bemanning

17

Kommunen som godkjenningsmyndigheit

15

Dispensasjon frå utdanningskravet

11

Finansiering av private barnehagar

11

Politiattest

8

Dispensasjon frå pedagognorma

4

Familiebarnehagar

3

Gratis kjernetid

3

Vedtak om spesialpedagogisk hjelp

2

Samordna opptak

1

Funna frå fylkesmannens tilsyn i 2016 viser at det er ein reduksjon i talet på regelverksbrot, men at det framleis er store manglar i etterlevinga av regelverket på barnehage- og opplæringsområdet. Kommunane som barnehagemyndigheit har framleis manglar når det gjeld lovforståinga og forvaltningskompetansen. For at rettleiinga av og tilsynet med barnehagane skal føre til at barnehagane følger regelverket, er det avgjerande at kommunen som barnehagemyndigheit både bruker regelverket og har riktig forståing av kva regelverket krev. Samtidig viser resultata frå tilsyna 2016, til liks med resultata frå både 2014 og 2015, at læring gjennom tilsyn fører til at kommunane som barnehagemyndigheit korrigerer brot på regelverket på eit tidlegare tidspunkt i prosessen, noko som er svært positivt.

Fylkesmannen behandla i 2016 totalt 124 klager etter barnehagelova med forskrifter, noko som er ein reduksjon frå 136 klager i 2015 og 178 klager i 2014. Den viktigaste enkeltårsaka til nedgangen er færre klager etter forskrifta om tildeling av tilskott til private barnehagar. Utdanningsdirektoratet meiner at reduksjonen kan komme både av at kommunane har større regelverksetterleving i utrekninga av tilskott enn før, og av at auken av tilskottet til private barnehagar gjer at desse finn mindre grunn til å klage på vedtaket i kommunen. Øvrige klager i 2016 gjeld § 10 om godkjenning (4), § 16 om tilsyn (5) og forskrift om rekneskapsplikt for godkjente private barnehagar (1). 38 pst. av klagene fekk ikkje medhald av fylkesmannen.

Ei spørjing til Barnehage-Noreg i 2016 viste at 70 pst. av kommunane i kraft av å vere barnehagemyndigheit seier at fylkesmannen er ein viktig medspelar. Regjeringa merkar seg at kommunane er relativt godt nøgde med samarbeidet med og støtta frå fylkesmannen, men at det er rom for betring.

Økonomiske rammevilkår for barnehagane

I 2016 utgjorde dei private barnehagane 53 pst. av alle barnehagar, og 49 pst. av barna gjekk i ein privat barnehage. Det er stor variasjon mellom dei private barnehagane, som små einingar med éin enkelt eigar, foreldreeigde barnehagar, studentbarnehagar og store kjeder med mange einingar. Ein rapport frå Telemarksforsking viser at totale kostnader til barnehagar utgjer 49 mrd. kroner i 2015. Av desse er 26 mrd. kostnader i kommunale barnehagar og 23 mrd. i private barnehagar. Kommunen finansierer 83,7 pst. av kostnadene i ordinære kommunale barnehagar, og 81,2 pst. i dei private barnehagane. Foreldrebetaling, inkludert kostpengar, står for 14,3 pst. av finansieringa for kommunale barnehagar og 15,1 pst. for de ordinære private barnehagane. I familiebarnehagane står foreldrebetalinga for 14,4 pst. av finansieringa, medan det kommunale tilskottet finansierer 83,8 pst. Andre typer inntekter og støtte utgjer resten av finansieringa.

Frå 1. januar 2016 har dei private barnehagane krav på 100 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. Forskrift om tildeling av tilskott til private barnehagar fører vidare prinsippet om at tilskottet skal bli berekna ut frå utgiftene i dei kommunale barnehagane i kommunen, men for å gjere ordninga meir treffsikker er det innført eit fast prosentpåslag for pensjonsutgifter og eit differensiert kapitaltilskott basert på nasjonale satsar. Ein rapport frå Telemarksforsking viser at dei kommunale barnehagane hadde eit høgre kostnadsnivå enn dei private barnehagane i 2015, men at forskjellane i kostnader er betydeleg mindre i 2015 enn for tidlegare år. Forskjellen i kostnader til ordinær drift er om lag 4 900 kroner per alderskorrigert heiltidsplass, noko som tilsvarer 3,7 pst. av kommunalt kostnadsnivå. I 2014 var tilsvarande tal 9,1 pst. Som følge av den styrkte finansieringa av private barnehagar frå 1. januar 2016 forventar departementet at forskjellane i kostnader og finanseringskjelde mellom dei private og dei kommunale barnehagane blir mindre i 2016 enn i 2015.

Kunnskapsdepartementet sende 12. juni 2017 ut brev til alle fylkesmannsembeta for å klargjere regelverket om tildeling av tilskott til private barnehagar. Bakgrunnen var at fleire kommunar hadde innført nye retningslinjer for private barnehagar som prioriterte ideelle barnehagar framfor kommersielle barnehagar som tar ut verdiar frå barnehagane, blant anna som utbytte. Klargjeringa frå departementet slår fast at kommunane ikkje har heimel til å innskrenke barnehageeigarens høve til eit rimeleg årsresultat som grunnlag for avsetning til utbytte, verken gjennom vilkår for tilskott eller vektlegging av driftsform ved avgjersla om å tildele tilskott. I barnehagelova er eit årsresultat definert som rimeleg når barnehagen ikkje har vesentleg lågare personalkostnader enn kommunen, kun har belasta barnehagen med kostnader som vedkjem den godkjente drifta, og internfaktureringar og avtalar mellom interne partar er baserte på marknadsvilkår. Vidare slår departmentet fast at kommunane har moglegheit til å prioritere kommunal utbygging framfor å gi tilskott til private så framt kommunen kan oppfylle retten til barnehageplass.

I behandlinga av Dokument 8:43 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Torgeir Knag Fylkesnes, Snorre Serigstad Valen og Kirsti Bergstø om profittfri barnehage fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 681, 23. mai 2017, jf. Innst. 283 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere om barnehagers rett til etablering og utvidelse bør endres for å ivareta mangfoldet av aktører, og komme tilbake til Stortinget med dette på egnet måte.»

Regjeringa vil vurdere dette og komme tilbake til vedtaket på eigna måte.

Strategiar og tiltak

Mål: Barnehagar med høg kvalitet som fremmer trivsel, leik og læring

Tiltak for å fremme meir kunnskap om barnehagen

Forskingsprogrammet FINNUT (2014–2023) er finansiert av Kunnskapsdepartementet gjennom Noregs forskingsråd og skal støtte forsking og innovasjon for å fornye og styrke norsk utdanning. FINNUT finansierer ei rekke forskingsprosjekt på barnehageområdet, og departementet forventar meir kunnskap om barnehagar etter kvart som prosjekta blir ferdigstilte. Departementet vil føre vidare styrkinga av barnehageforskinga, mellom anna gjennom strategien for utdanningsforsking Kvalitet og relevans 2014–2019 . Fleire store forskingsprosjekt er i gang og vil gi nye resultat i åra som kjem. Gjennom Utdanningsdirektoratet deltar Noreg også i internasjonale studiar som skal gi kunnskap om barnehagekvalitet.

For å styrke det faglege miljøet for barnehageforsking har Noregs forskingsråd på oppdrag frå departementet lyst ut midlar til eitt eller to nye forskingsmiljø for barnehagerelevant forsking. Departementet vil finansiere styrkinga med inntil 10 mill. kroner årleg i fem år. FINNUT fekk i mai 2017 inn seks søknader, og avgjerda blir etter planen tatt hausten 2017.

I Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen varsla regjeringa ei ny innovasjonsordning for barnehagesektoren og grunnskolesektoren. Ordninga legg opp til at forskarar og lokale skole- og barnehagemyndigheiter eller -eigarar saman kan søke om midlar til å prøve ut og evaluere verknader av tiltak i barnehage og skole. Det vil vere opp til forskarane og lokale myndigheiter eller eigarar å utforme innhaldet i forskings- og utviklingsprosjekta innanfor nokre tematisk overordna rammer. Innovasjonsordninga skal ha høge krav til kvaliteten i forskingsdesigna, og tiltaka skal vere forankra i praksisfeltet. Tildelinga av midlane skal vere konkurranseutsett, og det er kun den faglege kvaliteten på søknadene som vil vere utslagsgivande for tildeling. Regjeringa tar sikte på eit barnehageprosjekt i innovasjonsordninga i 2018.

I desember 2017 legg SSB, på oppdrag frå departementet, fram resultata frå Barnetilsynsundersøkinga. Rapporten vil blant anna gi kunnskap om barnehagedeltaking og kjennskap til og bruk av den nasjonale ordninga med reduksjon i foreldrebetalinga for familiar med låg inntekt og ordninga med gratis kjernetid for tre- til femåringar i familiar med låg inntekt.

Krav til personalet i barnehagen

Regjeringa har i den politiske plattforma si lovd å løfte kvaliteten i barnehagane og utdanne fleire pedagogar. Regjeringa viser til at dei tilsette er den viktigaste ressursen i barnehagen, og at god kvalitet i barnehagen er avhengig av kompetansen deira.

I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2017 blei det løyvd 172,2 mill. kroner til fleire barnehagelærarar over kap. 231 post 60, jf. Innst. 14 S (2016–2017). I revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei det vedtatt at løyvinga skulle overførast til rammetilskottet til kommunane, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Samtidig blei det varsla at løyvinga skulle finansiere ei skjerping av pedagognorma, sjå meir omtale av dette og oppmodningsvedtak nr. 38 under overskrifta Ny minimumsnorm for grunnbemanninga og ei skjerpa pedagognorm i barnehagen . Regjeringa foreslår å auke løyvingane til kommunane med om lag 250 mill. kroner for å dekke heilårseffekten av satsinga. Dermed blir den totale løyvinga til kommunane til skjerpa pedagognorm 424 mill. kroner i 2018, justert for auka kroneverdi.

Regjeringa har ein ambisjon om å skjerpe kompetansekravet ytterlegare, men det må vurderast i lys av utviklinga i talet på barnehagelærarar som blir utdanna, og som blir i yrket. Departementet vurderer – i lys av utviklinga i dei siste åra, framskrivingar gjorde av SSB (Lærermod) og analyse gjord av NOVA – at det vil vere nok barnehagelærarar til å oppfylle eit krav om 50 pst. barnehagelærarar i grunnbemanninga seinast tidleg på 2020-talet.

Kunnskapsdepartementet har i juni 2017 fastsett ei endring i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar om at eit barn blir rekna for å vere over tre år frå og med august det året barnet fyller tre år. Denne endringa tredde i kraft frå 1. august 2017. Tidlegare kunne barnehagen i samband med pedagognorma rekne eit barn som over tre år allereie frå januar i det kalenderåret barnet fylte tre år. Regjeringa meiner at dette var til ulempe for dei yngste barna, sjølv om undersøkingar viste at majoriteten av barnehagane ikkje nytta høve til å rekne barna som tre år frå 1. januar. Regjeringa legg til grunn at endringa i forskrifta ikkje krev auka statlege overføringar, fordi dei statlege overføringane til kommuneramma har som føresetnad at treåringane reknast som store frå og med 1. august det året dei fyller tre år.

Regjeringa har i den politiske plattforma si lovd å styrke bruken av norsk og språkutviklinga i barnehagen for å førebu barna på skole og utdanning og gi nødvendig hjelp til barn som har svake språkdugleikar. Eitt av tiltaka i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen var at regjeringa vil ta sikte på å lovfeste eit krav til norskspråkleg kompetanse hos dei tilsette i barnehagen.

I behandlinga av meldinga fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 796, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.»

Regjeringa er i gang med oppfølginga av vedtak nr. 796, og har hausten 2017 oversendt til Stortinget eit lovforslag om at det i tilsetting i barnehage blir stilt krav om norskspråkleg kompetanse, jf. Prop. 170 L (2016–2017) Endringer i barnehageloven (krav til norskspråklig kompetanse) . Kunnskapsdepartementet legg til grunn at innføring av lovkravet ikkje krev auka statlege overføringar. Departementet vil særleg følge med på utviklinga av kapasiteten for norskprøve for innvandrarar, og vurdere om lovkravet medfører behov for auka løyving slik at prøvekapasiteten kan bli utvida. Regjeringa vil komme tilbake til den delen av vedtak nr. 796, 7. juni 2016 som gjeld samiske barnehagar, på ein eigna måte. Dette heng saman med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk .

Regjeringa sende 12. juni 2017 ut til høyring eit forslag om å innføre forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekker ansiktet i barnehagar og utdanningsinstitusjonar. Forbodet vil gjelde i både offentlege og private institusjonar. Høyringsforslaget inneber endringar i barnehagelova. Høyringsfristen var 20. september 2017, og Kunnskapsdepartementet følger opp saka.

Ny minimumsnorm for grunnbemanninga i barnehagen og ei skjerpa pedagognorm

Eit regelverk som tillèt for store lokale variasjonar i grunnbemanninga, sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad eit likeverdig barnehagetilbod for alle barn. Regjeringa har i den politiske plattforma si lovd å innføre ei bemanningsnorm i barnehagane innan 2020.

I samband med behandlinga av Dokument 8:101 S (2014–2015) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 38, 24. november 2015, jf. Innst. 47 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen legge fram en plan for innfasingen av en bemanningsnorm, der det vurderes om krav om 50 pst. barnehagelærere bør være en del av planen.»

Regjeringa har følgt opp første del av vedtak nr. 38, 24. november 2015 ved å sende ut til høyring i juni 2017 eit forslag om å lovfeste eit minimumskrav til grunnbemanninga (ei bemanningsnorm) som sikrar at det minimum skal vere éin tilsett per tre barn under tre år og éin tilsett per seks barn over tre år. Høyringsfristen er 13. oktober 2017.

Regjeringa legg til grunn at bemanningsnorma allereie i gjennomsnitt er oppfylt i kommunale barnehagar. Sidan dei private barnehagane frå 1. januar 2016 har hatt krav på 100 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansering, er det lagt til rette for at også dei private barnehagane kan auke bemanninga for å komme opp på samme nivå som dei kommunale.

Regjeringa har følgt opp siste del av vedtak nr. 38, 24. november 2015 ved å sende ut til høyring i juni 2017 eit forslag om å skjerpe pedagognorma til eit minstekrav om éin pedagogisk leiar per sju barn under tre år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. Gjeldande minstekrav er éin pedagogisk leiar per sju–ni barn under tre år og éin pedagogisk leiar per 14–18 barn over tre år. Høyringsfristen er 13. oktober 2017. Regjeringa tar sikte på at endringa i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar skal tre i kraft 1. august 2018. Regjeringa har ein ambisjon om å skjerpe kompetansekravet ytterlegare. Sjå meir om krav til kompetansen blant dei tilsette under overskrifta Krav til personalet i barnehagen .

Tiltak for kompetanseutvikling og rekruttering

Regjeringa la i september 2017 fram Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022. Strategien er ei vidareføring og vidareutvikling av den opprinnelege strategien. Bakgrunnen for revideringa var eit utvida kompetansebehov som følge av ny rammeplan for barnehagen. Strategien skal støtte opp om barnehageeigarane sitt arbeid med kompetanseutvikling og bidra til at dei tilsette får moglegheit til vidareutdanning både på fagskole-, bachelor- og mastergradsnivå. I løpet av strategiperioden skal det utviklast nasjonale rammer for barnehagefagleg grunnkompetanse, som sikrar at alle tilsette får eit minimum av barnehagefagleg grunnkompetanse. Gjennom barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak skal personalet i fellesskap få auka kompetanse på særskilte område.

I den reviderte strategien understreker regjeringa rollene og ansvaret til dei ulike aktørane for kompetanseutviklinga i sektoren og betydninga av eit godt samarbeid. Fylkesmannen har lang erfaring med å koordinere regionale kompetansenettverk der kommunane som barnehagemyndigheit, kommunale og private eigarar, barnehagar og relevante fagmiljø deltar. I samband med den reviderte strategien skal nettverka vidareutviklast til regionale samarbeidsforum som skal prioritere tiltak i regionen.

Kompetanseutviklingstiltaka er også gode tiltak for å rekruttere kompetent personale til barnehagen. Regjeringa vil føre vidare ordninga med tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar som har tilsette på kompetansehevingstiltak. Satsinga på vidareutdanningstilbod til barnehagelærarar og arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) for fagarbeidarar og erfarne assistentar vil halde fram. Det er nå tilbod om vidareutdanning for barnehagelærarar innanfor fire fordjupingsområde: læringsmiljø og pedagogisk leiing, naturfag og matematikk, språkutvikling og språklæring og rettleiing for praksislærarar. Regjeringa ønsker å auke delen assistentar som har utdanning som fagarbeidarar. Tilbodet om fagskoleutdanning i oppvekstfag, som blei oppretta i 2016 med 260 studieplassar, er styrkt med 335 studieplassar i 2017. Det er nå tilbod om fagskoleutdanning innanfor tre fordjupingsområde: barn med særskilde behov, arbeid med språk, fleirspråklegheit og fleirkulturell kompetanse, og arbeid med dei yngste barna (0–3 år) i barnehagen.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 800, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sikre tiltak som kan rekruttere flere menn til å arbeide i barnehagesektoren.»

Regjeringa legg til grunn at vedtaket er oppfylt gjennom den reviderte kompetansestrategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022 , som blei lagd fram i september 2017. Den reviderte strategien presiserer at barnehageeigar har ansvar for å ta i vare likestillingsperspektivet i rekrutteringa av tilsette. Det blir vist til at likestilling og likeverd skal ligge til grunn for all verksemd og pedagogikk i barnehagen og at aktørane bør arbeide for at dei tilsette speglar mangfaldet i samfunnet i kjøn og etnisitet. Strategien omfatter oppdrag til fylkesmannen om å vidareutvikle dei regionale nettverka til regionale samarbeidsforum med ansvar for å prioritere, innrette og dimensjonere tiltak i regionen på alle områda i strategien. Det blir vist til tiltaket Lekeressurs som eit eksempel på rekrutteringsarbeid som på sikt skal bidra til å få fleire menn til å jobbe i barnehagen. Fylkesmannen i Oppland, Dronning Mauds Minne Høgskolen, Likestillingssenteret og Østlandsforskning har starta opp eit forskings- og innovasjonsprosjekt for å sjå på kva for faktorar som skal til for å rekruttere menn til å arbeide i barnehagen.

Regjeringa la i juni 2017 fram strategien Lærerutdanningene 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene , som også omfatter barnehagelærerutdanninga. Gjennom arbeidet med strategien er det utvikla felles målsettingar som både universitets- og høgskolesektoren, lærarorganisasjonane, KS og andre aktørar kan stille seg bak. Hensikten er å få enda betre lærarutdanningar, og dermed betre barnehagar og skolar. For nærare omtale, sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Den første tida som nyutdanna lærar i barnehage og skole legg eit viktig grunnlag for vidare yrkesutøving og profesjonell utvikling. Utdanninga aleine kan ikkje førebu lærarane på alle sider ved yrket, og dei nyutdanna skal kunne forvente at arbeidsgivaren har eit system som støttar dei i overgangen frå utdanning til yrke, og som medverkar til at dei blir inkluderte i eit profesjonsfellesskap. På bakgrunn av dette vil regjeringa i samarbeid med partane utforme nasjonale rammer for ei rettleiingsordning for nyutdanna lærarar. Alle nytilsette skal vere omfatta av ordninga, som skal gi rom for lokal tilpassing. For nærare omtale, sjå under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Ekspertgruppe som skal sjå på barnehagelærarrolla

Regjeringa meiner at barnehagelæraren er nøkkelen til ein god barnehage, og at det er behov for å sjå nærare på rolla til barnehagelæraren for å få eit betre kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet med å løfte profesjonen. Regjeringa har nyleg sett ned ei ekspertgruppe som skal sjå på barnehagelærarrolla. Mandatet seier at gruppa skal beskrive, klargjere og analysere korleis barnehagelærarrolla blir utøvd, både i det pedagogiske arbeidet med barna og i leiing og rettleiing av dei andre tilsette i barnehagen. Dette inneber òg å vurdere styrarens rolle og betydning for det pedagogiske arbeidet. Gruppa skal også gi råd om korleis profesjonen og utdanninga kan utviklast vidare for å sikre høg kvalitet i framtidas barnehagar. Gruppa skal skaffe eit kunnskapsgrunnlag som aukar forståinga av rolla og profesjonsfellesskapet til barnehagelæraren. Rapport skal avleverast 1. desember 2018.

Innhaldet i barnehagetilbodet

Forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er eit viktig styringsdokument som legg premissane for høg kvalitet på barnehagetilbodet. Rammeplanen frå 2006 har vore gjennom ei grundig revidering som har ført til ein ny rammeplan. I utarbeidinga av ny rammeplan har departementet mellom anna basert seg på forslaga i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Stortinget si behandling av meldinga, jf. Innst. 348 S (2015–2016). I tillegg har det vore ein brei prosess med innspel frå ulike aktørar i sektoren, høyringskonferansar i alle fylke og om lag 600 innsende høyringssvar. Ny rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tredde i kraft 1. august 2017.

Rammeplanen finst tilgjengeleg på bokmål, nynorsk, lulesamisk, sørsamisk og nordsamisk på nettsidene til Utdanningsdirektoratet. Direktoratet har ansvaret for å utvikle og publisere frivillig støttemateriale til bruk i barnehagane, sjå nettstaden udir.no/rammeplan. I tillegg har direktoratet i august 2017 publisert ein oppdatert versjon av ståstadsanalysen for barnehagar, dette som eit nyttig verktøy for barnehagane i vurderinga og utviklinga av deira eigen praksis sett i lys av ny rammeplan.

I Meld. St. 19 (2015–2016) var eitt av tiltaka at ny rammeplan skulle ha tydelege krav til arbeidet for eit godt leike-, omsorgs- og læringsmiljø. Dette er følgt opp i ny forskrift for rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 792, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om egen lovhjemmel om et trygt omsorgs- og læringsmiljø, jf. opplæringsloven § 9a.»

Regjeringa har starta arbeidet med oppfølging av vedtak nr. 792 og vil komme tilbake til vedtaket på ein eigna måte.

Innsatsen for å sikre trygge og gode miljø utan mobbing i barnehagar er ei høgt prioritert oppgåve for regjeringa. I budsjettforslaget for 2018 blir den omfattande satsinga til regjeringa på kompetansetiltak som skal styrke barnehagane og skolane si evne til å førebygge, avdekke og handtere mobbing, ført vidare. Kompetansesatsinga skal støtte barnehagar og skolar i arbeidet for å skape gode og inkluderande fellesskap for barn og unge. Barnehagar og skoler i kommunar med særlege utfordringer får tilbod om direkte støtte og rettleiing frå eksterne rettleiarar. Vidare blir det utvikla samlingsbaserte kompetansetiltak for dei som har behov for noko støtte. For barnehagar som ønsker å vidareutvikle kompetansen sin på området, blir det utvikla nettkurs for alle tilsette. Eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning er eitt av dei fire tematiske satsingsområda i den reviderte kompetansestrategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022 , som blei lagd fram av regjeringa hausten 2017.

Frå hausten 2018 vil det bli sett i gang ei ordning med fylkesvise eller regionale mobbeombod. Staten bidrar med halve kostnaden. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å avklare og konkretisere mandat og arbeidsområde for dei nye omboda. Både barnehage og skole skal vere ein del av oppdraget, og det skal leggast særleg vekt på at omboda får ei uavhengig stilling i høve til andre aktørar på barnehage- og skoleområdet. Direktoratet skal i tillegg gjere ein grenseoppgang mellom dei nye omboda og dei allereie etablerte elev- og lærlingomboda.

Kunnskapsdepartementet leier Partnarskap mot mobbing , der 13 organisasjonar med tilknyting til barnehage og skole deltar. Det er vedtatt ein eigen handlingsplan for perioden 2017–18, der partnarane forpliktar seg til konkrete tiltak, både i sin eigen organisasjon og i samarbeid med andre deltakarar i partnarskapet. Hovudmålet for perioden er å auke kompetansen til barnehage- og skoleeigarar og til personalet i barnehagar og skolar i å avdekke og handtere mobbing. Tiltaka er både nasjonale og lokale.

I statsbudsjettet for 2017 er løyvinga til Barneombodet auka, slik at ombodet kan rådgi fleire barn og familiar som står i vanskelege situasjonar med mobbing. Nettstaden nullmobbing.no er etablert og gir informasjon om kvar mobbeofra og familiane deira kan få hjelp og støtte i mobbesaker.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 794, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre målene for barnehagens arbeid med språk og sette mål for hvordan barnehagen skal arbeide med lek, omsorg og sosial kompetanse.»

Regjeringa legg til grunn at vedtak nr. 794 er oppfylt gjennom ny forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017. I den nye rammeplanen er arbeidet med språk, leik, omsorg og sosial kompetanse bredt omtalt, blant anna:

  • «Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. I barnehagen skal barna få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Ein skal sjå arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk i samanheng og samla bidra til den allsidige utviklinga til barna.»

  • «Barnehagen skal vere bevisst på at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, medrekna teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. I barnehagar for samiske barn i samiske distrikt skal barnehagen fremje den samiskspråklege kompetansen til barna.»

  • «I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som òg verdset omsorgshandlingane til barna.»

  • «Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.»

  • «Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt saman med andre og omfattar ferdigheiter, kunnskapar og haldningar som blir utvikla gjennom sosialt samspel. I barnehagen skal alle barn kunne erfare å vere viktige for fellesskapet og vere i positivt samspel med andre barn og vaksne. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap. Sjølvkjensla til barna skal støttast, samtidig som barna får hjelp til å meistre balansen mellom å dekkje sine eigne behov og ta omsyn til andre sine behov.»

Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Arbeidet med språkutviklinga til barna og kvaliteten på språkarbeidet varierer mykje, og ei årsak er manglande kompetanse. Som ein del av løyvinga i 2018 til tidleg innsats i barnehage og skole foreslår regjeringa å løyve om lag 5 mill. kroner til i overkant av 100 fleire plassar i vidareutdanning for barnehagelærarar innanfor temaet språkutvikling og språklæring, jf. omtale under kap. 231 post 21.

Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019) for barnehagen og grunnopplæringa har som mål å styrke språk-, lese- og skrivedugleikane til alle barn og elevar, og på den måten også den faglege kompetansen deira. Strategien har tre hovudtiltak: nettbasert kompetansemateriale for lærarar, introduksjonssamlingar og støtte til lokalt utviklingsarbeid for dei kommunane som får status som språkkommune. Regjeringa vil føre vidare satsinga i 2018. Gjennom Språkløyper er det òg etablert ei tilskottsordning der private, frivillige og ideelle organisasjonar kan søke om tilskott til å drive lesestimuleringstiltak. Regjeringa foreslår å utvide denne ordninga i 2018. Ein del av tilskottet skal også nyttast til å styrke skolebiblioteka og folkebiblioteka i arbeidet deira med lesestimulering.

I 2017 blei det over Kunnskapsdepartementets budsjett løyvd 800 000 kroner for å styrke det kvenske barnehagetilbodet. Dette var eit nytt tiltak i 2017. Regjeringa foreslår å føre vidare løyvinga til språktilbod for kvenske barn i barnehage på same nominelle nivå som i 2017, jf. kap. 231 post 21.

Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Strategien skal mobilisere og forplikte barnehagar, skolar og kommunar til endring lokalt. Realfagskommunar er eit sentralt verkemiddel i strategien. Realfagskommunane skal utvikle ein lokal strategi for å arbeide systematisk med å forbetre kompetansen og resultata i realfag frå barnehage til fullført grunnskole. Realfagsløyper er eit nytt tiltak i strategien frå 2017. Gjennom dette tiltaket vil det bli utvikla kompetanseutviklingspakker til dei som arbeider i barnehage og skole, tilsvarande dei som er laga i Språkløyper . Kompetanseutviklinga skal foregå i barnehagen og skolen for å styrke kunnskap om lokalt utviklingsarbeid.

I samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 1009, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan barnehagen kan støttes i å legge til rette for gode tilvenningsrutiner.»

Regjeringa legg til grunn at vedtaket er oppfylt gjennom ny forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017. I den nye rammeplanen står det at barnehagen i samarbeid med foreldra skal leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. Når barnet begynner i barnehagen, skal personalet sørgje for tett oppfølging den første tida, slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære. I årsplanen skal det komme fram korleis barnehagen arbeider med tilvenjing av nye barn.

Barn med særlege behov

Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er viktig for å hjelpe barn med særlege behov. Regjeringa viser til ei rekke tiltak som skal medverke til eit betre barnehagetilbod for alle barn, men som vil vere til ekstra hjelp for barn med særlege behov: ny og tydelegare rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, revidert kompetansestrategi og satsing på kompetanseutvikling for dei tilsette, forslag om skjerpa pedagognorm og forslag om innføring av bemanningsnorm.

I mars 2017 oppretta regjeringa ei ekspertgruppe som skal gi eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for tilrettelagde tiltak og spesialpedagogiske tilbod i barnehage og skole. Ekspertgruppa skal foreslå verkemiddel og tiltak som kan gi ein meir inkluderande praksis og sørge for at alle barn får den opplæringa dei har krav på. Rapport skal avleverast våren 2018.

Satsinga 0–24-samarbeidet (2015–2020) er eit samarbeid mellom fem departement med tilhøyrande direktorat, og skal støtte opp om det arbeidet kommunane og fylkeskommunane gjer for utsette barn og unge i alderen 0–24 år. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Arbeid mot omsorgssvikt, vald og overgrep

Omsorgssvikt, vald og overgrep er eit samfunnsproblem som gir store fysiske og psykiske problem, og den viktigaste oppgåva for samfunnet er å beskytte barn og unge mot dette. Barnehagepersonalet skal både kunne oppdage omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep mot barn og medverke til å førebygge dette. Regjeringa har gitt tydelegare føringar i ny forskrift for rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017.

I samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 799, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sikre at barn får alderstilpasset opplæring om kropp, identitet og følelser, gjerne i samarbeid med helsestasjonen.»

Regjeringa har følgt opp oppmodingsvedtak nr. 799, 7. juni 2016 gjennom tydelegare føringar til personalet og barnehagane i ny forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017. Personalet skal legge til rette for meiningsfulle opplevingar og støtte identitetsutviklinga og den positive sjølvforståinga til barna. Gjennom arbeidet med fagområdet kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna blir trygge på sin eigen kropp, får ei positiv oppfatning av seg sjølve og blir kjente med sine eigne kjensler.

Regjeringa la hausten 2017 fram Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) . Planen inneheld ei rekke tiltak, blant anna på barnehageområdet. Kunnskapsdepartementet vil følge opp desse.

I behandlinga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 599, 25. april 2017, jf. Innst. 247 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen gjennom den kommende fagfornyelsen sikre at temaer knyttet til kropp og grenser skal være en del av opplæringen i barnehageløpet, barneskolen, ungdomsskolen og videregående opplæring for å forebygge seksuelle overgrep.»

Regjeringa har følgt opp den delen av oppmodingsvedtak nr. 599, 25. april 2017 som gjeld barnehage, gjennom ny forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017. I den nye rammeplanen står det blant anna at barnehagen gjennom arbeidet med fagområdet kropp, rørsle, mat og helse skal bidra til at barna blir trygge på sin eigen kropp, får ei positiv oppfatning av seg sjølve og blir kjente med sine eigne kjensler. Personalet skal bidra til at barna utviklar eit bevisst forhold til retten til å bestemme over sin eigen kropp og respekt for andre sine grenser.

Regjeringa vil følge opp den delen av oppmodingsvedtak nr. 599, 25. april 2017 som gjeld grunnopplæringa, i arbeidet med den fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet . Læreplanane skal vere tydelege, men dei skal samstundes opne for at opplæringa kan tilpassast lokale forhold og ulike elevgrupper. Dette prinsippet vil også vere utgangspunktet for oppfølginga av vedtaket.

I behandlinga av Dokument 8:101 (2016–2017) Representantforslag om å styrke arbeidet mot voldtekt fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 921, 13. juni 2017, jf. Innst. 343 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at arbeidet med grensesetting gjennomsyrer det helhetlige arbeidet i barnehager og i skolen, og dermed styrke det langsiktige arbeidet mot voldtekt.»

Regjeringa har følgt opp den delen av oppmodingsvedtak nr. 921, 13. juni 2017 som gjeld barnehage, gjennom ny forskrift for rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen som tredde i kraft 1. august 2017. I ny rammeplan står det blant anna at barnehagen gjennom arbeidet med fagområdet kropp, rørsle, mat og helse skal bidra til at barna blir trygge på sin eigen kropp, får ei positiv oppfatning av seg sjølve og blir kjente med sine eigne kjensler. Personalet skal bidra til at barna utviklar eit bevisst forhold til retten til å bestemme over sin eigen kropp og respekt for andre sine grenser.

Regjeringa vil følge opp den delen av oppmodingsvedtak nr. 921, 25. april 2017 som gjeld grunnopplæringa, i arbeidet med den fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet . Læreplanane skal vere tydelege, men dei skal samstundes opne for at opplæringa kan tilpassast lokale forhold og ulike elevgrupper. Dette prinsippet vil også vere utgangspunktet for oppfølginga av vedtaket.

Plikt til å samarbeide om overgang frå barnehage til skole og SFO

I Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen varsla regjeringa ein gjennomgang av regelverket om overgangen frå barnehage til skole, og ei vurdering av behovet for å lovfeste ei samarbeidsplikt for barnehageeigarar og skoleeigarar. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Regjeringa har i juni 2017 sendt ut til høyring eit forslag om å lovfeste ei plikt for barnehageeigarar og skoleeigarar til å samarbeide om barnas overgang frå barnehage til skole og skolefritidsordning (SFO). Departementet foreslår ei gjensidig plikt som blir regulert i både barnehagelova, opplæringslova og friskolelova. Formålet med samarbeidet er å bidra til at barna får ein trygg og god overgang frå barnehage til skole og SFO. Høyringsfristen er 13. oktober 2017, og regjeringa tar sikte på å fremme eit lovforslag for Stortinget våren 2018, slik at lovendringa kan tre i kraft 1. august 2018. Som ein del av løyinga i 2018 til tidleg innsats i barnehage og skole foreslår regjeringa å løyve 20 mill. kroner i rammetilskottet til kommunane for utgifter i samband med innføringa av denne samarbeidsplikta.

System for å følge med på og utvikle kvaliteten i barnehagen (KiB)

Utdanningsdirektoratet har over fleire år utvikla systemet Kvalitet i barnehagen (KiB). Systemet skal vere ferdig utvikla og implementert i løpet av 2017. Gjennom KiB skal barnehagar, eigarar, foreldre og myndigheiter få betre informasjon om tilstanden i sektoren, og barnehagane skal få tilgang til verktøy for lokalt arbeid med vurdering og kvalitetsutvikling. Det er i 2016 utvikla fleire verktøy som skal vere til støtte i kvalitetsarbeidet til barnehagen. Verktøyet RefLex er utvikla til støtte for kommunen som barnehagemyndigheit i arbeidet med regelverksetterleving.

Barnehagefakta.no er ein nettportal med informasjon om barnehagane. Det gjeld informasjon om personaltettleik, utdanningsnivået til dei tilsette, om barnehagen oppfyller pedagognorma og informasjon om arealet i den enkelte barnehagen. Desse opplysningane kan samanliknast med gjennomsnittet for kommunane og nasjonalt.

I 2016 har Utdanningsdirektoratet innført ei årleg foreldreundersøking om barnehagen som alle barnehagar kan ta i bruk. Resultata frå foreldreundersøkinga gir kunnskap om foreldretilfredsheita i barnehagen, og skal medverke som grunnlag for det vidare kvalitetsarbeidet i barnehagen. 2 200 barnehagar tok undersøkinga i bruk første året, og i alt 86 200 foreldre deltok. Delar av resultata frå foreldreundersøkinga blir publiserte på barnehagefakta.no.

Mål: Eit tilgjengeleg barnehagetilbod for alle barn

Utviding av retten til barnehageplass

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Retten gjaldt opprinneleg for barn som hadde fylt eitt år innan utgangen av august. Frå 1. august 2016 blei retten utvida til å gjelde barn som fyller eitt år i september og oktober. Desse barna har rett til plass innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år. Frå 1. august 2017 fekk barn som fyller eitt år i november, rett til plass innan utgangen av november.

Stortinget fremma i 2016 oppmodingsvedtak nr. 108.32, 5. desember 2016, jf. Innst. 2 S (2016–2017), pkt. 32 i forslag nr. 100 frå stortingsrepresentant Hans Olav Syversen på vegner av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til endring i barnehagelovens § 12 a slik at barn som fyller ett år senest innen utgangen av november det året det søkes om barnehageplass, etter søknad har rett til å få plass i barnehagen fra fylte ett år i samsvar med denne loven med forskrifter.»

Regjeringa har oppfylt oppmodingsvedtak nr. 108.32, 5. desember 2016 gjennom utviding av retten til barnehageplass til å omfatte barn som fyller eitt år innan utgangen av november, jf. Prop. 101 L (2016–2017) Endringer i barnehageloven (rett til barnehageplass for barn født i november m.m.) og Innst. 325 L (2016–2017). Endringa i retten til plass tredde i kraft 1. august 2017.

Tiltak for å auke deltakinga i barnehage

Som vist i tilstandsvurderinga er det høg barnehagedeltaking i Noreg, men det er likevel nokre grupper barn som i mindre grad går i barnehagen enn andre barn. Dette gjeld særleg barn frå familiar med låg sosioøkonomisk bakgrunn og frå familiar med minoritetsbakgrunn. Regjeringa har i løpet av regjeringsperioden gitt barnehagepolitikken ein tydeleg sosial profil og ønsker at denne utviklinga skal halde fram. Som ein del av løyinga i 2018 til tidleg innsats i barnehage og skole foreslår regjeringa å løyve totalt 20 mill. kroner til ei ny tilskottsordning for at kommunane kan drive oppsøkande verksemd overfor minoritetsspråklege familiar som ikkje bruker barnehage, jf. kap. 231 post 66 Tilskott til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn. I tillegg fekk kommunane i 2016 auka løyvinga med 10 mill. kroner over kap. 571 post 60 for å drive aktivt rekrutterings- og informasjonsarbeid overfor familiar som ikkje har barn i barnehage.

Manglande kunnskap om barnehage og om ulike ordningar for lågare foreldrebetaling og gratis kjernetid kan føre til at foreldre med innvandrarbakgrunn ikkje søker om plass. Utdanningsdirektoratet har i 2017 fått 1 mill. kroner til å omsette informasjonsmateriell om barnehage til fleire av dei største innvandrarspråka. Direktoratet skal sørge for at kommunane får tilgang til informasjonsmateriellet i god tid før fristen for neste hovudopptak til barnehage, slik at kommunane blir betre i stand til å informere barnefamiliane.

Undersøkingar viser at opne barnehagar kan vere ein god rekrutteringsarena til ordinær barnehage, særleg for barn med innvandrarbakgrunn. Tidlegare evalueringar har vist at personalet etterlyser meir kompetanse i rettleiing av foreldre og det å arbeide med kulturelt og språkleg mangfald. I budsjettet for 2016 blei det derfor løyvd midlar til kompetanseheving for personalet i opne barnehagar. Tilbodet starta først i januar 2017, så hovuddelen av løyvinga blei overført frå 2016 til 2017. Senter for interkulturell kommunikasjon har fått i oppdrag å gjennomføre tilbodet.

Forsøk med gratis barnehage og SFO

I budsjettforliket for statsbudsjettet for 2017 løyvde Stortinget 20 mill. kroner til forsøk med gratis barnehage og skolefritidsordning (SFO), jf. Innst. 14 S (2016–2017). Det har ikkje vore tid til å utforme ein modell for dette som lot seg implementere allereie frå hausten 2017. Regjeringa har derfor avgjort at for barnehageåret 2017–18 skal midlane gå til ei eittårig tilskottsordning med gratis barnehage for femåringar i familiar med låg sosioøkonomisk status og/eller femåringar med minoritetsspråkleg bakgrunn som ikkje går i barnehage, slik at dei får eitt år i barnehage før dei startar på skolen. Tilskottet er gitt til utvalde kommunar etter søknad.

Erfaringane frå den eittårige tilskottsordninga skal brukast i utforminga av eit forsøk med gratis barnehage og SFO frå og med barnehage- og skoleåret 2018–19. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ein modell for korleis midlane best kan treffe dei familiane som i dag ikkje har barna i barnehage eller SFO. Forsøket skal vere gjenstand for forsking slik at resultata kan medverke til utforminga av ei nasjonal ordning på lengre sikt.

For å dekke heilårseffekten av forsøk med gratis barnehage og SFO foreslår departementet å auke løyvinga med 3,8 mill. kroner i 2018, slik at det totalt blir løyvd 23,8 mill. kroner til dette tiltaket i 2018.

Gratis kjernetid i barnehage

Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga med gratis kjernetid 20 timar per veke for tre-, fire- og femåringar i familiar med låg inntekt. Stortinget vedtok i behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2017 å auke inntektsgrensa frå 428 000 kroner til 450 000 kroner med verknad frå 1. august 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017). I 2018 foreslår regjeringa å kompensere kommunane for heilårseffekten av den auka inntektsgrensa ved å auke løyvingane med om lag 8 mill. kroner. Regjeringa foreslår vidare at inntektsgrensa blir sett til 462 000 kroner frå 1. august 2018, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter, nr. 4.

Regjeringa vil følge med på utviklinga i bruken av tilbodet om gratis kjernetid. Ei evaluering kjem i 2018 og skal vise både kjennskap til ordninga og årsaker til kvifor nokre familiar ikkje bruker tilbodet.

Barnehage for barn i asylmottak

I samband med integreringsforliket hausten 2015 fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 436.2, 12. januar 2016:

«Barnehage spiller en viktig rolle i integrering av barn og familier. Det å beherske norsk i tidlig alder er en vesentlig faktor for å kunne lykkes senere i livet. Stortinget ber regjeringen legge til rette for at kommunene kan tilby gratis kjernetid i barnehager til barn av familier som har fått opphold. Regjeringen bes i forbindelse med integreringsmeldingen å legge fram forslag som gjør at barn av familier som har stor sannsynlighet for opphold også kan tilbys gratis kjernetid i barnehage, herunder vurdere tilbudet til 2- og 3-åringer.»

Barn i asylmottak har ikkje lovfesta rett til barnehageplass, men har moglegheit til plass på følgande vis: Fire- og femåringar i asylmottak har i fleire år fått dekt gratis heiltidsplass over vertskommunetilskottet på kap. 490 post 60 dersom vertskommunen har ledige plassar. To- og treåringar frå familiar som har fått opphald i Noreg, men som framleis bur i asylmottak, fekk frå hausten 2016 moglegheit til gratis kjernetid i barnehage, dette som ei oppfølging av oppmodingsvedtaket.

Regjeringa foreslår å oppfylle den siste delen av oppmodingsvedtak nr. 436.2, 12. januar 2016 ved å løyve midlar i 2018 til gratis kjernetid i barnehage for alle to- og treåringar i asylmottak, uansett status for asylsøknaden. Som ein del av løyinga i 2018 til tidleg innsats i barnehage og skole foreslår regjeringa å løyve 4,8 mill. kroner over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet, slik at alle to- og treåringar i asylmottak kan få moglegheit til gratis kjernetid i barnehage. Løyvinga vil gå over kap. 490 Utlendingsdirektoratet, postane 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak og 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak.

Foreldrebetaling

Regjeringa foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2018 blir fastsett til 2 910 kroner per månad og 32 010 kroner per år, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter, nr. 3. Det er ein reell auke frå 2017 på 110 kroner per månad.

Regjeringa foreslår å føre vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling som gjer at ingen familiar må betale meir enn seks pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Det betyr at alle husstandar med ei samla skattbar inntekt under 533 500 kroner vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga frå 1. januar 2018. Regjeringa vil følge med på utviklinga i bruken av tilbodet om nasjonalt minstekrav til foreldrebetaling. Ei evaluering kjem i 2018 og skal vise både kjennskap til ordninga og årsaker til kvifor nokre familiar ikkje bruker tilbodet.

Mål: Føreseielege rammevilkår som medverkar til mangfald og likeverd i barnehagesektoren

Tilsyn med barnehagesektoren

Regjeringa har i den politiske plattforma si lovd å innføre eit uavhengig tilsyn med barnehagane, og frå 1. august 2016 fekk fylkesmannen utvida tilsynsansvaret sitt til å omfatte tilsyn med enkeltbarnehagar i særlege tilfelle. Endringa reduserer utfordringa med at kommunen er tillagd rolla som både myndigheit og eigar, og medverkar til å gi foreldre og barn eit betre rettsvern. Ved å gi fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar, i tillegg til å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit, vil fylkesmannen kunne sjå tilsyna i samanheng.

I behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 788, 7. juni 2016, jf. Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kommunenes tilsynsansvar evalueres i løpet av en toårsperiode, for å sikre at det fortsatt er en positiv utvikling. Videre forutsettes resultatet fremlagt for Stortinget på egnet måte.»

Regjeringa har i tildelingsbrevet for 2017 til Utdanningsdirektoratet gitt eit oppdrag om å gjere ei vurdering av tilsynsansvaret til kommunane og bruken av heimelen for fylkesmannen til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar innan utgangen av august 2018. Regjeringa vil komme tilbake med resultatet overfor Stortinget på ein eigna måte.

Økonomiske rammevilkår for barnehagane

I budsjettet for 2017 løyvde Stortinget midlar til fleire barnehagelærarar. I revidert nasjonalbudsjett foreslo regjeringa å bruke løyvinga til ei skjerping av pedagognorma, og Stortinget vedtok å flytte løyvinga til kommuneramma, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). I samband med dette har regjeringa foreslått å innføre ei overgangsordning i forskrifta om tildeling av tilskott til private barnehagar § 5a. Driftstilskottet til private barnehagar er basert på gjennomsnittlege driftsutgifter for dei kommunale barnehagane på grunnlag av to år gamle rekneskapsdata, og det er derfor behov for ei overgangsordning for å sikre at dei private barnehagane får ein høvesvis del av midlane til fleire barnehagelærarar allereie i 2017. Endringane i finansieringsforskrifta tredde i kraft 1. august 2017. Overgangsordninga skal etter planen gjelde for perioden 2017–19.

Eit tema i den politiske debatten om finansiering av private barnehagar i dei seinare åra har vore høvet til å ta økonomisk utbytte frå drifta av barnehagane. Gevinstane kan takast ut på ulike måtar. Det kan for eksempel vere utbytte til eigar, løn og styrehonorar til eigarane, enten gjennom internfakturering eller lån innanfor konsernet eller som gevinst ved sal av barnehageverksemda. Barnehageloven § 14 a regulerer krav til bruk av offentlege tilskott og foreldrebetaling i private barnehagar. Føresegna slår fast at offentlege tilskott og foreldrebetaling skal komme barna til gode. Samtidig åpner regelverket for at barnehagen kan ha eit rimeleg årsresultat. Årsresultatet er rimeleg når barnehagen berre er blitt belasta for kostnadar som gjeld godkjend drift av barnehagen, transaksjonar med eigar eller eigars nærståande har skjedd på marknadsmessige vilkår og at barnehagen ikkje har vesentleg lågare personalkostnadar per årsverk enn det som er vanleg i tilsvarande kommunale barnehagar. Så lenge vilkåra i § 14 a om bruk av offentlege tilskott og foreldrebetaling er oppfylte, er det inga avgrensing i kor stor del av overskottet eigaren kan sette av til utbytte eller tilbakeføre til drifta. Regelverket set ikkje ytterlegare krav til bruk av tilbakeheldte overskott frå tidlegare år, og set ikkje spesielle krav til uttak av gevinstar ved sal av barnehageverksemda. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å kartlegge i kva for grad kommunane bruker avgjerdene i barnehagelova om bruk og tilskott, og kva for erfaringar kommunane har med bruken av regelverket. Kartlegginga skal vere ferdig hausten 2017.

Regjeringa ønsker å legge til rette for at seriøse og profesjonelle aktørar har ei langsiktig interesse i barnehagesektoren.

Kap. 231 Barnehagar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 51

385 652

440 190

444 322

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

16 114

16 565

22 012

51

Forsking , kan nyttast under post 21

8 694

8 866

8 362

60

Driftstilskott til barnehagar , overslagsløyving

172 200

63

Tilskott til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

138 235

142 036

145 729

66

Tilskott til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

20 000

70

Tilskott for symjing i barnehagane

24 756

35 290

36 243

Sum kap. 0231

573 451

815 147

676 668

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane på posten skal medverke til å gjere barnehagetilbodet betre og meir likeverdig. Midlane finansierer ei rekke kompetansetiltak for alle grupper tilsette. Vidare blir midlane nytta til andre kvalitetstiltak, tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar og stipend for deltaking på studietilbod, auka kunnskapsgrunnlag om barnehage og noko forvaltning av ulike tiltak.

Mål for 2018

Auke kvaliteten på barnehagetilbodet og styrke kunnskapsgrunnlaget.

Rapport for 2016

Totalt 385,5 mill. kroner blei nytta over denne posten i 2016. Av dette gjekk totalt 214 mill. kroner til kompetansetiltak for tilsette i barnehagane. Regjeringa legg til grunn at kompetansetiltak for alle grupper tilsette medverkar til høgre kvalitet på barnehagetilbodet, og at kompetansestrategien er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. Følgande oversikt viser beløp og tal på deltakarar i dei ulike kompetansetiltaka:

  • 80 mill. kroner til barnehagebaserte kompetansetiltak. Om lag 2 600 private og 2 600 kommunale barnehagar deltok på ulike tiltak. I tillegg gjekk 9,6 mill. kroner til private barnehageeigarar med to eller fleire barnehagar i ulike kommunar.

  • 36,2 mill. kroner til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) – eit tiltak der tilsette får tilbod om å ta utdanninga på deltid medan dei arbeider i barnehagen. Talet på deltakarar som starta i 2016, var 174 personar, og totalt var det 677 deltakarar fordelte på ulike årskull.

  • 34,9 mill. kroner til leiarutdanning for barnehagestyrarar i perioden 2014–17. Tiltaket er eit studium på mastergradsnivå som går over tre semester. Talet på deltakarar som starta hausten 2016, var 389 personar.

  • 14 mill. kroner til vidareutdanning for barnehagelærarar. Tilbodet omfattar mellombelse studieplassar med innretning knytt til prioriterte satsingsområde i kompetansestrategien. Talet på deltakarar i 2016 var 436 personar.

  • 3,1 mill. kroner til tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB) for personar med anna pedagogisk utdanning. Fullført studium, saman med nokre bestemte pedagogiske utdanningar, gir kompetanse som kvalifiserer til stilling som pedagogisk leiar i barnehagen. Talet på deltakarar i 2016 var 40 personar.

  • 4 mill. kroner til rettleiingsordninga for nyutdanna, nytilsette barnehagelærarar.

  • 4,7 mill. kroner til rettleiingsutdanning for praksislærarar. Det var 186 deltakarar som starta på tilbodet hausten 2016. Sjå også omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

  • 17,5 mill. kroner til to ulike tiltak som gjeld kompetanseheving for assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar. Praksiskandidatordninga, der erfarne assistentar får moglegheit til å gå opp til fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget, hadde 834 deltakarar i 2016. Kompetansehevingsstudiet for assistentar hadde 343 deltakarar i 2016.

  • 5,1 mill. kroner til fagskoleutdanning i oppvekstfag – eit tilbod om vidareutdanning for barne- og ungdomsarbeidarar. Talet på deltakarar i 2016 var 260 personar.

  • 3 mill. kroner til å utvikle og sette i gang tilbod om kompetanseløft for tilsette i opne barnehagar. Kompetanseløftet består av undervisning, rettleiing og prosjektarbeid knytt til utvikling i eigen barnehage. Det er til saman 111 deltakarar frå 67 barnehagar i heile landet. Tilbodet kom i gang i januar 2017 og går over eitt år.

  • 1,9 mill. kroner til vidareutdanning for kommunen som barnehagemyndigheit.

Det blei utbetalt 22,4 mill. kroner i stipend til deltakarar på ABLU og TIB frå fylkesmannsembeta. Vidare blei det utbetalt 48,2 mill. kroner til barnehageeigarar for å legge til rette for deltaking for 2 168 personar på ulike studium, blant anna vikarmidlar, studieutgifter og studiemateriell.

12 mill. kroner blei nytta til Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving frå denne posten, i tillegg til 27 mill. frå kap. 226 post 21. Midlane gjekk i hovudsak til tiltaket språkkommunar. I 2016 fekk 27 kommunar status som språkkommune. Midlane gjekk òg til auka aktivitet ved Lesesenteret og Skrivesenteret. I tillegg blei 3,7 mill. kroner nytta til kjøp av utstyr for språkkommunane.

10,3 mill. kroner blei nytta til satsinga «Inkluderande barnehage- og skolemiljø», herunder læringsmiljøprosjektet og samlingsbaserte og nettbaserte tilbod.

Det blei nytta 6,1 mill. kroner i 2016 til tilskott til realfagskommunar i samband med realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) . Midlane blei nytta til fleire barnehagar i lokale realfagsnettverk og til innkjøp av utstyr til arbeid med realfag i barnehagen.

5,2 mill. kroner blei nytta til førebuing av ny rammeplan i 2016 med høyringskonferansar og innhenting av innspel til implementeringa.

43,8 mill. kroner blei nytta til å styrke kunnskapsgrunnlaget for barnehagen gjennom forsking, undersøkingar og statistikkarbeid. Dette inkluderte 19,2 mill. kroner til Noregs forskingsråd og 24,6 mill. kroner til statistikk, evaluering og ulike rapportar.

0,4 mill. kroner blei nytta av Senter for IKT i utdanninga til IKTplan.no.

4,8 mill. kroner blei nytta til fagsamlingar om regelverk og tilsyn med fylkesmannsembeta.

14,6 mill. kroner blei nytta til forvaltning av tiltak hos fylkesmannen, i Utdanningsdirektoratet og i Kunnskapsdepartementet.

Budsjettforslag for 2018

Regjeringa foreslår å løyve totalt 444,3 mill. kroner over kap. 231 post 21.

Regjeringa foreslår at 5 mill. kroner av løyvinga skal gå til fleire plassar i vidareutdanning for barnehagelærarar innanfor temaet språkutvikling og språklæring, dette som ein del av satsinga på tidleg innsats.

Regjeringa foreslår at 800 000 kroner skal gå til å styrke det kvenske barnehagetilbodet.

Regjeringa foreslår at om lag 24 mill. kroner skal nyttast til forsøk med gratis barnehage og SFO. Av dette er 4 mill. kroner knytte til forsking på forsøket, slik at resultata kan medverke til å utforme ei nasjonal ordning på lengre sikt.

Innovasjonsordninga legg opp til at forskarar og lokale skole- og barnehagemyndigheiter eller -eigarar saman kan søke om midlar til å prøve ut og evaluere effekt av tiltak i barnehage og skole. Innovasjonsordninga skal stille høge krav til kvaliteten på forskingsdesigna, og tiltaka skal vere forankra i praksisfeltet. Departementet vil bruke om lag 4 mill. kroner på slike forskings- og utviklingsprosjekt på denne posten i 2018. Vidare vil departementet overføre 12,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd og forskingsprogrammet FINNUT over denne posten. Av dette skal 10 mill. kroner nyttast til eitt eller to sentre for barnehagerelevant forsking.

Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av hovuddelen av midlane på posten i samråd med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over og i tråd med mellom anna tiltaka i kompetansestrategien og andre nasjonale satsinger som Språkløyper , Tett på realfag og arbeid mot mobbing og for et godt barnehagemiljø.

I løyvingsforslaget er det tatt omsyn til fleire flyttingar av midlar frå posten:

  • Regjeringa foreslår å samle alle løyvingane til verksemda til Forskingsrådet på éin post frå 2018. Departementet foreslår derfor å flytte 1,1 mill. kroner frå kap. 231 post 21 til kap. 285 post 55. Sjå nærare omtale under budsjettforslaget for kap. 285 post 55.

  • Regjeringa foreslår å flytte 5 mill. kroner til kap. 231 post 50 for å styrke det samiskspråklege barnehagetilbodet.

  • Regjeringa foreslår å flytte 7,5 mill. kroner til kap. 220 post 21 for å samle midlar til forvaltning av Utdanningsdirektoratets sektorretta IT-portefølje.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 50 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til romartalsvedtak III nr. 1.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar og barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring. I tillegg kan tilskottet nyttast til utviklingsarbeid og prosjekt i barnehagane. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har faste samarbeidsmøte på administrativt nivå og konsultasjonar etter behov og nærare avtale.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordninga er at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.

Rapport for 2016

I 2016 mottok Sametinget 16,1 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod.

Statistikk frå Sametinget viser at det i 2016 var totalt 758 barn som gjekk i barnehagar med eit samisk tilbod, mot 783 i 2015. Av desse gjekk 573 barn i samiske barnehagar, 78 barn i barnehagar med samisk avdeling og 107 barn i barnehagar med tilbod om språkopplæring i samisk. Av dei 758 barna, hadde 708 barn nordsamisk bakgrunn mot 735 i 2015, 19 barn hadde lulesamisk bakgrunn mot 22 i 2015, og 31 barn hadde sørsamisk bakgrunn mot 26 i 2015.

I 2016 var det registrert 24 samiske barnehagar og åtte barnehagar med samisk avdeling, mot høvesvis 24 og sju i 2015. 26 barnehagar hadde samisk språkopplæringstilbod mot 29 i 2015. Dei sistnemnde barnehagane ligg i ni fylke: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Oppland, Hedmark Buskerud og Akershus.

Budsjettforslag for 2018

I revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei tilskottet til samisk barnehagetilbod auka med 5 mill. kroner, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Departementet foreslår å føre vidare denne styrkinga på 5 mill. kroner i 2018, slik at total løyving på denne posten i 2018 er 22 mill. kroner. Departementet ser styrkinga i samanheng med ny rammeplan, revidert kompetansestrategi og tilråding i NOU 2016: 18 Hjertespråket.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Løyvinga blir nytta til forsking på og om barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21. Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.

Mål for 2018

Målet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag både for praksis i barnehagen og for forvaltninga og utforminga av barnehagepolitikken.

Rapport for 2016

Forskingsprogrammet FINNUT (2014–2023) omfattar forsking og innovasjon i utdanningssektoren, frå barnehage og skole til høgre utdanning og vaksnes læring. Heile løyvinga på posten på 8,7 mill. kroner gjekk uavkorta til Noregs forskingsråd, som deler ut midlane innanfor FINNUT til ulike forskingsprosjekt på barnehageområdet. FINNUT har bidratt til å auke forskarkompetansen i utdanningssektoren, og det er god rekruttering til forsking på området.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 8,4 mill. kroner på denne posten i 2018.

Regjeringa foreslår å samle alle løyvingane til verksemda til Forskingsrådet på éin post frå 2018. Departementet foreslår derfor å flytte 0,7 mill. kroner frå kap. 231 post 51 til kap. 285 post 55. Sjå nærare omtale under budsjettforslaget for kap. 285 post 55.

Post 60 Driftstilskott til barnehagar

Som følge av budsjettavtalen for statsbudsjettet for 2017 mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre blei det løyvd 172,2 mill. kroner over kap. 231 post 60 til fleire barnehagelærarar, jf. Innst. 14 S (2016–2017). Løyvinga blei gitt med halvårseffekt for 2017.

I revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei det vedtatt å overføre det øyremerkte tilskottet til Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 571 Rammetilskudd til kommuner post 60 Innbyggertilskudd for å dekke den varsla skjerpinga av pedagognorma, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Når tilskottet går inn i inntektsramma til kommunane, unngår ein å innføre nye krav til søknader og rapportering.

Budsjettforslag for 2018

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 571 Rammetilskudd til kommuner post 60 Innbyggertilskudd med 252 mill. kroner i 2018 for å dekke heilårseffekten av satsinga på fleire barnehagelærarar. Kunnskapsdepartementet foreslår at løyvinga på 424 mill. kroner blir overført frå kap. 231 post 60 til Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 571 Rammetilskudd til kommuner post 60 Innbyggertilskudd. Løyvinga skal finansiere forslaget om ei skjerping av pedagognorma.

Post 63 Tilskott til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

Regjeringa har frå 1. januar 2017 lagt om innretninga på ordninga ved å tydeleggjere at tilskottet skal bidra til å styrke norskspråklege dugleikar, jf. Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Prop. 1 S (2016–2017) for Kunnskapsdepartementet. Ny modell for tildeling er basert på to kriterium: både at minst ti pst. av barnehagebarna i kommunen må vere definerte av barnehagen til å vere minoritetsspråklege, og at talet på desse i kommunen må vere minst 50 barn. Tilskottssummen per barn blir rekna ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage i dei kommunane som får tilskott. Etter denne modellen vil om lag 110 kommunar få tilskott for 84 pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage, dette basert på tal for 2016, og tilskottssummen per barn som blir omfatta, vil auke med om lag 20 pst.

Stortinget støtta forslaget om å legge om tilskottsordninga for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. Innst. 348 S (2015–2016), men bad regjeringa sikre at tilskottet også kan gå til å tilsette morsmålsassistentar. Dette er tatt i vare i dei nye retningslinjene for tilskottet.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordninga er å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage.

Rapport for 2016

Totalt blei 138,2 mill. kroner nytta over posten i 2016. Heile summen blei tildelt kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage i den enkelte kommunen.

Rapporteringar frå barnehagane viser at 35 pst. av dei minoritetsspråklege barna i barnehage fekk tilbod om særskild språkstimulering i 2016. Dette er tilbod som går vidare enn det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen. Delen barn som får eit slikt tilbod, har vore mellom 35 og 41 pst. sidan 2008.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 145,7 mill. kroner på denne posten i 2018. Det er ei vidareføring av nivået frå 2017.

Post 66 Tilskott til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

Det er store forskjellar mellom kommunane i delen minoritetsspråklege barn som går i barnehage. Ein del foreldre med innvandrarbakgrunn kjenner ikkje godt nok til kva barnehage er, kva for ein forskjell barnehage kan utgjere for språkutvikling og seinare skolegang, og kva for moderasjonsordningar som finst. I tillegg kan søkeprosessen vere teknisk vanskeleg for enkelte.

I statsbudsjettet for 2016 blei det løyvd 10 mill. kroner over Kommunal- og moderniseringsdepartemenets kap. 571 Rammetilskudd til kommuner post 60 Innbyggertilskudd, slik at kommunane kunne drive aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid for å auke deltakinga i barnehage for barn frå familiar med låg inntekt og barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Regjeringa legg til grunn at kommunane framleis bruker løyvinga til informasjons- og rekrutteringsarbeid. Regjeringa foreslår å opprette ei ny, søkbar tilskottsordning for kommunane over kap. 231 post 66. Midlane skal gå til aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid i kommunar som har særlege utfordringar i rekrutteringa av minoritetsspråklege barn til barnehage.

Mål for 2018

Målet med tilskottsordninga er å auke barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner til den nye tilskottsordninga i 2018.

Post 70 Tilskott for symjing i barnehagane

Tilskottsordninga blei oppretta i 2015, og Stortinget viste i den samanhengen til at det i dei siste åra har vore mange tragiske drukningsulykker blant barn og unge, særleg i innvandrarbefolkninga, og at symjedugleikane blant barn og unge må styrkast slik at barn blir trygge i vatnet så tidleg som mogleg, jf. Innst. 14 S (2014–2015). Tilskottet skal medverke til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i alderen fire–seks år i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring, slik at barna får eit betre grunnlag for å lære å symje og blir trygge i vatnet. Tilskottsordninga blir forvalta av fylkesmannsembeta.

Mål for 2018

Det overordna målet med ordninga er at barn i barnehage i alderen fire–seks år skal bli trygge i vatnet, slik at grunnlaget for å lære å symje blir betre.

Rapport for 2016

Totalt blei 24,8 mill. kroner nytta over posten i 2016. Det blei tildelt midlar i alle fylke, og ein eigen prosess på hausten sikra omfordeling slik at fylke med oversøking fekk midlar frå fylke som hadde midlar til overs. Gjennom ordninga fekk om lag 15 800 barn tilbod om symjeopplæring i barnehagetida i 2016.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å løyve 36,2 mill. kroner på denne posten i 2018.

Programkategori 07.40 Fagskoleutdanning

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

240

Fagskoler

687 024

241

Felles tiltak for fagskolesektoren

32 462

Sum kategori 07.40

719 486

Innleiing

Regjeringa la hausten 2016 fram Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning. Eit hovudmål i meldinga er fagskoleutdanning av høg kvalitet som òg er tilpassa behovet i arbeidslivet. Det blei i meldinga slått fast at fagskoleutdanning må styrkast og bli meir tilgjengeleg og synleg som eit utdanningsval etter vidaregåande opplæring. Meldinga inneheld tiltak for å styrke fagskolane og gjere fagskoleutdanning meir attraktiv. Ho fekk brei tilslutning i Stortinget, jf. Innst. 254 S (2016–2017). Hovudlinjene i Stortingets vedtak er at det skal innførast ei ny tilskottsordning for fagskoleutdanning, fagskoleutdanning skal kunne kalle seg høgre yrkesfagleg utdanning, nemninga fagskolepoeng blir endra til studiepoeng, alle fagskolar skal kunne vere med i ein studentsamskipnad, det skal innførast eit nasjonalt opptakssystem til fagskoleutdanning gjennom Samordna opptak, og det skal bli oppretta ein kvalitetspris for fagskoleutdanning. Med oppfølging av fagskolemeldinga blir det lagt til rette for god utdanningskvalitet, meir solide fagskolar og tettare samarbeid mellom fagskolane og arbeidslivet. Samstundes blir det lagt til rette for ytterlegare løft for fagskolesektoren i tida framover.

Kunnskapsdepartementet foreslår frå 2018 å opprette ein ny programkategori 07.40 Fagskoleutdanning, som for 2018 gir omtale av tilstand, strategiar, tiltak og budsjettforslag for fagskolesektoren.

Kunnskapsdepartementet har sett følgande fire mål for fagskoleutdanning:

  • høg kvalitet i fagskoleutdanning

  • yrkesretta fagskoleutdanning

  • god tilgang til fagskoleutdanning

  • effektiv og solid fagskolesektor

Tilstandsvurderinga for fagskoleutdanninga er i kategoriomtalen strukturert etter desse måla. Tilstandsvurderinga bygger blant anna på NOU 2014: 14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg, Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning og tilstandsrapport for fagskolane frå 2016 utarbeidd av Kunnskapsdepartementet. Sjå òg Database for fagskolestatistikk (DBH-F) ved Norsk senter for forskingsdata (NSD) for meir utfyllande informasjon om fagskolestudentane og utdanningstilboda.

Hovudprioriteringar for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår 629,1 mill. kroner til den nye tilskottsordninga for fagskoleutdanning i 2018. For å bidra til å dekke framtidige kompetansebehov foreslår Kunnskapsdepartementet i tillegg 22 mill. kroner til 638 nye studieplassar innanfor fagskoleutdanning. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Kunnskapsdepartementet foreslår å utvikle vidare ordninga frå 2017 med utlysing av utviklingsmidlar som det kan søkast om. Departementet foreslår 35,9 mill. kroner til denne ordninga.

Departementet foreslår 32,5 mill. kroner til ulike tiltak og prosjekt som skal bidra til kvalitetsutvikling i fagskoleutdanninga, gjere fagskolesektoren tilgjengeleg og synleg, og auke kunnskapsgrunnlaget om fagskolesektoren, i samsvar med Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning .

Tilstandsvurdering

Mål: Høg kvalitet i fagskoleutdanning

Fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet og sikre gode vilkår for studentane. I NOU 2014: 14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg er det peikt på potensial for å betre kvaliteten i fleire fagskoleutdanningar. Utvalet peikte på at den enkelte fagskolen har ansvar for å utvikle kvaliteten og relevansen i utdanningane, i samarbeid med sektoren for øvrig og arbeidslivet. Utvalet viser vidare til at staten kan legge til rette gjennom å utvikle rammevilkår som lovverk og finansieringssystem. Dette er ei vurdering Kunnskapsdepartementet deler, jf. fagskolemeldinga. I meldinga peiker departementet samstundes på at det er mange faktorar som påverkar utdanningskvaliteten, blant anna opptakskrav, innhaldet i, utforminga og tilrettelegginga av utdanningsprogram, samspelet med arbeids- og næringslivet, kompetansen til dei tilsette og læringsmiljøet for studentane. Det blir òg vist til at EUs samarbeid om kvalitetssikring av yrkesopplæring på alle nivåa, EQAVET, har utarbeidd ti kvalitetsindikatorar. Fleire av desse er relevante for fagskoleutdanning, blant anna kvalitetssikringssystem, investering og deltaking i etter- og vidareutdanning for lærarar, gjennomføring, fråfall, arbeidspraksis som del av utdanninga og informasjon om sysselsetting etter fullført utdanning. Det er i dag ikkje tilstrekkeleg talgrunnlag til å vurdere alle desse indikatorane for norsk fagskolesektor. I NOU-en og fagskolemeldinga er det likevel lagt fram fleire vurderingar av tilstanden.

Når det gjeld gjennomføring, viser tal frå NSD at gjennomsnittleg fullføring på normert tid for alle fagskolestudentane i opptakskulla frå 2011, 2012 og 2013 var høvesvis 54, 53 og 47 pst. For dei toårige fagskoleutdanningane er gjennomføringstala betre, men også der fallande, med høvesvis 65, 63 og 60 pst. Utviklinga er meir ujamn for kortare utdanningar. Departementet skulle gjerne sett at gjennomføringa hadde vore betre. Som nemnt i meldinga kan det vere feilkjelder i datagrunnlaget sidan statistikkdatabasen for fagskolar (DBH-F) er relativt ny. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) skal gjennomføre ei undersøking om fråfall og forseinking i fagskoleutdanning.

Ved godkjenning av fagskolestudium må fagskolen dokumentere den faglege og pedagogiske kompetansen til lærarane. I NOU 2014: 14 og i fagskolemeldinga blir det vist til at det er vesentleg for kvaliteten i utdanninga at det blir stilt høge krav til kompetansen til undervisningspersonalet.

Regjeringa la våren 2016 fram forslag om å innføre ei ordning for generell godkjenning av utanlandsk fagskoleutdanning, jf. Prop. 95 L (2015–2016) Endringer i fagskoleloven (om studentrettigheter m.m.). Det fekk tilslutning frå Stortinget. Lovbestemminga for godkjenningsordninga har ennå ikkje trådd i kraft, men departementet forventar at NOKUT i løpet av året startar ei pilotordning som i første omgang vil gjelde for nokre fag og utdanningar i enkelte land.

Mål: Yrkesretta fagskoleutdanning

Fagskolane tilbyr utdanningar innanfor ei rekke fagområde frå tekniske fag for bygge- og oljebransjen til maritime fag, transportfag, helsefag, landbruksfag, mediefag, religionsfag, kunstfag og merkantile fag.

Fagskolesektoren skal kunne utdanne kandidatar som kan gå rett inn i arbeidslivet, med den praktiske og teoretiske kunnskapen som det er behov for i det enkelte yrket. Vurderingar av relevansen i fagskoleutdanningane er derfor viktig. NIFU har fått i oppdrag frå departementet å kartelegge korleis arbeidsgivarar vurderer kandidatar blant anna ut frå fagskoleutdanning. Ei pilotundersøking frå 2016 viser at fagskolekandidatane skårar godt på evna til å utføre yrkesspesifikke oppgåver. Kandidatundersøkinga i 2017 frå NTNU Samfunnsforskning viste stor variasjon i relevans mellom fagskoleutdanningane. Kandidatane gav høgst skår på relevansen i helse- og sosialfag og lågast i mediefag.

Fagskoleutdanning skal vere fleksibel og retta mot arbeidsmarknaden. I fagskolemeldinga blir det peikt på at fagskoleutdanningane i dag dekker eit vidt spekter av behov i samfunnet, men at det er nødvendig å sjå nærare på korleis fagskoleutdanning kan bidra enda meir til å dekke behov i samfunnet.

Mål: God tilgang til fagskoleutdanning

Talet på fagskolar har gått ned i dei siste åra på grunn av samanslåingar, særleg blant dei offentlege fagskolane. Departementet synest det er positivt at fagskolane finn saman i større einingar. Det har òg vore nokre avviklingar av private fagskolar. Det var 84 fagskolar i 2016, og av desse var 38 offentlege og 46 private.

Det er fagskoletilbod i alle fylka i landet. Ein stor del av fagskolane er lokaliserte på Austlandet, og det er særleg her det har blitt færre fagskolar i dei siste åra. Det at mange fagskoleutdanningar blir lagde opp på deltid eller er nettbaserte, gjer at tilgangen til fagskoleutdanninga er god. I 2016 var 55 pst. av fagskoleutdanningane lagde opp som deltidsutdanningar. Den høgste delen er blant dei helse- og sosialfaglege utdanningane, der 96 pst. er på deltid, slik at studentane kan kombinere studium og arbeid og dra nytte av dette begge vegar. Mange fagskolar har bakgrunn i fjernundervisning, brevkurs eller andre fleksible undervisningsformer, gjerne i kombinasjon med samlingar. Hausten 2016 var 36 pst. av fagskoletilboda nettbaserte.

Det var om lag 15 000 fagskolestudentar hausten 2016. Dette er ein nedgang på 2,7 pst. frå 2015. Opptak til dei offentlege fagskolane skjer i dag gjennom Nasjonalt opptakskontor for fagskolen. Tala frå opptakskontoret viser at det til opptaket for 2016–17 var om lag 6 200 søkarar til fagskoleutdanning. Dette er ein auke på over 300 søkarar frå året før. Opptak til private fagskolar skjer ved den enkelte fagskolen.

Dei offentlege fagskolane hadde nær halvparten av fagskolestudentane i 2016. Talet på studentar ved dei offentlege fagskolane har hatt ein vekst på tre pst. i perioden 2014–16, medan talet på studentar ved dei private fagskolane gjekk ned med 17 pst. Av fagskolestudentane tar 43 pst. utdanningar innanfor naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, og om lag 22 pst. studerte helse-, sosial- og idrettsfag i 2016. Delen fagskolestudentar med bakgrunn frå høgre utdanning var 13,5 pst. i 2016.

Framskrivingar utførte av Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2016 viser at etterspørselen etter kompetansen innanfor fleire fagskoleutdanningar vil vekse framover, og dette gjeld særskild kompetanse innanfor bygg og anlegg og helsefag. Ei kartlegging Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) gjorde i 2016 av kompetansebehovet til medlemsbedriftene, viste at over halvparten av dei såg behov for å rekruttere personar med fagskoleutdanning i dei neste fem åra, særleg innanfor naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag.

Mål: Effektiv og solid fagskolesektor

Mange av fagskolane er svært små. 38 pst. av dei har under 50 studentar, og 59 pst. har under 100 studentar. Dette er lite heldig med tanke på fagleg styrke og soliditet ved fagmiljøa. Fagskolar med få studentar blir sårbare for endringar i søkartal. Kvalitet og robuste miljø handlar også om administrativ kapasitet og kompetanse. Ein god administrasjon og effektiv drift er heilt nødvendig for ein god utdanningsinstitusjon, jf. NOU 2014: 14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg. Utvalet for NOU-en peiker på at det ved fagskolane er eit potensial for fleire stordriftsfordelar. Vidare peiker utvalet på at ein robust fagskole må vere organisert slik at han kan tilpasse studietilboda til kompetansebehova i samfunnet. Dette føreset eit fagleg nettverk basert på eit aktivt samarbeid med arbeidslivet. På den måten vil dei kunne ta inn over seg den kontinuerlege faglege utviklinga i den sektoren dei utdannar til. For å sikre at utdanningane er relevante, oppdaterte og utviklingsorienterte, er det viktig at det står eit robust, kompetent og oppdatert fagmiljø bak utdanninga. I NOU-en blir det peikt på at det er fleire fagskolar som har robuste fagmiljø, men at langt frå alle har det.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil at fagskoleutdanning skal vere meir attraktiv, ha fleire studentar og større fagmiljø enn i dag. Vidare vil regjeringa at fagskolesektoren skal vere meir synleg og meir ettertrakta i arbeidslivet. Regjeringa vil prioritere å gi fagskolesektoren eit løft når det gjeld kvalitet, fagmiljø, studentvelferd, finansiering og styring. I tillegg vil regjeringa prioritere å utvikle kunnskapsgrunnlaget for fagskolane, ettersom det i dag er for lite kunnskap om dei enkeltfaktorane som påverkar kvaliteten i utdanningane.

Ny tilskottsordning for fagskoleutdanning

Stortinget har vedtatt å innføre ei ny tilskottsordning for fagskoleutdanning, jf. Innst. 245 (2016–2017) og Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning . Regjeringa vil gjennom ei samla statleg tilskottsordning, dialog og lovgiving legge til rette for gode vilkår for fagskoleutdanning i tråd med regionale og nasjonale kompetansebehov. Den nye tilskottsordninga samlar tre finansieringskjelder for fagskoleutdanning:

  • midlar i rammetilskottet til fylkeskommunane over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • tilskott til helse- og sosialfaglege utdanningar over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet

  • tilskott til 14 private fagskolar over budsjettet til Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet skal forvalte ordninga. Sjå nærare omtale av tilskottsordninga under kap. 240 post 60.

Utviklingsmidlar

Det er viktig at fagskolane er oppdaterte om behova i arbeids- og næringslivet, slik at studentane får den kompetansen som landet treng for framtida. Kunnskapsdepartementet lyste i 2017 for første gong ut 35 mill. kroner til utvikling av fagskoleutdanning, jf. Prop 1 S (2016–2017). Denne utlysinga tok omsyn til at Stortinget ennå ikkje hadde behandla fagskolemeldinga. Departementet vil utarbeide ei forskrift som fastsett kriterier for ei varig ordning for desse utviklingsmidlane og foreslår òg midlar til dette tiltaket i 2018. Midlane skal gå til prosjekt som bidrar til å heve kvaliteten i fagskoleutdanninga. Dei kan òg gå til vidareutvikling av dagens utdanningstilbod eller utvikling av nye etterspurde utdanningstilbod.

Studieplassar

Fagskolane har ei viktig rolle i å få fram kompetent arbeidskraft i heile landet, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning . Kunnskapsdepartementet foreslår midlar til 638 nye studieplassar innanfor fagskoleutdanning. Nye studieplassar til fagskoleutdanning vil auke kompetansen særleg innanfor helsefaga og dei tekniske faga, og i tillegg dekke opp for framtidige kompetansebehov.

Utgreiing om fråfall blant fagskolestudentar

Fråfallet er høgt for fagskoleutdanningane og har vore stigande i dei siste åra. Gjennom betre kvalitet i utdanningane skal fråfallet reduserast. Som ei oppfølging av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning er det i 2017 lyst ut midlar for å kartlegge årsakene til forseinking og fråfall i fagskoleutdanningane.

Lovendring

Kunnskapsdepartementet har sendt ut til høyring eit utkast til ny lov om fagskoleutdanning. Forslaget til ny lov er ei oppfølging av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning . Det er blant anna forslag om at nemninga «studiepoeng» blir brukt i staden for «fagskolepoeng», og at det kan vere mogleg å kunne tilby treårig fagskoleutdanning som eit unntak.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 641, 2. mai 2017, jf. Innst. 254 S (2016–2017) og Meld. St. 9 (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen foreslå en rett til tilknytning til samskipnad for alle fagskoler.»

Kunnskapsdepartementet har sendt ut til høyring eit utkast til endring av lov om studentsamskipnader der det blir foreslått ei lovendring som gir fagskolane ein rett til å knytte seg til ein studentsamskipnad. Det blir foreslått at alle fagskolar skal ha rett til slik tilknyting.

Det er planen at lovendringane blir lagde fram for Stortinget våren 2018.

Evaluering av tiltaka i fagskolemeldinga

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 643, 2. mai 2017, jf. Innst. 254 S (2016–2017) og Meld. St. 9 (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen foreta en midtveis-evaluering av fagskolereformen etter 3 år og en full evaluering etter 5 år.»

Kunnskapsdepartementet tar sikte på å få gjennomført ei evaluering av tiltaka i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning .

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 642, 2. mai 2017, jf. Innst. 254 S (2016–2017) og Meld. St. 9 (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.»

I samband med evalueringa av tiltaka i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning vil regjeringa vurdere om fagskolane bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnaden. Det vil også bli vurdert om det skal fastsettast bestemte kriterium for ei slik eventuell plikt.

Dialogmøte mellom regionane og fagskolesektoren

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 644, 2. mai 2017, jf. Innst. 254 S (2016–2017) og Meld. St. 9 (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sikre at fagskolestudentene og partene i arbeidslivet inkluderes i dialogmøtene og andre relevante arenaer med regionene og fagskolesektoren.»

Departementet tar sikte på å holde dialogmøte med regionane og fagskolesektoren i løpet av 2018. Planlegginga og gjennomføringa av desse dialogmøta vil skje i nært samarbeid med Fagskolerådet. Fagskolestudentane og partane i arbeidslivet vil bli inviterte med til dialogmøta og i eventuelt andre relevante samanhengar.

Omorganisering av sentraladministrative oppgåver

Regjeringa vil omorganisere dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren. For høgre utdannings- og fagskolesektoren skal departementet opprette to forvaltningsorgan for kvalitetsutvikling for å samle arbeidet med å utvikle kvaliteten i høgre utdanning i færre og sterkare verksemder. Det eine organet skal blant anna forvalte tilskottsordningar og program som skal bidra til å heve kvaliteten i høgre utdanning og fagskoleutdanning. Det andre organet for kvalitetsutvikling i høgre utdannings- og fagskolesektoren skal ta utgangspunkt i NOKUT. Sjå hovudinnleiinga og programkategori 07.60 Høgre utdanning for meir omtale av omorganiseringa av sentraladministrative oppgåver.

Kap. 240 Fagskoler

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

60

Tilskott til fagskolar

651 079

61

Utviklingsmidlar til fagskoleutdanning

35 945

Sum kap. 0240

687 024

Post 60 Tilskott til fagskolar

Kunnskapsdepartementet foreslår å opprette ein ny post, Tilskott til fagskolar. Posten omfattar den nye tilskottsordninga for fagskolar som Stortinget har vedtatt å innføre, jf. Innst. 254 S (2016–2017) og Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning . Det er i tilskottsordninga lagt vekt på at finansieringa skal vere føreseieleg for fylkeskommunane, som skal ha forvaltningsansvaret for fagskoleutdanning. Samtidig vil departementet at tilskottsordninga skal stimulere til betre måloppnåing når det gjeld utdanningskvalitet og gjennomføring, og i tillegg bidra til å dekke kompetansebehova i samfunnet. Regjeringa vil at fagskolane skal bli ein større og viktigare del av det norske utdanningssystemet, og at ein større del av studentane skal ta fagskoleutdanning. I tråd med Stortingets vedtak, jf. Innst. 254 S (2016–2017), inneheld tilskottsordninga både eit grunntilskott og eit resultatbasert tilskott.

Tilskottsordninga omfattar midlar frå tre tidlegare finansieringskjelder for fagskoleutdanning, jf. omtale under Strategiar og tiltak. Ettersom fylkeskommunane har ansvaret for fagskoleutdanning, bør dei òg ha ansvaret for å forvalte og fordele tilskottet til alle fagskoletilboda i fylket. Fylkeskommunane får derfor frå 2018 eit samla tilskott til fagskoleutdanning. Tilskottet skal utbetalast frå Kunnskapsdepartementet til fylkeskommunane, som får ansvaret for å fordele tilskottet vidare til private og offentlege fagskolar.

Grunntilskott

Grunntilskottet utgjer 80 pst. av det samla tilskottet til fagskoleutdanning i 2017 over kap. 240 post 60. Prisjustert til 2018-kroner utgjer dette totalt 503,3 mill. kroner i 2018. Grunntilskottet er ei vidareføring av tilskottet fylkeskommunane fekk i 2017. For at grunntilskottet skal vere føreseieleg, langsiktig og stabilt, blir det heller ikkje omfordelt mellom fylkeskommunane i åra framover.

Departementet har vurdert om grunntilskottet bør fordelast ut frå tilskottet til den enkelte fylkeskommunen i 2017 eller ut frå eit gjennomsnitt av tilskottet over fleire år. Departementet vurderer det slik at fordelinga i 2017 best svarar til den aktiviteten dei ulike fylkeskommunane har i dag.

Resultatbasert tilskott

Det resultatbaserte tilskottet utgjer 20 pst. av det samla tilskottet til fagskoleutdanning i 2017 over kap. 240 post 60. Prisjustert til 2018-kroner utgjer dette totalt 125,8 mill. kroner i 2018. Det samla talet på fagskolepoeng avlagt ved fagskolane i kvart fylke utgjer grunnlaget for berekninga. Det resultatbaserte tilskottet skal gi eit insentiv til å arbeide for kvalitet og auke gjennomføringa i utdanningane.

Medan grunntilskottet er ei vidareføring av tilskott frå 2017, inneber det resultatbaserte tilskottet ei omfordeling, med verking frå og med 2018. Sidan det er første gong tilskottet til fagskolar blir berekna på bakgrunn av fagskolepoeng, vil innføringa bidra til at dei fleste fylkeskommunane får noko høgre eller lågare løyving enn om tilskottet frå 2017 hadde blitt vidareført. For å motverke at slike endringar ikkje inntreff som følgje av unormalt høge eller låge tal på fagskolepoeng i eit enkelt år, er det i forslag til statsbudsjettet for 2018 lagt til grunn eit gjennomsnitt av avlagte fagskolepoeng i 2014, 2015 og 2016. For åra framover blir det resultatbaserte tilskottet berekna ut frå endringar i fagskolepoeng frå eitt år til det neste. Avlagte fagskolepoeng for både vår og haust blir lagt til grunn. Dei 14 fagskolane som tidlegare fekk tilskott over Kunnskapsdepartementets kap. 276 post 72, er ikkje med i dette grunnlaget, jf. omtale av desse fagskolane nedanfor.

Det resultatbaserte tilskottet har open budsjettramme. Det inneber at jo fleire fagskolepoeng studentane tar, jo meir tilskott får fylkeskommunen, uavhengig av dei samla resultata i sektoren. Utteljinga i den resultatbaserte delen av tilskottet blir berekna ut frå rapporteringsdata frå fagskolane.

Fylkeskommunane får utteljing for avlagte fagskolepoeng ved alle fagskolane med statstilskott i fylket, uavhengig av om fagskolestudentane bur i fylket eller ikkje. Det gjeld òg for nettbaserte tilbod. Det blir dermed i berekninga ikkje tatt utgangspunkt i kor fagskolestudentane bur. Tilskottet går til fylkeskommunane, som har det faglege ansvaret for utdanningane i fylket. Ansvaret for å få fagskolestudentane gjennom utdanninga ligg framleis hos kvar enkelt fagskole.

For kvar av dei 14 fagskolane som tidlegare fekk tilskott over Kunnskapsdepartementet kap. 276 post 72, foreslår regjeringa å føre tilskottsnivået frå 2017 vidare i 2018. Midlane til desse fagskolane vil bli vidareført i ramma til den enkelte fylkeskommunen. Dette heng saman med føringar som låg til grunn for desse fagskolane då dei fekk endra lovtilknyting frå tidlegare privatskolelova til fagskolelova, jf. Innst. O. nr. 88 (2006–2007) og Ot. prp. nr. 37 (2006–2007). Desse 14 fagskolane er derfor ikkje med i omfordelinga av det resultatbaserte tilskottet i 2018, men blir resultatutsett på lik linje med dei andre fagskolane frå 2019.

Finnmark og Hedmark er fylkeskommunane med lågaste løyving i 2017, og dei får også det største prosentvise kuttet ved innføringa av tilskottsordninga. Sidan desse fylkeskommunane har få fagskoletilbod og allereie disponerer lite midlar, er dei ekstra utsette for kutt. Regjeringa foreslår derfor å omfordele 562 000 kroner frå Akershus, som er fylkeskommunen med størst auke som følge av innføringa av tilskottsordninga, både i tal og prosent. Dette er fordelt med 437 000 kroner til Finnmark fylkeskommune og 125 000 kroner til Hedmark fylkeskommune, slik at løyvingane deira i 2018 svarer til ei vidareføring frå 2017.

For å sikre dimensjonering av helsefagleg fagskoleutdanning skal det settast årlege kandidatmåltal. Kandidatmåltal er eit minstekrav til talet på uteksaminerte kandidatar frå den enkelte institusjonen.

Rapportering om midlane som er tildelte fagskoleutdanning over Kunnskapsdepartementets kap. 276 post 72 i 2016, er gitt under posten i programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Mål for 2018

Følgande mål gjeld for fagskoleutdanning som er omfatta av Kunnskapsdepartementets løyving over kap. 240 post 60:

  • høg kvalitet i fagskoleutdanning

  • yrkesretta fagskoleutdanning

  • god tilgang til fagskoleutdanning

  • effektiv og solid fagskolesektor

Budsjettforslag for 2018

I samband med innføring av ny tilskottsordning for fagskoleutdanning foreslår regjeringa ei flytting til kap. 240 post 60 på 440,6 mill. kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 572 post 60, på 116 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementets kap. 761 post 60 og på 72,5 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementets kap. 276 post 72. Kunnskapsdepartementet foreslår dermed totalt 629,1 mill. kroner over kap. 240 post 60 til ny tilskottsordning for fagskolar, med 503,3 mill. kroner i grunntilskott og 125,8 mill. kroner i resultatbasert tilskott i 2018. Sjå vedlegg 2 for tabell med fordeling mellom fylkeskommunane.

Kunnskapsdepartementet foreslår òg 22 mill. kroner til 638 nye studieplassar innanfor fagskoleutdanning i 2018. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. I forslaget har departementet lagt til grunn toårige studieplassar. Det er lagt inn midlar til halvårseffekt av desse studieplassane i statsbudsjettet for 2018. Nye studieplassar blir finansierte med eit grunntilskott i 2018 på 69 000 kroner per studieplass. Resultatbasert tilskott vil bli gitt ut frå avlagde fagskolepoeng i åra framover, og satsen vil i 2018 vere 17 000 kroner per 60 fagskolepoengseining. Satsen gjeld alle fagskoletilbod, uavhengig av fagområde og uavhengig om dei er nettbaserte eller ikkje, i tråd med Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning . Ved finansiering av nye studieplassar vil grunntilskottet utgjere 80 pst., medan det framtidige resultatbaserte tilskottet utgjer 20 pst.

Post 61 Utviklingsmidlar til fagskoleutdanning

Departementet foreslår å opprette ein ny post 61 Utviklingsmidlar til fagskoleutdanning. Posten omfattar midlar til blant anna tiltak for å auke kvaliteten i fagskolane, vidareutvikling av dagens utdanningstilbod og utvikling av nye etterspurde utdanningstilbod.

Mål for 2018

Høg kvalitet i utdanningstilboda og godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetansen arbeidslivet etterspør.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 35,9 mill. kroner på kap. 240 post 61 ved å flytte midlar frå avslutta kap. 276 post 01 og post 70 under programkategori 07.60 Høgre utdanning til ei varig ordning for utviklingsmidlar til fagskoleutdanning.

Kap. 241 Felles tiltak for fagskolesektoren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70

20 248

70

Andre overføringar , kan nyttast under post 21

12 214

Sum kap. 0241

32 462

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Departementet foreslår å opprette ein ny post 21 Driftsutgifter. Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt som skal bidra til kvalitetsutvikling i fagskoleutdanninga, gjere fagskolesektoren tilgjengeleg og synleg og auke kunnskapsgrunnlaget om fagskolesektoren. Løyvinga kan nyttast under kap. 241 post 21 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 241 post 70 for tilskott til ikkje-statlege aktørar. Sjå kap. 241 post 70.

Mål for 2018

Eit godt kunnskapsgrunnlag om fagskolesektoren, høg kvalitet i fagskoleutdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskolesektor.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 20,2 mill. kroner på kap. 241 post 21 ved å flytte midlar frå kap. 276 post 01 og post 70 og kap. 281 post 01 under programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår å opprette ein ny post 70 Andre overføringar. Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt som skal bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget om fagskolesektoren, til kvalitetsutvikling og til å gjere fagskolesektoren tilgjengeleg og synleg. Løyvinga kan nyttast under kap. 241 post 70 når midlane er til ikkje-statlege aktørar, og under kap. 241 post 21 når midlane er til statlege aktørar. Sjå kap. 241 post 21.

Mål for 2018

Eit godt kunnskapsgrunnlag om fagskolesektoren, høg kvalitet i fagskoleutdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskolesektor.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 12,2 mill. kroner over kap. 241 post 70 ved å flytte midlar frå avslutta kap. 276 post 01 og post 70 og kap. 281 post 01 under programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

531 319

512 112

586 985

14,6

253

Folkehøgskolar

801 962

828 845

826 952

-0,2

254

Tilskott til vaksenopplæring

221 136

221 493

199 451

-10,0

255

Tilskott til freds- og menneskerettssenter

108 435

90 770

93 220

2,7

256

Kompetanse Noreg

68 107

72 990

75 032

2,8

257

Kompetansepluss

166 644

167 981

163 036

-2,9

258

Tiltak for livslang læring

115 352

135 076

162 214

20,1

Sum kategori 07.50

2 012 955

2 029 267

2 106 890

3,8

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

3256

Kompetanse Noreg

14 174

11 801

12 059

2,2

Sum kategori 07.50

14 174

11 801

12 059

2,2

Innleiing

Eit høgt kunnskaps- og kompetansenivå i heile folket er grunnlaget for sosial utjamning og for at norske verksemder skal ha den kompetansen dei treng. Ei kompetent vaksenbefolkning legg grunnlaget for nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Utdanning og livslang læring gjer det mogleg for den einskilde å delta i arbeid og samfunnsliv, og stimulerer til produktivitet, omstillingsevne og meistring. Det er derfor viktig å legge til rette for at fleire vaksne både i og utanfor arbeidslivet skal kunne halde ved like og tileigne seg ny kunnskap, og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring.

Hovudmålet med løyvingane under denne programkategorien er utvikling av kompetanse som trengst i dag og i framtida . Vidare er utdanning og læring for kvar einskild eit viktig mål for løyvingane, jf. figur 1.2 Målbilde for Kunnskapsdepartementet.

Kompetansepolitikken omfattar verkemiddel for å utvikle og bruke kompetansen i det norske folket gjennom betre samsvar mellom etterspørselen etter arbeidskraft og den einskilde sin bruk av sin eigen kompetanse. Dette inneber å legge til rette for at den einskilde kan ta gode utdanningsval, legge grunnlaget for læringsprosessar utover opphavleg utdanning, og sikre eit system for å godkjenne kvalifikasjonar, kompetanse og læring. Kunnskapsdepartementet har ansvaret for samordning, men verkemidla i kompetansepolitikken går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå.

I tillegg til kompetansepolitikken blir utdanningsforsking og internasjonalt utdanningssamarbeid gitt ein samla omtale under programkategori 07.50.

Tilskott til utvekslingsprogrammet Erasmus+, tilskott til folkehøgskolane, tilskott til studieforbund og tilskott til freds- og menneskerettssentera blir òg finansierte over denne programkategorien.

Hovudprioriteringar for 2018

Regjeringa ønsker at både menneske og verksemder skal ha naudsynt kompetanse til å møte omstillingskrav i økonomien, slik at Noreg som nasjon også i framtida har eit konkurransedyktig næringsliv og ein effektiv og god offentleg forvaltning. På bakgrunn av dette har regjeringa – saman med Sametinget, partane i arbeidslivet og frivillig sektor – utvikla ein Nasjonal kompetansepolitisk strategi for Noreg. Strategien gir eit bilde av kva strategipartane meiner er viktige tema i åra framover. Regjeringa vil i 2018 følge opp strategien.

Regjeringa har ambisjonar om å utvikle eit kunnskapssamfunn der vaksne som har vanskar med å få varig tilknyting til arbeidslivet, får tilgang til opplæring som gir den kompetansen arbeidslivet treng. Det inneber at vaksne med svak kompetanse får identifisert kompetansebehova sine, og får tilgang til tilbod som møter desse behova. Ei satsing på livslang karriererettleiing er eit av oppfølgingspunkta i Nasjonal kompetansepolitisk strategi . Eit heilskapleg system for karriererettleiing er viktig for å bidra til omstilling, for å unngå feilval og fråfall, og for å nytte ressursane i samfunnet betre. Kompetanse Noreg har eit heilskapleg systemansvar for livslang karriererettleiing, og skal opprette eit kraftsentrum for karriererettleiing i Tromsø, samlokalisert med det eksisterande fagmiljøet rundt nett-tenesta utdanning.no . Regjeringa vil i 2018 følge opp arbeidet med livslang karriererettleiing med 25 mill. kroner, mellom anna ved å utvikle ei digital karriererettleiingsteneste. Tenesta skal gi betre tilgang på informasjon, men òg digital rettleiing for brukarar og rådgivarar, gjennom bruk av ressursane i dei etablerte karrieresentera rundt i fylka.

Organisation for Economic Co-operation and Development (OECD) sitt PIAAC-prosjekt (Programme for the International Assessment of Adult Competencies) er den største internasjonale undersøkinga om vaksnes dugleikar nokonsinne. Noreg var med i hovudundersøkinga som blei gjennomført i 24 land i 2011 til 2012. Ei liknande undersøking er planlagd gjennomført dei neste åra. Regjeringa har intensjon om å føre vidare deltakinga i prosjektet.

Tilstandsvurdering

Kompetansepolitikken

Norsk arbeidsliv er prega av høge kompetansekrav, høg produktivitet og høge lønnskostnader. Eit overordna mål for kompetansepolitikken er å bidra til at verksemdene har tilgang til og kan vidareutvikle den kompetansen dei treng, og bidra til inkludering i samfunns- og arbeidsliv ved at vaksne som treng det, får opplæring. Ein auke i talet på innbyggarar med utdanningsbakgrunn frå eit anna land gjer dette særleg aktuelt. Mange i denne gruppa treng påfyll av kompetanse for å kunne delta i arbeids- og samfunnsliv.

Kompetansepolitikken er tverrgåande på den måten at han omfattar oppgåver, ansvar og verkemiddel fordelte på mange aktørar. Dette inkluderer fleire departement, regionale og kommunale aktørar, partane i arbeidslivet og enkeltbedrifter, frivillig sektor og andre kompetansepolitiske aktørar. Utfordringane i kompetansepolitikken kan derfor ofte berre løysast gjennom samarbeid mellom fleire aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

I dei seinaste åra har kunnskapsgrunnlaget for kompetansepolitikken blitt betre, ikkje minst på grunn av nasjonale og internasjonale undersøkingar og internasjonalt samarbeid om utdanning. Kompetanse Noreg sin årlege publikasjon Kompass (tidlegare Vox-barometeret) viser statistikk over vaksne si deltaking i utdanning og opplæring. Saman med data frå Statistisk sentralbyrå (SSB), Lærevilkårsmonitoren (LMV) og internasjonale undersøkingar som PIAAC (Programme for the International Assessment of Adult Competencies) har vi eit betre bilde av status og utfordringar i kompetansepolitikken.

Kompetansebasert vekst og omstilling i norsk arbeids- og næringsliv

Organisation for Economic Co-operation and Development (OECD) har tidlegare peikt på at Noreg, trass i gode føresetnader, ikkje godt nok evnar å få ut potensialet i sitt eige folk når det gjeld kompetanse. Ei utfordring OECD peiker på, er godt samsvar mellom utdanningsvala til den einskilde og det behovet arbeidslivet har for ulike typar arbeidskraft. Dette er viktig både for kvart enkelt individ og for heile samfunnet. SSB sine framskrivingar av tilbod og etterspørsel etter arbeidskraft fram mot 2030 er éi av fleire kjelder til kunnskap om framtidige kompetansebehov. Berekningane deira viser eit framtidig overskott av dei med berre grunnskoleutdanning og eit framtidig underskott av dei med vidaregåande yrkesfagleg opplæring som høgste fullførte utdanning. Betre fullføring i vidaregåande opplæring vil gi fleire med nødvendig kompetanse og samtidig redusere delen av befolkninga med berre grunnskoleutdanning. Gjennom Skills Agenda 2030 har også EU framheva at alle vaksne treng kompetanse tilsvarande vidaregåande opplæringsnivå for å klare seg godt på arbeidsmarknaden i framtida.

For den einskilde er det viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag som utgangspunkt for val av utdanning og yrke. Det finst i dag ikkje ei heilskapleg oversikt over framtidige kompetansebehov i Noreg. Det finst ulike undersøkingar og analysar av kompetansebehova i Noreg, men desse blir i liten grad sett i samanheng. Betre kunnskap om framtidige kompetansebehov er også viktig for nasjonale og lokale myndigheiter som planlegg studieplassar, dimensjonering av vidaregåande opplæring, lærlingplassar, næringsutvikling osv. Fleire land har etablert ulike typar system for analyse, dialog og formidling av framtidige kompetansebehov.

Eit betre kunnskapsgrunnlag for framtidige kompetansebehov gir også betre tenester for karriererettleiing, både i skole og opplæring, i fagskolar og høgre utdanning, og for vaksne. I ei tid med store utfordringar knytte til omstilling og integrering er tilgang til tenester for karriererettleiing viktig. Det er ein klar etterspørsel etter betre tenester for ei større gruppe enn berre dei unge gjennom livslang karriererettleiing. Dette samsvarer òg med tilrådingane frå OECD. Karriererettleiing er eit verktøy for å utnytte kompetansen i arbeidsstyrken, og samstundes er det eit viktig verkemiddel for at den einskilde skal gjere gode val knytte til utdanning og arbeid. Dette vil motverke fråfall og feilval – og bidra til at fleire får ei stabil og varig tilknyting til arbeidslivet.

Gjennom NOU 2016: 7 Norge i omstilling. Karriereveiledning for individ og samfunn , kartla og avdekte Karriererettleiingsutvalet utfordringar og manglar ved det eksisterande karriererettleiingstilbodet. Tilbodet er i dag for lite heilskapleg, og er prega av at ulike aktørar leverer tenester som ikkje er tilstrekkeleg samordna. Både kvaliteten på tenestene og kompetansen til rettleiarane er for låge. Mange grupper har for dårleg tilgang til karriererettleiingstenester, og tilgangen til dei ulike tenestene varierer mykje frå fylke til fylke. Det finst tilbod om karriererettleiing til ulike brukargrupper som til dømes elevar, studentar og Nav-brukarar, men desse tilboda møter ikkje alltid etterspørselen og behova godt nok. Karrieresentera i fylka er det einaste tilbodet som er ope for alle vaksne. Det har vore ei positiv utvikling over tid, og det er nå karrieresenter i 17 av 19 fylke. Det er likevel ei utfordring at tilbodet ikkje er tilstrekkeleg bygd ut til å nå alle dei som treng det. Det finst per i dag ikkje noko nasjonalt tilbod om individuell karriererettleiing på nettet, og informasjonstenestene på nettet er ikkje godt nok samordna.

Ifølge Vox-barometerundersøkinga for 2016 vil kvar tredje verksemd i Noreg ha eit underskott på kompetanse i dei neste to åra. Verksemdene treng fleire sysselsette med høgre utdanning og yrkesfag- og fagskoleutdanning. Samstundes ønsker mange verksemder å redusere delen ufaglærte arbeidstakarar. Det er særleg dei mellomstore verksemdene (med 21–50 sysselsette) og verksemder i omstilling som rapporterer om eit problem med å dekke behovet sitt for kompetanse. Det er store skilnader mellom fylka. Størst underskott på kompetanse finn ein på Nordvestlandet og i Nordland. Det er òg stor skilnad mellom ulike regionar når det gjeld kunnskap om kompetansebehov i eigen region. Slik kunnskap er viktig for vidare utvikling av arbeids- og næringsliv i alle delar av landet.

Ei utvikling samfunnet står overfor, er automatisering i arbeidslivet i form av digitalisering, robotisering og større bruk av kunstig intelligens. Dette vil auke behovet for omstilling for arbeidstakarar i mange yrke. Den teknologiske utviklinga vil medføre at arbeidsoppgåver og jobbar blir overflødige eller endra i framtida, og at det vil komme heilt nye jobbar. Mange vil måtte oppdatere kompetansen sin for å meistre nye oppgåver. I tilfelle der jobbar forsvinn, vil mange måtte skaffe seg ei ny utdanning for å bli verande i arbeidslivet. Automatiseringa vil òg få følger for innhaldet i og organiseringa av grunnutdanningane og etter- og vidareutdanningstilbodet ved fagskolar og høgre utdanningsinstitusjonar. Det er ulike meiningar blant fagfolk og forskarar om kor dramatisk situasjonen er, men dei fleste er einige om at auka automatisering må møtast med betre moglegheiter for livslang læring.

Livslang læring

Gode utdannings- og yrkesval for den einskilde må følgast av kompetanseutvikling og livslang læring. Dei fleste tileignar seg kontinuerleg ny kompetanse gjennom læring i arbeidslivet. Både uformell læring og formell etter- og vidareutdanning ved universitet, høgskolar og fagskolar er viktige bidrag i kompetansepolitikken; sjå også omtale under programkategoriane 07.40 Fagskoleutdanning og 07.60 Høgre utdanning. Gjennom folkehøgskolane, studieforbunda og andre delar av frivillig sektor, i tillegg til opplæring på arbeidsplassen gjennom programmet Kompetansepluss , får mange vaksne òg tilbod om opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet.

Lærevilkårsmonitoren , ei årleg kartlegging av læring og kompetanseutvikling blant vaksne, viser at deltaking i kurs og anna opplæring er meir utbreidd blant sysselsette enn blant dei som står utanfor arbeidslivet, jf. tabell 4.17, og at deltakinga har samanheng med jobben. Gjennomgåande er det leiarar, offentleg tilsette og dei med høg utdanning som deltar mest i slik opplæring.

Tabell 4.17 Vaksne (25–66 år) sin deltaking i utdanning og opplæring, 2009–17. Alle tal i pst.

Type opplæring

Gruppe

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Formell utdanning

Sysselsette

11

9,4

8,6

9,7

10,3

9,5

8,9

8,3

8,5

Formell utdanning

Ikkje-sysselsette

13,5

11,7

10,6

12,4

13,2

13,6

14,4

13,9

12,2

Kurs og anna opplæring

Sysselsette

51,8

47,6

49,1

51,3

51,7

49

51,5

50,2

48,2

Kurs og anna opplæring

Ikkje-sysselsette

13,2

13

10,1

12,4

12,4

13,7

15,2

13

13,3

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

I dei to siste åra har sysselsette si deltaking i kurs og anna opplæring vist nedgang. Delen er framleis godt over 50 pst. for kvinner i aldersgruppa 35–54 år. Samstundes har det vore ein nedgang på 2,2 prosentpoeng i delen ikkje-sysselsette vaksne i alderen 25–66 år som tar formell utdanning.

Det er viktig for arbeidslivet at arbeidstakarane kan ta kurs og anna opplæring. Mange verksemder har eigne opplæringstilbod som for arbeidslivet er eit viktig supplement til formell utdanning. Samstundes er det ei utfordring at ein med dei tilboda som finst i dag, ikkje når mange nok av dei som står utanfor arbeidslivet. Studieforbunda tilbyr fleksibel og brukartilpassa opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet. Nokre studieforbund har opplæring retta mot spesielle målgrupper, som til dømes tilbod til innsette i fengsel, rusmisbrukarar, ufaglærte og norskopplæring for innvandrarar. Vi har liten kunnskap om effekten av opplæringa i studieforbund og om ho treffer dei med låg kompetanse og svake grunnleggande dugleikar.

Tal frå SSB viser at nær 665 000 personer i alderen 20–66 år ikkje har utdanning utover grunnskole. Tala er spesielt høge for unge innvandrarar og norskfødde gutar med innvandrarforeldre. Låg formell utdanning kan både bidra til og vere ein konsekvens av svake dugleikar. Den store internasjonale PIAAC-undersøkinga frå 2013 viser at sjølv om kompetansenivået blant norske vaksne i snitt ligg høgt, er det òg ei relativt stor gruppe med svake grunnleggande dugleikar i Noreg. Om lag 400 000 vaksne manglar grunnleggande dugleikar i lesing, og nær 500 000 i talforståing. Den siste PISA-undersøkinga frå 2016 viser at nærare 20 pst. av elevane går ut av grunnskolen med så svake dugleikar at dei kan få problem med vidare skolegang og arbeid. Personar med låg formell utdanning eller svake dugleikar er òg sårbare i arbeidslivet.

Om lag 75 000 arbeidstakarar har fått opplæring i grunnleggande dugleikar gjennom det statleg finansierte Kompetansepluss -programmet i perioden 2006–16. Programmet skal bidra til at vaksne får nødvendig kompetanse til å meistre krav og omstilling i arbeidslivet. Etter at norsk frå 2016 blei innført som ein av dugleikane, har talet på minoritetsspråklege deltakarar auka. Sjå kap. 257 for nærare omtale av tilskottsordninga.

Ei anna form for kompetanseheving for vaksenbefolkninga er fagbrev for vaksne. I dag finst det to vegar til fagbrev for vaksne, anten vaksenlærling eller praksiskandidat. Ingen av dei nåverande ordningane når i tilstrekkeleg grad dei som også treng litt ekstra oppfølging for å våge å gi seg ut på eit utdanningsløp. Praksiskandidatordninga når berre dei som har minimum fem års erfaring, fordi kravet er fem års praksis frå eitt fagfelt. Dei som har praksis frå fleire fagfelt eller har jobba mykje deltid, må ofte bruke lang tid på å opparbeide nok praksis til å kunne gå opp til fagprøva. Lærlingordninga inneber også for nokre at dei må gå ned i lønn, noko som er vanskeleg for dei med andre økonomiske pliktar.

Vaksne må ofte kombinere arbeid og utdanning og har forseinkingar eller avbrot i utdanninga si på grunn av flytting, barn og anna ansvar. Tilboda til vaksne med svake grunnleggande dugleikar må vere fleksible og tilpassa livssituasjonen deira. Koordineringa mellom offentlege instansar har ofte vore for dårleg. Sjølv om sektorane har dei same overordna måla, kan målkonfliktar og ulike regelverk stå i vegen for dei gode løysingane. Dei offentlege instansane må i større grad enn før tilpasse tiltaka sine til kompetansebehova til den einskilde.

Integrering

Språkopplæring og deltaking i arbeidslivet er viktige delar av regjeringa sin politikk for betre integrering av flyktningar. Den store tilstrøyminga av flyktningar i 2015 førte til stort press på mottaksapparatet og ulike delar av utdanningssektoren, og det blei sett i verk ei rekke tiltak for å følge opp oppmodingsvedtaka i integreringsforliket i Stortinget og Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk . Det er viktig at dei flyktningane som kjem til Noreg, blir integrerte på ein god måte, og at dei tileignar seg kompetanse slik at dei kan få ei stabil tilknyting til arbeidslivet.

SSB manglar opplysningar om utdanningsnivået til 24 pst. av dei busette innvandrarane som er 16 år og eldre (per 2015). Talet på vaksne med ukjente utdanningsopplysningar veks etter som talet på innvandrarar aukar. Nokre innvandrarar kjem frå land utan eit fungerande utdanningssystem og har ikkje fått grunnleggande opplæring, men mange har fullført utdanning i utlandet som dei ikkje har registrert i Noreg.

Kvalifisering og utdanning for flyktningar er viktig for å auke deltakinga til flyktningane i arbeidslivet. I NOU 2017: 2 Integrasjon og tillit er det vist at deltakinga i arbeidslivet er gjennomgåande lågare for flyktningar enn for resten av befolkninga. Sysselsettinga aukar i dei første fem–sju åra etter framkomst, men flatar deretter ut og søkk. NOU-en synleggjer behovet for tiltak som sikrar varig tilknyting til arbeidslivet. Her er kvalifisering og utdanning relevante tiltak på området til Kunnskapsdepartementet. Flyktningar med høgre utdanning frå utlandet har høgre sysselsettingsgrad enn andre flyktningar, men ligg likevel lågare enn flyktningar med vidaregåande eller høgre utdanning frå Noreg. Flyktningar med utdanning frå Noreg har nesten like høg sysselsettingsgrad som resten av befolkninga.

Gjennom introduksjonsprogrammet har flyktningar rett til språkopplæring og ei avsluttande prøve som dokumenterer det nivået han eller ho har oppnådd. Det finst òg fleire private og ideelle tilbod. Personar i arbeid kan òg få opplæring i grunnleggande dugleikar, inkludert språk, gjennom Kompetansepluss -ordninga (sjå kap. 257). For ytterlegare informasjon om introduksjonsprogrammet blir det vist til budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet.

Mange flyktningar har med seg kompetanse som dei kan bruke i det norske arbeidslivet. Det er viktig at desse flyktningane får godkjent utdanninga og kompetansen sin og får tilbod om kompletterande utdanning der det er nødvendig, for å kunne arbeide i Noreg. Generell godkjenning av utanlandsk utdanning skjer hos NOKUT gjennom den ordinære ordninga og godkjenningsordninga for personar utan verifiserbar dokumentasjon (UVD-ordninga). NOKUT har også frå 2016 ei godkjenningsordning for fag- og sveinebrev som i første omgang omfattar fem yrke frå Polen og Tyskland. Godkjenning/autorisasjon for å utøve eit lovregulert yrke i Noreg skjer ved 18 forskjellige fagetatar (som er godkjenningskontor), avhengig av yrke. Det har lenge vore ei utfordring for brukarane å orientere seg og få riktig informasjon om ulike delar av godkjenningsfeltet, jf. omtale i Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse og Meld. St. 30 (2015–2016).

NOKUT har opplevd ein kraftig vekst i søknader frå personar med kvalifikasjonar frå flyktningland i 2017, særleg frå Syria. Fordi det er vanskeleg å verifisere dokumentasjon frå mange flyktningland, har saksbehandlingstida auka. Dette er eit problem for den einskilde, som dermed ikkje kan søke relevant arbeid eller vidare studium, og ei utfordring for samfunnet, som går glipp av kompetanse. Sjå elles omtale av NOKUT under kap. 280 post 01.

Karriererettleiing er ein viktig del av kvalifiseringa for flyktningar ved at ho gir innsikt i moglegheiter for arbeid og korleis den kompetansen og utdanninga flyktningane har med seg, kan komme til nytte. I dag blir denne rettleiinga gitt som ein del av introduksjonsprogrammet av ein rettleiar eller programrådgivar. I den opplæringa i norsk og samfunnskunnskap som blir tilbydd innvandrarar, er det også element av karriererettleiing. Ingen av desse tilboda utgjer ei fullverdig karriererettleiing, og introduksjonsprogrammet startar først etter busetting i ein kommune. Det er derfor viktig å sjå nærare på tilbodet om karriererettleiing for flyktningar og vurdere tilbodet til flyktningar i samband med dei andre karriererettleiingstenestene.

Utdanningsforsking

Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, bidra til høgre kvalitet i barnehagane, i skolane, i høgre utdanning og i kompetansepolitikken, og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.

Forskinga på barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og læring blant vaksne har auka i omfang i dei siste åra. Det har òg vore ei positiv utvikling i kvalitet og relevans, og fleire gode og produktive fagmiljø har vakse fram. Ifølge NIFU-rapporten Utdanningsforskningen i Norge i 2015. Ressurser og resultater har det vore ein vekst i midlar til utdanningsforsking frå 1,1 mrd. kroner i 2013 til 1,4 mrd. kroner i 2015.

Kompetansen blant utdanningsforskarane har auka merkbart frå 2007 til 2015. Det er no fleire utdanningsforskarar i Noreg enn tidlegare, og volumet på utdanningsforskinga har gått opp. Talet på professorar i utdanningsforsking er tredobla i perioden, og delen av utdanningsforskarar i andre førstestillingar er dobla. Delen av utdanningsforskarar med doktorgrad har i same periode auka frå 28 til 42 pst. Dette er likevel lågare enn i den totale forskarpopulasjonen (59 pst.). Finansiering av utdanningsforsking frå utlandet, og særleg frå EU, har auka tydeleg frå 2013 til 2015. Men delen av utdanningsforskingsmiljø med internasjonalt samarbeid har ikkje auka nemneverdig. Det er framleis ein ambisjon at fleire miljø skal etablere internasjonalt forskingssamarbeid.

Det er viktig at den positive utviklinga i utdanningsforskinga held fram. Vi treng ny kunnskap, nye metodar og nye former for samarbeid for å finne betre løysingar på dei utfordringane ein ser i skolane, i forvaltninga og i organiseringa og styringa av utdanningssektoren. Vi har mellom anna behov for meir fagdidaktisk forsking og meir forsking som måler effekten av ulike tiltak og intervensjonar på praksisfeltet.

Internasjonalt utdanningssamarbeid

Internasjonalt samarbeid bidrar til betre kvalitet på og større relevans i norsk utdanning og forsking. Gjennom deltaking i internasjonale utvekslingsprogram og målretta samarbeid med prioriterte land legg Kunnskapsdepartementet til rette for at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene får høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte.

Deltaking i EUs utdanningsprogram er eit viktig verkemiddel for å nå utdanningspolitiske mål. Sidan tidleg i 1990-åra har norsk deltaking i EUs utdanningsprogram bidratt til at fleire tusen elevar, lærlingar, studentar, lærarar og andre tilsette ved norske utdanningsinstitusjonar har kunna reise på utvekslingsopphald i Europa. Den auka prioriteringa av internasjonalisering i norsk utdanning er godt illustrert i investeringane for å delta i EUs utdanningsprogram.

Samstundes har mange utanlandske studentar, elevar, lærarar og tilsette vore på utvekslingsopphald i Noreg. Deltakinga har òg gitt norske skolar, universitet og høgskolar tilgang til eit omfattande nettverk med europeiske samarbeidspartnarar. Sidan 1992 har alle norske høgre utdanningsinstitusjonar bygd opp europeiske samarbeidsavtalar. Desse avtalane inkluderer til dømes utveksling, strategiske partnarskap, utvikling av felles undervisningsopplegg og doble gradar eller fellesgradar.

For å nå utdanningspolitiske mål er det òg avgjerande å styrke kontakten med strategisk viktige land utanfor EU og Nord-Amerika. Store geografiske avstandar, språk- og kulturskilnader gjer det krevjande å etablere langsiktige relasjonar til prioriterte land på andre kontinent, og tala på norske studentar som vel studium i land som ikkje er engelskspråklege, er framleis låge. Erasmus+ er eit viktig verkemiddel for meir utdanningssamarbeid med slike land. Regjeringa la hausten 2015 fram Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020). Eit styrkt samarbeid innanfor utdanning med Panorama -landa er mellom anna viktig for å utdanne fleire kandidatar med relevant kompetanse av høg kvalitet, kombinert med den internasjonale erfaringa og kulturforståinga som mellom anna norsk næringsliv i aukande grad etterspør. Etter normaliseringa av dei bilaterale relasjonane mellom Noreg og Kina er arbeidet med å styrke og vidareutvikle høgre utdannings- og forskingssamarbeidet med Kina gitt særleg prioritet i den vidare oppfølginga av Panorama -strategien.

Freds- og menneskerettssenter

Kunnskapsdepartementet gir tilskott til sju freds- og menneskerettssenter rundt om i landet. Freds- og menneskerettssentera er uavhengige stiftelsar som arbeider med dokumentasjon, forsking på og formidling av områda demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Gjennom utstillingar og pedagogiske undervisningsopplegg gir dei kvart år opplæring til nærare 30 000 elevar, studentar og lærarar. Det har vore ein jamn auke i besøkstala i dei seinare åra. Sentera har ulik profil og ulike pedagogiske opplegg retta mot barn og unge. Felles for alle er at dei på bakgrunn av erfaringar frå tidlegare konfliktar og krigar ønsker å fremme respekt for menneskerettar og fred gjennom dialog og samhandling. I ei tid prega av eit aukande internasjonalt konfliktnivå og store flyktningstraumar er dette ei viktig oppgåve. Fleire av sentera har i dei siste åra fått bidrag til å utbetre lokala sine og til betre fasilitetar for dei besøkande.

Strategiar og tiltak

Kompetansepolitikken

Kompetansebasert vekst og omstilling i norsk arbeids- og næringsliv

Regjeringa, og partane i arbeidslivet, har utvikla ein Nasjonal kompetansepolitisk strategi for Noreg som skal bidra til betre koordinering mellom ansvar og tiltak. Strategien blei utforma i nært samarbeid mellom myndigheitene, partane i arbeidslivet og frivilligheita, og skal gjelde i perioden 2017–21. Målsettinga for strategien er god kompetanse i arbeidslivet gjennom tilgang på kvalifisert arbeidskraft og målretta læring i arbeidslivet. Utviklinga av ein slik strategi er ei oppfølging av OECD sitt arbeid med Skills Strategy. Hovudmål i strategien er å bidra til at enkeltmenneske og verksemder har ein kompetanse som gir Noreg eit konkurransedyktig næringsliv, ein effektiv og god offentleg sektor, og gjer at færrast mogleg står utanfor arbeidslivet. Strategipartane er einige om

  • å bidra til gode val for den einskilde og samfunnet,

  • å arbeide for å betre læringsmoglegheiter og god bruk av kompetanse i arbeidslivet,

  • å styrke kompetansen til vaksne med svake grunnleggande dugleikar, svake norskdugleikar og lite formell kompetanse.

Strategien inneheld fleire tiltak og ei rekke organisatoriske grep som skal føre til meir samordning på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Strategien vil følgast opp gjennom eit kompetansepolitisk råd som skal møtast gjennom perioden. I rådet er departementa, partane i arbeidslivet og frivilligheita representerte.

Både for samfunnet og for den einskilde er det viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag som utgangspunkt for val av utdanning og yrke. Betre kunnskap om framtidige kompetansebehov er også viktig for nasjonale og lokale myndigheiter som planlegg studieplassar, dimensjonering av vidaregåande opplæring, lærlingplassar, næringsutvikling osv. Kunnskapsdepartementet hadde i 2013–16 eit prosjekt som vurderte om Noreg skulle etablere eit system for dette arbeidet. Prosjektet tilrådde at det burde etablerast ein møteplass som samlar forskarar, departementa og partane i arbeidslivet for å skape ei felles forståing av kva som er dei framtidige kompetansebehova i samfunnet. På bakgrunn av dette har regjeringa, i samarbeid med partane i arbeidslivet og frivillig sektor, frå 2017 etablert eit kompetansebehovsutval (KBU), som består av forskarar, analytikarar og representantar for alle hovudorganisasjonane i arbeidslivet og departementa. Formålet med KBU er å tilverke den best moglege faglege vurderinga av kompetansebehova i Noreg som grunnlag for nasjonal og regional planlegging. Den einskilde og verksemder skal også kunne nytte resultata av arbeidet til utvalet. Utvalet skal systematisere kunnskapsgrunnlaget, og stimulere til utvikling av eit nytt kunnskapsgrunnlag som kan vere til hjelp for å klargjere kompetansebehov i samfunnet og betre forstå valet til enkeltindivida av utdanning, læring og arbeid. Utvalet skal tilverke kunnskap om framtidige kompetansebehov på både kort, mellomlang og lang sikt. Både nasjonale og regionale analysar skal inngå. Utvalet skal òg legge til rette for og stimulere til open dialog og diskusjon om kompetansebehova i samfunnet. Utvalet skal legge fram ein årleg rapport med analyse og fagleg vurdering av kompetansebehova i Noreg både nasjonalt og regionalt. Betre informerte val kan gi betre samsvar mellom tilbod om og etterspørsel etter ulike typar arbeidskraft. Sekretariatet for KBU er lagt til Kompetanse Noreg.

Satsing på kunnskap og kompetanse er ein føresetnad for innovasjon og ei vellykka omstilling av norsk økonomi. Ei utvikling samfunnet står overfor, er automatisering i arbeidslivet i form av digitalisering, robotisering og meir omfattande bruk av kunstig intelligens. Dette vil auke behovet for omstilling for arbeidstakarar i mange yrke. Den teknologiske utviklinga gjer at einskilde arbeidsoppgåver og jobbar blir overflødige, og at innhaldet i mange jobbar vil bli endra. Regjeringa meiner at auka automatisering må møtast med betre moglegheiter for livslang læring, og vil sette i gang eit arbeid for å vurdere korleis utdanningssektoren og systemet for livslang læring kan tilpassast dei nye behova.

Organisation for Economic Co-operation and Development (OECD) sitt PIAAC-prosjekt (Programme for the International Assessment of Adult Competencies) er den største internasjonale undersøkinga om vaksnes dugleikar nokonsinne. Noreg var med i hovudundersøkinga som blei gjennomført i 24 land i 2011 til 2012. Ei liknande undersøking er planlagd gjennomført dei neste åra. Regjeringa har intensjon om å føre vidare deltakinga i prosjektet. Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet samarbeider om prosjektet i Noreg.

I Skills Strategy- rapporten frå OECD frå 2014 er ei av tilrådingane å utvikle eit heilskapleg system for livslang karriererettleiing for å sikre betre tilgang til og kvalitet på karriererettleiinga i Noreg. I hovudinnstillinga si, NOU 2016: 7 Norge i omstilling. Karriereveiledning for individ og samfunn, greidde det regjeringsnedsette utvalet ut korleis den livslange karriererettleiinga for elevar, studentar og vaksne i og utanfor arbeidslivet kunne styrkast. Før NOU 2016: 7 blei send ut til høyring, fekk partane i arbeidslivet uttale seg om rapporten, og innspela og vurderingane deira blei lagde ved høyringa. Ei satsing på karriererettleiing var eit av oppfølgingspunkta i nasjonal kompetansepolitisk strategi.

Kompetanse Noreg har eit heilskapleg systemansvar for livslang karriererettleiing. Derfor har regjeringa beslutta at Kompetanse Noreg skal opprette eit kraftsentrum for karriererettleiing i Tromsø, samlokalisert med det eksisterande fagmiljøet rundt nett-tenesta utdanning.no (som er del av det nye Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT). Regjeringa vil i 2018 følge opp arbeidet med livslang karriererettleiing med 25 mill. kroner, mellom anna ved å utvikle ei digital karriererettleiingsteneste. Tenesta skal gi betre tilgang på informasjon, men òg digital rettleiing for brukarar og rådgivarar, gjennom bruk av ressursane i dei etablerte karrieresentera rundt i fylka. Betre kvalitet på rettleiing gjennom bruk av digitale tenester for heile befolkninga vil bidra til mindre fråfall og færre feilval, samt betre heilskap i tenestene.

Kompetanse Noreg har fått i oppdrag å starte arbeidet med å greie ut og utvikle eit kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Målet er å gi alle innbyggarar i landet likeverdige tilbod om karriererettleiing. Kvalitetsrammeverket skal vere tverrsektorielt, og mellom anna definere kvalitetskriterium for tenestene og kompetansestandardar for karriererettleiarar. I 2018 skal Noreg rapportere til EU-kommisjonen om implementeringa av rekommandasjonen om realkompetanse som blei innlemma i EØS-avtalen 25. september 2014. Kompetanse Noreg koordinerer òg eit treårig Erasmus+-prosjekt (VISKA) som gjeld politisk eksperimentering om betre og utvida bruk av realkompetansevurdering knytt til kompetansekartlegging og karriererettleiing.

Med tilslutning frå Stortinget slo regjeringa fast i Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, at karrieresentera er eit sentralt kompetansepolitisk verkemiddel for fylkeskommunane og deira partnarskap med Nav, universitet og høgskolar og partane i arbeidslivet, jf. Innst. 385 S (2016–2017). Karrieresentera må sjåast i nært samband med dei måla fylkeskommunane set seg om å møte behova for kompetent arbeidskraft i det regionale arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet vil greie ut og vurdere dei forslaga i NOU 2016: 7 som gjeld ei fylkeskommunal plikt til å tilby karriererettleiing og andre oppgåver knytte til karriererettleiingstenester og fylkeskommunen sine oppgåver. Regjeringa er gjennom Nasjonal kompetansepolitisk strategi samd med dei andre strategipartane om å styrke det kompetansepolitiske ansvaret og samordningsrolla til regionalt folkevalt nivå, og legge betre til rette for regionalt samarbeid mellom ulike kompetanseaktørar. Kunnskapsdepartementet meiner at regionalt folkevalt nivå er det rette nivået for å vurdere kva for aktørar og organisasjonar som kan bidra til å skape ein betre samanheng mellom etterspørsel etter og tilbod om kompetanse i dei ulike regionale arbeidsmarknadene.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 337, 16. desember 2015, i samband med Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2016, jf. Innst. 12 S (2015–2016) og Prop. 1 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en sak om studiesentrenes rolle i det framtidige utdanningssystemet.»

Kunnskapsministeren varsla at han ville komme tilbake til Stortinget med dette i 2017. Departementet viser til Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå , der Kunnskapsdepartementet har eit eige kapittel om kompetansepolitikken i dei nye regionane. Regjeringa vil starte eit utgreiingsarbeid med sikte på å styrke dei nye folkevalde regionane og gi dei ansvar for å vareta oppgåver knytte til strategisk kompetansepolitisk kartlegging, planlegging og utvikling. Arbeidet skal vurdere ansvaret for studiesentera, kunnskapsparkar, studieverkstader o.l., inkludert finansieringsansvar og -rammer. Dette vil mellom anna bli vurdert i samband med ønsket om meir føreseielege finansieringsrammer for desse aktørane. Utgreiingsarbeidet vil bli gjennomført slik at endringar kan tre i kraft med regionreforma frå 2020. Sjå også omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og programkategori 07.40 Fagskoleutdanning.

Livslang læring

Stortinget har slutta seg til forslaga i Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse – samordnet innsats for voksnes læring , jf. Innst. 362 S (2015–2016) og Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk, jf. Innst. 399 S (2015–2016). Fleire departement gjekk saman om å arbeide for at vaksne skal få betre høve til å styrke kompetansen sin og betre høve til å delta i opplæring. Målet er at den einskilde skal ha ein kompetanse som gir grunnlag for ei stabil og varig tilknyting til arbeidslivet. Departementa og dei underliggande etatane er nå i gang med å gjennomføre tiltaka i meldinga.

I meldinga blei det lagt fram ei rekke tiltak for fleire sektorar. Dei fleste tiltaka er i gang eller gjennomførte. Det er mellom anna gjort endringar i opplæringslova som vil gjere det lettare for unge og vaksne å ta utdanning, jf. Innst. 304 L (2016–2017) og Prop. 79 L (2016–2017) Endringar i opplæringslova (oppstart av grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring) . Vaksne som har gjennomført vidaregåande opplæring i utlandet og ikkje får denne godtatt i Noreg, får rett til vidaregåande opplæring. Lova er òg endra slik at ungdomsretten til vidaregåande opplæring går rett over til vaksenretten, som gjeld frå det året ein fyller 25 år.

Som ei oppfølging av Meld. St. 16 (2015–2016) har regjeringa òg sett ned eit ekspertutval som skal sjå på finansiering av livsopphald for vaksne som tar grunnskole eller vidaregåande opplæring. Utvalet skal vurdere korleis det kan leggast betre til rette økonomisk for vaksne som treng grunnskole eller vidaregåande opplæring, og dei skal legge fram ulike modellar for og forslag til finansieringsordningar. Utgreiinga skal vere klar i desember 2018.

Det finst i dag lite oversikt og få studiar over kor mange lærarar som underviser vaksne, og kva for kompetanse dei har ut over godkjent pedagogisk utdanning. Fleirtalet av lærarar som underviser vaksne, har grunnleggande pedagogisk kompetanse, men manglar kompetanse i norsk som andrespråk og vaksenpedagogikk. Både Meld. St. 16 (2015–2016) og Meld. St. 30 (2015–2016) har satsingar som omhandlar kompetanseutvikling for denne lærargruppa. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet arrangerte Kompetanse Noreg, i samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) 15. juni eit fagseminar der behov for kompetanseutvikling hos lærarar som underviser vaksne i grunnskolen og i norsk for innvandrarar blei drøfta med representantar frå UH-sektoren, offentlege og private tilbydarar, studieforbund, Nav og Utdanningsforbundet.

Regjeringa vil etablere ei ordning med «Fagbrev på jobb», jf. omtale i Meld. St. 16 (2015–2016). Kunnskapsdepartementet meiner det er behov for ei ordning som kombinerer delar av lærlingordninga med delar av praksiskandidatordninga. Slik kan fleire utan formell kompetanse ta fagbrev, og samstundes få lønn under opplæringa. Ei slik ordning vil nå vaksne i arbeidslivet som har noko praksis frå lærefaget, og som treng noko rettleiing og opplæring før dei kan gå opp til fagprøva. Krava til fagkompetanse hos dei som tar fag- eller sveineprøva, skal vere dei same som i eksisterande ordningar. Kunnskapsdepartementet og partane i arbeidslivet arbeider med eit lovforslag for ordninga.

Regjeringa vil sette i verk forsøk med modulstrukturert opplæring på grunnskolenivå for vaksne, jf. omtale i Meld. St. 16 (2015–2016). Opplæringa skal gi grunnlag for inntak til vidaregåande skolar. Modulstrukturert opplæring vil vere eit fleksibelt opplegg, og vil dermed gi vaksne betre moglegheit for å gjennomføre grunnskolen. Modulane kan gjennomførast på ulike arenaer, som på skolen, arbeidsplassen og i samband med tiltak i Nav. Sidan dei fleste som ikkje har grunnskoleopplæring, er innvandrarar, har det vore viktig at norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar kan integrerast i den modulstrukturerte opplæringa. Kompetanse Noreg har prosjektansvaret for forsøka, og dei har utarbeidd modulstrukturerte forsøkslæreplanar i samarbeid med vaksenopplæringssektoren, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), Utdanningsdirektoratet og Nav. 28 vaksenopplæringssenter som dekker 48 kommunar, er innvilga forsøk. Forsøka tok til ved skolestart hausten 2017.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å sette i verk forsøk med modulstrukturerte læreplanar i utvalde lærefag i vidaregåande opplæring. Målet er å utvikle ei fleksibel og meir effektiv fag- og yrkesopplæring for vaksne og stimulere fleire vaksne til å ta fag- eller sveinebrev. Forsøka tok til i september 2017.

Regjeringa ønsker å støtte opp om dei uformelle delane av opplæringssektoren, men er òg opptatt av at aktivitet som får statsstøtte, fungerer effektivt og målretta. Studieforbunda gir eit viktig bidrag til vaksenopplæringa, men regjeringa ønsker meir kunnskap om effekten av slik opplæring og om opplæringa treffer dei med låg kompetanse og svake grunnleggande dugleikar. Kunnskapsdepartementet har derfor gitt Kompetanse Noreg i oppdrag å gjennomgå rolla til studieforbunda i tilskottsforvaltninga og måloppnåinga i studieforbunda, og rapportere på dette innan 1. mai 2018.

Integrering

I 2016 fekk Kompetanse Noreg i oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet å etablere eit tilbod om karriererettleiing til nyleg tilkomne flyktningar ved fem integreringsmottak og eit ordinært asylmottak. Karriererettleiinga skal følge etter at flyktningane sjølve har kartlagt sin eigen kompetanse, og dette skal til saman bidra til raskare overgang til kvalifisering, arbeid og sjølvforsørging. Kompetanse Noreg vil framleis ha ansvaret for prosjekta med karriererettleiing i mottak, medan Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) frå juli 2017 har tatt over ansvaret for kompetansekartlegginga, slik at dette skjer som ein naturleg del av integreringsløpet. Det er tett samarbeid om desse oppgåvene for å sikre god samanheng mellom kompetansekartlegging og karriererettleiing. Det er dei offentlege karrieresentera som har fått i oppgåve å tilby karriererettleiing til flyktningane. Ved dei fem integreringsmottaka samarbeider karrieresentera med Nav om rettleiinga, og frå hausten 2017 vil tilbodet om karriererettleiing også bli utvida til tre ordinære mottak. Prosjekta vil vare ut 2017 ved dei ordinære mottaka og ut 2018 ved integreringsmottaka. Det har vore gjennomført eit kompetansehevingsprogram for rettleiarane i samband med prosjektet.

Utdanningsforsking

Kunnskapsdepartementet har ei langsiktig satsing på forsking på utdanning gjennom Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) i Noregs forskingsråd. FINNUT skal utvikle kunnskap av høg kvalitet og relevans for politikkutforming, forvaltning og praksisfelt, medverke til fornying av forskingsfeltet og til innovasjon i utdanningssektoren. Programmet skal òg medverke til å vidareutvikle utdanningsforskinga som eit fleirfagleg og tverrfagleg forskingsområde. Departementet legg opp til at FINNUT får ei løyving på 125,2 mill. kroner i 2018, inkludert øyremerkte satsingar. Programmet vil i 2018 bli finansiert over kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51, kap. 258 post 21, kap. 281 post 50 og kap. 285 post 53.

FINNUT har lyst ut totalt 50 mill. kroner til inntil to einingar som skal styrke den barnehagerelevante forskinga i Noreg, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, jf. kap. 231 post 21. Forskingsrådet har mottatt seks søknader til utlysinga. Kunnskapsdepartementet har òg gitt Forskingsrådet i oppdrag å lyse ut 50 mill. kroner til forsking ved grunnskolelærarutdanningane for å styrke didaktisk forsking.

Forskingsrådet har òg fått i oppdrag å administrere satsinga LÆREEFFEKT. Satsinga finansierer to intervensjonsstudiar og eit prosjekt som forskar på effektane av auka lærartettleik.

Universitetet i Bergen (UiB) har etter konkurranse fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å etablere eit fagmiljø for læringsanalyse, og har oppretta det tverrfaglege senteret SLATE (Centre for the Science of Learning and Technology), som starta opp i 2016. Eininga er finansiert av Kunnskapsdepartementet og UiB. Senteret skal medverke til meir kunnskap om kompetanseutvikling innanfor teknologi og læringsvitskap.

Kunnskapsdepartementet finansierer òg Center for Educational Measurement at University of Oslo (CEMO), som blei oppretta hausten 2012. Eininga skal medverke til nasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar og til å utvikle og formidle kunnskap til utdanningssektoren.

I samband med Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring blir det gjort systematiske forsøk med tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring, jf. kap. 226 post 60. Satsinga har ei samla ramme på om lag 120 mill. kroner over tre år. Kunnskapsdepartementet er oppdragsgivar. Kunnskapsdepartementet finansierer òg forskingssatsinga Et lag rundt eleven , der ulike modellar for bruk av fleire yrkesgrupper i skolen blir prøvde ut. Det er sett av 20 mill. kroner til denne satsinga på kap. 226 post 21, og Utdanningsdirektoratet administrerer satsinga.

Internasjonalt utdanningssamarbeid

For å sikre ei god norsk deltaking i alle delar av EUs utdanningsprogram har Kunnskapsdepartementet utarbeidd ein strategi for utdanningssamarbeidet i Erasmus+, og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) har utvikla ein handlingsplan for å følge opp denne. Det er eit mål at aktiviteten aukar gjennom programperioden, og samanlikna med tidlegare programperiodar. Deltaking i Erasmus+ skal bidra til å nå måla i norsk utdanningspolitikk, til kvalitetsutvikling og til å styrke det internasjonale utdanningssamarbeidet på alle nivå. Dette vil både gjere utdanninga relevant, og gjere elevar, lærlingar og studentar attraktive for arbeidsmarknaden, samtidig som den einskilde får høve til fagleg og personleg utvikling.

For å nå utdanningspolitiske mål er det òg avgjerande å bruke Erasmus+ til å styrke kontakten med strategisk viktige land utanfor EU og Nord-Amerika, jf. Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) . Dei mest sentrale tiltaka i strategien er samarbeidsprogramma UTFORSK og INTPART, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og programkategori 07.70 Forsking. Regjeringa foreslår ei samla løyving på 55,4 mill. kroner til ulike tiltak for å følge opp strategien i 2018, spesielt retta mot Brasil og Kina.

Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd i 2017. Nokre av tiltaka blir førte vidare utover 2017, blant anna det strategiske arbeidet med vidareutvikling av det nordiske samarbeidet på utdanningsområdet. Formannskapsprosjektet 0–24 – tverrsektorielt samarbeid om utsette barn og unge , varer frå 2017 til 2019. Prosjektet skal føre til at dei nordiske landa og sjølvstyrte områda deler erfaringar og utviklar praksis for å lykkast med tverrsektoriell samhandling på kommunalt nivå, og mellom stat og kommune.

I sin Tyskland-strategi slår regjeringa fast at Tyskland er Noregs viktigaste partnar i Europa, og at regjeringa vil stimulere til auka interesse for tysk språk og Tyskland i skolen og blant studentar. I tillegg er Tyskland kjent for forskings- og utdanningsinstitusjonar av høg kvalitet, og Noreg ønsker derfor å styrke samarbeidet med Tyskland ytterlegare. Det er ønskeleg at fleire norske elevar og studentar tar heile eller delar av utdanninga si i Tyskland.

Rekommandasjonen om det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF) blei tatt inn i EØS-avtalen 17. mars 2009, og er ein del av det europeiske samarbeidet om kompetansepolitikken. Målet er å kople dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka i Europa til EQF for å gjere utdanningssystema meir forståelege og lettare å samanlikne på tvers av land. Dette skal medverke til å auke mobiliteten i utdannings- og arbeidsmarknaden i Europa. Rekommandasjonen blei revidert 22. mai 2017, og det er førebuingar i gang med tanke på å innplassere han i EØS-avtalen.

Utdanningsmandatet til Europarådet er å hjelpe medlemslanda i arbeidet med å styrke utdanning for demokrati og medborgarskap. Organisasjonen sitt kommande rammeverk for vurdering av kompetanse for demokratisk kultur er aktuelt som ein ressurs i oppfølginga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet . Noreg har oppfordra Europarådet til å støtte opp om arbeidet til UNESCO for å utvikle ein global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar i høgre utdanning.

Kunnskapsdepartementet har eit koordineringsansvar for å følge opp berekraftmålet om utdanning og livslang læring, som blei vedtatt av FNs generalforsamling i september 2015, jf. kap. 12 i del III.

Folkehøgskolar og freds- og menneskerettssentera

Folkehøgskolane er eit supplement til det formelle utdanningssystemet, og har som mål å fremme allmenndanning og folkeopplysning. Eit år på folkehøgskole kan for mange unge gi høve til å utvikle seg i ein modningsfase i overgangen til vaksenlivet.

Freds- og menneskerettssentera arbeider med å styrke fredsarbeid og mellommenneskeleg forståing, og gir opplæring i demokratiske verdiar og holdningar.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 19, 10. november 2015, jf. Innst. 12 S (2015–2016) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en strategi for statens innsats hva gjelder freds-, dokumentasjons- og formidlingsarbeidet, samt retningslinjer for statens finansielle bidrag til stiftelsene som arbeider med dette og mottar støtte.»

Kunnskapsdepartementet har i 2017 utarbeidd ein felles strategi for freds- og menneskerettssentera som oppfølging av oppmodingsvedtaket. Strategien blei utforma i nært samband med dei sentera som mottar statlege løyvingar, og legg vekt på særtrekka til sentera og deira store grad av fridom i val av innhald, arbeidsmetodar og arbeidsformer. Strategien skal bidra til at sentera utfyller kvarandre, og innrettar verksemda si og utfører oppgåvene sine innanfor eit regionalt, landsdekkande og internasjonalt perspektiv. Kunnskapsdepartementet har dermed utkvittert oppmodingsvedtaket frå Stortinget.

Kap. 252 EUs utdannings- og ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Tilskott

531 319

512 112

586 985

Sum kap. 0252

531 319

512 112

586 985

Post 70 Tilskott

Stortinget vedtok i april 2014 at Noreg skal delta i EUs program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–20), jf. Innst. 153 S (2013–2014) og Prop. 43 S (2013–2014). Budsjettet for programmet er basert på Europakommisjonens langtidsbudsjett, og har ei total ramme på 16,4 mrd. euro. Noreg sin del er om lag 500 mill. euro gjennom perioden.

Løyvinga på posten dekker utgifter til norsk deltaking i programmet. Løyvinga kan også dekke kostnader knytte til prosjekt som ennå ikkje er avslutta i EUs program for livslang læring (LLP), som varte frå 2007 til 2013, samt attståande utbetalingar til Erasmus Mundus og Aktiv ungdom.

Erasmus+ gir høve til å delta i samarbeids- og utvekslingsprosjekt i heile verda, til dømes mobilitet, institusjonssamarbeid, samarbeid med arbeids- og næringsliv og politikkutvikling. Key Action er eit felles namn på aktivitetar og prosjekt som kan finansierast under Erasmus+. Key Action 1 er individuell mobilitet, Key Action 2 er samarbeid for innovasjon og utveksling av beste praksisar, og Key Action 3 er støtte til politikkutforming. Om lag ti pst. av midlane blir delte ut etter konkurranse sentralt i EU.

Målgruppa er i hovudsak norske elevar, lærlingar, studentar, lærarar og tilsette i utdanningssystemet, barn og unge, tillitsvalde og tilsette i barne- og ungdomsorganisasjonar. Norsk deltaking vil gi norske skolar, universitet, høgskolar og andre aktørar tilgang til eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar av høg kvalitet.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er nasjonale kontor for Erasmus+. Dei administrerer dei midlane som Noreg får tildelt gjennom ein europeisk fordelingsnøkkel. Resten blir fordelt på nasjonalt nivå. Sjå omtale av SIU under kap. 280 post 50, og omtale av Bufdir i Barne- og likestillingsdepartementet sin budsjettproposisjon.

Den norske deltakinga i utdanningsdelen av programmet er retta mot tre område med særleg utviklingspotensial: studentmobilitet ut frå Noreg, norsk deltaking i prosjekt som får midlar som er sentralt kunngjorde i EU, og mobilitet blant tilsette i heile utdanningssektoren.

Mål for 2018

Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er å styrke kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Det er òg eit mål at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene får internasjonal kompetanse og fagleg utbytte, slik at dei er betre kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv. Deltaking i programmet er også ein del av norsk utanrikspolitikk. Det er eit mål å sørge for at norsk utteljing på dei konkurranseutsette midlane er på same nivå som det norske bidraget.

Rapport for 2016

Søknadsrunden for Erasmus+ i 2016 viste at det er eit godt tilfang av aktørar innanfor heile utdanningssektoren som ønsker å ta i bruk dei moglegheitene som ligg i programmet. Det var ein auke i etterspørsel etter mobilitetsmidlar innanfor grunnopplæringa så vel som for høgre utdanning, og eit godt tilfang av utdanningsinstitusjonar som ønskte å delta i partnarskapsprosjekt. Det er stor grad av samanfall mellom tematiske prioriteringar i Erasmus+ og norske prioriteringar i utdanningspolitikken. Prosjekt som søkte i 2016, ønskte blant anna å arbeide med kompetanseheving for lærarar, grunnleggande dugleikar og betre gjennomføring, bruk av IKT i undervisninga, koplinga mellom utdanning og arbeids- og næringsliv og med innovasjon. Det er stadig ei utfordring å skaffe norske søkarar til sentraliserte midlar som blir delte ut etter felles konkurranse for alle som deltar i Erasmus+-programmet. SIU erfarer likevel at støtte til prosjektetablering har bidratt til å auke interessa for å delta i denne typen prosjekt.

Innanfor Key Action 1 var det ein auke i etterspørsel etter og konkurranse om midla for alle sektorane i grunnopplæringa. Det har tidlegare vore ei utfordring å få høge nok søkartal innanfor tilsettmobilitet for skolar og barnehagar, men i 2016 var det likevel ein moderat auke i søkartala. Innanfor fag- og yrkesopplæringa er det ei stabil oversøking, medan det for vaksenopplæringa kom fleire søknader 2016 enn tidlegare år. SIU har vurdert at behovet for stipendmidlar for studentmobilitet var vesentleg større i 2016 enn tidlegare år, og har derfor nytta alle midla til studentmobilitet. Dermed har tilsettmobiliteten blitt avgrensa berre til det nivået som var øyremerkt til den aktiviteten av Europakommisjonen. Sluttrapportar viser at studentmobiliteten frå Noreg til Europa gjennom Erasmus+ auka med 17,5 pst. frå 2014–15 til 2015–16. Også praksismobiliteten auka i same periode, noko som er viktig med tanke på at dei vitskapleg tilsette kan ha ei nøkkelrolle for å motivere studentar til å reise ut.

Det var samtidig auka interesse blant norske høgre utdanningsinstitusjonar for samarbeid med partnarland utanfor Europa gjennom Erasmus+ Global mobilitet i 2016. Tiltaket ser ut til å bli brukt strategisk av institusjonane for å styrke gjeldande samarbeid, og for å utvikle nye, blant anna mot dei landa som er omfatta av Panorama-strategien .

Talet på skolepartnarskap som også involverte samarbeid med andre aktørar i utdannings- og opplæringssektoren, auka for den norske delen av Erasmus+ Strategiske partnarskap. Strategiske partnarskap skal støtte fagleg samarbeid mellom organisasjonar som jobbar innanfor høgre utdanning. Samarbeid på tvers av nivå og sektorar er viktig for å nå måla for skolesektoren i Erasmus+, men det har tidlegare vore ei utfordring å få til fleire slike partnarskap. Innanfor fag- og yrkesopplæring er det relativt godt tilfang av nye søkarar, som inkluderte både større universitet, vidaregåande skolar og opplæringskontor. Fleire søknader enn tidlegare kjem no frå vidaregåande skolar. Innanfor høgre utdanning er interessa for strategiske partnarskap stor og søkartala stabile, og dei fleste prosjekta har arbeidslivspartnarar. Innanfor vaksenopplæringa kom det fleire svært gode søknader, noko som gav høg konkurranse om midla, og halvparten av dei innvilga prosjekta involverte aktørar frå arbeidslivet. Norske aktørar har vore med i eitt innvilga prosjekt innanfor Sektoralliansar i Erasmus+ Sentraliserte tiltak. Prosjektet skal styrke samarbeidet mellom fag- og yrkesopplæring og arbeidslivet.

Tabell 4.18 Erasmus+ 2014–16 (beløp i euro)

Tiltak

Talet på innvilga søknader

Tildelingsrate i pst.

2014

2015

2016

2014

2015

2016

Key Action 1:

Vaksenopplæring – tilsettmobilitet ut

6

6

6

85

75

54,5

Tildelt beløp

84 005

83 070

84 005

Tal utreiser

58

55

57

Høgre utdanning – studentmobilitet ut

47

48

40

100

100

100

Tildelt beløp

4 731 400

4 657 631

5 345 000

Tal utreiser

2 060

2 140

2 419

Høgre utdanning – tilsettmobilitet ut

48

48

40

100

100

100

Tildelt beløp

714 000

708 000

511 200

Tal utreiser

843

885

639

Høgre utdanning – global mobilitet

0

18

16

0

66,7

55,2

Tildelt beløp

0

1 160 144

1 400 201

Tal utreiser

0

304

400

Skole – tilsettmobilitet ut

47

33

29

80

78,5

72,5

Tildelt beløp

530 800

587 020

588 932

Tal utreiser

275

297

320

Fag- og yrkesopplæring – elev-/lærling- og tilsettmobilitet ut

53

57

60

74

95

87

Tildelt beløp

3 367 102

3 494 468

3 490 930

Tal utreiser

1 124

1 166

1 213

Key Action 2:

Vaksenopplæring – strategiske partnarskap

2

2

4

40

28,6

57,1

Tildelt beløp

559 184

504 388

613 615

Høgre utdanning – strategiske partnarskap

5

6

4

29

35,3

28,6

Tildelt beløp

1 588 345

1 564 972

1 190 099

Skole – strategiske partnarskap

3

2

4

50

50

44,4

Tildelt beløp

516 903

344 902

715 114

Skole – skolepartnarskap

6

14

13

20,5

45,2

54,2

Tildelt beløp (euro)

984 177

1 299 580

1 024 156

Fag- og yrkesopplæring – strategiske partnarskap

6

4

4

46

44,4

44

Tildelt beløp

1 059 192

1 041 009

1 145 624

Kjelde: Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU)

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å auke den løyvinga som dekker Noreg sine kontingentforpliktingar knytte til Erasmus+, med 74,9 mill. kroner i 2018.

Det er sett av 11,3 mill. kroner for å dekke kostnadene for fem norske ekspertar på utdanningsområdet til Erasmus+.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve til saman 587 mill. kroner på posten i 2018.

Kap. 253 Folkehøgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Tilskott til folkehøgskolar

796 528

823 259

821 215

71

Tilskott til Folkehøgskolerådet

4 819

4 954

5 088

72

Tilskott til Nordiska folkhögskolan

615

632

649

Sum kap. 0253

801 962

828 845

826 952

Post 70 Tilskott til folkehøgskolar

Folkehøgskolane har ikkje eksamen, og elevane bur i internat på skolen. Skolane fastset sitt eige verdigrunnlag, og dei har pedagogisk fridom. Folkehøgskolane har ulike typar kurs på ei rekke område.

Det er totalt 79 folkehøgskolar spreidde over heile landet. Talet inkluderer Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling, som begge er godkjente som folkehøgskoleliknande tiltak og får tilskott etter folkehøgskolelova. Desse to skolane har dispensasjon til berre å halde kortkurs.

Tilskottet til folkehøgskolane er tredelt gjennom eit basistilskott, eit elevtilskott og eit husleigetilskott. Basistilskottet er likt for kvar folkehøgskole. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei tre åra før det føregåande året. Tilskottet til husleige blir fordelt etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. I tillegg får fire folkehøgskolar som har ein stor del elevar med redusert funksjonsevne, eit særskilt tilskott for desse elevane.

Folkehøgskole på Svalbard

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 462, 21. februar 2017, gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:20 S (2016–2017), jf. Innst. 178 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen igangsette arbeidet med å foreslå en endring i folkehøyskoleloven slik at det åpnes opp for å kunne drive folkehøyskole på Svalbard.»

Departementet vil følge opp vedtaket, og har derfor hausten 2017 sendt til høyring eit forslag om å utvide verkeområdet til folkehøgskolelova til også å gjelde på Svalbard.

Mål for 2018

Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning.

Rapport for 2016

Tabellen under viser utviklinga i talet på folkehøgskoleelevar frå 2013 til 2016. Det totale elevtalet på folkehøgskolane har lege på om lag 7 500 årselevar, det vil seie rundt ti pst. av eit årskull 19-åringar.

Medan talet på langkurselevar i 2016 auka med 4,8 pst. frå året før, har talet på elevar på kortkurs gått nedover i dei seinare åra. I 2016 var reduksjonen på sju pst., totalt i perioden 2013–16 var nedgangen på 14 pst.

Tabell 4.19 Elevtal i folkehøgskolane

2013

2014

2015

2016

Elevar med langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker)

13 948

13 285

13 880

14 554

Elevar med kortkurs (2 –94 dagar)

18 489

17 710

17 075

15 901

Sum elevar

32 437

30 995

30 955

30 445

Årselevar langkurs

6 777

6 774

7 050

7 390

Årselevar kortkurs

706

694

650

606

Sum årselevar

7 483

7 468

7 700

7 996

Sum godkjente årselevar / fastsett elevtal

7 429

7 383

7 594

7 880

Tilskottselevar

7 570

7 654

7 583

7 552

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

I 2016 var det om lag 130 unge flyktningar som var elevar ved folkehøgskolane.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei løyving på 821,2 mill. kroner på posten i 2018.

Det er foreslått å redusere tilskottet med 25 mill. kroner. Langkurs er kjerneverksemda til folkehøgskolane, og departementet vil derfor rette reduksjonen mot kortkursa. Nordnorsk Pensjonistskole og Nestor Seniorutvikling driv berre med kortkurs, og vil med dette forslaget vere blant dei som får redusert tilskott i 2018.

Ny folkehøgskole i Mandal – SKAP Kreativ Folkehøyskole – er oppretta frå hausten 2016. Det er lagt opp til ei gradvis opptrapping av tilskottet til skolen. Løyvinga er foreslått auka med 1,3 mill. kroner som følge av dette.

Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Rådet har eit fast sekretariat.

Mål for 2018

Formålet med tilskottet er å bidra til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å bidra til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling av folkehøgskolane.

Rapport for 2016

Det blei gitt eit tilskott på 4,8 mill. kroner til Folkehøgskolerådet i 2016. Rådet tok hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet, mellom anna å gi innstilling til fordeling av husleigetilskottet til folkehøgskolane. Rådet bidrog også på ein positiv måte til at unge flyktningar får bu på folkehøgskolar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 72 Tilskott til Nordiska folkhögskolan

Nordiska folkhögskolan i Kungälv blei etablert i 1947 for å styrke nordisk samkvem. Tilskottet finansierer utgifter til norske lærarressursar ved skolen.

Mål for 2018

Nordiska folkhögskolan skal mellom anna bidra til å utvikle dei skapande evnene til elevane og auke solidarisk deltaking i samfunnsutviklinga i Norden og elles i verda.

Rapport for 2016

Det blei gitt eit tilskott på 615 000 kroner til skolen i 2016. Skolen har utfordringar med å rekruttere norske lærarressursar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Tilskott til studieforbund

208 374

208 374

185 978

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

12 762

13 119

13 473

Sum kap. 0254

221 136

221 493

199 451

Livslang læring finn stad på mange arenaer, og opplæring i og gjennom frivillig sektor er ein god læringsarena for mange vaksne. Tilskott til studieforbund og frivillige organisasjonar legg til rette for at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet.

Post 70 Tilskott til studieforbund

Tilskottet bidrar til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor, og skal føre til reduserte opplæringskostnader for deltakarane. Løyvinga er tredelt med eit grunntilskott, eit opplæringstilskott og eit tilretteleggingstilskott. Opplæringa skjer i regi av 15 landsdekkande studieforbund og dei nær 500 medlemsorganisasjonane deira. Desse organisasjonane består av frivillige og ideelle organisasjonar og har til saman tusenvis av lokallag spreidde over heile landet. Blant desse organisasjonane er ideelle opplæringstilbydarar, fagforeiningar, barne- og ungdomsorganisasjonar, samiske organisasjonar, idrettslag, korps, kor, religiøse organisasjonar, og medlemsorganisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne. Tilskottsordninga blir forvalta av Kompetanse Noreg, jf. kap. 256.

Ein mindre del av tilskottet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjente studieforbund eller nettskolar, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Mål for 2018

I samsvar med vaksenopplæringslova skal studieforbunda drive opplæringsaktivitet på grunnlag av fleire overordna mål, mellom anna å styrke demokratiet gjennom å engasjere og aktivisere medborgarar, og styrke kulturelt mangfald. Regjeringa meiner det er viktig at tilskottet skal bidra til å redusere utanforskap og fremme inkludering blant vaksne som treng det.

Rapport for 2016

15 studieforbund oppfylte krava for å få tilskott i 2016. Studieforbunda står fritt i val av innhald og nivå på opplæringa. Den største delen av opplæringa er av ikkje-formell art. Aktiviteten i studieforbunda har samla sett vore stabil sidan 2011, men det er monalege årlege variasjonar for einskilde forbund. Alle dei 15 studieforbunda som fekk tilskott i 2016, har rapportert om aktiviteten til Statistisk sentralbyrå (SSB) for dette året. Talet på kurstimar i studieforbunda har halde seg relativt stabilt i perioden 2011 til 2016.

Av alle deltakarane i 2016 var 28 pst. i aldersgruppa 14–29 år, 29 pst. i aldersgruppa 30–49 år, og 43 pst. var 50 år og eldre. Som i tidlegare år var det flest kvinner (57 pst.) som deltok på kurs i regi av studieforbunda i 2016. Kurs innanfor emnegruppa estetiske fag og handverksfag er framleis mest populære, og her er musikkfag den største emnegruppa.

Tabell 4.20 Aktivitet og deltaking i studieforbunda, 2009–16

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Deltakarar

471 000

478 000

493 200

509 724

507 909

504 898

Kurs

42 600

42 400

43 000

43 956

44 672

45 065

Kurstimar

1 400 000

1 350 000

1 352 500

1 384 796

1 390 852

1 419 864

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

Studieforbundet Folkeuniversitetet rapporterte om flest studietimar (over 200 000 timar), dernest Musikkens studieforbund og Studieforbundet Kultur og tradisjon. Talet på timar med tilretteleggingstilskott er gått litt ned frå 2015 og utgjorde i 2016 vel tolv pst. Tilretteleggingstilskottet skal dekke kostnader knytte til kurset for deltakarar som treng særskild hjelp og/eller tilrettelegging for å kunne delta. Størstedelen av dette tilskottet går til studieforbundet Funkis.

Studieforbunda skal i årsmeldinga si rapportere på dei seks overordna måla som er fastsette i vaksenopplæringslova § 4. For å få så heilskapleg rapportering som råd utvikla Kompetanse Noreg i 2012 ein felles mal for rapporteringa. For 2016 nyttar eit fleirtal av studieforbunda malen i målrapporteringa si. Rapportane er framleis svært ulike i innhald, kvalitet og omfang. Dei viser at fleire studieforbund utarbeider sine eigne handlingsplanar som bygger på dei overordna måla. Studieforbunda rapporterer at dei arbeider med å gjere måla kjente i deira eigen organisasjon. Mange forbund gir eit oversyn over kursemne som kan knytast til dei ulike måla. Fleire studieforbund framhevar at dei har god måloppnåing på opplæring retta mot spesielle målgrupper, som til dømes tilbod til ufaglærte, innsette i fengsel og rusmisbrukarar, og integreringstiltak og norskopplæring for innvandrarar og flyktningar. Som i tidlegare år syner rapporteringa for 2016 at det er vanskeleg for studieforbunda å rapportere konkret i høve til dei overordna målformuleringane i vaksenopplæringslova § 4.

Budsjettforslag for 2018

Departementet har bedd Kompetanse Noreg gjennomføre ei evaluering av måloppnåing i studieforbunda som dei har frist på å levere i mai 2018.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 22,5 mill. kroner samanlikna med nivået i 2017. Reduksjonen skal ikkje påverke størrelsen på tilretteleggingstilskottet.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Fleksibel utdanning Norge (FuN) og Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er fellesorgana for dei offentleg godkjente nettskolane og studieforbunda. Organisasjonane utfører fellesoppgåver for dei medlemsorganisasjonane som er knytte til aktivitetsrapportering frå nettskolar og studieforbund og bruk av statstilskott. Tilskottsordninga skal bidra til drifta av fellesorgana slik at dei kan gjere nettskolane og studieforbunda betre i stand til å tilby vaksne fleksibel og brukartilpassa opplæring av høg kvalitet, og slik at dokumenteringa av aktiviteten er god. Kunnskapsdepartementet har delegert forvaltninga av tilskottsordninga til Kompetanse Noreg, jf. omtale under kap. 256. Tilskottet blir fastsett etter årleg søknad og rapportering frå organisasjonane.

Mål for 2018

FuN og VOFO skal arbeide for auka kunnskap om og utvikling av vaksenopplæring som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer fellesoppgåver for organisasjonane, mellom anna god dokumentasjon og synleggjering av arbeidet.

Rapport for 2016

Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er ein interesseorganisasjon for dei 15 godkjente studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira. Alle studieforbunda rapporterer studieaktiviteten sin til SSB gjennom eit felles kursadministrasjonsprogram for studieforbunda, og VOFO kvalitetssikrar denne rapporteringa. Samla tal på medlemsorganisasjonar auka frå 527 i 2015 til 545 i 2016.

Fleksibel utdanning Norge (FuN) har til saman 39 medlemmer på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer. Medlemmene er institusjonar som nettskolar, universitet og høgskolar og bransjeopplæringssenter. Fusjonar i universitets- og høgskolesektoren og avvikling av tilskott til nettskolane har påverka omfanget av medlemmer. Etter at utviklingsmidlane til nettskolane blei avvikla frå og med 2015, har FuN starta arbeidet med å få eit samla oversyn over utviklingsarbeid innanfor digitale læringsformer og ein katalog over utdanningstilbod på nettet. Eit omfattande arbeid med å skrive ein kvalitetsrettleiar for nettbasert undervisning blei sluttført i desember 2016, og tilbakemeldingane er svært gode. FuN er aktiv i fleire norske og internasjonale utviklingsprosjekt som gjeld fjernundervisning og fleksibel utdanning.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

32 070

32 968

33 858

71

Falstadsenteret

18 636

19 158

19 675

72

Stiftelsen Arkivet

26 122

11 434

11 743

73

Nansen Fredssenter

6 040

6 209

6 377

74

Narviksenteret

12 477

6 898

7 084

75

Det europeiske Wergelandsenteret

8 103

8 976

9 218

76

Raftostiftelsen

4 987

5 127

5 265

Sum kap. 0255

108 435

90 770

93 220

Kunnskapsdepartementet gir tilskott til sju freds- og menneskerettssenter rundt om i landet. Freds- og menneskerettssentera er uavhengige stiftelsar som arbeider med dokumentasjon, forsking på og formidling av områda demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Det overordna målet med tilskotta under kap. 255 er å bidra til at sentera tilbyr opplæring og formidling særleg retta mot barn og unge.

Tilskottsforvaltninga under kapittelet er delegert til Kompetanse Noreg, jf. kap. 256, med unntak av post 75 Det europeiske Wergelandsenteret, som får tilskott direkte frå Kunnskapsdepartementet.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Mål for 2018

Målet med tilskottet er at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar.

Rapport for 2016

HL-senteret hadde i alt 20 373 besøkande i 2016. Dette er ein auke på 15 pst. frå 2015. Av desse var 7 597 elevar i grunnopplæringa, ein auke på 17 pst. frå året før. Senteret har dessutan hatt stor oppslutning om kurs, foredrag og kulturelle arrangement.

I samarbeid med Universitetet i Oslo (UiO) har HL-senteret arrangert foredragsserien Krig, okkupasjon og oppgjer. Den internasjonale Holocaustdagen blei markert 27. januar. Senteret har administrert arbeidet med Benjaminprisen, som i 2016 gjekk til Sjøvegan vidaregåande skole. Senteret har i 2016 leidd og ført vidare skoleutviklingsprosjektet Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme (Dembra), jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

HL-senteret har ført vidare forskings- og dokumentasjonsarbeidet sitt, og har arrangert seminar og konferansar innanfor fagområda sine. I 2016 har to forskarar ved HL-senteret vore knytte til Senter for ekstremismeforsking: høgreekstremisme, hatkriminalitet og politisk vald (C-REX).

Senteret har òg arbeidd med befolkningsundersøkingar om holdningar til jødar og andre minoritetar, i tillegg til minoritetsundersøkingar om holdningar og erfaringar blant jødar og muslimar. Undersøkingane viser mellom anna at 12,5 pst. av befolkninga har negative holdningar til jødar. Dette er på nivå med tala i Storbritannia, Danmark og Nederland.

HL-senteret har i 2016 arbeidd vidare med planane om eit tilbygg til Villa Grande. Tilbygget vil kunne romme fleksible utstillingslokale og gjere senteret betre i stand til å oppfylle alle delar av mandatet sitt.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 71 Falstadsenteret

Mål for 2018

Målet med tilskottet er at Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter om fangehistorie frå den andre verdskrigen, og fremme kunnskap om demokrati, humanitær folkerett og menneskerettane.

Rapport for 2016

I 2016 hadde Falstadsenteret 13 697 gjestar. Dette er ein auke på 14 pst. i høve til 2015. Undervisning er kjerneaktiviteten ved senteret. 6 621 elevar i grunnopplæringa deltok i undervisningsopplegg ved Falstadsenteret. Besøkstala for elevar auka med fem pst. samanlikna med året før, og talet på besøkande frå universitets- og høgskolesektoren viser òg ein omfattande auke.

Forskings- og dokumentasjonsverksemda i 2016 har i hovudsak vore knytt til krigsgraver, fangeregister og tidsvitnemateriale. Forskings- og utviklingsarbeid om menneskerettsundervisning har vore eit viktig satsingsområde òg i 2016, og dette kan sjåast i dei auka besøkstala.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Mål for 2018

Målet med tilskottet er at Stiftelsen Arkivet skal vere eit informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane, og eit senter for demokrati og fredsskapande arbeid. Stiftinga har òg ansvar for eit nasjonalt krigsseglarregister.

Rapport for 2016

7 267 elevar, studentar, lærarar og andre har i 2016 vore med på ulike undervisningsopplegg ved Stiftinga Arkivet, med tema som rasisme, menneskerettar og jødeforfølging. Dette er ein auke på 186 elevar frå 2015. Det totale besøkstalet auka frå 8 823 i 2015 til 10 184 i 2016.

I samband med Stortingets handsaming av statsbudsjettet for 2016 fekk Stiftelsen Arkivet ein auke i løyvinga på 1,5 mill. kroner for å etablere eit nasjonalt register over krigsseglarane. I januar 2016 blei krigsseilerregisteret.no lansert. Ved utgangen av 2016 var 14 300 sjøfolk registrerte i det nasjonale registeret.

Stiftelsen Arkivet fekk vidare ein auke i driftsløyvinga på 0,6 mill. kroner i samband med Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett for 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016) og Prop. 122 S (2015–2016).

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 73 Nansen Fredssenter

Mål for 2018

Målet med tilskottet er å bidra til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring og drive dokumentasjon og formidling for å fremme arbeidet for dialog, fred, menneskerettar og forsoning som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

Rapport for 2016

I 2016 hadde Nansen Fredssenter 8 022 deltakarar på aktivitetar senteret har arrangert aleine eller saman med andre aktørar. Av deltakarane var 2 136 barn og unge. Dette er ei dobling frå året før, og heng saman med at fredssenteret har etablert prosjekt og knytt kontaktar nasjonalt og internasjonalt. I 2016 har senteret samarbeidd med ei rekke aktørar innanfor satsingsområda sine.

Nansen Fredssenter har som mål å hjelpe til med å styrke det sivile samfunnet og grasrotorganisasjonane og slik hjelpe til ved freds- og forsoningsprosessar. Fredssenteret har gjennomført kurs, seminar og dialog- og arbeidsmøte for å fremme dialogen i freds- og forsoningsarbeid, og for å dele erfaringsbasert kunnskap. Det internasjonale samarbeidet omfattar i hovudsak område og organisasjonar på Balkan, Ukraina, Irak og Afghanistan, men òg Polen, Tyskland og Kenya.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017 med ei løyving på 6,4 mill. kroner.

Post 74 Narviksenteret

Mål for 2018

Målet med tilskottet er at Narviksenteret – nordnorsk stiftelse for historieformidling, menneskerettigheter og fredsbygging kan fremme kunnskap om og forståing for fred og menneskerettar gjennom dokumentasjon og formidling av mellom anna nordnorsk krigs- og okkupasjonshistorie.

Rapport for 2016

Ved utgangen av 2016 var Narviksenteret etablert i nye og moderne lokale i eige bygg i Narvik sentrum. Narviksenteret har i 2016 drive formidlingsarbeid i form av undervisning, konferansar og utstillingar.

Talet på gjestar var over 21 000. Av desse var 2 400 elevar i grunnopplæringa. Besøkstala var i 2016 samla sett ti pst. lågare enn året før. Nedgangen kjem av at utstillingane til museet var stengde i tre månader i samband med flytting og nyetablering i nye lokale.

Senteret har ført vidare arbeidet med å dokumentere krigsminne, og har i 2016 sett i gang samarbeid med Universitetet i Tromsø, Institutt for forsvarsstudiar og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet om eit nytt forskingsprosjekt om den andre verdskrigen i Noreg. Senteret skal mellom anna leie formidlingsarbeidet.

Narviksenteret har i 2016 bidratt i ungdomsprogrammet i Erasmus+, og har elles deltatt i utvekslingsprosjekt for ungdomsgrupper.

Narviksenteret fekk i 2016 ein auke i løyvinga på 2 mill. kroner i samband med at dei flytte til nye lokale.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap .

Mål for 2018

Målet med tilskottet er at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på områda interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, for ulike målgrupper som arbeider på utdanningsfeltet.

Rapport for 2016

Om lag 4 200 lærarar, rektorar og andre personar deltok direkte i program, prosjekt og aktivitetar som blei gjennomførte av Wergelandsenteret i 2016. I tillegg deltok nær 36 000 personar i lokale prosjekt i andre europeiske land. Til saman har Wergelandsenteret dermed nådd ut til om lag 40 000 personar i 2016, ein solid auke frå året før.

I 2016, som i dei føregåande åra, arrangerte Wergelandsenteret Regional Summer Academies, i Polen, Montenegro, Litauen, Slovakia, Kosovo, Hellas og Ungarn. Regional Summer Academies er eit tilbod om opplæring i demokrati og menneskerettar for skolar og opplæringsmiljø rundt om i Europa, med støtte frå Utanriksdepartementet. Opplæringsseminara blir arrangerte i samarbeid med Europarådet og lokale myndigheiter, med deltakarar frå fleire europeiske land. Deltakinga har auka, og prosjektet er utvida til fleire land.

Wergelandsenteret har også i 2016 hatt auka aktivitet retta mot diskriminering, hatprat, rasisme og antisemittisme. I 2016 oppretta senteret eit pilotprogram i samarbeid med 22. juli-senteret, Utøya og Raftostiftelsen med mål om å undervise unge om demokrati og menneskerettar. Senteret har så langt nådd rundt 900 elevar, lærarar og foreldre gjennom programmet. Pilotprogrammet er støtta av Stiftelsen Fritt Ord, 22. juli-senteret og Utdanningsdirektoratet. Wergelandsenteret deltar også som partnar i Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme , sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Post 76 Raftostiftelsen

Mål for 2018

Målet med tilskottet er å bidra til at elevar, studentar, lærarar og andre grupper får eit godt opplæringstilbod om menneskerettane gjennom Raftostiftelsen.

Rapport for 2016

I 2016 var det 30 år sidan professor og menneskerettsaktivist Thorolf Rafto gjekk bort, og Raftostiftelsen blei etablert til minnet hans. Stiftinga har markert dette med ulike arrangement gjennom heile året. 18 tidlegare Raftoprismottakarar deltok på avslutningsarrangementet i Bergen 20. november, der årets Raftopris blei gitt til den irakiske menneskerettsforkjemparen Yanar Mohammed. Ho mottok prisen for arbeidet sitt for kvinner og minoritetsgrupper i det krigsherja Irak.

Raftostiftelsen har i 2016 utvida undervisningsavdelinga, og har halde fram med å vidareutvikle undervisningsprosjekt i tråd med ambisjonen om å utvikle eit fagmiljø for demokrati- og menneskerettsundervisning ved stiftinga.

Totalt har over 7 500 personar vore med på stiftinga sine ulike opplæringstilbod og arrangement i 2016. 3 100 elevar i grunnopplæringa har deltatt i opplæring i regi av stiftinga. Dette er ein auke på 13 pst. samanlikna med 2015. I tillegg har senteret opplæringstilbod til konfirmantar og elevar i folkehøgskolar. Talet på lærarar som har følgt kurs ved Raftostiftelsen i 2016, auka kraftig frå 165 i 2015 til 947 i 2016 mellom anna som følge av utvidinga av undervisningsavdelinga.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Kap. 256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

54 738

61 480

62 963

21

Særskilde driftsutgifter

13 369

11 510

12 069

Sum kap. 0256

68 107

72 990

75 032

Kompetanse Noreg, tidlegare Vox, er det nasjonale kompetansepolitiske fagorganet, og det høyrer inn under Kunnskapsdepartementet.

Kompetanse Noreg har nasjonalt systemansvar for karriererettleiing, og har ansvaret for å utvikle og koordinere rettleiingsfeltet i Noreg. Regjeringa har beslutta at Kompetanse Noreg skal opprette eit kraftsentrum for karriererettleiing i Tromsø som skal samlokaliserast med fagmiljøet rundt utdanning.no (som er del av det nye Utdanningsdirektoratet, direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT) når lokaltilhøva er tilrettelagt for det. Kompetanse Noreg skal flytte ti årsverk frå Oslo til Tromsø i løpet av 2018.

Kompetanse Noreg er òg sekretariat for Nasjonalt fagskoleråd og for Kompetansebehovsutvalet.

Kompetanse Noreg har ansvaret for å forvalte tilskott til vaksenopplæring som blir gitte av studieforbunda, og tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar, jf. kap. 254, tilskott til freds- og menneskerettssentera, jf. kap. 255, tilskott til Kompetansepluss -programma, jf. kap. 257, nokre av dei prosjektmidlane som blir løyvde over kap. 258 post 21, og tilskott til karriererettleiing, jf. kap. 258 post 60.

På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet har Kompetanse Noreg det faglege og pedagogiske ansvaret for innhaldet i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, og ansvar for å forvalte ulike tilskott. Kompetanse Noreg har òg faste oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2018

Det er eit mål at fleire vaksne tar del i utdanning og opplæring, at kompetansen til befolkninga blir brukt betre, og at det er kvalitet i opplærings- og utdanningstilbodet til vaksne. Kompetanse Noreg skal bidra til at befolkninga utviklar og tar i bruk den kompetansen samfunnet treng.

Kompetanse Noreg skal vere ein pådrivar for ein heilskapleg og effektiv kompetansepolitikk. I det ligg det at Kompetanse Noreg skal gi kunnskapsbaserte innspel til kompetansepolitikken, løfte fram kompetansepolitiske problemstillingar på ulike arenaer, og samarbeide med relevante aktørar om utvikling av idear, forslag og ordningar.

Kompetanse Noreg har på området karriererettleiing som mål å auke tilgangen til tenestene, styrke kvaliteten på karriererettleiinga og bidra til likeverdige tilbod for alle gjennom heile livet og i alle livssituasjonar.

Rapport for 2016

Kompetanse Noreg er frå 1. januar 2017 nytt namn på det som tidlegare het Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Etaten markerte 15-årsdagen for etableringa av verksemda i 2016. Opp gjennom åra har mandatet til tidlegare Vox blitt kraftig utvida, og det nye namnet peiker tydelegare på kva for eit samfunnsoppdrag verksemda har. Frå etableringa i 2001 har verksemda gått frå å vere eit utviklingssenter som legg til rette for samarbeid mellom aktørar i vaksenopplæringa, til å ha ei iverksettande rolle med forvaltning av tilskott, iverksetting av vedtatt politikk og ei rolle som bidragsytar i politikkutforminga.

Kompetansepolitikken har i det siste året blitt sett på dagsordenen gjennom mellom anna Meld. St. 16 (2015–16) Fra utenforskap til ny sjanse , NOU 2016: 7 Norge i omstilling. Karriereveiledning for individ og samfunn og arbeid med Nasjonal kompetansepolitisk strategi 2017–2021 . Samarbeidet innanfor kompetansepolitikken har blitt betydeleg styrkt gjennom dette arbeidet. Kompetanse Noreg samarbeider med partane i arbeidslivet, fleire departement og direktorat, regionale og kommunale aktørar, frivilligheita og opplærings- og utdanningsinstitusjonar.

Vox hadde i 2016 sentrale oppgåver med å sette i verk tiltak i Meld. St. 16 (2015–16). Dette gjeld mellom anna forsøk med førebuande vaksenopplæring, kartleggingsverktøy og nettbaserte opplæringstilbod i grunnleggande dugleikar, og etter- og vidareutdanningstilbod for vaksenlærarar, jf. omtale under kap. 258. Vox har gjennom 2016 vore sekretariat for arbeidet med å utvikle ein nasjonal kompetansepolitisk strategi, og har samarbeidd tett med partane i arbeidslivet, gjennom ei referansegruppe og fleire arbeidsgrupper.

Kompetanse Noreg har ei tverrsektoriell rolle på området realkompetansevurdering, og gav i 2016 innspel til oppdatering av den norske tilstandsrapporten til European Inventory on Validation.

Som bidrag til kunnskapsgrunnlaget for kompetansepolitikken og synleggjering av samfunnsutfordringar på feltet gav Vox i 2016 ut ei rekke publikasjonar. Ein serie publikasjonar var knytt til omstilling i norske verksemder, og gir innsikt i dei behova som norske verksemder har for omstilling, arbeidskraft og innføring av ny teknologi. Vox fekk frå 2016 ansvaret for å utarbeide og formidle rapporten Lærevilkårsmonitoren , som handlar om vilkåra for livslang læring i Noreg. Vox har òg utgitt rapporten Formidling av framtidige kompetansebehov. Rapporten utgjer ein del av det kunnskapsgrunnlaget som er knytt til opprettinga av Kompetansebehovsutvalet.

For å gjere data om vaksne si læring meir tilgjengelege for ulike kompetansepolitiske aktørar, har Vox oppretta ei nettside med nøkkeltal som viser sentrale tal på utvalde temaområde i kompetansepolitikken. I 2016 arbeidde Vox offensivt og planmessig for å auke merksemda rundt verksemda og kompetansepolitikken.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ein auke på 0,9 mill. kroner som følge av ei teknisk justering av premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK).

Kompetanse Noreg skal framleis ha eit heilskapleg systemansvar for livslang karriererettleiing, og det skal opprettast eit kraftsentrum for karriererettleiing i Tromsø, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Departementet foreslår ei samla løyving på kapittelet på 75 mill. kroner.

Kap. 3256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Inntekter frå oppdrag

13 001

11 448

11 699

02

Salsinntekter o.a.

1 173

353

360

Sum kap. 3256

14 174

11 801

12 059

Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Kompetanse Noreg. Inntektene på post 02 kjem frå salsinntekter og refusjonar.

Kap. 257 Kompetansepluss

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70

5 672

5 744

5 869

70

Tilskott , kan overførast

160 972

162 237

157 167

Sum kap. 0257

166 644

167 981

163 036

Tilskottsordninga Basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) endra i juni 2016 namn til Kompetansepluss , eit fellesnamn for Kompetansepluss arbeid (tidlegare BKA) og Kompetansepluss frivilligheit (tidlegare BKF). Kompetanse Noreg forvaltar ordninga, jf. kap. 256.

Opplæringa i Kompetansepluss arbeid skal vere praksisnær og knytt til arbeidssituasjonen til deltakarane. Opplæringa skal òg halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne. Programmet skal nå små og mellomstore verksemder og ulike bransjar, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette.

Gjennom Kompetansepluss frivilligheit kan fleire målgrupper ta del i opplæringa. Formålet med deltaking i denne opplæringa kan òg vere å gi vaksne som treng det, grunnleggande dugleikar som gir høve til auka deltaking i samfunnet og liknande.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott, kan overførast

Løyvinga på post 21 skal nyttast til å utvikle Kompetansepluss -programmet, slik at fleire vaksne med svake grunnleggande dugleikar blir motiverte for og kan få opplæring, og sikre at opplæringa held høg kvalitet. Løyvinga skal òg nyttast til å gjere administreringa av programmet best mogleg og auke kvaliteten på dei tilboda som blir gitte. Løyvinga skal òg kunne nyttast til forsøk som kan gjere Kompetansepluss- programmet betre i stand til å svare på kompetansebehova i arbeidslivet. Ein mindre del av løyvinga kan gå til å utvikle modellar for samarbeid mellom Nav, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkarar kan få opplæring i grunnleggande dugleikar.

Løyvinga på post 70 blir lyst ut til søkarar innanfor målsettinga for programmet.

Mål for 2018

Målet med Kompetansepluss- programmet er at fleire kan ta del i opplæring, og at færre fell ut av arbeidslivet på grunn av manglande dugleikar. Kompetansepluss arbeid skal gi vaksne arbeidstakarar høve til å styrke dei grunnleggande dugleikane sine i lesing, skriving, rekning, norsk og samisk. Dette inkluderer òg digitale og munnlege dugleikar. Kompetansepluss frivilligheit har som mål at den einskilde får høve til å styrke dei same dugleikane gjennom opplæring i frivillige organisasjonar.

Rapport for 2016

Kompetansepluss -ordninga omfatta i 2016 opplæring i grunnleggande dugleikar og grunnleggande norskopplæring. Det er til kvar ei tid i gang over 1 000 aktive prosjekt gjennom Kompetansepluss -programmet. Kompetanse Noreg arbeider kontinuerleg med å effektivisere forvaltninga av og styrke kvaliteten i Kompetansepluss -opplæringa. Ein gjennomgang av prøveordninga med godkjenning av tilbydarar og rammetilskott for å styrke kvaliteten og fleksibiliteten til ordninga starta i desember 2016.

Etter innspel i arbeidet med Nasjonal kompetansepolitisk strategi blei det i 2016 lagt til rette for ei samisk satsing i Kompetansepluss i samband med utlysing av midlar for 2017. Som eit ledd i utviklinga av ordninga har Kunnskapsdepartementet fastsett nye retningslinjer for Kompetansepluss arbeid og Kompetansepluss frivilligheit som jamsteller samisk med norsk. Betre kriterium for ordninga med utgangspunkt i retningslinjene har gjort målsettingane og krava til Kompetansepluss tydelegare.

Arbeidslivet blir ein stadig viktigare læringsarena, og i 2016 var det rekordsøkning om stønad til opplæringstiltak på jobben gjennom tilskottsordninga Kompetansepluss arbeid. I 2016 var det òg mogleg å søke midlar til norskopplæring i Kompetansepluss . Kompetanse Noreg fekk totalt 950 søknader i 2016, mot 650 i 2015. 734 søknader fekk midlar med ei samla tildeling på 220,2 mill. kroner. Søknader som berre omfatta norskopplæring, utgjorde 47 pst. av alle dugleikane det blei søkt om støtte til. I tillegg er det mange av prosjekta med opplæring i grunnleggande munnlege dugleikar og i lesing/skriving som har deltakarar med norsk som framandspråk. Dette viser at det er eit behov for norskopplæring i norsk arbeidsliv, samstundes som det framleis er stort behov for opplæring i dei grunnleggande dugleikane.

I tillegg til hovudutlysinga for 2016 lyste Kompetanse Noreg ut ekstra midlar etter revidert nasjonalbudsjett, jf. Innst. 400 S (2015–2016) og Prop. 122 S (2015–2016), til område på Sør- og Vestlandet som var særleg utsette for arbeidsløyse. Dette resulterte i ein kraftig auke i 2016, både i talet på prosjektsøknader og i talet på verksemder som fekk innvilga støtte til opplæring gjennom Kompetansepluss arbeid i desse områda.

Det blei òg tildelt 10 mill. kroner gjennom ei prøveordning med rammetilskott til godkjente kurstilbydarar i Kompetansepluss arbeid .

Midla til Kompetansepluss frivilligheit blei lyst ut seint i 2015. Derfor blei tilskotta til Kompetansepluss frivilligheit for 2016 og 2017 lyste ut saman hausten 2016, og samla rapport kjem i budsjettproposisjonen for 2019.

Tabell 4.21 BKA og Kompetansepluss arbeid 2006–17 (beløp i mill. kroner)

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Omsøkt beløp

85,5

78,2

122,5

142,4

169,4

197,6

190,6

182,7

186,2

200,7

293,8

295,1

Tildelt beløp

14,5

20

31,6

68,6

80,8

93,4

107,6

104,3

141,8

162

220,2

171,7

Talet på søknader

167

208

282

339

345

411

503

461

600

651

947

978

Talet på innvilga søknader

65

70

99

214

209

250

370

348

503

561

734

522

Talet på deltakarar

1 205

817

2 095

5 091

6 999

7 617

8 737

7 781

10 845

11 279

Tabell 4.21 omfattar søknader og tildelingar knytte til ordinær utlysing og særskilde satsingar. Deltakartala har tidlegare vore baserte på alle innmelde deltakarar, medan dei frå og med 2016 er baserte på innmelde deltakarar på faktisk haldne kurs. Deltakartala for 2016 og 2017 er ikkje klare. Tildelt beløp er for dei siste åra høgre enn løyvinga på posten, finansiert med overføring frå løyvinga for tidlegare år. Kompetanse Noreg hadde i 2016 akkumulerte midlar frå tidlegare år som blei inkluderte i tildelinga det året. Tabellen vil derfor vise ein reduksjon i løyvinga til Kompetansepluss arbeid i 2017, sjølv om løyvinga på posten har auka gjennom perioden.

Kjelde: Kompetanse Noreg, Statistikkbanken

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei løyving på 5,9 mill. kroner på post 21, og ei løyving på 157,2 mill. kroner på post 70.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

5 942

4 979

5 043

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast , kan nyttast under post 01

77 552

97 363

123 586

60

Tilskott til karriererettleiing

31 858

32 734

33 585

Sum kap. 0258

115 352

135 076

162 214

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01

Departementet vil nytte løyvingane over kap. 258 postane 01 og 21 til tiltak for livslang læring og kompetansepolitikk, og til statistikk, dokumentasjon, analysar og forsking som kan bidra til politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet, med særskild prioritering av læring blant vaksne.

Mål for 2018

Målet med løyvingane er å utvikle vidare tiltak og satsingar for vaksne med svake grunnleggande dugleikar og auke innsatsen for betre utnytting av kompetansen hos alle vaksne til nytte for norsk arbeids- og næringsliv. I tillegg er det eit mål å få betre oversikt over kompetansebehova i Noreg framover.

Rapport for 2016

Kompetansepolitikken

Stortinget har slutta seg til Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse – samordnet innsats for voksnes læring, jf. Innst. 362 S (2015–2016). Sjå òg omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga. Ei rekke av dei tiltaka som blei lagde fram i meldinga, er finansierte over kap. 258 post 21. Samla blei det i 2016 nytta 20,4 mill. kroner til tiltak i meldinga.

I Sundvolden-erklæringa slår regjeringa fast at dei vil sikre rett til kartlegging av grunnleggande dugleikar for alle som står utanfor arbeidsmarknaden og/eller er i kontakt med det offentlege støtteapparatet. Ordninga blei omtalt i Meld. St. 16 (2015–2016), og Kompetanse Noreg, tidlegare Vox, fekk etter Stortingets handsaming av denne i oppdrag å utvikle eit slikt verktøy i samarbeid med andre statlege aktørar. Kompetanse Noreg har knytt kartleggingsverktøy, nettbaserte opplæringstilbod i grunnleggande dugleikar og oppdrag om å utvikle modulstrukturert vaksenopplæring, saman til eitt prosjekt, Kompetanseløftet , som har som formål å fremme raskare og betre opplæring av vaksne. Vidare har dei arbeidd med å utvikle eit sett med enkle verktøy som skal gjere det mogleg for vaksne å få testa dei grunnleggande dugleikane sine, ein såkalla «sjølvtest».

Rapporten Voksenlærernes kompetanse og kompetansebehov (2015) viser eit stort behov for betring av vaksenpedagogikken og for kompetanseutvikling hos lærarar som underviser vaksne. Dette er óg omtalt i meldinga. Vox fekk i 2016 ei løyving på 5 mill. kroner til etterutdanning for vaksenlærarar. Vox har samarbeidd med fylkesmannsembeta, fylkeskommunane og Voksenopplæringsforbundet (VOFO) om gjennomføring av etterutdanningskurs for lærarar som underviser vaksne. Det er lyst ut stipend til studentar ved Universitetet i Stavanger (UiS) og Høgskolen i Søraust-Noreg (HSN) for at fleire vaksenlærarar som underviser i grunnleggande dugleikar, skal kunne delta på vidareutdanning. Tilsette i Nav har fått kurstilbod utvikla av Vox, og Folkeuniversitetet har på oppdrag frå Vox halde grunnkurs for Kompetansepluss -lærarar i ulike delar av landet. I 2015 og 2016 samla fekk nærare 400 personar slik kursing.

Eit anna tiltak som er nemnt i meldinga, var det å utvikle ei elektronisk løysing for sjølvregistrering av kompetanse for asylsøkarar i mottak. Vox har leidd arbeidet, saman med Utlendingsdirektoratet (UDI), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Parallelt har dei same etatane hatt eit oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet om å greie ut og prøve ut korleis asylsøkarar i mottak kan få karriererettleiing etter gjennomført kompetansekartlegging, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Organisation for Economic Co-operation and Development (OECD) peikte i rapporten sin Skills Strategy Action Report frå 2014 på at Noreg treng å få meir systematisk kunnskap om behova for kompetanse framover for å unngå kompetanseubalanse både nasjonalt og regionalt. Kunnskapsdepartementet starta hausten 2013 opp eit prosjekt som i ein treårsperiode skulle greie ut behovet for eit overordna system for analyse, dialog og formidling av dei framtidige kompetansebehova i Noreg. Arbeidet blei avslutta i 2016, med ei anbefaling om å etablere eit Kompetansebehovsutval, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

For å følge opp tilrådingane frå OECD og skape større heilskap i arbeidet med den norske kompetansepolitikken starta Kunnskapsdepartementet i 2014 eit arbeid med ein nasjonal strategi for kompetansepolitikken. Strategien blei utforma i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Finansdepartementet, og i dialog med Sametinget, partane i arbeidslivet og frivillig sektor. Mellom anna blei det arrangert fleire temakonferansar med partane i arbeidslivet rundt temaa læring i arbeidslivet, samordna innsats for vaksne si læring, samiske perspektiv i kompetansepolitikken, gode val for den einskilde og samfunnet, og Noreg i omstilling, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga. I juni 2016 var Noreg vertskap for ein ministerkonferanse med deltakarar frå andre OECD-land.

Ei arbeidsgruppe med Virke, NHO, LO og YS har vurdert og komme med forslag om ei forsøksordning med realkompetansevurdering innanfor varehandel. Gjennom realkompetansevurdering vil ein person i dag kunne få vurdert og godkjent kompetanse som er oppnådd på ein ikkje-formell eller uformell læringsarena, som ein del av ei utdanning innanfor det formelle utdanningssystemet. Ein tilsvarande standardisert prosess for vurdering finst ikkje utanfor det formelle utdanningssystemet, for eksempel for bransjeskolane og andre organiserte læringsaktivitetar i arbeidslivet. Som ei oppfølging av arbeidet fekk Virke i 2016 ei løyving på 2,5 mill. kroner over kap. 258 post 21 til ei forsøksordning i varehandelen. Forsøket administrerast av Virke, og skjer i samarbeid med NHO, LO og YS, og i dialog med departementet, jf. omtale i Prop. 20 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet gav i 2015 midlar til eit prosjekt der fem fylkeskommunar skulle kartlegge behov for kompetanse i sine regionar framover. Formålet med prosjektet er å styrke kunnskapsgrunnlaget til fylkeskommunane for å betre balansen mellom tilbod og etterspørsel etter kompetent arbeidskraft i deira eigen region – på kort og på lengre sikt. Kartlegginga viser at det er stor skilnad mellom regionane i Noreg, og kunnskapen om kompetansebehov varierer mellom fylka. Arbeidet blei ført vidare i 2016, med ei løyving på til saman 5,4 mill. kroner, og ei utviding til fleire fylkeskommunar.

Den årlege rapporten Lærevilkårsmonitoren (LVM) handlar om vilkåra for livslang læring i Noreg. Ansvaret for å utarbeide og formidle rapporten blei i 2016 gitt til Vox, med ei løyving over kap. 258 post 21.

Ordninga med tilskott til kompetanseutvikling av kompetansetillitsvalde i verksemder blir forvalta av Kompetanse Noreg. Etter ei evaluering utført av Samfunnsøkonomisk Analyse i 2015 blei tilskottsordninga endra, og tilskottet går no til fylkesvise partnarskap for karriererettleiing. Karrieresentera i fylket er ansvarlege for opplæringa, i samarbeid med relevante samarbeidspartnarar. Målet er å nå ut til verksemder som har liten tradisjon for å tilby opplæring i arbeidslivet, eller som har medarbeidarar som tradisjonelt har låg deltaking i opplæringstiltak. Ordninga rettar seg no i større grad mot heile verksemda, og involverer både arbeidstakar- og arbeidsgivarsida. Ho er blitt tatt godt imot av karrieresentera, fylkeskommunane og partane i arbeidslivet, men det er ennå for tidleg å rapportere på omfang og effekt av den nye ordninga.

Delar av løyvinga har i 2016 vore nytta til drift av eit ekspertutval som har greidd ut framtidas karriererettleiing. Departementet har hatt ansvaret for sekretariatet til utvalet. Utvalet leverte rapporten NOU 2016: 7 Norge i omstilling. Karriereveiledning for individ og samfunn den 25. april 2016, jf. omtale under Tilstandsvurdering i kategoriinnleiinga.

Mastergradsutdanninga i karriererettleiing ved Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Søraust-Noreg starta opp hausten 2014. Høgskolane har òg jobba for å styrke forsking om karriererettleiing i norsk kontekst. Det er tidkrevjande og kostbart å bygge opp eit nytt fagmiljø i norsk samanheng parallelt med å drive både utdanning og forsking på feltet, og høgskolane er avhengig av ekstern kompetanse. Vox har følgt opp prosessen med etableringa av mastergradsutdanninga, og har på bakgrunn av søknad frå høgskolane gitt eit tilskott på 1 mill. kroner til forsking og styrking av fagmiljøa i 2016.

Direktiv 2005/36/EF om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar (yrkeskvalifikasjonsdirektivet) omfattar EØS-borgarar som vil praktisere eit regulert yrke i eit anna EØS-land. I Noreg er om lag 170 lovregulerte yrke omfatta av direktivet. Direktivet blei modernisert ved direktiv 2013/55/EU i 2015. Endringane blir i Noreg gjennomførte gjennom Prop. 139 L (2015–2016) Lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner (yrkeskvalifikasjonsloven) og gir nye avgjersler når det gjeld profesjonskort for utvalde yrke, varslingsmekanismar, elektroniske søknader og delvis tilgjenge til yrke i visse høve. Ein del av løyvinga har i 2016 gått til NOKUT og Altinn for å utvikle ein felles nettportal for søknader om godkjenning for alle yrke, samt for å samle informasjon om dei ulike yrka og krav for slik godkjenning.

Utdanningsforsking og andre formål

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) skal ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Senteret opna offisielt i 2013.

I 2016 blei KSU evaluert av NIFU. Evalueringa viste at svært mange ser behovet for ein kunnskapsfunksjon på utdanningsfeltet, og at etableringa av KSU blir sett på som viktig og riktig. Kunnskapsdepartementet ønsker ei meir kunnskapsbasert politikkutvikling og profesjonsutøving. Da er det behov for eit senter som samanfattar og formidlar forskingsbasert kunnskap. Evalueringa peikte likevel på fleire utfordringar, blant anna knytte til senterets mandat og plasseringa av senteret i Forskingsrådet. Kunnskapsdepartementet ser det som viktig at KSU har ei plassering der det er fagleg uavhengig, har tilgang til forskingslitteratur og høg kompetanse. Departementet ønsker derfor å ha ei open utlysing om ansvaret for å drive KSU.

Ein del av utdanningsforskingsprogrammet FINNUT, inkludert forsking på vaksne si læring, har blitt finansiert over denne posten, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Delar av løyvinga har blitt nytta til arbeid med utdanningsforsking og utdanningsstatistikk i OECD.

Ein del av løyvingane på kap. 258 post 21 har gått til å følge opp og kvalitetssikre byggeprosessen ved Narviksenteret, jf. omtale under kap. 255 post 74.

Løyvinga på kap. 258 post 01 har finansiert ei rekke utgreiingsoppdrag og evalueringar innanfor sektoransvaret til Kunnskapsdepartementet, mellom anna ein statistikkavtale med SSB, eit oppdrag om rekruttering til lærarutdanningane, og ein rapport om karakterbruk i universitets- og høgskolesektoren.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei løyving på 128,6 mill. kroner i 2018.

Regjeringa har ambisjonar om å utvikle eit kunnskapssamfunn der vaksne som har vanskar med å få varig tilknyting til arbeidslivet, får tilgang til opplæring som gir den kompetansen arbeidslivet treng. Det inneber at vaksne med svak kompetanse får identifisert kompetansebehova sine, og får tilgang til tilbod som møter desse behova. Eit heilskapleg system for karriererettleiing er viktig for å bidra til omstilling, for å unngå feilval og fråfall, og for å nytta ressursane i samfunnet betre. Regjeringa vil i 2018 følge opp arbeidet med livslang karriererettleiing med 25 mill. kroner over kap. 258 post 21, mellom anna ved at Kompetanse Noreg utviklar ei digital karriererettleiingsteneste samlokalisert med miljøet rundt utdanning.no. Tenesta skal gi betre tilgang på informasjon, men òg digital rettleiing for brukarar og rådgivarar, gjennom bruk av ressursane i dei etablerte karrieresentera rundt i fylka.

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på 1 mill. kroner til å styrke forskinga og fagmiljøa innanfor karriererettleiing ved to høgskolar, og ei løyving til vidare arbeid med kompetansekartlegging og karriererettleiing i mottak.

Stortinget har slutta seg til Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse – samordnet innsats for voksnes læring, jf. Innst. 362 S (2015–2016). Meldinga har ei rekke tiltak for vaksne med svake grunnleggande dugleikar og låg kompetanse, som har større risiko for å falle ut av utdanning og arbeidsliv, eller for ikkje å komme i arbeid. Om lag 60 mill. kroner av løyvinga på post 21 vil i 2018 bli nytta til utvikling, forsøk, etablering og dokumentasjon av tiltak i samband med meldinga, jf. omtale i dei neste avsnitta og under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Blant desse tiltaka er ei kartlegging av grunnleggande dugleikar for å komme vidare i opplæring og få ei varig tilknyting til arbeidslivet. Kompetanse Noreg er i ferd med å etablere eit slikt verktøy, i samarbeid med andre etatar som arbeider med målgruppene. Både dette oppdraget og utviklinga av eit nettbasert opplæringstilbod i grunnleggande dugleikar inngår i prosjektet Kompetanseløftet .

Eit anna av tiltaka i meldinga er forsøk med modulstrukturert opplæring på grunnskolenivå, og i vidaregåande opplæring innanfor einskilde lærefag i fag- og yrkesopplæringa. Forsøka starta opp hausten 2017. Kompetanse Noreg og Utdanningsdirektoratet administrerer forsøka, som blir finansierte med løyvingar til utvalde kommunar og fylkeskommunar over kap. 258 post 21. Ei evaluering av forsøka blir òg finansiert på posten.

Det at ansvar og oppgåver er fordelte på svært mange aktørar, er ei av hovudutfordringane for vaksenopplæringa. Livssituasjon og bustad, heller enn individuelle behov, vil i mange tilfelle avgjere kva for tilbod kvar einskild mottar. For at fleire skal få nytte av gode løysingar, vil Kompetanse Noreg i 2018 føre vidare arbeidet med å spreie erfaringar med vellykka forsøk og pilotar til aktørar som har eit ansvar for opplæring av vaksne, mellom anna kommunar, fylkeskommunar, Nav, kriminalomsorga, fylkesmennene, behandlingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og andre som arbeider med vaksne.

Delar av løyvinga vil nyttast til arbeidet med det offentlege utvalet som skal sjå på finansiering av livsopphald for vaksne som tar grunnskole eller vidaregåande opplæring, jf. omtale under Strategiar og tiltak. Utgreiinga skal vere klar i desember 2018.

For å stimulere til universell utforming av digitale læremiddel for vaksne vil Kompetanse Noreg i 2018 lyse ut 2 mill. kroner til formålet.

Ei anna utfordring som er omtalt i Meld. St. 16 (2015–2016) er mangel på kompetansehevingstiltak for tilsette i vaksenopplæringa. For å auke kvaliteten i vaksenopplæringa har Kompetanse Noreg utvikla og sett i gang lokale tilbod om etterutdanning for lærarar og andre som underviser i vaksenopplæringa. Departementet foreslår å føre vidare ei løyving på 5 mill. kroner til arbeidet i 2018–21.

Delar av løyvinga på kap. 258 post 21 vil bli nytta til arbeid med å følge opp Nasjonal kompetansepolitisk strategi , arbeidet i Kompetansepolitisk råd, og utfordringar knytte til omstilling i arbeidslivet.

Regjeringa har i 2017 oppretta eit Kompetansebehovsutval (KBU) for 2017–20, med representantar for forskingsmiljøa, departementa og partane i arbeidslivet, jf. omtale under Strategiar og tiltak. Sekretariatet for KBU er lagt til Kompetanse Noreg, og blir finansiert over kap. 258 post 21.

Kunnskapsdepartementet har våren 2017 saman med Arbeids- og sosialdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet inngått ny kontrakt for 2017–20 med Statistisk sentralbyrå (SSB) om framskrivingar av kompetansebehov. Løyving til oppdraget blir dekt over kap. 258 post 21.

Ein del av løyvinga vil i 2018 kunne gå til arbeid med å gi betre informasjon om og ha enklare rutinar for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, mellom anna hos Altinn og NOKUT.

Delar av løyvinga vil gå til å følge opp og vidareutvikle arbeidet med realkompetansevurdering og kvalifikasjonar frå ikkje-formell læring. Dette inkluderer ei løyving for å dekke Noregs del av Erasmus+ -prosjektet VISKA.

I 2015 blei eit fagmiljø for læringsanalyse etablert ved Universitetet i Bergen, jf. omtale under Strategiar og tiltak. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare løyvinga til fagmiljøet i 2018.

Delar av løyvinga vil i 2018 gå til eit miljø som har vunne konkurransen om å få Kunnskapssenter for utdanning, jf. omtale under rapport for 2016.

Kunnskapsdepartementet vil i 2018 nytte ein del av løyvinga til å styrke kunnskapsgrunnlaget for vaksne si læring og kompetansepolitikken gjennom tilskott til FINNUT, finansiering av PIAAC, og gjennom oppdragsforsking. Departementet vil òg nytte ein mindre del av løyvinga til utviklingsoppgåver innanfor kompetansepolitikken og utdanningsforskinga.

Regjeringa foreslår å samle alle løyvingane til drift av verksemda i Forskingsrådet på éin post frå 2018. Departementet foreslår derfor å flytte 0,3 mill. kroner frå kap. 258 post 21 til kap. 285 post 55. Sjå nærare omtale under budsjettforslaget for kap. 285 post 55.

Departementet vil la delar av løyvinga på kap. 258 post 21 bli forvalta av Kompetanse Noreg.

Post 60 Tilskott til karriererettleiing

For å bidra til at alle, inkludert vaksne, skal ha eit tilbod om karriererettleiing, har Kunnskapsdepartementet gjennom tilskottsmidlar stimulert til etablering av fylkesvise partnarskap for karriererettleiing. Partnarskapa skal bidra til å utvikle tenestetilbodet og til samarbeid mellom ulike rettleiingsaktørar lokalt. Oppretting og utvikling av karrieresenter i fylka er ei viktig målsetting for partnarskapa. Karrieresentera skal tilby karriererettleiing til alle vaksne over 19 år. I tillegg skal dei vere faglege ressurssenter for rettleiarar i Nav og i grunnopplæringa. Dei fleste karrieresentera er lokaliserte saman med andre institusjonar, som Nav, vidaregåande skolar eller vaksenopplæringssenter. I tillegg til tilskottet som går frå denne posten til fylkeskommunane via Kompetanse Noreg, får karrieresentera i ulik grad finansiering frå fylkeskommunane og Nav. Tilskottet til dei fylkesvise partnarskapa for karriererettleiing skal bidra til å styrke samarbeidet mellom rettleiingsaktørane lokalt og heve kvaliteten på tilbodet.

Mål for 2018

Formålet med karriererettleiing er at den einskilde får hjelp til å ta gode val knytte til utdanning og arbeid. Målet med tilskottsordninga er òg å gjere karriererettleiing tilgjengeleg for vaksne over 19 år gjennom å utvikle og opprette fylkesvise karrieresenter i eit partnarskap mellom fylkeskommunane og Nav.

Rapport for 2016

Dei fylkesvise partnarskapa for karriererettleiing er mottakarar av tilskotta, som blir administrerte av den einskilde fylkeskommunen. I 2016 hadde alle fylka utanom Oslo partnarskap for karriererettleiing.

I 2016 har det blitt oppretta karrieresenter i Finnmark, og det var karrieresenter i 17 av 19 fylke. Til saman er det 38 karrieresenter i desse fylka. Det er fatta vedtak om å opprette karrieresenter i Hedmark frå 1. januar 2018, og det skjer i samband med det oppretta partnarskapet mellom Hedmark fylkeskommune og Nav Hedmark. Oslo er da det einaste fylket som ikkje har karrieresenter, men her er det ein pågåande dialog om etablering.

Det er til dels store skilnader mellom fylka når det gjeld både omfanget av og innhaldet i aktiviteten i partnarskap og karrieresenter. Kompetanse Noreg har derfor halde fram med tiltak for å gjere tilbodet meir likeverdig og kvalitativt godt i heile landet. Fylkeskommunen (gjennom partnarskap for karriererettleiing) og karrieresentera rapporterer om aktiviteten sin og tenestetilbodet sitt til Kompetanse Noreg. Årsrapporteringa frå karrieresentera gir ein nasjonal statistikk om aktiviteten ved sentera og bidrar til å gjere tilbodet om karriererettleiing synleg for befolkninga og avgjerdstakarar. I tillegg blir statistikken nytta til utvikling ved dei einskilde sentera. I brukarundersøkinga, som alle karrieresentera nyttar, gir brukarane svært gode tilbakemeldingar på korleis dei opplever karriererettleiinga.

I 2016 utgjorde tilskottet 32 mill. kroner. Av dette var 30,3 mill. kroner grunntilskott og 1,6 mill. kroner stimuleringstilskott til etablering av karrieresenter. I 2016 fekk 16 fylke grunntilskott og eitt fylke stimuleringstilskott.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2017.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

260

Universitet og høgskolar

32 640 915

34 430 342

35 755 567

3,8

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

696 638

764 086

851 619

11,5

276

Fagskoleutdanning

68 683

118 460

-100,0

280

Felles einingar

531 694

587 473

577 798

-1,6

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

591 650

593 786

698 598

17,7

Sum kategori 07.60

34 529 580

36 494 147

37 883 582

3,8

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

3280

Felles einingar

1 127

1 353

1 382

2,1

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

10

10

0,0

Sum kategori 07.60

1 127

1 363

1 392

2,1

Innleiing

Høgre utdanning er viktig for omstilling og velferd, økonomisk vekst og sosial utvikling for samfunnet og den enkelte. I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 la regjeringa rammene for forskings- og høgre utdanningspolitikken framover. Langtidsplanen blei følgd opp med strukturmeldinga, Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren, som la grunnlaget for ein politikk for meir strukturelt og fagleg samarbeid i sektoren, med vekt på samanslåingar mellom institusjonar. Som del av den langsiktige satsinga til regjeringa på kvalitet på alle nivåa i kunnskapssektoren har regjeringa i 2017 lagt fram Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning og Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge . Kvalitetsmeldinga tar for seg korleis kvaliteten i høgre utdanning kan bli betre. Eit mål med humaniorameldinga er å legge til rette for større gjensidig nysgjerrigheit, utforsking og tilnærming mellom humaniora og andre fagområde og samfunnssektorar. Kunnskapsdepartementet starta i 2017 arbeidet med å revidere langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Revidert langtidsplan vil bli lagt fram i 2018.

Kunnskapsdepartementet har sett følgande fire mål for forsking og høgre utdanning, som bygger opp under dei langsiktige ambisjonane for sektoren:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Tilstandsvurderinga for universitets- og høgskolesektoren er i kategoriomtalen strukturert etter desse måla. For meir utfyllande informasjon, sjå tilstandsrapporten for høgre utdanning som er utarbeidd av Kunnskapsdepartementet i 2017.

Tilstandsvurderinga og budsjettforslag for fagskolesektoren blir omtalte under den nye programkategorien 07.40 Fagskoleutdanning. Rapportering for midlar til fagskoleutdanning tildelte i 2016 blir gitt under kap. 276 post 72.

Hovudprioriteringar for 2018

Regjeringa foreslår 50 mill. kroner til startløyving for livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo. Regjeringa foreslår 6 mill. kroner for å føre vidare prosjekteringa av brukarutstyr for nytt utstillingsveksthus ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Midlane blir foreslåtte over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa foreslår totalt 50 mill. kroner til planlegging og første fase av prosjektering av ei samla framtidig campusløysing for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Av desse midlane er 30 mill. kroner nye til NTNU i 2018.

Regjeringa foreslår 20 mill. kroner til verkemiddel som skal inngå i ein ny nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning. Dette er ei oppfølging av Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning .

Regjeringa foreslår totalt 40 mill. kroner til styrking av yrkesfaga. 9,5 mill. kroner av midlane blir foreslått fordelte over kap. 260 post 50 og skal gå til utvikling og drift av desentralisert yrkesfaglærarutdanning, 30 studieplassar innanfor desentralisert, nettbasert yrkesfaglærarutdanning og fem rekrutteringsstillingar. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Resten av midlane blir foreslått fordelte over programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Regjeringa foreslår totalt 75,1 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar for å følge opp statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 12 S (2016–2017) og Innst. 401 S (2016–2017). Regjeringa foreslår 21,3 mill. kroner til 500 nye studieplassar i IKT. Dei fører til at dei 500 studieplassane i IKT frå 2017, som berre finansierte eitt kull med studentar, kan trappast opp på vanleg måte til fireårige plassar. Regjeringa foreslår òg å løyve 1,3 mill. kroner til 30 nye studieplassar ved Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk, som kjem i tillegg til dei 60 studieplassane oppretta i 2017. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Regjeringa foreslår å fullføre opptrappingsplanen i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og foreslår ein samla auke på 175 mill. kroner. 20 mill. kroner av auken er i 2018 og 2019 knytte til oppgradering av forskingsfartøyet Helmer Hansen og blir tildelte Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet over kap. 281 post 01. 12 mill. kroner av auken er knytte til open forsking og blir tildelte det nye forvaltningsorganet som tar utgangspunkt i dagens BIBSYS og CERES med løyving over kap. 280 post 51. Resten av midlane for å fullføre opptrappingsplanen blir foreslått tildelte over programkategori 07.70 Forsking.

Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2018 med tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar.

Tilstandsvurdering

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Regjeringa vil at utdannings- og forskingsmiljøa i Noreg skal ha høg kvalitet, og at fleire norske forskings- og utdanningsmiljø skal hevde seg internasjonalt.

Utdannings- og forskingsmiljø

I Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren oppfordra regjeringa statlege høgre utdanningsinstitusjonar til å samle ressursane i færre, men sterkare institusjonar for å legge eit grunnlag for å styrke kvaliteten i forsking og høgre utdanning. I løpet av to år har 33 statlege institusjonar blitt til 21, og fire private høgskolar har slått seg saman til VID vitenskapelige høgskole. Høyskolen Kristiania har i 2017 kjøpt opp Westerdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology med siktemål om å slå dei to høgskolane saman. VID vitenskapelige høgskole vil bli slått saman med Høyskolen Diakonova frå 1. januar 2018.

Universiteta og høgskolane arbeider no med å gjennomføre samanslåingsprosessane, og regjeringa meiner at reforma har lagt til rette for at institusjonane har betre rammevilkår for kvalitetsutvikling. Ein viktig del av dette er arbeidet med omorganisering, fagleg konsolidering og gjennomgang av utdannings- og forskingsområda internt og i samarbeid med andre institusjonar. Departementet vurderer at institusjonane generelt viser stor vilje til endring og omstilling, i tråd med måla frå strukturmeldinga.

Som ein del av oppfølginga av strukturmeldinga blei studiekvalitetsforskrifta endra i 2016. Endringane inneber strengare krav til etablering av mastergrads- og doktorgradsutdanningar og skjerpa krav for akkreditering som vitskapleg høgskole og universitet. Med utgangspunkt i endringane i studiekvalitetsforskrifta har NOKUT utarbeidd ei ny studietilsynsforskrift som gjeld frå februar 2017.

Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning underbygger at det er gjennomgåande god kvalitet i norsk utdanning, men at det er ein uønskt variasjon i kvaliteten og i mange utdanningar eit gap mellom læringsutbyttet og behova i samfunns- og arbeidslivet. Ei kartlegging viser at berre halvparten av læringsutbytteskildringane for dei undersøkte utdanningane er i samsvar med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NOKUT 2015). Studiebarometeret (NOKUT 2016) viser at studentane er godt nøgde med kvaliteten i studia, særleg med arbeidslivsrelevans og faglege forventningar, men noko mindre nøgd med medverknad, undervisning og rettleiing. Samstundes viser Studiebarometeret at det er lita endring i den tida studentane bruker på organisert læringsaktivitet og eigeninnsats. I 2016 brukte dei i gjennomsnitt 35,3 timar per veke til studium. Dei studentane som brukte mest tid på studia, var også dei som var mest nøgde med kvaliteten i utdanninga.

Kandidatundersøkinga frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU 2015) har hovudtemaet overgang frå utdanning til arbeid og vurdering av kvalitet og relevans. Om lag tre firedelar av mastergradskandidatane får relevant arbeid innan eit halvt år etter avslutta studium. Arbeidsløysa for denne gruppa auka frå seks til ni pst. frå 2011 til 2015, men det er stor variasjon mellom fagfelta. Det var auke i arbeidsløysa for sivilingeniørar, realistar og samfunnsvitarar, mens nyutdanna i helse- og sosialfag, økonomisk-administrative fag og pedagogiske fag hadde best arbeidsmarknadssituasjon. Kandidatar frå humanistiske og estetiske fag hadde lågast sysselsetting og størst grad av mistilpassing, det vil seie ikkje relevant arbeid eller ufrivillig deltid.

Låg gjennomstrøyming er kostbart for den enkelte og for samfunnet. Gjennomføringa i norsk høgre utdanning har blitt betre. Av dei studentane som starta utdanninga i 2008, hadde 66 pst. fullført ein grad etter åtte år, mot 61 pst. av dei studentane som starta utdanninga i 1998. Det er framleis for få studentar som gjennomfører utdanninga på normert tid. Talet på bachelorstudentar som fullfører på normert tid, er på snaue 40 pst., og noko meir for mastergradsstudentar. Om ein legg til eitt år utover normert tid, aukar talet for bachelorgradar til over 50 pst. og mastergradar til over 60 pst.

Gjennomføring blant doktorgradsstipendiatar har hatt ei svak betring i dei siste åra. Av doktorgradskandidatane som begynte seks år tidlegare, hadde 68 pst. disputert i 2016, noko som er lågare enn dei nasjonale måla, som ligg mellom 75 og 85 pst., avhengig av fagområde. Det blei avlagt 37 pst. fleire doktorgradar i 2016 enn i 2007, men i dei siste åra har trenden vore negativ. Dette heng blant anna saman med at både Noregs forskingsråd og andre eksterne kjelder finansierer færre doktorgradsprosjekt enn tidlegare, men med betre finansiering av kvar stipendiat. Vi kan forvente ein auke i avlagde doktorgradar framover, blant anna som følge av opptrappinga av rekrutteringsstillingar i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Konkurransearenaene i Noregs forskingsråd er viktige verkemiddel for å fremme forskingskvalitet i sektoren. Tildelinga frå Kunnskapsdepartementet til Noregs forskingsråd er auka med 22 pst. frå 2014 til 2016. Universiteta har auka tilslaga på midlar frå desse konkurransearenaene med 29 pst. i perioden. Dette viser at kvaliteten på søknadene er høg.

Det er stor forskjell mellom fagområda i prosjekttildelingane frå Noregs forskingsråd. Universiteta har særskilt hatt auke i tildelingane frå dei store programma BIOTEK2021 (bioteknologi for verdiskaping), ENERGIX (energi) og IKTPLUSS (IKT og digital innovasjon), i tillegg til FRIPRO (fri prosjektstøtte) og INFRA (forskingsinfrastruktur). Høgskolane får mest tilslag på dei handlingsretta programma, og auken det siste året kjem i stor grad frå DEMOS (demokratisk og effektiv styring, planlegging og forvaltning), KULMEDIA (kultur og media) og SAMANSVAR (ansvarleg innovasjon og verksemdenes samfunnsansvar), jf. Forskningsrådet i tall . I verkemidla for langsiktig grunnleggande forsking var matematikk og naturvitskap det største fagområdet for alle sektorar i 2016. Medisin og helsefag viser størst prosentvis auke, medan humaniora og teknologi viser lågast vekst. I dei sektorvise satsingane dominerer teknologifaga etterfølgde av matematikk og naturvitskap, og humaniora som minste satsing, med mindre enn ein pst. av tildelingane. I tildelingane til forsking på kunnskapssektoren dominerte dei samfunnsvitskaplege faga, og dei hadde også den største veksten.

For å følge opp måla i Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge må humanistisk forsking få ein større plass i kunnskapsutviklinga knytt til dei store samfunnsutfordringane. Det blir ei utfordring, både for universitet og høgskolar og for Noregs forskingsråd, å integrere dei humanistiske aspekta både i utdanningsprogram og i meir tverrfaglege forskingsprosjekt.

Publisering er ein indikator på kvalitet og relevans i forsking. Talet på publiseringspoeng per fagleg tilsett auka i mange år fram til toppåret 2012, men veksten har nesten stoppa opp og ligg no på om lag 1,15 publiseringspoeng per vitskapleg tilsett. Det teologiske menighetsfakultet og Noregs idrettshøgskole har flest publiseringspoeng per tilsett, medan dei statlege høgskolane har hatt størst vekst sidan 2010. Mange forskingsmiljø og forskarar har eit volum på publiseringa som tilseier at dei bør prioritere å betre kvaliteten i kvar publikasjon framfor å produsere fleire publikasjonar. Andre miljø bør framleis prioritere å auke publiseringsvolumet.

Sitering av vitskaplege artiklar er ein indikator på den internasjonale gjennomslagskrafta til forskinga og kor synleg ho er. Utviklinga på siteringar i Noreg har vore jamt aukande i dei siste åra. Nivået har vore om lag det same som i samanliknbare land som Finland og Austerrike, og noko lågare enn i Danmark og Nederland i dei siste ti åra. Det viser at det framleis er behov for å utvikle forskingskvaliteten ved norske universitet og høgskolar.

Internasjonalt samspel

I dei siste ti åra har det vore ein auke i talet på studentar med utveksling eller praksisopphald i utlandet i løpet av studiet. Talet har auka frå mindre enn 7 000 i 2007 til om lag 8 000 i 2016 dersom ein tel med dei studentane som har hatt utveksling eller praksisopphald som er kortare enn tre månader. Kandidatane på lange profesjonsstudium eller integrert mastergrad tar oftare eit utanlandsopphald enn andre studentar. Auken i talet på studentar som tar ein heil grad i utlandet, var større, frå om lag 12 000 i 2007 til om lag 17 000 i 2016. Noreg har gjennom Bologna-prosessen ei målsetting om at 20 pst. av studentane som fullfører ein grad, skal ha hatt eit studieopphald på minimum tre månader i utlandet. Av dei 44 600 som avla ein grad i Noreg i 2016, hadde 15,4 pst. vore på utveksling i tre månader eller meir. Om ein inkluderer dei norske gradsstudentane, er talet om lag 22 pst., noko som viser at mange norske studentar får internasjonal erfaring. Det er stadig fleire som reiser til europeiske land, men utvekslinga frå Noreg til andre land i Europa kan bli betre ettersom dette er den viktigaste regionen for Noreg når det gjeld kunnskapssamarbeid.

Det er om lag 24 000 utanlandske studentar i Noreg, og 2016 var det første året sidan 2004 at utviklinga ikkje er stigande. Dei kunstfaglege høgskolane og Samisk høgskole har størst del utanlandske studentar med over 20 pst., etterfølgd av Noregs handelshøgskole. Utanom desse har universiteta stort sett betre tal på utanlandske studentar enn dei statlege høgskolane. Det er stor variasjon mellom dei private høgskolane i talet på utanlandske studentar. Dei private høgskolane har om lag ti gonger så stor del utanlandske studentar som for ti år sidan og har nå nesten like høg del utanlandske studentar som dei statlege institusjonane. Om lag halvparten av studentane frå utlandet kjem frå Tyskland, Sverige eller Russland.

Blant dei 1 410 doktorandane i Noreg i 2016 hadde 38 pst. ikkje-norsk statsborgarskap. Om lag ein tredel kjem frå Asia, og om lag ein firedel kjem frå Vest- og Sør-Europa. Begge desse områda har hatt ein svak nedgang sidan 2015. Om lag halvparten av dei utanlandske doktorandane blir i Noreg. Teknologifaga har størst del utanlandske doktorandar, med 67 pst., og to av tre av desse er sysselsette i Noreg to år etter disputasen.

Mobiliteten ut av Noreg blant dei tilsette er lågare enn ønskeleg, særskilt for stipendiatar og yngre forskarar. For å gjere det meir attraktivt for stipendiatar å ta eit lengre utanlandsopphald har Noregs forskingsråd opna for å kunne søke om utvida stipendiatperiode ved utanlandsopphald på meir enn tre månader. Forskarmobilitetsprogrammet Marie Sklodowska-Curie Actions (MSCA) under Horisont 2020 skal bidra til fagleg sjølvstende, bygging av nettverk og utvikling av karrieren for stipendiatar og postdoktorar gjennom internasjonal utveksling. Den norske deltakinga i dette programmet er lågare enn for andre program.

Delen artiklar med internasjonalt samforfattarskap har auka med om lag ein tredel sidan 2010, noko som tyder på at norske forskarar samarbeider meir internasjonalt.

Deltakinga til universitets- og høgskolesektoren i EUs rammeprogram, blant anna rammeprogrammet for forsking og utdanning, Horisont 2020, og Erasmus+, utgjer i 2016 over 500 mill. kroner. Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet i Bergen henta ut storparten av desse midlane. Målt i tildeling per faglege årsverk ligg dei same tre universiteta og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet heilt på topp. Trass i at nivået er nær tredobla sidan 2007, er det lågare enn det regjeringa ønsker.

Bygg for undervisning og forsking

Dei fysiske omgivnadene på campus påverkar læringsmiljøet og kvaliteten i forsking og utdanning. Endringar i undervisningsformer, teknologisk utvikling, behov for meir tverrfagleg samarbeid, auka forskingsaktivitet og vekst i talet på studentar og tilsette fører til at behovet er stort for oppgradering av lokale, vedlikehald og nybygg i universitets- og høgskolesektoren. Tilbakemeldingar frå institusjonane tyder på at samling av institusjonane i nye bygg med god kommunikasjon mellom faggrupper fører til auka samhandling, meir samarbeid og betre læringsutbytte for studentane.

Nest etter lønnsutgifter er utgifter til husleige, vedlikehald, investeringar og drift av bygningar den største utgifta for institusjonane. Areal per brukar, det vil seie student og tilsette, har gått ned i dei siste åra frå 14,5 kvadratmeter per brukar i 2007 til 12,5 kvadratmeter per brukar i 2016. Dette gjeld areal som institusjonane forvaltar sjølve, og areal som er leigde gjennom Statsbygg og private utleigarar.

Riksrevisjonen peiker i Dokument 3:4 (2012–2013) Riksrevisjonens undersøkelse om statens forvaltning av eiendomsmasse i universitets- og høgskolesektoren på at ein tredel av bygningsmassen ved dei sjølvforvaltande institusjonane har for dårleg teknisk standard. Budsjett- og rekneskapstal tyder på at desse institusjonane har dobla innsatsen til vedlikehald og oppgradering sidan omlegginga til nettobudsjettering i 2003. Den tekniske tilstanden på bygningane blir gradvis betre, og institusjonane arbeider for å betre han ytterlegare. Det er likevel utfordringar med bygningsmassen, både teknisk og funksjonelt.

Institusjonane prioriterer ein større del av rammeløyvinga til nybygg, oppgradering og areal leigde av Statsbygg eller private aktørar enn det dei gjorde før. Institusjonar som forvaltar sin eigen bygningsmasse, skal ha oversikt over tilstanden på bygningane og utarbeide langsiktige planar for vedlikehald og oppgraderingar. Dei sjølvforvaltande universiteta skal frå og med 2018 ha lagt om internhusleigesystemet slik at dei betre kan møte krava om verdibevarande vedlikehald og sikre effektiv bruk av areala. Departementet har bedt alle dei statlege institusjonane om å utarbeide langsiktige campusplanar for å sikre rasjonell bruk av areala sine. Campusplanane skal støtte opp under dei strategiske prioriteringane til institusjonane. Fleire av institusjonane har utarbeidd campusplanar, og andre har planar under utarbeiding.

Departementet har bedt Statsbygg om å kartlegge universitets- og høgskolebygg, korleis dei blir brukte, kostnader og utfordringar knytte til bygga og institusjonane sine planar for utvikling. Kartlegginga vil vere ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for ein plan for å forvalte, investere og utvikle universitets- og høgskolebygg, jf. oppmodingsvedtak nr. 375, jf. Innst. 137 S (2014–2015) og Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning . Departementet tar sikte på å presentere planen i samband med revideringa av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning hausten 2018.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Regjeringa har ambisjonar om at Noreg skal vere eit av dei mest innovative landa i Europa. Da treng vi utdanning, forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid som samspeler med omverda. Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015), peiker på seks prioriterte område: hav, klima, miljø og miljøvennleg energi, fornying i offentleg sektor, mogleggjerande teknologiar, innovasjon og omstilling i næringslivet og utvikling av verdsleiande fagmiljø. Dette er område som òg universitet og høgskolar må prioritere.

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

Universitets- og høgskolesektoren har omfattande samarbeid med omverda, og frå 2011 har alle institusjonane hatt pålegg om å etablere Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA). I Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver blei det vedtatt å evaluere RSA, og det er Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) som har utarbeidd evalueringa (NIFU 2017: 9). Formålet med evalueringa var å undersøke om ordninga med RSA bidrar til å auke og betre samarbeidet mellom universitet og høgskolar og arbeidsliv, og å gi betre og meir relevante tilbod om etter- og vidareutdanning. Rapporten seier at etableringa av RSA har bidratt til å styrke og forankre samarbeidet mellom universitet og høgskolar og arbeidslivet, og til å auke den gjensidige innsikta. Meirverdien samanlikna med andre organ og kontaktflater med arbeidslivet heng særleg saman med styrkt dialog på strategisk nivå. Dei konkrete resultata frå RSA-arbeidet når det gjeld endringar i gradsstudium og etter- og vidareutdanningstilbod, er førebels avgrensa. NIFU meiner dette må bli sett med bakgrunn i at ordninga framleis er i starten. Dei omfattande samanslåingsprosessane i sektoren har òg verka inn på råda, og fleire institusjonar har oppretta nye RSA. Mange RSA er derfor i ein tidleg fase, til tross for at ordninga har verka i meir enn fem år. Vurderinga til NIFU er at ordninga har potensial til å skape fleire resultat om ho blir utvikla vidare. Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning framhevar kor viktig det er at universiteta og høgskolane på studieprogramnivå har god dialog med samfunns- og arbeidslivet om utdanningane.

Teknologioverføringskontora (TTO) ved institusjonane har ei viktig rolle med å omsette forskingsresultat til forretningsidear og kommersialisering. Kontora har stor aktivitet og kan vise til gode resultat, men det er framleis eit unytta potensial. Gjennom auken i budsjettet for FORNY2020 har det komme meir midlar til verifisering av idear ved kontora, og det er etablert nye TTO ved dei nye universiteta.

Kunnskapen som studentane får gjennom utdanninga, skal bidra til at dei blir attraktive på arbeidsmarknaden, og at dei kan ta del i utvikling og omstilling av samfunnet. Ordninga med studententreprenørskap (StudENT) under programmet Forskingsbasert nyskaping (FORNY2020) i Noregs forskingsråd skal bidra til å mobilisere til entreprenørskap blant bachelor- og mastergradsstudentar, og kandidatar som nyleg har avlagt mastergraden. Førebels tilbakemelding frå Noregs forskingsråd er at det er stor interesse for ordninga, og at søknadene held eit høgt nivå. StudENT-ordninga blir evaluert hausten 2017.

Omfanget av bidrags- og oppdragsfinansiering utanom Noregs forskingsråd, regionale forskingsfond og EU er ein indikasjon på i kva grad universitet og høgskolar har eit formalisert samarbeid med nærings- og arbeidslivet og på samspelet mellom utdanning, forsking og innovasjon. I dei siste åra har denne typen inntekter utgjort om lag sju pst. av dei totale driftsinntektene til private og statlege institusjonar, til saman om lag 3 mrd. kroner i 2016.

Lærarutdanning

Eit av dei prioriterte måla til regjeringa har vore å styrke kompetansen til læraren, og strategien Lærerløftet blei derfor lansert i 2014.

Ei attraktiv lærarutdanning av høg kvalitet og gode vidareutdanningstilbod skal saman bidra til ein skole der elevane lærer meir. Regjeringa har lagt vekt på arbeidet med innføring av norske og samiske grunnskolelærarutdanningar på mastergradsnivå frå hausten 2017. Departementet har fastsett nye rammeplanar, og Universitets- og høgskolerådet har utarbeidd nasjonale retningslinjer. Samla utgjer desse dokumenta grunnlaget for meir detaljerte programplanar som den enkelte institusjonen utviklar. Utdanninga skal sette høge krav til studentane.

Til saman 13 institusjonar tilbyr den femårige grunnskolelærarutdanninga frå hausten 2017. Steinerhøyskolen har også ønskt å tilby ei femårig lærarutdanning og har fått midlar til å samarbeide med Høgskolen i Oslo og Akershus om å utvikle ein fellesgrad i grunnskolelærarutdanning.

Universiteta og høgskolane har lagt ned eit betydeleg arbeid i kompetanseheving av fagpersonalet, med å utvikle dei nye tilboda og få dei akkrediterte. Nasjonalt er det tilbod om mastergradsfordjuping i alle undervisningsfaga i grunnskolen. I tillegg kan studentar velje mastergradsfordjuping i profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk.

NOKUT har i perioden 2015–17 utført pilotstudiar av nasjonale deleksamenar i matematikk i lærarutdanninga. NOKUTs rapport om nasjonale deleksamenar viser at ordninga gir meir innsikt i kunnskapsnivået til studentane. Ordninga har også gitt betre samanlikning på tvers av institusjonar og som grunnlag for institusjonell utvikling.

Praksisrelevans har i fleire evalueringar vore ei tilbakevendande utfordring for dei fleste lærarutdanningane. Campusundervisning og praksisfeltet har i for stor grad vore to skilde arenaer. Krava om auka kvalitet i praksisopplæringa er gjorde tydelege i dei nye grunnskolelærarutdanningane.

Å løfte grunnskolelærarutdanninga til mastergradsnivå inneber også ei styrking av forskingsbaseringa av utdanninga. I den nye utdanninga møter studentane vitskapsteori, metode og praksis tidleg i studiet, og det er eit krav om integrering av desse komponentane saman med fag, fagdidaktikk og pedagogikk i mastergradsarbeida til studentane.

For å styrke status og fagleg kvalitet blei det frå hausten 2016 innført nye opptakskrav i matematikk for grunnskolelærarutdanningane og dei femårige lektorutdanningane. Karaktergjennomsnittet for dei som starta på grunnskolelærarutdanning hausten 2016, var betre enn tidlegare og låg over landsgjennomsnittet for alle utdanningane.

Institusjonane gav både i 2016 og i 2017 tilbod om forkurs i matematikk. Av dei 441 som møtte til avsluttande prøve i 2017, var det 157 som klarte å heve nivået sitt i matematikk frå eit karaktergjennomsnitt på mellom 3 og 4 til karakteren 4. Dermed fekk dei tilbod om å starte opp i lærarutdanninga.

Talet på frammøtte studentar i grunnskolelærarutdanning var i 2015 det høgste på mange år. Da det nye karakterkravet i matematikk blei innført i 2016, var det ein nedgang i talet på frammøtte studentar frå året før. Sjølv om søkninga samla sett til alle lærarutdanningane er god, er det likevel nødvendig å halde fram med arbeidet med å styrke rekrutteringa. Dette gjeld særleg for grunnskolelærarutdanning 1–7, i Nord-Noreg generelt og til samisk grunnskolelærarutdanning spesielt. I 2017 er det som følge av målretta tiltak ein betydeleg auke i søkninga til lærarutdanning i Nord-Noreg. Med fleire fagleg sterke studentar er det venta at fleire av dei som tar til på utdanninga, òg vil fullføre.

Evalueringar viser at praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) over tid har hatt utfordringar med kvaliteten. Departementet fastsette hausten 2015 ny forskrift for rammeplan for PPU for allmenne fag, med skjerpa krav til kvalitet og profesjonsretting. Opptakskravet er endra til mastergrad med verknad frå 2019. Det er eit unntak for søkarar med bachelorgrad i utøvande og skapande kunstfag eller idrettsfag. Opptakskrava for desse gruppene har vore på høyring våren 2017, og departementet arbeider på dette grunnlaget med vidare oppfølging.

Studiebarometeret 2016 til NOKUT viser at grunnskolelærarstudentane har mindre i total fagleg tidsbruk enn nasjonalt gjennomsnitt. Dei er like tilfredse som andre studentar med læringsutbyttet, litt mindre tilfredse med undervisning og rettleiing og meir nøgde med relevansen i studiet. Studentane er mest tilfredse med dei faglege utfordringane i praksisperiodane og minst tilfredse med relevansen i teoriopplæringa og kommunikasjonen mellom lærestad og praksisstad.

Matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag

Omstillinga på arbeidsmarknaden har vist at det stadig er behov for å justere dimensjoneringa av og innhaldet i grunn- og vidareutdanningar som er retta mot matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag). Etterspørselen dei siste åra har særleg tatt seg opp innanfor teknologiske fag med vekt på IKT. Kartleggingar og tilbakemeldingar frå arbeidslivet viser òg at det er viktig med tverrfagleg kompetanse på dette området, for eksempel innanfor helseteknologi, IKT og økonomi. Vidare er det auka etterspørsel etter kompetanse innanfor IKT-sikkerheit.

Humaniora

Det meste av den humanistiske forskinga og utdanninga i Noreg skjer ved universiteta og høgskolane. Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge peiker på at humanistane har kunnskap, dugleikar og verktøy som samfunnet ikkje drar tilstrekkeleg nytte av, jf. Innst. 426 S (2016–2017). Humaniora deltar i for liten grad i dei store forskingsprogramma til Noregs forskingsråd og Horisont 2020. Vi treng meir humanistisk forsking og utdanning i Noreg innretta mot å møte dei store samfunnsutfordringane, ikkje minst på dei viktige områda integrering, migrasjon og konfliktar, dei store teknologiskifta, og klima, miljø og berekraft. Det er fleire humanistiske kandidatar som har vanskar med å få arbeid som samsvarer med kompetansen, enn andre kandidatar med mastergrad, og dei arbeider i større grad ufrivillig deltid. Dei humanistiske fagmiljøa har stort potensial for å delta meir i utviklinga av norsk skole. Sjå òg omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Helse- og sosialfagutdanningar

I Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd – Samspill i praksi s blir det vist til at helse- og velferdstenestene ikkje har god nok påverking på det faglege innhaldet i helse- og sosialfagutdanningane. Det faglege innhaldet i utdanningane må i større grad enn i dag utviklast og oppdaterast regelmessig i tråd med behova til tenestene. For å oppnå dette må både tenestene og brukargruppene i større grad involverast i utforminga av utdanningane, noko som krev betre styring på nasjonalt nivå. Kompetansen til nyutdanna kandidatar samsvarer ikkje i tilstrekkeleg grad med forventningane og behova til tenestene. NOKUTs tilsyn med barnevernspedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanninga i 2017 bekreftar dette.

Universitetsmusea

Universitetsmusea har eit særskilt ansvar for å sikre den kultur- og naturhistoriske arven gjennom forsking, formidling og forvaltning. Det er spesielt ansvaret for oppgåver knytte til forvaltning av dei store vitskaplege samlingane i natur- og kulturhistorie som skil musea frå resten av verksemda ved universiteta.

Forskinga ved universitetsmusea, målt i publiseringspoeng, har auka med 30 pst. frå 2010, og alle musea har hatt auke i perioden 2010–16. Publiseringspoeng per faglege årsverk ligg på 1,53 og er høgre enn gjennomsnittet elles ved universiteta. Omfanget av forsking og vitskapleg publisering er det som i størst grad skil universitetsmusea frå resten av museumssektoren.

Universitetsmusea er ein viktig formidlingsarena for forsking. Dette gjeld både forsking som tar utgangspunkt i samlingane, og anna forsking ved universiteta. I dei siste fem åra er det ein auke i besøkande på 32 pst., trass i at musea i Bergen og Oslo har hatt stengde avdelingar på grunn av rehabilitering. Musea har vore flinke til å lage eller leige inn utstillingar som har gitt stor merksemd og interesse. Fleire av utstillingane har fått god omtale i media, noko som òg har bidratt til høge besøkstal. Talet på nye utstillingar har ikkje auka, men det er betydeleg fleire besøkande per utstilling. Talet på undervisningsopplegg for skoleklassar har ikkje auka på same måte. Grunnen til dette er først og fremst gamle bygg og mangel på ytterlegare eigna areal til formålet.

Omfattande digitalisering bidrar til forvaltning av samlingane ved universitetsmusea og til å gjere samlingane meir tilgjengelege både for forskarar og for eit breiare publikum. Sjølv om stadig fleire av samlingane har blitt digitaliserte i dei seinare åra, er det framleis betydelege etterslep. Dei fleste musea har store delar av dei digitaliserte samlingane ope tilgjengelege. Delen som ligg ope tilgjengeleg, har samla sett auka frå 2011, men varierer frå 27 pst. til 95 pst. mellom museum og avdelingar. Digitalisering og digital formidling er framleis eit felt med stort utviklingspotensial ved universitetsmusea.

Graden av tilfredsstillande sikring og bevaring varierer mellom universitetsmusea, og fleire museum har framleis utfordringar med blant anna temperatur, fukt, lystilhøve og sikring mot tjuveri, brann og vatnskade. Dei fleste musea rapporterer likevel om uendra eller betra tilhøve frå 2011 til 2016. Musea har betra rutinane og beredskapen sin i perioden. Fleire av utfordringane med sikring og bevaring kan likevel ikkje løysast innanfor den bygningsmassen universitetsmusea rår over i dag. Dette gjeld både magasindelen av musea og utstillingsverksemda.

Mål: God tilgang til utdanning

Regjeringa vil at alle skal ha tilgang og høve til å ta høgre utdanning, uavhengig av kjønn, etnisk, sosial, geografisk og økonomisk bakgrunn. Utdanningstilbodet skal legge til rette for god tilgang på arbeidskraft og kompetanse over heile landet. Livslang læring er viktig for å bidra til nødvendig omstilling og fornying for den enkelte og for samfunns- og arbeidslivet.

Kapasitet og kompetanse

Behovet for utdanning og forsking blir påverka av endringar i samfunnet, og Noreg er avhengig av å kunne omstille seg for å sikre arbeidsplassar og velferd i framtida. Sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring for omtale av framskrivingane til Statistisk sentralbyrå av etterspørsel etter og tilbod om arbeidskraft etter utdanningsbakgrunn.

Høgre utdanning i Noreg er i vekst. Talet på registrerte studentar har auka i mange år, og det gjeld òg talet på norske studentar i utlandet og talet på søkarar per studieplass. I 2016 passerte studenttalet i Noreg for første gong 250 000, jf. figur 4.10. Om lag halvparten av studentane er bachelorstudentar. Det er talet på mastergradsstudentar som veks mest, med 63 pst. sidan 2007, mot 34 pst. på bachelornivå i same tidsrom.

Figur 4.10 Utvikling i talet på studentar 2007–16 i Noreg, unntatt utanlandsstudentar

Figur 4.10 Utvikling i talet på studentar 2007–16 i Noreg, unntatt utanlandsstudentar

Kjelde: NSD

I perioden 2009–16 har Kunnskapsdepartementet tildelt midlar til nye studieplassar som etter full opptrapping vil utgjere ein total auke på om lag 30 000 studieplassar. I tillegg kjem studieplassar som institusjonane sjølve har prioritert midlar til å opprette.

Store delar av midlane til studieplassar har Stortinget løyvd til særskilt prioriterte fagområde. For å møte framtidige arbeidskraftbehov er utdanningskapasiteten auka særleg innanfor lærar-, teknologi- og helsefagutdanningane i dei siste åra. Finansiering av desse utdanningane står for over halvparten av dei totale midlane til studieplassar som er tildelte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i perioden 2009–16. I same periode har det vore ein auke på over 50 pst. i talet på kandidatar innanfor teknologiske fag.

Auken i talet på avlagde 60-studiepoengseiningar i perioden 2009–16 er om lag 80 pst. meir enn auken i talet på nye studieplasstildelingar skulle tilseie. Det er noko variasjon mellom institusjonar, men sektoren har samla sett tatt ansvar for auka etterspørsel etter utdanning og har auka studieplasstilbodet utover dei nye øyremerkte midlane. Samstundes vil Kunnskapsdepartementet peike på at for rask vekst i studenttal kan gå utover studiekvaliteten. Dei fleste institusjonane har følgt opp studieplassane i tråd med forventningane. Departementet følger utviklinga i etterspørsel og tilbod på nasjonalt nivå og i styringsdialogen med institusjonane.

Veksten i talet på studentar reflekterer endringar i kompetansebehova på arbeidsmarknaden, auka krav til kompetanse, større ungdomskull og at det har blitt meir attraktivt å studere. Talet på søkarar til lærarutdanning, sjukepleiarutdanning, realfag og teknologi har auka mykje i dei siste åra. Samla sett er utviklinga i relativt godt samsvar med behova i samfunnet.

Det er ei overvekt av kvinner i høgre utdanning. Seks av ti studentar i høgre utdanning er kvinner. Kjønnsbalansen har i stor grad vore uendra i dei siste ti åra, og utdanningsvalet til studentar i Noreg er framleis kjønnsdelt. Innanfor naturvitskaplege og teknologiske fag og samferdsels- og sikkerheitsfag er framleis berre om lag kvar tredje student kvinne, medan berre om lag kvar femte student innanfor helse- og sosialfag er mann.

Doktorgradsutdanning tilfører mange delar av arbeidslivet kompetanse og bidrar slik til å utvikle kunnskapssamfunnet. I det siste tiåret er det tildelt midlar til rekrutteringsstillingar innanfor framfor alt matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag, og i dei siste fire åra til helse- og omsorgsfag og lærarutdanning.

Livslang læring og fleksibel utdanning

Livslang læring er avgjerande for omstillingsevna til den enkelte og for å sikre at private og offentlege verksemder har tilsette med nødvendig kompetanse. Regjeringa forventar meir dialog mellom utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet om utvikling av etter- og vidareutdanning og utprøving av nye arbeidsformer. Sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Fleksibel utdanning omfattar desentralisert utdanning og nettbasert utdanning, og studenttalet er samla 20 000 i 2016. Talet på studentar i desentraliserte studietilbod er på om lag same nivå som i 2007, medan studenttalet i nettbasert utdanning er meir enn dobla i same tidsrom. Utviklinga i teknologien vil truleg auke omfanget av dei nettbaserte tilboda i åra framover og slik bidra til større fleksibilitet for studentar og arbeidstakarar som ønsker å styrke kompetansen sin. Digitalisering kan gi meir varierte og studentaktiviserande undervisnings- og læringsformer. I større grad blir derfor bruk av digital teknologi sett i samband med kvalitet i all utdanning. Leiinga på alle nivå i institusjonane må legge til rette for at heile fagmiljøet, ikkje berre eldsjelene, tar i bruk digitalisering for betre kvalitet og meir effektivitet i studieprogramma. Institusjonane har i dei siste åra særleg gjort ein innsats med å digitalisere gjennomføringa av eksamen. Det er òg utvikla fleire MOOC (Massive Open Online Courses).

Kompletterande utdanning for flyktningar

Det er viktig at flyktningar får moglegheit til å ta i bruk kompetansen sin i arbeidslivet i Noreg. Kompletterande utdanning er eit tilbod til flyktningar som alt har ei fullført utdanning, men som har behov for påfyll for å bli godkjente og/eller få autorisasjon for yrkesutøving i Noreg, eller som har behov for emne på fagfeltet sitt som er spesifikke for arbeidslivet i Noreg. Høgskolen i Oslo og Akershus tilbyr kompletterande utdanning for lærarar og sjukepleiarar. Noregs teknisk-vitskaplege universitet og Høgskolen i Oslo og Akershus utviklar òg i samarbeid eit tilbod for flyktningar med realfags- og teknologibakgrunn. Det er ei utfordring ved utviklinga av kompletterande utdanning at ein manglar god oversikt over den faglege bakgrunnen til flyktningane, og kvar dei bur. Ei anna utfordring er behovet for norsk og engelsk på minimumsnivået for opptak til høgre utdanning.

Studentvelferd

God studentvelferd er viktig for å legge til rette for å ta høgre utdanning. Fleirtalet av studentane bruker støtteordningar gjennom Lånekassen. Sjå programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Studentsamskipnadene har i samfunnsoppdrag å tilby rimelege og gode studentvelferdstenester. Departementet vurderer at dette oppdraget blir løyst på ein tilfredsstillande måte. Sjå meir omtale under kap. 270.

Studentbustader er blant dei viktigaste av dei mange tenestene som studentsamskipnadene tilbyr. Studentsamskipnadene kan tilby bustader til 16,6 pst. av studentane i Noreg. Dersom talet på studentar held fram med å stige, vil det framleis vere behov for å bygge fleire studentbustader.

Det har vore ein auke i talet på tilsegner om tilskott til studentbustadbygging i dei siste åra, jf. figur 4.11.

Figur 4.11 Tilsegner om tilskott til studentbustader 2008–17

Figur 4.11 Tilsegner om tilskott til studentbustader 2008–17

Kjelde: Kunnskapsdepartementet

I 2016 blei det gjort to nye vedtak om samanslåingar av studentsamskipnader, slik at det nå er 14 studentsamskipnader. Samanslåingane må sjåast i samanheng med strukturreforma i universitets- og høgskolesektoren.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Ein effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem skal bidra til best mogleg måloppnåing på dei tre første måla for universitets- og høgskolesektoren. Universitet og høgskolar forvaltar ein betydeleg del av midlane til fellesskapet og skal bruke ressursane effektivt og til beste for samfunnet. Institusjonane skal utvikle profilen sin i tråd med styrke og eigenart og bidra til ein mangfaldig sektor med høg kvalitet. Vidare skal dei møte behova i samfunnet på ulike område og bidra til at Noreg kan hevde seg internasjonalt som ein framifrå kunnskapsnasjon.

Effektiv drift og forvaltning

Statleg finansiering til universitet og høgskolar utgjorde 33,5 mrd. kroner i 2016. Dette er 76 pst. av dei totale driftsinntektene på 43,8 mrd. kroner. Inntekter frå offentlege kjelder omfattar også finansiering frå blant anna andre departement, og utgjer totalt over 90 pst. av inntektene. For dei statlege institusjonane utgjorde den statlege finansieringa i 2016 i gjennomsnitt 79 pst. av dei totale inntektene, medan han utgjorde i gjennomsnitt 42 pst. for dei private høgskolane. Tilhøvet mellom storleiken på dei ulike finansieringskjeldene har vore nokså stabil i dei siste åtte åra.

Kunnskapsdepartementet tildeler i hovudsak midlane til universiteta og høgskolane som ei samla ramme. Det har samanheng med at institusjonane som nettobudsjetterte verksemder sjølve har ansvaret for og fullmakt til å gjere nødvendige prioriteringar og disponere midlane for å nå måla for institusjonen og dei måla som er sette for sektoren.

Auken i rammeløyvinga i dei seinare åra har vore retta inn mot særskilde mål og utfordringar, som å møte veksten i talet på studentar, nå målet frå langtidsplanen om fleire rekrutteringsstillingar, bidra til meir samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing (SAKS), samt møte behov for nye bygg og vedlikehald og oppgradering av eksisterande bygningsmasse.

Lønn og sosiale utgifter er den største kostnaden for universitet og høgskolar, og i 2016 utgjorde denne nesten to tredelar av kostnadene til universitet og høgskolar. Lønnskostnader som del av driftsinntekter har samla sett auka i dei siste ti åra. Dette kjem i stor grad av at talet på årsverk har vakse med 25 pst. i perioden.

Universitet og statlege høgskolar har fullmakter til å overføre midlar mellom budsjettåra, og departementet ser at dette bidrar til ei langsiktig planlegging og økonomistyring ved institusjonane. Avsetningar gjer det mogleg for institusjonane å planlegge strategiske tiltak i eit fleirårig perspektiv. Gjennomsnittleg avsetningsnivå har i dei siste fire åra vore på om lag ti pst. av totalløyvinga. Ved utgangen av 2016 varierte avsetningsnivået per institusjon frå to til 38 pst. Den viktigaste årsaka til avsetningar i sektoren er konkrete prosjekt som for eksempel investeringar i infrastruktur.

Sett under eitt har dei private institusjonane god eller middels god økonomi. Nokre få institusjonar er risikoutsette eller har svak økonomi og må utvikle strategiar for å bygge ein berekraftig økonomi.

Rekruttering, kompetanse og karriere

Talet på årsverk i universitets- og høgskolesektoren har vakse med om lag 7 400 i perioden 2007–16, noko som er ein auke på 25 pst. Det var 12,4 studentar per faglege årsverk i 2016, og det er ein auke på fem pst. sidan 2007. I gjennomsnitt er 23 pst. av dei fagleg tilsette professorar. Delen administrativt tilsette har vore stabil i dei siste åra, på om lag 25 pst.

Kjønnsbalansen blant tilsette i universitets- og høgskolesektoren har blitt noko betre over tid, sjølv om måla om likestilling i dei faglege toppstillingane ikkje er nådde. Totalt er det 28 pst. kvinner i faglege toppstillingar. Det er betre enn EU-gjennomsnittet, men er likevel lågt sett i samanheng med den høge delen over fleire år av kvinner med avlagd doktorgrad. Regjeringa har ambisjonar om at delen kvinner i faglege stillingar skal halde fram med å vekse i åra framover.

Forholdstalet på fagleg årsverk for kvart administrative årsverk ved universitet og høgskolar har vore stabilt på om lag 2,5 i dei siste ti åra. Delen mellombels tilsette i sektoren er for stor, særleg i undervisnings- og forskarstillingar. Blant undervisnings- og forskingspersonale blei delen tilsette i mellombelse årsverk ved dei statlege institusjonane berre redusert med 2,6 prosentpoeng i perioden 2007–16. For alle stillingsgrupper har delen gått ned med 3,6 prosentpoeng i same periode.

Eigarskapsforvaltning ved universitet og statlege høgskolar

I 2016 forvalta universitet og statlege høgskolar eigarinteresser i om lag 100 selskap. I om lag 30 av selskapa har staten dominerande påverknad, normalt ved å eige 50 pst. eller meir av aksjane. I tillegg forvaltar Kunnskapsdepartementet sjølv eigarskapet i dei fem statsaksjeselskapa Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS), Norsk senter for forskningsdata AS (NSD), Simula Research Laboratory AS (Simula), UNINETT AS og Cessda AS.

Stortinget og Riksrevisjonen har peikt på at måla, resultata og økonomien til selskapa bør følgast betre opp, og at Kunnskapsdepartementet i liten grad følger opp eigarskapsforvaltninga til universiteta og høgskolane, jf. Innst. 179 S (2014–2015) og Dokument 3:2 (2014–2015).

Departementet har gått gjennom eigarskapet i universitets- og høgskolesektoren og legg til grunn at institusjonane i hovudsak når måla med eigarskapa sine. Det er mange aksjeselskap med betydeleg eigenkapital, stor omsetning og mange tilsette, og det har vore vekst i desse områda i dei siste åra. Eigarskapsforvaltninga blir årleg følgd opp av Kunnskapsdepartementet.

Strategiar og tiltak

Tilstandsvurderinga av universitets- og høgskolesektoren viser at det er mange positive utviklingstrekk, men at det er behov for strategiar og tiltak for å betre måloppnåinga på fleire av områda. I det følgande er strategien og tiltaka til regjeringa sett opp etter dei fire hovudmåla for sektoren. Dei ulike tiltaka skal bidra til å nå eitt eller fleire av måla.

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Bygg for undervisning og forsking

Livsvitskap er ei av hovudsatsingane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning 2015–24. Noreg har gode føresetnader for å kunne lykkast når det gjeld livsvitskap. Livsvitskap er ei stor fagleg satsing for Universitetet i Oslo. Universitetet har allereie mange sterke fagmiljø innanfor livsvitskap. Fleire av institutta i livsvitskapssatsinga ved universitetet har nedslitne og ueigna lokale med utdatert utstyr, og fleire av fagmiljøa har plassmangel. Regjeringa foreslår midlar til startløyving for livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo.

Ei tilpassa konseptvalutgreiing av Ocean Space Centre blei ferdigstilt i utgangen av 2016, og ei kvalitetssikring blei ferdigstilt i mai 2017. Nærings- og fiskeridepartementet vil følge opp og vurdere funna i desse rapportane før regjeringa vedtar eit konseptval, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Nærings- og fiskeridepartementet programkategori 17.20 Forskning og innovasjon.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 69, 22. november 2016, jf. Innst. 87 S (2016–2017) og Dokument 8:128 S (2016–2017) :

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at den nye campusen på NTNU utvikles med ambisiøse miljøløsninger inkludert bygningsmasse som produserer mer energi enn den bruker, utslippsfrie transportløsninger og annen infrastruktur som kan stimulere til både ny forskning og nye arbeidsplasser.»

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har lagt opp til eit høgt ambisjonsnivå i utviklingsavtalen mellom universitetet og Kunnskapsdepartementet for nye og innovative miljøløysingar for campusprosjektet. Utviklinga på teknologi- og miljøfeltet går raskt, og ho vil få betydning for dei løysingane som blir valde. NTNU har ein ambisjon om å flytte kunnskapsfronten for berekraftige bygningar og campusområde gjennom utviklinga av campus for NTNU i Trondheim.

I 2015 la regjeringa til grunn ei samla framtidig campusløysing for NTNU i området rundt Gløshaugen, som del av ein langsiktig strategisk plan for bygningsmassen til universitetet. Sidan 2015 har NTNU blitt slått saman med blant anna den tidlegare Høgskolen i Sør-Trøndelag, som var lokalisert i Trondheim. Samling av campus i Trondheim blir sett i samanheng med ny fagleg organisering. NTNU vurderer fortetting i eksisterande bygningar og moglegheiter for sambruk av areal. Dette er eit viktig underlag for å fastsette delen nye areal som skal byggast. For å kunne ta eit konseptval og avgjere omfanget av prosjektet har regjeringa meint at det er foremålstenleg å avklare utbyggingsretning. Det har vore gjennomført fleire utgreiingar om ulike geografiske plasseringar. I det vidare arbeidet legg regjeringa til grunn at ein skal søke å finne løysingar i nærleiken av eksisterande bygningsmasse på Gløshaugen. Særleg vest for bygningsmassen er det potensial for vidare utbygging, i tillegg kan enkelte tomter i retning Øya og sør for Gløshaugen vere aktuelle. Ei slik utbygging vil legge til rette for meir samarbeid om utdanning og forsking på tvers av fagområde, gi fleksibilitet for seinare faglege omrokkeringar og kontakt med byen. NTNU vil også halde på eksisterande lokale på Kalvskinnet.

Regjeringa har gjort vedtak om å starte forprosjektet for nybygg for Tromsø museum – Universitetsmuseet ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Prosjektet har ei arealramme på 19 700 m2. Kunnskapsdepartementet har bestemt at museet skal byggjast på Mack-tomta i Tromsø sentrum. Statsbygg vil no arbeide vidare med å prosjektere nybygget.

Dei medisinske fakulteta ved universiteta disponerer areal på sjukehusa. Fleire byggeprosjekt med integrerte sjukehus- og universitetsareal er under planlegging, med utbygging ved Oslo universitetssjukehus som det største. Regjeringa vil sikre gode og effektive planprosessar for utbygging av nye sjukehus med universitetsareal. Prosjekta skal gjennomførast som felles bygge-prosjekt mellom universitet og helseføretak. I prosjekt der helseføretaka er største brukar, skal planlegginga skje i tråd med det etablerte planleggings- og kvalitetssikringsregimet til dei regionale helseføretaka.

Hovudmodellen for finansiering av nye universitetsareal i sjukehus blir ein leigemodell der helseføretaka eig bygga når dei er ferdige, og universiteta leiger areal av helseføretaka. Det skal utarbeidast langsiktige leigeavtalar som regulerer ansvar og forpliktingar mellom partane. Det skal fastsettast ein kostnadsdekkande leige for universitetsareala som dekker kapitalkostnadene og kostnadar til forvaltning, drift og vedlikehald. Dei regionale helseføretaka kan søke om finansiering av prosjekta i tråd med systemet for finansiering av sjukehusinvesteringar. For utbygging av universitetsareal kan dei regionale helseføretaka søke om 100 pst. lån. Husleigekompensasjon for universitetsareal i sjukehusbygg blir handtert i tråd med prinsipp for fastsetting av husleigekompensasjon i statlege bygg. Forslag om auka løyvingar til husleige blir behandla i den ordinære budsjettprosessen saman med forslag om løyving til investeringslån for prosjektet. Kompensasjonen skal maksimalt utgjere 75 pst. av dei auka kostnadene. Husleigeutgiftene til universiteta blir delfinansiert ved at det blir trekt ut eit beløp frå ramma til helseføretaka tilsvarande dagens utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald for universitetsareal, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 732 Regionale helseføretak. Universitetet skal eige brukarutstyret. Behovet for og storleiken på løyvinga til brukarutstyr blir vurdert i det enkelte tilfellet når saka blir lagt fram i den ordinære budsjettprosessen.

Utviklingsavtalar

Universitet og høgskolar har i lang tid blitt oppfordra til å utvikle ein strategisk profil som bygger på deira eigne fortrinn. Profilen skal uttrykke identiteten og særpreget til institusjonen. Det er eit mål at sektoren skal vere mangfaldig, sjølv om det har blitt langt færre institusjonar i universitets- og høgskolesektoren som følge av samanslåingar. Mangfald er viktig av fleire grunnar, blant anna for å få til arbeidsdeling og spesialisering, og møte ulike regionale behov og behova til ei samansett studentgruppe og eit spesialisert arbeidsliv.

I januar 2015 la ei ekspertgruppe leidd av Torbjørn Hægeland fram rapporten Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill. Nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler . Ekspertgruppa meinte det var ein mangel i eksisterande styringsverkemiddel for å få til differensiering, arbeidsdeling og profil i tilstrekkeleg grad. I tillegg til justeringar i dei resultatbaserte indikatorane foreslo ekspertgruppa å innføre fleirårige avtalar mellom departementet og den enkelte institusjonen for å premiere differensiering og kvalitetsforbetring basert på heilskaplege vurderingar. Forslaget innebar at også kvalitative vurderingar skulle få innverknad på rammeløyvinga til institusjonane. Den resultatbaserte delen av finansieringssystemet blei endra i 2017.

Departementet innfører gradvis ei ordning med fleirårige utviklingsavtalar (tre–fire år) mellom departementet og kvart av universiteta og kvar av dei statlege høgskolane. Utviklingsavtalane skal bidra til å nå måla om høg kvalitet, tydelegare institusjonsprofilar og ei betre arbeidsdeling. Utviklingsavtalane skal bidra til fagleg utvikling ved universiteta og høgskolane og vere til støtte for styret. Avtalane rokkar ikkje ved det ansvaret styret har for planar, strategiar og forvaltning. Avtalane skal tene som instrument for å løfte saker eller område der styret og leiinga ser behov for særskild merksemd. Utviklingsavtalane skal òg vere eit verkemiddel for nasjonal koordinering på frivillig basis. Ein føresetnad for utviklingsavtalane er at departementet og institusjonen er einige om innhaldet.

I 2017 er det etablert ei prøveordning med fem institusjonar: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Søraust-Noreg og Høgskolen i Østfold. Avtalane er ein del av tildelingsbreva. Ordninga blir utvida til ytterlegare fem institusjonar i 2018: Nord universitet, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Innlandet. Førebels er det ikkje knytt økonomiske verkemiddel til avtalane.

Prøveordninga legg grunnlaget for at utviklingsavtalar skal bli ein fast del av styringsdialogen for alle dei statlege institusjonane. Erfaringane med prosessen med avtalar er så langt positive. Departementet tar sikte på at alle universitet og statlege høgskolar skal ha utviklingsavtalar frå 2019, og at alle institusjonane på lengre sikt skal ha same avtaleperiode. Departementet meiner at eit system med utviklingsavtalar der avtalane startar og sluttar samtidig, vil vere viktig for å nå målet om betre arbeidsdeling.

Departementet vil i dialog med sektoren vurdere behovet for forenkling av målstrukturen for universitet og høgskolar, for å sikre at utviklingsavtalane speler godt saman med denne og ikkje fører til meir byråkrati, men heller bidrar til å effektivisere og forbetre styringa.

Departementet vil framleis vurdere innretninga på etatsstyringsmøta på bakgrunn av blant anna erfaringane med møte annakvart år, institusjonssamanslåingane og prøveordninga med utviklingsavtalar.

Regjeringa vil etablere eit rektormøte for å drøfte blant anna utviklinga og bruken av utviklingsavtalane, jf. Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge .

I Prop. 1 S (2016–2017) for Kunnskapsdepartementet blei det varsla at departementet tar sikte på å legge fram forslag til korleis økonomiske verkemiddel kan koplast til avtalane. Institusjonane har spilt inn synspunkt om ulike modellar for finansiering. Regjeringa held fast ved at det skal knyttast økonomiske verkemiddel til utviklingsavtalane, og tar sikte på at finansiering av avtalane kan implementerast i 2019, når alle institusjonane har utviklingsavtalar. På bakgrunn av innspela frå sektoren vil departementet legge fram forslag til finansieringsmodell for utviklingsavtalar i Prop. 1 S (2018–2019) for Kunnskapsdepartementet.

Utdanningsplanar

I ein rapport frå 2015 om studiegjennomføring i høgre utdanning var Riksrevisjonen kritisk til om utdanningsplanane fungerer godt nok som verkemiddel for gjennomføring på normert tid, jf. Dokument 3:8 (2014–2015) og Innst. 35 S (2015–2016). Departementet har fått gjennomført ei evaluering av bruken av utdanningsplanar. Saka blei lagd fram for Universitets- og høgskolerådet (UHR), som har drøfta rapporten med institusjonane. Tilbakemeldinga frå UHR tyder på at utdanningsplanar er eit godt verktøy for å synleggjere innhald og progresjonskrav i studiet, men at andre tiltak må rettast inn for å betre gjennomføringa. UHR viser blant anna til den nye kvalitetsportalen, som skal samle indikatorar og relevante kunnskapskjelder på éin stad. Det vil gjere det enklare å finne informasjon om aktivitet og resultat på studieprogramnivå ved universiteta og høgskolane. Kunnskapsdepartementet ser ikkje at det er grunnlag for å endre på kravet om utdanningsplanar.

Auke utdanningskapasiteten for offentleg planlegging

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 708, 29. mai 2017, jf. Innst. 300 S (2016–2017), Meld. St. 18 (2016–2017) og Dokument 8:44 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sette i gang et arbeid for å øke utdanningskapasiteten i offentlig planlegging.»

Kunnskapsdepartementet vil samarbeide med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og sektoren for å vurdere nærare korleis utdanningskapasiteten i offentleg planlegging kan aukast.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Kunnskapsdepartementet vil føre vidare arbeidet med å støtte opp under den pågåande struktur-reforma. Samanslåing av institusjonar er ressurskrevjande, ikkje berre sjølve samanslåingane, men òg arbeidet med å heve kvaliteten på tvers av institusjonane. Strukturreforma krev stimulerings- og omstillingsmidlar. Kunnskapsdepartementet vil derfor føre vidare midlar til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing for å styrke kvalitetsutviklinga i sektoren. Frå 2018 skal nokre av strukturmidlane brukast til andre kvalitetstiltak, som verkemiddel som skal inngå i ein nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning. Dette er i tråd med Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning .

Nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning

I Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning blei det varsla fleire kvalitetsstimulerande verkemiddel på nasjonalt nivå, som blant anna ein nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning. Det er følgande hovudmål med ein arena for kvalitet:

  • å mobilisere fagmiljø til kunnskapsbasert utvikling av utdanningane for at studentane skal få mest mogleg ut av tida i høgre utdanning

  • å gjere tilgjengeleg gode utdanningspraksisar ved å krevje fagfellevurdering og deling av resultat

  • å gjere synleg, gi prestisje og støtte til utdanning og gode undervisarar

I tillegg til nye verkemiddel vil arenaen omfatte fleire av dagens verkemiddel. Gjennom nasjonale arenaer skal støtteordningane i dag bli sette i samanheng, og nye ordningar som del av ein større verkemiddelportefølje for utdanningskvalitet vil bli utvikla. Regjeringa foreslår i 2018 nye midlar til verkemiddel i arenaen for kvalitet i høgre utdanning. Sjå òg omtale under kap. 281 post 01. Kunnskapsdepartementet opprettar frå 1. januar 2018 eit nytt forvaltningsorgan med oppgåver for kvalitetsutvikling. Det nye organet vil ta utgangspunkt i dagens Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet (NUV) og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU). Det nye organet får ansvar for den nye nasjonale arenaen for kvalitet i høgre utdanning. Utforming og organisering av arenaen blir utreda hausten 2017. Fleire av dagens verkemiddel vil inngå i arenaen. Det gjeld blant anna:

  • ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU)

  • program for internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid, slik som UTFORSK, INTPART og NORPART

  • midlar til utvikling og bruk av teknologi for læring og fleksible studietilbod i høgre utdanning

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Lærarutdanning

Regjeringa har høge forventningar til kvaliteten i den nye grunnskolelærarutdanninga og la i juni 2017 fram strategien Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene . Gjennom arbeidet med strategien er det utvikla felles mål som både universitets- og høgskolesektoren, lærarorganisasjonane, KS (interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen til kommunesektoren i Noreg) og andre aktørar kan stille seg bak. Målet er å få enda betre lærarutdanningar, og dermed betre barnehagar og skolar. Strategien har fire overordna mål:

  • studium som er fagleg krevjande og givande

  • fagleg sterke og godt organiserte lærarutdanningsmiljø

  • kunnskapsbaserte og involverte samarbeidspartnarar i barnehagesektoren og skolesektoren

  • stabilt og gjensidig utviklande samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane, barnehagesektoren og skolesektoren

Eit av hovudinnsatsområda i Lærerutdanning 2025 er partnarskap mellom lærarutdanningane, barnehagar og skolar i form av lærarutdanningsbarnehagar og lærarutdanningsskolar. Institusjonane som tilbyr grunnskolelærarutdanning, har fått midlar til å sette i gang arbeidet med å utvikle slike lærarutdanningsskolar i 2017. Her skal skolane og lærarutdanningane arbeide spesielt tett saman om lærarutdanningane, utvikle god og relevant praksisopplæring og praksisnær forsking. Kunnskapsdepartementet vil føre vidare denne satsinga.

Høg kompetanse blant dei tilsette er viktig både for å få enda betre lærarutdanningar, og for å styrke forsking og utviklingsarbeid. Departementet tildelte 51 rekrutteringsstillingar til lærarutdanninga i 2016. Departementet vil også styrke den programforskinga i Noregs forskingsråd som er knytt til lærarutdanningane. Departementet vil innføre ei innovasjonsordning, der barnehagar, skolar, kommunar og fylkeskommunar saman med forskarar kan søke om midlar til å prøve ut og evaluere verknaden av nye tiltak.

Departementet vil føre vidare arbeidet med å legge til rette for ei god innføring av den nye grunnskolelærarutdanninga. Internasjonaliseringa av lærarutdanninga blir styrkt gjennom Senter for internasjonalisering av utdanning, og den profesjonsfaglege digitale kompetansen til grunnskolelærarane skal styrkast gjennom midlar som blir lyste ut via Noregsuniversitetet. Kunnskapsdepartementet kjem tilbake med ei vurdering av spørsmålet om finansiering av det femte studieåret i dei femårige grunnskolelærarutdanningane.

Det er viktig å betre rekrutteringa til lærarutdanningane, særleg GLU 1–7. Departementet har blant anna lagt til rette for avskriving av studielån for kandidatar som fullfører den femårige utdanninga på normert tid. Det er også særlege ordningar for Nord-Noreg fordi behovet for fleire lærarar er ekstra stort i denne landsdelen.

NOKUT har sett ned ei internasjonal rådgivingsgruppe. Gruppa skal stimulere arbeidet til institusjonane med å løfte det faglege nivået i både utdanning og forsking. Dette skal gjerast i tett dialog med dei nye grunnskolelærarutdanningane. NOKUT har varsla tilsyn med alle grunnskolelærarutdanningane i 2019.

Som ei oppfølging av funn om tidsbruk for lærarstudentar har PROTED – Senter for framifrå undervisning i lærarutdanning, i 2016 fått tildelt midlar for å få fram måtar å arbeide på i lærarutdanninga som aukar arbeidsinnsatsen til studentane. Ein rapport om dette arbeidet blir lagd fram mot slutten av 2018.

Noreg er med i ein OECD-gjennomgang av lærarutdanning i åtte land. Våren 2017 var eit team med sju internasjonale lærarutdanningsekspertar i Noreg for å vurdere grunnskolelærarutdanningane. Dei intervjua lærarar, skoleeigarar, rektorar og lærarutdannarar. Ei rekke interessentar og myndigheitspersonar blei også intervjua. Rapporten til ekspertteamet vil vere ferdig i siste kvartal 2017.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 476, 23. februar 2017, jf. Innst. 182 S (2016–2017) og Dokument 8:5 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med utdanningssektoren vurdere og prøve ut alternative/supplerende opptaksordninger til grunnskolelærerutdanningen, som for eksempel intervjubaserte opptak.»

Departementet vil i løpet av hausten drøfte alternative og eventuelt supplerande opptaksordningar med representantar for lærarutdanningsinstitusjonane, med sikte på utprøving.

Matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag

Kunnskapsdepartementet følger med på analysar og framskrivingar for behovet for arbeidstakarar med matematiske, naturvitskaplege og teknologiske utdanningar. Universitet og høgskolar har ansvaret for å dimensjonere tilboda sine i tråd med dei stadig endra behova. Regjeringa og samarbeidspartia på Stortinget har i dei siste åra løyvd midlar til fleire studieplassar i IKT-utdanningar, slik at tilbodet på lengre sikt kan svare betre på det auka behovet i arbeidslivet. Departementet vil vurdere behovet for framleis styrking av utdanningskapasiteten på dette utdanningsområdet framover.

Regjeringa vil legge fram ein eigen strategi for kompetanse i IKT-sikkerheit i tråd med forslag i Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn .

Helse- og sosialfagutdanning

Regjeringa skal lage eit nytt system for styring av læringsutbytte i dei helse- og sosialfaglege grunnutdanningane, jf. Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd . I det nye styringssystemet blir det lagt opp til blant anna ein felles, overordna rammeplan for alle dei 19 grunnutdanningane. Systemet skal gi helse- og sosialfagtenestene betre innverknad på utdanningane.

Kunnskapsdepartementet sende våren 2017 ut til høyring forslag til forskrift om felles rammeplan for dei helse- og sosialfaglege grunnutdanningane og forslag til nytt styringssystem for desse utdanningane. Departementet tar sikte på å fastsette forskrifta i løpet av hausten 2017. På dette grunnlaget vil departementet halde fram arbeidet med å utvikle nasjonale retningslinjer for dei enkelte helse- og sosialfagutdanningane. Representantar frå utdanningane, tenestene ein utdannar til, og studentane vil bidra i dette arbeidet.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 480, 23. februar 2017, jf. Innst. 179 S (2016–2017) og Dokument 8:19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen innføre et alternativt opplegg etter mønster fra Y-veien til ingeniørutdanning, for å sikre at helsefagarbeidere uten generell studiekompetanse kan utdanne seg til sykepleiere.»

Departementet meiner at Y-vegen som inngang til sjukepleiarutdanninga ikkje vil gi autorisasjon for norsk sjukepleiarutdanning i lys av krava i yrkeskvalifikasjonsdirektivet til EU. Ei treterminsordning etter mønster av ingeniørutdanning er slik departementet vurderer det, eit godt alternativ for opptak til sjukepleiarutdanninga for helsefagarbeidarar. Departementet har tildelt utviklingsmidlar til Høgskolen i Oslo og Akershus slik at høgskolen kan tilby ei treterminsordning i sjukepleiarutdanninga frå hausten 2017.

I Innst. 12 S (2016–2017) bad Stortinget regjeringa om å arbeide for at det blir etablert femårig masterutdanning for manuellterapeutar og kiropraktorar ved eit norsk universitet. Kunnskapsdepartementet har bedt Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen om ei oversikt over dei kortsiktige og langsiktige investeringane og driftskostnadene som eit grunnlag i arbeidet med å vurdere etablering av ei femårig kiropraktorutdanning.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 609, 25. april 2017, jf. Innst. 247 S (2016–2017) og Prop. 12 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen bidra til å spre god praksis for samvirke i grunnutdanningen mellom relevante utdanninger, som helse- og sosialfag, politi, pedagogikk.»

Departementet vil i løpet av hausten 2017 samarbeide med Justis- og beredskapsdepartementet og utdanningsinstitusjonar for få fram eksempel på god praksis for samvirke i grunnutdanningane mellom relevante utdanningar, og korleis dei kan bli spreidde.

Nasjonal deleksamen

NOKUT presenterte i mars 2017 ein sluttrapport som summerer opp erfaringane med å gjennomføre nasjonal deleksamen i tre profesjonsutdanningar. Sluttrapporten viser at nasjonale deleksamenar kan brukast til det foremålet som er tenkt. I tillegg har dei gitt høve til blant anna å kalibrere karaktersettinga på tvers av institusjonar og å samanlikne fagmiljø på tvers av institusjonane på utdanningsfaglege premissar i tråd med kvalitetsmeldinga. Sluttrapporten reiser mange viktige problemstillingar, samt nokre utfordringar og tilrådingar, som å unngå «teaching to test», at resultata frå eksamen bør vere teljande på vitnemålet, at ein i større grad bør digitalisere eksamen, og at eksamenstidspunkta bør samkøyrast betre. Regjeringa meiner desse utfordringane kan løysast, og at nasjonale deleksamenar er eit viktig tiltak for kvalitet. Regjeringa foreslår derfor midlar til å gjere nasjonale deleksamenar til ei varig ordning, i første omgang i dei utdanningane som alt har prøvd ut ordninga. Regjeringa legg til grunn at fleire studium vil omfattast av ordninga i framtida, men merkar seg at Stortinget peiker på at deleksamenar først og fremst bør brukast i fag som blir styrt av rammeplanar eller liknande, jf. Innst. 341 L (2015–2016).

Samarbeid med arbeids- og næringsliv

Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning legg vekt på at utdanningane skal vere relevante for behovet samfunnet har for arbeidskraft og kompetanse, og at dette krev eit godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet. Blant anna forventar regjeringa at universiteta og høgskolane har god samhandling med samfunns- og arbeidslivet på studieprogram- og institusjonsnivå, og at studieprogramma og omtalane av læringsutbytte blir utforma i samarbeid med arbeidslivet. Stortingsmeldinga varslar òg at regjeringa i samarbeid med institusjonane og organisasjonane vil vurdere å ta i bruk ei stilling som praksisprofessor. Målet er å bidra til at kompetansen til personalet samla sett tar i vare både forskingsbasert utdanning, evne til fagleg fornying og god kontakt med eller erfaring frå praksisfeltet.

Norske universitet og høgskolar blei frå 2011 pålagde å etablere Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA). Hovudtilrådinga til NIFU etter evalueringa av RSA i 2016 er å føre ordninga vidare. NIFU peikar på at universitet og høgskolar framleis bør få stor fridom til å tilpasse ordninga lokalt, men ikkje så stor at institusjonane kan velje vekk organ som fører ein fortløpande strategisk dialog om det samarbeidet institusjonane har med arbeidslivet. Departementet forventar at institusjonane følger opp tilrådingane med tanke på å styrke arbeidslivsrelevansen i både utdanningane og forskinga.

Kompetanse og karriere

Stortingsmeldinga om kvalitet i høgre utdanning hadde fleire tiltak for å sikre ein mangfaldig stillingsstruktur ved institusjonane, sikre kvaliteten i alle stillingsløp og bidra til at undervisningskompetanse i større grad blir stimulert og verdsett, på same måte som forskingskompetanse. Regjeringa har starta arbeidet med å revidere forskrifta om tilsetting og opprykk i kombinerte undervisnings- og forskarstillingar, slik at forskrifta stiller krav om pedagogisk kompetanse og erfaring frå undervisning for tilsetting i alle faglege stillingar. Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal komme med forslag til den nye forskrifta.

Regjeringa vil òg stille krav om at universiteta og høgskolane etablerer meritteringssystem som vektlegg pedagogisk kompetanse og aukar prestisjen til undervisninga. I tråd med dei felles nasjonale rammene kan institusjonen utvikle meritteringssystem aleine eller saman med andre institusjonar, og dei bør gjelde for tilsette i både dosent- og professorløpet. Det er sendt brev til alle universiteta og høgskolane om å starte opp dette arbeidet.

Utdanning av religiøse leiarar

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 443, 16. desember 2015, jf. Dokument 8:37 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for en offisiell norsk utdanning av religiøse ledere fra relevante trossamfunn etter mal fra måten dette gjøres ved norske utdanningsinstitusjoner.»

Kulturdepartementet har gjennomført ei kartlegging som viser at dei fleste trossamfunn i Noreg har leiarar som er utdanna i andre land. Det kan derfor vere ein manglande korrespondanse mellom utdannings- og erfaringsbakgrunnen til leiarane, og krav og forventningar vi har til religiøse leiarar i Noreg, med omsyn til kvalifikasjonar, verdiar og fortolkings- og formidlingsevne.

Universitetet i Oslo har på bakgrunn av utgreiinga frå Kulturdepartementet vurdert moglegheita for å utvikle og tilby ei fleksibel utdanning for religiøse leiarar. Universitetet er positivt til å etablere eit tilbod, men det føreset at det blir tilført midlar til dette formålet.

Mentorordning

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 769, 7. juni 2017, jf. Innst. 364 S (2016–2017) og Meld. St. 16 (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man trinnvis kan innføre en mentorordning i høyere utdanning.»

Kunnskapsdepartementet vil i løpet av hausten 2017 starte å vurdere arbeidet med korleis ei mentorordning i høgre utdanning gradvis kan bli innført.

Nordområdesenteret

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 324, 17. desember 2016, jf. Innst. 12 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en vurdering av hvordan Nordområdesenteret kan styrkes for å ivareta stadig økende oppgaver, senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2017.»

Regjeringa foreslo i Prop. 129 S (2016–2017) å auke løyvinga til Nord universitet i 2017 for å styrke aktiviteten ved Nordområdesenteret i samsvar med Stortingets oppmodingsvedtak i Innst. 12 S (2016–2017). Auka forskings- og utdanningsaktivitet ved Nordområdesenteret vil ha positive verknader for posisjonen til Noreg i eit sikkerhets-, ressurs- og miljøperspektiv. Departementet meiner vedtaket er følgd opp.

Mål: God tilgang til utdanning

Studieplassar

Kunnskapsdepartementet vil styrke yrkesfaga og foreslår blant anna midlar til utvikling og drift av fleksibel yrkesfaglærarutdanning.

IKT gir nye moglegheiter for innovasjon, utvikling og effektivitet i offentleg og privat sektor. Regjeringa legg derfor vekt på å styrke innsatsen for IKT-kompetanse i Noreg, jf. Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet , Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning og Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn – samfunnssikkerhet . Det er behov for fleire spesialistar på bachelor- og mastergradsnivå i IKT, fleire personar med tverrfagleg kompetanse (helse, økonomi, leiing) og fleire spesialistar i IKT-sikkerheit. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor midlar til nye studieplassar i IKT.

Departementet vil òg framover følge utviklinga nøye med omsyn til framtidige kompetansebehov nasjonalt og regionalt. Institusjonane har eit stort ansvar for å prioritere aktiviteten i tråd med behova for kompetanse og omstilling.

Kompletterande utdanning for flyktningar

Kunnskapsdepartementet forventar større etterspørsel etter kompletterande utdanningar etter kvart som flyktningane som kom i 2015 og 2016, oppnår minimumsnivået i norsk og engelsk.

Kunnskapsdepartementet har fordelt 90 studieplassar til Høgskolen i Oslo og Akershus og 30 studieplassar til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet for å gi kompletterande tilbod til flyktningar som har lærar-, helse-, realfags- eller teknologiutdanning. Ei av erfaringane i utvikling av tilbodet er at språktilbod ikkje er godt nok lagde til rette for dei som har behov for fagleg påfyll på universitets- og høgskolenivå. For at fleire flyktningar raskare skal få komplettere utdanninga si, prøver nå Høgskolen i Oslo og Akershus ut ei ordning der flyktningane ikkje treng å dokumentere tilstrekkeleg kunnskap i norsk og engelsk for opptak til utdanninga. Studentane må i løpet av studiet oppnå minimumsnivået i norsk for å få karakterutskrift.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Omorganisering av sentraladministrative oppgåver

Regjeringa vil omorganisere dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren. Omorganiseringa skjer blant anna på bakgrunn av rapporten Kunnskapssektoren sett utenfra frå 2016. Den nye organiseringa skal legge til rette for høgre kvalitet og større effektivitet i kunnskapssektoren og gi fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo.

Tenesteytinga til universitet og høgskolar blir styrkt. Dagens CERES, BIBSYS og oppgåver frå UNINETT AS blir samla i eit nytt forvaltningsorgan frå 1. januar 2018. Organet vil ha hovudkontor i Trondheim.

For høgre utdannings- og fagskolesektoren skal departementet opprette to forvaltningsorgan for kvalitetsutvikling for å samle arbeidet med å utvikle kvaliteten i høgre utdanning i færre og sterkare verksemder. Det eine organet skal forvalte tilskottsordningar og program som skal bidra til å auke kvaliteten i høgre utdanning og fagskoleutdanning. Organet vil i utgangspunktet bestå av Senter for internasjonalisering av utdanninga, Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, i tillegg til å ha oppgåvene med senter for framifrå utdanning og Lærebokutvalet. Organet vil bli oppretta 1. januar 2018 og ha hovudkontor i Bergen.

Det andre organet for kvalitetsutvikling i høgre utdannings- og fagskolesektoren skal ta utgangspunkt i NOKUT. Kunnskapsdepartementet tar sikte på å opprette organet frå 1. juli 2018. Organet vil ha hovudkontor i Oslo.

For alle dei tre organa er det aktuelt å overta forvaltningsoppgåver frå Kunnskapsdepartementet. Dei tre nye organa i universitets- og høgskolesektoren skal flytte til saman om lag tjue årsverk ut av Oslo innan utgangen av 2022.

Sjå hovudinnleiinga for omtale av dei andre organa som blir omfatta av omorganiseringa av sentraladministrative oppgåver, i tillegg til kap. 280 for omtale av omorganiseringa i universitets- og høgskolesektoren og fagskolesektoren.

Digitalisering

Det er viktig å følge opp og dra nytte av dei moglegheitene og utfordringane som ei stadig raskare digitalisering inneber for universitet og høgskolar. Derfor oppretta Kunnskapsdepartementet hausten 2015 ei arbeidsgruppe for IKT-strategi og heilskaplege løysingar i norsk universitets- og høgskolesektor. Initiativet var ei oppfølging av Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet – strukturreform i universitets- og høyskolesektoren . Arbeidsgruppa leverte våren 2017 eit forslag til ein felles IKT-strategi for universitets- og høgskolesektoren til Kunnskapsdepartementet. Forslaget dekker områda utdanning, forsking, administrative tenester og infrastruktur, og omtaler i tillegg informasjonstryggleik, organisering, styring og finansiering. Med utgangspunkt i dette forslaget og digitaliseringspolitikken til regjeringa har departementet fastsett ein overordna digitaliseringsstrategi for universitets- og høgskolesektoren for perioden 2017–21.

Digitaliseringsstrategien inneheld målbildet som viser retninga departementet ønsker at utviklinga skal ta, og sentrale tiltak i arbeidet med digitaliseringa i sektoren. Det er eit mål at studentar, lærarar og forskarar har den digitale kompetansen og verktøyet dei treng for å utnytte moglegheitene som ligg i digitale løysingar. Strategien legg opp til tydelegare forventingar til lokale strategiar, planar og tiltak for digitalisering ved den enkelte institusjonen, og digital kompetanseutvikling for lærarar og forskarar. Det skal blant anna utgreiast ei felles løysing for tilgang og deling av digitale læremiddel og læringsressursar. Vidare skal styringa av informasjonstryggleiken styrkast gjennom eit tydelegare rammeverk.

Det nye tenesteorganet som vil bli oppretta 1. januar 2018, vil få ei sentral rolle i å følge opp digtaliseringsstrategien.

Tilskott til private høgskolar

I Prop. 44 L (2016–2017) Endringer i lov om universiteter og høyskoler og lov om fagskoleutdanning (organisasjonsform, disponering av tilskudd og egenbetaling mv.) blir ei ny regulering av tilskott og eigenbetaling foreslått. Stortinget har behandla Prop. 44 L (2016–2017) og vedtatt Innst. 225 L (2016–2017). I Prop. 44 L foreslår Kunnskapsdepartementet å gjere krava til bruk av statleg tilskott og eigenbetaling tydelegare. Formålet med lovforslaga er å støtte opp om arbeidet med å styrke kvaliteten i utdanningstilboda, og å bidra til at institusjonane blir drifta profesjonelt og innanfor føreseielege og ryddige rammer. Departementet ønsker å legge til rette for solid drift, klare ansvarsforhold og kjennskap til økonomien og aktivitetane til verksemda. Lova skal etter planen verke frå 1. januar 2018. Kunnskapsdepartementet har sendt forslag til forskrifter til dei foreslåtte lovbestemmingane ut til høyring.

Private høgskolar forvaltar store ressursar og får tilskott over statsbudsjettet. Kunnskapsdepartementet etablerte ei eiga eining for tilsyn i 2016 på bakgrunn av eit behov for å styrke arbeidet med økonomisk tilsyn og sikre betre oppfølging av og kontroll med at regelverket blir følgt.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 108.26, 5. desember 2016, jf. Innst. 2 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen fremme en sak om kriteriene for innlemming av nye akkrediterte private høgskoletilbud i de statlige finansieringsordningene.»

Departementet sette ned ei ekspertgruppe med representantar frå universitets- og høgskolesektoren 1. desember 2016. Ekspertgruppa leverte ein rapport til departementet 2. juni 2017. I rapporten foreslår ekspertgruppa at institusjonsakkreditering skal vere eit kriterium for å kunne motta statstilskott. Ekspertgruppa foreslår ei tilskottsordning for bygg og infrastruktur der private høgskolar med tilskott kan søke om midlar. I tillegg foreslår ekspertgruppa at Kunnskapsdepartementet går gjennom prosentsatsen for tilskott og inkluderer alle studieprogramma til private høgskolar med statstilskott i tilskottsordninga i den resultatbaserte delen av finansieringssystemet. Rapporten har vore på høyring. Høyringa viser at det er stor tilslutning til forslaga til ekspertgruppa, og departementet tar sikte på å følge opp desse forslaga. Departementet har merka seg at institusjonsakkreditering som kriterium kan vere problematisk for enkelte private høgskolar med statstilskott i dag. Derfor vil departementet vurdere korleis dette kan bli tatt omsyn til ved innføring av et slikt kriterium, men utan at forventningane om kvalitet ved institusjonane blir redusert.

Kap. 260 Universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

50

Statlege universitet og høgskolar

31 359 031

33 072 705

34 296 634

70

Private høgskolar

1 281 884

1 357 637

1 458 933

Sum kap. 0260

32 640 915

34 430 342

35 755 567

Post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar

Mål for 2018

Følgande mål gjeld for universitet og høgskolar som får løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 260:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet legg til grunn at måla skal vere langsiktige og gi ei ramme som institusjonane kan utvikle sine eigne strategiar og planar innanfor. Måla er nærare omtalte i kategoriomtalen.

Innanfor kvart av dei nasjonale måla fastset Kunnskapsdepartementet styringsparametrar på område der institusjonane skal ha særleg merksemd på resultatutviklinga ut frå nasjonale omsyn.

Universitet og høgskolar skal innanfor dei fire nasjonale måla sette sine eigne mål for verksemda og sine eigne styringsparametrar for måloppnåinga si.

Rapport for 2016

I 2016 løyvde Stortinget til saman 32,6 mrd. kroner til universitet og høgskolar over kap. 260 postane 50 og 70. Utgangspunktet for resultatrapporteringa nedanfor er dei fire nasjonale måla for 2016 og dei tiltaka som blei sette i verk med midlar over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Utdannings- og forskingsmiljø

I 2016 avla studentane i gjennomsnitt 45,2 studiepoeng, om lag det same som i 2015. Blant universitet og statlege høgskolar varierte avlagde studiepoeng per student frå 41,9 til 55,9. Dei statlege institusjonane har stort sett små avvik frå 2015, medan nokre av dei private institusjonane har ei meir varierande utvikling. Studentane avla i gjennomsnitt 84,9 pst. av dei studiepoenga dei hadde planlagt i utdanningsplanen. Dette er om lag det same som i 2015.

I 2016 var det 1 410 personar som avla doktorgraden. Dette er noko færre enn i 2015. Gjennomsnittsalderen for alle fag var 38 år i 2016. Blant dei nordiske landa har Noreg det lågaste talet på personar med ein doktorgrad per innbyggar, og det er ein mindre del som tar doktorgraden i teknologiske fag. Det er om lag like mange kvinner og menn som avslutta doktorgraden i 2016, men det er noko færre kvinner i 2016 samanlikna med 2015. Utanlandske statsborgarar sto for 38 pst. av disputasane i 2016.

Universiteta, høgskolane og fagskolane er sjølve ansvarlege for den utdanningskvaliteten dei tilbyr, men NOKUT kontrollerer at kvalitetsarbeidet deira i all hovudsak er tilfredsstillande. NOKUTs studiebarometer for 2016 viser at 77 pst. av studentane er tilfredse eller svært tilfredse med den overordna kvaliteten på studieprogrammet. Studentane er mest nøgde med arbeidslivsrelevansen til studieprogramma, og minst nøgde med medverking, undervisning og rettleiing.

Universiteta og høgskolane har òg eit ansvar for å bygge kvalitet i forskingsmiljøa, blant anna gjennom å søke på dei nasjonale og internasjonale konkurransearenaene. Samla tildeling frå Noregs forskingsråd til universitet og høgskolar var på 3,2 mrd. kroner i 2016. Universitet og høgskolar har auka tilslaga sine på desse midlane med 23 pst. frå 2015 til 2016. Det er berre helseføretaka som har hatt større prosentvis vekst frå 2015 til 2016, men mange av prosjekta deira skjer òg i samarbeid med forskarar frå universitets- og høgskolesektoren. Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet i Bergen hadde høgst tildeling frå Noregs forskingsråd per faglege årsverk i 2016.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

I 2016 blei det tildelt totalt 171 mill. kroner til tiltak for samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåingar i universitets- og høgskolesektoren. Store delar av desse midlane blei tildelt over kap. 260 og gjekk til samanslåingsprosessar, som ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Høgskolen i Søraust-Noreg, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Nord universitet. Midlane har vore viktige for å gi institusjonane ressursar til gjennomføringa av dei mange prosessane som samanslåingane inneber. Studentsamskipnader fekk også midlar til samanslåingsprosessar, jf. omtale under kap. 270 post 74. Sjå òg kap. 281 post 50 og kap. 281 post 70 for omtale av midlar tildelt andre strukturtiltak.

Internasjonalt samspel

I 2016 reiste 6 268 studentar på utveksling i minimum tre månader frå Noreg, medan det kom 8 478 studentar på utveksling til Noreg. Talet på innreisande utvekslingsstudentar auka med elleve pst. i 2016. Mange av dei innreisande utvekslingsstudentane får støtte gjennom Erasmus+, som er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett i perioden 2014–20. Delen utreisande utvekslingsstudentar på Erasmus+ av totaltalet på studentar har auka med meir enn ein femdel sidan 2015 og var 0,9 pst. i 2016. Sjå òg omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

I 2016 var det tilbod om 5 800 engelskspråklege emne ved norske universitet og høgskolar, noko som er ein auke frå 5 400 i 2015. Det er ein femdel av det totale studietilbodet, og meir enn ei dobling sidan 2007. Dette viser at institusjonane arbeidar aktivt med å kunne tilby utanlandske studentar studium i Noreg.

Tildelingar gjennom EUs rammeprogram er den største utanlandske kjelda til finansiering for norske universitet og høgskolar. I 2016 fekk norske universitet og høgskolar til saman 517 mill. kroner frå EU. Dette er ein auke på nesten 20 pst. sidan 2015, men det er likevel langt lågare enn det regjeringa ønsker. Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet står for nær to tredelar av dei tildelte midlane i 2016 i universitets- og høgskolesektoren, til saman 286 mill. kroner.

Bygg for undervisning og forsking

Universiteta og dei statlege høgskolane disponerte om lag 3,5 mill. kvadratmeter i 2016, ein liten auke sidan 2015.

I 2016 var det under oppføring fem ordinære byggeprosjekt med byggeløyvingar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fleire kurantprosjekt, finansierte innanfor dei gjeldande rammeløyvingane til institusjonane. To større byggeprosjekt blei ferdige, og bygga er i bruk: ombygging og oppgradering av Urbygningen ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og nytt teknologibygg ved tidlegare Høgskolen i Sør-Trøndelag, nå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Sjå òg vedlegg 3.

Fleire institusjonar har sett i gang rehabiliterings- og oppgraderingsprosjekt innanfor sine eigne budsjettrammer, som til dømes lokale for Handelshøgskolen ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Sophus Bugges hus (Humanistisk fakultet) ved Universitetet i Oslo, Thingvallagården ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Realfagsbygget ved Universitetet i Bergen.

I 2015 innførte departementet ordninga med midlar til oppgradering av bygg ved dei statlege sjølvforvaltande institusjonane. Institusjonane må bruke minst tilsvarande midlar til byggeprosjektet som tildelinga frå departementet. I 2016 blei 105 mill. kroner fordelte på tre rehabiliteringsprosjekt: 35 mill. kroner til TF-kvartalet (bygg for tekniske fag) ved NMBU, som er planlagt ferdigstilt i 2018, 30 mill. kroner til rehabilitering av Realfagsbygget ved Universitetet i Bergen, og der arbeidet held fram i 2017, og 40 mill. kroner til rehabilitering av Niels Treschows hus (Humanistisk fakultet) ved Universitetet i Oslo, som blei ferdigstilt våren 2017.

I tråd med klimaforliket skal fossil fyringsolje som grunnlast vere fasa ut av alle statlege bygg innan 2018. Alle universiteta og høgskolane hadde fasa ut anlegg med fossil olje som grunnlast før utgangen av 2015. Ein oljekjel ved NMBU med bruk til spisslast vil bli fasa ut før 2020.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Lærarutdanning

Den nye grunnskolelærarutdanninga på mastergradsnivå startar opp frå 2017. Alle lærarutdanningane har vore gjennom omfattande prosessar for akkreditering. Av dei 13 institusjonane som tilbyr grunnskolelærarutdanning, var det fem universitet og fire høgskolar som sjølve kunne akkreditere studia sine. NOKUT har behandla søknadene frå dei fire resterande høgskolane, og alle blei akkrediterte.

Regjeringa legg vekt på at dei nye studentane skal få meir forskingsbasert kunnskap, større fagleg fordjuping, meir studentaktiv undervisning, auka digital dugleik og meir praksis før dei skal ut i arbeid. Institusjonane har fastsett nye programplanar for grunnskolelærarutdanningane i samsvar med nye rammeplanar og nasjonale retningslinjer.

Dei høge forventningane til den nye grunnskolelærarutdanninga medfører behov for betydeleg omstilling og utvikling ved lærestadene. Institusjonane har arbeidd for å styrke kompetansen til fagpersonalet, blant anna gjennom ei rekke nye rekrutteringsstillingar som Kunnskapsdepartementet har tildelt.

Universiteta og høgskolane arbeider målretta for å betre rekrutteringa, blant anna gjennom å tilby forkurs for dei studentane som ikkje fyller dei nye krava.

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

I 2016 henta universiteta og høgskolane om lag sju pst. av dei totale driftsinntektene frå anna bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA), det vil seie utanom finansieringa frå Noregs forskingsråd, EU og regionale forskingsfond. Dette omfattar først og fremst oppdragsforsking og etter- og vidareutdanning og utgjer om lag 3 mrd. kroner.

Andre BOA-inntekter per faglege årsverk utgjorde i 2016 i gjennomsnitt 143 800 kroner for dei statlege institusjonane og 120 700 kroner for dei private institusjonane. Delen BOA-inntekter er ein indikator på samarbeid med samfunns- og næringslivet. Det blei frå 2017 innført resultatbasert utteljing i finansieringssystemet for å stimulere til vekst i dette samarbeidet, og dermed òg i BOA-inntekter.

Om lag ein femdel av alle norske artiklar i 2016 er publiserte i eit ope tilgjengeleg tidsskrift på internett. Talet på artiklar har auka med om lag 18 pst. frå 2015, men delen ope tilgjengelege artiklar er om lag uendra sidan 2015, og det er framleis eit stort potensial for å gjere fleire norske vitskaplege artiklar ope tilgjengelege for allmenta.

Kunnskapsdepartementet tildelte midlar til 338 nye rekrutteringsstillingar til universitet og høgskolar i 2016, som del av oppfølginga av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. 113 av desse er mellombelse stillingar, som blir fasa ut etter ein stipendiatperiode. Stillingane blei fordelte til blant anna realfag, maritime fag, helse- og sosialfag og lærarutdanning.

Universitetsmusea

Dei seks universitetsmusea hadde i 2016 meir enn 1,8 mill. besøkande, noko som er ein auke på seks pst. samanlikna med i 2015. Graden av tilfredsstillande sikring og bevaring varierer blant musea og mellom delar av same museum, og det skjer små forbetringar kvart år. Delen av samlingane som er digitalisert, er om lag den same i 2016 som i 2015. To museumsbygg, naturhistorisk avdeling ved Universitetsmuseet i Bergen og Waldemar C. Brøggers hus (tidlegare Geologisk museum) ved Naturhistorisk museum i Oslo, har vore stengde for rehabilitering i 2016.

Mål: God tilgang til utdanning

Kapasitet og kompetanse

Frå 2015 til 2016 auka talet på søkarar, registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar. Det var nær 134 000 søkarar til høgre utdanning gjennom Samordna opptak i 2016, noko som er ein auke på 4 000 frå året før. 85,6 pst. av dei kvalifiserte søkarane fekk tilbod om studieplass gjennom Samordna opptak i 2016. Dette var ein nedgang på om lag to pst. frå 2015. Det var likevel over 1 600 fleire av dei som fekk tilbod frå Samordna opptak i 2016 som tok til på eit studium, enn i 2015. Dersom ein ser samla på talet studentar i høgre utdanning, var det registrert om lag 8 000 fleire i 2016 enn i 2015.

I 2016 blei om lag 45 000 kandidatar uteksaminerte, noko som er 1 000 fleire kandidatar enn året før. Dei økonomisk-administrative utdanningane hadde flest kandidatar i 2016.

Regjeringa skal legge til rette for dialog og gode prosessar for å styrke samarbeidet om det samla nasjonale utdanningstilbodet. Universiteta og høgskolane har sjølve ansvaret for det samla studietilbodet og for å dimensjonere utdanningane sine i tråd med behova i arbeidslivet og i tråd med sine eigne strategiar og prioriteringar. I dei siste åra har institusjonane blitt tildelte midlar til å auke utdanningskapasiteten innanfor nasjonalt prioriterte fagområde. Når dei studieplassane som det blei tildelt midlar til i 2016, er fullt opptrappa, vil dei utgjere om lag 4 000 studieplassar. Nesten halvparten var uspesifiserte studieplassar som institusjonane brukar der dei sjølve meiner behovet er størst. Regjeringa og samarbeidspartia på Stortinget har i 2016 òg prioritert å auke kapasiteten på IKT-utdanningar fordi dette er eit område med både auka behov i arbeidslivet og god søkning.

Fleksibel utdanning

Talet på fleksible tilbod er om lag det same i 2016 som året før samla sett. Auken i dei nettbaserte tilboda har halde fram, medan talet på desentraliserte tilbod har gått ned til godt under 40 pst. av det fleksible studietilbodet i 2016. Det er framleis stor variasjon i omfanget av fleksible studietilbod mellom institusjonane. Samstundes aukar bruken av digitale undervisnings- og læringsformer og verktøy som gjer at campusbaserte tilbod blir meir fleksible og open for ulike studentgrupper. Det har vore ein særleg stor innsats i digitalisering av eksamen.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Effektiv drift og forvaltning (inkl. tilskott til private)

Universitet og høgskolar mottok 32,6 mrd. kroner i løyving over kap. 260 i 2016. Dette utgjer hovuddelen av finansieringa deira. Den resultatbaserte delen av løyvinga utgjer om lag 30 pst. Universitet og statlege høgskolar hadde 43,8 mrd. kroner i samla inntekter i 2016. Det er ein auke på 1,8 mrd. kroner frå 2015. Sjå tabell 4.8 i vedlegg 4, som viser inntekter etter inntektskjelde.

I 2016 utgjorde statstilskott og studieavgifter over 90 pst. av inntektene til private høgskolar. Tildelinga til private høgskolar over kap. 260 post 70 utgjorde 1,3 mrd. kroner i 2016, medan dei totale driftsinntektene var 3 mrd. kroner for dei private høgskolane som får tilskott over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Det er ein auke på 3,8 pst. frå 2015. Handelshøyskolen BI stod for om lag halvparten av samla driftsinntekter blant private høgskolar. Private institusjonar har framleis svak utteljing av forskingsmidlar frå EU, Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond.

På bakgrunn av førebelse rekneskapar for 2016 vurderer departementet at fleirtalet av dei private institusjonane har god eller middels god økonomi. Nokre få private institusjonar har svak økonomi og må utvikle strategiar for å bygge opp ein berekraftig økonomi. Norges dansehøyskole og Steinerhøyskolen har på bakgrunn av den økonomiske situasjonen hatt oppfølging frå departementet i 2016 og 2017.

Ved utgangen av 2016 hadde universitet og statlege høgskolar samla avsetningar på 3,1 mrd. kroner. Det utgjer 9,6 pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet og er ein svak nedgang frå 2015. Ved dei statlege institusjonane skal avsetningane brukast til bestemte formål, som for eksempel nybygg, utstyr i samband med byggeprosjekt og andre strategiske formål. Nivået på avsetningane verkar rimeleg for at institusjonane skal kunne planlegge drift og investeringar i eit fleirårig perspektiv. Sjå tabell 4.9 i vedlegg 4, som viser tilhøvet mellom kontantbehaldning, kommande kostnader og avsetningar.

Forvaltning og intern kontroll

To institusjonar fekk vesentlege merknader i Dokument 1 (2016–2017) Riksrevisjonens rapport om den årlige revisjon og kontroll for budsjettåret 2015 . Begge institusjonane hadde feil i rekneskapen. Den eine institusjonen hadde vesentlege feil i avsetningar til framtidige kostnader. For den andre institusjonen var det usikkerheit knytt til rekneskapsføring av eksterne inntekter/prosjektinntekter. Kunnskapsdepartementet har følgt opp merknadene frå Riksrevisjonen for begge institusjonane og ser at internkontrollen ved dei to institusjonane har blitt styrkt.

Rekruttering, kompetanse og karriere

Fleire institusjonar arbeider meir målretta med karriereutvikling og merittering, òg på utdanningsområdet. Det inneber å utvikle kompetansen til dei tilsette systematisk, og å dokumentere og lønne slik kvalitetsutvikling. Det er framleis ein for stor del mellombels tilsette ved mange institusjonar. Om lag 16 pst. av dei tilsette var i 2016 mellombelse. Talet er uendra frå 2015. Delen mellombels tilsette er størst i undervisnings- og forskarstillingar. For nokre universitet er dette talet på om lag en firedel, noko som er for høgt.

I 2016 var 28 pst. av dei tilsette i dosent- og professorstillingane kvinner, ein auke frå 2015 med om lag eitt prosentpoeng. Delen kvinner av nye professorar har sidan 2008 auka med om lag eitt prosentpoeng årleg, og i 2016 var 37 pst. av dei nye professorane kvinner.

Budsjettforslag for 2018 for postane 50 og 70

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 35,8 mrd. kroner over kap. 260 i 2018, fordelte med 34,3 mrd. kroner til universitet og statlege høgskolar over post 50, og 1,5 mrd. kroner til private høgskolar over post 70.

Den resultatbaserte utteljinga utgjer 11,4 mrd. kroner, fordelte med 9,7 mrd. kroner på open budsjettramme og 1,7 mrd. kroner på lukka budsjettramme. Resultatbasert utteljing aukar med 453,8 mill. kroner frå 2017 til 2018 som følge av auke i insentiva med open budsjettramme.

Bygg for undervisning og forsking

Livsvitskap er ei av hovudsatsingane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning 2015–24 og ei av dei største satsingane til Universitetet i Oslo. Regjeringa foreslår 50 mill. kroner over kap. 530 post 31 og post 45 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet til startløyving for livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo, inkludert utstyr. Kostnadsramma for byggeprosjektet er 5,7 mrd. kroner, og for brukarutstyrsprosjektet er kostnadsramma 1,1 mrd. kroner (prisnivå per 1. juli 2018).

Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett 2017 4 mill. kroner til prosjektering av brukarutstyr for nytt utstillingsveksthus ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo over kap. 530 post 45 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Regjeringa foreslår 6 mill. kroner for å føre vidare prosjekteringa av brukarutstyr for nytt utstillingsveksthus over kap. 530 post 45 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I nytt klinikkbygg på Radiumhospitalet skal det byggast universitetsareal for medisinutdanninga ved Universitetet i Oslo. Estimerte kostnader for bygging av universitetsareala er 83 mill. kroner. Regjeringa foreslår 100 pst. lån til Helse Sør-Aust regionale helseføretak for bygging av desse areala, i tråd med prinsippa for bygging av nye universitetsareal i sjukehus, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 732 Regionale helseføretak. Det vil bli gitt inntil 75 pst. husleigekompensasjon til Universitetet i Oslo.

For 2017 har Kunnskapsdepartementet tildelt 20 mill. kroner til planlegging av Campus NTNU, der midlane blei tildelt over kap. 281 post 01 og kap. 260 post 50. Departementet vil samle midlane på ein post og foreslår ein auke på 16,1 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01. Det er behov for ytterlegare midlar til planlegging og første fase av prosjektering i 2018. Departementet foreslår ein samla auke på 30 mill. kroner til Campus NTNU, slik at samla løyving til Campus NTNU blir 50 mill. kroner på kap. 260 post 50.

Regjeringa foreslår 90,2 mill. kroner over kap. 260 post 50 i 2018 til utstyr og inventar til to byggeprosjekt ved Universitetet i Bergen. Det omfattar ei restløyving på 10,2 mill. korner til samlokaliseringsbygget for den tidlegare Kunst- og designhøgskolen i Bergen, som fusjonerte med Universitetet i Bergen i januar 2017, og 80 mill. kroner til Universitetsmuseet i Bergen.

Lærerløftet

Regjeringa har innført femårige grunnskolelærarutdanningar på mastergradsnivå med oppstart frå hausten 2017. Studentane på dei nye grunnskolelærarutdanningane vil få meir forskingsbasert kunnskap, større fagleg fordjuping, meir studentaktiv undervisning og meir praksis før dei skal ut i arbeid. Det blir lagt større vekt på digital ferdigheit og bruk av IKT i undervisninga i alle fag. Dei nye krava inneber behov for betydeleg omstilling ved lærestadene.

Regjeringa foreslår å føre vidare satsinga på dei femårige grunnskolelærarutdanningane frå 2017. Av desse midlane har til saman 107,5 mill. kroner blitt flytta frå kap. 260 post 50 til kap. 260 post 70, kap. 280 post 50, kap. 281 post 01 og kap. 281 post 50, jf. revidert nasjonalbudsjett for 2017, Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare denne endringa, med ein ytterlegare auke, og dermed flytte totalt 110 mill. kroner av midlane til grunnskolelærarutdanning frå kap. 260 post 50 til kap. 260 post 70, kap. 280 post 50, kap. 281 post 01 og post 50. Sjå omtale under desse kapitla.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare satsinga på samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing for å styrke kvalitetsutviklinga i sektoren. I 2017 er det løyvd 150 mill. kroner i strukturmidlar til universitet og høgskolar over kap. 260. På lengre sikt skal strukturmidlar brukast til andre kvalitetstiltak i tråd med Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning . Frå 2018 foreslår departementet å flytte 5 mill. kroner av strukturmidlane frå kap. 260 til kap. 281 post 01 for å bidra til å bygge opp den nasjonale arenaen for utdanningskvalitet. Departementet foreslår dermed å føre vidare 145 mill. kroner til strukturtiltak i universitets- og høgskolesektoren over kap. 260. Sjå omtale under kap. 281 post 01 og post 50.

Studieplassar

Kunnskapsdepartementet ønsker å styrke yrkesfaga og foreslår at Høgskolen i Oslo og Akershus får 9,5 mill. kroner til utvikling og drift av fleksibel yrkesfaglærarutdanning. Av dette er 1,1 mill. kroner til 30 studieplassar innanfor yrkesfaglærarutdanning. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Vidare foreslår departementet 6,4 mill. kroner i oppstartsmidlar i 2018 for å legge til rette for fagleg utvikling, utstyr og koordinering av tilbodet. Sjå òg omtale av forslag om midlar over kap. 260 post 50 til rekrutteringsstillingar for å styrke forsking på feltet og omtale av forslag til andre tiltak innanfor yrkesfaga under kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2017 midlar til 500 nye studieplassar i IKT, finansiert for eitt kull med studentar, jf. Innst. 12 S (2016–2017). Kunnskapsdepartementet foreslår midlar til 500 nye studieplassar, slik at dei 500 plassane frå 2017 blir trappa opp på ordinær måte, det vil seie at institusjonane kan ta inn nye kull. Totalt utgjer dette 2 000 studieplassar når dei er fullt opptrappa i 2021, inkludert studieplassane som kom i 2017. Departementet foreslår 21,3 mill. kroner over kap. 260 post 50 til opptrapping av studieplassar i IKT. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Stortinget vedtok midlar til 250 nye studieplassar i IKT i revidert nasjonalbudsjett for 2017. Studieplassane blir trappa opp med nye kull på ordinær måte. For å trappe opp studieplassane med løpande opptak av nye kull foreslår Kunnskapsdepartementet 31,9 mill. kroner over kap. 260 post 50. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Stortinget vedtok midlar til 60 nye studieplassar ved Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk, i 2017, jf. revidert nasjonalbudsjett for 2017. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 1,3 mill. kroner til 30 nye studieplassar frå hausten 2018, slik at det samla er løyvd midlar til 90 studieplassar. For å føre vidare studieplassane frå hausten 2017 med løpande kullopptak, og for å starte opp 30 nye studieplassar frå hausten 2018, foreslår Kunnskapsdepartementet samla 8,9 mill. kroner over kap. 260 post 50. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Stortinget vedtok midlar til studietilbod ved Høgskolen i Innlandet i 2017, jf. revidert nasjonalbudsjett for 2017. For å følge opp dette foreslår departementet 3 mill. kroner til høgskolen over kap. 260 post 50. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Stortinget vedtok midlar til 30 nye studieplassar ved Høgskulen på Vestlandet i 2017, jf. revidert nasjonalbudsjett for 2017 Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). For å følge opp dette foreslår departementet 4,8 mill. kroner til høgskolen over kap. 260 post 50. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Stortinget vedtok midlar til totalt 150 studieplassar i kompletterande utdanning i 2016 og 2017, jf. statsbudsjetta for 2016 og 2017. Delar av midlane er løyvd på kap. 281 post 01. Departementet foreslår å flytte midlar til 15 studieplassar frå kap. 281 post 01 til kap. 260 post 50, slik at midlar for totalt 120 av plassane blir samla på kap. 260 post 50. Departementet foreslår derfor ein auke på 1,3 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01. Departementet foreslår at det resterande beløpet på 4,4 mill. kroner på kap. 281 post 01 blir brukt til å utvikle og gjennomføre blant anna språkundervisning og andre tiltak som kan bidra til at fleire flyktningar kan gjennomføre relevant utdanning. Sjå òg omtale under kap. 281 post 01.

Departementet fører òg vidare midlar for at institusjonane kan føre vidare og ta opp nye kull for studieplassar som er oppretta i statsbudsjett før revidert nasjonalbudsjett 2017.

Rekrutteringsstillingar

Departementet foreslår heilårseffekt i 2018 av midlar som blei løyvde i ordinært budsjett for 2017 til 130 nye rekrutteringsstillingar til universitet og høgskolar. Dette inneber ein auke på 107 mill. kroner i 2018.

Kunnskapsdepartementet ønsker å styrke yrkesfaga og foreslår 9,5 mill. kroner til vidareutvikling og drift av desentralisert yrkesfaglærarutdanning. Av dette foreslår departementet 2,1 mill. kroner til fem rekrutteringsstillingar innanfor yrkesfaglærarutdanninga. Sjå òg omtale av forslag om midlar over kap. 260 post 50 til studieplassar innanfor yrkesfag og omtale av forslag til andre tiltak innanfor yrkesfaga under kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Stortinget vedtok i 2017 midlar til i alt 15 nye rekrutteringsstillingar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole for logistikk og Universitetet i Stavanger, jf. revidert nasjonalbudsjett for 2017 Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Departementet foreslår heilårseffekt av desse stillingane med 18,5 mill. kroner over kap. 260 post 50.

Tilskott til private høgskolar

Den økonomiske situasjonen for Norges dansehøyskole og Steinerhøyskolen er svak, jf. omtale i Prop. 129 S (2016–2017). Det er viktig at høgskolane framleis skal kunne tilby utdanning av høg kvalitet, og Kunnskapsdepartementet har konkludert med at tilskottet er for lågt. Departementet foreslår derfor å auke tilskottet til desse høgskolane i 2018. Midlane vil vere ein auke i det ordinære driftstilskottet og skal komme studentane til gode. Departementet foreslår ein auke på 1 mill. kroner til kvar av høgskolane over kap. 260 post 70.

Andre saker

Departementet foreslår at kap. 260 post 50 blir redusert med 9,7 mill. kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. omtale i hovudinnleiinga.

Stortinget vedtok midlar til Nord universitet til styrking av Nordområdesenteret i 2017, jf. revidert nasjonalbudsjett for 2017 Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). For å følge opp dette foreslår Kunnskapsdepartementet ein auke på 4,1 mill. kroner på kap. 260 post 50 til Nord universitet.

Stortinget vedtok midlar til arkivutdanning knytte til Helsearkivet på Tynset, som ligg under Noregs teknisk- naturvitskaplege universitet (NTNU), i 2017, jf. revidert nasjonalbudsjett for 2017. For å følge opp dette foreslår Kunnskapsdepartementet ein auke på 2,1 mill. kroner på kap. 260 post 50 til NTNU.

I Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen varslar Kunnskapsdepartementet at det faglege ansvaret for dei nasjonale sentera skal leggast til vertsinstitusjonane, som i dag allereie har det administrative ansvaret for tilsette ved sentera. Bakgrunnen er at departementet meiner at ei innlemming i vertsinstitusjonane vil gi betre kvalitet på dei oppgåvene departementet ønsker at sentera skal løyse, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Endringa trer i kraft 1. januar 2018. Departementet foreslår ein auke på 95,8 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 50 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Det blir òg i meldinga varsla at Kunnskapsdepartementet tar sikte på å gi Senter for samisk i opplæringa ved Samisk høgskole ei grunnfinansiering i tråd med dei nasjonale sentera. Dette inneber ein auke på 2,4 mill. kroner på kap. 260 post 50. Departementet vil samstundes flytte midlar til den samiske læremiddelportalen Ovttas, som Senter for samisk i opplæringa driftar, inn i rammeløyvinga til Samisk høgskole. Departementet foreslår ein auke på 2 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering er administrativt knytt til NTNU, men får midlar frå Kunnskapsdepartementet over kap. 280 post 51. Som følge av endringar i den sentrale forvaltninga av kunnskapssektoren legg departementet opp til at ansvaret for senteret blir lagt til NTNU. Departementet foreslår derfor ein auke på kap. 260 post 50 med 16 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 280 post 51.

Ein del av stipendiatstillingane i stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid skal frå og med 2018 bli tildelt direkte til universitet og høgskolar i staden for gjennom Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU). Departementet foreslår å flytte midlar til 16 stipendiatstillingar i 2018. Departementet foreslår derfor ein auke på 14,4 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 280 post 51. Dei resterande midlane til PKU blir foreslått flytte til kap. 280 post 50 som følge av endringane i den sentrale forvaltninga av kunnskapssektoren, jf. omtale under kap. 280 post 50.

Finansieringssystemet for universitet og høgskolar består delvis av resultatbasert utteljing. Resultatbasert utteljing er sett saman av indikatorar med open budsjettramme og indikatorar med lukka budsjettramme. På bakgrunn av resultata på indikatorane i open ramme foreslår departementet å auke den resultatbaserte løyvinga med 412,3 mill. kroner til statlege institusjonar på kap. 260 post 50 og med 41,5 mill. kroner til private institusjonar på kap. 260 post 70. På bakgrunn av resultat på indikatorane med lukka budsjettramme og innfasing av endringane i finansieringssystemet foreslår Kunnskapsdepartementet å redusere den resultatbaserte løyvinga for dei statlege institusjonane med 7 mill. kroner over kap. 260 post 50 mot tilsvarande auke for dei private høgskolane over kap. 260 post 70.

Regjeringa foreslår at løyvinga til Agder naturmuseum under Kulturdepartementet blir overført til Kunnskapsdepartementet og lagt inn i budsjettramma til Universitetet i Agder. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke kap. 260 post 50 med 4 mill. kroner til Universitetet i Agder mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 328 post 70 under Kulturdepartementet.

Frå 2017 betaler statlege verksemder sjølve premie til Statens pensjonskasse. Det inneber at Havforskingsinstituttet frå 2018 skal rekne inn pensjonskostnader i oppdrag dei har for Universitetet i Bergen. Departementet foreslår derfor ein auke på 1,7 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 925 post 01 under Nærings- og fiskeridepartementet.

Universitetet i Stavanger fekk i 2017 i oppdrag å vere sekretariat for ein rådsfunksjon for samfunnstryggleik og beredskap og blei tildelt 1 mill. kroner til formålet over kap. 281 post 01. Departementet foreslår at midlane blir lagde inn i budsjettramma til universitetet. Departementet foreslår derfor ein auke på 1 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.

Stortinget har i 2017 gitt Kunnskapsdepartementet fullmakt til å gi universiteta i Agder, Bergen og Stavanger fullmakter til å bruke av tingsinnskott og verksemdskapital ved ei konsolidering av Uni Research AS, Christian Michelsen Research AS, International Research Institute of Stavanger AS, Agderforskning AS og Teknova AS, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Ifølge Universitetet i Agder er det formålstenleg å bruke inntil 29,9 pst. av aksjane i selskapet Mechatronics Innovation Lab AS som tingsinnskott. Kunnskapsdepartementet foreslår at departementet får fullmakt til å gi Universitetet i Agder fullmakt til å bruke inntil 29,9 pst. av aksjane universitetet eig i Mechatronics Innovation Lab AS som tingsinnskott ved ei konsolidering av dette selskapet og Uni Research AS, Christian Michelsen Research AS, International Research Institute of Stavanger AS, Agderforskning AS og Teknova AS. Sjå forslag til vedtak IV Diverse fullmakter nr. 5.

Kap. 270 Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

71

Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

17 193

17 674

18 151

74

Tilskott til velferdsarbeid

93 311

84 756

87 044

75

Tilskott til bygging av studentbustader , kan overførast

586 134

661 656

746 424

Sum kap. 0270

696 638

764 086

851 619

Post 71 Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

Posten omfattar midlar til Fulbright-programmet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA).

Mål for 2018

Internasjonal mobilitet for studentar og forskarar, og velferdstenester til norske studentar i utlandet.

Rapport for 2016

Fulbright-programmet er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkarar til studium på mastergrads- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. I 2016 tildelte Kunnskapsdepartementet 8,1 mill. kroner til Fulbright-programmet. Midlane omfattar driftstilskott og midlar til stipendprogrammet. 42 nordmenn fekk i 2016–17 stipend over dette programmet for å studere eller forske i USA, noko som er om lag det same som året før.

I 2016 tildelte departementet 9,1 mill. kroner til ANSA, som er studentsamskipnaden for norske studentar i utlandet. Midlane har gått til velferdstenester og -tiltak, informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet og utgifter til rettelegging for studium i utlandet.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei løyving på 18,2 mill. kroner over kap. 270 post 71. Beløpet omfattar 8,6 mill. kroner til Fulbright Foundation og 9,6 mill. kroner til ANSA.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Mål for 2018

Rimelege og tilgjengelege studentvelferdstenester ved studiestadene.

Rapport for 2016

I 2016 tildelte departementet 86,1 mill. kroner i tilskott til 17 studentsamskipnader med til saman om lag 240 000 medlemmer. Tilskottet har framfor alt gått til velferdsarbeid. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene supplerer det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og er ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Studentsamskipnadene har velferdstilbod som kantine, bokhandel, idrettstilbod, helse- og rådgivingstenester, studentbustader, barnehage m.m. Det blei i 2016 tildelt om lag 5 mill. kroner til tiltak for å styrke psykisk helse hos studentar.

Det blei over kap. 270 post 74 tildelt 6 mill. kroner i 2016 til arbeidet med samanslåing og organisasjonsutvikling i samband med samanslåingar av studentsamskipnader. Frå 2016 blei Norges arktiske studentsamskipnad og Studentsamskipnaden i Nordland avdeling Narvik slåtte saman til Noregs arktiske studentsamskipnad. Studentsamskipnaden i Nordland avdeling Bodø, Studentsamskipnaden i Nesna og Studentsamskipnaden i Nord-Trøndelag blei slåtte saman til Nord studentsamskipnad. Studentsamskipnaden i Buskerud og Vestfold og Studentsamskipnaden i Telemark blei slåtte saman til Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge, og Studentsamskipnaden i Trondheim, Studentsamskipnaden for Sunnmøre avdeling Ålesund og Studentsamskipnaden i Oppland avdeling Gjøvik blei slåtte saman til Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim.

I 2016 blei det fatta vedtak om samanslåing av Studentsamskipnaden i Bergen, Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane og Studentsamskipnaden Stord/Haugesund til Studentsamskipnaden på Vestlandet. Det blei òg fatta vedtak om samanslåing av Studentsamskipnaden i Oppland (Lillehammer) og Studentsamskipnaden i Hedmark til Studentsamskipnaden i Innlandet. Desse samanslåingane gjeld frå 1. januar 2017.

Landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar fekk utbetalt totalt 7,2 mill. kroner over posten i 2016. Dette var International Students' Union of Norway, Norsk studentorganisasjon, Organisasjon for norske fagskolestudenter og Stipendiatorganisasjonene i Norge. Tilskottet har gått til å fremme interessene til studentane.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei løyving på 87 mill. kroner over kap. 270 post 74. Departementet vil føre vidare ordninga som tar omsyn til studentbarnehagar i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel.

Tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar vil bli gitte etter søknad, og som tidlegare vil tilskottsordninga ikkje omfatte mindre organisasjonar der medlemmene òg er representerte gjennom dei landsomfattande interesseorganisasjonane.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar for kjøp, ombygging, oppføring og rehabilitering av studentbustader. Husbanken forvaltar tilskottsordninga for Kunnskapsdepartementet. Studentbustadene skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden.

Mål for 2018

Rimelege og tilgjengelege bustader for studentar.

Rapport for 2016

Løyvinga på posten var på om lag 620 mill. kroner i 2016. Det blei gitt tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av 2 200 hybeleiningar i 2016. I 2016 blei 2 024 hybeleiningar stilte ferdig, noko som har gitt fleire rimelege bustader til studentar. Ved utgangen av 2016 disponerte studentsamskipnadene 40 319 hybeleiningar.

Budsjettforslag for 2018

Det blei i både 2015 og 2016 gitt tilsegn om 2 200 studentbustadar, og om 2 500 studentbustader i 2017. Regjeringa foreslår å føre vidare nivået frå 2016 med tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar og foreslår ei løyving på 746,4 mill. kroner i 2018. Tilsegn om tilskott til studentbustadbygging på Svalbard vil bli gitt med dobbel tilskottssats i 2018, det vil seie 600 000 kroner per hybeleining. Årsaka til dette er ekstraordinært høge kostnader ved oppføring og drift av bygg på Svalbard. Departementet tar sikte på å gi tilsegn om tilskott til 62,5 hybeleiningar innanfor årets budsjettramme, slik at dagens studentbustader i det rasutsette området i Nybyen på Svalbard kan erstattast med studentbustader i eit trygt område.

Nivået på kostnadsramma og tilskottssatsen for studentbustader blei sist endra i 2014. Med bakgrunn i innspel frå sektoren meiner departementet det er nødvendig med ei ny behovsvurdering av blant anna nivået på kostnadsramma og tilskottssatsen for studentbustader. Departementet vil derfor få gjennomført ein gjennomgang av tilskottsordninga for studentbustader i 2018.

Departementet føreset at husleiga for bustader for studentar med nedsett funksjonsevne ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa éin person.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 472,8 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 276 Fagskoleutdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 70

42 854

70

Andre overføringar , kan nyttast under post 01

5 000

72

Annan fagskoleutdanning

68 683

70 606

Sum kap. 0276

68 683

118 460

Det vil frå 2018 bli oppretta ein programkategori 07.40 Fagskoleutdanning som omfattar mål, tilstandsvurdering og budsjettforslag for fagskoleutdanning. Rapportering av midlar som blei tildelte over kap. 276 i 2016, er omtalt nedanfor.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Departementet oppretta for 2017 ein ny post 01 Driftsutgifter for midlar til å hente inn kunnskap om fagskolesektoren og til særskilde utviklingstiltak knytte til fagskolesektoren. Løyvinga kan nyttast under kap. 276 post 01 når midlane går til statlege aktørar, og under kap. 276 post 70 for tilskott til ikkje-statlege aktørar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte midlane frå kap. 276 post 01 til ny programkategori 07.40 Fagskoleutdanning, kap. 240 post 61, kap. 241 post 21 og kap. 241 post 70. Sjå omtale av mål og budsjettforslag for desse postane under programkategori 07.40 Fagskoleutdanning.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Sjå omtale under kap. 276 post 01.

Post 72 Anna fagskoleutdanning

Posten gjeld tilskott til fagskolar med utdanningstilbod i fag som kunst, film, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk.

Rapport for 2016

I 2016 fekk 14 private fagskolar tilskott på totalt 68,7 mill. kroner over kap. 276 post 72. Desse fagskolane, som hadde til saman 693 studentar i 2016, er geografisk spreidde, med éin fagskole i høvesvis Hordaland, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland, to fagskolar i Vest-Agder, tre i Oslo og fem i Akershus.

Over 80 pst. av studentane ved desse fagskolane tok utdanningar innanfor kunst og kristent livssyn, medan dei resterande studentane tok utdanningar innanfor dans, mediefag, byggfag og jordbruk. Desse fagskolane har 50 studentar i gjennomsnitt, og det er kunstutdanningar som har flest studentar.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår å flytte midlane frå kap. 276 post 72 til kap. 240 post 60 under programkategori 07.40 Fagskoleutdanning. Sjå omtale av mål og budsjettforslag for kap. 240 post 60 under programkategori 07.40 Fagskoleutdanning.

Kap. 280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

87 582

129 558

136 622

21

Særskilde driftsutgifter

618

10

10

50

Senter for internasjonalisering av utdanning

81 114

83 125

159 097

51

Drift av nasjonale fellesoppgåver

174 572

179 779

85 451

71

Tilskott til UNIS

125 360

128 870

132 349

72

Tilskott til UNINETT

27 240

27 503

27 546

73

Tilskott til NORDUnet , kan overførast

35 208

38 628

36 723

Sum kap. 0280

531 694

587 473

577 798

Regjeringa har varsla fleire endringar i forvaltninga av kunnskapssektoren frå 2018, jf. omtale i hovudinnleiinga. Målet er auka kvalitet og effektivitet i oppgåveløysinga i sektoren og å flytte oppgåver og tenester ut frå Oslo. Det er i dag fleire verksemder som har oppgåver og tenester retta mot høgre utdanning og fagskoleutdanning. Regjeringa ønsker å samle desse miljøa i større grad. Det blir oppretta to nye organ som skal arbeide med ulike delar av kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning. Vidare blir det oppretta eit nytt organ med hovudvekt på tenesteyting til universitet, høgskolar, fagskolar, forskingsinstitusjonar og til studentane. Dei tre nye organa skal flytte til saman om lag 20 årsverk ut av Oslo innan utgangen av 2022. Sjå òg nærare omtale under kap. 280 post 01, post 50 og post 51.

Post 01 Driftsutgifter

Kunnskapsdepartementet tar sikte på å opprette frå 1. juli 2018 eit nytt forvaltningsorgan med oppgåver knytte til kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning. Det nye organet vil ta utgangspunkt i dagens Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og ha hovudkontor i Oslo. Det er aktuelt å flytte forvaltningsoppgåver frå Kunnskapsdepartementet til det nye organet. Det nye organet vil førebels ha namnet NOKUT, og med ei løyving som blir foreslått over kap. 280 post 01. Kunnskapsdepartementet kjem tilbake til mål med meir for det nye organet. Nedanfor følger målformuleringane til dagens NOKUT.

NOKUT er nasjonalt kontaktpunkt for det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF) og norsk assistansesenter for EUs yrkeskvalifikasjonsdirektiv.

Mål for 2018

NOKUT skal bidra til at alle utdanningane ved norske universitet, høgskolar og fagskolar har tilfredsstillande kvalitet, at flest mogleg utdanningar er framifrå, og at samfunnet er godt informert om tilstanden i sektoren. NOKUT skal òg bidra til at personar med utanlandsk utdanning effektivt kan nytte kompetansen sin i Noreg, og at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva utanlandsk kompetanse svarer til i Noreg. NOKUT skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget og internasjonale standardar på området.

Rapport for 2016

NOKUT hadde ei driftsløyving på til saman 92 mill. kroner i 2016 over kap. 280 post 01.

I tillegg tildelte departementet 31,1 mill. kroner til NOKUT over kap. 281 post 01 til blant anna nytt IKT-system, pilotprosjektet for nasjonale deleksamenar og arbeidet med godkjenning av utanlandsk utdanning. Det blei også tildelt midlar over kap. 226 post 22 til arbeidet med godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring. Tilleggsløyvingane heng tett saman med den ordinære driftsløyvinga og blir derfor rapporterte om nedanfor.

NOKUT har i 2016 utvikla ny tilsynsmodell og studietilsynsforskrift, som blei godt mottatte av universitet og høgskolar, og har fått internasjonal merksemd og ros. Den nye studietilsynsforskrifta tredde i kraft i februar 2017. NOKUT gjennomførte akkreditering av nye utdanningar, evalueringar av kvalitetssikringssystema ved institusjonar, tilsyn med eksisterande verksemd og evalueringar utan sanksjonar. NOKUTs ulike verkemiddel skaper eit godt grunnlag for å heve kvaliteten i utdanningane. NOKUT har slik medverka til kvalitetsutvikling. NOKUT har òg bidratt til å auke merksemda på kunnskapsgrunnlaget for kvaliteten i universitets- og høgskolesektoren, blant anna gjennom publiserte analysar og rapportar.

På vegner av departementet forvalta NOKUT ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU). I 2016 blei det etablert fire nye senter, og NOKUT rapporterer at alle SFU-ane har bidratt til å auke kvaliteten på utdanningane.

Studentundersøkinga Studiebarometeret fekk god oppslutning og stor merksemd. Saman med andre indikatorar dannar Studiebarometeret eit godt grunnlag for å vurdere kvaliteten på utdanningane.

I samband med innføring av nye femårige grunnskoleutdanningar på mastergradsnivå har NOKUT etablert ei internasjonal ekspertgruppe som skal gi råd under innføringa av desse utdanningane og bidra til eit fagleg løft av dei.

NOKUT har i 2016 på ein god måte handtert auka pågang for å få godkjent utanlandsk utdanning. Innføring av nytt digitalt system for søknads- og saksbehandling har bidratt til betre tilgang for søkarar til NOKUTs tenester. I tillegg har NOKUT i 2016 etablert ei godkjenningsordning for utanlandsk fag- og yrkesopplæring. NOKUT har òg planlagt ein pilot for vurderingsordning for utanlandsk fagskoleutdanning.

Departementet vurderer at NOKUT samla sett hadde ei god måloppnåing i 2016.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla driftsløyving på 136,6 mill. kroner over kap. 280 post 01.

Av den samla driftsløyvinga foreslår departementet å føre vidare auken i løyvinga til NOKUT på 10 mill. kroner som Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Dette svarer til 10,3 mill. kroner i 2018.

Som følge av endringar i den sentrale forvaltninga av kunnskapssektoren foreslår departementet å flytte 5 mill. kroner til forvaltning av ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU) frå dagens NOKUT over kap. 280 post 01 til det nye forvaltningsorganet med løyving over kap. 280 post 50.

Departementet foreslår ein auke på 0,8 mill. kroner på kap. 280 post 01 som følge av ei teknisk justering av premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK).

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3280 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar utgifter knytte til oppgåver der NOKUT får eksterne midlar. Dette føreset meirinntekt på kap. 3280 post 01.

Rapport for 2016

Det var i 2015 ført ei meirutgift på 0,6 mill. kroner på posten som skal sjåast i samanheng med meirinntekta på kap. 3280 post 01, jf. meirinntektsfullmakta. Sjå òg omtale under kap. 3280 post 01.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei løyving på 10 000 kroner, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3280 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Post 50 Senter for internasjonalisering av utdanning

Kunnskapsdepartementet opprettar frå 1. januar 2018 eit nytt forvaltningsorgan med oppgåver knytte til kvalitetsutvikling. Det nye organet vil ta utgangspunkt i dagens Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet (NUV) og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) og ha hovudkontor i Bergen. Det nye organet får ansvar for den nye nasjonale arenaen for kvalitet i høgre utdanning, som òg vil omfatte ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU), som i dag ligg hos NOKUT. Det nye organet får òg ansvar for Lærebokutvalet, som i dag ligg i Universitets- og høgskolerådet. Det nye organet vil framleis ha ansvar for internasjonalisering i heile utdanningsløpet, slik SIU har i dag. Det er aktuelt å flytte forvaltningsoppgåver frå Kunnskapsdepartementet til det nye organet. Det nye organet vil førebels ha namnet SIU, med ei løyving som blir foreslått over kap. 280 post 50. Kunnskapsdepartementet kjem tilbake til mål med meir for det nye organet. Nedanfor er dei målformuleringane SIU, NUV og PKU har i dag. For rapportering for SIU, NUV, PKU og Lærebokutvalet, sjå kap. 280 post 50, kap. 280 post 51 og kap. 281 post 78.

Mål for 2018

SIU skal bidra til at internasjonalisering styrker kvalitetsutviklinga i norsk utdanning. SIU skal bidra til betre samordning og utvikling av arbeidet med internasjonalisering i samarbeid med relevante nasjonale og internasjonale aktørar. SIU skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget sitt.

PKU skal gjennom stipendiatprogrammet og prosjektprogrammet verke for at universitet og høgskolar utfører kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt, internasjonalt nivå. Programmet skal bidra til å fremme refleksjon og innsikt basert på kunstnarleg praksis, og stimulere til tverrkunstnarleg kommunikasjon og møtestader for dei relevante fagmiljøa.

NUV skal stimulere til utvikling og bruk av teknologi for læring og fleksible studietilbod i høgre utdanning. Vidare skal NUV fremme utdanningssamarbeid mellom høgre utdanning og arbeidsliv gjennom bruk av læringsteknologi.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet tildelte 81,1 mill. kroner til SIU over kap. 280 post 50 i 2016. I tillegg tildelte departementet 35,4 mill. kroner til SIU over kap. 281 post 01, jf. omtale under kap. 281 post 01. Frå Kunnskapsdepartementet fekk SIU i tillegg tildelt midlar over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring og programkategori 07.70 Forsking.

Hovudverkeområdet til SIU er forvaltning av internasjonale samarbeidsprogram for blant andre Kunnskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Norad, Nordisk ministerråd og EU-kommisjonen. Det er god aktivitet innanfor programma.

SIU er nasjonalt kontor for EU-programmet Erasmus+. I 2016 var det ein auke på over 20 pst. i talet på utreisande Erasmus+-studentar frå året før. Sjå meir omtale av Erasmus+ under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

SIU har utvikla seg vidare som eit velfungerande nasjonalt kompetansesenter for alle nivå i utdanninga. I 2016 har SIU vidareutvikla analysearbeidet og arbeidd systematisk med målretta formidling av kunnskap til ulike målgrupper i sektoren.

SIU gjer ein god innsats med å følge opp samarbeidet med prioriterte land når det gjeld høgre utdanning og forsking. I 2016 har SIU bidratt aktivt til planlegging og gjennomføring av arrangement i dei fleste av landa som blir omfatta av Panorama-strategien . I samarbeidet med USA og Canada stod SIU sentralt i arbeidet med planlegging og gjennomføring av Science Forum 2016 i Chicago. SIU har òg følgt opp Tyskland-strategien til regjeringa.

SIU har i 2016 bidratt til å betre kunnskapsgrunnlaget for internasjonalisering i grunnopplæringa. Det blei gjennomført konferansar og ulike undersøkingar, og utarbeidd statistikk på feltet. SIU samarbeider godt med andre nasjonale og internasjonale aktørar på grunnopplæringsområde, og har òg ei viktig rolle i å profilere Noreg i utlandet som eit attraktivt samarbeids- og studieland. SIU gjer ein god jobb på dette området, blant anna ved drift av portalen Studyinnorway.no.

Departementet vurderer at SIU samla sett hadde god måloppnåing i 2016.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 159,1 mill. kroner over kap. 280 post 50. Av desse midlane er 84,9 mill. kroner ført vidare frå dagens SIU.

Budsjettforslaget inneber følgande som resultat av endringar i den sentrale forvaltninga av kunnskapssektoren:

  • 25,9 mill. kroner til dagens NUV blir overførte frå kap. 280 post 51

  • 25,4 mill. kroner til dagens PKU blir overførte frå kap. 280 post 51

  • 5 mill. kroner til forvaltning av SFU-ordninga blir overførte frå kap. 280 post 01

  • 5,7 mill. kroner til Lærebokutvalet blir overførte frå kap. 281 post 78

Kunnskapsdepartementet foreslår i tillegg at midlane til å dekke lønnskostnadene for SIUs representant ved Kunnskapskontoret i Brussel blir tildelte direkte til det nye organet i staden for å bli tildelte via Noregs forskingsråd. Departementet foreslår derfor ein auke på 2,2 mill. kroner på kap. 280 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 285 post 53 under programkategori 07.70 Forsking.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 10 mill. kroner av midlane til innføring av ny grunnskolelærarutdanning frå kap. 260 post 50 til kap. 280 post 50. Sjå omtale under kap. 260, kap. 281 post 01 og post 50.

Post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver

Kunnskapsdepartementet opprettar frå 1. januar 2018 eit nytt forvaltningsorgan med ansvar for fellestenester for universitet, høgskolar, fagskolar, forskingsinstitusjonar og studentar. Det nye organet vil ta utgangspunkt i dagens BIBSYS og CERES – Nasjonalt senter for felles system og tenester for forsking og studiar og ha hovudkontor i Trondheim. Delar av oppgåvene i dagens UNINETT AS vil òg bli lagde til det nye organet. Midlar til desse oppgåvene vil bli løyvde over kap. 280 post 72 fram til det er avklart kva for oppgåver som skal ligge i organet, og kva for oppgåver som framleis skal ligge i UNINETT AS. Sjå òg omtale under kap. 280 post 72. Det nye organet vil få ei sentral rolle i å følge opp den nye strategien for digitalisering av høgre utdanning og forsking. Det er aktuelt å flytte forvaltningsoppgåver frå Kunnskapsdepartementet til det nye organet. Løyvinga til det nye organet blir foreslått over kap. 280 post 51. Kunnskapsdepartementet kjem tilbake til mål med meir for det nye organet. Nedanfor er målformuleringane for dagens BIBSYS og CERES. CERES er frå januar 2017 ei samanslåing av FSAT og CRIStin.

Mål for 2018

BIBSYS skal gi universitet og høgskolar gode og kostnadseffektive bibliotektenester gjennom samarbeid om bibliotekfaglege fellessystem.

CERES skal føre til mest mogleg effektiv studieadministrasjon og legge til rette for eit framleis effektivt og rettferdig opptak til høgre utdanning gjennom Samordna opptak. Dei nasjonale fellesløysingane som blir utvikla, skal føre til samanheng og heilskap i studieadministrasjonen til institusjonane. CERES skal gi korrekt og oppdatert informasjon om forsking i Noreg, og gi forskinga auka samfunnsverdi gjennom å legge til rette for at forsking i fleire sektorar blir sett i samanheng. Senteret skal gjere kvalitetssikra data om vitskapleg publisering ope tilgjengelege i ein felles nasjonal database, som grunnlag for finansieringssystema i universitets- og høgskolesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet tildelte til saman 174,6 mill. kroner over denne posten i 2016.

  • Artsdatabanken: 27 mill. kroner

  • BIBSYS: 3,6 mill. kroner

  • CRIStin: 25,7 mill. kroner

  • Noregsuniversitetet: 25,3 mill. kroner

  • Program for kunstnarleg utviklingsarbeid: 38,9 mill. kroner

  • FSAT: 38,2 mill. kroner

  • Nasjonalt senter for realfagsrekruttering: 15,7 mill. kroner

I samarbeid med den svenske ArtDatabanken har Artsdatabanken særskilt arbeidd med å etablere artsobservasjonar på si eiga IT-plattform. Vidare har Artsdatabanken arbeidd med å utvikle metodikk, retningslinjer og IT-verktøy for økologisk risikovurdering av framande artar. Artsdatabanken har nemnt opp ekspertgrupper for rullering av svartelista, utvikla kurs og materiell for kartlegging av naturtypar i tråd med Natur i Norge , og laga utgreiinga Kunnskapsstatus for artsmangfoldet i Norge 2015 . Produkta og tenestene er til stor nytte for brukarane til Artsdatabanken og er fine eksempel på det gode samarbeidet med kunnskapsprodusentane og dataeigarane. Resultata er i samsvar med måla.

BIBSYS implementerte nytt biblioteksystem i 2016, noko som innebar eit betydeleg oppfølgingsarbeid. Tenestene blei likevel leverte i tråd med måla. Brage, det opne institusjonsarkivet for blant anna forskings- og studentarbeid, hadde marginalt lågare tilgang enn målet.

Gjennom det nasjonale forskingsinformasjonssystemet CRIStin er det utvikla nye funksjonar som gir institusjonane utvida tilgang til eigne data og data om prosjekt, institusjonar og personar. Forskarar kan òg laste inn fulltekstpublikasjonar i systemet. Desse blir formidla vidare til vitenarkiva ved institusjonane til medforfattarane. Det nasjonale og internasjonale arbeidet blir ført vidare på områda open tilgang og lisensavtalar.

FSAT har drifta og utvikla fellesadministrative system og tenester for universitet og høgskolar. Dette omfattar blant anna ansvaret for Samordna opptak. Opptaket for 2016 blei gjennomført i samsvar med fastsette fristar og reglar. Arbeidet med Vitnemålsdatabasen har hatt god framdrift, og versjon 1.0 er levert.

Noregsuniversitetet (NUV) har konsentrert innsatsen om tre tematiske innsatsområde: aktiv læring, digital vurdering og digitale læringsformer for arbeidslivet. Tildeling av prosjektmidlar har støtta opp under desse tema. NUV er nøgd med nivået på søknadene om prosjektmidlar, men talet på søknader som gjeld samarbeid med arbeidslivet, har vore lågt. NUV har arbeidd vidare med opplegg for analyse av verknader av prosjekta. Konsentrasjonen av prosjektmidla om dei tre innsatsområda gjorde det frå 2016 lettare å kartlegge verknader av gjennomførte prosjekt.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) hadde som mål å oppnå 15 sluttvurderingar av kandidatar i stipendiatprogrammet i 2016, men nådde berre ni. Programstyret vil følge opp institusjonane tettare for å sjå på framdrifta til stipendiatane. Programmet tok opp 18 nye stipendiatar. Av desse er ti finansierte over programmet og åtte finansierte av institusjonane. Det blei tildelt 11,6 mill. kroner frå prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid i 2016, fordelte på fire nye prosjekt.

Rapportering frå Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (NSR) viser auka aktivitet i 2016 på blant anna prosjekta ENT3R og Rollemodell.no. 4 000 fleire elevar fekk besøk av ein realfagleg rollemodell i 2016 enn i 2015. Elevar som deltar i ENT3R, gir tilbakemelding om at dei opplever auka meistring i og interesse for realfag. Det er likevel for svak rekruttering til MNT-faga og for få jenter som vel slike fag. Senteret arbeider derfor målretta mot grunnskolen og vidaregåande skole både for å auke interessa for MNT-faga og for å auke interessa blant jenter.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 85,5 mill. kroner over kap. 280 post 51. Av desse midlane er 73,5 mill. kroner til vidareføring av løyvinga til dagens CERES og BIBSYS.

Budsjettforslaget inneber følgande som resultat av endringar i den sentrale forvaltninga av kunnskapssektoren:

  • 25,9 mill. kroner til dagens NUV blir overførte til kap. 280 post 50

  • 25,4 mill. kroner til dagens PKU blir overførte til kap. 280 post 50, og 14,4 mill. kroner blir overførte til kap. 260 post 50

  • 16 mill. kroner til Nasjonalt senter for realfagsrekruttering blir overførte til kap. 260 post 50 og lagde inn i rammeløyvinga til NTNU

  • 28,6 mill. kroner til Artsdatabanken blir overførte til nytt kap. 1411 Artsdatabanken under budsjettet til Klima- og miljødepartementet

Som del av løyvinga på posten foreslår departementet 12 mill. kroner til tiltak for open tilgang til offentleg finansiert forsking. Satsinga vil styrke arbeidet med å innføre eit heilskapleg system for forsking som blir publisert innanfor alle fagområde, innlemme forsking frå arkiv, bibliotek og museum i Norsk Vitenskapsindeks (NVI), og etablere ei internasjonal løysing for unik digital forskar-ID i Noreg. Vidare vil satsinga bidra til å støtte eit nasjonalt universitets- og høgskolekonsortium for innkjøp av opne, norske tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsfag, som dagens CERES skal administrere og forhandle fram som ei prøveordning for perioden 2018–20. Dette er viktige digitaliseringssatsingar for å etablere ein god og effektiv nasjonal infrastruktur for å oppfylle nasjonale mål og internasjonale forpliktingar og for å få større openheit i forskinga. Sjå òg omtale av open tilgang til forsking under programkategori 07.70 Forsking.

Post 71 Tilskott til UNIS

Posten omfattar tilskott til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS).

Mål for 2018

Høg kvalitet i utdanning og forsking knytt til Svalbards plassering i eit høgarktisk område.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet tildelte 125,4 mill. kroner til UNIS i 2016. UNIS fekk òg finansiering frå Noregs forskingsråd.

UNIS leverer utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet og har nedslagsfelt både nasjonalt og internasjonalt. UNIS har ein vesentleg plass på kunnskapsplattforma Svalbard, noko som blant anna vil seie at Svalbard blir brukt som utgangspunkt for forsking og utdanning.

UNIS har betra resultata sine innanfor både utdanning og forsking. Det var blant anna ein auke i gjennomførte studentårsverk frå 203 i 2015 til 214 i 2016. Studentar frå 43 nasjonar følgde undervisning ved UNIS i 2016, og 45 pst. av studentane var norske. Studentar og tilsette utgjer ein viktig del av lokalsamfunnet på Svalbard.

UNIS har samtidig auka talet på forskingspublikasjonar frå 121 i 2015 til 147 i 2016. Publikasjonane til UNIS blir siterte meir enn verdsgjennomsnittet, og UNIS er den største norske aktøren som driv forsking på Svalbard, målt i årsverk og publikasjonar.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott på 132,3 mill. kroner til UNIS.

Post 72 Tilskott til UNINETT

Posten omfattar driftstilskott til UNINETT AS. Som følge av organiseringsprosjektet for kunnskapssektoren skal nokre av oppgåvene til UNINETT bli førte over til kap. 280 post 51, jf. omtale under denne posten. Departementet kjem tilbake til moglege flyttingar av midlar i samband med denne flyttinga av oppgåver.

Mål for 2018

UNINETT skal utvikle eit landsomfattande datanett og tilby avanserte tenester for utdanning, forsking, formidling og forvaltning, i samspel med internasjonale forskingsnett i Norden, Europa og verda elles.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet tildelte 27,2 mill. kroner i driftsmidlar til UNINETT over kap. 280 post 72. Sjå òg kap. 281 post 70.

UNINETT har halde fram med å vidareutvikle forskingsnettet og aukar kapasiteten i takt med behovet. UNINETT arbeider for ein framtidsretta og robust IKT-infrastruktur og for å levere avanserte, operative og kostnadseffektive tenester. Dette har ført til at Noreg har eit tenestetilbod i verdsklasse. I tillegg er UNINETT involvert i ei rekke tiltak innanfor IKT-området i universitets- og høgskolesektoren.

Gjennom eCampus-prosjektet har UNINETT i samarbeid med institusjonane gitt bidrag til å få fram ei rekke nye tenester for å auke det digitale læringsmiljøet. eCampus-prosjektet blei avslutta i 2016 og er evaluert. Evalueringa konkluderte med at prosjektet nådde måla sine på ein god måte. Arbeidet blir ført vidare av institusjonane og UNINETT.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott på 27,5 mill. kroner til UNINETT.

Post 73 Tilskott til NORDUnet, kan overførast

Mål for 2018

Norsk tilgang til nettinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane med tilknyting til internasjonale nettverk.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet betaler ein årleg kontingent for Noregs deltaking i NORDUnet. Kontingenten utgjorde 35,2 mill. kroner i 2016. Gjennom samarbeidet i NORDUNet hjelper dei nordiske landa til med å påverke utforminga av teknologiske løysingar i det internasjonale akademiske nettverket. Det gir meir kostnadseffektive løysingar i og utanfor Norden enn om kvart land skulle ha operert aleine. Kapasiteten i nettverka blir bygd ut i samarbeid med mellom andre europeiske samarbeidspartnarar.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott på 36,7 mill. kroner til kontingenten for å føre aktiviteten til NORDUnet vidare.

Kap. 3280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Eksterne inntekter NOKUT

618

10

10

02

Salsinntekter o.a.

509

1 343

1 372

Sum kap. 3280

1 127

1 353

1 382

Post 01 Eksterne inntekter NOKUT

Løyvinga på post 01 gjeld eksterne inntekter NOKUT får i løpet av året, knytte til ulike prosjekt dei tar del i.

Post 02 Salsinntekter o.a.

Løyvinga på post 02 gjeld inntekter til NOKUT frå kurs og konferansar.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 70

218 211

248 870

326 612

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

45 674

13 421

11 364

50

Tilskott til Noregs forskingsråd

167 574

191 436

223 840

70

Andre overføringar , kan nyttast under post 01

69 247

58 226

59 798

73

Tilskott til internasjonale program

73 697

64 103

64 475

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

17 247

17 730

12 509

Sum kap. 0281

591 650

593 786

698 598

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt som skal bidra til kvalitetsutvikling, samordning og andre fellestiltak på prioriterte område for å nå dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking. Løyvinga kan nyttast under kap. 281 post 01 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 281 post 70 for tilskott til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2018

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Rapport for 2016

Departementet tildelte 287,5 mill. kroner i 2016 over kap. 281 postane 01 og 70. Av desse var 218,2 mill. kroner utbetalte over post 01 og 69,2 mill. kroner utbetalte over post 70. Rapporteringa er ordna etter dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Departementet tildelte i 2016 til saman 119,5 mill. kroner til ulike tiltak for å fremme kvalitet i utdanning og forsking.

Av desse tildelte departementet 40 mill. kroner til senter for framifrå utdanning (SFU). Sjå rapportering under kap. 280 post 01.

Arbeidet med å følge opp grunnskolelærarutdanningane blei ført vidare i 2016. Som del av oppfølginga av Lærerløftet tildelte departementet 29,9 mill. kroner til ulike tiltak, blant anna arbeidet med utvikling og innføring av dei nye femårige grunnskolelærarutdanningane. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Departementet tildelte 8,9 mill. kroner til partnarskapsprogram for samarbeid med institusjonar i eit utval utviklingsland. Vidare blei det tildelt 13,9 mill. kroner til å følge oppe strategien for forskings- og høgre utdanningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika, blant anna gjennom UTFORSK-programmet, som er eit av dei to hovudtiltaka i regjeringa sin Panorama-strategi . Desse midlane blei forvalta av SIU. Sjå rapportering under kap. 280 post 50 og programkategori 07.70 Forsking.

Departementet tildelte 5 mill. kroner til prosjektet MARFAG2020 for å utvikle læremiddel for maritime fagskolar. Desse midlane blei forvalta av MARKOM2020.

I tillegg tildelte departementet midlar til utdanningskvalitetsprisen, Eurostudent VI, arbeid i regi av OECD og andre mindre tiltak.

Samla sett har midlane bidratt til utvikling og gjennomføring av ulike tiltak for å fremme høg kvalitet i utdanning og forsking.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Departementet tildelte i 2016 til saman 47,1 mill. kroner til ulike tiltak for å bidra til velferd, verdiskaping og omstilling. Av desse blei det tildelt 38,5 mill. kroner til MARKOM2020-prosjektet. MARKOM2020 har lagt til rette for fleire tiltak for å styrke kvaliteten på dei maritime utdanningane gjennom eit nært samarbeid med næringslivet. Det er blant anna utvikla tilbod om mastergradar, betre overgangar mellom fagskolar og høgre utdanning og nasjonale forskarskolar. Det er viktig å halde fram med arbeidet med kvalitetsutviklinga, og å styrke rekrutteringa av dyktige kandidatar og samarbeidet med næringslivet.

Samla sett har midlane bidratt til utvikling av kunnskapsgrunnlaget og gjennomføring av ulike tiltak for å møte behov innanfor felta innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda.

God tilgang til utdanning

Departementet tildelte totalt 21 mill. kroner i 2016 til tiltak retta mot målet om god tilgang til utdanning. Av desse midlane tildelte departementet 10 mill. kroner til Starmusfestivalen. Formålet med Starmusfestivalen er å løfte kunnskapsformidling og undervisning, gjere kunnskap tilgjengeleg og å auke rekrutteringa til dei matematisk-naturvitskaplege faga.

Stipendordninga for norske og russiske studentar blei førte vidare i 2016. Departementet har tildelt midlar til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og Høgskolen i Oslo og Akershus, som har utvikla tilbod om Y-vegar i helse- og sosialfag. Desse gjer at personar med fagbrev enklare kan bli tatt opp til relevant tilrettelagt høgre utdanning.

I tillegg tildelte departementet 8 mill. kroner til arbeidet med integrering av flyktningar som nyleg har komme til Noreg, slik at dei skal kunne bruke den kompetansen dei har til å komme raskt ut i arbeidslivet. Sjå omtale av komplettarande utdanning for flyktningar under kategoriomtalen.

Samla sett har midlane bidratt til gjennomføring av ulike tiltak for å gi god tilgang til utdanning.

Effektiv, mangfaldig og robust høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet tildelte totalt 30,6 mill. kroner til tiltak for å bidra til at den høgre utdanningssektoren skal vere effektiv, mangfaldig og solid.

Departementet tildelte 10,5 mill. kroner til NOKUT for å gjennomføre IKT-prosjektet eSam. NOKUT har i 2016 implementert eit elektronisk saksbehandlings- og arkivsystem for å møte veksten i godkjenning av utanlandsk utdanning og kompetansen til flyktningar, samt auke og betre tilsynet med høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Departementet tildelte midlar til samlokalisering av FSAT og CRIStin, utvikling av vitnemålsportalen og arbeid med integrering av CRIStin-systemet. Sjå elles omtale av desse verksemdene under kap. 280 post 51. I tillegg tildelte departementet midlar til samlokalisering av SIU.

Dei tiltaka som blei sette gang i 2016, skal blant anna gi ei meir robust og heilskapleg organisering av viktige system for universitets- og høgskolesektoren. Dette meiner departementet har bidratt til å legge til rette for ein effektiv, mangfaldig og solid utdanningssektor og forskingssystem.

Budsjettforslag for 2018

Departementet foreslår ei samla løyving på 386,4 mill. kroner på kap. 281 postane 01 og 70 i 2018. Av desse foreslår departementet å løyve 326,6 mill. kroner over post 01 og 59,8 mill. kroner over post 70.

Departementet foreslår ein auke samanlikna med 2017, noko som blant anna kjem av ei overføring av 58,5 mill. kroner til tiltak for grunnskolelærarutdanninga (GLU) frå kap. 260 post 50. Departementet foreslår å flytte følgande midlar frå kap. 281 post 01:

  • 20 mill. kroner til fagskoleutdanning til kap. 241 post 21 under programkategori 07.40 Fagskoleutdanning

  • 16,1 mill. kroner til kap. 260 post 50 for planlegging av campus for NTNU i Trondheim

  • 1,3 mill. kroner til kap. 260 post 50 til kompletterande utdanningar

  • 1 mill. kroner til kap. 260 post 50 til sekretariatsfunksjonen for samfunnssikkerheit og tryggleik ved Universitetet i Stavanger

  • 1,3 mill. kroner til Direktoratet for forvaltning og IKT for tilsyn med universell utforming av IKT, kap. 540 post 01 under budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3281 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner til verkemiddel som skal inngå i ein nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning. Arenaen vil bestå av nye verkemiddel og verkemiddel som alt er etablerte. Dette er ei oppfølging av Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning . Gjennom fagleg grunna utlysingar skal den nasjonale arenaen for kvalitet bidra til stimulering av utdanningskvalitet og utdanningskultur ved institusjonane. Eit viktig mål er større openheit og deling av gode utdanningspraksisar, og prosjekt som blir støtta, skal vere fagfellevurderte. Sjå omtale under Strategi og tiltak, kap. 260 og kap. 281 post 50.

Kunnskapsdepartementet foreslår 96,1 mill. kroner til å følge opp Lærerløftet. Midlane skal gå til ulike tiltak for å styrke grunnskolelærarutdanningane. Av desse midlane er 58,5 mill. kroner flytte frå kap. 260 post 50 i 2018, jf. omtale under kap. 260.

Kunnskapsdepartementet foreslår 31,3 mill. kroner til Panorama-strategien over kap. 281 post 01, inkludert UTFORSK og utdanningssamarbeid med Japan. Panorama-strategien gjeld høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika i perioden 2016–20. Strategien inneheld fleire tiltak for å fremme samarbeid om høgre utdanning og forsking av høg kvalitet med desse landa. Sjå òg omtale av midlar til Panorama-strategien under programkategori 07.70 Forsking. Vidare er løyvinga til partnarskapsprogrammet med utviklingsland (NORPART) foreslått styrkt til 24,7 mill. kroner i 2018. Programmet, som blir forvalta av SIU, skal støtte samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør, og studentmobilitet skal vere eit element i programmet.

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare midlar til auka kvalitet i helse- og sosialfagutdanningane gjennom eit nasjonalt styringssystem for utdanningane. Departementet foreslår å føre vidare midlar til arbeid med utvikling av kvalitet i universitets- og høgskolesektoren gjennom ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU). I tillegg foreslår departementet ei løyving på 10 mill. kroner for å føre vidare arbeidet med nasjonale deleksamenar.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Departementet foreslår 20 mill. kroner til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet for oppgradering av forskingsfartøyet Helmer Hansen. I 2020 vil midlane bli overførte til Noregs forskingsråd. Framleis drift av forskingsfartøyet er avgjerande for forsking og undervisning i nordområda og vil vere eit sentralt bidrag til prioriteringa Hav i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning 2015–24 og nordområdestrategien. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på 38,5 mill. kroner til MARKOM2020.

Departementet foreslår å føre vidare midlar til prosjektet Saving Oseberg II og midlar til arbeidet med den nasjonale vitnemålsdatabasen og ein vitnemåls- og karakterportal. I tillegg foreslår departementet midlar til analysar av og oppdrag om korleis forsking og utdanning møter behov for å fremme velferd, verdiskaping og omstilling.

God tilgang til utdanning

Departementet foreslår 4,4 mill. kroner over kap. 281 post 01 til ulike tiltak for at flyktningar som nyleg har komme til Noreg, skal kunne bruke kompetansen dei har til å komme raskt ut i arbeidslivet. I tillegg foreslår departementet å løyve midlar til å føre vidare stipendordninga under samarbeidsavtalen med Russland.

Effektiv, mangfaldig og robust høgre utdanningssektor og forskingssystem

Regjeringa ønsker å sikre at tilskott frå staten til private høgskolar og private fagskolar kjem studentane til gode. I 2017 etablerte derfor Kunnskapsdepartementet ei eining for tilsyn for å betre kontrollen med private høgskolar og private fagskolar. Departementet foreslår å auke løyvinga til eininga med 5 mill. kroner. Departementet foreslår å føre vidare arbeidet med å samordne CRIStin-systemet med andre informasjonssystem. I tillegg foreslår departementet å føre vidare midlar til drift og sekretariatsarbeid for klagenemnda, til det nye organet med ansvar for fellestenester for sektoren. I tillegg foreslår departementet midlar til utgreiingar og oppdrag i samband med utvikling av ein effektiv og mangfaldig sektor.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2018

Godt utstyr og vedlikehald i universitets- og høgskolesektoren.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet tildelte 45,7 mill. kroner i 2016 over kap. 281 post 45.

Departementet tildelte 15 mill. kroner til utstyr til maritim profesjonsutdanning. Midlane blei tildelte Høgskolen i Søraust-Noreg seint på året, og samla rapport for bruken av midlane blir gitt i Prop. 1 S (2018–2019).

Det blei tildelt 15,9 mill. kroner til utstyr til institusjonar på Sør- og Vestlandet. Midlane er brukte til kjøp av undervisnings- og forskingsutstyr.

Universitetet i Oslo blei tildelt 1 mill. kroner for å vidareutvikle CRIStin. Midlane er nytta til å utvikle system for betre utveksling av prosjektinformasjon og ny teneste for datautlevering.

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet blei tildelt 3 mill. kroner til delfinansiering av nytt reiskapshus og silo i samfinansiering med Landbruks- og matdepartementet og næringslivsaktørar. Bygninga er ferdigstilt.

Noregs idrettshøgskole blei tildelt 8,8 mill. kroner til leige av mellombels lokale medan delar av høgskolen blir rehabilitert.

Nord universitet blei tildelt 2 mill. kroner til inventar og utstyr i samband med at nytt byggetrinn 6A blei ferdigstilt i 2016.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 11,4 mill. kroner over kap. 281 post 45.

Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd

Mål for 2018

God forskings-, utdannings- og innovasjonsverksemd og styrkt samspel mellom institusjonane og arbeidslivet.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet tildelte 167,6 mill. kroner over kap. 281 post 50 til følgande program gjennom Noregs forskingsråd:

  • Strategiske høgskoleprogram (SHP)

  • Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI)

  • Forsking for forskings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL)

  • Forskingsbasert nyskaping (FORNY2020)

  • HELSEVEL

  • Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT)

  • Forskarskolane i arkeologi og biosystematikk ved universitetsmusea (UNI-MUSEER)

  • Rekrutteringsstillingar til ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d.

  • Ordning for forskingsinstitutta til fusjonar og samarbeid

I samband med at SHP blei avslutta i 2016, blei det gjennomført ei evaluering. Ho viser at SHP har bidratt til å auke FoU-aktiviteten og styrke forskingskompetansen ved høgskolane, og at institusjonane har nytta midlane til å vidareutvikle fagmiljøa og styrke FoU-profilen ved institusjonane.

FORINNPOL og ordning for forskingsinstitutta blir omtalte under programkategori 07.70 Forsking. VRI har bidratt til å utvikle kunnskap om, og evne til, samhandlings- og innovasjonsprosessar i regionane og til å fremme forskingsbasert innovasjon i norsk nærings- og arbeidsliv.

Løyvinga til FORNY2020 i 2016 har bidratt til nye utlysingar for verifiseringar, meir midlar til nettverks-, kompetanse- og struktursøknader og til å bygge Technology Transfer Office (TTO) ved dei nye universiteta. Dette har gjort universiteta betre rusta til å få fram kommersialiseringar og nyskaping. Sjå Prop. 1 S (2017–2018) frå Nærings- og fiskeridepartementet for meir informasjon om FORNY2020.

Dei første prosjekta som har fått løyving frå HELSEVEL, starta opp i 2016. HELSEVEL overtok prosjektporteføljene frå Program for helse- og omsorgstenester (HELSEOMSORG) og satsinga Praksisretta FoU i helse-, omsorgs- og velferdstenesten (PRAKSISVEL). Målet om å oppnå gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester gjennom forsking og innovasjon, fell inn under eit av dei prioriterte områda i regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgre utdanning.

FINNUT har bidratt til å auke forskarkompetansen i utdanningssektoren, og det er god rekruttering til forsking på området. Dei to forskarskolane under UNI-MUSEER har bidratt til å styrke rekrutteringa og auke kvaliteten på doktorgradsutdanningane ved universitetsmusea.

Gjennom ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. blei det tildelt 79 nye rekrutteringsstillingar i 2016. Det er stor interesse for ordningane, og dei bidrar til ny kunnskap, auka kompetanse og meir samarbeid mellom offentleg sektor, næringslivet og universitets- og høgskolesektoren. Ordninga med offentleg sektor-ph.d. er tatt i bruk i både statleg og kommunal sektor.

Det blei tildelt 10 mill. kroner til ei ordning der forskingsinstitutta kan søke om midlar i Noregs forskingsråd til fusjonar og tettare samarbeid mellom institusjonar i institutt-, universitets- og høgskolesektoren og innanfor instituttsektoren.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 223,8 mill. kroner over kap. 281 post 50.

Etter at Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) er avslutta, blir satsinga PROFESJON etablert frå 2018 for å styrke kvaliteten i utvalde profesjonsutdanningar. FINNUT, HELSEVEL, FORNY2020, FORINNPOL og UNI-MUSEER blir førte vidare. Departementet foreslår ei reduksjon på 8,7 mill. kroner på posten for auka handlingsrom til andre tiltak.

I tillegg foreslår departementet vidareføring av midlar til dei rekrutteringsstillingane som blei tildelte til ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. i tidlegare budsjett. Departementet foreslår heilårseffekt i 2018 av midlar som blei løyvde i 2017 til nye rekrutteringsstillingar til desse ordningane. Dette inneber ein auke på 12 mill. kroner i 2018.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 40 mill. kroner av midlane til innføring av ny grunnskolelærarutdanning frå kap. 260 post 50 til kap. 281 post 50. Midlane blir brukt til å styrke arbeidet med forsking på fagdidaktikk i fagmiljøa til grunnskolelærarutdanningane. Sjå omtale under kap. 260, kap. 280 post 50 og kap. 281 post 01.

I 2016 og 2017 er det tildelt 10 mill. kroner årleg over kap. 281 post 50 til samanslåingar og tettare samarbeid innanfor instituttsektoren og mellom institutt- og universitets- og høgskolesektoren. Behovet for midlar til desse prosessane er lågare i åra framover. Frå og med 2018 foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte 5 mill. kroner frå kap. 281 post 50 til kap. 281 post 01 for å bidra til å bygge opp den nasjonale arenaen for kvalitet i høgre utdanning. Sjå omtale under kap. 260 og kap. 281 post 01.

Løyvingane til dei administrative kostnadene til Noregs forskingsråd skal samlast på kap. 285 Noregs forskingsråd under programkategori 07.70 Forsking. Departementet foreslår derfor ein reduksjon på 10,5 mill. kroner på kap. 281 post 50 mot ein tilsvarande auke på kap. 285 post 55 under programkategori 07.70 Forsking.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Midlar over kap. 281 post 70 er tilskott til ikkje-statlege aktørar. Sjå kap. 281 post 01 for omtale av felles mål for kap. 281 postane 01 og 70.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2016 til saman 69,2 mill. kroner over kap. 281 post 70 til følgande aktørar og tiltak:

  • Høgskolesenteret i Kristiansund: 8,2 mill. kroner

  • International Council for Open and Distance Education (ICDE): 2,6 mill. kroner

  • Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif): 5 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) for Kandidatundersøkinga: 2,1 mill. kroner

  • Norsk senter for forskingsdata (NSD) for Database for statistikk om høgre utdanning (DBH): 17,2 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet (UHR) for Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU): 6 mill. kroner

  • UHR for arbeidet i Publiseringsutvalet: 2 mill. kroner

  • UNINETT for eCampus: 9,5 mill. kroner

  • UNINETT for felles nasjonal skyteneste: 15 mill. kroner

  • Norsk studentorganisasjon (NSO) for bok om historia til studentrørsla: 0,3 mill. kroner

  • NLA Høgskolen for finansiering av forkurs i matematikk for opptak til lærarutdanning: 0,3 mill. kroner

  • ANSA for oppfølging av Tyskland-strategien: 1 mill. kroner

Rapporteringa nedanfor er ordna etter dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Nasjonalt råd for lærarutdanning har i 2016 involvert universitets- og høgskolemiljøa og praksisfeltet i arbeidet med å utarbeide og fastsette nasjonale retningslinjer knytte til rammeplan for femårig grunnskolelærarutdanning. Rådet arbeider kontinuerleg med retningslinjer for dei resterande lærarutdanningane retta mot skole og barnehage. Rådet har lagt til rette for god innføring av grunnskolelærarutdanninga gjennom seminar og samhandling mellom dei ulike aktørane og interessentane.

NIFU legg annakvart år fram halvårlege undersøkingar og spesialundersøkingar om kandidatar frå universitet og høgskolar og deira tilpassing til arbeidsmarknaden. Sysselsetting i relevant arbeid er ein indikator på om utdanninga er relevant for arbeidslivet, og gir departementet nyttig informasjon.

Som eit ledd i oppfølging av Lærerløftet fekk NLA Høgskolen tildelt midlar til å finansiere forkurs i matematikk for opptak til lærarutdanning.

God tilgang til utdanning

eCampus-prosjektet har medverka til å etablere nasjonale tenester og auka tilgang til utdanning. Sjå omtale under kap. 280 post 72.

ICDE har bidratt til å styrke det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring.

Midlane til Høgskolesenteret i Kristiansund har bidratt til å legge til rette for høgskoleutdanning i Kristiansund.

Midlane til NSO har bidratt til arbeidet med ei historiebok om studentrørsla i Noreg.

Effektiv, mangfaldig og robust høgre utdanningssektor og forskingssystem

DBH er ei sentral informasjonskjelde til og om sektoren. Data frå DBH og datatenester frå NSD dannar grunnlaget for statistikk og eit breitt tilbod av styringsdata for politikkutforming i sektoren. Datatilbodet er ope tilgjengeleg.

Publiseringsutvalet, som UHR har etablert på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, har bidratt med vidare utvikling og fagleg drift av system for dokumentasjon av vitskapleg publisering.

Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif) har i 2016 arbeidd særskilt med etnisk mangfald i høgre utdanning og forsking. Sjå omtale av Kif i del III kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

UNINETT har vore sekretariat for arbeidsgruppa for felles IKT-strategi for universitets- og høgskolesektoren. Sjå òg kategoriomtalen. UNINETT har i 2016 arbeidd med infrastrukturteneste og sett i gang arbeid med ei felles nasjonal skyteneste.

Som del av oppfølginga til Tyskland-strategien har ANSA fått tildelt midlar for å styrke arbeidet med informasjon om Tyskland som studieland.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 59,8 mill. kroner over kap. 281 post 70 i 2018. Beløpet for det enkelte tiltaket nedanfor er avrunda til næraste 100 000 kroner.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Departementet foreslår følgande tilskott:

  • 6 mill. kroner til UHR for å halde fram med arbeidet med nasjonale retningslinjer for lærarutdanningane

  • 2,6 mill. kroner til NIFU for å gjennomføre den årlege kandidatundersøkinga

God tilgang til utdanning

Departementet foreslår følgande tilskott:

  • 2,7 mill. kroner til ICDE for å følge opp forpliktingar i samband med det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring

  • 8,5 mill. kroner til Høgskolesenteret i Kristiansund for å legge til rette for høgskoleutdanning i Kristiansund

Effektiv, mangfaldig og robust høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet foreslår følgande tilskott:

  • 17,7 mill. kroner i driftstilskott til NSD

  • 15 mill. kroner til UNINETT til ei felles nasjonal nettskyteneste og til tiltak for betre administrative tenester for universitets- og høgskolesektoren

  • 5,1 mill. kroner til UHR for arbeidet til Kif-komiteen

  • 2,1 mill. kroner til arbeidet i Publiseringsutvalet i regi av UHR

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Posten gjeld tilskott til den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning.

Mål for 2018

Godt internasjonalt samarbeid i høgre utdanning gjennom ein nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet betaler ein årleg kontingent for Noregs deltaking i avtalen om gjensidig tilgang til høgre utdanning på tvers av dei nordiske landa i regi av Nordisk ministerråd. I 2016 utgjorde kontingenten 73,7 mill. kroner. Avtalen sikrar at norske søkarar til høgre utdanning i andre nordiske land blir handsama likt med nasjonale søkarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søker opptak til høgre utdanning i Noreg.

I studieåret 2015–16 studerte 3 383 norske studentar i andre nordiske land, noko som er 60 færre enn året før. I det same studieåret var det totalt 1 198 studentar frå nordiske land i Noreg, ein nedgang på tre pst. frå året før.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår 64,5 mill. kroner til kontingenten for den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning.

Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

Posten omfattar driftstilskott til Universitets- og høgskolerådet (UHR) og til aktivitet som er koordinert gjennom rådet.

Mål for 2018

Samordning mellom universitet og høgskolar.

Rapport for 2016

Kunnskapsdepartementet tildelte 17,2 mill. kroner til UHR i 2016 over kap. 281 post 78. Dette inkluderer 5,5 mill. kroner til støtte for utgiving av norskspråklege lærebøker for høgre utdanning. Sjå òg omtale av tilskott til UHR over kap. 281 post 70.

Tilskottet til UHR har vore med på å fremme samordning mellom universitet og høgskolar innanfor høgre utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning. UHR har ført vidare arbeidet som knutepunkt for informasjon om tiltak i universitets- og høgskolesektoren knytte til flyktningsituasjonen. Innanfor internasjonalt samarbeid har UHR særleg prioritert Nordisk universitetssamarbeid og European University Association.

Budsjettforslag for 2018

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott på 12,5 mill. kroner til UHR.

Som følge av endringar i den sentrale forvaltninga av kunnskapssektoren foreslår departementet å overføre løyvinga på 5,7 mill. kroner til Lærebokutvalet til kap. 280 post 50. Sjå omtale under kap. 280 post 50.

Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

02

Salsinntekter o.a.

10

10

Sum kap. 3281

10

10

Programkategori 07.70 Forsking

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

283

Meteorologiformål

432 589

450 885

-100,0

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

18 558

18 399

18 586

1,0

285

Noregs forskingsråd

3 623 012

3 623 544

4 698 326

29,7

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

534 768

487 971

491 876

0,8

288

Internasjonale samarbeidstiltak

2 799 656

2 587 856

2 612 982

1,0

Sum kategori 07.70

7 408 583

7 168 655

7 821 770

9,1

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

5 729

5 918

6 026

1,8

Sum kategori 07.70

5 729

5 918

6 026

1,8

Innleiing

Kunnskapsdepartementet har sett fire mål for forsking og høgre utdanning. Tre av desse er relevante for løyvingane under programkategori 07.70:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • effektiv, mangfaldig og robust høgre utdanningssektor og forskingssystem

Størstedelen av programkategorien omfattar løyvingar til Noregs forskingsråd. Løyvingane finansierer i hovudsak langsiktig, grunnleggande forsking, strategiske satsingar og forskingsinfrastruktur. Norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar blir òg finansierte innanfor programkategori 07.70. Programkategorien omfattar òg basisløyvingar til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta og løyvingar til dei regionale forskingsfonda, dei nasjonale forskingsetiske komiteane og Meteorologisk institutt.

Løyvingar frå andre departement bidrar òg til å nå dei måla Kunnskapsdepartementet har sett for forsking og høgre utdanning, ikkje minst målet om forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling, og for oppfølginga av Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 , sjå omtale under del III kap. 5.

Hovudprioriteringar for 2018

I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 varsla regjeringa ei opptrapping av løyvingane til forskingsinfrastruktur på 400 mill. kroner innan 2018. Regjeringa foreslår å fullføre opptrappingsplanen i 2018 gjennom ei auka løyving på 175 mill. kroner til forskingsinfrastruktur.

I langtidsplanen varsla regjeringa òg ei opptrapping av løyvingane til ordningar som skal sikre god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. I 2018 foreslår regjeringa å fullføre opptrappinga og auke løyvinga med 78,7 mill. kroner.

Ei av dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen er å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Ordninga med senter for framifrå forsking (SFF) er det mest sentrale verkemiddelet for å støtte verdsleiande fagmiljø i Noreg. For å halde oppe innsatsen i senterløyvingane foreslår regjeringa å styrke SFF-ordninga med 45 mill. kroner i 2018.

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er eit av dei viktigaste verkemidla for å betre kvaliteten på og gjennomslagskrafta i norsk forsking. For 2018 foreslår regjeringa å auke løyvinga til FRIPRO Toppforsk med 50 mill. kroner.

Mogleggjerande teknologiar bidrar til nye løysingar for mange ulike formål, inkludert auka produktivitet og lågare utslepp av klimagassar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til mogleggjerande teknologiar med 30 mill. kroner i 2018. Regjeringa foreslår også ei satsing på 5 mill. kroner til mobilisering av humanistiske fagmiljø til denne typen forsking.

Prosjektet Arven etter Nansen medverkar til å synleggjere norsk ansvar og leiarskap når det gjeld forsking og forvaltning i Arktis. Eit av måla for prosjektet er å sikre god utnytting av det nye isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon. I budsjettet for 2018 foreslår regjeringa å auke løyvinga til prosjektet med 20 mill. kroner.

Tilstandsvurdering

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Ei av dei seks langsiktige prioriteringane i Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 er å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Auka vitskapleg kvalitet er òg eit av måla for verksemda til Forskingsrådet. Norsk forsking har utvikla seg positivt i dei siste tiåra, målt ved både siteringar og fagevalueringar. Siteringsindeksen for norske vitskaplege artiklar har stige i dei siste åra, men Noreg er ikkje med i gruppa av land med høgst gjennomslag i form av siteringar. Noreg ligg godt bak land som Danmark, Nederland og Sveits. Fagevalueringar i regi av Noregs forskingsråd syner at den gjennomsnittlege kvaliteten på norsk forsking er tilfredsstillande. Noreg har også nokre forskingsmiljø som hevdar seg i verdstoppen.

Rapportar frå produktivitetskommisjonen (2016), frå ekspertutvalet for områdegjennomgangen av Noregs forskingsråd (2017) og OECDs landgjennomgang av det norske forskings- og høgre utdanningssystemet (2017) styrker inntrykket av at kvaliteten i norsk forsking kan bli betre. Det er for få forskarar og forskingsmiljø på internasjonalt toppnivå, og Noreg manglar universitet i verdsklasse. Rapportane peiker på at det er naudsynt å ta meir omsyn til vitskapleg kvalitet, og at vi i for liten grad klarer å flytte ressursar til dei gode fagmiljøa, både innad i og mellom institusjonane.

Generelt er konkurranse gjennom Noregs forskingsråd ein måte å støtte dei beste prosjekta på. Finansieringa av målretta verkemiddel for auka vitskapleg kvalitet, slik som Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og senter for framifrå forsking (SFF), har blitt styrkt i dei siste åra, men det er likevel stor konkurranse om midlane. Den nasjonale satsinga på infrastruktur bidrar til at norske forskarar har tilgang på utstyr i verdsklasse. Det er ein grunnleggande føresetnad for å betre kvaliteten og effektiviteten i norsk forsking og for å henge med i den internasjonale konkurransen.

Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er viktig for å betre kvaliteten i norsk forsking. Evna til gjennomslag på internasjonale konkurransearenaer er ein indikator på kvaliteten i forskinga. Eit av måla i Strategi for forsknings- og innovasjonssamarbeidet med EU , som regjeringa la fram i 2014, er at norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, skal medverke til auka kvalitet i norsk forsking. God norsk deltaking i rammeprogrammet er naudsynt for å nå målsettinga. Det er god norsk deltaking i fleire delar av programmet, men det er framleis naudsynt å auke deltakinga i dei delane som særleg er retta mot langsiktig, grunnleggande, framifrå forsking. Det europeiske forskingsrådet (ERC) løyver midlar til framifrå forskarar uavhengig av tema og fagfelt. Noreg har få stipend frå ERC i høve til folketalet og talet på sende søknader.

Å utvikle og nytte talent er ein føresetnad for å lykkast med å betre kvaliteten i norsk forsking og med å utvikle fleire verdsleiande forskingsmiljø. Dagens situasjon for unge forskarar er utfordrande for mange grupper, når det gjeld både fast jobb og moglege karrierevegar. Den årlege rapporten Det norske forsknings- og innovasjonssystemet – statistikk og indikatorer (Indikatorrapporten) frå Noregs forskingsråd og NIFU syner at det er store skilnader når det gjeld kjønnsbalanse i norsk forsking. Like mange kvinner som menn avlegg doktorgraden, men kvinnedelen er lågare på professornivå. Det har vore arbeidd målretta over fleire år med å auke talet på kvinner i norsk forsking, især på toppnivå. Likevel er delen kvinnelege stipendmottakarar i Det europeiske forskingsrådet framleis låg. Det same gjeld innanfor senterordningane i Forskingsrådet. Når det gjeld teknologi og dels naturvitskap, er kvinner i mindretal, medan menn er i mindretal innanfor medisin, samfunnsvitskap og helse. Det er berre innanfor humaniora at det er tilnærma kjønnsbalanse.

Boks 4.2 Områdegjennomgang av systemet for tildeling av forskingsmidlar frå Noregs forskingsråd

Regjeringa sette i 2016 ned ei ekspertgruppe som skulle vurdere systemet for tildeling av offentlege forskingsmidlar gjennom Noregs forskingsråd. Ekspertgruppa fekk i oppdrag å tilrå tiltak som kan gi auka vitskapleg kvalitet i forskinga og reduserte administrasjonskostnader i Forskingsrådet.

Ekspertgruppa leverte rapporten