Finansdepartementet (FIN)

Prop. 1 S

(2018–2019)

Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet skal utføre i 2019, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken.

2.1 Oppfølging av NOU 2017: 13 Ny sentralbanklov – organisering av Noregs Bank og Statens pensjonsfond utland

Regjeringa sette 10. april 2015 ned eit offentleg utval som skulle fremje forslag til ny sentralbanklov. Utvalet vart også bede om å vurdere organiseringa av Noregs Bank og forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU). Utvalet, som vart leia av Svein Gjedrem, leverte si utgreiing (NOU 2017: 13) til Finansdepartementet 23. juni 2017. Utgreiinga har vore på høyring. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding for Stortinget i oktober 2018.

2.2 Statens pensjonsfond

Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er i hovudsak prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.

Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 8 588 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2018. Av dette var 8 337 mrd. kroner i SPU og 251 mrd. kroner i SPN. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.

Målet med investeringane i Statens pensjonsfond er høgast mogleg avkasting innafor akseptabel risiko. Fondet skal vere ein ansvarleg investor innafor den overordna finansielle målsettinga.

Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet og følgjer opp forvaltinga.

Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 13 (2017–2018) Statens pensjonsfond 2018 og i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019 .

2.3 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet

På finansmarknadsområdet har det gjennom mange år vore arbeidd mykje med å utvikle og tilpasse rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverke til at finansmarknadene og finansinstitusjonane er effektive. Samtidig skal det fremje tryggleik, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at den samla reguleringa skjer på ein konsistent måte for dei ulike typar finansinstitusjonar, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slags finansinstitusjon som tek risikoen. Kundane sine interesser skal òg takast vare på når ein fastset reglar. Regelverksarbeidet speglar i stor mon arbeidet med nye reglar i EU/EØS, i tillegg til enkelte nasjonalt initierte prosessar. Rapportering av gjennomførte regelverksoppgåver og gjennomgang av prioriterte regelverksoppgåver er omtalt i del II av proposisjonen under kap. 1600 Finansdepartementet.

Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra for finanssektoren. Ein omtale av dette området og av stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg informasjon om utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og omtale av finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 14 (2017–2018) Finansmarkedsmeldingen 2018 vart framlagd i april 2018 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 371 S (2017–2018). Arbeidet i internasjonale fora som G 20, Baselkomiteen og EU for å styrkje reguleringa i finansmarknadene etter den internasjonale finanskrisa i 2008–2009, er langt på veg sluttført. Noreg, Island og Liechtenstein samarbeider med EU om å utvikle EØS-avtalen ved å ta inn ei stor mengd nye rettsaktar på finansmarknadsområdet, og som skal gjennomførast i nasjonal rett. Sentrale soliditetskrav og krav til krisebehandling i tråd med internasjonale anbefalingar og vedtekne EU-reglar, er allereie gjennomførte eller foreslått gjennomført. I del II i denne proposisjonen er det under kap. 1600 Finansdepartementet, Rapport, gjeve ei meir detaljert framstilling av arbeidet med EØS-relevante forordningar og direktiv, og om anna regelverksarbeid.

2.4 Statistikklovutvalet

Dagens statistikklov er frå 1989. Rammeverket for statistikkproduksjon har sidan endra seg mykje. Finansdepartementet sette difor i 2016 ned eit offentleg utval for å vurdere statistikklova. Utvalet la i mars 2018 fram si utgreiing. Tilrådingane frå det er kort referert under kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, avsnittet Viktige utfordringar. Departementet tek sikte på å fremje ein proposisjon med forslag til ny statistikklov i 2019.

2.5 Skatte- og avgiftsområdet

Regelverk på skatte- og avgiftsområdet vert stadig endra. I del II er det under kap. 1600 Finansdepartementet rapportert om fleire regelrevisjonar og nytt regelverk som det òg vil verte arbeidd med etter 2018, og om aktivitetar i 2019 og seinare. Dette gjeld mellom anna

  • arbeid med å lage eit bilavgiftssystem som er berekraftig etter 2025

  • eit utval som skal vurdere skattlegginga av havbruksnæringa

  • eit utval som gjer ei heilskapleg vurdering av skattlegginga av kraftverk.

  • reglar for kjeldeskatt på renter og royalty

Ein meir detaljert gjennomgang av pågåande oppgåver er å finne under kap. 1600.

2.6 Fornye, forenkle og forbetre

Skatte- og avgiftsområdet

Skatteetaten har dei seinare åra gjennomført fleire store omstillingsprosessar der målet er ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvalting. Statens innkrevjingssentral vart innlemma i Skatteetaten i 2015. Ansvaret for særavgifter og meirverdiavgift ved innførsel vart overført frå Tolletaten til Skatteetaten i 2016 og 2017. I 2018 vart Nav Innkrevjing overført frå Arbeids- og velferdsetaten til Skatteetaten.

Skatteetaten er òg i ferd med å innføre ein ny kontorstruktur med færre kontor og større fagmiljø og ein ny organisasjonsmodell basert på landsdekkjande oppgåveløysing. Den nye organiseringa legg til rette for at Skatteetaten kan løyse sine oppgåver på ein betre og meir effektiv måte.

Skatteetatens pågåande arbeid med modernisering av Folkeregisteret, eit nytt IT-system for særavgiftsforvaltinga (SAFIR) og ei ny, dialogbasert skattemelding (SIRIUS) vil gje både meir effektiv ressursbruk i etaten og store gevinstar for samfunnet. Regjeringa gjer framlegg om å starte arbeidet med eit nytt IT-system for meirverdiavgift i 2019. Dette systemet vil mellom anna leggje til rette for auka etterleving av regelverket, sikring av meirverdiavgiftsprovenyet og meir effektive løysingar og arbeidsprosessar for Skatteetaten og næringslivet.

Forenklingar er naudsynt av omsyn til både dei skattepliktige og Skatteetaten. Som ei oppfølging av omtala i Prop. 1 LS (2017–2018) har Finansdepartementet saman med Skatteetaten starta eit forenklingsprosjekt. Forenklingsprosjektet utgreier tiltak som kan minske dei administrative byrdene for både dei skattepliktige og Skatteetaten. Prosjektet starta opp i desember 2017 og vil halde fram til 30. november 2019.

Fleire av tiltaka er òg omtalte under kap. 1618 Skatteetaten.

Tolletaten

Regjeringa gjer framlegg om å starte arbeidet med digitalisering av Tolletatens kontrollprosessar og ein ny prosedyre for deklarering og automatisk fortolling av varer på grensa (ekspressfortolling). Føremålet er mellom anna å effektivisere oppgåveløysinga for både næringslivet og Tolletaten. Ekspressfortollingsprosedyren vil gje ei føreseieleg og smidig grensepassering for næringslivet. For aktørar som fortollar på grensa, betyr dette at ein, i normalsituasjonen, slepp å stanse for å få behandla papira sine i ekspedisjonen. Det vert starta eit forsøksprosjekt med ekspressfortolling på Ørje tollstad allereie i 2018.

Tolleetaten arbeider òg med ei vurdering av organiseringa av etaten og skal i 2018 leggje fram for Finansdepartementet eit forslag til ny organisering.

Tiltaka er òg omtalte under kap. 1610 Tolletaten .

Interne fellestenester i staten

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) legg til rette for effektiv ressursbruk i staten gjennom å levere standardiserte og effektive tenester til verksemdene. Gjentekne, regelbaserte oppgåver med store volum gjer verksemda godt eigna for digitalisering og automatisering. DFØ har teke i bruk robotisert prosessautomatisering på utvalde løns- og rekneskapsprosessar. DFØ har også utvikla ein praterobot på lønsområdet som nyttar kunstig intelligens.

Direktoratet bidrar òg til at staten får lågare investerings- og driftskostnader ved å kjøpe løysingar som mange kundar kan nytte. Fleire store og komplekse verksemder skal verte kundar av DFØ. Dette gjeld m.a. Politiet. De fire store universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø vil ta i bruk DFØs løns- og rekneskapstenester frå 2021.

Finansområdet

Finanstilsynet vil fortsetje arbeidet med å effektivisere verksemda si. Redusert sakshandsamingstid gjennom systematisk forbetring av interne arbeidsprosessar, samstundes som eksterne og interne kvalitetskrav skal møtast, er sentralt. Utnytting av IT skal bidra til eit effektivt tilsyn gjennom å utvikle effektive rapporterings- og analyseløysingar og etablere moderne informasjons- og samhandlingskanalar internt og mot tilsynseiningar og publikum.

Finanstilsynet har gjennomført ei rekkje tiltak som har auka kvaliteten på data og effektivisert og forenkla verksemda. Utan desse tiltaka villa auka tilsynskrav og -volum dei seinaste åra ha vore vanskeleg å handsame. Tiltak som har hatt, og vil ha god effekt, er til dømes bruk av Altinn ved innrapporteringar og konsesjonssøknader.

Modernisering av statistikkproduksjonen

For å møte auka krav frå brukarane, samstundes som det vert sett krav til å effektivisere verksemda, må SSB modernisere statistikkproduksjonen. I 2018 byrja arbeidet i dei fyrste, avgrensa prosjekta for å etablere ei moderne IT-plattform, gje ny datalagring og fellesløysingar for datafangst og førebu prosessforbetringar i dei statistikkproduserande avdelingane. Ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet har vist at det er naudsynt med meir utgreiing før eit samla program vert sett i verk. Arbeidet med å førebu prosjektet og prosjektmandatet vil difor halde fram. For 2019 er det øyremerkt 20 mill. kroner til dette arbeidet.