Justis- og beredskapsdepartementet

Prop. 1 S

(2017–2018)

Svalbardbudsjettet

2.1 Overordna mål

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard har tidlegare vore lagt fram med om lag ti års mellomrom. Meldingane har medverka til å leggje føringar for utviklinga på øygruppa for ei rekkje år framover. Dei heilskaplege gjennomgangane har medverka til ei avstemt utvikling innanfor den ramma måla for svalbardpolitikken sett. Regjeringa la 11. mai 2016 fram Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard , den femte i rekkja av slike meldingar. Regjeringa stadfesta i denne meldinga at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalde norske samfunn på øygruppa

Meldinga blei handsama i Stortinget 25. november 2016. Handsaminga i Stortinget, jf. Innst. 88 S (2016–2017), viste at det er brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Regjeringa legg vekt på at forvaltninga av øygruppa er føreseieleg og ber preg av kontinuitet. Ei fortsett føreseieleg forvaltning av Svalbard, i tråd med måla, medverkar både til tryggleik for folk i Longyearbyen og vil medverke til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

2.2 Justis- og beredskaps-departementets mål for polarpolitikken

Måla for svalbardpolitikken, den auka aktiviteten på øygruppa og det at fleire aktørar er til stades, gjer det naudsynt med ei sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtala under pkt. 4. Polarområda har ei politisk betyding som gjer det naudsynt å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for koordineringa av norsk svalbardpolitikk. Justis- og beredskapsdepartementet, har difor følgjande mål for politikken i Arktis, i tillegg til måla fastsett i stortingsmeldinga:

Tabell 2.1 

Mål

  • 1. Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering

  • 2. Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

  • 3. Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

2.2.1 Justis- og beredskapsdepartementets mål 1: Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering

Regjeringa har som mål at befolkninga skal oppleve stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar. Den geografiske plasseringa til Svalbard, store avstandar og krevjande klima gir særskilte utfordringar på samfunnstryggleik- og beredskapsområdet. Den lokale beredskapen er ikkje dimensjonert for å handtere større eller samstundes hendingar over lang tid. I tilfelle større hendingar er det difor lagt til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Dersom alvorlege hendingar inntreff, er det viktig å ha system for å oppretthalde samfunnet si grunnleggjande funksjonsevne. Det er vidare viktig å vere godt øvd og førebudd på å handtere situasjonar som kan oppstå.

Å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er eit verkemiddel for å redusere sårbarheita i samfunnet. Styrkja samhandling skal ein nå ved å avklare dei ulike aktørane si rolle, ansvar og mynde og ved å sikre eit godt samvirke mellom dei. Øvingar er sentralt og viktig for å styrkje samhandlinga.

Beredskapen på Svalbard blir vurdert fortløpande, i lys av aktiviteten på øygruppa og endringar i risikobildet, jf. Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016). Etter skredet i Longyearbyen 19. desember 2015 reiste Sysselmannen spørsmål om ein kunne tilkalle og bruke Sivilforsvaret som ressurs på Svalbard òg. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har utgreidd dette. Rapporten er til vurdering i Justis- og beredskapsdepartementet.

Skredsituasjonen

19. desember 2015 vart Longyearbyen utsett for ei snøskredulykke. To personar omkom og fleire vart skada. Mange hus blei øydelagde og vil ikkje kunne byggjast opp att i området dei sto i før raset.

2016 var prega av ekstremvær. Både i november og i desember 2016 sette Sysselmannen stab og innkalla beredskapsrådet på grunn av sterk vind, mykje nedbør og fare for jordskred (november) og snøskred (desember) i Longyearbyen. I november 2016 blei over 200 personar evakuerte frå heimane sine. I desember 2016 blei bustadområdet Nybyen evakuert. Sysselmannen samarbeidde nært med Longyearbyen lokalstyre og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) under aksjonane. Verken bustadar eller personar vart skada.

21. februar 2017 vart Longyearbyen ramma av eit nytt snøskred. Raset førte ikkje til personskadar. To bustadskompleks blei totalskada. Skredet kom uventa og var ikkje varsla av det lokale snøskredvarselet. Som følgje av skredet blei ytterlegare bustadar evakuerte.

Justis- og beredskapsdepartementet gav i januar 2016 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i oppdrag å evaluere skredet i 2015 med bistand frå Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og Politihøgskulen. Både det førebyggjande arbeidet og sjølve handteringa av hendinga skulle evaluerast med tanke på moglege forbetringspunkt. Evalueringsrapporten blei overlevert departementet i september 2016, og er offentleg tilgjengeleg. Rapporten identifiserte både positive erfaringar og nokre klare læringspunkt av betyding for den vidare beredskaps- og krisehandteringsevna på Svalbard.

Sjå pkt. 2.2.3 for utdjupande omtale av skredsikring og bustadbygging i Longyearbyen.

Varsling av flaum og skred

Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider om korleis flaum- og skredskadar kan førebyggjast på Svalbard. På Svalbard gjeld same ordningar innan flaum- og skredførebyggjing som på fastlandet. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) bidrar med faglege råd og økonomisk støtte til sikring og varsling. NVE prioriterer kvart år kva tiltak og kva område som kan få støtte innanfor gjeldande løyving.

På fastlandet varslar NVE flaum-, jordskred- og snøskredfare regionalt. Lokale myndigheiter må ta særleg stilling til korleis dei regionale varsla skal følgjast opp. På Svalbard oppretta NVE i 2016 regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöldland med Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) som samarbeidspartner for observasjonar. I tillegg etablerte NVE ei lokal varsling for Longyearbyen. Etter snøskredet i februar 2017 vart den lokale snøskredvarslinga gjennomgått av NVE og Norges geotekniske institutt (NGI). Gjennomgangen viser at varslinga må ta meir omsyn til usikkerheit og manglande data. Gjennomgangen synleggjorde òg behov for eit betre kvalitetskontrollsystem. Endringar i klima kan ha ført til at tidlegare skredhistorikk ikkje lengre er like gjeldande for dagens situasjon.

Sysselmannen på Svalbard – redning og beredskap

Sysselmannen på Svalbard er regjeringas øvste representant på øygruppa og har rolle både som politimeister og fylkesmann. Svalbard er i utstrekning Noregs største politidistrikt. Sysselmannen har mynde på lik linje med ein politimeister på fastlandet.

Sysselmannen har ei sentral rolle for å handtere oppståtte hendingar innan samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sysselmannen skal vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, jf. Instruks for fylkesmannens og Sysselmannen på Svalbards arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering (fastsett ved kgl. res. 19. juni 2015). Hendingane kan vere både ikkje-planlagde hendingar som til dømes naturkatastrofar, og planlagde hendingar som til dømes kriminalitet og terrorisme. Sysselmannen vektlegg samarbeidet med dei lokale beredskapsaktørane og overordna styresmakter. Målet er ein beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik.

Sysselmannen, som fylkesmann , leiar beredskapsrådet for Svalbard. Rådet skal medverke til eit felles risiko- og sårbarheitsbilete og ei felles plattform for planlegging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid på Svalbard, og vere førebudd på å hjelpe Sysselmannen ved krisehandtering. Sysselmannen utgjer ein statleg ressurs for oljevernberedskapen. Sysselmannen har saman med beredskapsrådet og sentrale aktørar i 2016 oppdatert ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for Svalbard.

Lokal redningssentral

Sysselmannen er, som politimeister , leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Redningsleiinga består i tillegg av representantar frå Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen brann og redning, Telenor Svalbard, Universitetssjukehuset i Nord-Noreg avdeling Longyearbyen, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Avinor/Svalbard Lufthamn, Sysselmannens helikopteroperatør og frivillige v/Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps. Faglege rådgivarar kan gi fagleg spesialkompetanse under ein redningsaksjon eller under førebuingar/planarbeid, etter organisasjonsplan for redningstenesta.

I 2016 koordinerte LRS Svalbard i underkant av 70 redningsoppdrag, noko som er på nivå med tidlegare år.

Ressursar – Sysselmannen

Auka aktivitet, i farvatna rundt Svalbard og i nordområda generelt, har følgjer for sjøtryggleiken på Svalbard.

Sysselmannen disponerer to Super Puma-helikopter med avansert utstyr. Helikoptra blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i naud innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar. I sommarhalvåret opererer òg Lufttransport AS og andre helikopter for ulike oppdragsgivarar på Svalbard.

Frå 2014 er det inngått leige av fartøyet «Polarsyssel» med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Auke i cruisetrafikken og annan skipstrafikk gir auka behov for inspeksjon, redningsberedskap og oppsyn.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2015–2016) å løyve 18 mill. kroner til utvida seglingssesong for «Polarsyssel» for Sysselmannen frå seks til ni månadar i året. Stortinget slutta seg til forslaget. Tenestefartøyet er ein sentral ressurs i samanheng med redning og beredskap, ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.m. I tillegg blir tenestefartøyet nytta i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde. Forlenga seglingssesong har styrkt kapasiteten til Sysselmannen til å drive myndeutøving på øygruppa og medverka til ytterlegare styrking av beredskapen.

Sysselmannen har i 2016 kjøpt inn beredskapsutstyr, m.a. ny vaktbåt og inngått avtale om ny beltevogn for levering i 2017.

Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 som gjeld på Svalbard jf. Forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar, og lokalstyret, skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Forskrifta pålegg lokalstyret sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsvist godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og vurdere behovet for eventuelle særskilte førebuingar. Sysselmannen på Svalbard fører tilsyn med lokalstyret si oppfølging av pliktene i forskrifta.

Førebyggjande sjøtryggleik

Ein viser til Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, Meld. St. 35 (2015–2016) om førebyggjande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining og Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan.

Analysane som Kystverket har utarbeidd av førebyggjande sjøtryggleik og av miljørisiko og beredskap rundt Svalbard og Jan Mayen, er eit viktig kunnskapsgrunnlag for regjeringa sitt arbeid. Analysane syner at skipstrafikken venteleg vil auke fram mot 2040, og at risikoen for uhell og ulykker med skip òg kan auke dersom ein ikkje set i verk tiltak. I stortingsmeldingane er det difor lagt fram fleire tiltak som kan vere med på å styrke sjøtryggleiken rundt Svalbard. Regjeringa vil mellom anna styrkje den maritime trafikkovervakinga rundt Svalbard gjennom å byggje ut landbaserte AIS-basestasjonar

AIS er eit Automatisk Identifikasjons System og eit hjelpemiddel mot kollisjon som er innført av FNs sjøfartsorganisasjon IMO for å auke tryggleiken for skip og miljø, og betre trafikkovervaking og sjøtrafikktenester.

og vurdere å ta i bruk virtuelle navigasjonshjelpemiddel, jf. Meld. St. 33 (2016–2017).

Innan beredskap mot akutt forureining, vil Kystverket prioritere forsking og utvikling innan handsaming av akutt forureining og utstyr i islagte farvatn. Etaten vil óg gjennomføre tiltak som styrkjar oljevernberedskapen i nordområda.

Helseberedskap

Helse Nord RHF vil etablere vaktordning for anestesilege i tilknyting til Sysselmannens helikopter, kombinert med å plassere meir medisinteknisk utstyr i Longyearbyen. Beredskapen vil venteleg vere etablert ved årsskiftet 2017/2018. Tiltaket er mellom anna ei oppfølging av evalueringa av beredskapen ved skredet i 2015. Sjå pkt. 4.7 for utdjupande tekst.

2.2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål 2: Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

Regjeringa har som mål å ha ein samordna og koordinert svalbardpolitikk. Krav til koordineringa av svalbardsaker har blitt meir omfattande. Fleire departement har i dag ei rolle i utforminga av svalbardpolitikken enn kva tilfelle var nokre tiår tilbake. Forvaltninga og administrasjonen av Svalbard har endra seg og er mellom anna blitt meir desentralisert. Desentralisering av mynde fører til auka behov for koordinering mellom ansvarlege myndigheiter. Auka aktivitet på Svalbard har medført at stadig fleire lover gjeld for øygruppa. Longyearbyen har òg vakse dei siste åra med auke og meir variasjon i privat næringsdrift og meir omfattande aktivitet i felt, spesielt innan turisme og forsking.

Det interdepartementale polarutvalet

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne polarsaker i statsforvaltninga. Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit viktig verkemiddel i så høve. Polarutvalet er eit koordinerande og konsultativt organ for sentraladministrasjonen si behandling av polarsaker. Utvalet arbeider etter «Instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruken)» fastsett ved kgl. res. 18. oktober 2002. Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld framleis fagdepartementa si avgjerdsmynde og vedkommande fagstatsråd sitt konstitusjonelle ansvar for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året.

Sysselmannen

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalestyresmakt, og miljøforvaltning på øygruppa. Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvalting av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av natur- og kulturmiljø på Svalbard.

Sysselmannen er som fylkesmann regional, statleg miljøvernmyndigheit på Svalbard og har ansvaret for handhevinga av miljøregelverket og oppsynet med at regelverket blir følgt. Sysselmannen sine miljøvernoppgåver spenner over eit breitt spekter av oppgåver innanfor områdevern, artsforvaltning, kulturminne, naturinngrep og forureining. I tillegg kjem planarbeid der planansvaret ikkje er delegert til Longyearbyen lokalstyre. Saksførebuing og søknadshandsaming, regelverksarbeid og utarbeiding av forvaltningsplanar er viktige oppgåver for Sysselmannen på miljøvernsida.

Sysselmannen har i kraft av rolla som politimeister same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmannen har ansvaret for redningstenesta og har ansvar innanfor samfunnsberedskapen, jf. pkt. 2.2.1. Hovudoppgåvene for denne delen av verksemda består av rednings- og beredskapsarbeid og politi- og påtalearbeid.

Sysselmannen har jamleg kontakt med lokalsamfunn på Svalbard utanfor Longyearbyen, både med Barentsburg, Ny-Ålesund, den polske forskingsstasjonen i Hornsund, dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya og med fangstasjonar.

Lovgiving

Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lov om rettspleie gjeld for Svalbard, når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er fastsett særskilt.

Meld. St. 32 (2015–2016) gir ein gjennomgang av status for lovgiving på Svalbard. I meldinga slår ein fast at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt fastlandet og at ny lovgiving for fastlandet som hovuddregel skal takast i bruk for Svalbard, med mindre særlege forhold talar mot dette, eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde og bli handheva likt for heile øygruppa, med mindre det er behov for overgangsordningar eller andre former for innfasing. Stortinget har slutta seg til desse føringane.

All lovgiving blir likevel ikkje automatisk gjort gjeldande for Svalbard, jf. Svalbardlova § 2 ovanfor. På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Eksempel på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. Det kan òg vere nødvendig med andre former for innfasing, m.a. for å gi høve til omstilling for enkelte verksemder. I særskilte tilfelle vil det òg kunne vurderast unntaksheimlar for visse typar aktivitet. Administrative forhold kan òg gjere det naudsynt med tilpassingar, for eksempel fordi det ikkje finst motsvarande lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard som på fastlandet. I tillegg kan det vere hensiktsmessig å innføre lov som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld Longyearbyen arealplanområde.

Arktisk råd

I Arktisk råd samarbeider alle dei arktiske landa på regjeringsnivå. Rådet vart etablert i 1996. Medlemmane deler på å ha formannskapet med to år av gongen. USA hadde formannskapet i perioden 2015–2017. Frå 2017 til 2019 har Finland formannskapet. Utanriksdepartementet har ansvar for å koordinere den norske deltakinga i Arktisk råd med dei ansvarlege sektordepartementa.

Eigedom

I oktober 2016 blei Staten samd med eigarane av eigedomen Austre Adventfjord på Svalbard om å kjøpe denne. Austre Adventfjord ligg nordaust for Longyearbyen. Eigedomen er om lag 218 km 2 og utgjer ca. 0,35 pst. av Svalbard sitt samla areal.

Regjeringa foreslo gjennom Prop. 25 S (2016–2017) å løyve 300 mill. kroner til kjøp av eigedomen. Stortinget slutta seg til forslaget. Kjøpet blei formelt gjennomført 7. april 2017. Etter kjøpet av eigedomen eig Staten rundt 99 pst. av Svalbards samla areal.

Utgreiing om framtidig energiforsyning

I samband med handsaminga av Meld. St. 32 (2015–2016) bad Stortinget Regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017).

Regjeringa legg til grunn at den framtidige energiforsyninga må gi ein forsvarleg forsyningstryggleik. Energiløysinga som blir valt for området bør vidare vere berekraftig og kostnadseffektiv.

Olje- og energidepartementet vil setje i gang ei ekstern utgreiing av framtidig energiforsyning for Svalbard. Longyearbyen lokalstyre vil bli involvert i det vidare arbeidet. For ytterlegare omtale av utgreiinga, sjå Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2017.

2.2.3 Justis- og beredskapsdepartementets mål 3: Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

Regjeringa har som eitt av hovudmåla i svalbardpolitikken å halde ved lag norske samfunn på øygruppa. Målet vert oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen og til dels gjennom busettinga i Ny-Ålesund. Regjeringa har som mål at Longyearbyen skal vere eit levedyktig lokalsamfunn som er attraktivt for familiar og eit samfunn som medverkar til å oppfylle og understøtte dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Folketalet i Longyearbyen er relativt stabilt, jf. tabell 1.1. Talet på norske statsborgarar har gått noko ned. Gjennomsnittleg butid i Longyearbyen er om lag sju år. Ved inngangen av 2016 hadde om lag ein fjerdedel av befolkninga budd der i meir enn ti år.

Ei framhalden utvikling innan eksisterande verksemd vil medverke til busetting i Longyearbyen. Samstundes er det ønskeleg å leggje til rette for eit meir variert næringsliv. Talet på sysselsette i Longyearbyen gikk noko ned frå 2015 til 2016. Hovudårsaka til nedgangen er nedgang i tilsette i bergverk.

Longyearbyen lokalstyre som lokal utviklar

Longyearbyen lokalstyre blei oppretta i 2002, jf. Svalbardlova kap. 5. Formålet, jf. § 29, er å leggje forholda til rette for eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Lokalstyret skal sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk, med sikte på ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet.

Lokalstyret får i hovudsak driftsmidla sine via ei rammeløyving frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Longyearbyen lokalstyre har tryggja sin posisjon som lokal myndigheit og forvaltningsorgan. Lokalstyret har blitt ein viktig samarbeidspartner for sentrale myndigheiter. Dialogen lokalstyret har med departementa er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken. Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to gonger i året.

Lokalstyret har ansvar for forvaltninga av nærare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde. Oppgåvene er på fleire felt tilsvarande dei oppgåvene ein kommune på fastlandet er tillagt. Lokalstyret har i tillegg eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen som ikkje er tillagt staten eller andre. Lokalstyret har derimot ingen oppgåver eller utgifter til eldreomsorg sidan Longyearbyen ikkje er eit livsløpssamfunn. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester.

Longyearbyen lokalstyre er planmyndigheit i Longyearbyen arealplanområde. Lokalstyret hadde våren 2016 forslag til arealplan for Longyearbyen på høyring. Eit revidert høyringsutkast blei sendt ut før jul 2016. Revidert arealplan blei vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.

Bustadbygging og skredsikring

Regjeringa har sett i verk tiltak for å betre bustadsituasjonen i Longyearbyen. Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016 å løyve 10 mill. kroner til bustadbygging og arealutvikling i Longyearbyen, jf. Prop. 122 S (2015–2016). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 400 S (2015–2016). Om lag 450 000 kroner er nytta til grunnundersøkingar. Resten av løyvinga er ubrukt pr. 30. august 2017. Longyearbyen lokalstyre tek sikte på å bruke løyvinga til grunnundersøkingar og utbygging av infrastruktur (veg, kloakk og vatn).

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 å løyve 28 mill. kroner til Statsbygg til grunnundersøkingar av aktuelle tomter og prosjektering av bustadar i Gruvedalen og Nedre Skjæringa. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 401 S (2016–2017). Statsbygg har difor fått i oppdrag å planlegge bygging av opp til 100 bustadar i Longyearbyen.

Statsbygg vil i 2018 bygge bustadar til Statsbygg sin eigen pool. Statsbygg tek sikte på at dei første 40–50 bustadane skal vere innflyttingsklare i løpet av 2018. Bueiningane skal bestå av 3-, 4- og 5-roms leilegheiter. Prosjektet skal bidra til å oppretthalde busettinga i Longyearbyen og sikre at innbyggjarane kan bu trygt. Prosjektet har som mål å imøtekome behovet for bustadar så snart som mogleg. Framdrifta vil avhenge av raske og effektive prosessar som går mest mogleg parallelt. Bustadane til Statsbygg sin pool vil bli finansiert gjennom gjeldande rammer for kurantordninga (statleg byggeprosjekt der husleiga blir dekt innafor gjeldande budsjettrammer, jf. rundskriv H-11/14 av 7. november 2014). Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil vere ansvarleg oppdragsgivar.

Kunnskapsdepartementet tar sikte på å gi tilsegn om tilskott til 62,5 hybeleiningar til nye studentbustadar. Sjå omtale i pkt. 4.3.

Longyearbyen lokalstyre fatta 26. juni 2017 følgjande vedtak:

«Longyearbyen lokalstyre inngår oppdragsavtale med Statsbygg om 20 boenheter. Det er søkt om 55 mill. kroner i statstilskudd i 2018 til finansiering av de 20 boenhetene. Dersom Longyearbyen lokalstyre ikkje mottar omsøkt statstilskudd vil hele/deler av beløpet lånefinansieres.»

Regjeringa har gjennom forslag til løyvingar i 2016 og 2017, jf. omtale over, lagt til rette for bygging av bustadar også til lokalstyret.

Regjeringa foreslo òg i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2017 å auke løyvinga på olje- og energidepartementets kap. 1820 Post 22 Flom- og skredførebyggjing med 20 mill. kroner for å framskunde arbeidet med skredsikringstiltak i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 401 S (2016–2017). Tiltaka vil beskytte dei bueiningane som står att rundt spisshusa som blei tekne av skredet i desember 2015. Tiltaka legg til rette for reetablering av busetnad i området som blei ramma av skredet. I 2017 blir det gjennomført detaljprosjektering og sikring mot sørpeskred. Det er utfordringar med permafrost, grunnforhold og fundamentering av sikringstiltak mot snøskred. Nye grunnundersøkingar må sluttførast før støtteførebygningar blir bygde. Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat blir sikringstiltaka difor sluttført i 2018.

Flytting av statlege arbeidsplassar

Regjeringa vurderer om det er mogleg å flytte statlege arbeidsplassar til Longyearbyen for å kunne sikre målet om å halde ved lag norske samfunn på øygruppa.

Regjeringa har bestemt at Forbrukarrådet skal ha ei hospiteringsordning med 3–5 medarbeidarar på Svalbard. Kontoret blei etablert i 2017 og etter planen vil det vere fire medarbeidarar frå Forbrukarrådet i Longyearbyen i 2018.

Regjeringa har pålagt Norsk Helsenett SF å etablere verksemd på Svalbard knytt til deira oppdrag om å etablere eit felles senter for tenester til den sentrale helseforvaltninga. Norsk Helsenett vil etablere inntil fem stillingar i Longyearbyen.

Bergverk

Utanriks- og forsvarskomiteen skreiv i Innst. 88 S (2016–2017), jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard følgjande:

«Komiteen mener det er viktig med en avklaring av selskapets retning og strategi fremover, både når det gjelder gruvedrift, boligutvikling, infrastruktur og eventuelle nye forretningsområder. Komiteen ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en sak om SNSK og der ta stilling til eventuelt endret formål og kategorisering av eierskapet.»

Regjeringa legg opp til at Store Norske Spitsbergen Kullkompanis (SNSK) framtidige hovudverksemd skal vere drift av Gruve 7, at anna verksemd som logistikkverksemd og turistverksemd kan vidareførast dersom det kan gjerast på forretningsmessig grunnlag og er i tråd med svalbardpolitiske omsyn, og at aktiviteten ut over gruvedrifta ikkje blir utvida. Nærings- og fiskeridepartementet vil vurdere nærare framtidig utvikling av bustadverksemda til selskapet. Sjå nærare omtale under pkt. 4.2 og budsjettproposisjonen til Nærings- og fiskeridepartementet.

Turisme

Talet på gjestedøgn har auka, jf. tabell under. Særleg har auken i åra frå 2012 til 2016 vore monaleg. Frå 2015 til 2016 har det vore ein auke i talet på gjestedøgn på 8,5 pst. 36 oversjøiske cruiseskip hadde anløp i Longyearbyen 2016. Skipa hadde i overkant av 41 000 cruisepassasjerar, ein auke på 10 pst. sidan 2015.

Utviklinga har gjort reiseliv til den største næringa på Svalbard. For lokalsamfunnet er utviklinga med auka aktivitet i reiselivsnæringa òg positiv i form av auka omsetning i avleidde verksemder.

Justis- og beredskapsdepartementet reviderte 8. januar 2015 forskrift om turisme og anna reiseverksemd på Svalbard (turistforskrifta). Forskrifta bidreg til god samhandling mellom Sysselmannen og reiselivsnæringa.

Auka turisme medfører nye utfordringar for Sysselmannen og andre myndigheiter på Svalbard.

Sjå omtale av Visit Svalbard i pkt. 4.2.

Tabell 2.2 Gjestedøgn i Longyearbyen pr. år

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Gjestedøgn

82 000

86 000

84 000

107 000

119 000

131 000

142 000

Kjelde:  Visit Svalbard AS , Innhenta frå kommersielle, statistikkpliktige overnattingsbedrifter i Longyearbyen, inkl. camping

Forsking og utdanning

Forsking er ein viktig del av nordområdesatsinga for Svalbard generelt og Longyearbyen spesielt. Forskingsverksemda medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen og er grunnleggjande for aktiviteten i Ny-Ålesund.

Regjeringa vil, jf. Meld. St. 32 S (2015–2016) Svalbard , utvikle ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Forskingsrådet er gitt ansvar for å utarbeide forslag til strategi basert på ein brei prosess. Forskingsrådet får det overordna ansvaret for evaluering av korleis strategien blir følgd opp. For mellom anna å styrkje den norske vertskapsrolla og for å støtte opp om svalbardpolitikken, skal det utarbeidast ein særskild forskingsstrategi for Ny-Ålesund.

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) spelar ei sentral rolle i vidareføringa av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis. UNIS er ein viktig del av nordområdesatsinga for Svalbard generelt og Longyearbyen spesielt. Senteret medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Sjå utdjupande omtale under pkt. 4.3.

Satellittverksemd

Satellittverksemda på Svalbard er ein strategisk viktig del av norsk romverksemd, som medverkar til gode overvakings- og navigasjonstenester i nordområda og som gjer Noreg til ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid om romverksemd. Verksemda medverkar òg positivt til auka sysselsetjing på Svalbard. Sjå nærare omtale under pkt. 4.2.

Hamn

Skipstrafikken rundt Svalbard består hovudsakleg av cruise- og godstrafikk, forskingsrelatert skipsfart og noko trafikk knytt til fiskeriaktivitet. Trafikken har auka dei siste åra. Det er avgrensa kapasitet ved hamneanlegga i Longyearbyen, og relativt stor trafikk skal betenast over ein kort sesong. Hamneinfrastrukturen i Longyearbyen vil, i lys av ein større kommersiell og industriell aktivitet i Polhavet, få auka verdi som base for rednings- og forureiningsberedskap, og som base for tilbod av maritime tenester. I dei siste åra har behovet for større hamnekapasitet i Longyearbyen auka. Utviklinga dei seinare åra syner at skipstrafikken til dei arktiske områda aukar både i tal og omfang, særleg cruisetrafikken.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2015–2016) å løyve 15 mill. kroner til å greie ut forskjellige løysingar for hamneinfrastrukturen i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Samferdsledepartementet gav Kystverket i oppdrag å følgje opp forslaget. Ein rapport frå Kystverket blei overlevert til departementet i desember 2016 og inngår i grunnlaget for det vidare arbeidet med hamneinfrastrukturen i Longyearbyen.

Regjeringa legg gjennom Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 opp til å setje av 300 mill. kroner til utbetring av hamneinfrastrukturen i Longyearbyen hamn med ei stor flytekai med terminalbygg for passasjertrafikk. Utbetring av hamna vil gje auka kapasitet og betre fasilitetar for små og mellomstore skip, særleg i sommarsesongen med stor passasjertrafikk og forskingsverksemd. Utbetringa vil styrkje lokalsamfunnet gjennom å støtte opp under eksisterande næringsliv og leggje til rette for framtidig utvikling. Utbetringa er planlagd i første del av planperioden.

Infrastruktur

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor mon frå 1970-talet. Ein ser i aukande grad eit behov for å oppgradere til det som er vanleg standard elles. Dette gjeld både vegar, bustadar, røyrframføringar og liknande. Middeltemperaturen og nedbørmengda på Svalbard har auka. Varmare klima medfører at meir av nedbøren kjem som regn og ikkje som snø. Auka temperatur i permafrosten fører til eit djupare aktivt lag, meir ustabil grunn under bygningar og i skråningar, auka potensiale for erosjon og stor massetransport i elvene. Dette skaper utfordringar for infrastrukturen.

Longyearbyen lokalstyre har kontinuerleg merksemd på korleis dette vedlikehaldsetter-slepet kan handterast.

Energiforsyning

Longyearbyen lokalstyre er som eigar av Longyearbyen energiverk ansvarleg for leveranse av varme og energi i lokalsamfunnet. Dåverande Klima- og forureiningsdirektoratet påla Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav frå juli 2012. Tidspunktet vart seinare forlenga til utgangen av 2015. I budsjetta for 2012–2014 vart det til saman løyvd 114 mill. kroner over svalbardbudsjettet til å byggje reinseanlegget. Reinseanlegget blei sett i drift tidleg i 2016.

Den pågåande oppgraderinga av kraftverket gir verket ei forlenga levetid på om lag 20 år og vart i 2013 kostnadsberekna til om lag 98 mill. kroner i investeringar og ekstraordinære vedlikehaldskostnader. Regjeringa foreslår etter denne planen at det i 2018 blir løyvd 8,3 mill. kroner som statens del av utgiftene. Rehabiliteringa etter denne vedlikehalds- og finansieringsplanen er planlagd å vere ferdig i 2018. Utviklinga i utslepp frå kolkraftverket er som følgjer:

Tabell 2.3 Utslipp frå kolkraftverket i Longyearbyen

2012

2013

2014

2015

2016

CO 2 (t/år)

50 014

54 657

63 698

64 220

69 768

SO 2 (t/år)

405

336

536

511

0,24

NO x (t/år)

155

169

165

117

73

Støv (t/år)

85

92

116

112

7

Utslepp av SO 2 og støv frå kraftverket er etter oppgraderinga nesten borte. Kolkraftverket har fortsatt høge utslepp av CO 2 i forhold til den mengda energi kraftverket produserer.

Lokalstyret har utarbeidd ein ny og oppdatert vedlikehaldsplan som går fram til 2038. Planen viser framleis høge vedlikehaldskostnader med spesielt store kostnader til vedlikehald nokre år.

Longyearbyen lokalstyre disponerer eit reservekraftverk. Etter skredkartlegginga som blei gjennomført hausten 2016, ligg delar av reservekraftverket innanfor 100-års faresone for skred. Dagens reservekraftstasjon klarer ikkje å dekke lokalsamfunnets behov for elektrisitet dersom det ordinære kraftverket ikkje er i drift. Lokalstyret har fått utarbeidd ei ny tilstandsvurdering av reservekraftverket. Anlegget er i ein slik tilstand at utbetringar er påkravd. Samstundes kan vidare vedlikehald verte dyrare enn å byggje nytt reservekraftverk.

Longyearbyen lokalstyre har kontinuerleg merksemd på vedlikehaldsarbeidet i samband med energiforsyninga.

Svalbard kyrkje

Den norske kyrkja vart frå 1. januar 2017 eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av. Løyvinga til Svalbard kyrkje er no eit øyremerkt tilskot som vert overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet. Kyrkja si særlege stilling på Svalbard, mellom anna kyrkja si rolle i den offentlege beredskapen i øysamfunna, er bakgrunnen for at løyvinga vert vidareført som ei særskild løyving over svalbardbudsjettet og ikkje inngår i rammetilskottet frå Kulturdepartementet til Den norske kyrkja. Svalbard kyrkje er eigd av staten. Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygget.