Barne- og likestillingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har som hovudoppgåver på dette feltet å

  • forvalte likestillings- og diskrimineringslova og sikre gjennomføring av internasjonale bindingar i form av menneskerettskonvensjonar og EU-direktiv i norsk rett,

  • koordinere likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken, og

  • bidra til utvikling av ein kunnskapsbasert politikk for likestilling og gode system for dokumentasjon og analyse av likestillingsstatus.

Likestillings- og diskrimineringsombodet sitt mandat er å arbeide for å fremje reell likestilling og hindre diskriminering på alle samfunnsområde. Ombodet gir rettleiing om likestilling- og ikkje-diskrimineringslovgivninga. Diskrimineringsnemnda handsamar klagesaker om diskriminering.

BLD forvaltar òg krisesenterlova, ekteskapslova og regelverk knytt til foreldrepengar i folketrygdlova. BLD er ansvarleg for å utarbeide og utvikle lovgiving på desse felta.

I tillegg forvaltar BLD ei rekkje tilskotsordningar som skal bidra til å fremje likestilling knytt til ulike grunnlag. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.

BLD er òg ansvarleg for å følgje opp kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen, barnekonvensjonen og konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg skal BLD utarbeide nasjonale rapportar til dei internasjonale overvakingskomiteane. Likestillings- og diskrimineringsombodet har ein særskild og sjølvstendig tilsynsfunksjon for kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Barneombodet har same funksjon for barnekonvensjonen. Vidare er BLD ansvarleg for å følgje opp arbeidet med europarådskonvensjonar og EU-direktiv på dette feltet.

BLD skal systematisk samarbeide med andre departement for å samordne regjeringa sin innsats for likestilling og for å bidra til å nå likestillingspolitiske mål.

Arbeidet med kunnskapsutvikling, dokumentasjon og analyse inneber eit ansvar for å medverke til å utvikle kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering ut frå ulike diskrimineringsgrunnlag. Det inneber også eit ansvar for å etablere gode system for å dokumentere og analysere likestillingsstatusen på ei rekkje samfunnsområde og følgje med på utviklinga over tid. Alle departementa har ansvar for å skaffe fram kunnskap om likestilling på ansvarsområda sine i tråd med sektoransvarsprinsippet. For BLD er det viktig å ha oversikt over kunnskapen som finst.

BLD har gitt Fylkesmannen ansvaret for å vere pådrivar for at kommunane arbeider aktivt for å fremje likestilling knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta omsyn til likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiva både som tenesteytarar og som arbeidsgivarar på lokalt og regionalt nivå. Det er gjort nærare greie for gjennomførte aktivitetar, strategiar og tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet under programkategori 11.40 i del II av budsjettproposisjonen.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer også av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til.

5.1 Familie- og oppvekstområdet

Begge foreldra er viktige omsorgspersonar for barna. Dette gjeld uavhengig av om foreldra bur saman eller ikkje. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at begge foreldra skal ha høve til å vere likeverdige omsorgspersonar, både under samlivet, når samlivet blir løyst opp, og i tilfelle der foreldra aldri har budd saman.

Regjeringa vil i tråd med regjeringsplattforma setje ned eit utval som skal gå gjennom og modernisere barnelova og komme med eit forslag til ei tidsriktig barnelov. Utvalet skal mellom anna vurdere kva utforminga av systemet for barnebidrag har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i det som er best for barna vurdere korleis foreldre kan bli sikra like rettar som omsorgspersonar.

I Jeløya-plattforma går regjeringa inn for å dele foreldrepermisjonen i tre like delar. 6. juni 2018 vedtok Stortinget å utvide kvotane ved uttak av foreldrepengar frå 10 til 15 veker, jf. Prop. 74 L (2017–2018) Endringer i folketrygdloven og kontantstøtteloven (innfasing av tredeling av foreldrepenger mv. ) og Innst. 340 L (2017–2018). Lovendringene blei sette i kraft frå og med 1. juli 2018. Dette gir tredeling ved 100 prosent uttak: 15 veker til begge foreldra og ein fellesperiode på 16 veker til fordeling. Endringa blir gjord for å auke fedrar sitt uttak av foreldrepengar. 23. mai 2018 sendte regjeringa på høyring eit forslag om å innføre eigne reglar for uttak av foreldrepengar med redusert sats (80 prosent lønnskompensasjon). Forslaget i høyringsnotatet er 19 veker til begge foreldra og 18 veker til ein fellesperiode.

5.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte, uavhengig av kjønn, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet dei bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2017 viser at det var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2017 var det rundt 55 prosent gutar og 45 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

Det var relativt små kjønnsskilnader i 2017 både når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheim og barnevernsinstitusjonar, og i bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at gutar oftare enn jenter hadde hjelpetiltaka bustad med oppfølging, utdanning/arbeid og støttekontakt. Dei tok òg oftare imot behandlingstilbod som PMTO (foreldreopplæring). BLD og Bufdir vil i utviklinga av barnevernstiltaka framleis ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

5.3 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2017

Tabell 5.1 Barne- og likestillingsdepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse %

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

33,5

66,5

161

149

92,2

Departementsråd

100

0

1

1

Toppleiing (ekspedisjonssjef, kom.sjef)

40

60

5

5

96,8

Avdelingsdirektør

40

60

15

15

96,0

Fagdirektør, utgreiingsleiar

33

67

15

13,1

98,3

Seniorrådgivar

37

63

81

73,8

101,7

Rådgivar

28

72

18

16

105,2

Førstekonsulent 2

13

87

8

8

100,5

Adm. tilsette (Seniorkonsulent og førstekonsulent)

29

71

7

6,5

94,2

Lærling

0

100

1

1

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

2 Utanom administrativt tilsette

Tabell 5.2 Barne- og likestillingsdepartementet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent

Deltid 1

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon 2

Legemeldt sjukefråvær 3

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

3,7

9,3

11,1

11,2

0,5

3,7

1,1

5,1

1 Prosentdelen kvinner og menn som arbeider mellombels deltid på grunn av graderte permisjonar (AAP, omsorg for barn, osv.).

2 Prosentdelen av dagar dei har vore i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2017.

3 Prosentdelen av legemeldt sjukefråvær i heile 2017.

Tabell 5.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

37,4

62,6

6 402

3 838,3

107,7

Direktørar og avdelingsdirektørar

52,5

47,5

40

38,2

98,0

Seksjonssjefar

29,4

70,6

51

46,8

97,8

Leiarar av institusjonar, familievernkontor

35,6

64,4

118

110,6

100,4

Avdelingsleiarar i institusjonar

28,6

71,4

224

204,5

99,6

Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå

23,8

76,2

911

695,6

96,8

Seniorrådgivarar og prosjektleiarar

33,3

66,7

555

474,6

97,4

Rådgivarar

18,0

82,0

577

469,3

101,7

Fagstillingar høgskule lågare grad

10,4

89,6

192

149,2

100,9

Fyrstekonsulentar og seniorkonsulentar

38,4

61,6

1 989

1 005,0

98,8

Miljøarbeidarar

59,4

40,6

1 588

550,9

100,4

Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå

8,7

91,3

126

80,5

135,6

Andre stillingar hushald, drift, reinhald

25,8

74,2

31

13,1

99,9

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

18,9

18,1

43,1

31,5

0,21

0,3

5,89

7,82

Tabell 5.5 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

28

72

137

119,8

77,6

Direktør

-

100

1

1

-

Dagleg leiar / nemndleiar

25

75

12

12

98,8

Nemndleiar

48

52

67

60,5

100,0

Rådgivar

-

100

4

4

-

Seniorrådgivar

-

100

2

2

-

Seniorkonsulent

-

100

11

10,8

-

Fyrstekonsulent

4

86

22

19,1

91,5

Konsulent

-

100

15

7,6

-

Kontorsjef/stabssjef/

prosjektleiar

67

33

3

2,8

70,4

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

16

5

7

0

3

0,5

5

Tabell 5.7 Forbrukartilsynet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

38

62

29

27,8

96

Toppleiiling (ombod)

0

100

1

1,0

-

Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektør, avdelingsdirektør)

40

60

5

5,0

94

Seniorrådgivar

54

46

10

10

92

Rådgivar

29

71

7

7,0

107

Fyrstekonsulent

20

80

6

4

107

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 5.8 Forbrukartilsynet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

3,5

0

0

9,3

11,6

0

2,1

Tabell 5.9 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

25,0

75,0

20,0

19,8

105,5

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.10 Barneombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0,0

6,0

0,0

0,0

0,0

0,0

0,7

0,4

Tabell 5.11 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn 1

Totalt i verksemda

32

68

53

45

100,4

Toppleiing (ombod)

0

100

1

1,0

-

Avdelingsleiar

40

60

5

4,2

96,8

Fagdirektør

40

60

5

5,8

101,8

Seniorrådgivar

39

61

28

24,0

100,3

Rådgivar

17

83

12

9,1

102,7

Fyrstekonsulent

0

0

-

-

-

Konsulent

0

100

1

0,9

-

Konsulent (timebetalt)

0

100

1

0,0

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 5.12 Likestillings- og diskrimineringsombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

1,9

1,9

1,9

3,8

-

5,7

4,7

0,7

Tabell 5.13 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet (kjønn, lønn) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Lønn

M

K

Totalt (N)

Årsverk (N)

M

K

Totalt i verksemda

9

91

11

10,2

108

100

Tabell 5.14 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

10

10

10

0

10

0

0,5

5.4 Barne- og likestillingsdepartementet

BLD har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Lokale og arbeidsverktøy skal vere universelt utforma, og medarbeidarar i senioralder skal ha like gode høve til jobbutvikling og kompetanseutvikling som andre medarbeidarar.

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der prosentdelen kvinner er høg. BLD har sett i verk tiltak for å få fleire menn til å søkje stillingar i departementet. I 2017 var 28,3 prosent av søkjarane menn. Per 31. desember 2017 er 66,5 prosent av dei tilsette kvinner og 33,5 prosent menn.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er regelen i BLD at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er formelt kvalifisert. I stillingsannonsane blei alle kvalifiserte søkjarar uavhengig av bakgrunn oppmoda om å søkje. Departementet legg til grunn prinsippet om moderat kvotering av underrepresenterte grupper.

BLD har gjennom IA-avtalen lagt opp til utvida bruk av støtteordningar som tilretteleggingstilskot, lønnstilskot og praksisplassar gjennom Nav.

Tabellen med tilstandsrapportering for BLD viser at kvinner i gjennomsnitt tener 92,2 prosent av det menn tener.

Per 31. desember 2017 arbeidde 3,7 prosent av mennene og 9,3 prosent av kvinnene i BLD deltid. Tala refererer til prosentdelen av kvart kjønn som både har ein deltidsstilling og til dei som mellombels arbeider i ein mindre stillingsprosent på grunn av permisjon (til dømes delvis AAP/uføre eller omsorg for barn). Når det gjeld mellombelse tilsetjingar per 31. desember 2017, er prosentdelen menn med mellombels tilsetjing 11,1 prosent, medan det tilsvarande talet for kvinner er 11,2 prosent.

5.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda, mellom anna i personalpolitikken og rekrutteringspolitikken. Kvinnene utgjorde per 31. desember 2017 62,6 prosent og mennene utgjorde 37,4 prosent. Forholdet mellom kjønna er om lag uendra samanlikna med 2016.

Rekrutteringspolitikken har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den einskilde eininga/avdelinga/seksjonen. Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar, slik at ein oppmodar alle uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn om å søkje ledige stillingar. I tillegg blir søkjarar oppmoda til å opplyse om dei har funksjonshemmingar eller ikkje-vestleg bakgrunn.

Bufetat er representert med deltakarar i Statens mangfaldsnettverk saman med mange andre statlege verksemder. Statens mangfaldsnettverk har, med økonomisk støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane, eit prosjekt som er sett i verk for å kartleggje rekrutteringspraksisen med omsyn til mangfald i verksemdene. I prosjektet skal ein utarbeide tiltak for å medverke til ein ikkje-diskriminerande rekrutteringspraksis i statlege verksemder.

Tabell 5.3 viser at det er overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er vel 59 prosent menn. Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda bortsett frå i kategorien direktørar og avdelingsdirektørar, som er ei lita gruppe blant leiarane. Bufetat har ei jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane. I den grad ein kan peike på skilnader i lønn, går dei i favør av mennene i stillingsgruppa seksjonssjefar og fagstillingar på høgare nivå. I desse gruppene har kvinner 97,4 og 96,8 prosent av lønna menn har. Samla for verksemda tener kvinner 107,7 prosent av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med gruppa kontorstillingar og sakshandsamarar som er overrepresentert av kvinner som til dømes har stått lenge i stillinga og har betre lønn enn den relativt låge prosentdelen menn i denne gruppa. I Bufetat utgjer tilsette i vikariat og med mellombels tilsetjing 36 prosent av den totale arbeidsstokken. Dette er ein reduksjon på 1,3 prosentpoeng sidan 2016 og 3 prosentpoeng sidan 2015.

5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Per 31. desember 2017 var 28 prosent av dei tilsette i verksemda menn. Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det i all hovudsak er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er større grad av kjønnsbalanse i stillingsgruppa for nemndleiarar, der 48 prosent av dei tilsette var menn.

Alle nemndleiarar har same lønn, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at dei oppmodar alle kvalifiserte, uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne til å søkje ledige stillingar.

Det er eit mål at alle lokale skal vere universelt utforma og tilgjengelege for alle.

5.7 Forbrukartilsynet

I det store og heile var situasjonen i 2017 som i 2016. Det var 62 prosent kvinner, ein auke frå 61 prosent i 2016. I mellomleiinga var det tre kvinner og to menn. For Forbrukartilsynet totalt er lønna til kvinner 96 prosent av lønna til menn. Det er ein auke på 2 prosentpoeng frå 2016. I eit par stillingskategoriar ligg kvinner høgare enn menn.

Ved rekruttering er det stor merksemd rundt kjønnsbalanse. Kunngjering av ledige stillingar inneheld ei mangfaldserklæring der alle som er kvalifiserte, blir oppmoda til å søkje uansett alder, kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne.

Det har i 2017 vore 68,5 prosent kvinnelege søkjarar til utlyste stillingar. Dette er om lag same nivå som i 2016. Ingen av søkjarane opplyste om at dei hadde nedsett funksjonsevne. I 2017 hadde Forbrukartilsynet tre tilsette med ikkje-vestleg bakgrunn, noko som utgjer om lag 10,7 prosent av dei tilsette.

Sjukefråværet i 2017 var på 2,1 prosent, ein liten auke frå 2,0 prosent i 2016. Det er ikkje registrert legemeldt sjukefråvær på menn, slik at alt fråværet gjeld kvinner.

Krava til universell utforming er dekte på nettsidene.

5.8 Barneombodet

Situasjonen i 2017 var om lag som i 2016. Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinneleg tilsette, og per 31. desember 2017 var 75 prosent av dei tilsette kvinner. Trass i eit sterkt ønske om betre kjønnsbalanse blei ubalansen større i løpet av året. Av dei fire medlemmene i leiargruppa er éin mann, resten er kvinner.

Personar med funksjonsnedsetjingar har ikkje vore å finne blant søkjarane til stillingane Barneombodet har lyst ut det siste året. 10 prosent av dei tilsette ved kontoret har ikkje-vestleg bakgrunn.

Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn, verken i leiargruppa eller fagstaben. Kvinner tener 105,5 prosent av lønna til menn på kontoret. Årsaka til dette er at Barneombodet er kvinne, og av dei tre andre i leiinga er det to kvinner. I ei verksemd med berre 20 tilsette får dette stor effekt.

Det gjennomsnittlege kvartalsvise fråværet har hatt ein liten auke for menn frå 2016 til 2017 – frå 0,0 til 0,7 prosent. For kvinner ligg sjukefråværet på same nivå som i 2016, med 0,4 prosent.

5.9 Likestillings- og diskrimineringsombodet

LDO er framleis ei kvinnedominert verksemd, trass i høgt medvit om dette ved rekruttering til ledige stillingar. Frå 2016 til 2017 var det inga endring her. LDO har framleis 32 prosent menn. Av 53 tilsette per 31. desember 2017 var 28 seniorrådgivarar, og av dei var 39 prosent menn. Det er ein auke frå 36 prosent året før. Av dei 5 fagdirektørane er 40 prosent menn. I dei lågaste stillingskodane er det flest kvinner. Kjønnsbalansen i mellomleiinga er uendra sidan 2016.

Den overordna personalpolitikken til LDO omfattar desse delområda: rekruttering, lokal lønnspolitikk, kompetanseutvikling, livsfasepolitikk og arbeidsmiljø. Felles for alle punkta er målet om mangfald, eit inkluderande arbeidsliv og godt tilgjenge. LDO skal leggje til rette for at tilsette i alle livsfasar får ein god arbeidssituasjon og kan utvikle seg gjennom heile yrkeskarrieren.

Staben til LDO skal spegle mangfaldet blant innbyggjarane gjennom

  • at kjønnsfordelinga i verksemda er jamn

  • at det skal vere minst 40 prosent av kvart kjønn i leiarstillingane

  • at minst 15 prosent av dei tilsette i verksemda skal ha innvandrarbakgrunn

  • at minst 10 prosent skal ha nedsett funksjonsevne

LDO har både medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Måltala ovanfor er oppfylte.

Ombodet har ei mangfaldserklæring i stillingsannonsar og nyttar målretta rekrutteringskanalar for å oppnå måla. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, skal minimum éin i kvar kategori inviterast til intervju. LDO nyttar òg til ein viss grad målretta rekrutteringskanalar.

Likestilt rekruttering har to hovudmål:

  1. å sørgje for at rekrutteringa er profesjonell, likestilt og ikkje-diskriminerande

  2. å sørgje for at LDO kan gi betre rettleiing om likestilt rekruttering eksternt

Som ein del av arbeidet har LDO utvikla eit rammeverk for likestilt rekruttering. Alle styrande dokument for rekruttering og eigen rekrutteringspraksis er gjennomgått for å identifisere diskrimineringsrisiko.

LDO har eit mål om likelønn mellom kjønna i verksemda. Alle stillingar i LDO skal la seg kombinere med familieliv og omsorgsoppgåver.

5.10 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

Per 31. desember 2017 hadde sekretariatet elleve tilsette – ti kvinner (91 prosent) og ein mann (9 prosent).

Sekretariatet har fastsett mål om å rekruttere fleire menn ved nytilsetjingar.

Sekretariatet har ikkje lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir kvalifiserte kandidatar oppmoda om å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Per 31. desember 2017 hadde sekretariatet tre tilsette med minoritetsbakgrunn. Ingen tilsette hadde nedsett funksjonsevne.

Sekretariatet kan enkelt leggje tilhøva til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

For å nå betre ut til grupper med framand språkbakgrunn, er informasjonen på nettsidene til Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet omsett til engelsk. Nettsidene er òg utforma slik at dei skal vere lette å lese for svaksynte.

5.11 Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda

Sekretariatet hadde per 31. desember 2017 fem tilsette kvinner og ingen menn. Tre av dei tilsette hadde mellombels stilling.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje.

Lokala til sekretariatet er lagde til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Sekretariatet har ein handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge.

5.12 Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i eigen årsrapport.