Justis- og beredskapsdepartementet (JD)

4.1 Redningsteneste – vurdering av status og tilstand

I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn jf. Innst. 326 S (2016–2017) og i Justis- og beredskapsdepartementet sin Prop. 1 S er 14 tverrsektorielle samfunnsfunksjonar som er kritiske for samfunnstryggleiken, presenterte. Det er samfunnsfunksjonar der fleire departement kan ha ansvar, der samfunnsfunksjonane kan vere avhengige av kvarandre, og der departementa må samarbeide for å ta vare på samfunnstryggleiken. For kvar av dei 14 samfunnsfunksjonane er det utpeika eit hovudansvarleg departement, som skal sikre nødvendig koordinering og samordning.

Inndelinga i 14 samfunnskritiske funksjonar og plassering av ansvar hos eit hovudansvarleg departement er eit sentralt verkemiddel for å styrke den tverrsektorielle samordninga i arbeidet med samfunnstryggleik. Det er gjennom ny samfunnstryggleiksinstruks

Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet , fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet, 1. september 2017.

etablert eit system for å utarbeide status- og tilstandsvurderingar for dei 14 samfunnskritiske funksjonane, som skal vurdere kva for evne samfunnet har til å halde funksjonane ved like dersom dei blir utsette for ulike påkjenningar. Dei hovudansvarlege departementa er ansvarlege for at vurderingane blir gjorde, og skal presentere desse i sine respektive budsjettproposisjonar. I budsjettet for 2019 er det utarbeidd status- og tilstandsvurderingar for dei tre samfunnskritiske funksjonane elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester (Samferdselsdepartementet), finansielle tenester (Finansdepartementet) og redningsteneste (Justis- og beredskapsdepartementet).

4.2 Om redningstenesta

Det offentlege har ei redningsplikt overfor personar i nød. Organisering, ansvar og oppgåver for redningstenesta er fastsette i kgl.res. 19. juni 2015 Organisasjonsplan for redningstjenesten. Organisasjonsplanen definerer redningstenesta som:

«Offentlig organisert øyeblikkelig innsats fra flere samvirkepartnere for å redde mennesker fra død eller skade som følge av akutte ulykkes- eller faresituasjoner, og som ikke blir ivaretatt av særskilt opprettede organer eller ved særskilte tiltak. Redningstjenesten utøves som et samvirke mellom offentlige organer, frivillige organisasjoner og private virksomheter og personer, under ledelse og koordinering av to hovedredningssentraler og underordnede lokale redningssentraler.»

Redningstenesta er ikkje ein organisasjon, men ei nemning på eit samvirke mellom offentlege, frivillige og private aktørar. Redningstenesta tek hand om ein funksjon som ingen enkeltorganisasjon har kapasitet til å ta hand om sjølv. Kva for aktørar som blir mobiliserte i kvar enkelt søk- og redningsaksjon, avheng av typen hending og kva for ressursar som trengst og er tilgjengelege i området. Redningstenesta er ei integrert teneste, noko som inneber at ho omfattar alle typar redningsaksjonar knytte til land-, sjø- og luftredning. Verdien og nytteverknaden av redningstenesta strekker seg utover det å redde menneske frå skade og død. Redningstenesta medverkar til tryggleik for folkesetnad og næringsliv og er viktig for næringar som fiskeri og petroleumsverksemd.

Samvirket er grunnleggjande for redningstenesta, jf. kgl.res. 19. juni 2015. Alle offentlege organ som har kapasitet, informasjon eller kompetanse som er eigna til redningsformål, pliktar å bidra i redningstenesta med tilgjengelege kapasitetar, kompetansar og fullmakter. Samvirkeprinsippet inneber at alle aktørar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke både i det førebuande arbeidet og ved redningsaksjonar. For private aktørar er dette eit samfunnsmessig ansvar, ikkje eit juridisk ansvar.

Redningstenesta blir administrativt koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet. Leiing og koordinering av redningsaksjonar blir utført av to hovudredningssentralar i høvesvis Bodø og Sola, og av 13 underliggjande lokale redningssentralar, som utfører verksemda si frå politidistrikta og frå Sysselmannen på Svalbard. Hovudredningssentralane leier og koordinerer sjø- og luftredningsaksjoner, medan leiing og koordinering av landredningsaksjonar normalt blir delegert til ein av dei lokale redningssentralane. Ansvarsområdet til hovudredningssentralane er delt på breiddegrad 65° N til sjøs og ved grensa mellom Trøndelag og Nordland fylke på land.

Fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 5. november 2015 i Instruks til politimester for Hovedredningssentralen Sør-Norge og instruks til politimester for Hovedredningssentralen Nord-Norge .

I tillegg til den operative verksemda har hovudredningssentralane eit pådrivaransvar for å halde ved like og vidareutvikle samvirket i redningstenesta. Ved kvar hovudredningssentral er det etablert ei redningsleiing på strategisk nivå, som er sett saman av sentrale samvirkepartnarar, og som skal varslast ved redningshendingar som krev leiing og koordinering på overordna nivå.

I redningsleiinga til hovudredningssentralane deltek representantar frå Forsvaret, Luftfartstilsynet, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet, Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, Helsedirektoratet og DSB. Følgjande blir tilbodne å delta på nærmare fastsett måte av Justis- og beredskapsdepartementet: Avinor, Telenor Kystradio, Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum og Redningsselskapet.

Redningsleiinga skal elles bidra til å utvikle den samverkande redningstenesta. Dei fleste representantane er dei same i nord og sør. Når redningsleiinga er innkalla, handlar medlemmene etter fullmakter frå verksemdene sine. Redningsleiingar er òg etablerte ved dei lokale redningssentralane.

Det geografiske ansvarsområdet for redningstenesta er i tillegg til norsk territorium med Svalbard dei områda der Noreg, i samråd med nabostatar og på grunnlag av internasjonale overeinskomstar, har forplikta seg til å yte redningsteneste.

Ansvarsområdet strekker seg frå 57 gradar nord, i Skagerrak, til 90 gradar nord (Nordpolen). Vest–aust-aksen er avgrensa av Greenwich-meridianen, med ei viss tillemping i Nordsjøen på grunn av oljeverksemda, til omtrent 35 gradar aust utanfor Varanger.

Avgrensinga til vurderinga

Status- og tilstandsvurderinga baserer seg på definisjonen av redningstenesta slik han går fram av kgl.res. 19. juni 2015, Organisasjonsplan for redningstjenesten, og er med det avgrensa til å vurdere evna til augeblikkeleg innsats frå fleire samvirkepartnarar, under leiing av hovudredningssentralane og underordna lokale redningssentralar, for å redde menneske frå død eller skade som følgje av akutte ulukkes- eller faresituasjonar.

Alle tilgjengelege ressursar i samfunnet er potensielt ein del av redningstenesta. Det er derfor nødvendig å avgrense kva for aktørar som blir gjenstand for nærmare vurdering i status- og tilstandsvurderinga. I tillegg til hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane, er nødetatane, dei frivillige organisasjonane, Forsvaret og Sivilforsvaret vurderte til å ha spesielt sentrale roller, både med omsyn til kapasitetane dei representerer, og på bakgrunn av kor ofte dei deltek i redningstenesta. Vurderinga vil følgjeleg fokusere på desse aktørane.

Innanfor kjemikalie- og eksplosivberedskapen er vern av liv og helse eit primæromsyn. Tilstanden knytt til kjemikalie- og eksplosivberedskap blir greidd ut i samband med aktivitetane som følgjer av Nasjonal strategi for CBRNE-beredskap 2016–2020 og Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn jf. Innst. 326 S (2016–2017). Kjemikalie- og eksplosivberedskap vil derfor ikkje bli særskilt omtalt i denne status- og tilstandsvurderinga.

Status- og tilstandsvurderinga vil avgrense mot hendingar i krigstid.

4.3 Overordna risikobilete

Spennet av moglege hendingar som kan utfordre funksjonsevna i redningstenesta, er stort. Ytre drivkrefter som kan utfordre redningstenesta, er bl.a. endringar i ferdsels- og aktivitetsmønster med omsyn til omfang og risikoeksponering. Det har vore ein auke i ferdselen til sjøs og til lands, og dertil for aktivitetar som kan innebere stor ulukkesrisiko, til dømes offpiste skikøyring og vass-sport. Dette er faktorar som kan medføre auka behov for redningsteneste. Framover kan òg klimaendringar føre til fleire naturhendingar som kan medføre redningsbehov.

Risikobiletet fokuserer på situasjonar som utfordrar funksjonsevna til redningstenesta, og vurderinga vil vere på eit aggregert nivå. Status- og tilstandsvurderinga tek utgangspunkt i følgjande situasjonar som kan utfordre funksjonsevna: ekstraordinære hendingar, samanfallande hendingar, svingingar i operativ redningskapasitet og hendingar som rammar kritiske innsatsfaktorar.

Ekstraordinære hendingar

Ekstraordinære hendingar er kjenneteikna av at dei ikkje kan handterast rutinemessig, grunna behov for utvida redningsinnsats, leiing og samvirke. Dei kan vere valda av naturen, av tilsikta handlingar eller ulukker. Ulike forhold som talet på nødlidande, storleiken på søkeområdet og kompleksiteten i hendinga kan gi behov for ekstraordinær innsats. Ekstraordinære hendingar vil kunne utfordre både evna til redningsleiing og evna til dei operative redningsressursane. Luft- og sjøfartsulukker har særleg potensial til å omfatte eit stort tal nødlidande på område med få redningsressursar. Dette er hendingar som kan involvere store søkeområde og inntreffe på område med vanskeleg framkomst. Døme på krevjande scenario til sjøs er brann om bord i cruiseskip eller eksplosjonsulukker på oljeplattformer. Ein annan kategori er hendingar valda av tilsikta handlingar. Dette er hendingar som ofte inneber stor uvisse, både med omsyn til redningsbehovet og med omsyn til gjennomføringa av redningsaksjonen, der risiko for innsatspersonell må handterast ved sida av redningsinnsatsen. Hendingar som involverer CBRNE, vil òg innebere handtering av risiko for innsatspersonell ved sida av redningsinnsatsen.

Samanfallande hendingar

Behovet for redningstenesta reflekterer aktivitetsmønsteret i samfunnet. Dette gjer at behovet har ein tendens til å bli konsentrert i enkelte tidsrom, og ei stor mengd samanfallande hendingar vil kunne utfordre kapasiteten til redningstenesta. Det er t.d. auka risiko for at kapasiteten til hovudredningssentralane blir utfordra i juli, som er den månaden i året med flest redningshendingar. Samanfallande hendingar vil spesielt kunne utfordre kapasiteten til den operative redningsleiinga, som er sett til å koordinere alle hendingar innanfor eit større geografisk ansvarsområde. Kapasiteten til dei operative redningsressursane kan òg bli utfordra dersom fleire hendingar skjer i eit område med få redningsressursar.

Svingingar i operativ redningskapasitet

Redningstenesta baserer seg i stor grad på dei ressursane som til ei kvar tid er tilgjengelege, noko som gir svingingar i den operative redningskapasiteten. Risikoen er størst i område med få alternative ressursar tilgjengeleg og der ein er avhengig av ressursar som har unike søke- eller redningsevner. I Nord-Noreg er det t.d. færre redningsressursar samanlikna med i Sør-Noreg, noko som kan føre til større svingingar i den operative redningskapasiteten. Til dømes vil den operative redningskapasiteten variere betydeleg i takt med tilgjengelegheita til Forsvarets ressursar. Dette gjeld særleg ved hendingar langt til havs der Kystvakta er ein unik ressurs, både til søk og i funksjonen som stadleg koordinator for hovudredningssentralane.

Hendingar som rammar kritiske innsatsfaktorar

Kontinuitet i kritiske innsatsfaktorar er avgjerande for funksjonsevna til redningstenesta. Redningstenesta er avhengig av fleire kritiske innsatsfaktorar, som straum, ekom, satellittenester, drivstoff og transportevne. Hendingar som rammar kritiske innsatsfaktorar, kan vere valda av naturhendingar, ulukker eller tilsikta handlingar. Både evna til å leie og koordinere søk- og redningsaksjonar og evnene til dei operative redningsressursane er i stor grad avhengige av dei nemnde innsatsfaktorane. Det er derfor viktig at aktørane i redningstenesta planlegg for å kunne vere operative òg med svikt i tilgangen på desse innsatsfaktorane, dvs. har god kontinuitetsplanlegging.

4.4 Status- og tilstandsvurdering

Status- og tilstandsvurderinga vurderer, i lys av det overordna risikobiletet, evna redningstenesta har til straks å gi innsats for å redde menneske frå død eller skade som følgje av akutte ulukkes- eller faresituasjonar. Vurderingane byggjer på dokumentanalysar og intervju med sentrale aktørar. Dokumentanalysane har danna grunnlag for intervjua, som er utførte med høvesvis hovudredningssentralane i Sør-Noreg og i Nord-Noreg, Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF), Politidirektoratet, Helsedirektoratet, Forsvarets operative hovudkvarter og Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). I intervjua er det bl.a. innhenta informasjon om desse forholda:

  • Kva kjenneteiknar hendingar som utfordrar funksjonsevna?

  • Kva moglegheit finst det for å skalere opp innsatsen for å handtere ekstraordinære hendingar og fleire samanfallande hendingar?

  • Korleis fungerer samvirket mellom dei sentrale samvirkeaktørane?

  • Kva er status knytt til kritiske innsatsfaktorar og andre aktivitetar som understøttar funksjonsevna, deriblant planverk, øvingsaktivitet og system for erfaringslæring?

I status- og tilstandsvurderinga er funksjonsevna delt inn i fire underliggjande evner, som dannar utgangspunktet for analysen: evne til redningsleiing, operativ redningsevne, evna til samvirke mellom redningsressursar og utviklingsevna til redningstenesta. Fleire av evnene er gjensidig avhengige av kvarandre, t.d. er evna til redningsleiing og operativ redningsevne avhengig av evna til samvirke. Kvar enkelt evne er likevel avhengig av nokre grunnleggjande føresetnader, som blir skildra.

4.4.1 Evne til redningsleiing

Følgjande faktorar er vurderte som sentrale med omsyn til evna til redningsleiing:

  • kompetanse

  • kapasitet

  • kontinuitet i kritiske innsatsfaktorar som støttar oppgåveløysinga

Desse forholda blir i det følgjande vurderte nærmare for høvesvis hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane.

4.4.1.1 Hovudredningssentralane

Kompetanse

Funksjonane som redningsleiarane skal vareta, legg føringar for kompetansebehovet. Ein redningsleiar skal raskt kunne fastsetje alvorsgrad, identifisere posisjon og mobilisere og koordinere innsatsen til relevante ressursar. Redningsleiaren skal vedlikehalde eit oppdatert situasjonsbilete og avgjere eventuelle søkemønster og søkeområde. Effektiv koordinering og utnytting av tilgjengelege redningsressursar føreset at redningsleiaren har god kunnskap om, og oversikt over, tilgjengelege og relevante ressursar.

Ved hovudredningssentralane blir den operative redningsleiinga utført av sertifiserte redningsleiarar, som utgjer om lag tre fjerdedelar av dei tilsette ved hovudredningssentralane. Å bli sertifisert som redningsleiar tek om lag 12–16 md. og gir kompetanse til å leie og koordinere luft- sjø-, og landredningsaksjonar. Redningsleiarane får omfattande mengdetrening gjennom dagleg handtering av hendingar. Det er liten gjennomtrekk, og redningsleiarane står lenge i jobben. Dette har stor verdi ettersom erfaring er ein viktig faktor i kompetanseutviklinga. Fleire av redningsleiarane har variert operativ bakgrunn frå sjøfart, luftfart eller nødetatar, og i rekrutteringa blir operativ leiarerfaring vektlagd.

Operasjonsromma er til ei kvar tid bemanna med to redningsleiarar. Dette styrker grunnlaget for kollegasjekk og kvalitetssikring, og gjer evna til redningsleiing meir robust og påliteleg.

Fleire redningsleiarar vil gå av med pensjon dei nærmaste åra. Ved hovudredningssentralen i Sør-Noreg vil 40 pst. av redningsleiarane ha nådd pensjonsalder i 2020. Det er etablert eit krav om beredskapsteneste for operativt personell med frammøtetid på éin time, som inneber at redningsleiarane må vere busette i nærområdet til hovudredningssentralane. Det er vurdert å vere god tilgang til relevant kompetanse på arbeidsmarknaden på Sola og i Bodø, og det er sett i gang rekrutteringsprosessar for å erstatte redningsleiarar som vil gå av med pensjon dei neste åra.

Kapasitet

Kvar hovudredningssentral er til ei kvar tid bemanna med to redningsleiarar. Det er i tillegg alltid éin redningsleiar på ekstravakt med frammøtetid på éin time. Ved behov skal sentralane støtte kvarandre, så framt det er overskotskapasitet til dette. Det er tilrettelagt for operativ samhandling gjennom tekniske løysingar og prosedyrar, og kvar månad øver hovudredningssentralane på å overta for kvarandre. I dei tilfella sentralane samhandlar ved faktiske hendingar, skjer det oftast i form av delegering av enkeltoppgåver, t.d. å rekne ut eit søkeområde i sjøen. Sentralane samhandlar sjeldan i form av å overføre enkelthendingar til kvarandre, men dersom den eine sentralen blir sett ut av spel, kan den andre sentralen overta koordineringa av alle hendingar. Dette har skjedd ved nokre høve, men berre i kortare episodar.

På grunn av auken i talet på redningshendingar i samband med ferieavviklinga i sommarmånadene har hovudredningssentralen i Sør-Noreg hatt behov for å skalere opp kapasiteten i operasjonsrommet med ein tredje redningsleiar. Talet på hendingar i juli kan vere to–tre gonger høgare enn i vintermånadene. Hovudredningssentralane må ta alle førespurnader like seriøst inntil dei får verifisert alvorsgraden. Dei sesongmessige variasjonane er noko mindre ved hovudredningssentralen i Nord-Noreg. Variasjonane følgjer også eit anna mønster, der sesongfisket i februar – april ofte medfører eit auka redningsbehov.

Figur 4.1 Sesongvariasjonar i talet på redningshendingar. Tal frå både hovudredningssentralar og lokale redningssentralar

Figur 4.1 Sesongvariasjonar i talet på redningshendingar. Tal frå både hovudredningssentralar og lokale redningssentralar

Kilde: Hovudredningssentralane

Sidan 2000-talet har talet på redningshendingar auka jamt, jf. Figur 4.2. Ein større del av tida til redningsleiarane går med til operativ redningsleiing.

Figur 4.2 Utvikling i talet på hendingar registrerte ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg 1984–20171

Figur 4.2 Utvikling i talet på hendingar registrerte ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg 1984–2017 1

1 Reduksjon i sjøhendingar mellom 2016 og 2017 er som følgje av ny rutine for innrapportering.

Kilde: Hovudredningssentralen i Sør-Noreg

Nærleik til situasjonen er ein suksessfaktor for effektiv redningsleiing, og ved behov kan hovudredningssentralen delegere delar av det lokale søk- og redningsarbeidet til eit fartøy. Ein såkalla On Scene Coordinator er hovudredningssentralens forlengde arm og representant på staden og koordinerer innsatsen lokalt. Det er primært Forsvarets fartøy som er i stand til å ta denne rolla fullt ut i tråd med oppgåvene som er skildra i det internasjonale SAR-planverket.

IAMSAR Manual Volume III.

Kystvakta blir ofte nytta og er øvd i rolla.

Redningsleiinga til hovudredningssentralane skal varslast ved hendingar som vil kunne krevje at dei blir involverte. Dette er gjerne hendingar som varer over lengre tid. Eitt av læringspunkta frå evalueringa av skredulukka i Longyearbyen i 2015 var at redningsleiinga bør bli involvert på strategisk nivå ved større hendingar. Redningsleiinga har i liten grad øvd på hendingar som krev omfattande samvirke og koordinering på strategisk nivå, etter at ny organisasjonsplan for redningstenesta vart sett i kraft 2. november 2015.

Avhengnad av kritiske innsatsfaktorar

Operasjonsromma til hovudredningssentralane er utstyrte og dimensjonerte til å handtere større hendingar med samtidig innsats frå fleire redningsleiarar. Lokala har òg kapasitet til å ta imot medlemmer frå den samverkande redningsleiinga og ved behov faglege rådgivarar som kan bistå med spesialkompetanse. Redningsleiarane har eigne fagsystem der situasjonsbiletet blir oppdatert og utviklinga i hendinga blir loggført. Eit felles ressursregister (FRR) er integrert med IKT-systema til hovudredningssentralane og støttar opp under den operative samhandlinga mellom hovudredningssentralane.

Sjå også omtalen av FRR under punkt 4.4.3.

Hovudredningssentralane bruker Nødnett.

Innan sjøredning utgjer kystradiostasjonane eit bindeledd mellom fartøyet i nød og hovudredningssentralane når kommunikasjonen går over maritim VHF. Kystradiostasjonane er samlokaliserte med hovudredningssentralane og bidrar til redundans ved at stasjonane kan vere operative reservelokasjonar for kvarandre.

I tilfelle svikt i kritiske innsatsfaktorar, slik som straum, tilgang til internett og ekom, bidrar organiseringa med to hovudredningssentralar til redundans ved at den eine sentralen kan overta for den andre dersom éin av sentralane blir sett ut av drift. Felles rutinar og system skal sikre rask og effektiv overtaking ved behov. I tillegg har kvar hovudredningssentral sett i verk tiltak som reduserer risiko knytt til svikt i kritiske innsatsfaktorar. Begge hovudredningssentralane har nødstraumsaggregat og avbrotsfri straumforsyning (UPS-batteri) som gir straum i ein avgrensa periode ved svikt i kraftforsyninga. Ved bortfall av ekstern straum blir nødstraum prioritert til operasjonskritisk infrastruktur. Fleire av dei operative systema er knytte til internett, men har lokalt plasserte serverar, som skal sikre funksjonsevna til dei operative systema dersom tilgangen til internett fell ut. Ved bortfall av ekom, medrekna Nødnett, har hovudredningssentralane fleire alternative kommunikasjonsmiddel.

Hovudredningssentralane er avhengige av ein velfungerande IKT-infrastruktur, og kompleksiteten i IKT-porteføljen har over tid auka som følgje av behova for effektiv kommunikasjon og samhandling med andre beredskapsaktørar.

4.4.1.2 Lokale redningssentralar

Kompetanse

Funksjonen som lokal redningssentral er det operasjonssentralen i politidistriktet som varetek. Operasjonssentralen har ansvar for operativ styring og leiing av ressursane til politiet. Ved redningshendingar leier lokal redningssentral innsatsen med ei kommandolinje frå operasjonssentralen til innsatsleiaren på staden. Operasjonssentralane samhandlar dagleg med dei andre nødetatane, og operasjonsleiarane opparbeider betydeleg mengdetrening.

Gjennom nærpolitireforma har talet på lokale redningssentralar og operasjonssentralar på fastlandet blitt redusert frå 27 til 12. I samband med reforma har oppgåveløysinga ved operasjonssentralane blitt standardisert, og kompetansekrava har blitt heva. Standardiserte funksjonar gir betre føresetnader for erfaringslæring mellom lokale redningssentralar, og legg til rette for kontinuerleg utvikling av tenesta. Større operasjonssentralar gir større fagmiljø, meir mengdetrening og større kapasitet til å handtere hendingar. Eit miljø der fleire personar med overlappande kompetanse jobbar saman, legg òg til rette for styrkt organisatorisk redundans i form av kollegasjekk og kvalitetssikring.

Det pågår eit arbeid med å samlokalisere operasjonssentralane til politiet med nødmeldesentralane til brann- og redningsvesenet. Dei førebelse erfaringane frå dei første sentralane er at samlokaliseringa har styrkt evna til å utveksle kompetanse, dele erfaringar og til å vidareutvikle samvirket på operativt nivå, særleg ved større hendingar der alle nødetatane er involverte. I løpet av 2018 vil fem sentralar vere samlokaliserte.

Kapasitet

Nærpolitireforma har gitt færre og større operasjonssentralar. Dette er venta å auke kapasiteten til dei lokale redningssentralane.

Avhengnad av kritiske innsatsfaktorar

Alle operasjonssentralane har nødstraumsaggregat og avbrotsfri straumforsyning (UPS-batteri) som sikrar kontinuitet i tenesta ved brot i kraftforsyninga. Nødstraumen er dimensjonert til oppetidskravet på 99,95 pst. og dekker både kommunikasjonsløysingar og IT-system som blir nytta ved operativ leiing. Operasjonssentralane kommuniserer med nødetatar og andre redningsressursar over Nødnett. Politiet har dei siste åra styrkt robustheita i IKT-infrastrukturen. Felles ressursregister skal innførast i politiet, og ein pilot er sett i drift i tre politidistrikt.

Departementets vurdering

Departementet vurderer at evna til redningsleiing i redningstenesta i all hovudsak er god. Organiseringa av den operative redningsleiinga i spesialiserte funksjonar for leiing og koordinering gir spesialiseringsgevinstar og har tilrettelagt for utvikling av spisskompetanse. Samarbeidet mellom hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane er godt.

Det er viktig at hovudredningssentralane er førebudde på å overta eller støtte den andre sentralen. Justis- og beredskapsdepartementet har spesielt påpeika dette i instruksane til politimestrane for hovudredningssentralane, og vil følgje opp dette i styringsdialogen.

4.4.2 Operativ redningsevne

Den operative redningsevna vektlegg innsatsevnene til dei ulike aktørane, der sentrale parametrar er materiell og utstyr, kompetanse, kapasitet og responstid.

Responskapasitetar

Helikopterberedskapen er ein berebjelke i den operative redningsevna til redningstenesta, og helikopter har unike evner til å raskt nå over store delar av norsk redningsansvarsområde.

Redningshelikoptera er ein dedikert beredskap for redningstenesta og er til disposisjon for hovudredningssentralane. Dagens flåte av 12 Sea King redningshelikopter er for tida i beredskap på fem basar

Redningshelikopterbasane er plasserte ved Rygge, Sola, Ørland, Bodø og Banak.

og har måltal for reaksjonstid

Reaksjonstida er tida frå alarm til helikopteret lettar.

på 15 minutt, med unntak av basen på Rygge, som har måltal på 25 minutt etter normal arbeidstid. Redningshelikoptera har høg medisinsk kapasitet med lege og medisinsk utstyr om bord. På Florø-basen er det for tida ein mellombels sivil redningshelikopterkapasitet, der frigjorde ressursar frå Forsvaret blir nytta i innfasingsprogrammet for dei nye redningshelikoptera. Forsvaret skal vere operatør på Florø-basen når dei nye redningshelikoptera er fasa inn.

Redningshelikoptera har i all hovudsak overhalde måltalet til reaksjonstid og har dei siste fem åra halde ein beredskap på 98,3 pst. i gjennomsnitt. Sjølv om beredskapen har vore god, har redningshelikoptera hatt ein utfordrande driftssituasjon som følgje av omfattande vedlikehaldsbehov. I enkelte tilfelle blir ikkje måltalet til reaksjonstid etterlevd. Det er likevel sjeldan meir enn éin base som har redusert reaksjonsevne og beredskap samstundes, slik at nabobasen i nokon grad kan kompensere. Redningshelikoptera er i aukande grad etterspurde for andre oppgåver, som luftambulanse og støtte til politiet.

Dagens flåte av Sea King redningshelikopter blir erstatta av 16 nye redningshelikopter (AW101), som er under innfasing. Dei nye helikoptera har langt betre rekkjevidde, større hastigheit og betre evne til å operere i dårleg vêr. Med 16 nye redningshelikopter kan òg alle basane vere betente av to helikopter, noko som ikkje er mogleg med dagens flåte av Sea King helikopter, der bl.a. vedlikehaldsbehov reduserer helikoptertilgangen. I samsvar med regjeringas redningsambisjon skal dei nye redningshelikoptera kunne redde 20 nødlidande 150 nautiske mil frå dei ytste punkta langs kysten innan to timar, og 2 nødlidande i ytterkanten av redningsansvarsområdet.

På Svalbard disponerer Sysselmannen to redningshelikopter. Kvart helikopter kan redde inntil 18 personar i nød innanfor ein radius på 140 nautiske mil. Dei to redningshelikoptera har krav til reaksjonstid på høvesvis éin og to timar. Helikoptera har i all hovudsak overhalde krava, og erfaring viser at reaksjonstida i praksis ofte er kortare. For å auke rekkjevidda på helikopterberedskapen i områda rundt Svalbard er det etablert fuel-depot ulike stader på Svalbard og ved dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen.

Dei frivillige beredskapsorganisasjonane har eit mannskap på om lag 10 000. Fleire av dei største organisasjonane, så vel som dei mindre og meir spissa organisasjonane, er representerte i Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum (FORF). Blant dei frivillige er det grupper med ulike spesialiserte evner, som redning i alpint terreng, i grotter og med søk med hund og småfly. I tillegg til menneskelege ressursar med høg kompetanse innanfor redningsfaglege disiplinar, inngår materielle ressursar i form av terrenggåande køyretøy, båtar, sambandsutstyr og ulike typar spesialutstyr, t.d. til alpin redning. Dei frivillige organisasjonane speler ei særleg sentral rolle innanfor søk og redning i vanskeleg terreng. Langs kysten er Redningsselskapet ein avgjerande ressurs, der om lag halvparten av skøytene er bemanna av frivillig mannskap.

Dei frivillige er ein desentralisert ressurs med kort reaksjonstid. Til vanleg er frivillige ressursar hovudsakleg på heimevakt, noko som inneber at vedkommande må kle seg om og ta med relevant utstyr. I den nasjonale rettleiaren Søk etter savnet person på land er det sett ein ambisjon om at det skal gå 10 minutt frå ein mottek alarmen, til ein skal vere på veg. Frivillige som er varsla på førehand, vil kunne vere klare for umiddelbar innsats.

Evna til rekruttering er grunnleggjande for dei frivillige organisasjonane. Med nokre lokale variasjonar melder sentrale frivillige organisasjonar frå om tilfredsstillande rekruttering.

Nødetatane har redning av liv og helse som ein del av primæroppdraga sine og er dimensjonerte og innretta for døgnkontinuerleg beredskap. Gjennom dagleg handtering av hendingar, og evne til å skalere opp innsatsen etter behov, har nødetatane ei betydeleg operativ redningsevne og kapasitet til å stå i hendingar over tid.

Politiet har auka den operative kapasiteten sin dei siste åra. I perioden 2013–2017 har talet på politiårsverk auka med 1 200.

Gjennomsnittstal. Ikkje medrekna PST.

Politiet har òg blitt styrkt på materiellsida. Politiet har krav til responstid ved hendingar der det er akutt fare for liv og helse. I politiet er responstida eit mål på tida frå melding er motteken, og til politiet er på staden. I 2017 varierte median responstid mellom 7 og 16 minutt avhengig av tettstadskategori.

Helsetenesta har ansvar for koordinering av akuttmedisinske ressursar. Ambulansetenesta er den sentrale operative ressursen for akuttmedisinsk bistand utanfor sjukehus og blir koordinert gjennom 16 akuttmedisinske kommunikasjonssentralar (AMK). Ambulansetenesta har betydelege transportevner og har ein flåte av bilar, båtar, helikopter og fly. Ambulansetenesta har ei rettleiande norm for utrykkingstid for akuttoppdrag på mellom 12 og 25 minutt avhengig av tettstadskategori. Utrykkingstida måler tida frå innringaren ringer 113, til ambulansen er framme på staden. I perioden 2013–2017 har gjennomsnittleg utrykkingstid for ambulansetenesta vore høvesvis 18 og 32 minutt for tettbygde og spreiddbygde strøk. Ambulansehelikoptertenesta opererer til saman 13 ambulansehelikopter frå 12 basar og kan ved høve brukast til søk og redning. Alle helikopterbasane har døgnkontinuerleg beredskap og er innretta for å oppretthalde ei reaksjonstid på 15 minutt, som er tida frå alarmering til helikopteret er i lufta.

Brann- og redningsvesenet er lokalt forankra og er anten kommunalt eller interkommunalt organisert. DSB er nasjonal brannmyndigheit og sentral tilsynsmyndighet for det kommunale brann- og redningsvesenet. Brann- og redningsvesenet skal ha ei innretning og dimensjonering som er i samsvar med krava i Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen og brann- og eksplosjonsvernlova. Brann- og redningsvesenet skal vere utrusta og dimensjonert til lokale risiko- og sårbarheitsforhold. Enkelte brann- og redningsvesen har spesialkompetanse og kan ved behov yte støtte til andre lokale brann- og redningsvesen. Til dømes er det utpeika sju brann- og redningsvesen som har særlege evner til å yte redningsinnsats til sjøs (RITS). Ved brann har brann- og redningsvesenet eit forskriftsfesta krav til innsatstid på mellom 10 og 30 minutt avhengig av tettstadskategori. Innsatstid er definert som tida frå innsatsstyrken er alarmert, til han er på skadestaden. Innsatstida blir i all hovudsak etterlevd.

Ved skogbrannar kan brann- og redningsvesenet be om bistand frå den statlege skogbrannhelikopterberedskapen. Skogbrannhelikopterberedskapen er administrert av DSB, og bruken blir koordinert av Hovudredningssentralen i Sør-Noreg. Den statlege skogbrannhelikopterberedskapen har vist stor evne til å skalere opp kapasiteten etter behov. Gjennom avtalar om internasjonalt redningssamarbeid kan kapasiteten bli ytterlegare styrkt.

Forsvaret er ein sentral aktør i redningstenesta med fleire unike operative evner, både knytte til operative ressursar og til å byggje oppdaterte situasjonsbilete gjennom overvaking av havområde og skipstrafikk, inkludert militære fartøy. I sjøredningsaksjonar bidrar Forsvaret med ressursar i form av marinefartøy, overvakingsfly og helikopter. I tillegg til materielle ressursar har Forsvaret betydelege mannsskapsstyrkar som kan støtte i søk- og redningsaksjonar, deriblant styrkar frå Heimevernet. Heimevernet er ein betydeleg beredskapsressurs ved større eller langvarige søke- og redningsaksjonar på land. Forsvaret har auka kapasitetane sine i Nord-Noreg, deriblant på område der det er få andre redningsressursar. På desse områda bidrar Forsvaret vesentleg til den operative redningsevna. Fleire sentrale ressursar i Forsvaret gjennomgår no ein moderniseringsprosess. Dette kan innebere redusert tilgjengelegheit til enkelte ressursar. Eitt døme er den svekte helikopterberedskapen til Kystvakta. Forsvaret har i utgangspunktet klartider tilpassa Forsvarets behov, men vil likevel ofte kunne mobilisere ressursar raskare enn fastsette klartider. Dette inneber svingingar i den operative redningskapasiteten.

Sivilforsvaret er ein del av totalforsvaret og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Sivilforsvaret er underlagt DSB og er delt inn i 20 distrikt og har ein styrke på 8 000 tenestepliktige. I redningstenesta er Sivilforsvaret ein sentral ressurs i leiteaksjonar på land, som ofte er mannskapskrevjande. Sivilforsvaret har store materielle og personellmessige ressursar som stiller krav til investeringar og kontinuerleg kompetanseutvikling. På materiellsida er det eit investeringsetterslep innanfor enkelte område. Når det gjeld personellsituasjonen, er det behov for å auke oppfyllinga av befal, som på nasjonalt nivå er på 67 pst. DSB vil framover gjennomføre fleire befalskurs for å auke oppfyllinga. Dekninga av tenestepliktige er i samsvar med målsetjinga, men oppfyllinga per distrikt varierer.

Særleg vurdering av redningsberedskapen på Svalbard

Dei arktiske delane av Noregs redningsansvarsområde spenner over store område med få ressursar og krevjande framkomst. På Svalbard er det få alternative ressursar utover den faste redningsberedskapen til Sysselmannen. Eksisterande satellittkommunikasjonssystem har begrensa dekning nord for 75 gradar. Velfungerande kommunikasjonssystem er viktig for sikker navigasjon og for effektiv og sikker redningsteneste og nødkommunikasjon. Redning og beredskap er ei av primæroppgåvene til Sysselmannen. Større hendingar på Svalbard vil kunne krevje behov for støtte av ressursar frå fastlandet, og det er tett dialog mellom lokal redningssentral på Svalbard og hovudredningssentralen i Nord-Noreg ved hendingar der det er behov for koordinering av ressursar frå fastlandet. Tenestefartøyet til Sysselmannen, MS «Polarsyssel», har sidan 2014 vore ein sentral beredskapsressurs. Fartøyet har kapasitet til å ta imot ei stor mengd nødlidande og er utrusta med søkeutstyr og medisinske fasilitetar. For redningshelikoptera gir MS «Polarsyssel» høve til å etterfylle drivstoff. Fartøyet var ei sentral plattform for leiinga av rednings- og søksarbeidet etter helikopterulukka i Isfjorden i 2017.

Forsvaret har ei særleg tilgjengelegheit i nordområda. Det er normalt eitt kystvaktfartøy i fiskevernsona i havområda utanfor Svalbard. Kystvaktfartøya kan tilføre drivstoff til redningshelikoptera, og nødlidande kan plasserast om bord, noko som gjer at redningshelikoptera i samspel med kystvaktfartøya får styrkt yteevne. Dei maritime patruljeflya til Forsvaret har unike søkeevner og kapasitet til å rekke over store søkeområde. Flya kan bli utrusta med redningsflåtar som kan droppast til nødlidande. Ved hendingar langt til havs eller under krevjande vêrforhold kan dei maritime patruljeflya bidra med avgjerande situasjonsrapportering til hovudredningssentralane. Avgjerdene om ein kan nytte redningshelikopter, kan vere avhengige av denne typen rapportering. Ved spesielle risikoforhold kan Kystvakta posisjonerast for å styrke redningsberedskapen.

Departementets vurdering

Samla sett vurderer departementet at den operative redningsevna til redningstenesta er god, men departementet er innforstått med at den operative redningsevna varierer med tilgangen til operative redningsressursar. Fleire beredskapsaktørar har styrkt dei operative evnene sine, noko som har styrkt redningsberedskapen. Den operative redningsevna vil bli ytterlegare styrkt med dei nye redningshelikoptera. Kapasiteten på Svalbard er vurdert som god med omsyn til handtering av ordinære hendingar, men ved ekstraordinære hendingar eller fleire samanfallande hendingar er det avgjerande med rask bistand frå fastlandet.

4.4.3 Samvirke

Redningstenesta er innretta med utgangspunkt i prinsippet om samvirke. Effektivt samvirke føreset avklarte roller og avklart ansvarsforhold mellom aktørane, nødvendig kunnskap om eigne og andre sine ressursar og kapasitetar og moglegheiter for å kommunisere effektivt på tvers av sektorar, etatar og geografiske grenser. Grunnlaget for eit effektivt samvirke blir lagt mellom hendingane. Pådrivaransvaret til hovudredningssentralane og ansvaret redningsleiinga har for å medverke til samvirket, er regulert i kgl. res. Organisasjonsplan for redningstjenesten .

Samvirke under hendingane

Eit robust samvirke avheng av tilstrekkeleg formalisering av handlingsmønster gjennom planverk som er oppdaterte, harmoniserte og gjennomøvde. Planverket i redningstenesta har blitt styrkt dei siste åra. Eit nytt overordna redningsplanverk i redningstenesta, Håndbok for redningstjenesten , er nyleg ferdigstilt. Handboka gir ein overordna omtale av sentrale roller, oppgåver og kapasitetar i redningstenesta og er utarbeidd av ei arbeidsgruppe leidd av hovudredningssentralane på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Målgruppa er alle som har ei rolle i redningstenesta. Vidare er Veileder for planverk og samvirke i redningstjenesten under fullføring, og nye felles planverk for sjø- og luftredningshendingar og landredningar er nyleg ferdigstilte. Fleire tverretatlege planverk er òg utarbeidde, deriblant Nødetatenes samvirke ved pågående livstruende vold (PLIVO) og Felles sambandsreglement for Nødnett . Helsedirektoratet har på bakgrunn av erfaringar frå reelle hendingar gitt ut nasjonale retningslinjer i Nasjonal veileder for helsetjenestens organisering på skadested og Nasjonal veileder for masseskadetriage . Retningslinjene bidrar til å avklare ansvar og hovudoppgåver når fleire nødetatar samverkar, ved både mindre og større hendingar.

Sambandsløysingar er ein kritisk innsatsfaktorar for samvirket under hendingar. Innføringa av Nødnett har styrkt kommunikasjonen og samvirket i og mellom samvirkeaktørar i redningstenesta. Gjennomsnittleg tilgjengelegheit i Nødnett for 2017 var 99,83 pst. Dei vanlegaste årsakene til utfall av Nødnett i 2017 var straumbrot og brot på telelinjer. Nødnett er ikkje bygd ut på Svalbard. Fastlandsressursar er ein viktig forsterkingsressurs for Svalbard, og alternative sambandsløysingar må vere øvde på ved søk- og redningsaksjonar på Svalbard. Ved skredulukka på Svalbard i 2015 vart det identifisert eit forbetringspotensial knytt til kommunikasjonsflyten mellom ressursar på Svalbard og enkelte fastlandsressursar.

Hovudredningssentralane implementerer nasjonalt avgrensa nett i 2018, noko som vil styrke samhandlingsevna knytt til gradert informasjon.

Til sjøs er maritim VHF primærsambandet, der Kystradioen er bindeleddet mellom fartøyet i nød og hovudredningssentralane. Kystradioen består av to døgnbemanna stasjonar, som er samlokaliserte ved dei to hovudredningssentralane, og om lag 120 fjernstyrte VHF-stasjonar. Samlokaliseringa legg til rette for gevinstar i form av effektiv samhandling og informasjonsdeling.

Ved søk- og redningsaksjonar i kystnære strøk, der sjø- og landressursar samverkar i innsatsen, vil to ulike primærsamband ved høvesvis maritim VHF og Nødnett vere i bruk. Ulike ressursar som nyttar ulike samband, vil kunne utfordre samvirket.

Det er identifisert eit forbetringspotensial knytt til deling av digital informasjon mellom aktørane i redningstenesta, t.d. posisjonar og situasjonsbilete. Ulike standardar knytte til teknologiske løysingar, deriblant kart, kan vere til hinder for eit effektivt samvirke mellom ulike aktørar i ein redningsaksjon.

I ein nødssituasjon er det avgjerande at dei operative etatane har tilgang til informasjon om tilgjengelege ressursar. I regi av BarentsWatch har eit felles ressursregister (FRR) blitt utarbeidd. FRR bidrar til å effektivisere den operasjonelle innsatsen knytt til søk og redning. Informasjon om ein ressurs blir hovudsakleg halden ved like av ressurseigaren eller den som disponerer ressursen til dagleg.

Samarbeidet og kommunikasjonen mellom hovudredningssentralane og dei operative kontaktpunkta deira, blir skildra som godt.

Samvirke mellom hendingane

Det er omfattande samvirkeaktivitet på ulike nivå mellom aktørane i redningstenesta. Hovudredningssentralane har eit særskilt pådrivaransvar for å vedlikehalde og vidareutvikle samvirket mellom hendingane og bidrar til dette på fleire arenaer. Sentrale aktivitetar er:

  • tilsyn med lokale redningssentralar

  • arrangering av erfaringsseminar og redningskonferansar

  • deltaking i øvingar

  • utvikling av planverk

  • deltaking i nasjonale og internasjonale forum

Det operative personellet ved hovudredningssentralane jobbar med desse aktivitetane i tillegg til å leie og koordinere hendingar i operasjonsrommet, som er førsteprioritet. Dette reduserer tilgjengeleg kapasitet til aktivitetar knytte til vedlikehald og vidareutvikling av samvirket i redningstenesta. For at ressursane til hovudredningssentralane skal bli brukte der behova er størst, er det nødvendig at hovudredningssentralane prioriterer mellom samvirkeaktivitetar.

På strategisk nivå er redningsleiinga ved høvesvis hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane sentrale samvirkearenaer. Redningsingsleiinga sitt ansvar for å utvikle samvirket er utdjupa i eige mandat for redningsleiingane ved hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane. Redningsleiingane til hovudredningssentralane har felles møter to–tre gonger i året. Det er stor grad av kontinuitet i kven som deltek frå dei ulike sektorane. Redningsleiinga i dei lokale redningssentralane er omstilt frå ein struktur med 27 lokale redningsleiingar til 13, inkludert redningsleiinga ved den lokale redningssentralen på Svalbard. Ved enkelte lokale redningssentralar har det vore lågt aktivitetsnivå i dei lokale redningsleiingane. Dette er dels eit resultat av omstillinga i politiet som følgje av nærpolitireforma. I samband med reforma er det etablert lokale rednings- og beredskapsråd i kvart politidistrikt, der aktørar med oppgåver innan beredskap møtest éin til to gonger i året.

Rammene for rådet famnar vidare enn redningstenesta og omfattar òg oppgåvene som følgjer av politilova § 27 tredje ledd.

Øvingar bidrar til å halde ved like planverk og kompetansen og styrker evna til å handtere framtidige hendingar. Hovudredningssentralane deltek årleg på fleire øvingar, både med nasjonale samvirkeaktørar og utanlandske samarbeidsaktørar. I tilsyna med dei lokale redningssentralane går det fram at øvingsaktiviteten til dei lokale redningssentralane gjennomgåande er god, men med nokre lokale variasjonar. Ved fleire lokale redningssentralområde er det etablert lokale samvirkeutval som strukturerer samvirkeaktivitetar som tverretatleg øvingsplanlegging og -gjennomføring. Hovudredningssentralane har tilrådd å etablere øvingsutval i alle distrikta og at dei er forankra i den lokale redningsleiinga. Sivilforsvarsdistrikta gjennomfører òg øvingar og tverrfagleg samvirketrening med nødetatane, frivillige organisasjonar og Forsvaret.

Departementets vurdering

Samvirket i redningstenesta fungerer, slik Justis- og beredskapsdepartementet vurderer det, i all hovudsak godt. Aktørane jobbar gjennomgåande systematisk med samvirket mellom hendingane og samverkar i all hovudsak godt under hendingane. Departementet understrekar at alle samvirkeaktørar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje til rette for eit best mogleg samvirke, og at redningsleiingane ved redningssentralane har eit ansvar for å medverke til utviklinga. Det overordna planverket i redningstenesta har blitt styrkt og legg til rette for auka harmonisering av ulike planverk. Hovudredningssentralane har eit pådrivaransvar for å vedlikehalde og vidareutvikle samvirket i redningstenesta mellom hendingane, men har avgrensa kapasitet i høve til pådrivaransvaret. Departementet følgjer opp dette i styringsdialogen med hovudredningssentralane. Ved enkelte lokale redningssentralar er det identifisert eit behov for å auke aktivitetsnivået i redningsleiingane. Det er identifisert eit forbetringspotensial knytt til deling av digital informasjon mellom aktørane i redningstenesta.

4.4.4 Utviklingsevne

Funksjonen til hovudredningssentralane føreset eit nært samspel med relevante ressursar i samfunnet, og pådrivaransvaret gjer dei til premissgivarar for utviklinga av redningstenesta.

Utviklingsevne føreset at ein har kapasitet til å drive med utvikling og endring utan at dagleg drift blir skadelidande.

Hovudredningssentralane har eit sterkt operativt miljø og kultur for erfaringslæring og kvalitetssikring. Ressurskrevjande aktivitetar, som det å utvikle planverk, får likevel ofte utfordringar med framdrifta ettersom arbeidet i stor grad blir utført av redningsleiarar på turnus. Hovudredningssentralane er i all hovudsak bemanna og innretta for å vareta operative oppgåver, med avgrensa kapasitet innanfor andre fagområde. Det er t.d. låg analysekapasitet og -kompetanse til å utnytte datamaterialet som ligg føre i form av redningsstatistikk og erfaringsdata. Dei administrative oppgåvene blir handterte i tett dialog med departementet.

Avgrensa ressursar i organisasjonen kan òg gjere det krevjande å implementere eksterne krav og føringar. Ofte inneber nye løysingar auka ressursbehov eller behov for ny kompetanse. I samband med kjøpet av nye redningshelikopter vil ny teknologi knytt til kommunikasjon og informasjonsdeling krevje høgare kompetanse og kapasitet i driftsfasen. Innføringa av Nødnett ved hovudredningssentralane har òg gitt eit større ressursbehov knytt til bl.a. drift av samtalegrupper.

Departementets vurdering

Gjennom daglege erfaringar har redningsleiarane unik tilgang på kunnskap som gir grunnlag for kontinuerleg utvikling av den operative verksemda. Det er eit forbetringspotensial knytt til utnytting av erfaringsdata som blir innrapportert til hovudredningssentralane.

4.5 Oppsummering og tiltak

Funksjonsevna til redningstenesta er vurdert gjennom fire underliggjande evner: evne til redningsleiing, operativ redningsevne, evne til samvirke og utviklingsevne. Evna til redningsleiing ved hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane er vurdert som god. Den operative redningsevna er òg vurdert som god, men redningsevna varierer med tilgangen til ressursar. Samvirket i redningstenesta fungerer i all hovudsak godt, men departementet vil understreke at eit effektivt samvirke føreset kontinuerleg vedlikehald. Det er identifisert eit forbetringspotensial for utviklingsevna i redningstenesta, bl.a. knytt til utnytting av statistikk og erfaringsdata som blir innrapportert til hovudredningssentralane. Samla sett er funksjonsevna til redningstenesta vurdert som god.

Det er sett i verk og planlagt ei rekkje tiltak som er venta å styrke funksjonsevna til redningstenesta. Redningsberedskapen til redningshelikoptera vil bli vesentleg styrkt med innfasinga av 16 nye AW101 redningshelikopter.

Fleire beredskapsaktørar har dei siste åra styrkt dei operative evnene sine, og samlokaliseringa av operasjonssentralane til politiet med nødmeldesentralane til brann- og redningsvesenet er venta å styrke samvirket. Fleire av dei lokale redningssentralane har vore gjennom ei større omstilling som følgje av nærpolitireforma. Hovudredningssentralane skal i tråd med instruks frå Justis- og beredskapsdepartementet føre tilsyn med dei lokale redningssentralane og rapportere alvorlege avvik til departementet. I styringsdialogen med hovudredningssentralane vil departementet kunne følgje opp korleis redningsleiingane ved dei lokale redningssentralane blir re-etablerte i ny struktur. Innfasinga av felles ressursregister gir beredskapsaktørane betre oversikt over tilgjengelege ressursar. Verktøyet er teke i bruk av hovudredningssentralane og er under innfasing i politiet. For brann- og redningsvesenet er ei ny forskrift for brann- og redningsvesenet under utarbeiding. Forskrifta skal leggje til rette for eit brann- og redningsvesen med betre evne til å handtere store og komplekse hendingar. Blant dei foreslåtte endringane er krav til heiltidsleiing i alle brann- og redningsvesen og tydelegare krav til risiko- og sårbarheitsanalyser som grunnlag for organisering, utrusting og bemanning. Ein ny fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell er òg i ferd med å bli etablert. Fagskulen skal styrke kompetanseutviklinga og auke den operative handteringsevna til brann- og redningsvesenet.

Dei frivillige er ein viktig berebjelke i redningstenesta. FORF og Nasjonalt Redningsfagleg Råd er viktige kontaktpunkt og arenaer for vidareutvikling av det frivillige elementet i redningstenesta. Departementet har gitt Nasjonalt Redningsfaglig Råd i oppdrag å greie ut om rolla til dei frivillige rednings- og beredskapsorganisasjonane i lys av dagens utfordringsbilete. Utgreiinga vil bli ein del av kunnskapsgrunnlaget til departementet. Kunnskap om redningstenesta er eit prioritert FoU-tema i Justis- og beredskapsdepartementets FoU-strategi.

Redningsberedskapen rundt Svalbard har blitt styrkt gjennom utvidinga av seglingssesongen til MS «Polarsyssel» i 2016. På Svalbard har utbygginga av landbaserte AIS-basestasjonar styrkt oversikta over kommersiell skipsfart og fritidsfartøy utstyrte med AIS i området. Det pågår eit arbeid med å greie ut tiltak for å styrke kommunikasjonskapasiteten i nordområda ytterlegare.

Med omsyn til deling av digital informasjon er det identifisert eit forbetringspotensial knytt til deling av digital informasjon mellom aktørane i redningstenesta, t.d. posisjonar og situasjonsbilete. Neste generasjon Nødnett vil vere basert på 4G og den kommande 5G-standarden. Dette vil gi betre og raskare overføring av data enn i dagens Nødnett, som primært er eit talesamband.