Finansdepartementet (FIN)

Prop. 1 S

(2018–2019)

Nedanfor er det gjeve ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2017–2018 og alle vedtak frå tidlegere sesjonar der rapporteringa ikkje vart avslutta i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018) eller Meld. St. 7 (2017–2018) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017 . I nokre tilfelle er det annanstad i budsjettframlegget gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga. I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst.

I kolonnen lengst til høgre i tabellen nedanfor er oppgitt om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no vert avslutta eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt fyrst verte avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa vert avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle vert Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar eller andre dokument til Stortinget.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering vert avslutta (Ja/nei)

2017–2018

3

Stortingsmelding om ulikskap og sosial berekraft

Nei

2017–2018

37

Meirverdiavgift – fritak for digital journalistikk

Nei

2017–2018

38

Avskrivningsreglar for profesjonell utleige av bustad

Ja

2017–2018

56

Betydning av familien og hushaldsstrukturen for norsk økonomi

Nei

2017–2018

64

Om å leggje om flypassasjeravgifta

Ja

2017–2018

596

Tilsyn med OTP-ordningar

Nei

2017–2018

660

Klimaverkemiddel i oppdrettsnæringa

Nei

2017–2018

693

Spillselskap – Statens pensjonsfond utland

Nei

2017–2018

711

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Nei

2017–2018

712

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Nei

2017–2018

713

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Nei

2017–2018

727

Om tiltak for å styrkje forbrukarane sine rettar i handel med bustad

Nei

2017–2018

826

NOU om ulike former for beskatning av havbruksnæringa

Ja

2017–2018 858 Likestille praksis frå kommunal og privat revisjon Nei

2017–2018

867

Finansskatt

Ja

2017–2018

868

Finansskatt

Nei

2017–2018

869

Fjerning av avgiftsfritak for sending av varer med låg verdi

Nei

2017–2018

871

Kolkriteriet – Statens pensjonsfond utland

Nei

2017–2018

874

Etablering av regulatorisk sandkasse

Nei

2017–2018

877

Utgreiing av ulike modellar for rentetak

Nei

2017–2018

1004

Leggje om avgiften på alkoholfrie drikkevarer

Nei

2017–2018

1006

Kursreguleringsfond

Nei

2016–2017

48

Land-for-land-rapportering

Nei

2016–2017

557

Vurdering av om det er føremålstjenleg med rentetak

Ja

2016–2017

787

Utgreie muligheten for å innføre rentetak

Ja

2016–2017

1040

Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen

Nei

2016–2017

1104

Differensiert avgift på biodrivstoff

Nei

2016–2017

1116

Frådrag for tilskot til vitskapeleg forskning og yrkesopplæring

Ja

2015–2016

761

Kost/nytte-investeringsstrategiar i Statens pensjonsfond utland

Ja

2015–2016

1002

Vegbruksavgift – fritak for naturgass som erstatning for biogass

Nei

2014–2015

513

Innhenting av opplysningar i skattesaker

Ja

2014–2015

514

Utlevering av opplysningar frå Skatteetaten til andre offentlege styresmakter

Ja

2014–2015

602

Register over reelle rettshavarar

Nei

3.1 Oppmodings- og utredningsvedtak frå 2017–2018

Stortingsmelding om ulikskap og sosial berekraft

Vedtak nr. 3 (2017–2018), 11. oktober 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme en stortingsmelding om tiltak mot den økende ulikheten i makt og rikdom i Norge.»

Vedtaket vart gjort i samband med trontaledebatten i 2017, jf. forslag nr. 3 frå representanten Audun Lysbakken.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om ulikskap og sosial berekraft rundt årsskiftet 2018/2019.

Meirverdiavgift – fritak for digital journalistikk

Vedtak nr. 37 (2017–2018), 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede utvidelse av merverdiavgiftsfritaket for medier til å gjelde all digital journalistikk, herunder betydningen for uavhengige journalister, og legge dette frem i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2018.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2017–2018), Prop. 1 S (2017–2018) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2017–2018 jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018

Regjeringa varsla i Prop. 86 LS (2017–2018) at den tok sikte på å innføre eit fritak for elektroniske tidsskrift slik at trykte tidsskrift som er fritekne for meirverdiavgift også kan givast ut elektronisk med meirverdiavgiftsfritak. Fordi eit fritak for meirverdiavgift inneber støtte frå staten og difor må få ESA si godkjenning før det kan verte sett i verk, tek regjeringa sikte på at eit slikt fritak vert innført frå 1. juli 2019. Regjeringa kjem difor tilbake med denne saka ved budsjettrevisjonen våren 2019.

Avskrivningsreglar for profesjonell utleige av bustad

Vedtak nr. 38 (2017–2018), 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2019 om å vurdere å utvide avskrivningsreglene for næringsutleie til også å omfatte profesjonell boligutleie.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018.

Departementet har vurdert om bustadbygg bør kunne avskrivast for skatteføremål. Etter ei samla vurdering frarår departementet eit slikt forslag. Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 33.

Betydning av familien og hushaldsstrukturen for norsk økonomi

Vedtak nr. 56 (2017–2018), 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen om at betydningen av familien og husholdningsstrukturen for norsk økonomi, herunder utviklingen i fødselstallene, omtales i nasjonalbudsjettet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2017–2018), Prop. 1 S (2017–2018) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018.

Oppmodingsvedtaket er omtalt i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019 , kap. 2.

Departementet omtalar mellom anna utviklinga i hushaldsstruktur- og storleik opp mot utviklingstrekk i bustadmarknaden i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019 , kap. 2. Ein omtale av fødselstall opp mot folketilvekst er gjeve i kap. 3 i same melding.

Om å leggje om flypassasjeravgifta

Vedtak nr. 64 (2017–2018), 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere en omlegging av dagens flypassasjeravgift, slik at den får en miljøprofil, for eksempel differensiering etter flyreisens lengde.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2017–2018), Prop. 1 S (2017–2018) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018.

I Prop. 1 LS (2018–2019) foreslår regjeringa å leggje om flypassasjeravgifta slik at den får to satsar i hovudsak differensiert etter avstand frå Oslo. Regjeringa legg opp til ei provenynøytral omlegging og ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom forslaget.

Tilsyn med OTP-ordningar

Vedtak nr. 596 (2017–2018), 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere å etablere en tilsynsordning med tilhørende sanksjoner, som skal sikre at bedriftene følger opp den lovbestemte plikten til å opprette og beholde obligatorisk tjenestepensjon for sine ansatte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:101 S (2017–2018), Innst. 197 S (2017–2018), jf. forslag nr. 5 frå representanten Tore Storehaug.

Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Arbeids- og sosialdepartementet. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.

Klimaverkemiddel i oppdrettsnæringa

Vedtak nr. 660 (2017–2018), 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler for at oppdrettsnæringen kan kutte sine klimagassutslipp, og komme tilbake til Stortinget med dette.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er under behandling i Finansdepartementet. Regjeringa vi kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Spillselskap – Statens pensjonsfond utland

Vedtak nr. 693 (2017–2018), 7. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede grunnlaget for å trekke Statens pensjonsfond utland (SPU) ut av pengespillselskaper med sikte på en vurdering i forbindelse med den årlige forvaltningsmeldingen om fondet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:110 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anette Trettebergstuen og Geir Jørgen Bekkevold om en mer ansvarlig spillpolitikk , jf. Innst. 242 S (2017–2018).

Departementet vil kome tilbake til oppfølginga av vedtaket i meldinga Statens pensjonsfond 2019 våren 2019.

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Vedtak nr. 711 (2017–2018), 14. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen betydelig forsterke arbeidet med skattlegging av multinasjonale selskaper med liten fysisk tilstedeværelse blant annet gjennom aktivt arbeid i OECD samt støtte til arbeidet i G20, og vurdere mulige midlertidige modeller for skattlegging av selskaper med digital inntjeningsplattform, i tråd med intensjonen i Representantforslag 69 S (2017–2018).»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:69 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentant Une Bastholm om å utrede en norsk skatt for selskaper med digitale inntektsmodeller – en «Google-skatt», jf. Innst. 242 S (2017–2018).

Vedtaket er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 5.6. Regjeringa vil kome tilbake til saka seinast hausten 2019. Sjå også oppmodingsvedtaka nr. 712 og 713.

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Vedtak nr. 712 (2017–2018), 14. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte, og senest innen høsten 2019, med en vurdering av hvordan Norge skal følge opp arbeidet som er gjort i OECD.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av dokument 8:69 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentant Une Bastholm om å utrede en norsk skatt for selskaper med digitale inntektsmodeller – en «Google-skatt», jf. Innst. 242 S (2017–2018).

Vedtaket er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 5.6. Regjeringa vil kome tilbake til saka seinast hausten 2019. Sjå også oppmodingsvedtaka nr. 711 og 713.

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Vedtak nr. 713 (2017–2018), 14. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilke konsekvenser innføring av en omsetningsavgift tilsvarende den som er foreslått av EU-kommisjonen, vil ha for skattlegging av multinasjonale selskaper, norsk næringsliv og norsk eksportnæring.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av dokument 8:69 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentant Une Bastholm om å utrede en norsk skatt for selskaper med digitale inntektsmodeller – en «Google-skatt».

Vedtaket er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 5.6. Regjeringa vil kome tilbake til saka seinast hausten 2019. Sjå også oppmodingsvedtaka nr. 711 og 712.

Om tiltak for å styrkje forbrukarane sine rettar i handel med bustad

Vedtak nr. 727 (2017–2018), 15. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen legge innstilling 477 S (2016–2017) til grunn for oppfølging av stortingsvedtakene 1035, 1036, 1037, 1038, 1039 og 1040, om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bustad.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 7 (2017–2018) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017 , jf. Innst. 275 S (2017–2018),

Finansdepartementet tek sikte på å setje ned eit lovutval for å revidere eiendomsmeglingslova i inneverande stortingssesjon. Utvalet vil også kunne vurdere reglane om bodgjevning som ledd i ein revisjon av lova. Finansdepartementet vil leggje Innst. 477 S (2016–2017) til grunn for å følgje opp stortingsvedtaket nr. 1040 (2016–2017) om å sikre behovet hos bustadkjøparar for meir tid i bustadhandelen.

NOU om ulike former for beskatning av havbruksnæringa

Vedtak nr. 826 (2017–2018), 4. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen om å nedsette et partssammensatt utvalg som skal utarbeide en NOU som behandler ulike former for beskatning av havbruksnæringen, herunder produksjonsavgift og grunnrentebeskatning/ressursrenteavgift. Ett av målene med utredningen er at vertskommuner skal sikres stabile og forutsigbare årlige inntekter for bruk av areal og for å tilrettelegge for nytt areal for oppdrettsnæringen også når det ikke er vekst. Utredningen må også vurdere den internasjonale konkurransesituasjonen for havbruksnæringen, forutsetninger for lønnsomhet, risikoen ved biologisk produksjon i sjø, samt hvordan skatte- og avgiftssystemet påvirker sysselsettingen og industrialisering i Norge og forholdet mellom norsk og utenlandsk eierskap. Beskatningen må innrettes slik at næringen har et godt grunnlag for kunnskapsutvikling, innovasjon, investeringer og bærekraftig vekst.
Saken må sluttføres i Stortinget våren 2020, med sikte på mulig ikrafttredelse medio 2020. Havbruksfondets innretning og fordeling sees i sammenheng med annen beskatning.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:192 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Torgeir Knag Fylkesnes, Mona Fagerås, Arne Nævra, Eirik Faret Sakariassen og Lars Haltbrekken om innføring av et produksjonsvederlag for oppdrett av laks, ørret og regnbueørret innenfor territoriallinjen , jf. Innst. 338 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom nedsetting 7. september 2018 av eit partssamansett utval. Regjeringa vil deretter kome tilbake til Stortinget med eventuelle forslag om endringar i skattlegginga av havbruksnæringa.

Finansskatt

Vedtak nr. 867 (2017–2018), 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringa vurdere om utvida grunnlag for meirverdiavgift på finansielle tenester og avgift på margininntekter er ein modell som det framleis bør jobbast med å innføre eller ikkje. Vidare ber Stortinget regjeringa om å gi ei vurdering av forslaget om forhøgd selskapsskatt som vert betalt inn i terminar. Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget med omtale av dette på eigna måte, seinast i statsbudsjettet for 2019.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:190 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Heggø, Sigbjørn Gjelsvik, Kari Elisabeth Kaski og Kjell Ingolf Ropstad om provenynøytral omlegging av finansskatten der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna , jf. Innst. 365 (2017–2018).

Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2018–2019), Skatter, avgifter og toll 2019, kap. 32. Her orienterer departementet om at det ser det som lite føremålstenleg å utgreie vidare ein avgift på margininntekter. Departementet frarår vidare å leggje om finansskatten til ein rein overskotsskatt, betalt i terminar. Departementet foreslår å utgreie ein ny modell for å skatte meirverdien i finansiell tenesteyting og å utgreie konsekvensane av å utvide meirverdiavgiftsgrunnlaget til å omfatte skadeforsikring.

Revisjon

Vedtak nr. 858 (2017-2018), 7. juni 201

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i revisjonsloven gjennom å likestille praksis fra kommunal og privat revisjon når det gjelder godkjenning som statsautorisert og registrert revisor.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 46 L (2017–2018) Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven), jf. Innst. 369 L (2017–2018).

Finansdepartementet vil behandle oppmodingsvedtaket i samband med oppfølginga av NOU 2017: 15 Revisorloven – forslag til ny lov om revisjon og revisorer.

Finansskatt

Vedtak nr. 868 (2017–2018), 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget på eigna måte, seinast i samband med statsbudsjettet for 2020, med framlegg om ei provenynøytral omlegging av finansskatten og der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:190 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Heggø, Sigbjørn Gjelsvik, Kari Elisabeth Kaski og Kjell Ingolf Ropstad om provenynøytral omlegging av finansskatten der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna , jf. Innst. 365 (2017–2018).

Departementet gjev Stortinget ei førebels orientering om oppfølginga av vedtaket i Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019 , sjå kap. 32 Sjå også oppmodingsvedtak nr. 867.

Fjerning av avgiftsfritak for sending av varer med låg verdi

Vedtak nr. 869 (2017–2018), 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede fjerning av avgiftsfritaket for varesendinger fra utlandet med verdi under 350 kroner og komme tilbake til Stortinget senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2019.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:213 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad, Knut Arild Hareide og Olaug V. Bollestad om å utrede fjerning av 350-kronersgrensen for varesendinger fra utlandet , jf. Innst. 364 S (2017–2018).

På bakgrunn av ei utgreiing av dette legg regjeringa ikkje opp til å gjere endringar i grensa på 350 kroner (inkl. kostnader til forsikring og frakt til Noreg). I Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 35, omtalar regjeringa grensa for avgiftsfrie varesendingar frå utlandet og den utgreiinga som er gjort.

Kolkriteriet – Statens pensjonsfond utland

Vedtak nr. 871 (2017–2018), 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en vurdering i neste års stortingsmelding om Statens pensjonsfond av om dagens kriterier for uttrekk av kullselskaper fra SPU er tilstrekkelige med tanke på å ekskludere selskaper med en betydelig kullrelatert virksomhet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 13 (2017–2018) Statens pensjonsfond 2018 , jf. Innst. 370 S (2017–2018).

Departementet vil kome tilbake til oppfølginga av vedtaket i meldinga Statens pensjonsfond 2019 våren 2019.

Etablering av regulatorisk sandkasse

Vedtak nr. 874 (2017–2018), 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen etablere en regulatorisk sandkasse for fintech i Norge innen utgangen av 2019. En regulatorisk sandkasse bør underlegges Finanstilsynet, men etableres i samarbeid med finansnæringen og om hensiktsmessig også inkludere øvrige relevante tilsynsorgan som for eksempel Datatilsynet, Konkurransetilsynet og Forbrukerombudet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 14 (2017–2018) Finansmarkedsmeldingen 2019 , jf. Innst. 371 S (2017–2018).

Departementet vil følgje opp saka i tråd med vedtaket og vil etablere ei såkalla regulatorisk sandkasse for fintech, og som Finanstilsynet skal drive, innan utgangen av 2019. Finansdepartementet vil orientere Stortinget om arbeidet med å etablere ei regulatorisk sandkasse i Finansmarkedsmeldingen 2019 .

Utgreiing av ulike modellar for rentetak

Vedtak nr. 877 (2017–2018), 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike modeller for et rentetak i Norge og komme tilbake med dette i Finansmarkedsmeldingen 2019.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 14 (2017–2018) Finansmarkedsmeldingen 2018 , jf. forslag nr. 9 frå representanten Åsunn Lyngdal.

Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i Finansmarkedsmeldingen 2019 .

Leggje om avgiften på alkoholfrie drikkevarer

Vedtak nr. 1004 (2017–2018), 15. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede en reduksjon av særavgiften på alkoholfrie drikkevarer slik at avgiften differensieres ut fra sukkerinnhold, med utgangspunkt i modellene fra Storbritannia, Irland og Finland.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2017–2018) Revidert nasjonalbudsjett 2018 , jf. Innst. 400 S (2017–2018).

Vedtaket vert følgt opp i Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019 , kap. 13.15.

Kursreguleringsfond

Vedtak nr. 1006 (2017–2018), 15. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede nødvendige endringer i reglene om at en andel av kursreguleringsfondet kan holdes tilbake ved flytting av kommunale pensjonsordninger, slik at kommunene kan velge den pensjonsløsning de ønsker.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2017–2018) Revidert nasjonalbudsjett 2018 , jf. Innst. 400 S (2017–2018).

Departementet vil utgreie saka i samarbeid med Finanstilsynet og sende eit forslag til regelverksendring på høyring.

3.2 Oppmodings- og utredningsvedtak frå 2016–2017

Land-for-land-rapportering

Vedtak nr. 48 (2016–2017), 15. november 2016

«Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som etter forslagene i land-for-land-rapportering til skattemyndighetene, også blir pliktige til å rapportere etter regnskaps- og verdipapirloven, og at selskapene skal rapportere betalt inntektsskatt og påløpt inntektsskatt, antall ansatte, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter fra transaksjoner med nærstående/ikke nærstående foretak og bokført egenkapital.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene) , jf. Innst. 42 L (2016–2017).

Finansdepartementet tek sikte på å utarbeide forslag til lovendringar som vil verte sendt på høyring våren 2019.

Vurdering av om det er føremålstjenleg med rentetak

Vedtak nr. 557 (2016–2017), 4. april 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere hensiktsmessigheten av rentetak og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:121 S (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Karin Andersen og Audun Lysbakken om å lukke gjeldsfeller , jf. Innst. 231 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp i Finansmarkedsmeldingen 2018 , jf. også vedtak nr. 787 (2016–2017). Departementet konkluderte med at eit rentetak kan vere eit aktuelt verkemiddel, men at det fyrst bør vurderast når ein har fått meir røynsle med allereie gjennomførte og planlagde tiltak. Finanskomiteens fleirtal slutta seg til vurderinga, jf. Innst. 371 S (2017–2018), pkt. 4.2. Samstundes fatta Stortinget nytt vedtak om å be regjeringa greie ut ulike modellar for rentetak, jf. vedtak nr. 877 (2017–2018).

Utgreie muligheten for å innføre rentetak

Vedtak nr. 787 (2016–2017), 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å innføre et rentetak og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 87 L (2016–2017) Lov om gjeldsinformasjon ved kredittvurdering av privatpersoner (gjeldsinformasjonsloven) , jf. Innst. 356 L (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp i Finansmarkedsmeldingen 2018 , jf. også vedtak nr. 557 (2016–2017). Departementet konkluderte med at eit rentetak kan vere eit aktuelt verkemiddel, men at det fyrst bør vurderast når ein har fått meir røynsle med allereie gjennomførte og planlagde tiltak. Finanskomiteens fleirtal slutta seg til vurderinga, jf. Innst. 371 S (2017–2018), pkt. 4.2. Samstundes fatta Stortinget nytt vedtak om å be regjeringa greie ut ulike modellar for rentetak, jf. vedtak nr. 877 (2017–2018).

Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen

Vedtak nr. 1040 (2016–2017), 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre boligkjøpernes behov for mer tid i bolighandelen gjennom forskriftene til eiendomsmeglingsloven eller ved å fremme forslag for Stortinget om endringer i avhendingsloven.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:123 S (2016–2017) om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig , jf. Innst. 477 S (2016–2017).

Finansdepartementet tek sikte på i inneverande stortingssesjon. å setje ned eit lovutval for å revidere eiendomsmeglingsloven. Lovutvalet vil også kunne vurdere reglar om korleis ein skal gje bod.

Differensiert avgift på biodrivstoff

Vedtak nr. 1104 (2016–2017), 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for differensiert avgift på biodrivstoff utenfor omsetningskravet med sikte på å fremme bærekraftig bio-drivstoff. EØS-rettslige konsekvenser må vurderes nærmere.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017, jf, Innst. 401 S (2016–2017).

Oppfølginga av vedtaket er omtalt på side 54 i Prop. 1 S (2017–2018) for Finansdepartementet. Finanskomiteen tok omtalen til orientering, jf. Innst. 5 S (2017–2018), pkt. 2.2.

Regjeringa varslar i Prop. 1 LS (2018–2019) at regjeringa vil kome tilbake til saka i statsbudsjettet for 2020.

Frådrag for tilskot til vitskapeleg forskning og yrkesopplæring

Vedtak nr. 1116 (2016–2017), 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå ordningen med skattefradrag for vitenskapelig forskning og kome tilbake til Stortinget med forslag til eventuelle endringer. Evalueringen skal vurdere en endring av dagens praktisering av regelverket, en fjerning av kravet til statlig styrerepresentant, en ny ordning tilpasset EØS-regelverk eller om kravet til statlig styrerepresentant kan oppfylles enklere.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017 , jf, Innst. 401 S (2016–2017).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom ein omtale i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 31. Skattedirektoratet har gjennomført ei rettsleg vurdering av praktiseringa av kravet om statleg medverknad. Etter ein gjennomgang har direktoratet kome til at kravet om statleg medverknad kan sjåast som oppfylt der staten medverkar på annan måte enn gjennom ein statleg styrerepresentant, dersom medverknaden gjer det mogeleg å ha tilstrekkeleg kontroll med bruken av tilskota.

3.3 Oppmodings- og utredningsvedtak frå 2015–2016

Kost/nytte-investeringsstrategiar i Statens pensjonsfond utland

Vedtak nr. 761 (2015–2016), 3. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen om at neste års gjennomgang også vurderer resultatene fra, og kost/nytte-verdiene av de ulike investeringsstrategiene, både på kort og lang sikt, og fremme eventuelle endringer i lys av disse vurderingene i forbindelse med fondsmeldingen for 2017.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015 , jf. Innst. 326 S (2015–2016).

Vedtaket vart følgt opp gjennom omtale i Meld. St. 13 (2017–2018) Statens pensjonsfond 2018 , avsnitt 2.4. Finanskomiteen hadde ikkje merknadar til dette i Innst. 370 S (2017–2018).

Vegbruksavgift – fritak for naturgass som erstatning for biogass

Vedtak nr. 1002 (2015–2016), 17. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen påse at midlertidig ordning for 2016 med kr 0,00 i sats for veibruksavgift for naturgass (LNG) opphører i 2017 ved snarest mulig å utarbeide grunnlag for notifisering og iverksette prosessen med ESA, slik at det 1. januar 2017 kan innføres 100 pst. veibruksavgift på LNG i kombinasjon med en overgangsordning med unntak for veibruksavgift på naturgass brukt som supplement som settes til 50 pst. som et første skritt, men nedtrapping mot 0 pst i 2025.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2016, sjå Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 , jf. Innst. 400 S (2015–2016).

Saka vart omtalt i Prop. 1 LS (2017–2018), Skatter, avgifter og toll 2018 , pkt. 9.5, der det går fram at departementet arbeider med saka og at tiltaket vil verte gjennomført når ESA har godkjent ordninga. Finanskomiteen tok dette til orientering, sjå Innst. 3 S (2017–2018) pkt. 9.5. Vedtaket vart også omtalt i Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, der det vart vist til at notifikasjonsprosessen framleis er i gang. Finanskomiteen tok omtalen til orientering, sjå Innst. 400 S (2017–2018), pkt. 4.1.1. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med saka.

3.4 Oppmodings- og utredningsvedtak frå 2014–2015

Innhenting av opplysningar i skattesaker

Vedtak nr. 513 (2014–2015), 28. april 2015

«Stortinget ber regjeringen utrede om Skatteetaten kan få bedre muligheter til å innhente relevant informasjon og sikre bevis, blant annet gjennom beslag.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:7 S (2014–2015) Representantforslag frå stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal og Kjell Ingolf Ropstad om tiltak for å styrke kampen mot svart arbeid , jf. Innst. 218 S (2014–2015).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 16, om at Skatteetaten skal få høve til å gjere bevissikring i skattesaker. I Prop. 1 LS er det også gjeve ei vurdering av i kva grad Skatteetaten bør innhente informasjon gjennom skjult observasjon i skattesaker.

Utlevering av opplysningar frå Skatteetaten til andre offentlege styresmakter

Vedtak nr. 514 (2014–2015), 28. april 2015

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som kan gi Skatteetaten bedre mulighet til å dele informasjon, som for eksempel ileggelse av skjerpet tilleggsskatt og manglende levering av selvangivelse, med andre offentlige etater, for å bekjempe svart virksomhet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:7 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal og Kjell Ingolf Ropstad om tiltak for å styrke kampen mot svart arbeid , jf. Innst. 218 S (2014–2015).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 17, om å betre Skatteetatens høve til å dele informasjon med andre offentlege etatar, m.a. med sikte på å motverke svart verksemd. Det vert òg foreslått eigne heimlar for at Skatteetaten og Tolletaten kan dele opplysningar med medarbeidarar frå andre etatar som deltek i NTAES (Nasjonalt tverretatlig analyse- og etterretningssenter) og a-krimsentrene.

Register over reelle rettshavarar

Vedtak nr. 602 (2014–2015), 5. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et norsk offentlig eierskapsregister for å sikre åpenhet om eierskap i norske selskap og styrke innsatsen mot skattekriminalitet, korrupsjon og hvitvasking. Et slikt register må følge opp Financial Action Task Forces anbefalinger fra 2012 om internasjonale standarder for bekjempelse av hvitvasking og bekjempelse av terrorfinansiering og spredning, og registeret må også følge opp EU-reguleringen på dette området.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:57 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marianne Marthinsen og Hans Olav Syversen om å opprette et norsk offentlig eierskapsregister for å sikre åpenhet om eierskap i norske selskap, jf. Innst. 298 S (2014–2015).

Regjeringen satte i 2015 ned eit kvitvaskingslovutval som mellom anna har greidd ut naudsynte endringar i kvitvaskingsregelverket for å følgje opp FATFs tilrådingar og komande EØS-reglar som svarar til EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv. Ei vurdering av korleis informasjon om reelt eigarskap skal kunne gjerast tilgjengeleg i eit offentleg register, inngår i den andre delutgreiing frå utvalet som vart levert til Finansdepartementet i desember 2016. Utgreiinga var på høyring våren 2017. Regjeringa la 22. juni 2018 fram Prop. 109 L (2017–2018) som inneheld forslag til lov om register over reelle rettshavarar. Lovforslaget legg til rette for å opprette eit register over reelle rettshavarar i Noreg. Departementet vil førebu forskrifter om opprettinga av registeret i lys av Stortingets handsaming av lovforslaget.