Forsvarsdepartementet (FD)

2.1 Tryggings- og forsvarspolitiske mål

Norsk tryggingspolitikk har som føremål å ta vare på Noreg sin suverenitet, territoriale integritet og politiske handlefridom. NATO-alliansen og det transatlantiske tryggingsfellesskapet er berebjelken i norsk tryggingspolitikk. Noreg vil bidra til å førebygge væpna konflikt, og arbeide for fred og stabilitet innanfor ein global, multilateral rettsorden basert på prinsippa nedfelte i FN-pakta.

Forsvaret er eit grunnleggande og avgjerande tryggingspolitisk verkemiddel for å beskytte norsk suverenitet, norske rettar og for å bevare norsk handlefridom mot militært og anna press. Forsvaret skal, saman med allierte, ha ein avskrekkande effekt ved at kostnadane ved å true eller angripe norsk tryggleik ikkje står i høve til ein mogleg vinst. Forsvaret skal bidra til at det ikkje oppstår militære truslar mot Noreg.

Forsvaret skal saman med allierte sikre kollektivt forsvar av Noreg og andre allierte mot truslar, anslag og åtak. Ved deltaking i internasjonale operasjonar og kapasitetsbygging i utvalde land, skal Forsvaret førebygge krig og bidra til tryggleik og stabilitet.

Forsvaret skal bidra til samfunnstrygging gjennom støtte til, og samarbeid med, sivile styresmakter ved terroråtak og andre alvorlege hendingar, ulykker og naturkatastrofar.

2.2 Utviklingstrekk og utfordringar

Globale utviklingstrekk

Forskyvinga av militær og økonomisk makt mot aust frå vest held fram. Kina opptrer stadig meir sjølvsikkert og sjølvhevdande. Framferda kjem til uttrykk gjennom diplomatiske, økonomiske og militære handlingar regionalt, men også globalt. Fleire land i Aust-Asia og Sør-Asia har atomvåpen og utviklar nye kapasitetar, mellom anna langtrekkande missilar. Usemje om grenser og sjøområde har potensial til å utløyse alvorlege konfliktar. Kinas handlingar leder til auka usikkerhet, og regional militær opprusting er ein av konsekvensane. USA og andre regionale aktørar søker å balansere utviklinga. Den krevjande dynamikken i Aust-Asia og Stillehavet utfordrar regional og global stabilitet.

Auka rivalisering mellom stormaktene i lokale, regionale og globale spørsmål bidrar til ytterlegare utfordringar for stabiliteten i det internasjonale systemet. Folkeretten, multilaterale avtalar og internasjonale institusjonar er under press utanfrå og innanfrå. Det er i norsk interesse å halde oppe ein verdsorden tufta på FN, folkeretten og multilaterale løysingar. Noreg er ikkje tent med ei svekking av den tryggingspolitiske arkitekturen som blei oppretta etter den andre verdskrigen.

USA er den klart største militærmakta i verda, og landet har framleis den største økonomien i verda. Kina, Russland, Iran, Nord-Korea og terror er dei fremste utfordringane i eit amerikansk perspektiv. USA legg framleis tryggings- og forsvarspolitisk vekt på Europa og dei transatlantiske banda. Samstundes er byrdefordeling mellom landa i NATO i auka grad ein tung drivar i amerikanske prioriteringar og det transatlantiske samarbeidet.

Faren for spreiing av masseøydeleggingsvåpen og teknologi for langtrekkande presisjonsstyrte våpen er framleis stor og urovekkande. Trusselen frå land utanfor det euro-atlantiske området mot NATOs territorium frå moderne våpen og missilar med ulik rekkevidde held fram. Dette er bakgrunnen for vektlegginga i NATO av missilforsvar. Det er også i fleire land ei auka satsing på bruk av verdsrommet for militære føremål.

Globalisering og auka internasjonal samhandel er grunnleggande positivt, men gjer oss også meir sårbare på enkelte område. Avstandane blir mindre, og tryggingspolitiske kriser andre stader i verda kan få følger for Noreg.

Eit stort område sør og søraust for Europa er i dag prega av væpna konflikt, motsetningar, uro og svakt styresett. Dei kompliserte konfliktane i Midtausten og Nord-Afrika har ført til politiske og humanitære kriser, etniske og religiøse samanstøytar, maktvakuum, ekstremisme og terror. Underliggande geopolitiske spenningar og stormaktrivaliseringa kjem tydelegare fram. Situasjonen er særleg kritisk i Syria, Jemen, Irak og Libya. Dei langvarige krigane og konfliktane har ført til store flyktningstraumar, både i regionen og over Middelhavet mot Europa. Utviklinga i Iran, og landet si rolle og framferd betyr mykje for regional trygging og stabilitet. Den internasjonale kampen mot ISIL har ført til at terrororganisasjonen har tapt store landområde. ISIL representerer framleis ein trussel lokalt, og utfordringar knytt til framandkrigarar som vender heim til Europa kan auke i omfang.

Regionale utviklingstrekk

Europa er i endring og står overfor store utfordringar som direkte og indirekte kan verke inn på tryggingspolitikken. Europa er under internt og eksternt press. Fleire år med relativt svak økonomisk utvikling, vedvarande høg arbeidsløyse blant ungdom, auka immigrasjon og fleire terroraksjonar har ført til misnøye, polarisering og uro for framtida i mange land. Desse utviklingstrekka verkar saman og forsterkar kvarandre og får djuptgåande politiske og sosiale verknader. Det oppstår motsetningar mellom europeiske land på sentrale politikkområde. Mange europeiske veljarar gir uttrykk for sviktande tillit til dei styrande og til etablerte institusjonar. Religiøs radikalisering og ekstremisme blir forsterka av den sosiale og politiske utviklinga og av aktørar utanfor Europa. Storbritannias utmelding frå EU er del av ein ny politisk dynamikk i Europa.

Samstundes er det teikn til at den økonomiske aktiviteten tar seg opp i fleire land i Europa. Avtalar og nye ordningar ser ut til å bidra til å halde migrasjonen på eit nivå som ikkje utløyser like kraftige spenningar og reaksjonar som under og etter flyktningkrisa i 2015. I fleire land har politikarar som støttar opp om europeisk samarbeid og dei internasjonale organisasjonane hatt framgang. Slik utvikling gir håp om ei meir stabil utvikling framover som er fundert på vekst, dialog og tillit og som dempar konfliktar og fremjar samarbeid. Dette er likevel ikkje situasjonen i heile Europa og underliggande spenningar i fleire land kan lede til auka motsetningar og gjere det meir krevjande å einast om politiske løysingar for regionen.

Den tryggingspolitiske situasjonen i Europa er endra som følge av Russlands annektering av Krim og den vedvarande destabiliseringa i Aust-Ukraina. Russisk vilje til å nytte militær makt mot ein nabostat, og til å bryte folkeretten, førte til uro og utløyste reaksjonar frå vestmaktene. Fleire av Russlands naboland som er med i NATO har bede om, og fått, militær støtte i form av utplasserte militære avdelingar frå andre allierte. Desinformasjon, cyberåtak og anna destabiliserande framferd verkar også negativt inn på forholdet mellom Vesten og Russland.

For tryggleiken og samhaldet i Europa har NATO og EU i lang tid vore dei viktigaste organisasjonane. Det er avgjerande, ikkje minst for mindre land, at vi har godt fungerande, multilaterale fora for samarbeid, og for å finne felles løysingar, ikkje minst når det gjeld europeisk tryggleik. Alternativet kan bli at dei sterkaste nasjonane vil opptre meir på eiga hand når utfordringar og konfliktar oppstår. Særleg viktig for Europa er det å trygge og vidareutvikle det transatlantiske samhaldet, slik at allierte på begge sider av Atlanteren ser seg tente med å bygge vidare på det omfattande tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet som har tent det transatlantiske fellesskapet godt gjennom snart 70 år. NATO har vore sentral i å bidra til freden i det transatlantiske området. For Europa er det også viktig med eit nært og godt samarbeid mellom NATO og EU, slik at dei to organisasjonane kan utfylle kvarandre på ein effektiv måte i tryggingspolitikken.

Bruk av verdsrommet har auka tyding for samfunnskritiske funksjonar. Rombasert kommunikasjon, navigasjon og overvaking betrar vår evne til å hevde vår suverenitet og utøve ansvaret som styresmakt, særlig i nordområda. Medan satellittar på 1970-tallet først og fremst var for stormaktene, er det no satellittar frå over 40 land, inkludert frå Noreg, i bane rundt jorda. Stadig fleire land vil på denne måten få tilgjenge til verdsrommet.

Nordområda

Regjeringa si satsing på nordområda held fram i 2019. Situasjonen i nord blir framleis vurdert som stabil. Dei overordna målsettingane knytte til stabilitet og samarbeid ligg fast. Tryggings- og forsvarspolitikken er eit av grunnelementa i nordområdearbeidet til regjeringa. Regjeringa ønsker meir alliert trening og øving i Noreg, og det er viktig at denne går føre seg innanfor rammene av etablerte nasjonale retningsliner for alliert aktivitet i Noreg. Forsvaret i nord skal gjennom daglege operasjonar og nærvær bidra til stabilitet og hindre potensialet for konflikt. Forsvaret har ei sentral rolle i suverenitetshevding, overvaking og myndigheitsutøving til lands, til havs og i lufta.

Regjeringa legg vekt på å engasjere nære allierte i nordområda. Dette er eit viktig tema i den tryggingspolitiske dialogen med allierte, og er nedfelt i nordområdestrategien. Fleire allierte land viser stadig større interesse for utviklinga i nord, og har ytra ønske om tettare samarbeid og auka nærvær i nord i form av trening og øving. Det er viktig for Noreg at allierte har kjennskap til den politiske og militære utviklinga i området, og har ei oppdatert situasjonsforståing av militær og anna relevant aktivitet i regionen. Erfaringane frå NATO-øvinga Trident Juncture i november 2018 er viktige å ta med for den vidare utviklinga av alliert nærvær i Noreg. Regjeringa si vurdering er at eit synleg, militært nærvær i nord bidrar til stabilitet og ei føreseieleg utvikling. Samstundes er det viktig at den samla militære aktiviteten skjer på ein måte og i eit omfang som ikkje skapar uro eller rokkar ved stabiliteten i nordområda. Etablerte retningsliner og prosedyrar er med på å trygge at utanlandsk militær verksemd varetar slike omsyn.

Med minkande havis i Arktis har det i fleire år vore aukande kommersiell interesse for transitt gjennom Nordaustpassasjen. Likevel er trafikken framleis avgrensa, og det ligg ikkje an til omfattande kommersiell trafikk mellom aust og vest via nordområda i nær framtid. Regjeringa ser positivt på at kommersiell berekraftig aktivitet i nordområda aukar. Dette er i samsvar med norsk nordområdepolitikk. Regjeringa har fremma ein proposisjon for at breibandkommunikasjon kan sikrast i norsk del av nordområda. Dette har som føremål å skaffa, eiga og drifta to kommunikasjonssatellittar i høgelliptisk bane med tilhøyrande bakkeinfrastruktur. Merksemda om og aktiviteten knytt til olje- og gassførekomstane i regionen har blitt noko mindre, som følge av høge utvinningskostnadar og reduserte olje- og gassprisar på verdsmarknaden samanlikna med for nokre år tilbake.

Russland

Utviklinga i Russland er i seg sjølv ei viktig påminning om kvifor Noreg ikkje bør stå aleine i tryggingspolitikken, men saman med allierte. Noreg må framleis handtere det asymmetriske naboskapet med naudsynt fast og føreseieleg politikk for å unngå misforståingar og alvorlege hendingar. Noreg står bak NATOs politikk om avskrekking og forsvar, og kombinerer denne med dialog. I 2018 tok Noreg opp att embetssamtalar med dei russiske forsvarsstyresmaktene. Hensikta med fornya dialog er å bidra til å vareta stabiliteten i nord.

Russlands militære og utanrikspolitiske framferd i Europa og andre område bekymrar. Sentrale døme er kombinasjonen av stormaktambisjonar, ei meir sjølvhevdande åtferd og styrkinga av militærmakta. Den folkerettsstridige annekteringa av Krim, destabiliseringa av Aust-Ukraina og russiske, militære operasjonar i Syria illustrerer alvoret i utviklinga. Russisk bruk av militærmakt i Syria viser globale stormaktsambisjonar og den strategiske interessa dei har i Midtausten.

Russiske tryggingsstrategiar og militære doktrinar viser at styresmaktene ønsker innverknad i russiske nærområde. Russlands ønske om ei sfære av påverknad utanfor eige territorium utfordrar prinsippa om statane sin sjølvråderett. Russland har lenge ønskt å hindre ytterlegare NATO-utviding, etablering av basar og utplassering av militære kapasitetar nær den russiske grensa. Russiske leiarar gir uttrykk for manglande tillit til vestlege land sine intensjonar, særleg rolla til NATO i Baltikum og i Aust-Europa. Spenninga mellom Russland og resten av Europa slår også inn på Vest-Balkan.

Russland har i ein periode på over ti år investert tungt i militærmakta. Dette har ført til fleire moderniserte styrkar og våpensystem, og fleire og meir komplekse øvingar og militære operasjonar. Den militære moderniseringa er venta å halde fram trass i at forsvarsbudsjetta kan gå ned dei nærmaste åra. Eit viktig mål med moderniseringa er å auke talet på ståande militære avdelingar som kan settast inn på kort varsel. Eit verkemiddel for å nå dette er ikkje-varsla beredskapsøvingar for å teste reaksjonsevne og bemanning i militærdistrikta. Slike ikkje-varsla øvingar gjer særleg nabostatar bekymra.

Moderniseringa av det russiske militæret har gitt ein vesentleg meir fleksibel og mobil organisasjon med høgare reaksjonsevne. Russland har styrkt både den konvensjonelle evna og kjernevåpenkapasiteten, som gjennom mange år har vore ein sentral del av det russiske forsvarskonseptet. I løpet av det neste tiåret vil den russiske militærmakta disponere fleire typar presisjonsvåpen med lang rekkevidde, moderne presisjonseigenskapar og høg gjennomtrengingsevne. Dei langtrekkande presisjonsvåpna set Russland i stand til å gjennomføre åtak frå store avstandar, og med kort varslingstid. Russland har vist evne til å kombinere militærmakt med fordekte militære og ikkje-militære verkemiddel. Den russiske militærevna gir landet fleire handlingsalternativ i heile krise- og konfliktspekteret.

Arktis og nærområda til Noreg er av sentral militærstrategisk betyding for Russland som operasjonsområde og baseområde for den russiske kjernefysiske avskrekkings- og andreslagsevna. Nord-Atlanteren og Barentshavet spelar ei sentral rolle i det russiske forsvarskonseptet. Det vil kunne vere eit mål for Russland å ha kontroll over hav- og landområde i norske nærområde i ein situasjon med auka militær spenning ein annan stad. Dette kan vere aktuelt i ein situasjon med auka spenning mellom Russland og NATO i Europa, eller i ein situasjon der verken NATO eller Noreg er ein direkte part i ein konflikt knytt til Russland. Den strategiske utviklinga i Nord-Atlanteren er bakgrunnen for fleire av regjeringa sine prioriteringar i styrkinga av forsvaret av Noreg. Sjølv om Russland ikkje er halde for å vere ein militær trussel mot Noreg i dag, forsterkar den militære utviklinga i Russland asymmetrien i forholdet til Noreg. Den russiske militære utviklinga er difor ein sentral faktor i den samla vurderinga av tryggings- og forsvarspolitiske utfordringar i norske nærområde.

Med det krevjande forholdet mellom NATO og Russland er det avgjerande å unngå misforståingar og uønskt eskalering. For å motverke ei fortsatt negativ utvikling mellom Russland og NATO, og unngå misforståingar i samband med militær aktivitet, er det viktig med dialog og tillitsskapande tiltak. Difor blir det viktig å føre vidare og oppdatere eksisterande avtalar og å etablere nye mekanismar som bidrar til openheit om militær aktivitet. Wien-dokumentet, avtalen om opne luftrom ( Open Skies ) og avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE) er slike eksisterande mekanismar. Russland suspenderte CFE-avtalen einsidig i 2007, og NATO slutta å dele informasjon med Russland i 2011. Det praktiske, militære samarbeidet er inntil vidare suspendert innanfor ramma av NATO-Russland-rådet. Det er like fullt viktig å halde oppe politisk dialog. Etter dei russiske folkerettsbrota i Ukraina har Noreg suspendert det bilaterale militære samarbeidet med Russland, men halde fram med samarbeid på nokre område som er avgjerande for å vareta tryggleiken til sjøs og i lufta, og ein stabil og føreseieleg situasjon i nærområda våre. Dette gjeld samvirket innanfor kystvakt, grensevakt, søk og redning og mekanismane i Incidents at Sea- avtalen. I tillegg er den direkte linja mellom Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) og Nordflåten framleis open. Denne politikken blir vidareført i 2019.

Cyber, terror og masseøydeleggingsvåpen

Dei mest alvorlege åtaka i det digitale rommet (cyberdomenet) har potensial til å sette funksjonar som er grunnleggande for samfunnet og statstryggleiken ut av spel. Trusselen er aukande, og kjem frå primært statlege, men også ikkje-statlege aktørar. Varslingstida har blitt kortare enn for få år sidan. Det kan ofte vere vanskeleg å slå fast at ein er under åtak, kven angriparen er og kva som er føremålet med åtaket. Ulike aktørar utøver påverknad av forståinga av røyndommen gjennom fornekting og desinformasjon i sosiale kanalar og nyhendemedium. Målet er å forme det strategiske handlingsrommet til eigen fordel. Dei mest alvorlege truslane i det digitale rommet er likevel framand etterretningsverksemd og moglege sabotasjehandlingar. Russiske og kinesiske aktørar er dei mest aktive aktørane bak nettverksbaserte etterretningsoperasjonar retta mot Noreg. Nettverksbasert sabotasje utgjer ein alvorleg, men førebels lite spesifikk trussel. Slike sabotasjeoperasjonar vil først og fremst vere aktuelle i ein alvorleg krisesituasjon, og då i kombinasjon med andre verkemiddel. Det er semje i NATO om at cyberåtak kan få like alvorlege konsekvensar som åtak med konvensjonelle våpen og at dei difor er omfatta av artikkel 5 i Atlanterhavspakta om kollektivt forsvar. Cyberdomenet er ein integrert del av militæroperasjonar, og cyberkapabilitetar vil difor vere viktige element for eit forsvar, sjølv om cyberkapabilitetar aleine neppe vil kunne avgjere mellomstatlege konfliktar.

Terrorisme er først og fremst ein trussel mot samfunnstryggleiken, men terroren kan ramme og lamme både samfunn og regionar. Valdelege ekstremistar er ei alvorleg tryggingsutfordring for Noreg og andre europeiske land. Globalt har talet på terroråtak auka dei siste ti åra, der Sør-Asia er regionen som er utsett for flest åtak. Samstundes minner åtaka fleire stader i Europa dei siste åra om at terrortrusselen har direkte implikasjonar for europeisk tryggleik. Framandkrigarar som har returnert til vestlege land med kamperfaring utgjer ei fare for at menneske i sårbare lokalmiljø kan bli ytterlegare radikaliserte, samstundes som mange av åtaka er utførte av individ og grupper som har blitt radikaliserte i heimlandet sitt.

Spreiing av masseøydeleggingsvåpen er ein alvorleg trussel mot internasjonal tryggleik. Spreiing av kjernevåpenkompetanse til ustabile statar står i ei særstilling med potensialet dei har for skade. Slike våpen kan føre til regional destabilisering og moglege våpenkappløp. Masseøydeleggingsvåpen og spreiing av teknologi for langtrekkande leveringsmiddel vil kunne true europeisk tryggleik.

NATO og det transatlantiske samarbeidet

NATO-alliansen skal vere ein effektiv tryggingspolitisk garantist for alle medlemslanda. NATO er både ein politisk og militær tryggingsallianse, der medlemslanda solidarisk er klare til å verne felles territorium, verdiar og interesser. NATO er ein unik tryggingsorganisasjon med ein integrert militær struktur, eit integrert kommandoapparat og ei permanent tilgjengeleg politisk avgjerdsmekanisme, Det nordatlantiske rådet (NAC). Det politiske verdifellesskapet mellom medlemslanda er viktig for å styrke evna til planlegging, konsultasjonar og gjennomføring av vedtak.

Som følge av den tryggingspolitiske utviklinga må NATOs strategiske utsyn famne breitt. Alliansen må i dag kunne handtere utfordringane frå alle retningar og domene. NATO må vere i stand til å handtere grenseoverskridande utfordringar som spreiing av masseøydeleggingsvåpen, digitale truslar, samansette truslar og internasjonal terror. Samarbeid med andre organisasjonar som EU og FN er viktig, og NATO si rolle i kampen mot terrorisme vil bli på område der ein har komparative fortrinn.

Etter to tiår prega av krisehandtering utanfor NATO-området, har den auka vektlegginga av avskrekking og kollektivt forsvar festa seg i heile alliansen. Dei kollektive forsvarsoppgåvene har blitt prioritet. Dei mange tiltaka for styrka alliert nærvær, beredskap og reaksjonsevne som er vedtatt sidan Wales-toppmøtet i 2014 og Warszawa-toppmøtet i 2016 er døme på dette. Oppfølginga har vore god, og tiltaka inneber at NATO tilpassar seg ein endra tryggingspolitisk situasjon. Dette er i samsvar med norske interesser og prioriteringar. For å nå målet om at NATO har dei naudsynte kapabilitetane som er definerte gjennom NATO Defence Planning Process (NDPP), må det til ei styrking av den europeiske forsvarsevna. Det er særleg viktig at evna til kollektivt forsvar blir varetatt i samband med utvikling av kapabilitetar.

Den militærstrategiske utviklinga på russisk side, særleg i det maritime domenet, er til bekymring for alliansen. Dei strategiske utfordringane denne utviklinga gir for Nord-Atlanteren har fått mykje merksemd i NATO. Den endra kommandostrukturen og arbeidet med NATOs maritime profil er med på å svare på utviklinga. Endringane i NATOs nye kommandostruktur skal no gjennomførast. Opprettinga av eit nytt NATO-hovudkvarter i Norfolk i USA, som mellom anna vil få ansvaret for Nord-Atlanteren og forsterkingar over Atlanterhavet blir viktig. Noreg vil knytte seg tett opp til dette hovudkvarteret.

NATO-toppmøtet i juli 2018 var viktig for å understreke alliert samhald, og for vidare å styrke NATO si evne til avskrekking og forsvar. Ei vidare styrking av det kollektive forsvaret er naudsynt på grunn av i første rekke utfordringane frå aust, men også aukande utfordringar i sør. Arbeidet omfattar ei styrking av NATO sin beredskap og operative evne, mellom anna gjennom oppdatering av beredskapsplanane og planane for forsvar av alle delar av NATO-territoriet. Dette vil gi auka evne til hurtig forsterking til alle delar av alliansen. Reaksjonsstyrkane i NATO – NATO Response Force (NRF), har auka i storleik og fått kortare reaksjonstid. I tillegg er den hurtige reaksjonsstyrken i NRF, Very High Readiness Joint Task Force (VJTF), i god utvikling. For å styrke NATO si reaksjonsevne blei det under toppmøtet også vedtatt at NATO-landa i løpet av 30 dagar skal kunne stille 30 bataljonar, 30 kampflyskvadronar og 30 kampfartøy.

Dei såkalla forsikringstiltaka for medlemsland langs den austlege grensa til NATO, og avskrekking overfor Russland, er også del av handlingsplanen. Tiltaka inkluderer nærvær gjennom meir trening og øving i dei austlege medlemslanda, og rotasjon av deployerte land-, sjø- og luftstyrkar. Denne aktiviteten held fram, med norsk deltaking.

Trening og øving vil også vere viktig i nordisk samanheng, i ramma av Enhanced Opportunities Programme (EOP), der Sverige og Finland inngår. Det vil vere ein synleg demonstrasjon av samhald, og av vilje til å møte utfordringar mot den felles tryggleiken.

Russland moderniserer sine kjernevåpenarsenal, kombinert med ein urovekkande retorikk rundt bruken av slike våpen. Dette har følger for NATO. Mellom anna gav alliansen under toppmøtet i juli 2018 ei klar stadfesting av at kjernevåpen inngår som ein del av NATO si samla strategi. Det er samstundes inga endring i den grunnleggande strategien til NATO for kjernevåpen, og mogleg bruk av slike våpen vil vere siste utveg.

NATO-samarbeidet er tufta på transatlantisk solidaritet og samarbeid, der aktiv amerikansk deltaking er avgjerande både for forsvar av alliansen og for avskrekking. USA står i dag for ein stor del av dei totale forsvarsutgiftene i NATO, og den amerikanske administrasjonen har signalisert auka forventningar om at dei europeiske allierte må bidra meir. Byrdefordeling var difor høgt oppe på dagsordenen under toppmøtet i juli 2018.

Utviklinga for dei fleste europeiske allierte går i riktig retning. Stadig fleire oppfyller kravet om at to pst. av BNP skal gå til forsvarsføremål, og stadig fleire har ein plan for å nå målet innan 2024. NATO har vedtatt at dei allierte må legge fram årlege planar for korleis dei vil nå to-prosentmålet. Noreg vil i 2018 bruke om lag 1,6 pst. av BNP på forsvarsføremål, og regjeringa annonserte på toppmøtet at Noreg tar sikte på å bevege seg ytterligare i retning av to-prosentmålet.

NATO bidrar aktivt for å fremje stabilitet i partnarland og område i NATOs nærområde. NATO har oppretta handlingsplanen Projecting Stability , som skal samle alle partnarskapsverktøya i NATO for å gi best mogleg støtte til partnarland som er trua av ustabile forhold og ufred. Hovudføremålet er å engasjere land utanfor alliansen i dialog og samarbeid om tryggingspolitiske spørsmål. Den praktiske dimensjonen av dette samarbeidet handlar om evne til militært samvirke og kapasitetsbygging i forsvarssektoren. For fleire partnarland er samarbeidet eit verktøy for reform og modernisering.

NATO har slått fast at spreiing av masseøydeleggingsvåpen og ballistisk missilteknologi er ein aukande trussel. Frå norsk side støttar regjeringa etableringa av eit alliert missilforsvar og utviklinga av dette held fram. Regjeringa følger opp vedtaket frå Stoltenberg II-regjeringa i samband med toppmøtet i NATO i 2010, der dei allierte slutta opp om etablering av eit missilforsvar i NATO. Dette vil styrke evna til kollektivt forsvar av medlemslanda. Eit felles missilforsvarssystem er viktig for det framtidige transatlantiske forsvarssamarbeidet, og er i samsvar med prinsippet om at tryggleiken skal vere like god for alle medlemslanda. Arbeidet med å identifisere moglege norske bidrag til NATO sitt missilforsvar held fram. Det er frå NATO si side understreka at missilforsvaret ikkje er retta mot Russland, og systemet har heller ikkje evne til å forsvare allierte mot dei russiske, strategiske kjernevåpna.

FN

FN-pakta gir Tryggingsrådet i FN ansvar for å sette i verk kollektive tiltak for å fremje fred og global tryggleik. I tillegg til maktbruk legitimert av folkeretten, er FN den einaste globale instansen som kan legitimere bruk av makt, og den viktigaste arenaen for å søke mellomstatlege løysingar på truslar mot internasjonal fred og tryggleik. Ut frå mandata frå Tryggingsrådet kan FN anten gjennomføre operasjonane sjølv, eller be medlemsland eller organisasjonar som NATO, EU eller AU om å gjennomføre dei for FN. Døme på dette dei seinare åra er operasjonane til NATO i Afghanistan og Libya.

Dei siste ti åra har talet på fredsoperasjonar auka. Med deltaking frå om lag 125 medlemsland leiar FN i dag 16 fredsbevarande operasjonar med om lag 92 000 personell. Dei fleste av konfliktane er interne, prega av ein vanskeleg tryggingssituasjon, mange krigførande partar og vald mot sivilbefolkninga. Vern av sivile er difor ei hovudoppgåve for FNs fredsoperative verksemd. Dette krev tydelege mandat, robuste og velkvalifiserte styrkar og tett samarbeid med nasjonale styresmakter og frivillige organisasjonar. Stadig fleire FN-leia operasjonar har dei seinare åra blitt utrusta med robuste mandat, der styrkane har vore autoriserte for å bruke militærmakt for å verne sivile.

Det er viktig for internasjonal fred og tryggleik at FN lukkast som fredsbevarande organisasjon. Den breie multinasjonale deltakinga i operasjonane gir FN styrke, og det er lite heldig at det i første rekke er land frå sør som deltar med styrkar i FN-leia operasjonar. Behovet for spesialiserte einingar er stort, og utviklinga i FN på dette området går no i riktig retning. Noreg har over tid vore pådrivar for at bidrag frå vestlege land kan gi FN betre føresetnadar for å løyse dei komplekse oppgåvene som moderne fredsoperasjonar inneber.

Noreg vil halde fram arbeidet med å styrke FN si fredsoperative evne. Dette skal skje gjennom militær deltaking i FNs fredsbevarande operasjonar, gjennom samarbeid med land i sør om opplæring og kapasitetsbygging og gjennom å tilby ekspertise til arbeidsgrupper og prosjekt, samt bistand til FNs planleggingsapparat. Noreg ønsker at den norske militære deltakinga i seg sjølv bidrar til reform av FNs fredsbevarande operasjonar. Den norskleia rotasjonsordninga for FNs transportfly i Mali har hausta brei heider, og har blitt framheva av FN som ei ordning som bør danne modell for framtidige fleirnasjonale styrkebidrag. For å lukkast med å modernisere FN sine fredsoperasjonar er det avgjerande å få auka ressurstilgangen og føre vidare reformprosessen.

Det er avgjerande at mandata frå Tryggingsrådet i FN er tydelege, og at medlemslanda har klar vilje og evne til å gjennomføre dei. Tryggingsrådet har, med referanse til prinsippet om Responsibility to Protect , vist seg handlekraftig ved å reagere på akutte situasjonar som i Elfenbeinskysten og i Libya. Tryggingsrådet har diverre vist seg ute av stand til å kome til semje om handling i krisa i Syria.

EU

Noreg og EU har i stor grad samanfallande tryggingspolitiske interesser. EU har i dei seinare åra, og særleg i samband med Ukraina-krisa, blitt ein stadig viktigare utanrikspolitisk aktør. Samstundes er det NATO som er ramma for territorialt forsvar av landa som er medlem både i NATO og EU. Det er brei semje i begge organisasjonane om å styrke det tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet for betre å kunne handtere utviklinga i Europas nærområde. I samband med NATO-toppmøtet i juli 2018 blei ei ny felles samarbeidserklæring mellom NATO og EU vedtatt. Arbeidet går vidare med å utvikle konkrete prosjekt for samarbeid, inkludert eit viktig prosjekt for å betre evna til å flytte militære styrkar over landegrensene i Europa.

Arbeidet i EU med tryggings- og forsvarspolitikk ( Common Security and Defence Policy , CSDP) er i stadig utvikling. EU har med heimel i Lisboa-traktaten etablert eit såkalla permanent strukturert samarbeid (PESCO), som har som mål å bidra til auka samarbeid mellom EU-landa på det militære området. Samarbeidet omfattar militære operasjonar og utvikling av felles kapasitetar. Det europeiske forsvarsfondet (EDF), som har ein forskingsdel og ein del som skal støtte forsvarsindustrien med prosjektkostnadar i utviklingsfasen, er no inne i si forsøksfase. Her deltar Noreg fullt ut i forskingsdelen. Frå 2021 foreslår Kommisjonen at fondet skal være på 13,0 mrd. euro i neste langtidsbudsjett, og mykje tyder på at Noreg får full tilgang gjennom EØS-avtalen.

Den britiske utmeldinga av EU påverkar dynamikken i europeisk politikk og samarbeid. Det er ikkje i norsk interesse at EUs rolle som tryggingspolitisk aktør blir svekka som følge av Brexit. Forhandlingane mellom Storbritannia og EU om vilkåra for utmeldinga har vore kompliserte og krevjande. Det er viktig at eventuell usemje ikkje spelar over på NATO og det tryggingspolitiske samarbeidet i Europa.

Direktivet for forsvarsmateriell og tryggingsanskaffingar inneber at sal av forsvarsmateriell har blitt del av den indre marknaden, og fell inn under EØS-avtalen. Difor er direktivet implementert også i Noreg. Samarbeidsavtalen med det europeiske forsvarsbyrået ( European Defence Agency, EDA) gir oss høve til å delta aktivt i byrået sine prosjekt og program. Samarbeidet er tett og omfattande, og utviklar seg på fleire nivå, mellom anna gjennom deltaking i EDAs styrande organ.

Nordeuropeisk og nordisk forsvarssamarbeid

Regjeringa legg vekt på å halde fram eit aktivt og omfattande regionalt samarbeid. Eit nærare forsvarssamarbeid i Norden bidrar til å styrke tryggleiken og stabiliteten i regionen vår. Dette er også i NATO si interesse. Det er i dag ei tett kopling mellom samarbeid i ramma av det nordiske ( Nordic Defence Cooperation, NORDEFCO), det nordisk-baltiske, Nordsjø- og Northern Group -samarbeidet. Sistnemnde er eit uformelt samarbeid, som, i tillegg til dei nordiske og baltiske landa, inkluderer Tyskland, Storbritannia, Nederland og Polen. Slik blir fleire nære allierte tatt med i sentrale spørsmål som vedkjem det nordeuropeiske området.

Eit viktig samarbeidsområde som er under utvikling er knytt til den britisk-leia Joint Expeditionary Force (JEF) der Noreg deltar. Det tysk-leia Framework Nation Concept (FNC) er også eit samarbeidsområde innanfor kapabilitetsutvikling og større styrkeformasjonar, som Noreg deltar i. Begge desse samarbeidsområda knyter nære allierte nærare Noreg innanfor rammene av alliansen.

Dagens tryggingspolitiske situasjon har ført til auka felles situasjonsforståing og tryggingspolitisk utsyn mellom dei nordiske landa. Nærområda blir prioriterte i aukande grad. Dette har resultert i eit behov for, og ønske om, tettare tryggingspolitisk dialog og samarbeid i ramma av NORDEFCO og bilateralt samarbeid mellom dei nordiske landa. Det tryggingspolitiske samarbeidet blir styrka under det norske formannskapet av NORDEFCO i 2018. Eit meir likt tryggingspolitisk utsyn har ført til ein tettare dialog og meir samarbeid, mellom anna innanfor trening og øving og i internasjonale militære operasjonar. Sverige og Finland har også tatt viktige skritt for auka samarbeid med NATO og USA.

2.3 Tryggings- og forsvarspolitiske prioriteringar

Norsk tryggings- og forsvarspolitikk legg til grunn at endringar i dei tryggingspolitiske omgivnadane våre kan kome svært raskt. Utfordringar mot europeisk og transatlantisk tryggleik må møtast med fast og føreseieleg samarbeid. Den meir utfordrande tryggingspolitiske situasjonen har konsekvensar for den operative ambisjonen vår, satsinga på Forsvaret og internasjonalt samarbeid. Regjeringa har difor i langtidsplanen for forsvarssektoren fastsett dei tryggings- og forsvarspolitiske prioriteringane som skal gjelde for sektoren, jf. Prop. 151 S (2015–2016).

Ut frå dei tryggings- og forsvarspolitiske måla og utviklingstrekka gjeld følgande prioriteringar for den vidare utviklinga av Forsvaret: Forsvaret av Noreg og NATO sitt kollektive forsvar skal styrkast, og evna til internasjonal innsats skal haldast ved like. I tillegg vil vidareutvikling av totalforsvaret bli vektlagt for å sikre at dei samla ressursane i samfunnet blir nytta til det beste for ei effektiv handtering av utfordringar mot både samfunns- og statstryggleiken.

Styrke forsvaret av Noreg

Forsvaret av Noreg skjer innanfor ramma av NATO sitt kollektive forsvar. Tette relasjonar til sentrale allierte, interoperabilitet, trening og øving, nærvær og alliert støtte har betyding for avskrekking og for norsk og alliert forsvarsevne i fred, krise og væpna konflikt. Norsk tryggings- og forsvarspolitikk skal legge til rette for at allierte forsterkingar om ønskeleg er på plass så tidleg som mogleg i ein situasjon som kan utvikle seg til ein krisehandterings- eller ein rein militær operasjon. Noreg må likevel aleine kunne handtere tryggingspolitiske kriser, anslag og åtak av eit visst omfang, og sjølv halde oppe ein beredskap som gjer oss i stand til å kunne engasjere ein motstandar i alle domene, inntil alliert støtte er på plass. Ei slik evne vil, saman med planar for allierte forsterkingar, konkrete førebuingar for slik forsterking og ein tydeleg kommunisert garanti om alliert støtte, verke avskrekkande. Forsvaret av Noreg skal styrkast gjennom målretta tiltak på følgande område:

Oppretthalde situasjonsforståing og evne til krisehandtering

Forsvaret sine daglege operasjonar i fredstid dannar grunnlaget for å oppdage, varsle, avverje og om naudsynt handtere tryggingspolitiske episodar og kriser. Rettidig varsling er utgangspunktet for gode og raske avgjerder. God situasjonsforståing i nærområda våre er naudsynt for å kunne fatte gode avgjerder og for å bruke Forsvaret best mogleg. Forsvaret må ha tilstrekkeleg evne til overvaking for å kunne handtere situasjonar som oppstår, om naudsynt saman med allierte. Noreg er ein maritim nasjon med ansvar for store havområde, og maritim overvaking er ein premiss for god situasjonsforståing. Den auka satsinga på Sjøforsvaret sitt nærvær i nord blir vidareført. Etterretningstenesta skal også føre vidare evna si til å bidra til at nasjonale styresmakter har tilstrekkeleg situasjonsforståing. Effektiv krisehandtering på nasjonalt nivå fordrar også evne til å ta strategiske avgjerder raskt, på tvers av sektorar, og opp mot allierte, NATO, FN og andre samarbeidspartnarar. Den nasjonale forsvarsevna er avhengig av eit koordinert og øvd krisehandteringsapparat på alle nivå for å sikre koordinerte avgjerder mellom ulike sektorar, mellom politisk og militært nivå, og mellom Noreg og allierte.

Styrke reaksjonsevne, kampkraft og uthald

Forsvaret si operative evne er eit produkt av reaksjonsevne, kampkraft og uthald. For at Forsvaret i ein krisesituasjon skal kunne reagere tilstrekkeleg raskt, må dei operative kapasitetane og støttefunksjonane kunne bli gjort tilgjengelege på kortare tid. Reaksjonsevne handlar om å kunne vere på rett stad, til rett tid, og med rett kapasitet for å oppnå ønska effekt. Forsvaret må ha relevant kampkraft og uthald til å gjennomføre operasjonar over tid. Regjeringa har prioritert eit løft i vedlikehald, i behaldningane for reservedelar og beredskapslager. Prioriteringa har gitt aktivitetsauke og denne held fram i 2019.

Tryggings- og forsvarspolitikken skal bidra til at norsk militærmakt ikkje enkelt kan bli sett ut ved å råke kritisk infrastruktur. Aktive tiltak for vern, fortifikasjon av militær infrastruktur og robust kommunikasjonsinfrastruktur kan redusere sårbarheit og støtte opp om forsvarsevna. Betydinga av fortifikatoriske tiltak, både for leiingsfunksjonar og operative kapasitetar, har fått ny aktualitet for forsvarsevna.

Forsvarssektoren skal forbetre dei førebyggande tryggingstiltaka mot cyberåtak, vidareutvikle evna til tidleg å avdekke slike åtak og betre evna til å sette i verk relevante mottiltak.

Utnytting av verdsrommet skal i auka grad bidra til å styrke den operative evna til forsvaret. Nasjonalt og internasjonalt sivilt-militært samarbeid vil stå sentralt i forsvarssektoren si vidare utnytting av verdsrommet.

Legge til rette for allierte forsterkingar

Forsterking av Noreg med allierte styrkar har vore sentralt i norsk tryggingspolitikk og -strategi gjennom heile etterkrigstida. Ein aktiv alliansepolitikk er difor heilt naudsynt. Det blir viktigare å knyte NATOs organisasjon og hovudkvarter og nære allierte tettare til Noreg og norske interesser i det daglege, i kriser og i konflikt. USA er vår viktigaste allierte, og det bilaterale forholdet er framleis heilt sentralt for norsk tryggleik. Avtalane om amerikansk førehandslagring er spesielt viktige. Desse avtalane skal vidareførast og blir i auka grad vidareutvikla og harmoniserte med allierte og nasjonale planverk.

Vi må legge forholda til rette for at alliert støtte kan kome raskt på plass. Ved ei alvorleg tryggingspolitisk krise eller væpna konflikt, må Noreg ha tilstrekkeleg evne til effektivt mottak av og støtte til allierte forsterkingsstyrkar, slik at desse kan delta i operasjonar. Noreg skal bidra til at vedtaka i NATO om å auke reaksjons- og mobilitetsevna blir gjennomførte i planar og prosedyrar. Det vil bli lagt auka vekt på evna til operativt samvirke med allierte forsterkingsstyrkar. Dersom satsinga på alliert støtte i krise og krig skal vere truverdig, må styrkar frå allierte land trene og øve i Noreg i fredstid. Ei vidareutvikling av det nære samarbeidet med det amerikanske marinekorpset i form av auka trening og øving i Noreg, vil i åra framover bidra til å styrke truverdet til forsterkingsplanane. Intensiverert samarbeid med utvalde allierte kan sørge for bilateral og alliert forsterking av Noreg. Samarbeid vil i aukande grad tvinge seg fram for å kunne skaffe, drifte og operere kapabilitetar Noreg har behov for, og for å sikre evna til å operere saman og for å drøfte tryggingspolitiske spørsmål.

Styrke bilateralt og fleirnasjonalt samarbeid

Noreg vil vidareutvikle det nære forholdet til USA, som også omfattar avtalane om førehandslagring og forsterking. Dette betyr vidareføring av Marine Corps Prepositioning Program – Norway (MCCP-N) i Trøndelag og fornying av avtalen om Collocated Operating Bases (COB) med det amerikanske luftforsvaret. Mykje av dette kan ein også sjå i samanheng med dei store materiellinvesteringane i nye kampfly og maritime patruljefly, noko som vil prege det bilaterale forholdet til USA i tiåra framover. Vidareutviklinga av det tette øvingssamarbeidet med det amerikanske marinekorpset i dei komande åra vil styrke det bilaterale samarbeidet med USA ytterlegare. Noreg vil prioritere å halde fram styrkinga av det bindande bi- og fleirnasjonale samarbeidet med dei nord-europeiske landa Storbritannia, Tyskland og Nederland. For Storbritannia vil ein, forutan å føre vidare det tette policysamarbeidet, også fokusere på investeringa i nye kampfly og maritime patruljefly, både bilateralt og i trilateral ramme. Samstundes vil ein styrke samarbeidet innanfor trening og øving i 2019. Etter vedtak om kjøp av ubåtar saman med Tyskland, samt inngåing av ein avtale om maritimt materiellsamarbeid, vil samarbeidet med Tyskland bli vidareutvikla og styrka. Innanfor Hæren vil ein søke å vidareutvikle det tette samarbeidet og det same gjeld for Luftforsvaret. Samarbeidet med Frankrike og Polen blir også styrkt, på utvalde område. Med Frankrike vil særleg den gode tryggingspolitiske dialogen bli ført vidare, medan samarbeidet i Sahel vil bli forsterka. Dei nordeuropeiske landa har eit tryggingspolitisk og militært interessefellesskap som støttar opp om det breiare samarbeidet i NATO. Deltaking i fleirnasjonale samarbeidsforum innanfor alliansen er difor viktig. Samarbeid med andre allierte og NATO partnarland blir prioritert der det er i norsk interesse. Vidareutviklinga av det nordiske forsvarssamarbeidet held fram på område som gir tryggingspolitisk, kapasitetsmessig og operativt utbytte. I dette ligg også vidareutviklinga av det nordiske forsvarssamarbeidet i ramma av Nordic Defense Cooperation (NORDEFCO).

Sidan 2014 har Noreg deltatt i den britisk-leia Joint Expeditionary Force (JEF) samt den tysk-leia Framework Nation Concept (FNC). Begge initiativa er med på å styrke interoperabiliteten mellom medlemslanda i alliansen, og med utvalde partnarnasjonar. Norsk deltaking i FNC omfattar primært kapabilitetsutvikling og utvikling av oppfølgingsstyrkar i ramma av NATO. Noreg vil primært bidra til kapabilitetssamarbeid, som inkluderer stabsoffiserar til enkelte kapabilitetsprosjekt.

Auka militært nærvær og meir trening og øving

Norsk tryggings- og forsvarspolitikk vektlegg militært nærvær i land-, sjø-, luft- og cyberdomena. Å vere til stades regelmessig i form av daglege operasjonar kommuniserer norske interesser, verkar stabiliserande, gir naudsynt politisk og militær situasjonsforståing og gir kortare reaksjonstid. Det er difor viktig å prioritere militært nærvær med relevant operativ evne i nord, både på eige territorium og i dei maritime nærområda våre, for å skape ein føreseieleg og stabil situasjon. Etableringa av ei integrert Hær- og HV-avdeling i Finnmark med base i Porsangmoen og eit jegerkompani ved Garnisonen i Sør-Varanger er viktige signal om styrking av nærværet i nord. Auka trening og øving i nord er eit anna viktig signal om dette. Fredstidsnærvær blir varetatt gjennom ein kombinasjon av militære basar, operativ aktivitet og trening og øving med nasjonale, fleirnasjonale og allierte styrkar. Nærvær over tid fordrar basar og militær infrastruktur med gode trenings- og øvingsområde i strategisk viktige og operativt relevante område.

Styrke NATOs kollektive forsvar

NATO må ha naudsynt politisk handlekraft og militær kampkraft for å avskrekke ein potensiell motstandar frå å true eller angripe alliansen sine medlemsland. Det er difor ein overordna prioritet å styrke NATO si evne til kollektivt forsvar (artikkel 5) gjennom å styrke medlemslanda si militære evne og evne til samhandling, og som transatlantisk tryggingspolitisk konsultasjonsforum (artikkel 4). Med den krevjande tryggingspolitiske utviklinga i det transatlantiske området er det naudsynt å vektlegge merksemd om avskrekking og trygging. Fornya vektlegging av den kollektive forsvarsevna til NATO er i tråd med langsiktige norske prioriteringar og vil framleis vere sentralt i det norske arbeidet opp mot NATO.

Noreg vektlegg særleg innsats og initiativ innanfor følgande område i NATO for å styrke evna til kollektivt forsvar:

  • Gjennomgang av kommandostrukturen i NATO. Det er viktig for Noreg at NATO no implementerer den endra kommandostrukturen i tråd med semja frå toppmøtet. Målet er at kommandostrukturen skal bli betre i stand til å gjennomføre operasjoner på alle nivå i heile NATO-ansvarsområdet. Noreg har over lengre tid jobba målretta for å gi desse sakene naudsynt merksemd i alliansen.

  • Styrking av den maritime profilen i NATO. Noreg har vore pådrivar for å auke forståinga for den strategiske betydinga det maritime domenet har for alliansen og særleg Nord-Atlanteren. NATO må bli betre til å samordne dei maritime kapasitetane, auke det maritime nærværet, gjennomføre meir målretta trening og øving. Noreg ser fram mot ein oppdatert maritim strategi i NATO

  • Oppdatering av operasjons- og beredskapsplanar. NATO må tilpasse seg til den tryggingspolitiske utviklinga og det krev oppdaterte og relevante operasjons- og beredskapsplanar. Mykje arbeid er gjort, men nye truslar og utfordringar styrker behovet for meir samordna planar for forsvar av heile Europa. Særleg vil det vere krevjande å handtere fleire kriser på same tid i ulike delar av alliansens geografiske ansvarsområde.

  • NATO som ramme for trening og øving. Noreg er pådrivar for at meir av den treninga og øvinga allierte allereie i dag er ansvarlege for blir lagt inn i ramma til alliansen og får status som ein NATO-aktivitet. NATO bør i auka grad bli utgangspunktet for allierte land sine militære aktivitetar.

Den krevjande tryggingssituasjonen i Europa er ei tydeleg påminning om betydinga av at USA er engasjert og til stades i regionen vår. Dette fordrar ei betre transatlantisk byrdefordeling – politisk, militært og økonomisk – ved at europeiske land held fram med å auke forsvarsbudsjetta og bidrar med relevante kapasitetar for å løyse militære oppgåver også utanfor NATO-området. Frå norsk side blir det lagt vekt på å føre fellesfinansiering og -løysingar for allierte kapasitetar vidare, både for eksisterande og nye kapasitetar. Noreg tar til orde for å tilpasse fellesbudsjetta i NATO for å bidra til at alliansen skal kunne gjennomføre oppdrag og oppgåver i tråd med dei auka politiske ambisjonane. Dette bidrar til solidaritet og samhald i alliansen og sørger for at naudsynte kapabilitetar fungerer.

Noreg vil vektlegge å bidra med sin del av NATO sine samla kapabilitetar slik at alliansen er i stand til å løyse oppgåvene sine, samt å bidra til å følge opp Readiness Action Plan , roande tiltak i Aust-Europa og relevante bidrag til langsiktig tilpassing av alliansen. Det er eit mål for Noreg å bidra regelmessig og substansielt til ståande styrkar og beredskapsstyrkar i NATO. Slik blir norske bidrag til NATO sitt kollektive forsvar også ei investering i forsvaret av Noreg når alliansen si evne blir styrka.

Bidra til internasjonal innsats

Den internasjonale utviklinga viser at det framleis er eit stort behov for internasjonal innsats for fred og tryggleik, både i form av internasjonale operasjonar og kapasitetsbygging. Slik støtte kan inkludere tryggleikssektorreform for å betre eit land si evne til å vareta eigen tryggleik, men det kan også omfatte freds- og stabiliseringsoperasjonar. Forsvaret vil halde oppe evna til internasjonal innsats i 2019.

Det er i norsk interesse å bidra til å verne om internasjonal fred og tryggleik. Norske militære styrkar skal i størst mogleg grad søke samarbeid med nære allierte og utvalde partnarar ved internasjonale bidrag. Internasjonal innsats i allierte rammer er ei investering som skal trygge at også Noreg mottar alliert støtte om vi treng det. Dette gjeld særskilt i NATO-leia operasjoner eller anna form for militær innsats, jamfør deltakinga i NATO sitt nærvær i austlege medlemsland Enhanced Forward Presence (eFP). Internasjonal innsats inkluderer i tillegg til deltaking i internasjonale operasjonar, ulike former for trening og øving i utlandet, deltaking i styrkeregister, roande tiltak og kapasitetsbygging. Omfanget av slik deltaking må avstemmast med kor tilgjengelege styrkane er, og med behovet for nasjonal beredskap.

Forsvaret har gjennom mange år hatt eit høgt nivå på deltakinga i internasjonale operasjonar. Dei siste åra er talet på norsk militært personell i operasjonar i utlandet blitt noko redusert. Samstundes er norske bidrag i dag lokaliserte på fleire stader i utlandet enn tidlegare, med relativt mange, små og spesialiserte bidrag. Dette gjer oppdraga krevjande å følge opp, og evna til uthald og vedlikehald vil over tid kunne bli sett under press. Slike forhold er del av fortløpande vurderingar om framtidig internasjonal militær innsats.

Vidareutvikle totalforsvaret

Det sivile samfunnet si støtte til Forsvaret har fått høgare prioritet etter å ha fått lita merksemd i åra etter den kalde krigen. Forsvaret har på same tid blitt meir avhengig av sivile leveransar. Det har difor vore naudsynt med fornya vektlegging av sivil støtte til Forsvaret. Støtta frå det sivile samfunnet må, saman med Forsvaret sine kapasitetar, kunne understøtte heile den nasjonale styrkestrukturen og allierte forsterkingsstyrkar på same tid. Drivstofforsyning, transport og helsetenester er prioriterte område. NATO sine sju grunnleggande forventningar til medlemslanda si motstandsdyktigheit følges opp gjennom Totalforsvarsprogrammet som blir leia av Justis- og beredskapsdepartementet. Programmet har som formål å vidareutvikla totalforsvaret og auke motstandsdyktigheita i kritiske samfunnsfunksjonar i det sivile samfunn. Totalforsvarsprogrammet omfattar følgande område: kontinuitet i nasjonale styringssystem og kritiske offentlige tenester, robust kraft- og gassforsyning, robust drivstofforsyning, evne til å handtere ukontrollerte flyttingar av menneske, robust matforsyning, robust vatnforsyning, evne til å handtere masseskader, robuste kommunikasjonssystem og robuste transportsystem. I Totalforsvarsprogrammet er det oppretta eit eige prosjekt for sivil støtte til Forsvaret. Målsettinga er eit tilpassa totalforsvar innan 2020.

Samvirket mellom Forsvaret og sivilsamfunnet er beskrive gjennom handlingar og tiltak i Nasjonalt beredskapssystem (NBS), som består av Beredskapssystem for forsvarssektoren (BFF) og Sivilt beredskapssystem (SBS). Beredskapssystemet blir revidert årleg, og er heilt sentralt for å framstille korleis beredskapsplanverk og andre ordningar på militær og sivil side skal kunne verke saman der dette er naudsynt ved førebuing til, eller under, ei krise. Det nasjonale beredskapssystemet gjeld for handsaming av tverrsektorielle krisesituasjonar i fredstid, i tryggingspolitiske kriser og ved væpna konfliktar. Det sivilt-militære samarbeidet må fungere godt. Sivil støtte er heilt naudsynt for å vidareutvikle relevant forsvarsevne, og for å nytte samfunnet sine samla beredskapsressursar på ein best mogleg måte. Forsvaret sitt behov for sivil støtte skal i størst mogleg grad baserast på kommersielle avtalar, om naudsynt med beredskapsklausular der dette er kostnadseffektivt. Førehandsrekvirering vil bli vurdert som verkemiddel når det gir høgare grad av leveransetryggleik og for å gjere det mogleg å dekke alle Forsvaret sine behov for sivil støtte innanfor gjeldande økonomiske rammer.

Oppdatert utgåve av oppslagsverket «Støtte og samarbeid» blei gitt ut i 2018. Publikasjonen gir ei framstilling av totalforsvaret i dag. Det er eit nyttig referansedokument for alle som arbeider med totalforsvar og beredskap. Dokumentet er også eit godt grunnlag for vidareutvikling av totalforsvaret.

Forsvaret er godt i gang med å legge til rette for sivil støtte. For å bidra til naudsynt detaljering må underliggande planar bli utarbeida til det nylig oppdaterte overordna planverket. Fleire forskrifter og reguleringar har behov for revidering som tillegg til det viktige arbeidet med å sikre naudsynt tilgang på varer, tenester og infrastruktur. Så langt er erfaringa at når ei utfordring er løyst, så kan fleire nye dukke opp som ein ikkje hadde sett kome. Difor tar det tid å identifisere Forsvarets behov, og ein del arbeid står att. Forsvaret kan etter førespurnad yte bistand til ansvarlege sivile styresmakter. På fleire område er Forsvarets kapasitetar avgjerande for effektiv krisehandtering når det er behov for særskilt kompetanse og materiell, og når dei sivile ressursane ikkje strekk til.

Ein nasjonal tverrsektoriell, internasjonal og sivil-militær tilnærming er også naudsynt for å vareta samfunnet sin avhengnad til romverksemda. Regjeringa vil difor vektlegge og styrke den heilskaplege nasjonale tilnærminga gjennom ein nasjonal romverksemdstrategi. Forsvarssektoren skal være ein part i romstrategien og vil bygge på eigen forsking i sektoren, kompetanse og kapasitet som blir utvikla i tett samarbeid med andre forvaltings- og fagmiljø som Norsk romsenter, norsk romindustri og internasjonale samarbeidspartnarar.

Det har i åra etter terrorhandlingane 22. juli 2011 blitt sette i verk ei rekke tiltak i forsvarssektoren for å betre Forsvaret si støtte til sivil krisehandtering. Yttergrensene for Forsvaret sin maktbruk mot innbyggarane ved bistand til politiet har blitt lovfesta. Ein forenkla og forkorta instruks om Forsvaret sin bistand til politiet har blitt fastsett. Den inneber meir effektive prosedyrar for førespurnad og godkjenning av bistand. Det er etablert permanent helikopterberedskap, som også kan støtte politiet, med responstid på ein time. Kapasiteten til å støtte politiet ved maritime kontraterroraksjonar mot skip i kystnære farvatn er etablert på nytt. Både Forsvaret sin spesialkommando og Marinejegerkommandoen er på kontinuerleg nasjonal kontraterrorberedskap.

Tiltak er sette i verk for å styrke Heimevernet si operative evne, og dette gir betre evne til mellom anna objektsikring. Arbeidet med å utvikle vidare sivilt-militært samarbeid om objektsikring vil framleis ha prioritet. Det er vidare lagt auka vekt på målretta øvingssamarbeid mellom Forsvaret, politiet og andre sivile styresmakter. Samarbeidet mellom Etterretningstenesta, Nasjonalt tryggingsorgan og Politiets tryggingsteneste er styrkt.

Regjeringa vil halde fram med å vidareutvikle Forsvaret si evne til støtte for samfunnstryggleik. Vidareutviklinga skal mellom anna skje gjennom tett samarbeid om oppdatering av planverk, sivilt-militær trening og samøving på alle nivå og sikring av eit godt utvikla avgjerds- og krisehandteringsapparat. Sjølv om Forsvaret sine eigne behov vil vere dei viktigaste for å utvikle Forsvarets struktur og kapasitetar, vil dei sivile behova på nokre område i større grad påverke innretning og dimensjonering av militære strukturar og kapasitetar.

Det er i langtidsplanen slått fast at Forsvaret si støtte til det sivile samfunnet i større grad skal vere styrande for innretning og dimensjonering av Forsvarets kapasitetar innanfor områda maritim kontraterror og smitteverntransport. Nærare vurderingar vil bli gjort av korleis og i kva grad dette også skal gjelde innanfor områda bombeberedskap og eksplosivrydding, CBRNE (kjemiske, biologiske, radioaktive, nukleære midlar og eksplosivar)-beredskap, transport, redningsteneste, rekognosering og overvaking, ingeniørstøtte, ekspertise, spesialutstyr, IKT-støtte og EOS-tenestenes handtering av truslar i det digitale rommet.