Justis- og beredskapsdepartementet

Prop. 1 S

(2017–2018)

Svalbardbudsjettet

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10 og 35° austleg lengde og 74 og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km 2 og utgjer ca. 16 pst. av Kongeriket Noregs totale landareal. Spitsbergen er den største øya i Noreg og er omtrent på størrelse med fylka Nordland og Troms til saman. Rundt 60 pst. av øygruppa er dekt av isbrear og under ti pst. har vegetasjon.

Svalbardtraktaten blei underteikna 9. februar 1920 og tredde i kraft 14. august 1925. Frå same dag blei Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg gjennom ei eige lov, Svalbardlova 17. juli 1925 nr. 11. Svalbardtraktaten er open for tiltreding og har i dag i overkant av 40 partar. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Sysselmannen har rolle både som politimeister og fylkesmann. I kraft av rolla som politimeister har Sysselmannen same ansvar og myndigheit som politimeistrane på fastlandet. Sysselmannen har ansvaret for redningstenesta og har òg ansvar innanfor samfunnsberedskapen. Hovudoppgåvene for denne delen av verksemda består av rednings- og beredskapsarbeid, i tillegg til politi- og påtalearbeid.

Etter Svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte forskrifter for Svalbard. Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet.

Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. Det er registrert om lag 570 fastbuande. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingssørvis. Det er registrert om lag 40 heilårsbusette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 10 heilårsbusette.

Folketalet i Longyearbyen er relativt stabilt, jf. tabell under. Gjennomsnittleg butid i Longyearbyen er om lag sju år. Ved inngangen av 2016 hadde om lag ein fjerdedel av befolkninga budd der i meir enn ti år.

Tabell 1.1 Befolkningstal 2009–2017 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Longyearbyen

2112

2041

2084

2173

2125

2097

2169

2156

2140

Ny-Ålesund

37

43

39

40

34

38

43

37

43

Barentsburg

417

491

450

413

464

494

468

473

573

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Behovet for å synleggjere inntekter og utgifter på Svalbard er bakgrunnen for at det kvart år blir fremja eit eige svalbardbudsjett. Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er mellom anna verksemd på Svalbard som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2017–2018) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2018 er omtalt nærare under pkt. 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.