Forsvarsdepartementet (FD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

3.1 Forsvarsdepartementet

2017 var det første året i langtidsplanen for forsvarssektoren for perioden 2017–2020, jf. Prop. 151 S (2015–2016) «Kampkraft og bærekraft». Forsvarsdepartementet følgde i 2017 opp langtidsplanen i samsvar med Stortingets vedtak.

Hovudprioriteringane i 2017 var:

  • auke tilgjenge og uthald for Forsvaret sine samla kapabilitetar,

  • auke satsing på vedlikehald, anskaffing av reservedelar og oppbygging av beredskapslagre,

  • styrke den operative evna i Hæren, Sjøforsvaret og Heimevernet,

  • styrke anskaffingane i forsvarssektoren og særskilt arbeidet med hovudleveransen av nye kampfly med baseløysing,

  • styrke forsvarssektoren si evne til å støtte det sivile samfunnet og bidra til samfunnstrygging,

  • styrke evna til å bidra til IKT-trygginga på tvers av samfunnssektorane og

  • auke rekrutteringa av spesialistar etter innføringa av militærordninga.

Samarbeid om samfunnstryggleik

Arbeidet med å vidareutvikle Forsvaret si evne til å støtte sivile styresmakter i arbeidet med å vareta samfunnstrygging har halde fram i 2017. Forsvaret si operative evne har hatt ei positiv utvikling, og dette verkar også inn på evna til å støtte sivile beredskapsaktørar. Samla sett har Forsvaret si evne til å bidra til samfunnstryggleik vore særs god i 2017. Innanfor mellom anna viktige bistandsføremål som søk og redning, medisinsk lufttransport samt fjerning og destruksjon av eksplosiv, har oppdragsdekkinga vore god. Kontraterrorberedskapen blei også varetatt i 2017, og det omfatta også beredskapen for maritime kontraterroraksjonar mot skip i kystnære farvatn. Beredskapen for Bell-helikoptera på Rygge og Bardufoss blei vidareført med ein time klartid for å kunne gi rask bistand til politiet.

I juni 2017 blei det fastsett ein ny instruks for Forsvaret si bistand til politiet, og denne trådde i kraft 1. september 2017. Den nye bistandsinstruksen gir enklare handsaming av politiet sine førespurnader om bistand frå Forsvaret. Politiet og Forsvaret kan no avklare alle førespurnader om bistand sjølv. Tidlegare måtte mellom anna bistand som kunne innebere maktbruk frå Forsvaret avgjerast på departementsnivå.

Det blei gjennomført ei rekke samvirkeøvingar mellom Forsvaret og sivile styresmakter. To øvingar blei gjennomførte for å auke evna til å handtere kontraterror for både Forsvaret og politiet. Det blei i tillegg gjennomført ei rekke samvirkeøvingar mellom Forsvaret og politiet på regionalt og lokalt nivå, mellom anna i regi av Heimevernet og lokale politimyndigheiter.

Samarbeidet i NATO

Arbeidet med ei langsiktig tilpassing av NATO si evne til kollektivt forsvar og truverdig avskrekking blei ført vidare i 2017. Omstillinga er viktig for at alliansen skal kunne bevare truverdet og forsvarsevna. Det blei halde toppmøte i mai 2017 med byrdefordeling og kampen mot terrorisme høgt på dagsordenen. Dei allierte var mellom anna samde om årleg rapportering på dei tre områda for byrdefordeling: forsvarsutgifter, utvikling av kapasitetar, og bidrag til internasjonale operasjoner.

Eit anna tema som stod sentralt under toppmøtet våren 2017 var NATO si rolle i sør, og det blei semje om at NATO skal ta ei noko større rolle i regionen. Dette omfattar i første omgang Irak, og som del av dette er NATO også blitt ein del av anti-ISIL-koalisjonen. NATO har også oppretta eit element ved hovudkvarteret i Napoli som vil få ansvar for å koordinere NATO si rolle i sør.

Noreg har saman med fleire allierte tatt initiativ til at NATO sett fart på ei gjennomgåing av kommandostrukturen i alliansen. Dette arbeidet fekk mykje merksemd i 2017, og eit utkast til ny hovudstruktur blei vedtatt under forsvarsministermøtet i oktober 2017. NATO har også arbeidd med å legge større vekt på det maritime området, som er viktig for å verne forbindingslinene over Atlanterhavet i krise og krig.

Vedtak frå 2016 om å auke alliansen sitt nærvær i dei baltiske statane og Polen med om lag ein bataljon i kvar av landa ( Enhanced Forward Presence (eFP)), for å bidra til avskrekking i aust, er ført vidare. Noreg bidrog i 2017 med ein mekanisert kompanistridsgruppe på om lag 200 personar til Litauen i seks månader.

NATO har forsterka sitt konsept for hurtigreaksjonsstyrkane, NATO Response Force (NRF).

Det er mellom anna utvikla ein ny hurtigreaksjonsstyrke som del av NRF, Very High Readiness Joint Task Force (VJTF). VJTF skal kunne rykke ut ved behov på svært kort varsel. Noreg har i ramma av det tysk-nederlandske korps gitt eit betydeleg bidrag knytt til opprettinga og igangsettinga av VJTF. Arbeidet med dei såkalla Assurance Measures , som er roande tiltak overfor medlemslanda langs NATO si austlege grense, og avskrekking overfor Russland, går også vidare. Tiltaka gjeld mellom anna nærvær gjennom auka trening og øving i dei austlege medlemslanda og rotasjon av utplasserte land-, sjø- og luftstyrkar.

Arbeidet med å auke NATO sitt forsvar mot digitale truslar blei følgt opp gjennom at alle medlemslanda for første gang rapporterte til NATO på oppfølginga av cybererklæringa frå toppmøtet i 2016, NATO Cyber Defence Pledge. Sjå også omtalen av forsvar mot digitale truslar under.

Nordisk samarbeid

Det nordiske forsvarssamarbeidet, Nordic Defence Cooperation (NORDEFCO) blei vidareutvikla og styrka i 2017. Eit meir likt tryggingspolitisk utsyn har ført til ein tettare dialog og meir samarbeid, mellom anna innanfor trening og øving og i internasjonale operasjonar.

Det nordiske samarbeidet om militære kapabilitetar har som føremål å styrke nasjonal kapasitet og kompetanse, betre ressursutnyttinga og evna til samverknad mellom dei nordiske landa sine forsvar. Samarbeidet hadde i 2017 ei god utvikling innanfor fleire område.

Dei nordiske forsvarsministrane skreiv i november 2017 under på eit Memorandum of Understanding (MOU) om å utveksle radardata for å betre luftovervakinga i Norden. Eit felles nordisk prosjekt om kjøp av feltuniformer, med Noreg som ansvarleg nasjon, blei sett i gang. Gradert samband mellom dei nordiske landa kom på plass, og arbeidet med å forenkle tilgangen til sjø-, luft-, og landterritoriet i fredstid mellom landa heldt fram. Kampflytrening i nord heldt fram mellom Noreg, Finland og Sverige, og arbeid går føre seg for å vidareutvikle den store luftforsvarsøvinga Arctic Challenge Exercise (ACE).

Det nordiske samarbeidet med dei baltiske landa gjennom Nordic-Baltic Assistance Program (NBAP) heldt fram også i 2017 med gode resultat. Dei baltiske landa deltok også i fleire nordiske materiellsamarbeidsprosjekt.

Dei nordiske landa har deltatt i FN-operasjonane i Mali. Dette er eit godt døme på verdien av det nordiske samarbeidet. Dei nordiske landa har spela ei sentral rolle i den norsk-initierte rotasjonsordninga for transportflykapasitet til FN-operasjonen i Mali som fortsatt held fram.

Også det bilaterale samarbeidet i Norden blei utvikla vidare i 2017. Til dømes blei det norske forsvarsattachékontoret igjen oppretta ved den norske ambassaden i Stockholm i august 2017, samstundes som eit tilsvarande kontor blei oppretta av Sverige i Oslo. Forsvaret har også eit aukande logistikksamarbeid med Finland. I 2017 blei Noreg medlem i European Centre of Excellence for Countering Hybrid Threats i Helsinki.

Samarbeid med Russland

Sidan den kalde krigen har det vore ein viktig politisk målsetting for Noreg å bidra til ope, føreseieleg og gjensidig tillit i det bilaterale samarbeidet mellom Noreg og Russland. På grunn av Russland sin folkerettsstridige anneksjon av Krim og destabiliseringa i Aust-Ukraina, har Noreg inntil vidare suspendert det bilaterale militære samarbeidet med Russland. Samstundes har regjeringa ført vidare samvirket med Russland på område som er av vesentleg betyding for tryggleik til havs og stabilitet i nord. Difor blei det også i 2017 samarbeida om kystvakt, grensevakt, den opne lina mellom dei operative hovudkvartera til Forsvaret og den russiske Nordflåten samt samarbeid om søk og redning og mekanismane i Incidents at Sea (INCSEA)-avtalen vidareført.

I 2017 blei det også gjennomført konsultasjonar om INCSEA-avtalen i Moskva og eit protokollmøte innanfor ramma av kystvaktsamarbeidet. Det operative samvirket innanfor desse områda fungerer tilfredsstillande.

Bi- og multilateralt tryggings- og forsvarspolitisk samarbeid med nære allierte

Fleirnasjonalt tryggings- og forsvarspolitisk samarbeid, mellom anna om nye kapasitetar og om å auke evna til operativt samvirke, er ein prioritet. Det blei i 2017 gjennomført ei rekke bilaterale besøk og møter på fleire nivå mellom Noreg og våre næraste allierte, især USA, Storbritannia, Tyskland, Nederland og Frankrike. Besøka understreker betydinga av tette relasjonar til sentrale allierte, og bidrar til å understøtte norsk tryggings- og forsvarspolitikk.

Samarbeidet med vår viktigaste allierte USA blei ført vidare, og innanfor tryggingspolitikken ser norske styresmakter nye moglegheiter for å styrke tryggleiken basert på felles verdiar og interesser. USA legg større vekt på førehandslagra, og har sidan 2014 lagra meir og nytt tyngre utstyr i Trøndelag. Den norske evna til vedlikehald blir no utbetra for å handtere det nye utstyret, mellom anna stridsvogner. Det er også venta ei fornying av avtalen om førehandslagring av utstyr for amerikanske kampfly. I tillegg er USA no i ferd med å førebu og konkretisere tiltak innanfor ramma av European Deterrence Initiative (EDI), også i Noreg. Dette er ei utvikling vi ønsker og som Noreg har oppmoda til, og som vil vere eit viktig supplement til NATO-samarbeidet.

Dei bilaterale kontaktane med andre nære allierte, så som Storbritannia, Nederland, Tyskland og Frankrike, medverka også til å synleggjere moglegheiter for samarbeid innanfor tryggingspolitikk, operativ verksemd og militære kapabilitetar. Det er særleg samarbeidet med Storbritannia som er i sterk utvikling, jamfør at dei britiske marineinfanterisoldatane som til no har trena og øvd på Åsegarden frå vinteren 2017, har samarbeidd med norske styrkar i Indre Troms.

Noreg samarbeider med andre land også i ei rekke regionale forum, inkludert det nordiske samarbeidet innanfor NORDEFCO, den tysk-leia Framework Nations Concept -gruppa (FNC), og initiativet til Storbritannia for eit fleirnasjonalt operativt samarbeid i den såkalla Joint Expeditionary Force (JEF). I tillegg er det nordeuropeiske forumet Northern Group ein god arena for tryggingspolitiske konsultasjonar og informasjonsdeling.

Personellområdet

Reforma knytt til personell og kompetanse for forsvarssektoren var også i 2017 prioritert. Oppfølging av kompetansereforma, jf. Meld. St. 14 (2012–2013), er ei strategisk satsing som blei følgt opp i 2017.

I samsvar med HR-strategien for forsvarssektoren var styringa av Forsvaret på HR-området i 2017 knytt til satsingsområda leiing, kompetanse og kultur for kontinuerleg forbetring.

Stortinget vedtok å innføre ordninga for militært tilsette frå 1. januar 2016, jf. Innst. 355 L (2014–2015) og Innst. 336 S (2014–2015) til Prop. 111 LS (2014–2015). Dette er ei viktig reform som det blei arbeidd vidare med i 2017. Ein viktig del av reforma er innføring av eit spesialistkorps, som omfattar dei som tidlegare gjekk under nemninga verva og avdelingsbefal. Spesialistkorpset omfattar befal, grenaderar og konstablar. Målet med ordninga er å legge grunnlaget for ein balansert personellstruktur med auka kontinuitet og erfaringsbasert kompetanse på lågare nivå i Forsvaret. Dette vil medverke til å styrke Forsvaret si operative evne.

Endringar i grunnlaget for tilsetting i militære stillingar i Forsvaret stiller også krav til endringar i Forsvaret si utdanningsverksemd. Som del av arbeidet med oppfølginga av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016), blei det sett i gang ein full gjennomgang av utdanningsverksemda i Forsvaret. I 2017 starta iverksettinga av ei reform som skal tilpasse utdanningsverksemda til nye behov på ein måte som tek i vare eigenarten i militær profesjonsutdanning og samstundes bidrar til god kvalitet i utdanninga.

Som del av reforma blei dei seks akkrediterte høgskulane i Forsvaret organisatorisk slegne saman frå 1. august 2017. Reforma legg til grunn ein sentralisert leiing av all utdanning i Forsvaret. Forsvarsstaben blei tilført nye årsverk for å vareta denne oppgåva.

Militært personell i Forsvaret har særaldersgrense på 60 år. Denne særaldersgrensa sto ved lag i 2017. Ei eventuell endring i særaldersgrensa i Forsvaret må sjåast i samanheng med generelle endringar i pensjon for offentleg tilsette.

Objekttryggleik

Arbeidet med den førebyggande objekttryggleiken blei styrka i november 2016 gjennom igangsetting av planlegging av eit landsdekkande program for sikring av skjermingsverdige objekt. Hensikta med programmet er å bidra til at tilstanden på grunnsikringa av dei skjermingsverdige objekta i Forsvaret er i samsvar med lov om forebyggende sikkerhetstjenester (sikkerhetsloven). I 2017 blei det difor satt av 450 mill. kroner til tiltaka, med gjennomføring fram til og med 2025, innanfor Forsvarsdepartementets investeringsrammer. Tiltak for å sikre skjermingsverdige objekt gjennomførast som fleire enkeltprosjekt, og prosjekta blir starta etter kvart som prosjektgrunnlaget føreligg. Talet på objekt der tilstanden er klårlagd, og som tilfredsstiller sikkerheitslova vil auke gradvis fram til 2025.

Effektivisering

I tråd med regjeringa sitt program for å effektivisere, gjennomfører Forsvarsdepartementet eit kontinuerleg arbeid for å betre og effektivisere arbeidsoppgåver og arbeidsprosesser i forsvarssektoren.

3.2 Økonomiske rammer

Stortinget vedtok ei utgiftsramme for forsvarsbudsjettet for 2017 på 51 248,2 mill. kroner, jf. Innst. 7 S (2016–2017) til Prop. 1 S (2016–2017).

Dette var ein auke på 2,4 mrd. kroner frå Prop. 1 S (2015–2016), i hovudsak knytt til styrking i tråd med langtidsplanen. Etter forslag frå regjeringa blei det mellom anna gitt ein auke til å oppretthalde og vidareutvikle Kystjegerkommandoen på 140,0 mill. kroner, ytterlegare trening, øving og aktivitet og styrking av vedlikehald, anskaffing av reservedelar og oppbygging av beredskapslagra i Heimevernet med 91,0 mill. kroner, og styrking av vedlikehald, reservedelar og beredskapslagra i Hæren med 90,0 mill. kroner. I tillegg til dette kom løns- og soldatkompensasjon på 168,0 mill. kroner og auka inntekter på 362,7 mill. kroner.

I tillegg blei budsjettramma redusert med 164,3 mill. kroner knytt til staten si reform for avbyråkratisering og effektivisering.

Endringar i løyvinga er vist i tabell 3.1. Utover desse endringane hadde forsvarssektoren til disposisjon overførte midlar frå 2015 på til saman 1 780,2 mill. kroner.

Tabell 3.1 Endringar i løyvinga for 2017

+/-

Innstilling

Proposisjon

(i 1 000 kr)

+

Innst. 401 S (2016–2017)

Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017

735 782

+

Innst. 492 S (2016–2017)

Prop. 139 S (2016–2017) Endringar i statsbudsjettet 2017 under Forsvarsdepartementet (Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap») (soldatproposisjonen)

8 009

+

Innst. 482 S (2016–2017)

Prop. 143 S (2016–2017) Endringar i statsbudsjettet 2017 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2017 mv.)

159 978

+

Innst. 83 S (2017–2018)

Prop. 12 S (2017–2018) Endringar i statsbudsjettet 2017 under Forsvarsdepartementet

103 357

=

Rammeauke

1 007 126

3.3 Måloppnåing i Forsvaret

Leveransar

Leveransekravet til Forsvaret er gitt frå regjeringa og Stortinget som ni oppgåver, fordelt på beredskap for krise og krig, fredsoperative oppgåver og krisehandtering nasjonalt og internasjonalt. Oppgåvene har vore stabile over tid, noko som gir eit godt bilete av utviklinga dei siste åra. Samstundes har dei tryggingspolitiske rammevilkåra endra seg. Dei gjeldande krava til Forsvaret for krise og krig møtte ikkje den gjeldande tryggingspolitiske situasjonen godt nok. Forsvaret har heller ikkje fullt ut vore i stand til å møte dei krava som er sette, med omsyn til beredskap for alvorleg krise og væpna konflikt. Beredskap handlar om å vere klar til rett tid, på rett stad og med rett kapasitet. Krava til kor raskt Forsvaret skal kunne vere klar blir skjerpa gradvis, og også i 2017 har fleire einingar betra reaksjonstida si. Betring i reaksjonsevna er avhengig av mellom anna treningsnivå, beredskapslager, materiellberedskap, personell og planverk. I tillegg er støttestrukturen, som logistikk, sanitet og IKT avgjerande for at Forsvaret skal kunne bygge opp styrkar samstundes. Trass i at beredskapskrava blei skjerpa i 2017 blir det rapportert om framgang i utviklinga av operativ evne på fleire område. Dette er eit resultat av mellom anna betre planverk, høgare oppfyllingsgrad av personell og betre forsyningsberedskap. Denne utviklinga forventar ein skal fortsette, slik at også den overordna vurderinga av operativ evne vil bli endra, jf. tabell 3.2. Sjølv om Forsvaret hadde utfordringar med dei mest krevjande oppgåvene, er det viktig å poengtere at Forsvaret leverte særs godt for dei oppgåvene som ikkje krev omfattande og samtidig oppbygging av styrkar.

Tabell 3.2 Utvikling av operativ evne 2015–2017

Forsvarets oppgåver i Prop. 73 S (2011–2012)

Forsvarsdepartementets vurdering av operativ evne 2015

Forsvarsdepartementets vurdering av operativ evne 2016

Forsvarsdepartementets vurdering av operativ evne 2017

Utgjere ein krigsførebyggande terskel med basis i NATO- medlemskap

Mindre god

Mindre god

Mindre god

Forsvare Noreg og allierte mot alvorlege truslar, anslag og åtak innanfor ramma av NATOs kollektive forsvar

Mindre god

Mindre god

Mindre god

Hindre og handtere episodar og tryggingspolitiske kriser med nasjonale ressursar, inkludert legge til rette for alliert engasjement om naudsynt

Mindre god i det øvre krisespekteret, mykje god i det lågare krisespekteret

Mindre god i det øvre krisespekteret, mykje god i det lågare krisespekteret

Mindre god i det øvre krisespekteret, mykje god i det lågare krisespekteret

Sikre eit nasjonalt avgjerdsgrunnlag gjennom tidsmessig overvaking og etterretning

God

God

God

Hevde norsk suverenitet og suverene rettar

God

God

God

Utøve myndigheit på avgrensa område

God

God

God

Delta i fleirnasjonal krisehandtering, inkludert fredsstøttande operasjonar

Mykje god

Mykje god

Mykje god

Bidra til internasjonalt samarbeid på det forsvars- og tryggingspolitiske området

God

God

God

Bidra til å vareta samfunnstrygging og andre sentrale samfunnsoppgåver

Mykje god

Mykje god

Mykje god

Forsvarsdepartementet sin vurdering av den operative evna i 2017 var i samsvar med forsvarssjefen sin vurdering. Generelt er Forsvaret sin evne til å løyse oppgåver knytt til handtering av alvorlege kriser og kollektivt forsvar mindre god. Evna til å løyse fredsoperative oppgåver er god og evna til å løyse oppgåver knytt til krisehandtering nasjonalt og internasjonalt i den lågare delen av krisespekteret er mykje god.

Operasjonar og dagleg verksemd nasjonalt

Forsvaret løyser daglege nasjonale operasjonar, slik som grensevakt, kongevakt, kystvakt, overvaking og hevding av suverenitet. Grensevakta løyste gjennom heile 2017 vakthald og Schengen-oppgåver i tett samarbeid med politiet. Kongevakta løyste også sine oppgåver i samarbeid med politiet. Kystvakta har levert 99 pst. av dei kravstilte patruljedøgna for 2017. Det blei gjennomført 1 436 fiskeriinspeksjonar og 3 171 oppdrag på vegne av andre myndigheiter og samarbeidande etatar. Forseinking med å fase inn NH90 har ført til dårlegare kapasitet i Kystvakta enn planlagt. Det blei gjennomført nokre fleire tokt med maritime patruljefly i 2017, samanlikna med 2016. Det vil sannsynlegvis bli utfordrande å oppretthalde dette aktivitetsnivået i dei kommande åra på grunn av aldrande materiell, innføring av nytt maritimt patruljefly (P-8 Poseidon) og avgrensa personellressursar. Norsk luftrom blei også overvaka av ein luftradarkjede, og kampfly på beredskap blei sendt opp for å identifisere enkelte flygingar.

Forsvaret har i 2017 samla sett hatt god evne til å overvake og hevde suverenitet over norsk område. Dei nasjonale operasjonane er eit viktig fundament i norsk tryggingspolitikk og Forsvaret har løyst oppgåvene på ein god måte.

Figur 3.1 Utvikling i Hæren si øving (øvingsdøgn)

Figur 3.1 Utvikling i Hæren si øving (øvingsdøgn)

Hæren

Langtidsplanen for perioden 2017–2020 legg til grunn at Hæren skal øve meir. Samla sett har Hæren øvd på om lag same høge nivå som i 2016. I tillegg til interne øvingar har Hæren gjennomført øvingar med dei andre forsvarsgreinene med føremål å oppnå samverkesynergiar. På den fellesoperative øvinga Joint Viking øva Brigade Nord i Finnmark og Troms saman med nasjonale og internasjonale einingar. Vidare øvde Brigade Nord mellom anna i Tyskland, Sverige og Nederland på strid i urbane miljø. 2. bataljon på Skjold auka aktiviteten i tråd med behandlinga av Forsvarsbudsjettet for 2017. Dette var ei forsering frå 2018 til 2017 av det auka aktivitetsnivået som ligg til grunn i langtidsplanen. Reduksjonen i aktivitet i 2015 skuldast at Hæren endra måten å berekne aktiviteten i Hæren, slik at talet samla sett ikkje er samanliknbart med tidlegare rapportert aktivitet. Slik sett var aktiviteten i 2015 på høgde med aktiviteten året før.

Forsvarets spesialstyrkar

Forsvarets spesialstyrkar (FS) har halde oppe si gode operative evne gjennom heile året. Beredskap og øving i 2017 har vore tilfredsstillande. FS sitt bidrag til internasjonale operasjonar er ein viktig del av det totale bidraget frå Forsvaret, og ein høgt verdsatt kapasitet av Noreg sine allierte.

Figur 3.2 Utvikling i Sjøforsvaret si segling (seglingsdøgn)

Figur 3.2 Utvikling i Sjøforsvaret si segling (seglingsdøgn)

Figur 3.3 Utvikling i Sjøforsvaret sin aktivitet i Nord-Noreg (seglingsdøgn)

Figur 3.3 Utvikling i Sjøforsvaret sin aktivitet i Nord-Noreg (seglingsdøgn)

Sjøforsvaret og Kystvakta

Aktivitetsnivået både i Marinen og Kystvakta blei auka i 2017, både totalt og i nordområda. Marinen stilte styrkesjef og kommandofartøy i NATO si ståande fregattstyrke Standing Naval Maritime Group 1 (SNMG1) heile året. Kystvakta har i all hovudsak segla etter planen, og den er ein betydelig bistand til det sivile samfunn med mellom anna ressurskontroll og fiskeri- og miljøoppsyn. Leveransen av nytt logistikkfartøy er ytterlegare forseinka og er forventa levert i slutten av 2018. Sjøforsvaret har fortsatt arbeidd med å omdisponere personell for å auke talet på operative besetningar.

Figur 3.4 Utvikling i Luftforsvaret sin aktivitet

Figur 3.4 Utvikling i Luftforsvaret sin aktivitet

Luftforsvaret

Luftforsvaret har i hovudsak nådd måla for aktivitet i 2017, utanom NH90-helikoptera. Forseinking i leveransar og å sette helikoptera i drift er omfattande og krevjande. Dette har innverknad på Kystvakta og Sjøforsvaret sin evne til overvaking, fiskerioppsyn og anna utøving av myndigheit til havs. F-16 har vore på kontinuerleg NATO-beredskap, og med eit høgt aktivitetsnivå for dei maritime patruljeflya har Luftforsvaret medverka til overvaking og etterretning. Samstundes har mykje av aktiviteten i Luftforsvaret for 2017 vore knytt til endring og innføring av nye kampfly, som går i samsvar med plan.

Figur 3.5 Utvikling i Heimevernet si trening

Figur 3.5 Utvikling i Heimevernet si trening

Heimevernet

Heimevernet har øva som føresett i 2017. Områdestrukturen i Heimevernet trener og øver etter ein treårig modell, 2+1-modellen. Denne modellen inneber at mannskapa trener fire dagar to år på rad, medan spesialistar og befal trener seks dagar to år på rad. Det tredje året trener berre spesialistar og befal fem dagar. Modellen sikrar ein god og praktisk tilnærming til målet om at 62 pst. av områdestrukturen øver årleg.

Målsettinga er at 90 pst. av innsatsstyrkane skal trene og øve kvart år, med 15 dagar for mannskap og 20 dagar for befalet. Nokre utvalde troppar trener meir.

I tråd med behandlinga av Forsvarsbudsjettet for 2017 auka aktiviteten i både områdestrukturen og innsatsstyrken i HV-17 Finnmark, og Sjøheimevernet auka sin aktivitet i nord.

Heimevernet har kort reaksjonstid og er ein landsdekkande ressurs. Heimevernets einingar har i tillegg til å stå på beredskap for krise og krig ytt bistand til sivilsamfunnet i leiteaksjonar. HV-distrikta gjennomfører årleg trening og øving i ulike forband, også i ein fellesoperativ ramme som Joint Viking i mars og øving Hovudstad i september.

Øving og alliert trening

Det har i 2017 vore stor øvingsaktivitet for både Forsvarets operative hovudkvarter og for land-, luft- og sjøstyrkane. Nivået av utanlandske besøk for trening og øving på norsk territorium var høgt. Øvingsverksemda tok utgangspunkt i den operative statusen for styrkane våre og oppdraga dei skal løyse. Styrkar som stod på beredskap for oppdukkande episodar og kriser, samt styrkebidrag til operasjonar i utlandet, fekk høgste prioritet. Samstundes var det naudsynt med trening og øving av kommandostrukturen, med fokus på evne til å planlegge og leie operasjonar. Den nasjonale evna til krisehandtering og hevding av suverenitet blei øvd, og det var ei styrking av øvingssamarbeidet med sivile instansar og styresmakter, særleg med politiet. Trenings- og øvingsaktiviteten blei i stort gjennomført i samsvar med planen for verksemda gjennom året.

I 2017 gjennomførde einingar frå det amerikanske marinekorpset (US Marine Corps (USMC)) rotasjonsbasert trening og øving i Noreg med Værnes som utgangspunkt. I juni 2017 blei det vedtatt at ordninga skulle vidareførast ut 2018. Dei amerikanske soldatane har mellom anna deltatt på ulike trenings- og øvingsaktiviteter på ulike stader i Noreg og saman med norske styrkar. Erfaringane med ordninga er særs positive. Den støtter i stor grad opp under økt operativ effekt og vår evne til avskrekking, utviklinga av vår evne til alliert mottak, støtte av allierte styrkar, samt integrering mellom norske og allierte styrkar.

Forsvar mot digitale truslar

Dagens situasjonsbilete og tryggingspolitiske utfordringar stiller betydelege krav til Forsvaret si evne innanfor digitale truslar. Cyberforsvaret og Etterretningstenesta blei styrka i 2017, mellom anna for å bidra til å vareta dei økte utfordringane innanfor desse områda.

Cyberforsvaret har vidareført arbeidet med å vidareutvikle IKT-infrastrukturen for å gi Forsvaret evne til å leie og samvirke i eit fellesoperativt perspektiv. Målet er å styrke evna til å understøtte operative einingar i daglege operasjonar, krise og væpna konflikt. Cyberforsvaret har også vore sentral for å verne Forsvaret sin eigen informasjonsinfrastruktur.

Gitt dagens situasjonsbilete og tryggingspolitiske utfordringar, er Etterretningstenesta eit viktig instrument for å forstå utfordringar i det digitale rommet. Etterretningstenesta har gjort eit betydeleg arbeid med dette i 2017.

I 2017 blei Felles cyberkoordineringssenter sett i drift. Senteret er leia av Nasjonalt tryggingsorgan, og består elles av personell frå Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste og Kripos. Senteret bidrar til å styrke evna til å avdekke og handtere dei mest alvorlege digitale åtaka. Koordineringssenteret er eit samlokalisert fagmiljø, men ikkje eit eige organ med eiga avgjerdsmyndigheit. Etableringa førte ikkje til endringar i tenestene sine respektive mandat, ansvarsforhold og rettsgrunnlag.

Arbeidet med forsvar mot digitale truslar i NATO

Sommaren 2017 rapporterte Noreg, saman med dei andre medlemslanda, for første gang på Cybererklæringa som blei bestemt av dei allierte stats- og regjeringssjefane under toppmøtet i Warszawa i juli 2016. Dei NATO-allierte har styrkt sitt forsvar mot digitale truslar på ei rekke områdar, og vil samarbeide framover om erfaringslæring og kompetansebygging på tvers av landa.

Noreg har i 2017 vedtatt å styrke det etablerte samarbeidet med det NATO-akkrediterte Cooperative Cyber Defence Centre of Excellence (CCD COE). I samarbeid mellom Forsvarsdepartementet, Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har Noreg søkt medlemskap i CCD COE, og tar sikte på å vere representert ved senteret innan utgangen av 2018. Dette forsterka samarbeidet bidrar til å underbygge Noreg sin evne til forsvar mot digitale truslar og samarbeid med sentrale NATO-land og partnarar på dette området.

Revisjon av planverk

Forsvaret sin evne til å vareta oppgåvene ved krise og væpna konflikt er mellom anna avhengig av oppdaterte og relevante planverk. Å halde planverket oppdatert er eit kontinuerleg arbeid som også avdekker utfordringar knytt til beredskap og operative behov. Forsvaret gjorde i 2017 eit omfattande arbeid med å revidere det nasjonale planverket. Dette blei samordna med NATO sin reviderte forsvarsplan for områda våre som blei godkjent i 2017. Dette har resultert i forsvarssjefen sin strategi Arctic Guard , som blei godkjent i mars 2018. Parallelt med dette arbeidet har også forsvarsplanar for operasjonelt og taktisk nivå blitt revidert, og det komplette reviderte planverket blei sett i kraft frå juli 2018.

Forsvaret si støtte til samfunnstryggleik

Forsvaret har også i 2017 deltatt i søk- og redningsaksjonar, og gitt bistand etter førespurnad frå politiet og andre sivile styresmakter i samband med ulykker, naturkatastrofar og andre fredstidskriser. Forsvaret har ytt viktig støtte gjennom mellom anna Kystvakta, Heimevernet, Luftforsvarets fly og helikopter, søke- og redningstenesta og innanfor eksplosivrydding.

Vern mot kjemiske, biologiske, radiologiske og nukleære middel og eksplosivar (CBRNE-vern)

Forsvaret heldt fram arbeidet med å vidareutvikle kapasitetane for å verne personell og materiell mot verknader av CBRNE-middel. Forsvarssektoren har utarbeidd ein plan for styrking av CBRNE-beredskapen med grunnlag i Nasjonal CBRNE-strategi frå 2016, og ei vidare detaljering av denne planen er under arbeid i etatane. Forsvarets forskingsinstitutt har fått formalisert oppdraget om å ha CBRNE-analysekapasitet, og har oppretta ei døgnbemanna telefonbasert rådgjevingsteneste på feltet. Det er likevel framleis manglar på fleire område innanfor CBRNE-vern. Desse utfordringane er i hovudsak innanfor kompetanse, bemanning og manglar på moderne materiell. CBRNE-vernet skal styrkast, primært for å dekke militære behov i Forsvaret, men dette vil også styrke evna til å støtte sivile styresmakter. Arbeidet med modernisering og materiellinnkjøp blei vidareført gjennom året. Forsvaret har gjennom året halde oppe nasjonal beredskap for akutt handsaming av eksplosivar.

Norske styrkar i utlandet

Noreg sine bidrag til koalisjonsoperasjonen mot ISIL ( Operation Inherent Resolve ) bidrog i 2017 med kapasitetsbygging av dei irakiske tryggingsstyrkane. Hovudstyrken i Irak blei i løpet av året flytta frå Erbil, der Pershmergastyrkar blei trena, til å trene og rådgje irakiske sikringsstyrkar i Anbar-provinsen. Spesialstyrkane dreiv kapasitetsbygging av sunni-arabiske grupper som kjempa mot ISIL i Syria fram til oktober 2017, då innsatsen deira blei flytta til Irak.

I operasjon Resolute Support Mission (RSM) i Afghanistan var hovudinnsatsen til Noreg i 2017 framleis spesialstyrkebidraget til støtte for den afghanske spesialpolitieininga Crisis Response Unit (CRU 222) i Kabul og støtte til den afghanske General Command of Police Special Units (GCPSU).

Noreg hadde eit landbidrag i NATO si framskotne nærvær i Litauen ( Enhanced Forward Presence ) i andre halvår 2017.

Noreg sitt hovudbidrag til FN var i 2017 ein vidareføring av transportflyordninga til United Nations Multidimensional Integrated and Stabilisation Mission in Mali (MINUSMA). I tillegg drifta Noreg leiren for denne styrken og andre einingar forlagde på Bamako flyplass.

Noreg har også stilt personell i United Nations Truce Supervision Organization (UNTSO) og i Multinational Force and Observers (MFO) i Midtausten, og United Nations Mission in South-Sudan (UNMISS).

Forsvaret hadde også militært personell i Kosovo Force (KFOR) i Kosovo, NATO Headquarters in Sarajevo (NATO HQ Sarajevo) i Bosnia-Herzegovina, Combined Maritime Forces (CMF) i Bahrain, og til NATO Shipping Centre (NSC) i Northwood i England.

Noreg deltok i EU sin yttergrenseoperasjon Triton i Middelhavet med fartøyet MV Siem Pilot. Forsvaret støtta politiet med personell og utstyr på fartøyet.

Dei ståande reaksjonsstyrkane til NATO

Noreg hadde kapasitetar frå Hæren og Sjøforsvaret på beredskap for NATO sine reaksjonsstyrkar (NRF) i 2017. Noreg deltok og i dei ståande maritime styrkane til NATO Standing Naval Maritime Group1 (SNMG1), kor ein norsk fregatt hadde kommandoen i 2017, og den ståande mineryddingsstyrken Standing Naval Mine Countermeasures Maritime Group1 (SNMCMG1).

Strategisk sjø- og lufttransport

Noreg deltok i 2017 i den vidare utviklinga av dei fleirnasjonale kapasitetane innanfor strategisk sjø- og lufttransport, og utnytta desse kapasitetane gjennom:

  • Movement Coordination Centre Europe (MCCE) i Eindhoven i Nederland med 28 medlemsnasjonar. Medlemskapet gjer at dei tilgjengelege strategiske transport- og luft-til-luft tankingskapasitetane til nasjonane blir nytta betre og gir ein meir kosteffektiv koordinering landa imellom under styrkeproduksjon, øvingar og operasjoner.

  • Multinational Implementation Arrangement (MIA) med ti medlemsnasjonar, som i 2017 bestod av 14 transportskip (Ro-Ro) med totalt 37 000 lastemeter. Avtalen legg til rette for at medlemsnasjonane på kort tid kan få tilgang på strategisk sjøtransportkapasitet.

  • Strategic Airlift Interim Solution (SALIS). NATO Support Agency (NSPA) forhandla på vegner av 12 deltakarnasjonar fram ein kontrakt for å sikre tilgang til såkalla outsized cargo lufttransportkapasitet frå 2006. Avtalen er forlenga til utgangen av 2018. Kontrakten inneber at nasjonane får tilgang på strategisk lufttransport med to fly av typen AN-124 innan 24 timar, ytterlegare to fly som kan bli aktiverte innan seks dagar og ytterlegare to fly innan ni dagar. I dag omfattar avtalen tilgang til fly av typen AN-124, AN-225 og Il-76.

  • Strategic Airlift Capability (SAC) med ti medlemsnasjonar.Avtalen sikrar medlemsnasjonane tilgang på strategisk lufttransportkapasitet med tre Boeing C-17 Globemaster transportfly frå den fleirnasjonale Heavy Airlift Wing (HAW) på Pápa Airbase i Ungarn.

3.4 Økonomi

Planperioden 2017–2020 har som målsetting å betre tilgjenge og uthald ved å auke vedlikehaldet, anskaffing av reservedelar og oppbygging av beredskapslagra. Vidare skal auka trening og bemanning prioriterast, samstundes som det investerast i nye og framtidsretta strategiske kapasitetar. Planen bygger på auke i løyvingane til langtidsplantiltak med om lag 8 mrd. kroner i 2020, samanlikna med referansenivået som låg til grunn for planarbeidet. For gjennomføringsåret 2017 blei styrkinga på 1 471,0 mill. kroner. Kostnadseffektivitet og rasjonell drift er også ein føresetnad for å nå målsettingane i perioden. Anskaffing av nye kampfly med baseløysing og vidareutvikling av JSM trinn 3 gjennomførast med mellombels styrking på 4 518,0 mill. kroner i 2017. Forsvaret overtok seks nye F-35 kampfly i 2017. Av disse er tre fly førebels stasjonert i USA, medan tre fly har kome til Noreg.

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskapen før lånetransaksjonar, viser eit mindreforbruk på 1 594,0 mill. kroner for gjennomføringsåret 2017. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving i 2017 med 1 780,0 mill. kroner. Rekneskapen viser dermed ein samla mindreutgift på 1 572,0 mill. kroner, samanlikna med løyvinga i budsjettet for 2017. Mindreforbruket i 2017 og overføringane frå 2016 skriv seg hovudsakleg frå framdrifta i store anskaffingsprosjekt, inkludert kampflykjøpet med baseløysing samt andre aktivitetar der utbetalinga først skjer i 2018.

3.5 Interne prosessar

Bidrag til tryggings- og forsvarspolitisk forsking

Forsking og utvikling innanfor tryggings- og forsvarspolitikk var i 2017 retta inn mot fleire område: truslar i det digitale rom (cyber), utviklinga knytt til Russland og nordområda, europeisk tryggingspolitikk post-Brexit, utviklinga i Asia/Stillehavet med særleg merksemd på Nord-Korea. Andre aktuelle FoU-aktivitetar var forsking på Tyrkia og landets rolle i Europa/NATO og Kystvakta som tryggingspolitisk verktøy.

Kapasitetsbygging

Dei nordiske landa har sidan 2009 støtta Eastern Africa Standby Force (EASF) med eit rådgjevarlag som er fast utplassert ved EASF sitt hovudkvarter i Kenya. I 2017 blei støtta bestemt forlenga fram til og med 2018, med forventing om at EASF tydeleg skal vise korleis dei vil legge til rette for å bruke støtta frå dei nordiske landa og kva resultat ho direkte gir.

I 2017 heldt dei nordiske landa fram med å levere gode resultat gjennom Nordic-Baltic Assistance Programme (NBAP), som blei starta i 2014 etter initiativ frå Noreg. Dei nordisk-baltiske landa heldt fram støtta til Joint Training and Evaluation Centre (JTEC) i Georgia. Denne innsatsen er ein viktig del av NATO si støttepakke til Georgia, og blir ofte halde fram som flaggskipet mellom NATO sine ulike kapasitetsbyggingsprogram. Noreg har og ytt støtte til antikorrupsjon og cyberforsvar innanfor NATO sin støttepakke til Georgia.

Noreg heldt fram engasjementet på Vest-Balkan, særleg retta mot Bosnia-Hercegovina, Makedonia og Serbia. Noreg har jamlege samtalar med desse landa for å følge sentrale trekk i den tryggingspolitiske utviklinga. Noreg har også fleire tekniske støttetiltak retta mot desse landa, for å fremje samarbeid mellom landa i regionen, og sette dei i stand til å ta del i fleirnasjonale tryggingsoperasjonar.

Forsvarleg forvaltning og styring av verksemda

Forsvarleg forvalting og styring av verksemda er ein føresetnad for forbetring i forsvarssektoren. Dette arbeidet har høg merksemd i styringsdialogen Forsvarsdepartementet har med verksemdene under departementet, og i styringa internt i verksemdene. Det omfattande og langsiktige arbeidet med å forbetre styringa og forvaltinga av tildelte ressursar blei ført vidare i 2017, kor «Styring og kontroll» er eit av måla i langtidsplanen for forsvarssektoren 2017–2020.

Det er ein uttalt ambisjon for forsvarssektoren å unngå merknader frå Riksrevisjonen. Dette krev forbetring på område der svakheiter er avdekte, men også tiltak for å unngå feil i framtida. Forsvaret har sett i verk ein rekke tiltak etter at Riksrevisjonens ikkje kunne konkludere om rekneskapen for 2016, og for å få ein reviderbar rekneskap i 2017. Arbeidet har gitt tydelege forbetringar i 2017. Forsvaret får alvorlege merknader til rekneskapen, men for 2017 har Riksrevisjonen gitt ein konklusjon med atterhald. Forsvarsdepartementet er nøgd med den positive utviklinga. Etaten heldt fram arbeidet med å utvikle periodisert rekneskap vidare. Forsvaret arbeider også målretta med å legge til rette for god oppgåveløysing gjennom systematisk oppbygging av kompetanse og rutinar for og etterleving av intern kontroll.

Organisasjon og styrkestruktur

2017 var første år av langtidsplanen 2017–2020, jf. Prop. 151 S (2015–2016) «Kampkraft og bærekraft». Oppbygginga av grunnmuren gjennom å auke vedlikehald av materiell, anskaffing av reservedelar og oppbygging av beredskapslagra blei prioritert. Omstillinga av Luftforsvaret heldt fram og dei tre første F-35 flya i Noreg blei mottatt hausten 2017. Planar for vidare utvikling av landmakta blei behandla hausten 2017. Generalinspektørane blei styrkesjefar og blir kalla høvesvis forsvarsgreinsjefar og sjef Heimevernet. Dei tre krigsskulane, Forsvarets ingeniørhøgskole og Forsvarets høgskule blei slått saman til ein høgskule. Befalskulane blei også lagt under Forsvarets høgskule.

Strukturen i Hæren blei i 2017 i hovudsak vidareført medan landmaktutgreiinga blei gjennomført. Hæren har hatt auka nærvær i Nord-Noreg i 2017. Hærens taktiske leiing blei samordna med Brigadekommandoen og vidareutvikla til ein lettare og meir mobil eining.

Etableringa av eit jegerkompani ved Garnisonen i Sør-Varanger tok til. Kompaniet byggast stegvis opp fram mot 2020, og vil vere operativt innan 2022.

Delar av Forsvarets kompetansesenter for logistikk (FKL) og Sessvollmoen leir blei overført frå Hæren til Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO). Staben, Fagavdeling logistikk, Teknisk avdeling, Logistikkskulen, delar av Forsvarets ammunisjons- og EOD-skule samt Forsvarets transportskule er dei einingane som blei overførde. Samstundes var kompetanse om landbasert logistikk etablert på nytt ved Hærens våpenskule for å vareta fagansvaret for dette, då delar av FKL blei overført til FLO.

Leveransen av stormpanservogna CV90 til Hæren nærmar seg ferdig, og dei siste er planlagt leverte i 2018.

Heimevernet sin struktur blei i 2017 i hovudsak vidareført medan landmaktutgreiinga blei gjennomført. I 2017 blei distriktsstabane i HV-16 og HV-17 styrka med meir personell. Heimevernet si befalskule ved Garnisonen i Porsanger og Sjøheimevernet blei lagt ned.

Sjøforsvaret si aktivitet blei i 2017 auka med meir segling med fartøya. Segling i Nord-Noreg blei prioritert og ein undervassbåt var til ein kvar tid i Nord-Noreg. To minefartøy blei tatt ut av styrkestrukturen, som vedteken gjennom behandlinga av langtidsplanen for forsvarssektoren. NH90-helikoptra til Kystvakta og Marinen er forseinka og logistikkfartøyet KNM Maud blei ikkje levert i 2017 som planlagt.

Innfasinga av F-35 går etter planen. Tre fly blei mottatt for opplæringsføremål i USA og Noreg har nå har sju fly der. Utbygginga av kampflyfasen på Ørland gjekk etter planen og dei tre første F-35 i Noreg blei tekne imot i november. Omstillinga i Luftforsvaret har vore utfordrande, då den gjennomførast av det same personellet som blir brukt i leiing, styrkeproduksjon, operasjonar og beredskap. Kampflyberedskap med F-16 blei gjennomført frå Bodø. Eit DA-20 VIP-fly blei fasa ut som planlagt.

Samanlikna med 2016 var talet på tokt med maritime patruljefly nokre fleire i 2017, men gammalt materiell gjer det krevjande å overvake på best mogleg måte. Leveranse og innfasing av NH90-helikoptra er betydeleg forseinka, noko som har hatt konsekvensar for Kystvakta og Marinen sin oppgåveløysing, samanlikna med operasjonar med fullt operative NH90. NATO sitt nye luftovervakingssystem ACCS er betydelig forseinka og blei ikkje operativt i 2017, som det var lagt opp til. Den mobile luftkontrolleininga Air Control Unit blei tatt i bruk som redundanseining.

I 2017 blei 339 skvadron og kadre for Special Operations Air Task Group vidareutvikla som ein dedikert og styrka helikopterkapasitet på Rygge til støtte for Forsvarets spesialstyrkar. Arbeidet med å vidareutvikle spesialstyrkane si leiing og stab i Oslo for å understøtte sjef Forsvarets spesialstyrkar som styrkeprodusent, vareta våpenskulefunksjonar innanfor eige fagmyndigheitsområde, samt vareta tverrsektorielt samvirke i kriser og konflikt, starta i 2017.

Fleire avtaler blei etablert med sivil verksemd for å styrke logistikkberedskapen. Reaksjonsevna og uthald til dei militære styrkane blei betydeleg styrka gjennom å auke vedlikehaldet, anskaffing av reservedelar og oppbygging av beredskapslagre. Det blei også gjennomført fleire vedlikehaldsøvingar kor store mengder materiell på lager blei reparert.

Cyberforsvaret styrka evna til å støtte opp under Forsvarets operasjonar heime og ute gjennom 2017 ved å stille krav til, etablere, drifte og verne Forsvarets informasjonsinfrastruktur. IKT blei nytta som eit verkemiddel for å betre samhandlinga i Forsvarets operasjonar og for å effektivisere styrkeproduksjon og forvalting i forsvarssektoren. Cyberforsvaret prioriterte oppgåver som berre kan løysast av Forsvaret, samt vidareutvikling av IKT som samhandlar med NATO.

Allmennhelsetenesta blei overført frå Forsvarets sanitet (FSAN) til forsvarsgreinene, og planlegging av eit nytt Role 2-bygg starta i 2017. I 2017 har FSAN arbeida med å fylle styrkestrukturen med personell. Dette arbeidet blei i stort fullført.

Forbetring og effektivisering

Det blei i 2017 sett i verk ei rekke tiltak i forsvarssektoren for å styrke evna til kontinuerleg forbetring og effektivisering. Det blei gjennomført tiltak for å heve kompetansen mellom anna ved innføring av ein obligatorisk metode for å realisere gevinstar og legge til rette for at desse blei gjennomførde og dokumenterte. Fagmiljø blei kraftsamla i både FD og verksemdene, og det blei etablert nettverk på tvers av verksemdene i sektoren for å legge til rette for deling og læring på tvers.

Verksemdene i forsvarssektoren realiserte i 2017 gevinstar for om lag 325,0 mill. 2017-kronar, mot eit krav på 309,0 mill. kroner. Samla status for etatane i forsvarssektoren blir difor vurdert som god, og i stort i rute for å nå langtidsplanen sine mål knytt til forbetring og effektivisering, der gevinstar for om lag 1,8 mrd. kroner skal realiserast og fordelast i samsvar med styrkinga i planen. Det er likevel tidleg i perioden og prognose for å oppnå måla ved utgangen av perioden er noko usikker. I 2017 knytte dei største gevinstane seg til HR-transformasjon i Forsvaret, ny ordning for levering av reinhald i Forsvaret, frigjering av ressursar knytt til leiing, støtte og administrasjon i Sjøforsvaret, sentralisering og profesjonalisering av innkjøpsverksemda i Forsvaret og standardisering og betring av investeringsprosessar i Forsvarsbygg.

3.6 Materiell og infrastruktur

Materiellanskaffingar

Materiellanskaffingar i Forsvaret skal medverke til å tilpasse den framtidige strukturen til oppgåver og utfordringar og betre den eksisterande strukturen der dette er naudsynt. Omfanget av og framdrifta i anskaffingane blir tilpassa dei gjeldande økonomiske rammene og strukturplanane, og forhold på leverandørsida.

Status og framdrift i dei einskilde materiellprosjekta, som er godkjende av Stortinget med ei total kostnadsramme over 500,0 mill. kroner (kategori 1), er omtalte under prosjekta i del I, kapittel 4. Investeringar.

Forsvarsmateriell anvende tildelte midlar i hovudsak som planlagt i 2017. Samla sett vurderast status i investeringsporteføljen som tilfredsstillande. Det er overlevert fleire store leveransar til Forsvaret, mellom anna 37 kampvogner av type CV90, og levetidsforlenging av NORDKAPP-klassen kystvaktfartøy, i tillegg til seks kampfly som omtalast særskilt.

Leveransar som ikkje blei fullførde, skuldast i stor grad at Forsvarsmateriell ikkje kunne ta imot leveransane frå industrien før krava i kontrakten var nådd. Avvik knytte seg mellom anna til leveranse av IVECO-køyretøy, logistikkfartøy, forbetringar på ULA-ubåtane, NH90-helikoptre, nye redningshelikopter og kommunikasjonsnoder.

Dei største utbetalingane i 2017, ut over kampfly, knytte seg til CV90 kampvogner til Hæren, NH90-helikopter, og eit nytt logistikk- og støttefartøy til Sjøforsvaret.

Dei største kontraktane som blei signert i 2017 var maritime patruljefly med ein verdi på 10,5 mrd. kroner, og nytt artilleri til Hæren på 1,8 mrd. kroner.

Forsvarsmateriell har no stor merksemd på produksjon av grunnlagsdokument for nye materiellprosjekt, og på å effektivisere investeringsverksemda spesielt innanfor INI-portefølja (IKT- og Cyberområdet). Det er også ei forsterka oppfølging av NH90.

Noreg fekk ytterlegare seks F-35 kampfly levert i 2017. Dei tre første blei leverte til Luke Air Force Base for å nyttast til trening av norske pilotar i USA inntil overgangsperioden mellom F-16 og F-35 er over. Ein planlegg å overføre desse flya tilbake til Noreg innan 2024. Dei andre tre flya blei flydd til Noreg og landa på Ørland flystasjon i november 2017. Denne hendinga markerte starten på drift av F-35 i Noreg. Hendinga blei markert med ein seremoni der representantar frå både kongehus og regjering var til stades.

Utdanningsverksemda for både pilotar og teknikarar i USA er gjennomført som planlagd. 2017 var prega av arbeid med å utruste kampflybasen på Ørlandet med logistikk- og vedlikehaldsutrusting for å kunne operere flya. I tillegg måtte basen få dei naudsynte tryggleik- og nytteløyva for å kunne operere flya.

Stortinget har slutta seg til leveranseplanen for hovudanskaffinga av kampfly med baseløysing, jf. Innst. 489 S (2012–2013) til Prop. 136 S (2012–2013). I tråd med denne har Stortinget hittil gitt fullmakt til kjøp av til saman 40 nye kampfly.

Trinn 3 i utviklinga av det norske missilet Joint Strike Missile (JSM) heldt fram i samsvar med plan, og slipptestane som blei gjennomførte i 2017 var vellukka.

Nybygg og nyanlegg

Forsvarsbygg ferdigstilte 35 investeringsprosjekt i 2017, mellom anna nye bygg for redningshelikoptertenesta og 330 skvadronen på Banak, Ørland og Sola, ein ny skule for Luftforsvaret på Sørreisa og ny brannstasjon på Bardufoss flystasjon. I 2017 blei også bygge- og anleggstiltak ferdige og overleverte i tide til mottak av dei første F-35 flya i Noreg.

I løpet av året blei det gjennomført ein muligheitsstudie og ein alternativanalyse for Evenes flystasjon. Forsvarsbygg er godt i gang med å planlegge store investeringar på Evenes for nye maritime patruljefly, framskoten kampflybase, luftvern, baseforsvar og andre funksjonar på flystasjonen. Forsvarsbygg har i 2017 satt i gang planarbeid for store bygge- og anleggsinvesteringar på Haakonsvern for nye ubåtar.

Forsvarsbygg har støtta dei andre verksemdene i forsvarssektoren med å vareta sikkerheitsloven sine krav til sikring av skjermingsverdige objekt. Av dei planlagde prosjekta for betre sikring av Forsvaret sine basar, har Forsvarsdepartementet gitt oppdrag om gjennomføring for eit prosjekt på Setermoen.

Det blei avslutta fire prosjekt i 2017 som bidrar til utfasing av fossil fyringsolje. Dette gjeld Heggelia og Rusta på Bardufoss, Bergenhus og Sørreisa.

Det blei satt av 10,0 mill. kronar til å gjennomføre tiltak på bygg for allmenn verneplikt. Det blei gjennomført to tiltak, bygging av våtrom og toalett til kaserne Øst Haakonsvern og Kaserne 1 i Bodin leir.

Fellesfinansierte bygge- og anleggsarbeid

Fellesanskaffinga til NATO av luftkommandosystemet Air Command and Control System (ACCS) til mellom anna Air Control Center Recognised Air Picture Production Center Sensor Fusion Post (ARS) Sørreisa blei ført vidare som eit av dei større prosjekta under fellesfinansierte bygge- og anleggsarbeid i 2017. Bygge- og anleggsdelen er fullført, men gjentekne forseinkingar i programvaredelen gjer at prosjektet tidlegast blir ferdig i slutten av 2018.

Avhending av overskotsmateriell

Forsvarsmateriell avhenda materiell i 2017 for om lag 99,0 mill. kroner. Dette inkluderte mellom anna inntekter frå sal, skrapmetall og vrakpant. I tillegg blei noko materiell avhenda ved vederlagsfrie overføringar, der dette var tenleg.

Forsking og utvikling (FoU)

FoU-aktivitetane som blir finansierte over forsvarsbudsjettet er i hovudsak innretta mot teknologi for militære føremål, utvikling av konsept for militære operasjonar og støtte av og tilrettelegging for anskaffingar. Mykje av FoU-innsatsen har vore knytt til pågåande og framtidige materiellanskaffingar. FoU-aktivitetar utgjer også grunnlaget for forskingsbasert undervising ved Forsvaret sine skular. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) utfører ein vesentleg del av FoU-aktivitetane, og Forsvarets høgskole er hovudaktør innanfor forskingsbasert undervising.

I 2017 fortsette den teknologiske forskingsinnsatsen mellom anna med å støtte arbeidet med å skaffe og klargjere nye kampfly og kampflybasar, ei støtte som vil fortsette i test- og evalueringsfasa. Oppfølginga av Stortinget si avgjerd om å inngå eit strategisk samarbeid med Tyskland om kjøp av ubåtar blei i 2017 også støtta av FFI.

Ein anna viktig teknologisk forskingsinnsats har vore innanfor autonomi, kor FFI har teke med seg kompetansen frå Hugin og missilverksemda og fått fram tverrfaglege autonome løysingar som kan brukast på alle ubemanna plattformar. Wall Street Journal skriv at Noreg ved Yara og Kongsberg tar føring innanfor autonome lasteskip, og her er det teknologi frå FFI som er avgjørande for deira suksess. I samarbeid med Forsvaret og industrien har FFI også gjennomført ein rekke testar av materiell for å sjå på moglegheiter til å oppdage, forstyrre eller øydelegge små dronar.

FFI si satsing på samfunnstryggleik har båre frukter i 2017. Dei har gjort ei teknologisk moglegheitsstudie for Tolletaten, støtta langtidsplanlegginga for dei nasjonale bistandsressursane i Politiet og levert eit overordna kravdokument for regjeringskvartalet.

Det er også ei rekke andre felt kor forskinga har vore viktig i 2017. Mellom anna har FFI vurdert den teknologiske utviklinga knytt til kjernevåpen, eit felt som også er viktig i samband med vurderingar av missilforsvar. FFI har i tillegg støtta forsvarssektoren med kompetanse innanfor CBRNE (kjemisk, biologisk, radiologisk, nukleær og eksplosivar) -truslar og beredskap. Kjemilaboratoriet deira vidareutviklast, og det blei på hausten 2017 klart at FFI ville bli eit nasjonalt beredskapslaboratorium frå 2018.

Forskingsprosjekt i regi av Forsvarsdepartementet på HR-området var i 2017 retta mot sentrale tema som landmakta, dreiing av personellstrukturen, strategisk kompetanseleiing, særaldersgrense for militært personell og pensjonsreforma. I tillegg var det forskingsaktivitetar knytt til allmenn verneplikt og ordninga for militært tilsette. I 2017 blei det avsett midlar til eit fleirårig forskingsprosjekt knytt til oppfølging av Afghanistan-undersøkinga 2012. Det blei også avsett midlar til eit forskingsprosjekt om militært personell som har teke del i internasjonale operasjonar og deira familiar og barn.

Næringssamarbeid og samarbeid med offentlege verksemder nasjonalt og internasjonalt

Forsvarsdepartementet har ført vidare ein aktiv politikk for industrisamarbeid med leverandørar og offentlege verksemder nasjonalt og internasjonalt, i samband med Forsvaret sine anskaffingar. Dette er naudsynt, mellom anna for å vareta nasjonale omsyn til tryggingssinteresser. Næringslivet tok del i alt frå kompliserte og integrerte prosessar, til levering av enklare materiell, varer og tenester.

Hovudmålet med regjeringa sin politikk innanfor dette området er å vareta nasjonale omsyn til tryggingsinteresser gjennom å halde oppe og utvikle vidare ein internasjonalt konkurransedyktig norsk forsvarsindustri. Regjeringa sin strategi blei presentert for Stortinget i Meld. St. 9 (2015–2016) «Nasjonal forsvarsindustriell strategi». Eit viktig verkemiddel i regjeringa si verksemd er å sikre eit godt samarbeid mellom forsvarssektoren og forsvarsindustrien, basert på forsvarssektoren sine behov for kostnadseffektive leveransar av materiell og tenester. Eit av dei bærande prinsippa i samarbeidet er tidleg dialog mellom aktørane. Regjeringa har lagt stor vekt på dette mellom anna i førebuingane til framtidig anskaffing av nye ubåtar, og har lagt vekt på å etablere vel fungerande møteplassar.

3.7 Menneske, læring og utvikling

Haldningar, etikk og leiing

Arbeidet med haldningar, etikk og leiing (HEL) blei ført vidare i 2017. Arbeidet bygger på verdigrunnlaga for forsvarssektoren og for kvar verksemd, lokale tiltaksplanar, og på formelle oppdrag frå Forsvarsdepartementet. Målet er å integrere HEL-perspektivet i den daglege drifta. Det blei gjennomført tiltak som dilemmatrening, leiartrening og faglege samlingar ved lokale einingar i Forsvaret med merksemd på etiske utfordringar.

Det blei i 2017 arbeidd vidare med å finne målbare indikatorar for effekten av HEL-arbeidet. Spørjeundersøkingar blir mellom anna nytta til dette. Ei positiv og dokumenterbar utvikling av forsvarleg forvalting i sektoren indikerer godt HEL-arbeid.

Etisk råd for forsvarssektoren hadde i 2017 særleg merksemd på etiske og juridiske sider ved totalforsvaret. Rådet har skrive fleire artiklar og avisinnlegg og har halde ei rekke foredrag både i sektoren og for eit breiare publikum. Rådet har bidrege til etikkundervising for forsvarssektoren og for departementet.

Senter for integritet i forsvarssektoren heldt fram som NATO sitt kompetansesenter og faglege leverandør av kurs og seminar på området integritetsbygging og antikorrupsjonsarbeid. Senteret har forsterka innsatsen nasjonalt. Samarbeidsprosjekta i Søraust-Europa og Ukraina har elles vore sentralt i heile 2017.

Mobbing og seksuell trakassering

Mobbing og seksuell trakassering fekk mykje merksemd i 2017. Vernepliktundersøkinga 2017 tydde på at det framleis var høg førekomst av mobbing og seksuell trakassering, og at det var noko høgare enn året før.

16 pst. av kvinnene og 1 pst. av mennene svarte i 2017 at dei var utsette for seksuell trakassering, medan det i 2016 var 15 pst. kvinner og 2 pst. menn som svarte slik. Dei fleste som var utsette for seksuell trakassering svarte at trakasseringa blei utført av andre soldatar.

21 pst. av kvinnene og 14 pst. av mennene svarte i 2017 at dei var blitt utsette for mobbing eller trakassering i førstegongstenesta, medan det i 2016 var 18 pst. kvinner og 13 pst. menn som svarte slik. For begge kjønna var det andre soldatar som i det alt vesentlege sto for mobbinga. Graden av alvor i mobbinga var i 2016 gjennomsnittleg 1,4 på ein skala frå 1 til 4, der fire var det mest alvorlege.

Forsvarets forskingsinstitutt heldt i 2017 fram med forsking på mobbing og seksuell trakassering, mellom anna med å utvikle eit nytt spørjebatteri for å kunne få meir kunnskap og eit betre forskingsgrunnlag knytt til mobbing og seksuell trakassering.

Veteranar

Regjeringas omfattande arbeid med å anerkjenne, følge opp og vareta personell før, under og etter teneste i utlandet heldt fram i 2017. Samarbeidet mellom Forsvarsdepartementet og dei seks andre departementa som er omfatta av samarbeidet om tiltaka i oppfølgingsplan «I tjeneste for Norge», heldt også fram i 2017. Oppfølgingsplanen legg vekt på å auke kompetansen og betre samhandlinga i det sivile tenesteapparatet. Planen blei evaluert i 2017.

Dei fleste tiltaka i oppfølgingsplanen blei gjennomførte. Fleirtalet av veteranar som var med i ei undersøking i samband med evaluering av planen svarte at dei var meir nøgde enn tidlegare med den hjelpa dei fekk frå tenesteapparatet. Regjeringa vedtok i 2017 å forlenge oppfølgingsplanen med to år, fram til utgangen av 2019.

Veteranar frå den andre verdskrigen og personell som har gjort teneste i internasjonale operasjonar blei også i 2017 heidra og anerkjende under regjeringa sin markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai på Akershus festning. I tillegg tok regjeringa sine medlemmer del ved ei rekke lokale arrangement rundt om i landet.

I 2017 blei veterankonferansen gjennomført i Sandefjord med kommunale veteranplanar som viktig tema.

Regjeringa sette i 2017 i gang eit arbeid for å styrke fylkesmannens rolle i veteranarbeidet.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS)

Forsvaret har i mange år arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) i samsvar med årlege HMS-handlingsplanar vedtatt av Forsvarets hovudarbeidsmiljøutval. HMS-handlingsplanane er i store trekk generisk og omfattar følgande hovudområde: Forsvarets verneteneste som Forsvarets hovudarbeidsmiljøutval, Forsvarets bedriftshelseteneste, HMS i Felles integrert forvaltingssystem (FIF), HMS-revisjon og -kontroll, inkluderande arbeidsliv (IA) og sjukefråværsførebyggande arbeid, Forsvarets medarbeidarundersøking, rusførebyggande arbeid, sjølvmordsførebyggande arbeid samt HMS-kompetanse og -informasjon.

HMS inngår i all militær utdanning på alle nivå. Informasjon om HMS og dialog med dei tilsette blei gjennomført på alle nivå i Forsvaret. Det blei arbeidd med å vidareutvikle ein godt fungerande verneorganisasjon med aktive verneombod og lokale arbeidsmiljøutval. HMS-arbeidet i Forsvaret blir følgd opp ved revisjonar ved utvalde einingar. Forsvarets hovudarbeidsmiljøutval er det øvste nivået i Forsvaret sin vernestruktur.

Eit felles HMS-styrings- og rapporteringssystem er innført i Forsvaret. Systemet er vidareutvikla for risikovurderingar. Forsvaret legg vekt på å ha eit inkluderande arbeidsliv med eit lågt sjukefråvær, og har i mange år vore IA-verksemd.

Personellstruktur

Ved utgangen av 2017 hadde Forsvaret 15 873 årsverk. Dette var ein nedgang på om lag 50 årsverk i høve til 2016.

Figur 3.6 Utvikling i årsverk i Forsvaret, gjennomsnitt for året

Figur 3.6 Utvikling i årsverk i Forsvaret, gjennomsnitt for året

Innføring av ordninga for militært tilsette starta i 2016, og vil halde fram dei kommande åra. Rundt 5 000 militært tilsette, om lag 43 pst., var ved utgangen av 2017 spesialistar i den nye ordninga. Det er 1 500 fleire enn i 2016. Arbeidet med å auke andelen av spesialistar opp mot målet på om lag 70 pst. vil halde fram i planperioden.

Kvinnedelen totalt blant militær tilsette var 11,6 pst. i 2017, ein auke på 0,7 prosentpoeng frå året før. Kvinnedelen blant sivilt tilsette var 33,2 pst. i 2017, om lag det same som året før. Kvinnedelen var samla 17,4 pst., og det er også om lag det same som året før. Kvinnedelen på militær side var høgast på nivået grenader/konstabel, med 21 pst., og lågast på nivået sersjantmajor/flaggmester, med 4 pst. Det var ingen kvinnelege generalløytnantar/viseadmiralar eller generalar/admiralar.

På grunnleggande befalsutdanning, inkludert befalskurs, var kvinnedelen i 2017 på 20,7 pst., samanlikna med 17,0 pst. året før. På grunnleggande offisersutdanning, inkludert grunnleggande offiserskurs, var kvinnedelen i 2017 på 20,7 pst., samanlikna med 16,9 pst. året før.

Mangfald

Forsvaret treng eit mangfald i personellsamansettinga. Ettersom førstegongstenesta er grunnlag for rekruttering til utdanning og vidare teneste i Forsvaret, blir mangfald i seleksjon til førstegongstenesta vektlagt. Målet er at seleksjon til førstegongstenesta skal spegle samfunnet vårt både når det gjeld geografisk tilhøyr, bakgrunn, kompetanse og kjønn. Innrettinga av seleksjon til førstegongstenesta blir utvikla med dette som mål.

Innføringa av allmenn verneplikt heldt fram. Kvinnedelen blant dei som møtte til teneste i 2017 var 25,3 pst.. Året før var kvinnedelen 20,6 pst.. Auka kvinnedel i Forsvaret er eit viktig bidrag til at Forsvaret skal få det mangfaldet det treng.

Senter for integritet i forsvarssektoren

Senter for integritet i forsvarssektoren (SIFS) hadde i 2017 særleg merksemd på å utvikle gode haldningar og integritet som bidrar til å gi sektoren ei etisk forsvarleg forvalting. SIFS heldt fram som NATO sitt kompetansesenter og faglege leverandør av kurs og seminar på området integritetsbygging og antikorrupsjonsarbeid. Samarbeidsprosjekta i Søraust-Europa og Ukraina har også vore i betydeleg utvikling. Senteret har forsterka innsatsen nasjonalt gjennom å bygge kompetanse og auke medvitet om integritetsbygging, førebygging av korrupsjon og anna uetisk åtferd, i samarbeid med sektorens ulike verksemder. Gjennom samarbeidet med forsvarsindustrien og utarbeiding av antikorrupsjonskrav til leverandørar bidrog senteret til å gjere integritet til eit konkurransefortrinn for norsk forsvarsindustri. Senteret bidrog også til opplæring i integritet og antikorrupsjon av personell som blei sende ut i utanlandsoperasjonar. I den vidare utviklinga av sektoren vil senteret også prioritere å bygge opp framtidsretta kompetanse innanfor antikorrupsjon og integritetsbygging.

Kvinner, fred og tryggleik

Handlingsplanen for kvinner, fred og trygging 2015–2018 blei ført vidare i 2017. Dei fire hovudområda for norsk satsing er fredsprosessar og fredsforhandlingar, internasjonale operasjonar, fredsbygging og humanitære kriser. Forsvaret har særleg merksemd på internasjonale operasjonar. Nye oppdrag blei gitte til Forsvaret i 2017, fordi dette var det første året i den nye planperioden 2017–2020, der handlingsplanen for kvinner, fred og trygging er meir vektlagt enn tidlegare. Forsvaret har mellom anna arbeidd med å integrere eit kjønnsperspektiv i det nasjonale planverket for operasjonar.

Auka kvinnedel i operative einingar og styrkebidrag til internasjonale operasjonar er eit av satsingsområda i handlingsplanen. Kvinnedelen i styrkebidrag var 9,3 pst. i 2017, mot 8,5 pst. i 2016. Pilotprosjektet med kvinnelege jegerar i Forsvarets spesialstyrkar blei ført vidare i 2017, og er forlenga til 2019. Målet er å få fleire kvinner til krevjande operativ teneste.

Spesialistkompetansen ved Forsvarets høgskole knytt til handlingsplanen blei ført vidare i 2017. Dette kompetansemiljøet arbeidde mellom anna med ei handbok for bruk i FN-operasjonar for å møte og forhindre seksualisert vold i krig og konflikt.

I 2017 blei generalmajor Kristin Lund utnemnd til leiar for United Nations Truce Supervision Organization (UNTSO) i Midtøsten. Med dette blei ho den første kvinna i denne posisjonen.

Ordninga for militært tilsette

Ved behandling av Innst. 335 L og 336 S (2014–2015) til Prop. 111 LS (2014–2015) vedtok Stortinget å innføre ordninga for militært tilsette. Ordninga blei sett i verk 1. januar 2016, og skal vera innført innan utgangen av 2020. I 2017 blei det gjort gode framsteg i å sette ordninga ut i livet. Mellom anna blei det arbeidd med å skape felles kulturell forankring mellom spesialist- og offiserskorpset. I tillegg starta arbeidet med tilpassing av utdanningssystemet i Forsvaret til dei to kategoriane militært tilsette.

Særaldersgrense

Fast tilsett militært personell har særaldersgrense på 60 år. I oppfølginga av Innst. 384 S (2012–2013) til Meld. St. 14 (2012–2013) og Innst. 335 L (2014–2015) til Prop. 111 LS (2014–2015) gjennomførte Forsvarsdepartementet ei omfattande utgreiing, med forskingsstøtte frå Forsvarets forskingsinstitutt, om ulike alternativ til Forsvaret si særaldersgrense. Departementet kom fram til at det framleis er behov for ein arbeidsgivarstyrt avgangsmekanisme der alle, eller nokre av dei militært tilsette i dei øvre alderskategoriane, pliktar å fråtre etter ein gitt alder. Forsvarsdepartementet kom i utgreiinga fram til at det er eit handlingsrom for alternative løysingar til dagens modell. Ei eventuell endring i Forsvaret si særaldersgrense må sjåast i samanheng med eventuelle endringar i det offentlege pensjonssystemet.

Verneplikt

l. januar 2015 trådde lovendringane om allmenn verneplikt i kraft. Verneplikt omfattar dermed både kvinner og menn fødde 1. januar 1997 eller seinare. Det første innrykket der dei verneplikte møtte etter at allmenn verneplikt trådde i kraft var ved sommarinnrykket i 2016. Arbeidet med å innføra allmenn verneplikt i Forsvaret har halde fram i 2017.

Forsvaret har ein grundig seleksjonsprosess for å velje ut personer til førstegongsteneste, og det er behovet til Forsvaret som styrer kor mange som blir kalla inn. Årleg hentar Forsvaret inn og behandlar personopplysingar frå om lag 60 000 kvinner og menn. Om lag 22 000 møter til sesjon, og mellom 8 000 og 10 000 blir kalla inn til førstegongsteneste. Det er om lag 14 pst. av årskullet.

I 2017 møtte totalt 9 433 personar til førstegongsteneste, og 2 387 av dei var kvinner. Dette gav ein kvinnedel på 25,3 pst., noko som var ein auke frå 20,6 pst. året før.

Det blei arbeidd vidare med å betre tilgangen på uniformer og personleg utrusting i riktig utforming og storleik til dei vernepliktige. Tilpassing av kasernar for å ta imot fleire kvinner til førstegongstenesta heldt også fram.

Forsvaret er den største lærebedrifta i Noreg med 30 ulike lærefag. I 2017 var det 568 lærlingar, ein nedgang på 1,7 pst. frå året før. 22,9 pst. av lærlingane var kvinner. Dei aller fleste lærlingar som går opp til fagprøve består prøva.

Vernepliktsundersøkinga for 2017 hadde ein svarprosent på 46. Av dei som svarte sa 85 pst. av kvinnene og 81 pst. av mennene at dei trivst godt eller svært godt i Forsvaret. 87 pst. av kvinnene og 85 pst. av mennene svarte at dei ville ha gjennomført førstegongstenesta sjølv om ho var frivillig. Undersøkinga viser vidare at svært få er negative til kjønnsblanda rom. Av dei som bur på kjønnsblanda rom svarte 92 pst. av kvinnene og 81 pst. av mennene at dei er positive til dette. 80 pst. av dei som har svart oppfattar Forsvaret som ein open og inkluderande organisasjon når det gjeld menneske med ulik etnisk bakgrunn, religion og seksuell legning. Motivasjon for førstegongsteneste har generelt vore aukande blant både kvinner og menn dei siste åra.

Revisjon av sikkerhetsloven

Regjeringa fremma Prop. 153 L (2016–2017) «Lov om nasjonal sikkerhet» (sikkerhetsloven) til Stortinget i 2017. Arbeidet er seinast omtalt i Prop. 1 S (2017–2018). Stortinget behandla og vedtok den nye sikkerhetsloven i mars 2018, jf. Lovvedtak 27 (2017–2018) og Innst. 103 L (2017–2018). Parallelt med stortingsbehandlinga har Forsvarsdepartementet sett i gang eit arbeid med nye forskrifter til sikkerhetsloven. Forsvarsdepartementet har i forskriftsarbeidet involvert alle samfunnssektorane som lova vedkjem.

Forsvarsloven

I 2014 sette Forsvarsdepartementet i verk arbeidet med ein heilskapleg revisjon av lov 29. juli 1953 nr. 28 om Heimevernet, lov 17. juli 1953 nr. 29 om verneplikten, lov av 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking av militærteneste av overtydingsgrunnar og lov 2. juli 2004 nr. 59 om forsvarspersonell. Lov 12. august 2016 nr. 77 om verneplikt og teneste i Forsvaret m.m. (forsvarsloven) blei vedtatt av Stortinget i juni 2016. Forsvarsloven med tilhøyrande forskrifter trådde i kraft 1. juli 2017 og erstatta dei tidlegare lovane.

3.8 Kulturverksemda i forsvarssektoren

2017 var første året Forsvarets fellestenester hadde ansvar for Forsvarets kulturverksemd etter at Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon blei lagt ned året før. Forsvarets kommandantskap, Forsvarets musikk og Forsvarets museum inngår i Forsvarets fellestenester.

Forsvarets musikk

Det blei i 2017 vedtatt å føre vidare dagens fem korps. Det blei også vedtatt at Kulturdepartementet skal dekke 40 pst. av utgiftene knytte til drifta av korpsa i Horten, Bergen, Trondheim og Harstad, jf. Stortingets behandling av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016). Stortinget gav også Forsvaret i oppdrag å greie ut om delar av drifta av Forsvarets musikk kan finansierast av kommunar og fylkeskommunar. Forsvarsdepartementet, Kulturdepartementet og Forsvaret starta ei utgreiing om dette i 2017. I 2017 gav Stortinget Forsvaret i oppdrag å omorganisere Musikkinspektoratet og erstatta det med ei felles sentral leiing.

Forsvarets museum

Hovudoppgåvene til Forsvarets museum blei førte vidare i 2017, med forvalting av gjenstandar, forsking og formidling av kunnskap og opplevingar for eit breitt publikum. I tråd med Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) greidde ei arbeidsgruppe under forsvarssjefen ut framtida til forsvarsmusea. Utgreiinga munna ut i ein rapport som blei overlevert forsvarssjefen 1. desember 2017. Rapporten slår fast at musea har ei rekke utfordringar, og gir tilrådingar mellom anna om magasinsituasjon, formidling og organisasjon. Rapporten, med tilrådingar frå forsvarssjefen, blei sendt til Forsvarsdepartementet i byrjinga av 2018.

3.9 Forsvarsrelaterte organisasjonar

Forsvarsdepartementet deler ut drifts- og prosjektstøtte til frivillige organisasjonar og verksemder i forsvarssektoren. Dette blir gjort for å stimulere sivilsamfunnet til aktivitet som fremjar kunnskap og merksemd om norsk tryggings- og forsvarspolitikk, eller som støttar opp om oppgåvene til Forsvaret. I 2017 blei det delt ut totalt om lag 56,6 mill. kroner.

Tolv organisasjonar fekk driftsstøtte, totalt om lag 34,7 mill. kroner. Elleve organisasjonar fekk totalt 21,9 mill. kroner i prosjektstøtte. Dei fire organisasjonane som fekk høgast tilskot fekk til saman om lag 49,6 mill. kroner, og av desse midlane fekk Det frivillige Skyttervesen om lag 29,8 mill. kroner.

I 2017 blei tilskot til trykte tidsskrift og publikasjonar ytterlegare reduserte. Dette fordi digitalisering og nye kommunikasjonsplattformer som internett og sosiale media blir vurdert som meir kostnadseffektive.

Årsrapport med oversikt over tilskot for 2017 ligg på heimesida til Forsvarsdepartementet.

3.10 Forsvarsbygg, Forsvarsmateriell, Nasjonalt tryggingsorgan, og Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarsbygg

Verksemda til Forsvarsbygg spenner over alle aspekt knytt til utvikling, drift, vedlikehald og avhending av forsvarssektoren sine eigedomar, bygg og anlegg. Dette omfattar også varetaking av dei nasjonale festningsverka. I tillegg støttar Forsvarsbygg andre delar av offentlig sektor med rådgjeving knytt til beskyttelse og sikring av bygg, samt mellom anna oppføring av bygningar for nye redningshelikopter.

Ved utgangen av 2017 var det totalt 1 266 tilsette og 1 228 årsverk i Forsvarsbygg. Av dei fast tilsette er 98,7 pst. sivilt tilsette og 1,3 pst. militære.

Forsvarsbygg forvaltar 13 000 bygg og anlegg spreidd over heile landet. Dette er Noregs største offentlege eigedomsportefølje. I 2017 har Forsvarsbygg særskilt prioritert å nytta verdibevarande ressursar på eigedomar, bygg og anlegg som skal føres vidare i Forsvaret sin framtidige basestruktur. Det er framleis ei utfordring å oppretthalde den totale tilstandsgraden på bygningsmassen i forsvarssektoren, og hausten 2017 blei det nedsett ei arbeidsgruppe som mellom anna skulle evaluera utvalde delar av husleigeordninga.

I 2017 selde Forsvarsbygg eigedom for 705,0 mill. kronar, ei monaleg auke frå 2016. Myntgata 2 i Kvadraturen i Oslo utgjorde det største salet.

Meir enn 3,8 mill. personar besøkte festningane i 2017, ei auking på 160 000 frå 2016.

Forsvarsbygg har i fleire år jobba aktivt for å bidra til eit betre miljø. I 2017 blei det samla energiforbruket i bygga til Forsvaret redusert med inntil 1,5 pst.. Dette ligg godt innanfor målkravet.

Forsvarsbygg vidareførte arbeidet med kontinuerleg forbetring og effektivisering i 2017. Forsvarsbygg har ein langsiktig ambisjon om å skape ein kultur der dei tilsette sjølv er bevisste på om oppgåvene kan gjerast på ein annan og meir effektiv måte, og har no tatt i bruk prosessforbetringsmetoden « Lean » for å skapa føresetnad for meir effektive arbeidsprosessar.

Forsvarsmateriell

Forsvarsmateriell blei etablert 1. januar 2016 som eit ordinært statleg forvaltingsorgan direkte underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsmateriell har ansvar for materiellanskaffing og materiellforvalting i forsvarssektoren. Etableringa av verksemda omfatta ei overføring av fem kapasitetsdivisjonar (land, maritim, luft, IKT og felles), anskaffingsstaben og deler av staben i Forsvarets logistikkorganisasjon. Om lag 1 300 tilsette, av dei om lag 500 militære, blei overførte til den nye verksemda. Oppgåva til Forsvarsmateriell er å utruste Forsvaret og andre verksemder i sektoren med relevant og tidsriktig materiell i tråd med vedtatt langtidsplan for å betre kampkraft og bærekraft.

Hensikta med etableringa var å oppnå ein kvalitetsforbetring av materiellanskaffingar og materiellforvaltinga i forsvarssektoren med reduserte gjennomføringstider for materiellprosjekt. Like eins var hensikta å forbetre den strategiske styringa med kortare og meir effektive styringsliner.

Forsvarsmateriell har i 2017 hatt merksemd på å optimalisere, effektivisere og kompetanseutvikle verksemda samstundes som ein har omsett for om lag 13,9 mrd. kroner.

Forsvarsmateriell fekk i likskap med Forsvaret unntak av Direktoratet for økonomistyring frå enkelte krav i økonomireglementet for 2016 og 2017. Riksrevisjonen konkluderte med at dei ikkje kunne uttala seg om rekneskapen for 2016. Det har vore nedlagt eit omfattande arbeid med rekneskapen i 2017 og rekneskapen er betydelig forbetra. Tilbakemeldinga frå Riksrevisjonen er alvorlege merknader og konklusjon med atterhald. Frå 2018 er sjølvstendig regnskapsløysing etablert utan unntak frå økonomireglementet.

Ein betydeleg del av midlane har gått til innkjøp av nye kampfly. Det gjekk vidare med betydelege midlar til nye CV90 kampvogner til Hæren og betydelig oppgraderinger innanfor Luftforsvaret og Sjøforsvaret. Totalt blei det overlevert materiell til Forsvaret for meir enn 8 mrd. kroner. Dette er noko lågare enn planlagt og skuldas i hovudsak utfordringar knytt til avvik i leveransar frå leverandørar.

Nasjonalt tryggingsorgan

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er ei tverrsektoriell fag- og tilsynsstyresmakt innanfor den førebyggande tryggingstenesta i Noreg. Direktoratet er nasjonal varslings- og koordineringsinstans for alvorlege dataangrep og andre hendingar innanfor IKT-tryggleik. Oppgåvene til NSM er mellom anna å stille krav til, føre tilsyn og kontroll med, utvikle tryggleikstiltak for, og bygge kompetanse hos, dei over 600 nasjonale verksemdene som er omfatta av sikkerheitsloven. Vidare er direktoratet nasjonal distribusjonsstyresmakt, som produserer, distribuerer, samt fører rekneskap og kontroll med kryptomateriell for vern av tryggleiksgradert informasjon. NSM er dessutan fagstyresmakt for arbeidet med tryggleiksklareringar i Noreg og har eit eige sertifiseringsorgan for IT-tryggleik i produkt og system (SERTIT). I 2017 var det 253 årsverk i NSM, ein auke frå 232 i 2016.

NSM ser jamlege forsøk på å etablere digital kontroll over og hente inn sensitiv informasjon frå verksemder som forvaltar viktige og til dels avgjerande samfunnsfunksjonar. NSM registrerte totalt 21 915 uønskte hendingar mot informasjonssystem i Noreg i 2017. Talet inkluderer automatiske varsel. 5 232 av desse blei prioriterte for oppfølging av NSM. Felles cyberkoordineringssenter (FCKS) er i 2017 etablert permanent og lokalisert saman med fagmiljø som omfattar faste representantar frå Nasjonalt tryggingsorgan, Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste (PST) og Kripos. Administrativt ligg FCKS under NSM og blir leidd av NSM. FCKS har som føremål å styrke den nasjonale evna til effektivt forsvar mot og handtering av alvorlege hendingar i det digitale rommet.

NSM leverte eigne rapportar og bidrog i andre rapportar og høyringar gjennom heile 2017. NSM leverte rapporten «Risiko 2017» i mars og «Helhetlig IKT-risikobilde» i slutten av september. Desse rapportane gir samla og kvar for seg unik innsikt i tryggleikstilstanden i Noreg.

NSM har i 2017 brukt ressursar på å støtte arbeidet med revisjon av sikkerhetsloven i regi av Forsvarsdepartementet.

NSM har gjennom heile året lagt vekt på utvikling av relevante råd og rettleiingar. NSM har i 2017 lansert grunnprinsipp for IKT-tryggleik. Dette er eit sett med prinsipp for korleis NSM meiner at IKT-system bør sikrast for å verne verdiar og leveransar. Grunnprinsippa er eit viktig og oppdatert grunnlag for rådgjevingsverksemda til NSM.

NSM har styrkt eininga for IKT-rådgjeving i 2017 for å utvikle fleire råd til direktoratet sine målgrupper. Eit særleg satsingsområde i 2017 har vore rådgjeving innanfor ugraderte IKT-system. Innsatsen og kapasiteten innanfor råd og rettleiing er likevel ikkje stor nok til å dekke heile samfunnsbehovet. Det blei difor etablert ei kvalitetsordning for kommersielle aktørar på feltet handtering av hendingar i 2016. I 2017 kom dei to første verksemdene på plass.

I 2017 var det stor etterspurnad etter råd og rettleiing innanfor objektsikring, fysisk sikring og IKT-tryggleik. Det har vore god deltaking på kursa som NSM arrangerer på kurssenteret for førebyggjande tryggleik. I løpet av 2017 har NSM teke i bruk e-læring som ein integrert del av undervisinga på grunnkurs for førebyggjande tryggleik ved kurssenteret. Også i 2017 arrangerte NSM ein tryggingskonferanse med over 700 deltakarar.

Det har vore krevjande å dekke etterspurnaden etter rådgjeving innanfor objektsikring på grunn av periodevis mangel på fagpersonar, og det er i 2017 gjort tiltak for å styrke kapasiteten innanfor objektsikring.

I løpet av 2017 blei det gjennomført 55 tilsyn. Enkelte av desse tilsyna var knytte til den såkalla naudnettsaka, som fekk stor merksemd. Tilsyna har ulik form og ulikt omfang. Det blir også gjennomført etterkontrollar etter tilsyn for å sikre at avvik blir retta opp på forsvarleg vis. Etter tilsyn får verksemdene tilbod om råd og rettleiing frå NSM. NSM har i 2017 starta med å bygge opp kapasiteten til å gjennomføre tilsyn med IKT-tryggleik. Som ein del av dette, er det utvikla metodikk for slike tilsyn.

Hovuddelen av funna i 2017 kunne og burde vore oppdaga av verksemdene sjølve. Verksemdene legg framleis for lite vekt på førebyggande tryggleik på leiarnivå, og det manglar eller er mangelfulle tryggleiksrevisjonar i mange verksemder.

Talet på personellklareringar var kontinuerleg høgt gjennom 2017. NSM sette i verk tiltak for å redusere behandlingstida for klareringar på alle nivå og har lykkast med dette. Ved nyttår var talet på klagesaker som ikkje var behandla, på eit akseptabelt nivå. NSM har også styrkt rolla som nasjonal fagstyresmakt for personelltryggleik. I 2017 er fagutviklinga innanfor området styrkt, mellom anna for å effektivisere saksbehandling, kvalitetssikre vurderingar og forsterke avgjerdsevna hos saksbehandlarar.

Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) si omsetting i 2017 var på 886,0 mill. kroner, 6,0 mill. kroner lågare enn året før. FFI fekk eit driftsunderskot på 18,4 mill. kroner. Resultatet var planlagd, for å redusere instituttet sin frie eigenkapital tilsvarande.

Basistildelinga, som i 2017 utgjorde 17,8 pst. av FFI sine inntekter, finansierer grunnlagsstudium og forskingsstrategiske program. I 2017 utgjorde oppdragsforskinga 80 pst. av FFI sitt samla aktivitetsnivå. Oppdraga blei gitt innanfor eit breitt spekter av fag- og kompetanseområde, mellom anna knytt til framskaffing av nytt materiell og forvaltningsoppdrag til Forsvarsdepartementet. Forvaltingsoppdraga omfatta støtte til industrisamarbeid og deltaking i internasjonale vitskapelege og teknologiske forum, mellom anna representasjon for Noreg i forskingsprogram og forskingssamarbeid knytte til NATO si Science and Technology Organization . Samarbeidet med European Defence Agency (EDA) blei i 2017 heldt oppe. FFI gav også i betydeleg grad råd om val av teknologiløysingar og operasjonskonsept. Oppdrag frå sivile oppdragsgivarar i inn- og utland utgjorde i 2017 14,8 pst. av verdien av aktivitetane ved FFI. Det er ei auke på 7,1 prosentpoeng frå året før.

Av viktige hendingar i 2017 var utgivinga av Utsyn, FFI si forskingsplan 2017–2020, som for første gong blei presentert offentleg og overlevert til forsvarsministeren under eit FFI-forum i Oslo Militære Samfund 24. januar. FFI arrangerte 22. mai ei høgnivåkonferanse i Oslo om autonomi med ei rekke internasjonale spesialistar innanfor området. 23.–25. mai 2017 var over hundre av dei fremste spesialistane i NATO samla på Lillestrøm for å diskutere bruk av autonome system i framtida. 30. august 2017 fekk eit bredt publikum demonstrert eit konsept for framtidas minemottiltak og autonomi på det ubemanna overflatefartøyet Odin. Fagmiljø frå FFI, Forsvaret og Kongsberg maritime gjorde demonstrasjonen mogleg. Dei nasjonale bistandsressursane besøkte FFI 27. september, for å sjå nærare på FFI sine forskings- og utviklingsaktivitetar, og korleis FFI kan bidra til betre samfunnstryggleik. I november vann FFI eit anbod frå European Defence Agency og European Space Agency om ei moglegheitsstudie for bruk av satellittteknologi knytt til problemstillingar med kjemiske, biologiske, radiologiske og nukleære middel (CBRN).

Det er god kontakt og tett samarbeid mellom FFI og norsk forsvarsindustri. Til dømes er utviklinga av neste generasjon sin kampflyammunisjon Armour Piercing Ammunition Explosive (APEX) til F-35 nå i integrasjons- og flysertifiseringsfasen, og FFI støtta Nammo i dette arbeidet. Forskinga ved FFI har vore ein føresetnad for utviklinga av NSM og Joint Strike Missile (JSM), som produserast ved Kongsberg Defence and Aerospace (KDA). Produksjonen av nokre delar til begge missila, som tidlegare blei gjort av og ved FFI, blei overtatt av KDA i 2017.

FFI har samarbeidd med FLIR Unmanned Aerial Systems, tidlegare Prox Dynamics, om utvikling av ein ny generasjon Nano Unmanned Aerial Vehicle . Første generasjon av produktet har FLIR hatt stor suksess med internasjonalt.

Kvaliteten på FFI sine aktivitetar målast mellom anna ved talet på publikasjonar i tidsskrift med fagfellevurdering, som ligg på 95 i 2017 mot 86 i 2016. Brukartilfredsheita ligg jamt høgt hos brukarane over fleire år. Av dei 41 forskingsprosjekta som blei bedømde i 2017 låg brukartilfredsheita med eit gjennomsnitt på 5,3 på ein skala frå ein til seks.