Barne- og likestillingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

Gir vi barn ein god oppvekst, har dei gode føresetnader for å vekse opp til å bli sjølvstendige menneske, få seg ei utdanning, ein jobb, skape ein heim for seg og sine og bidra til eit berekraftig velferdssamfunn. Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samstundes er det familiar som lever i vedvarande låginntekt og som dermed får avgrensa høve til fullverdig deltaking i samfunnet. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal ha moglegheit til å delta i sosiale fellesskap på linje med andre. Andre barn lever under tilhøve som kan skade helsa eller utviklinga deira. Desse skal få naudsynt hjelp og omsorg. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge når foreldra av ulike årsaker ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng. Regjeringa ønskjer òg eit tryggare Noreg og styrkjer innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare.

Familien er eit sterkt og grunnleggjande sosialt fellesskap som skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barn og unge. Barn og familiar er ulike og dei har ulike behov. Regjeringa arbeider for ein politikk der familiane får fridom til å leve sine eigne liv og organisere kvardagen slik dei sjølve ønskjer. Ein god politikk for familiane legg grunnlaget for livskvalitet, og gir helsemessige og samfunnsøkonomiske gevinstar. Samstundes skal familiepolitikken leggje til rette for likestilling mellom foreldra både i heimen og i arbeidslivet. Fars deltaking i ulike omsorgsoppgåver er viktig for barns utvikling. Utviding av mødre- og fedrekvota frå 10 til 15 veker ved uttak av foreldrepengar vart sett i kraft 1. juli 2018. Dette gir lik tredeling ved 100 pst. uttak. Tredelinga varetek valfridom, samstundes som ho gjer sitt til at fedrar får meir tid med barna sine.

For å skape eit berekraftig velferdssamfunn er det viktig at alle kan bidra til fellesskapet gjennom arbeid. Regjeringa har sett i gang ein inkluderingsdugnad for å få fleire av dei som står utanfor arbeidslivet i ordinær jobb. Likestilling, ikkje minst i arbeidslivet, er ein føresetnad for å føre vidare det høge velferdsnivået vi har i Noreg, og for å utvikle samfunnet vidare. Regjeringa vil rette ein innsats mot kjønnstradisjonelle utdanningsval. Dei medverkar til å oppretthalde ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, med forskjellar i lønn, arbeidstid og arbeidsbelasting.

Regjeringa vil at enkeltmennesket skal få vere seg sjølv og leve livet som ein vil. Det er framleis barrierar mot samfunnsdeltaking for LHBTIQ-personar. Regjeringa vil halde fram med å arbeide for at alle skal ha like rettar og moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisitet, religion og livssyn, alder og seksuell orientering.

Regjeringa vil at kvar einskild skal ha fridom til å avgjere korleis dei skal leve livet sitt og følgjer opp Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). Regjeringa er òg i gang med eit integreringsløft og vil leggje fram ein strategi som skal gi tydeleg retning for arbeidet framover, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet. Målet er at innvandrarar skal vere ein del av store og små fellesskap i det norske samfunnet. Ein del av dette er å få fleire innvandrarkvinner i arbeid. Tiltak for foreldrestøtte, betre kompetanse i tenestene og betring av innvandrarbefolkninga si tillit til barnevernet er blant dei sentrale innsatsområda for BLD.

1.1 Barnefattigdom

Regjeringa har som mål å vidareføre eit samfunn med små forskjellar. Regjeringa vil arbeide for å auke den sosiale mobiliteten gjennom å inkludere fleire i arbeidslivet og redusere risikoen for at levekårsutfordringar går i arv.

Talet på barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt har auka frå 67 300 barn i 2006 til 101 300 barn i 2016. Det er naudsynt med ein brei og samordna innsats for å motverke at barn veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Låginntekt heng til stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeids- og velferdspolitikken står difor sentralt i innsatsen.

Mange barn vert ramma av fattigdom og utenforskap, utan moglegheit til å skape seg sitt eige, gode liv. Fattigdom påverkar helse, utdanningsmoglegheiter og sosiale nettverk. Nokre barn og unge opplever at viktige hendingar i oppveksten kostar så mykje at dei held seg utanfor. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal ha moglegheiter og fridom til å skape si eiga framtid. Dei skal få god omsorg, bu trygt, delta i fritidsaktivitetar og kjenne seg verdifulle i samfunnet.

For å leggje til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, er innsatsen rundt utsette familiar styrkt. Denne regjeringas viktigaste tiltak mot barnefattigdom har vore:

  • Nasjonal strategi mot barnefattigdom (2015–2017), den første i Noreg.

  • Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, er auka frå om lag 100 mill. kroner i 2014 til om lag 270 mill. kroner i 2018.

  • Fritidserklæringa, eit samarbeid mellom regjeringa, frivillige organisasjonar og KS. Målet er at alle barn, uavhengig av økonomien til foreldra, skal få delta i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre.

  • Rimelegare barnehageplass for familiar med låg inntekt, og ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehagen for alle barn i familiar med låg inntekt frå barna er tre år, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Prøveprosjekt med gratis deltidsplass i SFO (Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim), og forsøk med gratis barnehage og SFO for barn frå familiar med låg inntekt og/eller barn med minoritetsspråkleg bakgrunn, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Ungdom i familiar med låg inntekt får meir i skulestipend, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Over 1 milliard kroner meir til helsestasjons- og skulehelsetenesta, sjå omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Styrkt bustøtte for barnefamiliar og andre store husstandar, sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

  • Styrkt områdesatsing i enkelte område i dei store byane med særskilde levekårsutfordringar, sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Hovedprioriteringar i 2019

Regjeringa vil styrkje innsatsen retta mot barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt med ytterlegare 181 mill. kroner i 2019. Barn frå familiar med låg inntekt skal ha moglegheit til å delta i sosiale fellesskap på linje med andre. Ungdom som slit, skal få hjelp til skule eller arbeid. Det er òg lagt vekt på betre buforhold og trygge oppvekstmiljø. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka:

  • 20 mill. kroner til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom . Losane følgjer opp unge med vanskar knytt til dømes til omsorgssituasjonen i heimen, svakt sosialt nettverk og helseproblem, og kor det er risiko for at dei avbryt utdanninga.

  • 10 mill. kroner til eit pilotprosjekt for å dekkje individuelle utgifter ved deltaking i organiserte fritidsaktivitetar for barn frå låginntektsfamilier.

  • 5 mill. kroner til ferietiltak for barn frå låginntektsfamiliar.

  • 46 mill. kroner til gratis kjernetid i barnehage for to-åringar frå familiar med låg inntekt, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • 60 mill. kroner til å styrkje bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar, sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Om lag 40 mill. kroner til å styrkje Områdesatsing i utvalde byer, sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Satsinga omfattar òg rekrutteringstiltak til barnehage i utsette byområde.

1.2 Vald og overgrep

Barn og ungdom skal ha trygge og gode liv. Dei skal ikkje oppleve vald og overgrep. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet. For å beskytte barn, er det mange som har ein viktig rolle. Foreldre, barnehagar, skular, barnevern, helse- og omsorgstenester, politi, frivillige organisasjonar og fleire, må alle bidra.

Regjeringa sitt arbeid mot vald og overgrep er forankra i Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017). Arbeidet har høg prioritet. Den samla satsinga frå saldert budsjett for 2017 på om lag 530 mill. kroner til tiltak i opptrappingsplanen blei vidareført i 2018. I tillegg blei innsatsen styrkt med ytterlegare 295 mill. kroner i 2018, slik at den samla satsinga for 2018 er på om lag 825 mill. kroner. Av dei 88 tiltaka («regjeringa vil»-punkt) i opptrappingsplanen, er 16 allereie gjennomført, 49 er byrja, 17 er av løpande karakter og seks står att å starte opp. Dei viktigaste tiltaka i planperioden har vore:

  • Ny strategi for foreldrestøtte (2018–2021), den første i Noreg.

  • Nytt verktøy for å samtale med barn om vald og overgrep. Målet er at dei som arbeider med barn klarer å avdekkje vald tidlegare.

  • Nye retningslinjer om vald og overgrep mot barn og unge med nedsett funksjonsevne.

  • Nytt opplæringsprogram til bruk i barnehagar og skular om mobbing, vald og digitale krenkingar.

  • Informasjonskampanjar for å førebyggje vald og overgrep.

  • Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane er styrkt.

  • Familievernet sitt tilbod til familiar som lever med vald er styrkt.

  • Eit familiemandat til Alternativ til Vold (ATV) og etablering av nye ATV-kontor.

  • Etterforsking av vald og overgrep mot barn er styrkt, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • Auka kapasitet og kompetanse i Statens barnehus, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • Arbeidet mot internettrelaterte overgrep mot barn er styrkt, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • Behandlingstilbod og tiltak som ivaretek utsette barn og overgriparar er styrkt.

  • Auka satsing på utvikling av kunnskap og kompetanse i helsetenestene.

  • Tydeleggjering av ansvaret for arbeidet mot vald og overgrep i helselovene.

  • Arbeidet mot mobbing og digitale krenkinger er styrkt, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Hovedprioriteringar i 2019

Regjeringa vil følgje opp Opptrappingsplanen mot vold og overgrep ved å vidareføre det viktige arbeidet som er i gang og setje i verk ei rekkje nye tiltak. God førebyggjing er avgjerande fordi det kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Tenestene treng meir kompetanse til å avdekkje vald og overgrep mot barn. God hjelp og behandling til rett tid kan motverke dei alvorlege konsekvensane av vald og overgrep. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2019:

  • Følgje opp strategi for foreldrestøtte – Trygge foreldre – trygge barn som blei lagt fram i juni 2018.

  • 22 mill. kroner til å styrkje det foreldrestøttande arbeidet på familieområdet.

  • 5 mill. kroner til å implementere og vidareutvikle støtteverktøy som gjer det lettare for tilsette i barnehagar, skular og andre tenester å oppdage og følgje opp utsette barn og unge.

  • Utvikle ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep.

  • 19 mill. kroner til å styrkje behandlingstilbodet for personar dømt for seksuelle overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

  • 4 mill. kroner til å styrkje arbeidet med å førebyggje vald og overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

  • 17 mill. kroner til å styrkje arbeidet mot mobbing, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Utvikle familieverntenesta sitt tilbod til familiar med høgt konfliktnivå.

  • Arbeide for at fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

1.3 Barnevernet

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp og omsorg til barn som har det vanskeleg og som lever under tilhøve som kan skade helsa eller utviklinga deira. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge når foreldra ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng. Barnet sitt beste er det grunnleggjande omsynet for arbeidet i barnevernet.

Utsette barn og familiar skal få hjelp der dei bur. Barnevernet skal bli betre på å kome tidleg inn med hjelp til barn som lever med omsorgssvikt. Regjeringa ønskjer at flest mogleg barn skal vekse opp saman med foreldra sine. Samstundes er det viktig å ha tilstrekkeleg mange gode og stabile fosterheimar, tilpassa dei barna som ikkje kan bu hos foreldra sine og har behov for ein trygg heim.

Tilsette i barnevernet gjer ein uvurderleg innsats for å gi barn og familiane deira ein betre kvardag. Det er likevel behov for auka kompetanse i det kommunale barnevernet. Dei tilsette skal kjenne seg trygge på jobb og vite at dei har nok kunnskap til å gjere dei riktige vurderingane. Derfor har regjeringa sett i verk eit historisk kompetanseløft i barnevernet, som særleg omfattar ein auke i tilbodet om etter- og vidareutdanning for tilsette. Tilsette i barnevernet skal få styrkt kunnskapen sin om utgreiingsarbeid og hjelpetiltak til barn og familier.

Barn som får hjelp frå barnevernet skal få god hjelp tilpassa behovet til det einskilde barnet, uavhengig av kven som driftar tilbodet. Regjeringa vil leggje til rette for eit mangfald av aktørar i barnevernet for å få tilbod med høg kvalitet. Vi har derfor starta ein gjennomgang av rammevilkåra for private aktørar i barnevernet, mellom anna for å vurdere behovet for betre styring av innhaldet i tilbodet til barn i barnevernet. Regjeringa har òg sett ned eit offentleg utval som skal sjå generelt på bruken av private aktørar på velferdsområda.

Dei viktigaste tiltaka på barnevernsområdet i regjeringsperioden 2014–2018 har vore:

  • Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste , jf. Innst. 318 S (2015–2016).

  • Ei barnevernsreform, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) og Innst. 354 L (2016–2017).

  • Betre rettstryggleik for barn og foreldre gjennom Prop. 169 L (2017–2018) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) , jf. Innst. 151 L (2017–2018).

  • Kompetanseløft i det kommunale barnevernet, mellom anna gjennom kompetansestrategien (2018–2024) for det kommunale barnevernet som blei lagt fram hausten 2017.

  • Betre samarbeid mellom barnevernet og helsetenestene. Det blir mellom anna oppretta to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som treng langvarig omsorg utanfor heimen og som treng psykisk helsehjelp.

Hovedprioriteringar i 2019

Regjeringa er i gang med barnevernsreforma. Større kommunalt ansvar for barnevernet skal bidra til at kommunane i større grad prioriterer førebyggjande hjelp og tenester som er betre tilpassa den einskilde. Regjeringa gjennomfører også eit kvalitets- og kompetanseløft for barnevernet. Betre kompetanse og digitale løysingar legg grunnlaget for ei vellukka reform. Regjeringa startar i 2019 arbeidet med eit digitalt løft for det kommunale barnevernet. Regjeringa ønskjer òg å styrkje barn og unge sin rett til å medverke og rettstryggleiken til barn og foreldre. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2019:

  • 30 mill. kroner til å starte arbeidet med eit digitalt løft for det kommunale barnevernet. Gjennom det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern skal det bli utvikla nye digitale løysingar for å auke effektiviteten og kvaliteten i sakshandsaminga i barnevernet.

  • Eit storstilt kompetanseløft for å auke kvaliteten i dei kommunale tenestene. Regjeringa sin kompetansestrategi for det kommunale barnevernet blir derfor ført vidare i 2019.

  • 10 mill. kroner til ei særleg satsing på barnevernet sitt arbeid med unge kriminelle, for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og lokalt politi i Oslo og auke bruken av tiltak mot unge med alvorlege åtferdsvanskar.

  • Styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet. Regjeringa tek sikte på å sende forslag til ny barnevernslov på høyring i 2019.

  • Leggje til rette for eit mangfald av aktørar i barnevernet, for å få tilbod med høg kvalitet. Det er starta ein gjennomgang av rammevilkåra for ideelle og kommersielle aktørar i barnevernet.

1.4 Likestilling

Noreg er eit av verdas mest likestilte land, men det er framleis naudsynt med innsats på ei rekkje samfunnsområde. Likestilling, ikkje minst i arbeidslivet, er ein føresetnad for å føre vidare det høge velferdsnivået vi har i Noreg, og for å utvikle samfunnet vidare.

For regjeringa dreier reell likestilling og likeverd seg om at ein ikkje berre skal ha formelle rettar, men også reelle moglegheiter. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering blir skapt gjennom positive og stimulerande verkemiddel og gjennom betre diskrimineringsvern. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle.

Regjeringa har med Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn gitt eit langsiktig perspektiv for likestillingsarbeidet. Meldinga løftar fram utfordringar knytte til likestilling på sentrale samfunnsområde: oppvekst og utdanning, arbeidsliv, helse og næringsliv, entreprenørskap og vald og overgrep. I meldinga blir strategiar og verkemiddel som skal medverke til eit meir likestilt samfunn, presenterte.

I dag blir omgrepet «likestilling» nytta i vidare forstand enn likestilling mellom menn og kvinner. Det handlar òg om likestilling når det gjeld funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, etnisitet og religion. Det er framleis behov for å styrkje dei grunnleggjande rettane til LHBTIQ-personar og motverke diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Regjeringa vil òg halde fram arbeidet mot diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne. Hausten 2018 vil regjeringa leggje fram ein strategi for betre samordning og gjennomføring av regjeringas mål.

Dei viktigaste tiltaka på likestilling og ikkje-diskrimineringsområdet i regjeringsperioden 2014–2018 har vore:

  • Ny felles likestillings- og diskrimineringslov.

  • Nytt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet.

  • Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn.

  • Handlingsplan for universell utforming (2015–2019).

  • Handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020).

  • Strategi mot hatefulle ytringar (2016–2020).

Hovedprioriteringar i 2019

BLD tek i samarbeid med KD, ASD og NFD fleire initiativ i 2019 for eit meir likestilt arbeidsliv. Arbeidet startar med likestilling i barnehagen og skulen. Det trengs fleire kvinnelege leiarar og rollemodellar i næringslivet, og ikkje minst må menn oppfordrast til å ta likestillingskampen. Som del av arbeidet med integrering, er det òg lagt vekt på at fleire innvandrarkvinner må i arbeid. #MeToo-kampanjen har vist at vi ikkje er komen langt nok i arbeidet mot seksuell trakassering. Regjeringa arbeider derfor mellom anna med eit lågterskeltilbod mot seksuell trakassering.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2019:

  • 2 mill. kroner til tiltak for å motverke kjønnsdelte utdanningsval. BLD og KD vil prioritere rekruttering av menn til grunnskole- og barnehagelærerutdanninga og til utdanninger innanfor helse- og omsorgssektoren. Sjå òg Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Auke tilskotet til prosjektet Jenter og teknologi i regi av NHO med 1 mill. kroner, til samla 3,5 mill. kroner i 2019.

  • 2 mill. kroner til tiltak som kan bidra til å auke delen kvinnelege toppleiarar i næringslivet. Sjå òg Prop. 1 S for Nærings- og fiskeridepartementet.

  • Følgje opp høyringane om lågterskeltilbod for handsaming av saker om seksuell trakassering og styrking av aktivitets- og rapporteringspliktene.

  • Ein meir målretta innsats på integreringsfeltet. Regjeringa føreslår til saman 50 mill. kroner for å styrkje Jobbsjansen. Jobbsjansen del A for innvandrarkvinnar vert styrkt med 15 mill. kroner, noko som skal medverke til at innvandrarkvinner som står langt frå arbeidslivet, kjem i arbeid. Sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

1.5 Forbrukaranes stilling

Regjeringa meiner at gode forbrukarrettar er avgjerande for ein tillitsbasert marknadsøkonomi. Ikkje minst er dette viktig i den digitale økonomien. Nesten grenselaus tilgang til informasjon og handel gjennom digitale medium gir forbrukarane nye moglegheiter, men òg ufordringar. Forbrukarrettane er mellom anna utfordra av nye former for marknadsføring og handel med personopplysingar. Det er avgjerande å få marknadsaktørane til å respektere at reglane som elles vernar forbrukarane og varetek rettane deira òg gjeld i den digitale økonomien. Barn og unge er særleg sårbare i denne utviklinga. Samstundes som dei er aktive brukarar av sosiale medium, er dei ofte i mindre grad enn vaksne i stand til å forstå ulike former for påverknad og marknadsføring. Bruk av sosiale medium verkar òg å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress.

Regjeringa vil arbeide for at forbrukarane kan vere i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde. Forbrukarane skal vere beskytta mot svindel og ulovleg marknadsføring. Det gjeld òg i samband med kjøp og sal på nett. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i regjeringsperioden 2014–2018 har vore:

  • Tvisteløysingstilbodet til Forbrukarrådet er utvida og profesjonalisert.

  • Forbrukarombodet er omgjort til eit tilsyn, Forbrukartilsynet, med vedtakskompetanse.

  • Det er etablert ei konsesjonsordning for gjeldsinformasjonsføretak.

  • Det er utarbeidd og gjennomført ein strategi med tiltak for å forbetre forbrukarane sin digitale kvardag.

  • Det er etablert ein straumprisportal og Finansportalen er vidareutvikla med nye modular.

Hovedprioriteringar i 2019

Den teknologiske utviklinga fører til stadig nye endringar innanfor dei fleste samfunnsområde og i kvardagen til forbrukarane. Regjeringa vil møte desse endringane og andre utviklingstrekk med ein aktiv forbrukarpolitikk. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2019:

  • Auke løyvinga til Forbrukartilsynet med 6 mill. kroner for å styrkje arbeidet med tilsyn og rettleiing på digitalområdet.

  • Leggje fram ei melding for Stortinget om forbrukarpolitikken, der det vil bli lagt særleg vekt forbrukaranes digitale kvardag. Forbrukaranes stilling i bustadmarknaden og finansmarknaden er òg blant emna som vil bli drøfta.